8 Matrikkelføring
8.1 Gjeldande rett
Matrikkelen omfattar geografiske opplysningar om:
Fast eigedom (matrikkeleiningar), mellom anna opplysningar om grenser. Eigedommar blir identifiserte med matrikkelnummer (vanlegvis gards- og bruksnummer).
Bygningar og brukseiningar i bygningar, mellom anna opplysningar om talet på etasjar, byggjeår og formål. Bygningar blir identifiserte med eit bygningsnummer.
Adresser (vegadresser) for bustader og andre brukseiningar, og andre objekt som treng ei tilkomstadresse.
Matrikkeleininga (eigedommen) er det sentrale elementet i matrikkelen. Opplysningar om adresser, bygningar, bustader og andre brukseiningar er kopla til matrikkeleininga, jf. figur 8.1.
Informasjon frå matrikkelen blir nytta i ei rekkje samanhengar, frå offentleg saksbehandling til adresseoppslag, til dømes av naudetatane, bodtenester og privatpersonar. Informasjonen blir også nytta av tenesteleverandørar og privatpersonar som får informasjon om eigedomsgrenser via satellittbaserte tenester og registrert informasjon om grenser. I offentleg saksbehandling blir informasjonen mellom anna nytta til oppgåver i samband med plan- og bygningslova, konsesjonslova og tinglysingslova, og utrekning av eigedomsskatt, arealtilskot, kvotar og renovasjonsavgifter.
Staten ved Statens kartverk skal sørgje for ordning, drift og forvaltning av matrikkelen. Kommunane har ansvaret for å utføre oppmålingsforretningar og føre matrikkelen i kommunen. Offentlege organ skal føre opplysningar i matrikkelen når det er bestemt i lov, forskrift eller etter avtale med Statens kartverk. I praksis fører kommunane dei fleste opplysningane i matrikkelen, også opplysningar om matrikkeleiningar, adresser, bygningar og bustader. Etter vanleg kutyme om å ikkje bruke namn på statlege direktorat i lovteksten blir «sentral matrikkelstyresmakt» brukt som nemning på Kartverket. Kommunane blir i matrikkellova § 5 a definerte som «lokal matrikkelstyresmakt», men denne nemninga blir elles lite brukt. Både lova og matrikkelforskrifta nyttar til vanleg «kommunen» direkte.
I rundskriv T-5/09 frå Miljøverndepartementet finn ein dette om krava til den som skal føre matrikkelen:
«Person som skal føre opplysninger i matrikkelen, skal ha gjennomført Statens kartverk sitt kurs i matrikkelføring. Vedkommende bør ha faglig kompetanse innenfor det feltet vedkommende fører opplysninger. Miljøverndepartementet anbefaler at person som fører opplysninger om oppmålingsforretninger, bør har kartfaglig kompetanse.»
Det krevst i dag ikkje noko enkeltgebyr for matrikkelføringa. Kostnader for matrikkelføringa blir eventuelt dekte gjennom oppmålingsgebyra.
8.2 Høyringsforslaget
Spørsmålet om organisering av oppmålinga, jf. punkt 4, reiser også spørsmålet om korleis ansvaret for å matrikkelføre oppmålinga skal organiserast. Matrikkelføring er ei klar styresmaktsoppgåve som bør vere organisert som ei offentleg forvaltningsoppgåve på linje med føringa av andre sentrale register som til dømes folkeregisteret, einingsregisteret og grunnboka.
I høyringsnotatet foreslo departementet å forenkle omgrepsbruken og delvis endre ansvaret for matrikkelføringa mellom staten og kommunane. Forslaget inneber at staten ved Statens kartverk skal ha ansvaret for å føre eigedomsopplysningar, men likevel slik at kommunar som ønskjer det, etter avtale med Kartverket, framleis skal kunne føre opplysningane i den aktuelle kommunen. Departementet la til grunn at kommunane framleis skulle føre opplysningar om adresser, bygningar og bustader.
Departementet la til grunn at brukarane skal betale eit eige gebyr for matrikkelføring av oppmålingsforretningar som dekkjer kostnadane med matrikkelføringa, jf. § 32 i forslaget. Gebyret må gå til kommunen når kommunen står for matrikkelføringa. Gebyrsatsane bør fastsetjast i forskrift.
8.3 Merknader frå høyringsinstansane
174 høyringsinstansar har uttalt seg om organiseringa av eigedomsregistreringa. Eit stort fleirtal argumenterer for å føre vidare dagens modell der kommunane har ansvaret for både eigedomsoppmålinga og eigedomsregistreringa. Merknadene ber preg av at spørsmålet om organiseringa av matrikkelføringa er tett kopla til spørsmålet om organiseringa av eigedomsoppmålinga.
Fleire trekkjer fram som ein fordel at Kartverket får ansvaret for føringa av eigedomsopplysningar. Fleire peikar mellom anna på at dette vil føre til meir heilskapleg og raskare føring med betre kvalitet og at det kan gi effektiviseringsgevinstar. Dei peikar vidare på at det fører til forenklingar, legg betre til rette for e-matrikkel og gjer det enklare å gjennomføre nasjonale kvalitetshevingsprosjekt og andre større ryddejobbar.
Fleire peikar på at det også vil kunne vere gode grunner for mellomløysingar, til dømes ved at Kartverket får ansvar for føring av veggrenser og jordskiftesaker. Dette vil kunne vere ein fordel for kommunar med små ressursar og store saker. Nokre få foreslår også at jordskifterettane kan føre sine eigne jordskiftesaker.
Fleirtalet av høyringsinstansane meiner at kommunane må ha ansvaret for registrering av eigedomsopplysningar saman med ansvaret for eigedomsoppmålinga. Høyringsinstansane er opptekne av at matrikkelen som nasjonal felleskomponent skal vere eit einsarta register med høg kvalitet. Fleirtalet meiner at forslaget ikkje vil føre til dette. Nokre høyringsinstansar kommenterer at kommunesamanslåing vil gi meir robuste kommunar som vil bli endå betre rusta til å handtere matrikkelføringsoppgåvene. Fleire høyringsinstansar er elles uroa for at ei overføring av ansvaret for matrikkelføring av eigedomsdelen vil føre til sentralisering av kunnskap og ei samanblanding av roller. Dei kommenterer også at forslaget fører til ei storstila flytting av kompetansearbeidsplassar frå distrikta til det sentrale Austlandet. I hovudsak er innvendingane mot forslaget at dei enkelte delane i matrikkelen heng nøye saman, slik at ei splitting av føringsansvaret av dei enkelte delane vil gi mindre smidige prosessar. I tillegg vil samspelet mellom matrikkellova, plan- og bygningslova og eigarseksjonslova bli svekt, og på same måten vil kvalitetshevingsarbeidet, som kommunane i dag utfører kontinuerleg, gå tapt, og fagmiljøet vil forsvinne. Fleire høyringsinstansar kommenterer at det er viktig med nærleik mellom landmålaren og matrikkelføraren, og at matrikkelføraren må ha lokalkunnskap for å sikre kvaliteten i matrikkelen. Fleire kommunar kommenterer at det ikkje vil gi meir einsarta praksis dersom Kartverket skal føre matrikkelen, fordi føringa i dag er så styrt av dataprogrammet som blir nytta.
Landbruks- og matdepartementet meiner det vil vere både positive og negative sider ved forslaget. Det er positivt at Kartverket får eit større ansvar for kompliserte sakstypar, til dømes jordskiftesaker med omfordeling av areal og eigedommar. Ei sentral matrikkelstyresmakt vil kunne gi eit større og sterkare fagmiljø med høve til spesialisering på ulike problemstillingar. På den andre sida kan løysinga føre til at kommunane mistar kompetanse, og dette vil påverke både oppgåver og tenester. Det vil også føre til større avstand mellom grunneigarar, kommunen og den matrikkelførande styresmakta. Det vil derfor kunne bli svært viktig å leggje til rette system for enkel kontakt mellom matrikkelføringsstyresmakta, den lokale forvaltninga og publikum. Departementet meiner forslaget om at kommunar kan halde fram med å føre etter ein avtale med Kartverket, kan bli kompliserande for både næringslivet, private partar og offentleg forvaltning. Kvar ein skal ta kontakt, kan bli ulikt frå sakstype til sakstype, og frå kommune til kommune. Krava til publisitet bør vurderast grundig, og ein bør setje i verk tiltak som bøter på dei problema dette kan gi.
Domstoladministrasjonen meiner at matrikkelføring av jordskiftesaker best blir løyst av fagpersonar med særskild kompetanse på fagområdet, jf. tinglysingsreforma. Dei støttar forslaget om å la Kartverket få større sjølvstendig ansvar for å føre jordskiftesaker. Dette vil bidra til å heve kvaliteten på matrikkelen. I tillegg vil det føre til at kommunane blir avlasta og kan bruke ressursane sine på andre oppgåver. Ei slik ordning kan også bidra til at fristane for matrikkelføring av jordskiftesaker blir haldne. Eit sentralt organ for føring av slike saker vil også kunne gjere det enklare å få på plass digitale løysingar og ikkje minst rutinar for sending av informasjon mellom domstolane, matrikkelstyresmakta og tinglysinga.
Fylkesmannen i Hedmark meiner at forslaget vil svekkje kompetansemiljøa i kommunane, at ein ikkje får nytta lokalkunnskap i eigedomsføringa og at dette talar for å vidareføre dagens ordning.
Jordskifterettane i Hålogaland har erfart ulik kvalitet på matrikkelføringa frå kommune til kommune. Oppdateringa av matrikkelen kan også vere feil eller mangelfull. For å sørgje for føring av jordskiftesaker på beste vis kan dette arbeidet flyttast til Kartverket. Dette vil sikre ei einskapleg føring av slike saker, og kommunane slepp utfordringane med å føre slike saker. Ut frå kjensgjerninga at nærleik mellom den utøvande landmålaren og matrikkelføraren sikrar best kvalitet ved matrikkelføringa, kunne det vere nærliggjande å foreslå at jordskifteretten sjølv oppdaterte matrikkelen for sine saker. Her er det viktig å halde fast ved at matrikkelføring er ei forvaltningsoppgåve som av den grunnen ikkje høyrer heime innanfor domstolsapparatet. Ved at Kartverket tek over ansvaret for føringa av jordskiftesaker, vil ein lettare kunne utvide dette til også å omfatte bruksrettsgrenser og andre rettar (vegrettar, fallrettar, brønnpunkt osv.) som blir kartfesta/georefererte i jordskiftesaka som punkt, linjer eller flater. På sikt vil ein sikre formålet til matrikkellova i langt høgare grad ved å gi tilgang til viktige eigedomsopplysningar og gjere dei tilgjengelege for brukarane.
Jordskifterettane i Lista mfl. og jordskifterettane i Nedre Buskerud mfl. meiner at nasjonal føring vil vere ei god løysing for kommunar som slit med jordskiftesaker. Det bør etablerast prosjekt for kvalitetsheving av matrikkelen, som staten må finansiere.
Statens kartverk meiner at det er et stort effektiviseringspotensial ved at arbeidsprosessane blir samla på éin stad. Matrikkelen inneheld fleire delar, men desse heng saman. Ei tenleg deling av ansvaret for føringsoppgåvene er dermed vanskeleg å gjennomføre. Kartverket har erfaring med sentralisering av tinglysingsstyresmakta. Domstolane behandla sakene godt, men behandling av saker i ulike domstolar gav større sjanse for ulik praksis. Det same gjeld for matrikkelføring. Ved å samle eit stort fagmiljø på éin stad vil ein auke kompetansen på fagområdet. Kartverket rår til at lovarbeidet og omorganiseringsarbeidet som no blir gjort, gjennomførast slik at endringane bidreg til å leggje til rette for ein framtidig e-matrikkel. I tillegg må ein leggje til rette for ein effektiv kvalitetsheving av allereie registrerte data. I enkelte sakstypar er det behov for vekselverknad mellom tinglysing og matrikkelføring. Kartverket meiner at det bør komme klart fram i lovteksten at også føring er lagt til matrikkelstyresmakta, og at det er Kartverket som er matrikkelstyresmakt. Matrikkelen er ein nasjonal database for heile landet. Kartverket bør ha ansvaret for at alt innhald blir ført på lik måte. Kvalitetsheving vil best la seg gjere i regi av éi overordna styresmakt. Styresmaktsrolla bør derfor samlast hos Kartverket. Vidare er det viktig å tilpasse organiseringa slik at digitalisering kan skje mest mogleg effektivt og til lågast mogleg kostnad. Digitalisering stiller høge krav til klare og einsarta prosessar. Dette tilseier at den sentraliserte styresmakta er ein føresetnad for ei framtidig digitalisering av prosessane i og rundt matrikkelen.
Dersom det blir avgjort at kommunen skal ha direkte ansvar for delar av føringa, meiner Kartverket denne bør vere avgrensa til den kommunale tilleggsdelen og registrering av konsesjonsforhold. Føring av jordskiftesaker bør samlast på éin stad. Den foreslåtte avtalerettslege ordninga mellom Kartverket og kommunane om føring skaper forvaltningsrettslege problem som er vanskeleg å løyse på ein tenleg måte. For brukaren vil det vere problematisk at det eksisterer underliggjande avtalar. Ein avtale gjer at kommunen må føre matrikkelen på vegner av matrikkelstyresmakta. Det er ei uheldig løysing der Kartverket i liten grad har kontroll på dei opplysningane som blir ført på deira vegner. Overføring av oppgåver må derfor skje ved delegering av mynde. Delegering vil seie at kommunen fattar eigne vedtak/avgjerder. Kartverket blir då klageorgan. Slik delegering mellom stat og kommune er normalt ikkje ønskjeleg, men hindrar ikkje at dette kan regulerast i særlovgivinga. Alternativet er avtalebasert fullmakt for kommunane til å føre, men det er vanskeleg å sjå at dette er ei betre løysing.
Kartverket meiner det ikkje er ønskjeleg at alle kommunar som ønskjer det, automatisk skal få delegert slik styresmakt. Det må bli sett minimumskriterium for omsyn, kompetanse og etterslep. For å få eit effektivt arbeid med registrering og kvalitetssikring må ein digitalisere og samle data slik at dei er enkelt tilgjengelege både for landmålaren, kommunen og matrikkelstyresmakta. Kartverket skriv vidare:
«I dag er Kartverket tilsynsmyndighet for kommunene, jf. matrikkelloven § 28. De oppgaver som ligger til tilsynsmyndigheten vil slik vi ser det være sammenfallende med de oppgaver som tilligger overordnet forvaltningsorgan. Med Kartverket som ansvarlig for føring bør denne bestemmelsen endres eller eventuelt oppheves» og «Som ytterste konsekvens kan organiseringen lede til at kommunen vil fatte vedtak både basert på direkte myndighet, delegert myndighet og etter avtale, med klagebehandling som følger to forskjellige løp, avhengig av kommunens myndighet i den enkelte sak.»
Statens vegvesen meiner forslaget vil gi raskare og betre føring av oppmålte veggrenser. Det vil bli betre og lik metodikk for korleis sakstypane skal handterast. Nærleik mellom matrikkelføring og tinglysing vil vere positivt i saker som krev tett samordning, til dømes i saker som omfattar handtering av pant. Vegvesenet føreset at Kartverket får tilført tilstrekkeleg med ressursar. Dei synest det er positivt at hovudansvaret for matrikkelføring av eigedomssaker blir lagt til Kartverket, og at kommunar som ønskjer det, kan inngå avtale med Kartverket om at dei framleis kan føre eigedomssaker. Kartverket bør ha hovudansvaret for matrikkelføringa også sjølv om oppmåling held fram som ei offentleg forvaltningsoppgåve.
Arendal kommune meiner Kartverket bør ha ei meir sentral rolle. Dei meiner at dette kan føre til kortare ventetid, men synest likevel det er ein fordel at føringa av eigedomsopplysningar blir gjennomført i det same miljøet som også fører bygnings- og adresseopplysningar.
Bergen kommune meiner at dei ulike sakstypane heng saman, og at matrikkelføring derfor må skje på same stad. Splitting fører til auka byråkrati. For mindre kommunar kan interkommunalt samarbeid eller forskrift/retningslinjer der Kartverket hjelper med føringa, gi god føring. Det må likevel vere ein kontrollfunksjon mellom oppmålingsforretninga og føringa som er utført av ein kvalifisert person med fagleg nivå som ein autorisert landmålar. Jordskiftesaker og vegsaker som Statens vegvesen har gjennomført, kan Kartverket føre. Gebyr for matrikkelføring må fastsetjast etter sjølvkostprinsippet.
Bremanger kommune peikar på at dagens organisering gjer det enkelt for borgarane å få retta opp feil i matrikkelen, og matrikkelføraren har kommunikasjon med byggjesaksbehandlaren og planavdelinga, slik at det blir få misforståingar og lite avvik frå plan- og delevedtak. For Bremanger kommune er det mange feil i matrikkelen, og feila skriv seg frå den tida Kartverket førte eigedomsregisteret (GAB). Ved at ansvaret ligg til kommunen, vil rettings- og kvalitetshevingsarbeidet bli sikra.
Bykle kommune meiner det bør vere nærleik mellom landmålaren og matrikkelføraren. Forslaget vil svekkje kompetansen i kommunen for dei matrikkelføringsoppgåvene kommunane framleis skal gjere. Det eksisterer eit viktig samspel mellom matrikkellova, plan- og bygningslova og eigarseksjonslova for å få ein smidig prosess i eigedomsdanning og matrikkelføring. Dette samspelet vil bli svekt, og kvaliteten vil bli forringa i arbeidet. Bykle kommune meiner at det kan vere fornuftig at Kartverket fører jordskiftesaker og vegsaker frå Statens vegvesen og Jernbarneverket. Eventuelt må kommunane kunne ta gebyr for å føre desse. For kommunar som ikkje har ressursar og kompetanse, kan det vere fornuftig at Kartverket tek over føringa i tråd med ein avtale.
Fjell kommune uttalar at det bør vere eit skilje mellom oppmåling og matrikkelføring, men det er også viktig at det er nær kontakt mellom oppmålaren og matrikkelføraren. Det kan vere nødvendig med klargjeringar. Dette går tapt dersom Kartverket skal føre matrikkelen. Fjell kommune meiner likevel at Kartverket kan vere ei god løysing for kommunar som ikkje kan skilje på oppgåvene. Det bør dermed vere valfridom.
Fredrikstad og Hvaler kommunar meiner ansvaret kan overførast til Kartverket, men kommunar som framleis ønskjer det, må gjere den praktiske gjennomføringa. Mindre kommunar kan ha nytte av forslaget. Avstanden mellom landmålaren og matrikkelføraren kan føre til fleire feilkjelder. Dersom eigedomsdelen blir flytta, bør ein også vurdere om all anna føring skal flyttast til Kartverket. Hvaler kommune meiner at saker frå jordskifterettane bør førast av jordskifterettane, medan saker frå Statens vegvesen bør førast i samsvar med føring av eigedomsinformasjon i kommunen det gjeld.
Follo-kommunane meiner at delane i matrikkelen – grunneigedom, adresse og bygningsdelen – høyrer tett saman og er avhengige av ei samordna saksbehandling. Det bør derfor framleis vere kommunane som fører alle opplysningar i matrikkelen. Jordskifterettane kan likevel føre jordskiftesaker. Dei hevdar også at Kartverket ikkje har den nødvendige lokalkunnskapen som må til for å føre matrikkelen.
Forsand kommune stiller seg uforståande til forslaget. Etterslepet er størst på bygg- og adressedelen. Dei meiner at det heller bør gjennomførast tiltak for å hjelpe kommunane med å komme à jour. Forsand kommune synest det er greitt at Kartverket kan føre jordskiftesaker og saker for Statens vegvesen.
Gausdal og Sola kommunar meiner at ein med forslaget mistar nærleiken til landmålaren og til miljøet der premissane for endring og danning av eigedom blir lagde. Nærleik mellom landmålaren og matrikkelføraren gjer at ein kan avklare detaljar og unngå feilføringar. Samspel mellom matrikkellova, plan- og bygningslova og eigarseksjonslova er svært viktig for å sikre kvalitet og ein smidig prosess rundt eigedomsdanning og matrikkelføring. Kommunane føler i dag både ansvar for og eigarskap til matrikkelen og matrikkeldata. Det blir brukt mykje tid på å betre han, både av landmålarane i kommunane og personane som sit med eit særskilt ansvar for matrikkelen. Då er lokalkunnskap viktig. Gjennomføring av forslaget vil føre til at kvalitetshevinga truleg vil stoppe opp.
Hammerfest, Horten og Lindesnes kommunar meiner at føring av eigedomsopplysningar for jordskifteverket og Vegvesenet bør overførast til Kartverket, men det er tenleg at føringa elles skjer nærast mogleg den som har utarbeidd grunnlaget for føringa. Kristiansand kommune meiner at ein mistar både nærleiken til landmålaren og til miljøet der premissane for endring og danning av eigedom blir lagde. Nærleik mellom landmålaren og matrikkelføraren gjer at ein kan avklare detaljar og unngå feilføringar. Samspelet mellom matrikkellova, plan- og bygningslova og eigarseksjonslova er svært viktig for å sikre kvalitet og ein smidig prosess rundt eigedomsdanning og matrikkelføring. Kristiansand kommune meiner at vi i dag har eit system der det kontinuerleg blir arbeidd med å betre innhaldet i matrikkelen. Dette skjer både gjennom systematiske prosjekt og på grunnlag av feil og manglar eigarar eller medarbeidarar blir merksame på ved arbeid med aktuelle saker. Eit døme på dette er nyleg gjennomført rydding av all jernbanegrunn i kommunen. Her var både kommunen, Vegvesenet og private partar involverte, i tillegg til Jernbaneverket. For å sikre forsvarleg bruk og utvikling av matrikkelkartet er lokalkunnskap om matrikkelen og matrikkeldata heilt avgjerande. Denne lokalkunnskapen blir foredla vidare gjennom at kommunen har eit levande matrikkelkart som blir oppdatert av personar med nødvendig historisk kunnskap om korleis matrikkelkartet har blitt til, og kva kvalitet dataa i kartet har. Kommunen ser ikkje for seg at det ved ei massiv sentral føring vil bli halde eit like godt fagleg nivå på denne oppgåva. Kommunen peikar på at departementet foreslår å splitte fagmiljøet som no matrikkelfører adresser, bygningar og eigedommar, utan å vurdere dette opp mot formålsparagrafen i matrikkellova om «eit einsarta og påliteleg register». Seksjonert eigedom utgjer ein stor del av eigedommane i Kristiansand kommune. Matrikkelførarar for bygning og matrikkelførarar for eigedom er gjensidig avhengige av kvarandre for å fullføre desse sakene. Det same gjeld for anleggseigedom. Det vil bli rigid og lite smidig dersom matrikkelførarar for høvesvis eigedom og bygg verken er samlokaliserte eller høyrer til det same forvaltningsorganet. Kristiansand kommune ønskjer å sikre at bygningsdelen i matrikkelen både er fullstendig og av god kvalitet, men meiner at dette vil bli krevjande dersom matrikkelføringa av eigedom blir sentralisert.
Lesja, Nord-Fron, Ringebu og Sel kommunar meiner at forslaget vil føre til ei kraftig sentralisering av all kunnskap om eigedom, der Kartverket vil sitje både som matrikkelførar, tilsynsstyresmakt og autorisasjonsstyresmakt. Desse kommunane meiner at den noverande ordninga sikrar ei breidd i spørsmål om eigedomsoppmåling og matrikkelføring, og sikrar kunnskap om lokale forhold som berre finst rundt om i kommunane. Øyer kommune har ei liknande uttale, og legg til at forslaget vil føre til auka etterspurnad etter hjelp til matrikkelføring, slik sentraliseringa av tinglysinga førte til stor etterspurnad etter hjelp til tinglysing. Det vil føre til auka utgifter for kommunane, medan gebyret for matrikkelføringa vil gå til Kartverket. Øyer set spørsmålsteikn ved kva moglegheit Kartverket har til å kontrollere at det som blir kravd matrikkelført, er i samsvar med løyvet som er gitt etter plan- og bygningslova, slik kommunane gjer det i dag.
Nittedal kommune meiner det bør vere kort veg mellom landmålar og matrikkelførar. Forslaget vil føre til at det arbeidet kommunane gjer for å betre kvaliteten på matrikkelen, vil ta heilt slutt. Dersom ansvaret blir overført, må dei kommunane som ønskjer det, kunne halde fram med å føre matrikkelen. Gebyra må dekkje dei faktiske kostnadene (sjølvkost) og bør fastsetjast gjennom forskrift. Arbeidet med føring bør ikkje splittast opp. Dersom Kartverket skal føre eigedomsopplysningar for kommunar, bør Kartverket også føre bygnings- og adresseopplysningar. Nome og Notodden kommunar har tilsvarande fråsegn.
Oslo kommune meiner at ressursane til Kartverket bør prioriterast til utvikling av matrikkelen og matrikkelsystemet i staden for matrikkelføring. Dei hevdar at det ikkje er uproblematisk å skilje delane i matrikkelen. Synergieffektar og kvalitetsheving vil ta slutt. Oslo kommune stiller spørsmål ved om kommunen vil ha ei reell tilsynsstyresmakt dersom Kartverket får rolla som systemeigar, systemutviklar, føringsansvarleg og tilsynsstyresmakt.
Rana kommune meiner forslaget ikkje er ei god løysing, men meiner likevel at Kartverket bør kunne føre for dei kommunane som ønskjer det. Rana kommune kommenterer at alternativet til forslaget er kommunesamanslåing, der kommunane blir robuste nok til å ta ansvar for matrikkelføringsoppgåva.
Rendalen, Røros, Tolga og Tynset kommunar meiner at forslaget vil føre til at kommunane vil miste fagpersonell innanfor matrikkel og eigedomsfag. Lokalkunnskap vil gå tapt. Lang avstand til matrikkelføraren vil gjere det vesentleg vanskelegare for enkeltpersonar å få retta opp feil i matrikkelen. Forslaget vil gi ein dårlegare kvalitet på matrikkelen og føre til at kvalitetsheving av matrikkelen så å seie vil stoppe opp. I dag jobbar kommunane kontinuerleg med kvalitetsheving av matrikkelen. Dette blir gjort i samarbeid med landbruksavdelinga i kommunen, med planavdelinga i samband med planarbeid og med byggjesaksbehandlarar i samband med søknad om tiltak.
Rådmannsutvalet i Valdres meiner at matrikkelføringa bør liggje hos kommunane fordi dette er eit ledd i ei heilskapleg verdikjede frå søknad om frådeling til eventuell klagebehandling. Publikum er ikkje tent med oppsplitting. Ei sentralisering har ingen klar fagleg meirverdi, berre minimale gevinstar i særtilfelle. Sentral føringsinstruks og innlagde sperrer i dataprogram sikrar einsarta føring. Lokal føring sikrar optimal dataflyt og kontroll av korleis vedtak og vilkår er følgde opp. Føring av eigedomsgrenser er basisen i matrikkelen og ein føresetnad for føring av andre data lokalt. Fjernar ein eigedomsmåling og matrikkelføring av grenser frå kommunane, svekkjer ein det økonomiske grunnlaget for å ta vare på kompetanse som kan gi rettleiing og gjere gode vedtak, og fagmiljøet blir svekt. Kartverket kan av økonomiske og faglege grunnar matrikkelføre jordskiftesaker og store og komplekse statlege veganlegg. Overtalige i Kartverket etter innføring av e-tinglysing kan nyttast i nasjonale matrikkelforbetringsprosjekt, som vil ha stor samfunnsverdi, støtte dei andre tilsette i Kartverket og utgjere eit krafttak for å gjere matrikkelen fullstendig, heve kvaliteten og supplere dataa i han.
Sandnes kommune meiner den foreslåtte løysinga er ugunstig, og at saksbehandlinga blir stykka opp. Lokalkunnskapen og samspelet forsvinn. Potensialet i matrikkelen som eit einsarta og påliteleg register blir svekt ved ei oppdeling av føringa. Ei ny ordning vil flytte merksemda vekk frå matrikkelen som ein viktig nasjonal felleskomponent. Ein komplett og påliteleg matrikkel er svært viktig for samfunnet. Det er derfor viktig at arbeidet med å heve kvaliteten i matrikkelen ikkje stoppar opp. Dette krev at kommunane tek vare på nødvendig kompetanse innanfor både kart- og oppmålingsarbeidet, og matrikkelføringsområdet.
Sarpsborg kommune skriv at forslaget vil føre til auka avstand mellom landmålaren og matrikkelføraren, og at dette kan resultere i dårlegare kvalitet på matrikkelen. Sarpsborg meiner vidare at forslaget fører til unødvendig byråkratisering. Matrikkelføring bør vere samla på éin stad og sjåast i samanheng. Kommunar som ønskjer å bruke Kartverket, kan gjere det, og at føring av jordskiftesaker kan leggjast til Kartverket.
Skien kommune meiner den noverande ordninga gir betre kvalitet og er meir effektiv fordi det er nær kontakt mellom delingsstyresmakta, landmålaren og matrikkelføraren. Ordninga i dag sikrar ei fagleg utveksling og rådgiving mellom dei ulike oppgåvene som igjen sikrar god kvalitet. Spesielt i saker som gjeld klarlegging av grenser og retting for kvalitetsheving i matrikkelen, vil lokalkunnskap vere viktig. Når grunneigaren har høve til å kunne rette feil i matrikkelen, krevst det fagleg rådgiving og ofte synfaring. Dette blir vanskelegare dersom det er Kartverket som skal føre. Sidan kommunane framleis skal behandle seksjoneringssøknader, ville det ha vore ein fordel om dei også fører matrikkelen for å få ei heilskapleg og effektiv saksbehandling. Skien kommune meiner likevel at dersom kommunar ikkje har tilstrekkeleg kompetanse eller kapasitet, kan dei få matrikkelen ført av Kartverket. Det same gjeld for kompliserte saker. Skien kommenterer at det er gunstig å skilje det utførande landmålingsarbeidet frå den administrative matrikkelføringa der dette er mogleg. Matrikkelføraren vil då kunne gjere ein ekstra kontroll av arbeidet til landmålaren.
Stange kommune meiner forslaget kan vere nyttig for mindre kommunar som ikkje har kompetanse og kapasitet til å føre, men det er ikkje ønskjeleg å splitte matrikkelen i to. All føring bør skje på same stad fordi all matrikkelføring høyrer saman.
Stavanger kommune er einig i at matrikkelføring er ei styresmaktsoppgåve som må organiserast som ei offentleg forvaltningsoppgåve. Kommunar som ikkje ønskjer å føre matrikkelen sjølve fordi dei meiner dei ikkje har kompetanse til det, kan søkje om avtale med Kartverket. Hovudprinsippet må likevel vere at kommunane sjølve fører alle delane i matrikkelen. Stavanger kommune kommenterer at lokalkunnskap er ein viktig føresetnad for kvalitetsheving av matrikkelen. Terskelen for at innbyggjarane skal be om retting/kvalitetsheving, vil bli høgare dersom føringa av matrikkelen blir sentralisert. Stavanger kommune ser ingen grunn til at kommunane skal føre jordskiftesaker og vegsaker som Statens vegvesen har gjennomført. Desse kan Kartverket matrikkelføre. Vidare meiner kommunen at sjølvkostprinsippet bør følgjast, med lokal fastsetjing av gebyrsatsane etter retningslinjer frå KS, dersom matrikuleringsarbeidet skal prisast eksplisitt.
Sørum kommune meiner at kommunane ved å halde fram som matrikkelførarar kan behalde noko eigedomsfagleg kompetanse sjølv om oppmåling blir ei privat teneste og kompetansen på matrikkelføring innanfor eigedom, bygg og adresse blir samla. Vidare vil kommunane då framleis kunne arkivere protokollen i kommunearkivet, som i dag.
Trondheim kommune meiner at ei oppsplitting vil svekkje kvaliteten. Kommunane har i dag eit veldig sterkt eigarforhold til innhaldet i matrikkelen. Trondheim kommune er einig i at matrikkelføring bør vere ei styresmaktsoppgåve som blir utført av det offentlege, men kommunane bør ha ansvaret. Det er uheldig dersom Kartverket skal ha alle typar roller som matrikkellova krev: matrikkelstyresmakt, tilsyn, registrering, eigar, driftar, tinglysing, rådgivingsfunksjon for Kommunal- og moderniseringsdepartementet og ansvar for autorisasjonsordninga. Forslaget fremjar ikkje innovasjon og effektivisering av det offentlege. Ved overføring av matrikkelføringa til Kartverket er det fare for at reelle og lokale forhold ikkje blir fanga opp, og det kan føre til at kommunane etablerer eigne lokale løysingar for å dekkje sine eigne behov. Fordelen med den noverande modellen er at vi unngår misforståingar, oppnår god saksflyt, aukar kompetansen hos landmålarane og fremjar prosessar som sparar tid. Trondheim kommune meiner dette er spørsmål som ikkje er utgreidde eller drøfta godt nok i høyringsnotatet. Det er dessutan fare for feilregistreringar på grunn av manglande tilgang til arkivdata og lokalkunnskap om objektet som skal registrerast. Mindre kommunar som ikkje har kompetanse eller kapasitet til å føre matrikkelen sjølve, kan kanskje ha behov for og nytte av støtte frå Kartverket. Kartverket bør få mynde til å overta ansvaret for kommunar der tilsyn avdekkjer slikt behov.
Tromsø kommune meiner forslaget vil føre til ei splitting av ansvarsforholdet til dei mest vesentlege delane av matrikkelen. Ei slik splitting vil ikkje føre til nokon god struktur med heilskapleg tenking i arbeidet med matrikkelføringa. Kommunen tilrår at matrikkelføringa blir organisert ved interkommunalt samarbeid når ressursane og kompetansen ikkje er til stades i dei enkelte kommunane.
Tysvær kommune skriv at forslaget kan vere ei god løysing for mindre kommunar. Andre kommunar bør kunne inngå avtale med Kartverket om at kommunen framleis skal føre eigedomsinformasjon. Matrikkelføring av jordskiftesaker og saker for Statens vegvesen bør kunne førast av Kartverket.
Ål kommune hevdar at samarbeidet mellom kommunane og Kartverket kan bli vanskeleg. Dei kommenterer at det ikkje er sagt noko om det i høyringsnotatet. Vidare skriv dei at det er uklart korleis samarbeidet mellom bygg/adressering og oppmåling i seksjoneringssaker skal utførast. Dei meiner at det ikkje er sagt noko om dette heller. Ål kommune ser for seg at saksbehandlingstida kan bli lengre her.
Åseral kommune meiner at ei splitting av ansvaret vil skape vanskar. Delane i matrikkelen heng saman. Det er ein fordel med lokalkunnskap og tett kontakt med matrikkelføraren. Føringa bør framleis liggje til kommunen, men med tett oppfølging av arbeidet frå Statens kartverk.
Fleire kommunar gir berre kortare grunngivingar for at dei ikkje støttar forslaget. Innvendingane går i hovudsak på at kvaliteten blir dårlegare, og at kvalitetshevingsarbeidet vil stoppe opp (Alvdal, Folldal, Gjøvik). I tillegg er det lite ønskjeleg og tenleg å splitte opp fagmiljøet (Bø, Stranda), og lokalkunnskap er viktig for ei god matrikkelforvaltning (kommunane i Nord-Østerdalen). Nokre nemner at dei lokale fagmiljøa vil bli tappa, slik at andre tenester blir meir sårbare (Gran, Krødsherad), og dette vil føre til feiltolkingar og misforståingar i planar og delingsvedtak, og meir byråkrati. Dermed vil det senke farten på kvalitetshevinga (Lindås, Meland, Radøy, Masfjorden), og viktige arbeidsplassar i Kommune-Noreg vil bli borte (Masfjorden), sjølv om lokal forankring og nærleik til problemstillingane er nødvendig og avgjerande (Gjesdal, Luster, Nesna, Nittedal, Ålesund). Nokre meiner at forslaget manglar fagleg grunngiving (Nissedal), at ordninga fungerer godt slik ho er i dag (Ringsaker), og at det er viktig å ta vare på dagens ordning (Sør-Fron). Dei kan ikkje sjå nokon fordelar med forslaget (Time), dagens ordning er effektiv og fleksibel (Tønsberg), og det er unaturleg å dele matrikkelføringa (Våler).
Opplysningsvesenets fond stiller spørsmål ved kor tenleg det er å leggje ansvaret for matrikkelføringa til Kartverket. Fondet er skeptisk til ei splitting. Dei synest også at det er problematisk at Kartverket har ansvar både for matrikkelen og grunnboka.
Statnett SF meiner at kompliserte saker (større jordskiftesaker) bør bli lagde til Kartverket. Dette sikrar einskapleg føring. I andre saker bør kommunane gjere matrikkelføringa. Matrikkelføring og oppmåling bør vere åtskilde oppgåver, og matrikkelføring bør omfatte ein uavhengig kontroll av arbeidet til landmålaren.
Statskog SF meiner at matrikkelføringa framleis bør liggje hos kommunane, men at Kartverket bør ha ei sterkare rolle i å sikre einskapleg føring, brukarstøtte, ressursar til å støtte føring av kompliserte saker og eventuelt støtte kommunar som tidvis er utan matrikkelførar. Dette vil sikre ei meir heilskapleg føring av matrikkelen og førebyggje lokale variasjonar. Forholdet mellom tilsynsrolla til Kartverket og eventuelt ein sterkare kontroll med matrikkelføringa må i så fall avklarast.
Kartforum Søre Sunnmøre meiner forslaget vil føre til at ein mistar viktig lokalkunnskap. Dette vil igjen føre til fleire misforståingar og mindre god saksflyt. Det vil bli vanskelegare for folk å få retta feil, og kvaliteten vil ikkje bli betre. Til liks med landmålarane på Haugalandet meiner dei at føring er styrt av dataprogram, og at ei sentralisering derfor ikkje vil føre til meir einsarta føring. Oppsplitting er heller ikkje ønskjeleg. Forslaget vil føre til ei storstila flytting av kompetansearbeidsplassar frå distrikta til det sentrale Austlandet.
Kompetansenettverket Gis-Sør i Østfold meiner at forslaget vil forenkle lovverket. Det er likevel viktig at oppgåvene enkelt kan delegerast til kommunar som ønskjer å føre matrikkelen sjølve. Dette bør regulerast i forskrift. Kompetansenettverket meiner det er viktig at all føring innanfor ein kommune skjer på éin stad, anten i Kartverket eller i kommunen. Mindre kommunar som ikkje har kompetanse eller kapasitet, kan ha nytte av at Kartverket fører matrikkelen. Andre kommunar bør føre matrikkelen sjølve. Så sant oppmålinga blir ført vidare som ei forvaltningsoppgåve, vil samlokaliseringa mellom plan, deling etter plan- og bygningslova, oppmåling og matrikkelføring gjere at det blir meir effektivt å føre matrikkelen i kommunane. Matrikkelføraren vil då ha betre kontroll, og ein vil truleg oppnå best mogleg kvalitet i matrikkelen. Matrikkelføring av dei ulike delane i matrikkelen heng nøye saman. Ein bør dermed ikkje splitte matrikkelføring av adresser, bygningar og eigedom.
KS meiner at ei oppdeling er ein naturleg konsekvens av forslaget om privatisering, men like fullt ein uheldig konsekvens.
Storkommunegruppa synest forslaget er problematisk. Det vil vere uheldig med tanke på kvalitetsheving. Ressursane til Kartverket bør brukast til utvikling av matrikkelen og matrikkelsystemet i staden for matrikkelføring.
Vansjøregionen skriv at det vil forenkle lovverket å innføre ei sentral matrikkelstyresmakt, men det er viktig at oppgåva enkelt kan delegerast til dei kommunane som ønskjer å føre matrikkelen sjølve. Vansjøregionen tilrår bruk av forskrift. Matrikkelføring heng nøye saman, og det bør dermed vere matrikkelføring av alt i kommunen eller alt hos Kartverket.
Advokatforeininga peikar på at ein uheldig konsekvens av forslaget kan vere at sjølve matrikkelføringa kan bli vanskeleg, fordi det kan vere nødvendig med kunnskap om eigedom og bygg som kommunane sit på. Til dømes kan det vere ein fordel at den som skal matrikkelføre eigedomsgrenser i store seksjonerte bygg, sjølv har tilstrekkeleg kunnskap eller tilgang til opplysningar om bygningen gjennom byggjesaksbehandlinga.
Boligprodusentenes Forening støttar at gebyrregulativ for matrikkelføring, utarbeiding av matrikkelbrev og liknande blir fastsett av departementet i forskrift, og ikkje av kvart enkelt kommunestyre som etter den noverande lova. Dette gjeld også gebyr for andre tenester, som kopiar av matrikkelbrev, kartutsnitt, matrikkelinformasjon og så vidare. Dei støttar også at forskrifta kan gi reglar som opnar for fritak frå plikta om å betale gebyr. Dette gjeld også i den grad matrikkelopplysningane er feilaktige eller har manglar.
Fagforbundet avd. Hå kommune meiner at forslaget vil føre til eit aukande statleg byråkrati. Viktige arbeidsplassar vil forsvinne frå kommunane. Ei splitting vil føre til auka saksflyt og ineffektivitet. Dette vil lett kunne føre til feil og misforståingar. Kommunane har ein større nærleik til sakene og vil lettare kunne sjå eventuelle utfordringar. Avstanden mellom private firma og kundar vil bli større og terskelen høgare. Kommunane har lokal forankring og vil vere nærare innbyggjarane i saker som handlar om å påvise grenser eller gjere frådelingar.
Fagpersonar på Øvre Romerike meiner at føring bør skje samla av omsyn til kvalitet. Plan, bygg og adresser må sjåast i samanheng. Dei kontinuerlege kvalitetshevingane og oppdateringane frå kommunen vil falle vekk. Dei meiner at dagens matrikkelførarar har god lokalkunnskap, og at dei sikrar at informasjonen er einsarta og har god kvalitet, men meiner også at kommunar med kapasitetsproblem kan ha nytte av hjelp frå Kartverket.
Medlemmene i GeoForum har delte meiningar. Forslaget blir ikkje støtta av hovudtyngda i det kommunale fagmiljøet i foreininga. Dei meiner forslaget vil få uheldige konsekvensar. Den noverande ordninga er effektiv og fleksibel. Det er minimale avvik frå delingsvedtak, og ein sikrar kvalitetshevinga i matrikkelen. Som ein hovudregel oppnår ein best kvalitetssikring ved at eit tiltak blir registrert der det oppstår. Grunngivinga for det er lokalkunnskap, god kontakt og kjennskap til kommunane. Splitting vil gjere at det tette samarbeidet og dialogen vil forsvinne. Viktige etablerte prosessar har stor positiv innverknad på kvaliteten på dei dataa som blir lagra i matrikkelen. Hovudtyngda i fagmiljøet fryktar at mange av dei vurderingane som i dag blir gjorde, ikkje vil bli gjorde dersom forslaget blir vedteke, og at dette vil føre til at kvaliteten i matrikkelen over tid vil bli dårlegare. Kommunane har i dag ansvaret for eigedomskartet og oppdaterer eigedomsdelen utover sjølve oppmålingsforretninga for å auke kvaliteten i matrikkelen. Det blir gjort ei kvalitetsheving som ein kan miste ved den foreslåtte løysinga. For rettingar og kvalitetshevingar er lokalkunnskap ein viktig føresetnad. Terskelen for at innbyggjarane skal be om rettingar og/eller kvalitetshevingar, vil bli høgare ved sentralisering av matrikkelføringa. Medlemmene ønskjer å føre vidare den noverande ordninga, med høve til å overlate føring til Kartverket etter avtale. Saker frå jordskifterettane og Statens vegvesen kan førast av Kartverket, men helst regionalt ved kartkontora. Dersom den foreslåtte løysinga blir vedteken, bør føringa bli lagd til Kartverket regionalt ved kartkontora. Detprivate fagmiljøet i foreininga meiner det spelar mindre rolle kven i det offentlege som fører matrikkelen, men at det er vesentleg for kvalitet og effektivitet at matrikkelføraren har ein kontrollfunksjon for materialet som blir levert inn, og at matrikuleringa blir utført kort tid etter at kravet om matrikkelføring er sett fram.
Geomatikkbedriftene meiner matrikkelføring bør organiserast av det offentlege. Arbeidet kan utførast sentralt, regionalt eller lokalt. Men det er vesentleg for kvalitet og effektivitet at matrikkelføraren har ein kontrollfunksjon for materialet som blir levert inn, og at matrikuleringa blir utført kort tid etter at kravet om matrikkelføring er sett fram.
Landmålarar i Indre Sogn meiner også at det er viktig å ha lokal forankring og sjå utover arealet i søknadene for å auke kvaliteten i matrikkelen. Nærleik til problemstillingane er avgjerande for å få god kvalitet. Dei stiller også spørsmål ved tilsynsordninga dersom Kartverket skal ta over matrikkelføringa.
Landmåler Sør AS skriv at forslaget vil kunne bli tilpassa til kvar enkelt kommune. Mange kommunar har høg kompetanse på dette, men det er også mange små som har mindre kompetanse. Kompetansekravet for føring av matrikkelen må hevast, til dømes slik at ein må ha minst 10 studiepoeng innanfor faget.
NITO meiner at dagens ordning er så regelstyrt av dataprogram at det ikkje vil bli særleg meir einsarta praksis ved ei sentralisering. Det er lite ønskjeleg å dele opp fagmiljøet. Det vil fort bli koordineringsproblem når bygnings- og adressedata ventar på at eigedomsdata blir førte i matrikkelen. NITO peikar på at samspelet mellom matrikkellova, plan- og bygningslova og eigarseksjonslova er svært viktig for å få ein smidig prosess i eigedomsdanning og matrikkelføring. Dette samspelet vil bli svekt, og kvaliteten i arbeidet vil bli forringa med dei foreslåtte endringane. Forslaget legg opp til at Kartverket skal vere både tilsynsstyresmakt, autorisasjonsstyresmakt, matrikkelførar og matrikkelstyresmakt. Dette kan gi uføresette problem og uheldige rollesamanblandingar.
Norges Bondelag meiner at forslaget vil kunne bidra til einskapleg føring over heile landet. Det vil vere eit nødvendig grep for å unngå at matrikkelføringa skal li dersom kommunane ikkje klarer å halde oppe nødvendig kompetanse på området om oppmåling og registrering blir skilt frå kvarandre. På den andre sida vil dei kartrelaterte fagmiljøa i kommunane bli svekte, og kommunane vil gå glipp av viktige synergieffektar innanfor arealforvaltningsområdet. Bondelaget meiner derfor at kommunane framleis bør vere lokal matrikkelstyresmakt. Ved manglande kompetanse kan ein oppmode om interkommunalt samarbeid. I tillegg kan kommunar inngå avtalar med Kartverket.
Norsk Kommunalteknisk Forening(NKF) hevdar at ein med forslaget mistar både nærleiken til landmålaren og til miljøet der premissane for endring og danning av eigedom blir lagde. Nærleik mellom landmålaren og matrikkelføraren gjer at ein kan avklare detaljar og unngå feilføringar. Samspel mellom matrikkellova, plan- og bygningslova og eigarseksjonslova er svært viktig for å sikre kvalitet og ein smidig prosess rundt eigedomsdanning og matrikkelføring. For å sikre forsvarleg bruk og utvikling av matrikkelkartet er lokalkunnskap om matrikkelen og matrikkeldata heilt avgjerande. Ei massiv sentral føring vil ikkje kunne føre til eit like godt fagleg nivå på oppgåva. I tillegg har ein då ulempa ved at ein er historielause når det gjeld kvaliteten og innhaldet i matrikkelkartet til dei enkelte kommunane. NKF meiner at oppsplitting er rigid og lite smidig, og stiller spørsmål ved om formålsparagrafen i lova då blir oppfylt. NKF skriv vidare at det er ein styrke å ha eit samla fagmiljø både på eigedoms- og bygningsdelen i matrikkelen. Manglande samsvar mellom plan- og bygningslova, eigarseksjonslova og matrikkellova fører til at potensialet som ligg i matrikkelregisteret, ikkje kan nyttast fullt ut.
Torbjørn Trageton meiner forslaget vil ta kontrollfunksjonen vekk frå den som sit på eller har elektronisk tilgang til det grunnlaget ein skal kontrollere det utførte forretningsarbeidet mot. Andre utøvarar og fagmiljø som er imot forslaget viser mellom anna til at: alle delane i matrikkelen heng nøye saman og må derfor førast på same stad (Gjertrud Hansen), manglar fagleg grunngiving (Geodatateam Sortland), vil kunne føre til at dei aktuelle kommunale fagmiljøa blir svekte (Geodatautvalget i Hedmark og Oppland), vil få negative konsekvensar for matrikkelen (NITO i Fredrikstad kommune), fryktar at kvalitetshevingsarbeidet vil bli svekt (NITO i Stavanger kommune), like effektivt at kommunane fører sjølve (Rom Eiendom AS), kunnskapen om lokale forhold blir svekt, og verdifull kunnskap kan forsvinne (tingsrettsmiljøet ved NMBU).
Tekna meiner at forslaget kan føre til ei harmonisering av føringa i matrikkelen. Resultatet kan bli eit meir einsarta register i tråd med formålsparagrafen i matrikkellova. Det er viktig at ansvaret blir plassert på eitt forvaltningsnivå, som i nabolanda våre. Tekna støttar at kommunar skal kunne halde fram med å føre, men ansvaret må liggje hos den sentrale matrikkelstyresmakta, og det må komme tydeleg fram. Ved ei sentralisering bør det bli vesentleg enklare å få gjennomført kvalitetshevingsprosjekt for å gjere matrikkelen meir påliteleg, fullstendig og standardisert. Det er viktig at det blir stilt kompetansekrav til den som skal føre. I tillegg må det bli stilt klare krav til kva dokumentasjon som skal følgje saka, og kva som skal leverast tilbake av dette. Ulempa med splitting er at det blir vanskelegare å gjere ryddejobbar. Slike jobbar krev lokalkunnskap. Dette forsvinn ved sentral føring. Tekna meiner derfor at ein må vurdere korleis ein kan ta vare på lokalkunnskapen ved sentral føring.
Tekna i Fredrikstad kommune meiner at primæransvaret for å føre eigedomsopplysningar bør liggje hos kommunane. Forslaget vil forseinke den gode prosessen kommunane no er inne i med betring av matrikkelen. Føring av eigedom, adresser og bygningsopplysningar høyrer nøye saman og bør vurderast samtidig. Tekna i Kristiansand kommune og i Stavanger kommune har liknande fråsegner.
8.4 Vurderingar frå departementet
Departementet går vidare med forslaget, men med små justeringar. Ut frå tilbakemeldingane meiner departementet det framleis samla sett er fleire fordelar enn ulemper ved forslaget.
Når oppmålinga blir gjord om til tenesteyting, er det mykje som talar for at staten bør ha ansvaret for føring av opplysningar om eigedomsforhold i matrikkelen. Dette er i samsvar med organiseringa i andre land i EU der oppmåling blir utført som tenesteyting, og det vil bidra til å sikre einskapleg føring for heile landet. I tillegg til føring av opplysningar frå landmålarar og jordskifteretten bør dette også omfatte føring av private grenseavtalar, samanslåing eller oppløysing av matrikkeleiningar, omnummerering og retting av eigedomsopplysningar, og seksjonering eller reseksjonering av eigarseksjonar.
Departementet viser til fråsegn frå KS om at endringa i matrikkelføringa er ein konsekvens av forslaget om endringane i eigedomsoppmålinga.
Slik departementet vurderer det, har høyringa i liten grad avdekt nye opplysningar som ikkje var kjende då høyringsforslaget blei fremja. Departementet forstår fleire av innvendingane, men meiner at overføring av ansvaret for matrikkelføringa av eigedomsopplysningar til Kartverket vil gi ei betre ordning enn det noverande systemet. Forslaget vil bidra til at ein kan byggje opp spesialkompetanse på éin stad og få einsarta og meir effektiv matrikkelføring, og også meir effektive prosessar i dei tilfella der samordning mellom matrikkel og grunnbok er påkravd. Forslaget opnar samstundes for å vidareføre lokal føring der det ligg til rette for det.
Matrikkelføring er ei klar styresmaktsoppgåve som bør vere organisert som ei offentleg forvaltningsoppgåve på linje med føringa av andre sentrale register som til dømes folkeregisteret, einingsregisteret og grunnboka. Svakheiter, feil og manglar i enkeltopplysningar i matrikkelen er ei grunnleggjande utfordring etter kvart som bruken av matrikkelen aukar. Det er derfor viktig at matrikkelarbeidet er organisert på ein måte som ikkje berre er tilpassa behovet for registrering av aktuelle saker, men også legg til rette for kvalitetsheving og komplettering av informasjon om eksisterande forhold.
Matrikkelføring av eigedomsforhold kan vere fagleg krevjande. Det er spesielt krevjande å matrikkelføre jordskiftesaker med omfordeling av areal og eigedommar. Men også mange andre saker som gjeld føring av eigedomsforhold, krev god innsikt. I mange kommunar er det for få eigedomssaker til at kommunen får brei nok erfaring med føring av ulike sakstypar. Dette blir innanfor det noverande systemet kompensert ved at landmålaren også fører matrikkelen. Fleire kommunar har likevel problem med å løyse større saker. Det gjeld spesielt føring av saker frå jordskifterettane og Statens vegvesen. Mange høyringsinstansar støttar at føring av desse sakene blir gjort av Kartverket.
Fleire sakstypar krev føring både i matrikkelen og grunnboka. Det er potensial for å effektivisere nokre av desse prosessane gjennom betre samordning, til dømes føring av meir kompliserte saker som gjeld seksjonering og reseksjonering.
Kommunar som har kapasitet og fagleg kompetanse, vil kunne halde fram med å føre eigedomsopplysningar i matrikkelen. Kommunar som legg vekt på å føre eigedomsopplysningar samen med opplysningar om adresser og bygningar, vil framleis kunne gjere dette.
Kommunen har sjølvstendig nytte av eit godt eigedomskartverk og kan oppnå synergi med andre kartrelaterte oppgåver i kommunen. Departementet meiner derfor at matrikkelføring av eigedomsopplysningar bør kunne overlatast til slike kommunar, anten heilt eller delvis. Dette sikrar dessutan kontinuitet med den noverande ordninga. Ei ordning med delvis kommunal føring av eigedomsopplysningar kan til ein viss grad samanliknast med ordninga i Sverige og Finland der ei rekkje kommunar utfører oppmåling og registerføring på vegner av staten. Nokre kan meine at ein slik modell kan verke rotete eller komplisert for landmålarar som skal setje fram krav om matrikkelføring. Departementet reknar med at dette ikkje vil verke særleg komplisert for fagkunnige landmålarar. Dei vil uansett ha jamleg kontakt med alle kommunane innanfor forretningsdistriktet sitt og vil kunne dra nytte av at nokre kommunar er i stand til å føre vidare ei effektiv matrikkelføring.
Prinsipielt er det ein fordel om den ansvarlege landmålaren eller andre som har teke del i oppmålinga, ikkje sjølve gjer matrikkelføringa, men at desse to oppgåvene i staden blir skilde frå kvarandre. Matrikkelføring bør inkludere ein uavhengig kontroll av arbeidet til landmålaren. Kontrollen er i dag i hovudsak manuell. Departementet legg til grunn at kontrollen i større grad bør bli automatisk slik at data kan overførast digitalt frå landmålarføretaket til elektronisk matrikkelføring. Departementet meiner at argumentet om at matrikkelføraren må ha lokalkunnskap for å kunne utføre ei slik kontroll og ha nærleik til både landmålaren og borgarane, etter kvart vil få mindre vekt.
Menon Economics AS skriv i sin rapport under pkt. 4.7.2 på side 29 og vidare:
«Tiltaksalternativet vil ha et klarere skille mellom landmåler og matrikkelfører, slik at matrikkelfører i større grad kontrollerer arbeidet til landmåler, mens dette i dagens situasjon ofte er samme person. Dette øker sannsynligheten for at feil og mangler ved oppmålingsforretningen fanges opp før de blir ført i matrikkelen. Videre kan en sentral matrikkelføring bidra til mer kompetente og spesialiserte matrikkelførere som både vil gjøre mindre feil og klare vanskeligere oppgaver enn flere av dagens matrikkelførere. […]
En sentral matrikkelføringsmyndighet vil ha bedre oversikt over kvaliteten på all informasjon i matrikkelen, og kan iverksette bedre tiltak for å heve kvaliteten.»
Departementet er einig i dette.
Når det gjeld kostnader til matrikkelføring, reknar Menon ut – etter ei samla vurdering – at tiltaket effektiviserer talet på årsverk med 25 prosent. Dette gjeld også dersom dei største kommunane skulle velje å føre matrikkelen sjølve, jf. side 23 i rapporten under pkt. 4.4.2. Over ein analyseperiode på 20 år kan ein forvente ein effektiviseringsgevinst på 239 millionar kroner i netto noverdi.
Departementet legg til grunn at gebyr for matrikkelføring vil bli fastsett i sentral forskrift. Det vil først og fremst gjelde registrering av eigedomsopplysningar. Inntektene skal ikkje overstige kostnadane med føringa av opplysningane, jf. felles retningsliner for statleg gebyr- og avgiftsfinansiering (R-112/15). Registrering av allmenne opplysningar, til dømes opplysningar om adresser, skal framleis vere gebyrfritt.
Kartverket meiner at ansvaret for all matrikkelføring må liggje hos Kartverket, og at dette må gå fram av lovteksten. Kartverket skriv også at ei tenleg deling av ansvaret vanskeleg lèt seg gjennomføre. Departementet er ikkje einig i dette. Ansvaret for føring av bygg- og adressedelen skal framleis liggje hos kommunane, og desse oppgåvene går direkte fram av lova.
Departementet foreslo i høyringsnotatet at kommunar skal kunne føre eigedomsopplysningar etter avtale med Kartverket, men har komme til at dette betre bør skje i form av forskrift. Departementet legg særleg vekt på omsynet til publisitet. Overføring av slike oppgåver til kommunen vil vere overføring av styresmakt. Innanfor dei overførte oppgåvene vil den aktuelle kommunen vera sjølvstendig matrikkelstyresmakt. Avgjerda frå kommunen i ei enkeltsak vil dermed ikkje kunne bli overprøvd på annan måte enn at nokon av partane klagar henne inn, eller dersom vilkåra for omgjering etter forvaltningslova § 35 er til stades. Kartverket skal føre tilsyn med kommunane som i dag. Dersom ein kommune ikkje maktar oppgåva heilt eller delvis, kan departementet bli nøydd til å foreslå endringar i ansvarsfordelinga mellom kommunen og Kartverket og eventuelt vedta endringar i forskrifta som regulerer ansvaret til den aktuelle kommunen.
Kartverket vil i nokre tilfelle kunne gjere eige vedtak om retting, jf. forslag til endringar i § 26.
Føringa av opplysningar hos Kartverket skjer innanfor ansvaret til kartverkssjefen basert på reglane for internstyring og internkontroll i etaten, som er underlagde dei ordinære reglane for etatsstyring i staten og den styresmakta Kartverket har fått i eller med heimel i matrikkellova.
Nye reglar i samband med innføring av elektronisk tinglysing frå 18. april 2017 fører til at kommunane skal stadfeste opplysningar om forholdet til konsesjonslovgivinga og delingsføresegna i jordlova etter å ha fått eigenerklæringsskjemaet om konsesjonsfridom frå den som ervervar grunnen. Kommunane fører opplysningar om stadfestinga i matrikkelen. Ordninga blir ikkje endra med forslaget her.