1 Samandrag
Usunt kosthald er ei av ti store folkehelseutfordringar i Noreg. Eit usunt kosthald og for mykje energiinntak i forhold til energiforbruket over tid aukar risikoen for dei fleste ikkje-smittsame sjukdommar og det gir tap av helse og auka kostnader. Det er dokumenterte forskjellar i kosthaldet mellom sosiale grupper, kjønn og geografiske område. For dei fleste av NCD-måla, som Noreg har slutta seg til, kjem Noreg relativt sett godt ut, men vi har ikkje greidd å stoppe ein auke i fedme og diabetes eller nedgangen i fysisk inaktivitet. Det er heller ingenting som tyder på at befolkninga vil nå målet i Nasjonal handlingsplan for bedre kosthold i befolkninga om 20 prosent auke i bruken av grønsaker, frukt og bær, grove kornprodukt og fisk innan utgangen av 2023. Tvert imot er det ein nedgang i forbruket, særleg for frukt og bær og fisk. Det trengst derfor meir kraftfulle tiltak for å stoppe den negative kosthaldsutviklinga i befolkninga.
Ekspertgruppa har valt ut fem prioriterte tiltak utan at dei er rangerte innbyrdes. Desse tiltaka er å innføre
- gratis frukt og grønt til barn og unge
- avgift på sukkerhaldig drikke
- forbod mot marknadsføring av usunn mat og drikke retta mot barn og unge
- obligatorisk matmerking
- reformulering og porsjonsstorleikar
Dei tre første tiltaka handlar om tidleg introduksjon av frukt og grønt i barnehage og skule, redusert inntak av sukker gjennom sukkeravgift på brus, og forbod mot marknadsføring av usunn mat og drikke til barn. Desse tiltaka er særleg retta mot barn og unge, som er ei viktig målgruppe i befolkninga. Dei to siste tiltaka handlar om å hjelpe alle forbrukarane til å ta informerte val gjennom obligatorisk matmerking og reformulering (sunnare oppskrifter på matvarer og retter) og utvikling av mindre porsjons- og pakningsstorleikar i handelen.