Forord

Ekspertgruppa som legg fram denne rapporten, vart oppnemnd 4. juli 2023. Kravet i mandatet var at arbeidet skulle sluttførast innan utgangen av 2023. Sjølv om medlemmane i gruppa gjerne kunne tenkt seg ei noko lengre tidsramme for arbeidet, legg vi no fram ein rapport som vi meiner gir godt uttrykk for kunnskapsbaserte tiltak som regjeringa bør vurdere for å styrke etterlevinga av dei gjeldande kosthaldsråda i Noreg.

På grunn av kort tidsfrist har ikkje gruppa sett i gang eigne utgreiingsprosjekt, ut over å søke etter relevant litteratur av nyare dato som dei eksisterande kunnskapsoppsummeringane ikkje kan ha fanga opp. Vi merkar oss at sjølv om det manglar kunnskap om samanhengane mellom årsak og verknad for ei rekke aktuelle verkemiddel på befolkningsnivå, er det likevel mogleg å peike på tiltak der eksisterande kunnskap er slik at tiltaka kan sjåast på som kostnadseffektive. Dette har vore den rettleiande utfordringa for arbeidet til gruppa i haust. Vi har hatt som overordna mål å fremme forslag om slike samlande tiltak heller enn å drøfte tiltak der effektkunnskapen er avgrensa, sjølv om tiltaka i og for seg kan verke relevante, interessante og lovande. Gruppa har lagt vekt på strukturelle tiltak som kan gi endra åtferd på befolkningsnivå, meir enn å skissere tiltak som direkte rettar seg mot åtferda til individet.

Medlemmane av ekspertgruppa har ulik fagleg bakgrunn og i varierande grad erfaring direkte frå arbeid med kosthaldsspørsmål. Samla sett, og med hjelp av eit dyktig sekretariat i Helsedirektoratet, meiner vi at dei framlegga vi kjem med her, har godt ankerfeste både i kosthaldsspesifikk kunnskap og samfunnsøkonomiske, samfunnsmedisinske og folkehelsefaglege vurderingar.

Oslo, 10. desember 2023

Signatur

Geir Sverre Braut

Til forsida