3 Rettslege rammer for handsaming av innsette og domfelte
3.1 Overordna regelverk
Fridomen til menneska er verna på fleire områder både i nasjonal og internasjonal rett. Einskilde inngrep er forbode, og andre inngrep må oppfylle ulike krav i regelverket for å vere lovleg.
Eit døme på det første er forbodet mot tortur i FNs konvensjon mot tortur og annan grufull, umenneskeleg eller nedverdigande handsaming eller straff 10. desember 1984. Noreg har slutta seg til tilleggsprotokollen til FNs torturkonvensjon, OPCAT, som er ei internasjonal menneskerettsleg avtale som har som føremål å verne menneske som er fråtekne fridomen mot tortur og annan grufull, umenneskeleg eller nedverdigande handsaming eller straff. Eit slikt unntakslaust forbod er òg slått fast i Europarådet sin konvensjon om beskyttelse av menneskerettighetene og de grunnleggende friheter (EMK) artikkel 3 som, saman med FNs barnekonvensjon, FNs konvensjon om sivile og politiske rettigheter, FNs kvinnekonvensjon og FNs konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettigheter, gjeld med forrang føre anna lovgiving, jf. menneskerettslova § 3 jf. § 2.
Ulike former for fridom er verna både i Grunnlova og i internasjonale konvensjonar. Bevegingsfridom, ytringsfridom, religionsfridom, vern av heim, kommunikasjon og familieliv og forbod mot diskriminering, er døme på slikt vern. Vernet er ikkje absolutt, men unntak må grunnast i nærare bestemte vilkår. Det same gjeld for å fengsle eller ta frå nokon fridomen. Det følgjer av Grunnlova § 94 at:
Ingen må fengslast eller bli fråteken fridommen på anna vis utan i dei tilfella og på den måten som lovene fastset. Fridomstapet må vere naudsynt og ikkje utgjere eit mishøveleg inngrep.
Inngrep i fridomen og dei rettane som er verna, krev at både materielle og prosessuelle vilkår er oppfylte. Nasjonale og internasjonale reglar set ramma for korleis innsette og domfelte kan handsamast når dei er fråtekne fridomen.
3.2 Straffegjennomføringslova og prinsippa for gjennomføring av straff
Lov 18. mai 2001 nr. 21 om gjennomføring av straff mv. (Straffegjennomføringslova) med tilhøyrande forskrifter og retningslinjer, inneheld reglar for kva innskrenkingar som kan setjast i verk, kva inngrep som kan gjerast og korleis rettstryggleiken til domfelte og innsette skal ivaretakast.
Reglane byggjer på fleire prinsipp som er gjort gjeldande for korleis straff skal gjennomførast i Noreg. Det gjeld for det første eit normalitetsprinsipp, som seier at tilværa i kriminalomsorga skal skilja seg minst mogleg frå tilværa for personar som ikkje er innsette eller fråteke fridomen. Unntak frå rettar som gjeld i samfunnet må ha heimel i lov og vere grunngjeve i gjennomføring av fridomstapet (sjå innstilling frå Fengselsutvalet i NOU 1988: 37 (ny fengselslov) punkt 3 side 14 og St.meld. nr. 37 (2007–2008) Straff som virker – mindre kriminalitet – tryggere samfunn punkt 3.5 side 22.
For det andre kjem prinsippet om at domfelte og innsette har dei same rettane som andre borgarar, til dømes rett til helsehjelp, utdanning, velferdsteneste og samvær med barn og foreldre. Ein konsekvens av dette er at kriminalomsorga òg må forhalde seg til lover og reglar på desse områda, og har ei plikt til å leggje til rette for samarbeid med kommunale, regionale og private tenesteytarar i sine institusjonar, jf. straffegjennomføringslova § 4.
Her kjem òg reglane om vern av korrespondanse, heim og familie, religionsfridom og ytringsfridom inn saman med andre menneskerettar.
Eit tredje prinsipp er likskapsprinsippet, som skal motverke diskriminering. Dette gjeld generelt, men blir spesielt synleg ved handsaming av minoritetar i kriminalomsorga. Døme på minoritetar er kvinner, barn, samiske innsette og andre som fell innunder eit av diskrimineringsgrunnlaga som er stilt opp i likestillings- og diskrimineringslova 16. juni 2017 nr. 51 § 6. Lova gjeld uavhengig av om ein er i eller utafor kriminalomsorga.
Eit fjerde prinsipp som ligg til grunn er nærleiksprinsippet, som inneber å vere innsett nærast mogleg heimplassen. Dette er mellom anna heimla i straffegjennomføringslova § 11 første ledd om innsetjing.
Felles for alle dei nemnde prinsippa er at dei saman med konkret regelverk legg føringar på kva praksis og prosedyrar kriminalomsorga kan innføre.
3.3 Internasjonale standardreglar
Det finst fleire anerkjende internasjonale instrument som ikkje reknast som bindande regelverk, men som inneheld oppmodingar og standardar som alle avtalepartar er samd om. Reglane er ofte døme på god praksis.
Slike reglar er mellom anna «FNs minimumsregler for behandling av innsatte» (Mandela-reglane), «FNs regler for behandling av kvinnelige innsatte og ikke-frihetsberøvende tiltak for kvinnelige lovbrytere» (Bangkokreglane), «FNs regler for beskyttelse av mindreårige som er fratatt friheten» (Havanareglane) og rekommandasjon frå Ministerkomiteen i Europarådet om De europeiske fengselsreglene.
Reglane står juridisk sett i ei noko anna stilling enn EMK, ved at dei ikkje har formell status som norsk rett. Men Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har ved fleire høve nytta Mandela-reglane som del av grunnlaget for avgjerd om isolasjon i fengsel, og norske domstolar har referert til Mandela-reglane i avgjerd om kva konsekvensar isolasjon skal få for varetektsinnsette, jf. til dømes sak i Gulating lagmannsrett LG-2018-120758 og Høgsterett si avgjerd HR-2019-2048-A i same sak, der anke over avgjerda frå lagmannsretten blei forkasta. Dei nemnde instrumenta inneheld til dels detaljerte føresegner om minimumsstandardar, rettar og plikter.
3.4 Reglar om gjennomføring av straff for mindreårige
Det finst særskilde reglar om tryggjing av barn både i og utanfor straffegjennomføringa. I Grunnlova § 104 er det reglar om barns rett til utvikling og å få uttala seg i spørsmål som vedkjem det, og at det beste for barnet skal vere eit grunnleggjande omsyn i alle saker som omhandlar barn. Korresponderande rettar finst i FNs barnekonvensjon artiklane 12, 2 og 3.
Konvensjonen inneheld òg særskilde reglar for rettane til barn i strafferettspleia, sjå artikkel 40 og for barn som er fråteken fridomen, sjå artikkel 37. Artikkel 37 bokstav b flg. seier at partane skal sikre at:
b) intet barn ulovlig eller vilkårlig berøves sin frihet. Pågripelse, frihetsberøvelse eller fengsling av et barn skal skje på lovlig måte og skal bare benyttes som en siste utvei og for et kortest mulig tidsrom,
c) ethvert barn som er berøvet friheten, skal behandles med menneskelighet og med respekt for menneskets iboende verdighet og på en måte som tar hensyn til barnets behov i forhold til dets alder. Særlig skal ethvert barn som er berøvet sin frihet, holdes atskilt fra voksne, med mindre det motsatte anses å være det beste for barnet, og det skal ha rett til å opprettholde forbindelsen med sin familie gjennom brevveksling og besøk, unntatt under særlige omstendigheter,
d) ethvert barn som er berøvet sin frihet, skal ha rett til omgående juridisk og annen egnet bistand, samt rett til å prøve lovligheten av frihetsberøvelsen for en domstol eller annen kompetent, uavhengig og upartisk myndighet og til å få en rask avgjørelse på en slik sak.
FNs barnekomité har utarbeida fleire generelle kommentarar til konvensjonen, mellom anna CRC/C/GC/10 om barn som er i konflikt med lova. Kommentaren er oppdatert i CRC/C/GC/24.
I Generell kommentar nr. 24 avsnitt 92 flg. finst prinsippa for handsaming av barn som er fråteken fridomen. Her er det mellom anna eit forbod mot isolasjon og ei plikt til å leggje til rette for fysiske omgivnader som tar omsyn til behova til barn. Barn må få høve til å delta i fysisk aktivitet, sport, fritidsaktivitetar og få moglegheit til kunstnarisk verksemd. Det skal leggjast til rette for kontakt med barn på same alder, hyppig kontakt med familie, vener og å få kome heim på besøk. Bruk av tvang og makt skal aldri vere ein straff, og alltid skje med tilsyn frå medisinsk personale og berre skje som siste utveg. Når det gjeld tilsyn heiter det i avsnitt 95 bokstav i og j at:
(i) Every child should have the right to make requests or complaints, without censorship as to the substance, to the central administration, the judicial authority or other proper independent authority, and to be informed of the response without delay. Children need to know about and have easy access to these mechanisms;
(j) Independent and qualified inspectors should be empowered to conduct inspections on a regular basis and to undertake unannounced inspections on their own initiative; they should place special emphasis on holding conversations with children in the facilities, in a confidential setting;
Tilsyn som vedkjem barn i ei eller anna form, er omfatta av den særskilde reguleringa.