9 Ekspertgruppa sine refleksjonar om det vidare arbeidet
I mandatet ber Helse- og omsorgsdepartementet ekspertgruppa om å komme med evidensbaserte konkrete forslag til tiltak som bidrar til betre kosthald og utjamning av sosiale forskjellar i kosthaldet. I mandatet ligg også ei føring om kva som skal gjerast, til dømes at utgreiinga skal ta utgangspunkt i kosthaldsråda frå Helsedirektoratet, innehalde samfunnsøkonomiske vurderingar og vurdere tiltak som kan påverke åtferda hos folk. Slike tiltak har vist seg å verken vere enkle å gjennomføre for folk eller for politikarar, men er etter ekspertgruppa si vurdering godt grunngitt i kunnskap om preferanse, åtferd og samfunnsøkonomi og derfor modne for meir konkrete vurderingar med intensjon om iverksetting.
Mandatet held også fram noko som ikkje skal gjerast, nemleg vurderingar knytte til endring av meirverdiavgiftssystemet. At endringar i meirverdiavgiftssystemet ikkje skal vurderast, legg føringar på kva tiltak som kan vurderast. Vi tolkar det likevel slik at vi kan gi ei tilråding om andre prisverkemiddel, som vurderingar av korleis avgifter kan brukast og utformast for å redusere forbruket av usunn mat og drikke, og korleis subsidiar kan brukast og utformast for å auke forbruket av sunn mat og drikke. Det siste året har det vore ein nedgang i den økonomiske tryggleiken til hushaldingane, som særleg rammar låginntektshushaldningane. Ein rapport frå SIFO viser at nesten fire av ti no må stramme inn gjennom blant anna å kjøpe billegare varer (194).
I eit breitt samfunnsperspektiv, som ikkje berre tar i betraktning dei direkte helsekonsekvensane av folkehelsetiltak, er også indirekte konsekvensar på andre samfunnsområde av betydning. Dette gjeld til dømes transport, landbruk, arbeidsmarknad, tilgang på helsepersonell, beredskap og forsvar, for å nemne noko. Noreg har tatt fleire initiativ internasjonalt for å påverke heile matsystemet for å blant anna bidra til betre mattryggleik og ernæring (195). Døme på nasjonale utgreiingar der også folkehelse og ernæring har betydning, er NOU-ane frå Helsepersonellkommisjonen (196), Kompetansebehovsutvalet (66), Klimautvalet 2050 (197) og Totalberedskapskommisjonen (130).
Tiltak på ulike politikkområde kan stå i motstrid som følge av til dømes målkonfliktar mellom ulike sektormål, men ekspertgruppa vil tilrå at det blir vurdert om folkehelseområdet, der kosthaldstiltak er del av porteføljen, framover bør reknast som eit prioritert område der til dømes livskvaliteten til befolkninga er eit overordna samfunnsmål (5;198). Det trengs meir forsking og nasjonale data på folkehelsetiltak innan kosthald og fysisk aktivitet, og på risikofaktorar for overvekt og underernæring (1).
Basert på erfaringane med å utarbeide denne rapporten meiner ekspertgruppa det særleg er tre område der vidare kunnskapsinnhenting er viktig:
- Konsumentsuverenitet dreier seg om at tiltak på samfunnsnivå kan oppfattast å gå på kostnad av fridommen til enkeltindividet og ulike former for næringsverksemd. Det kan til dømes vere fridom frå lovreguleringar, fridom frå skattar og avgifter og fridom til å ytre seg fritt utan marknadsføringsavgrensingar. Helsedirektoratets temarettleiing angir metodikk for korleis helse og livskvalitet blir tilrådde inkluderte i samfunnsøkonomiske analysar (5). Kor haldbar hypotesen om konsumentsuverenitet i samfunnsøkonomiske analysar er, er nemnt som eit av fleire uavklarte metodiske spørsmål. Ekspertgruppa meiner derfor det er viktig å få meir kunnskap om innhaldet i omgrepet konsumentsuverenitet, både teoretisk og empirisk, også på kosthaldsområdet.
- Folkehelsetiltak som blir iverksette innan kosthaldsområdet bør evaluerast grundig både for å undersøke kortsiktige og langsiktige effektar, og å undersøke sjølve implementeringa. Tiltak kan også ha uventa effektar som kan avdekkast gjennom evaluering. Evalueringar bør planleggast før implementering og bør inkludere moglegheita for å kunne gjennomføre samfunnsøkonomiske analysar.
- For å kunne følgje betre med på kosthaldsutviklinga i Noreg, nasjonalt og regionalt, bør arbeidet for datagrunnlaget styrkast og vurderast fornya. Vidare bør indikatorar utviklast for blant anna kunnskap om status for arbeid med kosthald i kommunane.