Prop. 148 L (2016–2017)

Endringar i matrikkellova m.m. (organisering av eigedomsoppmåling)

Til innhaldsliste

5 Autorisasjonsordning for landmålarar

5.1 Gjeldande rett

Matrikkellova set ingen krav til utdanning eller praksis for landmålarar, men forarbeida legg til grunn at oppmålingsforretningar blir utførte av fagkunnig personell. Dette er omtalt i rundskriv T-5/09 frå Miljøverndepartementet:

«Kommunen er ansvarlig for at oppmålingsforretninger i kommunen blir utført i samsvar med kravene i matrikkellova og matrikkelforskriften. Det gjelder også når kommunen lar andre utføre forretninger på sine vegne. Alle oppmålingsforretninger skal utføres i henhold til god landmålerskikk. Kommunen må derfor sørge for at oppmålingsforretningene blir utført av kompetent personale. Miljøverndepartementet anbefaler at landmåler minst har treårig høyere utdanning som bachelor i landmåling og eiendomsutforming eller tilsvarende realkompetanse.»

Frå oppmålingsfagleg hald blir den noverande ordninga først og fremst kritisert for at det ikkje er sett krav om formelle kvalifikasjonar for landmålarar i lov eller forskrift. Innføring av formelle faglege kompetansekrav støyter samtidig mot generelle prinsipp for statleg styring av kommunesektoren, jf. rettleiinga Statlig styring av kommuner og fylkeskommuner med retningslinjer for utforming av lover og forskrifter rettet mot kommunesektoren (H-2277) kap. 4.4.5 der det mellom anna går fram:

«Regler om at kommunesektoren må ansette særskilt definert personell, og sørge for nødvendig opplæring og etterutdanning bør bare innføres dersom hensynet til rettssikkerhet eller et av de andre nasjonale hensynene tilsier det. Regler om at kommunesektoren må ansette særskilt definert personell og sørge for nødvendig opplæring og etterutdanning bør i utgangspunktet ikke innføres. Når kommunesektoren er tillagt ansvaret for å løse en oppgave, vil kommunene og fylkeskommunene også være ansvarlig for å ansette eller på annen måte skaffe tilgang til nødvendig og tilstrekkelig personell med relevant kompetanse.»

5.2 Høyringsforslaget

I høyringsnotatet blei krav om autorisasjon for den ansvarlege landmålaren lagt til grunn for å kunne gjere om eigedomsoppmåling til tenesteyting. Det ble peika på at personleg autorisasjon, i motsetning til føretaksgodkjenning, sikrar at det personlege ansvaret følgjer landmålaren. Useriøse aktørar vil ikkje kunne halde fram verksemda berre ved å opptre i eit nytt føretak. Ei ordning med personleg autorisasjon av den ansvarlege landmålaren vil vere på linje med ordninga i land i EU som har private landmålarar, og svare til ordninga i Noreg for eigedomsmeklarar.

Omfanget av ei oppmålingsforretning kan variere mykje, frå oppmåling for frådeling av ei enkelttomt til kompleks eigedomsdanning i urbane område. Landmålaren bør kunne utføre alle typar saker. Sjølv om teknisk landmåling på mange måtar har blitt enklare med GPS og anna moderne utstyr, har samtidig kompleksiteten i mange saker auka. Ikkje minst er det nødvendig at landmålaren har god kunnskap om eigedomsrettslege spørsmål.

Fleirtalet i lovutvalet NOU 1999: 1 gjekk inn for krav om autorisasjon av landmålarar og sentral godkjenning av føretaket. Det dåverande Miljøverndepartementet støtta seg på eit mindretal i utvalet og foreslo ei sentral godkjenning av føretaket med faglege krav til landmålarar, men utan krav om personleg ansvar og autorisasjon, jf. Ot.prp. nr. 70 (2004–2005), punkt 11. Då ein fekk det endelege vedtaket til lov i 2007 og det kommunale forvaltningsansvaret blei ført vidare, fall alle formelle faglege krav vekk.

Det er vanleg at land med private landmålarar krev at den ansvarlege landmålaren skal vere autorisert. I England blir ikkje landmålarane autoriserte av det offentlege, men arbeidet som er gjort i kvar enkelt sak, blir kontrollert av registerstyresmakta før registrering. I praksis må landmålarar i England kunne dokumentere fagleg kompetanse gjennom medlemskap i foreininga for private landmålarar for å få arbeid. Litauen innførte etter frigjeringa i 1990 ei ordning med fritt landmålarval basert på rein føretaksgodkjenning, men gjekk over til ei ordning basert på personleg autorisasjon. Så langt departementet kjenner til, kom dette av at ei rein føretaksgodkjenning ikkje gav god nok kontroll med useriøse aktørar, og at dei hadde eit ønske om å tilpasse seg standardordninga for profesjonstenester i EU.

Departementet foreslo at ein ansvarleg landmålar bør ha ansvaret for at oppmålinga blir utført i samsvar med lov og forskrifter, og etter god landmålarskikk. Han treng ikkje sjølv å stå for alle oppgåvene, men har ansvaret for at oppmåling og klarlegging av rettar er korrekt utført. Det sikrar fagleg medverknad i alle saker.

Krav til utdanning og fagleg kompetanse

Etter modell frå andre land i Europa med private landmålarar foreslo departementet utdanningskrav på bachelornivå (3 år) og ein praksisperiode på minst 2 år. Hovudkrava vil gå fram direkte av matrikkellova, medan det nærare innhaldet i krava vil bli fastsett i forskrift.

Utdanninga må innehalde tekniske, eigedomsfaglege og juridiske emne. Departementet viste til høyringsforslag 3. april 2006 frå det dåverande Miljøverndepartementet om forskrift til 2005-lova. Der blei dette konkretisert til 40 studiepoeng juridiske emne, 50 studiepoeng matrikkelfag og 50 studiepoeng landmålingsfag som ein hovudregel.

I dag blir det gitt relevant utdanning på NMBU på Ås og ved Høgskulen på Vestlandet (tidlegare Høgskolen i Bergen). Andre høgskular og universitet som tilbyr utdanning som er meir retta inn mot teknisk landmåling eller geografisk informasjonsteknologi, må eventuelt gjere tilpassingar i studieinnhaldet for å kunne tilby relevant utdanning.

Landmålarar må ta eit visst tal timar etterutdanning per år for å halde på autorisasjonen, på same måten som til dømes eigedomsmeklarar.

Fram til matrikkellova blei innført i 2010, la ein stor vekt på den tekniske kompetansen. Det gjeld i nokon grad framleis. Samtidig må den rettslege sida ved oppmålingsforretninga og matrikkelføringa no reknast å vere breitt anerkjend i landmålarbransjen.

Utdanningskapasiteten er avgrensa, og behovet for landmålarar må på kort sikt bli dekt ved etterutdanning. NMBU og Høgskulen på Vestlandet leverer allereie i dag relevante kortare og lengre etterutdanningskurs. Teknisk landmåling har blitt vesentleg enklare med GPS, og innsikt i juridiske og eigedomsfaglege spørsmål er hovudutfordringa når det gjeld kompetansebygging.

Departementet meinte ein må leggje opp til fleksible løysingar for autorisasjon i startfasen. Ein reknar med at ein stor del av dei kommunale utøvarane har den nødvendige realkompetansen. Det gjeld også for mange personar i Statens vegvesen og i private føretak som driv eigedomsoppmåling. Departementet foreslo at slike utøvarar skal få autorisasjon på linje med nye utøvarar. Ein må likevel krevje tilfredsstillande kunnskapar om tekniske og juridiske spørsmål, og ein kan gi tidsavgrensa autorisasjon med etterutdanning som vilkår.

Alle som søkjer autorisasjon, må gjennomgå ei særskild prøve for å dokumentere at ein har dei nødvendige kunnskapane for autorisasjon.

Autorisasjonsstyresmakt

Departementet foreslo at autorisasjon blir gitt av matrikkelstyresmakta, altså Statens kartverk. Kartverket må også kunne trekkje tilbake autorisasjonen. Kartverket bør vidare arrangere prøva som søkjarar av autorisasjon må greie før dei får autorisasjonen, og dei må godkjenne kurs som kvalifiserer for å halde autorisasjonen ved like, og kontrollere at dei autoriserte landmålarane har teke den nødvendige etterutdanninga. Det vil kunne vere aktuelt å la godkjende høgskular og universitet arrangere autorisasjonsprøvene og avgjere om prøva er greidd. Dei konkrete vilkåra vil bli fastsette i forskrift.

Krav til landmålarføretaket

Departementet foreslo at verksemder som utfører oppmåling, må ha minst éin ansvarleg landmålar med autorisasjon på kvar kontorstad der føretaket tilbyr landmålartenester. Verksemda må kunne stille trygd for eventuelle erstatningar og ha eit tilfredsstillande arkiv. For å sikre dette må den ansvarlege landmålaren også vere ansvarleg for at krava til tryggleik og arkiv er oppfylte. Den ansvarlege landmålaren kan miste autorisasjonen dersom desse krava ikkje er sørgde for.

Det er ikkje noko i vegen for at kommunar eller andre offentlege verksemder kan utføre oppmåling på linje med private føretak. Departementet foreslo å bruke nemninga «landmålarføretak» som fellesnemning for private og offentlege føretak og andre offentlege verksemder som utfører oppmåling og fyller vilkåra for slik verksemd, jf. forslag til § 3 bokstav h.

Det kan stri mot god landmålarskikk dersom den ansvarlege landmålaren utfører oppmåling der arbeidsgivaren eller ein annan nærståande person eller ei nærståande verksemd er part. Det skjer i stor utstrekning i dag når kommunen eller Statens vegvesen utfører oppmåling. På sikt er det ønskjeleg at god landmålarskikk slår gjennom i dette spørsmålet, men til liks med lovutgreiinga frå 1999 og lovvedtaka som følgde, ville ikkje departementet foreslå forbod i denne samanhengen. Spesielt i overgangsfasen til den nye ordninga vil eit forbod ikkje vere tenleg. Det er likevel eit krav at landmålaren opplyser partane om eventuelle nærståande forhold til nokon av partane i oppmålinga. At grunneigarar (eller andre brukarar) får høve til sjølve å velje landmålar, vil bidra til å redusere risikoen for inhabilitet. Departementet la til grunn at grunneigarar i stor grad vil engasjere føretak der den ansvarlege landmålaren ikkje har eit nær forhold til nokon av partane.

Det ligg i grunnlaget for denne tenesta at nærleik til kundane vil vere ein konkurransefordel. Eigedomsmeklarbransjen kan tene som døme. Landmålarføretak i Europa er stort sett små eller mellomstore føretak som er retta mot dei respektive lokale marknadene. I Danmark har mange små føretak gått saman eller blitt kjøpte opp, men lokale filialkontor med ein ansvarleg landmålar på kvar stad blir i stor grad haldne ved lag. Som ein ser i mellom anna Danmark, ligg det til rette for at føretak vil kunne spesialisere seg på ulike sakstypar, til dømes på kompleks eigedomsdanning i urbane område.

Departementet foreslo at landmålarføretaket skal ha plikt til å føre journal og arkiv, jf. § 37 i forslaget.

5.3 Merknader frå høyringsinstansane

117 høyringsinstansar tek stilling til spørsmålet om autorisasjon. 96 støttar forslaget, 16 støttar det under dagens organisering og 5 går imot.

Fleirtalet av høyringsinstansane er positive til å innføre formelle kompetansekrav. Dei meiner dette er nødvendig når eigedomsoppmåling blir tenesteyting. Det vil auke og sikre kompetansen til landmålarane, auke kvaliteten på arbeidet og gi bransjen styrkt omdømme. Eit stort fleirtal støttar etableringa av ei autorisasjonsordning, medrekna krav til utdanning og praksis, og at Kartverket skal vere autorisasjonsstyresmakta. Det er samtidig fleire av høyringsinstansane som meiner at det ikkje er nok at det berre skal vere éin ansvarleg og autorisert landmålar på kvar kontorstad. Dei meiner at alle som utfører oppmålingsforretningar, må vere autoriserte. Nokre høyringsinstansar meiner at DiBK bør vere autorisasjonsstyresmakt.

Desse høyringsinstansane støtter forslaget:

Domstoladministrasjonen, Fylkesmannen i Hedmark, Høgskulen i Bergen, Kartverket, Kystverket, NTNU Gjøvik, Statens vegvesen, Arendal kommune, Bergen kommune, Birkenes kommune, Bodø kommune, Bykle kommune, Bærum kommune, Drammen kommune, Elverum kommune, Fjell kommune, Follo-kommunane, Forsand kommune, Fredrikstad kommune, Frogn kommune, Gran kommune, Hemsedal kommune, Hol kommune, Horten kommune, Hvaler kommune, Jølster kommune, Karmøy kommune, Kristiansand kommune, Larvik kommune, Lillehammer kommune, Nittedal kommune, Nord-Fron kommune, Notodden kommune, Oslo kommune, Porsgrunn kommune, Rana kommune, Randaberg kommune, Ringebu kommune, Ringerike kommune, Ringsaker kommune, Røyken kommune, Sandnes kommune, Sarpsborg kommune, Sel kommune, Skien kommune, Sola kommune, Stange kommune, Stavanger kommune, Stranda kommune, Sør-Fron kommune, Time kommune, Trondheim kommune, Tromsø kommune, Tysvær kommune, Tønsberg kommune, Vikna kommune, Voss kommune, Våler kommune, Øvre Eiker kommune, Ålesund kommune, Åseral kommune, Kartforum Søre Sunnmøre, Kompetansenettverket Gis-Sør i Østfold, Statnett SF, Statskog SF, Storkommunegruppa, Vansjøregionen, Arbeidstakarorganisasjonen Delta, Block Watne AS, Boligprodusentenes Forening, Daknor AS, Espen Brandshaug, GeoForum, Geomatikkbedriftene, Gjertrud Hansen, Ingeniørservice AS, landmålarar i Asker mfl., landmålarar i Indre Sogn, landmålarar på Haugalandet, Landmåler Sør AS, Maskinentreprenørenes Forbund, NITO og Tekna bedriftsgruppe i Geomatikk Survey AS, Mestergruppen AS, MjøsPlan AS, NITO i Stavanger kommune, Norges Bondelag, Norges Skogeierforbund, Rådgivende Ingeniørers Foreining, Tekna, Tekna i Fredrikstad kommune, Tekna i Kristiansand kommune, Tekna i Stavanger kommune, Terra Matricula Otto Formo, tilsette ved oppmålingseininga i Grimstad kommune, tingsrettsmiljøet ved NMBU og Torbjørn Trageton.

Alvdal kommune, Askim kommune, Askøy kommune, Folldal kommune, Gausdal kommune, Hammerfest kommune, Rendalen kommune, Røros kommune, Sauda kommune, Suldal kommune, Sørum kommune, Tolga kommune, Tynset kommune, Øyer kommune, NITO og NITO i Fredrikstad kommune støttar forslaget så sant ein fører den noverande organiseringa vidare.

Fylkesmannen i Hedmark meiner forslaget sikrar rettstryggleiken. Det er samtidig viktig å sikre god notoritet rundt dei prosessuelle sidene ved oppmålingsforretningar. Dette krev at det offentlege får og lagrar informasjon om korleis landmålarføretaket varsla dei aktuelle tredjepartane. Det er behov for strenge formkrav til utforming av protokoll frå oppmålingsforretningane. Ein må i ettertid kunne hente fram informasjon og kunne etterprøve om føringa har blitt til på lovleg måte. Lagring bør gjerast av matrikkelføraren, fordi ein må rekne med at private tenesteytarar både kjem til og forsvinn gjennom åra. Det er viktig med lang tidshorisont på lagring av informasjon som har konsekvensar for eigedomsgrenser.

Arendal kommune meiner at modellen med leiande landmålar er god, men ser også at ei sertifiseringsordning som gjeld kvar enkelt landmålar, kan vere fornuftig. Det vil kunne eliminere behovet for ein leiande landmålar. Arendal kommune støttar utdanningskravet, men meiner kravet til praksis bør vere fem år.

Fjell kommune meiner at det er naturleg at Kartverket er autorisasjonsstyresmakt sidan den nødvendige kompetansen allereie ligg i organisasjonen. Kommunen kommenterer at overgangsordningar og godkjenning av realkompetanse er svært viktig.

Nittedal kommune er einig i at det ikkje vil bli noko stort problem med nøytraliteten/habiliteten så lenge landmålaren risikerer å miste autorisasjonen dersom vedkommande ikkje opptrer nøytralt.

Nord-Fron, Ringebu og Sel kommunar meiner forslaget er viktig for å sørgje for ein truverdig matrikkel med god kvalitet, forhindre unødvendige konfliktar og sikre rettane til forbrukaren.

Vansjøregionen meiner forslaget vil auke kvaliteten på jobben som blir gjord, og luke ut dei useriøse i faget. Kommunane meiner at Kartverket har den nødvendige kompetansen. Dei skriv at ein også bør stille krav til utdanning og sertifisering av matrikkelførarar.

Ålesund kommune stiller spørsmål om kva krav ein skal stille til dei andre som skal utføre oppmålingsforretninga når det berre skal vere éin ansvarleg landmålar på kvar kontorstad. Kommunen føyer til at dagens utøvarar bør få autorisasjon i samsvar med realkompetansen sin.

Høgskolen i Bergen ser på forslaget som heilt nødvendig for å kvalitetssikre oppmåling og matrikkelføring for heile landet og dermed sikre målet om matrikkelen som eit einsarta register. Høgskulen meiner at ein må innføre ei meir aktiv og omfattande undersøkingsplikt på nivå med undersøkingsplikta som landmålarane har i nabolanda våre. Dei trur det kan bli vanskeleg å få gjennomført ei autorisasjonsordning for landmålarar i alle kommunane i landet når andre utøvarar som har ein like sentral funksjon i teknisk sektor i kommunane, til dømes byggjesaksbehandlarar, VA-ingeniørar og leiarar, ikkje er omfatta av sentralt definerte kompetansekrav eller inngår i noko autorisasjonssystem. Høgskulen meiner ein bør stille krav om betre dokumentasjon av ei oppmåling, på nivå med dei svenske krava. Eit sentralt problem på feltet er mangel på felles forståing for korleis systemet fungerer. Ei utfordring er at det er sprikande oppfatningar blant utøvarane om kva som er rettsverknadene av at ei grense blir målt opp. Høgskulen rår til at det blir sett i gang forskingsaktivitetar som kan bidra til ei betre og felles forståing av det matrikulære systemet og korleis ein kan sikre kvaliteten. Ein aktuell forskingsaktivitet kan vere metodar for massive oppdateringar, og ein annan kan vere at forskingsmiljøa undersøkjer praksis over tid. Dette er heilt nødvendig for å skape ein profesjon og få til ei god utvikling framover.

NTNU Gjøvik meiner forslaget vil føre til auka status i bransjen og også til betre utført arbeid. NTNU Gjøvik vil kunne tilby bachelor i geomatikk som kandidat for grunnutdanninga for den tekniske delen av matrikkellandmålarutdanninga. Utdanningsinstitusjonen vil også kunne tilby årskurs i landmåling som vidareutdanning for dei som har matrikkel-, juss- eller bachelorbakgrunn, men manglar geomatikkdelen.

Sarpsborg kommune meiner forslaget vil heve statusen til landmålarane og gi innbyggjarane meir tiltru til landmålaren.

Block Watne AS peikar på at forslaget er eit positivt skritt i retning av kostnadsreduserande tiltak i byggjebransjen.

Boligprodusentenes Forening meiner at autorisasjon av landmålaren føreset at kapasiteten i primær- og etterutdanninga blir betra. Foreininga tilrår at DiBK blir autorisasjonsstyresmakt. Slik unngår ein at Kartverket får ei dobbeltrolle som både matrikkelførar og autorisasjonsstyresmakt.

NITO og Tekna bedriftsgruppe i Geomatikk Survey AS meiner at kompetansekrav vil ha ein positiv effekt. Strengare krav til kompetanse vil føre til at landmålartenester over heile landet får eit kvalitetsløft, både kommunalt og privat. Auka kompetanse vil truleg føre til færre eigedomstvistar.

Bodø kommune meiner ein må stille kompetansekrav til den som utfører eigedomsoppmålinga, og viser til at det er den utøvande landmålaren som følgjer saka, og som vil vere garantist for ein matrikkel av rett kvalitet. Liknande fråsegner har mellom andre Bykle kommune, Hemsedal kommune, Horten kommune, Karmøy kommune, Sandnes kommune, Stavanger kommune, Vikna kommune, Kartforum Søre Sunnmøre og Torbjørn Trageton.

Statskog SF meiner ein også bør vurdere å innføre kompetansekrav til matrikkelføraren.

GeoForum kommenterer at det måletekniske arbeidet kan utførast av ein landmålar med utdanning på bachelornivå utan krav til matrikulær praksis. Ein må i tillegg stille krav til norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Den private bransjen meiner det måletekniske arbeidet kan utførast av ein landmålar som ikkje er godkjend, og at den ansvarlege landmålaren kan stå ansvarleg for utføringa av dette arbeidet.

Maskinentreprenørenes Forbund(MEF) støttar at autorisasjon kan bli gitt på bakgrunn av dokumentert realkompetanse. Dei meiner det ligg eit vesentleg effektiviseringspotensial i forslaget dersom anleggsentreprenørar sjølve kan ha ein autorisert landmålar tilsett. Grensemerke kan bli vekke, og dersom anleggsbedrifta sjølv har tilsette som er autorisert landmålar, kan dei setje ut nye merke utan vidare forseinkingar. Dette vil tilføre bransjen viktige ressursar og bidra til effektivisering. Det er viktig at Kartverket, som skal ha ansvaret for autorisasjonsordninga, får nok ressursar til å handtere autorisasjonsjobben.

Frogn kommune tvilar på om Kartverket har nok kompetanse til å vere autorisasjonsstyresmakt, og meiner at godkjende høgskular og universitet heller bør arrangere autorisasjonsprøva, eller at det blir sett ned ei gruppe av eigedomslandmålarar som gir autorisasjon.

Hvaler og Fredrikstad kommunar meiner at dei som er kommunale utøvarar i dag, bør kunne bli autoriserte ut frå realkompetansen sin, men er meir i tvil om dette skal gjelde for private landmålarar, som har eit større spekter av landmålaroppdrag som ikkje er relevante for eigedomsoppmåling, men som er av meir teknisk karakter. Kommunane tilrår at Kartverket blir autorisasjonsstyresmakt, men ser at samlinga av fleire roller kan skape nokre utfordringar, spesielt når det gjeld tilsyn der Kartverket sjølv utfører oppgåver som ligg under tilsynet. Kommunane meiner ein må stille strenge krav til ansvar og organisering av eit privat landmålarføretak. Stange kommune har ei liknande fråsegn.

NITO i Stavanger kommune kommenterer at eigedomsdanning er eit fagområde som i tillegg til den tekniske kompetansen også krev inngåande kjennskap til arealplanlegging, byggjesaker og andre vurderingar av eigedomsrettslege forhold. NITO i Stavanger kommune meiner at ein bachelorgrad ikkje vil gi god nok kompetanse.

Tekna i Kristiansand kommune meiner at kompetansen må finnast lokalt i alle kommunar, og set spørsmålsteikn ved om kravet til utdanning i forslaget er dekkjande for kompleksiteten innanfor fagfeltet.

Tekna i Stavanger kommune er også usikre på om ein bachelorgrad er nok.

Kartverket skriv at landmålaren er ei sentral kjelde til nye data i matrikkelen. Det er derfor svært viktig at ein stiller kompetansekrav og etablerer ei autorisasjonsordning. Den ansvarlege landmålaren ikkje berre bør, men må ha ansvaret for at oppmålinga blir utført i samsvar med lov og forskrifter, og etter god landmålarskikk. Kartverket ser det som ei god løysing at godkjende høgskular og universitet arrangerer og godkjenner autorisasjonsprøvene. Dei har erfaring med å arrangere prøver og vurdere svar, og har også fagkunnskap. Kartverket meiner at dei foreslåtte reglane er noko uklare. Når det gjeld landmålarbrev, meiner Kartverket at det vil kunne få store konsekvensar for heile føretaket dersom eit landmålarbrev blir trekt tilbake. Derfor meiner Kartverket at ein bør gi heimel for å gi pålegg i første omgang, og at tilbaketrekking først er aktuelt dersom pålegget ikkje blir følgt. Ein bør også etablere heimel for å kunne trekkje tilbake autorisasjonen med varig verknad. Kartverket foreslår at teksten i § 38 blir endra noko.

Domstoladministrasjonen meiner at kvaliteten i matrikkelen er avhengig av kompetansen til dei som opprettar og dei som forvaltar informasjon i matrikkelen. Domstoladministrasjonen saknar ei vurdering av om dei foreslåtte endringane fører til at studietilbodet og utdanninga innanfor eigedomsfag ved høgskular og universitet bør styrkjast.

Delta støttar krava til utdanning og praksis, men for leiande, ansvarlege landmålarar bør krava til relevant praksis vere strengare. Det er svært viktig med tenlege overgangsordningar.

Norges Bondelag er einige i at ei ordning med faglege kompetansekrav og krav til autorisasjon vil vere positivt for kvaliteten på arbeidet og for sluttbrukaren. Norges Bondelag understrekar at det kan bli svært utfordrande i ein overgangsfase, og at det kan verke inn på talet på tilbydarar og prisnivået.

Tekna er svært nøgde med forslaget frå regjeringa. Dette er i tråd med andre land som har krav om nøyaktig eigedomsoppmåling. Forslaget vil kunne bidra til å auke kvaliteten i matrikkelen og auke profesjonaliteten og nøyaktigheita i bransjen. Det er likevel viktig at ordninga har brei politisk oppslutning i Stortinget og ikkje er kopla til avviklinga av det kommunale monopolet. Tekna meiner det må gå tydeleg fram kva som skal inngå i utdanninga og at ein må stille klare krav til regelmessig etter- og vidareutdanning. Det bør vere krav om at alle dei noverande utøvarane som skal praktisere etter lova, må greie ein eksamen, inkludert dei som ønskjer å oppnå autorisasjon basert på realkompetanse. Eksamenen må vere slik at forståinga av å måle opp eigedom blir harmonisert mellom utøvarane. Dette er viktig for å oppnå målet om eit einsarta register. Tekna meiner at landmålaren som er ute og møter grunneigarar, må vere autorisert. Landmålaren må kunne handtere alle typar saker. Eksamenen bør bli utarbeidd og sensurert i samarbeid med høgskular og universitet. Ein må greie ut nærare om autorisasjonen skal vare evig, eller om han må fornyast jamleg. Vidare bør det vere presisert at autorisasjon/eksamen også bør gjelde dagens og framtidige matrikkelførarar. Som foreslått må autorisasjonen vere personleg. Ei sertifisering vil vere eit kvalitetsstempel for bransjen. Tekna foreslår at landmålaren må få uttrykkeleg undersøkingsplikt, som også må gjelde hevdsspørsmål.

Drammen kommune meiner forslaget vil vere positivt for faget og statusen til utøvarane. Dagens fagfolk vil bli ettertrakta arbeidskraft uansett organisasjonsløysing.

Oslo kommune meiner ein også bør stille krav til matrikkelføraren. Oslo kommune er skeptiske til at ei autorisasjonsordning vil sikre at landmålaren opptrer nøytralt. Dette kan ein berre sikre ved at oppmålinga skjer som ei offentleg forvaltningsoppgåve.

Skien kommune meiner ein også må stille krav til plan- og vedtaksstyresmakta og matrikkelføraren for å oppnå ein betre kvalitet på tenesta for brukarane og ein betre kvalitet på matrikkelen. Skien kommune meiner forslaget vil kunne ha ein effekt i å styrkje og anerkjenne landmålarfunksjonen, men at det ikkje nødvendigvis vil gi betre kvalitet på matrikkelen.

Landmålarar på Haugalandet meiner at det er behov for å etablere ei fagleg sertifisering og standardisering av tenestene, og å gjennomføre både fag- og systemrevisjonar av tilbydarane.

Terra Matricula meiner at autorisasjonsordninga i all hovudsak bør basere seg på ei utdanning på masternivå, og at kravet til praksis må vere minimum fem år. Landmålarføretaket må ha minst éin autorisert landmålar og vere registrert hos matrikkelstyresmakta. Kravet til eigedomsfagleg kunnskap og kjennskap til den rettslege delen av oppmålingsforretninga er viktig, og det same gjeld fagleg innsikt i matrikkelføring og kvalitetskontroll av heile sakskomplekset.

Kristiansand kommune framhevar at kommunane, både før og etter at matrikkellova blei innført, har jobba medvite med kompetanseheving på fagfeltet. Høgskolen i Bergen og NMBU på Ås har i den same perioden tilbydd etterutdanningskurs i tingsrett og matrikkellære. Dette er eit tilbod som har vore flittig brukt av kommunane. Resultatet av dette har vore ei kraftig heving av formalkompetansen rundt om i kommunane, og svært mange kommunale landmålarar oppfyller allereie dei kompetansekrava som er foreslått i høyringsnotatet. Kristiansand kommune trur tida kan vere moden for å stille formelle kompetansekrav, men meiner krava må knytast til landmålaren som utfører den formelle oppmålingsforretninga. Det er ikkje tilfredsstillande at berre éin person på den aktuelle kontorstaden har slik kompetanse på vegner av andre. Dette må gjelde også for ei eventuell autorisasjonsordning.

Sola kommune trur også at tida er moden for å stille kompetansekrav for å utføre saker etter matrikkellova, og at krava må knytast til den som utfører oppmålingsforretninga, som må ha erfaring og god juridisk kunnskap.

Åseral kommune og Storkommunegruppa, Tekna i Fredrikstad kommune og Gjertrud Hansen har til liks med fleire andre høyringsinstansar ei tilsvarande oppfatning.

Desse høyringsinstansane støtter ikkje forslaget:

Opplysningsvesenets fond, Gol kommune, Masfjorden kommune og Nome kommune går imot forslaget om autorisasjon. Hovudinnvendinga er at krava vi har i dag, er gode nok, og at forslaget ikkje vil sikre objektiviteten til den private landmålaren.

Landmålarar i Indre Sogn fryktar at krava er for strenge. I dag slit ein med å få kompetente søkjarar til stillingar.

Andre fråsegner

Jordskifterettane i Hålogaland meiner at innføringa av krav bør gjelde dei som fysisk og praktisk gjennomfører dei enkelte oppmålingsforretningane i marka, og ikkje vere avgrensa til ein ansvarleg person i føretaket. Dette er fordi det er den enkelte landmålaren som vil følgje saka, hente inn nødvendig bakgrunnsmateriale, gjennomføre eller mekle under oppmålingsforretninga, dokumentere det for matrikkelføring og sist, men ikkje minst utøve kunnskapen og profesjonen sin på staden. Det er landmålaren sjølv som er garantisten for å sikre rett gjennomføring og kvalitet.

Statens vegvesen meiner kompetansekrav bør fastsetjast i forskrift. Det bør vere tilstrekkeleg med realkompetanse for å få autorisasjon (praksis og kompetansekrav), og dei stiller spørsmål ved om det er behov for praksis og gjentekne eksamenar for å få og behalde autorisasjonen. Slike ordningar kan bli kostnadskrevjande og byråkratiserande. Vidare blir det stilt spørsmål ved om forslaget opnar for at Vegvesenet kan halde fram dagens praksis med oppmåling, eller om dei må organisere denne delen som eit eige føretak. Dei nemner i denne samanhengen at Statens vegvesen berre måler opp veggrenser, og ikkje skal tilby tenestene sine i konkurranse med andre tilbydarar, og at dei dermed heller ikkje skal drive økonomisk verksemd som kjem i konflikt med EØS-reglane. Forslaget legg opp til at Statens vegvesen må kjøpe slike tenester. Det er lite aktuelt å skilje ut landmålarverksemda i eit føretak. Dei meiner likevel at Statens vegvesen framleis bør kunne ha eigne landmålarar utan at dette kjem i konflikt med forslaget. Det vil vere kostnadseffektivt å ha landmålarar som kan følgje eit vegprosjekt frå planstadiet og fram til vegen er ferdig bygd. Dagens ordning med at Statens vegvesen har eigne landmålarar, er samfunnsøkonomisk gunstig. Statens vegvesen har då kontroll og hamnar ikkje i ventekø. Landmålarane kan bidra både i forkant og etterkant av eit prosjekt. Staten vegvesen meiner at forslaget vil føre til ein vesentleg meirkostnad. Det er også ein fare for at kvaliteten på oppmålinga vil bli dårlegare, fordi det i vegsaker er viktig å ha god kjennskap til veghistorikken når ein skal fastsetje ny og gammal grense. Det er viktig for Statens vegvesen å kunne ha eigne tilsette landmålarar. Viss ikkje vil Statens vegvesen på sikt miste viktig fagkompetanse innanfor matrikkelfaget og bli mindre effektive. Det er ønskjeleg at det blir teke inn eit eige punkt i lova som gjer det mogleg at Statens vegvesen kan få autorisasjon til å gjere oppmålingar og gjennomføre oppmålingsforretningar for areal som er erverva i samband med bygging, utbetring, vedlikehald og drift av vegar som Statens vegvesen er ansvarleg for.

Mange kommunar peikar på at det er mogleg å innføre ei autorisasjonsordning innanfor den noverande ordninga, og at dei er positive til at autorisasjonskrava gjeld alle utøvarar på fagområdet, også dei kommunale.

Bergen kommune meiner at kompetansekrava må presiserast og utvidast, og at ein bør fastsetje klare retningslinjer om habilitetsreglar.

Sør-Fron kommune meiner det er viktig med god kompetanse på alle oppmålingsingeniørar. Det bør famne vidare enn berre bachelor. Ein må leggje vekt på mange retningar av utdanning i yrket, saman med tilleggsutdanning og relevant praksis.

Trondheim kommune er usikre på om det er nødvendig med ei autorisasjonsordning i tillegg til kompetansekrav. Dei meiner det ikkje bør vere nødvendig med ny eksamen etter fullført praksisperiode, og at ein autorisasjon bør kunne bli gitt automatisk etter fullført utdanning og praksis. Dersom det er nødvendig med ei autorisasjonsstyresmakt, støttar dei at dette blir Kartverket. Ein må stille strenge krav til ansvar og organisering av private landmålarføretak. Dei meiner det vil vere utfordrande for kommunar å etablere eigne føretak på grunn av konkurranseretten, og dei vil derfor ikkje tilrå dette.

Tromsø kommune meiner forslaget vil gi betre kvalitet på matrikkelen. Ein bør også stille krav til den som skal kontrollere og føre matrikkelen.

Tysvær kommune meiner ein må setje klare krav. Krav til utdanning og praksis bør vere i samsvar med regelverket for tenesteyting i EØS-området.

Landmålarar i Asker mfl. meiner personar som berre utfører måle- eller utrekningsarbeid for ein autorisert landmålar ikkje treng å vere autoriserte.

Follo-kommunane meiner godkjende høgskular og universitet bør arrangere autorisasjonsprøvene, eller at ein bør setje ned ei gruppe av utøvande landmålarar som gir autorisasjon. Dei reknar DiBK som ueigna og meiner Kartverket ikkje har kompetanse til å vere autorisasjonsstyresmakt.

Kompetansenettverket Gis-Sør i Østfold meiner at det er den utøvande landmålaren som er garantisten for å sikre rett gjennomføring og kvalitet. Det vil også heve statusen for dei enkelte landmålarane. Av omsyn til rettstryggleiken kan det vere grunnlag for å fastsetje bindande faglege krav i forskrift. Når det gjeld spørsmålet om å få autorisasjon basert på realkompetanse, bør dette berre gjelde dei med lang erfaring innanfor eigedomsoppmåling – ikkje dei som har erfaring med landmålingsoppdrag av rein teknisk karakter. Kompetansenettverket meiner også at dei som fører matrikkelen, bør sertifiserast. Dei kommenterer at når Kartverket skal vere matrikkelstyresmakt, autorisasjonsstyresmakt, matrikkelførar og ha tilsyn med fagområdet, kan det gi nokre utfordringar, spesielt når det gjeld tilsyn der dei sjølve skal utføre oppgåver som ligg under tilsynet. Ein må stille strenge krav til ansvar og organisering av private landmålarføretak. Det bør bli utarbeidd standardar for protokollar og måledokumentasjon, og reglar for korleis dette skal arkiverast.

Norsk Kommunalteknisk Forening(NKF) meiner at tida er moden for å evaluere behovet for og moglegheita for å innføre kompetansekrav på saksområdet uavhengig av organisering. Dei trur at utdanningsnivået som er foreslått i høyringsnotatet, er rett. Kompetansekrav må vere knytte til den som utfører oppmålingsforretninga.

Gjesdal kommune er positive til ei autorisasjonsordning, men denne bør sjåast i samanheng med ei evaluering av den noverande ordninga. Mellom anna bør ein vurdere om det skal vere ulike former for autorisasjon, til dømes by og land.

Lindås, Meland, Osterøy og Radøy kommunar meiner forslaget vil svekkje kvaliteten på arbeidet så lenge det ikkje blir stilt kompetansekrav til alle utøvarar, men berre til den ansvarlege på kontorstaden. Kommunane meiner at utdanninga som blir gitt i dag, sikrar ei god oppmålingsteneste.

Rådmannsutvalet i Valdres meiner forslaget vil gi variabel og dels stort sprik i kompetanse hos den som faktisk utøver arbeidet. Autorisasjonskrav må vere personlege. Godkjenningsordninga må ikkje liggje til Kartverket. Søkjarkompetansen til grunneigaren må førast vidare som generell regel. Å leggje til rette for at mange oppgåver som er knytte til delesaker, berre skal kunne gjerast av ein autorisert landmålar, er ikkje sakleg grunngitt. Mange andre fag kan bidra i ein komplisert delesøknad.

Fagpersonar på Øvre Romerike seier at Kartverket bør vere autorisasjonsstyresmakt dersom lova blir vedteken.

Norsk Eiendom meiner at eigedomslandmålaren må få eit utvida ansvar for pålitelege målingar og kvaliteten på matrikkelinformasjonen. Feil kan få ukjende konsekvensar. Autorisert privat eigedomsmåling må vere underlagt kompetansekrav som blir dokumenterte på same måten som for ansvarsrettssystemet etter plan- og bygningslova. DiBK må dermed få autorisasjonsstyresmakt. Ein må unngå at ansvarsrett fører til søknadsplikt, fordi frådelingssøknaden allereie er søknadspliktig. Som ein del av ansvarsrettssystemet bør ein i tillegg sikre ein fleirfagleg kompetanse som er knytt til eigedomsdanning. For å hindre samanblanding av roller vil det vere uheldig om kommunar skal ha høve til å etablere eigne målingsføretak.

5.4 Vurderingar frå departementet

Tilbakemeldingane frå høyringsinstansane viser at mange er einige i at ein bør stille formelle kompetansekrav til eigedomslandmålaren, og dei fleste er positive til ei autorisasjonsordning med Kartverket som autorisasjonsstyresmakt. Det er likevel ulike synspunkt på dei nærare vilkåra og krava departementet foreslår.

Høyringa har i liten grad avdekt nye opplysningar som ikkje var kjende då høyringsforslaget blei fremja. Departementet finn derfor at det er grunn til å gå vidare med forslaget om ei autorisasjonsordning, men med nokre små justeringar og klargjeringar. Departementet vil ta med seg innspela frå høyringsinstansane inn i det vidare arbeidet med utforminga av dei nærare vilkåra og krava for autorisasjonsordninga, medrekna vilkåra for tilbaketrekking og tap av autorisasjon. Desse skal fastsetjast i forskrift, og denne vil bli send på høyring før dei blir fastsette.

Dei særskilde utdanningskrava bør ikkje utformast strengare enn nødvendig. Utdanningskrava må sikre at ein utdannar tilstrekkeleg mange landmålarar samtidig som ein tek omsyn til at landmålarane oppnår den nødvendige tilliten og respekten.

Når det særskilt gjeld merknadene frå Kartverket til § 38 tredje ledd om tilbaketrekking av autorisasjonen, er departementet til dels einig i kommentarane og har derfor endra ordlyden slik at føresegna også gir heimel for tilbaketrekking med varig verknad.

Hovudinnvendinga frå høyringsinstansane er at det ikkje er tilstrekkeleg at det berre er éin ansvarleg landmålar ved kvar kontorstad, men at det i staden bør vere slik at den landmålaren som utfører oppmålingsforretninga, må vere autorisert. Departementet har forståing for innvendinga og har prøvd å komme henne i møte til ein viss grad ved å klargjere rolla og ansvaret til den ansvarlege landmålaren, jf. forslaget til ny § 36 og § 38. Framleis er forslaget utforma slik at den ansvarlege landmålaren ikkje vil vere nøydd til å utføre alle oppgåver personleg. Ei oppmålingsforretning kan vere så mangt, alt frå kontorforretningar til kompliserte eigedomsdanningar. Departementet meiner ein må kunne ha tillit til at den ansvarlege landmålaren klarer å vurdere om den som skal jobbe på hans/hennar vegner, er kompetent. Det hadde kanskje vore ideelt dersom alle landmålarar var autoriserte, men dette er ikkje særleg realistisk eller praktisk. Det er nødvendig å ha stadig rekruttering til bransjen. Når ein stiller krav om relevant praksis for å oppnå autorisasjon, er det også nødvendig at landmålarar utan autorisasjon får sleppe til, slik at dei kan opparbeide seg nødvendig praksis. Dette er ikkje det same som at det er fare for at den som utfører oppmålingsforretninga, ikkje har kompetanse til å gjere dette. Den ansvarlege landmålaren må vere trygg på at den som utfører oppmålingsforretninga, er skikka for arbeidet. Nettopp det at den ansvarlege landmålaren står ansvarleg for kravet om matrikkelføring, vil sikre at den landmålaren som opptrer ute i marka, har tilstrekkeleg kompetanse til å gjere oppdraget. Vi finn parallelle ordningar i mellom anna advokat- og eigedomsmeklingsbransjen med advokat/advokatfullmektig og eigedomsmeklar/medhjelpar/eigedomsmeklarfullmektig.

Menon Economics AS skriv dette under pkt. 4.7.2 på side 29 i rapporten:

«Innføringen av en autorisasjonsordning taler isolert sett for at kvaliteten på nye oppmålinger jevnt over vil være bedre i tiltaksalternativet enn i nullalternativet, ved at man sikrer at oppmålerne har riktig og god kompetanse. Selv om enkelte her påpeker at det kun stilles krav til den ansvarlige oppmåler, og ikke den enkelte, vil den ansvarlige fortsatt være ansvarlig for at arbeidet utføres korrekt. På den annen side har det blitt hevdet at konkurranseutsetting kan føre til lavere kvalitet på nye oppmålinger, ettersom private landmålere har et større press på å gjennomføre oppgavene raskt og billig, og at dette kan gå ut over kvaliteten på oppmålingen.
Vi har ikke funnet hold for å kunne si at verken det ene eller det andre her vil skje. Det vil avhenge av om tjenesten primært kjøpes på bakgrunn av pris eller om kunden også klarer å vurdere kvaliteten på leverandørene. Vi forutsetter at en velfungerende autorisasjonsordning sørger for at den enkelte landmåler vil ha mye å tape på å ikke holde høy kvalitet på arbeidet sitt, og dermed at dette ikke vil bli noe problem. Aktører i et konkurranseutsatt marked vil også være avhengig av å oppfattes som seriøse aktører.»

Som ein føresetnad for ei vellykka gjennomføring av tiltaket meiner Menon at det må på plass ei velfungerande autorisasjonsordning, ein må stille tydelege krav til autorisasjonen, og det må finnast eit effektivt system for å sanksjonere useriøse aktørar.

Departementet er einig i desse vurderingane.

Statens vegvesen har i høyringssvaret sitt etterlyst ei klargjering av om dei framleis kan ha landmålar innomhus. Departementet meiner dei foreslåtte reglane på dette punktet er klare. I § 3 i forslaget er «landmålarføretak» definert som «føretak eller offentleg eining som oppfyller krava i denne lova til å utføre oppmålingsforretning». Det er dermed ikkje noko i vegen for at Statens vegvesen held fram dagens praksis, så sant Statens vegvesen oppfyller krava til å vere landmålarføretak med tilsett autorisert landmålar. Så lenge landmålaren i Statens vegvesen berre skal utføre arbeid for «seg sjølv», vil ordninga ikkje vere i strid med EØS-retten.

Nokre høyringsinstansar foreslår DiBK som autorisasjonsstyresmakt, slik at ordninga kan administrerast i samband med den eksisterande ordninga for sentral godkjenning av føretak etter plan- og bygningslova. Det er samtidig usikkert om dette i praksis vil gi nokon effektiviseringsgevinstar. Ordninga etter matrikkellova vil vere ein obligatorisk personleg autorisasjon, medan ordninga etter plan- og bygningslova er ei frivillig ordning for føretak. Dei to ordningane vil også fagleg vere ganske ulike. Departementet meiner derfor at Kartverket med sin kompetanse på fagområdet vil vere det beste løysingsalternativet.

Til forsida