13 Kunnskap
Tiltak for å redusere marin forsøpling og spreiing av mikroplast til miljøet må baserast på beste tilgjengelege kunnskap. Det er behov for både styrka miljøovervaking, forsking og innovasjon rundt dette. Foto: Adobe Stock
I dag har vi liten kunnskap om mengda av ulike plastprodukt på marknaden i Noreg, og om forbruket av plast i dei ulike sektorane. Det trengst òg meir kunnskap om korleis plasten hamnar i naturen, om nedbryting av plastavfall i naturen, korleis makro-, mikro- og nanoplast og tilsetjingsstoff i plasten påverkar ulike organismar og økosystem, og om kva det betyr for mattryggleiken.
For å motverke plastforureining på best mogleg vis, og for å stimulere til berekraftig utvikling og bidra til oppfylling av berekraftsmåla, må tiltak og avgjerder baserast på beste tilgjengelege kunnskap. Nødvendig kunnskap må skaffast til vege der han manglar, og han må haldast oppdatert. Kunnskapsbaserte verktøy må til for å kartleggje, overvake og forstå utviklinga og for å kunne justere tiltaka slik at måloppnåinga blir best mogleg.
Kunnskapen om kjelder, spreiingsvegar og konsekvensar av plastforureining blir stadig betre. Men det er framleis store kunnskapshol som gjeld både dette og metodar for måling og analysar som kan nyttast i overvaking, og til å kartleggje konsekvensar på økosystem og helsa til menneske. Det er òg lite kunnskap om nivå og effektar av plastforureining i luft og jord. Vedtak frå FNs miljøforsamling løftar òg opp desse kunnskapsbehova.
Ei kunnskapsbasert forvaltning er avhengig av operasjonelle mål og delmål å styre etter.Relevante mål er omtalte innleiingsvis i strategien. Nasjonale og internasjonale miljømål for marin forsøpling og mikroplast i havmiljøet vart seinast omtalt samla i Meld. St. 35 (2016–2017) og oppdatering av forvaltningsplanen for Norskehavet i Meld. St. 20 (2019–2020) Helhetlige forvaltningsplaner for de norske havområdene – Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten, Norskehavet, og Nordsjøen og Skagerrak. Seinare har FNs miljøprogram utvikla mål, delmål og indikatorar for berekraftsmål 14.1. Det blir òg arbeidd med vidare utvikling av mål og indikatorar for marin forsøpling og plastforureining på regionale arenaer, bl.a. under OSPAR og under Arktisk råd. Noreg deltek i dette arbeidet og er oppteke av at slike indikatorar må vere globalt samanliknbare.
Per i dag finst det ingen globale omforeinte metodar og parametrar for å måle og overvake førekomst i miljøet og tilførsler av makro-, mikro- og nanoplast. Å få på plass slike metodar, parametrar og indikatorar for miljøtilstand og tilførsler til miljøet er nødvendig for ei god og kunnskapsbasert forvaltning. Mangelen på kunnskap og indikatorar for å overvake lekkasjar av plast frå ulike ledd i verdikjeda, eller livsløpet til plast, er særleg stor.
I FNs miljøforsamling er det semje om at kunnskapsarbeidet globalt må styrkjast for å sikre ei kunnskapsbasert politikkutvikling og val av tiltak. FNs miljøprogram UNEP skal i 2021 leggje fram den andre globale kunnskapsrapporten om marin plastforsøpling og mikroplast. Førebelse funn som vart lagt fram i 2020, viser at det hastar med å få på plass sterkare globale forpliktingar. Det blir stadig lagt fram nye rapportar og kunnskapsprodukt av ulike globale aktørar frå sivilsamfunn, akademia og næringsliv. Dette er viktige bidrag til kunnskapsgrunnlaget. Det er behov for å samle dette på eit overordna nivå og sjå det i ein større samanheng.
Noreg meiner at eit systematisk kunnskapssamarbeid som kan informere om tiltak og utviklinga av verkemiddel globalt, er ein viktig funksjon som bør takast vare på av ein ny global avtale. Vi treng å vite korleis verda ligg an i arbeidet for å nå dei globale måla. Og det må sikrast at alle land har tilgang til den same informasjonen, samstundes. Ein rapport utarbeidd på oppdrag av Nordisk ministerråd for miljø og klima om korleis ein kan styrkje det globale kunnskapssamarbeidet, som del av ein global avtale, vart lagd fram i april 2020.
Miljødirektoratet leverte i 2020 ein oppdatert kunnskapsstatus for Noreg. Funna er omtalt i kap 12.2. Det er framleis behov for større kunnskap om den totale mengda av marin forsøpling i Noreg, og ikkje minst om ny tilførsel, inkludert kor mykje av forsøplinga som er langtransportert. Større kunnskap om mengder frå ulike kjelder trengst for å kunne identifisere mest mogleg målretta og effektive tiltak. Det er vidare behov for å måle effekten av ulike tiltak som blir gjennomførte, både når det gjeld førebyggjande tiltak og oppryddingstiltak.
Noreg er del av eit kunnskapssamarbeid om marin forsøpling og mikroplast i nordområda. Under det norsk-russiske miljøvernsamarbeidet er det etablert eit samarbeidsprosjekt om marin forsøpling som både omfattar kunnskapssamarbeid og møte mellom styresmaktene. Som del av samarbeidet blir det i 2021 lagt fram ein felles norsk-russisk rapport om kunnskapsstatus, kunnskapsaktivitetar, forvaltningstiltak med vidare i Noreg og Russland. Rapporten vil gi grunnlag for vidare utvikling av samarbeidet. Under Arktisk råd går det føre seg viktig kunnskapssamarbeid under Arktisk råds overvakingsprogram (AMAP) og biomangfaldsgruppe (CAF). Særleg viktig er AMAPs tilrådingar om utforming av overvakingsprogram, som Noreg legg til grunn i utviklinga av den nasjonale overvakinga vår.
FNs miljøprogram er ein viktig kunnskapsleverandør og har utarbeidd ei rekkje ulike produkt som land, styresmakter og andre kan nytte seg av i arbeidet sitt mot marin plastforsøpling og plastforureining. GRID-Arendal er ein norsk aktør med støtte frå styresmaktene som bidreg i kommunikasjons- og utgreiingsarbeid både for FNs miljøprogram og andre etter behov. Nettsida deira, marinelitterhub.com, har mykje relevant informasjon.
Vi veit i dag svært lite om kor mykje plast bidreg til spreiing av helse- og miljøfarlege stoff. Ny kunnskap om marin plastforsøpling og mikroplast som kjelde til langtransportert forureining av miljøgifter vil vere viktig for å sikre god forvaltning av norske naturverdiar, og er i tillegg eit viktig bidrag til kunnskap i fleire internasjonale miljøavtalar. Under Stockholmkonvensjonen om global regulering av persistente organiske miljøgifter (POPar) går det føre seg eit arbeid for å samle eksisterande kunnskap om mekanismar for langtransport av miljøgifter, inkludert marin plastforsøpling og mikroplast som vektor for spreiing av stoff. Mikroplast er òg identifisert som eit kunnskapshol i Folkehelseinstituttets rapport frå 2020 om antibiotikaresistens. Det er òg behov for meir kunnskap om korleis plastavfall og mikroplast spreier nye, skadelege og sjuksdomsbringande organismar mellom land og kontinentar.
Tilsetjingsstoff i plast, som t.d. mjukgjerarar, fargepigment og flammehemmarar, kan leke ut av plasten i større eller mindre grad. I tillegg til dei funksjonelle sidene, har mange av tilsetjingsstoffa uønskte helse- og miljøskadelege eigenskapar som kan føre til effektar på menneske og miljø. Det er behov for betre kunnskapsgrunnlag for framtidig regulering av tilsetjingsstoff som lek ut frå plast, og både EU og Noreg har fokus på dette.
Det er behov for auka kunnskap om moglegheitene for å erstatte plast med andre material, slik som til dømes nedbrytbare naturfibrar. Det gjelder både auka kunnskap om bruksområde, teknologi og livsløpsanalysar.
Viktige kunnskapsbehov:
- kjelder til, spreiingsvegar og konsekvensar av plastforureining i miljøet
- mengda plastprodukt på marknaden i Noreg og kva kvalitet og attvinningsgrad denne plasten har
- kor mykje og kva type plast som blir brukt, kvaliteten på plasten og kva tilsetjingsstoff som finst i plasten
- plastforbruket hos ulike næringar i Noreg
- betre statistikk knytt til avfall og materialattvinning i Noreg
- innhald av miljøgifter i plast, korleis plasten kan vere ein vektor for transport av miljøgifter, og større kunnskap om korleis miljøgifter frå plast blir tekne opp i organismar
- korleis plast kan inngå i giftfrie krinsløp og bidra til materialattvunnen plast i utvikling av nye produkt med høg kvalitet
- kjelder, spreiing og effektar av mikroplast, nasjonalt og globalt, og studiar som skil mellom dei ulike materiala, storleikane og partikkeltypane av mikroplast
- bruk av nedbrytbare biologiske material som tre, ull, kitin m.m. som alternativ til plast
13.1 Kartlegging og overvaking
Det er ei utfordring at det i kartlegging, overvaking og forsking om plastavfall og mikroplast i miljøet i dag dels blir brukt ulike prøvetakings- og målemetodar, definisjonar, parametrar og indikatorar. For betre å tolke og samanlikne resultat i forsking og overvaking mellom land og regionar, og utvikling over tid, trengst internasjonalt harmoniserte og standardiserte målemetodar, parametrar og indikatorar for miljøtilstand. Parallelt med harmoniseringa er det òg behov for arbeide med å forbetre metodar, slik at det blir mogleg å måle mengda av små partiklar av mikro- og nanoplast, både i miljøet og i organismar.
NIVA (Norsk Institutt for vannforskning) undersøkjer nivåa av mikroplast i norsk drikkevatn. Foto: NTB, Terje Bringedal
Plast som forureining byr på nye metodologiske utfordringar samanlikna med til dømes tungmetall eller dioksin, sidan storleiken på partiklane er avgjerande for giftigheita. Forsking viser til at opptak, opphoping og skademekanismar er forskjellige avhengig av storleik og fasong på plastpartiklane. Stor og liten mikroplast, og plast av forskjellig tettheit opphopast forskjellige stader i vatn og sediment.
For å kunne vurdere om utviklinga går i riktig retning, og kor raskt situasjonen blir endra, trengst ei systematisk miljøovervaking over tid, både på nasjonalt, regionalt og globalt nivå.
Under FNs berekraftsmål 14.1 har FNs miljøprogram utvikla eit sett med indikatorar for å måle utvikling i miljøtilstanden, til vurdering av i kva grad målet blir nådd. Det blir tilrådd nasjonal registrering av marin forsøpling på strender, førekomst av plast som flyt i overflata og i vassøyla, og marin forsøpling på havbotnen. Noreg må vurdere korleis desse indikatorane best kan brukast og tilpassast norske forhold. Indikatorane vi bruker, må òg tilfredstille behov både til nasjonal overvaking, regional overvaking under OSPAR og EU med vidare, og globalt i ein ny avtale.
FNs uavhengige vitskaplege rådgivingsgruppe om marint miljø, GESAMP, har utarbeidd tilrådingar om retningslinjer for overvaking av plast i havmiljøet. I tillegg kom det i 2020 ein manual frå FNs miljøprogram som beskriv metodikken ytterlegare, der det blir lagt opp til at land kan bruke ulike innfallsvinklar og metodar. Forslaga frå Arktisk råds miljøovervakingsprogram (AMAP) til felles retningslinjer for overvaking av Arktis er lagt til grunn i eit nytt overvakingsprogram for mikroplast i Noreg og er òg nyttige i eit globalt perspektiv.
Under Havstrategidirektivet vart EU-landa hausten 2020 samde om eit mål på kor lite avfall det må vere på ei strand for at ho skal kunne klassifiserast som rein.64 Terskelen vart bestemd å vere 20 gjenstandar over 2,5 cm per 100 m lengde strand.
Noreg og mange andre land meiner at vedtak av og rapportering på felles globale indikatorar må vere ein viktig del av ein ny global avtale, sjå kap.3. Utviklinga i miljøtilstand, tilførsler og lekkasjar til miljøet må målast for å kunne vurdere om dei rette og tilstrekkelege tiltaka for reduksjon av plastforureininga er sette i verk, og korleis tiltaka bør justerast.
Gjennom OSPAR har Noreg forplikta seg til å overvake marin forsøpling og rapportere på indikatorar for strandavfall, avfall på havbotnen og avfall i magen på sjøfuglen havhest. Avfall blir registrert på sju norske strender, to av dei på Svalbard, i samsvar med OSPARs protokollar. Registreringane på strendene blir utførte av fleire aktørar. Frivillige bidreg òg gjennom registrering av informasjon om rydda avfall på nettportalen Rydde. Norsk polarinstitutt og Norsk Institutt for Naturforskning (NINA) har ansvaret for overvakinga av plast i havhest.
Det blir òg samla inn informasjon om forsøpling og mikro- og makroplast i miljøet gjennom fleire kartleggings- og overvakingsprogram som ikkje har dette som hovudfokus. Til dømes bidreg Mareano-programmet for kartlegging av havbotnen i norske havområde med informasjon om synleg makroplast på havbotnen, og om mikroplast i sediment.
Forskningsfartøyet Dr. Fridtjof Nansen som blir drive av Havforskningsinstituttet, bidreg òg med eit eige kartleggingsprogram for bl.a. mikroplast i sjømat og registreringar av makro- og mikroplast i det marine miljø i Afrika og Asia. I EU-prosjektet MEESO, koordinert av Havforskningsinstituttet, skal ein òg finne ut kva som skjer med mikroplast når fisk blir prosessert til fiskemjøl og fiskeolje. Ein er i gang arbeid med å utvikle metodikk og etablere laboratoriekapasitet ved Havforskningsinstituttet for betre overvaking av mikroplast i sjømat.
Registreringar av tapt fiskereiskap bidreg med kunnskap om kjelder og omfang. Havforskningsinstituttet i samarbeid med det russiske forskingsinstituttet PINRO bidreg med registrering av førekomst av plast i overflatevatn, i vassmassane og på havbotnen i Barentshavet, som del av økosystemtokt. Havforskningsinstituttet deltek òg i International Bottom Trawling Survey i Nordsjøen, der ein registrerer marin forsøpling når ho kjem opp som bifangst i trålfiskeundersøkingar.
Folkeforsking er òg eit viktig verktøy som gir kunnskap om førekomst av forsøpling, særleg i strandsona. Mykje av kunnskapen om førekomst av og kjelder til marin forsøpling i Noreg kjem frå registrering av avfall under frivillige ryddeaksjonar. Data som tidlegare er lagt inn på databasen oppretta av Hold Norge Rent, er overførte til den vidareutvikla digitale nettløysinga Rydde. Nyare teknologi som bl.a. satellittovervaking kan bidra til meir kostnadseffektiv datainnhenting på nokre område.
I 2016–2019 vart det gjennomført fleire FoU-prosjekt for uttesting av overvakingsmetodikk for mikroplast i marint miljø, innsjøar og elvar etter bestilling frå Miljødirektoratet. I 2021 har Miljødirektoratet starta opp eit miljøovervakingsprogram for mikroplast. Den første fasen av overvakingsprogrammet varer frå 2021 til 2023 og skal dekkje både luft, kystvatn, ferskvatn og urbane område. Programmet er tilpassa tilrådingane frå GESAMP og AMAP under Arktisk råd.
Nasjonalt overvåkingsprogram for mikroplast
- Treårig innfasing av overvaking som skal gi svar på geografiske forskjellar i mikroplastnivå, og undersøke bidrag frå antatt viktige kjelder til mikroplastforureining.
- Metodikken er tilpassa rettleiing fra GESAMP og AMAP (Arctic Monitoring and Assessment Programme) under Arktisk råd.
- Kostnadseffektiv innhenting av prøver frå andre nasjonale overvakingsprogram
- Luftprøver: Birkenes og Ny Ålesund
- Marine prøver: Blautbotnsediment, sedimentlevande evertebrater og vassprøver.
- Urbane prøver: Avløpsrenseanlegg og overvatn.
- Prøver frå ferskvatnmiljø: Blautbotnsediment, sedimentlevande evertebrater og vassprøver.
- Innfasinga gir eit augeblikksbilete av situasjonen no, og eit grunnlag for å byggje tidstrendar.
- Det er nødvendig med oppskalering av overvakingsinnsatsen for å kunne svare betre på variasjon over tid, og for å inkludere metodikk for dei minste mikroplastpartiklane.
Overvåkningspunkt for mikroplast i 2021. Kartet er frå Vannmiljø, kilde: Miljødirektoratet
Overvaking av marin forsøpling og plastforureining trengst for å sikre best mogleg underlag for kunnskapsbaserte tiltak. Eit kriterium for miljøovervaking av plastforureining er òg at overvakinga skal vere godt eigna for rapportering på internasjonale forpliktingar, ikkje minst berekraftsmål 14.1, og overvakinga under OSPAR. Det er viktig å sikre kontinuitet i dataseriar som kan bli viktige for å påvise endringar og å forstå årsakssamanhengar. Ei rekke forskings- og kunnskapsprosjekt og kartleggingsprogram henter inn data som kan vere relevante og nyttige for miljøovervakinga. Det er behov for å sjå korleis desse dataa kan delast, utnyttast på best mogleg måte, og kor det særleg trengs supplering. Miljøovervakinga av marin forsøpling og plastforureining skal utviklast vidare både i lys av nasjonale behov og internasjonale pliktar.
Data om førekomst og rydding av marin forsøpling i Noreg skal så langt det er mogleg, samlast i dei kartbaserte nettverktøya Rent hav og Rydde. Data for mikroplast i vatn skal samlast i Miljødirektoratets vannmiljødatabase.
13.2 Forsking, utvikling og innovasjon
I Noreg går det føre seg mykje forsking rundt plast, livsløpet til plasten og plastforureining på høgt nivå, mykje som ein del av internasjonalt samarbeid. Nasjonalt er Norges Forskningsråd den viktigaste kjelda til forskingsmidlar.
NFR har eit pågåande fireårig samarbeid med Handelens Miljøfond om å lyse ut gåvemidlar frå sistnemnde, 20 mill. kroner i året, til forsking som er øyremerkt miljø og samfunn. Forskningsrådet har styrkt den nye satsinga si på sirkulær økonomi, der plast er eitt av fleire viktige fokusområde. I Forskningsrådets strategi «Idékraft verden trenger» er det sett eit mål om å investere i forsking og innovasjon for å oppnå «en sirkulær økonomi med berekraftig produksjon, tjenesteyting og forbruk».
FNs generalforsamling har vedteke at perioden 2021–2030 skal vere FNs tiår for havforsking. Havforskningstiåret skal stimulere til og koordinere meir forskingsinnsats nasjonalt og globalt, slik at berekraftsmåla for hav kan nåast. NFR husar havsekretariatet, som har fått mandatet sitt for å sørgje for nasjonal koordinering og oppfølging av havforskningstiåret Dette arbeidet er òg relevant for å få fram ny kunnskap om plastforsøpling i havet.
Forskingsrådets tematiske satsing marine ressurser og miljø, MARINFORSK, har bl.a. som tema å sjå på mengd, opphav og samansetning av marint avfall, under dette plastavfall og mikroplast, og kva effektar dette har på marine økosystem. Satsinga Plastic in the Arctic gjennom Framsenteret bidrar òg til auka forskingsaktivitet på dette feltet.
Horisont Europa er EUs niande rammeprogram for forsking og innovasjon, med eit totalbudsjett på 95,5 mrd. euro i 2021–2027. Norske aktørar kan søkje om midlar på lik linje med private verksemder, offentlege verksemder og forskingsinstitusjonar i EU-medlemsland. Innovasjon og tverrfagleg forsking skal vektleggjast i større grad enn i det førre rammeprogrammet, Horisont 2020. I Horisont Europa skal 35 prosent av totalbudsjettet gå til klima og berekraftig utvikling. Innanfor begge rammeprogramma er tverrgåande tema bl.a. hav, sirkulær økonomi, forureining og naturbaserte løysingar.
Det går føre seg ei rekkje interessante forskingssatsingar som Noreg deltek i knytte til tiltak for å redusere plastforureining. Eit døme på eit prosjekt finansiert av forgjengaren til Horisont Europa, Horisont 2020, er EU-prosjektet EUROqCHARM. Prosjektet skal etablere standardiserte metodar for overvaking og vurdering av makro-, mikro- og nanoplast i miljøet. Det blir leidd av Norsk institutt for vassforsking (NIVA) og har 14 sentrale deltakarar frå Europa, inklusive Noreg. Prosjektet dekkjer eit viktig kunnskapsbehov. Standardiserte metodar er viktige for å få til ei miljøovervaking der data kan samanliknast mellom land og regionar, og nødvendige for å kunne få på plass reguleringar på plastforureiningsområdet.
Det europeiske forskingssamarbeidet Joint Programming Initiative (JPI Oceans), som vart oppretta i 2011 etter initiativ frå Noreg, omfattar òg forsking på plastforureining. Av ti prosjekt om mikroplast som har vore finansierte av JPI Oceans så langt, har sju hatt norsk deltaking, med til saman 17 norske aktørar. Norsk deltaking er finansiert av Forskningsrådet.
I prosjektet FACTS (Fluxes and Fate of Microplastics in Northern European Waters), med partnarar frå Danmark, Tyskland, Italia og Noreg, blir mikroplastkonsentrasjonar medrekna partiklar frå bildekkslitasje, målt frå elva Elben gjennom Nordsjøen, Skagerrak, Norskehavet og Barentshavet til Arktiske strøk. Det blir tatt prøver i vatn, sediment, luft og fisk. Måledataa samanliknast med ein spreiingsmodell for transport av plastpartiklar. Fiskeanalysane blir òg del av Havforskningsinstituttets satsing på å etablere målemetodar og undersøke mikroplastnivået i sjømat.
Dsolve er eit senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) som skal studere nedbrytbar plast til bruk i fiskeri og akvakultur. Det vart oppretta i 2020 som ei åtteårig satsing, støtta av Forskningsrådet. Dsolve blir leidd av Norges arktiske universitet (UiT). Fire nasjonale og fire internasjonale forskingsinstitusjonar, 14 industripartnarar frå fiskeri, akvakultur, og utstyrsleverandørar og to fiskerinæringsorganisasjonar deltek. Miljødirektoratet, Fiskeridirektoratet og Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansiering (FHF) deltek i ei rådgivande gruppe for senteret. Forskinga på senteret har som visjon å redusere plastavfall frå fiskeri og akvakultur ved at plast i desse sektorane kan erstattast med reelt bionedbrytbare materiale. Prosjektet ser òg på alternativ til slitematter av plast for botntrål, sjå kap. 9, om sjøbaserte kjelder. Ambisjonen er å plassere Noreg i spissen for forsking, utvikling og bruk av smarte, bionedbrytbare materiale for å redusere det globale problemet med marin forsøpling frå fiskeri og akvakultur.
Innovasjon er viktig for å utvikle nye meir berekraftige løysingar innan plast. Innovasjon treng ikkje vere basert på kompliserte løysingar. Enkle, gode idear og nytenking kan òg frambringe effektive løysingar.
Grønn plattform er regjeringas nye tiltak for ein koordinert, forsterka og målretta innsats for grøn omstilling. Grønn plattform er ein felles konkurransearena for grønne prosjekt i Innovasjon Norge, Forskningsrådet og Siva (Selskapet for industrivekst SF), samt Enova. Plattforma byggjer på allereie etablerte ordningar med veldefinerte kriterium for støtte. Døme på relevante ordningar er Innovasjon Norges miljøteknologiordning, klyngeprogrammet og innovasjonskontraktar, Forskningsrådets innovasjonsprosjekt i næringslivet og Sivas Katapult-ordning. Grøne prosjekt innan forsking og innovasjon, frå heilt grunnleggande forsking og fram til løysingar som skal presenterast for marknaden, medrekna prosjekt om plast, kan søkje om støtte. Målgruppa er næringsliv og institutt. Det er satt av 1 mrd. kroner fordelt over tre år til Grønn plattform. I 2021 er det løyva 333 mill. kroner til tiltaket.
Innovasjon Norge har gjennom miljøteknologiordninga gitt støtte til fleire prosjekt retta mot resirkulering og ombruk av plast.
Eit døme på prosjekt det er gitt støtte til gjennom miljøteknologiordninga er Oceanize, som resirkulerer gammalt tauverk og anna plastavfall frå sjømat- og landbruksnæringa. Ved hjelp av ei mobil kvern er det henta marint avfall frå Stathelle i sør til Aust-Finnmark i nord. Blant anna er det samla inn rundt 17 000 tonn kassert utstyr frå havbruksnæringa. Avfallet blir gjort om til plastgranulat som blir selt vidare og blir brukt til å lage nye produkt. Eit anna døme på prosjekt støtta av Innovasjon Norge er Arges, som produserer fôrslangar i plast til havbruksnæringa. Arges har utvikla eit system kor kasserte slangar blir henta og kutta i ein fliskuttermaskin, før dei blir lagt i store sekker ute hos oppdrettarane, blir frakta til fabrikken kor det blir reinsa og blir til granulat. Granulatet blir brukt til heilt nye produkt, bl.a. til telekommunikasjonsbransjen. Eit siste døme er Spilltech som har utvikla utstyr som samlar opp avfall i sjøen i hamneområde. Spilltech marknadsførar no desse produkta til fleire land i Europa.
Det finst òg fleire private alternativ, slik som til dømes Handelens Miljøfond og private stiftelser, som gir støtte til innovasjonsprosjekt.
Regjeringa vil
- bidra til metodeutvikling og standardisering av metodar for kartlegging og overvaking av mikroplast i miljø og organismar
- vidareutvikle overvaking av makro- og mikroplast i miljøet i Noreg
- setje i gang ein første fase av eit overvakingsprogram om mikroplast i luft, kystvatn, ferskvatn og urbane område
- bidra til vidareutviklinga av gode og kompatible regionale overvakingssystem for makro- og mikroplast i vatn, sediment og biota under bl.a. OSPAR
- greie ut moglege indikatorar og kontroll- og kartleggingsparametrar på fleire stader langs verdikjeda til plastprodukt
- arbeide for eit styrkt globalt kunnskapssamarbeid som ein del av ein mogleg ny global avtale mot marin forsøpling, som inkluderer eit globalt system for rapportering og overvaking av plastutslepp og plastforureining i naturen
- delta i forskingsprogrammet Horisont Europa og bidra til forsking om plastforureining av miljøet og førebyggjande tiltak, og dessutan forsking på ein sirkulær økonomi for plast
- auke kunnskapen om innhaldet av miljøgifter i plast, korleis plasten kan vere ein vektor for transport av miljøgifter og sjukdomsframkallande mikroorganismar og kunnskap om korleis desse blir tekne opp i organismar
- styrkje kunnskapen om korleis plast kan inngå i giftfrie krinsløp, og bidra til materialattvunnen plast i nye produkt med høg kvalitet