Meld. St. 29 (2023–2024)

Fosterheim – ein trygg heim å bu i

Til innhaldsliste

8 Fosterheim som ettervernstiltak

Dei aller fleste ungdommar har behov for hjelp og støtte frå vaksenpersonar også etter at dei har fylt 18 år. Mange unge med barnevernserfaring har likevel eit meir begrensa nettverk enn ungdommar flest. Målet med ettervern er å bidra til at ungdom som har tiltak frå barnevernet, skal få naudsynt hjelp, støtte og rettleiing til gradvis å bli i stand til å få eit sjølvstendig og godt vaksenliv.1 Fosterheim er eit av fleire tiltak som blir nytta som eit ettervernstiltak.

Det varierer mykje mellom barnevernstenestene kva slags informasjon fosterforeldra får om moglegheitene for ettervern. Det er òg ulikskapar mellom barnevernstenester i korleis arbeidet med ettervern generelt er organisert, kva tiltak som er tilgjengelege, og kor mange ungdommar som blir følgde opp med ettervern. Ungdommar som bur i fosterheim og har behov for ettervern, har i dag ikkje ein rett til at fosterheimstiltaket blir vidareført når dei fyller 18 år.

Stabilitet for barn og unge i fosterheim er eit viktig mål for regjeringa. At ungdommar i fosterheim kan bli buande der etter at dei har fylt 18 år, kan bidra til dette. Regjeringa vil greie ut ein rett til å bli buande i fosterheimen dersom den unge sjølv og fosterforeldra ønskjer det.

8.1 Bruk av fosterheim som ettervernstiltak

8.1.1 Ettervern for unge som bur i fosterheim

Barn som får eller har fått tiltak frå barnevernstenesta, har rett til ettervern, jf. barnevernslova § 3-6. Denne retten gjeld fram til ungdommen fyller 25 år. I god tid før ungdommen fyller 18 år, skal barnevernstenesta ta kontakt med ungdommen og fosterforeldra for å vurdere om tiltak skal førast vidare eller erstattast av andre tiltak. Avgjerda om at tiltak skal førast vidare, erstattast eller stanse, er eit enkeltvedtak som kan klagast på. Dersom ungdommen får avslag på ein søknad om eit bestemt tiltak, skal hen gjerast merksam på klageretten.

For ungdommar som bur heime hos foreldra sine, er den generelle tendensen at foreldre no bidreg lenger til å forsørgje dei enn det som var vanleg tidlegare.2 Fosterheimsordninga byggjer på det grunnsynet at familien er den primære oppvekstarenaen for barn, og at fosterbarnet skal inngå som medlem i ein familie der fosterforeldre skal gi omsorg på vegner av barnevernstenesta.

Forlengd støtte, i form av vidareføring av fosterheim som tiltak eller tett oppfølging på andre måtar, er viktig for å få eit godt utgangspunkt i overgangen til vaksenlivet. Forsking tyder òg på at forlenging av fosterheimstiltak verkar positivt inn på utdanning og tilknyting til arbeidslivet.3

Unge som har budd i fosterheim har ulike ønske og behov, og ikkje alle ønskjer fosterheim som tiltak etter at dei har blitt myndige. Det er den kommunen som har sett i verk tiltak etter barnevernslova før ungdommen fylte 18 år, som er ansvarleg for eventuelt å halde fram med desse tiltaka eller erstatte dei med andre tiltak når ungdommen fyller 18 år. Kva ettervern ungdommen har behov for, og kva tilbodet skal innehalde, må vurderast saman med kvar einskild ungdom. Dersom fosterheimstiltaket ikkje blir forlenga, kan den unge likevel ha behov for støtte og rettleiing, mellom anna på område som bustad, økonomi, utdanning og arbeid. Somme unge kan få støtte frå den biologiske familien sin, andre treng støtte frå det offentlege velferdstilbodet.

Fosterfamilien kan òg vere ei viktig støtte etter at ungdommen har flytta ut. Eit relevant ettervernstiltak kan vere å halde fram kontakten i regi av barnevernet. Det er til dømes ofte fosterforeldra som tek ansvaret for oppfølging i bustaden den fyrste tida etter at ungdommen flyttar ut.4

8.1.2 Fosterheim er eit mykje brukt ettervernstiltak

Fleirtalet av barn som har tiltak i barnevernet når dei blir 18 år, får ei eller anna form for ettervernstiltak. Medan det har vore ein nedgang dei siste åra i talet på barn som får tiltak frå barnevernet, har det vore ein auke i talet på unge over 18 år som er registrerte med barnevernstiltak. Ved utgangen av 2022 var 5 647 unge på 18 år eller eldre, registrerte med barnevernstiltak. Dette er meir enn dobbelt så mange som i 2008.5

Fosterheim er eit av fleire tiltak som blir brukte som ettervernstiltak. Om lag 30 prosent av alle unge med ettervernstiltak bur i fosterheim. Andre mykje brukte ettervernstiltak er økonomisk støtte, bustad med oppfølging og ulike tiltak for å støtte utviklinga til ungdommen.6

På same måte som ved ettervern generelt har talet på unge over 18 år som bur i fosterheim, auka. Samstundes har talet på barn under 18 år som bur i fosterheim, gått ned. Ved utgangen av 2022 budde 1 682 ungdommar mellom 18 og 24 år i fosterheim.7 Dette er litt meir enn dobbelt så mange som i 2009. Figur 8.1 viser utviklinga over tid i talet på unge over 18 år med barnevernstiltak og talet på unge over 18 år i fosterheim.

Figur 8.1 Unge over 18 år med barnevernstiltak og unge over 18 år i fosterheim, per 31.12.

Figur 8.1 Unge over 18 år med barnevernstiltak og unge over 18 år i fosterheim, per 31.12.

Kjelde: SSB tabell 09050, 09076 og 10661.

Boks 8.1 Erfaringar med fosterheim som ettervernstiltak

Under følgjer verkelege og anonymiserte døme på fosterheim som har blitt vidareførte som ettervernstiltak. Døma viser betydninga av trygge og gode rammer både for den unge og fosterforeldra ved inngangen til vaksenlivet.

Dina

Dina flytta i fosterheim som frivillig tiltak då ho var 16 år gammal. Ho hadde utvikla store psykiske vanskar som følgje av psykisk og fysisk vald. Føremålet var at ho skulle få ro og hjelp til å handtere dei psykiske vanskane sine og gjennomføre vidaregåande skule. Dina starta i behandling hos BUP parallelt med at ho byrja på vidaregåande skule.

I byrjinga opplevde fosterforeldra Dina som ei engsteleg og stille jente. Fostermor var frikjøpt femti prosent den fyrste tida. Dette gav ho tid og høve til å følgje opp Dinas behov for støtte til å klare å møte opp på skule og behandling. Tida Dina og fostermor fekk saman, bidrog til at dei sakte, men sikkert fekk ein relasjon. Dina opplevde òg framgang i behandlinga og klarte å delta på skulen.

Både Dina og fosterforeldra ønskte at fosterheimen skulle førast vidare då Dina blei myndig. Dei opplevde at barnevernstenesta var lydhøyre i samtalane om ettervern. Rammene som var blitt etablerte ved oppstart, og som hadde vist seg å fungere godt, blei vidareførte utan nemneverdige endringar. Vidaregåande skule blei gjennomført, og Dina sette seg mål om å ta ei utdanning. Ho var på god veg til å bli ein ung vaksen som kunne stå på eigne bein.

Som 21-åring flytta Dina ut av fosterheimen for å byrje å studere på ein annan kant av landet. Fosterheimsopphaldet blei avslutta, men relasjonen mellom ho og fosterforeldra var trygg, og dei heldt kontakten. Barnevernstenesta bidrog økonomisk slik at det var mogleg for Dina å studere.

I dag er Dina i sluttfasen av studia. Ho jobbar ved sida av og har fått ein sambuar. Dina ser lyst på framtida! For fosterforeldra står dette som eit godt døme på kva som er mogleg, berre viljen er der og barnevernstenesta følgjer opp med trygge rammer.

Fosterforeldra har i dag eit nytt fosterheimsoppdrag.

Aishe

Aishe kom frå ein heim der ho opplevde ein streng kulturell og religiøs kodeks. Det var stor avstand mellom det ho ønskte sjølv, og det foreldra venta av ho. Å gi uttrykk for eigne meiningar blei ofte møtt med sanksjonar og vald. For Aishe blei belastinga etter kvart for stor. Ho fekk det vanskeleg psykisk og strevde med skulen, og det hadde òg følgjer for det sosiale livet hennar.

Aishe flytta i fosterheim. Det blei ein tøff overgang for både Aishe og fosterforeldra. Utfordringane hennar kom til uttrykk som sinne og fortviling. Dette tok ho ut på fosterforeldra, også gjennom fysisk utagering.

Dessverre opplevde både Aishe og fosterforeldra at dei fekk lite støtte og oppfølging den fyrste perioden. Rett før Aishe blei 18 år, hadde dei ein samtale om ettervern. Med erfaringane så langt var fosterforeldra usikre på vegen vidare.

I ettervernssamtalen med barnevernstenesta var fosterforeldra tydelege på at Aishe kunne klare seg dersom ho fekk god støtte i overgangen til vaksenlivet. Aishe gjekk trass alt på skulen og hadde klart å gjennomføre det fyrste året på vidaregåande. No opplevde dei omsider at barnevernstenesta kom på banen og tok den vanskelege situasjonen på alvor. Fosterheimen blei vidareført som ettervernstiltak. Fostermor fekk økonomiske rammevilkår som gjorde at ho kunne vere til stades og bidra i oppfølginga, som no handla mykje om eit særskilt tilrettelagt skuleløp.

Etter to år blei Aishe lærling, og ho blei buande i fosterheimen gjennom det fyrste året som lærling. Aishe ønskte no eit meir sjølvstendig tilvære, og dei snakka derfor med barnevernstenesta om moglegheita til å halde fram ettervernet i ein hybel. Barnevernstenesta bidrog med å dekkje utgifter, slik at Aishe skulle klare dei faste utgiftene og levekostnadene med lærlinglønna si. I dag bur Aishe for seg sjølv og er økonomisk sjølvhjelpen. Ho har ein heiltidsjobb i helsevesenet som ho trivst godt med.

Aishe og fosterforeldra har enno god kontakt, sjølv om det byrjar å bli ei stund sidan ho flytta ut.

Sondre

Sondre flytta i fosterheim innanfor familien då han var fire år. Mor til Sondre hadde vore åleine om omsorga og hadde sjølv hatt ein vanskeleg oppvekst. Ho utvikla etter kvart store rusproblem. Då Sondre flytta inn i fosterheimen, blei dei ein familie på fire – to vaksne og to barn. Sjølv om det fanst ein etablert relasjon før Sondre flytta inn, trong fosterheimen mykje støtte og hjelp for å klare omsorga, ikkje minst fordi Sondre har ei utviklingshemming som gjer at han har store tilretteleggingsbehov. Fostermor hadde 100 prosent frikjøp gjennom heile oppveksten til Sondre.

Då Sondre var 16 år, byrja barnevernstenesta og fosterforeldra å snakke om ettervern. Sondre hadde blitt stor og fysisk sterk, og hadde ei krevjande åtferd som det var vanskeleg for fosterfamilien å handtere. På sikt såg fosterforeldra det som naudsynt å få etablert eit godt og langsiktig bu- og omsorgstilbod for Sondre. Fosterforeldra hadde dårleg erfaring med hjelpetilbodet i kommunen sin, der dei opplevde at dei måtte kjempe for det meste av tiltak. No opplevde dei å få god støtte frå barnevernstenesta, som hjelpte dei i dei mange krevjande prosessane med å sørgje for at Sondre fekk dei tenestene og tiltaka han hadde behov for.

Overgangen til ettervern opplevde fosterforeldra som smidig. Målet var at Sondre skulle få eit bu- og omsorgstilbod i den kommunen han hadde vakse opp i. Medan kommunen jobba med å etablere eit langsiktig bu- og omsorgstilbod til Sondre, hadde fosterforeldra dei same rammevilkåra frå barnevernstenesta som dei hadde hatt tidlegare. Då han som 21-åring flytta, hadde fostermor framleis ein delvis frikjøpsavtale med barnevernstenesta for å sikre hyppig nærvær det fyrste halvtanna året. Det var heilt naudsynt for å sikre det som blei ei lang tilvenning for Sondre i omsorgsbustaden.

Sondre bur enno på den same staden og har eit tilvære der det er lagt til rette for meistring ut frå føresetnadene hans. Fosterfamilien besøkjer han ofte, og Sondre er òg ofte på besøk i fosterheimen.

8.2 Utgreiing av ein rett til å bli buande i fosterheimen

Barnevernslova gir unge i barnevernet ein rett til ettervern, men ikkje ein rett til fosterheim som ettervernstiltak. Tiltak som er sette i verk før ein ungdom har fylt 18 år, skal førast vidare eller erstattast av andre tiltak når ungdommen samtykkjer og har behov for hjelp eller støtte frå barnevernstenesta til ein god overgang til vaksenlivet.

Dette inneber at barnevernstenesta kan vedta at fosterheimen skal erstattast med nye ettervernstiltak, dersom barnevernstenesta vurderer at det er det beste for ungdommen. Ungdommane kan klage dersom barnevernstenesta vedtek å avslutte fosterheimstiltaket. For mange av dei kan det å klage likevel opplevast krevjande.

Regjeringa ønskjer at det for ungdom med fosterheimstiltak skal bli meir føreseieleg og trygt kvar dei skal bu etter at dei fyller 18 år. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har derfor fått i oppdrag å greie ut ein rett til å bli buande i fosterheimen dersom både den unge sjølv og fosterforeldra ønskjer det.

8.3 Faglege tilrådingar om ettervern

8.3.1 Informasjon til fosterforeldre og ungdom om ettervern

Fosterfamilien har som fosterbarnet behov for føreseielege rammer og god informasjon frå barnevernstenesta, særleg når det gjeld overgangar og endringar i planar og avtaler. Det varierer mykje mellom barnevernstenestene kva slags informasjon fosterforeldre får om moglegheitene for ettervern. Somme får informasjon allereie når dei blir rekrutterte som fosterheim. For andre er ettervernet uavklart heilt fram til nokre månader før ungdommen fyller 18 år. Dette kan òg vere tilfellet sjølv om både fosterheimen og ungdommen sjølv ønskjer å halde fram fosterheimstiltaket.8

I medlemsundersøkingane til Norsk Fosterhjemsforening seier meir enn åtte av ti respondentar at dei tenkjer at ungdommen skal bli buande lenger enn til 18-årsdagen.9 Medlemsundersøkingane tyder òg på at ikkje alle fosterforeldre og unge i fosterheim opplever god dialog med barnevernstenesta om ettervern i fasen fram mot 18-årsdagen. I medlemsundersøkinga i 2022 blei det stilt eigne spørsmål om ettervern til dei som var fosterheim for barn over 17 år. Blant desse svarte 48 prosent at verken fosterforeldra eller ungdommen hadde fått tilstrekkeleg informasjon om moglegheitene for ettervernstiltak. 19 prosent svarte at barnevernstenesta ikkje hadde snakka med ungdommen om ettervern. 91 respondentar hadde ungdom over 18 år i fosterheim som ettervernstiltak, eller avtale med barnevernstenesta om oppfølging av ungdom som var flytta ut. Blant desse var 29 prosent heilt eller delvis usamde i at ungdommen fekk gode ettervernstiltak. Vidare var 39 prosent heilt eller delvis usamde i at fosterheimen fekk naudsynt økonomisk kompensasjon i ettervernsperioden.10

Bufdir har ei eiga informasjonsside om fosterheimar på nettsidene sine. Her informerer dei mellom anna om barnevernstenesta sitt ansvar for å snakke med ungdommen om ettervern når hen fyller 18 år, og at ungdommen sine ønske og behov for ettervern bør avklarast i god tid før hen blir myndig. Det blir òg gjort tydeleg at ungdommen kan bli buande i fosterheimen dersom ungdommen sjølv og fosterforeldra ønskjer det. Bufdir viser til at

[f]osterforeldra og barnevernstenesta i kommunen må så tidleg som mogeleg avklare og avtalefeste vilkår for godtgjering når fosterheimsoppdraget blir vidareført som ettervernstiltak for barnet. At barnet blir myndig medfører ikkje nødvendigvis forandring i behov, og det kan vere særleg behov for støtte i avslutning av vidaregåande opplæring og i overgangen til eit meir sjølvstendig liv. Dermed vil det ofte vere naturleg at nivå på godtgjering til fosterforeldre også blir oppretthalden etter at barnet fyller 18 år.

8.3.2 Faglege tilrådingar om ettervernsfasen

Regjeringa vil gi barnevernstenesta betre verktøy for å informere og følgje opp ungdommen og fosterfamilien i ettervernsfasen. Bufdir har derfor fått i oppdrag å utvide gjeldande rettleiar om barnevernstenesta sitt oppfølgingsansvar for barnet, foreldra og fosterfamilien når barn bur i fosterheim, med ei særskild utdjuping av ettervernsfasen. Dette inneber mellom anna å sjå nærare på korleis ein kan gjere overgangen meir føreseieleg for både ungdommen og fosterforeldra, og kva fosterheimar kan bidra med i ettervern (sjå òg omtale om faglege rettleiingar i kapittel 5).

Direktoratet skal i tillegg utvide barnevernsfagleg kvalitetssystem (BFK) med faglege tilrådingar om ettervern. BFK er eit rammeverk som skal gi barnevernsfagleg og juridisk kvalitetsstøtte til det kommunale barnevernet i barnevernssaker. Systemet kan bidra til meir føreseieleg og likare praksis på tvers av tenester. Det kan gi meir føreseielege tilhøve for ungdom og fosterforeldre, også etter at ungdommen fyller 18 år. Systemet kan til dømes setjast opp slik at barnevernstenesta får ei påminning om å involvere fosterforeldra i planlegginga av ettervernstilbodet fleire gonger gjennom fosterheimsopphaldet, og spesielt frå ungdommen fyller 16 år.

8.3.3 Betre opplæring til fosterforeldre om ettervern

Potensielle og nye fosterforeldre bør få informasjon om ettervern. Bufdir har utvikla opplæringsprogrammet Solid, som erstattar det tidlegare programmet PRIDE (sjå òg omtale i kapittel 4). Solid lærer fosterforeldre generelt om at dei kan ha ei rolle for fosterbarna i eit livslangt perspektiv. Solid kan òg vere ein arena der fosterforeldre kan få opplæring i kva ettervern inneber. Sjølv om Solid lærer fosterforeldra at dei i utgangspunktet har ei mellombels rolle i livet til fosterbarna, er det viktig for å sikre føreseielege rammer at fosterforeldra òg veit at fosterheim ofte blir brukt som ettervernstiltak. Regjeringa vil inkludere informasjon om ettervern i opplæringsprogrammet Solid, slik at fosterforeldre får opplæring i kva ettervern inneber.

8.4 Ettervernsarbeidet i kommunane

8.4.1 Kunnskapsbasert arbeid med unge med ettervern og i overgang til ettervern

Bufdir har i samarbeid med kommunar, brukarorganisasjonar og kompetansemiljø utvikla ein grunnmodell for hjelpetiltak i barnevernet. Føremålet er at barn, ungdommar og familiar som er i kontakt med barnevernet, skal få tilpassa og rett hjelp til rett tid. Som eit bidrag til å styrkje ettervernstilbodet i kommunane blei det tidleg i utviklingsarbeidet utarbeidd tilrådingar for kunnskapsbasert arbeid med unge med ettervern og i overgang til ettervern.11 Bufdir skal vidareutvikle og tilpasse grunnmodellen slik at han kan spreiast til alle kommunar som ønskjer å ta han i bruk. Modellen kan bidra med faglege tilrådingar, kommunikasjonsferdigheiter og verktøy i møte med ungdom som har rett til tiltak etter fylte 18 år. Kommunar som vel å ta i bruk modellen, vil gjennom opplæring få eit kompetanseløft som òg kan få innverknad på ungdom som har budd i fosterheim.12

Hausten 2023 starta VID vitenskapelige høgskole eit eige valfag om ettervern på masterutdanningane sine i barnevern og barnevernsarbeid. I dette valfaget er hovudtemaa mellom anna nettverk og relasjonar, ettervern i eit livsløpsperspektiv, unge med særlege behov og samarbeid med andre tenester. Faget vil i fyrste omgang møte dei som allereie er engasjerte i ettervern som tema, men dersom det blir vidareført, vil det kunne bidra til å setje ettervern i fokus og samstundes styrkje den faglege utviklinga på ettervernsområdet.

8.4.2 Tydeleggjere kva kommune som har ansvaret for ettervern

Det arbeidet barnevernstenesta gjer med ettervern, kan vere avgjerande for at ungdom får ein god overgang til vaksenlivet og eit meir sjølvstendig tilvære. Målet med ettervern er å bidra til at ungdommane får naudsynt hjelp og støtte og gradvis blir i stand til å klare seg sjølve. Klare ansvarstilhøve er ein føresetnad for rett hjelp til rett tid.

Barnevernsutvalet13 viser til at unge vaksne ikkje alltid bur i den same kommunen som har hatt ansvaret for barnevernssaka, og at unge med behov for ettervernstiltak til dømes kan trenge hjelp frå NAV i bustadkommunen, eller hjelp til å fullføre utdanning i ein annan fylkeskommune enn der dei kjem frå. Utvalet viser til at ansvaret for å følgje opp barn og unge i dag kan overførast mellom barnevernstenester, men meiner det er fare for at unge med behov for tiltak ikkje blir fanga opp, eller at det er uklart kva teneste som har ansvaret. Utvalet føreslår at ansvarsdelinga mellom kommunane blir gjort tydeleg i saker der unge vaksne bur i ein annan kommune enn den som hadde ansvaret for barnevernssaka.

Det er den kommunen som har sett i verk tiltak forut for ettervernet, som har ansvaret for ettervernstiltak. Dette gjeld òg når ein ungdom flyttar til ein annan kommune, uavhengig av om hen flyttar på grunn av eit barnevernstiltak eller andre tilhøve.

Det er dei siste åra gjennomførte fleire endringar for å sørgje for at ungdommar får tilbod frå barnevernet om ettervern, og at dei kan få hjelp over lengre tid. Retten til ettervern er mellom anna styrkt ved at aldersgrensa for ettervern er heva frå 23 til 25 år, og det er presisert at tiltak som er sette i verk før ein ungdom har fylt 18 år, skal førast vidare eller erstattast av andre tiltak når ungdommen samtykkjer og har behov for hjelp eller støtte frå barnevernstenesta til ein god overgang til vaksenlivet. For å tydeleggjere at ungdommen kan ombestemme seg, er det òg presisert at tiltak kan setjast i verk sjølv om ungdommen har takka nei til tiltak i ein periode. Når ein ungdom er utan tiltak i ein periode og ikkje lenger bur i kommunen som er ansvarleg for ettervernstiltaket, kan det bli uklart kva barnevernsteneste som har ansvaret for tiltak. Dette kan skape forseinkingar og ein uføreseieleg situasjon for den unge.

Regjeringa vil at dagens ansvarsreglar blir tydeleggjorde i barnevernslova, slik at det blir føreseieleg for ungdommen og kommunane kven som har ansvaret for ettervern, og at reglar om ansvar er klare. Det vises til forslag som er sendt på høyring14 om å presisere i barnevernslova at det er den kommunen som har sett i verk tiltak før ungdommen fylte 18 år, som har ansvaret for ettervernstiltak.

I tilfelle der ungdommen har flytta til ein ny kommune, bør barnevernstenesta i fråflyttingskommunen leggje til rette for eit godt samarbeid med bustadkommunen, slik at andre tenester som kan vere aktuelle, blir kopla på. Eit godt samarbeid mellom barnevernstenesta og andre tenester, til dømes NAV, er ofte viktig for å få eit godt ettervern.

8.5 Oppsummering

For å nå målet om at ungdom og fosterforeldre får naudsynt oppfølging og støtte i overgangen til vaksenlivet for ungdom etter fylte 18 år, vil regjeringa

  • greie ut ein rett til å bli buande i fosterheimen dersom den unge sjølv og fosterforeldra ønskjer dette

  • utvide gjeldande tilrådingar for barnevernstenesta sitt oppfølgingsansvar for barnet, foreldra og fosterfamilien når barn bur i fosterheim, med ei særskild utdjuping for ettervernsfasen

  • utvide barnevernsfagleg kvalitetssystem (BFK) med faglege tilrådingar om ettervern

  • at fosterforeldre får opplæring i kva ettervern inneber gjennom opplæringsprogrammet Solid

  • presisere i barnevernslova kva kommune som har ansvaret for ettervern

Fotnotar

1.

Paulsen, V. mfl. (2020). Ettervern – en god overgang til voksenlivet? Helhetlig oppfølging av ungdom med barnevernerfaring. NTNU Samfunnsforskning; Paulsen, V. (2016). Ungdom på vei ut av barnevernet: – Brå overgang til voksenlivet. Tidsskriftet Norges Barnevern, vol. 93, utg. 1, s. 36–51; Bakketeig, E. og Backe-Hansen, E. (2008). Forskningskunnskap om ettervern. NOVA-rapport nr. 17/08

2.

NOU 2020: 14 Ny barnelov – Til barnets beste

3.

Paulsen, V. mfl. (2020). Ettervern – en god overgang til voksenlivet? Helhetlig oppfølging av ungdom med barnevernerfaring. NTNU Samfunnsforskning; Oterholm, I. og Paulsen, V. (2022). Virksomme hjelpetiltak i oppfølging av unge med barnevernserfaring i overgang til voksenlivet? Tidsskriftet Norges Barnevern, vol. 99, utg. 1, s. 38–56; Drange, N. mfl. (2022). Barn, unge og familier i barnevernet – En longitudinell registerstudie. Delprosjekt 2: Hvordan går det med barna? Frischsenteret rapport 2/2022

4.

Paulsen, V. mfl. (2020). Ettervern – en god overgang til voksenlivet? Helhetlig oppfølging av ungdom med barnevernerfaring. NTNU Samfunnsforskning

5.

SSB tabell 09050

6.

SSB tabell 09050; Bufdir.no Unge med ettervernstiltak. Hentet 29.05.24

7.

SSB tabell 09076 og 10661

8.

Paulsen, V. mfl. (2020). Ettervern – en god overgang til voksenlivet? Helhetlig oppfølging av ungdom med barnevernerfaring. NTNU Samfunnsforskning

9.

Norsk Fosterhjemsforening (2021). Fosterhjemsundersøkelsen 2021; Norsk Fosterhjemsforening (2022). Fosterhjemsundersøkelsen 2022; Norsk Fosterhjemsforening (2023). Fosterhjemsundersøkelsen 2023; Norsk Fosterhjemsforening (2024): Fosterhjemsundersøkelsen 2024

10.

Norsk Fosterhjemsforening (2022). Fosterhjemsundersøkelsen 2022

11.

Nordahl, K.B. mfl. (2023). Grunnmodell for hjelpetiltak i barneverntjenesten. Rapport fra et samarbeidsprosjekt på oppdrag fra Bufdir. NUBU, RBUP Øst og Sør, RKBU Vest, NORCE

12.

Proba Samfunnsanalyse (2022). Grunnmodell for hjelpetiltak – et forsøk i ti barneverntjenester. Rapport 2022-21

13.

NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid

14.

Høyringsnotat om endringar i barnevernslova, sendt på høyring 8. april 2024

Til forsida