9 Kommunal- og distriktsdepartementet
Nedanfor er ei oversikt over oppfølging av oppmodingsvedtak under Kommunal- og distriktsdepartementet. Oversikta omfattar alle vedtak frå stortingssesjonen 2022–2023 og alle vedtak frå tidlegare sesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 186 S (2022–2023) meinte ikkje var følgde opp ferdig. I tabellen nedanfor blir det og opplyst om departementet planlegg at rapporteringa knytt til oppmodingsvedtaket no blir avslutta eller om departementet òg vil rapportere konkret på vedtaket i budsjettproposisjonen for neste år.
Tabell 9.1 Oversikt over oppmodingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer
Sesjon | Vedtak nr. | Stikkord | Rapporteringa blir avslutta (Ja/Nei) |
---|---|---|---|
2022–2023 | 14 | Husbankens arbeid med energitiltak for låginntektshushaldningar | Ja |
2022–2023 | 15 | Gebyrfri søknad om byggesak for energioppgradering | Ja |
2022–2023 | 24 | Unntak frå søknadsplikta etter plan- og bygningslova for mindre solenergianlegg | Nei |
2022–2023 | 88 | Husleigelovutval | Ja |
2022–2023 | 196 | Konsekvensar ved eit norsk forbod mot atferdsbasert reklame | Nei |
2022–2023 | 197 | Lagring av biometriske data frå sosiale medieplattformer | Nei |
2022–2023 | 380 | Evaluering av støttetiltaka for Aust-Finnmark | Ja |
2022–2023 | 383 | Statlege arbeidsplassar til Finnmark | Ja |
2022–2023 | 452 | Materialbankar for ombruk av byggevarer | Ja |
2022–2023 | 453 | Innrapportering av avfallsmengdene frå bygge- og anleggsbransjen | Ja |
2022–2023 | 454 | Strategi for massehandtering | Nei |
2022–2023 | 455 | Digital marknadsplass for overskotsmassar | Nei |
2022–2023 | 583 | Tilgjengeliggjering av data ved inngåing av offentlege kontraktar | Nei |
2022–2023 | 584 | Deling av data med stor samfunnsmessig verdi | Ja |
2022–2023 | 651 | Oppfølging av vedtak nr. 383 (2022–2023) | Ja |
2022–2023 | 667 | Retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar | Ja |
2022–2023 | 710 | Marine grunnkart | Ja |
2022–2023 | 780 | Fordeling av førehandsstemmer og stemmer på valkrins | Nei |
2022–2023 | 819 | Kapitalkostnadar ferjeavløysingsprosjekt | Ja |
2022–2023 | 820 | Eit meir utjamnande inntektssystem for kommunane | Nei |
2022–2023 | 821 | Evaluering av inntektssystemet for fylkeskommunar | Nei |
2022–2023 | 823 | Namdalen og distriktstilskot Nord-Noreg | Nei |
2022–2023 | 824 | Evaluering av frikommuneforsøk | Nei |
2022–2023 | 826 | Terskelbeløpet i Merkur-ordninga | Ja |
2022–2023 | 922 | Etablering av solceller og/eller lokalprodusert energi på nye statlege byggeprosjekt | Nei |
2022–2023 | 930 | Bustøtte og trygdeoppgjer | Nei |
2022–2023 | 931 | Meir treffsikker bustøttesordning | Nei |
2022–2023 | 934 | Etablering av solceller og/eller lokalprodusert energi på nye næringsbygg | Nei |
2021–2022 | 35 nr. 7 | Lokal energiproduksjon, energieffektivisering og ladeinfrastruktur i burettslag | Ja |
2021–2022 | 35 nr. 15 | Nullutslepp eller fossilfrie anleggsplassar i planreglar | Nei |
2021–2022 | 35 nr. 27 | Levekår i byar | Ja |
2021–2022 | 35 nr. 35 | Blankoskøyter og plikt til tinglysing | Nei |
2021–2022 | 35 nr. 42 | Auka openheit i verksemda til private tilbydarar av offentleg finansierte velferdstenester | Nei |
2021–2022 | 35 nr. 43 | Krav om organisering i sjølvstendig rettssubjekt for selskap som leverer offentleg finansierte velferdstenester | Nei |
2021–2022 | 35 nr. 54 | Bustader for studentar i kommunale arealplanar | Nei |
2021–2022 | 363 | Kompensere kommunane og fylkeskommunane som følgje av smitteverntiltak | Ja |
2021–2022 | 413 | Leiarløningar i staten | Nei |
2021–2022 | 722 | Vindkraft på land | Ja |
2021–2022 | 726 | Energifleksibel oppvarming | Nei |
2021–2022 | 791 | Plan for breibanddekning II | Ja |
2021–2022 | 792 | Frikommuneforsøk | Ja |
2021–2022 | 828 | Meirutgifter til pandemien i kommunane og fylkeskommunane | Ja |
2020–2021 | 1060 | Utgreie rett til høghastigheitsinternett for alle husstandar | Ja |
2020–2021 | 1066 | Mobil- og internettdekning langs eksisterande riksvegar | Nei |
2020–2021 | 1209 | Klarare reglar for krav til sløkkevatn | Ja |
2020–2021 | 1252 | Helsetenester nytta utanfor bustadkommunen | Nei |
2018–2019 | 55 | Opplysningsplikt for statsrådar og statssekretærar | Nei |
2016–2017 | 700 | Stryke listekandidatar | Ja |
2016–2017 | 845 | Sørsamisk språk | Ja |
2015–2016 | 646 | Unntak frå plan- og bygningslova og grannelova ved nasjonal flyktningkrise | Nei |
2015–2016 | 861 | Endringar i vallova | Ja |
9.1 Stortingssesjon 2022–2023
Husbankens arbeid med energitiltak for låginntektshushaldningar
Vedtak nr. 14, 18. oktober 2022
«Stortinget ber regjeringen vurdere å styrke Husbankens arbeid med energitiltak for lavinntektshusholdninger, for eksempel ved å opprette en midlertidig låneordning som kan benyttes til installasjon av varmepumpe, etterisolering av bygg og andre relevante enøktiltak, i samspill med eksisterende enøkordninger.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Guri Melby og Ola Elvestuen om ekstraordinære tiltak som følgje av straumkrisa, jf. Dokument 8:289 S (2021–2022) og Innst. 25 S (2022–2023).
Låginntektshushaldningar blir ofte avgrensa som hushaldningar med inntekt under 60 pst. av nasjonal medianinntekt (EU60). For ein einsleg person tilsvarte låginntektsgrensa 251 600 kroner i 2021 (tal frå SSB). I 2022 hadde 16 pst. av hushaldningane ei inntekt som var under EU60 (tal frå SSB). I tal utgjorde dette 410 000 hushaldningar, der 163 000 var bustadeigarar og 247 000 hushaldningar leigde bustaden sin. Delen hushaldningar som leiger bustad, har auka dei siste åra og delen er særleg auka blant låginnteksthushaldningar. Lån kan i mange høve vere eit treffsikkert verkemiddel, men ei låneordning for installasjon av varmepumpe, etterisolering av bygg med vidare, vil truleg ikkje vere eit sterkt nok insentiv til å utløyse energitiltak for husstandar med låge inntekter. Husstandar med låge inntekter kan ha utfordringar med å finansiere sjølv delar av eit energitiltak, og mange har allereie høg gjeldsbelasting. I ei tid med høge renter, høg prisvekst og mogleg fall i bustadprisar, er det ikkje tilrådeleg å auke låneopptaket til desse hushaldingane. Dette er òg ei gruppe som ofte leiger bustaden dei bur i.
Som i 2022 og 2023, foreslår regjeringa å gi ekstra straumstøtte til bustøttemottakarar for januar til mars 2024, sjå nærare omtale under kap. 581, post 70. Det er òg vedtatt mellombelse endringar i bustøtteregelverket, som inneber markant høgare inntektsgrenser og dermed vesentleg fleire bustøttemottakarar enn i det ordinære regelverket. Regjeringa foreslår å vidareføre dei mellombelse endringane for januar til mars 2024. Dette treffer hushaldningar med låge inntekter godt.
Regjeringa oppretta i 2023 ei ny tilskotsordning, kap. 581, post 60 Energitiltak i utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar. Ved å redusere straumutgiftene i mellom anna kommunalt eigde utleigebustader, vil ordninga kunne bidra til lågare straumutgifter for dei husstandane som ikkje har straum dekt gjennom husleiga. Ordninga fekk ei løyving på 160 mill. kroner i saldert budsjett for 2023. I revidert nasjonalbudsjett vart løyvinga styrka med 103,8 mill. kroner, slik at den samla løyvinga i 2023 er 263,8 mill. kroner. Regjeringa vidarefører i 2024 ordninga under Olje- og energidepartementets budsjettområde. For nærare omtale, sjå kap. 1825, post 21 under Olje- og energidepartementet.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Gebyrfri søknad om byggesak for energioppgradering
Vedtak nr. 15, 18. oktober 2022
«Stortinget ber regjeringen gå i dialog med kommunene for å vurdere en midlertidig eller tidsbegrenset ordning der søknad om byggesak for energioppgradering gjøres gebyrfri.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Guri Melby og Ola Elvestuen om ekstraordinære tiltak som følgje av straumkrisa, jf. Dokument 8:289 S (2021–2022) og Innst. 25 S (2022–2023).
I Veileder for beregning av selvkost og gebyrforskrift i byggesaker har departementet synleggjort handlingsrommet kommunane har til å ta lågare gebyr enn sjølvkost for tiltak dersom dei ønskjer det. Kommunane kan i gebyrforskrifta si gi føresegner som inneber reduksjon for å fremje visse typar tiltak. Dette kan til dømes vere ei føresegn om reduksjon ved prosjekt som inneber null-utslepp, universell utforming og andre formar for «grønt gebyr». Bruker dei dette høvet, er det kommunen som subsidierer sakene over dei frie inntektene sine dersom utgiftene overstig sjølvkost. Departementet vil informere KS om dette handlingsrommet.
Departementet meiner med dette at oppmodningsvedtaket er følgt opp.
Unntak frå søknadsplikta etter plan- og bygningslova for mindre solenergianlegg
Vedtak nr. 24, 18. oktober 2022
«Stortinget ber regjeringen vurdere å midlertidig eller tidsbegrenset unnta mindre solenergianlegg fra søknadsplikt etter plan- og bygningsloven, med unntak for fredede og verneverdige bygg, og fjerne kravet om nettinnmelding på anlegg under 7 kW.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Guri Melby og Ola Elvestuen om ekstraordinære tiltak som følgje av straumkrisa, jf. Dokument 8:289 S (2021–2022) og Innst. 25 S (2022–2023).
Departementet tar sikte på å følgje opp oppmodingsvedtaket som ein del av arbeidet med endringar i byggteknisk forskrift og byggesaksforskrifta for å bidra til auka energieffektivitet, energifleksibilitet og lokal energiproduksjon.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Husleigelovutval
Vedtak nr. 88, 1. desember 2022
«Stortinget ber regjeringen sette ned et Husleielovutvalg som går gjennom Husleieloven for å vurdere hvordan den kan styrke leietagernes rettigheter, sikre grunnleggende botrygghet og at loven samsvarer bedre med dagens situasjon på leiemarkedet. Utvalget settes ned våren 2023, og en ny lov skal behandles i inneværende stortingsperiode.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2022–2023) Nasjonalbudsjettet 2023 og Innst. 2 S (2022–2023).
Regjeringa har sett ned eit husleigelovutval, jf. kgl. res. 16. juni 2023 nr. 2023/25. Utvalet skal gå gjennom husleigelova og mellom anna vurdere og foreslå endringar som styrkjer leigarar sine rettar, sikrar grunnleggande butryggleik og som gjer at lova er tilpassa situasjonen i leigemarknaden. Utvalet skal òg vurdere endringar som gjer at lova betre enn i dag varetar interessene til dei ulike aktørane i leigemarknaden på ein god og samfunnstenleg måte. Departementet tar sikte på å legge fram eit forslag om endringar i delar av lova i inneverande stortingsperiode.
Departementet meiner med dette at oppmodningsvedtaket er følgt opp.
Konsekvensar ved eit norsk forbod mot atferdsbasert reklame
Vedtak nr. 196, 12. desember 2022
«Stortinget ber regjeringen vurdere hvilket handlingsrom Norge har til å regulere digitale tjenester utover reguleringen i Digital Services Act og Digital Markets Act, med tanke på å vurdere konsekvenser ved et norsk forbud mot reklame som er basert på masseinnsamling av personopplysninger, sporing og profilering av enkeltpersoner på digitale plattformer. Vurderingen skal omfatte både innhentingen, bruken og eventuelt salg/utlevering av personopplysningene.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Guri Melby, Sveinung Rotevatn, Ingvild Wetrhus Thorsvik, Grunde Almeland og Alfred Jens Bjørlo om betre personvern på sosiale media, jf. Dokument 8:167 S (2021–2022) og Innst. 100 S (2022–2023).
Departementet er opptatt av ein god digitaliseringspolitikk som tek vare på både personvernet og næringsinteresser. Departementet vurderer, i dialog med andre departement som saka rører ved, korleis oppmodingsvedtaket best kan følgjast opp.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Lagring av biometriske data frå sosiale medieplattformer
Vedtak nr. 197, 12. desember 2022
«Stortinget ber regjeringen utrede omfanget av og utfordringene rundt lagring av biometriske data fra norske forbrukere på sosiale medieplattformer.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Guri Melby, Sveinung Rotevatn, Ingvild Wetrhus Thorsvik, Grunde Almeland og Alfred Jens Bjørlo om betre personvern på sosiale media, jf. Dokument 8:167 S (2021–2022) og Innst. 100 S (2022–2023).
Departementet tar sikte på å følgje opp oppmodingsvedtaket i samband med oppfølginga av Personvernkommisjonens rapport NOU 2022: 11 Ditt personvern – vårt felles ansvar.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Evaluering av støttetiltaka for Aust-Finnmark
Vedtak nr. 380, 19. desember 2022
«Stortinget ber regjeringen evaluere støttetiltakene for Øst-Finnmark vedtatt ved behandlingen av Prop. 78 S (2021–2022), og orientere Stortinget på egnet måte, senest våren 2023.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Alfred Jens Bjørlo, Guri Melby og Sofie Høgestøl om ein omstillingspakke for Finnmark, jf. Dokument 8:269 S (2021–2022) og Innst. 95 S (2022–2023.
Oppmodingsvedtaket vart følgt opp i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023, jf. omtale i Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023.
Statlege arbeidsplassar til Finnmark
Vedtak nr. 383, 19. desember 2022
«Stortinget ber regjeringen vurdere utflytting og lokalisering av egnede statlige arbeidsplasser til Finnmark.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Alfred Jens Bjørlo, Guri Melby og Sofie Høgestøl om ein omstillingspakke for Finnmark, jf. Dokument 8:269 S (2021–2022) og Innst. 95 S (2022–2023.
Regjeringa er opptatt av utviklinga i Finnmark og ser lokalisering av statlege verksemder i regionen som eit verktøy for styrking av lokale arbeidsmarknader og auka attraktivitet for busetting. Regjeringa er derfor opptatt av å legge til rette for at moglege alternativ for lokalisering av statlege arbeidsplassar i Finnmark også blir vurdert.
I retningslinjene for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon er det presisert at eitt av tre lokaliseringsalternativ som blir vurdert, skal ligge på sentralitet 3-6. Den tilhøyrande rettleiaren peikar på at lokalisering i Nord-Noreg bør bli vurdert. Som oppfølging av oppmodingsvedtaket vil regjeringa spisse denne oppmodinga til at «lokalisering i Nord-Noreg og særleg i Finnmark bør bli vurdert».
I lokaliseringssaker som denne regjeringa har behandla i tråd med retningslinjene, har følgjande blitt lagt til Finnmark:
Sekretariatet for tilsynsrådet for kriminalomsorga, fem stillingar til Vardø (nyetablering).
Fiskeridirektoratet: Leiarfunksjonen i Fartøy- og deltakerseksjonen blir lagt til Vadsø.
Regjeringa har gitt føring til alle statlege verksemder om å styrkje tilrettelegginga for desentralisert arbeid. Dette vil kunne gi høve til fleire å kunne enten ta med seg ein statleg jobb ved flytting til Finnmark, eller at folk som bur i Finnmark kan ha tilgang til statlege stillingar som blir utlyst med høve for desentralisert arbeid.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Materialbankar for ombruk av byggevarer
Vedtak nr. 452, 12. januar 2023
«Stortinget ber regjeringen legge til rette for etablering av materialbanker for ombruk av byggevarer, i samarbeid med aktører i bransjen og øvrige nordiske land.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Mathilde Tybring-Gjedde og Nikolai Astrup om ein meir sirkulær økonomi, jf. Dokument 8:254 S (2021–2022) og Innst. 124 S (2022–2023).
Samordningsrådet for digitalisering har sett i gang fleire pilotprosjekt for å samordne digitaliseringsarbeid i bygge- og anleggsnæringa, og stimulere til betre digital informasjonsflyt, særleg for byggevarer med stort potensial for ombruk. Desse grepa støttar opp om etablering av digitale materialbankar. Vidare har regjeringa invitert bygge-, anleggs- og eigedomsnæringa til dialog om klimapartnarskap. Å redusere dei samla utsleppa frå næringa vil mellom anna krevje meir sirkulære løysingar, og dialogen om klimapartnarskap skal synleggjere korleis ulike aktørar må bidra for å lykkast med dette.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Innrapportering av avfallsmengdene frå bygge- og anleggsbransjen
Vedtak nr. 453, 12. januar 2023
«Stortinget ber regjeringen effektivisere og digitalisere innrapportering av avfallsmengdene fra bygge- og anleggsbransjen.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Mathilde Tybring-Gjedde og Nikolai Astrup om ein meir sirkulær økonomi, jf. Dokument 8:254 S (2021–2022) og Innst. 124 S (2022–2023).
Samordningsrådet for digitalisering i bygg- og anleggsnæringa stimulerer næringsaktørane til å bruke nye metodar og arbeidsmåtar. Samordningsrådet har hausten 2023 ferdigstilt eit pilotprosjekt for å betre datagrunnlaget knytt til avfallsmengder. I arbeidet med piloten har ein sett på korleis avfall kan rapporterast digitalt frå dei ulike avfallsmottaka, og skissert ei konkret løysing på dataflyten som viser korleis tenestene kan fungere. Avfalls- og gjenvinningsnæringa har deltatt i pilotarbeidet, og vil sjå på vidare arbeid med korleis ei slik teneste kan implementerast.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Strategi for massehandtering
Vedtak nr. 454, 12. januar 2023
«Stortinget ber regjeringen gjennomgå relevant regelverk og utarbeide en tverrsektoriell strategi for massehåndtering i samarbeid med bygge- og anleggsnæringen.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Mathilde Tybring-Gjedde og Nikolai Astrup om ein meir sirkulær økonomi, jf. Dokument 8:254 S (2021–2022) og Innst. 124 S (2022–2023).
Ei bredt samansett direktoratsgruppe, som var leia av Miljødirektoratet, tilrår i rapporten «Tverrsektorielt prosjekt om disponering av jord og stein som ikke er forurenset», ei rekke tiltak for å sikre ein meir berekraftig forvaltning av reine overskotsmassar frå bygge- og anleggstiltak. Direktoratsgruppa viser til at det er uklarleiker i regelverket, ulik praksis og lite effektiv saksbehandling knytt til massehandtering. Det høgast prioriterte tiltaket er derfor å gjennomgå relevant regelverk og utarbeide ein tverrsektoriell rettleiar knytt til gjeldande regelverk for massehandtering.
Kommunal- og distriktsdepartementet startar hausten 2023 arbeidet med ein slik rettleiar, og har som mål at den vil vere klar i første kvartal 2024. Arbeidet vil skje i samarbeid med aktuelle departement og i dialog med bygge- og anleggsnæringa.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Digital marknadsplass for overskotsmassar
Vedtak nr. 455, 12. januar 2023
«Stortinget ber regjeringen legge til rette for etableringen av en digital markedsplass for overskuddsmasser, etter modell fra Bærum ressursbank.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Mathilde Tybring-Gjedde og Nikolai Astrup om ein meir sirkulær økonomi, jf. Dokument 8:254 S (2021–2022) og Innst. 124 S (2022–2023).
Ei bredt samansett direktoratsgruppe, som var leia av Miljødirektoratet, tilrår i rapporten «Tverrsektorielt prosjekt om disponering av jord og stein som ikke er forurenset», ei rekke tiltak for å sikre ei meir berekraftig forvaltning av reine overskotsmassar frå bygge- og anleggstiltak. Eit av tiltaka som vart forslått er å støtte etableringa av ein digital marknadsplass for overskotsmassar, og stimulere aktørar til å ta den i bruk. Bærum ressursbank, og deira samarbeidspartar, utviklar i dag eit marknadssystem med nye løysingar for framtidas handtering av overskotsmassar. Systemet skal etter planen bli klart sommaren 2024. Kommunen har fått 15 mill. kroner frå Innovasjon Noreg til å gjennomføre ei innovativ anskaffing for utvikling av systemet. Bærum ressursbank er i gang med ei pilotering med utvalde byggherrar og entreprenørar i Oslo-regionen. Kommunal- og distriktsdepartementet vil hausten 2023 gå i dialog med Bærum ressursbank med sikte på å vurdere moglegheita for å etablere eit tilsvarande system i ein nasjonal samanheng.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Tilgjengeliggjering av data ved inngåing av offentlege kontraktar
Vedtak nr. 583, 13. april 2023
«Stortinget ber regjeringen stille krav om at data gjøres tilgjengelig ved inngåelse av offentlige kontrakter, der det vurderes hensiktsmessig.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Linda Hofstad Helleland, Nikolai Astrup, Anne Kristine Linnestad og Heidi Nordby Lunde om datadreven industri, jf. Dokument 8:73 S (2022–2023) og Innst. 238 S (2022–2023).
Statens standardavtalar (SSA) er dei kontraktane som er mest brukt når det offentlege inngår avtaler om kjøp av IT og konsulenttenester. Som eit ledd i oppfølginga av Meld. St. 22 (2020–2021) Data som ressurs – datadrevet økonomi og innovasjon, fekk Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) i 2022 i oppdrag å vurdere om det var bruk for endringar i SSA for å legge betre til rette for deling og gjenbruk av data. DFØ har utarbeidd ein rapport med forslag til tiltak, som mellom anna foreslår endringar i nokre av kontraktsmalane, kombinert med betre rettleiing i bruken av desse. Departementet har etterspurt ei tilleggsutgreiing til ovannemnde rapport frå DFØ. Arbeidet med tilleggsutgreiinga har forventa oppstart i tidleg 2024.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Deling av data med stor samfunnsmessig verdi
Vedtak nr. 584, 13. april 2023
«Stortinget ber regjeringen vurdere hvilke typer data som har såpass stor samfunnsmessig verdi at myndighetene bør pålegge datadeling.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Linda Hofstad Helleland, Nikolai Astrup, Anne Kristine Linnestad og Heidi Nordby Lunde om datadreven industri, jf. Dokument 8:73 S (2022–2023) og Innst. 238 S (2022–2023).
EU har vedtatt Direktiv 2019/1024 Opne data-direktivet (ODD). Dette direktivet er ei omarbeiding av det tidlegare direktivet om vidarebruk (PSI-direktivet), men det pålegg òg landa nye krav. Eit viktig mål med direktivet er å redusere marknadsbarrierar for små og mellomstore bedrifter gjennom å redusere unntaka som gjer at offentlege organ kan ta meir betalt for data enn marginalkostnadane. Fordi direktivet omfattar fleire typar offentlege data enn før, vil tilgangen til offentlege data auke. Direktivet skal òg oppmode til deling av dynamiske data gjennom programmeringsgrensesnitt (API-ar).
ODD etablerer særlege reglar for det som blir kalla «datasett med høg verdi». Dette er datasett der vidarebruk kan gi viktige fordelar for samfunnet, miljøet og økonomien. Europakommisjonen kan definere tematiske område for datasett med høg verdi, og vedta gjennomføringsrettsakter med nærare krav til desse datasetta. Dei områda som er definert så langt er geografiske data, jordobservasjons- og miljødata, meteorologiske data, statistikkdata, selskaps- og eigarskapsregisterdata og mobilitetsdata (transportdata). Slike datasett skal vere gratis, tilgjengelege, maskinlesbare, levert gjennom API-ar og, når relevant, kunne massenedlastast.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Oppfølging av vedtak nr. 383 (2022–2023)
Vedtak nr. 651, 15. mai 2023
«Stortinget ber regjeringen senest i statsbudsjettet for 2024 redegjøre for oppfølgingen av vedtak 383 (2022–2023).»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Alfred Jens Bjørlo, André N. Skjelstad og Ane Breivik om ein lokaliseringspolitikk for statlege verksemder som sikrar utvikling av sterke og mangfaldige arbeidsmarknadsregionar rundt større byar på Sørlandet, på Vestlandet, i Trøndelag og i Nord-Noreg, jf. Dokument 8:162 S (2022–2023) og Innst. 326 S (2022–2023).
Det blir vist til omtale under vedtak nr. 383, 19. desember 2022.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar
Vedtak nr. 667, 15. mai 2023
«Stortinget ber regjeringen i retningslinjene for lokalisering av statlige arbeidsplasser om ikke å sidestille større byer og byområder med Oslo når det gjelder hvor nye og omlokaliserte statlige arbeidsplasser og virksomheter skal lokaliseres.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Alfred Jens Bjørlo, André N. Skjelstad og Ane Breivik om ein lokaliseringspolitikk for statlege verksemder som sikrar utvikling av sterke og mangfaldige arbeidsmarknadsregionar rundt større byar på Sørlandet, på Vestlandet, i Trøndelag og i Nord-Noreg, jf. Dokument 8:162 S (2022–2023) og Innst. 326 S (2022–2023).
Ei sidestilling av Oslo med andre større byar i Noreg har aldri vore praktisert ved bruk av retningslinjene for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon. Praktiseringa av retningslinjene vil framleis vere at ein vurderer lokalisering til Oslo og andre av dei større byane i kvar einskild sak, ut frå sektorpolitiske og lokaliseringspolitiske mål. Kravet i retningslinjene om at eitt av tre lokaliseringsalternativ som blir vurdert skal ligge på sentralitet 3-6, vil ivareta at ein alltid vurderer moglegheitene for å lokalisere statleg verksemder i mindre sentrale kommunar, samstundes som eventuelle behov for lokalisering i større byar også vil bli synleggjort i utgreiinga.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Marine grunnkart
Vedtak nr. 710, 30. mai 2023
«Stortinget ber regjeringa setje fart på arbeidet med å lage marine grunnkart for alle norske fjordar og kystområde innafor grunnlinja.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Birgit Oline Kjerstad, Grete Wold og Ingrid Fiskaa om marine grunnkart i kystsona, jf. Dokument 8:220 S (2022–2023) og Innst. 446 S (2022–2023).
Regjeringa følgjer effektane av pilotprosjektet for marine grunnkart nøye og er i dialog med etatane om dei beste tekniske løysingane. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023 vart det satt av 3 mill. kroner til å bygge ein teknisk infrastruktur for marine grunnkart i Sør-Varanger.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Fordeling av førehandsstemmer og stemmer på valkrins
Vedtak nr. 780, 7. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen sørge for at forhåndsstemmer og stemmer avgitt i en annen valgkrets enn der velger er manntallsført ved valgoppgjøret, fordeles på den krets der velgeren er manntallsført.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 45 L (2022–2023) Lov om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer (valgloven), Innst. 431 L (2022–2023) og Lovvedtak 96 (2022–2023).
Forslaget vil krevje endring i den nye vallova, og det må gjerast ei større utgreiing for å sjå på korleis oppmodningsvedtaket kan følgjast opp.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Kapitalkostnadar ferjeavløysingsprosjekt
Vedtak nr. 819, 13. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen sikre at fergeavløsningsprosjekter som ferdigstilles mellom 2022 og 2027, får ta del i rentekompensasjonsordningen i tråd med vedtak nr. 1251 (2020–2021), jf. Prop. 192 S (2020–2021) Kommuneproposisjonen 2022 og Innst. 660 S (2020–2021).»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024 og Innst. 488 S (2022–2023).
Den ordinære ferjeavløysingsordninga blir finansiert innanfor rammetilskotet til fylkeskommunane. Dette inneber at alle fylkeskommunar er med på å finansiere tilskot til ferjeavløysing. Som svar på oppmodingsvedtak nr. 727 (2019–2020), jf. Prop. 105 S Kommuneproposisjonen 2021 og Innst. 383 S (2019–2020), la Solberg-regjeringa i Prop. 192 S (2020–2021) Kommuneproposisjonen 2022 fram forslag til eit nytt, øyremerkt tilskot til rentekompensasjon i ferjeavløysingsprosjekt. Forslaget om eit ekstra tilskot vart grunngitt med at ikkje dei andre fylkeskommunane skulle måtte medverke ytterlegare til finansiering av ferjeavløysingsprosjekt. Innanfor ei årleg ramme på 50 mill. kroner kunne fylkeskommunar få kompensert inntil 50 pst. av årlege rentekostnadar dei første fem åra etter at vegprosjektet er ferdigstilt, for ferjeavløysingsprosjekt som blir ferdigstilte mellom 2022 og 2027. På bakgrunn av eit nytt oppmodingsvedtak nr. 1251, jf. Prop. 192 S (2020–2021) Kommuneproposisjonen 2022 og Innst. 660 S (2020–2021), foreslo Solberg-regjeringa vidare at ein i dei årlege budsjettprosessane ville vurdere behovet for å utvide samla ramme, slik at alle ferjeavløysingsprosjekt som kjem inn under ordninga får eit samla tilskot på minst 25 pst. av berekna rentekostnadar.
Ut ifrå forslaget til ekstra rentekompensasjon lagt fram i Kommuneproposisjonen 2022, er det berre Nordøyvegen i Møre og Romsdal som er aktuelt for eit slikt tilskot no. Regjeringa foreslår å gi Møre og Romsdal fylkeskommune 160 mill. kroner til dekking av kapitalkostnadar og dermed betre økonomien i Nordøyvegen-prosjektet. Beløpet utgjer 25 pst. av årlege, berekna rentekostnadar over fem år for dette prosjektet, men vil bli utbetalt over to år.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Eit meir utjamnande inntektssystem for kommunane
Vedtak nr. 820, 13. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen gjennom behandlingen av endringer i kommunenes inntektssystem sikre intensjonen om et inntektssystem for kommunene som er mer utjevnende enn dagens.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024 og Innst. 488 S (2022–2023).
Inntektssystemet skal jamne ut dei økonomiske skilnadene mellom kommunar og medverke til at kommunane kan gi eit likeverdig tenestetilbod til innbyggarane. For å fange opp endringar i kommunesektoren over tid må ein jamleg oppdatere systemet. Inntektssystemutvalet, som leverte utgreiinga si hausten 2022, vurderte heile inntektssystemet for kommunane, også denne problemstillinga.
Departementet vil vurdere utvalets tilrådingar og vil gjere ein heilskapleg gjennomgang av inntektssystemet for kommunane i ei eiga melding til Stortinget våren 2024.
Evaluering av inntektssystemet for fylkeskommunar
Vedtak nr. 821, 13. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med en evaluering av inntektssystemet for fylkeskommuner i forbindelse med fremleggelsen av kommuneproposisjonen våren 2027.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024 og Innst. 488 S (2022–2023).
Departementet tar sikte på å kome tilbake til saka våren 2027, slik Stortinget har bedt om.
Namdalen og distriktstilskot Nord-Noreg
Vedtak nr. 823, 13. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen vurdere om kommunene i Namdalen fortsatt skal sortere under distriktstilskudd Nord-Norge.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024 og Innst. 488 S (2022–2023).
Inntektssystemet skal jamne ut dei økonomiske skilnadene mellom kommunar, og medverke til at kommunane kan gi eit likeverdig tenestetilbod til innbyggarane. For å fange opp endringar i kommunesektoren over tid, må ein jamleg oppdatere systemet. Inntektssystemutvalet, som leverte utgreiinga si hausten 2022, vurderte heile inntektssystemet for kommunane, også denne problemstillinga.
Departementet vil vurdere utvalet sine tilrådingar og gjere ein heilskapleg gjennomgang av inntektssystemet for kommunane i ei eiga melding til Stortinget våren 2024.
Evaluering av frikommuneforsøk
Vedtak nr. 824, 13. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med en evaluering av frikommuneforsøk på egnet tidspunkt.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024 og Innst. 488 S (2022–2023). Regjeringa jobbar med å etablere eit opplegg for evaluering av forsøk og forsøksordninga. Kommunal- og distriktsdepartementet tar sikte på å lyse ut evalueringsoppdrag i løpet av hausten 2023.
Som varsla i Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024, kapittel 6.1 tar departementet sikte på å orientere Stortinget om status for ordninga for forsøkskommunar og om pågåande forsøk i dei årlege kommuneproposisjonane.
Terskelbeløpet i Merkur-ordninga
Vedtak nr. 826, 13. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen vurdere å øke terskelbeløpet for å komme inn i Merkur-ordningen.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024 og Innst. 488 S (2022–2023).
Merkur-programmet prioriterer dei minste og mest perifere Merkur-butikkane. Kommunal- og distriktsdepartementet vil denne hausten vurdere om prisstigning dei siste åra bør gi grunnlag for å heve terskelen for å få del i støtteordningane, og sjå det i samanheng med den samla ramma for støtteordningane. Ei eventuell heving av omsettingsgrensa for investeringsstøtte i Merkur-programmet vil truleg gi større konkurranse om dei økonomiske midlane. Per 30. juni 2023 er investeringsstøttemidlane for 2023 allereie i all hovudsak disponert. Dei større Merkur-butikkane med over 13 mill. kroner i omsetting har uansett tilgang på kompetansedelen av Merkur, men ikkje høve til å søke om støtte til økonomiske investeringar. Regjeringa vil gi ein omtale av vurderinga i Prop. 1 S (2024–2025).
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Etablering av solceller og/eller lokalprodusert energi på nye statlege byggeprosjekt
Vedtak nr. 922, 16. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen stille krav om at det skal etableres solceller og/eller lokalprodusert energi på alle nye statlige byggeprosjekter med oppstart av et forprosjekt i 2024, der ikke spesielle hensyn tilsier noe annet. Kravet skal også gjelde ved større oppgraderinger og rehabiliteringer.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023 og Innst. 490 S (2022–2023).
Departementet tar sikte på å følgje opp oppmodingsvedtaket i komande prosjekt, og vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Bustøtte og trygdeoppgjer
Vedtak nr. 930, 16. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen sikre at ingen mister bostøtte som følge av etterbetalingen for de årlige trygdeoppgjørene.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023 og Innst. 490 S (2022–2023).
Kommunal- og distriktsdepartementet har gitt instruks til Husbanken om å skjerme alle etterbetalingar i juni 2023, slik at ingen tapar bustøtte på etterbetalingar etter trygdeoppgjeret. Det er ikkje tilstrekkeleg greidd ut om og eventuelt korleis ei permanent skjermingsordning kan etablerast.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Meir treffsikker bustøtteordning
Vedtak nr. 931, 16. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen i statsbudsjettet for 2024 fremme forslag om endringer i bostøtteregelverket som gjør ordningen mer treffsikker for husholdninger med lave inntekter og høye boutgifter.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023 og Innst. 490 S (2022–2023).
Ekspertgruppa som vart sett ned i 2020 for å gjennomgå bustøtta, leverte sin rapport i mai 2022. Gruppa etterlyser mellom anna ei forankring av regelverkssatsane i underliggande prinsipp og tilgjengeleg statistikk. Vidare peiker dei på at bustøtteordninga kan virke meir komplisert enn nødvendig. Departementet jobbar med å følgje opp ekspertgruppa sin rapport og ser oppmodningsvedtaket i lys av dette arbeidet.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.
Etablering av solceller og/eller lokalprodusert energi på nye næringsbygg
Vedtak nr. 934, 16. juni 2023:
«Stortinget ber regjeringen i løpet av første halvår 2024 sende på høring et forslag med krav om at det skal etableres solceller og/eller lokalprodusert energi på alle nye næringsbygg over 500 m2 utenfor LNF-områder.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023 og Innst. 490 S (2022–2023).
Departementet tar sikte på å følgje opp oppmodingsvedtaket som ein del av arbeidet med endringar i byggteknisk forskrift og byggesaksforskrifta for å bidra til auka energieffektivitet, energifleksibilitet og lokal energiproduksjon.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
9.2 Stortingssesjon 2021–2022
Lokal energiproduksjon, energieffektivisering og ladeinfrastruktur i burettslag
Vedtak nr. 35 nr. 7, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen vurdere ordninger som støtter opp om etablering av lokal energiproduksjon, energieffektivisering og etablering av ladeinfrastruktur i borettslag.»
Dokumentet som ligg til grunn er Innst. 2 S (2021–2022) Innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2022 og forslaget til statsbudsjett for 2022.
Det er ei rekke tiltak, både gjennomførte og pågåande, som støttar opp om energiproduksjon, energieffektivisering og lading av elbil i burettslag og andre bustader. Andelseigarar i burettslag har fått rett til å setje opp ladepunkt. Det er krav i byggteknisk forskrift om at parkeringsplassar knytte til nye bygg skal vere ladeklare. Regjeringa har endra plusskundeordninga slik at straumkundar i burettslag kan sleppe nettleige og avgifter for forbruk av straum dei sjølv produserer og delar i burettslaget. Enova oppretta i 2022 kartleggingsstønad for klima- og energitiltak i burettslag. Dei støttar òg varmesentralar basert på fornybare energikjelder, der òg burettslag og sameige kan søkje. I tillegg kan enkelte tiltak under Enova sitt tilskot vere relevante for dei som bur i burettslag og sameige. Enova arbeider òg med ei styrka satsing på energi i breitt og energieffektivisering meir spesifikt. Dette inneber mellom anna ein ny investeringsstønad retta mot burettslag, sameige og yrkesbygg som koplar stønaden til energimerket og forbetra energiyting basert på ei grundig kartlegging. Samla sett støttar dette opp om lokal energiproduksjon, energieffektivisering og etablering av ladeinfrastruktur i burettslag utan at det er behov for nye ordningar. Regjeringa vil legge fram ein handlingsplan for energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi som har stor merksemd på redusert energibruk i bygg.
Departementet meiner med dette at oppmodningsvedtaket er følgt opp.
Nullutslepp eller fossilfrie anleggsplassar i planreglar
Vedtak nr. 35 nr. 15, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for å endre plan- og bygningsloven for å sikre at kommunene har hjemmel til å kunne stille krav om nullutslipp eller fossilfrie anleggsplasser i planbestemmelser.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022 og Innst. 2 S (2021–2022).
Kommunal- og distriktsdepartementet oppretta saman med Klima- og miljødepartementet ei arbeidsgruppe for å greie ut korleis kommunane skal kunne stille klimakrav til byggeplassar, anten gjennom plan- og bygningslova eller forureiningslova. Arbeidsgruppa ga Miljødirektoratet i oppdrag å greie ut korleis ein lovheimel kan innrettast. Miljødirektoratet gjekk i si utgreiing langt i å peike på forureiningslova som eigna for ein lovheimel. På bakgrunn av dette har dei to departementa bede Miljødirektoratet om å utarbeide eit høyringsnotat der forureiningslova leggast til grunn for ein heimel. Høyringsnotatet er til vurdering i departementa.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Levekår i byar
Vedtak nr. 35 nr. 27, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en egen sak om levekår i byer innen utgangen av 2022, saken skal blant annet vurdere Jenssen-utvalgets forslag.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022 og Innst. 2 S (2021–2022).
Regjeringa la i august 2023 fram Meld. St. 28 (2022–2023) Gode bysamfunn med små skilnader.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Blankoskøyter og plikt til tinglysing
Vedtak nr. 35 nr. 35, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen utrede bruken av blankoskjøter og plikt til tinglysing ved eiendomskjøp.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022 og Innst. 2 S (2021–2022).
Oppmodingsvedtakets underliggande problemstilling må sjåast i samanheng med den moglege bruken til styresmaktene av opplysningar om eigarskap til aksjar og fast eigedom. Finansdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet har gitt Skatteetaten, Brønnøysundregistera og Kartverket i oppdrag å kartlegge styresmaktene si moglege bruk av opplysningar om eigarskapsforhold til aksjar og fast eigedom. Dette kan gi grunnlag til å vurdere korleis styresmaktene kan arbeide vidare på området. Skatteetaten har ansvaret for å leie oppdraget og organisere samarbeidet med Brønnøysundregistera og Kartverket.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Auka openheit i verksemda til private tilbydarar av offentleg finansierte velferdstenester
Vedtak nr. 35 nr. 42, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen fremme nødvendige tiltak for å sikre økt åpenhet og transparens i virksomheten til private tilbydere av offentlig finansierte velferdstjenester, herunder et offentlig register over alle private virksomheter som leverer offentlig finansierte velferdstjenester.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022 og Innst. 2 S (2021–2022).
Det regjeringsoppnemnte Avkommersialiseringsutvalet har som ein del av mandatet sitt å vurdere korleis kommersielle aktørar i velferdstenestene kan regulerast sterkare, til dømes gjennom krav om openheit om økonomi, eigarskap og driftsavtalar. Utvalet skal òg gi ein juridisk definisjon av ideell verksemd og vise korleis ideelle aktørar kan registrerast, eksempelvis etter ein modell lik Frivillighetsregisteret. Avkommersialiseringsutvalet skal levere si utgreiing innan 1. juni 2024. I etterkant av at utvalet har avlevert utgreiinga, vil Kommunal- og distriktsdepartementet i samarbeid med aktuelle departement, vurdere korleis utvalet sine tilrådingar kan følgast opp.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Krav om organisering i sjølvstendig rettssubjekt for selskap som leverer offentleg finansierte velferdstenester
Vedtak nr. 35 nr. 43, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen utrede forslag om å stille krav til at selskaper som leverer offentlig finansierte velferdstjenester, organiseres i egne rettssubjekter hvor det ikke er tillatt å drive annen virksomhet enn offentlig finansierte velferdstjenester.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022 og Innst. 2 S (2021–2022).
Avkommersialiseringsutvalet skal vurdere korleis kommersielle aktørar kan regulerast strengare. Det gjeld mellom anna krav om at verksemda skal drivast i eit sjølvstendig rettssubjekt, forbod mot å driva anna verksemd i same rettssubjekt, avgrensingar i moglegheita for å ta ut utbytte eller krav om at delar av overskotet skal reinvesterast i verksemda med meir. Avkommersialiseringsutvalet skal levere si utgreiing innan 1. juni 2024.
På barnehagefeltet er det allereie frå 1. januar 2023 innført eit krav i barnehagelova om at kvar privat barnehage skal vere eit sjølvstendig rettssubjekt.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte i etterkant av utvalet sitt arbeid.
Bustader for studentar i kommunale arealplanar
Vedtak nr. 35 nr. 54, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen vurdere forslag til endringer i plan- og bygningsloven om at studentboliger blir et eget formål i kommunale arealplaner, innen utgangen av 2022.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022 og Innst. 2 S (2021–2022).
Kommunal- og distriktsdepartementet ga i februar 2022 Oslo Economics og NIBR, Oslo Met i oppdrag å vurdere behovet til kommunane for å gjere bustader for studentar til eit eige arealføremål, relevansen av eit lovforslag, og prinsipielle og juridiske problemstillingar knytt til dette. Oslo Economics og NIBR, Oslo Met leverte vurderingane sine til departementet 6. juli 2022. På grunn av dei økonomiske rammene er notatet ikkje ei fullstendig utgreiing. Mellom anna er ikkje dei samfunnsøkonomiske verknadene av ei lovendring vurdert, heller ikkje moglege verknader for sentrale aktørar som til dømes studentane sjølve, studentsamskipnadene og byggeselskap.
Kommunal- og distriktsdepartementet meiner det er nødvendig å kartlegge verknadene av eit lovforslag meir for å kunne konkludere om departementet skal sende eit lovforslag på høyring.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Kompensere kommunane og fylkeskommunane som følgje av smitteverntiltak
Vedtak nr. 363, 24. januar 2022
«Stortinget ber regjeringen kompensere kommunene og fylkeskommunene for merutgifter og mindreinntekter som følge av nasjonale, regionale og lokale smitteverntiltak.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 51 S (2021–2022) Endringer i statsbudsjettet 2022 (økonomiske tiltak i møte med pandemien og ekstraordinære strømutgifter) og Innst. 119 S (2021–2022).
Sjå nærare omtale under vedtak nr. 828, 17. juni 2022 om oppfølging av vedtaket.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Leiarløningar i staten
Vedtak nr. 413, 3. mars 2022
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte når utvalget som skal gjennomgå lederlønnssystemet i staten, har lagt frem sin rapport.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Kirsti Bergstø, Audun Lysbakken, Grete Wold og Freddy André Øvstegård om lønsmoderasjon for høgtlønte i staten, jf. Dokument 8:22 S (2021–2022) og Innst. 156 S (2021–2022).
Leiarlønsutvalet overleverte rapporten sin til kommunal- og distriktsministeren 15. juni 2022.
Regjeringa er opptatt av å bidra til å rekruttere og behalde dyktige leiarar i staten, samstundes som det skal sikrast at leiarlønsutviklinga ikkje overskrid det som er gjennomsnittleg lønsutvikling i samfunnet. I Hurdalsplattforma går det fram at regjeringa vil lage nye retningslinjer for leiarløningar og andre type godtgjersler for leiarar i staten, som bidrar til reduserte lønsforskjellar. Rapporten frå utvalet er eit viktig bidrag i dette arbeidet.
Regjeringa må halde seg til inngåtte tariffavtalar med hovudsamanslutningane, og kan ikkje einsidig endre systema for korleis ein løner leiarar i staten. Det vil derfor vere tett dialog med hovudsamanslutningane i dette arbeidet.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget i lønsproposisjonen etter hovudtariffoppgjeret i 2024.
Vindkraft på land
Vedtak nr. 722, 10. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen snarest mulig sende på høring forslag til endringer i plan- og bygningsloven for behandling av vindkraft på land, slik at nye vindkraftanlegg kan behandles etter både energiloven og plan- og bygningsloven, med sikte på ikrafttredelse av lovendringen 1. januar 2023.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 11 (2021–2022) Tilleggsmelding til Meld. St. 36 (2020–2021)Energi til arbeid – langsiktig verdiskaping fra norske energiressurser og Innst. 446 S (2021–2022).
Regjeringa la våren 2023 fram Prop. 111 L (2022–2023) Endringer i energiloven og plan- og bygningsloven (vindkraft på land) for å styrkje den kommunale råderetten ved etablering av vindkraft på land. Endringane i plan- og bygningslova og energilova vart vedtekne av Stortinget 9. og 12. juni 2023, og vart satt i kraft frå 1. juli 2023. Endringane gir kommunane større formell styring over arealbruken i vindkraftsaker, mellom anna ved at det no er krav om at kommunane må vedta ein områderegulering før det kan bli gitt konsesjon etter energilova.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Energifleksibel oppvarming
Vedtak nr. 726, 10. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen utrede energieffekten og konsekvenser for byggekostnadene av å stramme inn kravet til energifleksibel oppvarming, og vurdere hvor mye kravet kan strammes inn.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 446 S (2021–2022) Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Meld. St. 36 (2020–2021) Energi til arbeid – langsiktig verdiskaping fra norske energiressurser, Meld. St. 11 (2021–2022) Tilleggsmelding til Meld. St. 36 (2020–2021), representantforslag om å forlenge strømkompensasjonen, representantforslag om å bygge opp ei kraftfull norsk havvindsatsing, representantforslag om energipolitikk for framtida, representantforslag om hurtigspor for flytande havvind, representantforslag om uavhengige konsekvensutgreiingar i vindkraftsakar og representantforslag om energi for framtida.
Departementet tar sikte på å følgje opp oppmodingsvedtaket som ein del av arbeidet med endringar i byggteknisk forskrift og byggesaksforskrifta for å bidra til auka energieffektivitet, energifleksibilitet og lokal energiproduksjon.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Plan for breibanddekning II
Vedtak nr. 791, 14. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake i statsbudsjettet for 2023 med status og plan for hvordan det kan legges til rette for at alle norske nødmeldingssentraler, rådhus og andre viktige offentlige administrasjonsbygg, skoler og transportknutepunkter skal ha tilbud om minst 1 Gbit/s nedlastingshastighet og minst 100 Mbit/s opplastingshastighet innen utgangen av 2025.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 110 S (2021–2022) Kommuneproposisjonen 2023 og Innst. 460 S (2021–2022).
Ifølgje berekningar frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit var dekninga for fleire av dei ulike kategoriane av institusjonar og stadar som er nemnt i oppmodingsvedtaket 100 pst. ved utgangen av 2022, dette gjaldt mellom anna sjukehus, naudmeldingssentralar og flyplassar. For andre kategoriar står framleis noko att før alle er dekt, dette gjeld mellom anna grunnskolar og trafikknutepunkt, med unntak av flyplassar. Departementet vil legge til rette for at den eksisterande støtteordninga for breiband skal bidra til at alle dei nemnde institusjonane kan få tilbod om 1 Gbit/s nedlastingshastigheit og minst 100 Mbit/s opplastingshastigheit innan utgangen av 2025.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Frikommuneforsøk
Vedtak nr. 792, 14. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen legge til rette for etablering av frikommuneforsøk etter inspirasjon fra Danmark og komme til Stortinget med en sak om dette senest i forbindelse med statsbudsjettet for 2023.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 110 S (2021–2022) Kommuneproposisjonen 2023 og Innst. 460 S (2021–2022).
I tillegg blir det vist til Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024, kapittel 6.1 der det går fram at departementet tar sikte på å orientere Stortinget om status for ordninga for forsøkskommunar og om pågåande forsøk i dei årlege kommuneproposisjonane. Vi viser òg til vedtak nr. 824, 13. juni 2023 om evaluering av frikommuneforsøk og departementet si oppfølging av dette.
I Hurdalsplattforma varsla regjeringa at den vil gi større fridom til kommunale og regionale myndigheiter, som ein del av tillitsreforma. Forsøk gjer det mogleg å drive innovasjon og utprøving der kommunane får unntak frå krav i lov og forskrift. Forsøkslova gir heimel for å igangsette forsøk, og ein del andre lover har spesifikke heimlar for å gi unntak frå lovkrav gjennom forsøk.
Regjeringa har no etablert ei frikommuneordning innanfor gjeldande forsøksheimlar, og har invitert kommunar og fylkeskommunar til å søkje om forsøk. Fristen for å sende førebels søknad var 8. september 2023.
Kommunal- og distriktsdepartementet og aktuelle fagdepartement kan etter ei vurdering av søknadene gi unntak frå gjeldande lovkrav med heimel i forsøkslova eller forsøksheimlar i særlover. Forsøka bør ha ein varigheit som er tilstrekkeleg lang til å vurdere om føremålet med forsøket blir oppnådd, normalt tre til fire år.
Departementa samarbeider med KS om forsøksordninga og om eit opplegg for læring og erfaringsutveksling for kommunar og fylkeskommunar som deltar i ordninga.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Meirutgifter til pandemien i kommunane og fylkeskommunane
Vedtak nr. 828, 17. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag i nysalderingen av statsbudsjettet for 2022 om å kompensere merutgifter til pandemien i kommunene og fylkeskommunene i perioden 2020 til første halvår 2022.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 2 (2021–2022) Revidert nasjonalbudsjett 2022 og Innst. 450 S (2021–2022).
Arbeidsgruppa som vurderte dei økonomiske konsekvensane av pandemien for kommunesektoren, la i september 2022 fram ein rapport som omhandla 1. halvår 2022. Anslaget for meirutgifter og inntektsbortfall for kommunesektoren i 1. halvår 2022 var 8,8 mrd. kroner.
Ved behandlinga av Prop. 23 S (2022–2023) fekk kommunesektoren ei tilleggsløyving på 7,3 mrd. kroner, fordelt med 6,9 mrd. kroner til kommunane og 0,4 mrd. kroner til fylkeskommunane. Dette kom i tillegg til ei løyving på 1,5 mrd. kroner som allereie var gitt. Med dette vart både kommunane og fylkeskommunane samla sett fullt ut kompenserte for meirutgifter og mindreinntekter i 1. halvår 2022. I 2020 og 2021 var koronakompensasjonen til kommunesektoren samla sett om lag 1,9 mrd. 2022-kroner høgare enn anslåtte meirutgifter og inntektsbortfall.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
9.3 Stortingssesjon 2020–2021
Utgreie rett til høghastigheitsinternett for alle husstandar
Vedtak nr. 1060, 1. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen utrede en rett til høyhastighetsinternett for alle husstander i Norge.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 28 (2020–2021) Vår felles digitale grunnmur – Mobil-, bredbånds- og internettjenester, Dokument 8:151 S (2020–2021) og Innst. 511 S (2020–2021).
Regjeringa har ambisiøse mål for breibanddekning, inkludert at alle husstandar skal ha tilbod om minst 100 Mbit/s nedlastingshastigheit innan 2025. Regjeringa foreslår ein auke på kap. 541, post 60 Breibandutbygging i 2024, og denne auken legg til rette for at fleire husstandar og verksemder skal få tilgang til høghastigheits breiband. Foreløpige tall frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit viser at per første halvår 2023 var dekninga for breiband med 100 Mbit/s 96,6 pst. Analysys Mason berekna for departementet i november 2022 at det på det dåverande tidspunktet ville koste i overkant av 1,5 milliardar kroner i offentleg stønad å bygge ut breiband med minst 100 Mbit/s til alle.
Ein rett til høghastighets internett for alle husstandar i Noreg vil kunne bli etablert gjennom ein leveringsplikt på ein eller fleire tilbydarar. Regjeringa har høyrd eit forslag om ein lovheimel for å kunne pålegge leveringsplikt for breiband i Noreg. Her foreslår regjeringa at det blir innført ein lovheimel for å kunne pålegge leveringsplikt for breiband i Noreg. Høyringa inneheld ein nærmare omtale av korleis ein slik leveringsplikt kan innrettast.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Mobil- og internettdekning langs eksisterande riksvegar
Vedtak nr. 1066, 1. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen utarbeide en plan for utbygging av mobil- og internettdekning langs eksisterende riksveier, som spesifiserer dekningshull og kostnadene for utbedring av disse, og innarbeide dette i revidert nasjonalbudsjett for 2022.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 28 (2020–2021) Vår felles digitale grunnmur – Mobil-, bredbånds- og internettjenester og Innst. 511 S (2020–2021).
I Prop. 1 S (2022–2023) for Kommunal- og distriktsdepartementet vart det opplyst at departementet har vurdert resultata av ei gjennomført ekstern utgreiing og funne ut at det er behov for å gjere ytterlegare studiar. Departementet arbeider fortsett med ei ny utgreiing, som inneber å komplettere eksisterande resultat med fleire målingar langs enda fleire riksvegar. Dette vil gjere det mogleg å få eit meir presist situasjonsbilde, og det vil gi eit betre grunnlag for å estimere kostnadene knytte til å utbetre dekningshol langs riksvegnettet.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Klarare reglar for krav til sløkkevatn
Vedtak nr. 1209, 10. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen om å oppstille klare vilkår i regelverket for i hvilke tilfeller kommunene kan fravike de preaksepterte løsningene i byggteknisk forskrift (TEK17) § 11-17 og forskrift om brannforebygging § 21 til ugunst for utbygger hvor det brannprosjekteres med tankbil.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Hans Andreas Limi, Erlend Wiborg, Per-Willy Amundsen, Kjell-Børge Freiberg og Helge André Njåstad om å sikre meir føreseielege reglar for krav til sløkkevatn, jf. Dokument 8:238 S (2020–2021) og Innst. 583 S (2020–2021). Kommunal- og distriktsdepartementet har ansvaret for byggteknisk forskrift, og Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for forskrift om brannførebygging.
Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) har, i samarbeid med Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB), endra rettleiaren til det relevante kravet i byggteknisk forskrift § 11-17, slik at det no er tydelegare når det kan prosjekterast med tankbil som sløkkevatn.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Helsetenester nytta utanfor bustadkommunen
Vedtak nr. 1252, 16. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen i oppfølgingen av utredningen fra Inntektssystemutvalget vurdere lovverket slik at helsetjenester benyttet utenfor bostedskommunen i større grad kan belastes den kommunen tjenestemottaker betaler skatt til.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 192 S (2020–2021) Kommuneproposisjonen 2022 og Innst. 660 S (2020–2021).
Kommunen skal, i tråd med helse- og omsorgstenestelova, sørgje for at personar som oppheld seg i kommunen har tilbod om nødvendige helse- og omsorgstenester. Helse- og omsorgstenestene i kommunane blir i hovudsak finansierte av frie inntekter, som blir fordelte med utgangspunkt i folkeregistrerte innbyggarar i kommunen. Dette kan gi kommunar med mange hyttebebuarar utgifter som dei frie inntektene ikkje dekker. Samstundes har hyttekommunane også andre typar inntekter frå hyttebebuarane, som kommunale avgifter, eigedomsskatt og positive ringverknader for lokalsamfunna. Fleire offentlege utval har peikt på problemstillinga med finansiering av helsetenester til personar utanfor bustadkommunen. Inntektssystemutvalet, som leverte utgreiinga si hausten 2022, vurderte heile inntektssystemet for kommunane, også denne problemstillinga.
Regjeringa vil vurdere inntektssystemutvalets tilrådingar og gjere ein heilskapleg gjennomgang av inntektssystemet for kommunane i ei eiga melding til Stortinget våren 2024.
9.4 Stortingssesjon 2018–2019
Opplysningsplikt for statsrådar og statssekretærar
Vedtak nr. 55, 27. november 2018
«Stortinget ber regjeringen utrede og sende på høring forslag om endring i lov om registrering av regjeringsmedlemmers verv og økonomiske interesserer. Herunder opplysningsplikt for statsråder og statssekretærer til å registrere sine tidligere oppdragsgivere og oppdragenes innhold der vedkommende, de siste to år før tiltredelse, har arbeidet med å fremme politiske eller næringsmessige interesser.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Karin Andersen, Torgeir Knag Fylkesnes, Kari Elisabeth Kaski, Gina Barstad og Marius Meisfjord Jøsevold om opplysningsplikt for statsrådar og statssekretærar, jf. Dokument 8:108 LS (2017–2018) og Innst. 54 L (2018–2019).
Departementet sette hausten 2019 ned ei arbeidsgruppe for å utgreie forslaget. Arbeidsgruppa vart leia av Regjeringsadvokaten og hadde medlemmar frå Justis- og beredskapsdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet. Arbeidsgruppa leverte si utgreiing i juni 2022.
Departementet arbeider med å vurdere oppmodingsvedtaket i samband med oppfølging av Europarådet sitt antikorrupsjonsorgan Group of States Against Corruption (GRECO) sin femte evalueringsrapport til Noreg og vil kome tilbake til Stortinget om saka på eigna måte.
9.5 Stortingssesjon 2016–2017
Stryke listekandidatar
Vedtak nr. 700, 23. mai 2017
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å gjeninnføre velgernes mulighet til å stryke listekandidater ved fylkestings- og kommunestyrevalg.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Helge André Njåstad, Ingebjørg Amanda Godskesen, Harald T. Nesvik, Ingjerd Schou, Michael Tetzschner og Frank J. Jenssen om å tillate stryking av listekandidatar ved fylkestings- og kommunestyreval, jf. Dokument 8:14 S og Innst. 306 S (2016–2017).
Regjeringa la fram Prop. 45 L (2022–2023) Lov om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer (valgloven) i mars 2023. Spørsmålet om å tillate stryking av listekandidatar ved fylkestings- og kommunestyreval vart drøfta, men regjeringa gjekk ikkje inn for dette. Stortinget behandla proposisjonen i juni 2023 og vedtok ny vallov i tråd med regjeringas framlegg.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Sørsamisk språk
Vedtak nr. 845, 8. juni 2017
«Stortinget ber regjeringen i oppfølgingen av NOU 2016: 18 Hjertespråket om å ha en særlig oppmerksomhet rettet mot sørsamisk språk og sammenhengene mellom språk, kultur og næring, og komme tilbake til Stortinget på en egnet måte med konkrete forslag til oppfølging av dette.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 1 S (2017–2018) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Innst. 16 S (2017–2018).
Kommunal- og distriktsdepartementet har lagt fram forslag til endringar i språkreglane i samelova, sjå Prop. 58 L (2022–2023) Endringer i sameloven (endringer i språkregler) pkt. 2.4. Stortinget vedtok endringar i samelova 30. mai 2023 og reglane tredde i kraft 1. juli 2023. Lovendringane er eit ledd i regjeringa si oppfølging av NOU 2016: 18 Hjertespråket.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
9.6 Stortingssesjon 2015–2016
Unntak frå plan- og bygningslova og grannelova ved nasjonal flyktningkrise
Vedtak nr. 646, 10. mai 2016
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til lovendringer som ved en nasjonal flyktningkrise gir kommunene myndighet til å fravike plan- og bygningsloven og grannelova. Det settes frist for kommunens beslutning, som treffes etter anmodning fra annen kommunal eller statlig myndighet. Saken overføres departementet hvis fristen ikke holdes, og departementet kan også ved overprøving prøve alle sider av saken. Beslutning om at det foreligger en nasjonal flyktningkrise kan treffes av Kongen i statsråd eller av departementet.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 43 L (2015–2016) Endringer i plan- og bygningsloven (unntak ved kriser, katastrofer eller andre ekstraordinære situasjoner i fredstid) og Innst. 229 L (2015–2016).
Departementet har fremja proposisjon om mellombelse lovendringar for å handtere pandemi (2020 og 2021) og auka framkomst av flyktningar som følgje av invasjonen av Ukraina (2022), som Stortinget har vedtatt. Gjeldande beredskapsføresegn for å handtere auka framkomstar, er forlengt og gjeld fram til 1. juli 2024. Arbeidet med å følgje opp oppmodingsvedtaket har som følgje av dette blitt forseinka. Arbeids- og inkluderingsdepartementet vil evaluere beredskapsføresegna.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget om saka på eigna måte.
Endringar i vallova
Vedtak nr. 861, 10. juni 2016
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med et nytt forslag til endringer i valgloven § 7-2 og § 11-5 første ledd (personvalg ved stortingsvalg), hvor også merknader og forslag i denne innstilling er vurdert. Lovendringen foreslås iverksatt fra stortingsvalget i 2021.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 73 L (2015–2016) Endringar i valgloven (personval ved stortingsval, frist for godkjenning av førehandsstemmer mv.) og Innst. 402 L (2015–2016).
Regjeringa la fram Prop. 45 L (2022–2023) Lov om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer (valgloven) i mars 2023. Spørsmålet om personval ved stortingsval vart drøfta, men regjeringa gjekk ikkje inn for dette. Stortinget behandla proposisjonen i juni 2023 og vedtok ny vallov i tråd med regjeringas framlegg.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.