4 Oppmåling som tenesteyting
4.1 Gjeldande rett
Ei oppmålingsforretning går ut på å klarleggje og skildre grenser til fast eigedom og tilhøyrande rettar i samsvar med påstandane til partane og dokumenta som er lagde fram, og elles bringe fram opplysningar og dokumentasjon som er nødvendig for matrikkelføring og eventuelt tinglysing, jf. matrikkellova §§ 33 til 35. Den som utfører forretninga (landmålaren), skal ta vare på interessene til alle partane og utføre forretninga i samsvar med god landmålarskikk. Nye grenser skal setjast ut i samsvar med løyve etter plan- og bygningslova. Landmålaren kan samtykkje i mindre avvik for å få ei tenleg tilpassing til forholda i marka.
Hovudregelen er at forretninga skal skje på staden, og at alle grenser skal merkjast og målast inn i det nasjonale geodetiske grunnlaget (koordinatsystemet).
Rekvisisjon av oppmålingsforretning blir sett fram overfor kommunen. Kommunen skal gjennomføre og matrikkelføre forretninga utan unødig opphald.
Oppmålingsforretning er påkravd for at ei ny matrikkeleining (eigedom) skal kunne opprettast i matrikkelen. Matrikkeleininga må vere oppretta i matrikkelen før den kan bli innført i grunnboka som eiga registereining. Ved at eigedommen er definert som eit eige objekt, kan han skøytast over til ein ny eigar og eventuelt tene som pantetrygd for lån.
Oppmålingsforretning kan også nyttast i samband med endring av grenser mellom naboeigedommar, som grensejustering for mindre areal og som arealoverføring for større areal.
I tillegg kan oppmålingsforretning gå ut på å klarleggje eksisterande grenser når grensemerke har komme bort eller partane av andre grunnar ønskjer hjelp til å finne ut kvar eksisterande grenser går. Dersom partane ikkje blir einige om den eksisterande grensa, må landmålaren vise dei vidare til domstolane.
Boks 4.1 Oppretting av ein ny grunneigedom
Rekvisisjon av oppmålingsforretning blir sett fram overfor kommunen. Kommunen skal fullføre oppmålingsforretninga og registrere resultatet i matrikkelen utan unødig opphald, som hovudregel seinast 16 veker etter at kravet har komme inn. Fristen kan på visse vilkår vere lengre i dei delane av året der snø gjer det vanskeleg å utføre markarbeid.
4.2 Høyringsforslaget
Departementet foreslo i høyringsnotatet at Noreg skal følgje hovudmodellen i Europa ved at eigedomsoppmåling blir utført som profesjonsregulert tenesteyting.
Departementet meinte at dei synspunkta som låg til grunn for lovvedtaket i 2005 om å etablere eit skilje mellom forvaltning og teneste, framleis er aktuelle i dag. Spørsmålet blei grundig drøfta i NOU 1999: 1 og i Ot.prp. nr. 70 (2004–2005).
Det er ei klar forvaltningsoppgåve å behandle søknader om oppretting og endring av eigedom etter plan- og bygningslova. Det same gjeld for føring av opplysningar i matrikkelen etter matrikkellova, både opplysningar om nye eigedommar og om endringar av eksisterande grenser.
I tråd med lovutgreiinga og lovvedtaket i 2005 meinte departementet at forholda ligg godt til rette for å definere det mellomliggjande arbeidet med å måle opp og merkje eigedomsgrenser som tenesteyting utan innslag av utøving av styresmakt.
Det er få, om nokon, prinsipielle grunnar til å føre vidare den noverande ordninga med oppmåling som eit forvaltningsansvar. Landmålarane forvaltar i utgangspunktet ingen oppgåver som omfattar utøving av styresmakt. Dei noverande reglane om at landmålaren har høve til å samtykkje til mindre avvik frå løyvet frå kommunen etter plan- og bygningslova, og at han har høve til å gjere unntak frå kravet om merking av alle grenser, er ikkje å rekne som praktiske utfordringar for å definere oppmåling som tenesteyting. Spørsmåla kan avklarast med kommunen i søknadsfasen eller gjerast greie for når oppmålinga blir send inn til matrikkelføring.
Å definere oppmåling som tenesteyting vil gjere det tydeleg kva rolle landmålaren faktisk har. Mange innbyggjarar trur kommunen har mynde til å fastsetje grensa mellom seg og naboen med endeleg verknad. Realiteten er at kommunen ikkje kan gjennomføre oppmåling av eksisterande grenser som partane ikkje sluttar seg til. Dersom partane ikkje blir einige, må saka løysast i domstolane. Det same gjeld i prinsippet også ei ny grense som blir fastsett etter ønske (søknad) frå tiltakshavaren, slik det er stadfesta med løyve frå kommunen.
Departementet meinte i høyringsnotatet at det ikkje er nødvendig med spesielle reglar for kommunar som tilbyr oppmålingstenester. Kvar enkelt kommune vil i utgangspunktet kunne organisere oppmålinga slik ein finn det tenleg ut frå lokale forhold. Departementet peika på at ESA, overvakingsorganet i EFTA, har stilt spørsmål om organisering av økonomisk aktivitet i det offentlege, jf. omtale i punkt 11 nedanfor. Det kan føre til ei innsnevring i organisasjonsfridommen slik at kommunar som ønskjer å halde fram med eit kommunalt oppmålingstilbod, må leggje dette inn i eit selskap som er åtskilt frå resten av verksemda i kommunen når det gjeld rekneskap og organisering.
Innmåling og utstikking av bygningar m.m.
Fram til byggjesaksreforma av 1995, som blei sett i kraft 1. juli 1997, var det å måle inn og stikke ut bygningar i utgangspunktet eit kommunalt forvaltningsansvar etter plan- og bygningslova, jf. byggjeforskrifta av 1987 punkt 14:3 første og andre punktum:
«Før et byggearbeid settes i gang, skal bygningens plassering med høydeangivelse være påvist på situasjonsplan og avmerket i marken. Bygningsrådet kan overlate til byggherren å avmerke plasseringen i marken.»
Mange kommunar kombinerte arbeid med å måle inn og stikke ut bygningar med eigedomsoppmåling ved at dette blei utført av dei same personane.
Med byggjesaksreforma av 1995 blei det innført ansvarsrett i byggjesaker. Samtidig blei det kommunale ansvaret for å måle inn og stikke ut bygningar oppheva. Etter det var dette arbeidet å rekne som fri tenesteyting. Med verknad frå 1. januar 2016 er kravet om lokal godkjenning for ansvarsrett oppheva. Det er framleis mogleg å be om sentral godkjenning etter byggjesaksforskrifta for ei rekkje byggje- og anleggsfunksjonar, inkludert «oppmålingsteknisk prosjektering» og «innmåling og utstikking av tiltak». Fleire kommunar har slik føretaksgodkjenning og arbeider med å måle inn og stikke ut bygningar i konkurranse med private føretak.
Departementet la i høyringsnotatet til grunn at mange føretak som i dag har sentral godkjenning for oppmålingsteknisk prosjektering eller for å måle inn og stikke ut tiltak, har leiande personale som vil kunne oppnå autorisasjon som ansvarleg landmålar. Departementet la vidare til grunn at føretak eller offentlege verksemder som vil oppfylle krava til landmålarføretak etter matrikkellova, også vil kunne få sentral godkjenning innanfor dei nemnde funksjonane etter plan- og bygningslova.
Departementet meinte at det same føretaket lett vil kunne stå ansvarleg for alle dei oppmålingstekniske oppgåvene i ei utbyggingssak, med dei effektiviseringsgevinstane dette kan gi. Føretaket som utfører den oppmålingstekniske prosjekteringa, vil også kunne måle opp grenser og måle inn og stikke ut bygningar og anlegg. I mange byggjesaker må tomtegrensa plasserast (stikkast ut) før arbeidet på tomta startar. Dei samla kostnadene vil bli mindre dersom stikningsdata kan brukast om att i oppmålinga av grensene. Det kan også vere behov for å trekkje inn fagleg kompetanse i eigedomsoppmåling i prosjekteringsfasen. Ein må gå ut frå at utbyggjaren ser det som ein fordel å kunne bruke den same landmålaren gjennom heile prosessen, frå prosjektering til utføring og fram til endeleg oppmåling.
Det blei i høyringsnotatet også vist til at det er lang tradisjon for at andre typar kartleggingsarbeid er fri tenesteyting. Kartlegging i samband med petroleumsverksemd har i hovudsak blitt utført på oppdrag og i regi av private tenesteutøvarar.
Tilrettelegging for konsulenttenester
Departementet peika i høyringsforslaget på at omgjering av eigedomsoppmåling frå kommunal forvaltningsoppgåve til profesjonsregulert tenesteyting vil kunne leggje til rette for næringsutvikling. Omlegginga legg grunnlag for utvikling av ein konsulentbransje med basis i eigedomsspørsmål og oppmåling – ein bransje som til no er lite utvikla i Noreg. Mange grunneigarar har behov for fagleg hjelp til spørsmål som må avklarast med naboar og offentlege styresmakter før sjølve oppmålinga kan utførast. Andre vil ha nytte av hjelp til søknaden til kommunen om å opprette ny eigedom eller til flytting av grense og til avtalar med naboar om vegrett, gjerde, leidningar og så vidare. Som offentleg forvaltningsorgan er kommunane avskorne frå å gi meir omfattande støtte til grunneigarar i denne typen eigedomssaker.
Ein dansk landinspektør har ¾ av inntektene frå andre oppgåver enn den lovregulerte eigedomsoppmålinga. På sikt kan det same skje også i Noreg. Det dreier seg mellom anna om eigedomsfagleg rådgiving, landmåling, plassering av bygg og anlegg, vedlikehald av kart og andre utnyttingar av geografisk informasjon i digital form. Dette er tenester som det er bruk for i alle delar av landet.
Denne typen rådgiving kan berre i avgrensa grad bli gitt av kommunen som offentleg styresmakt.
Eigedomsfagleg spisskompetanse er i det moderne samfunnet nødvendig i mange ulike samanhengar. Det gjeld særleg ved kjøp, sal, leige, finansiering, utbygging og forvaltning av eigedom, og på område som arealplanlegging, jordskifte og ekspropriasjon. Behovet for spisskompetanse gjeld også for oppretting og endring av eigedommar, eller det som på fagspråket blir kalla eigedomsdanning. Ein kan lett tru at ein typisk ny eigedom er ei enkelt villa- eller hyttetomt, men realiteten er ofte mykje meir kompleks. Eit byggjeprosjekt i ein by fører ofte til at det skal etablerast fleire ulike eigedommar. I tillegg til sjølve tomta kan det vere behov for å etablere sameige for felles grøntareal og for parkering eller separat eigedom i undergrunnen (anleggseigedom) for garasjeanlegg. Det er fleire døme på at utbyggjarar i Oslo har brukt jordskifteretten til å løyse slike oppgåver, sjølv om det ikkje er nokon tvistar i saka. Saka har kravd eigedomsfagleg spisskompetanse som det ikkje ligg til rette for at kommunen leverer. I meir komplekse utbyggingar er det vanleg at oppgåver blir løyste i tverrfaglege samarbeid mellom ulike yrkesgrupper, som til dømes økonomar, advokatar, ingeniørar, teknikarar, arkitektar, planleggjarar eller jordskiftekandidatar. Men også i enklare saker om frådeling av grunn kan grunneigaren ha behov for eksperthjelp. Det kan gjelde utforming av frådelingssøknaden og andre tilhøyrande spørsmål til kommunen, og avklaringar med naboar om felles veg, gjerde, leidningar og så vidare.
Behovet for spisskompetanse innanfor eigedomsdanning er aukande. Bakgrunnen er at fast eigedom har auka kraftig i verdi. Tilgangen på ledige areal til utbyggingsformål er mange stader avgrensa fordi store areal allereie er utbygde. Det er ei prioritert oppgåve for kommunane å ta vare på grøne lunger, friluftsområde og liknande. Også omsynet til jordvern, naturvern, miljøvern og klimamåla avgrensar tilgangen til byggjegrunn, særleg i randsona til dei tettbygde områda. Det har derfor blitt meir vanleg at by- og tettstadsutvikling skjer gjennom fortetting og transformasjon innanfor dei eksisterande byggjesonene. Denne utviklinga ser ein spesielt i områda i og rundt dei største byane, der etterspurnaden etter fast eigedom er størst, tilgangen på ledige areal er knappast og eigedomsprisane høgast.
For å dekkje utbyggingsbehovet finn mange kommunar det nødvendig å leggje til rette for meir samanhengande sentrumsstrukturar og høg utnytting. Frå sentralt hald blir dessutan planlegginga i dag styrt i retning av å etablere meir byrelatert byggjeverksemd nær kollektivknutepunkt, slik at folkeveksten kjem i område med god tilgang til overordna infrastruktur. Ei meir intensiv sentrumsutvikling i tettbygde område er i samsvar med den gjeldande nasjonale politikken for miljøvennleg byutvikling og samordna bustad-, areal- og transportplanlegging, jf. Statlige planretningslinjer for samordnet bolig-, areal- og transportplanlegging. Retningslinjene er tydelege på at fortetting og transformasjon er løysinga for å nå måla om at all vekst i persontrafikken i storbyområda skal bli teken med kollektivtransport, sykkel og gonge. Potensialet for fortetting og transformasjon bør derfor utnyttast før nye utbyggingsområde blir tekne i bruk.
I pressområda er eigedomsforholda ofte komplekse og uoversiktlege. Det skaper mange utfordringar for både eigedomsutviklarar og planstyresmakter når område skal fortettast eller eksisterande areal transformerast til ny arealbruk – til dømes frå industri til blanda formål og med høg utnytting. Det er også i pressområda at grunnlaget for gnissingar og konfliktar er høgast og kompetansebehovet innanfor planlegging og eigedomsdanning derfor er størst. Kapasiteten til å handtere dei eigedomsfaglege utfordringane er i dag avgrensa, og kompleksiteten i byggjeprosjekta gjer at behovet for spisskompetanse er aukande.
Fortetting og transformasjon, til dømes i form av etablering av nye bydelsstrukturar med tilhøyrande fellesareal og infrastruktur, er krevjande og føreset prosessar som ofte strekkjer seg over mange år. Behovet for raske vurderingar av utbyggingsmoglegheiter, estimering av kostnader og omsynet til konkurranse og kontinuerleg marknadstilpassing gjer det nødvendig med raske eigedomstransaksjonar og kort byggjetid. På eigedomsområdet legg utviklinga eit stort press på kommunane og andre styresmakter, mellom anna i samband med eigedomsdanning (frådeling, grensejustering, arealoverføring m.m.), eigarseksjonering, matrikulering og tinglysing.
Ein viktig faktor for å sikre god avkastning i større utbyggingsprosjekt er kor raskt ein eigedomsutviklar kan løyse inn kostbar mellomfinansiering ved å få etablert nye eigarseksjonar som kan brukast som panteobjekt ved sal. Praksis viser at det ofte tek lengre tid å ordne eigedomsforholda og danne dei nødvendige panteobjekta enn det tek å føre opp bustadene. Dette gir unødige rentekostnader og forseinkar prosessen med bruksløyve, eigarovertaking og innflytting. Grunngivinga for dette er dels at eigedomsforholda er komplekse og uoversiktlege, og at det derfor tek tid å finne ut kva for rettar, klausuleringar og så vidare som gjeld for ein eigedom og mellom eigedommane innanfor utbyggingsområdet.
Dei ulike fasane i det å greie ut den eksisterande situasjonen når det gjeld grenser og rettar, kan ta tid, ikkje minst fordi mange gjennomføringsprosessar (mellom anna søknad om oppretting av ny grunneigedom, anleggseigedom eller festegrunn, oppmåling, matrikulering, seksjonering og tinglysing) må skje i ei fastsett rekkjefølgje, og tilgangen på fagfolk som kan hjelpe til i arbeidet, er avgrensa. Det er behov for å auke tilgangen til god eigedomsfagleg kompetanse i alle fasar, slik at rettsavklaringane og overgangane mellom dei ulike fasane kan skje smertefritt.
Mange brukarar har behov for at oppmålinga kan skje raskt, slik at sal og byggjearbeid ikkje blir forseinka. Boligprodusentenes Forening har hevda at ventetida for oppmåling i dag kan fordyre etableringa av nye byggjeprosjekt med 20 000 kroner per seksjon. Departementet gjekk i høyringsnotatet ut frå at ventetida i saker der rask utføring er viktig, kan kortast ned når private føretak får høve til å konkurrere om oppmålingstenester og rask respons blir ein viktig konkurransefaktor. Departementet rekna med at private landmålarar vil vere meir fleksible med omsyn til å utføre oppmåling på ei tid som passar rekvirenten og dei andre partane. Kommunane er i utgangspunktet bundne til å utføre oppmålingane i den rekkjefølgja dei er rekvirerte.
Eit stort tal eigedommar i Noreg er etablerte før 1980 utan nøyaktig geografisk fastsetjing av grensene. Etter matrikkellova § 7 kan kommunen krevje at slike eigedommar blir målte opp ved sal før overtakinga kan registrerast i tinglysingsregisteret. Ei slik ordning vil gi kjøparen betre innsikt og tryggleik, og raskare betre den generelle kvaliteten på matrikkelen. Føresegna er likevel ikkje sett i kraft fordi ein har gått ut frå at kommunane så langt ikkje har hatt nok kapasitet til å gjere den nødvendige oppmålinga utan å forseinke omsetninga av ikkje oppmålt eigedom urimeleg mykje.
Departementet foreslo i høyringsnotatet at føresegna ikkje blir innført omgåande, men rådde til at ho blir sett i kraft så fort kapasiteten blir bygd opp i privat sektor.
Ved å organisere eigedomsoppmålinga som ei profesjonsregulert teneste, er det mogleg å sjå for seg framtidige effektiviseringsgevinstar. Landmålaren kan då delta frå start til slutt i eit arbeid med å danne og transformere eigedom. Landmålaren kan produsere ein digital stikningsplan som blir lagd til grunn for løyvet frå kommunen etter plan- og bygningslova. Stikningsplanen med koordinatfesta grenser kan inngå direkte i prosjekteringa av andre delar av byggjeprosjektet. Merking av grensene kan gjerast når utbyggingsområdet er gjort klart for dette. Landmålaren vil også kunne hjelpe partane med å utforme nødvendig privatrettsleg dokumentasjon, slik som tilkomstrettar og rettar som gjeld vatn og avløp. Denne dokumentasjonen vil i større grad enn i dag kunne bli til ein pakke som går til samtidig matrikkelføring og tinglysing.
Bestilling av oppmålingsforretning og den vidare gangen i saka
Når oppmålinga blir definert som tenesteyting, skal det ikkje lenger bli sett fram rekvisisjon av oppmålingsforretning overfor kommunen. Tiltakshavaren må i staden bestille tenesta av eit landmålarføretak med ein ansvarleg landmålar som er autorisert for oppgåva. Føretaket førebur deretter oppmålingsforretninga, hentar inn dei nødvendige opplysningane og sender skriftleg varsel til naboane om tidspunktet for forretninga. Fristen for varsling bør som i dag vere minst to veker. Når forretninga er gjennomført, sender landmålarføretaket krav til matrikkelstyresmakta om matrikkelføring av oppmålingsforretninga. Kravet blir sett fram på vegner av oppdragsgivaren. Landmålarføretaket må kontrollere at vedkommande kan krevje matrikulering, jf. den noverande opprekninga i matrikkellova §§ 9, 14 andre ledd, 15 andre ledd, 16 femte ledd og 17 første ledd.
Matrikkelstyresmakta kontrollerer kravet, fører forretninga i matrikkelen og avsluttar saka med å utferde matrikkelbrev. Kontakten med matrikkelstyresmakta i saka går mot landmålarføretaket. Det gjeld avklaring av eventuelle feil eller manglar i kravet om matrikkelføring og betaling av gebyr. Landmålarføretaket tek også imot matrikkelbrevet på vegner av klienten.
Landmålarføretaket underrettar tiltakshavaren og andre aktuelle partar om gjennomført matrikkelføring og legg ved dokumentasjon for dette. Departementet vurderte i høyringsnotatet om den ansvarlege landmålaren også burde vere involvert ved krav om samanslåing, men rådde til at slike krav framleis skal kunne bli sette fram av heimelshavaren sjølv. Samanslåing er ikkje eit søknadspliktig tiltak etter plan- og bygningslova. I sjeldne tilfelle kan samanslåing vere i strid med den aktuelle arealplanen. Ei slik samanslåing vil vere ulovleg, og kommunen kan med heimel i plan- og bygningslova krevje forholdet retta. Departementet meinte det er vanskeleg å sjå for seg at heimelshavaren har noka interesse av å skape slike situasjonar, og meinte det er unødvendig å lage spesialreglar som fangar opp slike situasjonar i forkant.
Oppmåling av uteareal som inngår i ein eigarseksjon, blir sett fram på vegner av den som har heimel til å krevje seksjonering eller reseksjonering etter eigarseksjonslova.
4.3 Merknader frå høyringsinstansane
204 høyringsinstansar tek stilling til spørsmålet om oppmåling som tenesteyting. 26 av dei støttar forslaget og 178 går imot.
Desse instansane støttar forslaget:
Landbruks- og matdepartementet, Kystverket, Bærum kommune, Drammen kommune, Elverum kommune, Hå kommune, Ringerike kommune, Øvre Eiker kommune, Avinor AS, Block Watne AS, Boligprodusentenes Forening, Daknor AS, Finans Norge, Geomatikkbedriftene, Ingeniørservice AS, Landmåler Sør AS, Maskinentreprenørenes Forbund, Mestergruppen AS, MjøsPlan AS, NITO og Tekna bedriftsgruppe i Geomatikk Survey AS, NBBL, Norges Skogeierforbund, Norsk Eiendom, Rådgivende Ingeniørers Forening, Selvaag Bolig ASA og tilsette ved oppmålingseininga i Grimstad kommune.
Ringerike kommune meiner at fritt landmålarval kan vere positivt for kapasiteten til å utføre eigedomsoppmåling. Men kommunen ser også at det kan gi utfordringar når det gjeld målet om ei smidig og rask saksbehandling, slik det i dag fungerer i kommunen mellom byggjesak, landbruk, plan og oppmåling. Omsynet til framtidig smidig saksbehandling og god kvalitet på kart- og eigedomsdata må vege tungt i arbeidet med å finne framtidige gode løysingar.
Øvre Eiker kommune meiner forslaget legg til rette for ei meir fleksibel organisering av eigedomsoppmåling, og trur dette vil slå positivt ut for innbyggjarar og næringsliv.
Avinor AS er positiv til at det blir opna opp for at private landmålarføretak kan gjennomføre oppmålingsforretningar, men viser også til at verksemda har erfart at det kan ta lang tid å få gjennomført forretningar i enkelte kommunar på grunn av manglande kapasitet og/eller stor saksmengd. Dei trur dette kan gjennomførast langt raskare dersom ein kan engasjere eit privat firma. Private landmålarføretak vil i større grad fastsetje prisen ut frå kva oppgåva faktisk kostar. For enkelte oppmålingsforretningar kan kostnadene derimot bli høgare, spesielt sidan det kjem meirverdiavgift på tenestene. Selskapet uttrykkjer uro for om det er attraktivt nok å etablere seg i utkantkommunar.
Block Watne AS meiner forslaget er eit positivt skritt i retning av kostnadsreduserande tiltak i byggjebransjen.
Finans Norge meiner forslaget vil gi effektivitetsverknader.
Det same meiner Geomatikkbedriftene. Dei uttalar at effektiviseringa vil skje gjennom konkurranseutsetjing av oppmålingsoppgåvene. Dei viser til at leveringstid i mange tilfelle vil vere avgjerande for val av leverandør. Brukarar av tenestene vil med forslaget kunne hente inn prisar frå fleire leverandørar, både private og offentlege, og velje leverandør ut frå pris, leveringstid og kompetanse. Dei som utfører oppmålingsforretningar, vil konkurrere på pris, kompetanse og leveringstid. Geomatikkbedriftene meiner at desse tenestene vil kunne bli tilbydde over heile landet, og viser til at mange grisgrendte kommunar i dag allereie har private leverandørar av eigedomsmåling. Som eit døme viser dei til ei utlysing av landmålingsoppgåver på Hadeland, der det var firma frå heile Sør-Noreg som leverte prisar. I dag er det slik at kommunen berre har eigedomsoppmåling som oppgåve innanfor landmåling. Alle andre typar landmåling er sett vekk til private. Dette gjeld arbeid med å stikke ut nye vegar, vatn og avløpsleidningar, elektriske leidningar og telekommunikasjon, og ikkje minst arbeid med å stikke ut hus. Dersom private landmålarføretak får tilgang til all oppmåling på eit felt, vil dette få store konsekvensar for effektiviteten. Det å måle inn og stikke ut bygningar og anlegg er i hovudsak oppmålingsteknisk, og det same føretaket bør vere ansvarleg for alle dei oppmålingstekniske oppgåvene i ei utbyggingssak. Dei samla kostnadene vil bli mindre dersom stikningsdata kan brukast om att i oppmålinga av grensene. Geomatikkbedriftene meiner at det finst mange moglegheiter for synergiar i relasjonane mellom utbyggjarar og oppmålingsfirma dersom det noverande kommunale oppmålingsmonopolet blir fjerna.
Ingeniørservice AS meiner at landmålingsfaget som profesjon har lide under det kommunale oppmålingsmonopolet. Dette har stått i vegen for etablering av større fageiningar med kompetanse innanfor eigedom og eigedomsoppmåling. Grovt sett kan ein i dag seie at faget er delt mellom landmålarar og advokatar. Ein ny profesjon med autoriserte landmålarar med eigedomskompetanse vil gi marknaden ei komplett teneste som ein i dag kanskje ikkje veit at ein saknar, fordi oppmålingsmonopolet i kommunen er så godt innarbeidd.
Landmåler Sør AS viser til at dei i dag har ti tilsette landmålarar, og åtte av dei utfører arbeid etter matrikkellova. Selskapet tek på seg oppdrag for tolv kommunar i varierande omfang. Selskapet gjennomfører om lag 300–500 oppmålingsforretningar i løpet av eit år og hjelper også kommunar med matrikkelføring. Det har ikkje vore nokon klagesaker i dei sakstypane selskapet viser til. Selskapet utfører oppmålingsforretningar i tråd med rammeavtale med åtte kommunar og får inntekter som er utrekna etter prosentar av gebyrregulativet. Satsane ligg på 37,5–50 prosent av regulativet til kommunen, og dette gir 6 500–11 000 kroner for ei standard bustadtomt. Med ein timepris på 1000 kroner gir dette 6–11 timars arbeid per sak. Desse prisane gjeld også opptil 200 km frå næraste kontorstad og gir stort sett overskot (95 prosent). Kompliserte saker kan komme opp mot 10–15 timar. Selskapet har ført timeregistrering på kvar enkelt sak i 16 år og meiner derfor det har svært god dokumentasjon for timebruken. Selskapet ser at det er svært ulik kompetanse i store og små kommunar, og meiner forslaget tilseier at tenestene kan tilpassast etter behovet i kvar enkelt kommune.
MjøsPlan AS viser til at privat eigedomsmåling allereie er ein etablert bransje, og at oppgåvene har vist seg å vere godt eigna for marknaden der dette har vore forsøkt. Prisdanninga vil bli meir rettferdig, og det vil bli etablert eit meir realistisk forhold mellom pris og dei reelle kostnadene i samband med å utføre tenesta. Forslaget vil også gi ei vesentleg raskare saksbehandling for oppdragsgivarar samtidig som ein vil få større fleksibilitet og effektivisering i prosjekta med tanke på koordinatfesting av eksisterande grenseforhold, koordinatfesting av nye grenser, det å stikke ut tiltak og grenser, og det å setje ned grensemerke. Ein vil også kunne hente ut vesentlege effektiviseringsgevinstar ved at landmålarføretaket vil kunne komme inn i prosessen på eit tidlegare stadium og avklare misforståingar og uklare detaljar ved eksisterande grenser.
Norges Skogeierforbund er einig i at tida er moden for å etablere ei meir fleksibel organisering av eigedomsoppmåling som profesjonsregulert tenesteyting.
Rådgivende Ingeniørers Forening (RIF) meiner forslaget med stort sannsyn vil gi raskare saksbehandling og rimelegare tenester for oppdragsgivarane. Samtidig vil ein få større fleksibilitet og effektivisering i prosjekta med tanke på koordinatfesting av eksisterande grenseforhold, koordinatfesting av nye grenser, det å stikke ut tiltak og grenser, og det å setje ned grensemerke.
NITO og Tekna bedriftsgruppe i Geomatikk Survey AS er positive til at det blir opna opp for at private landmålarføretak kan gjennomføre oppmålingsforretningar, så sant det blir utarbeidd klare og ryddige rammer for korleis arbeidet med eigedomsoppmåling blir organisert. Det blir vist til at kommunane har tilsette som sit på verdifull kompetanse og erfaring, og som vil bidra til at kommunar som framleis vil utføre arbeidet på lik linje med private landmålarar, vil vere konkurransedyktige. Bedriftsgruppa meiner ein sunn kombinasjon av samarbeid og konkurranse truleg vil skape fordelar for alle involverte aktørar, ikkje minst for kunden. Auka konkurranse og eit utvida tilbod vil normalt sett føre til skjerpa verksemd, som igjen resulterer i eit betre marknadstilbod. Moglegheita for tettare samarbeid mellom kommunar og private aktørar blir rekna som svært interessant. Dette kan til dømes skje gjennom gode og fleksible rammeavtalar der ein kontinuerleg kan justere kapasiteten ut frå talet på saker og sesongvariasjonar. Dei viser til at tidsforbruk og pris kan vere vanskeleg å føresjå, spesielt i startfasen, fordi private aktørar, på lik linje med det kommunale i dag, vil ha noko ulik praksis og tilnærming. Dermed vil ein naturleg nok få ein situasjon som liknar det ein har i det kommunale dag. Nokre leverer raskare og billegare enn andre. Dette aspektet vil gjennom konkurranse utvikle seg i ei positiv retning for kunden fordi aktørar som leverer på område som effektivitet, kvalitet og service vil bli leiande i marknaden. Dei viser vidare til at den oppmålingstekniske kompetansen er høg blant private aktørar, og at desse bedriftene er vande til å utføre nøyaktig og godt dokumentert landmåling, og aktivt ta i bruk ny teknologi, ny programvare og nytt utstyr. Kompetansekrav vil nok få ein positiv effekt: Strengare krav til kompetanse vil føre til at landmålartenester over heile landet får eit kvalitetsløft, både privat og kommunalt. Noreg har eit høgt tal eigedomstvistar samanlikna med nabolanda, og auka kompetanse på landmålarsida vil truleg føre til færre eigedomstvistar enn det vi har i dag.
Tilsette ved oppmålingseininga i Grimstad kommune peikar på at landmålaren som skal gjere oppmålinga av eigedomsgrensene, skal vere heilt upartisk overfor alle grunneigarane. Dei meiner praktiseringa i dag er i strid med grunnleggjande internasjonale habilitetsreglar. Ordninga i dag har ikkje krav til kommunal organisering av oppmålingstenestene. Det finst døme der den kommunale landmålaren er organisert direkte under den kommunale eigedomstenesta. Dei peikar vidare på at kommunane har godteke at Statens vegvesen gjer oppmålingsforretningar over statleg og fylkeskommunal veggrunn, og at det då faktisk er slik at den same personen underteiknar papir både som landmålar og som grunneigar. Vidare viser dei til at slik systemet er i kommunane i dag, er det vanskeleg å rekne ut dei reelle kostnadene ved oppmåling. Særleg for store areal blir fakturaene gjerne det mangedobbelte av dei faktiske kostnadene. Det blir også peika på at når oppmålingstenesta blir organisert som «forvaltning» og ikkje som ei «teneste», vil effektiviteten lide. Det er i dag ikkje kompetansekrav til den som gjer oppmålingsforretningar i kommunane. Særleg dei eigedomsrettslege kunnskapane og kunnskapar om konfliktløysing kan vere svake. Det manglar ein bransje som kan støtte eigarar og utbyggjarar i eigedomsrettslege saker, og kommunale landmålarar bør sjå på ein slik bransje som svært interessant. I tillegg bør dei vere attraktive som medarbeidarar i slike firma for eigedomslandmålarar. Dei tilsette i Grimstad ser at mange kommunar er imot forslaget og ikkje vil gi slepp på det kommunale monopolet, men meiner omsynet til servicen for dei som betalar for oppmålingstenestene, og omsynet til rettstryggleiken i landet, bør vege tyngst.
Desse instansane støttar ikkje forslaget:
Fylkesmannen i Hedmark, jordskifterettane i Frostating, jordskifterettane i Hålogaland og jordskifterettane i Nedre Buskerud mfl. Kommunane Alta, Alvdal, Arendal, Asker, Askim, Askøy, Audnedal, Aurskog-Høland, Austrheim, Averøy, Bamble, Bergen, Birkenes, Bodø, Bremanger, Bykle, Bø i Telemark, Bømlo, Drangedal, Eidfjord, Eidskog, Eidsvoll, Enebakk, Fet, Folldal, Forsand, Fredrikstad, Frogn, Frøya, Fusa, Fyresdal, Gausdal, Gjesdal, Gjøvik, Gol, Gran, Granvin herad, Hammerfest, Hattfjelldal, Hemsedal, Hitra, Hol, Horten, Hvaler, Hyllestad, Inderøy, Jølster, Karmøy, Klepp, Kragerø, Kristiansand, Kristiansund, Krødsherad, Kviteseid, Kvæfjord, Larvik, Lesja, Lillehammer, Lindås, Lom, Lurøy, Lørenskog, Masfjorden, Meland, Melhus, Meråker, Modum, Narvik, Nedre Eiker, Nes i Akershus, Nes i Buskerud, Nesna, Nesodden, Nissedal, Nittedal, Nome, Nord-Fron, Nordre Land, Notodden, Oppdal, Oppegård, Orkdal, Oslo, Osterøy, Porsgrunn, Radøy, Rana, Randaberg, Rendalen, Rennesøy, Ringebu, Ringsaker, Rissa, Rælingen, Røros, Røyken, Sandnes, Sarpsborg, Sauda, Sauherad, Sel, Seljord, Skedsmo, Ski, Skien, Skjåk, Sola, Stange, Stavanger, Stord, Stranda, Suldal, Sunndal, Søndre Land, Sør-Fron, Sørum, Tana, Time, Tinn, Tolga, Tromsø, Trondheim, Tvedestrand, Tynset, Tysvær, Tønsberg, Ullensvang, Vaksdal, Verran, Vestby, Vikna, Vindafjord, Vinje, Volda, Voss, Vågan, Våler, Ørsta, Øyer, Åfjord, Ål, Ålesund, Ås og Åseral.Innherred samkommune og rådmannsutvalet i Valdres, Fylkesgeodatautvalget i Hedmark og Oppland, Kartforum Søre Sunnmøre, Kompetansenettverket Gis-sør i Østfold, KS, Opplysningsvesenets fond, Rom Eiendom AS, Storkommunegruppa, Vansjøregionen, Advokatforeningen, Arbeidstakerorganisasjonen Delta, Espen Brandshaug, Fagforbundet, Fagforbundet avd. Hå kommune, fagpersonar på Øvre Romerike, Geodatateam Sortland, landmålarar i Asker mfl., landmålarar i Indre Sogn, landmålarar på Haugalandet, NITO, NITO i Fredrikstad kommune, NITO i Stavanger kommune, Norges Bondelag, Norsk Kommunalteknisk Forening, Tekna, Tekna i Fredrikstad kommune, Tekna i Kristiansand kommune, Tekna i Stavanger kommune, tingsrettsmiljøet ved NMBU, Torbjørn Trageton og Vigdis Tveit.
Mange av kommunane har samanfallande innfallsvinklar og synspunkt.
I all hovudsak uttalar desse kommunane at den noverande ordninga fungerer godt, at forslaget vil bidra til utarming av dei kommunale fagmiljøa innanfor kart og oppmåling, at samhandlinga mellom byggjesaksbehandling, oppmåling og matrikkelføring vil bli svakare, og at dette set mange store offentlege samarbeidsprosjekt i fare. Fleire understrekar at dette er fagfolk med viktig kompetanse som har vore pådrivarar for effektive og innovative løysingar på ei rekkje område i kommunen.
Fleire av kommunane meiner ei privatisering uansett ikkje bør skje før kvaliteten på matrikkelen har blitt kraftig oppgradert. Mangel på kommunale fagfolk kan føre til at regjeringssatsinga på digitalisering ikkje lèt seg gjennomføre. Det blir vanskelegare for kommunane å gi god rettleiing, det blir ulik tilgang til landmålarar mange stader, og det er lite som talar for at oppgåvene samla sett blir billegare, betre eller generelt meir tilgjengelege ved å oppheve det kommunale ansvaret.
Fleire av kommunane meiner eigedomsoppmåling ikkje eignar seg for den private marknaden, og at det blir dyrare med oppmåling utført av private føretak. Med fri prisdanning vil prisen i sentrale/tettbygde strøk truleg bli lågare enn i mindre tettbygde strøk og distrikta. Den store prisvariasjonen i oppmålingsgebyra rundt om i landet kan ein løyse ved å gi klarare forskrifter for gebyrsetjing. Ei slik regulering vil gi høve til betre priskontroll enn prising i ein privat landmålarmarknad. Private føretak må også rekne meirverdiavgift på tenestene sine. Sjølv om privatisering av oppmåling vil gi forbrukaren val og fri konkurranse, vil det i mange kommunar og distrikt ikkje finnast mange private oppmålingsfirma som kan konkurrere, og ein risikerer privat monopol. Private firma må samle opp fleire oppdrag i det same området før dei kan utføre oppdrag i grisgrendte strøk. Kommunen kan ikkje velje vekk oppmålingssaker som er vanskelege og tidkrevjande. I dag hjelper kommunen forbrukarane gjennom heile prosessen, som ein del av rettleiingsplikta til kommunen. Dette tek ikkje kommunen betalt for.
Fleire av kommunane peikar på at forslaget fører til at enkeltståande landmålarføretak får ansvar for arkivering av dokumentasjon av dataa sine. Dette vil seie at dokumentasjonen frå oppmålinga kan bli mindre tilgjengeleg og meir tidkrevjande å få tilgang til ved seinare behov for han.
Fleire av kommunane meiner det vil vere vanskelegare for partane å ha tillit til at landmålaren er uavhengig, fordi det er eit direkte kundeforhold mellom landmålaren og ein av partane. Det er få klagesaker i dag, men når det blir lagt opp til ein prosess der både private og offentlege aktørar er involverte, fører det til dobbelt klagetilgang, altså både etter forbrukarklageordninga og forvaltningslova. Det vil då vere vanskeleg for forbrukaren å plassere ansvaret. Den som bestiller ei oppmålingsforretning hos eit landmålarføretak, kan klage etter forbrukarrettslege reglar, men naboane kan ikkje gjere det. Talet på konfliktar vil auke, og det kan bli fleire saker for domstolane. Det blir stilt spørsmål om kven som har ansvar for landmålinga dersom føretaket går konkurs. Det finst i dag tilgang til rådgiving både hos konsulentar, advokatar og meklarføretak. Sjølv om ein autorisasjon vil forplikte ein landmålar til å opptre nøytralt, vil kommunen likevel kunne bli rekna som nøytral og konfliktdempande samanlikna med eit privat firma som er engasjert og betalt av den eine parten.
Fleire av kommunane meiner forslaget vil bidra til ein oppdelt prosess mellom kommunen, dei private føretaka og Statens kartverk, og dette kan føre til mindre oversikt over prosessen. Dette kan gjere at den samla tidsbruken fram til sluttført matrikulering blir lengre enn i dag. Oppmålingsseksjonen i kommunen har mykje lokalkunnskap og yter god service til innbyggjarane i eigedomsspørsmål, og det er enkel tilgang til arkivmateriale. Den noverande ordninga gir ei føreseieleg teneste til innbyggjarane som fungerer godt og bør førast vidare. Det er tvil om kommunane framleis vil tilby oppmålingstenester sjølve dersom dei får tilgang til det under den nye ordninga, og dei vil nok heller prioritere å sikre geomatikkompetanse og kapasitet til dei andre oppgåvene i kommunen.
Fleire kommunar peikar på at det manglar evaluering av den noverande ordninga. Dei viser til den positive utviklinga som går fram av tabelloversikta frå departementet, der saksbehandlingstida dei seinare åra har gått ned, og det er ingen grunn til å tru at denne utviklinga ikkje vil halde fram.
Fylkesmannen i Hedmark meiner forslaget vil svekkje kompetansemiljøa i kommunane og redusere inntektssida til kommunane. Kompleksiteten i sakene varierer, og kostnadsnivået vil truleg auke der det er uoversiktlege eigarforhold og unøyaktig og uoversiktleg grensehistorikk. Kostnadene vil auke vesentleg for dei mest kompliserte sakene. Om det er betalingsvilje eller betalingsevne til dette, vil variere, og det kan verke inn på kvaliteten på eigedomsinformasjonen i matrikkelen. Ved den foreslåtte omorganiseringa vil eigedomsoppmålinga miste verdifull lokalkunnskap og fagkunnskap som kommunane i dag sit på. I Hedmark vil desse fagpersonane ikkje nødvendigvis ha ein stor nok marknad til å opprette private føretak. Det vil i alle fall ikkje vere marknad for å etablere mange konkurrerande tenesteytarar i delar av Hedmark fylke, med dei konsekvensane dette kan få for prisdanning og kvalitet.
Jordskifterettane i Frostating er skeptiske til ei privatisering av landmålingstenestene og peikar på at for at desse tenestene skal fungere godt nok, er ein heilt avhengig av at kommunane har nok fagleg kompetanse til å gi korrekt informasjon før utføring, og ikkje minst kompetanse til å gjere ein fagleg kontroll i etterkant.
Jordskifterettane i Hålogaland er skeptiske til forslaget. Dei peikar på at reforma i seg sjølv ikkje vil bidra til ei kvalitetsheving av matrikkelen. Erfaringane med kvalitetsheving tilseier at det er behov for lokalkunnskap og nærleik til dei som ønskjer å rydde opp i eigedommane sine. Dei viser også til at det er ein fare for at ein privat landmålar vil bli oppfatta som ein partsrepresentant.
Alta kommune peikar på at det er ei større utfordring at det ikkje er samsvar mellom plan- og bygningslova, eigarseksjonslova og matrikkellova, enn at kommunane manglar kompetanse på eigedomsdanning i komplekse og urbane prosjekt, og at konsekvensane av forslaget kanskje blir størst for kvalitetssikringa av matrikkelen. Kommunen peikar vidare på at sidemannskontroll sikrar at det i dag er god kvalitet på behandlinga av søknader om deling, gjennomføringa av oppmålingsforretningane og føringa av matrikkelen. Kommunen meiner forslaget må kunne seiast å bere preg av å vere ideologisk motivert.
Alvdal kommune meiner at omsynet til å følgje hovudmodellen for eigedomsmåling i resten av Europa ikkje bør vere avgjerande fordi Noreg med bakgrunn i eigedomshistorikken sin og ein matrikkel med dårleg kvalitet har eit heilt anna utgangspunkt enn dei fleste europeiske landa. Dersom det er eit mål at eigedomsmåling i Noreg skal nærme seg ein europeisk modell, må først matrikkelen vere feilfri, og ein må endre rolla til den som gjennomfører forretninga.
Arendal kommune peikar på at det ikkje vil vere heldig med ein situasjon der kommunar skal konkurrere med landmålarføretak. Konkurransen vil vanskeleg kunne skje på like vilkår, og kommunen vil få ei dobbeltrolle som aktør i ein konkurranse og som godkjennande styresmakt etter plan- og bygningslova. Kommunen meiner forslaget vil føre til meir byråkrati og mindre samordning mellom landmålaren, bygningsstyresmakta og matrikkelstyresmakta. Sakene vil i større grad enn i dag flytte seg mellom dei ulike nivåa føretak, kommune og stat. Kommunen meiner at grunnlaget for ein konsulentbransje med basis i eigedomsspørsmål og oppmåling i høgaste grad er til stades, men at tilgangen på fagfolk er ei utfordring. Det bør vere tilstrekkeleg at kommunane leiger inn landmålarføretak (anbodsmodellen), og at dette ikkje krev lovendring.
Asker kommune meiner den foreslåtte ordninga vil vere mindre fleksibel. I dag kan ein under oppmålingsforretninga samtykkje i mindre avvik frå delingsløyvet for å få ei fornuftig grense. Ein kan dermed korrigere unøyaktige detaljar og misforståingar i søknadsmaterialet før saka blir sluttført. Det vil ofte vere behov for ei viss tilpassing av løyvet til forholda i terrenget. Dette kan ikkje førast vidare dersom oppmåling blir definert som tenesteyting. Det blir sett på som uheldig at landmålarreforma kjem samtidig med kommunesamanslåingar.
Bergen kommune meiner at samspelet om byutvikling, altså byplanlegging, eigedomsstruktur/-rettar og byggjesaker, vil forvitre dersom det eigedomsfaglege elementet blir teke ut av ansvars- og styresmaktsområdet til kommunen. Kommunen peikar på fleire forhold i matrikkellova som med fordel kan endrast uavhengig av organisering, slik som mindre rigide reglar for bruk av utsett oppmålingsforretning, betre handtering av anleggseigedommar, betre handtering av uteareal som er knytt til eigarseksjonar, heving av kvaliteten på matrikkelen gjennom eit felles prosjekt i stat/kommune, ikraftsetjing av § 7 i matrikkelen (krav om at grenser skal vere klarlagde før eit eventuelt sal av eigedommen) og krav om ansvarleg søkjar for delar av delesøknadene etter plan- og bygningslova.
Eidsvoll kommune meiner at det for nokre enklare oppmålingssaker kan liggje til rette for fritt landmålarval. Når det gjeld grensemåling og frådeling av tomter generelt, har ein derimot ofte å gjere med vurderingar som grensar til plan- og bygningslova og krav til habilitet. Ved at oppmålingar blir gjorde av ein kommunal tenestemann, har ein lang erfaring med at dette gir tillit hos folk, og at kunnskapen om eigedommar blir samla på éin stad.
Gjøvik kommune viser til at kommunen vil miste verdifull kompetanse innanfor eigedomsforvaltning. Tenestedelen gir Gjøvik kommune ei inntekt ut frå budsjettet på 1,35 millionar kroner. Kommunen meiner denne inntekta vil forsvinne dersom forslaget blir vedteke. Dette vil føre til at talet på tilsette må reduserast, og dermed vil fagmiljøet på området bli svekt. Eigedomsdelen i matrikkelen har i dag store manglar. Under den noverande ordninga tek kommunen ansvar for supplering og retting langt utover oppdrag som følgjer av rekvisisjonar/ oppmålingsforretningar. Dersom forslaget blir vedteke, vil denne betringa av matrikkelregisteret bli avslutta.
Hitra kommune meiner at forslaget truleg vil føre til ei storstila overføring av nødvendige kompetansearbeidsplassar frå distrikta til sentrale strøk, og det vil lett gjere at kommunen blir sitjande igjen med arbeid og oppfølging som det blir problematisk å krevje dekt.
Krødsherad kommune viser til at det i nærleiken av Krødsherad berre er eitt privat firma som har gjennomført oppmålingsforretningar. Dersom kommunen blir sitjande igjen med berre vedtaksdelen og registrering av adresser og bygningar, fell mange av arbeidsoppgåvene vekk, og det vil svekkje moglegheitene for å rekruttere og ta vare på dyktige fagpersonar.
Larvik kommune viser til at eit privat landmålingsfirma vil vere avhengig av kommunen for å få tilgang til alt nødvendig grunnlagsmateriell (nabolister, kopi av gamle skulddelingsforretningar, målebrev, uttrekk frå matrikkelen, m.m.). Skal det gjerast ein god nok jobb med oppgåvene etter matrikkellova, reknar ein tida som vil gå med etter delingsvedtaket, til å vere om lag 60–40 prosent kontorjobb/oppmåling. Dei tvilar på at eit privat oppmålingsfirma vil klare å måle billegare enn kommunen når dei likevel får kostnader med å hente hjelp frå kommunen.
Oslo kommune kan ikkje sjå at høyringsforslaget dokumenterer at oppmålingssaker vil gå raskare som tenesteyting. I det noverande lovverket er det ein konkret tidsfrist for gjennomføringa av oppmålingsforretninga. Ein slik tidsfrist vil falle vekk med forslaget, og gjennomføringa av tenesta vil vere avhengig av at ein har god nok tilgang til eit autorisert landmålarføretak. Kommunen meiner at dei ansvarsskifta lovendringa legg opp til, i seg sjølve kan føre til auka tidsbruk i eigedomsdanningsprosessen. Dette vil særleg bli synleg i dei tilfella der ein er avhengig av vedtak etter plan- og bygningslova.
Rana kommune er einig at det kan vere ein effektiviseringsgevinst dersom eit føretak kan stå ansvarleg både for byggplassering og eigedomsgrenser, men viser til at dei fleste oppmålingsforretningane i Rana ikkje er knytte til nye utbyggingsprosjekt. Samspelet mellom plan- og bygningsstyresmaktene og landmålarane vil bli mindre effektivt når det er behov for endringar i løyva som er gitt.
Sarpsborg kommune kommenterer at dei døma som er brukte som argument for at prisane vil gå ned ved ny organisering, først og fremst gjeld nye tomter med regulerte eigedomsgrenser i reguleringsplanar, der grensene omkring allereie er klarlagde. I desse sakene er det ingen eksisterande grenser som skal finnast att eller rekonstruerast, og nye grenser følgjer dei regulerte eigedomsgrensene. Kommunen reknar desse oppmålingssakene som enkle og raske å gjennomføre, men dei er samtidig også berre ein liten del av sakene til kommunen. Det er dei enkle sakene som det er vist til, som kan bli noko billegare ved ny organisering, medan meir kompliserte saker, som det er klart flest av, blir dyrare.
Stord kommune peikar på at det ikkje er greidd ut nok kva for negative konsekvensar ei utarming av kommunal kompetanse innanfor kart og oppmåling kan føre til, mellom anna dei sterke implikasjonane dette kan få for til dømes beredskapsarbeid.
Sørum kommune fryktar at det nye forslaget vil føre til ein auke i eigedomsgrensetvistsaker.
KS viser til vedtak i hovudstyret om å gå imot å oppheve kommunen sitt ansvar for eigedomsoppmåling som eit offentleg forvaltningsansvar. KS meiner forslaget vil få vesentlege konsekvensar for kommunesektoren dersom det blir vedteke. Det vil særleg gå ut over den eigedomsfaglege kompetansen i kommunane, som er viktig i andre samanhengar enn eigedomsoppmåling, til dømes ved arealplanlegging og byggjesaker. Dagens organisering er effektiv, fleksibel og velfungerande. Med eit kommunalt ansvar for oppmålinga blir det få misforståingar og lite avvik frå plan- og delevedtaka. Dei viser til at det knapt er registrert klagesaker og rettssaker innanfor fagområdet under den noverande ordninga (etter 1980). Med den foreslåtte omorganiseringa blir arbeidet meir fragmentert. Kartverket vil få det overordna ansvaret og primært føre eigedomsgrensene, medan kommunane framleis skal føre opplysningar som adresse, bustad og bygning. Denne oppdelinga er ein naturleg konsekvens av forslaget, men like fullt ein uheldig konsekvens. Matrikkelen blir brukt i stadig større grad, frå 613 millionar kall i 2013 til 2,1 milliardar kall i 2015 (ein auke på 242 prosent). KS viser til at kvaliteten på informasjonen i matrikkelen varierer veldig frå kommune til kommune, og at den foreslåtte omorganiseringa kan føre til at kvaliteten blir dårlegare.
Opplysningsvesenets fond meiner det er grunn til å tru at søknadsprosessane høyringsnotatet legg opp til, vil vere mindre forbrukarvennlege og meir byråkratiske enn den noverande ordninga. Etter den noverande ordninga kan ein søkje om deling og oppmåling i det same skjemaet, og alt blir gjort i éin prosess i kommunen. Forslaget vil leggje til rette for næringsutvikling og utvikling av ein ny konsulentbransje som kan gi støtte i eigedomsspørsmål. Fondet meiner dette ein konsulentbransje som allereie er utvikla, og dei kan ikkje sjå at det skal vere behov for å utvikle ein ny konsulentbransje ved sida av den som allereie eksisterer.
Rom Eiendom AS støttar ikkje forslaget og viser til at private ikkje vil vere omfatta av saksbehandlingsfristar, slik kommunen vil vere, at reisekostnader må leggjast til honoraret i kommunar der det ikkje er landmålarføretak, og at i omstridde oppmålingssaker vil kommunen stå fram som ein meir nøytral part enn ein privat landmålar og enklare kunne hente inn opplysningar.
Advokatforeningen er kritisk til at eigedomsoppmålinga blir endra frå å vere ei kommunal oppgåve til å bli ei profesjonsregulert teneste med fri prisdanning. I tillegg til at oppmålingstenestene som i dag er sjølvkostbaserte, kan bli dyrare for brukarane i ein privat marknad, fryktar foreininga at verdifull eigedomskompetanse i kommunen kan forsvinne ved at tenestene kan bli tilbydde av andre enn kommunane, og dette kan gi brukarane dårlegare tenester. Dei viser til at i det kommunale arbeidet med plan- og byggjesaker er det verdifullt at kommunen har god nok eigedomskompetanse og kjennskap til lokale eigedomsforhold, og dette er noko kommunane mellom anna tileignar seg gjennom oppmålingsforretningar. Ein tilstrekkeleg kompetent kommune er viktig for kvaliteten på tenestene til brukarane i plan- og byggjesaker, der kommunane kan gi verdifull rettleiing til utforming av forslag og søknader, som i dag er gratis. Det kan vere at kommunar, særleg på mindre stader, sit på verdifull lokalkunnskap som er viktig i utføringa av tenesta, som ikkje private selskap i same grad kan få. Dessutan vil kommunane, i motsetning til ein privat landmålar som er engasjert av søkjaren, bli oppfatta som ein meir nøytral part av naboar og andre som blir påverka av ei kart- og delingsforretning.
Arbeidstakerorganisasjonen Delta støttar ikkje forslaget og meiner oppmåling er ei forvaltningsoppgåve som fungerer godt og framleis bør liggje til kommunen. Delta fryktar at dei foreslåtte endringane kan få konsekvensar for både kvaliteten og legitimiteten til tenestene. I overgangsprosessane vil det også bli oppsplitting av kompetanse, som vil svekkje kvaliteten meir. Dei peikar også på at forslaget kan føre til sentralisering, høgare pris og eventuelt lengre saksbehandlingstid, særleg i distrikta.
Fagforbundet peikar på at det ikkje er den tekniske landmålinga som er det mest utfordrande i bransjen, men samanhengen mellom landmåling og eigedomsjuss, altså kompleksiteten i heile oppmålingsforretninga. Fagforbundet meiner at det ikkje er økonomisk lønnsamt for samfunnet å opne opp for private aktørar. Privatisering av tenesta vil kunne føre til ulik praksis, lengre ventetid og høgare prisar. I tillegg kan tilbodet komme til å variere i ulike kommunar og innanfor den same kommunen. Dei peikar også på at det blir dyrare tenester, lengre behandlingstid og meir byråkrati, og at det er fare for private monopol.
Fagforbundet avd. Hå kommune peikar på at ei privatisering vil skape unødig støy med fleire aktørar med ulike innfallsvinklar i sakene. Sterkare band mellom rekvirent og ein privat landmålar kan føre til større uvisse/ueinigheit mellom tiltakshavaren og naboen i spørsmål om eigedomsgrenser og rettar på eigedommar.
Geodatautvalget i Hedmark og Oppland viser til at det er stort behov for meir og betre geografisk informasjon i alle samfunnssektorar. Auka privatisering av oppmålingstenester og sentralisering av matrikkelføring vil kunne føre til at dei kommunale fagmiljøa blir svekte. Utvalet tilrår at departementet gjer ei grundig kost/nytte-vurdering av å innskrenke kommunale geodatamiljø ut frå nasjonale utviklingsbehov innanfor geodata.
Fagpersonar på Øvre Romerike peikar på at dei har sett fleire tilfelle der private firma har utøvd eit dårleg landmålarskjønn ved forståinga av korleis ein taklar uklare grenser. Det har dermed oppstått unødvendige uheldige situasjonar som går ut over tredjemann.
NITO meiner forslaget legg opp til ei deling av saksprosessen mellom private aktørar og det offentlege, og at det vil vere vanskeleg for kunden å plassere ansvar i ein slik innfløkt prosess. NITO meiner ein bør greie ut desse momenta nærare: a) ansvarsforhold, rutinar og konsekvensar av ein konkurs i eit landmålarfirma, b) klagerettane for bestillaren og naboar, og c) konsekvensar av klager for matrikkelføraren.
Norges Bondelag fryktar at innbyggjarane med den foreslåtte omlegginga får eit dårlegare og dyrare tenestetilbod enn under den noverande forvaltningsordninga. Organiseringa vil også kunne svekkje høvet til å klage for innbyggjarane. Organisasjonen meiner at dei moglege utfordringane som er knytte til den foreslåtte omlegginga, er svakt greidde ut, og at forslaget i liten grad skildrar korleis departementet tenkjer å bøte på desse utfordringane.
Torbjørn Trageton kommenterer at ei ordning som er tenleg i eitt land, kan vere heilt ueigna i eit anna land som har andre behov og føresetnader for matrikkelsystemet sitt. Han meiner derfor ein skal vere varsam med å trekkje lærdom av utviklinga i andre land. Han meiner at busetjingsmønster, eigedomsstruktur, endringstrendar i topografiske, klimatiske og kommunikasjonsrelaterte forhold, og kvaliteten på tidlegare fastmerkegrunnlag for målearbeid og kartverksstatus er viktige faktorar når ein skal gjere eit optimalt val av organisasjonsmodell for matrikkelarbeidet. I høyringsutkastet er fleire av forholda ikkje nemnde, og det er heller ikkje verdien av lokalkunnskap. Han meiner vidare at i eit demokratisk samfunn er offentleg styrte monopol langt betre for samfunnet enn privatstyrte monopol til å utføre oppgåver samfunnet har bruk for. I Noreg ville den danske modellen for store delar av landet resultere i at private monopol ville måtte stå for utføringa av delar av det matrikkelarbeidet kommunane gjer i dag. Enkeltoppdrag vil kunne bli så dyre at oppdragsgivaren ikkje vil få utført arbeidet han har behov for, og som samfunnet ville ha god nytte av at blei utført.
Andre fråsegner
GeoForum tek ikkje direkte stilling for eller imot forslaget fordi foreininga representerer landmålarfaglege verksemder og bedrifter både i kommunal og privat sektor. Argumenta frå det kommunale fagmiljøet i foreininga samsvarar i all hovudsak med det som er referert ovanfor frå dei kommunane som går imot forslaget. Dei uttrykkjer stor uro for at formålet med matrikkellova om «eit einsarta og påliteleg register» blir undergrave dersom forslaga til endringar blir vedtekne og sette i verk. Det kommunale fagmiljøet meiner dei foreslåtte endringane vil kunne føre til meir byråkrati og mindre føreseielege forhold for brukarane når det gjeld pris og gjennomføring av oppmålingsforretningar. Kvar enkelt brukar vil sjølv måtte hente inn pristilbod og gjere avtale om gjennomføring av oppmålingsforretning med eit privat eller kommunalt oppmålingsføretak. Den innovative kommunikasjonen som i dag skjer mellom arealplanleggjarar, byggjesaksbehandlarar og oppmålingsingeniørar i kommunen, vil ikkje kunne bli utnytta av kundane. Andre negative forhold som vil oppstå dersom den noverande ordninga blir endra, er at det ikkje vil finnast noka oversikt over aktuelle eller utførte oppmålingsforretningar, og at oppmålingsarkivet til kommunen ikkje vil bli oppdatert.
Det private fagmiljøet i GeoForum meiner at forslaget vil føre til effektivisering av eigedomsmålingane. Dei viser til at den private bransjen gjerne er engasjert i prosjekt som krev oppmålingsforretning, og at dei allereie sit med kunnskap om eigedommane og koordinatane på nye tomtegrenser. Vidare meiner dei at det finst mykje unytta effektiviseringsgevinst i dag som ikkje blir utnytta på grunn av monopolsituasjonen til kommunane. Leveringstida vil i mange tilfelle vere avgjerande for val av leverandør, og dei viser til at bedriftene stiller opp på oppmålingsforretning når kunden ønskjer dette. Fleire landmålarfirma er tilgjengelege heile sommaren fordi det er mange kundar som berre har denne perioden til å ordne opp i grenser. Forslaget vil leggje til rette for ein heilt ny æra for landmålarane. Endringsforslaga vil føre til at brukarane av tenestene kan hente inn prisar frå fleire leverandørar, både private og offentlege, og velje leverandør ut frå pris, leveringstid og kompetanse. Bedriftene erfarer at desse tenestene vil kunne bli tilbydde over heile landet, fordi mange grisgrendte kommunar i dag allereie er kjøparar av tenester frå den private marknaden. Det private fagmiljøet viser til at ei rekkje oppgåver i kommunane over tid har overført oppgåver i teknisk sektor til private. Dette gjeld mellom anna vatn- og avløpssektoren, utarbeiding av kommunale arealplanar, renovasjon og vegbygging og vedlikehald av vegar. Oppgåvene til kommunane er no i større grad avgrensa til forvaltning og kontroll enn tidlegare.
Hornindal kommune ser både fordelar og ulemper med forslaga. Det vil bli ein profesjonell marknad med flinke landmålarar, slik at ein unngår inkompetente kommunale landmålarar. Ved sentral matrikkelføring vil det byggje seg opp ein ekspertise av matrikkelførarar som vil bruke mindre tid per oppmålingsforretning, slik at det heile blir meir effektivt. Kommunane får frigjort ressursar som kan nyttast til andre formål. Kommunen stiller spørsmål ved om det er rett å sentralisere/privatisere når kommunereforma likevel skal munne ut i større einingar som kan ta større ansvar. Kommunen ser også store ulemper ved forslaget og viser til at private og sentrale aktørar ikkje har lokalkunnskap, og kan komme opp i situasjonar der dei ikkje kan ta avgjerd i ulike saker. Desse aktørane har heller ikkje tilgang til kommunale arkiv med oppmålingsprotokollar og liknande frå tidlegare arbeid, og dei er ikkje nær innbyggjarane, som ofte treng rettleiing.
Høgskolen i Bergen gir ikkje uttrykk for eit spesielt syn på om landmålaren skal vere tilsett i ei privat verksemd eller i ein kommune. Det er ulike modellar for dette i samanliknbare land. Sverige og Finland har verksemda organisert i eit statleg kartverk, med delegering til nokre kommunar etter litt ulike modellar. Også i Nederland er landmålarane tilsette i det statlege kartverket (Kadaster). Den dominerande modellen er likevel at landmålarane er organiserte i private verksemder. Høgskulen ser ikkje at det er noko som tilseier at ikkje statlege eller kommunalt tilsette landmålarar kan utføre arbeid med like god kvalitet som privat organiserte landmålarar. Det er ikkje noko som tilseier at arbeidet landmålarane utfører i dei nemnde landa, står tilbake når det gjeld kvalitet, samanlikna med land der landmålarprofesjonen er organisert i privat sektor. Men høgskulen peikar på at organiseringa i Noreg med at oppgåvene og kompetansen til landmålaren er gjort til eit kommunalt ansvar fullt ut, er særnorsk. For svært mange kommunar utgjer oppmålingsarbeidet eit omfang som er mindre enn eit årsverk, og det seier seg sjølv at det er umogleg for mange mindre kommunar å opparbeide og halde ved like eit kompetent fagmiljø over tid. Høgskolen i Bergen går ut frå at det er først når ein kommune har ein storleik på 25 000 innbyggjarar, at ein vil kunne etablere eit reelt fagmiljø. Høgskulen trur det vil vere vanskeleg å få gjennomført ei autorisasjonsordning for landmålaren i alle kommunane i landet når andre utøvarar som har ein like sentral funksjon i teknisk sektor i kommunen, som byggjesaksbehandlarar, VA-ingeniørar og leiarar, ikkje er omfatta av sentralt definerte kompetansekrav eller er del av noko autorisasjonssystem. Høgskulen meiner at privat oppmåling vil kunne fungere innanfor rammene av det forslaget regjeringa har lagt fram, men det krev at landmålaren får ei reell undersøkingsplikt.
Domstoladministrasjonen peikar i ei tilleggsuttale til Justis- og beredskapsdepartementet på at forslaget kan gje ei auke i talet på jordskiftesaker dersom partane får svakare tiltru til habiliteten til private landmålarar, men at det er vanskeleg å vurdere dei budsjettmessige konsekvensane av dette for domstolane.
Jernbaneverket peikar på at det til ein viss grad kan vere ein fordel for dei store prosjekta deira å kunne engasjere landmålarføretak til å utføre større oppmålingsarbeid. Fleire kommunar har kapasitetsutfordringar, slik at det kan vere gunstig med privat landmålarval av omsyn til behovet for rask gjennomføring av nødvendig oppmåling før og etter anleggsgjennomføringa. Når det gjeld kostnader, blir det ikkje så ulikt den noverande ordninga, der oppmåling av nye anlegg gjerne blir fakturert etter tida som er brukt. I område der det ikkje blir etablert aktørar med konkurranse og reiseavstandane er store, må ein vente at oppgåva kan bli dyrare enn den lokale løysinga i dag. Den noverande ordninga fungerer stort sett bra.
Statistisk sentralbyrå skriv at så sant det ikkje fører til svekt kvalitet på digitale data om eigedomsgrenser, har byrået ingen innvendingar mot forslaget om at kommunar og landmålarføretak skal kunne tilby eigedomsoppmåling på like vilkår.
Statens vegvesen meiner at ei endring kan bidra til at kvaliteten på matrikkelen aukar. Etaten meiner at ei endring av organisering av eigedomsmåling ikkje bør vere eit mål i seg sjølv, men at ei slik endring må vurderast ut frå om dette kan bidra til å auke kvaliteten i matrikkelen. Vegvesenet synest høyringsnotatet kunne vore tydelegare på dette. Etaten kan ikkje sjå at kapasiteten på eigedomslandmålarar i landet aukar dersom oppmålingsverksemda blir flytta frå kommunane til private føretak. Dersom EØS-reglane er slik at ein kan la kommunane og private føretak få drive side om side, er det grunn til å tru at kapasiteten på eigedomslandmåling kan auke, og at matrikkelen då på sikt blir meir fullstendig.
Statnett SF meiner at dagens matrikkel har vesentlege utfordringar som det er viktig å ta omsyn til. Ein del av utfordringane kan løysast ved lovendringar, og nokre forhold vil også føre til at ein må nytte jordskifteretten. Samtidig erfarer Statnett at det i dag finst både kunnskap og vilje hos den lokale matrikkelstyresmakta til å ta tak i og rette opp denne typen feil. Byområde og tettstader vil normalt ha ein svært god matrikkel, som følgje av ei lang historie med oppmålingsverksemd. I desse områda er utfordringane i dag kanskje meir retta mot matrikulering i tre dimensjonar. Men for landet elles, altså for den store majoriteten av areala i Noreg, er situasjonen ein ganske annan. Som landsdekkjande aktør erfarer Statnett dagleg store utfordringar med dagens matrikkel, og dette påfører Statnett og samfunnet ekstra kostnader. Her vil dei spesielt trekkje fram umatrikulerte sameige, eigedomsgrenser som er baserte på flyfoto (frå rundt 1960–1970-åra), manglande kartfesting av eigedommar, automatisk genererte eigedomsgrenser (til dømes langs veg og vassdrag) og ein stor del uskifta dødsbu. I tillegg kjem økonomisk motivert bruk av urådigfråsegner og bruk av aksjeselskap, for å unngå dokumentavgift ved omsetning. Om ein har nødvendig fagkunnskap og erfaring, er det ikkje vanskeleg å konstatere at for store delar av landet har dagens matrikkel avgrensa truverd. Då er det ikkje teke omsyn til at rettar/servitutt normalt aldri går fram i kartgrunnlag, med unntak av festeforhold, som normalt er registrerte. Statnett registrerer at nokre kommunar har utfordringar med å ha nok kapasitet til å gjennomføre oppmåling og matrikkelføring, men samtidig er det mange kommunar som utfører arbeidet bra. Statnett er usikre på om forslaget i sum vil gi positiv gevinst. Forslaget vil leggje til rette for éin samla oppmålingskapasitet på landsbasis, uavhengig av kommunegrenser. Det er grunn til å tru at dette vil bidra til ein kapasitet som enklare vil kunne bli tilpassa det kontinuerlege samla behovet for oppmålingsoppdrag. Dette vil det i dag kunne vere utfordrande å handtere innanfor éin kommune. På same måten vil det også i mange kommunar kunne vere utfordrande å tiltrekkje seg kvalifisert kompetanse. For nokre kommunar, ofte små kommunar, vil både kapasitet og kompetanse bli ei utfordring. Som brukar/kunde meiner Statnett at eit fritt landmålarval vil kunne løyse utfordringar innanfor både kapasitet og kompetanse. Eit alternativ til eit fritt landmålarval basert på tenesteyting kunne vere fritt val av offentleg landmålar – til dømes ved bruk av landmålarar frå nabokommunar. Ei slik løysing, til dømes ved interkommunalt samarbeid, ville i stor grad kunne oppnå dei same gevinstane som den foreslåtte løysinga, slik Statnett ser det.
Statskog SF meiner forslaget kan bidra til at oppmåling i nokre tilfelle kan skje raskare enn i dag, ved at private landmålarføretak i større grad vil tilpasse seg etterspurnaden i marknaden. Samtidig kan tilgangen til oppmålingstenester i nokre geografiske område bli dårlegare. Dette vil helst verke inn på distrikt der det er ikkje er tilstrekkeleg grunnlag for etablering av private landmålarføretak, og der det i tillegg kan vere lang avstand til det næraste føretaket. Privatisering av oppmålinga vil også påverke kostnadene. Dersom ein grunneigar må bruke eit landmålarføretak som har tilhald langt unna, vil dette få konsekvensar for prisen. Det kan også vere vanskeleg å få til reell konkurranse i desse områda, og dette kan føre til urimeleg høge gebyr/prisar for tenester der. Ein privat aktør vil kunne differensiere mellom saker og i større grad fakturere for tida som er brukt, enn det som er vanleg i kommunane i dag. Statskog erfarer at det er stor skilnad mellom oppmålingsgebyra mellom kommunane. Statskog vil ved større feltutbyggingar kunne oppleve at kostnader på kjøp av oppmålingstenester blir av ein slik storleik at dei kjem inn under anbodsreglane for offentlege innkjøp. Dette kan føre til at sjølve bestillingsprosessen blir ressurskrevjande.
Tekna meiner spørsmålet om organisering i stor grad er knytt til om landmålaren skal vere tilsett i kommunen eller i ei privat verksemd. Organisasjonen er først og fremst oppteken av at dei som gjer arbeidet, skal ha rett kompetanse og utføre oppgåvene på ein god måte. Tekna har medlemmer som meiner den noverande løysinga med kommunalt monopol bør førast vidare, og andre medlemmer som ønskjer fritt landmålarval. Felles for begge er at dei er svært tydelege på at det bør etablerast kompetansekrav langs dei linjene regjeringa skisserer. Arbeidet etter matrikkellova er i dag organisert på ein måte som ikkje i god nok grad sikrar god kvalitet på arbeidet som blir gjort. Det er for mange aktørar som arbeider for lite med dei fagleg viktige spørsmåla. I Danmark er det i Geodatastyrelsen under 40 personar som arbeider med matrikulært arbeid, inklusiv føring av saker, systemutvikling, lovgiving, arkiv, saksbehandling og ajourføring. Hos danske praktiserande landinspektørar utgjer matrikulært arbeid 300–400 årsverk. Samanlikna med Danmark verkar ordninga i Noreg å vere organisert på ein lite tenleg måte. Den lovrevisjonen som er foreslått i høyringsnotatet, kan bidra til ei klargjering av kva som er nødvendig statleg infrastruktur, kva som må vere kommunal forvaltning, kva som kan vere privat teneste, og kva som framleis blir grunneigaren sitt ansvar. Privat eigedomsoppmåling kan, slik Tekna ser det, fungere dersom ramma rundt oppgåva blir klargjord.
4.4 Vurderingar frå departementet
Tilbakemeldinga frå høyringsinstansane viser at det er stor ueinigheit om forslaget. Hovudskiljet går mellom anten å vere for eller imot at eigedomsoppmåling skal utførast som profesjonsregulert tenesteyting. Eit svært stort fleirtal av kommunane som har uttalt seg, går heilt imot reforma. Det er få, om nokon av høyringsinstansane, som ser for seg mellomløysingar eller andre alternative løysingar enn det forslaget departementet har fremja. Enkelte av instansane som er imot forslaget, foreslår at ein kan supplere den noverande løysinga med sentrale reglar om gebyr for kommunale oppmålingstenester for å unngå dei store prisskilnadene ein ser mellom kommunane i dag. Nokre av instansane som går imot forslaget, meiner det ikkje er godt nok utgreidd. Det blir etterlyst ei evaluering og kost–nytte-vurderingar av den noverande ordninga.
Menon-rapporten tek for seg dei ulike sidene ved forslaget og vurderer særleg dei samfunnsøkonomiske effektane. Rapporten problematiserer også nokre av føresetnadene for ei vellykka gjennomføring og visse utfordringar ein må handtere på ein vellykka måte for at resultatet av analysen skal stå seg. Det gjeld mellom anna avklaring av reglane for offentleg støtte, problem for næringslivet ved for rask innføring, ei velfungerande autorisasjonsordning, habilitetsproblem og det å gjennomføre ei evaluering før matrikkellova § 7 blir sett i kraft.
På side 42 i rapporten kjem desse hovudkonklusjonane fram («tiltaket» er forslaget frå departementet til løysingar, slik dei kjem fram i høyringsforslaget):
«Analysen viser at de prissatte kostnadene er vesentlig lavere i tiltaksbanen enn i referansebanen. Tiltaket innebærer således en del sannsynlige besparelser, først og fremst gjennom innsparte årsverk knyttet til eiendomsoppmåling og matrikkelføring. Samtidig er flere viktige virkninger, blant annet virkningen på matrikkelens kvalitet ikke prissatt. Dette betyr at man kan danne seg et galt inntrykk dersom man kun ser på de prissatte virkningene.
Det er vesentlige usikkerhetsfaktorer i analysen, og ulike lesere kan trekke ulike konklusjoner basert på disse. Hovedanalysen tar utgangspunkt i forventningsverdiene, altså gjennomsnittet av de virkninger en får dersom man hadde gjennomført tiltaket mange ganger og ulike usikre utfall hadde fått spille seg ut. Vår hovedoppfatning, basert på både de prissatte og de ikke-prissatte virkningene, er at tiltaket i forventningsverdi fremstår samfunnsøkonomisk lønnsomt. Det er basert på at en vil spare inn årsverk både knyttet til eiendomsoppmåling og matrikkelføring, samtidig som gjennomsnittlig saksbehandlingstid for alle kommuner vil gå ned, i alle fall for de brukerne som verdsetter det mest. Vi kan ikke se tungtveiende grunner til at en må forvente at tiltaket fører til redusert kvalitet på matrikkelen. Dersom tiltaket er en forutsetning for å sette § 7 i matrikkellova fullt ut i livet, vil tiltaket bidra til at man over tid får målt opp betydelig flere dårlig oppmålte grenser.
Når det er sagt foreligger det en mulighet for at man i tiltaket ikke vil klare å luke ut partiske landmålere, slik at landmålerstanden generelt oppfattes å løpe bestillers, eller de store utbyggeres, ærend. Dersom dette blir utfallet, viser følsomhetsanalysene at store deler av effektiviseringsgevinsten ved tiltaket kan spises opp når flere parter i en oppmålingsforretning engasjerer egen landmåler. Hvis det i tillegg fører til flere tvister for jordskifteretten, kan det bli svært kostbart. Dette er en uønsket situasjon, og en risikoavers beslutningstaker vil kunne anse faren for dette utfallet å være så stor at tiltaket ikke fremstår verdt å gjennomføre. Vi oppfatter imidlertid at man gjennom en effektiv og virksom autorisasjonsordning kan hindre at denne situasjonen inntreffer, dette er et viktig moment som må følges opp av myndighetene.
Basert på en totalvurdering av resultatene i denne analysen konkluderer vi med at det er samfunnsøkonomisk lønnsomt å gjennomføre tiltaket som innebærer at eiendomsoppmåling i Norge organiseres som en profesjonsregulert tjenesteytende næring, med matrikkelføring samlet hos Kartverket.»
Departementet har komme fram til at ein vil gå vidare med forslaget i uendra form. Ut frå tilbakemeldingane i høyringsrunden og analysen til Menon, meiner departementet det samla sett er fleire fordelar enn ulemper ved reformforslaget. Slik departementet vurderer det, har høyringa i liten grad gitt nye opplysningar som ikkje var kjende då forslaget blei fremja. Dette har truleg samanheng med at eit liknande forslag blei drøfta grundig i NOU 1999: 1 og i Ot.prp. nr. 70 (2004–2005). Også den gongen blei det halde ei høyring. Departementet meiner innvendingane som kjem fram til ein viss grad kan synast å vere overdrivne. Fleire av hovudinnvendingane, til dømes nedbygging av kompetanse og varierande landmålarkapasitet i distrikta, kan, slik departementet vurderer det, løysast gjennom omstilling og bruk av alternative organisasjonsformer for oppgåveløysinga og tenesteytinga i kommunane.
Oppmåling er i dag eit kommunalt forvaltningsansvar. Fordelane med dette er først og fremst at kommunane har ansvaret for at tenesta er tilgjengeleg for alle som har behov for oppmåling.
I Sverige og Finland er ansvaret for eigedomsoppmålinga i utgangspunktet eit statleg ansvar. Departementet meiner ei slik organisering ikkje er eit aktuelt alternativ for Noreg.
Det er reist innvendingar frå fleire høyringsinstansar om at landmålarreforma vil føre til at det eigedomsfaglege miljøet i kommunen vil bli svekt i vesentleg grad, og at det kan gå ut over viktige forvaltningsoppgåver innanfor plan- og byggjesak, og at også geodataarbeidet i kommunen kan bli skadelidande. Departementet ser ikkje at dette er ei ny problemstilling som eine og åleine spring ut av reforma. Utviklinga har allereie lenge gått i denne retninga. Fleire høyringsinstansar peikar nettopp på dette poenget. Høgskolen i Bergen kommenterer mellom anna at i mange kommunar har oppmålingsarbeidet i dag eit omfang som er mindre enn eitt årsverk, og at det er umogleg for mange mindre kommunar å opparbeide og halde eit kompetent fagmiljø ved like over tid. Departementet viser også til omtalen i punkt 3.1 ovanfor, der det mellom anna kjem fram at om lag halvparten av kommunane har berre éin utførande landmålar. Departementet har også registrert ei klar utvikling dei seinare åra der kommunar med eit lite miljø innanfor eigedomsfag og geodata søkjer samarbeid med andre kommunar for å klare å løyse oppgåvene på ein effektiv og fagleg god måte.
Hovudinnvendinga om at kommunane vil miste inntekter, tilsette og verdifull kompetanse, er reell, men også ei naturleg følgje av at oppgåver i framtida skal kunne bli utførte av private landmålarføretak. Mange landmålarføretak vil rekruttere tilsette frå kommunesektoren. På den andre sida vil desse igjen kunne yte tenester av ulik art til kommunane, ikkje berre landmålartenester. Erfaringar frå mellom anna Agder-fylka, viser at private føretak i dag dekkjer behovet til fleire kommunar, og at private aktørar ser det som lønnsamt å ta på seg oppdrag også i større område.
Departementet går ut frå at fleire kommunar vel å etablere landmålarføretak i kommunal regi for å sikre tilgang til oppmålingstenester for innbyggjarane, næringslivet i kommunen og for kommunen sjølv. Dette bør vere aktuelt fleire stader, og særleg i område der ein fryktar at private landmålarføretak ikkje vil gi tilstrekkeleg kapasitet. Det vil også vere mogleg for fleire kommunar å gå saman om å etablere interkommunale landmålarføretak som kan dekkje behovet i eit større område.
Fleire høyringsinstansar meiner reforma vil føre til fleire klager. Mange brukarar opplever det nok som trygt at den kommunale landmålaren står fram som ein nøytral offentleg oppmann mellom partane, og at ein kan klage på oppmålinga etter reglane i forvaltningslova. Dette har likevel sine ulemper. Kommunen kan vere part i saka som grunneigar. Den noverande ordninga opnar også for at Statens vegvesen kan opptre som landmålar nettopp i saker som gjeld veggrunn. Ei viktigare ulempe gjeld klageordninga. I dag kan klageorganet i realiteten stort sett berre prøve dei prosessuelle sidene ved saka og i liten grad realitetane.
Fleire høyringsinstansar meiner forslaget fører til at organiseringa og oppgåveløysinga kan bli uklar når oppgåvene som kommunen er åleine om å utføre i dag, til dels skal utførast av private landmålarføretak. Departementet er ikkje einig i dette og viser til erfaringane på byggjesaksområdet generelt. Ein effektiv måte å handtere informasjonsflyt på og tilgangen til arkivinformasjon frå kommunen for private landmålarføretak vil vere å sjå på korleis eigedomsmeklarane i dag får tilgang til eigedomsinformasjon frå kommunale arkiv. Mange kommunar har i dag avtale med ein kommersiell formidlingskanal for eigedomsinformasjon og geografisk informasjon til tenesteytarar i den private marknaden. Informasjonen blir formidla via kanalen frå kommunane til eigedomsmeklarar, advokatar og andre i løpet av eit fåtal dagar. Departementet går ut frå at denne typen formidlingskanalar vil kunne bli nytta også av landmålarføretak for raskt å få tak i eigedomsinformasjon og geografisk informasjon til bruk i landmålarverksemda. Departementet legg elles til grunn at mange kommunar vil behalde den kompetansen dei treng for å løyse dei lovpålagde oppgåvene sine, uansett om oppmålingstenestene i framtida blir ei profesjonsregulert tenesteyting. Dette gjeld særleg kommunar med litt meir ressursar. For dei vil utfordringa snarare bli å kunne rekruttere personar med fagkunnskap. I den grad det blir vanskeleg, vil dei kunne kjøpe tenester i den private marknaden som dekkjer heile eller delar av behovet. Slike kommunar med meir ressursar vil uansett kunne stå sterkt til å etablere eigne kommunale landmålarføretak om dei ønskjer det.
Fleire høyringsinstansar har peika på at reforma ikkje fører til at oppmålingstenestene blir billegare enn i dag, kanskje heller dyrare. Fleire viser til at reiseavstandar og meirverdiavgift på dei private tenestene vil gjere dei dyrare enn den noverande løysinga. Andre skriv at det vil bli ei meir korrekt prissetjing enn i dag. Departementet meiner at prissetjinga vil spegle servicenivået, og at det er vel så viktig med tenester som er tilpassa behova til kundane, som billege tenester. Som nokre høyringssvar peikar på, vil endringsforslaga kunne føre til at brukarane av tenestene kan hente inn prisar frå fleire leverandørar, både private og offentlege, og velje leverandør ut frå pris, leveringstid og kompetanse. Prisdanninga vil bli meir rettferdig, og det vil bli etablert eit meir realistisk forhold mellom pris og dei reelle kostnadene i samband med å utføre tenesta. Det vil med andre ord bli ei rettare prissetjing som er basert på kompleksiteten og omfanget av saka. Private aktørar vil venteleg vere i stand til å yte landmålartenester raskare enn kommunane, også på meir ukurante tidspunkt dersom det er nødvendig. Det er dessutan, slik departementet ser det, viktig å vere merksam på at private landmålarar kan yte tenester som heng betre saman gjennom heile prosjekterings- og byggjeperioden, frå oppmåling av tomta til ein skal stikke henne ut og kontrollere den endelege dokumentasjonen i etterkant. Denne skal deretter sendast til kommunen i ei byggjesak. Data frå oppmålingsforretninga vil dessutan kunne brukast om att på ein enklare måte gjennom heile byggjetiltaket når det er éin aktør som har hand om det heile. Fleire høyringsinstansar har peika på at det ligg gevinstar i det at landmålaren får komme tidlegare inn i prosessen enn i dag for å avklare misforståingar og uklare grenser.
Forholdet til konkurranselovgivinga
Fleire høyringsinstansar peikar på at landmålarføretak mange stader i praksis vil ha naturleg monopol i marknaden. Konkurranselova vil gjelde for landmålarføretak. Utilbørleg utnytting av ei dominerande stilling er forbode etter konkurranselova § 11. Eit føretak vil normalt vere dominerande dersom det i vesentleg grad kan opptre uavhengig av konkurrentane og kundane sine. Det er ikkje forbode for eit føretak å vere dominerande, men føretaket har eit særleg ansvar for at det opptrer slik i marknaden at det ikkje avgrensar konkurransen, og dette vil verke inn på prissetjing og innhaldet i mellom anna samarbeidsavtalar med andre landmålarføretak. Det vil også vere eit lovbrot dersom faktiske eller potensielle konkurrentar blir einige om å dele ein eller fleire marknader eller kundar mellom seg. Det vil ikkje vere mogleg å samarbeide om felles kjøps- eller salsprisar, prisauke, rabattar eller unnlating av å gi rabattar, samarbeid om kva eller kor mykje den enkelte deltakaren i samarbeidet kan yte av tenester, forbod mot å vere aktiv på marknadene til dei andre, samarbeid om å levere inn anbod, til dømes ved at landmålarføretaka har kontakt med kvarandre før innlevering av anbod om prisar eller vilkår i anbodet, eller om dei skal levere anbod.
Regjeringa har sett ned ei ekstern arbeidsgruppe som skal greie ut og vurdere konkurranseforholdet mellom offentleg og privat verksemd, og foreslå tiltak som kan styrkje konkurransen, jf. punkt 11. Resultatet av dette arbeidet kan verke inn på korleis kommunane må innrette seg dersom dei ønskjer å tilby oppmålingstenester i konkurranse med private aktørar.
Konkurs
NITO tek i sitt høyringssvar opp spørsmålet om ansvarsforhold, rutinar og konsekvensar av ein konkurs i eit landmålarfirma. Ein konkurs i eit landmålarføretak vil ikkje skilje seg frå konkursar i andre verksemder. Det første som skjer etter ein konkurs, er at det blir oppretta eit konkursbu som blir styrt av ein oppnemnd bustyrar. Hovudoppgåva til bustyraren er å sikre dei felles interessene til kreditorane, og det blir derfor gjort ei registrering av verdiar i buet. Skuldnaren har då mista retten til å rå over eigedelane sine. Avtalar om landmålaroppdrag vil vere eit aktiva i buet, og bustyraren vil derfor vurdere om det er grunnlag for å sluttføre oppdraga i regi av buet. Viss ikkje må tiltakshavaren engasjere eit anna føretak til å gjennomføre oppmålingsforretninga.
I denne samanhengen vil bustyraren som regel – så langt det er praktisk mogleg og ressursbruken er forsvarleg – hjelpe til med å formidle informasjon om planlagde oppmålingsforretningar. Skuldnaren skal hjelpe til under konkursbehandlinga og pliktar å gi opplysningar om aktuelle oppdrag, eigen økonomi og eigedelane sine. Dersom tiltakshavaren klarer å skaffe ein ny ansvarleg landmålar til ei varsla oppmålingsforretning, er det ikkje nødvendig å sende ut nytt varsel. Det er likevel ikkje sikkert at oppmålingsforretninga lèt seg gjennomføre på kort tid, fordi den nye landmålaren må få tid til å setje seg inn i saka. Journal og arkivverdig materiale som ligg i konkursbuet vil kunne gå tapt dersom det ikkje er mogleg for bustyraren å overføre verksemda til ein ny drivar. Ettersom matrikkelstyresmakta pliktar å arkivere alle dokument landmålaren har sendt inn saman med oppmålingsforretninga, vil det vanlegvis ikkje gå tapt viktige dokument ved ein konkurs. Ein konkurs får først og fremst konsekvensar for ikkje avslutta oppmålingsforretningar.