12 Forsøpling og opprydding

Den frivillige innsatsen for opprydding er svært viktig, både som bidrag til å fjerne forsøpling, styrke kunnskapen om kjelder, og for å spreie kunnskap og gode haldninger for å redusere forsøplinga. Foto: Bo Eide

12.1 Prinsipp for opprydding

Omfanget av avfall på avvegar i hav- og kystmiljøet i Noreg og kunnskap om sjøbaserte kjelder til dette er bl.a. beskrive i Meld. St. 20 (2019–2020) Helhetlige forvaltningsplaner for de norske havområdene – Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten, Norskehavet, og Nordsjøen og Skagerrak. Det kjem her fram at miljømåla for havområda for marin forsøpling ikkje er nådde. Det blir ikkje vurdert som formålstenleg å etablere nasjonale, kvantitative mål for opprydding.

Viktige prinsipp for opprydding, som bl.a. er vedtekne i FNs miljøforsamling, er at oppryddingstiltaka først bør prioriterast der dei trengst mest av omsyn til sårbar natur og helsa og livsgrunnlaget til menneske, og der dei kan gjennomførast mest effektivt. Opprydding bør prioriterast nærmast mogleg kjelda, der førekomstane er høgst og ikkje lengst unna ute i havet så lenge problemet er så stort som no. Opprydding til havs er som regel ikkje tilrådd med mindre det dreier seg om tapte fiskereiskapar, der opprydding er viktig. Rydding på land, i elvar og elvemunningar og på land og sjøbotn i strandsonen er å føretrekkje. Ein må sikre at oppryddingstiltaket i seg sjølv ikkje gjer skade på miljøet. Til dømes må fugl ikkje forstyrrast i hekketida, og ferdselsforbod må bli overhaldne. Oppryddingstiltak kan vere særleg utfordrande i lite tilgjengelege område som ytre eksponert kyst i Noreg, og gode HMS-rutinar er viktige.

Registreringar frå rydda område viser at det blant avfallet som blir fjerna, ofte er mykje som har hopa seg opp over mange år. Når ein kjem tilbake eitt år seinare, er avfallsmengdene mindre. I andre område som ligg utsette til, kjem det jamleg store tilførslar.

Det viktigaste tiltaket mot marin forsøpling er å hindre vidare tilførsler. Men opprydding av plastavfall før gjenstandane eller bitane blir brotne ned til mindre delar og vaska ut i havområda, kan òg sjåast på som førebygging.

Foto av strandrydding. Foto: Bo Eide

I ytre kystområde i Noreg, særleg i nord, er mykje av forsøplinga prega av avfall frtå sjøbaserte kjelder. Nær byar og tettbebygde strøk dominerer avfall frå forbrukarar. Foto: Bo Eide

Kommunale handlingsplanar mot marin forsøpling og mikroplast

Fleire kommunar i Noreg har allereie sett i gang med å utvikle eigne handlingsplanar mot marin forsøpling og mikroplast. Mykje plastavfall som finst langs kysten, og særleg i dei sørlege områda av landet, kjem frå lokale kjelder. Kommunane er sjølv nærmast til å kunne vurdere kva ytterlegare tiltak dei kan setje i verk retta mot sine eigne og lokale kjelder. Til dømes kan kommunar som er vertskap for store idrettsarrangement eller festivalar på kommunal grunn, setje krav til arrangørar om tiltak som del av løyve til slike arrangement. Kommunar kan òg nytta reglar for offentlege innkjøp til bl.a. å redusere bruken av eingongsartiklar i plast. Det finst òg ei rekkje kunnskapsprodukt og ressursar tilgjengeleg for aktørar som kommunar kan nyttast i arbeidet med å utvikle eigne handlingsplanar. Hold Norge Rent har med støtte frå Klima- og miljødepartementet utarbeidd eit forslag til metode for kartlegging og overvaking av forsøpling i norske kommunar. WWF lanserte i 2020, saman med Oslo, Horten, Tromsø og Samfunnsbedriftene, eit nettverk av norske byar og kommunar som vil bli «plastsmarte». Deloitte er kunnskapspartnar, og nettverket arbeider no med metode og kunnskapsgrunnlag.

Oslo kommune er ein av kommunane som har utarbeidd ein handlingsplan mot plastforureining. Planen har ei heilskapleg tilnærming og har som formål å motverke plastforureining og redusere bruken av unødvendig eingongsplast, og han omfattar hovudområda opprydding og handtering av plastavfall, forbruk, innkjøp og miljøleiing, mikro- og nanoplast, kunnskap, informasjon og samarbeid. Oslo kommune har òg oppmoda næringslivet til å bli med på å ta meir miljøvennlege val for å redusere plastforureining og unødvendig bruk av eingongsartiklar av plast i Oslo, og rydde Indre Oslofjord. Ei rekke andre kommunar har òg utarbeide handlingsplanar mot marin forsøpling og plastforureining.

12.2 Kva vi veit om forsøplinga

All forsøpling er uønskt, og dette gjeld alle typar avfall på avvegar. Ikkje berre plast, men t.d. metallavfall som vaierar, brusboksar og eingongsgrillar, og impregnert trevirke og batteri, kan òg vere skadelege for miljø, dyr og menneske. I denne strategien fokuserer vi på plastavfall og mikroplast, som utgjer den største fraksjonen og det største miljøproblemet. Men mange av tiltaka har like stor betydning for fleire andre avfallsfraksjonar. I opprydding ryddar ein ikkje berre plast, ein ryddar alt det som kan vere skadeleg. Òg i kartlegginga av avfall under opprydding som blir registrert i kartverktøyet Rydde, blir det registrert avfall frå alle kategoriar og ikkje berre plast.

Det meste av kunnskapen om førekomst av og kjelder til marin forsøpling i Noreg kjem frå registrering av avfall frå frivillege ryddeaksjonar. Registrering av data frå slike aksjonar har danna omfattande datasett om marin forsøpling i Noreg, med registreringar både langs strender, vassdrag og på havbotn i grunne kystområde. I tillegg har fagpersonar gjennomført fleire kartleggingsstudiar langs norske strender og vassdrag dei siste åra med kjeldekategorisering av marint avfall, såkalla «djupdykksanalysar». Slike analysar kan gi meir detaljert kunnskap om kjelder og frå meir representativt utvalgte område enn det som kjem fram av registreringar frå frivillige.

Tilgjengeleg kunnskap tyder på at mykje av forsøplinga som blir registrert på norske strender kan knyttast til lokale kjelder. Samstundes kan det vere betydelege bidrag av langtransportert avfall frå våre nærmaste naboland og fjerne kjelder, spesielt i område som er direkte påverka av store kyst- og havstraumar.

Datagrunnlaget viser at tilførsel av nyare avfall framleis er ei utfordring. Sjølv om det er vanskeleg å aldersbestemme plast i naturen, viser funn frå strandrydding at det finst vesentlege mengder gjenstandar som berre har lege i kortare tid. Registreringar av tapt utstyr og avkapp frå fiskerinæringa viser òg at bidraget til forsøpling frå denne bransjen er omfattande. Sjølv om Fiskeridirektoratet hentar opp store mengder rapportert tapt utstyr kvart år, blir mykje av det tapte utstyret likevel liggande. Det blir rapportert om store mengder tapt utstyr i fritidsfiske, i tillegg til at det sannsynlegvis er store mørketall.

Registreringar av avfall langs norskekysten og på Svalbard viser store regionale forskjellar i kjeldesamansetning. Generelt utgjer avfall som kan knyttast til fiskeri, fritidsfiske og akvakultur ein større del av avfallet i Nord-Noreg og langs Vestlandskysten, mens forbrukaravfall utgjer ein større del rundt Oslofjorden og i søraustlege delar av landet.

Registreringar av avfall langs vassdraga viser at forsøpling òg er ein utfordring i innlandet. Overordna tyder resultata på at personleg forbruk, utandørsaktivitet og bygg- og anleggsverksemd er hovudkjeldene til forsøpling i innlandet. I tillegg er dumping av avfall eit kjent problem i fleire vassdrag, spesielt i områder som er tilgjengelege for motorisert ferdsel.

Det vart i 2020 gjennomført ein systematisk studie av strandsøppel frå slike ryddeaksjonar som tok utgangspunkt i område frå vasskanten og eit stykke opp på land i geografisk spreidde område langs norskekysten.63 Kvar einaste del av rundt ti tonn avfall frå 50 strender vart analysert. Tal, vekt, alder og opphavsland for kvar gjenstand vart registrert for ei rekkje kategoriar og for kvar enkelt lokalitet.

Det vart funne store regionale skilnader i kjeldene. Funna stemmer godt overeins med folkedataa som er registrerte i Rydde. Gjenstandar frå fiskeri og akvakultur utgjer ein stor del langs kysten, og i landssnitt 46,2 prosent, mens gjenstandar frå personleg forbruk utgjer den største delen nær folkerike område, og i landssnitt 14,9 prosent. Plast utgjer 73,5 prosent av avfallet i vekt, og 91,5 prosent av avfallet i tal. Ekspandert polystyren (isopor) er det mest vanlege avfallet i tal. Utstyr og gjenstandar som blir brukte i fiskeri og akvakultur utgjer ein hovuddel av vekta. Tau dominerer i vekt, og er den fjerde største kjelda i tal.

Av dei ti prosent av gjenstandane som kunne sporast tilbake til land, kom 77 prosent frå Noreg. Av dei fem prosent av avfallet der alder kunne bli slått fast, var 49 prosent under fem år gammalt. Størstedelen er småbitar av plast av usikkert opphav og alder, men kunnskapen viser at tilførsel av nytt avfall frå kjelder i Noreg framleis er eit problem.

Omfang av og kjelder til avfall på avvegar i ferskvatn og på land finst det mindre data om. I 2019 gjorde Hold Norge Rent ei undersøking der informasjon om totalt 987 «søppeleiningar» fordelt på elleve vassdrag og innsjøar i til saman ni fylke vart registrert. Det vart funne mest matemballasje, deretter kom i hovudsak uidentifiserbare plastbitar, og på tredjeplass kom isopor. I område som er tilgjengelege for motorisert ferdsel, kom matemballasje og uidentifiserbare plastbitar øvst på funnlista, følgd av sigarett- og snusemballasje, sneipar og snus. I område som er mindre tilgjengelege for motorisert ferdsel, kom ekspandert polystyren (isopor) øvst, med annan plastemballasje på andreplass og matemballasje på tredjeplass. Generelt vart friluftslivet konkludert å vere ei viktig kjelde til forsøpling i ferskvatn og på land.

12.3 Ansvar for opprydding

Det er forbode å forsøple. Der eigaren av avfallet er kjend, er det eigaren som har ansvar for å rydde opp, anten direkte eller ved å sørgje for at andre gjer det i tråd med forureinar betaler-prinsippet. I mange tilfelle er likevel samansetninga av plastavfall i naturen, særleg i hav og kystsone, blanda frå ei lang rekkje kjelder og ofte òg brote ned i delar som ikkje lar seg spore. I ein del tilfelle kan ein spore forsøpling tilbake til produktgruppe, men ikkje produsent. Dette kan gi eit bilete på kor mykje ein sektor eller bransje bidreg til forsøpling, både på landsbasis og meir lokalt. Som vist til tidlegare gjennomfører miljøstyresmaktene no ein brei gjennomgang av produsentansvarsordningar i Noreg. For fleire av dei nye produktgruppene Noreg vil innføre produsentansvar for, er det aktuelt å utvide produsentansvaret til å omfatte eit medansvar for opprydding av forsøpling.

Kommunane har ei plikt etter forureiningslova § 35 til å sørgje for oppsetjing og tømming av avfallsbehaldarar på utfartsstader og andre sterkt trafikkerte offentlege stader der det må reknast med at avfall vil bli sett igjen. Kommunane har òg ansvar for ei rimeleg opprydding av forsøpling i desse områda. Plikta kommunen etter forureiningslova har til å rydde opp, er avgrensa til det som følgjer av forureiningslova § 35. Kommunen har plikt til å krevje eit avfallsgebyr frå innbyggjarane sine som skal dekkje kostnadene for handtering av hushaldsavfall. Kommunen er forsøplingsstyresmakt og er med lokalkunnskapen sin best eigna til å undersøkje forsøplingssaker meir inngåande. Kommunen har ei plikt til å undersøkje saka og vurdere forureiningsfaren og behov for eventuelle tiltak. Dersom det finst ein ansvarleg, kan kommunen påleggje å rydde opp i medhald av forureiningslova § 37.

12.4 Finansieringskjelder og oppryddingsaksjonar

Når det gjeld opprydda eigarlaust avfall frå område kommunen ikkje sjølv har ansvar for, er det opp til kommunane om dei vil ta imot slikt avfall vederlagsfritt. Fleire kommunar og avfallsselskap tek betalt for å ta imot slikt avfall, andre ikkje. Dette fører til ein uoversiktleg situasjon for ryddarar.

Miljødirektoratet forvaltar ei tilskotsordning for støtte til tiltak mot marin forsøpling. I 2021 vart det delt ut om lag 70 mill. kroner til ulike oppryddings- og førebyggjande tiltak. Ein del blir gitt til større ryddeaksjonar. Desse er òg viktige bidrag i å spreie kunnskap og gode haldningar. Ordninga med tilskotsmidlane til tiltak mot marin forsøpling har vist seg å vere arbeidskrevjande å forvalte. Med eit aukande tal oppryddingsaktørar, store økonomiske bidrag frå ikkje-statlege kjelder, som Handelens Miljøfond og andre stiftingar, og utviklinga totalt sett innanfor feltet opprydding, er det no behov for å sjå nærmare på innretninga av tilskotsordninga.

Rydd Norge

Handelens Miljøfond har oppretta ryddeprogrammet Rydd Norge, med ambisjon om å ha gjennomført opprydding av makroplast langs 40 prosent av ytre kyststrekning i Noreg, samt prioriterte vassdrag og områder på Svalbard, innan 2023. Programmet er delt opp i ti regionale prosjekt, som skal vere tilpassa forholda og aktørane i kvar region. Kva for nokre eksakte områder som trengs å ryddast, og kva for nokre aktørar som allereie ryddar, skal i utgangspunktet kartleggast før oppstart. Statsforvaltaren bidrar med råd bl.a. om dette og om omsyn til sårbar natur, og har i fleire av regionane ein møteleiarfunksjon i regionale samrådsgrupper. Leiing og gjennomføring av dei regionsvise prosjekta blir lyst ut, deretter blir ryddearbeidet lyst ut. Opprydding er så langt starta i Nordland, Trøndelag og Vestland. Etter 2023 blir det vurdert å støtte vedlikehaldsrydding i områda. Handelens Miljøfond har totalt satt av 390 mill. kroner til dette programmet i perioden 2021-2023.

Refusjonar av mindre utgifter til ryddeutstyr, transport og levering av rydda avfall har i fleire år vore handtert ved at Hold Norge Rent forvaltar ei eiga refusjonsordning. Dei har kvart år måtte søkje om midlar frå Miljødirektoratets tilskotsordning til denne refusjonsordninga, der dei igjen fordeler til ei lang rekkje aktørar. Det bør sjåast nærmare på moglegheiter for forenkling.

For å få tildelt midlar frå refusjonsordninga må aktørane først registrere aksjonen sin i kartverktøyet Rydde. Slik blir det òg skaffa viktig informasjon om oppryddingsarbeidet. Òg når det gjeld midlar til rydding frå tilskotsposten er det krav om registrering i Rydde. Det er viktig for å sikre god koordinering, og for å styrkje kunnskapen om omfang og kjelder til forsøpling, at alle ryddetiltak blir registrerte der. Der det er kapasitet til det, er det ønskjeleg at meir informasjon om rydda avfall blir registrert, då slik folkeforsking har ein stor verdi. Vidare er ein viktig funksjon ved Rydde at område som treng rydding, kan rapporterast enkelt via ein app.

Dykkarklubbar bidreg med ein stor og viktig frivillig innsats, bl.a. med opprydding av tapte teiner, men òg anna slags avfall, på havbotnen. Norges Dykkeforbund har tidlegare bl.a. motteke støtte frå Sparebankstiftelsen til opprydding av teiner, og fordelt midlane vidare til lokale dykkarlag. Dei har fått ein sum per teine som har gått til bl.a. utstyr og utgifter til drivstoff. Informasjon har blitt levert til Havforskningsinstituttet til bruk i forsking. Det finst mange finansielle kjelder til oppryddingstiltak. Det er behov for å vurdere korleis både frivillig rydding i sjø (dykkarklubbar) og rydding på land best kan støttast opp om og leggjast til rette for.

Klima- og miljødepartementet innførte i 2017 ei tilskotsordning for kasserte fritidsbåtar. Ordninga går ut på at ein kan få utbetalt ein «vrakpant» (1000 kr/vrak i 2021) om ein leverer inn ein kassert fritidsbåt til eit behandlingsanlegg. Ordninga gjeld sports- og fritidsfartøy inntil 15 meter (49 fot), og omfattar òg mindre fartøy slik som seglbrett, kajakk og kano. Kommunar og andre aktørar som behandlar slike fritidsfartøy, kan søkje om å få tilskot frå Miljødirektoratet for behandlinga. Formålet med ordninga er å hindre at gamle fritidsfartøy blir liggjande i naturen og bidreg til forsøpling og lokal forureining. Sidan ordninga vart oppretta i 2017, var det per mai 2021 etablert 250 mottaksanlegg for små kasserte fartøy, 74 anlegg for kasserte fartøy over 15 fot, og levert inn over 36 600 kasserte fartøy. Over 107 mill. kroner var delt ut i støtte til mottak og behandling. Det er framleis stor pågang på ordninga.

Meir om opprydding innanfor fiskeri og akvakultur er å lese i kap. 9, om sjøbaserte kjelder. Meir om opprydding ved akutt forureining er å lese i kap. 11.

12.5 Aktørar og organisering

Hold Norge Rent

Hold Norge Rent (HNR) starta med ein ryddeaksjon i 1969 og vart relansert som kampanje i 2004. I 2014 vart HNR oppretta som ei ideell foreining og arbeider saman med frivillige, verksemder og kommunar mot forsøpling. Mange av desse er sjølv medlemmer i organisasjonen. Foreininga inviterer heile samfunnet til dugnad mot forsøpling, både som medlemsorganisasjon og ved mobilisering til nasjonale ryddedugnader. HNR bidreg òg til førebygging gjennom haldningsskaping, kartlegging av avfall og identifisering av kjelder og årsaker til forsøpling. HNR engasjerer seg i tiltak mot forsøpling og bidreg òg som frivillig rettleiar overfor kommunar, under dette i utarbeiding av handlingsplanar mot forsøpling.

HNR utvikla for fleire år sidan ein nettportal for registrering av informasjon om opprydding. Dataa er overførte til kartverktøyet «Rydde», og ny versjon er vidareutvikla av Senter for oljevern og marint miljø (SOMM) i samarbeid med HNR. HNR har ansvaret for brukarstøtte og folkeforskinga i Rydde. HNR forvaltar ei refusjonsordning der aktørar som har utgifter knytt til transport og behandling av innsamla eigarlaust marin forsøpling kan få disse dekka. HNR bidreg òg til internasjonalt samarbeid mellom liknande organisasjonar. HNR får grunnstøtte frå Klima- og miljødepartementet.

Den første større ryddeaksjonen vart arrangert i 1969 som ein kampanje kalla Hold Norge Rent. Ryddearbeidet har deretter utvikla seg med auka aktivitet både gjennom Hold Norge Rents koordinerte ryddeaksjonar og med ei lang rekkje andre aksjonar og aktørar. Aktørbiletet og organiseringsformer varierer mellom ulike område i Noreg. Både frivillige enkeltmenneske og lag, ideelle organisasjonar, friluftsråd, Skjærgårdstjenesten, kommunar, avfallsbransjen, kommersielle aktørar og statlege aktørar som Fiskeridirektoratet, Statens Naturoppsyn, statsforvaltaren, Kystverket og Kystvakta er blant dei involverte.

Statsforvaltaren har i dei seinare åra hatt i oppgåve å vere ein regional koordinator og skal framleis bidra til regional koordinering av ryddearbeidet. Statsforvaltaren skal sjå til at vernereglar og omsyn til sårbar natur blir overhaldne, og bidra med kunnskap og oversikt over aktørar. I nokre område med lang historie i opprydding er koordinering allereie godt ivareteken av friluftsråda og Skjærgårdstjenesten. Særleg i Oslofjorden og Bergen og omland har friluftsråda lang erfaring som koordinator. Statsforvaltaren har likevel viktige oppgåver i å støtte opp om arbeidet.

Dei frivillige og den ideelle innsatsen har vore heilt sentral, og er svært verdifull. Samstundes som myndigheitene følger opp sitt eige ansvar, er det òg viktig at myndigheitene legg godt til rette for det frivillige arbeidet. Myndigheitene arbeider òg for å få på plass ordningar som gjer det enklare å følgje opp der ansvarleg for forsøplinga eller produktet er kjent.

Foto av telefon med appen "Rydde"

For å få tildelt midlar frå dei ulike refusjons- og tilskotsordningane frå myndigheitane og frå Handelens Miljøfond, må aktørane først registrere aksjonen sin i Rydde. Slik blir det òg skaffa viktig informasjon om oppryddingsarbeidet.

Det har over tid blitt gjort tilgjengeleg mykje midlar til oppryddingstiltak. Dei største finansieringskjeldene er dei statlege tilskotsmidlane mot marin forsøpling og Handelens Miljøfond. Svært mange andre, både stiftingar, næringsliv og kommunar, bidreg òg med støtte til frivillige og/eller oppdrag til kommersielle aktørar. Det har utvikla seg ein marknad for opprydding. Når det gjeld statlege ressursar, må desse så effektivt som mogleg bli brukte til å hindre marin forsøpling både gjennom førebygging og opprydding. Det er òg viktig at aktørar som ønskjer å utvikle teknologi og løysingar, og å byggje opp arbeidsplassar innanfor feltet, legg til grunn tilrådingane om prioriteringar frå FNs miljøforsamling.

Senter for oljevern og marint miljø (SOMM) har på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet utarbeida oversikter over aktørar på regionalt nivå i enkelte område, og greidd ut ulike måtar å styrkje organisering av myndigheitenes rolle på. Utgreiinga og forslaga er nokre av innspela som blir vurdert. Myndigheitene kan ikkje legge til grunn at dei frivillige ryddar, bortsett frå der dei mottar støtte til dette. Men dei mange aktørane har sjølv gitt uttrykk for at myndigheitene må ta grep og bidra til å styrke samordninga av ryddearbeidet.

Klima- og miljødepartementet heldt i mai 2021 eit innspelsmøte kor aktørar kunne seie si meining om kva for nokre grep som trengs frå staten for å styrke samordninga og gjennomføringa av oppryddingsarbeidet, òg for å legge til rette for det frivillige. Innspela vil bli tekne med i den vidare vurderinga på området.

Logistikken rundt transport og handtering av rydda avfall er ei utfordring der løysingane og rammevilkåra varierer mykje frå område til område. I nokre område, slik som Oslofjorden, er det et godt etablert samarbeid mellom alle aktørar, òg avfallselskap og kommunar. I andre område, og særleg i mindre kommunar, er det vanskelegare. Fleire prosjekt greier no ut moglege tiltak for å betre dette, og nokre aktørar etterlyser grep på nasjonalt nivå. Klima- og miljødepartementet vil sjå nærmare på vidare utgreiingsbehov på området.

SOMM blir frå 1. januar 2022 eit reindyrka nasjonalt senter for marin forsøpling, underlagt Klima- og miljødepartementet. Senteret skal framleis vere eit kompetansesenter innan opprydding av marin forsøpling og innan førebygging frå sjøbaserte kjelder. Senteret skal bl.a. få ei rolle som ein overordna koordinator for myndigheitene innan opprydding av marin forsøpling og tilretteleggjar på nasjonalt nivå i oppryddingsarbeidet i Noreg. Senteret skal òg bistå statsforvaltaren og andre koordinatorar på regionalt nivå med informasjon og anna etter behov.

Senteret skal tidleg i 2022 opprette, invitere til og leie ei nasjonal samordningsgruppe for oppryddingsarbeidet. Representantar for dei frivillige og for næringsliv skal bli invitert til å delta. Dei digitale verktøya Rydde og Rent hav er viktige verktøy. Senteret skal vidareutvikle desse, og bruke dei aktivt i samordnings- og koordineringsarbeidet.

Det er viktig at alle aktørar som sit med kartfesta data om forsøpling, bidreg med desse inn til Rydde og Rent hav. Kartverktøyet Rydde skal omfatte ei lågterskelløysing for registrering av at ein har rydda, utan at ein må opprette ein aksjon.

Rent hav skal utviklast vidare til eit godt planleggings- og koordineringsverktøy i oppryddingsarbeidet. Ein skal kunne laste ned informasjon om rydda område, område som treng rydding, tilgjengelege aktørar for rydding, transport og mottaksstader for avfall, og om eventuelle vernereglar og tilkomst til områda, med vidare. Det kan utarbeidast slik at dei ulike aktørane kan rettleiast inn mot dei best eigna områda for deira kompetanse, og dei områda med størst behov. Dei best eigna måtane å koordinere ryddearbeidet på må prøvast ut og justerast basert på erfaringar undervegs. Det er viktig for det haldningsskapande arbeidet at frivillige får halde fram med å rydde dei områda dei føler ansvar for. Ordninga til Hold Norge Rent med «adopter ei strand» er eit døme. Senteret skal gjennom å bidra til god informasjonsutveksling bidra til at slike omsyn blir tekne vare på.

På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet har SOMM gjennomført eit pilotprosjekt der det bl.a. skulle sjåast på bruk av tilgjengelege statlege ressursar i arbeidet. SOMM og Kystverket gjennomførte eit vellykka samarbeidsprosjekt der Kystverket bidrog med bl.a. transport av avfall frå eksponert kyst. Kystverkets bidrag inn på dette området vil vurderast vidare.

12.6 Internasjonalt samarbeid om opprydding

Hold Norge Rent har fått oppretta eit samarbeid med andre ryddeorganisasjoner i Norden og Ocean Conservancy. Noreg har støtta opp om dette. Dei leier òg for tida det europeiske nettverket Clean Europe. Hold Norge Rent har vore ein nyttig aktør for Noreg i det internasjonale samarbeidet, og Noreg har bidrege til å fremme samarbeidsprosjekta til foreininga bl.a. under Nordisk ministerråd. Det skal òg gjennomførast eit ryddenettverksprosjekt under Arktisk råd. Opprydding inngår òg som tema i nordisk og arktisk samarbeid. Det blir i 2021 starta opp eit Nordisk prosjekt der erfaringar med opprydding av plastpellets etter akutte utslepp inngår.

På sikt er det aktuelt at SOMM kan bidra med norske erfaringar og kunnskap om opprydding inn i det globale partnarskapet mot marin forsøpling (GPML).

Regjeringa vil

  • gi Senter for oljevern og marint miljø, som frå 1. januar 2022 blir eit reindyrka senter for marin forsøpling, oppgåver som vil styrke samordninga og tilrettelegginga for eit effektivt og godt oppryddingsarbeid i Noreg
  • leggje til rette for frivillige i arbeidet med opprydding gjennom blant anna tilskot til oppryddingsaksjonar
  • evaluere tilskotsordninga mot marin forsøpling og refusjonsordninga for ryddekostnadar i lys av utviklinga i oppryddingsarbeidet og behovet for føreseielegheit for aktørane
  • vurdere behov og moglege tiltak for å leggje til rette for transport, levering og mottak av rydda avfall, irekna eventuell utgreiing på nasjonalt nivå
  • halde fram med å støtte Hold Norge Rent i å leggje til rette for frivillig oppryddingsarbeid
  • vurdere korleis frivillig rydding i sjø og på land best kan støttast opp om
  • utvide Fiskeridirektoratets lokale tiltak for oppreinsking av attgløymde og tapte fiskereiskap i kyst- og fjordområde
  • vurdere nærmare om, og eventuelt i kva omfang, Kystverket kan bidra med transport av opprydda avfall
  • vurdere nærmare om, og eventuelt i kva omfang, Kystvakta kan bidra gjennom den ordinære aktiviteten sin, til dømes med informasjon om område som treng rydding
  • styrkje det internasjonale samarbeidet om opprydding, bl.a. som del av nordisk samarbeid, handlingsplanen mot marin forsøpling under OSPAR, det norsk-russiske miljøsamarbeidet og i oppfølginga av handlingsplanen mot marin forsøpling i Arktis

Fotnotar

63.

Mepex (2020) A deep dive into our ocean plasticMepex_sluttrapport.pdf
Til forsida