Prop. 46 L (2022–2023)

Endringar i straffegjennomføringsloven (tilsynsråd for kriminalomsorga)

Til innhaldsliste

9 Godtgjering til medlemar av tilsynsrådet

9.1 Gjeldande rett

Retningslinjene til straffegjennomføringslova slår fast at medlemane har krav på godtgjering for arbeid for tilsynsrådet, og at rekning skal sendast den regionen som tilsynsrådet er oppretta for.

Medlemane av tilsynsrådet mottar godtgjering etter reglane i Statens personalhandbok punkt 10.14.2 for godtgjering til leiar, medlemar og sekretærar i statlege utval. Frå 1. januar 2023 er satsane etter dette regelverket som følgjer:

Leiar:

kr 685 pr. time i møte, ellers kr. 499 pr. time

Andre medlemar:

kr 518 pr. time

Medlem som er sjølvstendig næringsdrivande kan etter regelverket få innvilga ein høgare timesats for arbeid i møter. Den rettleiande satsen for dette er kr 1 373 pr. time. Etter regelverket kan det som hovudregel gis godtgjering for arbeid i møter for inntil seks timar per dag, og for møteførebuing. Reiseutgifter dekkjast etter reiseregulativa. I dag er det regionane i kriminalomsorga som utbetaler honorar til medlemane av tilsynsrådet.

Vervet som medlem av tilsynsrådet er personleg. Godtgjering blir normalt berre utbetalt til medlemen sjølv, ikkje til ein juridisk person, jf. del II i nemnde regelverk.

9.2 Framlegg i utgreiinga og høyringsnotatet

I utgreiinga om tilsynsordninga er det uttalt:

Det er heller ikke grunn til å utelukke at dagens ordning med kompensasjon for arbeid, reiser og reisetid mv. kan ha blitt opplevd som lite attraktiv. Lønn mv. for fast tilsatte medlemmer må fastsettes etter de reglene som ellers gjelder i staten og i lys av at kompensasjonen må være så attraktiv at Tilsynsrådets sentrale enhet (og sekretariatet) kan utstyres i lys av behovet for tilstrekkelig formalkompetanse og relevant erfaring. For oppnevnte medlemmer må kompensasjonen ligge på minst samme nivå som for andre sammenlignbare ordninger. Trolig kan systemet for godtgjøring og utgiftsdekning for deltakelse i kontrollkommisjonene i det psykiske helsevern, tjene som passende utgangspunkt (se nærmere i pkt. 8.3 med henvisning ovenfor).
Som kriminalomsorgsdirektoratet selv har påpekt, tilsier behovet for tillit til Tilsynsrådets uavhengighet i alle tilfelle at godtgjøringsordningen for oppnevnte medlemmer fastsettes og praktiseres av andre enn kriminalomsorgen selv. (Smith side 70).

Departementet vurderte det sistnemnde og argumenterte i høyringsnotatet for at det var mest nærliggande om fastsetting av godtgjering blei gjort av departementet, all den tid tilsynsrådet sorterer direkte under departementet.

9.3 Synet til høyringsinstansane

Kriminalomsorgsdirektoratet peikar på at godtgjeringa ikkje har vore god nok, og at den må vere attraktiv nok for at tilsynsrådet skal kunne gjennomføre arbeidet sitt. Dette blir òg trekt fram av Sivilombodet og Straffedes organisasjon i Norge. Det blir vist til at godtgjering er viktig for å rekruttere og behalde kompetente medlemar. Departementet blir oppmoda til å sjå bort frå godtgjering for statleg utvalsarbeid, men heller sjå til godtgjering som i Kontrollkommisjonane.

Statens sivilrettsforvaltning etterspør ei avklaring av kven som skal godkjenne godtgjeringa.

9.4 Vurdering frå departementet

Departementet vurderer at det ikkje er i tråd med sikring av eit eksternt uavhengig tilsyn med kriminalomsorga å halde fram med ordninga om at kriminalomsorga sjølv set fast og betaler ut godtgjering til medlemane av tilsynsrådet. Administrering av tilsynsverksemda bør ikkje avhenge av vurderingar frå nokon som dei skal føre tilsyn med. Det er derfor heller ikkje eit nærliggjande alternativ å leggje denne oppgåva til Kriminalomsorgsdirektoratet.

Det visast til proposisjonen punkt 10.4, kor departementet varslar at det vil foreslå å leggje sekretariatsfunksjonen til Statens sivilrettsforvaltning. Det følgjer av hovudinstruks frå departementet til Statens sivilrettsforvaltning punkt 2.2: «Statens sivilrettsforvaltnings funksjon som sekretariat innebærer forberedende saksbehandling, i tillegg til juridisk og administrativ oppfølging av den instansen virksomheten utøver sekretariatsfunksjon for. Det vil si tilrettelegging for møter, sørge for arkivhold og behandling av reiseregninger, og fastsetting og utbetaling av godtgjøring.»

Departementet legg vekt på at dei andre verksemdene som organet har sekretariatsfunksjon for, òg er uavhengige organ etter lov eller forskrift. Det følgjer av lovutkastet § 9 d at departementet kan gi nærare forskrifter om mellom anna godtgjering. For tilsynsrådet sin funksjon som uavhengig kontrollorgan, og einsarta praksis med samanliknbare organ, meiner departementet at både fastsetjing og utbetaling av godtgjering, og godkjenning av reiserekningar bør vere ei oppgåve for sekretariatet.

Satsar for godtgjering for arbeidet til leiar og dei øvrege statsrådsoppnemnde medlemane, vil bli fastset av departementet. Dei andre medlemane vil få betalt etter brukt tid etter statlege satsar for utvalsarbeid.

Til forsida