Prop. 57 L (2022–2023)

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

40 Rett til vidaregåande opplæring

40.1 Innleiing

Dette punktet handlar om reglar for den vidaregåande opplæringa for ungdom. Sidan departementet foreslår å utvide rettane til vidaregåande opplæring, som mellom anna inneber større valfridom for den enkelte til å velje mellom opplæring for ungdom eller vaksne, vurderer departementet i dette punktet også vilkåra for rett til vidaregåande opplæring for vaksne.

Punktet handlar også om eit forslag om ein yrkesfagleg rekvalifiseringsrett, som departementet foreslår skal gjelde etter reglane om vidaregåande opplæring for vaksne. Andre reglar om vidaregåande opplæring for vaksne er tema i punkt 43.

Punkt 40.2 handlar derfor om reglar om vidaregåande opplæring for ungdom og vaksne, punkt 40.3 handlar om vidaregåande opplæring for vaksne, medan resten av punkta i hovudsak handlar om reglar om vidaregåande opplæring for ungdom.

Under kvart temapunkt omtalar departementet dagens reglar, høyringsforslaget, høyringsinstansanes syn og departementetets vurdering:

  • Vilkåra for rett til vidaregåande opplæring (punkt 40.2)

  • Rett til yrkesfagleg rekvalifisering (punkt 40.3)

  • Rett til omval (punkt 40.4)

  • Rett til påbygging til generell studiekompetanse (punkt 40.5)

  • Inntaksreglar i vidaregåande opplæring (punkt 40.6)

  • Gratisprinsippet i vidaregåande opplæring (punkt 40.7)

  • Om fylkeskommunen skal tilby anna opplæring ved behov (punkt 40.8)

  • Kva fylkeskommunen skal leggje vekt på i planlegginga av det vidaregåande opplæringstilbodet (dimensjonering) (punkt 40.9)

  • Kva den vidaregåande opplæringa består av (punkt 40.10)

  • Overgangen frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa (punkt 40.11)

40.2 Vilkåra for rett til vidaregåande opplæring

40.2.1 Dagens reglar

40.2.1.1 Grunnlova og Noregs folkerettslege forpliktingar

Staten skal sikre tilgang til vidaregåande opplæring, jf. Grunnlova § 109. I NOU 2019: 23, kapittel 24.2.1, har utvalet gitt ei nærare forklaring for reglar som følgjer av Grunnlova og folkeretten.

40.2.1.2 Opplæringslova

Rett til vidaregåande opplæring for ungdom

Rett til vidaregåande opplæring for ungdom (ofte omtalt som ungdomsretten) er regulert i opplæringslova § 3-1. I motsetning til grunnskoleopplæringa, der barn har både rett og plikt til opplæring, har ingen plikt til å delta i eller gjennomføre vidaregåande opplæring.

Den vidaregåande opplæringa fører fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller grunnkompetanse, jf. § 3-3 første ledd. Grunnkompetanse er ei fellesnemning på all kompetanse som ikkje utgjer studiekompetanse eller yrkeskompetanse.

Det er fylkeskommunen der kvar enkelt bur, som skal oppfylle retten til vidaregåande opplæring. Dette følgjer av § 13-3 første ledd. Ved ledig kapasitet pliktar fylkeskommunane også å gi tilbod til søkjarar frå andre fylke. Vertsfylkeskommunen vil då få refusjon frå heimfylket til eleven, jf. § 13-3 andre ledd.

Kven retten til vidaregåande opplæring gjeld for

Ungdom som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, har etter søknad rett til tre års heiltids vidaregåande opplæring. Dette står i § 3-1 første ledd. Kravet om «fullført» skal forståast som delteke i eller gjennomført. Det er ikkje eit krav om å ha bestått grunnskoleopplæringa. Retten til vidaregåande opplæring gjeld derfor uavhengig av kva kunnskapar og ferdigheiter søkjaren har tileigna seg i grunnskolen. Reglane i forskrift til opplæringslova § 6-13 regulerer kven som blir rekna for å ha fullført norsk grunnskoleopplæring eller tilsvarande.

Retten til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 gjeld også dei som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men som ikkje får godkjent denne opplæringa som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg. Dei som har rett til vidaregåande opplæring etter dette alternativet, kan velje å få vidaregåande opplæring som er særleg organisert for vaksne etter § 4A-3, dersom dei søkjer om dette. Opplæring særleg organisert for vaksne kan vere meir fleksibel og tilpassa livssituasjonen til den enkelte, men ungdommane vil i så fall miste enkelte rettar dei ville hatt om dei brukte retten etter § 3-1. Dette gjeld til dømes rett til spesialundervisning, særskild språkopplæring og skyss. Lånekassens støtteordningar vil også variere ut frå om dei blir tekne inn til opplæring organisert for ungdom eller vaksne.

Ungdom som har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1, kan etter søknad og når det ligg føre særlege grunnar, heller få vidaregåande opplæring som er særleg organisert for vaksne etter opplæringslova § 4A-3. Dette følgjer av § 3-1 tiande ledd. Døme på slike grunnar kan vere alderen til den det gjeld, eller at hen er i arbeid og derfor har større behov for den fleksibiliteten som ligg i opplæring organisert for vaksne.

Omfanget av retten til vidaregåande opplæring

Etter søknad har ungdom rett til tre års heiltids vidaregåande opplæring. Dersom læreplanen i eit fag føreset lengre opplæringstid enn tre år, blir retten utvida så han varer like lenge som opplæringstida i faget, jf. § 3-1 første ledd.

Etter opplæringslova § 3-1 femte ledd har enkelte elevar rett til vidaregåande opplæring i inntil to år ekstra. Dette gjeld mellom anna elevar som har rett til spesialundervisning, og som treng ekstra tid for å kunne nå «opplæringsmåla for den enkelte», og elevar som har rett til særskild språkopplæring.

Om bruk av retten til vidaregåande opplæring m.m.

Dersom opplæringa til ein som har ungdomsrett, i løpet av eit skoleår utgjer ein tredel eller mindre av timetalet til eit utdanningsprogram eller eit programområde, har hen ikkje brukt av retten til vidaregåande opplæring etter § 3-1.

Ungdomsretten til vidaregåande opplæring gjeld ut det skoleåret som byrjar det året ein person fyller 24 år, jf. opplæringslova § 3-1 tredje ledd. Dersom hen ikkje har fullført dei åra hen har rett til etter § 3-1 første ledd (normalt tre år), innan fristen, vil hen ha rett til vidaregåande opplæring for vaksne, jf. opplæringslova § 4A-3.

Rett til vidaregåande opplæring for vaksne

Retten til vidaregåande opplæring for vaksne er regulert i § 4A-3. Dagens reglar kjem fram av punkt 43.5.1.

40.2.2 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet

  • å vidareføre dagens reglar om kven som har rett til vidaregåande opplæring for ungdom og vaksne, nemleg dei som har fullført grunnskolen eller tilsvarande, og dei som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men ikkje fått opplæringa godkjend som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg

  • å vidareføre at dei som berre har rett til vidaregåande opplæring for ungdom, på visse vilkår i staden kan få vidaregåande opplæring for vaksne

  • å gjere tydeleg i lova at departementet kan gi nærare forskriftsreglar om kven som har rett til vidaregåande opplæring

  • å utvide retten til vidaregåande opplæring for ungdom og vaksne slik at han gjeld fram til den enkelte har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse

  • å gi personar mellom 19 og 25 år moglegheita til å velje mellom vidaregåande opplæring for ungdom eller vaksne

Departementet følgde med dette høyringsforslaget delvis opp opplæringslovutvalets NOU 2019: 23, kapittel 24. Dei foreslåtte vidareføringane er i hovudsak i tråd med forslaget frå utvalet, medan den utvida retten til vidaregåande opplæring og den foreslåtte auka fleksibiliteten til å velje mellom opplæring for ungdom og vaksne er nytt i departementets høyringsforslag.

40.2.3 Høyringsinstansanes syn

40.2.3.1 Kven som skal ha rett til vidaregåande opplæring

Få høyringsinstansar har innspel til forslaget om å vidareføre reglane om kven som har rett til vidaregåande opplæring for ungdom og vaksne, nemleg personar som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, og personar som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men som ikkje får godkjent opplæringa som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg.

Dei svært få høyringsinstansane som har uttalt seg om forslaget om å vidareføre separate reglar om vidaregåande opplæring for høvesvis ungdom og vaksne, støttar dette. Dette inkluderer også forslaget om å ha to paragrafar om rett til vidaregåande opplæring for høvesvis ungdom og vaksne.

Unit er usikre på korleis godkjenninga skjer for «dei som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men ikkje får godkjent opplæringa som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg».

40.2.3.2 Rett til vidaregåande opplæring fram til den enkelte har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse

Over 60 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å fjerne dagens tidsavgrensing, slik at retten til vidaregåande opplæring varer fram til den enkelte har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse. Dei aller fleste støttar forslaget, inkludert fleire statsforvaltarar og fylkeskommunar, KS og ei rekkje organisasjonar. Utdanningsforbundet støttar forslaget og trekkjer fram som positivt at ein slik utvida rett bidreg til at fleire unge og vaksne får betre moglegheit til å fullføre og bestå vidaregåande opplæring. Også Statsforvaltaren i Troms og Finnmark støttar forslaget og peikar mellom anna på at ein slik rett vil auka moglegheita for at elevar og deltakarar som av ulike grunnar treng lengre tid til på opplæringa, kan oppnå ønsket sluttkompetanse. Statsforvaltaren meiner også at det er positivt at forslaget inneber at dei som går planlagde løp mot sluttkompetanse på eit lågare nivå enn studie- eller yrkeskompetanse, ikkje mistar retten til opplæring fram til studie- eller yrkeskompetanse. Fleire av dei andre høyringsinstansane som støttar forslaget, har liknande innspel om at ei slik utviding av dagens rettar er eit svært viktig grep for at fleire skal kunne fullføre og bestå vidaregåande opplæring.

Fleire av dei som støttar forslaget, peikar likevel på at forslaget vil ha store økonomiske og administrative konsekvensar for fylkeskommunane som dei må kompenserast fullt ut for. Møre og Romsdal fylkeskommune synest det er vanskeleg å sjå for seg dei økonomiske og administrative konsekvensane, då det vil avhenge av kor mange som nyttar seg av dei utvida rettane til vidaregåande opplæring frå år til år. KS meiner at kostnadene til «fullføringsreforma» er stipulert for lågt i høyringsnotatet. Viken fylkeskommune skriv at forslaget vil føre til at ungdommar og vaksne vil bruke lengre tid på den vidaregåande opplæringa, at det blir auka behov for areal, og at fleire vil ha kontrakt med godkjende lærebedrifter, noko som i sum vil gi ein stor meirkostnad for fylkeskommunen. Oslo kommune har skissert forslag til kostnadsberekningar basert på gitte moglege føresetnader. Kommunen legg elles til grunn at auka kostnader for kommunen som følgje av forslaga i høyringsforslaget blir fullt ut kompenserte.

Møre og Romsdal fylkeskommune støttar forslaget, men er bekymra for korleis fylkeskommunen skal planleggje og dimensjonere det vidaregåande tilbodet til eit ukjent tal søkjarar som får ny rett til vidaregåande opplæring. Oslo kommune har tilsvarande innspel og er særleg bekymra for manglande kapasitet (og økonomiske kostnader) for elevar med nedsett funksjonsevne.

Fleire av høyringsinstansane, inkludert Statsforvaltaren i Innlandet, Kristiansand kommune og Norsk Forbund for Utviklingshemmede, stiller spørsmål om forholdet mellom dei som i dag går opplæringsløp fram mot grunnkompetanse, og forslaget om å utvide rettane til opplæring fram til oppnådd studie- eller yrkeskompetanse. Enkelte lurar på korleis den utvida retten slår inn for denne gruppa. Fleire peikar på at ei rettleiing om dette er nødvendig. Statsforvaltaren i Oslo og Viken meiner at ei slik rettleiing må vere på plass med éin gong, og ikkje først etter at dei nye reglane har fungert ei stund slik departementet skisserte i høyringa.

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark støttar forslaget, men meiner likevel at det bør vere ei målsetjing at flest mogleg elevar fullfører innanfor ei normert tidsramme. Også Statsforvaltaren i Vestland og foreininga Foreldre til blinde barn har liknande innspel. Foreldre til blinde barn støttar i utgangspunktet forslaget, men meiner at hovudfokuset bør vere på tilrettelegging, slik at blinde og sterkt svaksynte elevar har føresetnader for å fullføre vidaregåande opplæring innanfor normert tid.

Viken fylkeskommune set spørjeteikn ved korleis elevar med behov for spesialundervisning skal ta omsyn til den utvida retten, når dei to åra ekstra som denne gruppa kan få, blir borte med nye reglar om tidsuavgrensa rett, og skriv:

Viken fylkeskommune ber derfor om en presisering av hvordan forslaget til ubegrenset rett til videregående opplæring skal praktiseres for denne elevgruppen. Det må gis føringer for når retten skal opphøre og når sluttkompetansen er oppnådd for elever med omfattende behov for spesialundervisning.

Faglig råd for elektro og datateknologi støttar forslaget om å fjerne dagens tidsavgrensing, men meiner det er uklart kva rettar til vidare opplæring som gjeld dersom kandidaten stryk til eksamen eller fagprøve. Nelfo har tilsvarande innspel. EL og IT Forbundet meiner det må komme fram av lova at læretida og opplæringskontrakten blir forlengd fram til ein består eksamen/fagprøve, sidan retten til vidaregåande opplæring varer fram til oppnådd studie- eller yrkeskompetanse.

40.2.3.3 Avgrensing av retten

Få høyringsinstansar har uttalt seg om avgrensingane i forslaget, nemleg at retten ikkje skal omfatte opplæring til elevar som ønskjer å forbetre karakterar, og at retten som utgangspunkt ikkje skal gjelde opplæring i fleire fag enn det som trengst for å fullføre og bestå opplæringa. Dei aller fleste som har uttalt seg, støttar forslaget om desse avgrensingane, mellom anna Norsk Lektorlag. Akademikerne uttaler at det er ein føresetnad for dei utvida rettane til vidaregåande opplæring at departementet konkretiserer og legg fornuftige avgrensingar på retten til å fullføre. Troms og Finnmark fylkeskommune støttar som utgangspunkt forslaget om at retten ikkje gjeld fag som allereie er bestått, men vil ha unntak for dei som gjer omval.

Møre og Romsdal fylkeskommune set spørjeteikn ved at ordlyden i forslaget § 5-1 femte ledd («Retten til vidaregåande opplæring gjeld ikkje opplæring i fag som allereie er bestått») er så absolutt, og skriv:

I dag har vi unntak for dei har teke privatisteksamenar før dei har vore elev i eit fag, som forankra i rundskriv om individuell vurdering (§ 3-14 i UDIR-2-2020). I dag er det også aktuelt med unntak for dei som tek omval. Møre og Romsdal fylkeskommune er elles einig i forslaget, og meiner at presiseringa i femte avsnitt er god.

40.2.3.4 Fleksibilitet til å velje mellom vidaregåande opplæring for ungdom eller vaksne

I underkant av 30 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å gi dei mellom 19 og 24 år moglegheita til å velje mellom vidaregåande opplæring for ungdom eller vidaregåande opplæring for vaksne. Dei aller fleste støttar forslaget, inkludert Barneombodet, Møre og Romsdal fylkeskommune, Agder fylkeskommune, Troms og Finnmark fylkeskommune, Trøndelag fylkeskommune, KS, LO og Elevorganisasjonen.

Viken fylkeskommune meiner nedre aldersgrense for å kunne velje vidaregåande opplæring for vaksne bør vere 21 år, og grunngir innspelet med at organiseringa av opplæring for ungdom i større grad enn opplæringa for vaksne er ein arena for sosialisering og personleg utvikling i samspel med jamaldra, og at det primære tilbodet for dei under 21 år derfor bør vere vidaregåande opplæring for ungdom.

Skolelederforbundet meiner valfridom frå 19 år kan påverke elevsamansetninga og vere utfordrande å handtere når det gjeld dimensjonering og forvaltning.

Norsk Lektorlag støttar ikkje forslaget og meiner at vaksne som tek vidaregåande opplæring, ofte har opplevd helseutfordringar, lærevanskar og liknande, som gjer at dei vil ha best utbytte av eit meir tilpassa tilbod innanfor opplæring for vaksne. Foreningen meiner vidare at den foreslåtte regelen kan føre til at fylkeskommunane vil opprette færre tilbod for vaksne.

Innlandet fylkeskommune ønskjer inga øvre aldersgrense og meiner at auka valfridom for alle vil medføre at alle som ønskjer det, kan ta vidaregåande opplæring på heiltid.

40.2.4 Departementets vurdering

40.2.4.1 Kven som skal ha rett til vidaregåande opplæring

Departementet foreslår, i tråd med høyringa, å vidareføre dagens reglar om kven som har rett til vidaregåande opplæring, nemleg personar som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, og personar som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men som ikkje får godkjent opplæringa som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg. Som i høyringa foreslår departementet å presisere i reglane at retten til opplæring berre gjeld for dei som truleg skal vere i Noreg i meir enn tre månader.

Departementet foreslår, i tråd med høyringa, å vidareføre dagens lovstruktur, der reglar for vidaregåande opplæring for ungdom og reglar for opplæringa for vaksne står kvar for seg i lova. Dette inkluderer også å ha to paragrafar om rett til vidaregåande opplæring for høvesvis ungdom i § 5-1 og vaksne i § 18-3. For nærare informasjon om særreglane for vaksne, sjå omtalen i punkt 43.

Unit meiner det er uklart kva slags godkjenning departementet siktar til når det gjeld retten til vidaregåande opplæring for personar som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men som ikkje får godkjent opplæringa som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg. Departementet gjer merksam på at det i merknadene til dagens § 3-1 første ledd i Prop. 79 L (2016–2017), s. 29 står: «At opplæringa ikkje blir godkjend, vil seie at ho ikkje gir generell studiekompetanse etter GSU-lista (generell studiekompetanse for utanlandske søkjarar) eller ikkje blir godkjend av NOKUT som sidestilt med norsk fag- eller sveinebrev». Denne forståinga er meint å førast vidare i den nye lova, sjå også merknadene til forslaget § 5-1 første ledd.

Departementet foreslår også, i tråd med høyringsforslaget, å presisere i lova at departementet kan gi forskrift om kven som har rett til vidaregåande opplæring, sjå forslaget til § 5-1 siste ledd. I dagens forskrift er det slike reglar i § 6-13.

40.2.4.2 Rett til vidaregåande opplæring fram til den enkelte har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse

Departementet foreslo i høyringsnotatet at retten til vidaregåande opplæring skal gjelde heilt fram til den enkelte har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse, i tråd med Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Departementet opprettheld dette forslaget.

Dette inneber at avgrensingane som ligg i dagens hovudregel om tre års heiltids vidaregåande opplæring for ungdom, ikkje blir vidareført. Også andre avgrensingar i retten til opplæring for ungdom som er baserte på tidsbruk, vil forsvinne. Dette gjeld til dømes retten til to år ekstra opplæring for dei med spesialundervisning som treng meir tid for å nå opplæringsmåla.

I dagens reglar om rett til vidaregåande opplæring for vaksne er det ikkje fastsett noka tidsramme. I Utdanningsdirektoratets rundskriv Udir-2-2008 er det lagt til grunn at retten vaksne har til vidaregåande opplæring, likevel ikkje er uavgrensa, mellom anna for vaksne som ikkje har føresetnader for å bestå det aktuelle faget, eller for vaksne som har gått opp til eksamen i og ikkje bestått eit fag. Forslaget inneber at dei nemnde avgrensingane for vaksne ikkje blir haldne ved lag.

Forslaget er i tråd med dei mange høyringsinstansane som meiner at ein slik «fullføringsrett» er eit svært viktig grep for at fleire skal fullføre og bestå vidaregåande opplæring. Det å ha ein kvalifikasjon frå vidaregåande opplæring har vorte ein nødvendig føresetnad for å få varig tilknyting til det norske arbeidslivet. Målet er at alle som går inn i vidaregåande opplæring, faktisk blir kvalifiserte til læreplass, arbeid, utdanning og livslang læring, noko forslaget om utvida rettar til vidaregåande opplæring kan bidra til.

Departementet viser til at enkelte høyringsinstansar meiner at forslaget kan utfordre den opplæringskapasiteten fylkeskommunane har i dag, og at forslaget kan gjere dimensjoneringa av opplæringstilbodet vanskelegare. Dette er forhold som er tekne i betraktning ved vurderinga av økonomiske og administrative konsekvensar. Departementet legg til grunn at utfordringane med dimensjonering vil vere størst dei første åra etter at dei nye reglane er sette i kraft, og at fylkeskommunane etter kvart vil få eit godt erfaringsgrunnlag når dei skal planleggje det vidaregåande opplæringstilbodet sitt.

Forslaget inneber at dei som har opplæringsløp med ein planlagd sluttkompetanse på lågare nivå enn studie- eller yrkeskompetanse, skal behalde retten til opplæring fram mot studie- eller yrkeskompetanse. Dette inneber ikkje ei forventning om at dei som har fullført planlagt grunnkompetanse, skal gå vidare mot studie- eller yrkeskompetanse. Det viktigaste er at den enkelte er i eit vidaregåande opplæringsløp som er rett i forhold til hens føresetnader eller behov. For å sikre like moglegheiter og unngå diskriminering ser departementet det likevel som tenleg at også dei som har oppnådd grunnkompetanse, beheld retten til å gå vidare mot studie- eller yrkeskompetanse, dersom den enkelte ønskjer det.

Den utvida retten kan bli administrativt og økonomisk utfordrande for fylkeskommunane dersom mange elevar bruker mange år i vidaregåande. Dette kan til dømes gjelde personar med sterk utviklingshemming eller andre varige funksjonsnedsetjingar, som ein går ut frå at ikkje vil kunne oppnå ein studie- eller yrkeskompetanse, men som likevel blir verande i vidaregåande opplæring over tid. Departementet meiner at desse moglege utfordringane ikkje bør løysast gjennom avgrensingar i lova eller gjennom formuleringar i forarbeida som set avgrensingar for retten til opplæring. Eit betre verkemiddel for å møte bekymringane til høyringsinstansane knytte til elevgruppa som ikkje kan oppnå studie- eller yrkeskompetanse er å utforme retningslinjer for tilboda. Formålet med ei slik rettleiing vil ikkje vere å avgrensa retten, men å hjelpe skolar og fylkeskommunar med å lage eit godt tilbod til elevar som ikkje har føresetnad for å fullføre med studie- eller yrkeskompetanse. Departementet tek sikte på at det blir laga ei slik rettleiing.

Departementet vil følgje med på utviklinga og vurdere om det er behov for endringar dersom det viser seg at dei foreslåtte utvidingane har uheldige konsekvensar. Departementet har ikkje haldepunkt for å kunne leggje til grunn at ei slik rettsutviding vil føre til massiv søkning til vidaregåande opplæring. Det er like sannsynleg at elevane oppfører seg omtrent som før, men at ein utvida rett vil gi fylkeskommunane insentiv til å tidlegare identifisere elevar med behov for tilpassingar og ekstra støtte for å kunne fullføre planlagt løp, kvalifisere den enkelte for vidare studium og arbeid og førebu den enkelte til eit mest mogleg sjølvstendig vaksenliv og deltaking i samfunnslivet.

Enkelte høyringsinstansar set spørjeteikn ved betydninga av den utvida retten for dei som har læretid i bedrift, inkludert dei som har stroke på fag- eller sveineprøven. Etter forslaget om utvida rett til vidaregåande opplæring er det fylkeskommunen som vil ha ansvaret for å tilby opplæring fram til den enkelte har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse. Det vil derfor vere opp til fylkeskommunen, med mindre noko særskilt er fastsett i forskrift, å vurdere kva slags opplæring som skal tilbydast. Dette gjeld også overfor dei som har avslutta den planlagde læretida utan å ha bestått fag- eller sveineprøven.

40.2.4.3 Retten skal ikkje omfatte opplæring til elevar som ønskjer å forbetre karakterar

Departementet foreslo i høyringa, i tråd med Meld. St. 21 (2020–2021) og Stortingets vedtak i samband med denne, at den enkelte ikkje har rett til opplæring i fag som allereie er bestått. Dei som ønskjer å forbetre karakterane sine, må dermed gjere dette som privatist. Eit motargument til ein slik regel kan vere at han kan gi eit insentiv for enkelte til ikkje å prøve å bestå eit fag eller ein eksamen dersom hen ligg an til ein dårleg karakter. Departementet foreslår likevel ein slik regel, og går ut frå at utfordringa nemnd over ikkje vil gjere seg gjeldande for mange elevar.

Departementet foreslår å ta inn eit atterhald i lova for dei tilfella der anna er regulert i forskrifta, slik som dagens forskriftsreglar om at elevar som tek fag på vidaregåande nivå medan dei går på ungdomstrinnet, og elevar som gjer omval, kan velje om faget skal godkjennast, eller om dei vil ta faget på nytt.

40.2.4.4 Retten gjeld opplæring i dei faga som trengst for å fullføre og bestå opplæringa

Departementet var i høyringsnotatet i utgangspunktet samd i vurderingane i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden om at retten til opplæring blir avgrensa slik at den enkelte ikkje har rett til opplæring i fleire fag enn det som trengst for å bestå opplæringa. I tråd med vurderingane i høyringsnotatet ser likevel ikkje departementet grunn til å regulere dette særleg i lova. Når den enkelte har rett til opplæring fram til oppnådd studie- eller yrkeskompetanse, inneber det at ein har rett til den opplæringa som er nødvendig for å bestå den vidaregåande opplæringa ein er teken inn på. Kor mange fag den enkelte får opplæring i, avheng av kva utdanningsprogram hen har valt, og kva val den enkelte gjer innanfor dette utdanningsprogrammet.

Når det gjeld opplæring for vaksne, er det slik at den enkelte søkjer og blir teken inn ut frå sluttkompetansen som skal nåast, og opplæringa skal byggje vidare på realkompetansen til den enkelte. Det vil dermed vere sluttkompetansen på det opplæringstilbodet den enkelte har komme inn på, og realkompetansen til den enkelte, som er avgjerande for kva fag og kompetansemål den vaksne skal få opplæring i.

40.2.4.5 Fleksibilitet til å velje mellom vidaregåande opplæring for ungdom eller vaksne

Dei som har fullført grunnskolen, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har i dag rett til vidaregåande opplæring organisert for vaksne frå det året dei fyller 25 år. Departementet foreslår å gi dei mellom 19 og 25 år moglegheita til å velje om dei vil ha vidaregåande opplæring for ungdom eller vaksne. Dette inneber at dei mellom 19 og 25 år kan velje om dei vil søkje seg til vidaregåande opplæring etter dei alminnelege reglane i lovforslaget del tre og fire, eller om dei vil søkje seg til opplæring organisert for vaksne etter reglane i lovforslaget del fem. Dette gir den enkelte ein større fleksibilitet samanlikna med dagens reglar, noko eit klart fleirtal av høyringsinstansane støttar.

I høyringa bad departementet særskilt om tilbakemelding frå dei som ikkje ønskjer ei øvre aldersgrense for å kunne velje vidaregåande opplæring for ungdom. Dei aller fleste høyringsinstansane er samde i høyringsforslaget om at det er behov for ei øvre aldersgrense, og at denne kan vere 25 år, og departementet foreslår å lovfeste dette. Fritt val mellom opplæring for ungdom og vaksne utan ei øvre aldersgrense for å kunne velje vidaregåande opplæring for ungdom kan gjere dimensjoneringsarbeidet for fylkeskommunane vanskeleg, og det kan vere ei ulempe for det sosiale miljøet dersom det blir for stor aldersspreiing i opplæringa for ungdom. Vidare kan det at fleire eventuelt vel fulle ungdomsløp i staden for å byggje på realkompetanse slik som i vidaregåande opplæring for vaksne, innebere auka kostnader for fylkeskommunane.

I tillegg til den foreslåtte fleksibiliteten for dei mellom 19 og 25 år foreslår departementet at det, på visse vilkår, skal vere mogleg for dei som berre har rett til vidaregåande opplæring for ungdom, å søkje om å få vidaregåande opplæring for vaksne. Dette er i tråd med dagens reglar og høyringsforslaget. For det første kan ein søkje om opplæring for vaksne dersom det er særlege grunnar for det, noko som til dømes kan vere tilfelle for dei som er i ein livssituasjon som gjer det nødvendig med ein meir fleksibelt organisert opplæring. For det andre skal dei som har rett til vidaregåande opplæring for ungdom fordi dei ikkje får godkjent opplæring frå utlandet som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg, ha rett til å velje å få vidaregåande opplæring for vaksne. Med den fleksibiliteten som er foreslått for dei mellom 19 og 25 år, er det likevel grunn til å tru at færre enn i dag vil ha behov for å søkje seg over til opplæring organisert for vaksne, då dei uansett vil ha rett til slik opplæring frå dei er 19 år.

Også dei som berre har rett til vidaregåande opplæring for vaksne, kan ha moglegheita til å få opplæring for ungdom i staden. Sjå forslaget til § 18-3, der det kjem fram at dei som berre har rett til opplæring for vaksne, likevel kan få opplæring for ungdom dersom fylkeskommunen tilbyr det. Forslaget inneber at dei som blir tekne inn til vidaregåande opplæring for ungdom på dette grunnlaget, får dei same rettane og pliktene som dei med rett til vidaregåande opplæring for ungdom etter kapittel 5 i lova.

40.2.5 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å vidareføre dagens reglar om kven som har rett til vidaregåande opplæring, nemleg dei som har fullført grunnskolen eller tilsvarande, og dei som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men ikkje fått opplæringa godkjent som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg, sjå forslaget til §§ 5-1 første ledd og 18-3 første ledd

  • å presisere at retten til vidaregåande opplæring berre gjeld for dei som truleg skal vere i Noreg i meir enn tre månader i samanheng, sjå forslaget til § 5-1 første ledd siste punktum

  • å utvide retten til vidaregåande opplæring for ungdom og vaksne slik at han gjeld fram til den enkelte har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse, sjå forslaget til §§ 5-1 andre ledd og § 18-3 første ledd

  • at retten til vidaregåande opplæring ikkje gjeld opplæring i fag som allereie er bestått, med mindre anna går fram av forskrift gitt etter § 5-1 siste ledd, sjå forslaget til § 5-1 femte ledd

  • å vidareføre øvre aldersgrense på 24 år for rett til vidaregåande opplæring for ungdom, men å senke nedre aldersgrense for rett til vidaregåande opplæring for vaksne til 19 år, slik at dei mellom 19 og 25 år får moglegheita til å velje mellom vidaregåande opplæring for ungdom eller vaksne, sjå forslaget til §§ 5-1 andre og tredje ledd og 18-3 første ledd

  • å vidareføre at dei som berre har rett til vidaregåande opplæring for ungdom, på visse vilkår i staden kan få vidaregåande opplæring for vaksne, sjå forslaget til § 5-1 fjerde ledd

  • å gjere tydeleg i lova at departementet kan gi nærare forskriftsreglar om kven som har rett til vidaregåande opplæring, sjå forslaget til § 5-1 sjuande ledd

40.3 Rett til yrkesfagleg rekvalifisering

40.3.1 Dagens reglar

I dag er reglane slik at dei som allereie har ein yrkeskompetanse, ikkje har rett til vidaregåande opplæring fram mot ein ny yrkeskompetanse. Dei som allereie har ein studiekompetanse, har heller ikkje rett til opplæring fram mot ein yrkeskompetanse.

40.3.2 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet å innføre ein yrkesfagleg rekvalifiseringsrett for dei som har studie- eller yrkeskompetanse frå før. Tilbodet skal givast innanfor reglane om vidaregåande opplæring for vaksne.

Eit slikt forslag vart ikkje vurdert i opplæringslovutvalets NOU 2019: 23.

40.3.3 Høyringsinstansanes syn

I underkant av 30 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å innføre ein yrkesfagleg rekvalifiseringsrett for dei som har studie- eller yrkeskompetanse frå før. Alle som har uttalt seg, støttar forslaget heilt eller delvis, inkludert Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, Arbeids- og velferdsdirektoratet, enkelte statsforvaltarar og fylkeskommunar, LO, NHO, Norsk Lektorlag, Utdanningsforbundet, Spekter og Byggenæringens Landsforening.

Faglig råd for teknologi- og industrifag meiner at retten til rekvalifisering ikkje bør vere avgrensa til éin ny yrkeskompetanse.

YS støttar forslaget, men er usikre på bruken av uttrykket «rekvalifisering». Organisasjonen viser til at omgrepet allereie blir brukt i delar av arbeidslivet, men då i ei anna betydning, nemleg om kompetanse som må oppdaterast innan same fagområde fordi ei godkjenningstid er gått ut, fordi det har gått for lang tid utan at kompetansen har vorte brukt, eller fordi krav og forskrifter har endra seg i stor grad.

Enkelte opplæringskontor meiner forslaget får konsekvensar i form av auka elevtal og større rekruttering til næringslivet, noko som kan føre til at vaksne blir prioriterte av næringslivet i spørsmål om læreplass, noko som opplæringskontora meiner bør greiast ut.

40.3.4 Departementets vurdering

Vidaregåande opplæring speler ei sentral rolle i å leggje til rette for livslang læring. Eit arbeidsliv som stadig endrar seg, krev at arbeidstakarar er omstillingsdyktige og kan lære heile livet. I tillegg til at arbeidslivet endrar seg, vil enkelte oppleve endringar i livssituasjonen, eller endring i eigen motivasjon eller interesse, som skaper eit behov for ny eller annan kompetanse. Det bør derfor vere eit mål at vidaregåande opplæring skal bidra til å dekkje behova for rekvalifisering og omstilling, slik at færrast mogleg hamnar utanfor arbeidsmarknaden. Departementet foreslår derfor, i tråd med høyringsforslaget og høyringsinnspela, å innføre ein rett til yrkesfagleg rekvalifisering. Forslaget er i tråd med Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, og inneber ein rett til fag- og yrkesopplæring for personar som har studie- eller yrkeskompetanse frå før.

Departementet foreslår å framleis bruke omgrepet «yrkesfagleg rekvalifisering». Omgrepet vart brukt i Meld. St. 21 (2020–2021) og i departementets høyring om ny opplæringslov og er i desse prosessane gjort godt kjent for sektoren, utan at det i særleg grad har komme motførestillingar. Omgrepet er også beskrivande for kva retten inneheld.

Målgruppa for rett til yrkesfagleg rekvalifisering vil allereie ha mykje formell kompetanse, i tillegg til at mange vil ha realkompetanse. Departementet foreslår derfor å gå vidare med høyringsforslaget om at rekvalifiseringen skal gjennomførast innanfor reglane om vidaregåande opplæring for vaksne. Dette samsvarer med vurderingane i Meld. St. 21 (2020–2021) og vil gi kvar enkelt rett til realkompetansevurdering, med etterfølgjande tilpassing i opplæringa til det den enkelte treng for å oppnå den aktuelle sluttkompetansen, sjå nærare om dette i punkt 43. Opplæring for vaksne passar også best til alderen på målgruppa.

At retten til yrkesfagleg rekvalifisering skal tilbydast som opplæring for vaksne, inneber at alle reglar som gjeld for vidaregåande opplæring for vaksne, inkludert inntaksreglar, vil gjelde, sjå nærare i punkt 43. Dette inneber også at den enkelte kan søkje om å få opplæring for ungdom framfor opplæring for vaksne, men dei vil etter dagens inntaksreglar prioriterast bak dei som har rett til vidaregåande opplæring for ungdom.

Forslaget om ein yrkesfagleg rekvalifiseringsrett har visse avgrensingar. For det første foreslår departementet at retten berre skal gjelde for éin ny yrkeskompetanse. Sjølv om avgrensinga kan slå uheldig ut for enkeltpersonar som har behov for omstilling fleire gonger i løpet av yrkeslivet, vil avgrensinga gi kontroll på kostnader og oversikt over etterspurnaden. Vidare foreslår departementet at den enkelte må ha studie- eller yrkeskompetanse frå før for å ha rett til rekvalifisering, noko det ikkje har komme innvendingar til i høyringa.

Departementet vil følgje med på om innføringa av den yrkesfaglege rekvalifiseringsretten varetek målet om at færrast mogleg skal hamne utanfor arbeidsmarknaden. Det kan vere aktuelt å justere reglane på eit seinare tidspunkt om det skulle vise seg at måten den yrkesfaglege rekvalifiseringsretten er innretta på, får utilsikta konsekvensar eller ikkje gir nødvendig måloppnåing. Departementet vil også følgje med på korleis den foreslåtte regelen påverkar kva grupper som blir prioriterte av næringslivet til læreplassar.

40.3.5 Departementets forslag

Departementet foreslår å innføre ein yrkesfagleg rekvalifiseringsrett for dei som har studie- eller yrkeskompetanse frå før. Tilbodet skal givast innanfor reglane om vidaregåande opplæring for vaksne. Sjå forslaget til § 18-4.

40.4 Rett til omval

40.4.1 Dagens reglar

Elevar har rett til eitt omval i vidaregåande opplæring, jf. § 3-1 fjerde ledd. Det inneber at elevar som har vorte tekne inn og har starta i vidaregåande opplæring, har moglegheita til å ombestemme seg éin gong. Dei som nyttar denne retten, får ekstra tid til å fullføre opplæringa innanfor det nye valet dei har teke. Kor mykje ekstra tid det er snakk om, vil derfor variere ut frå når i opplæringsløpet eleven vel på nytt, og kva utdanningsprogram/programområde det gjeld. Ifølgje forarbeida, Prop. 79 (2016–2017), s. 30, gjeld retten til ekstra tid «så mange opplæringsår som dei treng for å gjennomføre den resterande delen av opplæringa slik det er fastsett i læreplanen for det aktuelle faget eller utdanningsprogrammet».

40.4.2 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet å styrkje retten til omval ved å oppheva avgrensinga på eitt omval fram til søknadsfristen for inntak det året ungdommane fyller 19 år.

Høyringsforslaget til departementet skilde seg dermed frå forslaget til opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 24, om å vidareføre dagens reglar om omval.

40.4.3 Høyringsinstansanes syn

I underkant av 40 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å styrkje retten til omval ved å oppheve avgrensinga på eitt omval fram til søknadsfristen for inntak det året ungdommane fyller 19 år. Dei aller fleste støttar forslaget, inkludert Barneombodet, enkelte statsforvaltarar, fleire fylkeskommunar, Elevorganisasjonen, KS, NHO og Virke. Barneombodet meiner at moglegheita til fleire omval kan vere avgjerande for at fleire fullfører vidaregåande opplæring. Nordland fylkeskommune støttar forslaget og peikar på at det er viktig at denne gruppa ikkje blir avgrensa til berre eitt omval, då mange elevar ikkje er klare for å gjere utdanningsval i ein alder av 15 år.

Møre og Romsdal fylkeskommune meiner det er vanskeleg å vurdere korleis omfanget av omval kan påverke dimensjonering og kapasitet. Fylkeskommunen meiner vidare at forslaget kan få store økonomiske konsekvensar dersom mange nok vel å ta omval. KS peikar på at forslaget kan få konsekvensar for kapasiteten både hos oppfølgingstenesta, rådgivinga og karriererettleiinga.

Rogaland fylkeskommune meiner ein bør vurdere i kva grad forslaget skal omfatte elevar som går mot planlagd grunnkompetanse, då den foreslåtte regelen i praksis inneber at elevar som har individuell opplæringsplan i alle fag, kan gjere fleire omval til dei er 19 år.

Faglig råd for elektro og datateknologi, Nelfo og EL og IT Forbundet meiner regelen også må gjelde for lærlingar og ikkje berre for elevar.

Statsforvaltaren i Innlandet meiner at det må gjerast tydeleg at omval skjer i samband med inntak og ikkje i løpet av skoleåret.

Vestfold og Telemark fylkeskommune støttar forslaget delvis og skriv:

VTFK støtter forslaget om omvalg, men foreslår å endre teksten fordi et omvalg først er et omvalg når utdanningen er påbegynt og retten er brukt, ikke ved søknadsfrist. Slik lovformuleringen står nå, forvirrer den mer enn den informerer.

Agder fylkeskommune støttar forslaget, men meiner det må komme avklaringar i lov eller forskrift som regulerer at førstegongssøkjarar frå grunnskolen, og dessutan ungdom som følgjer normal progresjon, blir prioriterte.

Tradisjonshåndverk Opplæringskontor og Kompetansesenter (MIA) og Norsk Fag- og Friskolers Landsforbund støttar forslaget, men ønskjer at også dei over 19 år kan få moglegheita til fleire omval.

Viken fylkeskommune støttar ikkje forslaget, då dei meiner det kan føre til at ungdommane mistar noko av motivasjonen til å ta nøye vurderte val og gjennomføre vala. Norsk Lektorlag støttar heller ikkje forslaget og viser til at ein slik regel vil gi eit dårleg signal, då elevar heller bør lære å ta val der konsekvensane ikkje er fullt ut overskodelege. Foreininga viser vidare til at forslaget vil ha økonomiske konsekvensar, i tillegg til at ein slik regel kan vere forstyrrande for klassemiljøet.

40.4.4 Departementets vurdering

Departementet foreslår å styrkje retten til omval, ved å oppheve avgrensinga på eitt omval fram til søknadsfristen for inntak det året ungdommane fyller 19 år.

Moglegheita til fleire omval kan for nokon vere avgjerande for at dei fullfører vidaregåande opplæring, noko også enkelte av høyringsinstansane peikar på. Forslaget må sjåast i samanheng med den utvida retten til vidaregåande opplæring med oppheving av dagens tidsavgrensing, sjå omtale i punkt 40.2.

Dersom regelen om eitt omval blir halden ved lag, kan det oppstå utfordringar for dei ungdommane som har gjort eitt omval, men som ikkje ønskjer eller greier å fullføre denne opplæringa. Personen vil då ha retten til vidaregåande opplæring i behald, men berre rett til å fullføre innanfor det utdanningsprogrammet eller programområdet hen er teken inn på. Når personen blir 19 år og kan søkje seg til vidaregåande opplæring for vaksne, vil hen i realiteten få eit nytt omval ettersom retten til inntak til vidaregåande opplæring for vaksne ikkje er avgrensa til å fullføre det som tidlegare er påbyrja. Det kan dermed oppstå eit hol der ein ungdom må venta til hen er 19 år før ungdommen kan gjere eit nytt omval i samband med at det blir søkt inntak til opplæring for vaksne. Departementet meiner at dette potensielle hòlet bør tettast ved at ungdommane får høve til så mange omvalg de ønskjer, fram til dei er 19 år.

Departementet meiner at det å opne for fleire omval samsvarer godt med den utvida retten til vidaregåande opplæring som departementet foreslår.

Enkelte høyringsinstansar meiner at ein mogleg negativ konsekvens av å utvide moglegheita til talet på omval, er at elevane får lågare motivasjon til å ta gjennomtenkte val når dei søkjer om inntak til vidaregåande opplæring. Departementet har ikkje grunn til å tru at dette vil bli eit stort problem, då det er meir truleg at dei fleste vil ønskje å starte på ei opplæring dei trur er den rette. Departementet vil peike på at ungdom mellom 16 og 19 år framleis er i startfasen av livet, og at det å prøve seg fram er ein naturleg del av prosessen med å bli vaksen. I staden for å avgrense moglegheitene til dei som har gjennomført val dei angrar på, er det betre å gi ungdommen sjansen til å byte spor. Både for den enkelte og for samfunnet er det ein fordel at den enkelte er motivert til å fullføre vidaregåande opplæring, og at dei som går ut av vidaregåande opplæring, har ein kompetanse dei ønskjer å bruke vidare.

Forslaget inneber at dei som ikkje har gjort omval før inntak det kalenderåret dei fyller 19 år, vil behalde retten til eitt omval.

Dei som er i opplæring og ønskjer å gjere omval, må gjere dette i samband med inntak, og ein har ikkje rett til omval midt i skoleåret. Dette følgjer av systema og andre reglar i lova.

Møre og Romsdal fylkeskommune meiner det er vanskeleg å vurdere korleis omfanget av omval kan påverke dimensjonering og kapasitet. Departementet går ut frå at nokre personar vil gjere fleire omval, men har ikkje grunn til å tru at auken på omval blir veldig stor. Talet på omval vil uansett avgrensast av at elevane ikkje vil ha rett til inntak undervegs i skoleåret.

Departementet er samd med dei høyringsinstansane som har uttalt at retten ikkje bør avgrensast til elevar, og foreslår at retten til omval gjeld for elevar og dei som er i gang med læretid i bedrift. Retten til omval vil også gjelde dei med planlagt løp mot lågare sluttkompetanse enn studie- eller yrkeskompetanse.

Enkelte høyringsinstansar ønskjer at også dei over 19 år kan få moglegheita til fleire omval. Konsekvensane av ei eventuell ytterlegare utviding er ikkje greidd ut. Departementet meiner uansett at skiljet på 19 år er tenleg, jf. vurderinga over om at den foreslåtte utvidinga mellom anna er meint å tette hòlet som kan oppstå for dei som må vente på vaksenretten for å kunne gjere nødvendig omval.

Til innspela om at førstegongssøkjarar frå grunnskolen og ungdom som følgjer normal progresjon, må prioriterast ved inntak, gjer departementet merksam på at dei nærare reglane om inntak framleis skal vere regulerte i forskrift til opplæringslova, og departementet går ikkje inn på desse reglane her.

40.4.5 Departementets forslag

Departementet foreslår å lovfeste ein uavgrensa rett til omval fram til søknadsfristen for inntak det året ungdommane fyller 19 år. Dei som ikkje har gjort omval før dette, har rett til eitt omval. Sjå forslaget til § 5-5.

40.5 Rett til påbygging til generell studiekompetanse

40.5.1 Dagens reglar

Etter § 3-1 ellevte ledd har dei som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring, rett til eitt år påbygging til generell studiekompetanse dersom dei søkjer om det. Retten gjeld både dei som har teke fag- og yrkesopplæringa som ein del av ungdomsretten, og andre som har fullført og bestått innan utgangen av det året dei fyller 24 år. Retten kan takast ut når som helst innan utgangen av det året dei fyller 24 år, eventuelt bli teken ut etter dei tilsvarande reglane for vidaregåande opplæring for vaksne, jf. § 4A-3 sjuande ledd.

40.5.2 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet å styrkje retten til påbygging til generell studiekompetanse for dei som har bestått fag- og yrkesopplæringa, ved å oppheve tidsavgrensinga på eitt år.

Høyringsforslaget frå departementet skilde seg dermed frå forslaget til opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 24, om å vidareføre dagens reglar om påbygging til generell studiekompetanse.

40.5.3 Høyringsinstansanes syn

Omtrent 20 høyringsinstansar har uttalt seg om høyringsforslaget om å styrkje retten til påbygging til generell studiekompetanse for dei som har bestått fag- og yrkesopplæringa, ved å oppheve tidsavgrensinga på eitt år. Alle som har uttalt seg, støttar forslaget heilt eller delvis, mellom anna fleire fylkeskommunar, Elevorganisasjonen, NHO, YS, Norsk Lektorlag og Akademikerne.

Oslo kommune seier i høyringsinnspelet sitt at dei legg til grunn at påbyggingsretten omfattar dei som har bestått fag- og yrkesopplæring i 2014 og seinare, og ikkje har tilbakeverkande kraft, sjølv om «2014 eller seinare» er teke ut av lovforslaget.

40.5.4 Departementets vurdering

Departementet foreslår å vidareføre retten til påbygging til generell studiekompetanse for dei som har bestått fag- og yrkesopplæring, og å styrkje retten ved å oppheve dagens tidsavgrensing på eitt år.

Forslaget om å oppheve dagens tidsavgrensing på eitt år for påbygging til generell studiekompetanse må sjåast i samanheng med forslaget om å oppheve dagens tidsavgrensing for retten til vidaregåande opplæring generelt, sjå vurderingane i punkt 40.2. Departementet meiner at det å avgrense retten til påbygging til eitt års opplæring vil verke lite konsekvent sett i samanheng med resten av utvidingane av retten til vidaregåande opplæring.

Departementet foreslår at personar mellom 19 og 24 år kan velje om dei vil ha påbygging for ungdom eller vaksne, medan dei over 24 år vil ha rett til påbygging for vaksne. Dette er også i tråd med korleis retten til vidaregåande opplæring generelt er foreslått innretta.

Til innspelet frå Oslo kommune om tilbakeverkande kraft, peiker departementet på at dei som bestod fag- og yrkesopplæringa før 2014, no er for gamle til å ha rett til påbygging for ungdom, og at det derfor ikkje er relevant å lovfeste ei 2014-avgrensing. Reglane om rett til påbygging innanfor vidaregåande opplæring for vaksne blir omtalte i punkt 43.7.

Departementet viser elles til Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, der det vart varsla at innhald i og omfang av påbygging til generell studiekompetanse vil formast ut på nytt etter at fag- og timefordelinga er greidd ut, og i lys av eventuelle nye krav til generell studiekompetanse.

40.5.5 Departementets forslag

Departementet foreslår å lovfeste ein tidsuavgrensa rett til påbygging til generell studiekompetanse for dei som har bestått fag- og yrkesopplæringa. Sjå forslaget til § 5-7.

40.6 Inntaksreglar i vidaregåande opplæring

40.6.1 Dagens reglar

Søkjarane til vidaregåande opplæring har rett til inntak til eitt av tre alternative utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 (vg1) som dei har søkt på. Deretter har dei rett til to års vidaregåande opplæring (vg2 og Vg3) innanfor same utdanningsprogram. Dette følgjer av opplæringslova § 3-1 sjette ledd. Opplæringslova inneheld ikkje reglar om kva skole søkjarar til vidaregåande opplæring skal få plass på. Dette vil seie at elevane i vidaregåande opplæring ikkje har lovfesta rett til å gå på ein bestemt skole. Nærare reglar om inntak går fram av forskrift til opplæringslova kapittel 6, jf. § 3-1 sjuande ledd i lova som gir departementet heimel til å gi forskrift om inntak til vidaregåande skole. Ifølgje forskrift til opplæringslova § 6-2 skal fylkeskommunen fastsetje lokal forskrift om inntak. Den lokale forskrifta skal innehalde reglar om korleis inntaket vil bli gjennomført, mellom anna om inntaksområde.

Opplæringslova § 3-1 sjette ledd seier at søkjarar som etter opplæringslova har rett til spesialundervisning, og som på grunnlag av ei sakkunnig vurdering har særleg behov for eit særskilt utdanningsprogram på vg1, har rett til inntak til dette utdanningsprogrammet etter forskrift fastsett av departementet. Slike reglar er fastsette i forskrift til opplæringslova § 6-15.

Ungdom som har fylt 15 år, søkjer sjølve om inntak til vidaregåande opplæring. Dette følgjer både av opplæringslova § 3-1 første ledd og av barnelova § 32.

40.6.2 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet

  • å vidareføre hovudregelen om inntak til eitt av tre søkte utdanningsprogram

  • å ikkje vidareføre lovregelen om at søkjarar med rett til spesialundervisning kan ha rett til inntak på eit særskilt utdanningsprogram, men at innhaldet i lovregelen likevel blir vidareført i forskrift

  • å vidareføre innhaldet i lovregelen i opplæringslova om at ungdom over 15 år sjølve søkjer om inntak til vidaregåande opplæring, men å ta inn dette som ein del av ein meir generell utforma paragraf som presiserer at retten til sjølvråderett for dei over 15 år også gjeld enkelte andre spørsmål knytt til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring, for både ungdom og vaksne

  • å vidareføre dagens reglar om at departementet kan gi forskrift om inntak til vidaregåande opplæring

Høyringsforslaget om å ha reglar i opplæringslova om sjølvråderett for dei over 15 år skilde seg frå forslaget til opplæringslovutvalet om å ikkje ha slike reglar, sjå omtale i punkt 21. Dei andre høyringsforslaga frå departementet i opplistinga over følgde i hovudsak opp opplæringslovutvalets NOU 2019: 23, kapittel 24.

40.6.3 Høyringsinstansanes syn

40.6.3.1 Hovudregelen om inntak

Få høyringsinstansar har uttalt seg eksplisitt om forslaget om å vidareføre hovudregelen om inntak til eitt av tre søkte utdanningsprogram. Barneombodet,Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark og LO støttar forslaget.

Oslo kommune meiner at det må klargjerast at retten til vg2 og vg3 føreset at søkjaren fyller vilkåra for inntak til høvesvis vg2 og vg3.

NHO støttar forslaget delvis og skriv:

Dette forutsetter derimot at fylkeskommunene måles på andelen som får læreplass, at fylkeskommunene utvikler behovskart, at ungdommen får kvalifisert karriereveiledning før de søker seg til videregående opplæring, at utdanningstilbudet dimensjoneres etter arbeidslivets behov for kompetanse, innspill fra partene og at yrkesopplæringsnemnda har vedtakskompetanse. Dette henger sammen og er forutsetninger som må ligge til grunn for en videreføring av retten til ett av tre søkte utdanningsprogrammer.

Byggenæringens Landsforening og Entreprenørforeningen – Bygg og Anlegg har tilsvarande innspel som NHO.

Få høyringsinstansar har gitt innspel til forslaget om å vidareføre dagens reglar om at departementet kan gi nærare forskrifter om inntaket til vidaregåande opplæring. Enkelte høyringsinstansar har likevel spelt inn at dei ønskjer å lovfeste ein rett for fylkeskommunane til sjølve å bestemme inntaksordning.

40.6.3.2 Rett til inntak til særskilt utdanningsprogram

Svært få høyringsinstansar har kommentert departementets forslag om å ikkje vidareføre lovfestinga av at søkjarar som har rett til spesialundervisning, og som på grunnlag av ei sakkunnig vurdering har særleg behov for eit særskilt utdanningsprogram på vg1, har rett til inntak til dette utdanningsprogrammet. Ingen synest å ha direkte motførestillingar til at dagens lovreglar ikkje blir vidareførte.

Barneombodet og Trøndelag fylkeskommune støttar forslaget.

Norsk Forbund for Utviklingshemmede har ikkje uttalt direkte om forbundet støttar forslaget, men uttaler følgjande:

Departementet foreslår videre å ikke videreføre rett til inntak til særskilte utdanningsprogram i loven, men at regelen videreføres i forskrift. I tilfeller hvor valg av utdanningsprogram kan være avgjørende for om eleven fullfører videregående opplæring eller ikke, kan det være viktig med en rett til inntak på et bestemt utdanningsprogram. Vi vil likevel bemerke at denne bestemmelsen misbrukes eller misforstås i dag. Flere av våre medlemmer som har søkt inntak til videregående opplæring etter denne bestemmelsen opplever at de likevel ikke får opplæring knyttet til dette studieprogrammet, men at de automatisk, og mot sin vilje, blir plassert i «spesialgruppe» for særskilt opplæring/alternativ opplæring/tilrettelagt opplæring eller lignende. Det bør klargjøres hvordan bestemmelsen om rett til inntak på særskilt utdanningsprogram er ment å praktiseres.

40.6.3.3 Ungdom over 15 år skal sjølve søkje om inntak

Dei aller fleste av dei om lag ti høyringsinstansane som har uttalt seg, støttar heilt eller delvis forslaget om å i hovudsak vidareføre innhaldet i dagens lovregel om at ungdom over 15 år sjølve søkjer om inntak til vidaregåande opplæring, men å ta inn dette som ein del av ein meir generelt utforma paragraf som presiserer at retten til sjølvråderett for dei over 15 år også gjeld andre spørsmål knytte til opplæringa i grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa. Departementet viser til at det blir gjort nærare greie for høyringsinnspela i punkt 21 om medverknaden til elevane og sjølvråderetten til elevane.

40.6.4 Departementets vurdering

40.6.4.1 Hovudregelen om inntak

Departementet foreslår, i tråd med høyringsforslaget, å vidareføre innhaldet i hovudregelen om inntak i dagens § 3-1 sjette ledd om at «[s]økjarar har rett til inntak til eitt av tre alternative utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 som dei har søkt på, og til to års vidaregåande opplæring innanfor utdanningsprogrammet».

Når det gjeld innspela frå NHO, Byggenæringens Landsforening og Entreprenørforeningen- Bygg og anlegg som inneber visse føresetnader for å støtte forslaget, kommenterer departementet at dette er føresetnader som ikkje har direkte betydning for reglane om inntak. Departementet vurderer derfor ikkje innspela her.

Når det gjeld innspelet frå Oslo kommune om at det bør klargjerast at retten til vidaregåande trinn 2 og 3 (vg2 og vg3) føreset at søkjaren oppfyller vilkåra for inntak til høvesvis vg2 og vg3, vil departementet påpeike at dette er tydeleggjort i lovforslaget og nærare beskrive i merknadene.

Departementet foreslår å vidareføre dagens lovreglar om at departementet kan gi forskrift om inntak til vidaregåande opplæring. Forskriftsheimelen er vid og gir departementet høve til å gi reglar om mellom anna førerett og krav til søknader. I opplæringslovutvalets NOU 2019: 23 vart det sett spørjeteikn ved om heimelen i lova også gir departementet høve til å gi forskriftsreglar som kan binde fylkeskommunane til visse inntaksordningar, til dømes om inntaket til vidaregåande opplæring skal gjennomførast ved fritt skoleval i heile fylket, innanfor fastsette inntaksområde eller inntak etter nærskoleprinsippet. Trass i at dagens ordlyd er vid og inneber at departementet kan gi forskriftsreglar om inntak, meinte utvalet at utsegner i forarbeida i lova, Ot.prp. nr. 46 (1997–98), kapittel 9.4, peikar i retning av at den nasjonale heimelen til å påleggje fylkeskommunane bestemte inntaksordningar ikkje er uavgrensa. Sjå nærare om vurderinga frå utvalet i NOU 2019: 23 kapittel 24.4.7. Departementet meiner dagens forskriftsheimel er så vid at han også gir departementet høve til å gi overordna reglar om kva inntaksordning fylkeskommunane kan bruke. Uavhengig av den eventuelle tvilen som knyter seg til dagens reglar, legg departementet til grunn at den foreslåtte forskriftsheimelen gir høve for departementet til å gi slike reglar. Ei eventuell avgrensing må i så fall komme fram av lova. Ei slik avgrensing av omfanget til forskriftsskriftsheimelen var ikkje ein del av høyringsforslaget, og departementet vil ikkje foreslå å innføre ei slik avgrensing no. Det er i dag ikkje forskriftsreglar som bind fylkeskommunane til visse inntaksordningar. Det er derfor opp til fylkeskommunane å avgjere om inntaket til vidaregåande opplæring skal gjennomførast ved fritt skoleval i heile fylket, innanfor fastsette inntaksområde eller ved inntak etter nærskoleprinsippet.

40.6.4.2 Rett til inntak til særskilt utdanningsprogram

Departementet foreslår, i tråd med høyringsforslaget, å ikkje vidareføre lovfestinga av at søkjarar som har rett til spesialundervisning, og som på grunnlag av ei sakkunnig vurdering har særleg behov for eit særskilt utdanningsprogram på vg1, har rett til inntak til dette utdanningsprogrammet. Dagens lovregel har lita praktisk betydning. Den lovfesta retten til inntak til eit særskilt utdanningsprogram er nærare regulert i forskriftsreglane om fortrinn ved inntak til vidaregåande opplæring. Forskriftsreglane om fortrinn for denne gruppa vil uansett kunne førast vidare, sidan departementet etter forslaget vil ha heimel til å gi forskrifter om inntak til vidaregåande opplæring. Departementet meiner at intensjonen med dagens lovfesta rett til eit særskilt utdanningsprogram kan varetakast ved forskriftsreglar om fortrinn ved inntaket for denne gruppa søkjarar. Dette vil sørgje for at alle detaljerte reglar om inntaket blir samla i forskrift, noko som er i tråd med prinsippa for regelstyringa.

40.6.4.3 Ungdom over 15 år skal søkje sjølve

Departementet foreslår å vidareføre innhaldet i lovregelen i opplæringslova om at ungdom over 15 år sjølve søkjer om inntak til vidaregåande opplæring, men å ta inn dette som ein del av ein meir generelt utforma paragraf som presiserer at retten til sjølvråderett for dei over 15 år også gjeld andre spørsmål knytte til opplæringa i grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa. Sjå omtalen og vurderinga til departementet av dette i punkt 21 om medverknaden til elevane og sjølvråderetten til elevane.

40.6.5 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å vidareføre hovudregelen om inntak til eitt av tre søkte utdanningsprogram, sjå forslaget til § 5-1 sjette ledd

  • å ikkje vidareføre lovregelen om at søkjarar med rett til spesialundervisning kan ha rett til inntak på eit særskilt utdanningsprogram, men at intensjonen med dagens lovreglar blir vidareført i forskriftsreglar om førerett

  • å vidareføre dagens reglar om at departementet kan gi forskrift om inntak til vidaregåande opplæring, sjå forslaget til § 5-1 sjuande ledd

40.7 Gratisprinsippet i vidaregåande opplæring

40.7.1 Dagens reglar

Opplæringslova § 3-1 niande ledd seier at opplæringa i offentleg vidaregåande skole eller i lærebedrift skal vere gratis. Det kjem likevel fram av resten av leddet at ikkje alt knytt til opplæringssituasjonen er gratis: Fylkeskommunane har ansvaret for å halde elevane med nødvendige trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr. Elevane kan ikkje påleggjast å dekkje slike utgifter med mindre det følgjer av forskrift.

Fylkeskommunane kan påleggje både elevar og dei som får opplæring i lærebedrift, å halde seg med anna individuelt utstyr som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha. Mat, drikke, nødvendige klede og anna individuelt utstyr som ikkje er undervisningsmateriell, kan derfor krevjast dekte ved eigenbetaling. Departementet har i ei tolkingsfråsegn (brev frå departementet datert 20. mai 2014) lagt til grunn at til dømes vanlege arbeidsklede kan krevjast dekte gjennom eigenbetaling, men ikkje meir kostbart verneutstyr. Det må gjerast ei konkret vurdering av om noko kan reknast som anna individuelt utstyr, og det avheng mellom anna av den samla kostnaden på utstyret.

Eleven kan likevel berre bli pålagd å halde seg med individuelt utstyr som vanlegvis er nødvendig for opplæringa. Utstyr som er knytt til det særlege behovet til eleven, skal vere gratis. Det kan til dømes gjelde ekstrautstyr som eleven har rett til etter reglane om spesialundervisning.

Lånekassen gir eit utstyrsstipend til alle elevar i vidaregåande opplæring dersom dei har rett til opplæring etter § 3-1. Reglar om stipend og lån kjem fram av utdanningsstøttelova. Stipendet er meint å bidra til å dekkje skolemateriell, til dømes leige av PC, kjøp av bøker eller klede som er nødvendige i opplæringa. Stipendet er ikkje behovsprøvd ut frå inntekta eller formuen til eleven eller foreldra, men blir gitt etter tre satsar avhengige av kva utdanningsprogram eleven går på.

Ettersom den vidaregåande opplæringa skal vere gratis, kan heller ikkje deltaking på aktivitetar og skoleturar som blir gjennomførte som ein del av opplæringa, føresette eigenbetaling.

40.7.2 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet å vidareføre gratisprinsippet i vidaregåande opplæring, med dei unntaka som gjeld i dag. Forslaget innebar enkelte språklege justeringar frå dagens reglar.

Departementet følgde med dette høyringsforslaget opp opplæringslovutvalets NOU 2019: 23, kapittel 24.

40.7.3 Høyringsinstansanes syn

I underkant av 30 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å vidareføre gratisprinsippet i vidaregåande opplæring. Omtrent halvparten av høyringsinstansane støttar forslaget, medan dei resterande meiner at reglane i den nye lova i større grad bør sikre at opplæringa blir gratis.

Skolenes landsforbund meiner reglane i forslaget til § 5-8 andre punktum om at fylkeskommunen likevel kan krevje at elevar og dei som har læretid i bedrift, dekkjer utgifter til individuelt utstyr som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha, holar ut reglane i første punktum om at den vidaregåande opplæringa skal vere gratis. Barneombodet påpeikar at dei ønskjer eit meir reelt gratisprinsipp. Organisasjonen Voksne for barn og Elevorganisasjonen har også liknande innspel, og sistnemnde peikar på at velferdsstaten er bygd på prinsippet om lik tilgang på utdanning, noko som blir utfordra når stipendordningane ikkje strekk til, eller lovverket ikkje skjermar elevar frå store personlege kostnader i opplæringa. Organisasjonen meiner derfor at kostnadene med å sikre gratis opplæring i vidaregåande opplæring ikkje må hindre nødvendige justeringar i reglane. EL og IT Forbundet reagerer på at innhaldet i regelen inkluderer unntak frå at opplæringa skal vere gratis, når overskrifta til paragrafen lyder «Gratis vidaregåande opplæring».

Enkelte høyringsinstansar har innspel til formuleringa «til vanleg gjer det nødvendig å ha». Faglig råd for elektro og datateknologi meiner det må konkretiserast kva dette betyr. Nelfo meiner også det er uklart kva dette inneber, og er redd for store variasjonar. Rogaland fylkeskommune har også liknande innspel og meiner at det anten i lovteksten eller i merknadene må formulerast tydelegare retningslinjer for kva som er rammene til gratisprinsippet.

Enkelte høyringsinstansar har innspel til siste punktum i forslaget til § 5-8 om at «Departementet kan gi forskrift om at elevar skal halde seg med læremiddel og digitalt utstyr». Fredrikstad kommune er ikkje samd med beskrivinga i høyringsnotatet om at dette ikkje inneber ei realitetsendring frå dagens reglar, og meiner det i større grad enn i dag vil opne for at elevane sjølve må sørgje for å ha digitalt utstyr for å kunne delta i opplæringa på ein likeverdig måte. Skoleleiarforbundet meiner ordlyden er noko uklar og kan vere i strid med prinsippet om at opplæring skal vere gratis.

Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) meiner at læremiddel og utstyr må vere gratis for at alle elevar skal kunne få lik rett til vidaregåande opplæring. Foreininga meiner at dagens ordning med utstyrsstipend ikkje er ei god nok løysing, då stipendet ikkje dekkjer dei reelle utgiftene. FUG meiner at dersom retten til vidaregåande skal vere reell, må gratisprinsippet i vidaregåande opplæring gjelde tilsvarande som i grunnskolen.

Helse Fonna meiner at dei som tek vidaregåande opplæring fram mot fagbrev som ambulansearbeidar, bør få dekt kostnadene for dei førarkortklassane som er nødvendige for å vere ferdig ambulansesjåfør, noko som ikkje er tilfellet i dag. Dei meiner også at det er ei forskjellsbehandling samanlikna med yrkessjåførutdanninga, der ein får delar av førarkort klassa B som del av opplæringa.

40.7.4 Departementets vurdering

Departementet foreslår, i tråd med høyringsforslaget, å vidareføre dagens reglar om gratisprinsippet i vidaregåande opplæring, inkludert dei unntaka som gjeld i dag. Det er viktig å sikre at alle har høve til å gjennomføre og bestå vidaregåande opplæring, noko dagens gratisprinsipp, kombinert med stipendordningane, bidreg til.

Opplæringslovutvalet viste i NOU 2019: 23 til at det er gjennomført fleire kartleggingar av utgifter til utstyr i vidaregåande skole, den siste i 2019. Kartleggingane har vist at det er store variasjonar mellom utdanningsprogramma, programområde som tilhøyrer same utdanningsprogram, og også mellom skolar. Sjølv om utstyrsstipendet har auka dei siste åra, er det for mange elevar ikkje samsvar mellom satsane og utgiftene dei blir bedne om å dekkje sjølve.

Fleire høyringsinstansar har på ulike måtar spelt inn at dei ønskjer eit meir reelt gratisprinsipp og reglar som i større grad inneber at opplæringa faktisk blir gratis. Innføring av eit meir absolutt gratisprinsipp i vidaregåande opplæring vil likevel krevje ytterlegare utgreiing, ikkje minst av dei økonomiske konsekvensane. Dette er ikkje greidd ut, og departementet foreslår ikkje endringar i reglane.

Kartlegginga frå 2019 viser at det også kan vere meir subjektive vurderingar bak kva utstyr ulike skoler, lærarar og elevar vurderer som godt nok for å følgje opplæringa. Frå skolane og lærarane si side kan dette mellom anna komme av manglande kjennskap til regelverket. Som beskrive under dagens reglar har departementet tidlegare uttalt at det må vurderast konkret kva for eit individuelt utstyr det kan krevjast at elevane betaler for, og at dette mellom anna må vurderast opp mot dei samla kostnadene. Opplæringslovutvalet har i sine vurderingar påpeika at unntaket frå gratisprinsippet ikkje opnar for at fylkeskommunane kan krevje at eleven betaler for relativt kostnadskrevjande utstyr. Departementet er einig i at regelen er slik å forstå.

40.7.5 Departementets forslag

Departementet foreslår å vidareføre gratisprinsippet i vidaregåande opplæring, med dei unntaka som gjeld i dag. Sjå forslaget til § 5-8.

40.8 Om fylkeskommunen skal tilby anna opplæring ved behov

40.8.1 Dagens reglar

Fylkeskommunane skal tilby anna opplæring dersom ein elev, ein lærling, ein praksisbrevkandidat eller ein lærekandidat har særlege vanskar med å følgje den opplæringa som er vald. Dette kjem fram av § 3-1 sjuande ledd. Det er ikkje nærare presisert i lov eller forskrift kva plikta til fylkeskommunane inneber, men det er klart at paragrafen ikkje opnar for å gi anna opplæring enn det som følgjer av den fastsette tilbodsstrukturen for vidaregåande opplæring og læreplanane i fag. Dette kjem av at opplæring som avvik frå læreplanmåla, vil krevje enkeltvedtak om spesialundervisning etter reglane i opplæringslova kapittel 5.

40.8.2 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet å ikkje vidareføre plikta fylkeskommunane har til å tilby anna opplæring ved behov.

Departementet følgde med dette høyringsforslaget opp opplæringslovutvalets NOU 2019: 23, kapittel 24.

40.8.3 Høyringsinstansanes syn

Svært få høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget. Barneombodet støttar forslaget. NHO støttar ikkje forslaget og meiner det heller bør presiserast kva denne plikta inneber.

40.8.4 Departementets vurdering

Opplæringslovutvalet gav i NOU 2019: 23 uttrykk for at det er uklart kva plikta til å tilby anna opplæring ved behov inneber i praksis. Utvalet skreiv mellom anna at forarbeida kan forståast som at fylkeskommunane må tilby eit anna utdanningsprogram, programområde eller anna form for opplæring, medan paragrafen ikkje opnar for å fråvike læreplanane utan enkeltvedtak om spesialundervisning. I tillegg har fylkeskommunane heller ikkje plikt til å skaffe læreplass.

Utvalet såg ikkje bort frå at plikta gjer at nokre fylkeskommunar strekkjer seg langt for å gi eleven eit tilstrekkeleg tilpassa opplæringstilbod, men såg likevel ikkje grunn til å vidareføre lovregelen. I grunngivinga si viste utvalet mellom anna til at det gir dårleg samanheng i regelverket når førerett til eit særskilt utdanningsprogram er detaljregulert med mellom anna krav til sakkunnig vurdering, samtidig som fylkeskommunane har plikt til å tilby anna opplæring etter noko uklare kriterium.

Departementet foreslår å ikkje vidareføre regelen. Det har lite for seg å vidareføre ein regel med eit uklart innhald. I høyringa bad departementet dei høyringsinstansane som meiner at denne plikta har hatt ei reell betydning for ungdom ut over rettar som blir varetekne på annan måte, om å gjere greie for dette i høyringssvaret sitt. Berre nokre få høyringsinstansar har kommentert departementets forslag, og ingen har gjort greie for det konkrete spørsmål frå departementet.

40.8.5 Departementets forslag

Departementet foreslår å ikkje vidareføre plikta fylkeskommunane har til å tilby anna opplæring ved behov.

40.9 Kva fylkeskommunen skal leggje vekt på i planlegginga av det vidaregåande opplæringstilbodet (dimensjonering)

40.9.1 Dagens reglar

Fylkeskommunane har ansvaret for å planleggje og byggje ut det vidaregåande opplæringstilbodet. Dei skal mellom anna ta omsyn til nasjonale mål, ønska til søkjarane og behovet i samfunnet for vidaregåande opplæring i alle utdanningsretningar og for ulike aldersgrupper, jf. § 13-3 femte ledd. Dette blir ofte omtalt som ansvaret fylkeskommunane har for dimensjonering. Paragrafen gir opp fleire omsyn som er relevante for dimensjoneringsarbeidet, men gir ikkje ei uttømmande opplisting. I praksis har fylkeskommunane stort handlingsrom til å velje kva utdanningsprogram dei vil tilby, og kor mange elevplassar det skal vere på kvart enkelt tilbod.

Ansvaret etter § 13-3 femte ledd må sjåast i samanheng med første ledd i paragrafen som seier at fylkeskommunane skal oppfylle retten til vidaregåande opplæring for alle som er busette i fylket. Dette inneber at handlingsrommet frå fylkeskommunane blir avgrensa av § 3-1, som omhandlar rett til vidaregåande opplæring for ungdom, og § 4A-3 om rett til vidaregåande opplæring for vaksne og reglane i forskrift til opplæringslova om inntak til vidaregåande opplæring. Også retten til påbygging for dei som tidlegare har fullført fag- og yrkesopplæringa, jf. § 3-1 ellevte ledd, inneber ei plikt for fylkeskommunane til å gi tilbod til alle kvalifiserte søkjarar.

Fylkeskommunane må sørgje for at elevar som oppfyller vilkåra for førerett til eit særskilt utdanningsprogram, får oppfylt retten sin, jf. opplæringslova § 13-3 første ledd og forskrift til opplæringslova § 6-15. I ei tolkingsfråsegn frå Utdanningsdirektoratet (2013/6772) er det lagt til grunn at ein fylkeskommune unntaksvis kan vere forplikta til å gjere avtale om kjøp av elevplass, dersom det skulle vere nødvendig for å oppfylle føreretten til ein elev.

Også andre lovreglar har noko å seie for fylkeskommunens dimensjoneringsarbeid:

  • § 3-3 femte ledd: Fylkeskommunane må gi opplæring til dei som ikkje har vorte formidla til opplæring i bedrift

  • § 13-3 femte ledd andre punktum: Fylkeskommunane skal gi tilbod om praksisbrev

  • § 13-3 fjerde ledd andre punktum: Departementet kan påleggje fylkeskommunane å gi tilbod til søkjarar frå andre fylke

Reglane i dei to første opplistingspunkta over er elles omtalte og vurderte i punkt 42, medan det siste er omtalt i dette punktet, punkt 40.

Ansvaret til fylkeskommunane for dimensjonering må også sjåast i samanheng med rolla og oppgåvene til yrkesopplæringsnemndene, jf. §§ 12-3 og 12-4. Yrkesopplæringsnemnda er eit rådgivande organ for fylkeskommunen og skal mellom anna arbeide for best mogleg dimensjonering av den vidaregåande opplæringa. Yrkesopplæringsnemnda er omtalt i punkt 42.

40.9.2 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet

  • å lovfeste at behovet i samfunnet for kompetanse skal få stor vekt ved dimensjoneringa av det vidaregåande opplæringstilbodet

  • å vidareføre lovreglar om at departementet kan krevje at fylkeskommunen skal ha eit vidaregåande opplæringstilbod til søkjarar frå heile landet.

Departementet følgde med dette høyringsforslaget delvis opp opplæringslovutvalets NOU 2019: 23, kapittel 24. Opplæringslovutvalet foreslo å lovfeste at fylkeskommunane i dimensjoneringa av tilbodet også skal leggje stor vekt på kor mange læreplassar som finst.

40.9.3 Høyringsinstansanes syn

I underkant av 30 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å lovfeste at behovet i samfunnet for kompetanse skal få stor vekt ved dimensjoneringa av det vidaregåande opplæringstilbodet. Eit klart fleirtal av høyringsinstansane støttar forslaget heilt eller delvis.

NHO støttar forslaget og meiner at førstevalet til elevane i dag blir tillagt for stor vekt ved dimensjoneringa av utdanningstilbodet, og at behovet i arbeidslivet for kompetanse og moglegheiter for læreplass må få større vekt. NHO peikar på at eit tiltak for å nå dette målet kan vere at fylkeskommunane utarbeider behovskart i kvart fylke/region. LO har liknande innspel og meiner at dagens vektlegging av valet til elevane bidreg til at ein ikkje får løyst utfordringa med å tilby nok læreplassar og dekkje behovet i arbeidslivet for kompetanse.

Maskinentreprenørenes forbund støttar forslaget og skriv at fylkeskommunen i dag legg for mykje vekt på å tilby rimelege utdanningar som ikkje treffer behovet i samfunnet godt nok.

Nelfo støttar forslaget, men skriv samtidig at det innanfor fag- og yrkesopplæringa vil vere vanskeleg for fylkeskommunane aleine å dimensjonere med vekt på kva samfunnet treng, dersom ikkje partane i arbeidslivet er tett på.

Spekter ønskjer at ordlyden blir endra slik at det eksplisitt kjem fram at behovet i arbeidslivet skal vektleggjast, og foreslår følgjande ordlyd: «Fylkeskommunen skal i planlegginga og utbygginga av det vidaregåande opplæringstilbodet leggje stor vekt på kva kompetanse samfunnet – og arbeidslivet – treng.»

Byggmesterforbundet støttar forslaget delvis, men ønskjer at også omsynet til læreplassar blir presisert i lova, i tråd med forslaget til opplæringslovutvalet. Også Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer at omsynet til læreplassar blir teke inn i lova. Fylkeskommunen meiner vidare at omgrepet «samfunnet» i lovforslaget er noko breitt, og at det er det lokale/regionale kompetansebehovet som er mest naturleg å ta omsyn til, noko som bør presiserast.

Arbeids- og velferdsdirektoratet støttar høyringsforslaget og skriv:

Videre foreslår departementet, i motsetning til opplæringslovsutvalget, å ikke presisere i loven at det skal tas hensyn til hvor mange læreplasser som finnes. Arbeids- og velferdsdirektoratet støtter dette forslaget, da vi erfarer at det ikke nødvendigvis er sammenheng mellom samfunnets behov for arbeidskraft og tilgangen på læreplasser, og at det er flere av NAVs brukere med rett til videregående opplæring som ikke får tilbud om læreplass i yrkesretninger som det er behov for i arbeidsmarkedet. Vi mener at det, uavhengig av lovforslaget, er viktig å arbeide med å øke tilgangen på læreplasser i bransjer som har arbeidskraftsbehov.

Viken fylkeskommune støttar også departementet i at omsynet til læreplassar ikkje treng å lovfestast, men meiner at ønska til elevane og nasjonale behov også bør lovfestast.

Utdanningsforbundet er samde i at behovet i samfunnet for kompetanse og tilgangen til læreplassar bør vere sentrale ved dimensjoneringa, men meiner at dette ikkje bør gå ut over ønska til søkjarane og nasjonale mål. Forbundet meiner derfor at dagens reglar, som listar opp fleire omsyn, bør førast vidare. Organisasjonen Voksne for barn støttar heller ikkje forslaget. Foreningen er usikker på korleis behovet i samfunnet vil definerast, og kven som skal definere dette. Vidare er foreininga bekymra for at elevane ikkje skal få oppfylt vala sine, og viser til at det er stor samanheng mellom å komme inn på ønskt utdanningsprogram og fullføring av vidaregåande opplæring. Foreininga foreslår derfor å i hovudsak vidareføre dagens reglar. Faglig råd for elektro og datateknologi støttar i utgangspunktet forslaget, men meiner samtidig det kan verke uklart kva som ligg i omgrepet «behovet i samfunnet».

Vestfold og Telemark fylkeskommune meiner at vektlegging av ønska til elevane også bør presiserast i paragrafen, alternativt at det blir lagt inn ei tilvising til formålsparagrafen som vektlegg utdanningsperspektivet.

SRY tek ikkje direkte stilling til om dei støttar forslaget eller ikkje, men peikar mellom anna på at Noreg skal gå gjennom omfattande overgangar til grøn industrisatsing, sirkulærøkonomi og meir berekraft i alle næringar og sektorar, og at det derfor er viktig at fylkeskommunane har eit breitt perspektiv på utdanningstilboda sine som sikrar rett kompetanse, arbeidsplassar og busetjing.

Helse Fonna tek heller ikkje direkte stilling til forslaget, men skriv mellom anna at omsynet til behovet i samfunnet og tilgang på læreplassar ikkje berre må få vekt, men også vere styrande, i dimensjoneringa av opplæringstilbodet.

Svært få høyringsinstansar har gitt innspel til forslaget om å vidareføre dagens reglar om at departementet kan krevje at fylkeskommunen skal ha eit vidaregåande opplæringstilbod til søkjarar frå heile landet. Møre og Romsdal fylkeskommune meiner det er uklart kva som ligg i denne regelen. Agder fylkeskommune meiner det er vanskeleg for fylkeskommunen å dimensjonere eit vidaregåande opplæringstilbod til søkjarar frå heile landet og dessutan å forplikte seg til å formidle søkjarar til læreplass frå andre fylke. Fylkeskommunen meiner ordninga med kjøp og sal av plassar dekkjer dette i dag.

40.9.4 Departementets vurdering

Departementet foreslår, i tråd med høyringsforslaget, å lovfeste at behovet i samfunnet for kompetanse skal få stor vekt ved dimensjoneringa av det vidaregåande opplæringstilbodet.

Etter dagens reglar er både omsynet til nasjonale mål, ønska til søkjarane og behovet i samfunnet relevante for korleis fylkeskommunen skal dimensjonere den vidaregåande opplæringa i fylkeskommunen sin. Lova gir inga uttømmande liste over relevante omsyn og heller ikkje føringar for korleis dei ulike omsyna skal vektast mot kvarandre.

Kunnskapsgrunnlaget frå opplæringslovutvalet, gjort greie for i NOU 2019: 23, viser at det er variasjonar i korleis fylkeskommunane dimensjonerer den vidaregåande opplæringa, men at dei fleste i dag legg meir vekt på at søkjarane skal få oppfylt førstevalet sitt, enn på behovet i samfunnet for kompetanse. Utvalet foreslo derfor å lovfeste at fylkeskommunane i dimensjoneringa av tilbodet skal leggje stor vekt på kva kompetanse samfunnet treng, og på kor mange læreplassar som finst.

Departementet foreslår, i tråd med vurderinga frå utvalet og høyringsforslaget, å lovregulere at fylkeskommunane skal leggje stor vekt på behovet i samfunnet for kompetanse ved planlegginga og utbygginga av det vidaregåande opplæringstilbodet. Ei slik lovregulering har god støtte hos høyringsinstansane.

I tråd med høyringsforslaget foreslår departementet ikkje å lovfeste at fylkeskommunane i dimensjoneringa av tilbodet også skal leggje stor vekt på kor mange læreplassar som finst. Opplæringslovutvalet foreslo å lovfeste også dette omsynet. Departementet er i utgangspunktet samd med opplæringslovutvalet i at omsynet til læreplassar er viktig når fylkeskommunane skal dimensjonere opplæringstilbodet sitt, men ser det ikkje nødvendig å lovfeste dette. Ved å lovfeste at det skal leggjast stor vekt på kva kompetanse samfunnet treng, vil også tilgangen til læreplassar langt på veg vere vareteken. Departementet vil elles påpeika at dei foreslåtte reglane ikkje utelukkar at fylkeskommunen kan ta omsyn til tilgangen på læreplassar dersom dei ønskjer å vektleggje dette som eit sjølvstendig moment i arbeidet med å dimensjonere opplæringstilbodet sitt.

I vurderinga av behovet i samfunnet for kompetanse er det nærliggjande at fylkeskommunen først vurderer behovet regionalt. Det er likevel naturleg at fylkeskommunen også ser på behovet utover regionen sin.

Nokre høyringsinstansar har spelt inn at dei ønskjer å vidareføre dagens reglar der fleire omsyn er lista opp, inkludert omsynet til kvar enkelt søkjar. Andre høyringsinstansar, inkludert NHO og LO, støttar vurderingane i høyringsnotatet. LO peikar særleg på at dagens vektlegging av ønska til elevane bidreg til at ein ikkje får løyst utfordringa med å tilby nok læreplassar og dekkje behovet i arbeidslivet for kompetanse. Departementet meiner det er vesentleg at fylkeskommunanes dimensjonering står i forhold til behovet i samfunnet for kompetanse. Departementet gjer merksam på at forslaget ikkje utelukkar at fylkeskommunane kan vektleggje andre omsyn. Lovforslaget inneheld inga uttømmande liste over kva omsyn som skal vektleggjast i dimensjoneringa av opplæringstilbodet. Samtidig vil fylkeskommunane framleis måtte ta omsyn til ønska til søkjarane, ved at § 5-1 i lovforslaget gir kvar enkelt rett til å komme inn på eitt av tre utdanningsprogram. Det er grunn til å tru at fylkeskommunane framleis vil strekkje seg langt for at elevane skal komme inn på førstevalet sitt, noko det kan vere gode grunnar til sidan elevar som får oppfylt førsteønsket sitt, har større sjansar for å fullføre vidaregåande opplæring enn dei som får oppfylt andre- eller tredjevalet sitt, sjå SSB Analyse 2020/15.

Departementet foreslår å vidareføre dagens reglar om at departementet kan krevje at fylkeskommunen skal ha eit vidaregåande opplæringstilbod til søkjarar frå heile landet. Sjølv om heimelen er lite brukt, er det ikkje tilstrekkeleg greidd ut kva konsekvensar det kan ha å fjerne regelen. Til høyringsinnspelet om at det er uklart kva regelen inneber, kommenterer departementet at heimelen gjer det mogleg å påleggje fylkeskommunar å ha eit tilbod til andre enn dei som tilhøyrer den aktuelle fylkeskommunen, til dømes dersom fylkeskommunane ikkje i tilstrekkeleg grad tilbyr smale fag.

40.9.5 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å lovfeste at behovet i samfunnet for kompetanse skal få stor vekt ved dimensjoneringa av det vidaregåande opplæringstilbodet, sjå forslaget til § 5-3 første ledd

  • å vidareføre lovreglar om at departementet kan krevje at fylkeskommunen skal ha eit vidaregåande opplæringstilbod til søkjarar frå heile landet, sjå forslaget til § 5-3 tredje ledd

40.10 Kva den vidaregåande opplæringa består av

40.10.1 Dagens reglar

Opplæringsordninga for den vidaregåande opplæringa kjem fram av § 3-3 i lova, der det i første ledd er presisert at opplæringa fører fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller grunnkompetanse. Grunnkompetanse er ei fellesnemning på all kompetanse som ikkje utgjer studiekompetanse eller yrkeskompetanse.

I andre ledd er det presisert at opplæring i skole skal omfatte dei tre trinna vg1, vg2 og vg3, der kvart trinn normalt har eitt års lengd.

I tredje ledd er det presisert at fag- og yrkesopplæringa normalt omfattar to år i skole og eitt års opplæring i bedrift, men at opplæringa i bedrift kan strekkje seg over to år når opplæringa blir gitt i kombinasjon med verdiskaping i bedrifta. Det er også presisert at departementet gir forskrift om kva fag som skal ha læretid i bedrift, og nærare reglar om opplæringsordninga for dei ulike faga.

40.10.2 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet

  • å ikkje vidareføre reglane om kva kompetanse den vidaregåande opplæringa skal leie fram til, men heller regulere kva den vidaregåande opplæringa består av (studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram). Forslaget inneber at omgrepet «grunnkompetanse» ikkje lenger kjem fram av lova.

  • å elles i hovudsak vidareføre dagens reglar om opplæringsordninga for den vidaregåande opplæringa

Departementet følgde med dette høyringsforslaget opp opplæringslovutvalets NOU 2019: 23, kapittel 24.

40.10.3 Høyringsinstansanes syn

I underkant av 20 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å regulere i lova kva den vidaregåande opplæringa består av, framfor kva kompetanse opplæringa gir.

Eit fleirtal støttar forslaget, inkludert Møre og Romsdal fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune, Agder fylkeskommune, Vestfold og Telemark fylkeskommune, Byggenæringens Landsforening og NHO.

Enkelte høyringsinstansar har innspel til at forslaget inneber at omgrepet «grunnkompetanse» går ut frå lova. PPT for vidaregåande opplæring, gamle Østfold fylkeskommune meiner det generelt er for lite fokus på grunnkompetanse i høyringsnotatet og lovforslaga. Statsforvaltaren i Oslo og Viken ønskjer at grunnkompetanseomgrepet blir vidareført i lova. Viken fylkeskommune støttar ikkje forslaget og er særleg bekymra for at omgrepet grunnkompetanse forsvinn, då det er viktig å behalde dette omgrepet i lova som ei nemning på eit oppnådd kompetansenivå for praksisbrevkandidatar og lærekandidatar. Fylkeskommunen meiner at forslaget ikkje er i tråd med det uttalte ønsket til departementet i høyringa om å sjå på og vidareutvikle lærekandidatordninga og praksisbrevordninga i lys av forslaget om ny fullføringsrett.

Innlandet fylkeskommune støttar heller ikkje forslaget og meiner mellom anna at lova også må presisere kva sluttkompetanse som er forventa.

Enkelte høyringsinstansar har eksplisitt kommentert departementets forslag om å bruke nemninga «som elev» framfor dagens nemning «i skole». Møre og Romsdal fylkeskommune og Byggenæringens Landsforening støttar den foreslåtte omgrepsbruken til departementet. Arbeids- og velferdsdirektoratet meiner at omgrepet «som elev» ikkje nødvendigvis er meir presist enn omgrepet «i skole», og at det også kan skape uklarleik innan yrkesfagleg opplæring med anna organisering enn modellen 2 + 2, som ved opplæring etter vekslingsmodell der ein er både elev og lærling parallelt.

Nasjonal kompetansetjeneste for sjeldne diagnoser (ved Oslo Universitetssjukehus) tek heller ikkje direkte stilling til om dei støttar forslaget eller ikkje, men skriv:

Vi registrerer at man nå fjerner begrepet «verdiskaping» og innfører «to år med læretid i bedrift». I dag er retten til videregående opplæring 3 år, vi oppfatter dette som at denne retten nå utvides til 4 år, da det i første setning står «Studieførebuande utdanningsprogram omfatter tre års opplæring som elev».

40.10.4 Departementets vurdering

I dagens lovregel står det at den vidaregåande opplæringa skal føre fram til «studiekompetanse, yrkeskompetanse eller grunnkompetanse», jf. opplæringslova § 3-3 første ledd. Opplæringslovutvalet peika på at det er utfordringar med forståinga av nemninga «grunnkompetanse», og skriv mellom anna at det er

[…] særlig utfordrende at «grunnkompetanse» omfatter både planlagt og ikke-planlagt sluttkompetanse på et lavere nivå enn studie- eller yrkeskompetanse, og uavhengig av om det er ment som delkompetanse for den enkelte eller ikke.

Departementet foreslo i høyringa, i tråd med vurderinga frå opplæringslovutvalet, å ikkje vidareføre formuleringa i dagens § 3-3 første ledd om kva kompetanse den vidaregåande opplæringa skal leie fram til, men heller regulere kva den vidaregåande opplæringa består av (studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram). På den måten vil ikkje omgrepet «grunnkompetanse» vere nemnt i reglane i lova om vidaregåande opplæring for ungdom. Departementet tok i høyringa ikkje stilling til eventuell bruk av nemninga «grunnkompetanse», eller ei nyansering av nemninga, i forskriftsreglane, men viste til at dette er noko som eventuelt må takast stilling til i arbeidet med forskriftene. Departementet presiserte at orda «studiekompetanse» og «yrkeskompetanse» i lova framleis skal forståast som full studie- eller yrkeskompetanse.

Departementet foreslår å gå vidare med høyringsforslaget, noko som blir støtta av fleire av høyringsinstansane. Når det gjeld høyringsinnspela om at det er uheldig at omgrepet «grunnkompetanse» forsvinn frå lova, vil departementet vise til at forslaget til ny § 5-2, som regulerer kva den vidaregåande opplæringa består av, framfor kva kompetanse opplæringa gir, ikkje er meint å endre på moglegheita for den enkelte til å få opplæringsløp som gir annan kompetanse enn studie- eller yrkeskompetanse med vitnemål og fag- eller sveinebrev. Dette gjeld i dag ordningane for praksisbrevkandidatar og lærekandidatar innanfor fag- og yrkesopplæringa. Departementet gjer også merksam på at det i høyringsnotatet punkt 42.6.1.2 vart påpeika at det er behov for å sjå på dei ulike opplæringsordningane på yrkesfag, og at det vil gjerast som oppfølging av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med opne dører til verden og fremtiden.

Departementet kan uansett ikkje sjå at omgrepet grunnkompetanse er eigna å føra vidare som nemning på eit oppnådd kompetansenivå, då omgrepet i seg sjølv ikkje gir nokon informasjon om kva kompetanse som er oppnådd. Som opplæringslovutvalet påpeika, omfattar omgrepet både planlagd og ikkje-planlagd sluttkompetanse på eit lågare nivå enn studie- eller yrkeskompetanse. Til dømes vil ein elev som stryk i eitt eller fleire fag, eller ein elev som har vedtak om spesialundervisning som inkluderer avvik frå kompetansemåla i læreplanen, få kompetansebevis på grunnkompetansen sin.

Departementet foreslår, i tråd med høyringsforslaget, å i hovudsak vidareføre dagens reglar om at studieførebuande utdanningsprogram omfattar tre års opplæring i skole, medan yrkesfaglege utdanningsprogram til vanleg omfattar to år med opplæring i skole og to år med læretid i bedrift, 2 + 2-modellen. Dette gir ei overordna beskriving i lova av utdanningsprogramma. Sidan det er slik at om lag 25 prosent av opplæringsløpa innanfor fag- og yrkesopplæringa har ei anna organisering enn 2 + 2-modellen, bad departementet i høyringa om eventuelle innspel til andre måtar å beskrive dei yrkesfaglege utdanningsprogramma i lova på. Det har ikkje komme innspel særskilt til dette spørsmålet. Departementet vil påpeike at opplysningane om tid for dei studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogramma på høvesvis 3 og 2 + 2 år, seier noko om omfanget av opplæringa og kva som normalt er forventa tidsbruk på opplæringa. Departementet ser likevel ikkje bort frå at elevar og dei som har læretid i bedrift, kan få opplæringa over kortare eller lengre tid. Dei som ikkje har bestått opplæringa på normert tid, vil framleis ha rett til opplæring fram til dei har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse, i tråd med § 5-1. Opplysningane om tid i § 5-2 er med andre ord ikkje meint å avgrense retten til opplæring etter § 5-1.

Departementet foreslår, i tråd med høyringsforslaget, å bruke omgrepet «som elev», framfor omgrepet «i skole» i omtalen av den delen av opplæringa som ikkje skjer i bedrift. Omgrepet «i skole» kan verke noko upresist fordi det ikkje nødvendigvis er slik at all opplæringa for elevar går føre seg på skolen. Det gjeld særleg på trinna vg1 og vg2 i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Arbeids- og velferdsdirektoratet uttalte i høyringsfråsegna si at omgrepet «som elev» kan skape uklarleik innan yrkesfagleg opplæring med anna organisering enn 2 + 2-modellen, til dømes ved opplæring etter vekslingsmodell der ein er både elev og lærling parallelt. Departementet uttaler til dette at paragrafen er meint å gi ei overordna beskriving av utdanningsprogramma, og at det uansett er påpeika i ordlyden at dei yrkesfaglege utdanningsprogramma «til vanleg» inneber 2 + 2-modellen. I dette ligg det eit atterhald om at opplæringa kan organiserast på annan måte.

40.10.5 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å regulere kva den vidaregåande opplæringa består av (studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram), sjå forslaget til § 5-2

  • å i hovudsak vidareføre dagens reglar om opplæringsordninga for den vidaregåande opplæringa, sjå forslaget til § 5-2

40.11 Overgangen frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa

40.11.1 Dagens reglar

Kommunane kan etter søknad velje å la ein elev gå eit ekstra år i grunnskolen, men ingen elevar har rett til dette. Det er ein føresetnad for slik ekstra grunnskoleopplæring at eleven ikkje har fått utskrive vitnemål frå grunnskolen. Elevar som får innvilga ekstra år i grunnskolen, skal følgje den vanlege fag- og timefordelinga. Forarbeida til opplæringslova understrekar at ekstra år i grunnskolen ikkje går ut over retten eleven har til vidaregåande opplæring etter § 3-1. Utdanningsdirektoratet har omtalt moglegheita for ekstra år i grunnskolen i ei tolkingsfråsegn frå 5. januar 2015. Temaet er også omtalt i Ot.prp. nr. 46 (1997–98) Om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova), kapittel 7.4.1 og 31, og i Prop. 72 L (2015–2016) Endringar i opplæringslova (friare skoleval over fylkesgrenser, praksisbrevordning m.m.), kapittel 5.2.

Både kommunane og fylkeskommunane kan tilby meir grunnskoleopplæring til ungdom etter reglane om opplæring særleg organisert for vaksne. Dette følgjer av opplæringslova § 4A-1 andre ledd. Slik opplæring kan tilbydast ungdommar som har rett til vidaregåande opplæring på bakgrunn av fullført grunnskole eller tilsvarande opplæring, men som likevel har behov for meir grunnskoleopplæring for å kunne fullføre vidaregåande opplæring. Slik grunnskoleopplæring følgjer ikkje den same fag- og timefordelinga som ordinær grunnskoleopplæring. Opplæringa omfattar til vanleg dei faga ein treng for å få fullført grunnskoleopplæring for vaksne, det vil seie norsk, engelsk, matematikk og to av faga naturfag, samfunnsfag og KRLE. Ekstra grunnskoleopplæring for ungdom etter § 4A-1 andre ledd kan derfor tilpassast på ein annan måte enn det som er mogleg ved eit ordinært ekstra år i grunnskolen. Det kjem fram av forarbeida i Prop. 72 L (2015–2016) at ungdom som deltek i eit tilbod etter § 4A-1, skal kunne få kompetansen sin vurdert på nytt og dokumentert på vitnemålet, sjølv om dei tidlegare har fått utferda vitnemål frå grunnskolen. Dei bruker heller ikkje av retten til vidaregåande opplæring etter § 3-1. Ungdommar som nyttar tilbodet om meir grunnskoleopplæring for vaksne etter § 4A-1 andre ledd, har i dag ikkje dei same rettane som dei som har rett til grunnskoleopplæring etter § 4A-1 første ledd. Dette går fram av forarbeida til dagens opplæringslov, sjå Prop. 72 L (2015–2016), kap. 5.5.5.

Det er ikkje reglar i dag om at kommunen eller fylkeskommunen pliktar å ha noko opplæringstilbod som nemnt over.

Opplæringslova inneheld ein regel i § 13-5 om at skolen skal samarbeide med barnehagen om overgangen frå barnehagen til skolen og skolefritidsordninga. Samarbeidet skal bidra til at barna får ein trygg og god overgang, og det er skoleeigar som har ansvaret for samarbeidet. Det er ingen tilsvarande reglar i lova om overgangen frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa.

40.11.2 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet

  • å vidareføre at kommunane og fylkeskommunane kan tilby meir grunnskoleopplæring til ungdommar som treng det, og å lovfeste at dei som blir tilbydde slik opplæring, får dei same rettane som dei som har rett til grunnskoleopplæring for vaksne

  • å innføre ei plikt for fylkeskommunane til å ha eit opplæringstilbod i overgangen til vidaregåande opplæring for elevar som manglar faglege føresetnader eller språklege føresetnader for å kunne delta i og bestå vidaregåande opplæring

  • å innføre ei plikt for fylkeskommunane til å sørgje for at elevane får ein trygg og god overgang frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa, og å innføre ei plikt for kommunen til å samarbeide med fylkeskommunen om overgangen

Med høyringsforslaget i det første strekpunktet over følgde departementet opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 24, medan høyringsforslaget i det tredje strekpunktet var nytt i høyringa. Høyringsforslaget i det andre strekpunktet skilde seg frå NOU-ens forslag om å innføre krav om eit visst omfang av grunnskoleopplæring for at ein elev kan seiast å ha fullført grunnskolen, kombinert med ein rett til eitt år med ekstra grunnskoleopplæring ved ein vidaregåande skole for dei ungdommane som avsluttar 10. trinnet i grunnskolen utan å ha tilstrekkeleg med opplæring til å få vitnemål.

40.11.3 Høyringsinstansanes syn

40.11.3.1 Meir grunnskoleopplæring til elevar som har rett til vidaregåande opplæring for ungdom

Omtrent 20 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å vidareføre regelen om at kommunane og fylkeskommunane kan tilby meir grunnskoleopplæring til ungdommar som treng det. Dei aller fleste støttar forslaget, inkludert Barneombodet, Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, Vestfold og Telemark fylkeskommune og NHO.

Møre og Romsdalfylkeskommune støttar forslaget, under føresetnad av auka midlar frå staten og rett til gratis skyss.

Larvik kommune viser til at også dei utan rett til vidaregåande opplæring ofte vil ha behov for kombinasjonsklassar i staden for å få grunnskoleopplæring på vaksenopplæringa.

Fredrikstad kommune peikar på at det kvart år er fleire elevar i grunnskolen som manglar faglege føresetnader for å kunne delta i og bestå vidaregåande opplæring på grunn av til dømes høgt fråvær, og at lovregelen også bør omfatte denne gruppa. Denne kommunen meiner også at lovproposisjonen bør utdjupe kva kriterium og vurderingar fylkeskommunen bør leggje til grunn for å tilby elevar meir grunnskoleopplæring dersom eleven manglar faglege og/eller språklege ferdigheiter.

Når det gjeld tilbod for elevar i overgangen mellom grunnskolen og vidaregåande opplæring, støttar KS forslaget i NOU 2019: 25 Med rett til å mestre – Struktur og innhold i videregående opplæring (Liedutvalet) om at ungdom med rett til vidaregåande opplæring som har svake faglege føresetnader, skal få eit innføringsfag som kan kombinerast med oppstart i vidaregåande opplæring, og at det bør vere eit lokalt handlingsrom i korleis dette blir organisert.

Innlandet fylkeskommune støttar intensjonen om å tilby meir grunnskoleopplæring slik at fleire blir sette i stand til å få betre utbytte av vidaregåande opplæring. Fylkeskommunen støttar likevel ikkje innhaldet i lovforslaget, under tilvising til at det er utydeleg kva som er vilkåra for rett til grunnskoleopplæring, og kven som har ansvaret.

Troms og Finnmark fylkeskommune ønskjer å endre regelen frå ein kan-regel til ein skal-regel og viser til at dagens kombinasjonsklassar har fungert bra og er eit svært viktig tiltak.

Oslo kommune tek ikkje direkte stilling til forslaget, men viser til at dei støttar forslaget frå opplæringslovutvalet om å innføre krav om eit visst omfang grunnskoleopplæring for at grunnskoleopplæringa skal reknast som fullført, kombinert med rett til eitt år med ekstra grunnskoleopplæring ved ein vidaregåande skole for ungdom som ikkje har fullført grunnskolen.

40.11.3.2 Plikt for fylkeskommunane til å ha eit overgangstilbod

Omtrent 20 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å innføre ei plikt for fylkeskommunen til å ha eit overgangstilbod for elevar som har rett til vidaregåande opplæring for ungdom, men som manglar faglege eller språklege føresetnader for å kunne delta i og bestå vidaregåande opplæring. Dei fleste som har uttalt seg, støttar forslaget, inkludert Barneombodet, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Statsforvaltaren i Vestland, Agder fylkeskommune, Trøndelag fylkeskommune og NHO. Møre og Romsdal fylkeskommune støttar forslaget, men meiner gratis skyss må vere ein føresetnad.

Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet meiner at eit slikt overgangstilbod bør ha løpande inntak. Agder fylkeskommune ønskjer forskriftsreglar om inntak.

Kristiansand kommune ønskjer at dette skal vere ein individuell rett for den enkelte, medan Norsk Lektorlag meiner at eit slikt overgangstilbod bør vere obligatorisk for dei som treng det.

Rogaland fylkeskommune og Oslo kommune støttar primært forslaget frå opplæringslovutvalet om å innføre krav om eit visst omfang grunnskoleopplæring for at grunnskoleopplæring skal reknast fullført, kombinert med rett til eitt år med ekstra grunnskoleopplæring ved ein vidaregåande skole for ungdom som ikkje har fullført grunnskolen.

KS skriv at dei støttar Liedutvalets forslag i NOU 2019: 25 om at ungdom med rett til vidaregåande opplæring og som har svake faglege føresetnader, skal få eit innføringsfag som kan kombinerast med oppstart i vidaregåande opplæring.

Statsforvaltaren i Oslo og Viken meiner ei slik regel er viktig, men meiner at tilbodet kan variere stort mellom fylkeskommunane, og at departementet derfor bør vurdere om innhaldet i plikta kan gjerast tydeleg. Innlandet fylkeskommune støttar intensjonen med forslaget, men støttar ikkje innhaldet i regelen slik han er foreslått forma ut, under tilvising til at vilkåra og ansvarsforholdet er for utydelege.

40.11.3.3 Plikt til å sørgje for at elevane får ein trygg og god overgang frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa

I overkant av 30 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om at fylkeskommunen pliktar å sørgje for at elevane får ein trygg og god overgang frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa, og at kommunane pliktar å samarbeide med fylkeskommunen for å få til dette. Alle støttar forslaget heilt eller delvis.

Blant dei som støttar forslaget, er Barneombodet,fleire fylkeskommunar og kommunar, SRY, Utdanningsforbundet, NHO, Norsk lektorlag, Akademikerne og Unge funksjonshemmede.

Fredrikstad kommune trekkjer fram som positivt at ansvaret blir plassert hos fylkeskommunen. Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) ønskjer derimot at ansvaret til kommunen og til fylkeskommunen blir likestilt. Møre og Romsdal fylkeskommune meiner det er uheldig at hovudansvaret blir lagt på fylkeskommunen, då det er kommunane som kjenner elevane best. Fylkeskommunen meiner regelen heller bør fokusere på godt samarbeid mellom kommunen og fylkeskommunen.

Statsforvaltaren i Oslo og Viken støttar at det blir innført ei plikt til å sørgje for ein trygg og god overgang, men meiner det er uklart kva som faktisk skal liggje i denne plikta. Statsforvaltaren meiner lovteksten indikerer ei omfattande plikt, medan merknadene indikerer at plikta kan oppfyllast med minimale tiltak. Erfaringa til Statsforvaltaren er at døma på tiltak nemnde i merknadene er noko som allereie i dag blir gjort.

Enkelte høyringsinstansar ønskjer ei tilsvarande plikt også for andre overgangar i skoleløpet, og særleg i overgangen mellom barneskolen og ungdomsskolen.

Rogaland fylkeskommune meiner det kan skape utfordringar for tilretteleggingsansvaret fylkeskommunen har, dersom eleven ikkje samtykkjer til informasjonsoverføring frå kommunen til fylkeskommunen. Norsk lektorlag meiner at all informasjon om elevane bør kunne overførast uavhengig av om eleven eller foreldra samtykkjer til denne overleveringa, noko som vil vere særleg viktig for å sikre både elevar og lærarar ein trygg skole og arbeidsplass.

40.11.4 Departementets vurdering

40.11.4.1 Meir grunnskoleopplæring til elevar som har rett til vidaregåande opplæring for ungdom

Kommunane og fylkeskommunane kan i dag tilby grunnskoleopplæring for vaksne til ungdommar som har rett til vidaregåande opplæring etter ungdomsretten, men som treng meir grunnskoleopplæring. Regelen kom inn i lova i 2016. Bakgrunnen for lovendringa var mellom anna forsøk som var gjennomført av Vestfold fylkeskommune og Telemark fylkeskommune, der nykomne unge innvandrarar fekk grunnskoleopplæring kombinert med fag på vidaregåande nivå. Opplæringa vart lagt til ein vidaregåande skole, noko som var viktig både for læringsprestasjonane og for å oppnå sosial tilhøyrsel i ei ungdomsgruppe. Dei ungdommane som får slik opplæring, bruker ikkje av ungdomsretten til vidaregåande opplæring, og dei får moglegheita til å forbetre karakterane sine på vitnemålet frå grunnskolen.

Departementet foreslår, i tråd med fleirtalet av høyringsinstansane som har uttalt seg, å vidareføre at kommunane og fylkeskommunane kan tilby meir grunnskoleopplæring til ungdommar som treng det. Fleire kommunar og fylkeskommunar tilbyr i dag meir grunnskoleopplæring til elevar i overgangen mellom grunnskolen og vidaregåande opplæring. Tilbodet har ulike namn lokalt, men mange bruker nemninga kombinasjonsklassar fordi elevane kombinerer fag frå grunnskole og vidaregåande opplæring. Departementet meiner kommunane og fylkeskommunane bør kunne få halde fram med dette. Forslaget må sjåast i samanheng med forslaget i punkt 40.11.4.2, om å innføre ei plikt for fylkeskommunane til å ha eit overgangstilbod for dei elevane som treng å bli betre førebudd til vidaregåande opplæring.

Forslaget inneber å vidareføre dagens reglar om at dei som får meir grunnskoleopplæring etter denne regelen, får moglegheit til å forbetre karakterane sine på vitnemålet frå grunnskolen. I dag står dette i forarbeida til lovregelen, men departementet foreslår å tydeleggjere dette i lova.

Enkelte høyringsinstansar etterlyser tydelegare kriterium for kven som er i målgruppa for meir grunnskoleopplæring etter denne regelen. Departementet meiner kommunane og fylkeskommunane er nærast til å vurdere dette sjølve, og vil derfor ikkje foreslå meir detaljerte reglar om dette.

Ungdommar som har rett til vidaregåande opplæring og nyttar seg av tilbodet om meir grunnskoleopplæring for vaksne (etter dagens lov § 4A-1 andre ledd), får i dag ikkje dei same rettane som dei som har rett til grunnskoleopplæring etter § 4A-1 første ledd. I tråd med høyringa foreslår departementet at rettane skal vere dei same for begge gruppene. Dette er i lovforslaget synleggjort ved at reglane om grunnskoleopplæring for vaksne er formulerte slik at reglane gjeld for dei som får slik opplæring, uavhengig av om dei har rett til slik opplæring eller ikkje. Dette inneber mellom anna at reglane om skyss i grunnskoleopplæringa for vaksne vil gjelde også for denne gruppa.

Til høyringsinnspelet frå Larvik kommune om at også dei utan rett til vidaregåande opplæring ofte vil ha behov for kombinasjonsklassar i staden for å få grunnskoleopplæring i vaksenopplæringa, vil departementet kommentere at kombinasjonsklassar ikkje er regulerte i lova, men at dei som får meir grunnskoleopplæring etter dagens reglar, gjerne får opplæringa i såkalla kombinasjonsklassar. Det er ikkje noko i vegen for at kommunane organiserer opplæringa slik at deltakarar frå begge gruppene (det vil seie dei som har rett til grunnskoleopplæring etter dagens § 4A-1 første ledd, og dei som får tilbod om meir grunnskoleopplæring etter § 4A-1 andre ledd) får grunnskoleopplæringa saman.

Til høyringsinnspelet frå Troms og Finnmark fylkeskommune om at regelen bør endrast frå ein kan-regel til ein skal-regel, meiner departementet at forslaget i punktet under om at fylkeskommunane pliktar å ha eit overgangstilbod, varetek innspelet, særleg med tanke på at kombinasjonsklassar kan oppfylle lovkravet om eit overgangstilbod.

Enkelte høyringsinstansar støttar primært forslaget frå opplæringslovutvalet om å innføre krav om eit visst omfang grunnskoleopplæring for å reknast for å ha fullført grunnskolen, kombinert med rett til eitt år med ekstra grunnskoleopplæring ved ein vidaregåande skole for ungdom som ikkje har fullført grunnskolen. Departementet vil at opplyse om at dette var eit forslag frå opplæringslovutvalet som ikkje vart følgt opp i høyringsforslaget.

I Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden er det varsla ei nærare utgreiing av overgangsreglar som skil seg på enkelte område frå den løysinga utvalet har foreslått. Mellom anna er det i meldinga til Stortinget varsla at overgangstilbodet skal vere ein integrert del av vidaregåande opplæring. I tråd med høyringsforslaget foreslår departementet å innføre ei plikt for fylkeskommunane til å ha eit overgangstilbod fram til tiltaket i Meld. St. 21 (2020–2021) er ferdig greidd ut og følgt opp, sjå vurderinga i punktet under.

Som omtalt i punkt 40.11.1 om dagens reglar, kan kommunane i dag etter søknad velge å la ein elev gå ekstra år i grunnskolen. Det følgjer av forarbeid og tolkning frå Utdanningsdirektoratet at det er ein forutsetning for slik ekstra grunnskoleopplæring at eleven ikkje har fått vitnemål fra grunnskolen, og at elevane skal ifølgje vanleg fag- og timefordeling. Dette vart ikkje foreslått endra, og kommunen vil framleis ha moglegheita til å tilby ekstra ordinær grunnskoleopplæring. Det er normalt ikkje mogleg å forbetra vitnemålet frå grunnskolen. Kommunen må derfor tilby slik opplæring før eleven har fått vitnemål frå grunnskolen, for at resultat frå den ekstra opplæringa skal kunne førast på grunnskolevitnemålet til eleven.

40.11.4.2 Plikt for fylkeskommunane til å ha eit overgangstilbod

Mange kommunar og fylkeskommunar har i dag frivillige overgangstilbod for å gjere elevar betre førebudde til vidaregåande opplæring. Departementet meiner at det er viktig at slike overgangstilbod blir haldne ved lag, og at det ikkje er tilstrekkeleg for å sikre dette at moglegheita for å gi eit slikt tilbod blir halden ved lag, jf. punkt 40.11.4.1. Departementet foreslår derfor, som i høyringa, å innføre ei plikt for fylkeskommunane til å ha eit opplæringstilbod i overgangen mellom grunnskolen og den vidaregåande opplæringa for elevar som manglar faglege føresetnader eller språklege føresetnader for å kunne delta i og bestå vidaregåande opplæring. Forslaget blir støtta av fleirtalet av dei høyringsinstansane som har uttalt seg.

Eit slikt opplæringstilbod i overgangen mellom grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er særleg viktig for elevar som har budd kort tid i Noreg.

Plikta er meint å vere overordna og blir lagd til fylkeskommunen, men det er naturleg at fylkeskommunen samarbeider med relevante kommunar. Det er opp til fylkeskommunen korleis tilbodet skal organiserast, kva innhald som skal tilbydast, og kven som skal vere målgruppa for tilbodet, og omfanget av det. Dette er ikkje ei plikt til å tilby kombinasjonsklassar, men kombinasjonsklassar kan vere eit overgangstilbod som oppfyller plikta. Sidan fylkeskommunane har stor grad av fridom til å velje korleis dei vil organisere tilbodet, meiner departementet at ein slik regel verken er eigna til å gi plikter eller rettar til den enkelte.

Enkelte høyringsinstansar meiner at det bør vere ei plikt for fylkeskommune til å ha løpande inntak til opplæringstilbodet. Departementet meiner at løpande inntak kan vere ein fordel, særleg for at innvandrarar som har avgrensa butid i Noreg, skal få eit tilbod så raskt som mogleg. Dette er særleg viktig for unge innvandrarar. Det følgjer mellom anna av reglane i integreringslova (som avløyste introduksjonslova) at ungdom mellom 16 og 18 år ikkje lenger har rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, men at det er forventa at desse kjem inn i eit opplæringsløp etter opplæringslova. Departementet vil likevel ikkje foreslå å regulere ei plikt til å ha løpande inntak i overgangstilbodet frå fylkeskommunane no. Eventuelle ytterlegare lovfesta rammer/krav for eit overgangstilbod er noko som bør greiast ut nærare i arbeidet med oppfølginga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Av same grunn vil departementet heller ikkje no foreslå forskriftsreglar eller å tydeleggjere kravet i lova, slik enkelte høyringsinstansar har uttrykt ønske om. Departementet vil likevel påpeike at reglane ikkje er i vegen for at fylkeskommunen har løpande inntak, men at dette er noko fylkeskommunen sjølv må vurdere.

40.11.4.3 Plikt til å sørgje for at elevane får ein trygg og god overgang frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa

Det er viktig å sikre elevane ein god overgang frå grunnskolen til vidaregåande opplæring. Dei aller fleste byrjar i dag i vidaregåande opplæring rett etter ungdomsskolen. I Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidleg innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO peikar regjeringa på at dei fleste ungdommane ser fram til å byrje på vidaregåande, men at mange likevel opplever overgangen som vanskeleg. I punkt 2.4.7 i meldinga blei det peika på at forsking viser at stadig fleire i ungdomsskolealder har ulike psykiske helseplager, og at elevar med behov for særskild tilrettelegging generelt får lite råd og bistand ved overgangen til vidaregåande opplæring.

Departementet er kjend med at mange kommunar og fylkeskommunar har gode rutinar for elevenes overgang frå ungdomsskolen til vidaregåande opplæring, men at dette likevel varierer. Departementet foreslår derfor, i tråd med dei aller fleste høyringsinnspela, å innføre ei plikt for fylkeskommunen til å sørgje for at elevane får ein trygg og god overgang frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa, og å innføre ei plikt for kommunen til å samarbeide med fylkeskommunen om dette. Ordlyden «trygg og god overgang» harmonerer med den tilsvarande regelen om samarbeidsplikt i overgangen mellom barnehage og skole. Sjå omtale i punkt 23.5.1.

Departementet meiner at hovudansvaret bør leggjast til fylkeskommunen. Sjølv om kommunen vil ha mykje kunnskap om elevane, er det likevel naturleg at det er fylkeskommunen som får hovudansvaret, sidan det er dei som får elevane. Det er ikkje ønskjeleg å ha eit likestilt ansvar for kommunen og fylkeskommunen, då det kan føre til ansvarspulverisering.

Departementet foreslår at plikta skal gjelde overfor alle elevar som byrjar i vidaregåande opplæring. Mange elevar vil ikkje ha behov for spesielle tiltak, men fylkeskommunen bør likevel ha eit minimum av generelle tiltak retta mot alle nye elevar i vidaregåande opplæring, som til dømes tilbod om skolebesøk. For nokre elevar kan det vere nødvendig med tett oppfølging og konkrete individuelle tiltak i staden eller i tillegg. Den nasjonale reguleringa bør vere på eit overordna nivå, slik at plikta er fleksibel og tek høgd for ulike lokale behov, i tråd med dei tilsvarande reglane om overgangen mellom barnehage og skole.

Departementet presiserer at det er behovet til den enkelte eleven for ein trygg og god overgang til vidaregåande opplæring som er hensikta bak regelen. Tiltaka kommunane og fylkeskommunane set i verk for å oppfylle plikta, må derfor skje på elevens premissar.

Overføring av personopplysningar kan berre skje innanfor dei til kvar tid gjeldande rammene for behandling av personopplysningar. Om høyringsinnspela om at det bør givast eigne reglar for lettare å kunne overføre informasjon frå grunnskolen til den vidaregåande skolen, meiner departementet for det første at dette ikkje er tenleg. Enkelte elevar vil til dømes kunne ha eit behov for å starte med blanke ark, utan å i for stor grad bli innhenta av forhold/opplysningar frå fortida. Departementet meiner for det andre at dette heller ikkje er nødvendig. Fylkeskommunen har allereie i dag tilgang til ein del informasjon om elevane som søkjer om vidaregåande opplæring. Som gjort greie for i punkt 54, inneber forslaget § 25-1 første ledd at kommunar, fylkeskommunar og lærebedrifter kan behandle personopplysningar når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter lova. Etter tredje ledd kan fylkeskommunar hente inn dei personopplysningane frå grunnskolane som er nødvendige for å oppfylle retten til vidaregåande opplæring, gjennomføre inntak til vidaregåande opplæring, førebyggje fråvær frå opplæringa og følgje opp dei som er i målgruppa til oppfølgingstenesta. Det går vidare fram av fjerde ledd at skolane også kan dele personopplysningar ved overgang til vidaregåande opplæring for å leggje til rette opplæringa til ein elev, på det vilkåret at eleven eller foreldra tillèt det.

Til Statsforvaltaren i Oslo og Viken sitt innspel om omfanget av plikta viser departementet til vurderingane over. For enkelte kommunar og fylkeskommunar vil det vere tilstrekkeleg å vidareføre dei tiltaka og det samarbeidet dei allereie har i dag. For andre kommunar og fylkeskommunar vil det vere nødvendig å strekkje seg noko lenger enn i dag for å oppfylle plikta.

Dersom eleven kjem frå ein grunnskole godkjend etter privatskolelova, foreslår departementet at den private skolen skal ha plikt til å samarbeide med fylkeskommunen om overgangen når eleven vel ein offentleg vidaregåande skole. Private vidaregåande skolar med rett til statstilskot får etter departementets forslag tilsvarande plikt som fylkeskommunen til å samarbeide uavhengig om eleven kjem frå privat grunnskole med rett til statstilskot eller ein offentleg grunnskole, sjå punkt 66.

Forslaget om samarbeidsplikt gjeld ikkje private grunnskolar godkjende etter forslaget § 22-1. Dette hindrar likevel ikkje at dei private grunnskolane samarbeider med fylkeskommunen om overgangen.

40.11.5 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å vidareføre at kommunane og fylkeskommunane kan tilby meir grunnskoleopplæring til ungdommar som treng det, og å lovfeste at dei som blir tilbydd slik opplæring, får dei same rettane som dei som har rett til grunnskoleopplæring for vaksne, sjå forslaget til § 9-7

  • å innføre ei plikt for fylkeskommunane til å ha eit opplæringstilbod i overgangen til vidaregåande opplæring for elevar som manglar faglege føresetnader eller språklege føresetnader for å kunne delta i og bestå vidaregåande opplæring, sjå forslaget til § 9-6

  • å innføre ei plikt for fylkeskommunen til å sørgje for at elevane får ein trygg og god overgang frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa, og å innføre ei plikt for kommunen til å samarbeide med fylkeskommunen om overgangen, sjå forslaget til § 9-5

Til forsida