8 Plast i transportsektoren
Transportsektoren er ei kjelde til både forsøpling og spreiing av mikroplast til miljøet. Slitasje frå bildekk er estimert å vere den største kjelda til spreiing av mikroplast både i EU og i Noreg, og er på globalt nivå estimert å utgjere 5–10 prosent av all mikroplast i havet. Foto: Adobe Stock.
Transportsektoren er ei kjelde til både forsøpling og spreiing av mikroplast til miljøet. Slitasje frå bildekk er estimert å vere den største kjelda til spreiing av mikroplast både i EU og i Noreg, og er på globalt nivå estimert å utgjere 5–10 prosent av alt plastavfall i havet.49 Dekkslitasje og vegstøv står for omtrent 40 prosent av det totale utsleppet av mikroplast i Noreg frå landbaserte kjelder. Mikroplasten blir spreidd med avrenning, vind og snø. Plastavfall på avvegar kjem bl.a. frå bygg- og anleggsverksemd, emballasje, hamnar, merking av vegar og farleier, deponering av sprengsteinmassar og frå trafikantar. Bygg- og anleggsverksemder forbruker og handterer store mengder plast som emballasje, kablar, røyr, sperreband, foliar og liknande, og potensialet for forureining er derfor stort. Drift og vedlikehald av samferdselsstruktur bidreg òg. Plast i sprengsteinmassar kan hamne i naturen når overskotsmassar blir nytta til utfyllingar på sjø og land. Andre viktige kjelder til mikroplast frå transport er ved slitasje og sliping av måling på skip og bruer. Plastforureining kjem òg frå maritim transport, sjå kap. 9 om sjøbaserte kjelder.
Regjeringa la i mars 2021 fram Nasjonal transportplan, der rolla til transportsektoren innan plastforureining er beskriven.
I regi av Nordisk Ministerråd er det utarbeidet rapport om spreiing av mikroplast frå dekkslitasje hvor Norge ledet styringsgruppa.50 Tiltak for å redusere utslepp frå dekkslitasje omtales også i Miljødirektoratets tiltaksvurderingar om mikroplast.51
Transportverksemdene52 har, saman med bl.a. Miljødirektoratet, samla kunnskap om kjeldene til plastforureining i transportsektoren og moglege tiltak for å redusere desse utsleppa. Verksemdene vil halde fram med å jobbe med innhenting av kunnskap om kjelder og innføring av effektive tiltak. Dette inkluderer bl.a. å vidareutvikle kunnskap og bruke metodar og materiale som i størst mogleg grad forhindrar og reduserer plastforureining.
For å redusere spreiing av mikroplast frå slitasje av dekk og vegdekke er vegvasking, oppsamling av avrenning i sandfang og tiltak for å kontrollere forureining i brøyta snø aktuelle tiltak som skal brukast i større grad der det er eigna.
Slitasje frå bildekk er ei krevjande kjelde å regulere. Når det gjeld utforming av dekk for å gjere desse meir slitesterke, er Noreg avhengig av samarbeid med EU. Ei EU-forordning om dekkmerking som omfattar drivstoffeffektivitet og ei rekkje andre faktorar, tredde i kraft 1. mai 2021. Forordninga opnar for at merkeordninga blir utvida til å inkludere utslepp av mikroplast når ein eigna testmetode for å måle dekkslitasje er tilgjengeleg. Samferdselsstyresmaktene følgjer dette arbeidet med omsyn til nasjonal gjennomføring. Sjå elles kap. 10 om tiltak mot mikroplast.
Transportverksemden skal innanfor ansvarsområda sine styrkje arbeidet med førebyggjande tiltak for å redusere tilførsel av plastavfall og mikroplast til miljøet, og med opprydding av plastavfall.53 Tiltak og krav for førebyggjande arbeid og opprydding skal òg styrkjast overfor bygg, drift og vedlikehald. Kystverket kontraktfestar i utbyggingsprosjekta sine krav til at entreprenøren samlar opp all synleg plast umiddelbart etter sprenging, og at strandsona i nærleiken av anlegget skal ryddast ved enda anleggsverksemd. Entreprenøren skal òg sørgje for at det etter enda verksemd er mindre plast i miljøet i området enn før tiltaket. Statens vegvesen arbeider aktivt med å finne alternative produkt. Det skal òg sjåast på korleis ordninga med plastrekneskap som vart innført i Rogfast-prosjektet, kan brukast og vidareutviklast. Verksemdene kan òg setje krav til redusert plastbruk gjennom kontraktane sine.
Sprengsteinmassar kan innehalde armeringsfiber og tennsystem av plast. Det finst plastfrie armeringsalternativ og tennsystem som kan redusere plastforureininga. Opprydding etter utslepp kan vere vanskeleg, og mykje skade på miljøet kan då allereie ha skjedd. Deponering av massar i sjøen føreset løyve frå Statsforvaltaren. Miljødirektoratet har utarbeidd rettleiingsmateriale som beskriv krav som styresmaktene kan stille til sprengings- og utfyllingsprosjekt for å redusere mengda plastforureining. Her blir det òg omtalt kva miljøkrav kommunen kan stille i samband med anbodsutlysingar. Det kan bl.a. stillast særlege krav til bruk av plastfrie løysingar, til reinsing av massar før deponering og til miljøovervaking i lengre tid etter tiltaket.
Store mengder skadeleg armeringsfiber og skyteleidningar av plast hamna i sjøen grunna deponering av sprengsteinmassar frå Ryfast-tunnelutbyggjinga. Statens Vegvesen har erkjent ansvaret for ei opprydding som i 2021 har pågått i seks år, og ingen veit når den blir ferdig. Slik deponering i sjøkanten tillates ikkje lenger. Foto: Naturvernforbundet.
Regjeringa vil
- at transportverksemdene innanfor ansvarsområda sine styrkjer arbeidet med opprydding av plastavfall og førebyggjande tiltak for å redusere tilførsel av plastavfall og mikroplast til miljøet
- vidareutvikle kunnskap og bruk av metodar og materiale som i størst mogleg grad forhindrar og reduserer plastforureining frå transportsektoren
- stille krav til bruk av alternative metodar som ikkje medfører spreiing av plast til miljøet frå sprengstein
- vidareutvikle reinhaldsregime for vegar som er tilpassa lokale og klimatiske forhold, og satse på utforming og drift av reinsetiltaka og sandfanga som sikrar at mikroplastpartiklar blir haldne tilbake frå vegavrenning, tunnelvaskevatn og deponi
- samarbeide aktivt med EU for å sikre at den nye merkeordninga for bildekk vil inkludere utslepp av mikroplast frå bildekk
Fotnotar
https://www.regjeringen.no/contentassets/fab417af0b8e4b5694591450f7dc6969/no/pdfs/stm202020210020000dddpdfs.pdf