57 Oppfylling av enkeltvedtak som er kjent ugyldig
57.1 Innleiing
Dette punktet handlar om korleis kommunane og fylkeskommunane skal handtere ein situasjon der enkeltvedtak etter opplæringslova er kjende ugyldige.
57.2 Dagens reglar
Det er fastsett følgjande i opplæringslova § 15-7:
Ein kommune eller fylkeskommune må oppfylle eit vedtak frå eit statleg forvaltningsorgan som gir ein part rett til tenester etter lova her, sjølv om kommunen eller fylkeskommunen får vedtaket kjent ugyldig gjennom søksmål etter tvisteloven § 1-4 a. Vedtak kan i tilfelle som nemnt i første punktum berre gjerast om til skade for den private parten etter forvaltningsloven § 35 første ledd bokstav c dersom vedtaket er ugyldig fordi den private parten, eller nokon som handla på vegner av den private parten, forsettleg eller grovt aktlaust har gitt uriktige opplysningar eller halde tilbake opplysningar.
Paragrafen kom inn i opplæringslova i 2018 som ei følgje av ei endring i tvistelova som gav kommunane tilgang til å reise søksmål mot staten om gyldigheita av avgjerdene til eit statleg organ. I tvistelova § 1-4 a første ledd er det lista opp kva avgjerder som er omfatta. Søksmålstilgangen gjeld til dømes i tilfelle der eit statleg organ pålegg kommunen plikter etter tilsyn.
Opplæringslova § 15-7 inneber at det er forbode å ikkje oppfylle eit vedtak som er kjent ugyldig gjennom søksmål etter tvistelova § 1-4 a, dersom å ikkje oppfylle vedtaket er til skade for ein elev eller ein vaksen deltakar i grunnopplæringa som er tilgodesett av det statlege vedtaket. Tilsvarande omgjeringsforbod vart også teke inn i andre velferdslover, som pasient- og brukarrettslova og barnehagelova. Omgjeringsforbodet i opplæringslova § 15-7 gjeld likevel ikkje dersom den private parten hadde fått tilkjent ei yting fordi hen eller nokon som har handla på vegner av hen, med forsett eller grov aktløyse har gitt feilaktige opplysningar.
57.3 Høyringsforslaget
Departementet foreslo å vidareføre regelen om oppfyllinga av ugyldige vedtak. Departementet følgde med dette opp forslaget frå opplæringslovutvalet.
57.4 Høyringsinstansanes syn
Det er svært få høringsinstansar som uttalar seg om forslaget om å vidareføre regelen om oppfyllinga av ugyldige vedtak. Dei få som har uttalt seg støttar i all hovudsak forslaget.
57.5 Departementets vurdering
Departementet meiner det er gode grunnar for forbodet i opplæringslova § 15-7, og foreslår at regelen blir vidareført. Departementet meiner at det at eit vedtak som tilgodeser ein elev, ikkje skal kunne gjerast om til ugunst for eleven på grunnlag av eit søksmål om ugyldigheit, er til det beste for eleven. Tilsvarande gjeld for vaksne deltakarar som er tilgodesette i vedtak frå statlege organ. Departementet meiner også at det er rimeleg at det likevel ikkje er eit forbod mot å oppfylle vedtaket dersom årsaka til at vedtaket er ugyldig, er at eleven eller den vaksne deltakaren med forsett eller grov aktløyse har gitt feilaktige opplysningar.
57.6 Departementets forslag
Departementet foreslår å vidareføre regelen om oppfyllinga av ugyldige vedtak, sjå forslaget til § 29-4.