Meld. St. 4 (2023–2024)

Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2022–2023

Til innholdsfortegnelse

4 Finansdepartementet

Nedanfor er ei oversikt over oppfølging av oppmodingsvedtak under Finansdepartementet. Oversikta omfattar alle vedtak frå stortingssesjonen 2022–2023 og alle vedtak frå tidlegare sesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 186 S (2022–2023) meinte ikkje var kvittert ut. I nokre tilfelle er det samstundes med rapporteringa her gjeve ei meir omfattande framstilling av oppfølginga i Prop. 1 LS (2023–2024) Skatter og avgifter 2024 eller i Meld. St. 1 (2023–2024) Nasjonalbudsjettet 2024. I slike tilfelle er det vist til kor denne framstillinga finst i desse dokumenta.

I tabellen nedanfor vert det òg opplyst om departementet planlegg at rapporteringa knytta til oppmodingsvedtaket no vert avslutta eller om departementet òg vil rapportere konkret på vedtaket i budsjettproposisjonen for neste år.

Tabell 4.1 Oversikt over oppmodingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapportering avsluttes (Ja/Nei)

2022–2023

82

Utflyttingsskatt

Nei

2022–2023

83

Turistskatt

Nei

2022–2023

91

Eingongsavgift på tunge køyretøy

Ja

2022–2023

111

Eingongsavgift for ladbare hybridbilar

Ja

2022–2023

120

Meirverdiavgiftsfritak elektroniske aviser

Ja

2022–2023

716-1

Miljøindikatorar

Nei

2022–2023

716-2

Grunnrenteskatt på havbruk til havs

Ja

2022–2023

716-3

Nedtrekt produksjon

Nei

2022–2023

716-4

Miljøteknologiordning

Nei

2022–2023

716-5

Betre organisering av samarbeidet mellom myndigheitene og oppdrettsnæringa

Nei

2022–2023

716-6

Tilverking av sjømat

Ja

2022–2023

716-7

Overføring til Havbruksfondet

Ja

2022–2023

719

Arbeidsgruppe om fripolisar og annan privat tjenestepensjon

Nei

2022–2023

747

Meirverdiavgiftskompensasjon, kommunale svømmehallar, økonomisk aktivitet

Ja

2022–2023

857

Representantordningsutvalet, folkeregisterlova, skattelova, Stortingets pendlarbustadordning

Nei

2022–2023

927

Eingongsavgift for ladbare hybridbilar

Ja

2022–2023

939

Differensiert verdsetjing av ikkje-børsnoterte aksjar i formuesskatten

Nei

2021–2022

35-13

Tiltak for auka elbildel i leasing- og varebilmarknaden

Ja

2021–2022

35-31

Evaluering av NOKUS-reglane

Nei

2021–2022

35-32

Rapportering på ulikskap

Nei

2021–2022

35-34

Verdsetjingsmetode for bustader

Nei

2021–2022

35-36

Utvida land-for-land-rapportering (LLR) etter rekneskapslova

Nei

2021–2022

35-40

Kompensasjonsordning for auka miljøavgifter

Ja

2021–2022

782

Vurdere kven som bør vere utelukka frå å sitje i Noregs Banks styrande organ.

Nei

2020–2021

104

Vurdere den kommunale handlefridomen i formuesskatten

Nei

2020–2021

1174

Utval om kontantane si rolle i samfunnet

Ja

2020–2021

1250

Eigedomsskatt, utgreiing og vurdering av eit tak for bustader og fritidsbustader

Nei

2019–2020

707

Kulturmiljømeldinga – vedlikehald av privateigde kulturminne og kulturmiljø

Nei

2019–2020

784

Reiarlagskatteordninga

Ja

2016–2017

48

Land-for-land rapportering

Nei

2016–2017

1040

Sikre behovet hos bustadkjøparar for meir tid i bustadhandelen

Nei

4.1 Stortingssesjon 2022–2023

Utflyttingsskatt

Vedtak nr. 82, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede og foreslå en utflyttingsskatt som sikrer at urealiserte gevinster opparbeidet i Norge frem til utflyttingstidspunktet, faktisk skattlegges her.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 1 (2022–2023), jf. Innst. 2 S (2022–2023). Finansdepartementet vil følgje opp vedtaket og vil sende framlegg til endringar på høyring når saka er ferdig utreidd i departementet.

Turistskatt

Vedtak nr. 83, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om en kommunal/statlig turistskatt senest i forbindelse med statsbudsjettet for 2024.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Endring av Prop. 1 S (2022–2023) og Prop. 1 LS (2022–2023), jf. Innst. 5 S (2022–2023). Regjeringa treng meir tid på å vurdere mogleg innretting av ein lokal/statleg turistskatt og vil kome tilbake til Stortinget om saka. Vedtaket er òg omtala i Prop. 1 LS (2023–2024), kapittel 17.

Eingongsavgift på tunge køyretøy

Vedtak nr. 91, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede engangsavgift på fossile lastebiler, busser og andre tunge kjøretøy i forbindelse med statsbudsjettet for 2024.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 1 LS (2022–2023), jf. Innst. 5 S (2022–2023). Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom omtala i Prop. 1 LS (2023–2024), kapittel 18.

Eingongsavgift for ladbare hybridbilar

Vedtak nr. 111, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen foreslå utfasing av vektfradraget for ladbare hybridbiler senest innen 2025.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 1 LS (2022–2023), jf. Innst. 5 S (2022–2023). Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom forslag i Prop. 1 LS (2023–2024), kapittel 7,4.

Meirverdiavgiftsfritak elektroniske aviser

Vedtak nr. 120, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen frem mot revidert nasjonalbudsjett 2023 vurdere tiltak for å sikre at lokal- og regionalaviser ikke får begrensninger i muligheten til produksjon av video og lyd gjennom mva.-endringer.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 1 LS (2022–2023), jf. Innst. 2 S (2022–2023). Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtaket er følgt opp i Meld. St. 2 (2022–2023) Revidert nasjonalbudsjett 2023 kapittel 4.3, jf. Innst. 430 S (2022–2023), kapittel 4.3. Vedtaket er òg omtala i Prop. 1 LS (2023–2024), kapittel 6.3.

Miljøindikatorar

Vedtak nr. 716-1, 31. mai 2023

«Stortinget ber regjeringen sørge for at miljøindikatorer for trafikklyssystemet er på plass fra auksjonsrunden i 2024. Det skal utredes og vurderes indikatorer, som blant annet påvirkning på sjøørret, utslipp og dødelighet.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 78 LS (2022–2023), jf. Innst. 372 L (2022–2023).

Regjeringa vil følgje opp vedtaket, men presiserer at nye miljøindikatorar fyrst må greiast ut grundig og deretter vurderast i to år før dei kan få innverknad på auksjonsrundane. Det gjer det meir føreseieleg for næringa, slik at næringa veit kva dei skal vurderast etter før vurderingsperioden tar til.

Grunnrenteskatt på havbruk til havs

Vedtak nr. 716-2, 31. mai 2023

«Stortinget ber regjeringen frem til statsbudsjettet for 2024 utrede forslag om å innføre grunnrenteskatt på havbruk til havs. Utredningen må gi en avklaring om det er grunnlag for grunnrente på havbruk til havs.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 78 LS (2022–2023), jf. Innst. 372 L (2022–2023). Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom vurderinga i Prop. 1 LS (2023–2024), kapittel 19.

Nedtrekt produksjon

Vedtak nr. 716-3, 31. mai 2023

«Stortinget ber regjeringen innføre en ordning som gjør at nedtrukket produksjon som følge av trafikklyssystemet kan produseres i lukket teknologi.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 78 LS (2022–2023), jf. Innst. 372 L (2022–2023). Regjeringa vil greie ut dette vedtaket og vil kome tilbake til Stortinget ved eit passande høve.

Miljøteknologiordning

Vedtak nr. 716-4, 31. mai 2023

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag om en miljøteknologiordning i løpet av 2023.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 78 LS (2022–2023), jf. Innst. 372 L (2022–2023).

Regjeringa har gjeve Havbruksutvalet eit tilleggsmandat om å vurdere ulike tiltak for å fremje teknologiutvikling som gjev meir berekraftig vekst. Utvalet skal mellom anna vurdere ei ordning med miljøteknologiløyver med definert volum, og verkemiddel innanfor rammene av trafikklyssystemet. Når utvalet har levert anbefalinga si, vil regjeringa følgje opp dette vedtaket og kome tilbake til Stortinget ved eit passande høve.

Betre organisering av samarbeidet mellom myndigheitene og oppdrettsnæringa

Vedtak nr. 716-5, 31. mai 2023

«Stortinget ber regjeringen i løpet av våren 2024 legge frem en sak om bedre organisering av samarbeidet mellom myndigheter og oppdrettsnæringen for å sikre en mer helhetlig forvaltning, bedre bærekraft og bedre fiskevelferd.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 78 LS (2022–2023), jf. Innst. 372 L (2022–2023). Regjeringa vil følgje opp dette vedtaket og vil kome tilbake til Stortinget ved eit passande høve.

Tilverking av sjømat

Vedtak nr. 716-6, 31. mai 2023

«Stortinget ber regjeringen i løpet av våren 2024 legge frem tiltak for økt bearbeiding av sjømat i Norge.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 78 LS (2022–2023), jf. Innst. 372 L (2022–2023).

Tiltak for auka tilverking av sjømat i Noreg vert følgt opp gjennom fleire ulike prosessar, mellom anna oppfølging av rapporten frå Tveiteråsutvalet frå 2022. Utvalet har beskrive 32 ulike tiltak som kan bidra til auka tilverking og tilarbeiding av sjømat i Noreg, og styrkje konkurransekrafta til norsk sjømatindustri. Forslaga frå utvalet er knytta til ressursforvaltning og kvotesystem, førstehandomsetning og salslag, teknologi og innovasjon, marknadsføring og marknadstilgang og arbeidsliv, utdanning og kystsamfunn.

Forslaga som gjeld kvotesystemet vert følgt opp gjennom det pågåande arbeidet med Kvotemeldinga. Andre forslag til tiltak vert vurdert og følgt opp enkeltvis. Tiltak som allereie er sett i verk er utviding av Sjømatrådet si generiske marknadsføring mot nye produkt, slik at tang og tare vert inkludert. Vidare har Nærings- og fiskeridepartementet gjeve Nofima i oppdrag å evaluere Ferskfiskordninga.

Overføring til Havbruksfondet

Vedtak nr. 716-7, 31. mai 2023

«Stortinget ber regjeringen sikre at Havbruksfondet tilføres midler som om produksjonsavgiften ble økt fra 56 øre til 90 øre fra 1. januar 2023.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 78 LS (2022–2023), jf. Innst. 372 L (2022–2023). Vedtaket er følgt opp gjennom omtale og forslag til løyving i Prop. 1 S (2023–2024) for Nærings- og fiskeridepartementet.

Arbeidsgruppe om fripolisar og annan privat tjenestepensjon

Vedtak nr. 719, 1. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen nedsette et hurtigarbeidende utvalg med representasjon fra berørte parter, med mandat til å se på mulige regelendringer for ytterligere å sikre verdiene i og reguleringene av fripoliser.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 83 L (2022–2023), jf. Innst. 401 L (2022–2023). Finansdepartementet vil hausten 2023 setje i gang eit utgreiingsarbeid for å følgje opp oppmodingsvedtaket.

Meirverdiavgiftskompensasjon, kommunale svømmehallar, økonomisk aktivitet

Vedtak nr. 747, 5. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen klargjøre i regelverket for merverdiavgift at svømmehaller som drives av kommuner, herunder interkommunale selskap, på ikke-kommersiell basis, er berettiget kompensasjon for merverdiavgift.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 15 (2022–2023), jf. Innst. 398 S (2022–2023). Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom omtala i Prop. 1 LS (2023–2024), kapittel 20.

Representantordningsutvalet, folkeregisterlova, skattelova, Stortingets pendlarbustadordning

Vedtak nr. 857, 15. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen vurdere Representantordningsutvalgets forslag til endring av folkeregisterloven § 5-4 og skatteloven § 3-1, herunder klargjøre aktuelle tolkningsspørsmål samt utrede forslag til regler for grupper som har særlige behov for unntak eller overgangsordninger.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 18 (2021–2022) og Dokument 18 (2022–2023) jf. Innst. 499 S (2022–2023).

Finansdepartementet vil følgje opp vedtaket og vil sende framlegg til endringar på høyring når saka er ferdig utreidd i departementet.

Eingongsavgift for ladbare hybridbilar

Vedtak nr. 927, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å fjerne vektfradraget for ladbare hybrider i forbindelse med statsbudsjettet for 2024.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 117 LS (2022–2023), jf. Innst. 490 S (2022–2023). Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom forslag i Prop. 1 LS (2023–2024), kapittel 7.4.

Differensiert verdsetjing av ikkje-børsnoterte aksjar i formuesskatten

Vedtak nr. 939, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen utrede differensiert verdsetting av ikke-børsnoterte aksjer i formuesskatten på grunnlag av egenskaper ved de enkelte aksjer, f.eks. ulik stemme- og utbytterett, og slik at verdsettelsen av de enkelte aksjer i større grad samsvarer med reell markedsverdi.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 117 LS (2022–2023), jf. Innst. 490 S (2022–2023). Departementet vil kome tilbake til Stortinget ved eit passande høve.

4.2 Stortingssesjon 2021–2022

Tiltak for auka elbildel i leasing- og varebilmarknaden

Vedtak nr. 35-13, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen, i revidert nasjonalbudsjett 2022, foreslå tiltak for å øke elbilandelen i leasingmarkedet og innenfor varebilmarkedet, herunder konkrete forslag som vil ha umiddelbar effekt i 2022, for å hindre at disse markedene blir en barriere for å nå målet om at alle nye personbiler og lette varebiler i 2025 skal være nullutslippsbiler. Utredningen skal se på fjerning av skattefordeler til biler med utslipp i leasingmarkedet, støtteordninger til elvarebiler, og CO2-komponenten i engangsavgiften for nyttekjøretøyer med forbrenningsmotor, den skal videre se på om det kan gjøres grep i støtteordningene til elbil som kan gi næringsdrivende styrkede og mer like fordeler som privatpersoner»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av nasjonalbudsjettet for 2022 og framlegg til statsbudsjett for 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022). Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom omtala i Prop. 1 LS (2023–2024), kapittel 15.

Evaluering av NOKUS-reglane

Vedtak nr. 35-31, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen om i løpet av 2022 å gjennomføre en grundig evaluering av dagens skatteordning for NOKUS-selskap, herunder også vurdere hvordan denne ordningen samvirker med kildeskatt»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 1 LS (2021–2022), jf. Innst. 2 S (2021–2022). Finansdepartementet vil kome nærare tilbake til ei vurdering av NOKUS-reglane når to-pilarløysinga for skattleggjng av store multinasjonale konsern er innført i norsk rett.

Rapportering på ulikskap

Vedtak nr. 35-32, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen fra og med statsbudsjettet 2023 rapportere om fordeling og ulikhet på grunnlag av flere parametere enn i dag. Eierinntekter skal inngå i rapporteringen så snart det er praktisk mulig. Rapporteringen skal bidra til å nå målet om å redusere økonomisk ulikhet.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av nasjonalbudsjettet for 2022 og framlegg til statsbudsjett for 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022). Departementet la til grunn at vedtaket er følgt opp i Meld. St. 1 (2022–2023) Nasjonalbudsjettet 2023, kapittel 6. I Innst. 186 S (2022–2023) frå kontroll- og konstitusjonskomiteen om Meld. St. 4 (2022–2023) viste flertalet til at «anmodningsvedtaket ikke er oppfylt før eierinntekter inngår i rapporteringen, og at dette skal skje så snart det er praktisk mulig».

Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget på eit eigna tidspunkt når det faglege grunnlaget for ei rapportering er greidd ut og avklara i samråd med Statistisk sentralbyrå.

Verdsetjingsmetode for bustadar

Vedtak nr. 35-34, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen endre metoden for verdsetting av dyre boliger slik at verdsettingen bedre samsvarer med eiendommenes reelle markedsverdi»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av nasjonalbudsjettet for 2022 og framlegg til statsbudsjett for 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022). Departementet vil kome tilbake til Stortinget ved eit passande høve.

Utvida land-for-land-rapportering (LLR) etter rekneskapslova

Vedtak nr. 35-36, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen om at en forskrift om utvidet land-for-land-rapportering blir utformet slik at selskaper blir pliktige til å opplyse om regnskapsstørrelser for alle land, inkludert støtteland hvor skatt ikke betales.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av nasjonalbudsjettet for 2022 og framlegg til statsbudsjett for 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022). Departementet tek sikte på å utarbeide og høyre framlegg til lovendringar, med utgangspunkt i nye EU-reglar (direktiv (EU) 2021/2101). Vedtaket vil verte følgt opp i samband med vedtak nr. 48 av 15. november 2016.

Kompensasjonsordning for auka miljøavgifter

Vedtak nr. 35-40, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede en modell for omfordelende kompensasjon for økte miljøavgifter innen statsbudsjettet for 2023.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 1 LS Tillegg 1 (2021–2022) Endring av Prop. 1 LS (2021–2022) Skatter, avgifter og toll 2022. Departementet la til grunn at oppmodingsvedtaket er følgd opp gjennom vurderinga i Prop. 1 LS (2022–2023), kapittel 21.

I Innst. 186 S (2022–2023) frå kontroll- og konstitusjonskomiteen om Meld. St. 4 (2022–2023) ba fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen regjeringa kome tilbake med ei «drøfting av mulige ordninger for omfordelende kompensasjon for økte miljøavgifter i 2024, i lys av Skatteutvalgets arbeid med en grønn skatte- og avgiftspolitikk og tidligere utredninger.»

Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom vurderinga i Prop. 1 LS (2023–2024), kapittel 16.

Vurdere kven som bør vere utelukka frå å sitje i Noregs Banks styrande organ.

Vedtak nr. 782, 13. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen på egnet måte komme tilbake til Stortinget med en vurdering av hvem som bør være utelukket fra å sitte i Norges Banks styrende organer, jf. sentralbankloven § 2-3 fjerde ledd og § 2-6 tredje ledd.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av eit representantforslag frå stortingsrepresentantane Guri Melby, Sveinung Rotevatn og Sofie Høgestøl om å flytte Noregs Bank Investment Management (NBIM) ut av Noregs Bank og innføre strengare habilitetsreglar rundt utnemningar i banken, jf. Dokument 8:149 S (2021–2022) og Innst. 353 S (2021–2022). Departementet vil kome tilbake til Stortinget med ei vurdering.

4.3 Stortingssesjon 2020–2021

Vurdere den kommunale handlefridomen i formuesskatten

Vedtak nr. 104, 26. november 2020

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en vurdering av det framtidige mulighetsrommet for endring av formuesskatten, der både statens inntekter og kommunenes handlingsrom for konkurranse om skattebetingelser mellom kommuner belyses.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 5 (2019–2020), Levende lokalsamfunn for fremtiden – Distriktsmeldingen, jf. Innst. 88 S (2020–2021). Oppmodingsvedtaket vart kort omtalt i Prop. 1 LS (2021–2022). Der kjem det fram at svaret frå departementet på oppmodingsvedtaket vil vente til etter at Inntektssystemutvalget har kome med innstillinga si. Utvalet la 29. august 2022 fram NOU 2022: 10 Inntektssystemet for kommunene. Rapporten har vore på høyring. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget ved eit passande høve.

Utval om kontantane si rolle i samfunnet

Vedtak nr. 1174, 9. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen nedsette et offentlig utvalg som skal vurdere kontantenes rolle i samfunnet fremover.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 31 (2020–2021) Finansmarkedsmeldingen 2020, jf. Innst. 582 S (2020–2021). Eit utval som skal sjå på trygge og enkle betalingar for alle vart sett ned av regjeringa 26. mai 2023. Utvalet skal mellom anna vurdere kontantane si rolle i samfunnet framover. Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

Eigedomsskatt, utgreiing og vurdering av eit tak for bustader og fritidsbustader

Vedtak nr. 1250, 16. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen legge fram en helhetlig utredning om eiendomsskatten og herunder utrede et tak for eiendomsskatt på ordinære boliger og hytter, og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 192 S (2020–2021) Kommuneproposisjonen for 2022, jf. Innst. 660 S (2020–2021). Regjeringa vil vurdere korleis vedtaket skal følgjast opp og vil kome tilbake til Stortinget om saka.

4.4 Stortingssesjon 2019–2020

Kulturmiljømeldinga – vedlikehald av privateigde kulturminne og kulturmiljø

Vedtak nr. 707, 16. juni 2020

«Stortinget ber regjeringen i samband med bevaringsstrategiene, fremme forslag om hvordan staten kan stimulere private eiere av kulturminner og kulturmiljøer til jevnt, godt vedlikehold gjennom skatte- og avgiftsinsentiver.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 16 (2019–2020) – Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold, jf. Innst. 379 S (2019–2020). Oppmodingsvedtaket vil verte følgt opp i samråd med Klima- og miljødepartementet og i samsvar med nye bevaringsstrategiar som Klima- og miljødepartementet førebur. Sjå omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Klima- og miljødepartementet. Finansdepartementet vil kome tilbake til Stortinget om saka.

Reiarlagskatteordninga

Vedtak nr. 784, 19. juni 2020

«Stortinget ber regjeringen å utrede og vurdere endringer i rederiskatteordningen slik at selskaper innenfor ordningen i tillegg til virksomhet som kvalifiserer for rederibeskatning kan drive virksomhet som ikke er støtteberettiget, og som skal beskattes ordinært. Status for saken skal omtales i forbindelse med statsbudsjettet for 2021.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 2 (2019–2020), jf. Innst. 360 S (2019–2020). Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom omtala i Prop. 1 LS (2023–2024), kapittel 14.

4.5 Stortingssesjon 2016–2017

Land-for-land rapportering

Vedtak nr. 48, 15. november 2016

«Stortinget ber regjeringen sørge for at selskap som etter forslagene i land-for-land-rapportering til skattemyndighetene, også blir pliktige til å rapportere etter regnskaps- og verdipapirloven, og at selskapene skal rapportere betalt inntektsskatt og påløpt inntektsskatt, antall ansatte, akkumulert fortjeneste, resultat før skattekostnad, summen av inntekter fra transaksjoner med nærstående/ikke nærstående foretak og bokført egenkapital.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 120 L (2015–2016) Endringer i ligningsloven (land-for-land-rapportering til skattemyndighetene) og tilhøyrande Innst. 42 L (2016–2017). Departementet tar sikte på å utarbeide og høyre framlegg til lovendringar, med utgangspunkt i nye EU-reglar (direktiv (EU) 2021/2101), der òg oppmodingsvedtaket vil verte følgt opp. Vedtaket vil verte følgt opp i samband med vedtak nr. 35-36 av 2. desember 2021.

Sikre behovet hos bustadkjøparar for meir tid i bustadhandelen

Vedtak nr. 1040, 20. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen sikre boligkjøpernes behov for mer tid i bolighandelen gjennom forskriftene til eiendomsmeglingsloven eller ved å fremme forslag for Stortinget om endringer i avhendingsloven»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:123 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hans Olav Syversen, Line Henriette Hjemdal, Hans Fredrik Grøvan, Kjell Ingolf Ropstad og Geir Sigbjørn Toskedal om tiltak for å styrke forbrukernes rettigheter i handel med bolig, jf. Innst. 477 S (2016–2017).

Eit utval vart sett ned 11. oktober 2019 for å revidere eigedomsmeklingslova. Utvalet overleverte si utgreiing, NOU 2021: 7 Trygg og enkel eiendomsmegling — Evaluering av eiendomsmeglingsloven og forslag til en fremtidsrettet regulering, 4. juni 2021. Utgreiinga inneheld mellom anna framlegg til endringar som skal sikre forbrukarar meir tid i bustadhandelen. Utgreiinga har vore på høyring til oktober 2021 og ligg no til vurdering i departementet.

Til forsiden