Meld. St. 29 (2023–2024)

Fosterheim – ein trygg heim å bu i

Til innhaldsliste

4 Fleire fosterheimar til barn som treng det

4.1 Innleiing

Regjeringa har som mål at barn og unge med behov for ein fosterheim får det når dei treng det, og at dei får ein trygg og stabil omsorgssituasjon. Det er òg eit mål at barn og unge skal få ein fosterheim i nærmiljøet sitt. I dag er det ei utfordring at mange barn som treng ein fosterheim må flytte vekk frå nærmiljøet sitt. Om lag to av tre barn som bur i fosterheim, må flytte ut av heimkommunen sin, og nær halvparten må flytte vekk frå fylket sitt. Regjeringa ønskjer derfor å styrkje samarbeidet mellom stat og kommune for å auke rekrutteringa av fosterheimar i nærområdet til barna.

Det har over tid vore utfordrande å rekruttere nok fosterheimar til barn som treng det. Det er fleire tilhøve som er viktige for at ein familie skal ønskje å ta på seg eit fosterheimsoppdrag. At dei kan vere trygge på at dei vil få god støtte og oppfølging, blei trekt fram som det viktigaste i ei undersøking blant eit befolkningsutval i 2022. Mange la òg vekt på tryggleik når det gjeld dei økonomiske rammevilkåra.1

I dette kapittelet omtaler vi prosessen med å rekruttere fosterheimar og presenterer tiltak som skal bidra direkte til betre rekruttering. Mange av tiltaka vi presenterer i kapittel 5 til 7, er òg viktige for rekrutteringa, gjennom betre oppfølging, større stabilitet og meir føreseielege økonomiske rammevilkår for fosterheimar.

4.2 Mange barn må vente lenge på fosterheim

Mange barn ventar lenge på fosterheim, og det er stor mangel på fosterfamiliar som kan ta imot dei barna som treng ein ny heim i ein kortare eller lengre periode. Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) rapporterer jamleg til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) om kor mange barn som ventar på fosterheim. Per 31. desember 2023 var det 224 barn som venta på fosterheim etter den ønskte datoen for innflytting. Figur 4.1 viser utviklinga i kor mange barn som ved utgangen av året ventar på fosterheim etter den ønskte innflyttingsdatoen. Barn som ventar på fosterheim i Oslo kommune, er ikkje rekna med i desse tala. Ifølgje Barne- og familieetaten var det 13 barn som venta på fosterheim i Oslo ved utgangen av 2023.

Figur 4.1 Barn som ventar på fosterheim etter ønskt innflyttingsdato, per 31.12. Oslo er ikkje medrekna.

Figur 4.1 Barn som ventar på fosterheim etter ønskt innflyttingsdato, per 31.12. Oslo er ikkje medrekna.

Kjelde: Tal frå Bufetat

Som figuren viser, gjekk talet på barn som venta på fosterheim, jamt ned fram mot 2022, før det så begynte å stige i 2023. Det er fare for at talet på barn som ventar vil halde fram med å stige dersom kommunane og Bufetat ikkje lukkast med å rekruttere fleire fosterheimar. Endringa samanfell med tidspunktet for iverksetjing av barnevernsreforma i 2022. Departementet vil følgja med på utviklinga i dei årlege evalueringane av barnevernsreforma.

Mange av barna som ventar på fosterheim, må vente lenge etter den ønskte innflyttingsdatoen. Av dei 224 som venta på fosterheim ved utgangen av 2023, hadde så mange som 85 venta i meir enn eit halvt år. Den gjennomsnittlege ventetida gjekk opp frå 148 dagar ved utgangen av 2019, til 217 dagar ved utgangen av 2022. Medianen ligg noko lågare, men den òg har gått opp – frå 90 dagar i 2019 til 124 dagar i 2022. Sjølv om det i denne perioden blei færre barn som venta på fosterheim, måtte dei som venta, vente lenger.2

Bufetat har plikt til å bistå kommunane med å finne fosterheimar. Generell mangel på fosterheim og uønskte brot i eksisterande fosterheimar skapar utfordringar med å innfri bistandsplikta. I tilfelle der kommunane sjølv ikkje har lukkast med å rekruttere fosterheimar i barnets familie og nære nettverk, og Bufetat ikkje har tilbode kommunen ein fosterheim innan rimeleg tid, kan kommunen vende seg til statsforvaltaren som tilsynsmakt. Uavhengig av om kommunen tek saka til statsforvaltaren, er talet på barn som ventar, eit klart uttrykk for at det er utfordrande å rekruttere fosterheimar. Det er alvorleg at utfordringar med å rekruttere og behalde fosterheimar kan føre til at det blir fleire tilfelle med brot på bistandsplikta.

Sjølv om det til kvar tid er barn som ventar på fosterheim, er det til kvar tid òg ein del «klargjorde» fosterheimar som står ledige.3 Det kjem av at det ikkje alltid er samsvar mellom kva barna treng, og kva dei ledige heimane kan tilby. Det kan til dømes handle om kvar fosterheimen ligg, om at barnet har spesielle behov, kva forutsetningar og kompetanse fosterforeldra har til å ta imot barn med spesielle behov, og/eller kva fosterforeldra ønskjer når det til dømes gjeld alderen til barnet. Det kan òg dreie seg om vurderingar av om fosterbarnet bør bu i ein familie med andre barn eller ikkje, eller om det er tale om søsken som skal bu i same fosterheim. I somme tilfelle kan det òg vere avstand mellom det barnevernstenesta tilbyr og det fosterheimen ønskjer når det gjeld økonomiske rammevilkår. I nokre tilfelle avslår barnevernstenesta ein tilboden fosterheim med bakgrunn i eit ønske om at barnet får ein fosterheim som har same kultur, religion og språk som barnet.

4.3 Kartlegging av behova til barnet

Manglar i kartlegginga av barna før dei flyttar i fosterheim, kan gjere det vanskeleg å finne eit eigna fosterheim ut frå behova til det einskilde barnet. Dette aukar risikoen for brot og utilsikta flyttingar. Mangelfull kartlegging kan òg gi seg utslag i dårlegare oppfølging frå kommunale tenester, særleg innanfor helse.

I medlemsundersøkinga til Norsk Fosterhjemsforening for 2024 sa 75 prosent av respondentane at arbeidsbelastinga ved å vere fosterforeldre var større enn venta, og 72 prosent sa at den psykiske påkjenninga var større enn venta. 71 prosent av respondentane sa at fosterbarna deira til ei viss grad, i stor grad eller i svært stor grad hadde tilknytingsvanskar. På spørsmål om kva som kan vere utfordrande ved å vere fosterheim, var det «omsorgsbehova til barnet» som fekk klart størst oppslutning blant ei rekkje føreslegne faktorar. 89 prosent av respondentane meiner at barnet har større omsorgsbehov enn barn på same alder.4

For å styrkje utgreiinga av barn som treng fosterheim er det satt i verk eit nasjonalt forløp for barnevern, og tverrfagleg helsekartlegging.

4.3.1 Nasjonalt forløp for barnevern

Nasjonalt forløp for barnevern – kartlegging og utgreiing av psykisk, somatisk og seksuell helse, tannhelse og rus handlar om korleis barnevernstenesta og helsetenestene kan samarbeide for å gi barn og unge eit godt og heilskapleg tenestetilbod. Føremålet er å bidra til at behovet til barnet blir kartlagt, slik at dei får naudsynt og tilpassa helsehjelp, i kombinasjon med rett tiltak frå barnevernet. Det nasjonale forløpet omtaler ansvar, oppgåver og samarbeid mellom den kommunale barnevernstenesta, den kommunale helse- og omsorgstenesta, den fylkeskommunale tannhelsetenesta og spesialisthelsetenestene for barn og unge. Forløpet gir òg råd om korleis samarbeidet kan innrettast slik at tenestene saman får på plass tidleg kartlegging og utgreiing av barn i barnevernet, samt medverknad og involvering av barna og familiane deira. Målgruppa er alle barn det blir oppretta undersøking for, barn med hjelpetiltak som bur heime, og barn som bur i fosterheim og institusjon.

Bufdir og Helsedirektoratet samarbeider om å implementere forløpet. Tilbakemeldingane frå kommunane som så langt har tatt forløpet i bruk, er gode. Dei melder at forløpet bidreg til at barnevernstenesta setter inn meir målretta tiltak, og at informasjonsdelinga mellom helsetenesta og barnevern blir betre. Implementeringsarbeidet vil halde fram med same intensitet i 2024 som i 2023, og det er sett i gang ei følgjeevaluering.

4.3.2 Tverrfagleg helsekartlegging

Føremålet med tverrfagleg helsekartlegging er å skaffe barnevernstenesta tilstrekkeleg informasjon om barna, slik at barn som skal flyttast ut av heimen, kan få meir treffsikker hjelp og oppfølging. Bufetat kan tilby tverrfagleg helsekartlegging dersom barnevernstenesta har vedteke å fremje sak for barneverns- og helsenemnda, nemnda har gjort vedtak om omsorgsovertaking eller barnevernstenesta har gjort vedtak om frivillig tiltak utanfor heimen.5 Det er barnevernstenesta som ber Bufetat om tverrfagleg helsekartlegging av barn. Bufetat avgjer om dei skal tilby slik kartlegging, i kvart einskilt tilfelle.

Sluttrapporten frå etableringa og utprøvinga av tverrfagleg helsekartlegging viser at barnevernstenestene gjennomgåande er nøgde med kartleggingstilbodet. Kartleggingsrapporten som blir send til barnevernstenesta etter at ei kartlegging er gjennomført, gir viktig kunnskap om barnet som kan bidra til tilgang til tenester og betre tilpassa tenester for barnet.6 Tverrfagleg helsekartlegging er førebels ikkje eit landsdekkjande tilbod. Ved utgangen av 2023 var det etablert kartleggingsteam i alle Bufetat-regionane og i Oslo kommune, med ein kapasitet til å kartleggje om lag 300–400 barn og unge per år. Bufdir og Helsedirektoratet jobbar med å oppskalere kartleggingskapasiteten, men har utfordringar med rekrutteringa til kartleggingsteama, særleg naudsynt helsepersonell.

Regjeringa har nyleg lagt fram ein strategi for institusjonsbarnevernet.7 Eit viktig mål med strategien er at barn med rusutfordringar og psykiske lidingar skal få trygg og heilskapleg hjelp, og at barn i barnevernet skal, som andre barn, motta den helsehjelpa dei har behov for og rett til frå helse- og omsorgstenesta.

4.4 Nytt opplæringsprogram for fosterforeldre

Fosterforeldre skal som hovudregel få grunnleggjande opplæring før barnet flyttar inn, og opplæringa skal vere i tråd med nasjonale tilrådingar.8 Dersom det ikkje er mogleg å gjennomføre opplæringa før barnet flyttar inn, må ho gjennomførast så snart som mogleg etter innflytting. Kommunen kan fyrst godkjenne fosterheimen når opplæringa er gjennomført. Bufetat har ansvar for å tilby opplæringa.9 Opplæringstilbodet frå Bufetat gjeld òg overfor fosterheimar som kommunane rekrutterer sjølve, når kommunane ber om det.

Bufetat har utvikla opplæringsprogrammet Solid, og programmet er no implementert på nasjonalt plan. Solid erstattar det tidlegare opplæringsprogrammet PRIDE, som har vore i bruk i Noreg sidan 1997. Solid representerer ein nasjonal standard for opplæring av fosterheimar. Opplæringa er utvikla på eit omfattande kunnskapsgrunnlag, i samarbeid med kunnskapsmiljø og praksisfeltet. Opplæringa skal styrkje oppdragsforståinga til fosterforeldra, og framhevar opplæring på område som har vore gjenstand for mykje merksemd og endringar. Dette gjeld område som mellom anna medverknad for barn, kulturelle rettar, samarbeid, kontakt og samvær med foreldre, og mangfaldsforståing. På området mangfaldsforståing finst det både ein samisk modul og ein modul om kjønn og seksualitetsmangfald. I tillegg til å gi fosterforeldra naudsynt kunnskap om relevante tema, skal opplæringa ta føre seg avgjerande verdiar og haldningar og gi kommande fosterforeldre høve til å øve inn nye omsorgsstøttande, praktiske ferdigheiter.

Opplæringsprogrammet består av tre trinn. Trinn 1 skal gi kommande fosterforeldre grunnleggjande kompetanse før barnet flyttar inn. Trinnet inneheld òg ein vurderingsprosess som skal gi Bufetat grunnlag for å vurdere om dei kan tilrå fosterheimen til kommunane. Til slutt blir det utarbeidd ein sosialfagleg rapport som kommunane kan bruke som grunnlag for å vurdere om fosterheimen er egna til å vareta behovet til barnet og kan godkjennast.

Fosterheimar som er rekrutterte i familie eller nære nettverk gjennomgår den same opplæringa, men det er gjennomgåande gjort tilpassingar i e-læringa om tilhøve som er særskilde for denne typen fosterheimar. Dersom det er mogleg, blir det halde eigne gruppesamlingar for desse fosterheimane. Der dette ikkje er mogleg, kan det gjennomførast ei eiga opplæring for kvar einskild fosterheim.

Trinn 2 inneheld utelukkande e-læringsmodular og handlar om fasen når ein fosterfamilie blir spurd om eit konkret barn kan flytte inn hos dei. Trinnet gir fosterforeldra støtte og verktøy til å førebu seg, slik at dei får kunnskap om barnet, familien og føremålet med oppdraget. Vidare handlar opplæringa om korleis dei kan gjere gode forventingsavklaringar med barnevernstenesta og leggje gode rammer for samarbeidet. Opplæringa tek òg føre seg det å lage gode rammer i etableringsfasen for barnet som skal flytte inn. Trinnet inkluderer òg ein modul om mangfaldskompetanse, opplæring om barn som må flytte på kort varsel, og ein introduksjonsmodul om beredskapsheimar.

Trinn 3 består av både e-læringsmodular og fysiske gruppesamlingar og handlar om fasen etter at barnet har flytta inn hos fosterfamilien. I dette trinnet handlar det om å bruke kunnskapen frå trinn 1 og 2, og gjennom ferdigheitstrening og øvingar få hjelp til å forstå korleis dette kan bidra til at ein får konkretisert kunnskapen og forståinga inn mot det einskilde barnet.

I den vidare forvaltinga av Solid vil det vere eit kontinuerleg blikk på vidareutvikling av opplæringa i tråd med kunnskapsutvikling og behova i praksisfeltet. I vidareutviklinga blir det utvikla modular som gjeld alle, og modular for nokre særskilde behov. Til dømes blir det utvikla modular retta mot dei biologiske barna i fosterheimen.

Bufdir har utarbeidd ei nettside om Solid til kommunane. Nettsida inneheld mellom anna eit webinar som gir kommunane ei grundig innføring i Solid.10

4.5 Bufetats ansvar for og arbeid med å rekruttere fosterheimar

4.5.1 Bufetat skal hjelpe kommunen med å finne fosterheimar

Bufetat har ei lovfesta plikt til å tilby ein fosterheim til eit barn når kommunen ber om det, og kommunen sjølv ikkje har lukkast med å rekruttere ein fosterheim i familien eller det nære nettverket til barnet. Bistandsplikta inneber at Bufetat skal finne ein heim som kommunen vurderer som eigna til å sikre behova til det konkrete barnet. Bistandsplikta gjeld òg når barn skal flytte i fosterheim etter akuttvedtak.

Kommunen kan òg be om bistand frå Bufetat til å søkje etter eller vurdere fosterheimar i familien og det nære nettverket. Bufetat kan yte bistand på ulike måtar, til dømes ved å tilby ein familierådskoordinator.

Det er kommunen som har ansvaret for å godkjenne fosterheimen for det einskilde barnet. Dersom kommunen ber om det, kan Bufetat yte bistand i prosessen med å godkjenne fosterheimen, til dømes ved å delta på møte eller heimebesøk. Bufetat kan òg yte bistand i planlegginga og med gjennomføringa av flyttinga. I tillegg kan Bufetat gi råd og rettleiing om korleis kommunen kan leggje til rette for at fosterbarnet og fosterfamilien skal få tilpassa rammer og støtte for å skape ein god og stabil omsorgssituasjon for barnet. Sjølv om Bufetat yter bistand i prosessen, er det barnevernstenesta i kommunen som avgjer om barnet kan bu i fosterheimen. Det er òg kommunen som har ansvar for oppfølginga av barnet og fosterfamilien.

4.5.2 Arbeid med fosterheimskampanjar

Bufdir og Bufetat har i fleire år jobba med å synleggjere behovet for fosterheimar og motivere familiar til å inkludere fleire barn i familien sin. Det blir arbeidd systematisk med kommunikasjon om behovet for fosterheimar og tiltak for å få fleire til å opne heimen sin for barn som treng det, mellom anna gjennom langsiktige kommunikasjonsstrategiar, med profesjonelle kampanjeløp og evaluering av tiltaka.

Fosterheimskampanjane skal få familiar til å gå eit steg vidare – frå å vere interesserte til å bli fosterheimar. Kampanjane bidreg til å rekruttere både fosterheimar i kommunal regi og fosterheimar som blir formidla gjennom Bufetat. Dei bidreg òg til å halde oppe interessa i befolkninga for å vere fosterheim. Det er ein klar samanheng mellom kampanjane og talet på besøk på fosterhjem.no og påmelde til informasjonsmøte. I ei befolkningsundersøking frå 2022 seier 19 prosent at det er svært eller ganske aktuelt å bli fosterforeldre. Det er sju prosentpoeng fleire enn i tilsvarande undersøking i 2019. Blant dei som vurderer å bli fosterheim, har 45 prosent tenkt på det i meir enn tre år.11

Fleire kommunar og kommunesamarbeid har òg sett i gang eigne fosterheimskampanjar, i tråd med målet om å rekruttere fleire fosterheimar i geografisk nærleik eller i familie og nettverk. Bufdir og Bufetat skal framover leggje meir til rette for kommunikasjonstiltak som kan brukast lokalt.

4.5.3 Utfordringar i samarbeidet mellom Bufetat og kommunane

Som eit ledd i innhentinga av kunnskap til denne meldinga har Bufdir intervjua tilsette i barnevernstenester, i Bufetat, hos statsforvaltarar og i KS. Blant dei som har erfaring med å be Bufetat om fosterheimar, har fleire av dei intervjua opplevd at prosessen er omstendeleg, og at det er krevjande å tilfredsstille alle krava til dokumentasjon. Dei har òg opplevd at tilgangen på fosterheimar er så liten at dei ofte ikkje får eit reelt høve til å vurdere behova til barnet opp mot styrkane til ulike familiar. Fleire opplever ansvarsfordelinga mellom Bufetat og kommunane som utydeleg eller skeiv. Dette gjeld særleg praktiseringa av bistandsplikta og tilbodet om spesialiserte fosterheimar. Bufdir gir uttrykk for at dagens ansvarsfordeling ikkje legg opp til eit tett og forpliktande samarbeid om å finne gode heimar for heile breidda av barn som treng fosterheim, innanfor éin felles struktur. Dette inntrykket blir stadfesta i intervju Bufdir har gjort med statsforvaltarane, som har eit inntrykk av at utfordringar i samarbeidet spissar seg til når kommunar opplever at Bufetat ikkje har tilgang på nok fosterheimar til å kunne innfri bistandsplikta. Det er behov for meir systematisk kunnskap om opplevinga til kommunane av tilbodet frå Bufetat. Departementet har derfor nyleg set i gang ein ekstern gjennomgang av Bufetats ivaretaking av bistandsplikta for institusjon og fosterheim.

Slik Bufdir vurderer det, må dialogen og samhandlinga utviklast, og ein må i større grad enn i dag leggje til rette for eit samarbeid der kommunen og Bufetat saman sørgjer for at fosterheimar får rammar og føresetnader for å gi god omsorg som møter behova til barn som treng fosterheim. Det felles faglege utgangspunktet i eit slikt samarbeid må vere behova til barna, og partane må ha god kunnskap om føresetnadene, behova og rammevilkåra til kvarandre.

4.5.4 Nedgang i talet på nye klargjorde fosterheimar

Bufetat rapporterer om større vanskar enn tidlegare med å hjelpe kommunane med å skaffe fosterheimar til barn som har behov for det. Medan 476 nye fosterheimar blei rekruttert av Bufetat i 2020, var det berre 189 nye fosterheimar som blei rekruttert av Bufetat i 2023. Dette inkluderer vel å merke ikkje fosterheimar i familie og nære nettverk, som Bufetat hjelper kommunane med å rekruttere, og som Bufetat og gir opplæring til. Ein konsekvens av utviklinga er at det er færre klargjorde fosterheimar som står ledige. Medan 284 klargjorde fosterheimar var ledige ved utgangen av 2020, var det berre 120 ledige klargjorde fosterheimar ved utgangen av 2023.

Denne utviklinga ser dramatisk ut. Samstundes har utviklinga samanheng med at fleire av Bufetats regionar bevisst har jobba meir spissa med rekruttering. Tidlegare har det vore ei utfordring at mange klargjorde heimar har venta lenge på fosterbarn, som følgje av at ønska og forutsetningane til heimane ikkje har samsvart med kjenneteikna ved barna som ventar på fosterheim.12 Dersom heimane som er rekrutterte, i større grad blir gjorde til «rette» heimar for barna som ventar på fosterheim, kan dei takast i bruk raskare. Det at ein jobbar meir med å tilpasse heimane til det einskilde barnet, kan vere noko av forklaringa på at det mellom 2017 og 2022 blei færre barn som venta på fosterheim. At det deretter blei fleire barn som venta på fosterheim i 2023, viser samstundes at ein langt ifrå har løyst utfordringa med mangel på tilstrekkeleg differensierte fosterheimar. Mangelen på klargjorde fosterheimar er framleis alvorleg. Ved inngangen til 2024 vurderte Bufetats regionar at dei gjennomgåande har for få ledige klargjorde heimar til å imøtekomme både nye oppmodingar frå kommunane og oppmodingar dei allereie har fått frå kommunane.

Utfordringsbiletet viser at det er fleire årsaker til mangelen på fosterheimar. Mangelen må òg sjåast i samanheng med at det er for få familiar som vel å gå inn i prosessen for å bli fosterheim, at fleire familiar fell av i løpet av rekrutteringsprosessen, og at mange fosterheimsplasseringar endar i brot og utilsikta flyttingar.

4.5.5 Tiltaksplan for fosterheimsrekruttering

I juni 2023 lanserte Barne- og familiedepartementet ein tiltaksplan for fosterheimsrekruttering med nitten tiltak.13 Føremålet med planen var å bidra til betre kapasitetsutnytting på kort sikt, innanfor gjeldande ressursar, prioriteringar og arbeidsformer. Fleire av tiltaka i denne meldinga inneber ei vidareutvikling av tiltaka i planen.

Fleire av tiltaka dreier seg om betre dialog og samarbeid mellom Bufetat og kommunane. Planen legg mellom anna opp til ein ny digital mal for oppmodingane frå kommunane til Bufetat og til å klargjere Bufetats rutinar for å gi informasjon til kommunane.

Eit av tiltaka i planen går ut på å leggje til rette for meir bruk av avlastingstiltak for fosterheimar. Planen legg òg opp til målretta bruk av familieråd for å finne gode avlastingstiltak ved fare for brot i fosterheimar, særleg i kommunar som nyttar metoden i mindre grad. I tråd med eit tiltak i planen har Bufetats regionar etablert døgnbemanna hjelpetelefonar for fosterforeldre. Vidare inneheld planen tiltak for å forbetre kunnskapsgrunnlaget når det gjeld barn som ventar på fosterheim, og tiltak for å bidra til nettverksbygging og informasjonsutveksling mellom fosterforeldre.

4.6 Rekruttering av fosterheimar i nærområdet til barna

4.6.1 Kommunen skal leite etter ein fosterheim i familien og det nære nettverket til barnet

Det er eit mål at alle barn som kan bu hos familien eller det nære nettverket sitt når dei flyttar i fosterheim, skal få høve til det. Når eit barn har behov for ein fosterheim, skal derfor barnevernstenestene fyrst vurdere om nokon i familien eller det nære nettverket til barnet kan veljast som fosterheim. Med det nære nettverket til barnet meiner ein personar som barnet har ein etablert og trygg relasjon til. Dei treng ikkje å bu geografisk nær barnet. Det sentrale er at barnet kjenner dei frå før, og at det ligg føre ein etablert relasjon. Plikta inneber at barnevernstenesta alltid må kartleggje om det er mogleg å finne ein fosterheim til barnet innanfor denne personkrinsen. Over tid har det vore ein auke i talet på barn som bur i ein fosterheim rekruttert frå familie og nettverk, og i 2022 budde om lag 30 prosent av alle barn i fosterheim innanfor familien eller det nære nettverket. Interkommunale samarbeid kan òg bidra til lokale løysingar. Det er likevel svært store skilnader mellom kommunane når det gjeld kor stor del av fosterbarna som bur i ein fosterheim innanfor familien eller nettverket. I 2021 varierte det mellom 11 og 70 prosent. Dette tyder på at somme kommunar har eit stort unytta potensial når det gjeld å bruke familie og nettverk som fosterheimar.14

Dersom kommunen ber om det, kan Bufetat hjelpe til med å finne ein fosterheim i familien eller det nære nettverket til barnet. Bufetat kan òg hjelpe med å skaffe ein familierådskoordinator som hjelper familien med å gjennomføre eit familieråd. Familierådskoordinatorane inngår oppdragsavtale med kommunane om å gjennomføre familieråd i fosterheimssaker. Bufetat rapporterer at det er store skilnader når det gjeld kor mykje barnevernstenestene bruker familieråd som eit verktøy for å finne fosterheimar. Vidare blir det rapportert om vedvarande manglar i den systematiske satsinga på bruk av familie og nære nettverk, og manglande kunnskap om eigna tiltak, slik som familieråd.

Statsforvaltarane har òg ei pådrivarrolle i arbeidet kommunane gjer med å rekruttere fosterheimar i familie og nære nettverk, og dei forvaltar ei årleg løyving til dette føremålet. Midlane har mellom anna vore nytta til fagdagar og samlingar for aktørane for å rette merksemd mot familie- og nettverksrekruttering. Slike tiltak har hatt som føremål å gi inspirasjon og å løfte fram kommunar og prosjekt som har lukkast med arbeidet sitt.

4.6.2 Fleire barn bør få ein fosterheim i nærområdet sitt

Når barnevernstenesta skal velje fosterheim, skal dei velje ein heim som er eigna til å sikre behova til det einskilde barnet, og dei skal leggje avgjerande vekt på omsynet til det som er best for barnet. I somme tilfelle er det ønskjeleg med ein fosterheim som ligg i ein viss avstand frå familien eller eit uheldig miljø. Dersom ein klarer å finne ein fosterheim innanfor familie eller nært nettverk i ein annan kommune, kan det òg tale for at barnet flyttar utanfor nærmiljøet.

I dei fleste tilfella er det likevel ønskjeleg å finne ein fosterheim i nærmiljøet for å sikre mest mogleg stabilitet og kontinuitet for barnet. Då vil barnet òg behalde nærleiken til tenester og hjelpeapparat som har erfaring med og kjennskap til barnet. Dette vil òg lette oppfølgingsansvaret for barnevernstenesta. Lange avstandar gjer oppfølginga meir ressurskrevjande for barnevernstenesta og fører i ein del tilfelle til tilleggsutfordringar i forvaltinga av oppgåver mellom omsorgskommune og fosterheimskommune.

Mange barn flytter i dag i ein fosterheim som ligg geografisk langt unna oppvekstmiljøet deira. Ein gjennomgang av fagsystema i Bufetat, der beredskapsheimar og spesialiserte fosterheimar er haldne utanfor, viser at berre 29 prosent av barna i ordinære fosterheimar bur i ein fosterheim i omsorgskommunen sin ved utgangen av 2023. Nær halvparten av barna bur i ein fosterheim utanfor fylket dei har vakse opp i. Dei aller fleste barna, ni av ti, bur likevel i den same Bufetat-regionen som dei budde i før dei flytta i fosterheim. Funnet av at mindre enn ein tredel bur i ein fosterheim i omsorgskommunen sin, samsvarer med funn frå medlemsundersøkinga i Norsk Fosterhjemsforening frå 2022.15

4.6.3 Meir systematisk samarbeid om rekruttering av fosterheimar i nærområdet til barna

Ulike modellar for systematisk rekruttering av fosterheimar blir no prøvde ut. Éin slik modell er Zip-team. Nokre av modellane er initierte av Bufetat, andre er initierte av kommunar og støtta av tilskotsmidlar gjennom kommunale læringsnettverk. I dette arbeidet er lokale relasjonar med ulike instansar og foreiningar sentralt. Målet med fleire av modellane som blir prøvde ut, er å bidra til at barn får ein fosterheim som ligg i nærleiken av det opphavlege nærmiljøet deira, når dei ikkje kan bu i fosterheim i familien eller det nære nettverket sitt.

Eit systematisk samarbeid for å kartleggje behovet for framtidige fosterheimar i kommunane kan gjere det meir føreseieleg for Bufetat å sikre nok differensierte fosterheimar. Lokalt arbeid med å rekruttere fosterheimar i samspel mellom Bufetat og einskilde kommunar eller fleire kommunar som samarbeider, kan bidra til at ein får tilgang på andre familiar i befolkninga enn dei kommunane og Bufetat når i dag.

Regjeringa vil derfor be Bufdir om å ta initiativ til fleire samarbeidsprosjekt mellom Bufetat og kommunar for å bidra til at ein større del barn får ein fosterheim i nærmiljøet sitt. For at Bufetat skal kunne gi god rekutteringshjelp til kommunane, er det viktig å halde oppe dialogen mellom Bufetat og kommunane om behova i tenestene. Dette kan bidra til at Bufetat raskare kjem i posisjon til å hjelpe kommunane med å finne eigna fosterheimar i nærmiljøet til barna og – der det ikkje lukkast – til å søkje etter og formidle fosterheimar som Bufetat har rekruttert sjølv. God kunnskap om tilgjengelege tiltak i kommunane og kva rammevilkår kommunane vil tilby fosterheimane, kan bidra til at Bufetat møter dei behova som blir etterspurde, og oppfyller bistandsplikta si raskare.

Boks 4.1 Zip-team – rekruttering og opplæring av fosterheimar i geografisk nærleik

Zip-team er eit utviklingsprosjekt i samarbeid mellom Bufetat, Øygarden kommune og Alver kommune. Prosjektet ønskjer å fokusere på verdien av tilhøyrsle til stad, kultur og nærmiljø når det ikkje finst berekraftige omsorgsalternativ i dei kjende relasjonane til barnet.

Gjennom eit systematisk samarbeid mellom Bufetat og kommunane kan ein saman finne fosterheimar til fleire av barna som treng ein fosterheim i geografisk nærleik, og sikre at kommunen er involvert i både rekrutterings- og opplæringsprosessen. Målet er å få til betre matching mellom fosterbarn og fosterheimar, få effektive godkjenningsprosessar og gjere viktige forventingsavklaringar for moglege fosterheimar på eit tidlegare tidspunkt. Dette skal bidra til at færre barn får brot i relasjonar, skule og oppvekstmiljø.

Prosjektet utviklar ein modell for samarbeid som tek utgangspunkt i ansvarsfordelinga mellom stat og kommune når det gjeld rekruttering, formidling og opplæring av fosterheimar. Modellen definerer oppgåve- og ansvarsfordeling gjennom heile prosessen. Bufetat ber hovudansvaret gjennom prosessen og koplar kommunen på i avtalte fasar av arbeidet.

Zip-team rettar merksemd mot korleis Bufetat og kommunane best kan utfylle kvarandre i arbeidet med å rekruttere fosterfamiliar lokalt. Modellen krev at kommunane tek eigarskap til rekrutteringsarbeidet, og at dei tydeleg definerer fosterheimsomsorga si og bidreg til å gjere tidlege forventingsavklaringar. At aktuelle fosterheimar i større grad får kjennskap til kva rammer og forventingar som gjeld i den kommunen dei skal engasjerast i, blir trekt fram som ein viktig føresetnad for å lukkast.

4.6.4 Auka bruk av familieråd

Bufdir og Bufetat har dei siste åra satsa stort på familierådsmetoden, både når det gjeld utbreiing, og når det gjeld utvikling til bruk på andre områder enn berre ved rekruttering av fosterheimar. Bufdir erfarer at kommunar som nyttar familieråd tidleg i saker, får tilgang på viktig informasjon om kva ressursar som finst rundt barnet. Dette kan føre til at ein oppdagar ressursar rundt familien som kan bidra med til dømes avlastingstiltak eller andre former for hjelp som kan vere med og førebyggje ei omsorgsovertaking. Å gjennomføre eit familieråd tidleg i ein saksprosess er òg nyttig dersom det seinare oppstår ein situasjon der barnet ikkje kan bu heime på kortare eller lengre sikt. Bufetat jobbar for å halde oppe bruken av familieråd i kommunar som allereie bruker det mykje, og for å auke bruken i kommunar som bruker det lite.

Boks 4.2 Familierådsmodellen

Familieråd er eit møte der familien tek viktige avgjerder når nokon meiner at situasjonen til eit barn er vanskeleg. Ofte deltek barnet sjølv, familie, slekt, venner og andre som er viktige for barnet, og dessutan ein koordinator og initiativtakaren (ofte kontaktperson i barnevernet). Det er vanleg å invitere med aktuelle fagpersonar til fyrste delen av familierådet.

Dette kan vere ein god måte å finne løysingar på når eit barn treng hjelp. Familieråd er frivillig, og familien sjølv, barnet eller offentleg tilsette kan ta initiativ til eit familieråd. Tanken bak familieråd er at det utvida nettverket har unik kunnskap, erfaringar og ressursar som er viktige for å komme fram til best mogleg avgjerder. På sjølve familierådet er målet å komme fram til ein forpliktande plan som blir justert om det trengst. Arbeidsmodellen blir mest brukt i barnevernet, men stadig oftare òg i andre tenester. Metoden kan nyttast i alle fasar av ei barnevernssak, til dømes i undersøkingar, ved hjelpetiltak, i akutte situasjonar, i fosterheimsarbeid og i ettervern.1

1 Bufdir.no Familieråd i oppvekstsektoren og barnevernet. Hentet 29.05.24

Fleire kommunar og bydelar har valt å tilsetje eigne familierådskoordinatorar. Ifølgje kommunane gir det mellom anna større moglegheiter for å nytte familieråd i andre delar av eit barnevernsforløp og på andre område innanfor oppvekstsektoren. Den systematiske oppbygginga av familierådsmodellen har bidrege til at barnevernstenestene i større grad vektlegg bruk av familie og nettverk ved val av fosterheim, og tilsette i barnevernet trekkjer fram modellen som heilt vesentleg i planlegginga og oppfølginga av familie- og nettverksfosterheimar.16

Regjeringa vil leggje betre til rette for meir bruk av familieråd som metode for å rekruttere fosterheimar i familie og nære nettverk. Bufetat har per i dag kapasitet til å auke bruken av familierådskoordinatorar på førespurnad frå kommunen. Regjeringa vil føre vidare tilbodet i Bufetat. Kommunane kjenner lokalsamfunnet sitt godt og kan ha ei anna innsikt i kva ressursar som finst rundt nettverket til barnet, enn det Bufetat har. Kommunen kan òg kjenne til personar som er særleg godt posisjonerte til å drive ein slik prosess. Som vi viser til i kapittel 5, kan familieråd bidra til å finne besøksheimar eller støttepersonar i nettverket til barnet eller til å løyse usemje mellom fosterheimar og barnevernstenesta. Regjeringa vil vurdere ulike typar støttetiltak for å stimulere til auke bruken av familieråd i kommunane.

4.6.5 Styrking av interkommunalt samarbeid for fosterheimsrekruttering

Fleire kommunar, somme i interkommunale samarbeid, jobbar aktivt med rekruttering av fosterfamiliar. Regjeringa ønskjer å heve kvaliteten på fosterheimsarbeidet i kommunane og leggje til rette for at fleire kommunar etablerer eit felles fosterheimstilbod. Kommunale læringsnettverk kan bidra til dette. Regjeringa vil tydeleggjere at læringsnettverka kan brukast for å betre tilgangen på fosterheimar.

Boks 4.3 Kommunale læringsnettverk

Kommunale læringsnettverk har blitt etablerte i samband med kompetansestrategien for det kommunale barnevernet (2018–2024) og har som føremål å bidra til at kommunane samarbeider om kvalitetsutvikling med utgangspunkt i lokale behov og tilhøve. Statsforvaltarane forvaltar midlar til utviklingsprosjekt der kommunane kan samarbeide om tiltaks- og kvalitetsutvikling. Sidan 2019 har det vore ei særleg satsing på det kommunale fosterheimsarbeidet, der ein stor del av tilskotsordninga er øyremerkt utviklingsprosjekt som skal styrkje arbeidet med oppfølging og rettleiing av fosterheimar. Ordninga omfattar òg rekruttering av fosterheimar, mellom anna prosjekt for å utvikle felles metodikk for og samarbeid rundt rekruttering av fosterheimar i familien og nettverket til barnet.1 Bufetat har òg, gjennom kompetansestrategien, fått midlar for å samarbeide med dei kommunale læringsnettverka, mellom anna om kompetanse- og tiltaksutvikling på fosterheimsområdet.

1 Bufdir (2021). Rammer og føringer for kommunale læringsnettverk

Følgjeevalueringa av kompetansestrategien viser at kommunane har gode erfaringar med læringsnettverka. Det finst fleire døme på vellukka utviklingsprosjekt som har ført til at kommunane i samarbeid har utvikla betre tilbod. Dette gjeld særleg på fosterheimsområdet. I følgjeevalueringa av kompetansestrategien trekkjast det fram at læringsnettverk er godt eigna til å heve kvaliteten i barnevernstenesta. Mange av nettverka ligg godt an til å nå dei fastsette måla, men det er òg mange som har brukt lang tid på å komme i gang.17

I intervju som Bufdir har gjort med statsforvaltarembeta, blei det òg gitt positive tilbakemeldingar på samarbeidet mellom kommunar og Bufetat gjennom læringsnettverk. Det blei framheva at samarbeidsavtalar bidreg til å effektivisere innsatsen og at Bufetat og kommunane får brukt kompetansen og kapasiteten sin til å nå måla i prosjekta.

Erfaringane viser at læringsnettverk kan bidra til å styrkje fagmiljøa i kommunane og til at det blir retta større merksemd mot fosterheimsarbeidet. Ei vidareføring av læringsnettverk retta mot rekruttering av fosterheimar, kan òg bidra til godt samarbeid mellom Bufetat og kommunane, bidra positivt til arbeidet kommunane gjer med å rekruttere fosterheimar i familien og det nære nettverket til barnet, og til kompetansebygging på området. I tillegg vil innsatsen bidra til større tilgang på fosterheimar i nærområdet. Som vist i kapittel 5, ønskjer regjeringa å styrkje tilskotsordninga for læringsnettverk og rettleiings- og støttefunksjonane overfor kommunenettverk, for at fleire kommunar kan nyttiggjere seg moglegheitene som finst gjennom læringsnettverka.

4.7 Meir bruk av spesialiserte fosterheimar

Departementet har i fleire samanhengar fått signal om at det er ønskjeleg å styrkje tilbodet av spesialiserte fosterheimar. Fleire spesialiserte fosterheimar kan bidra til at barn som oppfyller målgruppekriterane for ein spesialisert fosterheim, får ein slik heim, og dermed eit treffsikkert tiltak.

Barnevernsutvalet18 føreslo at ordninga med spesialiserte fosterheimar blir utvikla, tilpassa og utvida slik at barn og unge som i dag blir flytta på institusjon, heller får tilbod om eit spesialisert fosterheim når det er eit betre tiltak for barnet. Utvalet føreslo også at Bufetat skulle ha bistandsplikt ved eit slikt tilbod.

Regjeringa vil ha fleire spesialiserte fosterheimar og auka derfor løyvinga til Bufetat i 2023 og 2024. Auken skal gi om lag 40 nye spesialiserte fosterheimar. Talet på spesialiserte fosterheimar skal auke både gjennom kjøp av fosterheimar frå ideelle aktørar og gjennom fleire statlege spesialiserte fosterheimar. At Bufetat skal rekruttere og tilby fleire spesialiserte fosterheimar er også eit av tiltaka i tiltaksplanen for fosterheimsrekruttering (sjå avsnitt 4.5.5). Det har vist seg å være utfordrande å rekruttere heimar som kan eller vil ta på seg eit slikt oppdrag. Bufdir rapporterer at tilgangen på kvalifiserte spesialiserte fosterheimar er låg, og at det tek tid å byggje opp tilbodet.

Spesialiserte fosterheimar tilbydast i dag som eit alternativ til institusjon.19 Det er derfor usikkert i kor stor grad det å få fleire slike heimar vil avhjelpe ventetida på ordinære fosterheimar. Ordinære fosterheimar med oppfølging frå den kommunale barnevernstenesta, kan gi ei auka grad av nærleik og integrasjon til dei andre kommunale tenestene, samanlikna med kva barnet får tilbod om i spesialiserte fosterheimar. Dette er ein viktig verdi ved ordinære fosterheimar som ein må ta omsyn til i arbeidet med å utvikla fosterheimsordninga, og innretninga og dimensjoneringa av det statlege fosterheimstilbodet.

Omsynet til barna i kombinasjon med rekrutteringsutfordringane, tilseier at ein òg må sjå på andre tiltak og innretningar av innsatsen. Regjeringa vil derfor gi kommunane og ordinære fosterheimar betre tilgang på støtte, som samsvarer med dei verksame komponentane i spesialiserte fosterheimar, i form av kompetansestøtteteam og tiltaksstøtte til kommunane. Kommunane som nyttar desse tiltaka, vil i stor grad kunne tilby fosterheim med ei innretning som liknar på riggen rundt spesialiserte fosterheimar. Tiltaka er nærare omtalte i kapittel 5.

4.8 Rekruttering av fosterheimar med minoritetsbakgrunn

4.8.1 Mangel på fosterheimar med minoritetsbakgrunn

Når eit barn med minoritetsbakgrunn skal flytte i fosterheim, skal barnevernstenesta og Bufetat prøve å finne ein fosterheim som kan vareta tilknytinga til den etniske, kulturelle, språklege og religiøse bakgrunnen til barnet.20

Somme av dei norske barnevernssakene som har vore handsama i Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD), har handla om retten barn har til å bevare tilknyting til den språklege og religiøse bakgrunnen sin. I storkammerdommen A.I. mot Noreg i 2021 viste EMD til at barnevernet må gjere ein innsats for å finne ein fosterheim med same kulturelle bakgrunn som barnet. EMD kom til at dersom innsatsen ikkje fører fram, så er ikkje barnevernet rettsleg forplikta til å gi barnet opphald i ein fosterheim med same kulturelle bakgrunn som barnet. I slike tilfelle må barnevernstenesta sørgje for at tilknytinga barnet har til sin eigen bakgrunn, blir sikra gjennom andre tiltak.

Ofte, også i tilfelle der både barnet, foreldra og barnevernstenesta vurderer at det er best for barnet å bu i ein fosterheim som har den same kulturelle bakgrunnen som det har sjølv, kan det vere vanskeleg å lukkast med å rekruttere ein slik fosterheim. Det finst ikkje statistikk over kor mange fosterforeldre som har minoritetsbakgrunn, men det er rimeleg å tru at talet er mykje lågare enn talet på barn med minoritetsbakgrunn som bur i fosterheim. I medlemsundersøkinga til Norsk Fosterhjemsforening i 2022 var det 207 fosterforeldre som sa at dei var eller hadde vore fosterforeldre for barn med minoritetsbakgrunn. Av desse var det berre 25 som hadde minoritetsbakgrunn sjølve.21

Ei årsak til at det er vanskeleg å rekruttere fosterheimar med minoritetsbakgrunn, kan vere at tilliten til barnevernet er lågare blant minoritetar enn i befolkninga elles. I to studiar baserte på eit innvandrarutval og eit samanlikningsutval blant befolkninga elles, finn ein at innvandrarar jamt over uttrykkjer lågare tillit til barnevernet enn andre gjer.22 Det kan òg vere ein barriere at mange har avgrensa kunnskap om barnevernet og lite kjennskap til kva det inneber å vere fosterforeldre. Vidare kan det vere meir utfordrande å nå ut til minoritetsbefolkninga med rekrutteringskampanjar enn til resten av befolkninga.23

Krava som blir stilte til fosterforeldre, kan òg utgjere ein barriere. I 2017 gjorde Proba samfunnsanalyse ein studie av barn med minoritetsbakgrunn der dei fann at særleg krav til bustad og norskkunnskapar kunne komme i vegen for at familiar med minoritetsbakgrunn blei godkjende som fosterheimar. Samstundes fann dei at barnevernstenesta praktiserte ei meir fleksibel vurdering av kriteria når det var aktuelt med opphald i fosterheimar i familie eller nære nettverk.24

4.8.2 Ny og meir heilskapleg vurdering ved godkjenning av fosterheimar

Ifølgje barnevernslova og fosterheimsforskrifta som tredde i kraft 1. januar 2024, skal fosterforeldre ha særleg evne, tid og overskot til å gi barn ein trygg og god heim. Nytt i forskrifta er at ein har framheva dei ytterlegare relevante momenta i vurderinga av om fosterforeldra har dei naudsynte føresetnadene for å sikre dei særlege behova til det einskilde barnet.25

Departementet er kjent med at krava til fosterforeldre i somme tilfelle har blitt tolka strengare enn det er grunnlag for. Ein fosterheim bør ikkje bli avvist på grunn av eit einskilt moment dersom barnevernstenesta likevel meiner ei heilskapleg vurdering tilseier at fosterheimen er eigna til å ta hand om omsorgsbehova til barnet. Føremålet med endringa i forskrifta er å gjere tydeleg kva moment barnevernstenesta må sjå på når dei vurderer om ein fosterheim er eigna til eit aktuelt barn, og samstundes få fram at dette er ei skjønnsmessig og konkret vurdering i kvar sak.

Barnevernstenesta skal vurdere alle momenta, men det varierer kva vekt dei ulike momenta har. Nokre av momenta, til dømes at ein må ta omsyn til kva omsorgs- og oppfølgingsbehov barnet har, er alltid relevante og viktige i vurderinga av kva fosterheim som er eigna til det aktuelle barnet. For andre moment kan vekta variere. Til dømes er det relevant å vurdere bustaden og økonomien til fosterforeldra, men det er ikkje gitt at liten bustad og/eller dårleg økonomi er til hinder for at fosterheimen kan godkjennast. Det same gjeld til dømes alderen og helsa til fosterforeldra, eller om det bur andre barn i fosterheimen. Det kan òg hende at til dømes behovet for kontakt med søsken eller andre må vegast opp mot andre behov barnet har, som fosterforeldra er særleg eigna til å vareta. I eit slikt tilfelle må barnevernstenesta vurdere og grunngi kva dei ut frå ei konkret avveging meiner vil vere det beste for barnet. Barnevernstenesta kan òg setje inn tiltak i etableringa eller oppfølginga for at fosterheimen skal møte behova til barnet.

På nettsida fosterhjem.no er det presisert at det er heilskapsbiletet som avgjer. Det blir òg understreka at det trengst fleire fosterforeldre med minoritetsbakgrunn som snakkar ulike språk.

4.8.3 Ambassadøravtalar med frivillige organisasjonar

I arbeidet med fosterheimsstrategien 2021–2025 blei det sett i gang ein nasjonal dugnad for fosterheimsrekruttering, der det blei inngått ambassadøravtalar med ei rekkje aktørar på trus- og livssynsfeltet, interesseorganisasjonar, idrettslag og bedrifter.26 Føremålet med innsatsen var å motivere fleire til å ville bli fosterheim og til å ta kontakt med Bufetat eller kommunen – samt å rekruttere fleire fosterheimar som kan sikre den etniske, språklege, kulturelle og religiøse tilknytinga til barna. Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL) hadde ei koordinerande rolle på nasjonalt nivå, og det blei inngått ei rekkje avtalar på lokalt nivå. I avtalane forplikta aktørane seg til å leggje til rette for lokale møteplassar der fosterheimstenesta til Bufetat blei invitert inn, og elles spreie kunnskap om behovet for nye fosterheimar til medlemmene sine. Arbeidet har blitt følgt opp av fosterheimstenestene i Bufetat-regionane.

4.8.4 Styrkt rekruttering av fosterheimar med minoritetsbakgrunn

Regjeringa vil styrkje innsatsen for å rekruttere fleire fosterheimar med minoritetsbakgrunn. Å rekruttere fosterheimar i familien og det nære nettverket til barnet vil bidra til fleire slike heimar. I det vidare arbeidet med kampanjar vil Bufdir undersøkje korleis ein i større grad kan nå ut til minoritetsbefolkninga. Bufdir og Bufetat vil mellom anna byggje vidare på erfaringar frå Barne- og familieetaten i Oslo kommune med rekruttering i minoritetsmiljø. Ein berebjelke i dette arbeidet er mellom anna relasjonsbygging med lokale trus- og livssynsorganisasjonar. Lokalt arbeid er avgjerande for å lukkast. Bufdir vil leggje til rette for samarbeid på nasjonalt nivå med trus- og livssynsorganisasjonar som kan gi gode synergiar til lokale samarbeid om rekruttering, slik som STL.

4.9 Oppsummering

Regjeringa har eit overordna mål om at alle barn som treng fosterheim, raskt skal få eit behovstilpassa og føreseieleg tilbod som ligg i nærmiljøet deira, og som fremjar tryggleik og positiv utvikling. For å nå dette målet vil regjeringa:

  • føre vidare rekrutteringsinnsatsen i Bufdir og Bufetat og følgje opp tiltaksplanen for fosterheimsrekruttering

  • leggje til rette for at kommunar kan samarbeide om rekruttering og oppfølging av fosterheimar gjennom kommunale læringsnettverk

  • setje i gang fleire samarbeidsprosjekt mellom Bufetat og kommunar for rekruttering av fosterheimar i nærområdet

  • styrkje rekrutteringa av fosterheimar med minoritetsbakgrunn

  • auke bruken av spesialiserte fosterheimar

  • vurdere ulike typar støttetiltak for å stimulere til auke i bruken av familieråd i kommunane.

Fotnotar

1.

Sentio Research (2022). Fosterhjem. Rapport oktober 2022

2.

Kjelsaas, I. mfl. (2024). Evaluering av barnevernsreformen. Første statusrapport med søkelys på forebygging og tidlig innsats. Menon-publikasjon nr. 165/2023

3.

Klargjorde fosterheimar er fosterheimar som har gjennomført grunnleggande opplæring og vart vurderte som eigna.

4.

Norsk Fosterhjemsforening (2024): Fosterhjemsundersøkelsen 2024

5.

Jf. handsaming av Prop. 222 L (2020–2021) Endringer i barnevernloven mv. (tverrfaglig helsekartlegging)

6.

Bufdir (2022). Sluttrapport for prosjektet etablering og utprøving av tverrfaglig helsekartlegging av barn i barnevernet

7.

Departementene (2024). Vårt felles ansvar – ny retning for barnevernets institusjonstilbud.

8.

Fosterheimsforskrifta § 4

9.

Jf. barnevernslova § 16-3 andre ledd bokstav a. I Oslo kommune er det Barne- og familieetaten som er ansvarleg for å tilby opplæringa.

10.

Bufdir.no Informasjon til kommuner om Solid – grunnopplæring for nye fosterforeldre. Hentet 29.05.24

11.

Sentio Research (2022). Fosterhjem

12.

Bufdir (2022). Årsrapport 2021

13.

Barne- og familiedepartementet (2023). Tiltaksplan for fosterhjemsrekruttering.

14.

Kjelsaas, I. mfl. (2020). Best egnede tiltak når barn skal bo utenfor foreldrehjemmet. Menon-publikasjon nr. 134/2020

15.

Norsk Fosterhjemsforening (2022). Fosterhjemsundersøkelsen 2022

16.

Eide, K. mfl. (2024). Flyttinger i regi av barnevernet. Skriftserien fra Universitetet i Sørøst-Norge nr. 145

17.

Oslo Economics (2022). Kompetansebehov i kommunalt barnevern. OE-rapport nr. 2022-109; Oslo Economics (2022). Følgeevaluering av kompetansestrategien for det kommunale barnevernet 2018–2024. Andre statusmåling, september 2022. OE-rapport 2021-39

18.

NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid

19.

Barnevernslova § 16-3 andre ledd bokstav c

20.

Jf. barnevernslova § 1-8 og fosterheimsforskrifta § 5 fyrste ledd

21.

Norsk Fosterhjemsforening (2022). Fosterhjemsundersøkelsen 2022

22.

Ipsos (2017). Tillit til barnevernet blant personer med innvandrerbakgrunn; Dalen, K. Flatø, H. og Friberg, J.H. (2022). Hverdagsintegrering. En pilotundersøkelse om tillit, tilhørighet, deltakelse og diskriminering i innvandrerbefolkningen. Fafo-rapport 2022:15

23.

Proba samfunnsanalyse (2017). Barn med minoritetsbakgrunn i fosterhjem. Proba-rapport 2017-03

24.

Proba samfunnsanalyse (2017). Barn med minoritetsbakgrunn i fosterhjem. Proba-rapport 2017-03

25.

Fosterheimsforskrifta § 5

26.

Barne- og familiedepartementet (2021). Et trygt hjem for alle. Regjeringens fosterhjemsstrategi 2021–2025

Til forsida