Prop. 148 L (2016–2017)

Endringar i matrikkellova m.m. (organisering av eigedomsoppmåling)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovrevisjonen

2.1 Innleiing

Stortinget vedtok 3. mars 2016 å be regjeringa «utrede forslag om hvordan arbeidet med eiendomsoppmåling skal organiseres, herunder vurdere en autorisasjons- og sertifiseringsordning for denne type tjenester», jf. Innst. 174 S (2015–2016) og Dok. 8:138 S (2014–2015).

Reglar om eigedomsoppmåling og eigedomsregistrering går primært fram av lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova), men også ei rekkje andre lover er relevante, mellom andre tinglysingslova, plan- og bygningslova, eigarseksjonslova og jordskiftelova. Eigedomsoppmåling skjer vanlegvis i form av ei oppmålingsforretning, som er ei offentleg, lovregulert forretning som går ut på «å klarleggje og beskrive grenser og rettar i tråd med partane sine påstandar og framlagde dokument, og elles bringe fram opplysningar og dokumentasjon som er nødvendig for matrikkelføring og eventuelt tinglysing». Rekvisisjon av oppmålingsforretning blir sett fram overfor kommunen som står ansvarleg for forretninga. Kommunen skal gjennomføre og matrikkelføre forretninga utan unødig opphald.

Matrikkelen er det offisielle registeret over fast eigedom, adresser, bygningar og bustader. Matrikkelen er definert som nasjonal felleskomponent. Statens kartverk har ansvaret for organisering, drift og forvaltning av matrikkelen.

Saksbehandlingsreglane i matrikkellova blei sette i kraft 1. januar 2010. Lova avløyste lov 23. juni 1978 nr. 70 om kartlegging, deling og registrering av grunneiendom (delingsloven), som hadde vore gjeldande sidan 1980. Delingslova etablerte for første gong eit felles regelverk om eigedomsoppmåling for by og land. Lova var basert på eigedomsoppmåling som ei kommunal forvaltningsoppgåve. Stortinget vedtok i 2005 ny matrikkellov til erstatning for delingslova, jf. Ot.prp. nr. 70 (2004–2005) Om lov om eigedomsregistrering. Vedtaket oppheva forvaltningsansvaret til kommunane og innførte i prinsippet fritt landmålarval. Før lova blei sett i kraft, vedtok Stortinget i 2007 å føre vidare det kommunale ansvaret for eigedomsoppmålinga, slik det var etter delingslova, jf. Ot.prp. nr. 57 (2006–2007). Elles blei lova av 2005 hovudsakleg ført vidare.

2.2 Høyringsforslaget frå departementet

Departementet utarbeidde på denne bakgrunnen eit høyringsnotat med forslag til ei meir tenleg organisering av eigedomsoppmålinga. Departementet foreslo at

  • eigedomsoppmåling skal utførast som profesjonsregulert tenesteyting i ein open marknad med fri prisdanning

  • det blir innført ei ordning med autorisasjon av den som har ansvaret for ei oppmålingsforretning, med krav til utdanning på bachelornivå, to års praksis og ei eiga autorisasjonsprøve

I høyringsnotatet konkluderte departementet med at når kommunar og private føretak skal kunne tilby eigedomsoppmåling på like vilkår, må også ansvarsfordelinga for eigedomsregistreringa mellom Kartverket og kommunane endrast. Ansvaret for føringa av eigedomsopplysningar bør i utgangspunktet liggje til Kartverket, men kommunar som ønskjer det, bør framleis kunne utføre denne oppgåva. Kommunane bør framleis føre andre opplysningar, mellom anna om adresser, bustader og bygningar.

Departementet tilrådde at føresegna i matrikkellova § 7 om at grenser skal vere dokumenterte ved omsetning av fast eigedom, som ikkje er sett i kraft, bør setjast i kraft så fort dette kan skje utan å introdusere vesentlege forseinkingar i eigedomsomsetninga.

Forslaget blei sendt på alminneleg høyring 19. august 2016 med høyringsfrist 21. november 2016.

I høyringsnotatet drøfta departementet organiseringa av eigedomsoppmålinga og samanhengen mellom eigedomsoppmåling og eigedomsregistrering. Det blei gjort greie for forarbeida til den noverande lova, status for eigedomsoppmålinga og eigedomsregistreringa, og føregåande evalueringar og undersøkingar. I tillegg blei organiseringa av eigedomsoppmåling og eigedomsregistrering i andre europeiske land omtalt, og den teknologiske utviklinga på området blei drøfta. Også spørsmålet om kommunal gebyrpolitikk og ei sertifiseringsordning basert på den gjeldande organiseringa blei greidd ut.

Parallelt med høyringa henta departementet inn ein samfunnsøkonomisk analyse. Analysen blei utført av Menon Economics AS. Rapporten frå Menon blei publisert på nettsidene til departementet 26. januar 2017.

Underlaget for utgreiinga frå departementet blei utført av ei intern arbeidsgruppe i departementet. Arbeidsgruppa tok utgangspunkt i ei evaluering av matrikkellova som blei gjennomført av Kartverket på oppdrag frå departementet i 2013–2014. Gruppa hadde fleire samtalar og møte med fagpersonar frå ulike delar av norsk landmålarverksemd. I tillegg utførte Kartverket ei undersøking av matrikulære forhold i Europa for arbeidsgruppa.

2.3 Høyringsinstansar

Høyringsbrevet med utkast til lovendring blei sendt til desse instansane:

  • Departementa

  • Brønnøysundregistra

  • Direktoratet for byggkvalitet

  • Direktoratet for forvaltning og IKT

  • Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

  • Domstoladministrasjonen

  • Finanstilsynet

  • Forbrukarombodet

  • Forbrukarrådet

  • Forsvarsbygg

  • Fylkesmennene

  • Husbanken

  • Høgskolen i Bergen

  • Jernbaneverket

  • Konkurransetilsynet

  • Kystverket

  • Miljødirektoratet

  • Noregs geologiske undersøking (NGU)

  • Noregs forskingsråd

  • Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU)

  • Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

  • Noregs vassdrags- og energidirektorat

  • Regjeringsadvokaten

  • Reindriftsforvaltninga (Alta)

  • Riksantikvaren

  • Skattedirektoratet

  • Statens kartverk

  • Landbruksdirektoratet

  • Statens strålevern

  • Statistisk sentralbyrå

  • Statsbygg

  • Toll- og avgiftsdirektoratet

  • Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet

  • Universitetet i Bergen

  • Universitetet i Oslo

  • Vegdirektoratet

  • Sametinget

  • Sivilombodsmannen

  • Fylkeskommunane

  • Kommunane

  • Avinor AS

  • Finnmarkseiendommen

  • KS

  • Noregs Statsbanar AS

  • Opplysningsvesenets fond

  • Statkraft SF

  • Statnett SF

  • Statskog SF

  • Advokatforeningen

  • Akademikerne

  • Arkitektbedriftene

  • Eiendom Norge

  • Finans Norge

  • GeoForum

  • Geomatikkbedriftene

  • Huseiernes Landsforbund

  • Landsorganisasjonen i Norge (LO)

  • Maskinentreprenørenes Forbund

  • Norske Boligbyggelags Landsforbund (NBBL)

  • Norsk Bonde- og Småbrukarlag

  • Norges Bondelag

  • Norges bygg- og eiendomsforening (NBEF)

  • Norges ingeniør- og teknologorganisasjon (NITO)

  • Norges skogeierforbund

  • Norges Takseringsforbund

  • Norsk Eiendom

  • Norsk Kommunalteknisk Forening (NKF)

  • Norske Boligbyggelags Landsforbund

  • Norskog

  • Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)

  • Rådgivende Ingeniørers Forening (RIF)

  • Teknisk-naturvitenskapelig forening (TEKNA)

  • Yrkesorganisasjonenes sentralforbund (YS)

Høyringsinstansane blei i høyringsbrevet bedne om å vurdere om saka burde bli lagd fram for eller send vidare til underliggjande organ eller organisasjonar som ikkje stod på høyringslista. I tillegg blei høyringsnotatet publisert på nettsida til regjeringa, www.regjeringen.no. Regelrådet blei varsla i ei eiga sending.

Departementet har presentert høyringsnotatet på fleire faglege arrangement, mellom anna matrikkeldagane på Gardermoen i regi av Tekna og tre konferansar i regi av GeoForum (Os, Gardermoen og Sola).

Departementet har gjennomført konsultasjonsmøte om forslaga i proposisjonen på administrativt nivå med KS (kommunesektorens organisasjon). Under konsultasjonen har KS på ny vist til vedtak i hovudstyret om å gå imot å oppheve det kommunale ansvaret for eigedomsoppmåling som eit offentleg forvaltningsansvar.

2.4 Høyringssvar

Departementet fekk inn 240 høyringssvar og ei anonym fråsegn.

Desse instansane hadde ikkje merknader eller svara at dei ikkje ville gi høyringsfråsegn:

  • Arbeids- og sosialdepartementet

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Klima- og miljødepartementet

  • Kunnskapsdepartementet

  • Utanriksdepartementet

  • Brønnøysundregistra

  • Finanstilsynet

  • Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE)

  • Regelrådet

  • Riksantikvaren

  • Skattedirektoratet

Desse instansane og personane hadde realitetsmerknader til forslaga:

  • Justis- og beredskapsdepartementet

  • Landbruks- og matdepartementet

  • Olje- og energidepartementet

  • Samferdselsdepartementet

  • Domstoladministrasjonen

  • Fylkesmannen i Hedmark

  • Fylkesmannen i Oslo og Akershus

  • Høgskolen i Bergen

  • Jernbaneverket

  • Jordskifterettane i Frostating

  • Jordskifterettane i Hålogaland

  • Jordskifterettane i Lista mfl. (Glåmdal jordskifterett, Hedemarken og Sør-Østerdal jordskifterett, Valdres jordskifterett, Vestfold jordskifterett, Øvre Telemark jordskifterett, Nedre Telemark jordskifterett, Marnar jordskifterett, Lista jordskifterett, Sør Rogaland jordskifterett, Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett)

  • Jordskifterettane i Nedre Buskerud mfl. (Nord-Østerdal jordskifterett, Oslo og Akershus jordskifterett, Vestoppland og Sør-Gudbrandsdal jordskifterett, Nord-Gudbrandsdal jordskifterett, Aust-Agder jordskifterett, Indre Hordaland jordskifterett, Nord- og Midhordland jordskifterett, Nordfjord jordskifterett, Sunnfjord og Ytre Sogn jordskifterett, Øvre Buskerud jordskifterett, Nedre Buskerud jordskifterett)

  • Kystverket

  • NTNU Gjøvik (Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, avdeling for teknologi, økonomi og leiing)

  • Skattedirektoratet

  • Statens kartverk (Kartverket)

  • Statens vegvesen

  • Statistisk sentralbyrå (SSB)

  • Statsbygg

  • Alta kommune

  • Alvdal kommune

  • Arendal kommune

  • Asker kommune

  • Askim kommune

  • Askøy kommune

  • Audnedal kommune

  • Aurskog-Høland kommune

  • Austrheim kommune

  • Averøy kommune

  • Bamble kommune

  • Bergen kommune

  • Birkenes kommune

  • Bodø kommune

  • Bremanger kommune

  • Bykle kommune

  • Bærum kommune

  • Bø kommune i Telemark

  • Bømlo kommune

  • Drammen kommune

  • Drangedal kommune

  • Eidfjord kommune

  • Eidskog kommune

  • Eidsvoll kommune

  • Elverum kommune

  • Enebakk kommune (også saman med dei andre Follo-kommunane)

  • Fet kommune

  • Fjell kommune

  • Folldal kommune

  • Forsand kommune

  • Fredrikstad kommune

  • Frogn kommune (også saman med dei andre Follo-kommunane)

  • Frøya kommune

  • Fusa kommune

  • Fyresdal kommune

  • Gausdal kommune

  • Gjesdal kommune

  • Gjøvik kommune

  • Gol kommune

  • Gran kommune

  • Granvin herad

  • Hammerfest kommune

  • Hattfjelldal kommune

  • Hemsedal kommune

  • Hitra kommune

  • Hol kommune

  • Hornindal kommune

  • Horten kommune

  • Hvaler kommune

  • Hyllestad kommune

  • Hå kommune

  • Inderøy kommune

  • Innherred samkommune

  • Jølster kommune

  • Karmøy kommune

  • Klepp kommune

  • Kragerø kommune

  • Kristiansand kommune

  • Kristiansund kommune

  • Krødsherad kommune

  • Kviteseid kommune

  • Kvæfjord kommune

  • Larvik kommune

  • Lesja kommune

  • Lillehammer kommune

  • Lindesnes kommune

  • Lindås kommune

  • Lom kommune

  • Lurøy kommune

  • Lørenskog kommune

  • Masfjorden kommune

  • Meland kommune

  • Melhus kommune

  • Meråker kommune

  • Modum kommune

  • Narvik kommune

  • Nedre Eiker kommune

  • Nes kommune i Akershus

  • Nes kommune i Buskerud

  • Nesna kommune

  • Nesodden kommune (også saman med dei andre Follo-kommunane)

  • Nissedal kommune

  • Nittedal kommune

  • Nome kommune

  • Nord-Fron kommune

  • Nordre Land kommune

  • Notodden kommune

  • Oppdal kommune

  • Oppegård kommune (også saman med dei andre Follo-kommunane)

  • Orkdal kommune

  • Oslo kommune

  • Osterøy kommune

  • Porsgrunn kommune

  • Radøy kommune

  • Rana kommune

  • Randaberg kommune

  • Rendalen kommune

  • Rennesøy kommune

  • Ringebu kommune

  • Ringerike kommune

  • Ringsaker kommune

  • Rissa kommune

  • Rælingen kommune

  • Røros kommune

  • Røyken kommune

  • Rådmannsutvalet i Valdres (kommunane Vang, Vestre Slidre, Øystre Slidre, Nord-Aurdal, Sør-Aurdal og Etnedal)

  • Sandnes kommune

  • Sarpsborg kommune

  • Sauda kommune

  • Sauherad kommune

  • Sel kommune

  • Seljord kommune

  • Skedsmo kommune

  • Ski kommune (også saman med dei andre Follo-kommunane)

  • Skien kommune

  • Skjåk kommune

  • Sola kommune

  • Stange kommune

  • Stavanger kommune

  • Stord kommune

  • Stranda kommune

  • Suldal kommune

  • Sunndal kommune

  • Søndre Land kommune

  • Sør-Fron kommune

  • Sørum kommune

  • Tana kommune

  • Time kommune

  • Tinn kommune

  • Tolga kommune

  • Tromsø kommune

  • Trondheim kommune

  • Tvedestrand kommune

  • Tynset kommune

  • Tysvær kommune

  • Tønsberg kommune

  • Ullensvang herad

  • Vaksdal kommune

  • Verran kommune

  • Vestby kommune (også saman med dei andre Follo-kommunane)

  • Vikna kommune

  • Vindafjord kommune

  • Vinje kommune

  • Volda kommune

  • Voss kommune

  • Vågan kommune

  • Våler kommune

  • Ørsta kommune

  • Øvre Eiker kommune

  • Øyer kommune

  • Åfjord kommune

  • Ål kommune

  • Ålesund kommune

  • Ås kommune (også saman med dei andre Follo-kommunane)

  • Åseral kommune

  • Avinor AS

  • Opplysningsvesenets fond

  • Rom Eiendom AS

  • Statskog SF

  • Statnett SF

  • Fylkesgeodatautvalet i Hedmark og Oppland

  • Kartforum Søre Sunnmøre (fagforum for kart og oppmåling for kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta)

  • Kompetansenettverket Gis-sør i Østfold (representert ved kommunane Fredrikstad, Sarpsborg, Halden, Moss, Rygge, Råde, Våler og Hvaler)

  • KS

  • Storkommunegruppa

  • Vansjøregionen (kart- og geodatasamarbeid mellom kommunane Moss, Rygge, Råde og Våler)

  • Advokatforeningen

  • Arbeidstakerorganisasjonen Delta

  • Block Watne AS

  • Boligprodusentenes Forening

  • Daknor AS

  • Espen Brandshaug

  • Fagforbundet

  • Fagforbundet avd. Hå kommune

  • Fagpersonar på Øvre Romerike (landmålarar og geodatafagpersonar i Eidsvoll, Nes, Hurdal, Nannestad og Gjerdrum)

  • Finans Norge

  • Geodatateam Sortland (tilsette i Sortland kommune)

  • GeoForum

  • Geomatikkbedriftene

  • Gjertrud Hansen

  • Ingeniørservice AS

  • Juristmållaget

  • Landmålarar i Asker mfl. (landmålarar og matrikkelførarar i Asker, Bærum, Hole, Hurum, Lier, Nedre Eiker og Røyken)

  • Landmålarar i Indre Sogn

  • Landmålarar på Haugalandet

  • Landmåler Sør AS

  • Maskinentreprenørenes Forbund

  • Mestergruppen AS

  • MjøsPlan AS

  • NBBL (Norske Boligbyggelags Landsforbund)

  • NITO (Norges ingeniør- og teknologorganisasjon)

  • NITO i Fredrikstad kommune

  • NITO i Stavanger kommune

  • NITO- og Tekna-bedriftsgruppe i Geomatikk Survey AS

  • Norges Bondelag

  • Norges skogeierforbund

  • Norsk Eiendom

  • Norsk Kommunalteknisk Forening (NKF)

  • Rådgivende Ingeniørers Forening (RIF)

  • Selvaag Bolig ASA

  • Tekna

  • Tekna i Fredrikstad kommune

  • Tekna i Kristiansand kommune

  • Tekna i Stavanger kommune

  • Terra Matricula Otto Formo

  • Tilsette ved oppmålingseininga i Grimstad kommune

  • Tingsrettsmiljøet ved NMBU (Noregs miljø- og biovitskaplege universitet)

  • Torbjørn Trageton

  • Tore Bø

  • Vigdis Tveit

2.5 Samfunnsøkonomisk analyse av høyringsforslaget frå departementet

Menon Economics AS har på oppdrag frå departementet gjennomført ein samfunnsøkonomisk analyse av høyringsforslaget. Analysen er mellom anna gjennomført ved hjelp av intervju i geomatikkbransjen, kommunane, Vegvesenet og Kartverket. Rapporten er tilgjengeleg på nettsidene1 til departementet. I rapporten blir høyringsforslaget vurdert opp mot den eksisterande ordninga (nullalternativet). Tre andre alternativ blir også nemnde og kort vurderte. I tillegg gir rapporten ei uavhengig vurdering av det eksisterande talgrunnlaget.

I rapporten reknar Menon med at tiltaket er samfunnsøkonomisk lønnsamt med ein netto noverdi på 650 millionar kroner over ein analyseperiode på 20 år. Den største innsparinga ligg i innsparte årsverk. Netto noverdi av tiltaket er rekna til å auke med mellom 100 og 200 millionar kroner for kvar ekstra femårsperiode.

Menon legg til grunn ein effektiviseringsgevinst på 15 prosent for oppmålingsdelen og 25 prosent for registreringsdelen, og omtalar dette som eit konservativt overslag. Effektiviseringsgevinsten får størst effekt for eigedomsoppmålinga sidan den samla årsverksinnsatsen er størst i denne delen. Menon meiner det er fleire grunnar til at konkurranseutsetjing av eigedomsoppmålinga vil føre til ein effektiviseringsprosess som gir reduksjon i årsverk. Menon argumenterer for det første med at empiriske døme viser at konkurransepress og krav om profitt fører til at prosessar blir utført raskare og meir effektivt enn i regi av offentlege styresmakter. Vidare vil private aktørar spesialisere seg i ulike sakstypar og dermed få ein meir effektiv samla ressursbruk. Menon reknar også med at landmålarane vil få ein jamnare oppdragsstraum når dei ikkje er bundne av kommunegrenser. Det er kjent at mange kommunar opplever at talet på saker svingar frå år til år.

Menon understrekar at det er vesentlege usikre faktorar i analysen, og at ulike lesarar kan trekke ulike konklusjonar basert på desse. Følsemdsanalysen i rapporten peikar på tre forhold som kan påverke resultatet:

  • endring av effektiviseringsfaktorar for matrikkelføring og oppmåling

  • svekt nøytralitet hos landmålarane

  • vekst i talet på oppmålingsforretningar

Skal slike ikkje-prissette effektar slå ut negativt, må dei til saman overstige 50 millionar kroner kvart år. Menon meiner at dei ikkje-prissette verknadane i sum vil verke positivt, men har ikkje gjennomført ein full analyse av desse. Dei ikkje-prissette verknadene det her er snakk om, er særleg kvaliteten på matrikkelen, nøytraliteten til landmålaren og moglegheita for ein ny marknad. Eventuelle verknader av ein meir effektiv eigedomsmarknad og meir effektiv privat og offentleg planlegging og prosjektering, er ikkje vurdert.

Menon skriv:

«Totalt sett heller vi mot at kvaliteten på matrikkelen vil øke på lengre sikt i tiltaksalternativet, men at det er stor usikkerhet knyttet til dette.»

Menon peikar på at ordninga i dag ikkje nødvendigvis tilseier at landmålaren er fullt ut nøytral, sidan kommunen sjølv kan vere part i sakene som grunneigar. For tiltaksalternativet kan det vere eit problem at landmålaren får insentiv til å favorisere sin eigen oppdragsgivar. Analysen klarer ikkje å kvantifisere nokon samfunnsøkonomiske effektar av dette, men presiserer at landmålaren vil vere avhengig av omdømmet sitt og autorisasjonen sin for å kunne utøve arbeidet sitt. Ein reknar med at ei effektiv og verksam autorisasjonsordning vil verke disiplinerande på landmålarane.

Rapporten ser på moglegheita for at det blir etablert nye tenester, men vurderer at nyskapt næring ikkje vil representere vesentleg samfunnsøkonomisk gevinst. Rapporten går ut frå at det vil vere nokre negative effektar av at den integrerte saksbehandlingskjeda i kommunane blir broten opp. Vidare vil det i ein overgangsperiode vere utfordrande at kommunearkiva ikkje er digitalt tilgjengelege, og dette vil vere meir utfordrande for private selskap enn landmålarar som er tilsette i kommunane.

For at tiltaksalternativet skal vere vellykka, peikar rapporten på at desse forholda må vere sørgde for:

  • at overgangsordningane for landmålarane er i tråd med reglane for offentleg støtte

  • at ordningane for autorisering av landmålarane er tydelege, både i overgangsfasen og etterpå (i tillegg til at Kartverket må ha kapasitet til å gjennomføre autoriseringa)

  • at utviklinga av rådgivingstenester ikkje blir lagd opp på ein måte som fører til habilitetsproblem

Menon peikar på at effektiviseringsgevinsten ved tiltaksalternativet ikkje overstig effekten av å innføre meirverdiavgift. Dette kan føre til at gjennomsnittsbrukaren vil ende opp med å betale meir enn i dag, dersom ein legg estimatet frå analysen om 15 prosent effektiviseringsgevinst til grunn.

I rapporten understrekar Menon at ein ikkje bør setje i verk oppmålingskravet i den gjeldande § 7 før det er gjort gode marknadsundersøkingar og etablert nok kapasitet i marknaden. Det gjeld både for tiltaksalternativet og for nullalternativet.

Menon analyserer kort også tre andre alternativ, utan at dei prissette verknadene av desse blir talfesta. Alle tre alternativa blir vurderte som dårlegare enn tiltaksalternativet:

  • Det offentlege kan gjennomføre ein anbodskonkurranse der dei lyser ut eit oppdrag om å utføre landmålingar, og så ta imot tilbod frå dei aktørane som finn eit slikt oppdrag interessant. Alternativet vil på den eine sida gi auka konkurranse og kan utløyse stordrifts- og skalafordelar i større grad enn den kommunale ordninga i dag. Alternativet vil på den andre sida gi auka transaksjons- og administrasjonskostnader. Menon vurderer at nytteverknadene i beste fall vil vere dei same som i tiltaksalternativet, men med høgare kostnader. Menon legg til at ingen samanliknbare land nyttar ei slik anbodsløysing.

  • Statleg ansvar for landmåling og registerføring, slik det blir gjort i Sverige og Finland, vil gjere det enklare å innføre gebyr som er like over heile landet. Ein reknar med at det vil gi sterkare kontroll over kvaliteten og kompetansen, og utløyse stordriftsfordelar. Ordninga vil også leggje til rette for ei nasjonal satsing for å heve kvaliteten på matrikkelen. Menon meiner at tiltaket ikkje vil vere samfunnsøkonomisk effektivt. Grunnen til dette er mellom anna at det bryt opp den integrerte saksbehandlinga i kommunane, og at det ikkje vil gi auke i marknaden for eigedomsoppmåling. Hovudårsaka til effektiviseringsgevinsten i tiltaksalternativet er konkurransepresset, som altså fell bort ved dette alternativet. Det juridiske handlingsrommet ved ei slik nasjonalisering er ikkje undersøkt, men kan vere utfordrande.

  • Fri konkurranse utan autorisering. Ordninga kan kombinerast med å overføre matrikkelføringsansvaret til Kartverket, eller ikkje. Effektiviseringsgevinstane vil vere dei same som ved det foreslåtte tiltaket, men ha ei rekkje ulemper. Det vil vere vanskelegare å luke ut landmålarar som ikkje opptrer med den ønskte faglege nøytraliteten og gjere det svært vanskeleg å heve kvaliteten på matrikkelen. For ei lita innsparing i utgifter får ein altså ei rekkje ulemper som gjer at alternativet blir vurdert som ei samfunnsøkonomisk dårlegare løysing enn det foreslåtte tiltaket.

Fotnotar

1.

https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/ samfunnsokonomisk-analyse-av-organiseringen-av- eiendomsoppmalingen-i-norge/id2536351/

Til forsida