7 Justis- og beredskapsdepartementet
Nedanfor gir departementet ei oversikt over oppfølging av oppmodingsvedtak under Justis- og beredskapsdepartementet. Oversikta inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen 2022–2023, og dei vedtaka frå tidlegare stortingssesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen ved behandling av Meld. St. 4 (2022–2023), jf. Innst. 186 S (2022–2023) meinte ikkje var følgde opp. I enkelte tilfelle kan oppfølginga av vedtaka vere meir omfattande forklart under det aktuelle programområdet i proposisjonen. I desse tilfella vil det vere ein referanse til kvar denne teksten finst.
I kolonne fire i tabellen nedanfor går det fram om departementet planlegg at rapporteringa på oppmodingsvedtaket no blir avslutta, eller om departementet vil rapportere konkret på vedtaket også i budsjettproposisjonen til neste år.
Sjølv om det i tabellen blir opplyst om at rapporteringa blir avslutta, vil det i ein del tilfelle kunne vere slik at oppfølginga av alle sider av vedtaket ikkje er endeleg avslutta. Dette kan t.d. gjelde vedtak med oppmoding til regjeringa om å vareta særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, der oppfølginga vil kunne gå over mange år. Stortinget vil i desse tilfella bli orientert om den vidare oppfølginga på ordinær måte, gjennom omtale av det relevante politikkområdet i budsjettproposisjonar og andre dokument.
Tabell 7.1 Oversikt over oppmodingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer
Sesjon | Vedtak nr. | Stikkord | Rapporteringa blir avslutta (ja/nei) |
---|---|---|---|
2022–2023 | 131 | Oppretting av permanent partnardrapskommisjon | Nei |
2022–2023 | 132 | Nasjonalt førebyggingsprogram mot partnarvald og partnardrap | Nei |
2022–2023 | 133 | Kommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar | Nei |
2022–2023 | 134 | Oppdatert kunnskapsgrunnlag om vald i nære relasjonar | Nei |
2022–2023 | 135 | Bruk av åleinesamtalar i hjelpeapparatet | Nei |
2022–2023 | 136 | Betre dokumentering og informasjonsutveksling i hjelpeapparatet | Nei |
2022–2023 | 139 | Elektronisk kontroll ved fotlenke med GPS-sendar for forvaringsdømde | Nei |
2022–2023 | 140 | Evaluering av ordninga med statleg finansiert prøvelauslating | Ja |
2022–2023 | 141 | Utgreiing av alternativ til ordninga med statleg finansiert prøvelauslating | Ja |
2022–2023 | 142 | Evaluering av særreaksjonane forvaring, dom til tvunge psykisk helsevern og dom til tvungen omsorg | Ja |
2022–2023 | 445 | Utgreie forliksrådsordninga | Nei |
2022–2023 | 503 | Kontroll over strategisk viktige verdikjeder | Ja |
2022–2023 | 615 | Endringar i reglane om avhøyr av vitne som bur på sperra adresse | Nei |
2022–2023 | 616 | Endringar i tvistelova – innstilling av saker i forliksrådet som følgje av lang behandling | Nei |
2022–2023 | 617 | Endringar i reglane om gjenopning i sivile saker som er pådømde som del av straffesak | Nei |
2022–2023 | 618 | Sakskostnader i sivile saker | Nei |
2022–2023 | 644 | Enklare og meir forbrukarvenleg regelverk for gavekort | Nei |
2022–2023 | 653 | Stortingsmelding om kriminalomsorga | Nei |
2022–2023 | 729 | A-krimsenter | Nei |
2022–2023 | 843 | Yrkesskadeerstatningsordning for tilsette i kriminalomsorga | Nei |
2021–2022 | 35.49 | Ny rettshjelpordning | Ja |
2021–2022 | 35.56 | Pilotprosjekt for notoritet i personkontrollar | Ja |
2021–2022 | 372 | Utgreiing av fråvikelege lovreglar om sambuarskap | Nei |
2021–2022 | 420 | Straffebestemming om seksuell utnytting av barn | Nei |
2021–2022 | 504 | Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatlova) | Nei |
2021–2022 | 505 | Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatlova) | Nei |
2021–2022 | 506 | Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatlova) | Nei |
2021–2022 | 507 | Nytt Oslo fengsel | Ja |
2021–2022 | 579 | Vurdering av naturskadeforsikringsordninga | Nei |
2021–2022 | 580 | Dialog om digitale betalingstenester og foreldrekontroll | Ja |
2021–2022 | 581 | Utgreiing av meldeplikt for norske tenesteleverandørar | Nei |
2021–2022 | 582 | Regelverk om varsling frå kriminalomsorga | Nei |
2021–2022 | 583 | Elektronisk kontroll ved brot på besøksforbod | Ja |
2021–2022 | 584 | Straffenivåa for seksuallovbrot | Ja |
2021–2022 | 585 | Nedsetjing av valdtektskommisjon | Ja |
2021–2022 | 587 | Budsjettmessige konsekvensar av ny valdserstatningslov | Ja |
2021–2022 | 589 | Forseinkingsrente på regresskravet til staten mot skadevaldar i valdserstatningssaker | Nei |
2021–2022 | 654 | Tryggleik for funksjonshindra | Nei |
2021–2022 | 795 | Forbod mot sal av forfalne fordringar | Nei |
2021–2022 | 831 | Offentleg helsetilbod ved Politiets utlendingsinternat på Trandum | Ja |
2020–2021 | 47 | Utviding av avverjingsplikta | Nei |
2020–2021 | 50 | Forelding av lovbrot mot mindreårige | Nei |
2020–2021 | 64 | Tilgjengelege dopingopplysningar | Nei |
2020–2021 | 65 | Straff for den som tener pengar på idrettsprestasjonar som følgje av doping | Nei |
2020–2021 | 206 | Klarare skilje mellom konvensjonsstatus (asyl) og subsidiært vern | Nei |
2020–2021 | 207 | Plan for effektiv motarbeiding av irregulær migrasjon | Ja |
2020–2021 | 208 | Klarlegging av identitet | Nei |
2020–2021 | 443 | Høgare straff for barn som er involverte i gjenteken kriminalitet | Nei |
2020–2021 | 446 | Tiltak for å auke talet på inndragingar | Nei |
2020–2021 | 447 | Besøks- og opphaldsforbod | Ja |
2020–2021 | 627 | Fornyingsordning for barneomsorgsattest | Nei |
2020–2021 | 628 | Gjennomgang av barneomsorgsattestordninga | Nei |
2020–2021 | 681 | Oppretting av eit nasjonalt våpenregister | Nei |
2020–2021 | 682 | Identitetsskjerming for polititilsette | Nei |
2020–2021 | 712 | Straff for å tvinge barn til utlandet | Nei |
2020–2021 | 729 | Nasjonal langtidsplan for beredskap | Nei |
2020–2021 | 730 | Totalberedskapsutval | Nei |
2020–2021 | 739 | Nordisk samarbeid innan samfunnstryggleik | Nei |
2020–2021 | 742 | Brann til sjøs | Nei |
2020–2021 | 743 | Tilfluktsrom | Nei |
2020–2021 | 799 | ADR-kontroll | Nei |
2020–2021 | 814 | Nasjonalt eigarskap og kontroll | Nei |
2020–2021 | 848 | Heilskapleg gjennomgang av verjemålsordninga | Nei |
2020–2021 | 928 | Lovendringar som følgje av ny sivilombodslov | Ja |
2020–2021 | 983 | Etablering av ny redningshelikopterbase i Tromsø og felles operasjon med helikoptertenesta til Sysselmeisteren | Nei |
2020–2021 | 1038 | Kartlegging av tryggleikskompetanse, gjennomgang av bruken av tryggingslova og evaluering av tryggleiksforståing | Ja |
2020–2021 | 1040 | Stortingsmelding om nasjonalt eigarskap og kontroll over strategisk viktige naturressursar, bedrifter, infrastrukturar og teknologiar | Ja |
2020–2021 | 1041 | Nytt Oslo fengsel | Ja |
2020–2021 | 1116 | Sperring av opplysningar i reaksjonsregisteret | Nei |
2020–2021 | 1117 | Gjennomgang av praksis for tilbakekall av førarrett | Nei |
2020–2021 | 1159 | Unntak frå forelding for seksuallovbrot mot barn | Nei |
2020–2021 | 1161 | Internasjonale kriminelle organisasjonar | Nei |
2020–2021 | 1162 | Tilgang på straffeprosessuelle tvangsmiddel | Nei |
2020–2021 | 1343 | Kompensasjonsordning for tapt arbeidsforteneste for frivillige i redningstenesta | Nei |
2019–2020 | 436 | Elektroniske fraktbrev | Nei |
2019–2020 | 515 | Reklamasjonsfrist på bustader | Nei |
2019–2020 | 669 | Deling av registerinformasjon | Ja |
2018–2019 | 98 | Rettshjelpsordninga | Ja |
2017–2018 | 788 | Utanlandsopphald | Nei |
2017–2018 | 795 | Eige lovverk for Statens barnehus | Nei |
2017–2018 | 798 | Regelverk for teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett – vald og overgrep | Ja |
2017–2018 | 899 | Menneskerettane til utviklingshemma – verjemål | Ja |
2016–2017 | 523 | Korrupsjonsføresegnene i straffelova | Nei |
2016–2017 | 630 | Omvend valdsalarm ved brot på besøksforbod | Ja |
2016–2017 | 631 | Besøksforbod | Ja |
2016–2017 | 1043 | Omvend valdsalarm | Ja |
7.1 Stortingssesjon 2022–2023
Oppretting av permanent partnardrapskommisjon
Vedtak nr. 131, 6. desember 2022
«Stortinget ber regjeringen snarest mulig opprette en permanent partnerdrapskommisjon».
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:218 S (2021–2022) og Innst. 64 S (2022–2023) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling. Departementet arbeider med eit høyringsnotat med forslag til lovregulering av kommisjonen sitt arbeid. Kommisjonen er lagt til Statens sivilrettsforvaltning, og oppstart er planlagt i 2024.
Nasjonalt førebyggingsprogram mot partnarvald og partnardrap
Vedtak nr. 132, 6. desember 2022
«Stortinget ber regjeringen utarbeide et nasjonalt forebyggingsprogram for en samordnet innsats mot partnervold og partnerdrap».
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:218 S (2021–2022) og Innst. 64 S (2022–2023) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling.
Kommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar
Vedtak nr. 133, 6. desember 2022
«Stortinget ber regjeringen påse at kommunene, enten i egen regi eller i interkommunalt samarbeid, har vedtatt en handlingsplan mot vold i nære relasjoner».
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:218 S (2021–2022) og Innst. 64 S (2022–2023) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling.
Oppdatert kunnskapsgrunnlag om vald i nære relasjonar
Vedtak nr. 134, 6. desember 2022
«Stortinget ber regjeringen sørge for et godt og oppdatert kunnskapsgrunnlag om vold i nære relasjoner».
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:218 S (2021–2022) og Innst. 64 S (2022–2023) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling.
Bruk av åleinesamtalar i hjelpeapparatet
Vedtak nr. 135, 6. desember 2022
«Stortinget ber regjeringen legge til rette for at politi og annet hjelpeapparat rutinemessig tilbyr brukere alenesamtaler, og at slike samtaler er obligatoriske i deler av hjelpeapparatet, i tråd med partnerdrapsutvalgets anbefaling.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:218 S (2021–2022) og Innst. 64 S (2022–2023) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling.
Betre dokumentering og informasjonsutveksling i hjelpeapparatet
Vedtak nr. 136, 6. desember 2022
«Stortinget ber regjeringen legge til rette for bedre dokumentasjonsrutiner og styrke kompetansen på reglene om informasjonsutveksling mellom politi og annet hjelpeapparat, i tråd med partnerdrapsutvalgets anbefaling.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:218 S (2021–2022) og Innst. 64 S (2022–2023) frå justiskomiteen. Vedtaket er under behandling.
Elektronisk kontroll ved fotlenke med GPS-sendar for forvaringsdømde
Vedtak nr. 139, 6. desember 2022
«Stortinget ber regjeringen sikre adgang til å sette vilkår om elektronisk kontroll ved fotlenke med GPS-sender for forvaringsdømte under permisjon fra soning, og om nødvendig fremme forslag om nødvendige lovendringer for å oppnå formålet.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:261 S (2021–2022) og Innst. 93 S (2022–2023).
Vedtaket er under behandling.
Evaluering av ordninga med statleg finansiert prøvelauslating
Vedtak nr. 140, 6. desember 2022
«Stortinget ber regjeringen gjennomføre en bred evaluering av ordningen med statlig finansiert prøveløslatelse.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:257 S (2021–2022) og Innst. 96 S (2022–2023).
Vedtaket blir følgt opp gjennom det nyoppretta utvalet som skal evaluere ordningane med forvaring, særreaksjonane tvunge psykisk helsevern og tvungen omsorg, og som skal greie ut varetakinga av domfelte og innsette med alvorlege psykiske lidingar eller utviklingshemming. Utvalet vart utnemnt av Kongen i statsråd 20. juni 2023, og utgreiinga skal leverast innan 1. september 2024. Utvalet skal bl.a. evaluere ordninga med statleg finansiert prøvelauslating av forvaringsdømde til plassering i institusjon eller kommunal bueining.
Utgreiing av alternativ til ordninga med statleg finansiert prøvelauslating
Vedtak nr. 141, 6. desember 2022
«Stortinget ber regjeringen utrede alternativer til ordningen med statlig finansiert prøveløslatelse, herunder
en ny form for særreaksjon rettet mot personer som er forvaringsdømt og forsøkt rehabilitert, men som på grunn av dårlig psykisk funksjonsevne vil ha permanent behov for grensesettende omsorg
en ny type institusjon for personer som dømmes til denne formen for særreaksjon, samt hvordan en slik organisasjon bør organiseres og finansieres.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:257 S (2021–2022) og Innst. 96 S (2022–2023).
Vedtaket er følgt opp. Det blir vist til vedtak nr. 140, 6. desember 2022, og utvalet som skal evaluere ordningane med forvaring, særreaksjonane tvunge psykisk helsevern og tvungen omsorg, og som skal greie ut varetakinga av domfelte og innsette med alvorlege psykiske lidingar eller utviklingshemming. Mandatet til utvalet inkluderer ei vurdering av om det er behov for nye modellar for langvarig, høgspesialisert, grensesetjande omsorg under straffegjennomføring, ved tilbakeføring frå fengsel eller ved utskriving frå barnevernsinstitusjon eller døgnbehandling i spesialisthelsetenesta.
Evaluering av særreaksjonene forvaring, dom til tvunge psykisk helsevern og dom til tvungen omsorg
Vedtak nr. 142, 6. desember 2022
«Stortinget ber regjeringen gjennomføre en bred evaluering av særreaksjonene forvaring, dom til tvungent psykisk helsevern og dom til tvungen omsorg, og herunder vurdere om særreaksjonene er hensiktsmessige for særreaksjonsdømte uten ytterligere rehabiliteringspotensial.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:257 S (2021–2022) og Innst. 96 S (2022–2023).
Vedtaket er følgt opp. Det blir vist til vedtak nr. 140 og 141, 6. desember 2022, og utvalet som skal evaluere ordningane med forvaring, særreaksjonane tvunge psykisk helsevern og tvungen omsorg, og som skal greie ut varetakinga av domfelte og innsette med alvorlege psykiske lidingar eller utviklingshemming.
Forliksrådsordninga
Vedtak nr. 445, 5. januar 2023
«Stortinget ber regjeringen utrede forliksrådsordningen med sikte på å styrke og forbedre den.»
Dokumenta som ligg til grunn for saka, er Dokument 8:6 S (2022–2023), jf. Innst. 123 S (2022–2023).
Vedtaket er under behandling. Departementet har satt i gang eit forskings- og utgreiingsoppdrag for å betre kunnskapsgrunnlaget om forliksråda. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.20.
Kontroll over strategisk viktige verdikjeder
Vedtak nr. 503, 23. februar 2023
«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan Norge kan sikre kontroll over strategisk viktige verdikjeder i lys av den nye geopolitiske situasjonen, og vurdere om det har implikasjoner for statlig eierskap. Stortinget ber regjeringen legge frem en stortingsmelding om dette, eller på annen egnet måte komme tilbake til Stortinget i løpet av 2023».
Dokumenta som ligg til grunn for saka er Meld. St. 6 (2022–2023), Innst. 190 S (2022–2023).
Vedtaket er følgt opp i Meld. St. 9 (2022–2023) «Nasjonal kontroll og digital motstandskraft for å ivareta nasjonal sikkerhet», jf. Innst. 247 S (2022–2023), som vart behandla i Stortinget 30. mars 2023. Ei rekke tiltak i meldinga peiker på korleis regjeringa skal bidra til å sikre nasjonal kontroll og eigarskap over verdiar av betyding for nasjonal tryggleik. I kva grad direkte statleg eigarskap er eit hensiktsmessig tiltak følgjer av Meld. St. 6 (2022–2023)«Eit grønare og meir aktivt statleg eigarskap – Statens direkte eigarskap i selskap» der går det fram at utgangspunktet er at regulering er det primære verkemiddelet for å ivareta omsyn til nasjonal tryggleik, samfunnstryggleik og beredskap, men at i enkelte særskilte høve vil statleg direkte eigarskap kunne vurderast som eit nødvendig tiltak. Vedtaket treffer både Justis- og beredskapsdepartementet, som har ansvar for samfunnstryggleik og nasjonal tryggleik, og Nærings- og fiskeridepartementet som den sentrale eigarskapseinheita.
Endringar i reglane om avhøyr av vitne m.m. som bur på sperra adresse m.m.
Vedtak nr. 615, 25. april 2023
«Stortinget ber regjeringen innen 1. juli 2023 sende på høring forslag til ytterligere endringer i tvisteloven for å ivareta at skjulte eller sperrede adresser ikke blir avslørt som følge av vitners plikt til å oppgi navn og personalia, og så snart som mulig komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Vedtaket vart fatta på bakgrunn av et eit «laust forslag» til saka. Dokumenta som ligg til grunn for saka, er Prop. 34 L (2022–2023) og Innst. 273 L (2022–2023).
Vedtaket er under behandling. Forslag til endringar i tvistelova og barnelova vart sendt på høyring 30. juni 2023 med høyringsfrist 2. oktober 2023.
Endringar i tvistelova – innstilling av saker i forliksrådet som følgje av lang behandling
Vedtak nr. 616, 25. april 2023
«Stortinget ber regjeringen vurdere endringer i tvisteloven kapittel 6 for saker som kreves innstilt som følge av at behandlingen ikke er avsluttet innen fristen i § 6-11 fjerde ledd.»
Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 273 L (2022–2023).
Vedtaket er under behandling.
Reglane om gjenopning av sivile krav som er pådømde som del av straffesak
Vedtak nr. 617, 25. april 2023
«Stortinget ber regjeringen vurdere endringer i /unntak fra den absolutte fristen etter tvisteloven § 31-6 på ti år for gjenåpning av sivile saker som er pådømt som del av en straffesak.»
Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 273 L (2022–2023).
Vedtaket er under behandling.
Sakskostnadsnivået i sivile saker
Vedtak nr. 618, 25. april 2023
«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan partenes sakskostnader i sivile saker kan bli lavere, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 34 L (2022–2023) og Innst. 273 L (2022–2023).
Vedtaket er under behandling.
Enklare og meir forbrukarvenleg regelverk for gavekort
Vedtak nr. 644, 9. mai 2023
«Stortinget ber regjeringen vurdere en styrking av forbrukernes rettigheter ved erverv og bruk av gavekort. Videre bes regjeringen vurdere innføring av et forbud mot at gavekortutsteder kan trekke gebyr fra kortet etter at det er solgt og overlevert til kunden, samt å innføre plikt til at de avtalerettslige prinsippene som gjelder for gavekortet, synliggjøres på selve kortet. Det bes om at regjeringen kommer tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:122 S (2022–2023) og Innst. 299 S (2022–2023).
Vedtaket er under behandling.
Stortingsmelding om kriminalomsorga
Vedtak nr. 653, 11. mai 2023
«Stortinget ber regjeringen, som en del av en helhetlig stortingsmelding om kriminalomsorgen, utrede de samlede behovene og vurdere nødvendige tiltak for å sikre likeverdige soningsforhold for kvinnelige og mannlige innsatte.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:152 S (2022–2023) og Innst. 318 S (2022–2023).
Vedtaket er under behandling.
A-krimsenter
Vedtak nr. 729, 1. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen sikre at politiet har tydelige hjemler for deltakelse i kontrollgruppen og kunnskapsbyggingen ved a-krimsentrene, og om nødvendig komme tilbake til Stortinget med forslag til oppdaterte lovhjemler»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:198 S (2022–2023) og Innst. 388 S (2022–2023).
Vedtaket er under behandling.
Yrkesskadeerstatningsordning for tilsette i kriminalomsorga
Vedtak nr. 843, 14. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen innføre en reell yrkesskadeerstatningsordning for ansatte i kriminalomsorgen, tilsvarende den som har blitt innført for ansatte i politiet»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:200 S (2022–2023) og Innst. 468 S (2022–2023).
Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet har sendt forslag til endringar i straffegjennomføringslova, som gir tilsette i kriminalomsorga rett på yrkesskadeerstatning for skadar som oppstår under ei bestemt form for trening og øving, på høyring. Høyringsfristen var 13. september 2023.
7.2 Stortingssesjon 2021–2022
Ny rettshjelpsordning
Vedtak nr. 35.49, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen om å legge frem forslag til ny lov om støtte til rettshjelp i løpet av våren 2023, og vurdere ulike tiltak som kan forsterke rettshjelpsordningen for befolkningen, herunder forslagene i NOU 2020:5»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022), Prop. 1 S (2021–2022), Prop. 1 S Tillegg 1 (2021–2022) og Innst. 2 S (2021–2022).
Vedtaket er følgt opp, jf. Prop. 124 L (2022–2023) Endringer i rettshjelploven (ny modell for økonomisk behovsprøving). Endringane inneber at fleire kan få rettshjelp dekt av staten. Forslaget vil fjerne skilnadene mellom partar med relativt lik økonomi og sikre at ordninga ikkje blir svekt over tid. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.70.
Pilotprosjekt for notoritet i personkontrollar
Vedtak nr. 35.56, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen om å gjennomføre en pilotordning i Oslo med teknisk løsning for sikring av notoritet for personkontroller som politiet foretar dersom den som blir kontrollert vil la seg registrere. Ordningen skal innebære at den som blir stoppet kan motta en bekreftelse på kontrollen.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022) og Innst. 2 S (2021–2022), jf. òg Meld. St. 4 (2022–2023) og Innst. 186 S (2022–2023).
Vedtaket er følgt opp. I starten av desember 2022 vart det sett i gang eit pilotprosjekt sentralt i Oslo der ein utferdar ei stadfesting på gjennomført personkontroll. Prosjektet blei avslutta i september 2023, og ei ekstern evaluering er sett i gang.
Utgreiing av fråvikelege lovreglar om sambuarskap
Vedtak nr. 372, 3. februar 2022
«Stortinget ber regjeringen utrede en fravikelig samboerlov.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:5 S (2021–2022) og Innst. 121 S (2021–2022) frå familie- og kulturkomiteen.
Vedtaket er under behandling. Regjeringa oppnemnde i mars 2023 eit offentleg utval som skal vurdere ei mogleg ny regulering. Utvalet skal levere utgreiinga si innan 1. mai 2025.
Straffebestemming om seksuell utnytting av barn
Vedtak nr. 420, 8. mars 2022
«Stortinget ber regjeringen vurdere om ordet «livssituasjon» i straffeloven § 295 første ledd bokstav c bør endres til «situasjon», slik at bestemmelsen rammer det «å utnytte en person under 18 år i en særlig sårbar situasjon.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:26 S (2021–2022) og Innst. 177 S (2021–2022) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling. Straffelovrådet la i desember 2022 fram ei utgreiing om strafferettsleg vern av den seksuelle sjølvråderetten, NOU 2022: 21. I utgreiinga tilrår rådet ei ny føresegn som rammar «den som skaffer seg seksuell omgang med noen under 18 år ved å utnytte at vedkommende befinner seg i en særlig sårbar situasjon og derved har vesentlig nedsatte forutsetninger for å motsette seg handlingen». Rådet tilrår at føresegna òg rammar dei som ved forholda som er nemnde ovanfor, «får noen under 18 år til å ha seksuell omgang med en annen eller til å utføre handlinger som svarer til seksuell omgang med seg selv». Oppfølging av NOU-en er ei prioritert oppgåve for departementet.
Advokatlova
Vedtak nr. 504, 28. april 2022
«Stortinget ber regjeringen utarbeide forskrift etter § 19 andre ledd, hvor forsikringsselskap kan tilby advokatbistand gjennom rettshjelpforsikring.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 214 L (2020–2021) Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatloven), Innst. 234 L (2021–2022) og Lovvedtak 61 (2021–2022).
Vedtaket er under behandling. Ny advokatlov er vedteken av Stortinget, og forslag til ny advokatforskrift og overgangsreglar blir sende på høyring hausten 2023. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.60.
Advokatlova
Vedtak nr. 505, 28. april 2022
«Stortinget ber regjeringen sikre klare overgangsordninger for foretak som blir berørt av endringer i ny advokatlov, som må gi slike god nok tid til å omorganisere seg, slik det åpnes for i Prop. 214 L (2020–2021) kapittel 22.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 214 L (2020–2021) Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatloven), Innst. 234 L (2021–2022) og Lovvedtak 61 (2021–2022).
Vedtaket er under behandling. Ny advokatlov er vedteken av Stortinget, og forslag til ny advokatforskrift og overgangsreglar blir sende på høyring hausten 2023. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.60.
Advokatlova
Vedtak nr. 506, 28. april 2022
«Stortinget ber regjeringen iverksette forskrift for berørte forsikringsselskap i god tid før overgangsreglene som vil bli fremmet i forbindelse med ikraftsettingen av advokatloven, utløper i tid.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 214 L (2020–2021) Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatloven), Innst. 234 L (2021–2022) og Lovvedtak 61 (2021–2022).
Vedtaket er under behandling. Ny advokatlov er vedteken av Stortinget, og forslag til ny advokatforskrift og overgangsreglar blir sende på høyring hausten 2023. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.60.
Nytt Oslo fengsel
Vedtak nr. 507, 28. april 2022
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med egen sak om plassering av nytt Oslo fengsel før endelig beslutning fattes.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:88 S og Innst. 241 S (2021– 2022).
Vedtaket er følgt opp. Det vises til omtale under programkategori 06.30, kap. 430. Som erstatning for nokre av dei eksisterande fengselsplassane ved Oslo fengsel er det gitt startløyving til å utvide Romerike fengsel, Ullersmo avdeling med netto 76 plassar. Vidare planlegg regjeringa for å utvide Ilseng fengsel med minst 96 plassar og byggje om lag 140 fengselsplassar på Grønland for å erstatte dei resterande plassane. I samband med utvidinga på Ilseng har Justis- og beredskapsdepartementet gitt Statsbygg og Kriminalomsorgsdirektoratet i oppdrag å greie ut 130 nye plassar på Ilseng, kor dei siste 30 plassane er tenkt å kunne erstatte dagens fengsel på Hamar.
Naturskadeforsikring
Vedtak nr. 579, 24. mai 2022
«Stortinget ber regjeringen vurdere mulighetene for å innrette naturskadeforsikringsordningen slik at den bedre ivaretar hensynet til forebygging, men likevel slik at dette ikke går på bekostning av prinsippet om en solidarisk og lik premiefastsettelse for forsikringskunder i hele landet.»
Dokumenta som ligg til grunn for forslaget, er Prop. 62 L (2021–2022) og Innst. 308 L (2021–2022).
Vedtaket er under behandling.
Dialog om digitale betalingstenester og foreldrekontroll
Vedtak nr. 580, 30. mai 2022
«Stortinget ber regjeringen gå i dialog med aktuelle leverandører av digitale betalingstjenester for å øke bevisstheten rundt foreldre og foresattes mulighet til å kontrollere transaksjoner inn og ut av betalingskontoen til deres barn samt for å finne løsninger for å styrke foreldrekontrollen.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:126 S (2021–2022) og Innst. 309 S (2021–2022) frå justiskomiteen.
Vedtaket er følgt opp. Departementet har hatt dialog med aktuelle leverandørar om å styrke foreldrekontrollen.
Utgreiing av meldeplikt for norske tenesteleverandørar
Vedtak nr. 581, 30. mai 2022
«Stortinget ber regjeringen utrede innføring av en plikt for norske tjenesteleverandører til å melde fra dersom de oppdager at deres tjenester brukes til straffbar oppbevaring eller distribusjon av overgrepsmateriale.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:126 S (2021–2022) og Innst. 309 S (2021–2022) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet ser denne saka i samanheng med forslaget til EU om å innføre ei tilsvarande plikt. I samband med dette er det etablert ei interdepartemental arbeidsgruppe som skal greie ut saka.
Regelverk om varsling frå kriminalomsorga
Vedtak nr. 582, 30. mai 2022
«Stortinget ber regjeringen gjennomføre et regelverksarbeid om varsling fra kriminalomsorgen, der hensynet til fornærmede og etterlatte vektlegges sterkere enn det som ligger i dagens regler.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:133 S (2021–2022) og Innst. 311 S (2021–2022) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling. Departementet arbeider med eit høyringsnotat for å følgje opp vedtaket.
Elektronisk kontroll ved brot på besøksforbod
Vedtak nr. 583, 30. mai 2022
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om innføring av en ordning med elektronisk kontroll (såkalt omvendt voldsalarm) ved brudd på besøksforbud.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:133 S (2021–2022) og Innst. 311 S (2021–2022) frå justiskomiteen.
Vedtaket er følgt opp i Prop. 128 L (2022–2023). Det er foreslått endringar i straffeprosesslova m.m. for å innføre ei ordning med elektronisk kontroll av besøksforbod. Sjå òg omtale under vedtak nr. 630 og 631, 25. april 2017, vedtak nr. 1043, 20. juni 2017, og vedtak nr. 447, 18. desember 2020.
Straffenivåa for seksuallovbrot
Vedtak nr. 584, 30. mai 2022
«Stortinget ber regjeringen gi Straffelovrådet i oppdrag å foreta en tilleggsutredning av straffenivåene for straffelovens bestemmelser om seksuallovbrudd. Tilleggsutredningen bes ferdigstilles før sommeren 2023.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:134 S (2021–2022) og Innst. 307S (2021–2022) frå justiskomiteen.
Vedtaket er følgt opp. Straffelovrådet la i desember 2022 fram ei utgreiing om strafferettsleg vern av den seksuelle sjølvråderetten, NOU 2022: 21. I utgreiinga vurderer rådet strafferammene og retningslinjene i lovforarbeidet om straffeutmåling ved brot på føresegnene i straffelova kapittel 26 om seksuallovbrot.
Nedsetjing av valdtektskommisjon
Vedtak nr. 585, 30. mai 2022
«Stortinget ber regjeringen nedsette en voldtektskommisjon, som skal levere sin utredning innen september 2023. Kommisjonen bør være bredt sammensatt av ulike typer kompetanse innenfor pedagogikk, psykologi, sosialfag, politifag og juss.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:134 S (2021–2022) og Innst. 307 S (2021–2022) frå justiskomiteen.
Vedtaket er følgt opp. I februar 2023 oppnemnde regjeringa eit offentleg utval som skal gjere ein samla gjennomgang av valdtektsfeltet og komme med tilrådingar om korleis utfordringane på dette kriminalitetsområdet skal takast vidare. Utvalet har ei brei fagleg samansetjing der ulike typar kompetanse er representerte, både strafferettsleg, samfunnsvitskapleg og helse- og politifagleg.
For å sikre god representasjon har utvalet òg etablert ei referansegruppe der brukargrupper, frivillige organisasjonar og personar med minoritets- og urfolksbakgrunn er med.
Utvalet planlegg å levere utgreiinga si i slutten av januar 2024.
Valdserstatningslov
Vedtak nr. 587, 30. mai 2022
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til de budsjettmessige konsekvensene av ny voldserstatningslov i forbindelse med nysalderingen av budsjettet for 2022.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 238 L (2020–2021), Innst. 310 L (2021–2022) frå justiskomiteen og Lovvedtak 70 (2021–2022).
Vedtaket er følgt opp, jf. Prop. 33 S (2022–2023) Ny saldering av statsbudsjettet 2022 og Innst. 140 S (2022–2023).
Vedtak nr. 589, 30. mai 2022
«Stortinget ber regjeringen fastsette i forskrift at det ikke skal løpe forsinkelsesrenter på statens regresskrav mot skadevolderen i voldserstatningssaker mens skadevolderen soner alminnelig fengselsstraff.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 238 L (2020–2021), Innst. 310 L (2021–2022) frå justiskomiteen og Lovvedtak 70 (2021–2022).
Vedtaket er under behandling. Forslag til forskrift vart sendt på høyring september 2023. Departementet ser på aktuelle løysingar og vil komme tilbake til Stortinget på ein eigna måte.
Tryggleik for personar med funksjonshindring
Vedtak nr. 654, 3. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen se på hvordan myndighetene kan treffe nødvendige tiltak for å sikre funksjonshindrede beskyttelse og sikkerhet i risikosituasjoner i hele krisespekteret, og sikre at funksjonshindredes organisasjoner høres i forbindelse med dette.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:213 S (2021–2022) og Innst. 367 S (2021–2022) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling. Departementet har bede Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) i samband med arbeidet med forprosjekt om sivile vernetiltak å vurdere behovet til funksjonshindra særskilt i utforminga av framtidige tilrådingar om sivile vernetiltak.
Forbod mot sal av forfalne fordringar
Vedtak nr. 795, 15. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for å forby salg av forfalte fordringer hvor forbruker er debitor.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:200 S (2021–2022) og Innst. 373 S (2021–2022).
Vedtaket er under behandling.
Offentleg helsetilbod ved Politiets utlendingsinternat på Trandum
Vedtak nr. 831, 17. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen sikre at helsetjenesten på Politiets utlendingsinternat, Trandum, legges under den offentlige helsetjenesten og at beslutningen om dette tas i løpet av 2022 slik at overføringen kan gjennomføres senest 1. juli 2023.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 2 (2021–2022) og Innst. 450 S (2021–2022).
Vedtaket er følgt opp. Eit lovforslag om å gi kommunar der det ligg utlendingsinternat, ansvar for helse- og omsorgstenester til internerte har vore på høyring. Regjeringa vil leggje fram eit lovforslag for Stortinget. Det er planlagt at lovforslaget trer i kraft 1. juli 2024.
7.3 Stortingssesjon 2020–2021
Utviding av avverjingsplikta
Vedtak nr. 47, 3. november 2020
«Stortinget ber regjeringen utrede om avvergingsplikten i straffeloven § 196 bør utvides til også å omfatte flere straffbare handlinger, særlig straffeloven §§ 257, 260, 261, 272 b, 292, 293, 294, 300, 301, 302, 304 og 305.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 66 L (2019–2020) og Innst. 41 L (2020–2021).
Vedtaket er under behandling.
Forelding av lovbrot mot mindreårige
Vedtak nr. 50, 3. november 2020
«Stortinget ber regjeringen foreta en helhetlig gjennomgang av foreldelsesreglene for seksuallovbrudd og voldsforbrytelser mot mindreårige, og komme tilbake til Stortinget med forslag til lovendringer som hever det generelle nivået på foreldelsesfrister for denne typen lovbrudd.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 66 L (2019–2020) og Innst. 41 L (2020–2021).
Vedtaket er under behandling. Departementet arbeider med eit høyringsnotat for å følgje opp vedtaket. Sjå òg vedtak nr. 1159, 7. juni 2021.
Tilgjengelege dopingopplysningar
Vedtak nr. 64, 10. november 2020
«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan opplysninger om idrettsutøvere og støtteapparat som straffes for dopingkriminalitet, også kan gjøres tilgjengelig for antidopingorganisasjonene, herunder eventuelle behov for endring av lovgivning.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:95 S (2018–2019) og Innst. 48 S (2020–2021) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling. Departementet vurderer behovet for regelendringar og eventuelle andre tiltak.
Straff for den som tener pengar på idrettsprestasjonar som følgje av doping
Vedtak nr. 65, 10. november 2020
«Stortinget ber regjeringen vurdere muligheter for nye bestemmelser i straffeloven for å kunne straffeforfølge de som tjener penger på idrettsprestasjoner som følge av doping, og mulighet for inndragning.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:95 S (2018–2019) og Innst. 48 S (2020–2021) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling.
Klarare skilje mellom konvensjonsstatus (asyl) og subsidiært vern
Vedtak nr. 206, 7. desember 2020
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag til lovendringer som innenfor rammen av internasjonale forpliktelser gir et klarere skille mellom konvensjonstatus (asyl) og subsidiær beskyttelse, gjennom å begrense retten til familiegjenforening samt utvide bruken av midlertidige tillatelser ved subsidiær beskyttelse.»
Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:71 L (2020–2021).
Vedtaket er under behandling. Departementet vil bl.a. sjå nærmare på korleis andre land i Europa har regulert dette, og på kva for erfaringar dei har gjort.
Plan for effektiv motarbeiding av irregulær migrasjon
Vedtak nr. 207, 7. desember 2020
«Stortinget ber regjeringen utarbeide en plan for hvordan Norge kan bidra til mer effektiv bekjempelse av irregulær migrasjon, herunder sørge for at dagens hjemmel for å henvise asylsøkere til trygge tredjeland utenfor EU brukes aktivt. Dette forutsetter samarbeidsavtaler med tredjeland som sikrer at asylsøkere behov for beskyttelse blir ivaretatt.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:71 L (2020–2021) og Lovvedtak 25 (2020–2021).
Vedtaket er følgt opp. Regjeringa har ein planmessig tilnærming til å kjempe mot irregulær migrasjon som omfattar eit mangfald av verkemiddel på utlendingsfeltet. Nasjonalt er bekjemping av irregulær innvandring til riket eit overordna mål, jf. utlendingslovas føresegn om formål. Dette målet følgjast opp i heile migrasjonskjeda, slik som ved grensekontroll, satsing på ID-arbeid og ein effektiv returpolitikk. I europapolitikken legg Noreg vekt på å støtte tiltak som kan begrense irregulær migrasjon til Schengen-området, som støtte til ein meir lik asylpraksis i EU og ein effektiv returpolitikk. Noreg tar også del i styrkinga av Schengens yttergrense-kontroll gjennom EUs grense- og kystvaktbyrå Frontex. Noreg bidreg også aktivt i det globale samarbeidet for å førebyggje irregulær migrasjon. Sentralt er ei omfattande støtte til utvikling og humanitær innsats som kan påverke irregulær migrasjon, direkte eller indirekte, samt regjeringas særskilde innsats for flyktningar, fordrevne og vertssamfunn (Solidaritetspotten, jf. Hurdalsplattformen). Kva gjeld tilgjenge til å henvise asylsøkjarer til trygge tredjeland, har departementet bede Utlendingsdirektoratet i instruks (GI-02/2022) og tildelingsbrev om å nytte handlingsrommet i gjeldande lovverk til å vise asylsøkjarar til trygge land utanfor Europa. Det er ikkje eit vilkår etter utlendingslova at gjennomføring av slike vedtak føreset ein samarbeidsavtale, men ein avtale kan lette gjennomføringa av returar. Sjå nærmare omtale av regjeringas arbeid for å kjempe mot irregulær migrasjon i Prop. 118 S (2022–2023).
Klarlegging av identitet
Vedtak nr. 208, 7. desember 2020
«Stortinget ber regjeringen stille de samme krav til klarlegging av identitet for permanent oppholdstillatelse og familieetablering som for statsborgerskap.»
Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:71 L (2020–2021).
Vedtaket er under behandling. Departementet er i gang med å greie ut konsekvensane, bl.a. om ei innstramming i regelverket i tråd med oppmodinga vil ha praktiske konsekvensar utover ein rein signaleffekt.
Høgare straff for barn som er involverte i gjenteken kriminalitet
Vedtak nr. 443, 18. desember 2020
«Stortinget ber regjeringen utrede om man i særlige tilfeller kan åpne for forhøyet straff ved nytt lovbrudd av samme art også for kriminelle gjengangere under 18 år.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling.
Tiltak for å auke talet på inndragingar
Vedtak nr. 446, 18. desember 2020
«Stortinget ber regjeringen i inneværende stortingsperiode legge fram tiltak og forslag til lovendringer for å øke omfanget av antallet inndragninger og gjøre det enklere for politiet å inndra verdier som er tilegnet gjennom kriminelle handlinger, både gjennom sivilrettslig inndragning og i straffesaker.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling. Regjeringa Solberg fremma 24. september 2021 ei rekkje forslag til endringar som bidrar til eit meir effektivt og pedagogisk regelverk om inndraging, sjå Prop. 241 L (2020–2021). Forslaga vart vedtekne av Stortinget i april 2022, jf. lov 8. april 2022 nr. 22, og tredde i kraft 1. juli 2022. Forslaga følgde opp delar av Straffelovrådet si utgreiing, NOU 2020: 10. Årsaka til at ikkje alle forslaga i NOU 2020: 10 vart følgde opp, var at fleire av forslaga har nær samanheng med ei tilleggsutgreiing som Straffelovrådet leverte 25. mai 2021, med høyringsfrist 25. oktober 2021. Regjeringa vil innan utgangen av 2023 leggje fram ei stortingsmelding om økonomisk kriminalitet. I arbeidet med stortingsmeldinga inngår ei vurdering av korleis ein kan sikre meir effektiv inndraging av verdiar frå kriminelle handlingar, irekna behovet for endringar i lovverket.
Besøks- og opphaldsforbod
Vedtak nr. 447, 18. desember 2020
«Stortinget ber regjeringen foreslå å endre straffeprosesslovens bestemmelser om besøks- og oppholdsforbud, slik at de som begår kriminalitet i bestemte områder, kan nektes å oppholde seg i en større omkrets og i et betydelig tidsrom, samt vurdere bruk av elektronisk kontroll for å håndheve dette.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.
Vedtaket er følgt opp i Prop. 128 L (2022–2023). I proposisjonen drøftar departementet om reglane for besøksforbod bør endrast, men det blir konkludert med at dagens reglar allereie opnar for besøksforbod over omfattande areal og over betydelege tidsrom. Samstundes foreslår departementet endringar i straffeprosesslova m.m. for å innføre ei ordning med elektronisk kontroll for å handheve slike besøksforbod. Sjå òg omtale av vedtak nr. 630 og 631, 25. april 2017, vedtak nr. 1043, 20. juni 2017, i tillegg til vedtak nr. 583, 30. mai 2022.
Fornyingsordning for barneomsorgsattest
Vedtak nr. 627, 18. februar 2021
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en sak om å gjeninnføre en fornyelsesordning for barneomsorgsattest.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:136 (2019–2020) og Innst. 210 S (2020–2021) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling. Politidirektoratet har fått i oppdrag å greie ut dei økonomiske og administrative konsekvensane ved å innføre ei fornyingsordning for politiattestar generelt og for barneomsorgsattestar spesielt. Departementet vurderer behovet for regelendringar og eventuelle andre tiltak. Sjå òg omtale under vedtak nr. 628, 18. februar 2021.
Gjennomgang av barneomsorgsattestordninga
Vedtak nr. 628, 18. februar 2021
«Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av barneomsorgsattestordningen, som også innbefatter en utredning av digitale forenklingsmuligheter, en vurdering av muligheten for informasjonsdeling av gjeldende lovbrudd i andre land og en vurdering av om straffeloven § 272 og § 273 skal være en del av politiattesten.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:136 (2019–2020) og Innst. 210 S (2020–2021) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling. Departementet arbeider med ein gjennomgang av barneomsorgsattestordninga. Politidirektoratet har fått i oppdrag å greie ut om digitale forenklingsmoglegheiter. Departementet vurderer, i samråd med andre involverte departement, behovet for å utvide barneomsorgsattesten til å gi merknader om fleire straffebod. Sjå òg omtale under vedtak nr. 627, 18. februar 2021.
Nasjonalt våpenregister
Vedtak nr. 681, 25. februar 2021
«Stortinget ber regjeringen opprette et nasjonalt våpenregister som legges til Brønnøysundregistrene og til Nordland politidistrikt med forvaltning i Mosjøen.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 29. (2019–2020) og Innst. 248 S (2020–2021) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling. Politidirektoratet har fått i oppdrag å setje i gang eit prosjekt for ny digital våpenforvaltning der dette oppmodingsvedtaket blir teke omsyn til. Det er inngått avtale mellom Politidirektoratet og Brønnøysundregistera for å utvikle ei digital løysing. I september 2021 vart ei løysing for digital innsending av jaktvåpensøknader teken i bruk, og i mai 2023 vart ei ny løysing for automatisk behandling av jaktvåpensøknader teken i bruk i Nordland og Agder. Løysinga skal etter planen rullast ut til heile landet i løpet av 2023. Arbeidet med nytt nasjonalt våpenregister pågår, og Politidirektoratet har starta arbeidet med å etablere nytt nasjonalt våpenkontor i Mosjøen.
Jf. oppmodingsvedtak nr. 778, 23. mars 2021.
Identitetsskjerming for polititilsette
Vedtak nr. 682, 25. februar 2021
«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med forslag til ny straffeprosesslov sikre full identitetsskjerming for politiansatte.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 29. (2019–2020) og Innst. 248 S (2020–2021) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling. Regjeringa har sett ned eit utval som skal sjå på om identiteten til tilsette i politiet og kriminalomsorga i større grad skal kunne skjermast. Utgreiinga skal etter planen vere ferdig ved utgangen av januar 2024.
Straff for å tvinge barn til utlandet
Vedtak nr. 712, 9. mars 2021
«Stortinget ber regjeringen utrede straffeforbudet mot frihetsberøvelse i situasjoner hvor barn vil bli, eller allerede er, sendt til utlandet mot sin vilje, og fremme forslag til lovendringer som sikrer at påtvungne utenlandsopphold kan straffes.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:137 S (2019–2020) og Innst. 269 S (2020–2021) frå familie- og kulturkomiteen.
Vedtaket er under behandling. Sjå òg omtale under vedtak nr. 788, 29. mai 2018.
Nasjonal langtidsplan for beredskap
Vedtak nr. 729, 11. mars 2021
«Stortinget ber regjeringen innføre en nasjonal langtidsplan for beredskap, som ser beredskapsressursene nasjonalt og regionalt i en sammenheng og legger grunnlaget for konkrete planer for utbedringer.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling. Oppfølging av vedtaket vil bli vurdert i lys av arbeidet til totalberedskapskommisjonen. Kommisjonen vart nemnd opp i januar 2022 og leverte arbeidet sitt våren 2023. Rapporten er sendt på høyring, og høyringsfristen er 15. oktober 2023.
Totalberedskapsutval
Vedtak nr. 730, 11. mars 2021
«Stortinget ber regjeringen etablere et fast totalberedskapsutvalg som rapporterer til regjeringen hvert år, slik at man sikrer koordinert ledelse overordnet og på tvers. Og helhetlige og koordinerte trusselvurderinger. Både beredskapsmyndigheter, samfunnets organisasjoner og næringsliv skal være representert i utvalget.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling. Oppfølging av vedtaket vil bli vurdert i lys av arbeidet til totalberedskapskommisjonen. Kommisjonen vart nemnd opp i januar 2022 og leverte arbeidet sitt våren 2023. Rapporten er sendt på høyring, og høyringsfristen er 15. oktober 2023.
Nordisk samarbeid innan samfunnstryggleik
Vedtak nr. 739, 11. mars 2021
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en vurdering av muligheten for tettere samarbeid med nordiske naboland knyttet til samfunnssikkerhet og beredskap, herunder felles sikkerhetsklarering, planverk på tvers av landegrensene og øvelser på tvers av landegrensene.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling. Oppfølginga av dette arbeidet bør sjåast i samanheng med det nordiske Haga-samarbeidet som er i gang innan samfunnstryggleik. Det blir òg vist til samarbeid mellom situasjonssentra i dei nordiske landa. I Haga-samarbeidet blir det bl.a. gjennomført fellesnordiske øvingar, sivilt-militært samarbeid gjennom Haga-NORDEFCO samarbeidet, samarbeid om skog-/naturnaturbrannar, CBRNE og Nødkommunikasjon. Knytt til Haga-utviklingsmål 2022–2024 er det i tillegg sett i verk førebuande samarbeid innan klimaendringar, tiltak etter læring frå covid-19 og Host Nation Support, i tillegg til vidare utvikling av det sivil-militære samarbeidet (Haga-NORDEFCO) som er i gang. I lys av utviklinga i risikobiletet og erfaringane frå koronapandemien er dei nordiske beredskapsmyndigheitene oppmoda om å gjennomgå felles avtalar, prosedyrar m.m., for å sikre at operativ støtte på tvers av grensene kan gjennomførast effektivt.
Når det gjeld spørsmålet om tryggingsklarering, finst det i dag tryggingsavtalar mellom Noreg og dei nordiske nabolanda som gjer det mogleg å utveksle gradert informasjon mellom landa, irekna å anerkjenne kvarandre sine tryggingsklareringar etter nærmare kriterium.
Brann til sjøs
Vedtak nr. 742, 11. mars 2021
«Stortinget ber regjeringen styrke Redningsselskapet og gjennomgå hvordan de kan bistå brann- og redningsetaten ved brann til sjøs.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling. Tilskotet til Redningsselskapet (RS) har hatt ein jamn og kraftig auke dei seinare åra, frå om lag 56 mill. kroner i 2013 til om lag 131 mill. kroner i 2023. Budsjettforhandlingane på Stortinget om 2022-budsjettet resulterte i at løyvinga på posten til RS auka med 5 mill. kroner. I tillegg er det gitt 3 mill. kroner i tilleggsløyving i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2021, som følgje av eit skjerpa behov for nærvær langs kysten. Ytterlegare oppfølging av vedtaket blir vurdert.
Tilfluktsrom
Vedtak nr. 743, 11. mars 2021
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en vurdering av hvordan eksisterende tilfluktsrom i større grad kan benyttes slik at de holdes i stand samt inngår som en del av den nasjonale beredskapen i forbindelse med for eksempel migrasjon, pandemi eller forsyningskrise.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling. DSB gjennomførte eit forprosjekt i 2022, og har i tildelingsbrevet for 2023 fått oppdrag om å føre vidare arbeidet med sivile tryggingstiltak.
ADR-kontroll
Vedtak nr. 799, 13. april 2021
«Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for å overføre myndighet til å gjennomføre ADR-kontroll til godkjente tungbilverksteder.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:106 S (2020–2021) og Innst. 311 S (2020–2021 ) frå transport- og kommunikasjonskomiteen.
Vedtaket er under behandling.
Nasjonalt eigarskap og kontroll
Vedtak nr. 814, 20. april 2021
«Stortinget ber regjeringa sikre norsk eigarskap av kritisk infrastruktur og eigedom samt nasjonal kontroll over naturressursar i nordområda.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 9 (2020–2021) og Innst. 289 S (2020–2021) frå utanriks- og forsvarskomiteen.
Vedtaket er under behandling. Meld. St. 9 (2022–2023) Nasjonal kontroll og digital motstandskraft for å ivareta nasjonal sikkerhet, jf. Innst. 247 S (2022–2023) vart behandla i Stortinget 30. mars 2023. Ei rekke tiltak i meldinga peiker på korleis regjeringa skal bidra til å sikre nasjonal kontroll og eigarskap over strategisk viktig infrastruktur, eigedom og naturressursar. Regjeringa har intensivert arbeidet med å kartleggje verdiar med heimel i tryggingslova (Lov om nasjonal sikkerhet). Regjeringa vurderer òg korleis ein kan få betre oversikt over verksemder og verdiar som ikkje dekkast av tryggingslova, men som likevel kan ha betyding for nasjonal tryggleik. I tillegg vil regjeringa vurdere korleis ein kan få betre oversikt over kven som er reelle eigarar av verdiar av betyding for nasjonal tryggleik. Verdikartlegging og innsikt i reelt eigarskap vil vere grunnlag for å vurdere relevante verkemiddel for å ta i vare nasjonal tryggleik, blant anna gjennom førebyggjande tryggingstiltak med heimel i tryggingslova, bruk av anna relevant regelverk og nasjonalt eigarskap. For å kunne ta i vare nasjonal kontroll vil regjeringa òg gå gjennom relevant eksisterande lovverk, inkludert konsesjonslovgiving, for å sørge for at omsyn til nasjonal tryggleik inngår som vurderingskriterium der det er aktuelt. Òg Prop. 95 L (2022–2023) «Endringer i sikkerhetsloven (eierskapskontroll og lovens virkeområde)» inneheld konkrete tiltak for å sikre nasjonal kontroll. Endringane blir gjort for å hindre eigarskap som kan medføre verksemd som truar tryggleiken.
Heilskapleg gjennomgang av verjemålsordninga
Vedtak nr. 848, 27. april 2021
«Stortinget ber regjeringen foreta en helhetlig gjennomgang av vergemålsordningen og legge frem forslag til lovendringer som styrker og forbedrer den.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:77 (2020–2021) og Innst. 285 S (2020–2021) frå justiskomiteen. Sjå elles omtalen av oppmodingsvedtak nr. 899 (2017–2018) nedanfor.
Vedtaket er under behandling. Stortinget vedtok i mars 2023 endringar i verjemålslova, som tredde i kraft 1. april 2023 (endringslov 31. mars 2023 nr. 5). Dei aktuelle endringane vart foreslått i Prop. 141 L (2021–2022) hausten 2022, som første steg i oppfølginga av dette oppmodingsvedtaket. Etter endringane er bl.a. prinsippet om sjølvråderett tydeleggjort i fleire føresegner i verjemålslova. I Prop. 141 L (2021–2022) punkt 2.4 gjorde departementet greie for nokre prioriteringar for den vidare oppfølginga av oppmodingsvedtaket, bl.a. at terminologien i lova skal vurderast nærmare. Arbeidet med vidare revisjon av lova blir gjennomført i dialog med sivilt samfunn og andre relevante aktørar.
Lovendringar som følgje av ny sivilombodslov
Vedtak nr. 928, 11. mai 2021
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om nødvendige endringer i annen lovgivning som følge av ny sivilombudslov.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 21 (2020–2021), kap. 10, og Innst. 409 L (2020–2021).
Vedtaket er følgt opp gjennom Prop. 121 L (2021–2022), der det vart fremja forslag om å endre «Sivilombodsmannen», «ombodsmannen» og variantar av dette, både på nynorsk og bokmål, til dei kjønnsnøytrale variantane «Sivilombodet», «ombodet» osv. i andre lover. Framlegget vart vidare følgt opp gjennom lovvedtak 14 (2022–2023).
Etablering av ny redningshelikopterbase i Tromsø og felles operasjon med helikoptertenesta til Sysselmeisteren
Vedtak nr. 983, 25. mai 2021
«Stortinget ber regjeringen starte nødvendige forberedelser som sikrer at Forsvaret overtar som operatør av redningshelikopterbasen i Tromsø når kontrakten med sivil operatør går ut.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 85 S (2020–2021) og Innst. 393 S (2020–2021) frå justiskomiteen.
Vedtaket er under behandling.
Kartlegging av tryggleikskompetanse, gjennomgang av bruken av tryggingslova og evaluering av tryggleiksforståing
Vedtak nr. 1038, 28. mai 2021
«Stortinget ber regjeringen gjennomføre og legge frem for Stortinget på egnet måte:
en kartlegging av sikkerhetskompetansen i alle departementer
en gjennomgang utført av et offentlig utnevnt ekspertutvalg av sikkerhetslovens anvendelse, herunder mulige sårbarheter, ansvarsfordeling, status for departementenes listeføring av virksomheter som helt eller delvis skal omfattes av sikkerhetsloven
en evaluering av hvordan sikkerhetsforståelse i departementene etableres og samarbeid mellom departementene blir sikret.»
Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er behandlinga av innstillinga frå utanriks- og forsvarskomiteen om Redegjørelse av justis- og beredskapsministeren om planlagt salg av Bergen Engines AS, jf. Innst. 503 S (2020–2021).
Vedtaket er følgt opp. Kartlegginga av tryggleikskompetanse i departementa vart gjennomført i 2022. I kartlegginga kjem det fram at alle departement jobbar med tryggleik tilknytt sine ansvarsområde, og det er generelt god kompetanse og tryggleiksforståing i leiinga i departementa.
NSM held oppdatert oversikt over departementa sine grunnleggjande nasjonale funksjonar (GNF) og verksemder som er vurderte å vere viktige for GNF, inkludert verksemder som er heilt eller delvis underlagde tryggingslova. Departementet har på bakgrunn av den sikkerheitspolitiske situasjonen og innspel frå verksemder underlagt tryggingslova gjennomgått lova og fremma naudsynte forslag til endringar, jf. Prop. 95 L (2022-2023) om endringer i sikkerhetsloven (eierskapskontroll og lovens virkeområde). Departementet jobbar no vidare med andre område og ser på øvrige endringsbehov i tryggingslova.
Ei felles tryggleiksforståing og ein felles tryggleikskultur mellom departementa må byggjast over tid. Departementa er derfor oppmoda om å ta relevante kurs hjå Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) innan sikkerheitsstyring for leiarar. Dei er i tillegg oppmoda om ta kurs i «Nasjonal sikkerhet og beredskap» på det tverrdepartementale Departementsakademiet. Departementsakademiet vart opna 1. september 2023 og er eit kompetansetiltak i strategien for departementsfellesskapet 2021–2025 «Gode hver for oss. Best sammen». Akademiet skal utvikla og tilby relevante kompetansetilbod for alle departementstilsette, og styrkje departementsfellesskapets samla kompetanse og evne til å utføra sine oppgåver. Vedtaket er også følgt opp i Meld. St. 9 (2022–2023) «Nasjonal kontroll og digital motstandskraft for å ivareta nasjonal sikkerhet», som vart behandla i Stortinget 30. mars 2023.
Stortingsmelding om nasjonalt eigarskap og kontroll over strategisk viktige naturressursar, bedrifter, infrastrukturar og teknologiar
Vedtak nr. 1040, 28. mai 2021
«Stortinget ber regjeringen legge fram en stortingsmelding om hvordan Norge kan sikre nasjonalt eierskap og kontroll over strategisk viktige bedrifter, naturressurser, infrastrukturer og teknologier.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:153 S (2020–2021) og Innst. 504 S (2020–2021) frå utanriks- og forsvarskomiteen.
Vedtaket er følgt opp ved forslag av Meld. St. 9 (2022–2023) Nasjonal kontroll og digital motstandskraft for å ivareta nasjonal sikkerhet, jf. Innst. 247 S (2022–2023), som vart behandla i Stortinget 30. mars 2023.
Sjå òg vedtak 814.
Nytt Oslo fengsel
Vedtak nr. 1041, 28. mai 2021
«Stortinget ber regjeringen på egnet måte komme tilbake til Stortinget med forslag vedrørende nytt Oslo fengsel.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:142 S (2020–2021) og Innst. 470 S (2020–2021).
Vedtaket er følgt opp. Det blir vist til omtale under programkategori 06.30, kap. 430. Som erstatning for nokre av dei eksisterande fengselsplassane ved Oslo fengsel er det gitt startløyving til å utvide Romerike fengsel, Ullersmo avdeling, med netto 76 plassar. Vidare planlegg regjeringa for ei utviding av Ilseng fengsel med minst 96 plassar og bygging av om lag 140 fengselsplassar på Grønland for å erstatte dei resterande plassane. I samband med utvidinga på Ilseng har Justis- og beredskapsdepartementet gitt Statsbygg og Kriminalomsorgsdirektoratet i oppdrag å greie ut 130 nye plassar på Ilseng, kor dei siste 30 plassane er tenkt å kunne erstatte dagens fengsel på Hamar.
Sperring av opplysningar i reaksjonsregisteret
Vedtak nr. 1116, 3. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen sørge for at opplysninger i reaksjonsregisteret om personer som er ilagt strafferettslige reaksjoner for bruk og besittelse av narkotika til eget bruk, sperres etter tre år. Sperring forutsetter at det ikke er registrert flere straffbare forhold i den aktuelle perioden.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 92 L (2020–2021), Innst. 612 L (2020–2021) og Lovvedtak 148 (2020–2021).
Vedtaket er under behandling. Departementet vurderer moglege endringar i politiregisterforskrifta.
Gjennomgang av praksis for tilbakekall av førarrett
Vedtak nr. 1117, 3. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen sørge for at samfunnets reaksjoner i forbindelse med problematisk bruk av rusmidler er forholdsmessige, og kan knyttes til rusbruken. Stortinget ber regjeringen særlig gjennomgå praksis med tap av førerrett i tilfeller der man ikke ser noen sammenheng mellom personens bruk av rusmidler og føring av motorvogn.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 92 L (2020–2021), Innst. 612 L (2020–2021) og Lovvedtak 148 (2020–2021).
Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet har innhenta informasjon frå Politidirektoratet for praksis ved tap av førarrett og følgjer opp saka vidare.
Unntak frå forelding for seksuallovbrot mot barn
Vedtak nr. 1159, 7. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag til lovendringer som fjerner foreldelsesfristen for alle typer seksualforbrytelser mot barn.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:273 S (2020–2021) og Innst. 634 S (2020–2021).
Vedtaket er under behandling. Sjå òg vedtak nr. 50, 3. november 2020.
Internasjonale kriminelle organisasjonar
Vedtak nr. 1161, 11. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med strengere regler dersom det nye regelverket ikke i tilstrekkelig grad hindrer etableringer av internasjonale kriminelle gjenger og mafiaorganisasjoner.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 190 L (2020–2021) og Innst. 629 L (2020–2021).
Vedtaket er under behandling. Departementet vil vurdere om det er behov for strengare reglar når dei nye bestemmingane har fått verke i noko tid.
Tilgang på straffeprosessuelle tvangsmiddel
Vedtak nr. 1162, 11. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen utrede særskilt om politiet bør gis tilgang på straffeprosessuelle tvangsmidler ut over det den foreslåtte strafferammen på tre års fengsel for deltagelse, rekruttering eller videreføring av en kriminell sammenslutning, tilsier.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 190 L (2020–2021) og Innst. 629 L (2020–2021).
Vedtaket er under behandling. Departementet vil vurdere behovet for fleire straffeprosessuelle tvangsmiddel når dei gjeldande bestemmingane har fått verke i noko tid.
Kompensasjonsordning for tapt arbeidsforteneste for frivillige i redningstenesta
Vedtak nr. 1343, 18. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2022 legge frem en vurdering av om det bør innføres en kompensasjonsordning for tapt arbeidsfortjestene for frivillige som blir anmodet av nødetatene om å bistå i redningsoppdrag.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 195 S (2020–2021) og Innst. 600 S (2020–2021).
Vedtaket er under behandling. Det vil krevje ei utgreiing før ein får oversikt over og kunnskap om kva eit slikt tiltak vil bety for redningstenesta, og kva utgiftene vil vere for staten. Departementet har førebels ikkje teke stilling til om ei slik utgreiing skal setjast i verk. Det er både fordelar og ulemper med å innføre ei kompensasjonsordning for tapt arbeidsforteneste for frivillige. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at dei frivillige organisasjonane held oppe og styrker posisjonen sin innanfor norsk redningsberedskap (sjå òg Meld. St. 10 (2016–2017)). Samstundes bør det vere eit tydeleg skilje mellom offentlege og frivillige ressursar.
7.4 Stortingssesjon 2019–2020
Elektroniske fraktbrev
Vedtak nr. 436, 31. mars 2020
«Stortinget ber regjeringen sikre at nye elektroniske fraktbrev som er planlagt i CRM-direktivet, gjøres obligatoriske.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 11 LS (2019–2020) og Innst. 214 S (2019–2020).
Vedtaket er under behandling.
Reklamasjonsfrist bustader
Vedtak nr. 515, 21. april 2020
«Stortinget ber regjeringen utrede om reklamasjonsfristen på nyoppførte boliger skal økes fra fem til ti år, samt konsekvensene av en eventuell utvidelse.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 25 (2018–2019) og Innst. 171 S (2019–2020).
Vedtaket er under behandling.
Lovforslag for å sikre deling av registerinformasjon
Vedtak nr. 669, 10. juni 2020
«Stortinget ber regjeringen fremme nødvendige lovforslag for å sikre at relevant registerinformasjon deles mellom offentlige forvaltningsorgan for å avdekke og forhindre kriminalitet.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:88 S (2019–2020) og Innst. 342 S (2019–2020).
Vedtaket er følgt opp gjennom høyringsforslaget frå september 2020 om endringar i forvaltningslova m.m. Forslaget gjekk ut på å innføre nye og større grunnlag for deling mellom forvaltningsorgan av opplysningar som er omfatta av teieplikt. Forslaget vart følgt opp i Prop. 166 L (2020–2021) om endringar i forvaltningslova m.m., og den oppfølgjande endringslova 18. juni 2021 nr. 127. Førebygging og avdekking av kriminalitet var sentrale omsyn som låg til grunn for forslaget og lovendringa. Ny § 13 g i forvaltningslova gir heimel til å gi forskrift om at teieplikt etter forvaltningslova § 13 ikkje skal vere til hinder for at bestemte organ kan dele opplysningar for å utføre oppgåver som er lagde til givar- eller mottakarorganet, og opnar dermed for å gi forskrifter om informasjonsdeling knytt til dei emna som er nemnde i vedtaket.
7.5 Stortingssesjon 2018–2019
Rettshjelpsordninga
Vedtak nr. 98, 4. desember 2018
«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med den pågående utredningen av rettshjelpsordningen komme tilbake til Stortinget med tiltak i oppfølgingen av denne for å gjøre ordningen betre, mer effektiv og treffsikker.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:152 S (2017–2018) og Innst. 71 S (2018–2019).
Vedtaket er følgt opp, jf. Prop. 124 L (2022–2023) som ligg til behandling i Stortinget. Sjå òg omtale av vedtak nr. 35.49, 2. desember 2021. Sjå omtale under programkategori 06.70.
7.6 Stortingssesjon 2017–2018
Utanlandsopphald
Vedtak nr. 788, 29. mai 2018
«Stortinget ber regjeringen foreslå tydeliggjøring av hjemler i straffeloven som holder foreldre ansvarlige dersom barn sendes på utenlandsopphold mot sin vilje.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:118 S (2017–2018) og Innst. 260 S (2017–2018) frå justiskomiteen om tiltak mot sosial kontroll og æresvald.
Vedtaket er under behandling. Eit eksternt juridisk utval har fått i oppdrag å drøfte dei samla juridiske problemstillingane i saker om negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap, kjønnslemlesting og psykisk vald, og dei skal vurdere om lovgivinga er god nok. Eit av spørsmåla utvalet skal sjå nærmare på, er korleis ein kan klargjere grensene for straffeansvaret i tilfelle der foreldre sender barn på utanlandsopphald mot barna sin vilje. Utvalet skal levere utgreiinga si 30. november 2023.
Eige lovverk for Statens barnehus
Vedtak nr. 795, 29. mai 2018
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om et eget lovverk for Statens barnehus som sikrer ivaretakelse av hele mandatet til Statens barnehus.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:140 S (2017–2018) og Innst. 316 S (2017–2018).
Vedtaket er under behandling. NOVA/OsloMet har på oppdrag frå Politidirektoratet evaluert ordninga med barnehusa. I evalueringsrapporten skriv NOVA at dei meiner at det er behov for ei tydelegare regulering av oppfølgingsarbeidet i barnehusa. Det blir tilrådd at departementet avventar spørsmålet om innføring av ei eiga barnehuslov inntil eit breiare kunnskapsgrunnlag er innhenta. Bl.a. vil det vere behov for å greie ut kva erfaringar andre land har med lovfesting, og det vil vere behov for å kartleggje dei viktigaste rettslege uklarleikane som oppstår i skjeringspunktet mellom dei ulike regelverka som gjeld barnehusa. Med utgangspunkt i NOVA si tilråding vil departementet setje i gang eit slikt utgreiingsarbeid i samarbeid med Politidirektoratet.
Regelverk for teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett – vald og overgrep
Vedtak nr. 798, 29. mai 2018
«Stortinget ber regjeringen utrede, for så å fremme et lovforslag, for å revidere og samordne regelverket knyttet til taushetsplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett, herunder reglene om samarbeid mellom ulike tjenester og etater, samt reglene om samtykke, slik at flere saker som gjelder vold og overgrep, vil kunne avdekkes og følges opp på en god måte.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:140 S (2017–2018) og Innst. 316 S (2017–2018).
Vedtaket er følgt opp. Eit høyringsforslag frå september 2020 om endringar i forvaltningslova m.m., som gjekk ut på å innføre nye og større grunnlag for deling mellom forvaltningsorgan av opplysningar som er omfatta av teieplikt, vart følgt opp i Prop. 166 L (2020–2021) om endringar i forvaltningslova m.m. og endringslov 18. juni 2021 nr. 127. Ny § 13 g i forvaltningslova gir heimel til å gi forskrift om at teieplikt etter forvaltningslova § 13 ikkje skal vere til hinder for at bestemte organ kan dele opplysningar for å utføre oppgåver som er lagde til givar- eller mottakarorganet, og opnar dermed for å gi forskrifter om emna som er nemnde i vedtaket.
Straffelova § 196 er endra og avverjingsplikta omfattar no fleire lovbrot enn tidlegare. Helsepersonellova opnar no for å dele helseopplysningar om pasientar i fleire konkrete tilfelle enn tidlegare.
Vidare var ei utgreiing som i eit heilskapleg perspektiv tek for seg emna teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett innanfor det offentlege, og som utgjer eit utkast til ein praktisk oppbygd og autoritativ rettleiar til bruk på tvers av ulike sektorar, på høyring i 2021. Høyringa vart følgd opp, og den endelege rettleiaren vart publisert i februar 2023. Her blir det slått tydeleg fast korleis regelverket om teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett skal forståast og praktiserast, og ein heilt sentral faktor som låg til grunn for dette arbeidet, var arbeidet mot vald og andre overgrep som rammar barn og unge.
Regelverket om teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett er også blitt vurdert i samband med forslaget til ny forvaltningslov i NOU 2019: 5, og dette blir følgt vidare opp av departementet.
Menneskerettane til utviklingshemma – verjemål
Vedtak nr. 899, 12. juni 2018
«Stortinget ber regjeringen legge frem en Stortingsmelding om sikring av utviklingshemmedes menneskerettigheter der erfaringene med vergemålsloven gjennomgås og foreslå nødvendige lovendringer som sikrer den enkelte vergetrengendes medbestemmelse og rettssikkerhet.»
Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 377 S (2017–2018).
Vedtaket er følgt opp, jf. Meld. St. 8 (2022–2023) Menneskerettar for personar med utviklingshemming – Det handlar om å bli høyrt og sett. Sjå òg omtalen av oppmodingsvedtak nr. 894 i Prop. 1 S (2023–2024) for Kulturdepartementet. Verjemål blir behandla i meldinga i samsvar med ordlyden i oppmodingsvedtaket. Stortinget vedtok i mars 2023 endringar i verjemålslova, som tredde i kraft 1. april 2023. Dei aktuelle endringane vart foreslått i Prop. 141 L (2021–2022), som første steg i oppfølginga av oppmodingsvedtaket om ein heilskapleg gjennomgang av verjemålsordninga, sjå omtalen av vedtak nr. 848, 27. april 2021. Etter endringane er bl.a. prinsippet om sjølvråderett tydeleggjort i fleire føresegner i verjemålslova.
7.7 Stortingssesjon 2016–2017
Korrupsjonsføresegnene i straffelova
Vedtak nr. 523, 23. mars 2017
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om endring av straffeloven som innebærer at for overtredelser av straffelovens korrupsjonsbestemmelser kan foretaket også straffes når handlingen er utført av noen som gjennom sine forbindelser med selskapet må assosieres med det. Det må vurderes straffefrihet for selskap som har gjort det de kan for å forebygge korrupsjon.»
Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 191 L (2016–2017) frå justiskomiteen om utvida ansvar selskap har for korrupsjonshandlingar.
Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet har gitt ein fagperson i oppdrag å drøfte dei aktuelle spørsmåla og å komme med forslag til lovendringar. Rapporten vart overlevert i mai 2021 og send på høyring 12. oktober 2021, med høyringsfrist 11. januar 2022. Rapporten er no til oppfølging i departementet.
Omvend valdsalarm ved brot på besøksforbod
Vedtak nr. 630, 25. april 2017
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med et forslag om å utvide muligheten til å ilegge omvendt voldsalarm til blant annet til tilfeller ved brudd på besøksforbud.»
Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 247 S (2016–2017) frå justiskomiteen om opptrappingsplanen mot vald og overgrep (2017–2021).
Vedtaket er følgt opp i Prop. 128 L (2022–2023). Det er fremma forslag til endringar i straffeprosesslova m.m. for å innføre ei ordning med elektronisk kontroll av besøksforbod, òg kalla omvend valdsalarm. Sjå òg omtale under vedtak nr. 631, 25. april 2017, vedtak nr. 1043, 20. juni 2017, vedtak nr. 447, 18. desember 2020, og vedtak nr. 583, 30. mai 2022.
Besøksforbod
Vedtak nr. 631, 25. april 2017
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag om å utvide muligheten til å ilegge besøksforbud utover ett år, og utrede muligheten for å ilegge besøksforbud med begrensninger til å bevege seg i et større geografisk område.»
Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 247 S (2016–2017) frå justiskomiteen om opptrappingsplanen mot vald og overgrep (2017–2021).
Vedtaket er følgt opp i Prop. 128 L (2022–2023). I proposisjonen drøftar departementet om reglane for besøksforbod bør endrast, men det blir konkludert med at dagens reglar allereie opnar for besøksforbod over betydelege tidsrom (når eit besøksforbod går ut, kan det forlengast med nytt besøksforbod, så lenge vilkåra er oppfylte), og over omfattande geografiske område. Sjå òg omtale under vedtak nr. 630, 25. april 2017, vedtak nr. 1043, 20. juni 2017, vedtak nr. 447, 18. desember 2020, og vedtak nr. 583, 30. mai 2022.
Omvend valdsalarm
Vedtak nr. 1043, 20. juni 2017
«Stortinget ber regjeringen utrede om omvendt voldsalarm bør kunne benyttes som et straffeprosessuelt virkemiddel, og rammene for slik bruk og komme tilbake til Stortinget på egnet måte med eventuelle forslag om dette.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:108 S (2016–2017), om å styrke oppfølginga i reetableringsfasen for personar som er utsette for vald i nære relasjonar, og Innst. 475 S (2016–2017).
Vedtaket er følgt opp i Prop. 128 L (2022–2023). Det er fremma forslag til endringar i straffeprosesslova m.m. for å innføre ei ordning med elektronisk kontroll av besøksforbod som eit straffeprosessuelt verkemiddel, òg kalla omvend valdsalarm. Sjå òg omtale av vedtak nr. 630 og 631, 25. april 2017, vedtak nr. 447, 18. desember 2020, og dessutan vedtak nr. 583, 30. mai 2022.