Prop. 57 L (2022–2023)

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

48 Utval, råd, læreplangrupper og klagenemnder som er nemnde opp av staten

48.1 Innleiing

Dette punktet handlar om kva for nokre rådgivande organ det etter opplæringslova skal vere plikt for staten til å etablere.

Dette punktet handlar også om klagenemnder for fag- og sveineprøvar og plikta til å vere medlem av enkelte organ, råd og nemnder. Yrkesopplæringsnemnda og prøvenemnder blir omtalte i punkt 42.

48.2 Dagens reglar

48.2.1 Noregs folkerettslege forpliktingar

Noreg har ratifisert konvensjon om yrkesrettleiing og yrkesopplæring som ledd i utviklinga av menneskelege ressursar – ILO-konvensjon nr. 142. I artikkel 5 i konvensjonen står det:

Politikk, retningslinjer og tiltak for yrkesrettleiing og yrkesopplæring skal utformes og gjennomføres i samarbeid med arbeidstakernes og arbeidsgivernes organisasjoner, og med andre interesserte organisasjoner når det høver og er i samsvar med nasjonal lov og praksis.

48.2.2 Opplæringslova og forskrifter til opplæringslova

Innleiing

I dag gir lova opp desse rådgivande organa:

  • Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG)

  • Samarbeidsrådet for yrkesopplæring (SRY)

  • faglege råd for fag- og yrkesopplæringa

  • læreplangrupper for fag med opplæring i bedrift

Klagenemnder for fag- og sveineprøvar er regulerte i § 12-6, og plikta til å vere medlem av enkelte organ, råd og nemnder er regulert i § 12-7. Under følgjer ei nærare forklaring for dagens regulering av dei ulike organa.

Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG)

Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) er regulert i opplæringslova § 11-9, der det kjem fram at utvalet skal ha ein leiar og ein nestleiar i tillegg til fem andre medlemmer, og at utvalet blir nemnt opp av Kongen i statsråd for fire år om gongen. I siste punktum står det at departementet gir nærare forskrifter om omfanget av og innhaldet i arbeidet til utvalet. I forskrift til opplæringslova § 20-2 er det presisert at FUG er eit sjølvstendig rådgivande organ for departementet som omfattar grunnskolen og videregående trinn 1 (vg1). Det er vidare fastsett at FUG skal arbeide for godt samarbeid mellom skole og heim, og at utvalet skal vareta interessene til foreldra. FUG blir også styrt gjennom årlege budsjett og tildelingsbrev frå Kunnskapsdepartementet.

Samarbeidsrådet for yrkesopplæring (SRY)

Opplæringslova § 12-1 fastset at departementet skal nemne opp eit organ for samarbeid om fag- og yrkesopplæringa, som skal hjelpe departementet med råd og ta initiativ for å fremje fag- og yrkesopplæringa. Organet, Samarbeidsrådet for yrkesopplæringa (SRY), skal ha representantar for partane i arbeidslivet og departementet.

Faglege råd

Det følgjer av opplæringslova § 12-2 at departementet skal nemne opp faglege råd for fag- og yrkesopplæringa, slik at kvart fag eller fagområde som kan ha læretid i bedrift, er knytt til eit fagleg råd. Departementet bestemmer kva for nokre faglege råd som skal nemnast opp, storleiken på råda, oppgåvene til råda og kva fagfelt det enkelte rådet skal dekkje, etter forslag frå SRY.

Læreplangrupper

Departementet skal nemne opp læreplangrupper for fag eller arbeidsområde som har læretid i bedrift. Dette følgjer av opplæringslova § 12-5. Læreplangruppene skal hjelpe til i arbeidet med å fastsetje innhaldet i opplæringa. Både arbeidslivet og skolesida skal få delta i dette arbeidet.

Klagenemnder

Det følgjer av opplæringslova § 12-6 at departementet skal nemne opp klagenemnder for klager på vedtak om ikkje bestått fag- eller sveineprøve. Det er også fastsett krav til talet på medlemmer og kompetansen til klagenemnda og at det faglege rådet skal gi innstilling før oppnemninga.

I opplæringslova § 3-4 første ledd er departementet gitt heimel til å gi forskrift om vurdering av elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar, privatistar og praksiskandidatar og om klage på vurderinga, om eksamen, om fag- og sveineprøve, om praksisbrevprøve og om dokumentasjon. Slik forskrift er fastsett i forskrift til opplæringslova kapittel 5 om klage på vurdering. Her er det gitt reglar om klagenemnder på ei rekkje område, mellom anna om skriftleg eksamen, ikkje-skriftleg eksamen og på vurderinga av fag- og sveineprøve, praksisbrevprøve og kompetanseprøve i vidaregåande opplæring.

Plikt til å vere medlem av organ, råd og nemnder

Den som blir nemnt opp eller vald som medlem av organet for samarbeid om fag- og yrkesopplæringa, av faglege råd, av prøvenemnder eller klagenemnder, er etter opplæringslova § 12-7 pliktig til å ta imot vervet. Plikta omfattar ikkje personar som har fylt 60 år. Vidare kan medlemmer krevje seg fritekne frå ny oppnemning i like lang tid som dei har gjort samanhengande teneste. Opplæringslova inneheld ingen sanksjonsmiddel overfor personar som nektar å vere medlem. Det er frivillig deltaking i FUG og i læreplangruppene.

48.3 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet

  • å i hovudsak vidareføre reguleringa av foreldreutvalet i grunnopplæringa (FUG) i den nye lova, men å slå saman dagens lov- og forskriftsreglar til éin lovregel

  • å vidareføre regulering i lova om at departementet skal nemne opp Samarbeidsrådet for yrkesopplæringa (SRY), faglege råd og læreplangrupper, men at dette blir fastsett i éin felles paragraf, i motsetning til dagens tre

  • å innføre ein heimel for departementet til å fastsetje dei nærare oppgåvene til organa og samansetning i forskrift

  • å vidareføre lovreglar om klagenemnder for ikkje beståtte fag- og sveineprøvar

  • å ikkje vidareføre den lovfesta plikta til å ta imot verv som medlem av råd eller utval i fag- og yrkesopplæringa

Med desse høyringsforslaga følgde departementet ikkje opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 47 om å ikkje regulere nokre av dei nemnde organa i opplæringslova.

48.4 Høyringsinstansanes syn

48.4.1 Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG)

I underkant av 10 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å i hovudsak vidareføre reguleringa av FUG i den nye lova, men å slå saman dagens lov- og forskriftsreglar til éin lovregel. Alle som har uttalt seg, støttar forslaget. Trøndelag fylkeskommune meiner lovforankringa har ein viktig symbolverdi og at det seier noko om viktigheita av samarbeidet mellom foreldre og departementet. Redd Barna peikar på at FUG har ei viktig samfunnsrolle både fordi dei gir tips og rettleiing til foreldre om samarbeid mellom heim og skole, og fordi dei gir innspel til utdanningsstyresmaktene om forholdet heim-skole. FUG sjølv uttaler at dei er glade for at departementet ser at FUG er eit viktig organ både for foreldra, foreldreråda og for Kunnskapsdepartementet, og dermed foreslår ei framleis regulering at utvalet i lova. Også Viken fylkeskommune, Vestfold fylkeskommune, Utdanningsforbundet og NHO støttar forslaget.

FUG meiner i tillegg at det bør fastsetjast nasjonale forskriftsreglar som sikrar ei form for direktekopling mellom FUG og lokale FAU/KFU/foreldreråd, slik at FUG i større grad kan fungere som ein paraplyorganisasjon.

48.4.2 Samarbeidsrådet for yrkesopplæring (SRY), faglege råd for fag- og yrkesopplæringa og læreplangrupper for fag eller arbeidsområde som har læretid i bedrift

I overkant av 20 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å vidareføre regulering i lova om at departementet skal nemne opp Samarbeidsrådet for yrkesopplæringa (SRY), fagleg råd og læreplangrupper, men at dette blir fastsett i éin felles paragraf, i motsetning til dagens tre paragrafar. Dei aller fleste som har uttalt seg, støttar forslaget heilt eller delvis, inkludert enkelte fylkeskommunar, fleire faglege råd, LO, NHO, Spekter, Virke, Utdanningsforbundet og El og IT Forbundet. Berre éin høyringsinstans, ein vidaregåande skole, støttar ikkje forslaget.

KS uttaler at

Dersom organ knyttet til fag og yrkesopplæringen skal reguleres i opplæringsloven, støtter KS forenklingen som er foreslått ved at det tas inn regler om organer, men at oppgaver reguleres i forskrift, noe som etter KS mening vil være i tråd med lovutvalgets synspunkter på forholdet mellom lov og forskrift.

Sametinget skriv

De faglige rådene er rådgivende organ for statlige utdanningsmyndigheter, og har stor påvirkning også for samiskrelaterte fagområder i videregående opplæring. Direktoratet oppnevner medlemmer til Samarbeidsrådet for yrkesopplæring (SRY) og de faglige rådene i henhold til § 12-1 i gjeldende opplæringslov. På bakgrunn av samisk innhold i skolen og Sametingets fastsettelsesmyndighet innenfor læreplanutvikling, bør sammensetningen i disse rådene sikres samisk fagkompetanse. Sametinget mener at det er naturlig at Sametinget har en rolle i utnevning av de faglige rådene og Samarbeidsrådet for yrkesopplæring (SRY).

Høyringsforslaget inkluderte også ein forskriftsheimel for departementet til å fastsetje samansetninga og oppgåvene til organa. I underkant av ti høyringsinstansar har uttalt seg om denne delen av forslaget, og alle støttar det.

48.4.3 Klagenemnder

Omtrent 15 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget om å vidareføre lovreglar om klagenemnder for ikkje bestått fag- og sveineprøvar. Alle som har uttalt seg, støttar forslaget heilt eller delvis, inkludert enkelte fylkeskommunar, enkelte faglege råd, LO, EL og IT forbundet, NHO, Byggenæringens Landsforbund, Entrepenørforeningen- Bygg og anlegg og Utdanningsforbundet.

Faglig råd for elektro og datateknologi meiner minst to av medlemmene skal ha fagutdanning «i aktuelt lærefag …». EL og IT Forbundet har liknande innspel og meiner at minst to av medlemmene skal vere yrkesaktive og ha fagutdanning i aktuelt lærefag. Faglig råd for informasjonsteknologi og medieproduksjon meiner at også prøvenemndenes oppgåver og formelle rolle bør lovfestast.

48.4.4 Plikt til å vere medlem av organ, råd og nemnder

I underkant av ti høyringsinstansar har uttalt seg om høyringsforslaget om å ikkje vidareføre den lovfesta plikta til å ta imot verv som medlem av råd eller utval i fag- og yrkesopplæringa. NHO, Utdanningsforbundet, Byggenæringens Landsforening og Entrepenørforeningen- Bygg og anlegg støttar forslaget. Faglig råd for elektro og datateknologi støttar ikkje forslaget. Det gjer heller ikkje EL og IT Forbundet, som meiner det er viktig å vidareføre plikta til å ta imot verv, då det utløyser rett til permisjon frå arbeidsgivar.

48.5 Departementets vurdering

48.5.1 Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG)

Opplæringslovutvalet foreslo å ikkje vidareføre lovreguleringa av FUG og meinte at departementet kan nemne opp FUG og styre det gjennom budsjett og tildelingsbrev, utan at utnemninga av FUG treng å vere regulert i lova. Departementet er i utgangspunktet samd med utvalet i at departementet kan nemne opp FUG og styre det gjennom budsjett og tildelingsbrev, utan at utnemninga av FUG treng å vere regulert i lova. Sjølv utan at FUG var lovregulert, ville Stortinget hatt noko å gjere med utvalet gjennom at det er ein post på statsbudsjettet.

Departementet meiner likevel at lovforankringa gjer tydeleg at FUG er eit viktig organ både for foreldra, foreldreråda og for Kunnskapsdepartementet. Departementet foreslår derfor å vidareføre lovreglar om FUG, noko som blir støtta av alle høyringsinstansane som har uttalt seg om forslaget.

Departementet foreslår, i tråd med høyringsforslaget, at det skal vere departementet, og ikkje Kongen i statsråd slik som i dag, som skal nemne opp FUG. Dette har lita innhaldsmessig betydning, men bidreg til mindre byråkrati.

I tråd med høyringsforslaget foreslår departementet å ikkje vidareføre dagens forskriftsreglar og forskriftsheimel, men heller samle reguleringa av FUG i éin paragraf utan tilhøyrande forskriftsreglar. Dagens forskriftsreglar er ikkje detaljerte, noko departementet heller ikkje ser behov for at dei treng å vere. Det synest tilstrekkeleg at FUG er regulert i lova. Departementet foreslår at innhaldet i dagens forskrift § 20-2 i hovudsak blir vidareført i den nye lovparagrafen, sjå forslaget til § 10-9.

Departementet har merka seg FUGs høyringsinnspel om at det bør fastsetjast nasjonale forskriftsreglar som sikrar ei form for direktekopling mellom FUG og lokale råd og brukarorgan. Departementet ønskjer ikkje detaljerte reglar om FUGs eventuelle kopling til og samarbeid med andre organ for foreldreinteresser og ser ikkje grunn til å foreslå ein heimel i lova for slike forskriftsreglar.

Departementet meiner det er grunn til å sjå FUG og Foreldreutvalget for barnehagen (FUB) i samanheng. I dag er FUG lovregulert, medan FUB ikkje er det. Departementet vil vurdere om det er tenleg at også FUB blir lovregulert.

48.5.2 Samarbeidsrådet for yrkesopplæring (SRY), faglege råd for fag- og yrkesopplæringa og læreplangrupper for fag eller arbeidsområde som har læretid i bedrift

Departementet meiner at det er viktig å sikre at det konvensjonspålagde samarbeidet om yrkesopplæring blir organisert på ein måte som er tilfredsstillande for alle partar. Partane i arbeidslivet tek i dag eit stort ansvar for fag- og yrkesopplæringa ved at arbeidslivet står for opplæringa av alle lærlingar og andre som har læretid i bedrift. Arbeidslivet har ei sterk interesse i innhaldet og kvaliteten på den kompetansen lærlingane har etter fag- eller sveineprøve, fordi det er mottakar av dei ferdige fagarbeidarane. Arbeidslivet har også ei vesentleg interesse i at tilgangen på faglært arbeidskraft er tilpassa behovet i arbeidslivet. Partane har dermed eit sterkt eigarskap til fag- og yrkesopplæringa. I tillegg til bidraget frå partane og interessa deira i fag- og yrkesopplæringa, baserer eigarskapen seg på den sterke historiske tilknytinga partane har til fag- og yrkesopplæringa, som tidlegare var styrt og finansiert av arbeidslivet sjølv.

I høyringa av opplæringslovutvalets NOU 2019: 23 vart forslaget frå utvalet om å fjerne lovfestinga av SRY, faglege råd for fag- og yrkesopplæringa og læreplangrupper for fag eller arbeidsområde som har læretid i bedrift, kritisert av fleire høyringsinstansar.

Høyringsforslaget om ikkje å gå vidare med forslaget frå opplæringslovutvalet om deregulering, men å i hovudsak vidareføre dagens reglar om Samarbeidsrådet for yrkesopplæring (SRY), faglege råd og læreplangrupper i éin felles paragraf, har fått god støtte av høyringsinstansane. Departementet opprettheld forslaget. Departementet har i vurderinga lagt vekt på at partane har ein sterk eigarskap til fag- og yrkesopplæringa, og at det viktig å sikre at samarbeidet blir organisert på ein måte som er tilfredsstillande for partane, noko høyringsforslaget varetek. Lovforslaget inkluderer ein heimel for departementet til å gi nærare reglar om samansetninga til organa og oppgåver i forskrift.

Sametinget har spelt inn at det er naturleg at det har ei rolle i oppnemning av dei faglege råda og SRY. Departementet meiner det er viktig at Sametinget har reell innverknad i saker som vedkjem samiske interesser. Medverknadsrolla Sametinget har i SRY og dei faglege råda, kan sikrast ved å gå gjennom og vurdere prosedyrane og rutinane i oppnemningsprosessen. Medverknadsrolla kan også gjerast tydeleg i regelverket, anten i lova eller i forskrifta. Departementet meiner reglane bør endrast slik at Sametinget skal kunne nemne opp samisk representasjon til faglege råd for utdanningsprogram i vidaregåande opplæring som har særskilde samiske fag. Med lovforslaget om ein overordna regel i lova, og meir detaljerte reglar i forskrift, er det naturleg at dette blir regulert i forskrifta. Departementet vurderer derfor ikkje detaljane i ein slik regel i denne lovproposisjonen.

48.5.3 Klagenemnder

Opplæringslova regulerer i dag oppnemninga og samansetninga av klagenemnder som skal behandle klager på vedtak om ikkje beståtte fag- eller sveineprøvar. Opplæringslovutvalet foreslo at reglane om desse klagenemndene ikkje lenger burde vere regulerte i lov, men heller bli fastsette i forskrift. I høyringa foreslo departementet å vidareføre lovreglane, under tilvising til høyringsinnspela til NOU 2019: 23.

Departementet er i utgangspunktet samd med utvalet i at det ikkje er nødvendig å ha reglar om klagenemnd for fag- og sveineprøvane i lova, og at samanhengen i regelverket kan tilseie at reglane om dette bør leggjast til forskrift saman med resten av reglane om klager på vurdering. Alle høyringsinstansane som har uttalt seg om høyringsforslaget, støttar likevel lovregulering. Departementet er oppteke av å ha reglar om fag- og yrkesopplæringa som partane i arbeidslivet kan slutta seg til. Departementet foreslår derfor å vidareføre at reglane om klagenemnder for ikkje beståtte fag- og sveineprøvar skal vere regulerte i lov.

Enkelte høyringsinstansar ønskjer at lovreglane skal presisere at to av medlemmene skal ha fagutdanning i det aktuelle lærefaget. I høyringa vart det foreslått å vidareføre dagens reglar om at «to av medlemmene skal ha fagutdanning». Departementet føreset at nemndene blir sett saman med sikte på at medlemmene har relevant fagutdanning, og ser ikkje grunn til å lovfeste dette meir konkret enn i dag.

48.5.4 Plikt til å vere medlem av organ, råd og nemnder

Departementet foreslår at det ikkje lenger skal vere ei plikt å ta imot verv som medlem av bestemte råd, utval eller nemnder.

Departementet ser ikkje behov for å lovfeste ei plikt til å få verv som medlem av råd, utval eller nemnder i fagopplæringa. Å tvinge nokon som ikkje ønskjer eit slikt verv, til å delta vil ikkje vere tenleg for samarbeidet mellom styresmaktene og partane i arbeidslivet. Ei slik lovfesta plikt bør derfor ikkje førast vidare.

48.6 Departementets forslag

Departementet foreslår

  • å i hovudsak vidareføre reguleringa av foreldreutvalet i grunnopplæringa (FUG) i den nye lova, men å slå saman dagens lov- og forskriftsreglar til éin lovregel, sjå forslaget til § 10-9

  • å vidareføre regulering i lova om at departementet skal nemne opp Samarbeidsrådet for yrkesopplæring (SRY), faglege råd og læreplangrupper, men at dette blir fastsett i éin felles paragraf, i motsetning til dagens tre. Forslaget inkluderer å innføre ein heimel for departementet til å fastsetje dei nærare oppgåvene til organa og samansetning i forskrift. Sjå forslaget til § 8-1

  • å vidareføre lovreglar om klagenemnder for ikkje beståtte fag- og sveineprøvar, sjå forslaget til § 8-3

  • å ikkje vidareføre plikta til å ta imot verv som medlem av råd eller utval i fag- og yrkesopplæringa

Til forsida