Meld. St. 4 (2023–2024)

Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2022–2023

Til innholdsfortegnelse

14 Olje- og energidepartementet

Nedanfor blir det gitt ei oversikt over oppfølging av oppmodings- og utgreiingsvedtak under Olje- og energidepartementet. Oversikta inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen 2022–2023, i tillegg til dei vedtaka frå tidlegare stortingssesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 186 S (2022–2023) meinte ikkje var kvitterte ut. I tabellen under blir det angitt om departementet planlegg at rapporteringa knytt til oppmodings- og utgreiingsvedtaket no blir avslutta, eller om departementet vil rapportere konkret på vedtaket også i budsjettproposisjonen for neste år.

Tabell 14.1 Oversikt over oppmodings- og utgreiingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak

Stikkord

Rapporteringa blir avslutta (Ja/Nei)

2022–2023

13

Kartlegging av potensialet for solenergiproduksjon på eksisterande infrastruktur

Ja

2022–2023

16

Mellombels eller tidsavgrensa fritak frå konsesjonsplikt

Ja

2022–2023

17

Fjerne fritaksgrensa på 500 kW for nettleige på straum mv.

Ja

2022–2023

18

Effektgrense for konsesjonsplikt for solenergianlegg

Nei

2022–2023

19

Ny teknologi som aukar utnyttinga av eksisterande infrastruktur

Ja

2022–2023

20

Straumstønadsordning for nærvarmeanlegg

Ja

2022–2023

102

Ikkje lyse ut 26. konsesjonsrunde i denne stortingsperioden

Ja

2022–2023

103

Ikkje ta inn tre angitte TFO-blokker i 2023

Ja

2022–2023

106

Differansekontraktar for hydrogen

Ja

2022–2023

158

Straumstønad for mindre, private straumnett

Ja

2022–2023

159

Straumstønadsordning for nærvarmeanlegg

Ja

2022–2023

160

Straumstønad for fritidsbustader

Ja

2022–2023

596

Melkøya – CO2-handtering som alternativ til elektrifisering

Ja

2022–2023

764

Framtidige tildelingar knytte til CO2-lagring

Ja

2022–2023

765

Forslag til endringar som tillèt områdeløysingar og deling av lokalprodusert straum og energilagring mellom bygg med ulike gards- og bruksnummer

Nei

2022–2023

766

Plan med mål og verkemiddel for å fremme utbygging av produksjon av fornybar kraft i næringsareal, langs motorvegar og i andre nedbygde areal

Nei

2022–2023

767

Fjerne regulatoriske hinder for energiproduksjon på næringsareal og andre nedbygde areal

Nei

2022–2023

768

Heve grensa for kor mykje eigenprodusert, fornybar energi som kan delast frå næringsbygg

Nei

2022–2023

812

Straumstønadsordninga – avgrensing for kjøp av rimeleg konsesjonskraft

Nei

2022–2023

813

Inkludering av bakkemonterte solenergianlegg i plan- og bygningslova

Nei

2022–2023

836

Havvind – elektrifisering av oljeinstallasjonar

Nei

2022–2023

838

Havvind – kartlegging av havmiljø og sjøfugl

Ja

2022–2023

839

Havvind – heilskapleg plan for naturkartlegging

Ja

2022–2023

840

Havvind – følgeforsking i Sørlege Nordsjø II

Ja

2022–2023

841

Havvind – auka vekting av berekraftskriteria og positive lokale ringverknader

Nei

2022–2023

842

Havvind – vurdere andre og meir formålstenlege løyvingsløysingar for differansekontraktar enn OPS-rammeverket

Nei

2022–2023

914

Havvind – elektrifisering av offshoreinstallasjonar

Nei

2022–2023

923

Solenergi – mål om 8 TWh innan 2030

Nei

2022–2023

924

Solkraft – deling med høgare grense enn 1 MW

Nei

2022–2023

925

Solenergiparkar – fjerne konsesjonsplikt for enkeltprosjekt med lågt konfliktnivå

Nei

2022–2023

926

Solenergiparkar – fjerne konsesjonsplikt opp til 1 MW

Nei

2021–2022

35-5

Redusere energibruken i bygg med minst 10 TWh og auke straumproduksjonen i bygg

Ja

2021–2022

385

Klimavennleg kraftbehov for næringsutvikling i Geiranger, Nærøyfjorden og tilhøyrande ferjesamband

Nei

2021–2022

548

Fjerne regulatoriske barrierar som hindrar lokal energiproduksjon, energilagring og omsetning av energi mellom bygg

Nei

2021–2022

701

Kraft- og nettutbygging knytt til store industrietableringar

Ja

2021–2022

702

Regulering av energifeltet

Ja

2021–2022

703

Havvind – tildeling av areal

Nei

2021–2022

704

Havvind – greie ut støtteordningar og verkemiddel, deriblant differansekontraktar

Ja

2021–2022

705

Kraftpotensial frå mindre vindmøller på gardsbruk

Ja

2021–2022

708

Havvind – etablere eigna regime for risikoavlasting og statsstøtte, medrekna differansekontraktar

Ja

2021–2022

716

Havvind – vurdere å fastsette delmål for arealtildeling innan 2030

Nei

2021–2022

724

Vurdere potensialet for småskala vindkraft-produksjon

Ja

2021–2022

727

Mål om auka energisparing – greie ut ulike ordningar med energisparesertifikat

Nei

2021–2022

731

Prioritere kven som får tilknyting til og uttak frå nettet av større nye forbrukarar

Ja

2021–2022

742

Hydrogen – utvikle eit landsdekkande nettverk av fyllestasjonar og knutepunkt

Ja

2021–2022

743

Krav om utnytting av overskotsvarme

Ja

2021–2022

746

Prøveordning for handverksbedrifter – energitiltak

Nei

2021–2022

747

Solenergi – auka bruk

Ja

2021–2022

751

Solenergi – kartlegging av potensialet for produksjon på landbruksareal

Ja

2021–2022

752

Solenergi – kartlegge potensialet og tilrettelegging for solenergiproduksjon på eksisterande infrastruktur

Ja

2020–2021

143

Vindkraft på land – innlemme planlegging og bygging av vindkraftanlegg i plan- og bygningslova

Ja

2019–2020

683

Null- og lågutsleppsløysingar for offshorefartøy i petroleumsproduksjon

Ja

2019–2020

687

Greie ut ringverknader på fastlandet ved nye utbyggingar som blir omfatta av dei mellombelse endringane i petroleumsskatten

Ja

14.1 Stortingssesjon 2022–2023

Kartlegging av potensialet for solenergiproduksjon på eksisterande infrastruktur

Vedtak 13, 18. oktober 2022

«Stortinget ber regjeringen kartlegge potensialet for solenergiproduksjon på eksisterende infrastruktur der solparker kan etableres uten vesentlige naturinngrep, som for eksempel på parkeringsplasser, i industriområder og lignende.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket er Innst. 25 S (2022–2023).

Departementet har i oppfølginga av vedtaket bedt NVE vurdere potensialet for utbygging av fornybar kraftproduksjon på næringsareal, langs motorvegar og i andre nedbygde areal mot 2030. Vurderinga skal skilje mellom produksjonsformer, som sol- og vindkraft.

Departementet reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Mellombels eller tidsavgrensa fritak frå konsesjonsplikt

Vedtak 16, 18. oktober 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere et midlertidig eller tidsbegrenset fritak fra konsesjonsplikt for å etablere lavspenningsledninger til nabobygg for salg av kraft.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket er Innst. 25 S (2022–2023).

Departementet har i oppfølginga av vedtaket bedt NVE og RME om å gi ei vurdering av eit mellombels eller tidsavgrensa fritak frå konsesjonsplikt for å etablere lågspenningsleidningar til nabobygg for sal av kraft. Departementet vil vurdere korleis innspelet frå NVE og RME skal følgast opp vidare når det ligg føre.

Departementet reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Fjerne fritaksgrensa på 500 kW for nettleige på straum mv.

Vedtak 17, 18. oktober 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere å fjerne fritaksgrensen på 500 kW for nettleie på strøm som deles som nabolagsstrøm, eventuelt øke grensen for delingsanlegg for solceller til 4 000 m2 eller 1 000 kW.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket er Innst. 25 S (2022–2023).

Departementet fastsette 8. mai 2023 forskriftsendringar for deling av eigenprodusert fornybar straum på same eigedom. I forslaget som blei sendt på høyring, blei det foreslått å avgrense ordninga til anlegg opp til 500 kilowatt (kW) per eigedom. I den vedtatte forskrifta blei denne grensa auka til 1 000 kW per eigedom.

Departementet reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Effektgrense for konsesjonsplikt for solenergianlegg

Vedtak 18, 18. oktober 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere å øke effektgrensen for hvor stort et solenergianlegg kan være før konsesjonsplikt inntreffer.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket er Innst. 25 S (2022–2023).

Det er i dag eit stort spekter i installert effekt i dei solkraftanlegga som no ligg til behandling i NVE. Det er også store variasjonar i konsekvensar for kraftsystem og miljø. Konsesjonsplikta er i dag knytt til bygging av komponentar med spenning over 1 kV. Utan ei effektgrense for konsesjonsplikt kan anlegg som krev same areal i nokre tilfelle krevje konsesjonsbehandling og i andre tilfelle ikkje. Departementet vurderer det derfor som nødvendig å innføre ei effektgrense for konsesjonsplikt for solkraftanlegg. Installert effekt for solkraftanlegg blir normalt oppgitt med eininga MWp1 i staden for MW. Derfor bør ei slik effektgrense for solkraft også vere i MWp.

Departementet har i oppfølginga av vedtaket bedt NVE utarbeide utkast til nødvendige endringar i lov og forskrift for å fastsette ei nedre effektgrense for konsesjonspliktige bakkemonterte solkraftanlegg på 1 MWp eller høgare. NVE er bedt om å vurdere om effektgrensa kan settast høgare enn 1 MWp.

Departementet vil fremme eventuelle forslag til lovendringar for Stortinget.

Ny teknologi som aukar utnyttinga av eksisterande infrastruktur

Vedtak 19, 18. oktober 2022

«Stortinget ber regjeringen påse at nettselskapene tar i bruk ny teknologi som øker utnyttelsen av eksisterende nettinfrastruktur, og at dette arbeidet prioriteres.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket er Innst. 25 S (2022–2023).

Departementet har gjennomført ein møteserie med RME, Statnett, bransjeorganisasjonar og nettselskap der tema har vore bruk av teknologi for å gi meir effektiv utnytting av nettet og kva insentiv nettselskapa har til å ta i bruk slik teknologi. RME vurderer jamnleg om det er formålstenleg å justere inntektsreguleringa for å gi sterkare insentiv til å drifte og utnytte nettet meir effektivt. Departementet vil som ein del av oppfølginga av Regjeringens handlingsplan for raskere nettutbygging og bedre utnyttelse av nettet halde halvårlege statusmøte med representantar for nettbransjen. Eit naturleg tema vil vere bruk av teknologi som gir betre utnytting av nettinfrastrukturen.

Departementet har bedt RME om å arbeide for meir digital samhandling i kraftsektoren. Arbeidet nettbransjen gjer med digitalisering og standardisering, er ein del av arbeidet for å få betre oversikt over fleksibilitet i nettet. RME har sidan 2021 leia eit prosjekt med deltakarar frå bransjen som skal sikre større tempo og forsterka arbeid med digital samhandling. Arbeidet har mellom anna resultert i at ElBits AS blei etablert i mars 2023. ElBits AS er eigd av fleire nettselskap og skal gi varig og auka kapasitet til bransjesamarbeidet om digital samhandling.

Departementet reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Straumstønadsordning for nærvarmeanlegg

Vedtak 20, 18. oktober 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan en strømstøtteordning for nærvarmeanlegg som leverer til husholdningskunder, kan utformes, og estimere kostnaden for en slik ordning. Utredningen bør gjennomføres med sikte på ferdigstilling medio november 2022.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket er Innst. 25 S (2022–2023).

Det er løyvd 60 mill. kroner til ei ny søknadsbasert straumstønadsordning for hushaldningskundar av nærvarmeanlegg i 2023, jf. Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2024. Det er foreslått ei løyving på 22,5 mill. kroner til å føre vidare ordninga i 2024. Olje- og energidepartementet sende 3. juli 2023 på høyring forslag til ei forskrift om ei mellombels søknadsbasert straumstønadsordning for hushaldningskundar av nærvarmeleverandørar.

Departementet reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Ikkje lyse ut 26. konsesjonsrunde i denne stortingsperioden

Vedtak 102, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen om ikke å lyse ut 26. konsesjonsrunde i denne stortingsperioden.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 1 (2022–2023) og Innst. 2 S (2022–2023).

Olje- og energidepartementet har ikkje sett i gang 26. konsesjonsrunde på norsk sokkel.

Departementet reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Ikkje ta inn tre TFO-blokker i 2023

Vedtak 103, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen om at de tre TFO-blokkene (7426/10, 11 og 12) som ble tatt ut i 2022, ikke skal tas inn i TFO-runden i 2023.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 1 (2022–2023) og Innst. 2 S (2022–2023).

Blokkene (7426/10, 11 og 12) er ikkje omfatta av TFO 2023.

Departementet reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Differansekontraktar for hydrogen

Vedtak 106, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen komme med en plan om å innføre et system for differansekontrakter for hydrogen i løpet av 2023.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 1 (2022–2023) og Innst. 2 S (2022–2023).

Regjeringa har i løpet av våren 2023 gjort ei utgreiing av korleis staten kan medverke til å bygge opp ei samanhengande verdikjede for hydrogen produsert med låge eller ingen utslepp, der produksjon, distribusjon og bruk blir utvikla parallelt. Mellom anna er det eksisterande verkemiddelapparatet for hydrogenaktørar i Noreg vurdert. Dette er ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget for regjeringas vidare utvikling av politikken på hydrogenområdet. Både den norske utgreiinga og ei utgreiing frå Europakommisjonen konkluderer med at differansekontraktar ikkje vil vere det mest eigna verkemiddelet før hydrogenmarknaden er meir moden. I mars lanserte EU Hydrogenbanken som verkemiddel under Innovasjonsfondet. Her vil europeiske aktørar konkurrere om tilskot til fornybar hydrogenproduksjon. Verkemiddelet er likt differansekontraktar på enkelte område, men tilskot vil bli gitt som eit fast tilskot per kilo produsert hydrogen. Regjeringa meiner dette verktøyet er godt eigna for å bygge opp samanhengande verdikjeder for hydrogen, og tar sikte på at norske aktørar så tidleg som mogleg skal kunne delta i utlysingar under EU sin hydrogenbank. Regjeringa vurderer at Hydrogenbanken vil vere ein god og administrativt enkel måte å støtte norsk hydrogenproduksjon på. Tilknyting til ei slik europeisk støtteordning vil også medverke til å synleggjere norske hydrogenprosjekt i Europa. Dette vil vere viktig i arbeidet med regjeringa sin ambisjon om å medverke til oppbygginga av ein marknad for hydrogen i Europa, mellom anna gjennom å delta i relevante samarbeidsforum og -program for hydrogen. På brukssida har Enova lagt fram to nye støtteprogram med rom for å gi høgare støtte enn tidlegare. Maksimal støttesats vil vere opp til 80 prosent av godkjende meirkostnader. Dette vil bidra til auka realisering av hydrogen- og ammoniakkdrivne fartøy og skape ein større marknad for produksjon av hydrogen/ammoniakk. Til saman vil desse og eksisterande verkemiddel bidra til utvikling av marknaden for hydrogen som energiberar med ingen eller låge utslepp.

I perioden 2020–2022 blei det løyvd om lag 4,7 mrd. kroner til hydrogenformål gjennom Enova, Norges forskingsråd og Innovasjon Noreg. Sidan 2015 har det blitt løyvd om lag 5,6 mrd. kroner som vil kunne utløyse investeringar for 7,4 mrd. kroner dersom prosjekta blir realiserte. Hydrogenproduksjon er også blant næringane som i dag kan få CO2-kompensasjon.

Departementet reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Straumstønad for mindre, private straumnett

Vedtak 158, 8. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan husholdninger tilkoblet mindre, private strømnett, kan motta strømstøtte på linje med andre, og melde tilbake til Stortinget snarest mulig om det er mulig med en justering av strømstøtteordningen for å hensynta slike husholdninger med sikte på utgangen av januar 2023.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 11 L (2022–2023), Innst. 105 L (2022–2023) og Lovvedtak 21 (2022–2023).

Departementet viser til vurderinga under kapittel 1.4 Anmodningsvedtak og omtale på side 177–179 i Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023.

Olje- og energidepartementet vedtok 20. juni 2023 ei forskrift som inkluderer hushaldningar knytte til gards- og grendeverk med privat straumnett i straumstønadsordninga.

Departementet reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Straumstønadordning for nærvarmeanlegg

Vedtak 159, 8. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan husholdninger som får sin oppvarming fra nærvarmeanlegg, kan omfattes av strømstøtteordningen, og melde tilbake til Stortinget snarest mulig om det er mulig med en justering av strømstøtteordningen for å hensynta slike husholdninger innen utgangen av 2022.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 11 L (2022–2023), Innst. 105 L (2022–2023) og Lovvedtak 21 (2022–2023).

Departementet viser til vurderinga under kapittel 1.4 Anmodningsvedtak og omtale på side 177–179 i Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023.

Det er løyvd 60 mill. kroner til ei ny søknadsbasert straumstønadsordning for hushaldningskundar av nærvarmeanlegg i 2023, jf. Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023. Det er foreslått ei løyving på 22,5 mill. kroner til å føre vidare ordninga i 2024. Olje- og energidepartementet sende 3. juli 2023 på høyring forslag til ei forskrift om ei mellombels søknadsbasert straumstønadsordning for hushaldningskundar av nærvarmeleverandørar.

Departementet reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Straumstønad for fritidsbustad

Vedtak 160, 8. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan husholdninger som reelt sett har fast bopel i bolig registrert som fritidsbolig – og ikke eier eller disponerer annen bolig – kan omfattes av strømstøtteordningen, og melde tilbake til Stortinget snarest mulig om det er mulig med en justering av strømstøtteordningen for å hensynta slike husholdninger med sikte på utgangen av 2022.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 11 L (2022–2023), Innst. 105 L (2022–2023) og Lovvedtak 21 (2022–2023).

Departementet viser til vurderinga under kapittel 1.4 Anmodningsvedtak og omtale på side 177–179 i Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023.

Olje- og energidepartementet vedtok 8. februar 2023 endringar i midlertidig forskrift om strømstønad, som på nærmare vilkår inkluderer dei som bur fast i fritidsbustad i straumstønadsordninga for hushaldningar, jf. Innst. 483 L (2022–2023).

Departementet reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Melkøya – CO2-handtering som alternativ til elektrifisering

Vedtak 596, 18. april 2023

«Stortinget ber regjeringen, i forbindelse med behandlingen av Snøhvit Future, foreta en egen vurdering av om fangst og lagring av CO2 kan være et alternativ til elektrifisering av Melkøya med kraft fra land som kan realiseres innen 2029 og gjennomføres uten at fremtidig gassproduksjon blir redusert.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:90 S (2022–2023), Dokument 8:93 S (2022–2023), Dokument 8: 115 S (2022–2023) og Innst. 276 S (2022–2023).

Olje- og energidepartementet har i samband med styresmaktsbehandlinga av planar for Snøhvit Future-prosjektet gjennomført ei eiga vurdering av om fangst og lagring av CO2 kan vere eit alternativ til omlegging til full drift med kraft frå nettet, under dette om fangst og lagring av CO2 på Melkøya kan realiserast innan 2029 og gjennomførast utan at framtidig gassproduksjon blir redusert.

Departementet har i samband med dette bedt Sokkeldirektoratet om ei tilleggsvurdering av fangst og lagring av CO2 ved Hammerfest LNG. Direktoratet viser i tilleggsvurderinga til at rettshavarane i planleggingsfasen av prosjektet har vurdert CO2-handtering. Rettshavarane har lagt bort dette alternativet fordi det er ulønnsamt og har vesentleg høgare investeringskostnader og tiltakskostnader enn drift med kraft frå nettet. Sokkeldirektoratets vurdering er at rettshavarane har følgt etablerte prosessar for prosjektmodning, der avgjerder som er tatt i rettshavargruppa ved ulike milepælar, har vore vurderte mot relevante kriterium for CO2-reduksjon, tiltakskostnader, regularitet og risiko. Sokkeldirektoratet konkluderer med at CO2-handtering på Hammerfest LNG har tiltakskostnader som ligg betydeleg over 2 000 kroner per tonn CO2. Sokkeldirektoratet vurderer operatørens anslag om at planlegging og gjennomføring av CO2-handtering på Hammerfest LNG vil ta sju til åtte år som realistisk med tilhøyrande usikkerheiter. Dersom rettighetshavarane besluttar å gå vidare med ei slik løysing i første kvartal 2024, vil ei slik løysing såleis kunne settast i drift i 2031/2032. Det er vidare direktoratet si vurdering at risikoen for auka gjennomføringstid på eit slikt prosjekt er større enn moglegheita for å korte ned gjennomføringstida. Gjennomføring av CO2-handtering vil slik Sokkeldirektoratet vurderer det, også gi redusert gassproduksjon i framtida, tilsvarande eitt års produksjon frå Snøhvit. Departementet sluttar seg til dei tilleggsvurderingane direktoratet har gjennomført.

Olje- og energidepartementets vurdering av om fangst og lagring av CO2 kan vere eit alternativ til omlegging til full drift med kraft frå nettet, kjem fram av vedtaket om godkjenning av endra utbyggingsplan for Snøhvitfeltet med vedlegg som er offentleg tilgjengeleg.

Departementet reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Framtidige tildelingar knytte til CO2-lagring

Vedtak 764, 5. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen sørge for at effekt på klima og raske klimagevinster vektlegges ved fremtidige tildelinger knyttet til CO2-lagring, sammen med hensynet til trygg og sikker lagring.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 97 S (2022–2023) og Innst. 459 L (2022–2023).

CO2-handtering omfattar både fangst, transport, bruk eller lagring av CO2. Regjeringa har ein brei politikk for å fremme CO2-handtering som eit kostnadseffektivt klimatiltak internasjonalt.

Tildeling av areal som kan brukast til CO2-lagring, er ein føresetnad for karbonfangst og -lagring. Departementet vil legge til rette for samfunnsøkonomisk lønnsam lagring av CO2 på norsk kontinentalsokkel. Søknader etter lagringsforskrifta blir behandla etter ein «open dør-politikk» som gir ein rask tildelingsprosess. Ein kvar søker må dokumentere at tildeling av eit nytt løyve er ei nødvendig forutsetning for gjennomføring og/eller vidareutvikling av konkrete, samfunnsøkonomisk lønnsame prosjekt for fangst, transport og lagring av CO2. I tillegg må det dokumenterast ei tilstrekkeleg geologisk forståing for området, slik at det blir sannsynleggjort at området kan modnast fram til å bli ein sikker lagringslokalitet, og at aktørane har kompetanse og finansielle ressursar til å drive fram denne verksemda. Departementet utformar arbeidsprogram for tildelte løyve som sikrar rask og effektiv framdrift i tildelte areal. Samtidig er det avgjerande at det arbeidet rettshavarane gjer, er tilstrekkeleg til å godtgjere at lagringa kan skje trygt og sikkert i det aktuelle området.

Departementet reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Forslag til endringar som tillèt områdeløysingar og deling av lokalprodusert straum og energilagring mellom bygg med ulike gards- og bruksnummer

Vedtak 765, 5. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag til endringer som tillater områdeløsninger og deling av lokalprodusert strøm og energilagring mellom bygg med ulike gårds- og bruksnummer, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte i løpet av våren 2024.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:197 S (2022–2023) og Innst. 467 S (2022–2023).

Departementet har i oppfølginga av vedtaket bedt RME, med innspel frå NVE, om å vurdere ei delingsordning tilpassa næringsområde, slik at deling av eigenprodusert straum mellom straumkundar utover vedtatt ordning kan gjerast på ein samfunnsmessig rasjonell måte. Deling frå anlegg med meir enn 1 MW installert effekt skal inngå i vurderinga.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Plan med mål og verkemiddel for å fremme utbygging av produksjon av fornybar kraft i næringsareal, langs motorvegar og i andre nedbygde areal

Vedtak 766, 5. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen, senest i forbindelse med statsbudsjettet for 2024, legge fram en plan med mål og virkemidler for å fremme utbygging av produksjon av fornybar kraft i næringsarealer, langs motorveier og i andre nedbygde arealer, med mål om minst 5 TWh produksjon innen 2030.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:197 S (2022–2023) og Innst. 467 S (2022–2023).

Departementet har i oppfølginga av vedtaket bedt NVE vurdere potensialet for utbygging av fornybar kraftproduksjon på næringsareal, langs motorvegar og i andre nedbygde areal mot 2030, og moglegheitene for å nå eit mål om 5 TWh fornybar kraft på slikt areal.

Det er ikkje mogleg å legge fram ein slik plan saman med statsbudsjettet for 2024. Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Fjerne regulatoriske hinder for energiproduksjon på næringsareal og andre nedbygde areal

Vedtak 767, 5. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå og fjerne regulatoriske hindre for energiproduksjon på næringsarealer og andre nedbygde arealer.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:197 S (2022–2023) og Innst. 467 S (2022–2023).

Departementet har i oppfølginga av vedtaket bedt NVE, med innspel frå RME og eventuelt andre etatar, kartlegge og vurdere rammevilkåra for lokal energiproduksjon og -lagring og eventuelt foreslå endringar i eksisterande reguleringar og verkemiddel.

Departementet har vidare bedt RME, med innspel frå NVE, om å vurdere ei delingsordning tilpassa næringsområde, slik at deling av eigenprodusert straum mellom straumkundar utover vedtatt ordning kan gjerast på ein samfunnsmessig rasjonell måte. Deling frå anlegg med meir enn 1 MW installert effekt skal inngå i vurderinga.

Departementet har samtidig bedt NVE om å vurdere ei lov-/forskriftsendring som gir konsesjonsmyndigheitene høve til å gjere unntak frå konsesjonsplikt for mindre energiproduksjonsanlegg på industri- og næringsareal (grå areal). NVE er samtidig bedt om å utarbeide eit utkast til dei lov-/forskriftsendringane dette vil krevje.

Departementet vil fremme eventuelle forslag til lovendringar for Stortinget.

Heve grensa for kor mykje eigenprodusert, fornybar energi som kan delast frå næringsbygg

Vedtak 768, 5. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen heve grensen for hvor mye egenprodusert, fornybar energi som kan deles fra næringsbygg, på en måte som ikke er til hinder for rasjonell utvikling av nettet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:197 S (2022–2023) og Innst. 467 S (2022–2023).

Departementet har i oppfølginga av vedtaket bedt RME, med innspel frå NVE, om å vurdere ei delingsordning tilpassa næringsområde, slik at deling av eigenprodusert straum mellom straumkundar utover vedtatt ordning kan gjerast på ein samfunnsmessig rasjonell måte. Deling frå anlegg med meir enn 1 MW installert effekt skal inngå i vurderinga.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Straumstønadsordninga – avgrensing for kjøp av rimeleg konsesjonskraft

Vedtak 812, 9. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan strømstøtteordningen kan avgrenses slik at husholdninger som kjøper rimelig konsesjonskraft fra kommunen, ikke mottar støtte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 116 L (2022–2023), Innst. 486 L (2022–2023) og Lovvedtak 119 (2022–2023).

Departementet viser til omtale i Prop. 1 S (2022–2023), kapittel 9.7 Evaluering av strømstønadsordninger, side 178 i Del III, om moglegheita for at straumstønadsordninga for hushaldningar kan ta omsyn til straumavtalen til kundane. Departementet tilrådde at det på daverande tidspunkt ikkje blei gjort endringar i straumstønadsordninga for å ta omsyn til at eit fåtal kundar hadde gunstige fastprisavtalar. Vedtaket gjeld hushaldningar som kjøper rimeleg konsesjonskraft frå kommunen. Departementet vil vurdere om, og eventuelt korleis, straumstønadsordninga kan avgrensast mot hushaldningar som kjøper rimeleg konsesjonskraft frå kommunen.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Inkludere bakkemonterte solenergianlegg i plan- og bygningslova

Vedtak 813, 9. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen fremme et forslag til hvordan bakkemonterte solenergianlegg kan inkluderes i plan- og bygningsloven, senest innen utgangen av 2023.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 111 L (2022–2023), Innst. 483 L (2022–2023) og Lovvedtak 120 (2022–2023).

Ved Stortingets behandling av Prop. 111 L (2022–2023) blei det fastsett at vindkraft på land i større grad enn tidlegare skal behandlast etter plan- og bygningslova, mellom anna må kommunen ha vedtatt ei overordna områderegulering før konsesjon etter energilova kan bli gitt. Departementet har bedt NVE vurdere om dei same reglane er eigna for konsesjonspliktige bakkemonterte solkraftanlegg.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Havvind – elektrifisering av oljeinstallasjonar

Vedtak 836, 14. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen utrede forslag om hvordan elektrifisering av oljeinstallasjoner kan gjøres i forbindelse med utbygginger av havvind og erstatte kraft som er hentet fra land.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 93 S (2022–2023) og Innst. 496 S (2022–2023).

Departementet viser til oppmodingsvedtak 914, 16. juni 2023. Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Havvind – kartlegging av havmiljø og sjøfugl

Vedtak 838, 14. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen sikre at kartlegging av havmiljøet og sjøfugl integreres i beslutningsgrunnlaget fram mot konsesjonsbehandling for anlegg for kraftproduksjon til havs.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 93 S (2022–2023) og Innst. 496 S (2022–2023).

Som grunnlag for opning av områda Utsira Nord og Sørlege Nordsjø II er det gjennomført ei strategisk konsekvensutgreiing, der det mellom anna er gjort utgreiingar for sjøfugl, sjøpattedyr og botnsamfunn. Ifølge havenergilovforskrifta skal tiltakshavaren gjennomføre ei prosjektspesifikk konsekvensutgreiing før innsending av konsesjonssøknad. Konsekvensar for sjøfugl og havmiljøet av utbygginga er noko av det tiltakshavaren må gjere greie for i utgreiinga.

For å bidra til eit betre kunnskapsgrunnlag i oppstarten av dei første havvindprosjekta på norsk sokkel blei løyvinga til sjøfuglprogramma SEAPOP og SEATRACK auka i budsjettet for 2023. Løyvinga bidrar til å komme i gang med kartlegging av sjøfugl i Sørlege Nordsjø II og Utsira Nord. I tillegg har det statlege kartleggingsprogrammet MAREANO starta undersøkingar av havbotnen i Utsira Nord og planlegg å kartlegge dei aktuelle områda i Sørlege Nordsjø II i 2024. Som ein del av opningsprosessen og førebuing til havvindutlysinga i 2025 blir det under kap. 1850, post 21 Spesielle driftsutgifter mellom anna foreslått løyvd midlar til å gjennomføre feltundersøkingar som aukar kunnskapsnivået om naturmangfald og miljø i dei aktuelle områda, jf. omtale under oppfølging av oppmodingsvedtak 839, 14. juni 2023. Vidare er løyvinga til sjøfuglprogramma SEAPOP og SEATRACK foreslått auka ytterlegare i budsjettet for 2024, jf. kap. 1850, post 50.

Departementet reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Havvind – heilskapleg plan for naturkartlegging

Vedtak 839, 14. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen, senest i forbindelse med statsbudsjettet for 2024, legge fram en helhetlig plan for naturkartlegging for de områdene som blir aktuelle for havvindutbygging.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 93 S (2022–2023) og Innst. 496 S (2022–2023).

Av havenergilova § 2-2 følger det at etablering av fornybar energiproduksjon til havs berre kan skje etter at Kongen i statsråd har opna bestemte geografiske område for søknader om konsesjon.

NVE blei i 2022 bedt om å identifisere nye område for havvind og utarbeide eit forslag til utgreiingsprogram for strategisk konsekvensutgreiing i tråd med havenergilova § 2-2. NVE leverte våren 2023, saman med ei direktoratsgruppe, forslag til 20 område som kan eigne seg for vindkraft til havs.

NVE har saman med direktoratsgruppa, og med innspel frå Havforskingsinstituttet, peika på kunnskapsmanglar for mellom anna fisk og sjøpattedyr. Kunnskapsmanglane er knytte til korleis fisk og sjøpattedyr bruker havområda som er aktuelle for havvind, og korleis dei blir påverka av støy, elektromagnetisme og habitatsendringar som følge av havvind. For å få tilstrekkeleg kunnskap om korleis fisk og sjøpattedyr blir påverka av havvind, er det behov for undersøkingar før vindkraftverka blir installerte og sette i drift.

Som ein del av opningsprosessen og førebuing til havvindutlysinga i 2025 foreslår Olje- og energidepartementet derfor å gjennomføre feltundersøkingar som aukar kunnskapsnivået om naturmangfald og miljø i dei områda som er aktuelle for utlysing i 2025. Feltundersøkingane regjeringa føreslår gjennomført er samla sett ein heiskapeleg plan for naturkartlegging. Vidare er det naturleg å gjere ei vurdering av den heilskaplege planen når vi ser kva område som blir aktuelle for havvind etter at den strategiske konsekvensutgreiinga er gjennomført. Undersøkingane vil dekke naturmangfald over vatn, på sjøbotnen og i havkolonnen. Undersøkingar for fugl gjennomføras av sjøfuglprogramma SEAPOP og SEATRACK gjennom ei øyremerkt løyving til Forskningsrådet. Havforskingsinstituttet og MAREANO-programmet er aktuelle aktørar som kan gjennomføre undersøkingar knytte til høvesvis fisk og sjøpattedyr og kartlegge botnsamfunn. Løyvinga som blir foreslått under kap. 1850, post 21 Spesielle driftsutgifter, skal mellom anna dekke feltundersøkingar, jf. nærmare omtale under posten.

Løyvinga til sjøfuglprogrammet SEAPOP og SEATRACK blei auka med 10 mill. kroner i budsjettet for 2023. Auken har som formål å gi meir kunnskap om utbreiing, tilstand og utvikling av norske sjøfuglbestandar i lys av menneskeleg aktivitet i havområda og kystsona og dekker i stor grad nødvendige undersøkingar i områda som allereie er opna – Sørlege Nordsjø II og Utsira Nord. Løyvinga til sjøfuglprogramma SEAPOP og SEATRACK er foreslått auka ytterlegare i budsjettet for 2024, jf. kap. 1850, post 50.

Departementet reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Havvind – følgeforsking i Sørlege Nordsjø II

Vedtak 840, 14. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for at det gjennomføres følgeforskning i utbyggings- og driftsfasen av Sørlige Nordsjø II. Det skal legges vekt på havvindparkens påvirkning på natur og miljø, og at denne kunnskapen aktivt tas i bruk og integreres i det videre arbeidet med å følge opp god sameksistens og bærekraft innen havvind.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 93 S (2022–2023) og Innst. 496 S (2022–2023).

Programmet ENERGIX i Noregs forskingsråd støttar forsking og utvikling på havvind, og departementet har etablert eit miljøvennleg forskingssenter innan havvind som heiter Northwind. Northwind er leia av SINTEF. Senteret forskar på miljø og samfunnsfaglege og teknologiske spørsmål knytte til havvind. Forskingsprogrammet SEAPOP og SEATRACK blei auka til 13 mill. kroner i budsjettet for 2023 og er foreslått auka ytterlegare i budsjettet for 2024. Det bidrar til at verknadene av havvind på bestandane av sjøfugl i utbyggingsområda blir følgde opp. Sameksistens og berekraft står sentralt i departementets arbeid med havvind. Departementet vil derfor som ein del av konsesjonsbehandlinga vurdere om det skal stillast krav om følgeforsking. Følgeforsking kan vere eit aktuelt tiltak for konsesjonshavarane for å følge opp krav til varetaking av havmiljøet.

Departementet reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Havvind – auka vekting av berekraftskriteria og positive lokale ringverknader

Vedtak 841, 14. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen vurdere økt vekting av bærekraftskriteriene og positive lokale ringvirkninger ved framtidige havvindutbygginger og rapportere tilbake til Stortinget på egnet vis.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 93 S (2022–2023) og Innst. 496 S (2022–2023).

Olje- og energidepartementet vil som varsla gjennomføre ei evaluering av første runde med tildeling av prosjektområde til havvindproduksjon når denne er gjennomført. I samband med førebuing til utlysinga av område i 2025 vil departementet også, mellom anna basert på erfaringane frå den første runden, vurdere kva kriterium som skal ligge til grunn for neste tildeling. Hovudmodellen for tildeling av prosjektområde for havvind er auksjon, men i særlege tilfelle kan tildeling gjennomførast med kvalitative kriterium. Tildelinga på Utsira Nord er rekna som eit særleg tilfelle fordi flytande teknologi er umoden og har høgare kostnadar enn botnfast teknologi. Det er også den første tildelinga av flytande havvind med tilknyting til land. Der auksjon blir brukt for tildeling av prosjektområde, kan departementet krevje at aktørar som vil delta i ein konkurranse om tildeling av areal, skal prekvalifiserast før deltaking. Departementet kan også stille andre objektive og ikkje-diskriminerande vilkår, jf. havenergilova.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Havvind – vurdere andre og meir formålstenlege løyvingsløysingar for differansekontraktar enn OPS-rammeverket

Vedtak 842, 14. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen vurdere andre og mer hensiktsmessige bevilgningsløsninger for differansekontrakter enn OPS-rammeverket, som sikrer at bevilgningene spres over flere budsjettår enn bare byggefasen, og komme tilbake til Stortinget senest i statsbudsjettet for 2025.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 93 S (2022–2023) og Innst. 496 S (2022–2023).

Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte, seinast i statsbudsjettet for 2025.

Havvind – elektrifisering av offshoreinstallasjonar

Vedtak 914, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen i revidert nasjonalbudsjett for 2024 legge frem tiltak for å elektrifisere offshore-installasjoner ved hjelp av havvind for å kutte klimagassutslipp.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 2 (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).

Departementet viser til oppmodingsvedtak 836, 14. juni 2023. Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Solenergi – mål om 8 TWh innan 2030

Vedtak 923, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen sette et mål for ny solenergi på 8 TWh innen 2030 og utarbeide en konkret handlingsplan som gjør det mulig å realisere målet innen revidert nasjonalbudsjett i 2024. Tiltak og virkemidler skal ikke være til hinder for rasjonell nettutvikling.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 2 (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).

Departementet har i oppfølginga av vedtaket bedt NVE vurdere moglegheitene for å nå eit mål om 8 TWh solenergi mot 2030, kva for verkemiddel som kan bidra til å oppfylle eit slikt mål, og kva som er sannsynleg utbygging av solenergi mot 2030 med dagens politikk.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Solkraft – deling med høgare grense enn 1 MW

Vedtak 924, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen lage en delingsordning tilpasset næringsområder som muliggjør deling av solkraft med høyere grense enn 1 MW.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 2 (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).

Departementet har i oppfølginga av vedtaket bedt RME, med innspel frå NVE, om å vurdere ei delingsordning tilpassa næringsområde, slik at deling av eigenprodusert straum mellom straumkundar utover vedtatt ordning kan gjerast på ein samfunnsmessig rasjonell måte. Deling frå anlegg med meir enn 1 MW installert effekt skal inngå i vurderinga.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Solenergiparkar – fjerne konsesjonsplikt for enkeltprosjekt med lågt konfliktnivå

Vedtak 925, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen gi NVE mulighet til å unnta enkeltprosjekter med solparker med lavt konfliktnivå i grå areal fra konsesjonsplikt, slik at tillatelser kan gis av kommunene etter plan- og bygningsloven.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 2 (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).

Departementet har i oppfølginga av vedtaket bedt NVE om å vurdere unntak frå konsesjonsplikt etter energilova for mindre kraftproduksjonsanlegg på grå areal, slik som nærings- og industriområde. Departementet ber NVE samtidig om å utarbeide utkast til nødvendige lov- og forskriftsendringar.

Departementet vil fremme eventuelle forslag til lovendringar for Stortinget.

Solenergiparkar – fjerne konsesjonsplikt opp til 1 MW

Vedtak 926, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen i løpet av 2023 fjerne konsesjonsplikt for solparker opp til 1 MW på grå areal, slik at tillatelser gis av kommunene etter plan- og bygningsloven.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 2 (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).

Departementet har i oppfølginga av vedtaket bedt NVE om å utarbeide eit utkast til nødvendige lov- og forskriftsendringar for å fastsette ei nedre effektgrense for konsesjonsplikt for solkraftanlegg på 1 MWp eller høgare. Ei slik effektgrense vil bety at spørsmål om løyve til anlegg under grensa skal behandlast av vertskommunen etter plan- og bygningslova.

Departementet vil fremme eventuelle forslag til lovendringar for Stortinget.

14.2 Stortingssesjon 2021–2022

Redusere energibruken i bygg med minst 10 TWh og auke straumproduksjonen i bygg

Vedtak 35-5, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en plan med et sett tiltak som skal redusere energibruken i bygg med minst 10 TWh i 2030, og øke strømproduksjonen i bygg. Planen skal presenteres i forbindelse med statsbudsjettet 2023.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 1 (2021–2022) og Innst. 2 S (2021–2022).

Departementet viser til omtale i Prop. 1 S (2022–2023), punkt 10 Mål om 10 TWh redusert energibruk i bygg innan 2030, i Del III av proposisjonen, der det blir presentert ein plan og eit sett med tiltak som skal redusere energibruken i bygg med minst 10 TWh i 2030 og auke straumproduksjonen i bygg.

I Innst. 186 S (2022–2023) meiner fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen at det er grunn til å sette spørsmålsteikn ved om tiltaka som blir presenterte, er tilstrekkelege for å nå Stortingets mål. Fleirtalet meiner derfor oppmodingsvedtaket ikkje kan kvitterast ut og rapportering ikkje kan avsluttast før tiltak som er eigna til å nå målet, er presenterte for Stortinget.

Departementet viser til at regjeringa legg fram ein handlingsplan for energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi som har stor merksemd på redusert energibruk i bygg. Departementet viser også til omtale og forslag til tiltak og løyvingar under kap. 1825 Energieffektivisering og -omlegging.

Departementet reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Klimavennleg kraftbehov for næringsutvikling i Geiranger, Nærøyfjorden og tilhøyrande ferjesamband

Vedtak 385, 15. februar 2022

«Stortinget ber regjeringa vurdere kva kraftbehov som fylgjer av målet om næringsutvikling i verdsarvområda Geiranger og Nærøyfjorden og ferjesambanda der, utan klimagassutslepp, og kome attende til Stortinget med ei sak om korleis regjeringa kan medverke til at kraftbehovet vert dekt.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:30 S (2021–2022) og Innst. 135 S (2021–2022).

På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet (KLD) har Sjøfartsdirektoratet sendt på høyring eit forslag om endring av forskrift om miljømessig sikkerhet for skip og flyttbare innretninger for at verdsarvfjordane skal vere utsleppsfrie frå 2026. Forslaget inneber ei eiga regulering om utslepp av klimagassane karbondioksid og metan, og bruk av best tilgjengeleg teknologi for å redusere utslepp av lystgass. Forslaget er utforma teknologinøytralt slik at det er opptil aktørane som opererer i verdsarvfjordane å bruke energikjelder som ikkje gir direkte utslepp av karbondioksid og metan. Forslaget medfører dermed ikkje noko krav om at det må byggjast ut landstraum i verdsarvfjordane. Det er foreslått at endringane skal tre i kraft 1. januar 2026.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Fjerne regulatoriske barrierar som hindrar lokal energiproduksjon, energilagring og omsetning av energi mellom bygg

Vedtak 548, 10. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen fjerne regulatoriske barrierer som hindrer lokal energiproduksjon, lokal energilagring og omsetning av energi mellom bygg.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:130 S (2021–2022), Dokument 8:148 S (2021–2022) og Innst. 272 S (2021–2022).

Departementet har i oppfølginga av vedtaket bedt NVE, med innspel frå RME og eventuelt andre etatar, kartlegge og vurdere rammevilkåra for lokal energiproduksjon og -lagring og eventuelt foreslå endringar i eksisterande reguleringar og verkemiddel.

Departementet har i oppfølginga av vedtaket bedt RME, med innspel får NVE, om å vurdere ei delingsordning tilpassa næringsområde, slik at deling av eigenprodusert straum mellom straumkundar utover vedtatt ordning kan gjerast på ein samfunnsmessig rasjonell måte. Deling frå anlegg med meir enn 1 MW installert effekt skal inngå i vurderinga.

Departementet har samtidig bedt NVE om å vurdere ei lov-/forskriftsendring som gir konsesjonsmyndigheitene høve til å gjere unntak for mindre konsesjonspliktige energiproduksjonsanlegg på industri- og næringsareal (grå areal) frå konsesjonsplikt. NVE er samtidig bedt om å utarbeide utkast til dei lov-/forskriftsendringane dette vil krevje.

Departementet vil fremme eventuelle forslag til lovendringar for Stortinget.

Kraft- og nettutbygging knytt til store industrietableringar

Vedtak 701, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede et eget hurtigløp for kraft- og nettutbygging knyttet til store industrietableringer og ber regjeringen komme med en utredning i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2023.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 36 (2020–2021), Meld. St. 11 (2021–2022) og Innst. 446 S (2021–2022).

Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom vurderinga under kapittel 1.4 Anmodningsvedtak og omtale på side 177–179 i Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023 og departementets arbeid med å følge opp Straumnettutvalet (NOU 2022: 6 – Nett i tide) og Energikommisjonen (NOU 2023: 3 – Mer av alt – raskere).

NVE har i innspel til departementet i samband med nasjonalbudsjettet for 2024 estimert at totale investeringar i transmisjons-, regional-, og distribusjonsnettet vil vere mellom 15 og 20 mrd. kroner per år i dei kommande åra. Auka elektrifisering og nytt kraftforbruk er, saman med behov for reinvesteringar, sterke drivarar for investeringane.

Konsesjonsmyndigheitene fekk ein betydeleg auke i løyvingane i budsjettet for 2022 og 2023, noko som fører med seg ein auke i saksbehandlingskapasiteten i NVE og Olje- og energidepartementet og større midlar til digitalisering av nettplanlegging og konsesjonsbehandling hos NVE. Løyvingane er foreslått auka ytterlegare i budsjettet for 2024. Regjeringa har også lagt fram ein handlingsplan for raskare nettutbygging og betre utnytting av nettet som varslar grep for å leggje til rette for ein raskare konsesjonsprosess for nettanlegg. Handlingsplanen varslar også ei rekke forskriftsendringar for å legge til rette for meir effektiv bruk av nettet. Ei slik endring er at nettselskapa skal ta omsyn til kor modne kundanes prosjekt er når dei fordeler kapasitet. Utforming av kriteria for modnad skal bidra til prioritet for eksisterande føretak slik at desse kan vekse og omstille seg, dernest legge til rette for nye arbeidsplassar og auka verdiskaping i tråd med regjeringas vegkart for grønt industriløft. RME har fått i oppdrag å greie ut og foreslå konkrete forskriftsendringar for å følge opp handlingsplanen på dette området.

Regjeringa har ein ambisjon om å tildele prosjektområde med potensial for 30 GW havvindproduksjon på norsk sokkel innan 2040. Departementet lyste våren 2023 ut område knytte til Utsira Nord og Sørlege Nordsjø II. Vidare har Stortinget vedtatt nye lovreglar som inneber at vindkraft på land i større grad enn tidlegare skal behandlast etter plan- og bygningslova, jf. Prop. 111 L (2022–2023). Dei nye reglane tredde i kraft 1. juli 2023. Regjeringa vil også legge til rette for solkraft og vurdere om dei nye reglane for behandling av vindkraft også skal gjerast gjeldande for bakkemonterte anlegg for solkraft.

Departementet reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Regulering av energifeltet

Vedtak 702, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen i etterkant av energikommisjonens rapport vurdere behov for ytterligere regulering av energifeltet for å oppnå tilstrekkelig energi til rimelige priser for industri, øvrig næringsliv og husholdning.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 36 (2020–2021), Meld. St. 11 (2021–2022) og Innst. 446 S (2021–2022).

Departementet har sendt på høyring eit forslag til endringar i vassdragsreguleringslova og energilova, og i tillegg forslag til endringar i forskrift om internkontroll etter vassdragslovgivningen (IK-vassdrag) og energilovforskrifta (styringsmekanismen). Det blir foreslått å lovfeste at produsentane samla har eit ansvar for å bidra til forsyningssikkerheita.

Regjeringa arbeider også for å legge til rette for auka kraftproduksjon. Stortinget har vedtatt nye lovreglar som fastsett at vindkraft på land i større grad enn tidlegare skal behandlast etter plan- og bygningslova, jf. Prop. 111 L (2022–2023). Dei nye reglane tredde i kraft 1. juli 2023.

I oppfølginga av NOU 2023: 3 Mer av alt – raskere vil departementet ta ein grundig gjennomgang av høyringsinnspela. Departementet vil fortløpande vurdere dei foreslåtte tiltaka og eventuelle behov for ytterlegare regulering.

Departementet reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Havvind – tildeling av areal

Vedtak 703, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen sørge for at neste tildeling av havvindareal etter Sørlige Nordsjø II og Utsira Nord i nye områder skjer senest i løpet av 2025. Stortinget ber om at dette er en større utlysning som legger til rette for skalering og teknologiutvikling og nye industrielle muligheter og at utlysningen sikrer god sameksistens og tar hensyn til viktige naturverdier.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 36 (2020–2021), Meld. St. 11 (2021–2022) og Innst. 446 S (2021–2022).

I Innst. 186 S (2022–2023) viser fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen til at oppmodingsvedtaket ikkje er oppfylt før tildeling av nye havvindareal er gjennomført i 2025, og at utlysinga særleg skal legge til rette for skalering, teknologiutvikling og nye industrielle moglegheiter, sikre god sameksistens og ta omsyn til viktige naturverdiar. Fleirtalet meiner derfor at oppmodingsvedtaket ikkje kan kvitterast ut før det er gjennomført.

Neste utlysing av areal til havvind etter Sørlege Nordsjø II og Utsira Nord er planlagd i 2025. NVE leverte i 2023, saman med ei direktoratsgruppe, forslag til 20 område som kan eigne seg for vindkraft til havs. Departementet har bedt NVE om å greie ut Vestavind B saman med Vestavind F og Sørvest F med sikte på utlysing i 2025, medan dei resterande 17 områda blir utgreidde med sikte på eventuell opning og tildeling i seinare tildelingsrundar.

Som ein del av opningsprosessen og førebuing til havvindutlysinga i 2025 blir det i budsjettet for 2024 foreslått løyvingar til å gjennomføre feltundersøkingar som aukar kunnskapsnivået om naturmangfald og miljø i dei områda som er aktuelle for utlysing i 2025, jf. omtale av oppfølging av oppmodingsvedtak 839, 14. juni 2023.

Departementet vil gjennomføre ei evaluering av den første tildelingsrunden, og da også vurdere kva for kriterium som skal ligge til grunn for neste tildeling. Denne evalueringa, saman med mellom anna Stortingets føringar på området, er tatt med i førebuinga av utlysinga som er planlagd i 2025. NVE vil i den strategiske konsekvensutgreiinga mellom anna vurdere sameksistens og omsynet til viktige naturverdiar.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Havvind – greie ut støtteordningar og verkemiddel, deriblant differansekontraktar

Vedtak 704, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede ulike støtteordninger og virkemidler som kan være utløsende for å få igangsatt prosjekter for flytende havvind, deriblant differansekontrakter.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 36 (2020–2021), Meld. St. 11 (2021–2022) og Innst. 446 S (2021–2022).

Oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom Stortingets vedtak ved behandlinga av Prop. 93 S (2022–2023) Fullmakt til å inngå ein tosidig differansekontrakt for støtte til fornybar energiproduksjon til havs frå første fase av Sørlege Nordsjø II, jf. Innst. 496 S (2022–2023). I proposisjonen foreslår departementet ein tosidig differansekontrakt som støtteordning for det første havvindprosjektet på Sørlige Nordsjø II. Departementet vil gjennomføre ei evaluering av den første tildelingsrunden, som også inneber ei evaluering av støtteordninga.

Departementet reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Kraftpotensial frå mindre vindmøller på gardsbruk

Vedtak 705, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen kartlegge kraftpotensialet fra mindre vindmøller på gårdsbruk og hva som skal til for å realisere en satsing på dette.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 36 (2020–2021), Meld. St. 11 (2021–2022) og Innst. 446 S (2021–2022).

Departementet har i oppfølginga av vedtaket bedt NVE vurdere potensialet for utbygging av fornybar kraftproduksjon på næringsareal, langs motorvegar og i andre nedbygde areal mot 2030 og moglegheitene for å nå eit mål om 5 TWh fornybar kraft på slike areal. Vurderinga skal skilje mellom produksjonsformer, som sol- og vindkraft. Oppdraget skal også bidra til å klargjere potensialet for vindkraftproduksjon på landbruksareal og gardsbruk.

Departementet reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Havvind – etablere eigna regime for risikoavlasting og statsstøtte, irekna differansekontraktar

Vedtak 708, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen bidra til å realisere prosjekter i de første tildelingsrundene blant annet gjennom å etablere egnet regime for risikoavlastning og statsstøtte dersom det er behov for dette. Ulike modeller skal i den sammenheng vurderes, herunder en modell med differansekontrakter knyttet til kraftprisen for utbygging av havvind etter havenergiloven i tildelte områder. Det er et mål å velge en ordning som minimerer kostnadene ved realisering av prosjektet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 36 (2020–2021), Meld. St. 11 (2021–2022) og Innst. 446 S (2021–2022).

Oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom Stortingets vedtak ved behandlinga av Prop. 93 S (2022–2023) Fullmakt til å inngå ein tosidig differansekontrakt for støtte til fornybar energiproduksjon til havs frå første fase av Sørlege Nordsjø II, jf. Innst. 496 S (2022–2023). I proposisjonen foreslår departementet ein tosidig differansekontrakt som støtteordning for det første havvindprosjektet på Sørlege Nordsjø II.

Departementet reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Havvind – vurdere å fastsette delmål for arealtildeling innan 2030

Vedtak 716, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen i lys av erfaringer og evalueringen som gjøres fra de første tildelingene, vurdere å fastsette et delmål for arealtildeling innen 2030.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 36 (2020–2021), Meld. St. 11 (2021–2022) og Innst. 446 S (2021–2022).

Olje- og energidepartementet vil gjennomføre ei evaluering av første runde med tildeling av prosjektområde til havvindproduksjon.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte når evalueringa er gjennomført.

Vurdere potensialet for småskala vindkraftproduksjon

Vedtak 724, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere potensialet for småskala vindkraftproduksjon i industriområder, havner og ved annen infrastruktur hvor dette ikke gir nye naturinngrep.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 36 (2020–2021), Meld. St. 11 (2021–2022) og Innst. 446 S (2021–2022).

Departementet har i oppfølginga av vedtaket bedt NVE vurdere potensialet for utbygging av fornybar kraftproduksjon på næringsareal, langs motorvegar og i andre nedbygde areal mot 2030. Vurderinga skal skilje mellom produksjonsformer, som sol- og vindkraft.

Departementet reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Mål om auka energisparing – greie ut ulike ordningar med energisparesertifikat

Vedtak 727, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede ulike ordninger med energisparesertifikater for å utløse mål om økt energisparing med mest mulig effekt.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 36 (2020–2021), Meld. St. 11 (2021–2022) og Innst. 446 S (2021–2022).

Departementet vil vurdere oppfølging av oppmodingsvedtaket også i lys av regjeringas handlingsplan for energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Prioritere kven som får tilknyting til og uttak frå nettet av større nye forbrukarar

Vedtak 731, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen, i etterkant av at Strømnettutvalget kommer med sine anbefalinger i juni 2022, vurdere og fremme forslag som sørger for at NVE gjennom forskrifter prioriterer hvem som får tilknytning til og uttak fra nettet av større nye forbrukere og komme tilbake til Stortinget i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2023.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 36 (2020–2021), Meld. St. 11 (2021–2022) og Innst. 446 S (2021–2022).

Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom vurderinga under kapittel 1.4 Anmodningsvedtak og omtale på side 179 i Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023.

Straumnettutvalets rapport NOU 2022: 6 Nett i tide – om utvikling av strømnettet, blei lagd fram 14. juni 2022. Regjeringens handlingsplan for raskere nettutbygging og bedre utnyttelse av nettet blei lagd fram 19. april 2023, som ein del av oppfølginga av rapporten frå Straumnettutvalet.

Nettselskapa bør i størst mogleg grad reservere og fordele kapasitet til kundar som gjennomfører sine prosjekt. Handlingsplanen frå regjeringa varslar derfor forskriftsendringar som inneber at nettselskapa skal ta omsyn til kor modne prosjekta er, når dei fordeler kapasitet. Nettselskapa må utarbeide ein nøytral og ikkje-diskriminerande praksis for desse vurderingane. Utforminga av kriteria skal bidra til prioritet for eksisterande føretak, slik at desse kan vekse og omstille seg, dernest legge til rette for nye arbeidsplassar og auka verdiskaping i tråd med regjeringas vegkart for grønt industriløft. RME har fått i oppdrag å foreslå konkrete forskriftsendringar på dette området. Endringane vil bli gjenstand for høyring på vanleg vis.

Departementet reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Hydrogen – utvikle eit landsdekkande nettverk av fyllestasjonar og knutepunkt

Vedtak 742, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan markedet eventuelt i samspill med statlige myndigheter raskt kan utvikle et landsdekkende nettverk av fyllestasjoner og knutepunkter for hydrogen for landtransport, sjøtransport og industrielle formål og komme tilbake til dette i revidert statsbudsjett for 2023.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 36 (2020–2021), Meld. St. 11 (2021–2022) og Innst. 446 S (2021–2022).

Regjeringa har i løpet av våren 2023 gjennomført ei ekstern utgreiing av korleis samanhengande verdikjeder for hydrogen, produsert med ingen eller låge utslepp, kan byggast opp på ein samfunnsøkonomisk effektiv måte. Dette er ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget for regjeringas vidare utvikling av politikken på hydrogenområdet. I utgreiinga er det gitt ein teknologi- og marknadsstatus for både produksjon, transport og bruk av hydrogen. Brukarsida omfattar mellom anna landtransport, sjøtransport og ulike industrielle formål. Utgreiinga gjer greie for sentrale marknadssviktar og barrierar for at hydrogen, som eit tiltak for å kutte utslepp, skal kunne takast i bruk i stor skala. Utgreiinga undersøker også kva konsekvensar hydrogenproduksjon i Noreg har for kraftsystemet. I utgreiinga er det også gitt ei vurdering av korleis statlege tiltak kan medverke til utviklinga av hydrogenverdikjeder, inkludert infrastruktur for hydrogen for landtransport, sjøtransport og industrielle formål.

Utgreiinga viser at det er stor usikkerheit knytt til den faktiske utviklinga av hydrogenforbruk i Noreg, mellom anna som følge av usikker hastigheit på den teknologiske utviklinga og kostnadsutviklinga i ulike sektorar. Det er også usikkerheit knytt til kva for teknologiløysingar som eventuelt vil vinne fram. Utgreiinga viser at det eksisterer fleire barrierar som hindrar ei rask utvikling av hydrogen spesielt, til bruk i transport og industrielle formål. Slike barrierar er mellom anna mangelen på standardar knytte til kvalitet og sikkerheit, manglande lovverk og regulering og høge kostnader samanlikna med fossile alternativ. Utgreiinga peikar på at det derfor samla kan vere grunnlag for statlege verkemiddel og tiltak som medverkar til utviklinga av marknader for hydrogenløysingar. Samtidig peikar utgreiinga på at knappheit på fornybar kraft, nettkapasitet, kompetent arbeidskraft og areal gjer at hydrogenverdikjedene står i eit konkurranseforhold til utvikling av anna berekraftig verksemd i Noreg, og at ei auka satsing på hydrogen derfor må prioriterast opp mot andre satsingar og omsyn til natur og miljø. Utgreiinga anbefaler i første rekke å vidareføre og forbetre eksisterande verkemiddel, særleg verkemiddel som legg til rette for reduksjon av utslepp og klimaløysingar generelt. Utgreiinga påpeikar at det vil gi føreseielegheit og auka lønnsemd for låg- og nullutsleppteknologi, inkludert hydrogen, men ikkje nødvendigvis sterke bidrag til utvikling av hydrogenverdikjeder der det finst andre, rimelegare, klimatiltak. Utgreiinga anbefaler også at hydrogenspesifikke verkemiddel innan forsking og utvikling blir vidareførte. Regjeringa meiner at deltaking i EUs hydrogenbank vil vere eit godt verkemiddel for å utvikle ei samanhengande verdikjede for hydrogen. Det blir derfor lagt opp til at norske prosjekt så tidleg som mogleg skal kunne søke om støtte frå utlysingar under dette verkemiddelet. Ifølge utgreiinga vil eit marknadsgrunnlag for hydrogen også kunne skapast gjennom direkte regulering eller offentlege innkjøp. Truleg må utvikling av infrastruktur for hydrogen for transport eller industrielle formål fremmast gjennom ein kombinasjon av verkemiddel. På brukssida har Enova elles lagt fram to nye støtteprogram med rom for å gi meir støtte enn tidlegare. Maksimal støttesats vil vere opptil 80 prosent av godkjende meirkostnader. Desse vil bidra til auka realisering av hydrogen- og ammoniakkdrivne fartøy og skape ein større marknad for produksjon av hydrogen/ammoniakk. Til saman vil desse og eksisterande verkemiddel bidra til utvikling av løysingar og til marknaden for hydrogen som energiberar med ingen eller låge utslepp.

Departementet reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Krav om utnytting av overskotsvarme

Vedtak 743, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede krav om at spillvarme utnyttes fra prosesser som avgir mye varme, for eksempel industrianlegg, avfallsforbrenning, datasentre, hydrogenproduksjon og energiproduksjonsanlegg, der det er egnet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 36 (2020–2021), Meld. St. 11 (2021–2022) og Innst. 446 S (2021–2022).

Oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom Stortingets vedtak ved behandlinga av Prop. 100 L (2022–2023) Endringer i energiloven og naturgassloven (overskuddsvarme, energikartlegging, måling og fakturering), jf. Innst. 360 L (2022–2023). Lovendringane inneber mellom anna at aktørar som etablerer eller oppgraderer energiintensive anlegg, skal gjennomføre ein kost-nytte-analyse av moglegheitene for å utnytte overskotsvarme. Krava gjeld for kraftverk, industrianlegg og anlegg for energiproduksjon med over 20 MW samla tilført varmeeffekt. I tillegg blir fjernvarme- og fjernkjøleanlegg omfatta utan ei slik grense. Datasenter med over 2 MW samla tilført elektrisk effekt blir også omfatta, i tillegg til andre anlegg med ei tilsvarande grense på 20 MW.

Analysen skal sendast til departementet for godkjenning før anlegget blir bygd eller oppgraderinga gjennomført. Departementet kan i enkeltvedtak gi pålegg om at anlegg ikkje kan byggast eller oppgraderast utan at overskotsvarmen blir utnytta, dersom kost-nytte-analysen viser at nytten overstig kostnadene. Høvet til å gi slike pålegg gjeld anlegg som bruker gass, olje, kol eller bio – ikkje anlegg som går på straum. Departementet kan gi nærmare føresegner om innhaldet i analysen og kva anlegg som skal omfattast i forskrift. Departementet arbeider med eit forslag til forskrift, som vil bli sendt ut på offentleg høyring på vanleg måte.

Departementet reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Prøveordning for handverksbedrifter – energitiltak

Vedtak 746, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2023 vurdere å opprette en prøveordning der håndverksbedrifter kan få støtte til kompetanseheving innen energitiltak.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 36 (2020–2021), Meld. St. 11 (2021–2022) og Innst. 446 S (2021–2022).

Departementet vil i samråd med aktuelle departement kartlegge behovet for tiltak for å styrke kompetansen om energitiltak i byggenæringa, mellom anna tiltak for å styrke kompetansen om energieffektivisering og energifleksibilitet blant handverksbedrifter.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Solenergi – auka bruk

Vedtak 747, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå regelverket og virkemiddelapparatet for å stimulere til bruk av solenergi, blant annet for å stimulere til områdeutbygginger med solenergi og nabolagsstrøm.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 36 (2020–2021), Meld. St. 11 (2021–2022) og Innst. 446 S (2021–2022).

Departementet har i oppfølginga av vedtaket bedt NVE, med innspel frå RME og eventuelt andre etatar, kartlegge og vurdere rammevilkåra for lokal energiproduksjon og -lagring, og eventuelt foreslå endringar i eksisterande reguleringar og verkemiddel.

Departementet har i oppfølginga av vedtaket bedt RME om å vurdere ei delingsordning tilpassa næringsområde, slik at deling av eigenprodusert straum mellom straumkundar utover vedtatt ordning kan gjerast på ein samfunnsmessig rasjonell måte. Deling frå anlegg med meir enn 1 MW installert effekt skal inngå i vurderinga.

Departementet har samtidig bedt NVE om å vurdere ei lov-/forskriftsendring som gir konsesjonsmyndigheitene høve til å unnta mindre energiproduksjonsanlegg på industri- og næringsareal (grå areal) frå konsesjonsplikt.

Departementet reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Solenergi – kartlegging av potensialet for produksjon på landbruksareal

Vedtak 751, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen kartlegge potensialet for solenergiproduksjon på landbruksareal, samtidig som landbruksproduksjonen opprettholdes.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 36 (2020–2021), Meld. St. 11 (2021–2022) og Innst. 446 S (2021–2022).

Departementet har i oppfølginga av vedtaket bedt NVE vurdere potensialet for utbygging av fornybar kraftproduksjon på næringsareal, langs motorvegar og i andre nedbygde areal mot 2030. Vurderinga skal skilje mellom produksjonsformer, som sol- og vindkraft. Oppdraget skal også bidra til å klargjere potensialet for vindkraftproduksjon på landbruksareal og gardsbruk.

Departementet reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Solenergi – kartlegge potensialet og tilrettelegging for solenergiproduksjon på eksisterande infrastruktur

Vedtak 752, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen kartlegge potensialet og tilrettelegging for solenergiproduksjon på eksisterende infrastruktur, som for eksempel parkeringsplasser.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 36 (2020–2021), Meld. St. 11 (2021–2022) og Innst. 446 S (2021–2022).

Departementet har i oppfølginga av vedtaket bedt NVE vurdere potensialet for utbygging av fornybar kraftproduksjon på næringsareal, langs motorvegar og i andre nedbygde areal mot 2030. Vurderinga skal skilje mellom produksjonsformer, som sol- og vindkraft.

Departementet reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

14.3 Stortingssesjon 2020–2021

Vindkraft på land – innlemme planlegging og bygging av vindkraftverk i plan- og bygningslova

Vedtak 143, 1. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med et forslag om å innlemme planlegging og bygging av vindkraftanlegg i plan- og bygningsloven.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 28 (2019–2020) og Innst. 101 S (2020–2021).

Oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom Stortingets vedtak ved behandlinga av Prop. 111 L (2022–2023) Endringer i energiloven og plan- og bygningsloven (vindkraft på land), jf. Innst. 483 L (2022–2023). Etter dei nye reglane kan ein ikkje gi konsesjon etter energilova før kommunen har vedtatt ei overordna områderegulering. Lovendringane blei vedtatt av Stortinget 12. juni 2023 og tredde i kraft 1. juli 2023.

Departementet reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

14.4 Stortingssesjon 2019–2020

Null- og lågutsleppsløysingar for offshorefartøy i petroleumsproduksjon

Vedtak 683, 12. juni 2020

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag som sikrer null- og lavutslippsløsninger for offshorefartøy i petroleumsproduksjon.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 113 L (2019–2020) og Innst. 351 L (2019–2020).

Departementet viser til omtale av oppmodingsvedtaket i del I i Prop. 1 S (2022–2023). Under behandlinga av innstillinga frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet for 2023 og forslaget til statsbudsjett for 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023), gjorde Stortinget følgande vedtak:

Vedtak 92, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen i løpet av 2023 fremme krav om lavutslipp til offshorefartøy med sikte på innføring fra 2025 og nullutslipp fra 2029, eller tilsvarende krav som gir samme utslippseffekt for offshorefartøy.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 1 (2022–2023) og Innst. 2 S (2022–2023).

Dei to vedtaka er nært knytte til kvarandre og må sjåast i samanheng. Klima- og miljødepartementet har gitt Sjøfartsdirektoratet i oppdrag å sjå på korleis krav til låg- og nullutslepp for offshorefartøy kan utformast både i lys av vedtak 683, 12. juni 2020, og i lys av det nye vedtaket 92, 1. desember 2022. Olje- og energidepartementet viser derfor til Prop. 1 S (2023–2024) frå Klima- og miljødepartementet for ein omtale av status for oppfølginga av dei to oppmodingsvedtaka.

Frå neste år av vil omtalen av oppfølging av dei to vedtaka vere å finne i budsjettproposisjonen frå Klima- og miljødepartementet.

Greie ut ringverknader på fastlandet ved nye utbyggingar som blir omfatta av dei mellombelse endringane i petroleumsskatten

Vedtak 687, 12. juni 2020

«Stortinget ber regjeringen sørge for at ringvirkninger på fastlandet utredes ved nye utbygginger, og gjennomføre en evaluering av lokale, regionale og netto nasjonale ringvirkninger/sysselsetting ved nye prosjekter som omfattes av de midlertidige endringene i petroleumsskatten, samt bruk av null- og lavutslippsteknologi, og legge dette frem for Stortinget i en vurdering i løpet av første halvår 2023.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 113 L (2019–2020) og Innst. 351 L (2019–2020).

Departementet viser til omtale av oppmodingsvedtaket i Prop. 97 S (2022–2023) Utbygging og drift av Yggdrasil-området og Fenris, samt videreutvikling av Valhall, med status for olje- og gassvirksomheten mv. i kapittel 3.4 Ringvirkninger fra utbygginger omfattet av midlertidige skatteendringer.

Departementet reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Fotnoter

1.

Forkortinga MWp står for megawatt-peak og blir brukt for å beskrive merkeeffekten til solkraftanlegga. Det vil seie kor mykje effekt anlegga leverer under standard testforhold, mellom anna med ei gitt solinnstråling.

Til forsiden