NOU 2024: 15

En bedre regulert drosjenæring— Delutredning II fra Drosjeutvalget

Til innholdsfortegnelse

14 Forslag til lov og forskrift

I lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy gjøres følgende endringer:

§ 9 andre ledd skal lyde:

(2) Den som har løyve etter denne føresegna skal vere knytt til ein drosjesentral. Løyvehavar kan ikkje vere knytt til meir enn ein sentral. Løyvehavar skal rapportere dei opplysningane til sentralen som sentralen treng for å oppfylle pliktene etter §§ 9 d til 9 e i denne lova. Løyvehavaren skal sikre at betaling for bestilte turer automatisk vert registrert i godkjent kontrollutrusting hos ein drosjesentral som løyvehavar er knytt til. Kontrollutrustinga skal ha fast tilknyting til bilen gjennom fysisk kopling eller på anna sikkert vis. Løyvestyresmakta kan gje dispensasjon frå krava i dette leddet på vilkår som vert nærare fastsett av departementet i forskrift.

§ 9 a skal lyde:

§ 9 a. Einerettar for drosjetransport

(1) Når det er nødvendig for å sikre eit tilfredsstillande drosjetilbod i enkeltturmarknaden i heile eller delar av fylket kan fylkeskommunen tildele godtgjersle eller einerett for å tilby drosjetenester. Godtgjersle og einerett kan kombinerast. Fylkeskommunen fastset avgjerda om bruk av einerett i forskrift.

(2) Fylkeskommunen skal avgrense godtgjersla eller eineretten til eit fast definert område.

(3) Departementet kan, ut frå innbyggjartal og innbyggjartettleik, i forskrift fastsette område der fylkeskommunen kan tildele einerett.

(4) Tildeling av einerett eller godtgjersle som kompensasjon for plikt til offentleg teneste skal skje etter opne og etterprøvbare prosessar, basert på objektive og transpararente kriterium.

(5) Einerett kan tildelast for ein periode på inntil fem år.

(6) Eineretten omfattar drosjetenester i enkeltturmarknaden.

(7) Drosjeløyvehavarar som har einerett, kan utføre oppdrag frå einerettsområdet til ein kvar stad i eller utanfor einerettsområdet.

(8) Drosjeløyvehavarar som ikkje har einerett, kan ikkje utføre drosjetransport innanfor område der fylkeskommunen har tildelt einerett. Ein drosjeløyvehavar som ikkje har einerett, kan likevel transportere passasjerar inn i einerettsområdet. Han kan òg transportere passasjerar frå eit einerettsområde til ein stad utanfor einerettsområdet dersom transporten er bestilt på førehand.

(9) Fylkeskommunen kan i einskildvedtak eller forskrift gje andre enn den som har einerett rett til å køyre i einerettsområdet.

(10) Departementet kan i forskrift fastsetje nærare reglar om einerettar.

§ 9 b skal lyde:

§ 9 b. Drosjetilbod i enkeltturmarknaden

(1) Fylkeskommunen skal vurdere om det er eit tilfredsstillande drosjetilbod i enkeltturmarknaden i fylket som del av eit heilskapleg transporttilbod.

(2) Dersom det er nødvendig for å sikre eit tilfredsstillande transporttilbod, kan fylkeskommunen sette i verk tiltak for å sikre omfang, kvalitet og pris på drosjetenestene i enkeltturmarknaden.

(3) Når fylkeskommunen og andre offentlege innkjøparar inngår kontrakt om drosjetenester, skal dei vurdere og ta omsyn til dei verknadene kontrakten vil ha på andre delar av drosjetilbodet og andre deler av transporttilbodet. Før kontrakt vert lyst ut, skal andre offentlege innkjøparar i dei områda kontrakten gjeld høyrast.

Nåværende §§ 9 b til 9 d blir nye §§ 9 c og 9 e

Overskriften til § 9 e skal lyde:

§ 9 e. Klageordning og tilbod til personar med nedsett funksjonsevne mv.

Ny § 9 f skal lyde:

§ 9 f. Internkontroll og tilsyn

(1) Drosjesentralen skal sørge for at det vert innført og utøvd internkontroll i eiga verksemd og i verksemda til løyvehavarane som er knytt til sentralen. Internkontrollen skal gjennomførast i samarbeid med tilknytte løyvehavarar, arbeidstakarar og representantane deira.

(2) Internkontrollen skal sikre at aktivitetane til løyvehavarane og sentralane vert planlagt, organisert, utført og vedlikehaldne i samsvar med krav fastsett i eller i medhald av gjeldande regelverk for løyvehavarar, sentralar og deira tilsette.

(3) Fylkeskommunen fører nødvendig tilsyn med at føresegnene om internkontroll, fastsett i eller i medhald av denne lova, vert etterlevd. Fylkeskommunen kan treffe vedtak med pålegg om retting der sentralen ikkje oppfyller krav eller etterlever pliktene som fylgjer av denne føresegna eller forskrift om internkontroll i drosjeverksemd. Det skal setjast ein frist for retting. Dersom pålegget ikkje vert følgt, kan løyvet trekkast tilbake.

Nåværende §§ 9 e til 9 g blir nye §§ 9 g til 9 i

II

  • 1. Loven gjelder fra den tid Kongen bestemmer.

  • 2. Departementet kan gi nærmere overgangsregler for gjennomføring av loven.

Forslag til ny forskrift om internkontroll i drosjenæringen

Fastsatt av Samferdselsdepartementet i medhold av yrkestransportloven § 9 i.

§ 1 Formål

Gjennom krav om systematisk gjennomføring av tiltak (internkontroll), skal denne forskrift fremme et forbedringsarbeid hos sentral og drosjeløyvehaver for å sikre etterlevelse etter krav fastsatt i og i medhold av blant annet yrkestransportloven, vegtrafikkloven, pristiltaksloven, arbeidsmiljøloven og likestillings- og diskrimineringsloven, måleloven, skatteforvaltningsloven og bokføringsloven med tilhørende forskrifter.

§ 2 Plikt til internkontroll

Drosjesentralen skal sørge for at det innføres og utøves internkontroll i den virksomheten som skjer hos løyvehavere knyttet til sentralen og i sentralens egen virksomhet. Arbeidstakere hos sentralen og tilknyttede løyvehaverne skal medvirke ved innføring og utøvelse av internkontroll.

Sentralen skal ha etablert et internkontrollsystem innen tre måneder etter at sentralløyvet er tildelt og dokumentert dette overfor tilsynsmyndigheten innen samme fristen.

§ 3 Innholdet i internkontrollen

Internkontrollen skal tilpasses virksomhetens størrelse, egenart, aktiviteter og risikoforhold og ha det omfang som er nødvendig.

Internkontroll innebærer at sentralen skal:

  • a) sørge for å ha oversikt over relevant regelverk som gjelder for virksomheten, jf. § 1. Oversikten skal være tilgjengelig for løyvehavere, sjåfører og sentralens egne ansatte,

  • b) fastsette hvordan funksjonskrav i lov og forskrift skal forstås og anvendes i virksomheten,

  • c) sørge for at løyvehavere, sjåfører og sentralens egen ansatte har tilstrekkelig kunnskaper og ferdigheter til å forstå og etterleve kravene,

  • d) sørge for at arbeidstakerne medvirker slik at samlet kunnskap og erfaring utnyttes,

  • e) iverksette rutiner for å avdekke, rette opp og forebygge overtredelser av krav fastsatt i relevant regelverk, jf. § 1,

  • f) foreta systematisk overvåkning og gjennomgang av internkontrollen for å sikre at den fungerer som forutsatt.

Internkontrollen skal dokumenteres skriftlig i det omfang som er nødvendig.

§ 4 Forholdet til forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter

Internkontrollen til drosjesentralen skal samordnes med internkontroll løyvehavere og sentraler utfører i medhold av forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter.

§ 5 Tilsyn

Fylkeskommunen fører tilsyn med og gir veiledning om gjennomføring og etterlevelse av denne forskrift.

Forslag til endringer i forskrift om yrkestransport med motorvogn og fartøy

I forskrift 26. mars 2003 nr. 401 om yrkestransport med motorvogn og fartøy gjøres følgende endringer:

§ 48 andre ledd skal lyde:

Drosje skal være utstyrt med godkjent kontrollutrustning. Løyvehaver skal sikre at passasjeren kan følge med på prisen under kjøring. Løyvehaver må bruke en kontrollutrustning med åpen API-løsning som flere formidlere kan koble seg til. Utgiftene til anskaffelse, montering og vedlikehold av kontrollutrustningen dekkes av løyvehaveren.

Til forsiden