7 Plast i landbrukssektoren

Plast har ei rekkje ulike bruksområde som er positive for landbruket, men blir ofte berre brukt i éin sesong og er eksponert for vêr. Det er derfor forsøplingsrisiko knytt til landbruksplast. Foto: Adobe Stock

Sjølv om landbrukssektoren ikkje per i dag er den største forbrukaren av plast, varslar ekspertar om at meir bruk av plastmateriale i landbruket i framveksande økonomiar og på globalt nivå vil bidra til plastforureining. I Europa blir den største kjelda til tilsett mikroplast anteken å vere gjødsel og plantevernmiddel, som er kapsla inn i plast.41 Plast har ei rekkje ulike bruksområde som er positive for landbruket, men blir ofte berre brukt i éin sesong og er eksponert for vêr. Det er derfor forsøplingsrisiko knytt til landbruksplast. Plastfilm og liknande er bl.a. funne på avvegar langs elvar. Forsvarleg handtering av plastavfall inneber arbeid og kostnader, og det er ein risiko for at landbruksplast blir liggjande i naturen eller blir brend.42

Globalt blir bionedbrytbar plast brukt i aukande grad, bl.a. som markdekkingsfilm som er designa for å bli pløgd ned i jorda etter bruk. Bionedbrytbar plast blir òg brukt i norsk landbruk, men omfanget er førebels truleg avgrensa. Det er betydeleg uvisse knytt til reell nedbryting av slik plast,4344 særleg i eit kaldt norsk klima. Nedbryting av bionedbrytbar plast i jord og avfallsstraumar blir bl.a. undersøkt i prosjektet DGRADE, leidd av NIBIO.

NIBIO driver òg forsking på bruk av ull som erstatning for plast i hagebruk45. Brukt som jorddekke vil ulla hindre ugras og sniglar, og halde på vatn i tørre periodar. EU-kommisjonen har varsla at dei vil lage eit «policy framework» for biobasert og bionedbrytbar plast i løpet av 2021. Noreg vil fremme overordna syn i denne prosessen om at eventuell regulering og insentiv for slik plast blir innretta slik at positive effektar blir sikra totalt sett, under dette at det blir teke omsyn til ulike avfallssystem og land med kjølig klima.

Plastemballasje frå høyballar kjem lett på avvegar i naturen. Foto: NTB, Vidar Ruud

Plastemballasje frå høyballar kjem lett på avvegar i naturen. Foto: NTB, Vidar Ruud

Ifølge Grønt Punkt Norge vart det satt 13 875 tonn landbruksplast på marknaden i 2020, kor 95 prosent vart materialattvunne. Det blir rapportert om ei innsamlingsgrad på om lag 86 prosent. Grønt Punkt Norge organiserer i dag ei frivillig ordning for innlevering og materialattvinning av landbruksplast.46 Denne ordninga var tidlegare knytt til ein avtale med Klima- og miljødepartementet, men er i dag ei frittståande ordning. Ordninga blir finansiert ved at importørar og produsentar som vel å delta betaler eit beløp per kilo ny plast som blir sett på marknaden. Bøndene kan levere landbruksplast gratis til om lag 100 innsamlarar ulike stader i landet som har avtale med Grønt Punkt Norge. Felleskjøpet driftar i tillegg eit pilotprosjekt der dei hentar avfall frå rundballeplast hos bønder i samband med levering av varer. Omfanget av denne ordninga vart utvida i 2021.47

Å nytte biorest eller kompost, bl.a. frå matavfall, som ei gjødselvare i landbruket er ein god måte å gjenbruke ressursar på, men slik gjødselvare kan ha uønskt innhald av plast som kan vere vanskeleg å fjerne før det hamnar ut på areala.

I forslag til nytt kapittel i avfallsforskrifta om utsortering av biologisk avfall og plastavfall er det foreslått å innføre krav til utsortering og levering til materialattvinning av landbruksplast.48 Pliktene i dette forslaget er retta mot verksemder som bruker landbruksplast, altså primært bøndene. Forskrifta skal sikre at innsamling og materialattvinning av landbruksplast vil halde fram på eit tilsvarande eller høgare nivå i framtida.

Regjeringa vil

  • innføre krav til utsortering og materialattvinning av landbruksplast
  • vurdere behov for initiativ retta mot bruk av bionedbrytbar plast i landbruket
  • fremme innovasjon og informasjon om tiltak mot plast i biologisk avfallsbehandling der biorest eller kompost blir nytta som ei gjødselvare

Fotnotar

41.

ECHA (2020): Microplastics_Annex XV_Restriction report (europa.eu) og Microplastics_AnnexXV_Report_Annexes (europa.eu).

42.

World Bank Group, Agriculutral pollution – PlasticsWorld Bank Document

43.

Mepex&Eunomia (2019) Bio-based and Biodegradable Plastics
https://www.miljodirektoratet.no/publikasjoner/2019/januar-2019/bio-based-and-biodegradable-plastics/

44.

SAPEA, Science Advice for Policy by European Academies. (2020). Biodegradability of plastics in the open environmenthttps://www.sapea.info/topics/biodegradability-of-plastics

45.

Nibio (2021) Nedklassifisertullkanerstatteplastihagebruk - Nibio

46.

https://www.grontpunkt.no/gjenvinning/plastemballasje-naeringsliv-landbruk/landbruk/

47.

Felleskjøpet https://www.felleskjopet.no/pilotprosjekt-innhenting-av-landbruksplast/

48.

I forslaget er landbruksplast definert som: «Plastavfall i form av folie (rundballeplast), PP-sekker (gjødsel- og såkornsekker), fiberduk og solfangerfolie, hardplastemballasje og lignende materialer av plast som er brukt til landbruksformål.»
Til forsida