1 Innleiing
I samanheng med Revidert nasjonalbudsjett 2012 foreslår Regjeringa følgjande endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga for 2012:
Endringar i reglane om skattlegging ved uttak av eigedelar og skyldnader frå norsk skattleggingsområde.
Nye sakshandsamingsreglar i eigedomsskattesakar.
Auka trygdeavgift på godtgjersle til deltakar for arbeidsinnsats i deltakerlikna selskap innan jord- og skogbruk.
Presisering av treprosentregelen i fritaksmetoden anvend på utdeling frå deltakarlikna selskap.
Endring av folketrygdlovas reglar om oppgavefordelinga mellom Skatteetaten og Arbeids- og velferdsetaten for å legge til rette for ei føremålsteneleg og effektiv overføring av oppgåver.
Innføring av elektronisk skattekort.
Endringar i likningslova for å styrkje rettstryggleiken for skattytar.
Innføring av ei ny felles ordning for arbeidsgivar si innrapportering av opplysningar om enkeltpersonar sine tilsetjings- g inntektshøve m.m. til Skatteetaten, Arbeids- og velferdsetaten (NAV) og Statistisk sentralbyrå (SSB). Forslaget er i andre samanheng omtalt som EDAG (Elektronisk dialog med arbeidsgivarar).
Endring av tollova slik at ein likestiller varetransport og persontransport med omsyn til kabotasjekjøring.
Oppretting av feil og klårgjering av lovtekst.
Justering av overgangsreglane for pensjonsskatt
Omtale av enkelte merverdiavgiftstemaer
I denne proposisjonen legg Finansdepartementet fram forslag til:
lov om endringar i lov 13. juni 1980 nr. 24 om ligningsforvaltning (ligningsloven)
lov om endringar i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdloven)
lov om endringar i lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av inntekt og formue (skatteloven)
lov om endringar i lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav (skattebetalingsloven)
lov om endringar i lov 21. desember 2007 nr. 119 om toll og vareførsel (tolloven)
lov om arbeidsgivers innrapportering av ansettelses- og inntektsforhold mm. (a-opplysningsloven)