Prop. 112 L (2011–2012)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

9 Arbeidsgivar si innrapportering av tilsetjings- og inntektstilhøve med meir

9.1 Innleiing og samandrag

Departementet legg med dette fram forslag til ei ny felles ordning for arbeidsgivarar si innrapportering av tilsetjings- og inntektstilhøve m.m. til Skatteetaten, Arbeids- og velferdsetaten (NAV) og Statistisk sentralbyrå (SSB). Forslaget er i andre samanhengar omtalt som EDAG (Elektronisk dialog med arbeidsgivarar). Føremålet med forslaget er i første rekkje å forenkle arbeidsgivar si innrapportering av opplysningar om tilsetjings- og inntektstilhøve ved at arbeidsgivar ikkje skal vere nøydd til å gjenta rapportering av opplysningar som allereie er gitt. Forslaget vil òg medverke til auka effektivitet og betre oppgåveløysing i etatane og betre tenester frå det offentlege. Det blir foreslått at ordninga skal regulerast ved ei særskild lov som vil gjere regelverket lett tilgjengeleg for arbeidsgivarar og inntektsmottakarar.

I dag rapporterer arbeidsgivarar til dels dei same opplysningane om tilsetjingar, løn og skattetrekk til Skatteetaten, NAV og Statistisk sentralbyrå. Denne rapporteringa skjer til fleire ulike tidspunkt. Forslag til ny ordning inneber at fleire av dei oppgåver og skjema som i dag blir levert, erstattast av ei ny felles innrapporteringsordning der arbeidsgivar minst ein gong per månad rapporterer lønsopplysningar osb. om kvar einskild tilsett. Dagens betalingsfristar for forskotstrekk og arbeidsgivaravgift vil bli vidareført.

Den same krinsen som i dag er pliktig til å rapportere eller gi oppgåver til ein eller fleire av etatane, skal vere pliktig til å innrapportere etter ny ordning. Opplysningane som skal leverast inn, er søkt harmonisert mellom etatane utan at det i prinsippet blir gjort endringar i kva for opplysningar som skal rapporterast. Departementet gjer likevel merksam på at det samla omfanget av rapporteringsplikta vil bli noko større enn i dag. Dette kjem dels av at opplysningane i nokre tilfelle skal rapporterast oftare enn i dag. Dette gjeld til dømes opplysningar om forskotstrekk og arbeidsgivaravgift. Vidare skal nokre opplysningar gis om fleire personar eller av fleire arbeidsgivarar enn i dag. Dette gjeld opplysningar til NAV og SSB, der forslaget inneber at alle arbeidsgivarar samanhangande skal rapportere opplysningar for alle tilsette. I dag er rapporteringsplikta til NAV avgrensa til behov i samband med dei tilsette sine krav til ytingar, og for SSB blir det i dag innhenta opplysningar frå eit avgrensa utval på om lag 17 000 respondentar.

For å unngå at denne utvidinga av rapporteringsplikta blir ei auka belastning for arbeidsgivarane, føreset ordninga at opplysningane i all hovudsak blir levert elektronisk, og at dei produserast av lønssystem eller andre IT-system som arbeidsgivarane nyttar. For arbeidsgivarar som ikkje nyttar slike system, blir det foreslått å gjere ein internettportal tilgjengeleg for rapportering, men det vil òg vere mogeleg å levere på papir i ein overgangsperiode.

Felles innhenting av opplysningar frå arbeidsgivarar til dei tre etatane føreset etablering av fellestenester for å vareta heilskapen i ordninga. Skattedirektoratet vil bli ansvarleg for informasjon og rettleiing overfor arbeidsgivarar, og for forvalting av ordninga.

Forslaget inneber ei felles innsamling av innrapporterte opplysningar og vedkjem difor forholdet til personvernet og personvernlovgivinga. Departementet har søkt å vareta dette på best mogeleg vis. Det blir foreslått å utvikle ei internetteneste som skal gi kvar inntektsmottakar oversyn over dei opplysningane som er innrapportert om inntektsmottakaren. Omsynet til personvernet tilseier òg at det blir regulert og avgrensa kven som skal ha tilgang til dei innsamla opplysningane. Departementet foreslår at Skatteetaten, NAV og SSB får tilgang. Opplysningane skal berre brukast i samband med desse etatane sine lovpålagte oppgåver, og etatane må ha heimel i lov for vidare handsaming av opplysningane.

Departementet foreslår at lova trer i kraft frå den tid Kongen bestemmer. Lova bør tre i kraft frå eit årsskifte og tidligaste tidspunkt for ikraftsetjing vil vere 1. januar 2015.

9.2 Bakgrunn

9.2.1 Kort skildring av forslag til ny ordning

Forslaget inneber at arbeidsgivar rapporterer eitt sett med pliktige opplysningar om kvar enkelt tilsett minst ein gong per månad. Arbeidsgivarar som ynskjer å rapportere i samband med lønskøyring, såkalla hendingsbasert, kjem likevel til å ha høve til dette. Det er oppfylling av opplysningsplikta som er det sentrale. Viss arbeidsgivar har fleire avløningar per månad, kan det altså rapporterast ved kvar hending. Viss den opplysningspliktige har fleire lønssystem eller skal levere delar av opplysningane frå fleire system, vil han eller ho kunne levere frå kvart system og samla sett levere ein fullstendig leveranse utan å gå vegen om ei samanstelling.

I arbeidsgrupperapporten som var på høyring, jf. avsnitt 9.2.2 nedanfor, blei omgrepet ”oppgåve” brukt om dei opplysningar som skulle leverast inn kvar månad. Departementet ser at bruk av dette omgrepet kan gi feilaktige assosiasjonar, då det som nemnt er oppfylling av opplysningsplikta som er det sentrale. Departementet har difor valt å nytte omgrepet ”opplysningar”, til tider omgrepet ”melding”, om det som skal innrapporterast. Ei melding er altså ei samling opplysningar som den opplysningspliktige har sendt til angitt mottakssentral. For kvar inntektsmottakar skal det meldast om ein lønsperiode: dette er den perioden då retten til utbetalt hovudløn blei opptent for vedkomande inntektsmottakar.

Opplysningane/meldingane blir sendt til ein database via ein mottakssentral. Det er no planlagt å nytte Altinn som mottakssentral. Opplysningane er meint å dekkje det mest vesentlege av etatanes behov for opplysningar på området, og arbeidsgivar skal ikkje vere nøydd til å gjenta rapportering av informasjon som allereie er gitt. Opplysningane vil difor erstatte fleire av dei oppgåver og skjema arbeidsgivar i dag må levere, inkludert løns- og trekkoppgåva (LTO), terminoppgåve for arbeidsgivaravgift og forskotstrekk, årsoppgåva for arbeidsgivaravgift/følgjeskriv til LTO, melding til Arbeidsgivar- og arbeidstakarregistret, skjema for inntekts- og skatteopplysningar til NAV og opplysningar til bruk for SSB sitt arbeid med å utarbeide lønsstatistikkar.

Viss arbeidsgivar avdekkjer feil eller manglar i ei melding som er gitt ved ein tidlegare oppgjersdato, skal dette korrigerast ved å levere ei ny melding. Dette kan gjerast ved å annullere den feilaktige meldinga og levere ei ny fullstendig melding for vedkomande oppgjersdato. Arbeidsgivar vil òg ha høve til å levere ei supplerande melding utan at tidlegare melding for vedkomande dato blir annullert. Ei slik melding vil kunne definere nye betalingskrav for arbeidsgivar.

Ordninga føreset at opplysningane i all hovudsak blir levert elektronisk, og at dei blir produsert av fagsystem på løns- og personalområdet som arbeidsgivarane nytter. I rapporten visast det til at det meste av løninga i Noreg allereie skjer gjennom slike system. Til dømes er meir enn 97 prosent av løns- og trekkoppgåvene som Skatteetaten mottek, produsert i denne typen fagsystem. Arbeidsgivarar som ikkje nyttar slike system, vil kunne nytte ei internettbasert teneste, men det vil òg vere eit avgrensa høve til å levere på papir i ein overgangsperiode.

9.2.2 Bakgrunn for lovforslaget

Forenkling for næringslivet er eit prioritert område, og regjeringa legg mykje vekt på å redusere næringslivets administrative bører. Ein vesentleg del av næringslivets administrative kostnader er bunde til rolla dei har som arbeidsgivarar. I dag blir mykje av dei same opplysningane gitt til ulike offentlege instansar. Informasjonen gis til ulik tid, på ulikt detaljnivå og med ulik form for tilbakemelding til arbeidsgivarar og lønstakarar. Samstundes er mykje kommunikasjon framleis papirbasert. Ei utgreiing gjort av Brønnøysundregistra for Nærings- og handelsdepartementet i 2008 indikerer at det kan vere eit stort potensial i betre og meir samordna løysingar på dette området.

For å sjå på høva for ei ny felles ordning for kommunikasjon mellom arbeidsgivar og offentlege myndigheiter, blei ein førestudie innleia i 2009. Førestudien resulterte i ein rapport 19. november 2009, som blei gjort offentleg tilgjengeleg. Kommentarane til rapporten var gjennomgåande positive, og førestudien og kommentarane har danna grunnlag for det vidare arbeidet.

Førestudien blei i 2010 følgd opp av eit føreprosjekt, sjå omtale i Finansdepartementet sin Prop. 1 S (2009-2010) side 81 og Finansdepartementet sin Prop. 1 S (2010-2011) side 82. Arbeidsgruppa i føreprosjektet har bestått av deltakarar frå Skatteetaten, NAV og SSB. I tillegg har Brønnøysundregistra vore involvert i arbeidet. Føreprosjektet er gjennomført i tråd med regjeringa sin politikk for vidareutvikling av offentleg sektor, blant anna målsetjinga om forenkling av næringslivet sine kostnader bunde til kommunikasjon med det offentlege, og målsetjinga om at forvaltninga skal utnytte elektroniske kanalar for å oppnå betre kommunikasjon med borgarane. I tillegg til førestudierapporten har erfaringar frå Danmark, som innførde ei liknande ordning i 2008, vore eit viktig grunnlag for arbeidsgruppa. Føreprosjektet resulterte i ein arbeidsgrupperapport som omhandlar forslag til ei ny ordning med utgangspunkt i skissa frå førestudien, forslag til naudsynte regelendringar og ei førebels vurdering av samfunnsmessige og administrative konsekvensar.

9.2.3 Høyring

Departementet sendte 4. mars 2011 den ovannemnde arbeidsgrupperapporten på høyring. Høyringsfristen var 4. juni 2011. Adressatane for høyringa var:

  • Departementa

  • Brønnøysundregistra

  • Datatilsynet

  • Direktoratet for økonomistyring (DFØ)

  • Statens innkrevingssentral

  • Statens Lånekasse

  • Statens Pensjonskasse

  • De Selvstendige Kommunale Pensjonskasser

  • Akademikerne

  • Arbeidsgiverforeningen Spekter

  • Bedriftsforbundet

  • Den norske advokatforening

  • Den norske Revisorforening

  • Finansnæringenes Fellesorganisasjon (FNO)

  • Fiskebåtredernes Forbund

  • HSH

  • Kommunenes sentralforbund (KS)

  • Landsorganisasjonen i Norge (LO)

  • Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening (NARF)

  • Norges Bondelag

  • Norges Fiskarlag

  • Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund (NKK)

  • Norges kommunerevisorforbund

  • Norges Rederiforbund

  • Norsk Bonde- og Småbrukarlag

  • Norske Pensjonskassers Forening

  • Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)

  • Skattebetalerforeningen

  • Småbedriftsforbundet

  • Unio

  • Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS)

  • Økonomiforbundet

  • dB Kompetanse AS

  • Adonis AS

  • UNIT4 AGRESSO

  • Agrodata

  • as DAL PersonalStøtteSystem

  • EG Norge AS

  • BAS Consult AS

  • Blugarden AS

  • Cantor AS

  • Daldata

  • DI Systemer AS

  • Easy Regn AS

  • Lindbak DATA

  • Hogia Lønn AS

  • Jæren Regnskap Taxi AS

  • Axdata Norge AS

  • Lexi as

  • Lodo Regnskap

  • Logit Gruppen

  • Maestro Soft AS

  • Mamut ASA

  • ADATO AS

  • Onsoft Computer Systems AS

  • Huldt & Lillevik - Aditro AS

  • Visma

  • SAP Norge AS

  • Tripletex AS

  • Uni Micro AS

  • ADG AS

  • XLEDGER AS

  • Alfa Omega AS

Følgjande instansar har realitetsmerknader:

  • Arbeidsdepartementet

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet

  • Arbeidsgiverforeningen Spekter

  • Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

  • Brønnøysundregistra

  • Datatilsynet

  • Den norske Revisorforening

  • Direktoratet for økonomistyring (DØ)

  • Finansnæringenes Fellesorganisasjon

  • Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

  • HSH

  • Justis- og beredskapsepartementet

  • Kemneren i Bergen

  • Kunnskapsdepartementet

  • Kystverket

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening

  • Norges Bondelag

  • Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund

  • Norges kommunerevisorforbund

  • Norges Rederiforbund

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Post- og teletilsynet

  • Riksarkivaren

  • SAP Norge AS

  • Skattebetalerforeningen

  • Statens innkrevingssentral

  • Statens Pensjonskasse

Følgjande instansar har uttala at dei ikkje har realitetsmerknader:

  • Fiskeri- og kystdepartementet

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Landbruks- og matdepartmentet

  • Miljøverndepartementet

  • Norske Pensjonskassers forening

  • Samferdselsdepartementet

  • Utanriksdepartementet

Fleirtalet av høyringsinstansane som har gitt realitetsutsegn, er positive til forslaget.

Brønnøysundregistra framhevar at det lenge har vore etterlyst forenklingar i samband med økonomiske data og gjenbruk av data frå eksisterande datakjelder. NARF har særleg påpeika at dei ser særs positivt på dei praktiske konsekvensane ordninga får for levering av lønsrelatert informasjon til offentlege etatar. Dei uttaler vidare:

”Dette innebærer etter hva vi kan se vesentlige forenklinger, og vi anbefaler derfor sterkt at utviklingen av EDAG iverksettes.”

HSH har òg vist til mogelege verknader for lønstakarane og myndigheitene, og uttaler blant anna:

”HSH setter pris på at sentrale myndigheter og forvaltningsorgan er opptatt av å bedre løsningene på rapporteringsområdet for arbeidsgivere overfor offentlige forvaltningsorganer. Vi synes det er særlig positivt at formålet med rapporten har vært å legge et beslutningsgrunnlag for innføring av forenklinger i arbeidsgivers rapporteringskrav, å bedre tjenestene og skape bedre personvern for lønnstakere, samt å skape bedre effektivitet, oppgaveløsning og redusert ressursbruk hos myndighetene.”

9.3 Utanlandsk rett

9.3.1 Innleiing

Fleire land har dei siste åra etablert ordningar der arbeidsgivar kvar månad eller oftare gir informasjon til myndigheitene om løn og trekk for den einskilde lønstakar. Nederland har hatt ei liknande ordning frå 1. januar 2006. Danmark innførde på si side ei slik ordning frå 1. januar 2008 kalla eIndkomst. Ungarn og Estland har òg nyleg etablert liknande ordningar.

I Sverige blei det levert ei særskild utgreiing 20. april 2011 om månadleg innrapportering av løn og skattetrekk på lønnstakarnivå, jf. Månadsuppgifter – snabbt og enkelt (SOU 2011:40). I korte trekk blir det foreslått at oppgåve over inntekt og skattetrekk leverast kvar månad, og at årleg kontrolloppgåve (kontrolluppgiften) fell bort. Vidare blir det foreslått at oppgåva i hovudsak skal leverast elektronisk. Lovendringane er foreslått å tre i kraft 1. januar 2013.

Departementet vil nedanfor gjere nærare greie for den danske ordninga, då denne har fleire fellestrekk med det norske forslaget.

9.3.2 Danmark

I Danmark følgjer det av Lovnr. 403av 8. mai 2006 om et indkomstregister at arbeidsgivar månadleg skal rapportere om inntektstilhøve og arbeidsomfang på lønstakarnivå til eit felles inntektsregister. Lova tro i kraft frå 1. januar 2008.

Lova har som føremål å sørgje for at dei same opplysningane blir lagt til grunn for både skattleggjing og for rett til inntektsavhengige ytingar frå stat og kommune. Vidare har lova som føremål å medverke til forenkling og unngå ekstra belasting for arbeidsgivarane ved at opplysningane berre skal gis éin gong til det oppretta inntektsregisteret. I bakgrunnen for lovforslaget er det dessutan lagt til grunn at offentlege myndigheiter sine kontrollhøve blir forbetra som følgje av auka tilgang til oppdaterte inntektsopplysningar.

Drifta av registret blir administrert av told- og skatteforvaltningen, som òg er dataansvarleg for registret, jf. lova sin § 7.

Kven som er rapporteringspliktige til registret, og kva for opplysningar som skal gis, følgjer av lova sin § 3. Føresegna er utforma som ei tilvisingsføresegn, og det er vist til ei rekkje føresegner i anna lovgiving som får noko å seie for plikta. I korte trekk skal det kvar månad for den einskilde tilsette rapporterast opplysningar om løn og trekk og andre opplysningar som tidlegare blei gitt på den årlege kontrolloppgåva (COR).

I samsvar med lova sin § 4 skal opplysningane gis seinast den 10. i månaden etter ”udløbet af den kalendermåned, opplysningene vedrører”. Verksemdene kan likevel velje å utføre hyppigare rapportering, til dømes i tilhøve då løn blir utbetalt kvar veke eller kvar 14. dag. Opplysningane kan leverast både elektronisk og i papirformat, jf. lova sin § 4 femte ledd. (Men røynsler viser at dei aller fleste arbeidsgivarar vèl å levere opplysningane elektronisk.)

Etter lova sin § 6 har både arbeidsgivar og arbeidstakar elektronisk tilgang til opplysningane som er innrapportert. Arbeidstakar har tilgang til opplysningar om eigne tilhøve, medan arbeidsgivar har tilgang til dei opplysningar som vedkomande sjølv har gitt til registret.

Kommunale og statlege etatar sin tilgang til opplysningane i registret er regulert i lova sin § 7. Det blir stilt krav om heimel i medhald av anna lovgiving for at tilgang kan gis. Den einskilde etat får dessutan berre tilgang til opplysningar som er relevante og naudsynte.

9.4 Regulering i éi lov eller allereie eksisterande regelverk

9.4.1 Eksisterande lovstruktur

Etter gjeldande lovgiving er dei ulike reglane om arbeidsgivar si opplysningsplikt om løns- og tilsettingstilhøve som er tenkt å bli erstatta med den nye ordninga, spreidd på fleire ulike lover med tilhøyrande forskrifter. Her gis det eit kortfatta oversyn over regelverket. Ei nærare gjennomgåing av gjeldande rett følgjer i samband med utgreiinga for dei aktuelle emna i avsnitt 9.6 til 9.11.

På skatteområdet gir arbeidsgivarar i dag ei rekkje opplysningar som grunnlag for fastsetjing og innkrevjing av skattar og avgifter. Opplysningane gis på ulike skjema, og rapporteringa blir regulert av fleire lover, der dei viktigaste er skattebetalingslova, likningslova og folketrygdlova.

På arbeids- og velferdsetatens område rapporterer arbeidsgivar kontinuerleg til Arbeidstakar- og arbeidsgivarregistret (Aa-registret) i samsvar med folketrygdlova. Ved krav om ei yting frå folketrygda, innhentar NAV opplysningar om inntekt, skatt og tilsettingstilhøve frå arbeidsgivar på særskild skjema, jf. folketrygdlova § 21-4 følgjande.

Opplysningar som SSB innhentar til statistikkføremål, er regulert i statistikklova med tilhøyrande forskrift.

9.4.2 Forslaget i arbeidsgrupperapporten

I arbeidsgrupperapporten blei det gjort greie for to mogelege lovtekniske løysingar for rettsleg regulering av ordninga, høvesvis ei eiga lov og regulering gjennom det eksisterande lovverket på området.

Regulering gjennom det eksisterande lovverket blei vurdert som mindre aktuelt. Det blei påpeika at ei slik regulering vil gjere det utfordrande å gi klare reglar blant anna om kven som skal omfattast av plikta til å levere opplysningar, og at det blir vanskeleg å få oversyn over reglane. Ei felles forskrift som har forankring i dei aktuelle lovene på området, blei òg vurdert som lite føremålstenleg.

Det blei vist til at ei eiga lov gjer det mogeleg å samle sentrale føresegner på éin stad. Det blei lagt til grunn at dette vil medverke til at regelverket blir lettare tilgjengeleg og auke forståinga for ordninga både blant arbeidsgivarar og inntektsmottakarar. Det blei dessutan framheva at eiga lov gjer det mogeleg å tydeliggjere korleis opplysningane blir behandla ut i frå personvern- og rettstryggleiksprinsipp. På denne bakgrunnen blei det foreslått at det bør vedtakast ei eiga lov.

9.4.3 Høyringsinstansane sine synspunkt

NHO støttar forslaget om å regulere ordninga ved eiga lov og uttaler følgjande om dette:

”Vi er enige at EDAG bør reguleres gjennom egen lov (…). På denne måten blir det enklest å finne frem til en samlet oversikt over oppgavepliktene til enhver tid.”

Brønnøysundregistra støttar òg forslaget om ei eiga lov og meiner at dette samla sett er ei god løysing.

Ingen av høyringsinstansane verkar å ha direkte motførestellingar til at føresegnene samlast i éi lov, men nokre er litt meir kritiske til forslaget.

Revisorforeningen støttar forslaget om eiga lov under noko tvil. Dei peiker på at ei eiga lov vil vere føremålstenleg for å regulere og avgrense dei einskilde etatar sin tilgang og inntektsmottakarane sin innsynsrett til opplysningane i registret.

NARF stiller på si side spørsmål ved om ei eiga lov vil gi best rettleiing overfor arbeidsgivarar og inntektsmottakarar. Dei peiker på at ei klar utfordring er å gjere lova kjend, og reknar med at det kan vere meir føremålstenleg å plassere føresegnene anten i skattebetalingslova eller i skattebetalingsforskrifta. På bakgrunn av at lova kan tenkjast å få eit utvida omfang på sikt, støttar dei likevel forslaget om eiga lov.

Justisdepartementet uttaler at det verkar meir føremålstenleg å innarbeide dei nye lovføresegnene i gjeldande regelverk framfor at det blir vedteke ei eiga lov.

Skattebetalerforeningen uttaler følgjande om spørsmålet:

”Det er lett å se at det er mer oversiktlig med en egen lov hvis man kun ser på rapporteringsplikten. På den annen side vil en egen EDAG-lov innebære en ytterligere tilvekst til et allerede uoversiktlig lov- og forskriftsarbeide på lønnsområdet.(…)En egen EDAG-lov vil dessuten innebære enkelte til dels parallelle bestemmelser som regulerer samme forhold, noe som kan skape problemer ved praktiseringen.”

9.4.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Ved vurdering av kva for alternativ som bør veljast, har departementet blant anna lagt vekt på at regelverket skal bli mest mogeleg forståeleg og lett tilgjengeleg for arbeidsgivarar og inntektsmottakarar.

Å innarbeide dei nye føresegnene i eksisterande regelverk vil etter departementet sitt syn kunne leie til spreidde føresegner og eit fragmentarisk lovverk. Departementet meiner òg at nokre av føresegnene, blant anna tilgangsføresegna og føresegn om forvaltinga av fellestenestene, ikkje er direkte eigna i det eksisterande lovverket på området.

På bakgrunn av at det no blir foreslått éi felles innrapporteringsløysing på området, meiner departementet det vil vere ein klar fordel for arbeidsgivarar og inntektsmottakarar om denne rapporteringsplikta blir samla i ei eiga lov. Omsynet til å få eit tilgjengeleg og praktiserbart regelverk talar for ei slik løysing.

Fleire etatar vil dessutan kunne ha behov for opplysningane på sikt, og lova vil, som NARF poengterer, difor kunne få eit utvida omfang. Det talar etter departementet sitt syn for at ordninga blir forankra i ei eiga lov. Departementet viser òg til at ein i Danmark har valt ei slik løysing.

På denne bakgrunnen foreslår departementet at ordninga blir heimla i ei ny lov om arbeidsgivar si innrapportering av tilsetjings- og inntektstilhøve med meir.

Departementet ynskjer å knyte ein særleg merknad til namn på lova. Som nemnt blei ordninga omtalt som EDAG i arbeidsgrupperapporten. EDAG blei òg foreslått som namn på lova. Men fleire av høyringsinstansane har kommentert at dette ikkje er eit passande namn på lova, og at det er eit typisk prosjektord. Departementet sluttar seg til dette og foreslår at lova får tittelen ”lov om arbeidsgivers innrapportering av ansettelses- og inntektsforhold med mer” med korttittel ”a-opplysningsloven”. Etter departementet si vurdering vil denne tittelen vere skildrande for kva lova skal regulere.

9.5 Behovet for ein føremålsparagraf i lova

9.5.1 Forslaget i arbeidsgrupperapporten

I arbeidsgrupperapporten blei det foreslått at lova får ei føremålsføresegn. Det blei vist til at ei føremålsføresegn kjem til å ha ein viktig funksjon for å vareta rettstryggleik og personvern. Arbeidsgruppa framheva at ei føremålsføresegn blant anna vil ha til føremål å definere kva som er lovleg og legitim bruk av opplysningane, og verne mot bruk av opplysningane til motstridande føremål.

I rapporten blei det vidare uttala at føremålsføresegna måtte sjåast i samanheng med forslaget til tilgangsføresegna i § 8. Det blei foreslått at etatar som har tilgang til å innhente opplysningar etter § 8, berre kan bruke opplysningane i samsvar med lova sitt føremål. Arbeidsgruppa foreslo følgjande føremålsføresegn:

Denne lov skal fremme effektiv innsamling og bruk av opplysninger om enkeltpersoners inntekts- og arbeidsforhold og skattetrekkopplysninger, når det gjelder
  • a. utligning av skatt etter skatte- og avgiftslovgivningen,

  • b. beregning av trygdeavgift og arbeidsgiveravgift etter folketrygdlovgivningen,

  • c. beregning av korttidsytelser etter folketrygdlovgivningen,

  • d. vedlikehold av arbeidstakerregisteret i henhold til folketrygdlovgivningen og

  • e. produksjon av statistikk etter statistikklovgivningen.

9.5.2 Høyringsinstansane sine synspunkt

NHO støttar arbeidsgruppa sitt forslag om behovet for ei eiga føremålsføresegn, og at føremålsføresegnene angir kva for område ordninga skal dekkje.

NARF meiner at føremålsføresegna og tilgangsføresegna må kunne gjerast meir dynamisk og uttaler:

”Etter vårt skjønn kan hjemmel om tilgang til EDAG-opplysninger gjøres mer dynamisk ved ikke å begrense formålsparagrafen slik som foreslått, og videre unngå å nevne hvilke etater som skal ha tilgang. Loven vil imøtekomme andre samordningsbehov dersom de to hjemlene i stedet viser til at tilgang kun kan oppnås dersom berørt etat mv. har hjemmel i eller i medhold av lov til å hente relevant lønnsinformasjon fra EDAG-databasen. Lovgiver kan i så fall avgjøre i hvilke tilfeller informasjon skal kunne hentes fra EDAG, uten at EDAG-loven må endres hver gang. Det må være et mål at alle etater som etterspør lønnsinformasjon på sikt henter dette fra EDAG-databasen.”

LO uttaler at tilgangen tariffpartane har til lønsstatistikk må speglast i lovforslaget og foreslår tillegget ”, likestillingslovgivningen og for tariffpartene” til slutt i bokstav e.

Arbeidsdepartementet meiner ordlyden i føremålsføresegna må endrast slik at langtidsytingane òg femnast av føremålet. Arbeidsdepartementet uttaler:

”bokstav c synes å innskrenke anvendelsen uten særskilt begrunnelse. Ved å begrense formålet til beregning av ”korttidsytelser”, utelukkes det anvendelse av opplysningene om vilkårsprøving knyttet til langtidsytelser, som bl.a. uføreytelser.”

Arbeidsdepartementet viser vidare til at korrekt nemning i bokstav d er arbeidsgivar- og arbeidstakarregistret.

Arbeids- og velferdsdirektoratet meiner at ordlyden bør endrast til:

”c. behandling av inntektsavhengige ytelser som forvaltes av arbeids- og velferdsetaten”.”

Dei uttaler at bruk av nemninga ”behandling av inntektsavhengige ytelser” i forslag til endring av ordlyden synast å omfatte bruk av opplysningane til kontrollføremål. I likskap med Arbeidsdepartementet meiner dei at ordlyden i § 1 bokstav c òg må omfatte langtidsytingar, og dei viser til at:

”For ny uføretrygd skal trygden avkortes i forhold til inntekter ved siden av. For at det ikke skal bli en for stor avkorting i ettertid for mottakeren av uføreytelsen, så er det foreslått at EDAG-opplysninger kan benyttes til å avkorte inntekter. Ftrl. § 21-4 dekker dette siden dette blir en del av reglene for avkorting i ftrl.”

9.5.3 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet held ved lag forslaget i arbeidsgrupperapporten om ei eiga føremålsføresegn. Etter departementet si vurdering vil ei føremålsføresegn kunne synleggjere rammene for lova. Men departementet er samd med NARF i at føremålsføresegna må kunne gjerast meir dynamisk. På denne bakgrunnen foreslår departementet at føremålsføresegna blir forenkla, då forslaget i arbeidsgrupperapporten kunne verke noko omstendeleg.

Departementet foreslår at det kortfatta angis at lova skal leggje til rette for at arbeidsgivarar effektivt kan oppfylle sine plikter til å gi opplysningar om inntekts- og tilsetjingstilhøve. Det foreslåast vidare slått fast at offentlege etatar skal gis tilgang til dei innrapporterte opplysningane. Etter departementet si vurdering er det ikkje naudsynt at føremålsføresegna angir detaljert kva som er lovleg bruk av opplysningane. Som Arbeidsdepartementet til dels påpeiker, vil ei slik detaljert føremålsføresegn kunne leie til utilsikta avgrensingar i bruken av opplysningane. I tillegg vurderer departementet det som ei unaudsynleg presisering, då det er angitt i tilgangsføresegna at etatar som skal ha tilgang, må ha heimel i anna lovgiving for handsaming av opplysningane. Dette vil etter departementet sitt syn i tilstrekkeleg grad vareta omsynet til at opplysningane ikkje blir misbrukt.

Når det gjeld utsegna til LO om tilgang til lønsstatistikk og Arbeidsdepartementet og Arbeids- og velferdsdirektoratet sine kommentarar om bruk av omgrepet ”korttidsytelser”, vedkjem dette spørsmål om kva for opplysningar etatane skal ha tilgang til, og til kva for føremål opplysningane kan nyttast. Dette er difor nærare omtalt i kapitlet om tilgang.

Etter dette foreslår departementet at formålsparagrafen skal lyde:

Formålet med denne loven er å legge til rette for at arbeidsgivere mv. effektivt kan oppfylle sine plikter til å gi opplysninger om enkeltpersoners (inntektsmottakeres) inntekts- og arbeidsforhold og skattetrekkopplysninger, og å gi offentlige etater tilgang til opplysningene innrapportert fra arbeidsgiver.

Det blir vist til forslag til § 1 i forslag til a-opplysningslova.

9.6 Ansvar for fellestenester, handsamingsansvar osb.

9.6.1 Innleiing

Oppgåva med rettleiing og oppfølging av arbeidsgivarar er i dag fordelt på alle aktuelle etatar. Opprettinga av ei felles, tverretatleg innrapporteringsordning reiser følgjeleg spørsmålet om kven som skal ha ansvaret for naudsynte fellestenester. Nedanfor drøftast dette spørsmålet og spørsmålet om handsamingsansvar etter personopplysningslova.

9.6.2 Forslaget i arbeidsgrupperapporten

I arbeidsgrupperapporten blei det foreslått å opprette ei felles eining som blant anna skal ha ansvaret for informasjon og rettleiing overfor arbeidsgivarar og forvalting av ordninga. Det blei foreslått at ansvaret for desse fellestenestene blei lagt hjå Skattedirektoratet, då Skattedirektoratet blei vurdert som den største brukaren av dei opplysningane ordninga omfattar.

Varetakinga av fellestenestene vil i nokre tilhøve gjere det naudsynt å handsame personopplysningar. Arbeidsgruppa meinte det er mest føremålstenleg at det er det same rettslege grunnlaget som ligg til grunn for handsaming av personopplysningar ved varetaking av fellestenestene. Arbeidsgruppa rådde difor til at Skattedirektoratet blei handsamingsansvarleg for den handsaminga av personopplysningar som skjer ved varetakinga av fellestenestene. Det blei presisert at berre dei sakshandsamarane som arbeider med fellestenestene, skal ha tilgang til slike opplysningar, og tilgangen skal vere avgrensa til det som er naudsynt for å utføre pålagde oppgåver.

9.6.3 Høyringsinstansane sine merknader

Norges Kemner- og kommuneøkonomers forbund uttaler at dei ”imøteser å få være med på å utrede nærmere hvordan fellesfunksjonen bør realiseres, og hvordan den skal spille sammen med bl.a. den kommunale skatteoppkreveren”. Vidare uttaler dei at det er naudsynt med ein konsekvensanalyse for skatteoppkrevjarane.

Datatilsynet har kommentert arbeidsgruppa sitt forslag om handsamingsansvar og uttaler følgjande:

”Bruk av flere behandlingsansvarlige i en og samme løsning, hvor grensedragningen mellom de ansvarlige er flytende og avhengig av om informasjon er uthentet eller ikke, er uheldig. Videre kan det virke noe underlig å gi Skattedirektoratet behandlingsansvar for opplysninger de ikke har behov for selv, noe som kan være tilfellet der de samler inn opplysninger for andre etater.”

Datatilsynet uttaler vidare at ein praksis der Skattedirektoratet blir datahandsamar for dei andre partane, samsvarar med tilsynet sin tidlegare praksis.

9.6.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet sluttar seg til forslaget i arbeidsgrupperapporten om at det blir oppretta ei felles eining som blant anna skal ha ansvaret for informasjon og rettleiing overfor arbeidsgivarar, og at ansvaret for desse fellestenestene blir lagt hjå Skattedirektoratet som største brukar. Etter departementet si vurdering vil det ikkje vere føremålstenleg å fordele ansvaret mellom dei involverte etatane eller opprette eit nytt sjølvstendig forvaltingsorgan.

Departementet er likevel einig i Norges Kemner- og kommuneøkonomers forbund om at det er naudsynt med ei utgreing om kva for følgjer ordninga vil ha for skatteoppkrevjarane. Departementet har difor bedt Skattedirektoratet greie ut dette nærare. Dette arbeidet går for seg nå.

Det blir vist til forslag til § 6 første ledd i forslag til a-opplysningslova.

Når det gjeld forslaget om at Skattedirektoratet blir handsamingsansvarleg for personopplysningar som handsamast i samband med varetaking av fellestenester, ser departementet at det på bakgrunn av Datatilsynet sine merknader kan vere behov for nokre presiseringar.

Personopplysningslova § 8 set som eit grunnleggande vilkår for lovleg handsaming av personopplysningar at det finst eit dekkjande handsamingsgrunnlag. Dette inneber som hovudregel at det må finnast samtykke til handsaming frå den registrerte, eller at den handsamingsansvarlege har lovheimel for handsaminga. Som Datatilsynet påpeiker, får Skattedirektoratet etter forslaget i arbeidsgrupperapporten både handsamingsansvar for personopplysningar bunde til fellestenester og handsamingsansvar for opplysningar som blir henta ut av basen til bruk for oppgåveløysinga i etaten. Slik departementet ser det, vil varetaking av fellestenestene likevel vere eit sjølvstendig føremål som må haldast åtskild frå det å gjennomføre pålagde oppgåver etter til dømes likningslova. Direktoratet sin tilgang til å handsame opplysningane går dessutan ikkje lenger enn det som er naudsynt for å utføre oppgåver i samband med fellestenestene, og for å sikre personvernet er det berre sakshandsamarar som arbeider med fellestenestene, som skal ha tilgang til slike opplysningar.

Departementet er ikkje samd i forslaget til Datatilsynet om at Skattedirektoratet berre gjerast til datahandsamar på vegner av dei etatane som har heimel for innhenting og handsaming av opplysningane, og vurderer forslaget som mindre føremålstenleg. Eit slikt forslag føreset datahandsamingsavtaler mellom Skattedirektoratet som datahandsamar og kvar etat som handsamingsansvarleg. Viss andre etatar seinare skulle få tilgang til opplysningane i basen, kjem det til å bli krevjande å administrere slike avtalar. Det kjem òg til å bli utfordrande å få til samordning når ulike etatar formelt står som handsamingsansvarleg.

På bakgrunn av det ovannemnde, sluttar departementet seg til forslaget i arbeidsgrupperapporten om at Skattedirektoratet blir handsamingsansvarleg for personopplysningar som handsamast i samband med varetaking av fellestenestene. Det blir vist til forslag til § 6 andre ledd i forslag til a-opplysningslova.

9.7 Kven som skal levere opplysningar

9.7.1 Gjeldande rett

Skatteområdet

Kven som er rapporteringspliktige når det gjeld tilsetjingar, løn og trekk etter gjeldande regelverk på skatteområdet, blir regulert av ulike føresegner i skattebetalingslova, folketrygdlova og likningslova.

Etter skattebetalingslova § 5-11 første ledd pliktar arbeidsgivar og selskap osb. som er trekkpliktig i samsvar med skattebetalingslova § 5-4 andre og tredje ledd å levere terminoppgåve over forskotstrekket. Kven som skal sjåast som arbeidsgivar etter føresegna, er nærare definert i skattebetalingslova § 4-1 første ledd bokstav c, som angir at arbeidsgivar er ”den som selv eller ved fullmektig utbetaler lønn eller annen godtgjørelse eller ytelse som det skal foretas forskuddstrekk eller utleggstrekk i”. Det avgjerande er altså om den konkrete ytinga etter sin art skal vere emne for forskotstrekk eller utleggstrekk, og det blir ikkje stilt krav om at det finst eit tilsetjingstilhøve eller liknande.

I samsvar med folketrygdlova § 24-3 første ledd skal arbeidsgivar levere oppgåve over utrekna arbeidsgivaravgift saman med og samstundes som oppgåve over utført forskotstrekk etter skattebetalingslova § 5-11 første ledd. Viss ei bedrift har undereiningar, skal det likevel berre leverast terminoppgåve på den juridiske eininga sitt organisasjonsnummer. Bedrifta skal altså levere éi oppgåve som inneheld opplysningar om heile den juridiske eininga, inkludert alle undereiningane. Bedrifter som driv blanda verksemd, men som har eit klart rekneskapsmessig skilje mellom dei ulike verksemdene, jf. avgiftsvedtaket § 4 tredje ledd og § 5 andre ledd, må levere to (eller fleire) oppgåver per termin. I desse tilhøva skal det altså leverast fleire terminoppgåver per juridiske eining, jf. Skattedirektoratet si melding nr. 3 2011 pkt. 8.1. Etter utgangen av kalenderåret skal arbeidsgivar samstundes gi oppgåve (årsoppgåve) over grunnlaget for utrekninga av arbeidsgivaravgift etter folketrygdlova § 24-3 første ledd, jf. folketrygdlova § 24-3 andre ledd. Arbeidsgivaromgrepet følgjer definisjonen i skattebetalingslova § 4-1.

Plikta til å rapportere løn er regulert i likningslova § 6-2, som slår fast at den som sjølv eller gjennom andre har utbetalt eller utført fordel som nemnd i føresegna, uoppmoda skal levere oppgåve. Kven i bedrifta som etter føresegna har oppgåveplikta, er nærare definert i likningslova § 6-14 andre ledd.

Arbeids- og velferdsområdet

Etter folketrygdlova § 25-1 første ledd pliktar den som er arbeidsgivar eller oppdragsgivar, å registrere seg i arbeidsgivarregistret. Det skal òg meldast til arbeidstakarregistret om inntak av arbeidstakar og om opphøyr av et arbeidstilhøve, jf. folketrygdlova § 25-1 andre ledd. I forskrift 18. august 2008 nr 942 om arbeidsgiver- og arbeidstakerregistret § 3 nr. 1 blir det slått fast at ”arbeidsgiver er enhver som benytter seg av arbeidstaker for utførelse av arbeid mot vederlag i Norge eller på NOR- eller NIS-registrerte skip og flyttbare innretninger”. Det heiter vidare i § 3 nr. 1 andre ledd at som arbeidsgivar sjåast i alle tilhøve den som sjølv eller ved fullmektig utbetaler vederlag som det skal betalast arbeidsgivaravgift av etter folketrygdlova § 23-2.

Når det gjeld inntektsopplysningar som er naudsynte for å kontrollere om vilkåra for rett til sjukepengar er eller har vore oppfylt, er det heimla i folketrygdlova § 21-4 første ledd at det kan innhentast opplysningar frå arbeidsgivar eller tidlegare arbeidsgivar.

Statistikkområdet

Statistikklova § 2-2 opnar for at kvar og ein kan bli pålagd opplysningsplikt anten ved forskrift eller einskildvedtak. For SSB er det difor ikkje naudsynt å avgrense eller definere omgrepet arbeidsgivar nærare. I utarbeidinga av lønsstatistikken baserer SSB seg på eit representativt utval av arbeidsgivarar i alle næringar i privat sektor. Utvalet består av 16 500 arbeidsgivarar med til saman ca. 160 000 tilsette. I offentleg sektor er det fullteljing av alle arbeidsgivarar.

9.7.2 Forslaget i arbeidsgrupperapporten

Arbeidsgruppa foreslår at plikta til å levere opplysningar må femne om alle som i samsvar med gjeldande rett er pliktig til å rapportere opplysningar til ein eller fleire av dei aktuelle etatane om tilsetjingar, løn og trekk. Dette er fordi innrapportering i samsvar med a-opplysningslova vil kome i staden for fleire av oppgåvene som blir levert i dag. Det blei altså ikkje foreslått nokon materielle endringar.

Fordi det er vanskeleg å gi ein eigna definisjon i lova som femner alle som er rapporteringspliktige etter gjeldande rett, blei det foreslått å knyte plikta til å gi opplysningar opp mot plikta som skildrast i høvesvis likningslova, skattebetalingslova og folketrygdlova. Arbeidsgruppa sitt lovutkast § 2 er difor utforma som ei tilvisingsføresegn. I lovutkastet blir det foreslått at plikta til å gi opplysningar skal følgje av likningslova §§ 6-2 og 6-13 nr. 3, folketrygdlova §§ 24-3 første ledd og 25-1 og skattebetalingslova § 5-4. Arbeidsgruppa påpeika at ei tilvising til alle dei ovannemnde føresegnene er naudsynte for å dekkje alle som er rapporteringspliktige etter gjeldande rett. Ei tilvising til statistikklova blei likevel ikkje vurdert som naudsynt, då dei som blir pålagd å gi desse opplysningane, uansett femnast av føresegnene på skatte- og trygdeområdet.

Det blei ikkje omtalt om lova skulle komme til bruk på Svalbard.

9.7.3 Høyringsinstansane sine merknader

Ingen av høyringsinstansane har direkte kommentarar som knyter seg til den krinsen som blir rapporteringspliktig i samsvar med lovforslaget § 2. Norges Rederiforbund uttaler derimot at det er uklart frå kva for tidspunkt det kan bli mogeleg å utføre ei elektronisk rapportering av alle tilsette på skip, og uttaler følgjande:

”Forbundet er kjent med at det stadig skal foretas en offentlig kontroll med at arbeidstagerne har de kvalifikasjoner og sertifikater som kreves for å inneha en stilling på norske fartøyer. Slike regler er det så vidt vites ennå ikke laget utkast til, og det innebærer at det også er uklart om rapportering til maritimt AA register vil kunne foretas uavhengig av den offentlig maritime kontrollen med kvalifikasjoner og sertifikater, og hvorledes dette skal skje.”

9.7.4 Vurderingar og forslag frå departementet

9.7.4.1 Generelt

Departementet sluttar seg til arbeidsgruppa si vurdering av at plikta til å levere opplysningar må femne om alle som i samsvar med gjeldande rett er pliktig til å rapportere opplysningar til ein eller fleire av dei aktuelle etatane om tilsetjingar, løn og trekk. Rapportering i samsvar med a-opplysningslova kjem til å erstatte fleire av oppgåvene som i dag blir levert på området, og det er difor avgjerande at ein ved lovreguleringa av denne plikta ikkje gjer endringar i krinsen som blir pålagd rapporteringsplikt etter gjeldande rett.

Departementet foreslår likevel å utføre ei lovteknisk justering av arbeidsgruppa sitt forslag til § 2 om kven som er opplysningspliktige etter lova. Bakgrunnen er at departementet tilrår å regulere omfanget av opplysningsplikta ved å vise til dei aktuelle rapporteringsføresegnene i anna lovgiving, jf. forslag til § 3 i lova. Dette er nærare skildra i avsnittet nedanfor. Departementet foreslår difor at kven som er opplysningspliktig etter a-opplysningslova, blir regulert ved å vise til § 3 i § 2. Departementet sitt forslag inneber at dei som er rapporteringspliktige etter føresegnene som er omtalt i forslag til § 3, er opplysningspliktige etter a-opplysningslova. Etter departementet si vurdering vil dette vere den mest føremålstenlege lovtekniske løysinga, då ein unngår at det blir vist til dei same føresegnene både i forslag til §§ 2 og 3 og at det blir unaudsynt tvil om kven som er opplysningspliktig etter lova. Departementet viser òg til at tilsvarande lovteknisk løysing er valt i Danmark, jf. Lov om et indkomstregister §§ 2 og 3. Det blir vist til forslag til § 2 i forslag til a-opplysningslova.

Når det gjeld utsegna til Norges Rederiforbund, viser departementet til at det frå 1. november 2011 gjeld endra reglar for rapportering av opplysningar om maritime arbeidstilhøve til Aa-registret, jf. forskrift 18. august 2008 nr 942 om arbeidsgiver- og arbeidstakerregistret. Det skal meldast om tilsetjing, inkludert kva for skipsregister fartyet eller innretninga er registrert i (NOR, NIS eller utanlandsk register). Det skal òg rapporterast om kva for slags fart fartyet går i (innanriksfart, utanriksfart, turistskip eller oljeboring). Dette inneber at det er tre særskilde felt som gjeld maritime arbeidstilhøve (skipsregister, fartsområde og skipstype). Utover dette er rapporteringa etter forskriftsendringa harmonisert med det som gjeld for landbaserte arbeidsgivarar. Det nyttast no eit felles skjema for rapportering av arbeidstilhøve til Aa-registeret. Maritime arbeidsgivarar skal ikkje lenger rapportere arbeidstilhøva via Maritim offentleg kontroll, men direkte til Aa-registret. Departementet kan difor ikkje sjå at det er behov for særlege føresegner i a-opplysningslova for den maritime næringa.

9.7.4.2 Om lova kjem til bruk for arbeidsgivarar på Svalbard

Etter lov om Svalbard gjeld eigne reglar om Svalbard sitt tilhøve til Noreg. I samsvar med Svalbardlova § 2 andre ledd vil a-opplysningslova ikkje gjelde for arbeidsgivarar på Svalbard om det ikkje blir særleg fastsett.

Departementet viser til at etter dagens regelverk blir arbeidsgivarar på Svalbard omfatta av rapporteringsplikta til Aa-registeret og til SSB. Arbeidsgivarar på Svalbard er slik sett langt på veg undergitt same rapporteringsplikt som arbeidsgivarar på fastlandet. Dette kan tale for at a-opplysningslova bør kome til bruk også for arbeidsgivarar på Svalbard. Departementet fremmar likevel ikkje no forslag om slik særleg regel om bruk av a-opplysningslova på Svalbard. På bakgrunn av at spørsmålet ikkje blei omtalt i arbeidsgrupperapporten, bør det etter departementet si vurdering utredast nærare og eventuelt bli fremma på eit seinare tidspunkt.

9.8 Kva for opplysningar som skal rapporterast

9.8.1 Gjeldande rett

Skatteområdet

Arbeidsgivar skal levere terminoppgåve seks gongar i året. Terminoppgåva skal vise arbeidsgivar sitt samla forskotstrekk i dei to føregåande månadane, jf. skattebetalingslova § 5-11 første ledd, og samla utrekna arbeidsgivaravgift for same periode, jf. folketrygdlova § 24-3 første ledd. I samsvar med skattebetalingslova § 5-11 andre ledd skal oppgåvene innehalde ei fordeling av forskotstrekket til kvar kommune. Det skal vidare skildrast kva for ordning det skal betalast arbeidsgivaravgift etter, og ein må opplyse næringskoden som bedrifta er registrert med i Einingsregistret.

Årsoppgåve for arbeidsgivaravgift skal vise samla grunnlag for arbeidsgivaravgift for året, jf. folketrygdlova §§ 23-2 og 24-3 andre ledd. Oppgåvene inneheld opplysningar om blant anna grunnlaga fordelt på kommune, refusjon og arbeidsgivar sitt bidrag til pensjonsordningar. På same skjema er følgjeskriv til løns- og trekkoppgåve, jf. Finansdepartementet si forskrift 23. desember 1988 nr. 1083 om levering av lønnsoppgave § 7. Følgjeskrivet skal innehalde utbetalingar under grensa for oppgåveplikt og ei stadfesting frå arbeidsgivar om at innsende løns- og trekkoppgåver er korrekte og fullstendige.

Løns- og trekkoppgåva etter likningslova § 6-2 skal gi opplysningar om lønsoppgåvepliktige ytingar og summen av utført forskotstrekk i inntektsåret på personnivå. Nærare føresegner om blant anna avgrensingar i oppgåveplikta følgjer av likningslova kapittel 6 med tilhøyrande forskrifter. I tillegg følgjer det av lov 29. april 1988 nr. 21 om ferie § 10 første ledd siste punktum at feriepengegrunnlaget skal gå fram av løns- og trekkoppgåva for oppteningsåret.

Arbeids- og velferdsområdet

Arbeidsgivar som pliktar å sende melding til Aa-registret etter folketrygdlova § 25-1 første ledd, skal melde om høvesvis inntak av arbeidstakar, opphør av teneste og permitteringar, jf. forskrift om arbeidsgivar- og arbeidstakarregistret § 5 nr. 2. Ved melding om inntak skal venta gjennomsnittleg arbeidstid og yrkeskode oppgis. Det skal sendast endringsmelding viss arbeidstakaren skiftar yrke, blir overført til ei anna bedrift innanfor same eining eller endrar avtalt arbeidstid. Viss ein arbeidstakar som er busett i Noreg, forlét landet i meir enn tolv månader i samband med tenesta, skal arbeidsgivaren gi særskild melding om dette.

Etter folketrygdlova § 21-4 har arbeids- og velferdsetaten rett til å innhente opplysningar som er naudsynte for å kontrollere om vilkåra for ei yting er oppfylt, har vore oppfylt i tidlegare periodar eller for å kontrollere utbetalingar frå folketrygda. Det nyttast eit eige skjema til innhenting av inntektsopplysningar hjå arbeidsgivar eller tidlegare arbeidsgivar. Opplysningane nyttast ved krav om ytingar som sjukepengar, foreldrepengar og stønad ved borns sjukdom. Inntektsskjemaet trengst for å fastslå om søkjar har rett til ytinga og for å kunne fastsetje eit korrekt grunnlag.

Statistikkområdet

Ved rapportering av lønsopplysningar til SSB nyttast eit eige skjema. Opplysningane til lønsstatistikken inkluderer informasjon om løns- og arbeidstilhøve bunde til kvar einskild tilsett og består av fire hovudpunkt: regulativ løn/avtalt løn, irregulære tillegg, bonusar og overtidsgodtgjering. Opplysningar frå Aa-registret er hovudkjelda til data om lønnstakarar. Løns- og trekkoppgåveregistret utgjer eit supplement til dette.

Opplysningane kan i samsvar med statistikklova § 2-5, jf. § 3-1, berre nyttast til utarbeiding av offisiell statistikk og til statistisk bruk i forsking. Teielovnadsreglane i statistikklova § 2-4 er til hinder for at opplysningane kan utvekslast med andre.

9.8.2 Forslaget i arbeidsgrupperapporten

I arbeidsgrupperapporten blei det lagt til grunn at det i utgangspunktet ikkje skal gjerast endringar i omfang og typar av opplysningar som rapporterast til etatane etter dagens ordningar.

Det blei foreslått at opplysningsplikta blir regulert i ei særskild føresegn med hovudkategoriar liknande likningslova § 6-2, då ei forklaring av alle dei opplysningane som krevjast i lova, vil bli lang og detaljert og dermed lite føremålstenleg. Forslaget inneber at lova vil innehalde ei sjølvstendig opplysningsplikt, og arbeidsgruppa meinte at ei tilvising til anna lovgiving på området er unaudsynt.

I rapporten blei det definert kva for opplysningskategoriar som er tenkt omfatta av forslag til § 3. I forslag til § 3 første ledd blir det slått fast at følgjande opplysningar skal rapporterast om kvar einskild inntektsmottakar: ”lønn mv., pensjon og trygdeytelser, enkelte typer næringsinntekter, fradrag som er gjort ved lønnsutbetalingene(…), inntektsfradrag som gis ved ligningen(…), gjennomført forskuddstrekk, arbeidstid mv. og medlemskap i folketrygden”. I samsvar med forslaget skal det dessutan rapporterast følgjande opplysningar om den som er rapporteringspliktig etter forslag til § 2: ”utbetalingsdato for lønn, beregningsmåte for arbeidsgiveravgift og grunnlag for arbeidsgiveravgift(…)”.

Det blei tilrådd at nærare forklaring av opplysningane som skal rapporterast, bør følgje av forskrift, jf. lovutkastet § 3 tredje ledd.

9.8.3 Høyringsinstansane sine merknader

Ei rekkje av høyringsinstansane har kommentert omfanget av opplysningsplikta.

Revisorforeningen og DFØ er usamde i arbeidsgruppa sin konklusjon om at folketrygdlova § 21-4 er til hinder for at opplysningar om lovleg fråvær utan løn og dato for lønsendring kan rapporterast samanhangande. Revisorforeningen kan ikkje sjå at det finst tungtvegande omsyn for at ikkje slik lovendring kan bli foreslått.

DFØ uttaler:

”Vi er enige i at løsningen må ta hensyn til folketrygdloven § 21-4, men stiller spørsmål ved konklusjonen. Vi kan ikke se at denne paragrafen er til hinder for at lovlig fravær innrapporteres når dette er nødvendig for å foreta korrekte beregninger. Vi mener derimot at innrapporterte data må skjules for de brukere og/ eller i de situasjoner hvor denne informasjonen ikke skal være tilgjengelig. Vi mener altså at fravær uten lønn må innrapporteres for at beregning av arbeidstid skal bli riktig. Også fraværsårsaken må innrapporteres da beregningsmåten i noen tilfeller vil være avhengig av årsaken.”

LO viser til rapportering av fagforeiningstrekk i lovforslaget sin § 3 første ledd bokstav d, og er opptekne av at rapportering til AFP framleis varetakast ved overgang til ny rapporteringsordning.

NHO er kjent med den foreslåtte oppdelinga av dagens løns- og trekkoppgåvekode 111-A i ca. 15 ulike artar ytingar, og uttaler i den samanheng:

”NHO er kjent med at det legges opp til å dele opp dagens kode 111-A slik at den skiller mellom ulike ytelser. En slik oppdeling er viktig for å sikre kvalitativt datamateriale til lønnsstatistikk. Det er imidlertid ikke alle delkodene som er nødvendig ut fra dette hensynet. For lønnsstatistikkformål trengs det separate opplysninger om avtalt lønn, uregelmessige tillegg og bonus(…)”

Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund (NKK) har kommentert lovforslaget § 3 nr. 1 og uttaler:

”Utgiftsgodtgjørelser til dekning av kostnader i forbindelse med arbeid, jf. skatteloven § 5-11 første ledd går etter vårt syn ikke naturlig inn under kategorien Lønn og annen godtgjørelse for arbeid, og vi foreslår at forslaget til § 3 i punkt 7.5.4 får ny bokstav d, og dermed at forslagets bokstav d-h da blir e-i.”

NKK foreslår følgjande i ny bokstav d:

”d) godtgjøring til dekning av utgifter i forbindelse med arbeid, oppdrag eller verv. Nærmere om denne opplysningsplikten detaljeres i forskrift.”

Arbeidsdepartementet har kommentert lovforslaget § 3 nr. 1 bokstav h, og uttaler:

”(d)et bør presiseres at det sentrale er å sikre effektiv informasjonsutveksling om hvem som ikke skal innbetale trygdeavgift, dvs. at det er behov for å innrapportere hvem som er unntatt fra medlemskap i folketrygdloven.”

Bergen kemnerkontor viser til arbeidsgruppa sitt forslag om kopling mellom rapporteringsplikta og kontrollheimelen i likningslova § 6-15, og uttaler at det manglar tilsvarande kopling mellom rapporteringsplikta og skatteinnkrevjar sin kontrollheimel i skattebetalingslova § 5-13.

9.8.4 Vurderingar og forslag frå departementet

9.8.4.1 Generelt om opplysningsplikta

Departementet sluttar seg til forslaget i arbeidsgrupperapporten om at det i hovudsak ikkje gjerast endringar i omfang og typar av opplysningar som rapporterast til etatane etter dagens ordningar. Departementet er òg samd i at opplysningane skal gis samanhangande gjennom inntektsåret om kvar einskild inntektsmottakar, jf. nærare nedanfor om frist for levering av opplysningar.

Departementet er likevel ikkje samd i forslaget i arbeidsgrupperapporten om at lova får ei sjølvstendig opplysningspliktføresegn og har etter nærare vurdering kome fram til at forslag til § 3 bør utformast som ei tilvisingsføresegn. Bakgrunnen er at departementet vurderer forslaget om å gi ei sjølvstendig opplysningsplikt etter både a-opplysningslova og anna lovgiving som lite føremålstenleg. Ei slik parallell opplysningsplikt kan etter departementet si vurdering skape problem ved praktiseringa og føre til konfliktar. Dette har òg blitt antyda av Skattebetalerforeningen i samband med spørsmålet om lovreguleringa av ordninga, sjå ovanfor. Samstundes er det, som Bergen kemnerkontor påpeiker, viktig at ein beheld koplinga mellom kontrollreglane og noverande opplysningspliktføresegner i anna lovgiving, inkludert likningslova, skattebetalingslova og folketrygdlova. For å vareta denne koplinga foreslår departementet difor å behalde opplysningsplikta etter dagens føresegner. I likskap med arbeidsgruppa sitt forslag foreslår departementet at nærare reglar om opplysningsplikta kan definerast i forskrift. Departementet foreslår òg at Skattedirektoratet kan fastsetje skjema for rapportering.

Departementet sitt forslag til § 3 inneber at det i føresegna takast inn ei tilvising til alle dei aktuelle opplysningspliktføresegnene i anna lovgiving som er foreslått å dekkjast av rapporteringsplikta etter lova. Departementet foreslår følgjeleg at føresegna viser til likningslova § 6-2, skattebetalingslova 5-11, statistikklova § 2-2 og folketrygdlova §§, 24-3, 25-1 andre ledd og 25-10, jf. § 21-4. Samstundes bør ein presisere at opplysningane skal gis om kvar einskild inntektsmottakar. Departementet foreslår òg å justere lovteksta i nokre av desse føresegnene noko, slik at det kjem klart fram at rapporteringa blir utført i samsvar med denne lova. Det blir vist til forslag til § 3 i forslag til a-opplysningslova. Departementet viser òg til forslag til endringar i likningslova § 6-2, skattebetalingslova § 5-11 og folketrygdlova § 24-3.

I rapporten blei det òg foreslått at opplysningar som gis i samsvar med likningslova § 6-13 nr. 3 om offentleg organ si opplysningsplikt skulle leverast etter ny ordning. Dette er opplysningar som etter gjeldande rett skal leverast innan 31. januar året etter inntektsåret. Departementet kan ikkje sjå at det er behov for samanhangande rapportering av slike opplysningar etter a-opplysningslova, og foreslår av den grunn ikkje ei tilvising til denne føresegna. Departementet legg til grunn at spørsmålet om korleis og på kva for måte slike opplysningar skal gis, skal bli vurdert nærare i samband med forskriftsarbeidet.

I folketrygdlova blir det foreslått ei ny føresegn i § 25-10. Det blir her foreslått at departementet i forskrift kan gi reglar som påleggjar arbeidsgivar å markere at utbetalinga eller fordelen er for ein avvikande periode. Dette er opplysningar som NAV har bruk for i samband med til dømes berekning av sjukepengar. Ved handsaming av ytingar treng NAV dessutan opplysningar om lovleg fråvær utan løn og dato for lønsendring. I arbeidsgrupperapporten blei det lagt til grunn at folketrygdlova § 21-4 er til hinder for samanhangande rapportering av desse opplysningane. I likskap med DFØ og Revisorforeningen kan derimot ikkje departementet sjå at folketrygdlova § 21-4 er til hinder for at det fastsetjast nærare reglar om samanhangande rapportering av desse opplysningane. Departementet foreslår difor at det i folketrygdlova § 25-10 første ledd blir angitt at departementet i forskrift kan fastsetje at arbeidsgivarar uoppmoda skal gi opplysningar som nemnd i § 21-4 etter a-opplysningslova. Dette skal blant anna omfatte opplysningar som er rapportert med heimel i likningslova § 6-2. Departementet legg til grunn at det i samband med forskriftsarbeidet skal presiserast nærare kva for opplysningar dette gjeld.

Departementet viser til forslag til ny § 25-10 i folketrygdlova.

Opplysningar som nyttast av SSB til å utarbeide lønsstatistikk, går i dag fram av det aktuelle skjemaet for innhenting av slike opplysningar. I arbeidsgrupperapporten blei det lagt til grunn at statistikklova § 2-2 ville gi SSB heimel for innhenting av innsamla opplysningar. Men departementet har valt ei anna lovteknisk løysing og foreslår at det blir spesifisert i forskrift til statistikklova § 2-2 kva for opplysningar SSB har bruk for. Når det gjeld dei opplysningane som berre SSB har bruk for, presiserer departementet at dette er opplysningar som ikkje kan nyttast av andre etatar enn SSB og berre til statistikkføremål, jf. utgreiinga om teielovnad i avsnitt 9.10.4.1.

Departementet forstår LO slik at dei er positive til at ordninga med rapportering av fagforeiningskontingent vidareførast. Når det gjeld avtalefesta pensjon (AFP) for privat sektor, ligg blant anna kode 111-A om løn, honorar osb. til grunn for premieutrekninga for bedriftene som er tilslutta ordninga, jf. vedtekter for fellesordninga for AFP § 2-13. Departementet legg til grunn at LO framleis vil få dei opplysningane Skattedirektoratet i dag leverer ut til dette føremålet, men at denne utleveringa vil skje utanfor ramma av a-opplysningslova.

NHO viser til at alle opplysningane i ny 111-A ikkje er naudsynte for lønsstatistikken. Departementet uttaler at inndelinga er meint å dekkje behovet både i NAV og SSB, og at Skattedirektoratet skal få tilstrekkeleg grunnlag til å summere opp. Men dette er eit spørsmål det skal bli arbeida vidare med i samband med utforminga av løysinga.

FNO har vist til ei rekkje opplysningar som må takast med for at tenestepensjonsselskapa skal kunne nyttiggjere seg av ordninga som er foreslått. Departementet viser til at bruk av opplysningane som er rapportert etter a-opplysningslova for tenestepensjonsselskapa ikkje har vore vurdert som aktuelt for prosjektet. Difor har eit slikt forslag ikkje vore på høyring. Departementet skal seinare vurdere om dette bør utgreiast nærare og vil i så fall kome tilbake til saka.

Når det gjeld høyringsutsegnene til NKK og Arbeidsdepartementet, gjeld desse merknadane i første rekkje mindre, lovtekniske spørsmål. På bakgrunn av den lovtekniske justeringa departementet har utført, finn departementet det ikkje naudsynt å kommentere desse merknadane.

9.8.4.2 Særleg om likningslova § 6-17 nr. 3 og ferielova § 10

I arbeidsgrupperapporten blei det ikkje vurdert nærare om plikta til å sende kopi av løns- og trekkoppgåva (årsoppgåve) etter likningslova § 6-17 nr. 3 skulle vidareførast for inntekts- og trekkopplysningar som rapporterast etter a-opplysningslova.

Etter departementet si oppfatning bør årsoppgåva vidareførast for opplysningar som rapporterast i samsvar med a-opplysningslova, inkludert opplysningar om inntekt, frådrag og trekk, då den varetek eit viktig kontrollføremål for skattytar. Det må takast omsyn til at alle opplysningar skal rapporterast samanhangande kvar månad i løpet av inntektsåret, utan at det skal skje nokon avstemming etter årets slutt. Skattytar vil difor kunne ha behov for eit oversyn over summerte opplysningar som er rapportert frå vedkomande arbeidsgivar.

På bakgrunn av det ovannemnde foreslår departementet at det i likningslova § 6-17 nr. 3 blir angitt at skattytar skal ha eit jamført oversyn over rapporterte opplysningar som nemnd i § 6-2. Departementet foreslår at jamføring sendast til skattytar innan 1. februar i året etter inntektsåret. Departementet legg til grunn at nærare reglar for kva eit slikt årsoversyn skal innehelde, og korleis det kan gis, skal bli gitt i forskrift.

Etter departementet si vurdering vil eit slikt jamført oversyn vareta skattytar sitt kontrollføremål, samstundes som det kan sendast skattytar utan vesentleg meirkostnad for arbeidsgivar.

I ferielova § 10 nr. 1 tredje ledd er det fastsett at feriepengegrunnlaget skal gå fram av løns- og trekkoppgåva for oppteningsåret. På bakgrunn av at løns- og trekkoppgåva vil bli erstatta av månadleg rapportering etter a-opplysningslova, må føresegna endrast. Men departementet meiner det ikkje er føremålstenleg at arbeidsgivar skal rapportere slike opplysningar samanhangande etter a-opplysningslova, da opplysning om feriepengegrunnlaget berre er meint som informasjon til arbeidstakar. I tilknyting til det ovannemnde forslaget om at arbeidstakar skal ha eit jamført oversyn over opplysningar innrapportert etter likningslova § 6-2, foreslår departementet difor at også feriepengegrunnlaget skal gå fram av eit slikt oversyn.

Departementet viser til forslag til endringar i likningslova § 6-17 nr. 3 og ferielova § 10 nr. 1 tredje ledd.

9.9 Innlevering av opplysningar og innleveringsfrist

9.9.1 Innleiing

Departementet foreslår i dette avsnittet reglar om bruk av mottakssentral og leveringsmåte, og dessutan frist for innlevering av pliktige opplysningar. Departementet har valt å gi ei særleg omtale av reglane om forfallsfrist for forskotstrekk og arbeidsgivaravgift i 9.9.4.

9.9.1.1 Gjeldande rett

Skatteområdet

I samsvar med skattebetalingslova § 5-11 fjerde ledd, jf. skattebetalingsforskrifta § 5-11-3, skal terminoppgåva over forskotstrekk og arbeidsgivaravgifta leverast på ”maskinlesbart medium” når arbeidsgivaren har maskinelle lønsrutinar. Elles skal oppgåva leverast på papir på fastsett skjema. Det er altså inga plikt til å levere elektronisk, men Skattedirektoratet rår til at oppgåva blir levert elektronisk gjennom Altinn. Oppgåva skal sendast inn kvar 15. januar, 15. mars, 15. mai, 15. juli, 15. september og 15. november. Ved utgangen av året skal arbeidsgivar i tillegg sende oppgåve over samla trekk i året. Samla trekk skal rapporterast på blankett for løns- og trekkoppgåve, jf. skattebetalingsforskrifta § 5-11-4.

I Skattedirektoratet si forskrift 19. desember 1986 nr. 2229 om hvor og når lønnsoppgave skal leveres § 5 er det fastsett at oppgåvene kan leverast elektronisk via Altinn eller maskinleseleg. Føresegna er fastsett med heimel i likningslova § 6-16. Arbeidsgivarar som leverer på papir, skal levere oppgåve til ”skatteoppkreveren i den kommune hvor arbeidsgiveren hører hjemme eller har sitt hovedkontor”, jf. likningslova § 6-2 siste ledd. Etter likningslova § 6-2 femte ledd skal løns- og trekkoppgåva som hovudregel leverast innan 31. januar i året etter inntektsåret. I nemnde forskrift om kvar og når lønsoppgåve skal leverast § 5 er det likevel fastsett at skatteytarar som ikkje leverer oppgåvene elektronisk via Altinn eller som leverer oppgåvene på maskinleseleg medium, skal levere oppgåvene innan 20. januar i året etter inntektsåret. I einskilde tilfelle eller for visse grupper arbeidsgivarar kan skatteoppkrevjar utvide fristen til 31. januar.

Oppgåver over utrekna arbeidsgivaravgift skal i samsvar med folketrygdlova § 24-3 første ledd leverast terminvis av arbeidsgivar til same tid som oppgåve over utført forskotstrekk, jf. over. Etter forskrift 2. desember 1997 nr. 1385 om utregning og oppgjør mv. av arbeidsgiveravgift til folketrygden § 5 kan likevel arbeidsgivarar som berre har lønsutbetalingar som ikkje gjeld næringsverksemd eller utleige av hus, og dei samla utgiftene ikkje overstig 60 000 kroner i året, levere éi terminoppgåve over samla arbeidsgivaravgift for føregåande år innan 15. januar.

Etter utgangen av kalenderåret skal arbeidsgivar i tillegg levere oppgåve over grunnlaget for utrekninga av arbeidsgivaravgift etter § 23-2, såkalla årsoppgåve i samsvar med § 24-3 andre ledd. For arbeidsgivarar som leverer på papir, skal årsoppgåva leggjast ved løns- og trekkoppgåvene og sendast til skatteoppkrevjaren innan 20. januar året etter inntektsåret. Dersom løns- og trekkoppgåver blir levert via Altinn, vil Skatteetaten fylle ut ei tilsvarande årsoppgåve basert på dei opplysningane som blir rapportert. Denne blir sendt direkte til skatteoppkrevjaren. Arbeidsgivarar som nyttar Altinn, slepp difor å levere årsoppgåva.

Arbeids- og velferdsområdet

Etter forskrift om arbeidsgivar- og arbeidstakarregisteret § 5 kan melding til Aa-registeret ”sendes på papirblankett eller elektronisk skjema fastsett av Arbeids- og velferdsdirektoratet”. På same måte som med terminoppgåva og løns- og trekkoppgåva blir elektronisk skjema levert via Altinn. Arbeids- og velferdsdirektoratet har opplyst om at 95 prosent av meldingane om arbeidstakarar på land blir gjeve elektronisk.

Arbeidsgivar pliktar å registrere seg i arbeidsgivarregisteret seinast fredag i veka etter at vedkomande har teke ein person i si teneste eller gjeve ein person eit oppdrag, jf. folketrygdlova § 25-1 første ledd. Seinast fredag veka etter inntak av ein arbeidstakar eller opphør av eit arbeidstilhøve skal arbeidsgivar dessutan sende melding til arbeidstakarregisteret. Dersom arbeidstakaren skifter yrke eller blir overført til ei anna verksemd, skal det sendast endringsmelding.

Når det gjeld innlevering av inntektsskjema som blir nytta ved refusjon av sjukepengar er det naturlegvis ikkje fastsett ein konkret frist, men det følgjer av folketrygdlova § 21-4 bokstav c sjette ledd at opplysningane skal gjevast utan ”ugrunnet opphold”.

Statistikkområdet

Opplysningane som blir innhenta av SSB til bruk for utarbeiding av lønsstatistikk, kan leverast anten elektronisk via Altinn eller på papir. Sidan SSB baserer seg på å treffe vedtak, er det ikkje gitt fristbestemmingar i statistikklova. Statistikklova § 2-2 andre ledd seier berre at ”det kan settes tidsfrist for å gi opplysninger”. I samsvar med gjeldande praksis blir det sendt ut følgjebrev og rettleiing 10 dagar før teljingstidspunktet kvart kvartal (1. april, 1. juli, 1. oktober og 1. januar). Svarfrist blir sett til om lag ei veke etter teljingstidspunktet.

9.9.2 Innlevering av opplysningar – bruk av mottakssentral

9.9.2.1 Arbeidsgruppa sitt forslag

I arbeidsgrupperapporten blir det foreslått at meldingar til databasen som ein klar hovudregel skal innleverast elektronisk. Det blir vist til at elektronisk innlevering mellom anna gir høve til å etablere maskinelle kontrollar av oppgåver ved innlevering. Maskinelle kontrollar kan til dømes hindre reine formalfeil, og vil medverke til auka notoritet både for oppgåvegjevar og etaten.

På bakgrunn av at Altinn er ein etablert mottakssentral som er godt kjent for målgruppa, samstundes som den oppfyller dei krava som blir stilt til informasjonstryggleik og funksjonalitet, planlegg ein å nytte Altinn som mottakssentral. I lovutkastet blei det foreslått å regulere ved at melding ”skal sendes den mottakssentral som Skattedirektoratet bestemmer”. Utkastet til lovbestemming opnar altså for ei anna løysing enn Altinn, sjølv om det er denne mottakssentralen ein planlegg å nytte.

For små arbeidsgivarar i private arbeidstilhøve blir det foreslått å leggje til rette for papirinnlevering. Arbeidsgruppa viser til at ”det kan tenkes forhold som gjør at det vil være urimelig å stille et absolutt krav om elektronisk innlevering”. Det blir lagt til grunn at dette berre skal vere eit unntak som blir gitt som ein dispensasjon.

9.9.2.2 Høyringsinstansane sine merknader

Høyringsinstansane er i hovudsak einige i arbeidsgruppa sitt forslag om at innleveringa må skje elektronisk via Altinn. Arbeidsgiverforeningen Spekter viser til at nettløysinga og nettilgangen i Altinn blir svært viktig i og med at den einskilde tilsette skal kunne kontrollere kva som er rapportert og registrert om vedkomande. NHO, NKK og NKRF har kommentert at elektronisk innlevering vil føre til stor belastning på mottaksapparatet. NHO uttaler følgjande om dette:

”Gjennomføringen(…)stiller imidlertid store krav til kapasitet og tilgjengelighet i Altinn. Dette må være på plass før ordningen kan innføres.”

NHO viser vidare til at det bør leggjast opp til løysingar som gjer at den nye rapporteringsløysinga ikkje blir ei unødvendig tungvint belastning for små bedrifter som ikkje har høve til elektronisk rapportering.

NKK viser til at elektronisk levering er ein viktig føresetnad for skatteoppkrevjarane sitt arbeid og støtter arbeidsgruppa sitt forslag om at eventuell papirlevering berre bør nyttast i private arbeidstilhøve. NKK peiker på at opplysningar som blir gitt på papir bør vere av eit format som er lagt til rette for skanning. Samstundes ber dei departementet vurdere om det bør vere ein eigen frist for levering av opplysningar på papir.

Brønnøysundregistra er einige i at Altinn bør nyttast som leveringskanal. Dei peiker mellom anna på at Altinn kan nyttast som portal for støttetenester til arbeidsgivar og til lønsmottakar, og uttaler at:

”Det er viktig at man på et tidlig tidspunkt får oversikt over hvilke tjenester som er aktuelle og hvordan disse best kan anvendes. I tillegg må ytelsesbehov bli vurdert. Alt dette for å klargjøre gjenbruk og behov for eventuell videreutvikling av løsningen.”

9.9.2.3 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet sluttar seg til forslaget i arbeidsgrupperapporten om at opplysningar i samsvar med § 3 som ein klar hovudregel skal leverast elektronisk. Departementet viser til at elektronisk innlevering av opplysningar er ein viktig føresetnad for den nye ordninga. Det blir lagt til grunn at elektronisk innrapportering vil gjere kommunikasjonen mellom arbeidsgivarane og det offentlege enklare og mindre ressurskrevjande for begge partar. Elektronisk innlevering av opplysningar vil òg føre til betre datakvalitet, ved at ein unngår mogelege feil ved overføring av data manuelt og får ein maskinell kontroll som reduserer talet på tilfelle med manglande opplysningar og logiske feil.

Departementet sluttar seg òg til at det blir planlagt at Altinn blir valt som mottakssentral. Departementet legg til grunn at Altinn vil oppfylle dei krava som må stillast til informasjonstryggleik og funksjonalitet. Departementet er likevel einig med dei høyringsinstansane som har påpeikt at elektronisk innlevering vil kunne føre til stor belastning på mottaksapparatet. Kapasitet og tilgjengelegheit i Altinn vil difor bli nøye vurdert i det vidare arbeidet med å forme ut løysinga. Det blir vist til at lovutkastet ikkje direkte angir Altinn som mottaksapparat, men let det bli opp til Skattedirektoratet å avgjere dette.

Einskilde mindre arbeidsgivarar kan ha problem med å levere inn opplysningane elektronisk på grunn av manglande internettdekning eller andre tilhøve. Departementet foreslår difor at arbeidsgivarar i private arbeidstilhøve blir gitt åtgang til å søkje om å levere inn opplysningane på papir. Åtgangen til å søkje om samtykkje vil ikkje gjelde for offentlege arbeidsgivarar. Det blir foreslått at ein berre skal gi samtykkje for ein avgrensa periode. Det vil medverke til at fleire går over til elektronisk levering etterkvart. Departementet foreslår at åtgangen til å søkje om samtykkje for levering på papir blir teke inn i lova. Nærare bestemmingar om vilkåra for samtykkje, når søknaden må vere komen fram osb., blir foreslått regulert i forskrift. Departementet legg elles til grunn at den praktiske handsaminga av opplysningar som blir gitt på papir, under dette om det er behov for eit særskild skjema osb., vil bli nærare vurdert i det vidare arbeidet med å forme ut løysinga. Når det gjeld forslaget til NKK om at det bør vurderast ein eigen frist for opplysningar som ikkje blir gitt elektronisk, viser departementet til at det er eit mål at alle på sikt skal gå bort frå papirinnlevering og at det difor ikkje er tenleg å komplisere ordninga med eigne fristar når levering skjer på papir.

Det blir vist til forslag til § 5 i forslag til a-opplysningslova.

9.9.3 Frist for innlevering av opplysningar

9.9.3.1 Forslaget i arbeidsgrupperapporten

I arbeidsgrupperapporten blir det lagt vekt på at eit av hovudføremåla med prosjektet er å tilpasse arbeidsgivar si opplysningsplikt til dei andre prosessane hjå arbeidsgivar, såkalla hendingsbasert rapportering. Det vil seie at fristen for levering av opplysningar blir knytte opp mot sentrale hendingar hjå arbeidsgivar, til dømes utbetaling av løn eller når det oppstår plikt til å utføre forskotstrekk.

Arbeidsgrupperapporten stiller likevel opp i alt tre mogelege alternativ for innlevering av opplysningar. For det første å knyte fristen opp mot når trekkplikta skal utførast. For det andre at fristen blir knytt til trekkplikta, men med unntak for små arbeidsgivarar med ”uregelmessig avlønning”. For det tredje blir det vist til ein månadleg innleveringsfrist eit visst tal dagar etter utgangen av kalendermånaden.

Arbeidsgruppa konkluderer med at det vil vere mest føremålstenleg å knyte fristen til trekkplikta, men med unntak for små arbeidsgivarar, dvs. alternativ to. Det vert uttalt at dette vil vere ”(…)mest i tråd med intensjonen om hendelsesbasert rapportering samtidig som det gir de mest oppdaterte opplysningene til etatene”. Dette inneber at opplysningar i samsvar med lovutkastet § 3 skal leverast samstundes med at forskotstrekket blir gjennomført etter skattebetalingslova § 5-10 første ledd. For rapporteringspliktige som utfører ”uregelmessig” utbetaling av yting eller godtgjering, blir det foreslått at det etter samtykkje kan leverast samla oppgåve ved utgangen av månaden.

Elles vert det lagt til grunn at rapporteringspliktige må levere opplysningar minst ein gong pr. kalendermånad. Dette gjeld sjølv om det ikkje er ytt løn eller anna godtgjering som fører med seg plikt til å utføre forskotstrekk.

9.9.3.2 Høyringsinstansane sine merknader

Ei rekkje høyringsinstansar har kommentert forslaget til innleveringsfrist.

NHO uttaler at fristen for innlevering bør koplast så tett til lønsutbetaling som mogeleg, og at tidspunkt for forskotstrekk truleg vil vere mest mogeleg presist. NHO er òg einig i at det ser ut til å vere føremålstenleg å ha ei samleoppgåve når det finn stad irregulære eller hyppige ytingar ein månad. Andre høyringsinstansar ynskjer i stor grad anten hendingsbasert med omfattande åtgang til unntak, eller rein månadleg frist.

Bondelaget ber om at ein må kunne slå rapportering for juli saman med oppgåva for august. Dei viser til at fristen for å levere meirverdiavgiftsoppgåver for 3. termin for få år sidan blei utsett frå 10. til 31. august, av omsyn til ferieavviklingane. Dei peiker på at å gå i motsett retning vil slå svært uheldig ut for arbeidsgivarar med mykje aktivitet i sommarsesongen.

Bondelaget har vidare peikt på at rapporteringa av føderåd ikkje er godt nok skildra og uttaler:

”Dette er en trekk- og avgiftsfri naturalytelse som hittil er rapportert til lønns- og trekkoppgaven én gang i året. Vi mener at denne naturalytelsen fortsatt bare skal innberettes i årets siste måned, og ikke tolv ganger.”

Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund ser klare fristar som ein føresetnad for skatteoppkrevjar si oppfølging av arbeidsgivarane, og uttaler følgjande:

”Ved en hendelsesstyrt frist vil det bare være arbeidsgiver som kjenner den faktiske forfallsdagen. Den eneste muligheten for skattemyndighetene til å få kontrollert den egendeklarerte fristen er ved bokettersyn. Dersom fristbrudd skal være sanksjonert må det være klart hvilken dato sanksjonen kan gjelde fra.”

Revisorforeningen åtvarar mot å innføre eit for strengt og byråkratisk søknadsregime for tilfelle med hyppig eller irregulær lønsutbetaling og uttaler vidare:

”Vi kan ikke se at det foreligger vektige hensyn som taler mot å la arbeidsgiver få innberette EDAG-oppgave en gang i måneden, selv om han i enkelte perioder, for eksempel i forbindelse med vikariater eller ferieavvikling har hatt noen utbetalinger utenom ordinær lønningsdag. Dette bør kunne gjøres uten å måtte søke om dispensasjon.”

Skattebetalerforeningen viser til at omlegginga vil innebere meirarbeid for dei minste verksemdene, og at det av omsyn til desse bør innførast åtgang til å sende inn opplysningar terminvis, eventuelt halvårleg eller årleg.

DFØ uttaler på si side følgjande:

”Vi stiller ikke spørsmål ved at innrapporteringen til EDAG skal være hendelsesbasert, men vi lurer på hvor hensiktsmessig det er at man skal rapportere for hver kjøring. Ut fra vår kjøreplan vil vi flere ganger i året komme opp i situasjoner hvor vi har kjøringer for samtlige kunder 3 dager på rad. Vi skal da innrapportere for alle våre 250 kunder 3 dager på en uke. Hvor gjennomtenkt og hvor ønskelig er det at man skal rapportere for hver kjøring. DFØ mener at det bør være tilstrekkelig med en rapportering pr kunde pr. uke.”

9.9.3.3 Vurderingar og forslag frå departementet

I tråd med merknadene til eit stort fleirtal av høyringsinstansane foreslår departementet ein månadleg innleveringsfrist. Det må såleis rapporterast minst éin gong per kalendermånad. Arbeidsgivarar som ynskjer å rapportere i samband med lønskøyring, såkalla hendingsbasert, kjem likevel til å ha høve til dette. Ein slik månadleg innleveringsfrist vil liggje nært opp mot den kalendermånad opplysningane gjeld. Departementet har likevel valt å ikkje lovfeste datoen og foreslår at nærare frist for å levere inn opplysningar etter § 3 blir fastsett i forskrift.

Departementet meiner til liks med Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund at ein månadleg innleveringsfrist vil vere enklare å rette seg etter for arbeidsgivarane og etatane enn ein hendingsstyrt innleveringsfrist. Ein hendingsstyrt innleveringsfrist bunde til når det skal utførast forskotstrekk vil etter departementet si vurdering kunne skape tvil mellom anna om når rapportering av trekkfrie ytingar skal utførast. Ein slik frist vil òg kunne skape tvil ved sanksjonering av for seint innleverte opplysningar.

Ved at det blir fastsett ein månadleg innleveringsfrist, blir det ikkje naudsynt å forme ut ei unntaksføresegn for arbeidsgivarar som utfører såkalla ”uregelmessig” utbetaling av løn. Departementet vurderer at ei ordning med unntak vil vere administrativt krevjande og vanskeleg å handheve. Som Revisorforeningen og til dels Bondelaget peiker på, vil det òg vere vanskeleg å finne treffande og presise nok kriterium for dei arbeidsgivarane som bør falle inn under ei slik unntaksføresegn.

For einskilde arbeidsgivarar vil det likevel vere ein fordel å rapportere i samband med lønskøyring, eller ev. når forskotstrekket skal utførast etter skattebetalingslova § 5-10 første ledd, jf. § 5-12 tredje ledd. Departementet understrekar at arbeidsgivarane sjølv kan velje når dei vil levere opplysningane så lenge det skjer minst éin gong per månad. Arbeidsgivarar som betaler ut løn fleire gongar i månaden kan følgjeleg levere opplysningar om løn m.m., ei såkalla melding, i samband med kvar lønsutbetaling.

Departementet er elles ikkje einig med Bondelaget om at ein bør slå saman rapportering for julimånad med rapportering for augustmånad. I dei langt fleste tilfella vil opplysningane bli levert gjennom eit fagsystem og arbeidsgivar, ev. rekneskapsførar vil kunne utføre sjølve rapporteringa utan særleg meirarbeid. Som nemnt ovanfor, kan arbeidsgivar dessutan sjølv velje å rapportere i samband med lønskøyring dersom dette verkar meir føremålstenleg. Etter departementet si vurdering vil det difor ikkje vere urimeleg å krevje rapportering både i juli- og augustmånad. Ein slik utsett frist må dessutan vegast opp mot etatane sitt behov for oppdaterte opplysningar, og departementet meiner dette forslaget ikkje vil vareta dette i tilstrekkeleg grad.

Av ovannemnte årsaker sluttar departementet seg heller ikkje til Skattebetalerforeningen sitt forslag om at mindre verksemder bør få åtgang til å sende inn opplysningane terminvis, eventuelt halvårleg eller årleg.

Departementet er derimot einig med Bondelaget om at rapporteringa av føderåd etter likningslova § 6-2 bokstav b framleis berre skal utførast éin gong i året. Etter departementet si vurdering er det ikkje føremålstenleg at denne typen leigeverdi blir delt opp og rapportert utover året. Departementet foreslår difor at opplysningar om slike ytingar skal leverast seinast i samband med at rapportering for kalendermånaden desember blir utført.

Det blir vist til forslag til § 4 i forslag til a-opplysningslova.

9.9.4 Særleg om forfallsfrist for betaling av forskotstrekk og arbeidsgivaravgift

9.9.4.1 Gjeldande rett

Etter skattebetalingslova § 10-10 forfell forskotstrekk og arbeidsgivaravgift til betaling same dag som det skal leverast oppgåve over skatte- og avgiftsplikta. For forskotstrekket følgjer oppgåveplikta av skattebetalingslova § 5-11, og for arbeidsgivaravgifta følgjer det av folketrygdlova § 24-3, jf. skattebetalingslova § 5-11. I samsvar med skattebetalingslova § 5-11 skal arbeidsgivar sende oppgåve over skatte- og avgiftsplikta i til saman seks faste terminar i året, nærare bestemt 15. januar, 15. mars, 15. mai, 15. juli, 15. september og 15. november. Hovudregelen om samanfallande terminvise forfall for betaling av forskotstrekk og arbeidsgivaravgift fører såleis til at desse krava forfell til betaling same dag, jf. skattebetalingslova § 10-10.

Skattebetalingslova § 5-12 første ledd slår fast at forskotstrekket høyrer til skatte- og avgiftskreditorane. I samsvar med § 5-12 tredje ledd skal trekt forskotstrekk setjast inn på skattetrekkskonto seinast første vyrkedag etter lønsutbetalinga. Som eit alternativ kan saldoen på skattetrekkskontoen haldast så høgt at den til kvar tid dekkjer regulært trekkansvar, eller det kan stillast garanti, jf. § 5-12 andre ledd. Renteavkastninga på skattetrekkskontoen tilkjem den som utfører trekket, det vil seie kontoinnehavar (arbeidsgivar).

9.9.4.2 Høyringsinstansane sine synspunkt

NARF uttaler:

”Det bør tilrettelegges for at arbeidsgivere etter eget valg må kunne betale skattetrekket samtidig med utlønning, og gjennom dette slippe å ha egen skattetrekkskonto. Skattebetalingsloven § 5-12 krever i dag egen skattetrekkskonto eller bankgaranti. Vi mener denne bør endres slik at egen konto eller garantiordning kan unnlates dersom innbetaling alltid skjer fortløpende. Vi anmoder derfor om at denne hjemmelen endres.”

Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund viser til at skatteoppkrevjarane føreset at innbetalingar blir plassert automatisk mot krav frå ”EDAG-oppgavene”.

9.9.4.3 Forslaget i arbeidsgrupperapporten

I arbeidsgrupperapporten blir det foreslått at dei gjeldande forfallsfristane for betaling av forskotstrekk og arbeidsgivaravgift blir ført vidare og ikkje endra. Ein foreslår dermed at dagens prinsipp om samanfall i tid mellom oppgåve- og betalingsplikta ikkje blir ført vidare. Bakgrunnen for dette er at krav om samanfall i tid vil innebere ei ”vesentlig skjerping” av dagens betalingsfristar, og at forskuving av betalingsstraumen vil ha ein likviditetseffekt for arbeidsgivarar, bankar og kreditorar.

Arbeidsgruppa legg til grunn at den nye ordninga kan innførast sjølv om ein held på dagens betalingsfristar. Det vert streka under at ei innlevert ”melding” frå arbeidsgivar, vil gi eit tilhøyrande betalingskrav for forskotstrekk og arbeidsgivaravgift. Samla betalingskrav ved forfall vil vere summen av krava frå arbeidsgivar sine meldingar for den aktuelle perioden.

Då det ikkje blir foreslått endringar i forfallstidspunktet, er det lagt til grunn at reglane om overføring til skattetrekkskonto blir ført vidare.

9.9.4.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Som det går fram av avsnitt 9.9.3, blir det lagt opp til månadleg innlevering av opplysningar som minstemål, men med høve til innlevering i samband med aktuell oppgjersdato for dei arbeidsgivarane som ynskjer. Ei vidareføring av prinsippet om samanfall i tid mellom oppgåve- og betalingsplikta, vil måtte føre til at ein knyter betalingsfristen opp i mot regelen om innlevering av opplysningar etter a-opplysningslova. Som arbeidsgruppa legg til grunn, vil dette ha ein stor likviditetseffekt for arbeidsgivarar, bankar og skattekreditorar. Dette gjeld særleg for arbeidsgivarar som taper store delar av renteavkastninga. Ein slik regel vil dessutan kunne bli meir komplisert å praktisere enn dagens regel om betaling den 15. for dei to føregåande månadane. Det er etter vår vurdering viktig at både skattekreditor og arbeidsgivar har ein klar betalingsfrist å rette seg etter. På bakgrunn av det som er nemnt ovanfor, sluttar departementet seg til forslaget i arbeidsgrupperapporten og meiner at det er mest føremålstenleg å halde på dagens betalingsfristar. Sidan fristen for betaling av forskotstrekk og arbeidsgivaravgift ikkje lenger vil samsvare med fristen for innlevering av opplysningar, vil det følgjeleg vere behov for enkelte endringar i skattebetalingslova § 10-10 slik at forfallsfristane går fram direkte av føresegna. Departementet viser til forslag til endring av skattebetalingslova § 10-10.

Departementet presiserer at valfri hendingsbasert rapportering inneber at kvar innlevert melding vil definere eit beløp for forskotstrekk og eit beløp for arbeidsgivaravgift. Samla beløp til betaling frå arbeidsgivar kjem då fram som summen av krav frå fleire meldingar. Rekneskapsmessig vil kvar melding bli bokført som kjelde for separate krav i skatterekneskapen.

9.10 Personvern

9.10.1 Innleiing

Personopplysningar blir definert i personopplysningslova som opplysningar som kan knytast til ein einskildperson, jf. personopplysningslova (popplyl) § 2 nr. 1. Ved handsaming av slike opplysningar stiller personopplysningslova opp visse grunnkrav for at handsaminga av opplysningane skal vere lovleg. Handsaming vil etter personopplysningslova vere all bruk av personopplysningar, som til dømes innsamling, registrering, samanstilling og lagring.

Arbeidsgruppa sitt forslag inneber ei felles innsamling av opplysningar om mellom anna tilsetjingar, løn og trekk for arbeidstakarar, som samla sett inneber ei omfattande handsaming av personopplysningar. På bakgrunn av dette foreslår departementet føresegner om teieplikt, tilgang til opplysningar og innsynsrett i eigne opplysningar.

9.10.2 Arbeidsgruppa sine vurderingar og forslag

9.10.2.1 Varetaking av grunnleggande personvernprinsipp

Arbeidsgruppa har lagt stor vekt på at omsynet til personvern er tilfredsstillande vareteke, og har lagt vekt på personvern under arbeidsprosessen. Arbeidsgruppa sitt forslag inneheld difor ei rekkje lovmessige, organisatoriske og tekniske tiltak som skal sikre forsvarleg informasjonshandsaming og godt personvern. Arbeidsgruppa har òg gjort greie for korleis dei grunnleggande prinsippa i personopplysningslova er vareteke i lovforslaget.

Rettferd og rettmessig handsaming

Prinsippet om rettferdig og rettmessig handsaming inneber at handsaming av personopplysningar må ha eit rettsleg grunnlag, jf. popplyl § 11. Prinsippet inneber òg at den handsamingsansvarlege skal ha respekt for den registrerte sine interesser og rimelege forventningar. Arbeidsgruppa sitt lovforslag er meint å gi klare rammer for åtgang til å samle inn, handsame og levere ut opplysningar. Arbeidsgruppa foreslår at Skattedirektoratet blir gitt heimel for handsaming av fellesfunksjonar og utlevering av opplysningar. Det blir foreslått at brukarane av opplysningar må ha heimel for innhenting og handsaming, og at eventuell åtgang til vidare utlevering av opplysningar vil følgje av teiepliktføresegner på det aktuelle forvaltingsområdet.

Føremålsbunden innsamling og handsaming

Føremålsbundeprinsippet inneber at personopplysningar berre skal samlast inn til uttrykkjeleg oppgitte og saklege føremål, og at seinare handsaming ikkje skal stri mot desse føremåla, jf. popplyl § 11 første ledd bokstav a og b. Arbeidsgruppa har sett dette prinsippet som eit krav om føremålsopplysning for fleire av dei handsamingane som følgjer av forslaget. For det første blir det stilt krav til føremålsopplysning for den innsamlinga som skjer i samband med rapportering frå arbeidsgivar. Føremålet er her effektivisering av innsamling som blir foreslått forankra i ei formålsføresegn. For det andre blir det stilt krav til føremålsopplysning for den handsaminga som skjer i regi av Skattedirektoratet sitt foreslåtte ansvar for varetaking av fellesfunksjonar. Arbeidsgruppa foreslår at dette kjem fram i ei eiga føresegn der Skattedirektoratet får ansvaret for varetaking, og der det går fram at opplysningane ikkje kan handsamast på ein måte som strir mot dette føremålet. For det tredje blir det stilt krav til føremålsopplysning for den handsaminga som skjer i regi av verksemder som har innhenta opplysningar. Arbeidsgruppa foreslår at det ikkje blir teke inn heimel om dette i lova, då dette vil følgje av regelverket på det aktuelle forvaltingsområdet.

Brukarmedverknad og kontroll

Prinsippet om brukarmedverknad og kontroll inneber at den registrerte skal vere kjend med, og ha høve til å påverke handsaming av opplysningar om seg sjølv. Arbeidsgruppa foreslår at dette prinsippet blir vareteke ved ein eigen heimel om innsynsrett i opplysningar om den enkelte via ei netteneste.

Minstemål (avgrensa innsamling, handsaming og lagring)

Minstemålprinsippet inneber at mengda av personopplysningar skal avgrensast til det som er naudsynt for å realisere føremålet med innsamlinga og den vidare handsaminga av opplysningane, jf. popplyl § 11 første ledd bokstav d og e. Når føremålet med handsaminga er oppfylt, tilseier minstemålprinsippet at opplysningane skal slettast eller eventuelt sperrast eller anonymiserast. Arbeidsgruppa vurderer det som naudsynt at opplysningane blir lagra av handsamingsansvarleg i to år. Dei einskilde etatane vil likevel kunne ha behov for å lagre opplysningane lenger. Arbeidsgruppa har difor ikkje foreslått reglar om sletting av opplysningar, då dette er eit område som må utgreiast nærare.

Datakvalitet (korrekte og oppdaterte opplysningar)

Prinsippet om datakvalitet inneber at personopplysningar som blir handsama, er av ein slik kvalitet at ein kan oppnå føremålet med handsaminga, jf. popplyl § 11 første ledd bokstav d og e. Arbeidsgruppa har sett prinsippet som eit krav til arbeidsgivar og etatane sine system og rutinar for innrapportering og handsaming. Korrekte opplysningar vil etter arbeidsgruppa si vurdering kunne sikrast gjennom ei innsynsteneste. Krav om oppdatering meiner arbeidsgruppa vil sikrast ved krav om månadlege rapporteringar.

Informasjonstryggleik

Personopplysningslova § 13 stiller krav til ”tilfredsstillende” informasjonstryggleik ved handsaming av personopplysningar. Arbeidsgruppa vurderer det slik at tryggleiksbehovet for etaten si handsaming av opplysningar som er henta inn, vil vere på same nivå som det som gjeld etter dagens ordning med handsaming av tilsvarande opplysningar.

Sensitivitet

I personopplysningslova er ”sensitive” personopplysningar underlagd eit strengare vern enn andre opplysningskategoriar, jf. popplyl § 2 første ledd nr. 8. Etter arbeidsgruppa si vurdering er opplysningar om fagforeiningsmedlemskap og utleggstrekk ømfintlege og skjermingsverdig. Arbeidsgruppa meiner difor det må stillast høge krav til tilgangsheimelen i den foreslåtte lova. Arbeidsgruppa føreset òg at andre særleg skjermingsverdige opplysningar blir underlagd tilfredsstillande vern.

Internkontroll

Personopplysningslova § 14 stiller krav til internkontroll. Dette inneber at det må utarbeidast rutinar som sikrar at lova sine grunnleggande prinsipp blir etterlevd. Arbeidsgruppa vurderer det som særleg viktig at det blir utarbeidd gode rutinar som syter for at Skattedirektoratet si handsaming av personopplysningar i samband med varetakinga av fellesfunksjonar skjer i samsvar med lova og personopplysningslova sine føresegner.

9.10.2.2 Teieplikt

Arbeidsgruppa foreslår at opplysningane som blir samla inn i den foreslåtte ordninga skal underleggjast ei streng teieplikt når dei blir handsama i samband med drift og forvalting av fellesfunksjonar. Arbeidsgruppa er av den oppfatning at dei fleste arbeidstakarar meiner det er viktig å skjerme opplysningar om tilsetjingar, løn, skattetrekk og arbeidsgivaravgift for uvedkomande. Det blir vist til at denne typen opplysningar allereie er underlagd teieplikt når dei blir handsama av NAV, SSB og skattemyndigheitene og skatteoppkrevjar, jf. arbeids- og velferdsforvaltningslova § 7, forvaltingslova § 13, statistikklova § 2-4, likningslova § 3-13 og skattebetalingslova § 3-2.

Arbeidsgruppa foreslår at teieplikta skal gjelde for ”enhver som har eller har hatt verv, stilling eller oppdrag, knyttet til ivaretakelse av fellesfunksjoner” på tilsvarande måte som etter likningslova § 3-13 første ledd, og skal gjelde ”det han har fått vite om noens lønns-, ansettelses-, eller skattemessige forhold”. Arbeidsgruppa meiner dette vil dekkje dei fleste opplysningane som skal rapporterast etter § 3. Teieplikta skal ikkje vere til hinder for at opplysningane blir levert ut til dei etatane som får tilgang til opplysningane etter § 8. For desse etatane vil teieplikta vere regulert i regelverket for dei respektive forvaltingsområda. Arbeidsgruppa foreslår at denne presiseringa blir teke inn i føresegna om teieplikt.

9.10.2.3 Tilgang til opplysningane

Arbeidsgruppa foreslår at tilgangane til opplysningar skal regulerast strengt og avgrensast til Arbeids- og velferdsetaten, Statistisk sentralbyrå og Skattedirektoratet, dei regionale skattekontora og skatteoppkrevjarane. Kva for opplysningar desse skal få tilgang til vil følgje av dei ulike særlovene for den einskilde etat. Arbeidsgruppa sitt forslag inneber dermed ikkje ei utviding av dei ulike etatane sine heimlar for innhenting av opplysningar.

Arbeidsgruppa foreslår at det blir utrykkjeleg lovfesta at andre ikkje skal få tilgang til opplysningar. I tilfelle der det følgjer ei opplysningsplikt uavhengig av eit organ si teieplikt, foreslår arbeidsgruppa at førespurnader om tilgang blir retta til ein som blir gjort ansvarleg for fellesfunksjonar etter § 6. Arbeidsgruppa meiner hovudregelen bør vere at førespurnadene blir sendt vidare til korrekt organ, som kan vurdere utlevering etter dei reglane som gjeld på vedkomande forvaltingsområde. Vidare foreslår arbeidsgruppa at det blir presisert i lova at etatane må ha heimel i lov for å sende vidare eller levere ut opplysningar som er henta inn. Ein slik heimel kan til dømes vere dei føresegnene om teieplikt som gjeld på dei respektive forvaltingsområda. Arbeidsgruppa foreslår at det blir lovfesta forskriftsåtgang for departementet til å gi nærare føresegner om tilgang til opplysningar.

9.10.2.4 Innsynsrett i eigne opplysningar

Arbeidsgruppa foreslår at personopplysningslova § 18 andre ledd blir etterlevd ved at inntektsmottakarar får rett til innsyn i eigne opplysningar. Gruppa meiner innsynsrett skaper tillit til ordninga og er ein føresetnad for at arbeidstakar kan setje i verk tiltak dersom opplysningane er ufullstendige eller feil. På den måten kan innsynsretten medverke til at avgjerder som blir bygd på opplysningane blir teke på korrekt grunnlag.

Arbeidsgruppa vurderer det slik at den foreslåtte ordninga gjer det mogeleg å effektivisere innsynsretten på ein effektiv måte ved at det blir lagt til rette for ei netteneste som gir tilgang til opplysningar som er samla inn om den einskilde. Arbeidsgruppa foreslår at departementet skal kunne gi nærare reglar om innsynsretten, til dømes om kva for krav som blir stilt til nettenesta og innlogging.

Arbeidsgruppa foreslår at det i føresegna blir presisert at innsynsretten ikkje avgrensar inntektsmottakar sin rett til innsyn etter andre reglar. Dette vil etter arbeidsgruppa si oppfatning for det første bety at det òg vil kunne krevjast innsyn etter føresegnene i personopplysningslova hjå eigne arbeidsgivarar og verksemder som har fått tilgang til opplysningane. For det andre vil inntektsmottakarar kunne be om innsyn hjå slike verksemder etter andre reglar, til dømes etter forvaltingslova og likningslova sine reglar om partsinnsyn.

9.10.3 Høyringsinstansane sine merknader

Høyringsinstansane er i utgangspunktet positive til arbeidsgruppa sitt forslag når det gjeld personvern, og seks instansar har kome med realitetsfråsegner. Merknadene blir i hovudsak bunde til forslaga til føresegner om tilgang og innsyn. Ingen av høyringsinstansane har hatt merknader til arbeidsgruppa sitt forslag om teieplikt.

Norges Kommunerevisorforbund (NKRF) og SPEKTER strekar under kor viktig det er med gode kontrollar og rutinar i mottakssentralen når eit stort omfang personopplysningar blir samla i ein database. SPEKTER føreset at det blir streng kontroll med kven som får tilgang til opplysningane. Brønnøysundregistra stiller spørsmål ved om det er føremålstenleg å avgrense tilgangen til opplysningane ved ei uttømmande oppramsing av etatar i forslag til lovføresegn om tilgang, og merkjer seg at andre offentlege etatar må innhente data frå NAV, SKD eller SSB slik føresegna er forma ut.

Landsorganisasjonen i Norge (LO), foreslår at § 8 blir endra for å sikre at partane får åtgang til informasjon, og foreslår at dette kan gjerast ved at det positivt blir oppgitt kven som har tilgang og/eller at det blir gitt forskriftsåtgang. LO foreslår òg at setninga ”Andre kan ikke gis adgang til opplysninger fra EDAG” blir stroke.

Arbeids- og velferdsdirektoratet uttaler at ordlyden i lova ikkje må avgrense etatane sin tilgang og bruk av opplysningar, og viser til at bokstav c i arbeidsgruppa sitt forslag til føremålsparagraf ser ut til å innskrenke slik bruk utan særskilt grunngjeving. Direktoratet uttaler:

”Ved å begrense formålet til beregning av ”korttidsytelser” utelukkes anvendelse av opplysningene om vilkårsprøving knyttet til langtidsytelser, som bl.a. uføreytelser. Direktoratet mener at ordlyden bør endres til ”c. behandling av inntektsavhengige ytelser som forvaltes av arbeids- og velferdsetaten”. Direktoratet understreker at dette bør omfatte behandling av de ytelser og bidragsordninger hvor det er aktuelt å bruke slike opplysninger, og det vil ikke åpne opp for annen informasjon enn den direktoratet har i dag, da hjemmelen for å hente inn opplysningene uansett gis etter folketrygdlovgivningen eller annen særlovgivning, jf. folketrygdloven § 21-4.”

Direktoratet uttaler vidare at bruk av nemninga ”behandling av ...ytelser”, synest å inkludere bruk av opplysningar til kontrollføremål og at ei slik forståing er best i samsvar med folketrygdlova § 21-4.

Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening (NARF), er positiv til arbeidsgruppa sitt forslag om at inntektsmottakar skal ha innsynsrett i opplysningar om eigne tilhøve og uttaler:

”Vi vil i anledning dette foreslå at tilgjengeliggjøring av EDAG-oppgaven overfor arbeidstaker via Altinn, bør kunne fungere som lønnskvittering etter arbeidsmiljøloven § 14-15 (5). Dette forenkler ytterligere, samtidig som vi får en sikker overlevering av elektronisk lønnsslipp. En slik tjeneste vil i så fall være en alternativ distribusjonsmåte for arbeidsgivere.
Foruten innsyn i informasjonen sendt av arbeidsgiver, vil vi foreslå at arbeidstakere skal ha anledning til å søke om innsyn i hvem som har hentet ut opplysninger i EDAG-databasen. Dette vil virke forebyggende mot urettmessig bruk.”

Datatilsynet meiner òg at det bør førast logg over innhenting av opplysningar, og at den registrerte sin innsynsrett bør omfatte innsyn i desse loggane. SPEKTER kjem med merknad til arbeidsgruppa sitt forslag om å bruke ein ny Altinn (Altinn 2) slik at avgrensingar som finst i den noverande løysinga blir fjerna og at funksjonaliteten blir oppgradert. SPEKTER meiner ei slik oppgradering vil vere avgjerande for å lukkast.

LO foreslår at føresegna om innsyn blir supplert med ein kollektiv innsynsrett som kan utøvast av tillitsvalde på verksemdsnivå og av partane på avtalenivå for å samle inn data for statistisk føremål. Dette meiner LO vil gi store innsparingar og gi samfunnet betre tilgang til og kvalitet på statistikk.

9.10.4 Vurderingar og forslag frå departementet

9.10.4.1 Teieplikt

Departementet er einig i arbeidsgruppa si vurdering av behovet for ei føresegn om teieplikt for den etaten som blir gjort til handsamingsansvarleg for opplysningane i medhald av personopplysningslova. Det vil etter forslaget vere Skattedirektoratet som varetar drift og forvalting, jf. forslag til § 6 i a-opplysningslova. Sjølv om mellom anna teiepliktføresegnene i forvaltingslova og til dei einskilde etatane òg vil gjelde for den handsamingsansvarlege, er departementet einig i arbeidsgruppa sitt forslag om ei særskilt teiepliktføresegn. Departementet merkar seg at ingen av høyringsinstansane har hatt realitetsfråsegner i samband med arbeidsgruppa sitt forslag om teieplikt for den som blir gjort til handsamingsansvarleg.

Departementet er einig i arbeidsgruppa sitt forslag om å byggje føresegna opp på tilsvarande måte som likningslova § 3-13 slik at teieplikt skal gjelde for ”enhver som har eller har hatt verv, stilling eller oppdrag” i samband med drift og forvalting av fellestenester etter forslag til § 6.

Arbeidsgruppa foreslår at teieplikta skal gjelde for opplysningar om ”noens lønns-, ansettelses-, og skattemessige forhold”, og vurderer dette som dekkjande for dei fleste opplysningar som blir samla inn etter § 3. Etter departementet si oppfatning, vil ei slik positiv opplisting vere uheldig for opplysningar som er samla inn etter § 3 og som ikkje naturleg kan tolkast inn i eit av alternativa. Dette vil til dømes vere medlemskap i folketrygda og fagforeiningsmedlemskap som er ei sensitiv opplysning etter personopplysningslova § 2 nr. 8 bokstav e. Ei positiv opplisting vil òg vere uhendig dersom arbeidsgivar si opplysningsplikt etter § 3 på eit seinare tidspunkt skal utvidast. Departementet foreslår på bakgrunn av dette at teieplikta skal gjelde alle opplysningar som er samla inn i medhald av § 3.

Departementet foreslår at opplysningar som kan innhentast uavhengig av teieplikt, eller opplysningar som ikkje er underlagd teieplikta etter etatane sine eigne føresegner om teieplikt, blir innhenta hjå den einskilde etat som har tilgang til opplysningane etter § 8. Departementet har vurdert om slike førespurnader skal rettast til den handsamingsansvarlige etter § 6, slik arbeidsgruppa har foreslått teke inn i forslag til § 8. Departementet har likevel kome til at ei slik løysing vil vere tidkrevjande og ikkje føremålstenleg.

Departementet sluttar seg til arbeidsgruppa sitt forslag om at teieplikta ikkje skal vere til hinder for at opplysningane blir utlevert til dei etatane som får tilgang til opplysningane etter § 8. Det blir vist til forslag til § 7 i forslag til a-opplysningslova.

Arbeidsgruppa foreslår ikkje reglar om teieplikt for dei forvaltingsorgana som innhentar opplysningar etter § 8, og meiner at teiepliktføresegnene på eige forvaltingsområde vil regulere organa si vidare handsaming av opplysningane. Departementet har vurdert om dette er ei føremålstenleg løysing, og er einig i at a-opplysningslova ikkje skal regulere organa si vidare handsaming av opplysningane.

Departementet er òg einig med arbeidsgruppa i at utgangspunktet vil vere at teiepliktføresegnene på eige forvaltingsområde vil regulere organa si handsaming av opplysningane. Dette vil vere ei naturleg løysing ettersom arbeidsgivar si plikt til å rapportere dei ulike opplysningane vil følgje av regelverket til forvaltingsorgana, mellom anna likningslova § 6-2, folketrygdlova § 25-10 og statistikklova § 2-2 med forskrift. For desse opplysningane gjeld reglar om teieplikt etter arbeids- og velferdsforvaltningslova § 7, forvaltingslova § 13, statistikklova § 2-4, likningslova § 3-13 og skattebetalingslova § 3-2. Desse teiepliktføresegnene varetek til dels ulike omsyn som følgje av opplysningane sin ulike karakter og behov for vern. Departementet ynskjer ikkje å gjere endringar i skjermingsnivået til dei ulike opplysningane, og meiner at reglar om teieplikt skal følgje opplysninga, uavhengig av kva for eit organ som får tilgang til den gjennom a-opplysningslova. I dei tilfella der eit anna forvaltingsorgan blir gitt tilgang til opplysningar gjennom a-opplysningslova, til dømes når Arbeids- og velferdsetaten får tilgang til likningsopplysningar, vil difor teiepliktreglar etter likningslova § 3-13 gjelde for etaten si handsaming av likningsopplysningane.

9.10.4.2 Tilgang til opplysningane

Departementet sluttar seg til arbeidsgruppa sitt forslag om at Arbeids- og velferdsetaten, Statistisk sentralbyrå, Skattedirektoratet, skattekontora og skatteoppkrevjarane skal få tilgang til opplysningar som er samla inn i medhald av § 3.

Departementet har vurdert om etatane sin tilgang til opplysningane skal lovfestast eller forskriftsfestast slik Brønnøysundregistra og LO foreslår. Departementet er einig i arbeidsgruppa sitt forslag om at vurderinga av om andre etatar skal få tilgang til opplysningane, bør utgreiast særskilt og leggjast fram for høyring. Departementet viser til at opplysningsbasen som blir foreslått oppretta, vil ha ei omfattande samling av personopplysningar, og at endringar i tilgangen til opplysningar frå denne basen bør gjerast i form av ei lovendring.

Departementet sluttar seg til arbeidsgruppa sitt forslag om at det er mest føremålstenleg å regulere kva for opplysningar den einskilde etat skal få tilgang til gjennom lovverk på eige forvaltingsområde. Departementet meiner likevel at tilgangsføresegna bør innehalde kategoriar av opplysningar som er samlande for dei opplysningane den einskilde etat har behov for. Departementet foreslår at kategoriane tek utgangspunkt i arbeidsgruppa sitt forslag til føremålsføresegn. Ei utviding av tilgangen til opplysningar som ikkje ligg innanfor desse kategoriane, bør etter departementet si oppfatning vere emne for lovendring. Departementet ynskjer ikkje å gjere endringar i etatane si handsaming og eventuell utlevering av opplysningar, då dette allereie er regulert på vedkomande etat sitt forvaltingsområde. Det blir vist til at lovforslaget ikkje tar sikte på å utvide etatane sin tilgang til opplysningar.

Departementet foreslår at Arbeids- og velferdsetaten skal få tilgang til opplysningar i registeret i samband med forvalting og utrekning av ytingar, og forvalting av arbeidstakarregisteret. Forslaget følgjer i hovudsak opp arbeidsgruppa sitt forslag til bokstav c og d i forslag til føremålsføresegn. Departementet har på bakgrunn av innspel frå Arbeids- og velferdsdirektoratet under høyringa vurdert om ”korttidsytelser” eller ”inntektsavhengige ytelser” skal nyttast i føresegna.

Folketrygdlova § 21-4 første ledd gir Arbeids- og velferdsetaten heimel til å innhente opplysningar frå mellom anna arbeidsgivar for å kontrollere om vilkåra for ei yting er oppfylt. For korttidsytingar blir det innhenta naudsynte opplysningar frå arbeidsgivar og Skatteetaten. For langtidsytingar og annan inntektskontroll nyttast Løns- og trekkoppgåve-opplysningar som blir innhenta frå Skatteetaten. Som følgje av at Løns- og trekkoppgåva blir foreslått innlemma i forslaget til ny rapporteringsordning, foreslår departementet at Arbeids- og velferdsetaten får tilgang til opplysningar for forvalting og utrekning av langtidsytingar.

Arbeidsdepartementet har i etterkant av høyringa kome med innspel om at ”inntektsavhengige ytelser” ikkje vil vere heilt treffane for dei ytingane Arbeids- og velferdsetaten treng opplysningar til, og meiner ”inntektsavhengige” vil kunne føre til ei innskrenking. Departementet vel på bakgrunn av dette å foreslå ” ytelser” som vil omfatte både korttids- og langtidsytingar. Det blir vist til forslag til § 8 første ledd i forslag til a-opplysningslova.

Departementet foreslår at Skattedirektoratet, skattekontora og skatteoppkrevjarane skal få tilgang til opplysningane i registeret i samband med utlikning av skatt og trygdeavgift etter skattelovgjevinga, og til arbeidsgivar si utrekning og oppgjør av skattetrekk og arbeidsgivaravgift etter skattebetalingslova og folketrygdlova. Forslaget følgjer opp arbeidsgruppa sitt forslag til bokstav a og b i forslag til føremålsføresegn. Det blir vist til forslag til § 8 andre ledd i forslag til a-opplysningslova.

Departementet foreslår at arbeidsgruppa sitt forlag til bokstav e i forslag til føremålsføresegn blir følgd opp ved i å gi Statistisk sentralbyrå tilgang til opplysningar i samband med produksjon av statistikk etter statistikklovgjevinga. Statistisk sentralbyrå si vidare handsaming av opplysningane vil i hovudsak følgje av statistikklova med forskrift.

Statistisk sentralbyrå gir i dag detaljerte lønsopplysningar på individnivå til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD) og NHO som blir nytta til lønsstatistikk ved dei sentrale lønsoppgjera, og til analyse og planleggingsføremål. Avtalen med FAD er forankra i St.prp. nr. 70 (2001-2002) vedtak VIII. Avtalen med NHO er heimla i statistikklova § 2-5, og avgrensa til lønsopplysningar frå verksemder som er medlem i NHO og som har gitt skriftleg samtykkje til Statistisk sentralbyrå til ei slik utlevering. Etter departementet si oppfatning vil Statistisk sentralbyrå sin nye tilgang til opplysningar etter a-opplysningslova § 8 ikkje føre til endringar i åtgangen til å inngå avtaler om utlevering av lønsopplysningar.

Det blir vist til forslag til § 8 tredje ledd i forslag til a-opplysningslova.

9.10.4.3 Innsynsrett i eigne opplysningar

Departementet sluttar seg til arbeidsgruppa sitt forslag om ei føresegn i a-opplysningslova som gir innsynsrett i eigne opplysningar. Ei slik føresegn vil etter departementet si oppfatning sikre retten til innsyn etter personopplysningslova § 18 andre ledd bokstav b, og skape større tillit til den nye rapporteringsordninga. Føremålet med innsynsretten er å gi alle personar det blir rapportert inn opplysningar om, innsyn i dei opplysningane som er registrert om vedkomande. Omgrepet ”inntektsmotteker” skal difor ikkje tolkast innskrenkande.

Høyringsinstansane som har kome med merknader til arbeidsgruppa sitt forslag, er positive til at inntektsmottakarar skal ha innsyn i eigne opplysningar. Instansane kjem likevel med einskilde merknader til val av tekniske løysingar og logging av opplysningar. Etter departementet si vurdering er dette val som ein bør greie nærare ut om, og som det ikkje er føremålstenleg å ta inn i lovføresegna. Departementet sluttar seg difor til arbeidsgruppa sitt forslag om at nærare reglar om innsynsretten kan regulerast i forskrift og foreslår at slik åtgang blir teke inn i føresegna.

Arbeidsgruppa foreslår at innsynsretten ikkje skal avgrense inntektsmottakar sin rett til innsyn etter andre reglar, og at dette skal presiserast i føresegna om innsyn. Departementet er einig i arbeidsgruppa si oppfatning om at inntektsmottakarar vil kunne be om innsyn i opplysningar om eigne tilhøve hjå både arbeidsgivar og etatane som får tilgang til opplysningane, etter mellom anna personopplysningslova, forvaltingslova og likningslova sine reglar om innsyn. Etter departementet si oppfatning er presiseringa viktig for å markere at arbeidsgivar og etatane ikkje kan avvise ein førespurnad om innsyn ved å vise til innsynstenesta. På denne måten vil inntektsmottakar kunne samanlikne opplysningar for å vurdere om arbeidsgivar har rapportert inn riktige opplysningar om vedkomande.

LO foreslår ein kollektiv innsynsrett på verksemdsnivå som skal utøvast av tillitsvalde, og ein tilsvarande innsynsrett for partane på avtalenivå. Hensikta er å gi betre tilgang til data som vil auke kvaliteten på statistikk. Ein slik innsynsrett som LO foreslår er etter departementet si oppfatning lite føremålstenleg å foreslå teke inn i a-opplysningslova.

På bakgrunn av dette vél departementet å foreslå ein innsynsrett for inntektsmottakar som i hovudsak svarer til arbeidsgruppa sitt forslag. Det blir vist til forslag til § 9 i forslag til a-opplysningslova.

9.10.4.4 Om sletting og arkivering av opplysningar

Som nemnt ovanfor, blei det ikkje foreslått ei eiga føresegn om sletting av opplysningar i arbeidsgrupperapporten. Det blei uttalt at dette er eit område som må utgreiast nærare. Tilhøvet til arkivlova blei heller ikkje nærare omtalt.

Datatilsynet har nokre kommentarar i tilknyting til dette, og for å hindre dobbeltrapportering anbefaler dei at opplysningane blir sletta så snart dei er overført dei respektive etatane.

Riksarkivaren har på si side kommentert at tilhøvet til arkivlova ikkje synast å vere drøfta i arbeidsgrupperapporten og meiner det er naudsynt med ei avklaring. Brønnøysundregistra har og uttalt at det er ”ønskelig med en avklaring” om tilhøvet til arkivføresegnene.

Departementet ser at det kan vere naudsynt med ei nærare avklaring om kor lenge opplysningane skal bli lagra i databasen. Departementet foreslår likevel ikkje no ei eiga føresegn om sletting av opplysningar i a-opplysningslova. Det må bli føreteke ein nærare gjennomgang av etatane sine behov for å lagre opplysningane i databasen. Blant anna kan bevisomsyn tale for at opplysningane blir lagra i databasen til sakene er endeleg avgjort, da etatane berre vil få eit uttrekk av opplysningane og ikkje meldingane/ opplysningane i sin opphavlege form. Departementet legg uansett til grunn at dei nærare reglane som er fastsett i personopplysningslova § 28, jf. § 11, vil bli følgt, og at opplysningane vil bli sletta når det ikkje lenger er behov for dei.

Slik departementet ser det, er spørsmålet om sletting av opplysningar nært knyte opp i mot lagring, journalføring osb. av opplysningar etter arkivlova. Dette er difor óg eit spørsmål som vil bli gjenstand for ei nærare vurdering.

9.11 Sanksjonar ved forseinka levering av opplysningar

9.11.1 Innleiing

Dei opplysningane som arbeidsgivar skal rapportere inn, er svært viktig for oppgåveløysinga til dei tre etatane. På skatteområdet dannar rapporteringa grunnlaget for forskotstrekket arbeidsgivar utfører på vegner av sine tilsette, som seinare blir godskrive kvar einskilde tilsett ved likninga. Arbeidsgivar si betalingsplikt for arbeidsgivaravgifta er òg basert på opplysningar som blir rapportert inn. Samla utgjer dette vesentlege inntekter for staten og folketrygda. På arbeids- og velferdsområdet vil opplysningane vere grunnlaget for utbetaling av vesentlege ytingar frå det offentlege som er basert på inntektsopplysningar. For Statistisk sentralbyrå vil opplysningane vere vesentlege for utarbeiding av statistikk på lønsområdet som har stor samfunnsmessig vekt som grunnlag for avgjerder på mange område.

Den samfunnsmessige vekta opplysningane har, inneber at det er viktig at dei blir rapportert inn til riktig tid og på riktig måte. Etter departementet si vurdering er det difor naudsynt med eit reaksjonssystem for at etterlevinga av regelverket skal bli høg. I tråd med forslaget i høyringsnotatet føreslår departementet administrative reaksjonar ved forseinka levering av opplysningar frå arbeidsgivar. Eventuelle sanksjonar for feil eller manglar i dei opplysningane som blir levert, vil følgje av sanksjonsreglane for særlovgjevinga.

9.11.2 Gjeldande rett

9.11.2.1 Skatteområdet

Ein arbeidsgivar som ikkje oppfyller si plikt til å levere terminoppgåve innan dei fastsette fristane, kan for det første straffast med bøter etter skattebetalingslova § 18-2 nr. 2. For det andre kan vedkomande i samsvar med folketrygdlova § 24-4 femte ledd òg straffast for skattesvik etter føresegnene i likningslova kapittel 12.

Dersom ein arbeidsgivar ikkje oppfyller si plikt til å levere løns- og trekkoppgåve innan den fastsette fristen, kan vedkomande med heimel i likningslova § 10-8 nr. 1, jf. forskrift 22. januar 1991 nr. 57 om gebyr ved for sent eller ikke leverte ligningsoppgaver § 2 første ledd, ileggjast eit gebyr på 10 kroner pr. dag for kvar oppgåve som ikkje blir rekna som levert. Manglande oppfylling av leveringsplikta kan òg forsøkjast gjennomtvunge med tvangsmulkt etter likningslova § 10-6. Forsømd levering kan dessutan straffast for skattesvik med bøter eller fengsel i inntil to år etter likningslova § 12-1 nr. 1 bokstav d, og straffast med bøter med heimel i skattebetalingslova § 18-2 nr. 1.

Dersom skatteoppkrevjaren ikkje mottek årsoppgåve for arbeidsgivaravgift frå ein arbeidsgivar, eller dersom opplysningane som er gitt på oppgåva er uriktige eller ufullstendige, kan likningsmyndigheitene fastsetje eller endre grunnlaget for arbeidsgivaravgift etter reglane i likningslova kapittel 9, jf. folketrygdlova § 24-4 tredje ledd. Det skal då i utgangspunktet påleggjast tilleggsavgift på den fastsette eller endra arbeidsgivaravgifta etter reglane om tilleggsskatt i likningslova § 10-2 til § 10-5. Vedkomande kan etter folketrygdlova § 24-4 femte ledd òg straffast for skattesvik etter likningslova kapittel 12.

9.11.2.2 Arbeids- og velferdsområdet

Ein arbeidsgivar som ikkje sender melding til arbeidsgivar- og arbeidstakarregisteret om inntak av ein arbeidstakar og om opphøyr av eit arbeidstilhøve innan fredag i veka etter, kan med heimel i folketrygdlova § 25-3 første ledd ileggjast gebyr, tvangsmulkt eller begge deler. Gebyret kan ileggjast når melding ikkje er gitt innan den frist som er fastsett i forskrift 29. juni 2000 nr. 699 om gebyr og tvangsmulkt etter folketrygdloven § 25-3 for arbeidsgiver som ikke oppfyller plikten til å gi meldinger til arbeidstakerregisteret mv., og skal utgjere eit halvt rettsgebyr for kvar melding som ikkje er sendt. Tvangsmulkt kan ileggjast etter at det er sendt purring og gitt ein ny frist for å sende meldinga, og skal utgjere seks promille av grunnbeløpet i folketrygda for kvar dag etter at den nye fristen for kvar melding som ikkje er sendt, er gått ut.

Arbeidsgivaren til ein brukar som gjer krav på utbetaling av sjukepengar, pliktar i samsvar med folketrygdlova § 21-4 å gi NAV dei opplysningane som NAV pålegg vedkomande arbeidsgivar å leggje fram. Det følgjer av § 21-4 bokstav c siste ledd at opplysningane skal gis utan ugrunna opphald. Etter § 25-12 kan òg ein arbeidsgivar som gir opplysningar vedkomande veit ikkje er rette, eller som held tilbake opplysningar som er viktige for rettar eller plikter etter folketrygdlova, straffast med bøter dersom forholdet ikkje går inn under eit strengare straffebod. Dette gjeld òg for ein arbeidsgivar som etter lova er pålagd å gi opplysningar og meldingar, men som med forsett eller av vanvare let vere å gjere dette.

9.11.2.3 Statistikkområdet

SSB kan med heimel i statistikklova § 2-3 ileggje arbeidsgivarar som har blitt pålagd å sende inn opplysningar i samband med kvartalsvise lønsstatistikkar, men som ikkje gir opplysningane innan den oppgitte fristen, ei tvangsmulkt. Tvangsmulkta er for tida 2 580 kroner (3 gonger rettsgebyret) og kan aukast ved gjenteke manglande innlevering.

9.11.3 Forslaget i arbeidsgrupperapporten

9.11.3.1 Innleiing

Om bakgrunnen for arbeidsgruppa sitt forslag blir det i rapporten vist til at det for arbeidsgivarar vil vere mest føreseieleg dersom misleghald av leveringsplikta blir underlagt ein felles og samordna reaksjon og at det for etatane som skal ta i mot opplysningane òg vil vere ressurssparande at oppgåva blir utført av éi eining. Det blir vist til at når reaksjonen blir ilagt av éi eining, oppnår ein òg mest mogeleg lik handsaming.

Arbeidsgruppa foreslår at Skattedirektoratet som har ansvaret for fellestenesta i samband med ordninga, får myndigheit til å ileggje reaksjonar etter den nye ordninga. Det blei vidare foreslått at Skattedirektoratet skal ha høve til å delegere si myndigheit til å ileggje reaksjonar til skattekontora.

Arbeidsgruppa sitt forslag til administrative reaksjonsordningar var i utgangspunktet retta mot arbeidsgivar sitt misleghald av plikta til ågi opplysningar, og ikkje til feil og manglar ved innhaldet i oppgåva.

9.11.3.2 Val av reaksjonsform

Arbeidsgruppa meinte reaksjonsordninga både måtte ha tilstrekkeleg preventiv effekt til at arbeidsgivarar blir motivert til å oppfylle plikta til å levere i rett tid, og gi eit effektivt høve til å framprovosere levering dersom ein arbeidsgivar framleis ikkje viser vilje til å levere oppgåve etter at fristen er gått ut.

Arbeidsgruppa foreslo på bakgrunn av dette at det både skulle kunne ileggjast misleghaldgebyr og tvangsmulkt ved forseinka eller manglande levering av opplysningar. Misleghaldgebyret vil vere eigna til å skape ein preventiv effekt, medan tvangsmulkta vil vere eigna til å framprovosere levering overfor ein arbeidsgivar som ikkje har levert oppgåve innan fristen. Arbeidsgruppa vurderte ei ordning der det berre blei nytta tvangsmulkt som reaksjon som lite eigna til å fange opp tilfelle med kortare forseinkingar. Det blei vidare lagt til grunn at for arbeidsgivar som ikkje leverte opplysningar innan fristane, trass i risikoen vedkomande tek for å bli ilagt eit misleghaldgebyr, vil tvangsmulkt vere den mest føremålstenlege framgangsmåten for å stimulere vedkomande til å oppfylle leveringsplikta. Som eit prinsipielt utgangspunkt kan ein arbeidsgivar etter forslaget ileggjast både misleghaldgebyr og tvangsmulkt for forseinka levering av ei ”EDAG-oppgave”.

9.11.3.3 Misleghaldsgebyr

Forslaget om misleghaldsgebyret er meint å ramme dei tilfella der arbeidsgivaren leverer opplysningar, men der leveringa skjer for seint. Etter arbeidsgruppa si vurdering er det ikkje naudsynt med inngripande reaksjonar mot arbeidsgivarar som leverer oppgåva nokre få dagar forseinka. På den andre sida vil det vere naudsynt at dei som leverer for seint risikerer ei form for reaksjon, for å gi arbeidsgivaren ei tilskunding til å etablere gode rutinar for levering av opplysningar. Rapporten som var på høyring, hadde ikkje konkrete forslag til korleis misleghaldgebyret skal målast ut i dei einskilde tilfella, men det blei foreslått å lovfeste ei øvre grense på 15 000 kroner for kvar oppgåve som er forseinka. Arbeidsgruppa bygde på at éi oppgåve var det ein arbeidsgivar samla sett skal rapportere ved ei hending som utløyser plikt til å levere opplysningar, uavhengig av kor mange arbeidstakarar oppgåva gjeld for. Vilkåra for ileggjing av misleghaldsgebyr var forma ut etter objektive kriterium utan vilkår om subjektiv skuld hjå arbeidsgivaren.

9.11.3.4 Tvangsmulkt

Forslaget om tvangsmulkta var meint å ramme arbeidsgivarar som trass i at fristane for innlevering er gått ut, ikkje overheld plikta si til å levere ”EDAG-oppgave”.

For at tvangsmulkta skulle verke som eit press for å få arbeidsgivaren til å oppfylle plikta til å levere oppgåve, blei det foreslått ei samanhangande tvangsmulkt. Heller ikkje for tvangsmulkt blei det i forslaget teke standpunkt til korleis tvangsmulkta skal utmålast, men det blei peika på at tvangsmulkta skal vere den viktigaste reaksjonen i den felles reaksjonsordninga og at utmålinga difor må vere så høg at den oppfyller føremålet. Det blei derimot her òg foreslått lovfesta ei øvre grense ved at samla tvangsmulkt ikkje skulle kunne overstige ein million kroner. Vilkåra for ileggjing av tvangsmulkt var òg utforma etter objektive kriterium utan vilkår om subjektiv skuld hjå arbeidsgivaren.

9.11.3.5 Fellesspørsmål

Forslaget innebar at begge reaksjonane blei forma ut slik at dei gav åtgang til å ileggje misleghaldsgebyr, men ikkje ei plikt. Vidare blei det føreslått klageåtgang, men skatteklagenemndene blei føreslått som klageorgan på linje med det som gjeld for gebyr etter likningslova § 10-8 nr. 1.

Forslaget inneheldt eit unntak når det blir sannsynleggjort at plikta til å levere oppgåve ikkje blei overhalde som følgje av tilhøve utanfor arbeidsgivaren sin kontroll, eller dersom ein kan vise til særlege årsaker som gjer dette rimeleg. Arbeidsgruppa la til grunn at ein arbeidsgivar sine medhjelparar fullt ut skal identifiserast med arbeidsgivaren, slik at unnlatingar som til dømes rekneskapsføraren har ansvar for ikkje vil innebere fritak etter denne føresegna. Vurderinga av om vilkåra for fritak ligg føre må normalt takast etter at vedtak er gjort, til dømes i ei etterfølgjande klagehandsaming.

I forslaget som blei sendt på høyring var det ikkje teke stilling til kven som skulle krevje inn gebyret, men Statens innkrevjingssentral blei nemnt som ein aktuell aktør.

Arbeidsgruppa la til grunn at ein bør vere litt romsleg med å akseptere forseinkingar kort tid etter at ordninga er innført. Sidan forslaget byggjer på eit ”kan-skjønn” er dette mogeleg innanfor ramma av den ulovfesta læra om usakleg skilnadsbehandling.

9.11.3.6 Administrative reaksjonar frå etatane

Etter forslaget vil det berre vere Skattedirektoratet eller eit valt skattekontor som vil kunne ileggje arbeidsgivarar misleghaldsgebyr og tvangsmulkt for manglande eller forseinka innlevering av opplysningar. Dette inneber at SSB ikkje lenger vil kunne ileggje arbeidsgivarar som mislegheld si plikt til å gi opplysningar om løn, tvangsmulkt etter statistikklova § 2-3. NAV vil på same måte ikkje lenger ha høve til å ileggje arbeidsgivarar som ikkje oppfyller si plikt til å gi melding til arbeidstakarregisteret om inntak av ein arbeidstakar og om opphøyr av eit arbeidstilhøve, gebyr eller tvangsmulkt etter folketrygdlova § 25-3. Og tilsvarande vil Skatteetaten ikkje lenger kunne ileggje arbeidsgivarar som ikkje leverer løns- og trekkoppgåver tvangsmulkt eller gebyr etter likningslova §§ 10-6 og 10-8.

Reaksjonsordninga etter forslaget vil ikkje vere til hinder for at ein etat i konkrete tilfelle kan påleggje arbeidsgivarar som ikkje har oppfylt opplysningspliktene sine etter ordninga, å gi dei opplysningane den aktuelle etaten treng i oppgåvehandsaminga. I slike tilfelle vil ein òg kunne gi reaksjonar som rammar arbeidsgivarar som ikkje etterkjem sjølve pålegget, slik som tvangsmulkt.

9.11.3.7 Straff

Arbeidsgruppa foreslo ikkje eigne reglar om straff for brot på lova. Det blei vist til at opplysningane som skal rapporterast ikkje er einsarta og at dei skal vareta heilt ulike behov og føremål. Det blei ikkje vurdert som føremålstenleg å ha eigne felles straffeføresegner for brot på opplysningsplikta. Arbeidsgruppa viste til at det er fleire straffeføresegner som rammar arbeidsgivarar som mislegheld plikta til å gi opplysningar om tilsetjingar, løn og trekk i likningslova, skattebetalingslova og folketrygdlova. Arbeidsgruppa la til grunn at arbeidsgivarar som mislegheld opplysningsplikta si, framleis skal kunne straffast etter desse straffeføresegnene. Dette gjeld både dersom misleghaldet består av total unnlating av å levere opplysningane og dersom det er gitt urette eller ufullstendige opplysningar.

9.11.3.8 Tilhøvet til EMK

Arbeidsgrupperapporten som var på høyring inneheldt ei særleg omtale av tilhøvet det foreslåtte reaksjonssystemet har til Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Det blei mellom anna uttalt følgjande:

”På tross av at overtredelsesgebyret må anses som en reaksjon mot at forpliktelsen til å levere EDAG-oppgave rettidig ikke er oppfylt, er arbeidsgruppen av den oppfatning at overtredelsesgebyret ikke utgjør en ”straffesiktelse” etter EMK artikkel 6 nr. 1. Ved helhetsvurderingen er det lagt vekt på at overtredelsesgebyret ikke er klassifisert som straff etter norsk intern rett, ikke forutsetter skyld hos den som ilegges gebyret og at overtredelsesgebyret begrenses oppad til 15 000 kroner. Det vises i denne sammenheng til Ot.prp. nr. 82 (2008-2009), hvor det ble lagt til grunn at en forsinkelsesavgift som var begrenset opptil til 15 000 kroner ikke ble ansett som en straffesiktelse.
Tvangsmulkter anses heller ikke som straff etter norsk intern rett. Kriteriet om nasjonal klassifisering er således ikke oppfylt. Videre er det ikke et vilkår at det må foreligge subjektiv skyld for å bli ilagt tvangsmulkten, men regelverket retter seg mot allmennheten. I forhold til det tredje kriteriet vil det ha betydning at det viktigste formålet med tvangsmulkten er å fremtvinge oppfyllelse slik at lovlig tilstand gjenopprettes. Tvangsmulkt i den form som foreslås her, er således fremadrettet. Selv om mulkten vil kunne oppleves som et onde av den vedtaket retter seg mot, er ikke hensikten med ileggelsen å påføre vedkommende et onde som en reaksjon mot overtredelsen. Dette taler for at reaksjonen ikke utgjør en straffesiktelse i konvensjonens forstand. Dessuten må det i denne sammenheng ha betydning at tvangsmulkten ilegges løpende. Den oppgavepliktige kan stoppe tvangsmulkten ved å sende inn den manglende EDAG-oppgaven. Arbeidsgruppen innser at det kan oppstå tilfeller hvor tvangsmulkten vil kunne komme opp i et høyt beløp, og dette kan tale for at tvangsmulkten utgjør en straffesiktelse. Det foreslås imidlertid at tvangsmulkten begrenses oppad til 1 million kroner.
Slik arbeidsgruppen vurderer det har det formodningen mot seg at den foreslåtte tvangsmulkten skal bli vurdert som straffesiktelse etter EMK artikkel 6 nr. 1. Selv om tvangsmulkten i enkelte tilfeller kan komme opp i store beløp, må det få større betydning at formålet med tvangsmulkten er et annet enn å påføre den oppgavepliktige et onde som en reaksjon mot en overtredelse. Det vises i denne sammenheng til Ot.prp. nr. 1 (2007-2008), hvor det ble lagt til grunn at en betinget tvangsmulkt ved overtredelse av bokføringslovgivningen oppad begrenset til en million kroner ikke ble ansett som en straffesiktelse.
Arbeidsgruppen har etter dette kommet til at verken det foreslåtte overtredelsesgebyret eller den forslåtte tvangsmulkten utgjør ”straffesiktelser” etter EMK artikkel 6 nr. 1. Det vil derfor ikke være nødvendig å tilpasse saksbehandlingsreglene etter de minimumskravene EMD har oppstilt til ”rettferdig rettergang”.”

9.11.4 Høyringsinstansane sine merknader

Både Justis- og beredskapsdepartementet, Kemneren i Bergen, Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening (NARF), Norges kemner- og kommuneøkonomers forening, NHO, Skattebetalerforeningen og Statens innkrevingssentral omtaler rapporten sitt forslag til sanksjonar.

Justis- og beredskapsdepartementet har kommentert arbeidsgruppa sin konklusjon om at misleghaldsgebyret som blir foreslått i forslaget § 11 ikkje vert rekna som straff etter EMK artikkel 6 nr. 1. Departementet viser til at dei ikkje har gjort noko grundig vurdering av dette spørsmålet, men uttaler:

”Det kan reises spørsmål om et overtredelsesgebyr som foreslås er ”criminal charge” i konvensjonens forstand, ettersom gebyret er forholdsvis lite, det ikke kreves skyld og gebyret er rettet mot et foretak. Vi har ikke gjort noe grundig vurdering av dette spørsmålet, men viser til at følgende uttales i EMDs dom 21. februar 1984 Öztürk mot Tyskland (saksnr. 8544/79) artikkel 54.”

Både Statens innkrevingssentral og NHO støttar forslaget om innføring av administrative sanksjonar. NHO uttaler derimot at dei er usikre på kor føremålstenleg det sanksjonssystemet det er lagt opp til, er, og peiker på at bedriftene må oppfatte sanksjonssystemet som rimeleg og ikkje for komplisert. Dei uttaler at vurderingane i NOU 2003:15 og seinare praksis må leggjast til grunn når systemet skal formast ut. Vidare uttaler dei:

”Vi er for eksempel ikke sikre på om sondringen mellom på den ene siden forsinket/manglende levering av EDAG-oppgave og på den andre siden mangler ved innholdet i oppgavene. For en etat spiller det for eksempel liten rolle om en oppgave er levert eller ikke, hvis oppgaven ikke inneholder de opplysningene etaten krever. Og selv om EDAG-loven § 3 hjemler ulike oppgaveplikter, er det åpenbart at noen opplysningsplikter er viktigere enn andre, og at også betydningen for de ulike etatene kan være forskjellig, jf. også punkt 7.14.3.7. Den reelle virkningen av manglende eller uriktige opplysninger må derfor ha betydning for sanksjonen.”

NHO legg til grunn at det ikkje kan vere rom for å ileggje både misleghaldsgebyr og tvangsmulkt for same brot på føresegna, og at det må greiast nærare ut om ei samordning av sanksjonane. Dei meiner tvangsmulkt må vere den primære sanksjonsforma, og den bør ileggjast av ein etat.

Dersom ei ordning med misleghaldsgebyr blir gjennomført, blir det peika på at det er viktig at ein differensierer mellom oppgåvepliktige, slik at småbedrifter ikkje vert ramma i urimeleg grad.

Både NHO og Skattebetalerforeningen peiker på at det er behov for ei lempeleg praktisering av sanksjonsreglane i ein oppstartfase, NHO uttaler om dette:

”Oppstartfasen av EDAG vil være av stor betydning for hvordan bedriftene og omgivelsene for øvrig oppfatter ordningen. For strenge sanksjoner i denne fasen, der mer eller mindre unnskyldelige feil helt sikkert vil oppstå, må derfor unngås.”

I arbeidsgrupperapporten som blei sendt på høyring foreslår gruppa at Skattedirektoratet, eller det skattekontoret Skattedirektoratet bestemmer, blir gitt heimel til å ileggje tvangsmulkt ved ikkje leverte opplysningar og misleghaldsgebyr ved for seint leverte opplysningar. Kemneren i Bergen og Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund har uttalt at fullmakta til å sanksjonere manglande eller for seint innkomne opplysninger bør liggje hos skatteoppkrevjar for eit mest mogeleg effektivt sanksjonssystem. Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund uttaler:

”Sanksjoner ved misligholdt innberetningsplikt bør ligge samlet hos det organ som skal ivareta og kontrollere innberetningen. Det synes naturlig at en gebyrileggelse/tvangsmulkt som en av flere reaksjoner ved overtredelse av arbeidsgivers plikter, bør ligge hos skatteoppkrever. Dette for et mest mulig effektivt sanksjonssystem. Vi er svært opptatt av den betydning terminvis fastsettelse i dag har for etterlevelse av oppgaveplikt, og ikke minst for innfordring av forskuddstrekk og arbeidsgiveravgift. Det er avgjørende at sanksjoner inntrer raskt, og med et beløp som oppfordrer til etterlevelse.”

Arbeidsgruppa tok i sin rapport ikkje stilling til kven som skal krevje inn ilagte sanksjonar. Spørsmålet blei omtalt av to av høyringsinstansane. Statens innkrevingssentral viser til arbeidsgruppa sin rapport der det blir peika på at det bør vurderast som eit alternativ, og uttaler at dei ynskjer å ta på seg oppgåva med å krevje inn dei foreslåtte kravtypane – misleghaldsgebyr og tvangsmulkt. Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund uttaler derimot:

”Da alle kravene knyttet til de innsendte oppgavene (trekk og avgift – herunder forsinkelsesrenter) skal betales til skatteoppkreveren fremstår det som helt naturlig at eventuell overtredelsesgebyr og tvangsmulkt også skal innkreves av den samme.”

9.11.5 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet er einig i arbeidsgruppa si vurdering av at sanksjonssystemet for forseinka levering av opplysningar både bør vere i form av eit misleghaldgebyr og ei laupande tvangsmulkt. Som det er skildra i høyringsforslaget, og påpeika av fleire høyringsinstansar, vil ei laupande tvangsmulkt vere den primære sanksjonen ved forseinka levering. Departementet viser til at forslaget erstattar nokon av dei tilsvarande sanksjonane for forseinka levering av oppgåver som avviklast ved den nye ordninga.

Forslaget til departementet er i hovudsak i samsvar med forslaget som var på høyring. Forslaget inneheldt ikkje konkrete utmålingsreglar for sanksjonane, men berre ei beløpsgrense for den høgaste sanksjonen. Departementet ser det som hensiktsmessig at utmålingsreglane blir gjenstand for ei nærare vurdering når den konkrete løysinga er meir detaljert utforma. I motsetjing til det som blei skissert i høyringsnotatet, ser departementet for seg at ein ved utmålinga må ta omsyn til forholda til den oppgåvepliktige slik at det blir ei viss jamvekt mellom sanksjonen sin størrelse og talet på tilsette forseinkinga gjeld. Dette vil bli gjenstand for ei særskild høyring. Departementet legg opp til at utmålingsreglane kan bli gitt i forskrift til lova.

Justisdepartementet har i høyringa gitt uttrykk for at det kan vere grunn til å vurdere om misleghaldgebyret som arbeidsgruppa foreslo er ”criminal charge” etter EMK artikkel 6. Departementet viser til framstillinga i høyringsnotatet og konklusjonen der om at forslaget slik det er utforma, truleg ikkje vil bli rekna som ei straffesikting etter EMK. Det er likevel på det reine at ein sanksjon av denne karakteren i visse høve kan vere ei straffesikting etter EMK, avhengig av korleis sanksjonen blir utforma. Som det er skildra over, vil det vere naudsynt med ei nærare vurdering av dei konkrete utmålingsreglane, og at det på noverande tidspunkt berre bør fastsetjast ei øvre beløpgrense for gebyret i lova. Ei nærare vurdering av denne problemstillinga bør etter departementet si vurdering gjerast på same tid som arbeidet med utmålingsreglane.

I forslaget som blei sendt på høyring, skulle sanksjonane kunne ileggjast ved manglande eller forseinka levering av ”EDAG-oppgaven”. Ved elektronisk innrapportering av opplysningar er det som tidlegare nemnt ikkje hensiktsmessig å knyte opplysningsplikta til ei oppgåve, men til dei konkrete opplysningane som skal leverast. For sanksjonsreglane har det som konsekvens at sanksjonane for forseinka levering kan ileggjast når pliktige opplysningar ikkje bli levert innan fristen i lova. Det er med dette ikkje meint at dei opplysningane som blir levert må vere innhaldsmessig korrekte og fullstendige. Ansvaret for å følgje opp at dei opplysningane som blir levert er innhaldsmessig korrekte og fullstendige vil liggje hjå den einskilde etat som skal nytte opplysningane.

Kva som nærare skal til for at opplysningane ikkje blir rekna som levert, slik at sanksjonsreglane kan nyttast, må etter departementet si vurdering klargjerast i forskrift til lova. Ein del opplysningar er så sentrale at om dei manglar for den aktuelle månaden, vil opplysningsplikta ikkje kunne reknast som oppfylt. Dette gjeld til dømes opplysningar som identifiserer den som innrapporterar og den som innrapporteringa gjeld, berekningsmåte for arbeidsgivaravgift og sone når det blir oppgitt at det innrapporterast om eit avgiftsgrunnlag. Yrkeskode må òg til dømes vere utfylt. Når løysinga er detaljert ytterlegare vil det i forskrift bli fastsett nærare reglar om kva for opplysningar som må vere med for at opplysningsplikta skal reknast som oppfylt, slik at sanksjonar etter a-opplysningslova ikkje kan ileggjast. Departementet viser til at det ikkje skal gjerast nokon innhaldsmessig kontroll av dei opplysningane som gis. Det blir vist til lovforslaget § 10 sjette ledd og § 11 andre ledd.

Forslaget som var på høyring inneheldt føresegner om at misleghaldgebyr og tvangsmulkt ikkje kunne overstige høvesvis 15 000 kroner og 1 million kroner. Departementet foreslår at ein ved fastsetjinga av maksimumsbeløpet skal ta utgangspunkt i rettsgebyret. Rettsgebyret er per i dag 860 kroner. For misleghaldgebyr foreslår departementet at sanksjonen maksimalt skal vere 15 gonger rettsgebyret (12 900 kroner) og for tvangsmulkta 1000 gonger rettsgebyret (860 000 kroner). Dette vil liggje innanfor dei beløpsgrenser som var skissert i høyringa, sjølv om rettsgebyret aukar før ordninga trer i kraft. Det blir vist til forslag til § 10 første ledd andre punktum og § 11 første ledd andre punktum.

Departementet tar på noverande tidspunkt ikkje stilling til kva for organ som skal ta seg av innkrevjinga av dei sanksjonane som blir ilagt. Departementet legg opp til at sanksjonane er tvangsgrunnlag for utlegg, og at skattebetalingslova § 1-2 gir departementet heimel til å avgjere at gebyret skal innkrevjast etter reglane i skattebetalingslova.

Departementet er einig med NHO og Skattebetalerforeningen om at ein i oppstartfasen må vere tilbakehalden med bruk av sanksjonssystemet, og då særleg misleghaldgebyret som i praksis vil ramme dei mindre alvorlege forseinkingane. Forslaget legg til rette for dette ved at det ikkje føreligg ei plikt til å ileggje sanksjonar, men ein rett for forvaltinga (eit kan-skjønn).

Det blir vist til forslag til §§ 10 og 11 i forslag til a-opplysningslova.

9.12 Økonomiske og administrative følgjer

Ordninga vil ha konsekvensar for arbeidsgivarar, for dei berørde etatane og for mottakarar av løn, pensjon osb. Ordninga blir venta å gi vesentleg samfunnsøkonomisk gevinst i form av redusert belastning for arbeidsgivarar ved at fleire rapporteringsordningar blir samordna og standardisert, auka effektivitet og betre oppgåveløysing i etatane og betre tenester frå det offentlege. Ansvaret for systemutvikling, forvalting og for fellestenestene for ordninga er lagde til Skatteetaten.

Gjennomførte analysar anslår ei årleg innsparing for arbeidsgivarane på om lag 500 millionar kroner når ordninga er etablert og utprøvd. Den endelege utforminga av systemet vil kunne påverke den reelle innsparinga, men ordninga vil uansett gi store gevinstar for arbeidsgivarar. Arbeidsgivarar vil i innføringsåret ha ein ekstra kostnad ved å tilpasse seg den nye ordninga (tileigne seg kunnskap om nytt regelverk, tilpassing av eigne rutinar og tilpassing av system til den nye ordninga). Det leggjast derfor til grunn at arbeidsgivarane ikkje kan forvente ein netto gevinst av ordninga første driftsår.

For mottakarar av løn, pensjon osb. vil ordninga innebere betre kontroll med at opplysningar om dei er korrekte, og behovet for å skaffe opplysningar til bruk overfor til dømes NAV blir redusert fordi oppdatert informasjon finst hos etatane. Vidare vil ordninga leggje grunnlag for auka omfang av ”sjølvbetjeningsløysingar” og auka bruk av ”digitalt førsteval” i lønnsmottakarane sin kommunikasjon med etatane.

På arbeids- og velferdsområdet vil gevinstane særleg liggje i betre kvalitet på Aa-registeret og inntektsopplysningane som dannar grunnlaget for fastsetjing av storleiken på sjukepengar, foreldrepengar m.m. Oppdaterte inntektsopplysningar er ein viktig føresetnad for å sikre rett yting til rett person og unngå feilutbetalingar. NAV utbetaler store korttidsytingar i løpet av eit år (91,3 mrd. kroner i 2011), og ein liten reduksjon av feilutbetalinga vil gi store utslag. Ordninga er også viktig for NAV for å sikre ei god og føremålstenleg innføring av nye reglar for avkorting av uføretrygda, jf. den planlagde innføringa av uførereforma i 2015. Vidare er ordninga eit viktig element i samband med automatisering av sakshandsaminga.

For SSB blir ordninga forventa å gi rimelegare, hurtigare og meir presis datafangst. Dette vil gi moglegheiter for betre statistikk om løn, sysselsetjing og nasjonalrekneskap, samt nye statistikkprodukt og betre analysar over kortidsutviklinga i norsk økonomi.

På skatteområdet (Skatteetaten og dei kommunale skatteoppkrevjarane) blir ordninga forventa å gi betre grunnlag for arbeidsgivaravgift, forskotstrekk, likning og kontrollverksemd. Hyppigare rapportering vil gi meir oppdatert informasjon, betre kontrollgrunnlag og auka kvalitet på opplysningane. Dette vil bidra til eit riktigare skatteproveny.

Ordninga vil i hovudsak vidareføre dagens oppgåvefordeling på skatteområdet. Skatteoppkrevjarane står for rettleiing og kontroll av arbeidsgivarane på skatteområdet. Det året ordninga blir innført vil det vere behov for auka innsats til rettleiing av arbeidsgivarar og til handtering av avvik i samband med overgangen. Oppgåvene til skatteoppkrevjarane knytte til dagens mottak og behandling av terminoppgåver kvar annan månad og dei årlege lønns- og trekkoppgåver vil bortfalle. Etter innføringsperioden er det forventa eit årleg ressursbehov på arbeidsgivarområdet hos skatteoppkrevjar på omtrent same nivå som i dag, men med ein ressursbruk som blir fordelt jamnare over året enn i dag. Dette føreset eit høgt omfang av maskinell innlevering frå arbeidsgivar, og at planlagde rutinar og systemstønad fungerer godt.

Den nye ordninga inneber utviklingskostnader vurdert til ei samla kostnadsramme på 580 millionar kroner i perioden 2012-2015, inkludert ei usikkerhetsavsetning på 132 millionar kroner. Utviklinga vil i hovudsak skje i Skattedirektoratet, og kostnadene fordeler seg med 376 millionar kroner til Skatteetaten, 60 millionar kroner til NAV og 12 millionar kroner til SSB I tillegg kjem usikkerhetsavsetninga. Dei samla årlege drifts- og forvaltingskostnadene for etaten ved ordninga vil frå og med 2016 vere på om lag 55 millionar kroner.

9.13 Merknader til dei einskilde føresegnene i lovforslaget

Til § 1 Formål

Føresegna angir lova sitt føremål som er å fremje effektiv innsamling av opplysningar frå arbeidsgivarane om einskildpersonar sine inntekts- og arbeidstilhøve og skattetrekkopplysningar. Den rapporteringsordninga lova handlar om skal gjere arbeidsgivar sine rapporteringsrutinar på området enklare og meir effektive, og skal medverke til meir effektiv oppgåveløysing i dei aktuelle etatane. Føremålsføresegna synleggjer rammene for lova og klargjer at offentlege etatar skal ha tilgang til opplysningane. Det følgjer av tilgangsføresegna at etatane som blir gitt tilgang må ha heimel i lov for å hente opplysningane som er rapportert inn.

Til § 2 Opplysningspliktige

Føresegna handlar om kven som er pliktig til å levere opplysningar etter lova. Føresegna fastslår at juridiske eller fysiske personar som er rapporteringspliktige etter føresegnene som er nemnt i lovutkastet § 3, er opplysningspliktige etter a-opplysningslova. Det er altså føresegnene som er nemnt i § 3 som regulerer og avgrensar kven som er opplysningspliktig etter a-opplysningslova. Pliktene etter lova femner dermed om alle som i samsvar med desse føresegnene er pliktig til å rapportere opplysningar om tilsetjingar, løn og trekk.

Til § 3 Opplysningspliktens omfang

Føresegnene handlar om dei opplysningane som skal rapporterast etter a-opplysningslova. Første ledd inneheld tilvising til fleire føresegner i likningslova, skattebetalingslova, folketrygdlova og statistikklova, med tilhøyrande forskrifter. Av dei nemnte føresegnene er det likningslova § 6-2, jf. skattebetalingslova § 5-11, som er den mest sentrale føresegna og som gir heimel for å hente inn dei fleste opplysningane arbeidsgivar skal gi. Dette er opplysningar som i dag blir rapportert årleg i løns- og trekkoppgåva. Opplysningar om skattetrekk blir òg gitt i den tomånadelege oppgåva over arbeidsgivar sitt forskotstrekk, men då som ein samla sum for arbeidsgivar. I tillegg til dei opplysningane som i dag blir gitt på den årlege løns- og trekkoppgåva skal ein mellom anna gi opplysningar om arbeidstilhøvet, som arbeidstid, lønsperiode osb., opplysningar om arbeidsgivaravgift og nokre opplysningar som identifiserer den opplysningspliktige og inntektsmottakaren. I første ledd er det angitt at opplysningane skal spesifiserast for kvar einskild inntektsmottakar med mindre anna følgjer av lov eller forskrift, og at det skal gis opplysningar om fødselsnummer eller anna nummer for identifikasjon av inntektsmottakar.

I andre ledd er det fastsett at departementet i forskrift kan gi nærare reglar om omfanget av opplysningsplikta. I hovudsak vil omfanget av opplysningsplikta vere fastslått i dei føresegnene som er nemnt i første ledd, men det kan vere føremålstenleg å angi ei nærare spesifisering av detaljeringsgrad osb. i forskrift til denne lova. Det kan mellom anna vere aktuelt å gi nærare reglar om krav til identifisering av inntektsmottakar og den opplysningspliktige, i tillegg til opplysningar om korleis ein skal angi t.d. arbeidsperiode og arbeidstid.

I tredje ledd blir det angitt at Skattedirektoratet kan fastsetje skjema for rapportering. Eit slikt skjema vil kunne gi ei samanfatta oversikt over dei opplysningane som skal rapporterast.

Til § 4 Frist for levering av opplysninger

Første ledd slår fast at opplysningane skal rapporterast minst éin gong per månad.

Kva kalendermånad opplysningane gjeld for, blir regulert av det underliggjande regelverket som heimlar den materielle rapporteringsplikta. For forskotstrekket følgjer det til dømes av skattebetalingslova § 5-10 første ledd. Dette inneber at om arbeidsgivar har gjennomført forskotstrekk i kalendermånaden januar, skal dette innrapporterast seinast i månaden februar. Det følgjer likevel av føresegna at arbeidsgivarar sjølv kan velje når dei vil levere opplysningane så lenge det skjer minst ein gong per månad. Arbeidsgivarar som betaler ut løn fleire gongar i månaden kan følgjeleg levere opplysningar om løn m.m., ei såkalla melding, i samband med kvar lønsutbetaling. Arbeidsgivarar kan òg velje å rapportere opplysningane når forskotstrekket skal utførast etter skattebetalingslova § 5-10 første ledd, jf. § 5-12 tredje ledd. Det er dermed opp til arbeidsgivaren om rapporteringa skal skje oftare enn ein gong per månad.

I andre ledd er det fastsett eit unntak for opplysningar om føderåd etter likningslova § 6-2 bokstav b. Desse opplysningane skal leverast ein gong per år og seinast innan fristen for levering i januar.

I tredje ledd er det fastsett at departementet i forskrift kan gi reglar om fristen for å levere opplysningar.

Til § 5 Sted for levering og leveringsmåte

Første leddførste punktum slår fast at opplysningane etter § 3 skal leverast elektronisk til den mottakssentralen som Skattedirektoratet bestemmer. Første ledd andre punktum angir at Skattedirektoratet etter søknad kan samtykkje til papirlevering for private arbeidsgivarar. Det er ein føresetnad for ordninga at meldingane som hovudregel blir levert elektronisk. Unntaket for papirlevering tenkjer ein difor berre å gi for ein tidsavgrensa periode og berre til mindre, private arbeidsgivarar som ikkje har høve til eller vanskeleg kan, levere elektronisk.

Andre ledd slår fast at departementet i forskrift kan gi nærare vilkår for levering, under dette leveringsmåte og format. Dette omfattar òg nærare vilkår for samtykkje til levering på papir, og nærare regler om slik levering.

Til § 6 Ansvar for fellestjenester og behandlingsansvar

Første ledd slår fast at Skattedirektoratet er ansvarleg for fellestenester i samband med drift og forvalting av opplysningane som er samla inn. Dette omfattar mellom anna informasjon og rettleiing overfor arbeidsgivarar og forvalting av opplysningane som er samla inn etter denne lova. Føresegna er ikkje til hinder for at nokre av oppgåvene, inkludert høve til å samtykkje til papirinnlevering etter § 5, delegerast til underliggjande einingar, t.d. skattekontora. Føresegna er ikkje meint å innskrenke den rettleiingsplikta som skatteoppkrevjarane har for opplysningar om grunnlag for og berekningar av skatt og folketrygdavgifter.

Andre ledd fastset at Skattedirektoratet er handsamingsansvarleg i samsvar med personopplysningslova for handsaming av personopplysningar ved varetaking av fellestenester etter første ledd. Varetaking av fellestenestene vil vere eit sjølvstendig føremål som må haldast åtskild frå det å gjennomføre pålagde oppgåver etter til dømes likningslova. Det er berre dei sakshandsamarane som arbeider med fellestenestene som skal ha tilgang til slike opplysningar, og det er fastsett i andre ledd andre punktum at tilgangen skal vere avgrensa til det som er naudsynt for å utføre pålagde oppgåver.

Til § 7 Taushetsplikt ved drift og forvaltning

Føresegna fastset i første ledd at alle som har eller har hatt verv, stilling eller oppdrag i samband med drift og forvalting etter § 6, skal hindre at uvedkomande får kjennskap til opplysningar som er samla inn etter § 3. Føresegna er bygd opp med tilsvarande mønster som likningslova § 3-13 første ledd og inneber ei streng teieplikt. Med ”uvedkommende” meinast for det første teieplikt for andre tilsette i Skatteetaten som ikkje kan knytast til drift og forvalting etter § 6. For det andre inneber føresegna teieplikt for eksterne som ikkje er gitt tilgang gjennom § 8. Andre ledd presiserer at reglane om teieplikt etter første ledd ikkje skal vere til hinder for utlevering av opplysningar til dei organa som får tilgang etter § 8. Etter tredje ledd skal opplysningar som kan hentast uavhengig av teieplikt innhentast hjå det forvaltingsorganet som har tilgang til opplysningane etter § 8, og som er myndigheit på det området opplysningane er innhenta. Handsamingsansvarleg etter § 6 skal ikkje utlevere opplysningar til andre organ enn dei som er gitt tilgang i § 8.

Til § 8 Tilgang til opplysningene

Føresegna angir kva for forvaltingsorgan som skal få tilgang til opplysningar som blir samla inn gjennom § 3, uavhengig av teieplikta i § 7. I første til tredje ledd blir det angitt kva for organ som har tilgang, kva for kategoriar av opplysningar dei kan samle inn og til kva føremål opplysningane kan nyttast. Fjerde ledd bestemmer at tilgangen til opplysningar er avgrensa til dei opplysningane organet har heimel i lov til å hente inn. Arbeids- og velferdsetaten skal etter første ledd ha tilgang til opplysningane i registeret i samband med forvalting av, og utrekning av ytingar, og til forvalting av arbeidstakarregisteret etter folketrygdlovgivinga. Etter andre ledd skal Skattedirektoratet, skattekontora og skatteoppkrevjarane ha tilgang til opplysningane i registeret i samband med utlikning av skatt og trygdeavgift etter skattelovgjevinga, og til arbeidsgivar si utrekning og oppgjør av skattetrekk og arbeidsgivaravgift etter skattebetalingslova og folketrygdlova. Statistisk sentralbyrå skal etter tredje ledd ha tilgang til opplysningane i registeret i samband med produksjon av statistikk etter statistikklovgivinga. A-opplysningslova er ikkje meint å innskrenke organa sine regelverk på eige forvaltingsområde som regulerer organa sin bruk og utlevering av opplysningar.

Til § 9 Inntektsmottakers innsynsrett

Føresegna har som føremål å sikre inntektsmottakaren sin rett til innsyn etter personopplysningslova § 18 andre ledd. Første ledd bestemmer at inntektsmottakar har innsynsrett i opplysningar om eigne tilhøve som er samla inn etter a-opplysningslova. ”Inntektsmottaker” skal ikkje tolkast innskrenkande og vil vere alle einskildpersonar det blir rapportert inn opplysningar om etter § 3. Innsynsretten skal etter andre ledd ikkje avgrense inntektsmottakar sin innsynsrett etter andre reglar. Inntektsmottakar vil til dømes ha innsynsrett i opplysningar om eigne tilhøve hjå både arbeidsgivar og dei andre forvaltingsorgana som får tilgang til opplysningane etter § 8.

I tredje ledd blir departementet gitt heimel til å regulere innsynsretten nærare i forskrift.

Til § 10 Tvangsmulkt ved manglende innrapportering

Første ledd har reglar om ileggjing av en dagleg tvangsmulkt når fristen for å gi opplysningar i § 4 ikkje overhaldast. Korleis tvangsmulkta skal fastsetjast i det einskilde tilfellet føresetjast nærare regulert i forskrift, jf. siste punktum. Størrelsen på tvangsmulkta skal fastsetjast med utgangspunkt i rettsgebyret etter rettsgebyrlova og skal ikkje overstige 1000 gonger dette.

Andre ledd fastset at tvangsmulkta er tvangsgrunnlag for utlegg.

Tredje ledd har reglar om at klagar på vedtak om tvangsmulkt skal handsamast av den skatteklagenemnd departementet avgjer.

I fjerde ledd blir det opna for at tvangsmulkt i særlege tilfelle kan ettergis. Sidan tvangsmulkt er eit alternativ som ”kan” nyttast bør det vere ein åtgang til å ettergi ilagt tvangsmulkt i særlege tilfelle.

Femte ledd fastset at tvangsmulkt som innbetalast skal tilfalle statskassa.

Sjette ledd gir departementet heimel til i forskrift å gi nærare reglar til utfylling og gjennomføring, men òg til å gi nærare føresegner om kva for opplysningar som må vere levert for at opplysningsplikta skal vere oppfylt.

Til § 11 Overtredelsesgebyr ved for sen innrapportering

Første ledd har reglar om ileggjing av misleghaldgebyr når opplysningar er levert, men ikkje blei levert innan fristen i § 4. Korleis misleghaldgebyret skal fastsetjast i det einskilde tilfellet føresetjast nærare regulert i forskrift, jf. siste punktum. Størrelsen på gebyret skal fastsetjast med utgangspunkt i rettsgebyret etter rettsgebyrlova og skal ikkje overstige 15 gonger dette.

Andre ledd viser til at føresegnene i § 10 andre til sjette ledd om tvangsmulkt skal gjelde tilsvarande for misleghaldgebyr. Det blir vist til merknadene til desse føresegnene over.

Til § 12 Ikrafttredelse

Føresegna fastset at lova trer i kraft frå den tid Kongen bestemmer. Det blir vist til omtale i avsnitt 9.1 ovanfor for ei omtale av når lova tidlegast kan tre i kraft.

9.14 Merknader til endringar i andre lover

9.14.1 Innleiing

Lovforslaget inneber behov for vesentlege endringar i andre lover. Departementet understrekar at dei endringane som blir foreslått nedanfor ikkje er ei uttømmande liste over dei endringane som er nødvendige, og det vil bli føreteke ein grundig gjennomgang av behov for lovendringar i anna lovgiving på eit seinare tidspunkt.

Lov 13. juni 1980 nr. 24 om ligningsforvaltning

Til § 6-2 Om lønnsoppgave mv.

Overskrifta til føresegna blir foreslått endra frå ”om lønnsoppgave” til ”opplysningsplikt om lønn mv.”.

I første ledd første punktum blir omgrepet ”oppgave” foreslått erstatta med ”opplysninger”. I tillegg blir tilvisinga til ”siste inntektsår” foreslått teke ut av føresegna og erstatta med ”kalendermåned”. Det blir foreslått at ein tek inn i lova at opplysningane skal leverast i samsvar med reglane i a-opplysningslova.

I andre ledd blir ordlyden foreslått endra ved at setninga ”(i) lønnsoppgaven tas også med…” blir erstatta med ”(o)pplysningsplikten omfatter”.

Ordlyden i tredje ledd blir foreslått endra ved at setninga ”(l)ønnsoppgaven skal inneholde opplysninger om” blir endra til ”(o)pplysningsplikt om fradrag omfatter”. I tredje ledd bokstav b andre punktum blir omgrepet ”på lønnsoppgaven” foreslått erstatta med ”ved innrapporteringen”.

I fjerde ledd første punktum blir omgrepet ”oppgaveplikt” foreslått erstatta med ”opplysningsplikt”.

Femte ledd regulerer når lønsoppgåve skal leverast. Departementet foreslår at føresegna blir oppheva, då frist og stad for innlevering m.m. av opplysningane etter § 6-2 vil følgje av a-opplysningslova.

Til § 6-16 Forskrifter, skjemaer mv.

Første ledd bokstav c blir endra ved at tilvisinga til ”(l)ønnsoppgaver mv. etter § 6-2” takast ut. Som nemnt i merknad til § 6-2, vil reglar om levering av opplysningar etter § 6-2 følgje av a-opplysningslova.

Til § 6-17 Ligningsoppgaver. Bruk av fødselsnummer.

I tredje leddnytt tredje punktum blir det foreslått å ta inn ei føresegn om at skattytar skal ha samanstilt oversikt over opplysningar som er rapportert inn som nemnt i § 6-2 innan 1. februar i året etter inntektsåret. Gjeldande tredje punktum blir nytt fjerde punktum. Departementet viser til omtale i avsnitt 9.8.4.2.

Lov 29. april 1988 nr. 21 om ferie

Til § 10

I § 10 nr. 1 siste punktum er det fastsett at feriepengegrunnlaget skal gå fram av løns- og trekkoppgåva for oppteningsåret. På bakgrunn av at løns- og trekkoppgåva vil bli erstatta av månadleg rapportering etter a-opplysningslova, foreslår departementet at feriepengegrunnlaget skal gå fram av den samanstillinga som blir foreslått sendt til arbeidstakar etter likningslova § 6-17 nr. 3. Det blir vist til merknad til § 6-17 nr. 3 ovanfor og nærare omtale i avsnitt 9.8.4.2.

Lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd

Til § 23-2 Arbeidsgiveravgift

Ordlyden i første ledd blir endra ved at omgrepet ”innberetning” blir erstatta med ”innrapportering”. Samstundes blir ”innberetningsplikt” erstatta med ”innrapporteringsplikt”.

Til § 24-3 Arbeidsgiverens plikter

Første ledd fastset når oppgåve over utført utrekna arbeidsgivaravgift skal leverast. Føresegna viser til at oppgåve skal leverast saman med og til same tid som oppgåve over utført forskotstrekk etter skattebetalingslova § 5-11 første ledd skal utførast. På bakgrunn av at opplysningar om arbeidsgivaravgifta skal rapporterast etter reglane i a-opplysningslova, foreslår departementet å fjerne tilvisinga til § 5-11. Samstundes blir det foreslått å presisere at utrekna avgift og grunnlaget for utrekninga av arbeidsgivaravgift for førre månad skal leverast i samsvar med reglane etter a-opplysningslova.

Andre ledd angir at arbeidsgivaren etter utgangen av kalenderåret skal gi oppgåve over grunnlaget for utrekninga av arbeidsgivaravgift etter § 23-2. På bakgrunn av at desse opplysningane skal leverast inn i samsvar med a-opplysningslova, er føresegna overflødig. Departementet foreslår difor at føresegna blir oppheva.

Gjeldande tredje til femte ledd blir andre til fjerde ledd som følgje av at andre ledd blir oppheva.

Ordlyden i gjeldane sjette ledd som blir nytt femte ledd blir foreslått endra ved at omgrepet ”oppgave” blir erstatta med ”opplysninger”.

Til § 24-4 Fastsetting og innkreving av avgifter

Det er fastsett i andre ledd at skattekontoret kan fastsetje avgifta dersom arbeidsgivar ikkje gir, eller gir uriktig eller ufullstendig terminoppgåve etter 24-3 første ledd. Det er ingen formell klagerett på slikt vedtak. Vidare er det i tredje ledd fastsett at likningsmyndigheitene kan fastsetje eller endre grunnlaget for utrekning av arbeidsgivaravgifta dersom arbeidsgivar ikkje gir eller gir uriktig eller ufullstendig årsoppgåve. Fastsetjing etter folketrygdlova § 24-4 tredje ledd skjer etter årets utløp på bakgrunn av manglande, uriktig eller ufullstendig årsoppgåve, og gjeld avgiftsgrunnlaget for året. Denne fastsetjinga blir gjort ved vedtak, og det er angitt at sakshandsamingsreglane i likningslova kapittel 9 gjeld. Dette inneber blant anna at arbeidsgivar skal bli varsla skriftlig med frist for retting og at det er høve til å klage på vedtaket. Vidare gjeld likningslova §§ 10-2 til 10-5 om tilleggsavgift. På bakgrunn av terminoppgåve og årsoppgåve vil bli erstatta av rapportering etter a-opplysningslova, må føresegna bli endra. Departementet foreslår å oppheve andre ledd og vidareføre dei sakshandsamingsreglane som i dag følgjer av gjeldande tredje ledd i et nytt andre ledd. Endringa inneber blant anna at det er høve til å klage på vedtak som likningsmyndigheitene fatter etter nytt andre ledd. Det blir vidare foreslått at omgrepa ”beregningsoppgave” og ”årsoppgave” blir erstatta med ”opplysninger”.

I gjeldande fjerde ledd som blir tredje ledd er tilvisinga til gjeldande tredje ledd tatt ut.

I gjeldande femte ledd som blir fjerde ledd er det angitt at den som gir uriktige eller ufullstendige opplysningar, eller unnlèt å sende inn pliktig oppgåve til skatteoppkrevjaren eller likningsmyndigheitene kan straffast etter føresegnene i likningslova kapittel 12. Departementet foreslår at ordlyden blir endra ved at ”pliktig oppgave” blir erstatta med ”pliktige opplysninger”. Vidare foreslår departementet at tilvisinga til skatteoppkrevjaren eller likningsmyndigheitene blir teke ut av føresegna.

Til § 24-6 Forskrifter

Andre ledd angir at departementet kan gi ”forskrifter om hvor arbeidsgiveravgiften skal bli fastsett og innbetalt, og om når og hvor oppgave over arbeidsgiveravgift”. Det blir foreslått at den delen av føresegna som regulerer at det kan bli gitt forskrifter om innlevering av oppgåve blir oppheva, da dette vil bli regulert av føresegner i a-opplysningslova.

Til § 25-10 Arbeidsgivers opplysningsplikt

Departementet foreslår ei ny føresegn i § 25-10. I første ledd blir det foreslått angitt at departementet i forskrift kan bestemme at arbeidsgivarar uoppfordra skal gi opplysningar som nemnt i § 21-4 etter a-opplysningslova.

I andre ledd blir det foreslått angitt at departementet i forskrift kan gi reglar om at arbeidsgivar markerer at utbetalinga eller fordelen er for ein avvikande periode. Dette er opplysningar som NAV har bruk for i samband med til dømes utbetaling av sjukepengar.

Det blir vist til avsnitt 9.8.4.1 for ein nærare omtale av føresegna.

Lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav

Til § 5-11 Oppgave over forskuddstrekk

Overskrifta til føresegna blir foreslått endra frå ”oppgave over forskuddstrekk” til ”opplysninger om forskuddstrekk”.

Første ledd blir foreslått endra slik at det angis at arbeidsgivar skal levere opplysningar om forskotstrekket for førre månad etter reglane i a-opplysningslova. Første ledd andre og siste punktum har reglar om 0-oppgåve. På bakgrunn av at det skal leverast opplysningar etter a-opplysningslova minst ein gong pr. månad, er denne føresegna overflødig. Første ledd andre og siste punktum blir difor foreslått teke ut.

Andre ledd inneheld reglar om fordeling av forskotstrekket til den einskilde kommune. Departementet viser til at slik fordeling vil bli vareteke etter a-opplysningslova ved ei kopling mellom regelbundne opplysningar om gjennomført forskotstrekk og inntektsmottakar sin skattekommune. Departementet foreslår difor at skattebetalingslova § 5-11 andre ledd blir oppheva.

Tredje og fjerde ledd har reglar om elektronisk innlevering. Reglar om dette vil følgje av a-opplysningslova, og det blir difor foreslått at føresegnene blir oppheva.

Gjeldande femte og sjette ledd blir andre og tredje ledd som følgje av at andre, tredje og fjerde ledd blir oppheva.

Til § 5-13 Kontroll av arbeidsgivere

Ordlyden i føresegna blir foreslått endra ved at ”sender meldinger” blir erstatta med ”leverer opplysninger”. Dette vil etter departementet si vurdering samsvare betre med dei endringane som er foreslått i § 5-11.

Til § 10-10 Forskuddstrekk og arbeidsgiveravgift

Føresegna angir forfallsfrist for forskotstrekket og arbeidsgivaravgifta. På bakgrunn av at fristen for betaling av forskotstrekk og arbeidsgivaravgift ikkje lenger vil samsvare med fristen for innlevering av opplysningar, jf. skattebetalingslova 5-11, foreslår departementet at første ledd blir endra slik at forfallsfristane går fram direkte av føresegna. Departementet presiserer at endringsforslaget ikkje inneber noko realitetsendring, og betalingsfristen vil vere den same som i dag, dvs. kvar 15. januar, 15. mars, 15. mai, 15. juli, 15. september og 15. november. Det blir vist til nærare omtale i avsnitt 9.9.4.

Til § 10-53 Skatte- og avgiftskrav ved vedtak om endring mv. og egenretting

Ordlyden i første ledd blir endra ved at omgrepet ”oppgave” blir erstatta med ”tidligere leverte opplysninger”.

Til § 14-5 Gjennomføring av utleggstrekk

Andre ledd fastset at ved utleggstrekk lagt ned av skatteoppkrevjarane skal arbeidsgivarar som har plikt til å ha skattetrekkskonto, følgje reglane som gjeld for oppgjer av forskotstrekk. Det blir vist i føresegna til lova sitt kapittel 5. Ei tilvising til kapittel 5 vil bli upresis då forfallsfristen no vil gå fram direkte av skattebetalingslova § 10-10. Departementet foreslår difor at det òg blir tilvist til kapittel 10.

Til forsida