3 Barne- og familiedepartementet
Nedanfor er ei oversikt over oppfølginga av oppmodingsvedtak under Barne- og familiedepartementet. Oversikta inkluderer alle vedtaka frå stortingssesjonen (2022–2023) og vedtaka frå tidlegare stortingssesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 186 S (2022–2023) meinte ikkje var utkvitterte.
I tabellen nedanfor står det om departementet reknar rapporteringa om oppmodingsvedtaket som avslutta, eller om departementet òg vil rapportere konkret om vedtaket i budsjettforslaget neste år.
Tabell 3.1 Oversikt over oppmodingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer
Sesjon | Vedtak nr. | Stikkord | Rapportering avslutta (ja/nei) |
---|---|---|---|
2022–2023 | 80 | langsiktige avtalar med ideelle aktørar i barnevernet | Ja |
2022–2023 | 89 | kompensasjonsgradar i foreldrepengeordninga | Ja |
2022–2023 | 138 | meldeplikt til barnevernstenesta | Nei |
2022–2023 | 562 | nasjonalt høve til å klage for barn | Nei |
2022–2023 | 563 | delkostnadsnøkkel for barnevern | Nei |
2022–2023 | 782 | krisesentertilbodet til utsette grupper | Nei |
2022–2023 | 783 | rettleiingar om krisesentertilbod | Nei |
2022–2023 | 936 | oppgradere krisesenterbygg | Nei |
2021–2022 | 404 | offentleg plikt til å tilby tverrfagleg helsekartlegging | Nei |
2021–2022 | 592 | krisesentertilbod til den samiske urbefolkninga | Nei |
2021–2022 | 620 | utvide ordninga for gjeldsinformasjon («gjeldsregister») | Nei |
2020–2021 | 48 | forbod mot søskenbarnekteskap | Nei |
2020–2021 | 445 | involvere foreldre når barn gjer lovbrot | Nei |
2020–2021 | 714 | strengare reaksjonar mot samværshindring | Nei |
2020–2021 | 715 | justering av barnebidragsreglane for å hindre samværshindring | Nei |
2020–2021 | 918 | obligatorisk prisinformasjon på straum | Ja |
2020–2021 | 954 | hindre fritidsaktivitetar for barn og unge som kan bidra til radikalisering | Nei |
2020–2021 | 972 | eigendel for mat i krisesentera | Nei |
2020–2021 | 1124 | tverrfagleg kompetanse på rus og vald i krisesentera | Nei |
2020–2021 | 1195 | krav om autorisasjon for tilsette som skal jobbe med omsorgsovertakingar | Nei |
2020–2021 | 1197 | ordning med andrehandsvurdering av akuttvedtak | Nei |
2020–2021 | 1198 | alternativt omgrep til «åtferd» i barnevernslova | Nei |
2020–2021 | 1201 | oppfølging av tilrådingane frå rettstryggleiksutvalet på barnevernsområdet | Nei |
2019–2020 | 498 | forbod mot etter-skule-tilbod for barn med overnatting | Nei |
2019–2020 | 500 | oppdeling av Opplysningsvesenets fond | Nei |
2019–2020 | 501 | Opplysningsvesenets fond – fondseigedommane staten tek over | Nei |
2019–2020 | 502 | utbetring av verneverdige kyrkjebygg | Nei |
2019–2020 | 637 | FN-konvensjonen om barnerettane – ny barnevernslov og ny barnelov | Nei |
2016–2017 | 491 | evaluering av felles foreldreansvar | Nei |
2016–2017 | 606 | politiattest for yrkesgrupper som er i kontakt med barn | Ja |
3.1 Stortingssesjon 2022–2023
Langsiktige avtalar for ideelle verksemder og plan for å fase ut kommersielle aktørar i barnevernet
Vedtak 80, 1. desember 2022
«Stortinget ber regjeringen om å sikre ideelle virksomheter i barnevernet langsiktige avtaler med det offentlige og senest i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2023 legge fram en plan for å fase ut store kommersielle aktører fra barnevernet.»
Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 1 (2022–2023) Nasjonalbudsjettet 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023). Det er i 2022 inngått nye avtalar med dei ideelle leverandørane av institusjonsplassar i barnevernet. Resultatet er at talet på plassar har auka frå 193 til om lag 215. Delen med garanterte kjøp er auka frå om lag 60 prosent til 83 prosent. Avtalane er langsiktige, i den forstand at dei er utan tidsavgrensing og gjeld til dei blir oppsagde av ein av partane.
Det visast til «Plan for ideell vekst og utfasing av kommersielle aktører i institusjonsbarnevernet» i Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023. Her omtalte regjeringa status for institusjonstilbodet i dag og kva som er målet til regjeringa i det vidare arbeidet. Det er ønskjeleg å styrkje og omstille dei statlege institusjonane slik at dei i større grad kan vareta barn med store og samansette utfordringar, og med ein auke i bruken av ideelle leverandørar. For at Bufetat kan vareta bistandsplikta, krev ei utfasing av kommersielle leverandørar at kapasiteten i dei statlege og ideelle institusjonane er tilstrekkeleg til å erstatte dei kommersielle plassane. Planen omtalte ei rekkje aktivitetar og tiltak for å oppnå dette. Tiltaka vil ha økonomiske konsekvensar som vil bli handsama i samband med dei ordinære budsjettprosessane. Det er viktig for regjeringa at omstillinga sikrar at tilbodet til barna til ei kvar tid vert varetatt. Difor vil det saman med oppbygging av tilbod i offentleg og ideell regi framleis kunne vere behov for andre private aktørar i tida framover.
Departementet reknar vedtaket som følgt opp.
Alternativ til noverande kompensasjonsgradar i foreldrepengeordninga
Vedtak 89, 1. desember 2022
«Stortinget ber regjeringen raskt utrede alternativer til dagens kompensasjonsgrader i foreldrepengeordningen. Utredningen skal inneholde en vurdering av å innføre 90 prosent kompensasjonsgrad og provenynøytral omlegging. Forslag til mulige alternativer legges fram i statsbudsjettet for 2024.»
Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 1 (2022–2023) Nasjonalbudsjettet 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023).
Etter gjeldande reglar er foreldrepengeperioden 49 veker (245 stønadsdagar) med 100 prosent dekking eller 59 veker (295 stønadsdagar) med 80 prosent dekking, jf. folketrygdlova § 14-9. Mor skal i begge tilfella kunne ta ut foreldrepengar frå og med tre veker før termin.
Med 100 prosent dekkingsgrad er foreldrepengeperioden etter termin på 46 veker og delt inn i ein mødre- og fedrekvote på 15 veker og ein fellesdel på 16 veker. Ved 80 prosent dekkingsgrad er perioden etter termin på 56 veker og delt inn i ein mødre- og fedrekvote på 19 veker og ein fellesdel på 18 veker. Foreldra vel dekkingsgraden ved starten av stønadsperioden. Den valde dekkingsgraden er bindande for uttaket av ytinga for begge foreldra og gjennom heile stønadsperioden.
Tredelinga av foreldrepengane bør førast vidare fordi ho er viktig for likestillinga. Eventuelle endringar i kompensasjonsgradane bør derfor vere innretta slik at stønadsperioden følgjer tredelinga.
Regjeringa føreslår å utvide stønadsperioden med 80 prosent kompensasjonsgrad i 2024 og meiner det er ei løysing som bidreg til auka fleksibilitet i ordninga. Endringa utliknar skilnaden mellom 80 og 100 prosent dekkingsgrad som i dag inneber at ein forelder ved å velje 100 prosent dekkingsgrad og ulønt permisjon i 12,25 veker til saman får meir i foreldrepengar fordi permisjonen då blir både lengre og samla utbetaling om lag er lik 100 prosent dekkingsgrad.
Det har det siste tiåret vore ein nedgang i foreldre som vel 80 prosent dekkingsgrad. Foreldre som ønskjer lengre tid heime, tek ofte ulønt permisjon kombinert med 100 prosent kompensasjonsgrad. Ei forlenging av 80 prosent vil derfor kunne bidra til å gjere dette til eit betre alternativ for foreldra. Forslaget vil òg sikre at foreldre ikkje mistar andre rettar, som pensjonsrettar og sjukepengar, slik tilfellet er ved ulønt permisjon. Det er særleg kvinner som tek ulønt permisjon. Vidare vil endringa leggje til rette for amming i noko lengre tid.
Ein kan innføre 90 prosent kompensasjonsgrad i foreldrepengeordninga. Fleire kompensasjonsgradar gir foreldre betre høve til å tilpasse foreldrepengeuttaket etter eigne ønske og behov. Samstundes vil nye kompensasjonsgradar gi større lovmessige og administrative endringar enn det å utlikne skilnaden mellom 80 og 100 prosent dekkingsgrad. Det er derfor behov for å greie ut dette nærare og kva verknader det vil ha, før dette eventuelt blir innført.
Innføring av 90 prosent kompensasjonsgrad tilsvarande samla foreldrepengeutbetaling ved 100 prosent vil ikkje vere provenynøytralt med gjeldande regelverk fordi det er grunn til å tru at ein del mottakarar ville gått frå 80 prosent til 90 prosent kompensasjonsgrad. Dersom skilnaden mellom 80 og 100 prosent dekkingsgrad blir utlikna fyrst, kan det innførast 90 prosent dekkingsgrad med ei lengd på 54 veker utan ekstra meirutgifter og med lik samla stønadsutbetaling som ved dei andre alternativa.
I dag kan ein gradere foreldrepengane mot arbeid. Ei alternativ løysing er å innføre såkalla fri gradering, det vil seie at foreldra sjølve vel uttaksgraden. Dette er ei stor omlegging av ordninga som må greiast ut nærare for å vurdere effektane på arbeidstilbod og andre velferdstilbod. Ei slik endring må òg bli send på høyring.
BFD meiner den føreslåtte endringa i 80 prosent kompensasjonsgrad er ei løysing som bidreg til å auke fleksibiliteten i ordninga og gjer henne til eit meir reelt alternativ til 100 prosent kompensasjonsgrad. BFD meiner den føreslåtte endringa møter eit behov fleire foreldre har, ho vil redusere bruken av ulønt permisjon og gir betre høve til å amme. BFD legg derfor ikkje opp til at det blir ein ny kompensasjonsgrad innført på 90 prosent eller fri gradering i foreldrepengeordninga no. Begge alternativa er meir omfattande endringsforslag som krev meir utgreiing, men som den føreslåtte endringa i 80 prosent dekkingsgrad kan gjere det enklare å innføre på eit seinare tidspunkt.
Basert på omtalen ovanfor reknar departementet vedtaket som følgt opp.
Barnevernets meldeplikt til politiet om barn på skjult og sperra adresse
Vedtak 138, 6. desember 2022
«Stortinget ber regjeringen sørge for at regelverket om barnevernets meldeplikt til politiet om barn på skjult og sperret adresse klargjøres, og at det sikres nødvendige rutiner for informasjonsutveksling.»
Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om å betre førebyggje og få slutt på partnardrap, jf. Dok. 8:218 S (2021–2022) og Innst. 64 S (2022–2023).
Departementet vurderer korleis vedtaket kan følgjast opp, og vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
Nasjonalt høve til å klage for barn
Vedtak 562, 28. mars 2023
«Stortinget ber regjeringen iverksette et arbeid for å sikre barns nasjonale klagemuligheter samt bedre informasjonen til barn og unge om retten til å klage i enkeltsaker og de klagerettigheter som finnes.»
Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om å sikre forsvarlege barnevernstenester, jf. Dok. 8:22 S (2022–2023) og Innst. 207 S (2022–2023).
Barne- og familiedepartementet har i samarbeid med aktuelle departement kartlagt høva barn har til å klage på felta sine. Ei interdepartemental arbeidsgruppe for styrkt ivaretaking av barn sine rettar, leidd av Barne- og familiedepartementet, har òg vore involvert. Bufdir har i tildelingsbrev for 2023 fått i oppdrag å forbetre informasjonen til barn og unge om retten til å klage i einskildsaker og å nytte DigiUng-samarbeidet til å samle informasjon om barn og unge sine klageordningar på ung.no.
Arbeidet med høva barn har til å klage er i gang, og departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
Forbetringar i delkostnadsnøkkelen for barnevern
Vedtak 563, 28. mars 2023
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om forbedringer i delkostnadsnøkkelen for barnevern, basert på anbefalingene i NOU 2022:10, med mål om å gjøre den mer treffsikker.»
Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om å sikre forsvarlege barnevernstenester, jf. Dok. 8:22 S (2022–2023) og Innst. 207 S (2022–2023).
Utgreiinga frå utvalet som har sett på inntektssystemet for kommunane, blei levert til regjeringa i august 2022 og sendt på offentleg høyring. Utvalet har komme med forslag til mindre endringar i delkostnadsnøkkelen for barnevernet. Utvalet tilrår òg at delkostnadsnøkkelen for barnevernet blir analysert på nytt når verknadene av barnevernsreforma er komne inn i datagrunnlaget for delkostnadsnøkkelen. Kommunal- og distriktsdepartementet og Barne- og familiedepartementet vil vurdere korleis tilrådingane frå utvalet og innspel frå høyringsfråsegnene på dette området kan bli følgde opp, og legg opp til å omtale dette i Kommunal- og distriktsdepartementet si melding til Stortinget om inntektssystemet våren 2024.
Tydeleggjere ansvaret kommunane har for krisesentertilbodet til utsette grupper
Vedtak 782, 7. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om endringer i krisesenterlova, der kommunens ansvar for krisesentertilbudet til utsatte grupper tydeliggjøres.»
Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om krisesentertilbodet for kvinner i aktiv rus, jf. Dok. 8:168 S (2022–2023) og Innst. 474 S (2022–2023).
Krisesenterlova gir kommunane plikt til å sikre eit krisesentertilbod til alle som er i målgruppa for lova, også utsette grupper. Det kjem fram av førearbeida til krisesenterlova at kvar brukar skal få ei individuell vurdering av behova sine. Dei som av ulike årsaker ikkje kan opphalde seg på krisesenter, skal få eit anna tilbod. Departementet utarbeider eit høyringsnotat om endringar i krisesenterlova og utvikling av krisesentertilbodet som etter planen skal sendast på høyring i løpet av 2023. Sjå omtale under programkategori 11.10 Familie og oppvekst. I dette arbeidet skal departementet mellom anna drøfte endringar i lova for å sjå på korleis vi kan auke kvaliteten i tilbodet, også til utsette grupper. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
Krisesentertilbodet til utsette grupper – oppdatere rettleiingar
Vedtak 783, 7. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen oppdatere veilederen til krisesenterlova slik at den tydeligere omhandler krisesentertilbudet til utsatte grupper. Dette arbeidet forutsettes igangsatt straks endringer i krisesenterlova er vedtatt.»
Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om krisesentertilbodet for kvinner i aktiv rus, jf. Dok. 8:168 S (2022–2023) og Innst. 474 S (2022–2023).
Departementet utarbeider eit høyringsnotat om endringar i krisesenterlova og utvikling av krisesentertilbodet som etter planen skal sendast på høyring i løpet av 2023. Sjå omtale under programkategori 11.10 Familie og oppvekst. Når endringane i lova er vedtekne, vil det vere behov for å oppdatere eksisterande rettleiingar for å støtte dei som skal ta i bruk lova. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
Oppgradering av krisesenter
Vedtak 936, 16. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen senest i statsbudsjettet for 2025 foreslå en ordning som støtter utbygging og bygningsmessig oppgradering av krisesentre etter modell av Husbankens ordning med investeringstilskudd til omsorgsboliger og sykehjemsplasser.»
Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 2023, jf. Meld. St. 2 (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).
Departementet vil greie ut ei ordning for å støtte utbygging og oppgradering av krisesenterbygg og komme tilbake til Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket i samband med statsbudsjettet for 2025.
3.2 Stortingssesjon 2021–2022
Offentleg plikt til å tilby tverrfagleg helsekartlegging
Vedtak 404, 3. mars 2022
«Stortinget ber regjeringen utrede at det offentlige skal ha en plikt til å tilby tverrfaglig helsekartlegging når kommunen ber om dette, og raskt komme tilbake til Stortinget på egnet vis.»
Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 222 L (2020–2021) Endringer i barnevernloven mv. (tverrfaglig helsekartlegging), jf. Innst. 166 L (2021–2022).
Bufdir og Helsedirektoratet har gjennomført eit prosjekt med utprøving av tverrfagleg helsekartlegging. Utprøvingsprosjektet blei ferdig i september 2022. Direktorata har i 2023 fått likelydande oppdrag om i samarbeid å greie ut ei lovfesta statleg plikt til å tilby tverrfagleg, spesialisert helsekartlegging når kommunane ber om det. Fyrste delleveranse blei levert 15. september 2023, medan fristen for fullstendig leveranse er 31. desember 2023. Ei offentleg plikt føreset at tilbodet om helsekartlegging er dimensjonert for målgruppa, som på årsbasis er på om lag 1 500 til 2 000 barn. Ein slik auke i kapasiteten vil ta tid å byggje opp og vil vere avhengig av både budsjetta i åra som kjem, og tilgangen på kvalifiserte fagfolk til teama. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
Krisesentertilbod til den samiske urbefolkninga
Vedtak 592, 30. mai 2022
«Stortinget ber regjeringen se til at krisesentertilbudet til den samiske urbefolkningen bedres, og orientere Stortinget på egnet vis.»
Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om eit styrkt, likeverdig, heilårsope og døgnbemanna krisesentertilbod over heile landet, jf. Dok. 8: 135 S (2021–2022) og Innst. 339 S (2021–2022).
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har sidan nedlegginga av krisesentertilbodet i Karasjok vore i tett dialog med Karasjok kommune for å få oppretta tilbodet på ny. Kommunen har fått prosjektmidlar i 2019, 2021 og 2023, til saman om lag 2,1 mill. kroner, frå direktoratet for å greie ut og etablere ei løysing for eit varig krise- og incestsentertilbod tilpassa den samiske befolkninga. Det har òg vore møte mellom Barne- og familiedepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet og kommunane i det samiske forvaltingsområdet, Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, Nasjonalt samisk kompetansesenter for kommunalt og statleg barnevern, familievern og krisesentertilbod og Sametinget i 2022 for å kartleggje utfordringar og drøfte løysingar.
Karasjok kommune har gitt KPMG i oppdrag å greie ut ei løysing. KPMG leverte ein rapport hausten 2022 der dei føreslår ei satellittløysing der ein samarbeider med eit av dei eksisterande krisesentera og har samiskspråklege stillingsressursar i Karasjok. Tilskotet som Bufdir gav i 2023, skal nyttast til å etablere ei slik løysing.
Departementet utarbeider eit høyringsnotat om endringar i krisesenterlova og utvikling av krisesentertilbodet som etter planen skal sendast på høyring i løpet av 2023. Sjå omtale under programkategori 11.10 Familie og oppvekst. I dette arbeidet skal krisesentertilbodet til den samiske befolkninga bli greidd ut. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
Utvide ordninga for gjeldsinformasjon («gjeldsregister»)
Vedtak 620, 31. mai 2022
«Stortinget ber regjeringen utvide Gjeldsregisteret slik at det inneholder alle typer gjeld, både med og uten sikkerhet. Regjeringen må samtidig gjøre grundige utredninger som sikrer personvernet, og vurdere om enkelte typer gjeld av den grunn ikke skal innlemmes.»
Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om å ta sosialt ansvar og hjelpe folk med gjeldsproblem gjennom å styrkje og utvide gjeldsregisteret, jf. Dok. 8:203 S (2021–2022), jf. Innst. 361 S (2021–2022).
Departementet sende ei sak om å utvide ordninga for gjeldsinformasjon med ulike former for pantesikra gjeld (mellom anna bustad- og bilgjeld) på høyring sommaren 2022. Ei slik endring kan gjerast i forskrift. BFD arbeider vidare med saka. Ei utviding kan berre gjerast dersom ho er forsvarleg med omsyn til personvernet, noko som må vurderast nøye. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
3.3 Stortingssesjon 2020–2021
Forbod mot søskenbarnekteskap
Vedtak 48, 3. november 2020
«Stortinget ber regjeringen legge frem et lovforslag om å forby søskenbarnekteskap.»
Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 66 L (2019–2020) Endringer i straffeloven mv. (avvergingsplikt, utenomrettslig tvangsekteskap, diskrimineringsvern, skyting mot politiet mv.), jf. Innst. 41 L (2020–2021).
Retten til å inngå ekteskap og retten til familieliv er sentrale menneskerettar. Det har derfor vore naudsynt å gjere grundige vurderingar av eit lovforbod. Under dette arbeidet har departementet mellom anna bede Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar om å greie ut det menneskerettslege handlingsrommet som gjeld for arbeidet med å følgje opp vedtaket. Prosjektet til Folkehelseinstituttet om helsekonsekvensar for barn der foreldra er søskenbarn, er òg eit viktig kunnskapsgrunnlag.
Departementet har hatt på høyring eit forslag til endring i ekteskapslova om lovforbod mot søskenbarnekteskap og tek sikte på å leggje fram ein lovproposisjon for Stortinget innan utgangen av 2023.
Involvere foreldre når barn gjer lovbrot
Vedtak 445, 18. desember 2020
«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan foreldre i større grad kan involveres og ansvarliggjøres for gjentatte lovbrudd som er begått av deres barn som er under den kriminelle lavalder, og fremme forslag om dette.»
Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om tiltak mot ungdoms- og gjengkriminalitet, jf. Dok. 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021).
Barnevernet kan vere ein viktig bidragsytar for å involvere og hjelpe foreldre til barn som gjentekne gonger bryt lova. Oppfølging av vedtaket krev vurderingar med utgangspunkt i både justissektoren og barnevernet. Bufdir blei bede om å greie ut korleis vedtaket kan følgjast best mogleg opp. Rapporten blei levert i desember 2022. Bufdir føreslår fleire tiltak med det overordna målet om at barn og unge som gjer, eller står i fare for å gjere, handlingar som i utgangspunktet er straffbare, kjem ut av denne risikosona. Tiltaka har som mål at foreldre til barn i risikosona får god og tilpassa støtte og rettleiing. Departementet vil med utgangspunkt i utgreiinga til Bufdir på eigna vis komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket.
Strengare reaksjonar mot samværshindring
Vedtak 714, 9. mars 2021
«Stortinget ber regjeringen ved oppfølgingen av NOU 2020: 14 Ny barnelov – Til barnets beste, utrede strengere reaksjoner som kan motvirke samværshindring.»
Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om samværshindring, jf. Dok. 8:40 S (2020–2021) og Innst. 264 S (2020–2021).
Departementet har i denne samanheng sett nærare på fleire spørsmål knytte til samværshindring, også korleis økonomi speler inn i saker om samvær og samværshindring. Departementet arbeider vidare med dette i samband med oppfølginga av NOU 2020: 14 Ny barnelov. Bufdir har i 2023 fått i oppdrag å vurdere behov for å følgje opp rapporten deira om stans i samvær og å setje i verk tiltak ved behov.
Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
Justering av barnebidragsreglane for å hindre samværshindring
Vedtak 715, 9. mars 2021
«Stortinget ber regjeringen ved oppfølgingen av NOU 2020: 14 Ny barnelov – Til barnets beste, utrede om det er behov for å gjøre justeringer i barnebidragsreglene for å sikre at økonomi ikke blir en drivende faktor for samværshindring.»
Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om samværshindring, jf. Dok. 8:40 S (2020–2021) og Innst. 264 S (2020–2021).
Departementet ser oppfølginga av dette vedtaket i samanheng med oppfølginga av vedtak nr. 714 av 9. mars 2021, sjå omtale under dette vedtaket. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
Obligatorisk prisinformasjon på straum
Vedtak nr. 918, 11. mai 2021
«Stortinget ber regjeringen innføre en ny obligatorisk prisinformasjon/enhetspris på strøm, slik at forbruker enkelt kan sammenligne priser på tvers av alle avtaletyper, og dermed sikre at forbrukerne kan ta informerte valg.»
Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om forenkling av straummarknaden, jf. Dok. 8:126 S (2020–2021) og Innst. 394 S (2020–2021).
I samråd med Olje- og energidepartementet har Barne- og familiedepartementet innhenta ei vurdering frå Reguleringsmyndigheita for energi (RME) av korleis ein einingspris kan innrettast.
Målet med ein einingspris på straum må vere at forbrukarane enklare skal kunne samanlikne prisen på ulike avtalar og avtaletypar. Departementet og RME har vurdert tre ulike modellar for å berekne ein einingspris for straum. Berekningane viser at det er teknisk mogleg å lage ein slik einingspris, som både kan brukast til å samanlikne dei same typane avtalar (til dømes ein spotprisavtale med ein annan spotprisavtale) og ulike avtalar (fastprisavtalar og spotprisavtalar). Modellane vil måtte basere seg på ein kombinasjon av kjende og usikre priselement, som estimert forbruk eller referanseforbruk og estimert framtidig områdepris eller historisk områdepris. Dei tre ulike modellane blir konkretiserte nedanfor. Departementet gjer fyrst greie for modellane for deretter å komme med si vurdering.
Modell 1: Effektivt påslag oppgitt i øre/kWt
Ein einingspris basert på eit effektivt påslag inneber at alle påslag straumleverandørar tek i tillegg til områdeprisen for det området avtalen gjeld, blir rekna inn i prisen.
For spotprisavtalar kan straumleverandøren enkelt identifisere kva priselement i avtalen dei krev i tillegg til områdeprisen. For andre typar avtalar, til dømes fastprisavtalar, må straumleverandøren søkje å identifisere differansen mellom områdeprisen og fastprisen i avtalen. Sidan områdeprisane ikkje er kjende, må påslaget reknast ut basert på prognosar av den framtidige straumprisen eller ved å nytte historiske prisar for området. Eventuelle faste beløp per månad må reknast inn og justerast etter estimert forbruk for kvar avtale.
Modell 2: Totalpris oppgitt i øre/kWt
Å framstille einingsprisen på straum som totalprisen i øre/kWt inneber at alle priselementa i ein avtale blir summerte og utgjer kva ein forbrukar totalt kan forvente å betale for éin kWt.
For fastprisavtalar vil dette truleg ikkje krevje omfattande og usikre berekningar fordi desse avtalane har ein prismodell der prisen per kWt er kjend på marknadsføringstidspunktet. For spotprisavtalar er ikkje områdeprisane fram i tid kjende, og ein einingspris som viser totalprisen per kWt, må reknast ut basert på prognosar av den framtidige straumprisen eller ved å nytte historiske prisar. Eventuelle faste beløp per månad må reknast om basert på estimert forbruk.
Modell 3: Totalpris oppgitt i kroner per månad
Totalpris oppgitt i kroner per månad kan vere enklare for forbrukarar å forstå enn øre/kWt og vil derfor kunne medverke til å forenkle straummarknaden for forbrukarane. For å lage ein einingspris som kroner per månad bør ein ta utgangspunkt i totalprisen for øre/kWt, som omtalt under modell 2. Deretter må dette multipliserast med det månadlege forbruket ein legg til grunn. Dette inneber å bruke dei same usikre prisprognosane som i modell 1.
Vurderinga til departementet
Departementet meiner at det primære føremålet med å innføre ein einingspris for straum må vere at forbrukarane skal få betre høve til både å samanlikne avtalar av same typen (spotpris med spotpris) og ulike avtalar (spotprisavtalar med fastprisavtalar) i straummarknaden. For at ein einingspris skal vere føremålstenleg, må løysinga både vere eigna for slike samanlikningar og samstundes ikkje villeie forbrukarane.
Departementet vurderer nytten av ein einingspris basert på dei tre utrekningsmetodane som svært usikker og sannsynlegvis låg. Alle dei tre modellane krev at selskapa presenterer ein pris for den einskilde straumavtalen som baserer seg på svært usikre estimat om forbruket til kunden, referanseverdiar og forventa eller historisk straumpris. Departementet meiner dette gjer nytteverdien av å innføre ei plikt om einingspris til bruk i marknadsføring svært usikker. Det er stor risiko for at ein einingspris vil verke meir villeiande enn rettleiande.
Departementet viser til at Forbrukarrådet har utvikla ei form for einingspris som alle som nyttar den offentlege straumprisportalen (strømpris.no), kan bruke. Funksjonen for samanlikning av straumavtalar er basert på at kvar einskilde forbrukar legg inn straumforbruket sitt. Funksjonen viser deretter den totale prisen omgjord til øre/kWt. Denne løysinga gir eit vesentleg betre samanlikningsgrunnlag enn dei tre modellane omtalte over fordi forbrukarane kan ta utgangspunkt i eige forbruk for å vurdere einingsprisen. Denne løysinga er òg mindre inngripande for straumleverandørane enn ei regelfesta innføring av ein einingspris i all marknadsføring med kjøpsoppmodingar. Departementet viser til at endringar i prisopplysingsforskrifta og avrekningsforskrifta frå 1. november 2022 krev at alle straumselskap skal vise til strømpris.no ved oppmodingar om kjøp av straumavtalar, i prislistene til selskapa (prisopplysingsforskrifta § 20 bokstav h og § 21) og på fakturaen (avrekningsforskrifta § 7-2 andre ledd bokstav c).
Departementet meiner den nyleg innførte plikta til å vise til strømpris.no i marknadsføringa og på fakturaen, og høvet i denne tenesta til å få tilgang til ei form for einingspris for kvar einskilde avtale, gir god rettleiing for forbrukarane i straummarknaden som ønskjer å sjå ein einingspris. Departementet legg til grunn at dette varetek intensjonen i vedtaket.
Departementet reknar derfor vedtaket som følgt opp.
Hindre fritidsaktivitetar for barn og unge som kan bidra til radikalisering
Vedtak nr. 954, 20. mai 2021
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag som gir kommunene bedre virkemidler til å hindre fritidsaktiviteter for barn og unge som kan bidra til radikalisering eller være i strid med barns rettigheter eller likestillings- og diskrimineringsloven, herunder:
en forpliktende samfunnskontrakt for integrering i samarbeid med tros- og livssynssamfunnenes organisasjoner
mulighet til å kartlegge og føre tilsyn med fritidsaktiviteter for barn og unge som omfatter religiøs undervisning.»
Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om å gi kommunen ein klar lovheimel til å hindre organisasjonar og trussamfunn i å drive klart integreringshemjande aktivitet, jf. Dok. 8:135 S (2020–2021) og Innst. 406 S (2020–2021).
Departementet greier ut moglege verkemiddel i eit samarbeid med fleire departement og ser oppfølginga av dette vedtaket i samanheng med oppfølginga av vedtak 498 av 14. april 2020. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaka på eigna vis.
Eigendel for mat i krisesentera
Vedtak nr. 972, 25. mai 2021
«Stortinget ber regjeringen gå gjennom lov om kommunale krisesentertilbud og legge opp til at det ikke tas egenandel for mat fra den enkelte.»
Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om eit styrkt og gratis krisesentertilbod for valdsutsette, jf. Dok. 8:134 S (2020–2021) og Innst. 427 S (2020–2021).
Krisesenterlova fastset at krisesentertilbodet skal vere gratis. I førearbeida til lova går det fram at det ikkje skal krevjast betaling for opphaldet, med unntak av eventuelle utgifter til mat til kostpris. Det er ulik praksis for korleis krisesentera organiserer mat og måltid. Dei fleste sentera legg opp til at bebuarane kjøper og lagar mat sjølve. Nokre få krisesenter dekkjer maten, slik at bebuarane ikkje har nokon matutgifter under opphaldet, eller dei opererer med ein eigendel for matutgifter. Departementet utarbeider eit høyringsnotat om endringar i krisesenterlova og utvikling av krisesentertilbodet som etter planen skal sendast på høyring i løpet av 2023. Sjå omtale under programkategori 11.10 Familie og oppvekst. I dette arbeidet skal bruken av eigendelar bli greidd ut. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
Tverrfagleg kompetanse på rus og vald i krisesentera
Vedtak nr. 1124, 3. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen sikre at òg personer i aktiv rus har tilgang til et krisesentertilbud med ansatte som har tverrfaglig kompetanse på rus og vold, enten i tilknytning til eksisterende krisesentre eller som selvstendig tilbud.»
Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om ei førebyggings- og behandlingsreform på rusfeltet, jf. Dok. 8:119 S (2020–2021) og Innst. 578 S (2020–2021).
Krisesenterstatistikken til Bufdir viser at sju krisesenter for kvinner og åtte senter for menn ikkje gir tilbod om opphald til utsette med ein kjend rusproblematikk. I tillegg er det personar i aktiv rus som ikkje oppsøkjer krisesentera. Departementet utarbeider eit høyringsnotat om endringar i krisesenterlova og utvikling av krisesentertilbodet som etter planen skal sendast på høyring i løpet av 2023. Sjå omtale under programkategori 11.10 Familie og oppvekst. I dette arbeidet skal utfordringar med krisesentertilbodet til personar i aktiv rus drøftast. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
Krav om autorisasjon for tilsette som skal jobbe med omsorgsovertakingar
Vedtak nr. 1195, 10. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen utrede krav om autorisasjon for de som skal jobbe med omsorgsovertakelser.»
Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven, jf. Innst. 625 L (2020–2021).
I arbeidet med Prop. 133 L (2020–2021) om ny barnevernslov vurderte departementet innføring av ei autorisasjonsordning i barnevernet. Med bakgrunn i ei utgreiing frå Bufdir fann departementet at innføring av kompetansekrav og endringar i masterutdanningane, med auka vekt på praksisnærleik og relevans og betre tilgang til rettleidd praksis under studia, vil vere meir treffsikre og eigna tiltak for å auke tilliten til barnevernet og sørgje for at dei tilsette har tilstrekkeleg og naudsynt kompetanse.
Vedtaket frå Stortinget peiker på ei autorisasjonsordning for dei som arbeider med omsorgsovertakingar, og er eit meir avgrensa forslag enn det som tidlegare er greidd ut. Departementet endra i desember 2021 mandatet til Barnevernsutvalet, med eit punkt om at utvalet skulle greie ut «ordninger for offentlig godkjenning av personell, herunder […] autorisasjon for de i barnevernet som skal jobbe med omsorgsovertakelse […]». Utvalet har levert utgreiinga NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid. Fleirtalet i utvalet har ikkje føreslått ei autorisasjonsordning. Utgreiinga har vore på offentleg høyring. Departementet vurderer innspel frå høyringa og vil på eigna vis komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket.
Ordning med andrehandsvurdering av akuttvedtak
Vedtak nr. 1197, 10. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen utrede og fremme forslag om å innføre en ordning med annenhåndsvurdering av akutt-/hastevedtak.»
Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven, jf. Innst. 625 L (2020–2021).
Departementet viser til at Barnevernsutvalet har levert utgreiinga NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid. Utvalet har ikkje føreslått å innføre ei ordning med andrehandsvurdering av akuttvedtak. Utgreiinga har vore på offentleg høyring. Departementet vurderer innspel frå høyringa og vil på eigna vis komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket.
Alternativt omgrep til «åtferd» i barnevernslova
Vedtak nr. 1198, 10. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen arbeide videre med å finne et alternativt begrep til atferdsbegrepet i barnevernsloven.»
Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven, jf. Innst. 625 L (2020–2021).
I arbeidet med Prop. 133 L (2020–2021) om ny barnevernslov vurderte departementet omgrepet åtferd og alternativ til det. Departementet føreslo ingen endringar fordi det var vanskeleg å finne eit nytt omgrep som er tilstrekkeleg presist til å heimle inngripande tiltak om tvang. Som fyrste del av oppfølginga av vedtaket er omgrepet «atferdsinstitusjon» erstatta med omgrepa «barnevernsinstitusjon» eller «institusjon» i ny barnevernslov, jf. Prop. 86 L (2021–2022) og Innst. 391 L (2021–2022). Bufdir har arbeidd vidare med å finne alternative omgrep og har gitt ei tilråding. Det blei òg levert ei menneskerettsleg utgreiing om rettar og tvang på barnevernsinstitusjonar i juni 2023, som mellom anna vurderer omgrepet. Barnevernsinstitusjonsutvalet ser òg på spørsmål som har noko å seie for vurderinga. Departementet vil ta ei samla vurdering av dei ulike innspela og tilrådingane og vil komme tilbake til Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
Oppfølging av tilrådingar frå rettstryggleiksutvalet på barnevernsområdet
Vedtak nr. 1201, 10. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen følge opp rettsikkerhetsutvalgets anbefalinger på barnevernsområdet uten ubegrunnet opphold.»
Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven, jf. Innst. 625 L (2020–2021).
Utvalet som skulle vurdere tiltak for å styrkje kvaliteten og rettstryggleiken i barnevernet, leverte 20. mars 2023 utgreiinga NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid. Utgreiinga har vore på offentleg høyring. Departementet har starta opp arbeidet med ei kvalitetsreform som mellom anna vil byggje på tilrådingar frå dette utvalet. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av tilrådingane frå utvalet på eigna vis.
3.4 Stortingssesjon 2019–2020
Forbod mot faste etter-skule-tilbod for barn med overnatting
Vedtak 498, 14. april 2020
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til nødvendige lovendringer med sikte på å forby faste etter-skole-tilbud med overnatting over lengre tid for å forhindre segregering, parallellsamfunn, negativ sosial kontroll eller radikalisering.»
Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 130 L (2019–2020) Lov om tros- og livssynssamfunn, jf. Innst. 208 S (2019–2020).
Departementet har gjort ei førebels utgreiing av dei menneskerettslege spørsmåla, mellom anna retten til privatliv, trus- og livssynsfridom og til å skipe foreiningar. Moglege verkemiddel blir greia ut i samarbeid med andre departement. Departementet ser oppfølginga av dette vedtaket i samanheng med oppfølginga av vedtak 954 av 20. mai 2021, og vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
Oppdeling av Opplysningsvesenets fond
Vedtak nr. 500, 14. april 2020
«Stortinget ber regjeringen i arbeidet med oppdelingen av Opplysningsvesenets fond ivareta følgende:
1. Staten og kirken skal være likeverdige parter i prosessen som skal avklare hvilke bygninger kirken skal overta, og det legges til grunn at staten kommer til enighet med Den norske kirke om dette.
2. Kirkens verdier skilles ut først, deretter bør staten gjøre egne vurderinger av forvaltning av de verdier som ligger igjen i fondet.
3. Betingelsen for delingen av fondet er at staten øker sin innsats for bevaring av de kulturhistorisk viktige kirkebyggene i et omfang som svarer til de verdiene som staten blir eier av på et bestemt tidspunkt. Når eiendelene i Opplysningsvesenets fond er endelig fordelt mellom staten og kirken, må det gjøres beregning av den reelle verdien. Den reelle verdien skal komme de kulturhistorisk viktige kirkebyggene til gode ved istandsetting og sikring av kirkene. Statens økte innsats for bevaring av kirkene må over tid minst svare til denne verdien (inflasjonsjustert).
4. Statens økte innsats overfor kirkebyggene skal ikke avløse kommunenes økonomiske ansvar for kirkebyggene eller komme til erstatning for andre tiltak eller ordninger som finnes på området.
5. I samråd med kirkelige instanser, antikvariske myndigheter mfl. igangsettes arbeidet med bevaringsprogrammer for ulike kategorier av kulturhistorisk viktige kirkebygg, for eksempel ved å kategorisere kirkebyggene etter alder, verneverdi eller vedlikeholdstilstand.»
Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 29 (2018–2019) Opplysningsvesenets fond, jf. Innst. 209 S (2019–2020).
Den 14. juni 2021 vedtok Stortinget ny lov om Opplysningsvesenets fond, jf. Prop. 144 L (2020–2021) Lov om Opplysningsvesenets fond og Innst. 623 L (2020–2021). Lova følgjer opp Innst. 209 S (2019–2020) og skal leggje det rettslege grunnlaget for deling av Opplysningsvesenets fond mellom Den norske kyrkja og staten, i samsvar med stortingsvedtaka. I proposisjonen blir det lagt til grunn at Den norske kyrkja og staten er likeverdige partar i delingsarbeidet. Etter innspel frå partane er det no bestemt kva eigedommar som skal overførast til kyrkja. Det blir no arbeidd med å gjennomføre overføringane og vilkåra for dette. Opplysningsvesenets fond blei statleg frå 1. januar 2023. Staten overtok med dette verdiar som tidlegare er anslått til å vere i storleiksorden 10 mrd. kroner. Departementet har fått innspel frå antikvariske styresmakter og Den norske kyrkja som grunnlag for å utarbeide ein bevaringsstrategi for å bevare kulturhistorisk viktige kyrkjer. Departementet arbeider med å ferdigstille ein strategi til føremålet. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
Opplysningsvesenets fond – fondseigedommane staten tek over
Vedtak nr. 501, 14. april 2020
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med sak om fondseiendommene staten overtar etter at Opplysningsvesenets fond er oppdelt. Det bes om at regjeringen belyser spørsmål som angår det statlige fondets formål, dets samfunnsansvar, organisering, vilkår for salg av eiendommer, sikkerhetsspørsmål ved eventuelle salg til utenlandske aktører samt andre forhold som er av betydning for forvaltningen av det gjenværende fondet staten overtar.»
Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 29 (2018–2019) Opplysningsvesenets fond, jf. Innst. 209 S (2019–2020).
Den 14. juni 2021 vedtok Stortinget ny lov om Opplysningsvesenets fond, jf. Prop. 144 L (2020–2021) Lov om Opplysningsvesenets fond og Innst. 623 L (2020–2021). Lova legg det rettslege grunnlaget for å dele Opplysningsvesenets fond mellom Den norske kyrkja og staten. Regjeringa tek sikte på å gjere Opplysningsvesenets fond om til eit aksjeselskap og at utøvinga av eigarskapen deretter vil bli overført til Nærings- og fiskeridepartementet. Regjeringa tek vidare sikte på at forvaltninga av selskapet skal byggje på kontinuitet, særleg knytt til Opplysningsvesenets fond sine rammer i dag. Selskapet skal som grunneigar framleis ta vare på og vidareutvikle verdiar i porteføljen med eigedommar og bygg over heile landet på forretningsmessig måte og innanfor kommersielle rammer framleis medverke til utvikling lokalt med langsiktige og miljøriktige løysingar. Forventningar til berekraft, samfunnsansvar, leiarlønn mm. vil følgje av Meld. St. 6 (2022–2023) (eierskapsmeldingen). Kulturhistoriske eigedommar vil bli forvalta i samsvar med kulturminnelovgjevinga mm. så lenge selskapet eig desse. Staten har ingen særskilde grunnar for eigarskapen, og staten sitt mål er høgast mogleg avkasting over tid innanfor berekraftige rammer for den kommersielle og største delen av verksemda, og dessutan berekraftig og kostnadseffektiv forvalting av høg kvalitet for dei kulturhistorisk viktige bygga, eigedommane og landbrukseigedommane som er att i selskapet. Det vil bli lagt til grunn at sal av eigedelar skal skje på marknadsvilkår, men jord- og skogeigedommar skal berre seljast til aktørar som konsesjonslovgivinga gjeld for, eller som er kontrollerte av det offentlege. Tidlegare skogbruks- og jordbrukseigedommar som er omregulerte av kommunar, NVE eller andre, skal framleis kunne seljast kommersielt. Det er ikkje teke stilling til tidspunktet for omgjeringa.
Regulering er det primære verkemiddelet for å vareta omsyna til nasjonal tryggleik, samfunnstryggleik og beredskap. Det er derfor ikkje lagt opp til særskilde føringar for avhending ut frå slike omsyn.
Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
Utbetring av verneverdige kyrkjebygg
Vedtak nr. 502, 14. april 2020
«Stortinget ber regjeringen utarbeide en plan for utbedring av verneverdige kirkebygg.»
Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 29 (2018–2019) Opplysningsvesenets fond, jf. Innst. 209 S (2019–2020).
Barne- og familiedepartementet har saman med Klima- og miljødepartementet gitt Riksantikvaren i samarbeid med Den norske kyrkja i oppdrag å utarbeide utkast til framtidige verneprogram og strategi for istandsetjing av verneverdige kyrkjebygg. Regjeringa vil i løpet av hausten leggje fram ein strategi for arbeidet. Sjå meir om hovudtrekka i arbeidet under programområde 11.50. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
FN-konvensjonen om barnerettane – ny barnevernslov og ny barnelov
Vedtak 637, 28. mai 2020
«Stortinget ber regjeringen sikre at forslagene til ny barnevernlov og ny barnelov er i tråd med FNs barnekonvensjons prinsipper om barns rett til informasjon, til å bli hørt, beslutninger til barnets beste og barns rett til privatliv.»
Vedtaket blei gjort i samband med orienteringa om situasjonen i barnevernet som barne- og familieministeren la fram for Stortinget 26. mai 2020.
Departementet har lagt fram forslag til ny barnevernslov i Prop. 133 L (2020–2021). Lova blei vedteken av Stortinget 9. juni 2021 og tok til å gjelde 1. januar 2023. Ny barnevernslov inneheld fleire endringar som styrkjer barn sine rettar, og lova er i tråd med FN-konvensjonen om barnerettane. Det grunnleggjande omsynet for barnevernet skal vere det beste for barnet, og dette er framheva i ei ny overordna føresegn i barnevernslova. Andre grunnleggjande rettar og prinsipp er òg tekne inn i lova, slik som retten barn har til omsorg og vern, og retten til familieliv. Departementet reknar den delen av vedtaket som gjeld ny barnevernslov, som følgt opp.
Barnelovutvalet leverte utgreiinga NOU 2020: 14 Ny barnelov 4. desember 2020. Utgreiinga blei send på høyring med høyringsfrist 1. mai 2021. Departementet arbeider no med å følgje opp høyringa med sikte på å leggje fram ein lovproposisjon i 2024 og vil i dette arbeidet på vanleg måte ta omsyn til menneskerettane, irekna barnekonvensjonen. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av denne delen av vedtaket på eigna vis.
3.5 Stortingssesjon 2016–2017
Evaluering av felles foreldreansvar
Vedtak nr. 491, 7. mars 2017
«Stortinget ber regjeringen evaluere felles foreldreansvar fra fødsel, etter at loven har virket tre år.»
Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 161 L (2015–2016) Endringer i barnelova mv. (likestilt foreldreskap), jf. Innst. 195 L (2016–2017).
Lovendringa om felles foreldreansvar tok til å gjelde 1. januar 2020 og har no verka i tre år. Som ei følgje av ei endring i barnelova § 35 får alle foreldre no automatisk felles foreldreansvar for barn dei får saman, uavhengig av om dei er ektefellar, sambuarar eller ikkje bur saman.
Lovendringa blei grunngitt med at fleire barn vil få to foreldre med foreldreansvar frå starten av livet, og at det vil vere positivt for mange av dei. Departementet vil som del av arbeidet med ny barnelov gjennomføre ei intern evaluering for å finne svar på:
om det er ein auke i talet på tilfelle der barn som er fødde etter lovendringa, har foreldre med felles foreldreansvar, når foreldra ikkje bur saman
om talet på tilfelle der far blir oppgitt som ukjend, har auka etter lovendringa
om tilfelle der mor har sperra adresse, blir varetekne på ein god måte
om lovendringa har ført til auka konfliktnivå mellom foreldre
Departementet vil nytte erfaringane frå lovendringa om felles foreldreansvar i det vidare arbeidet med ny barnelov og vil orientere Stortinget om evalueringa gjennom omtale i lovproposisjonen om ny barnelov.
Politiattest for yrkesgrupper som er i kontakt med barn
Vedtak nr. 606, 25. april 2017
«Stortinget ber regjeringen vurdere behovet for å kreve politiattest for yrkesgrupper som er i kontakt med barn, men som ikke faller inn under særlovgivningen.»
Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) og Innst. 247 S (2016–2017).
For å følgje opp vedtaket blei det i 2018 sett ned ei interdepartemental arbeidsgruppe som vurderte om ein burde innføre krav til politiattest for nye grupper eller endre eksisterande heimlar for å førebyggje overgrep mot mindreårige. Arbeidsgruppa blei leidd av dåverande Barne- og likestillingsdepartementet, og fire andre departement deltok. Arbeidsgruppa leverte rapporten sin i 2019, og dei føreslåtte endringane fekk brei støtte i den etterfølgjande høyringa.
Dei fleste av forslaga frå arbeidsgruppa er i dag følgde opp, og ein arbeider med dei resterande forslaga i dei aktuelle departementa, i tillegg til å vurdere einskilde andre innspel som kom inn i høyringsrunden.
Som eit ledd i oppfølginga fremja departementet våren 2023 Prop. 79 L (2022–2023) Endringer i barnelova mv. (krav om barneomsorgsattest). Dette gjeld krav om politiattest for tilsette ved familievernkontora og Barneombodet, eksterne meklarar etter barnelova og ekteskapslova og sakkunnige som blir oppnemnde av det offentlege i saker etter barnelova og barnevernslova. Som vist til i dei innleiande merknadene i Prop. 79 L (2022–2023) vurderer departementet at oppmodingsvedtaket er ferdig følgt opp med framlegginga av proposisjonen. Stortinget gjorde lovvedtak 5. juni 2023, og lova tok til å gjelde 1. september 2023. I tillegg fremja departementet Prop. 64 L (2022–2023) Endringer i barnevernsloven m.m. (formidling av opplysninger, meldinger om ufødte barn, politiattest), der ein mellom anna føreslår eit krav om at eigarar av private barnevernsinstitusjonar legg fram barneomsorgsattest. Stortinget gjorde lovvedtak 5. juni 2023, og lova tek til å gjelde 1. januar 2024.
Departementet reknar oppmodingsvedtaket som følgt opp.