Meld. St. 29 (2023–2024)

Fosterheim – ein trygg heim å bu i

Til innhaldsliste

5 Betre oppfølging av fosterheimar, barn og foreldre

5.1 Innleiing

Regjeringa meiner det er viktig med god oppfølging av barn i fosterheim, foreldra til desse barna og fosterfamiliane. For at barn i fosterheim skal oppleve å ha ein trygg og god heim, må både foreldre og fosterforeldre få tilstrekkeleg og tilpassa støtte. Fosterheimar er avhengige av at kommunane stiller med ressursar og oppfølging som gjer omsorgsoppgåva mogleg. Dette kapittelet handlar om oppfølginga av fosterheimane. Økonomiske rammevilkår for fosterforeldre er omtalte i kapittel 7.

Undersøkingar viser at fosterfamiliar treng rettleiing og støtte for å klare å stå i oppdraget og møte behova til barna. Det er kommunen som har ansvar for å gi fosterfamiliane den rettleiinga og støtta dei treng. I dag er det stor uønskt variasjon i korleis kommunane følgjer opp fosterheimane sine. Ikkje alle kommunar har dei same føresetnadene og ressursane til å gi fosterheimane tilstrekkeleg oppfølging. Regjeringa vil derfor styrkje Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) si støtte til kommunane i fosterheimsoppfølginga og leggje til rette for kommunale initiativ og interkommunalt samarbeid om oppfølging av fosterheimar. Dette vil hjelpe kommunane med å gi fosterforeldre den oppfølginga og støtta dei treng for å stå i oppdraget over tid.

5.2 Mange barn i fosterheim får ikkje stabiliteten dei treng

Når eit barn må flyttast til ein fosterheim, skjer det med føremål om å sikre at barnet får ei stabil og behovstilpassa omsorgssituasjon. Barn som må flytte frå heimen på grunn av mangelfull omsorg, er i ein svært sårbar situasjon. Tryggleik og stabilitet er derfor svært viktig. Likevel er ei hovudutfordring på fosterheimsområdet i dag at mange barn opplever å måtte flytte fleire gonger, anten til ein ny fosterheim eller til ein institusjon. Kvar flytting, også den fyrste frå foreldra, inneber eit brot i relasjonar.

Eit brot, eller ei utilsikta flytting, kan definerast som ei flytting som skjer tidlegare enn planlagt og på bakgrunn av vanskar som har oppstått.1 Sjølv om ikkje alle flyttingar er utilsikta, indikerer statistikken at mange barn i fosterheim opplever fleire flyttingar enn det som er ønskjeleg. Statistikk frå SSB om flyttingar blant barn som bur i fosterheim, er omtalt i kapittel 3.

Jo lenger barnet har budd i fosterheimen, desto mindre sannsynleg blir flytting. Barn som bur i ein fosterheim i familien eller det nære nettverket, opplever færre flyttingar enn barn som bur i ein fosterheim utanom familien og det nære nettverket.2

Flytteårsaker som fosterforeldra trekkjer fram, er behova til fosterbarnet, relasjonen til barnevernstenesta, relasjonen til barnet sine foreldre og omsynet til eigne barn.3 Det er derfor viktig at fosterforeldra sine eigne barn blir inkluderte i oppfølginga av fosterheimen, og at ein får til gode samarbeidsrelasjonar mellom barnevernstenesta, fosterfamilien og foreldra.

Barnevernsutvalet peikte på mangelfull oppfølging av barn og fosterheimar som ei viktig årsak til det store omfanget av utilsikta flyttingar.4 Ein ny rapport om flytting i regi av barnevernet viser òg at flyttingane heng nært saman med at barna ikkje blir inkluderte og får medverke nok.5 Barna opplever at dei i lita grad blir høyrde i viktige spørsmål som val av fosterheim, fastsetjing av samvær og tilbakeføring.

Det er urovekkjande at mange barn opplever fleire utilsikta flyttingar. Ustabilitet i fosterheimen medfører ein fare for brot i relasjonane til omsorgsgivarar og at barnet må tilpasse seg nye omgivnader. Mangelen på stabilitet har vist seg å henge saman med auka risiko for problemåtferd, sosiale utfordringar og negativ effekt på utviklinga av hjernen og den psykiske helsa til barna.6

Det er ein særleg høg risiko for brot det fyrste året barnet bur i fosterheimen. Det kan ta tid før barnet klarer å tilpasse seg den nye situasjonen. Det er derfor viktig å gi fosterheimen tett og god oppfølging, særleg det fyrste året etter at barnet har flytta inn. Overgangsfasar kan også være krevjande fasar som krev særleg tett oppfølging. Undersøkingar viser at rettleiing og støtte til fosterforeldra er naudsynt for at dei skal klare å stå i oppdraget og møte behova til barnet.7

Det er ikkje berre det konkrete barnet og fosterfamilien som blir påverka av eit brot. Fosterheim som tiltak har ein stor samfunnsøkonomisk verdi. I eit livsløpsperspektiv gir fosterheimar barna betre sjansar til å oppnå arbeidsdeltaking og god helse i vaksen alder, noko som òg har stor samfunnsøkonomisk verdi. Basert på eit sett med føresetnader reknar Menon Economics med at kvar krone brukt på fosterheimar gir ei venta samfunnsøkonomisk avkasting på elleve kroner, og at den offentlege budsjettkostnaden ved å miste ein fosterheim svarer til to millionar kroner kvart år. Det er betydeleg uvisse knytt til slike overslag. Den overordna konklusjonen om at fosterheimar har ein stor samfunnsøkonomisk verdi, er det likevel liten grunn til å tvile på. Tiltak som kan hindre utilsikta flyttingar, eller som kan bidra til at fleire fosterheimar ønskjer å ta på seg eit nytt oppdrag, blir derfor rekna som svært lønnsame for samfunnet.8

5.3 Arbeidet med å følgje opp fosterheimar i kommunane

5.3.1 Kommunane sitt ansvar

Med barnevernsreforma som tredde i kraft 1. januar 2022, fekk kommunane eit utvida og samla ansvar for å følgje opp ordinære fosterheimar. Dei fekk òg fullt finansieringsansvar for ordinære fosterheimar. Beredskapsheimar og spesialiserte fosterheimar blir følgde opp av Bufetat.

Oppfølginga av fosterfamilien skal vere heilskapleg og tilpassa deira behov. Oppfølgingsansvaret skal tolkast vidt og inkluderer å gi naudsynt råd, rettleiing og støtte til fosterforeldra og deira eigne barn. Kommunane sitt ansvar for oppfølginga omfattar all oppfølging av fosterheimen som er naudsynt og føremålstenleg for å ta vare på fosterbarnet, inkludert rettleiing, avlasting og anna hjelp og støtte. Behovet for oppfølging skal vurderast løpande, heilskapleg og konkret. Barnevernstenesta skal laga ein plan for oppfølginga av fosterfamilien.

Barnevernstenesta må ha god informasjon om og forståing av barnet og kva behov barnet har, for å kunne velje ein eigna fosterheim. Fordi barnet utviklar og endrar seg, er det viktig at barnevernstenesta held fram med å vurdere behova til barnet etter at barnet har flytta inn i fosterheimen. Det kan vere avgjerande for å forstå kva oppfølging barnet og fosterforeldra treng. Barnet har rett til å medverke i oppfølginga.

Barnevernstenesta må òg vurdere om fosterfamilien kan trenge særskilde tiltak og støtte. Det kan til dømes vere ekstra eller spesialisert rettleiing eller heilt eller delvis frikjøp utover den fyrste tida etter at barnet har flytta inn. Behovet for tiltak og oppfølging skal vurderast løpande og endrast dersom behova til barnet og fosterheimen endrar seg. Ved behov kan barnevernstenesta nytte seg av tenester frå eksterne aktørar.

Barnevernstenesta skal vere tilgjengeleg for fosterheimen og besøkje fosterheimen så ofte som naudsynt for å kunne oppfylle oppfølgingsansvaret sitt. Oppfølgingsbesøk er regulerte i fosterheimsforskrifta § 10. Fosterheimskommunen skal sørgje for at det blir ført tilsyn med fosterheimen. Føremålet med tilsynet er å føre kontroll med at barnet får forsvarleg omsorg i fosterheimen, og at dei føresetnadene som blei lagde til grunn for vedtaket, blir følgde opp.

God oppfølging føreset samarbeid mellom barnevernstenesta og fosterheimen, barnet og foreldra. Etter fosterheimsforskrifta § 3 har barnevernstenesta og fosterforeldra ei gjensidig plikt til å samarbeide om å gi barnet ein trygg og god fosterheim med forsvarleg omsorg. Eit godt samarbeid mellom barnevernstenesta og fosterforeldra er naudsynt for at ein skal kunne gi barnet den hjelpa det treng, og for at barnevernstenesta og fosterforeldra skal kunne oppfylle ansvaret sitt etter barnevernslova.

5.3.2 Manglar i oppfølginga av fosterheimar

Det er godt dokumentert at det er store skilnader i fosterbarn sine behov for støtte og oppfølging. Fosterheimar er òg ulike og har ulike føresetnader. Det betyr at fosterheimane treng ulike rammer og ulik oppfølging for å kunne sikre behova til barnet og stå i oppdraget over tid. Samstundes må rammene vere føreseielege, så fosterforeldra kan vere trygge på at dei får den støtta dei treng.

Fosterheimsutvalet meinte at trygge rammer rundt fosterheimar, i form av behovstilpassa oppfølging og støtte, er avgjerande for å kunne møte utfordringane i fosterheimsomsorga. Trygge og føreseielege rammer kan truleg både styrkje rekrutteringa av framtidige fosterheimar og førebyggje brot.9

Sjølv om det er sett i verk ei rekkje tiltak for å vidareutvikle og heve kvaliteten på arbeidet i kommunane, er det fleire haldepunkt for at oppfølginga av fosterheimar samla sett er mangelfull. Ikkje alle kommunar har dei same føresetnadene og ressursane til å gi fosterheimane tilstrekkeleg oppfølging. Det er derfor betydeleg variasjon i kvaliteten på oppfølginga10 Ikkje alle kommunar har eigne tilsette som jobbar med fosterheimar.11 Fosterheimsarbeid er ikkje alltid eit prioritert område, og somme barnevernstenester erfarer at dei må prioritere andre saker som blir vurdert å haste meir.12 Variasjon i kva ressursar kommunane har til barnevern og fosterheimsarbeid, kan i verste fall føre til at økonomiske omsyn går føre omsynet til barnet og fosterfamilien. Stor gjennomstrøyming av tilsette i kommunalt barnevern gjer òg at fleire fosterforeldre opplever lite kontinuitet og mykje utskifting av kontaktpersonar i kommunane.13 Den store variasjonen i praksisen til kommunane stiller òg store krav til Bufetat når dei skal formidle kva det inneber å bli fosterheim, i rekrutteringsarbeidet sitt.

Ein studie av familie- og nettverksfosterheimar har vist at det er mangelfull dokumentasjon og oppfølging av desse heimane.14 Fosterheimar i familie og nære nettverk blir gjerne kontakta av barnevernet i akuttsituasjonar og må ofte ta imot eit barn raskt. For somme fosterforeldre kan pliktkjensla i slike tilfelle gå føre motførestillingar mot å ta på seg oppdraget. Dei kan òg måtte handtere lojalitetskonfliktar med foreldra til barna, som dei sjølve har eit familie- eller vennskapstilhøve til. Då er det desto meir urovekkjande at fleire fosterforeldre opplever at dei står åleine om å følgje opp både barnet og foreldra.15

5.3.3 Barn bør ha rett til å klage på vedtak om flytting

Det er inngripande for eit barn å måtte flytte etter ei omsorgsovertaking. Før det blir aktuelt med ei flytting, bør det prøvast familieråd eller tverrfaglege møter for å sjå om ressursar kan flyttast til barnet, i stadet for å flytte barnet etter ressursane. Regjeringa meiner òg at barn bør ha rett til å klage på vedtak om flytting. Regjeringa har derfor sendt på høyring16 eit forslag om at alle barn, uavhengig av alder, skal kunne klage på ei avgjerd frå barnevernstenesta som inneber at dei må flytte. Barnevernstenesta må informere barnet om klageretten og ved behov hjelpe barnet med å fremje slik klage. Forslaget som fremjast gjeld flyttingar som er grunngitt med at dei er naudsynte fordi tilhøva har endra seg eller det er til beste for barnet, og ikkje saker om tilbakeføring til foreldra etter ei omsorgsovertaking. Regjeringa har òg sendt på høyring eit forslag som utvidar klageretten til fosterforeldra slik at dei får rett til å klage på vedtak etter barnevernslova § 5-5 som inneber at barnet må flytte frå fosterheimen (sjå punkt 6.2.4).

5.3.4 Nye rettleiingar til kommunane

Planar er eit viktig verktøy for å sikre systematikk i oppfølginga og god dokumentasjon av barnevernsfaglege vurderingar. Dette gjeld oppfølginga av både barnet, fosterfamilien og foreldra til barnet. Etter barnevernslova § 8-3 skal barnevernstenesta så snart som mogleg etter eit vedtak om omsorgsovertaking utarbeide ein plan for omsorgssituasjonen til barnet og for oppfølginga av barnet og foreldra. I den nye fosterheimsforskrifta er det teke inn ei plikt for barnevernstenesta til å lage ein plan for oppfølging av fosterfamilien. Planen skal endrast ved behov, i samarbeid med fosterforeldra.

Planen for oppfølging av fosterfamilien skal brukast aktivt og innehalde ei oversikt over naudsynte tiltak og støtte som blir sett inn, som oppfølgingsbesøk og annan kontakt mellom fosterfamilien og barnevernstenesta. Oppfølgingsplanen bør vise både korleis barnevernstenesta vurderer oppfølgingsbehovet til fosterfamilien, og kva støtte, rettleiing og anna oppfølging fosterforeldra sjølve meiner at dei treng.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har nyleg publisert ei rettleiing til kommunane om god utøving av oppfølgingsansvaret overfor barn, fosterfamilie og foreldre, når barn bur i fosterheim.17 Rettleiinga gir tilrådingar om korleis det heilskaplege oppfølgingsansvaret til barnevernstenesta kan sikrast frå oppstart og gjennom eit fosterheimsforløp. Tilrådingane tek utgangspunkt i kunnskapsmodellen «Barnets behov i sentrum», der det er gjort ei operasjonalisering særskilt for fosterheimskonteksten. Det blir vidare gitt rettleiing om utarbeiding og bruk av høvesvis ein plan for omsorgssituasjonen til barnet og oppfølginga av barnet og foreldra og ein plan for oppfølging av fosterfamilien.

Bufdir har nyleg òg utarbeidd ei rettleiing for vurderingar og kompenserande tiltak ved flyttingar i barnevernet.18 Rettleiinga rettar seg mot kommunalt og statleg barnevern. Føremålet med rettleiinga er å bidra til at det blir innhenta oppdatert informasjon, at det blir gjort grundige og heilskaplege vurderingar, og at det blir godt dokumentert når det er aktuelt å flytte eit barn i regi av barnevernet. Vidare er det eit føremål at ein varetar medverknad, og at barnevernet alltid vurderer om det er behov for å setje inn kompenserande tiltak for å minske eventuelle belastingar for barnet og familien.

5.3.5 Styrking av kommunale læringsnettverk

Kommunale læringsnettverk, jf. tekstboks 5.1, har vist seg å vere ein god metode for å skape betre samarbeid mellom kommunar om kvalitetsutvikling i barnevernet. Dette gjeld særleg på fosterheimsfeltet, der fleire utviklingsprosjekt har ført til meir systematisk oppfølging av fosterheimar. I kapittel 4 har regjeringa framheva at læringsnettverka òg kan brukast til å styrkje kommunanes rekruttering av fosterheimar i eiga regi.

Læringsnettverk kan vere ein arena for å byggje faglege nettverk og dele erfaringar på tvers av kommunegrenser.19 Dette kan vere spesielt nyttig i barnevernstenester med små fagmiljø, der det er vanskeleg å opparbeide seg mengdetrening og spesialisering innanfor fosterheimsarbeid.20 Gjennom nettverka kan barnevernstenestene dele kunnskap og verktøy i arbeidet med fosterheimar. Gode verktøy og rutinar for oppfølging av fosterheimar kan føre til at både fosterbarna, fosterforeldra, deira eigne barn og foreldra til fosterbarna i større grad opplever å få den støtta dei treng. Dette gjer det meir sannsynleg at fosterforeldra klarer å stå i oppdraget og møte behova til barna, sjølv i vanskelege periodar. Læringsnettverka kan på denne måten bidra til målet om stabile, trygge fosterheimar.

Samstundes viser følgjeevalueringa av læringsnettverka at fleire små og sårbare kommunar kan ha utfordringar med å nyttiggjere seg tiltaket, på grunn av svak kapasitet til å prioritere arbeidet og delta aktivt i nettverka.21 Evalueringa konkluderer med at nettverka bør styrkjast, og at det bør leggjast meir til rette for erfaringsdeling mellom nettverka.

Kommunane har sjølve teke initiativ til eit nasjonalt nettverk for utviklingsprosjekt på fosterheimsområdet. Nettverket blei starta i 2021 og har sidan oppstarten gjennomført tre til fire digitale samlingar i året. Hovudmålet med nettverket er at det skal vere eit forum for alle som driv med fosterheimsprosjekt etter midlar frå statsforvaltaren, der dei kan dele erfaringar og hente inspirasjon frå andre prosjekt på tvers av fylkesgrenser. I løpet av året gjennomfører nettverket fleire digitale samlingar der dei tek opp og diskuterer ulike tema rundt fosterheimsarbeid. Det er etablert ei arbeidsgruppe som består av prosjektleiarar frå ulike stader i landet. Representantar frå Bufdir, Bufetat og statsforvaltarane deltek i ei utvida arbeidsgruppe, som fungerer som ein viktig drøftingspartnar for arbeidsgruppa.

Kommunale læringsnettverk kan kompensere for dei store variasjonane kommunane imellom når det gjeld kompetanse, erfaring og kapasitet til å etablere eigne tilbod. Regjeringa ønskjer å styrkje tilskotsordninga for læringsnettverka. Gjennomføring av tiltaket føreset budsjettdekning. Regjeringa vil komme nærare tilbake til eventuelle nødvendige løyvingsendringar i dei ordinære budsjettframlegga for Stortinget. Dette kan òg innebere å styrkje støttefunksjonar for læringsnettverka hos statsforvaltaren, slik at nettverka fungerer betre og får til meir læring på tvers. Det blir særleg lagt vekt på erfaringsdeling, slik at kommunane kan lære meir av kvarandre og få på plass oppfølgingstilbod til fosterheimar som blir vurderte som verksame.

Potensialet for å oppnå forbetringar gjennom læringsnettverk kan vere særleg stort i små kommunar som har få tilsette i barnevernstenesta, og der store avstandar kan gjere det tidkrevjande å følgje opp fosterheimar. Regjeringa ønskjer å innrette ein auke i løyvinga til ordninga slik at ho særleg stimulerer til fleire prosjekt i dei nordlegaste fylka. Ei slik auke i løyvinga føreset budsjettdekning. Regjeringa vil komme nærare tilbake til eventuelle nødvendige løyvingsendringar i dei ordinære budsjettframlegga for Stortinget.

Boks 5.1 «Fosterhjem Helgeland»

«Fosterhjem Helgeland» blei i 2018 satt i gang som eit prosjekt, med mål om å etablere ein regional fosterheimsteneste i samarbeid med sju ulike kommunar på Helgeland. Tenesta omfattar kommunane Rana, Vefsn, Hemnes, Lurøy, Nesna, Grane og Hattfjelldal, og blei 1. januar 2023 gjort om til ein fast interkommunal teneste. «Fosterhjem Helgeland» er ikkje ein del av barnevernstenestene, men skal yte bistand til kommunane med foster- og beredskapsheim.

Målet med prosjektet var å sikre fosterheimar i geografisk nærleik, slik at ein også oppnår:

  • Mindre belasting for barna enn det er å flytte til ein anna kant av landet.

  • Mindre belasting, både ressurs- og tidsmessig, for biologisk familie med tanke på samvær.

  • Mindre belasting for barnevernet med tanke på ressurs- og økonomibruk.

  • Betre og tettare oppfølging av foster- og beredskapsheimar.

Hovudaktiviteten for tenesta er å rekruttere foster- og beredskapsheim, gi opplæring/kursing, og rettleiing i ein periode etter at barnet har flytta inn. Tenesta tilbyr grupperettleiing om tema som traumemedviten omsorg for fosterforeldre (TBO-F). Tenesta kan òg tilby rettleiing til skole og barnehage.

Barnevernsleiarane og aktuelle teamleiarar for alle kommunane utgjer ei faggruppe som saman med tenesta møtes tre til fire gonger kvart år for faglege drøftingar, å jobbe med felles rammer for fosterheim, samt bidra til fagleg utvikling av tenesta.

Erfaringane har vore at barnevernstenestene i mykje større grad enn tidlegare får tildele ein foster- og beredskapsheim i anten eigen kommune eller i nabokommunane. Dette har letta barnevernstenestenes arbeid, då det er lettare å følgje opp heimane og å organisere samvær. «Fosterhjem Helgeland» sikrar òg meir nærleik til fosterheimane, og har større moglegheit for å vere fleksibel ut frå heimane sine behov. Fosterheimane har erfart at dei blir følgde opp på ein nærare måte, og opplever at tilgjengelegheita utgjer ein tryggleik.

Boks 5.2 Støttepilar

Støttepilar starta som eit prosjekt i læringsnettverket i kommunane Eidsvoll, Hurdal, Gjerdrum, Lunner, Nes, Ullensaker og Nannestad i 2020. Bakgrunnen var at kommunane skulle overta ansvaret for grupperettleiing for fosterheimane frå Bufetat. Hovudmålet med prosjektet er å førebyggje utilsikta flyttingar for barna i fosterheimane.

Støttepilar er eit team som tilbyr grupperettleiing og individuell rettleiing, sorgstøtte og støtte til fosterheimar i kommunane i læringsnettverket. I tillegg tilbyr Støttepilar rettleiing til dei biologiske barna i fosterfamilien, annan familie som er tett på fosterheimen, og dessutan skule og barnehage. Støttepilar driv òg kompetanseheving for barnevernstenestene i nettverket.

Barnevernstenestene opplever at det er god kvalitet på rettleiinga, og at ho er betre tilpassa kvar einskild fosterheim. Kontaktpersonane synest det er positivt med kollegafellesskap på tvers av kommunane. Det er grunn til å tru at Støttepilar bidreg til betre kvalitet og likare praksis i oppfølging av fosterheimar.

Tilbakemeldingar frå brukarundersøkinga viser at rettleiinga har forhindra utilsikta flyttingar. Fleire fosterforeldre seier at dei blir tryggare i oppgåva og forstår uttrykka og behova til barnet betre. Ved flytting til barnet si slekt formidlar fleire at heile familien får ein større aksept for plasseringa.

I 2023 blei Støttepilar overført til ordinær drift, med Nannestad som vertskommune.

Boks 5.3 Omsorgspakken

Omsorgspakken blei utvikla som ein del av arbeidet med å utvikle god praksis i fosterheimsarbeidet i Trøndelag. Pakken består av tett og strukturert oppfølging av barn, foreldre og fosterfamilie det fyrste året etter at barnet flyttar ut av heimen. Det er utarbeidd ei rettleiing for barnevernstenesta og anna hjelpemateriell, som informasjonsskriv og forslag til malar.

Føremålet med Omsorgspakken er å bidra til eit best mogleg samarbeid mellom partane i den tidlege fasen, slik at barn, foreldre og fosterfamiliar skal oppleve at dei blir godt tekne hand om. Dette gir også barnevernstenesta eit godt grunnlag til å vurdere kva partane treng av oppfølging og rettleiing vidare.

Erfaringane frå bruk av Omsorgspakken viser at pakken bidreg til kvalitetssikring av arbeidet, betre relasjonar mellom alle partar og ei meir heilskapleg oppfølging, der laget rundt barnet blir styrkt. Kontaktpersonar fortel at dei føler seg tryggare i arbeidet, og gir tilbakemelding om at partane opplever at dei blir godt tekne hand om.

5.4 Bufetat skal støtte opp under arbeidet med oppfølging av fosterheimar i kommunane

Ikkje alle kommunane har føresetnadene på plass for å yte god støtte til fosterheimane. Regjeringa ønskjer å setje kommunane betre i stand til å oppfylle oppfølgingsansvaret sitt. Regjeringa vil gi Bufetat høve til å støtte dei kommunane som ønskjer bistand til fosterheimsarbeidet sitt. Ei meir tilgjengeleg andrelinjeteneste kan støtte opp under det kommunale ansvaret.

Innsatsen skal samstundes bidra til at det blir bygd opp kompetanse og kapasitet i kommunane på fosterheimsområdet, slik at behovet for bistand frå Bufetat på sikt kan reduserast. Det vil vere eit premiss for utviklinga av tiltaka at ansvarstilhøvet mellom stat og kommune på fosterheimsområdet ikkje skal endrast, og at det er frivillig for kommunane å nytte dei statlege tilboda. Tiltaka frå Bufetat skal vere føreseielege og langsiktige, og dei skal nedfellast i ein avtale med kommunen om kva forpliktingar partane har overfor heimen.

Bufdir har gitt tilrådingar til departementet om korleis det kan utviklast tiltak for barn det er krevjande å finne eigna fosterheimar til.22 Ei av tilrådingane går ut på i større grad å nytte verksame komponentar frå spesialiserte fosterheimar i oppfølginga av ordinære fosterheimar. Det som blir rekna som verksame komponentar i dei spesialiserte fosterheimane, er at fosterforeldra har føreseielege rammevilkår over tid, at dei får systematisk rettleiing, at dei har høve til å få kontakt og rettleiing også utanom kontortid, og at dei er tilstrekkeleg frikjøpte til å følgje opp barnet på ein god nok måte.

Som omtalt i kapittel 4 har regjeringa i 2023 og 2024 auka løyva til å rekruttere og styrke tilbodet av spesialiserte fosterheimar. I tillegg vil regjeringa opne for at Bufetat kan tilby rettleiing om korleis kommunane sjølv kan innrette fosterheimane i tråd med dei verksame komponentane i tiltaket spesialiserte fosterheim, og vere tilgjengelege i oppfølginga av dei ordinære fosterheimane. Regjeringa meiner at ein ved å tilby tiltak som kompetansestøtteteam, spesialisert rettleiing og spesialiserte hjelpetiltak vil kommunar som nyttar seg av desse tiltaka, sjølv kunne etablere fosterheimar med verksame komponentar frå spesialiserte fosterheimar. Tiltaka kan tilpassast lokale tilhøve og behova til det einskilde barnet. Å gi betre rammar og tilpassa støtte til ordinære fosterheimar kan òg bidra til at fleire barn kan bu i ein fosterheim i nærmiljøet sitt.

5.4.1 Fagstøtte til kommunane: kompetansestøtteteam

Regjeringa ønskjer å etablere kompetansestøtteteam i alle Bufetat-regionane som kan yte bistand til den einskilde kommunen i fosterheimsarbeidet. Dette vil særleg vere aktuelt når eit barn har store og samansette utfordringar, og i situasjonar der barnevernstenesta opplever at det er fare for brot. Det primære føremålet med teamet er å støtte opp under og supplere barnevernstenesta ut frå konkrete behov som fosterbarnet og fosterheimen har. Teamet skal gi råd om moglege tiltak innanfor kommunen sitt eige tiltaksapparat og vere ein drøftingspartnar for barnevernstenesta. Bistanden i kvar einskild sak kan handle om fleire ting, som støtte til å kartleggje omsorgs- og hjelpebehovet til barnet og støtte til å mobilisere andre hjelpetenester rundt fosterheimen.

Tiltaket inneber at kommunane som ber om det, kan få betre tilgang på rådgiving og støtte frå det statlege nivået i oppfølgings- og rekrutteringsarbeidet sitt. Tiltaket byggjer på ein modell som blei etablert i Bufetat region aust i 2021. Erfaringane frå region aust har vore gode, og tiltaket har hatt positive effektar og styrkt samhandlinga og kvaliteten i tilbodet og i oppfølginga av fosterheimane.

Målet er å leggje til rette for fleire stabile fosterheimsopphald. Kva hjelp som er aktuell kan variere, men tilnærminga til sakene følgjer ein fast systematikk gjennom forløpet:

  • Ved oppstart: Fagleg tilråding om rammer og oppfølging av fosterheimen, basert på behovet til det einskilde barnet og føresetnadene og ressursane i fosterheimen.

  • Etter seks månader: Evaluering i samråd med den kommunale barnevernstenesta. Bli samde om mål og tiltak med utgangspunkt i kva barnet og familien treng. Ved behov kan Bufetat tilby tiltak og koordinere tenester.

  • Etter tolv månader: Ny evaluering, med tilsvarande rammer.

  • Ved fare for brot, i overgangsfasar og i turbulente periodar: Bistand og stabiliserande tiltak.

  • Ved planlagt flytting frå fosterheimen: Bistand til gjennomføring av overgangen.

Boks 5.4 Evalueringsteam i Bufetat region aust

Fosterheimstenesta i Bufetat region aust etablerte i 2021 eit regionalt evalueringsteam som i samarbeid med kommunen har gjennomført evaluering av fosterheimsoppfølging seks og tolv månader etter at barnet flytta inn, og ved avslutninga av fosterheimstiltaket. Føremålet har vore å sjå på kor verknadsfullt fosterheimstiltaket er, og kva faktorar som bidreg til å stabilisere eller destabilisere livsløpet til barnet, og moglegheita for ei positiv utvikling.

Teamet har jobba systematisk med å innhente, dokumentere og analysere kunnskap om korleis barnet utviklar seg i fosterheimen, med mål om å kunne forbetre tenestetilbodet til beste for barnet. Ein viktig del av evalueringane har vore å få kunnskap om kva som er stabilitetsfremjande faktorar for barnet, og kva som skal til for at fosterfamiliane skal handtere omfattande omsorgsbehov over tid.

Sidan oppstarten i 2021 er det gjennomført meir enn 300 evalueringar i samarbeid med 54 ulike barnevernstenester. Erfaringar og læringspunkt frå barn og fosterfamiliar har blitt grundig dokumenterte, noko som har gitt grunnlag for vidare læring og vidareutvikling av fosterheimstilbodet. Gjennom evalueringane såg ein at mange kommunar kunne ha behov for bistand på andre og nye måtar i saker der det var auka risiko for utilsikta flytting. Behovet blei møtt med eit tilbod frå Bufetat om «bistand ved risiko for brot», som er utvikla i tett samarbeid med kommunane. Målet kan somme gonger dreie seg om å forhindre utilsikta flytting, andre gonger om å forhindre at ei flytting blir akutt, eller å få til ei god avslutning av fosterheimstiltaket.

Evalueringsteam har gjort det mogleg for Bufetat å yte bistand som er tilpassa behova til barnet og fosterfamilien. Bistanden frå teamet i slike saker omfattar ikkje ein ferdig tiltakspakke som kommunane bestiller, og der Bufetat set inn førehandsdefinerte tiltak. Teamet supplerer kommunen ut frå behov, men utan å ta over ansvaret og oppgåvene til kommunen. Tiltaket har bidrege til å sikre medverknad gjennom å involvere alle partar, til å generere kunnskap om kva som verkar for å forhindre utilsikta flyttingar, til å forhindre flytting i ei lang rekkje saker der det har blitt gitt hjelp, og til å fremje gjenrekruttering av fosterheimar. Tilbakemeldingane frå kommunane har berre vore positive.

5.4.2 Tiltaksstøtte til kommunale fosterheimar: spesialisert rettleiing og hjelpetiltak

Regjeringa vil leggje til rette for at fosterfamiliar som har behov for det, og særleg fosterheimar i etableringsfasen og der det er auka risiko for brot, får strukturert og hyppig spesialisert rettleiing for å hjelpe fosterheimane og sikre stabilitet. Tiltaket vil byggje vidare på erfaringane med eit prøveprosjekt i Bufetat region midt.

Rettleiinga som blir gitt, bør vere kunnskapsbasert, og den som gir rettleiinga, bør ha relevant fagbakgrunn og rettleiingskompetanse. Det finst fleire kunnskapsbaserte rettleiingsprogram, men det varierer i kva grad dei som følgjer opp fosterheimar, har fått opplæring i slike program. Bufdir har ikkje noko felles opplæringstilbod eller rettleiingsmateriell til tilsette i fosterheimstenestene i dag. Regjeringa vil derfor be Bufdir om å utarbeide eit opplæringsprogram som kan nyttast av tilsette som rettleier fosterheimar, både i Bufetat og i kommunane. Hensikten er at tiltaket skal bidra til å byggje opp kompetanse i kommunane. Opplæringsprogrammet bør byggje på same kunnskapsgrunnlaget og innretninga som opplæringsprogrammet Solid.

Somme barn har samansette utfordringar og omsorgsbehov som krev spesialistkompetanse. Fosterheimane for desse barna treng særskild oppfølging for å sikre gode omsorgsrammer og førebyggje brot. Regjeringa ønskjer derfor å leggje til rette for at relevante spesialiserte hjelpetiltak hos Bufetat blir meir tilgjengelege for fosterfamiliar. Eit døme på dette er multisystemisk terapi (MST). I dag er slike tiltak reserverte for barn som bur heime, på institusjon eller i spesialiserte fosterheimar.

Boks 5.5 Prøveprosjekt i Bufetat region midt

I 2018 starta Bufetat region midt eit prøveprosjekt med spesialisert rettleiing til fosterheimar. Målet med prosjektet var å redusere talet på utilsikta flyttingar, gjennom målretta oppfølging av fosterfamiliar med auka risiko for at fosterheimsopphaldet endar i utilsikta flytting. Tilbodet blei gitt til fosterheimar der det budde barn eller ungdommar som tidlegare hadde opplevd utilsikta flytting, og der ein vurderte at det var fare for eit nytt brot.

Rettleiinga gjekk i hovudsak føre seg i fosterheimen med evalueringsmøte saman med Bufetat og kommunen kvar tredje månad. Rettleiinga var individuelt tilpassa den aktuelle familien, og skulle bidra til at fosterforeldra klarte å stå i fosterheimsoppdraget også etter at rettleiinga blei avslutta. Fosterforeldra skulle lære å kjenne både sine eigne og barnet sine uttrykk, og få nye verktøy til å handtere vanskelege situasjonar. For å sikre at fosterforeldra kunne ta del i rettleiing og naudsynt oppfølging av barnet, blei dei ofte frikjøpte frå anna lønnsarbeid. I tillegg til tett rettleiing fekk fosterforeldra tilbod om parterapi i regi av familievernkontoret.1

1 Paulsen, V. og Ytreland, K. (2022). Tett oppfølging for å hindre utilsiktede flyttinger i fosterhjem. Tidsskriftet Norges Barnevern, vol. 99, utg. 1, s. 20–36

5.5 Tilgjengelegheit utanom kontortid

Å vite at det finst tilgjengelege fagpersonar å spele på om det skulle oppstå særleg krevjande situasjonar, er viktig for at fosterforeldre skal kunne føle seg trygge i utførselen av omsorgsoppgåva. Ifølgje barnevernslova § 15-3 har barnevernstenesta plikt til å vere tilgjengeleg til kvar tid. Plikta er knytt til kommunen si plikt til å ha ein forsvarleg akuttberedskap, og er ikkje ein del av det ordinære ansvaret barnevernstenestene har for å følgje opp fosterheimar. Akuttberedskapen skal ta seg av situasjonar og alvorlege hendingar der barn er involverte. Det inkluderer å fatte akuttvedtak i tilfelle der barn ikkje kan bu heime på grunn av ein akutt situasjon. Plikta til akuttberedskap omfattar alle barn, dermed også barn som bur i fosterheimar.

I tråd med tiltaksplanen for fosterheimsrekruttering (sjå avsnitt 4.5.5) har Bufetats regionar oppretta døgnbemanna hjelpetelefonar for fosterforeldre. Med desse hjelpetelefonane får fosterforeldra moglegheit til å drøfte utfordringar som oppstår med kompetente fagpersonar, også på kvelds- eller nattetid. Regjeringa meiner samstundes at det framleis vil vere behov for ei form for beredskap i kommunane, for å sørgje for at fosterforeldre kan nå fram til kontaktpersonar dei kjenner til og som kjenner fosterfamilien og behova til det einskilde barnet.

Oppfølgingsansvaret til den kommunale barnevernstenesta inneber å vere tilgjengeleg for oppfølging når det er naudsynt for å kunne gi forsvarleg oppfølging av barnet og fosterfamilien. Det er ikkje sett tidsrammer for dette oppfølgingsansvaret. Å planleggje oppfølginga saman med fosterfamilien er viktig for å skape trygge og føreseielege rammer. Dette inngår i barnevernstenesta si plikt til å utarbeide ein plan for oppfølginga saman med fosterfamilien. Når det er naudsynt for å gi forsvarleg oppfølging, gjeld oppfølgingsansvaret også utanom kontortid.

God og tilpassa oppfølging av fosterbarn og fosterfamiliar er ei forutsetning for vellukka fosterheimsopphald. Oppfølginga frå barnevernstenesta skal tilpassast dei særskilde behova som barna og fosterheimane har, slik at både barna og fosterforeldra får støtte på dei områda dei strevar med eller opplever som mest relevante.

Ofte kan det vere behov for råd og rettleiing i konkrete situasjonar som har oppstått, også utanfor vanleg kontortid. Dette inneber ei oppfølgingsplikt som går ut over det som er mogleg å handtere innanfor den vanlege opningstida til barnevernstenesta. I somme situasjonar har fosterforeldre behov for omgåande råd og rettleiing, til dømes dersom dei er akutt bekymra for kvar barnet oppheld seg, eller for at barnet rusar seg. Det kan òg vere aktuelt ved oppstarten av fosterheimsopphaldet. Då kan både barnet og fosterforeldra trenge ekstra støtte og rettleiing for å etablere trygge relasjonar. Andre situasjonar som naturleg fell inn under ei oppfølgingsplikt utanfor kontortid, kan til dømes vere ved alvorlege endringar i veremåten til barnet eller ved fare for brot i fosterheimen.

Oppfølgingsplikta utanfor alminneleg kontortid er likevel ikkje absolutt. Det er rimeleg at førespurnader og behov for rettleiing som kan vente til neste arbeidsdag, ikkje fell inn under ei plikt til å følgje opp utanfor kontortid.

For at kommunane skal kunne oppfylle oppfølgingsansvaret dei har etter barnevernslova, må dei ha ei form for beredskap som gir fosterforeldre tilgang til oppfølging når det er naudsynt. Fosterheimsutvalet hadde fleire forslag til betre oppfølging av fosterheimane, mellom anna at kommunane skal utvikle lokale løysingar for tilgjengelegheit utanom kontortid.23

For å oppfylle den lovfesta plikta til oppfølging, må alle kommunar ha tilgjengeleg oppfølging utanfor kontortid. Kommunane må likevel stå fritt til å finne lokale løysingar for korleis dette best skal gjerast.

Barnevernstenesta kan til dømes knyte tilgjengelegheita si til gjeldande ordningar for akuttberedskap. Akuttberedskapen i dei kommunale barnevernstenestene har vore aukande dei siste åra. Bufdir rapporterer at 97 prosent av barnevernstenestene hadde eit akuttilbod i 2023, anten gjennom barnevernsvakt eller bakvaktordning. Utanom denne akuttberedskapen er det fleire kommunar som har ulike løysingar for tilgjengelegheit utanom kontortid.

Andre løysingar kan til dømes vere avtalar om at det ordinære rettleiingsteamet i konkrete tilfelle kan kontaktast også etter kontortid, kriseberedskapsordningar eller ein bemanna vakttelefon.

Regjeringa ønskjer at alle kommunar etablerer lokale løysingar som oppfyller ansvaret for å ha tilgjengeleg oppfølging utanfor kontortid når det er naudsynt for å kunne gi forsvarleg oppfølging. Regjeringa vil presisere oppfølgingsansvaret barnevernstenesta har utanfor kontortid, i fosterheimsforskrifta.

Regjeringa meiner vidare at oppfølginga og rettleiinga av fosterheimar handlar om meir enn det at barnevernstenesta skal vere tilgjengeleg for rådgiving utanfor kontortid. Fleire av tiltaka som blir presenterte i denne meldinga, til dømes spesialiserte hjelpetiltak og rettleiingstiltak, kan bidra til å bøte på utfordringa med tilgjengelegheit frå barnevernstenesta.

5.6 Betre dialog og samarbeid mellom barnevernstenesta og fosterforeldre

Fosterforeldra skal utføre omsorgsoppdraget innanfor dei rammene som barnevernstenesta fastset. For å lukkast godt med dette må begge partar har god forståing av kva roller og ansvar dei har. Andre føresetnader er høg grad av involvering og samarbeid, og at fosterforeldra får relevant støtte og hjelp i oppfølginga. Samarbeidet kan i somme tilfelle bli utfordra av ressurssituasjonen i barnevernstenesta og av at fosterheimsoppdrag kan vere krevjande, og i somme tilfelle kan det oppstå usemje og konfliktar mellom fosterforeldre og barnevernstenesta. I medlemsundersøkinga til Norsk Fosterhjemsforening i 2024 seier 36 prosent av respondentane at dei har hatt samarbeidsvanskar eller konflikt med barnevernstenesta. Årsakene til samarbeidsvanskane dreier seg ofte om usemje om kva behov barnet eller ungdommen har, og kva tiltak barnet eller ungdommen og fosterheimen treng.24

Ein god inngang ved etableringa av ein fosterheim er vesentleg for å leggje til rette for godt samarbeid mellom fosterheimen og barnevernstenesta og for stabilitet i fosterheimen. God dialog og godt samarbeid mellom fosterforeldre og barnevernsteneste er òg viktig i eit rekrutteringsperspektiv, med tanke på at fosterforeldre som har gode erfaringar, kanskje vil ønskje å ta på seg nye oppdrag seinare. Godt samarbeid inneber til dømes god dialog om rammevilkår og om kva fosterfamilien treng av oppfølging i starten av fosterheimsoppdraget. Fosterforeldra og barnevernstenesta skal inngå avtale om fosterheimsoppdraget, og her skal dei òg bli samde om rammene for oppdraget. Dette inneber å bli samde om behovet for oppfølging frå start. Behovet til fosterfamilien må vurderast løpande i samsvar med behova til barnet og behova i fosterheimen.

Det at fosterforeldra kan klage på dei avgjerdene barnevernstenesta tek når det gjeld rammevilkåra og oppfølginga til fosterheimen (sjå nærare omtale i kapittel 2.3.3), kan bidra til å løyse nokre utfordringar ved at ei eventuell usemje blir løfta opp til statsforvaltaren. Ei klageordning er ein viktig rettstryggleiksmekanisme ved at ho forhindrar feil eller klart urimelege avgjerder. Ei klageordning løyser likevel ikkje alle utfordringar.

Dei fleste modellar for konfliktløysing og mekling inneber hjelp frå ein nøytral tredjepart som har kunnskap om feltet, meklingskompetanse, kjennskap til temaa og eit tydeleg mandat. Kompetansestøtteteam, slik det er skissert i avsnitt 5.4.1, kan fungere som ein nøytral tredjepart ved samarbeidsutfordringar mellom fosterheimar og barnevernstenesta, i tilfelle der partane reknar dette som føremålstenleg.

I mange situasjonar kan det vere nyttig for kommunen å hyre inn ein nøytral tredjepart som verken har tilknyting til kommunen eller til Bufetat. Regjeringa vil vurdere ulike typar støttetiltak for å stimulere kommunane til å hyre inn eigenvalde familierådskoordinatorar, jf. omtale i kapittel 4.6.4. Familieråd har klare fellestrekk med dialog- og forsoningsmodellar som er kjenneteikna av at alle involverte deltek i prosessen og sjølve bidreg til å finne løysingar. Barnet vil bli involvert i ein slik prosess på eigna vis.

5.7 Bruk av avlastingstiltak

Avlasting blir ofte trekt fram som eit viktig tiltak for at fosterforeldre skal kunne stå i oppdraget over tid. Samstundes er det undersøkingar som indikerer at fosterforeldre opplever at dei ikkje får nok avlasting. I medlemsundersøkinga til Norsk Fosterhjemsforening i 2024 svarte 59 prosent av respondentane at dei til ei viss grad, i stor grad eller i svært stor grad hadde behov for meir avlasting. På spørsmål om kva som er utfordrande med å vere fosterheim, svarte 38,5 prosent manglande moglegheiter til å få avlasting.25

Avlastingstiltak kan samstundes ha ei uønskt side ved at barnet kjenner seg som ei belasting for fosterforeldra eller kjenner seg forskjellsbehandla samanlikna med fosterforeldra sine eigne barn. Forandringsfabrikken har gitt uttrykk for at avlasting er ei ordning som kan kjennast vond for mange barn, og at det blir problematisk når det skal lagast planar og fastsetjast timar for avlasting.26 Det er derfor viktig å leggje til rette for avlastingsordningar som blir ei positiv oppleving for barnet, og at barnet får medverke i prosessen. Det er likevel vesentleg at fosterforeldra får dei pausane dei treng for å klare å ta seg av barnet på ein god måte og stå i oppdraget over tid.

For å oppnå mest mogleg normalitet for fosterbarnet bør ein undersøkje om det er nokon i familien eller det nære nettverket til barnet som kan fungere som besøksheim eller bidra som ressursperson og hjelpar, til dømes ved å følgje barnet til barnehage, skole eller fritidsaktivitetar. For barn med minoritetsbakgrunn som bur hos ein fosterfamilie som ikkje har den same bakgrunnen, kan dette vere eit viktig tiltak for å sørgje for kontinuitet og sikre tilknyting til språk, kultur og religion. Her kan familieråd vere ein god metode for å finne ressurspersonar i nettverket som kan stille opp som støtte for barnet og fosterheimen.

Eit av tiltaka i tiltaksplanen for fosterheimsrekruttering (sjå avsnitt 4.5.5) er at Bufetat skal informere om aktuelle støtte- eller avlastingstiltak. Dette inkluderer høvet til å bruke besøksheim og andre døgnbaserte tiltak i kombinasjon med fosterheimstiltak og andre eigne tiltak kommunane kan nytte til avlastingstiltak. Føremålet er å gi kommunane kunnskap om kva slags tilbod som finst for fosterforeldre og fosterbarn som treng og ønskjer det, inkludert høvet til å bruke besøksheim eller andre tiltak dersom det skulle oppstå vanskelege situasjonar.

Ei form for avlasting er såkalla to-base-løysingar. Dette er ein kombinasjon av fleire tiltak der barnet byter på å bu på to ulike stader. Det vanlegaste er at barnet vekslar mellom å bu i fosterheim og institusjon, men det kan òg vere snakk om to fosterheimar. I ein rapport frå Menon Economics konkluderast det med at ei to-base-ordning kan vere eit tenleg tiltak, som kan bidra til å redusere risikoen for brot, bevare relasjonar og førebyggje langvarige institusjonsopphald.27 Ein viser til at tiltaket kan vere nyttig for barn og unge som allereie har ei tilknyting til ein institusjon som òg tilbyr to-base-tiltak. Døme på slike institusjonar er Heggeli og Brusetkollen.

Boks 5.6 Heggeli Barnehjem

Heggeli Barnehjem er ein privat, ideell barnevernsinstitusjon som er eigd av Kirkens Bymisjon. Drifta er fordelt på tre avdelingar: Heggeli Barnehjem, Heggeli Oppvekst og Heggeli Skovheimhuset. Til saman er avdelingane godkjende for 11 barn i alderen 6–14 år. Barna som kjem til Heggeli, har ofte samansette behov.

Heggeli har ei eiga fosterheimsavdeling som består av spesialiserte fosterheimar knytte til institusjonen kalla Heggeli familieheimar. Medan barnet er på institusjonen, blir dei tilsette godt kjende med barnet og med barnet sine behov. Denne informasjonen kan familiekonsulentane på Heggeli familieheimar bruke til å finne ein eigna fosterheim til barnet. Fordi barnet fyrst har vore på institusjonen, kan dei tilsette gi god informasjon til fosterfamilien om kva barnet treng for å kunne bu i ein fosterheim, og kva det vil krevje av fosterheimen.

Dei spesialiserte fosterheimane knytte til Heggeli får oppfølging og rettleiing av familiekonsulentane på Heggeli familieheimar. Dei tilsette på Heggeli seier at oppfølginga og rettleiinga fosterforeldra får, kan vere målretta mot barnet fordi familiekonsulentane allereie har blitt kjende med barnet gjennom opphaldet på institusjonen.

Informantane i Menon Economics sin undersøking formidlar at det opplevast som krevjande å få til to-base-tiltak i dag, fordi eit barn formelt ikkje kan ha to tiltak samstundes, og fordi to-base-tiltak ikkje er definert som eit tiltak i barnevernslova.28 Samstundes peika informantar frå regionkontora i Bufetat i den same undersøkinga på at avlastinga fosterforeldre får ved eit to-base-tiltak, er meir fleksibel enn avlastinga dei får med ein besøksheim. Grunnen til det er at det er lågare terskel for å ta kontakt med institusjonen for å avtale avlasting ved behov. Det kan likevel vere utfordrande å finne ledige plassar for avlastingstiltak i dagens barnevernsinstitusjonar, og det er og ein risiko for at meir bruk av institusjon som avlastingstiltak vil føre til høg tomgangskapasitet og vere utfordrande å dimensjonere og drifte. Det blir lagt til grunn at barna i hovudsak bur i fosterheimen og vil vere der det meste av tida.

Slik regjeringa vurderer det, kan barnevernstenesta innanfor dagens regelverk bruke to-base som avlastingstiltak for barn i fosterheim som ein del av den samla oppfølginga av barna. Regjeringa meiner likevel at det er behov for å synleggjere i lova at avlasting kan inngå som del av det samla omsorgstilbodet til barn som bur i fosterheim. Regjeringa har derfor sendt på høyring29 eit forslag om å presisere i barnevernslova at barn i fosterheim kan få tilbod om ulike former for avlasting. Avlastinga må vere til beste for kvart einskilt barn, og retten til medverknad for barnet må sikrast når ein vurderer avlastingstiltak.

5.8 Betre oppfølging av barn med minoritetsbakgrunn i fosterheim

Rundt eitt av tre barn i fosterheim har innvandrarbakgrunn. I tillegg er det barn med bakgrunn som urfolk (samar) eller som nasjonal minoritet (rom, romanifolk/taterar, jødar, kvener/norskfinnar og skogfinnar) som bur i fosterheim (sjå avsnitt 3.3.5). Ved val av fosterheim skal ein både ta omsyn til den etniske, kulturelle, språklege og religiøse bakgrunnen til barnet og prøve å finne ein tilsynsperson som har den same kulturelle eller språklege tilhøyrsla som barnet, eller som har kompetanse i språket eller kulturen til barnet.

Som omtalt i kapittel 4 ønskjer regjeringa å styrkje rekrutteringa av fosterheimar der fosterfamilien har den same kulturelle bakgrunnen som barnet. I dag er situasjonen slik at dei fleste barn i fosterheim bur hos fosterforeldre utan innvandrarbakgrunn. Når eit barn med minoritetsbakgrunn bur i ein fosterheim der fosterfamilien har ein annan kulturell bakgrunn, må barnevernstenesta sørgje for at barnet si tilknyting til eigen bakgrunn blir sikra gjennom andre tiltak.

For barnevernstenesta kan det vere utfordrande å sørgje for at barna bevarer ei tilknyting til den kulturelle, språklege og eventuelt religiøse bakgrunnen sin. Slike utfordringar kan òg få innverknad på relasjonen mellom barna og foreldra, og påverke moglegheitene for ei eventuell gjenforeining. Proba samfunnsanalyse gjorde ein studie av barn med minoritetsbakgrunn i barnevernet i 2017. Der fann dei at tilsette i barnevernstenesta var medvitne om verdien av å bevare ei tilknyting til kulturell, språkleg og religiøs bakgrunn, men at dei i lita grad sette inn tiltak for å oppnå dette. I praksis vart oppgaven som oftast overlate til fosterforelda. Fosterforeldra som blei intervjua i studien, ønskte òg å leggje til rette for at barna skulle bevare ei tilknyting til bakgrunnen sin, og prøvde på ulike måtar å leggje til rette for det. Samstundes opplevde dei dette som ei krevjande oppgåve, særleg dersom dei møtte motstand frå barna sjølve. Det kan variere mykje blant barna om dei ønskjer å bevare språket dei har snakka med foreldra, om og eventuelt korleis dei ønskjer å praktisere religion, og kva slags kontakt dei ønskjer med foreldra eller annan familie og slekt.

Fleire av fosterforeldra som blei intervjua i Proba-studien sakna betre rettleiing frå barnevernstenesta om utfordringane og dilemmaa som lett kan oppstå. I medlemsundersøkinga til Norsk Fosterhjemsforening i 2022 oppga 207 respondentar at dei hadde erfaring som fosterforelder for barn med minoritetsbakgrunn. Kun eit mindretal av desse opplevde at dei fekk tilstrekkeleg opplæring og støtte til å imøtekomme barnet sin rett til å bevare ei tilknyting til bakgrunnen sin.

Tiltak for å halde ved lag barnet si tilknyting til språk, kultur og religion kan til dømes vere å sørgje for ordningar med besøksheim, som omtalt i avsnitt 5.7. Det er òg teke grep for å styrkje kompetansen om minoritetar og mangfald hos fosterforeldre og barnevernstilsette. I utviklinga av opplæringsprogrammet Solid er minoritetsperspektivet styrkt med opplæring om kulturelle rettar, mangfaldskompetanse, identitetsutvikling og kontinuitet. Som eit ledd i kompetansestrategien for barnevernet blei opplæringsprogrammet KOMBA (minoritetskompetanse i barnevernet) starta opp i 2020. Ved Universitetet i Stavanger er det òg etablert ei eiga vidareutdanning i arbeid med barn og familiar med minoritetsbakgrunn.

Regjeringa meiner samstundes at det er rom for forbetringar i oppfølgingsarbeidet barnevernet gjer på dette området. Regjeringa vil derfor gi Bufdir i oppdrag å greie ut særskilde ordningar for oppfølging og rettleiing av fosterheimar i tilfelle der desse tek imot barn med ein annan kulturell og språkleg bakgrunn. Dette er i tråd med eit forslag frå Barnevernsutvalet.30 Alle høyringsinstansane som uttalte seg om dette forslaget, støtta det.

5.9 Betre oppfølging av foreldre som har barn i fosterheim

Kommunane har eit lovpålagt ansvar for å følgje opp foreldra til barnet etter ei omsorgsovertaking. I samsvar med barnevernslova § 8-3 skal barnevernstenesta kort tid etter omsorgsovertakinga kontakte foreldra og gi dei tilbod om rettleiing og oppfølging. Dersom foreldra ønskjer det, skal barnevernstenesta som ein del av oppfølginga formidle kontakt med andre hjelpeinstansar. Det skal òg utarbeidast ein plan for omsorgssituasjonen til barnet og oppfølginga av barnet og foreldra.

Arbeidet med å følgje opp foreldre er ofte krevjande, mellom anna på grunn av den tosidige rolla barnevernstenesta har som både hjelpar og kontrollør. Utfordringane som ofte oppstår mellom foreldre og barnevernstenesta tidleg i eit forløp, kan ofte prege samarbeidsrelasjonen i seinare fasar. Barnevernsutvalet meiner det er grunn til å løfte fram mangelfull oppfølging av foreldre etter ei omsorgsovertaking som eit særskilt problem. Dette omfattar òg oppfølging både ved og etter ei gjenforeining.31

Noreg har fått kritikk frå Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) for manglande oppfølging av foreldre i omsorgssaker, for å ha ført ein restriktiv praksis i spørsmål om samvær og for mangelfull sikring av målet om gjenforeining mellom barn og foreldre. Kunnskapen om arbeidet som blir gjort med foreldreoppfølging i kommunane, er avgrensa, men det finst haldepunkt for at det er stor variasjon mellom kommunane, og at oppfølginga i mange tilfelle er mangelfull.32

Foreldre kan ha fleire og ulike sorgreaksjonar i samband med ei omsorgsovertaking, og dei kan ha sterke kjensler av sakn, sinne, skam, skuld og maktesløyse.33 Manglar i oppfølginga av dei inneber ein risiko for at foreldra blir ståande åleine i ein krisesituasjon når dei mistar omsorga for barna sine. Dette kan bidra til å forverre livssituasjonen deira, og i neste instans kan det verke negativt på føresetnadene for ro, stabilitet og tryggleik rundt barnet. Dersom ein lukkast med å involvere foreldra på ein god måte, kan ein derimot bruke dei som ein ressurs i arbeidet med å setje saman ein god omsorgssituasjon for barnet.

5.9.1 Oppfølging av foreldre i familievernet

Familievernet fekk i 2015 i oppdrag å følgje opp foreldre etter omsorgsovertaking. Familieverntenesta kan støtte foreldra i rolla som samværsforeldre og hjelpe dei til større livsmeistring og til eit betre samarbeid med barnevernet. Familieverntilbodet utgjer eit supplement til oppfølginga frå barnevernstenesta, og fritek ikkje barnevernstenesta frå plikta til å rettleie og aktivt følgje opp foreldra. Det er frivillig for foreldre å nytte seg av tilbodet frå familievernet, og oppfølginga skal skje på deira premissar og basere seg på deira behov.

Studiar av foreldreoppfølging i familievernet viser at foreldre opplever tilbodet som positivt og nyttig, og at det kan føre til betre samarbeid mellom foreldre og barnevernstenesta.34 Relasjonen mellom barnevernstenesta og foreldra kan vere krevjande etter ei omsorgsovertaking, og då kan familievernet verke som ein meir nøytral instans som har ein mindre kontrollerande posisjon overfor foreldra.35 Samstundes blir det rapportert om at tilbodet blir lite brukt. Årsakene til det kan mellom anna vere lang reiseveg, lang ventetid og manglande kjennskap til tilbodet. Barnevernsutvalet vurderte at familievernet si rolle i oppfølginga av foreldre verkar lite tydeleg, og at tilbodet ser ut til å vere lite brukt.36 Bufetat arbeider med å auke kunnskapen om og kjennskapen til tilbodet, både blant foreldre og i barnevernstenestene.

Det er etablert eit nasjonalt spissekompetansemiljø for foreldreoppfølging etter omsorgsovertaking som er lagt til familievernkontoret i Sør-Rogaland, avdeling Stavanger. Spisskompetansemiljøet har fått ansvar for å byggje spesialisert kompetanse på dette fagområdet, og skal bidra til fagutvikling og praksisutvikling i familieverntenesta nasjonalt. Alle familievernkontor skal ha ein kontaktperson for dette arbeidet. Spisskompetansemiljøet skal bidra til å gjere tilbodet frå familievernet betre kjent i barnevernstenesta. I tråd med dette har spisskompetansemiljøet utvikla eit standardisert samtaleforløp, som i løpet av 2023 har blitt implementert i alle regionane. Tilbakemeldingar frå både foreldre og terapeutar tyder på at dei opplever samtaleforløpet som nyttig.

5.9.2 Utgreiing av eit oppfølgingsprogram for foreldre

Både Fosterheimsutvalet og Barnevernsutvalet har peikt på at det er behov for å styrkje oppfølginga av foreldre som mistar omsorga for barn. Fosterheimsutvalet føreslo eit eige oppfølgingsprogram for foreldre som har barn i fosterheim, medan Barnevernsutvalet føreslo å etablere eit oppsøkjande krisetilbod for å støtte foreldre etter ei omsorgsovertaking. Dei to forslaga har fleire likskapstrekk.

Fosterheimsutvalet peikte på at foreldra treng kunnskap om korleis dei kan utøve foreldreskapen sin når barnet bur i fosterheim, at dei treng hjelp til å prosessere kjensler og reaksjonar i krisa dei opplever, og at dei kan ha behov for hjelp til å betre levekåra sine, både fysisk, psykisk, sosialt og økonomisk.37

Barnevernsutvalet meiner at det bør etablerast ei ordning som gjer at foreldre får rask og intensiv oppfølging i den fyrste fasen etter eit vedtak om omsorgsovertaking. Føremålet med å etablere oppsøkjande krisetilbod er å hjelpe foreldre med å prosessere sorgkjensle og motivere til endringsarbeid.38

Ingen av utvala har konkludert i spørsmålet om korleis tilbodet bør vere organisert, eller kva instans som skal ha hovudansvaret. Utvala har heller ikkje gått langt i å spesifisere kva form og innhald tilbodet bør ha. Foreldra er viktige i livet til barna også etter ei omsorgsovertaking. Regjeringa vil greie ut kva for hjelp foreldre som har barn i fosterheim har behov for, og korleis eit styrka tilbod til foreldra bør innrettast.

Boks 5.7 Utviklingsprosjektet «Fra barnets vindu»

«Fra barnets vindu» er eit utviklingsprosjekt som har blitt til gjennom eit samarbeid mellom kommunane Øygarden og Askøy. Prosjektet handlar om å sikre best mogleg oppfølging av foreldre etter omsorgsovertaking og styrkje synet på ei omsorgsovertaking som eit mellombels tiltak, utan at det går ut over retten til vern for barna.

Prosjektet har utvikla ein modell for prosessarbeidet etter omsorgsovertaking. Modellen tilbyr malar og samtaleverktøy som skal sikre at foreldre som har mista omsorga for barna sine, får den oppfølginga dei har rett på for å styrkje føresetnadene sine for å ta tilbake omsorgsansvaret for barna, til dømes

  • samtalekort som kontaktperson og rettleiarar kan ta med seg ut i samtalar med foreldre og samarbeidspartnarar. Føremålet er å bidra til visualisering og konkretisering av komplekse vurderingar og å styrkje føresetnadene for å oppnå felles forståing i prosessen mot eit felles mål;

  • malar som skal bidra til å sikre prosessarbeidet i familiar med fosterheim som tiltak, fortrinnsvis ved omsorgsovertakingar, men òg når barn bur i fosterheim som hjelpetiltak. Malane skal sikre eit grundig analyse- og avgjerdsgrunnlag, bidra til å oppfylle dokumentasjonsplikta og sikre regelmessige vurderingar av statusen for tilbakeføring av omsorgsansvar og gjenforeining.

Det er òg utvikla ein modell for trygg gjenforeining etter vedtak om tilbakeføring, der det er teke både relasjonelle og praktiske omsyn. Gjennom bruk av modellen skal barnevernstenesta kunne planleggje ein trygg og gradvis gjenforeinings- og flytteprosess.

5.9.3 Betre oppfølging ved tilbakeføring til foreldre

Ein ny rapport39 synleggjer korleis barnevernet arbeider med planlegging og gjennomføring av tilbakeføring til foreldra og med oppfølginga i etterkant. Forskarane fann manglar ved arbeidet til barnevernstenesta i dei ulike fasane og dessutan at barn og foreldre i lita grad blei involverte i planlegginga og gjennomføringa. I tillegg peiker dei på ein mangel på hjelpetiltak som kan bidra til å gjere tilbakeføring mogleg. Dei fann at tilbakeføring var langt meir sannsynleg i tilfelle der det var sett i gang hjelpetiltak i forkant. Semje mellom barnevernet og dei andre partane auka òg sjansane for tilbakeføring.

Barnevernsutvalet føreslår å lovfeste ei plikt for barnevernstenesta til å førebu og utarbeide ein plan for tilbakeføringa. Utvalet føreslår òg at barnevernstenesta skal følgje opp barn og foreldre gjennom og etter ei gjenforeining, for å bidra til tryggleik og stabilitet for barnet. Oppfølginga skal sørgje for at både barnet og foreldra skal ha eit fagleg nettverk å støtte seg på i perioden der dei skal reetablere relasjonar, rammer og rutinar i familien. Samstundes er det ein kontrollfunksjon for barnevernstenesta, ved at dei er i regelmessig kontakt med familien og dermed kan vurdere behovet for å setje inn hjelpetiltak.40

Regjeringa meiner det er viktig å leggje til rette for ein god tilbakeføringsprosess for både barnet og foreldra. Barnet kan ha vore utanfor heimen i lengre eller kortare tid, og det kan vere ein stor overgang for familien å skulle vere samla att og fungere som ein familie på ny. I denne perioden kan familien ha stor nytte av å kunne rådføre seg med nokon som kan rettleie dei slik at tilbakeføringa og den fyrste tida etterpå kan bli best mogleg. Somme familiar kan ha behov for tverrfagleg og samansett støtte i denne situasjonen. Ei trygg og god tilbakeføring kan bidra til å gi barnet stabilitet, kontinuitet og ro, og med det òg sikre rettstryggleiken til barnet. Regjeringa har derfor sendt på høyring41 eit forslag om å lovfeste eit krav om å følgje opp barn og foreldre ved oppheving av vedtak om omsorgsovertaking.

5.10 Endringar i vurderingar av samvær

Barn som bur i fosterheim, skal i dei fleste tilfelle ha samvær med foreldra og søskena sine og med andre personar som er viktige i livet deira. Kor omfattande samværet skal vere, blir fastsett konkret i kvar einskild sak. Den grunnleggjande premissen for samvær er at dette skal vere til beste for barnet. Barn har rett til å medverke i spørsmål om samvær. Både ved vedtak frå barneverns- og helsenemnda og når barnevernstenesta planlegg samvær, er det viktig å høyre kva barnet meiner om kor ofte det bør vere samvær, og korleis samværa skal gjennomførast. Å høyre kva barnet meiner, er viktig for å finne fram til kva som er best for barnet. EMD har peika på i ei rekkje avgjerder at omsorgsovertakingar av barn i utgangspunktet skal vere mellombelse, og at målet er gjenforeining mellom barn og foreldre. At barnet har samvær med foreldra og andre familiemedlemmer, kan leggje til rette for gjenforeining og vere ein føresetnad for at ho blir vellukka. EMD-dommane mot Noreg dei siste åra har vist at det har førekomme praksis der barnevernet har gjort for lite for å leggje til rette for gjenforeining mellom barn og foreldre, og at barn under omsorg av barnevernet har hatt for lite samvær med foreldra sine.

Ein gjennomgang av alle nemndsvedtak om omsorgsovertaking i 2018 og dei fyrste seks månadene av 2021 tyder på ein klar auke i samværsomfanget frå 2018 til 2021. 77 prosent av barna som barnevernet overtok omsorga for i 2018, hadde 12 eller færre samvær. I 2021 hadde 34 prosent av barna 12 eller færre samvær, det vil seie at 66 prosent hadde meir enn 12 samvær. Her må det rett nok takast atterhald om at det mangla informasjon om samvær i fleire av vedtaka. Auken kan bety at det no i større grad blir fastsett samvær på bakgrunn av rettsutviklinga i EMD og etterfølgjande presiseringar i regelverket.

At det blir lagt opp til meir samvær og samarbeid med foreldra til fosterbarna enn før, forsterker behovet for fosterheimar i geografisk nærleik til det opphavlege oppvekstmiljøet og behovet for å halde ved lag ei tilknyting til språk, kultur og religion.

Det har blitt uttrykt bekymring for om det blir gjort konkrete nok vurderingar av kva som er best for barnet ved fastsetjing av samvær, og om det blir gjort nok for å hindre at barn blir utsette for samvær som dei ikkje ønskjer, eller som kan avgrense eller skade utviklinga deira. I tilfelle der samvær er vanskeleg, kan fosterheimen oppleve omsorgsoppgåva som meir utfordrande. Samværsordningar blir trekte fram som eit utfordrande punkt blant respondentane i medlemsundersøkinga til Norsk Fosterhjemsforening i 2023.42 Mellom anna opplyser omtrent 36 prosent av respondentane i undersøkinga at dei har opplevd å måtte tvinge fosterbarnet til samvær. Ein forskingsrapport om samvær synleggjer at «gode samvær» krev god førebuing og involvering av dei ulike partane (foreldre, fosterforeldre og barna sjølve).43 Sjølv om mange ordningar ser ut til å fungere godt, synest partane særleg at utforminga av samværsplanar er vanskeleg, ved at ein ikkje blir tilstrekkeleg involvert eller lytta til.

Det er barneverns- og helsenemnda som fastset omfanget av samværet, etter ei konkret vurdering. Barnevernslova har i dag inga føresegn som opnar for at barnevernstenesta sjølv kan gjere mellombels vedtak om samvær. Det betyr at dersom nye omstende fører til at barnevernstenesta meiner samværsretten bør avgrensast, må det fremjast ei ny samværssak for nemnda. Samværet må utøvast som fastsett inntil nemnda har gjort nytt vedtak i saka.

Staten har plikt til å verne barn mot ulike former for farar, også i samværssituasjonar. Dette følgjer mellom anna av barnekonvensjonen. I samband med gjennomføringa av samvær kan det oppstå situasjonar som er uforsvarlege for barnet, og som tilseier at barnevernstenesta må handle raskt. I slike situasjonar er det ofte ikkje tid til å følgje den ordinære prosessen for endring av samvær etter barnevernslova. I mangel av ein særskild heimel har barnevernstenesta i somme tilfelle stoppa samvær ut frå ulovfesta naudrett. For at ulovfesta naudrett skal kunne brukast, må det å stanse samværet vere naudsynt for å verne barnet mot fare for skade som ikkje kan hindrast på annan rimeleg måte. Vidare må risikoen for barnet dersom samværet blir gjennomført, vere langt større enn ulempa avgrensinga i samværet har for den som har rett til samværet. Vedtaket må med andre ord vere både naudsynt og rimeleg ut frå dei interessene som gjer seg gjeldande.

Auken i samvær kan føre til at det oppstår fleire situasjonar enn tidlegare som tilseier at samværet må stansast. Dette kan føre til fleire saker der barnevernstenesta ber om samværsendring, ikkje er avgjorde av nemnda før det neste samværet skal gjennomførast. Utover at vedtaket må vere naudsynt og rimeleg ut frå dei ulike interessene som gjer seg gjeldande, finst det ingen klare kriterium for vurderinga av naudrett. Det kan vere vanskeleg for den einskilde barnevernstenesta å gjere denne vurderinga. Det kan opne for ein vilkårleg praksis som er uheldig for rettstryggleiken.

Bufdir har utarbeidd kunnskapsbaserte retningslinjer til barnevernstenestene for kva vurderingar som bør gjerast ved fastsetjing av samvær.44 Føremålet med retningslinjene er å bidra til at barnevernstenesta førebur sakene best mogleg, og å styrkje rettstryggleiken for barn og foreldre når samvær blir fastsett. På oppdrag for Barne- og familiedepartementet utarbeider Bufdir òg retningslinjer for gjennomføring av samvær. Føremålet er å gi kunnskapsbaserte tilrådingar om kva barnevernstenesta bør gjere for at samvær mellom barn og foreldre (og eventuelt andre nærståande) har god kvalitet og oppfyller intensjonane i den samværsordninga som er vedteken.

Regjeringa er oppteken av å skape mest mogleg tryggleik for barnet, og at barnet og foreldra har klare og føreseielege reglar å følgje. Regjeringa meiner at det i visse tilfelle vil vere behov for å stanse eit fastsett samvær, til dømes der rus eller sjukdom hos samværsforelderen gjer at det vil vere til skade for barnet å gjennomføre samværet. Det kan òg tenkjast tilhøve hos barnet som gjer at samvær ikkje kan gjennomførast som planlagt. Regjeringa meiner det bør komme tydeleg fram i lov når barnevernstenesta har høve til å stanse samvær.

Regjeringa har derfor sendt på høyring45 eit forslag om ei ny lovføresegn som regulerer barnevernstenesta sitt høve til å stanse samvær som er fastsette av nemnda eller domstolen.

5.11 Felles kompetanseløft for Bufetat og kommunane

Fosterheimskompetanse har ikkje vore eit prioritert område i utviklinga av tenestestøtteprogrammet og nye vidare- og etterutdanningar for tilsette i barnevernet. Det betyr at fosterheimsarbeid per i dag ikkje er eit tema tilsette i Bufetat eller kommunen kan spesialisere seg i.

I samband med kompetansestrategien for det kommunale barnevernet for 2018–2024 blei det oppretta fleire etter- og vidareutdanningstilbod for å styrkje kompetansen på utgreiings- og tiltaksarbeid blant tilsette i barnevernet. Evalueringar viser at mange opplever både etter- og vidareutdanningane som nyttige og relevante, at dei er sterkt etterspurde, og at dei bidreg til å auke kompetansen til tilsette i barnevernstenesta.46 Dette samsvarer òg med vurderingar Bufdir har gjort i sine tilbakemeldingar til departementet.

Regjeringa legg opp til å føre vidare hovudelementa i kompetansestrategien i åra framover og vil i samband med dette be Bufdir sørgje for at det blir oppretta ei eiga etterutdanning i fosterheimsarbeid. Ei etterutdanning i fosterheimsarbeid kan bidra til at fosterheimsarbeidet i barnevernstenestene kjem meir i fokus og blir høgare prioritert. Vidare kan ei etterutdanning gjere oppfølginga av fosterheimar meir kunnskapsbasert og systematisk. Eit slikt opplæringstilbod kan dessutan bli ein arena for kunnskapsdeling og gi stat og kommune eit meir samlande bilete av fosterheimsarbeid.

Innhaldet i opplæringa bør basere seg på både forsking og erfaring. I arbeidet med Solid har Bufdir opparbeidd seg eit oppdatert kunnskapsgrunnlag for opplæring, vurdering og oppfølging av fosterheimar. Arbeidet med familieråd byggjer òg på eit godt og evidensbasert kunnskapsgrunnlag. Ved å ta i bruk denne kunnskapen i etterutdanninga kan ein gjere kompetansen tilgjengeleg for tilsette i både kommunalt og statleg barnevern.

Etablering av etterutdanninga forutset auka budsjettmidlar, og vil bli behandla i dei ordinære budsjettprosessane.

5.12 Oppsummering

Barn i fosterheim treng stabilitet og tryggleik. Skal barna få det, er det avgjerande at fosterheimane får tilstrekkeleg og tilpassa oppfølging. Kommunane har eit heilskapleg oppfølgingsansvar for fosterheimane, og barnevernstenesta skal lage ein plan for oppfølginga av fosterfamilien og barnet i kvart tilfelle. I dag er det manglar og uønskt variasjon i måten kommunane følgjer opp fosterheimar på, og det er for mange barn som opplever brot. For å nå målet om å gi fosterforeldre naudsynt oppfølging og støtte til å kunne stå i oppdraget over tid vil regjeringa

  • at barn skal kunne klage til barneverns- og helsenemnda når barnevernstenesta har fatta vedtak om å flytte dei etter barnevernslova § 5-5

  • etablere kompetansestøtteteam i Bufetat-regionane som kan tilby fag- og tiltaksstøtte til kommunane, gjennom å støtte opp under og supplere arbeidet til barnevernstenesta ut frå dei konkrete behova til barnet og fosterheimen

  • at Bufetat skal tilby tiltaksstøtte til ordinære fosterheimar i særlege tilfelle, i form av spesialiserte hjelpetiltak og rettleiing

  • presisere i barnevernslova at barn i fosterheim kan tilbydast ulike former for avlasting

  • at alle kommunar etablerer lokale løysingar som oppfyller ansvaret for å ha tilgjengeleg oppfølging utanfor kontortid når det er naudsynt for å kunne gi forsvarleg oppfølging, og presisere oppfølgingsansvaret til barnevernstenesta utanfor kontortid i fosterheimsforskrifta

  • styrkje tilskotsordninga for kommunale læringsnettverk slik at fleire kommunar etablerer felles fosterheimstilbod, og styrkje støttefunksjonar for læringsnettverka

  • greie ut særskilde ordningar for oppfølging og rettleiing av fosterheimar som tek imot barn med ein annan kulturell og språkleg bakgrunn

  • greie ut kva for hjelp foreldre som har barn i fosterheim har behov for, og korleis eit styrka tilbod til foreldra bør innrettast

  • ta inn ei føresegn i barnevernslova som regulerer barnevernstenesta sitt høve til å stanse samvær som er fastsette av nemnda eller domstolen

  • lovfeste eit krav om å følgje opp barn og foreldre ved oppheving av vedtak om omsorgsovertaking

  • etablere ei eiga etterutdanning i fosterheimsarbeid, retta mot tilsette i både statleg og kommunalt barnevern

Fotnotar

1.

Backe-Hansen, E., Christiansen, Ø. og Havik, T. (2013). Utilsiktet flytting fra fosterhjem. En litteratursammenstilling. NOVA-notat nr. 2/13

2.

SSB tabell 13353

3.

Backe-Hansen, E., Christiansen, Ø. og Havik, T. (2013). Utilsiktet flytting fra fosterhjem. En litteratursammenstilling. NOVA-notat nr. 2/13; Norsk Fosterhjemsforening (2023). Fosterhjemsundersøkelsen 2023 – svar fra fosterforeldre

4.

NOU: 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid s. 293

5.

Eide, K. mfl. (2024). Flyttinger i regi av barnevernet. Skriftserien fra Universitetet i Sørøst-Norge nr. 145

6.

Konijn, C. mfl. (2019). Foster care placement instability: A meta-analytic review. Children and Youth Services Review, 96, 483–499

7.

Paulsen, V. og Ytreland, K. (2022). Tett oppfølging for å hindre utilsiktede flyttinger i fosterhjem. Tidsskriftet Norges Barnevern, vol. 99, utg. 1, s. 20–36

8.

Pedersen, S. mfl. (2023). Samfunnsøkonomisk verdi av fosterhjem i Norge. Menon-publikasjon nr. 57/2023

9.

NOU 2018: 18 Trygge rammer for fosterhjem

10.

Backe-Hansen, E. mfl. (2019). Oppfølging av fosterhjem og fosterbarn. Menon-publikasjon nr. 112/2019

11.

Ekhaugen, T., Høgestøl, A. og Rasmussen I. (2018). Kommunenes tilbud til sine fosterhjem. Et kunnskapsgrunnlag for Fosterhjemsutvalget. Vista Analyse rapport 2018/10

12.

NOU 2018: 18 Trygge rammer for fosterhjem

13.

Bufdir (2022). Turnover blant ansatte i barnevernet – hvorfor slutter så mange? En nasjonal omfangsundersøkelse av årsaker og kjennetegn ved tjenester og institusjoner med høy turnover

14.

Eide, K. mfl. (2024). Flyttinger i regi av barnevernet. Skriftserien fra Universitetet i Sørøst-Norge nr. 145

15.

Eide, K. mfl. (2024). Flyttinger i regi av barnevernet. Skriftserien fra Universitetet i Sørøst-Norge nr. 145

16.

Høyringsnotat om endringar i barnevernslova, sendt på høyring 8. april 2024

17.

Bufdir (2024). Fosterhjem – Veileder om barnevernstjenestens oppfølging av barn i fosterhjem

18.

Bufdir (2024). Flyttinger i barnevernet – veileder for vurderinger og kompenserende tiltak

19.

Oslo Economics (2022). Kompetansebehov i kommunalt barnevern. OE-rapport nr. 2022-109

20.

Oslo Economics (2022). Følgeevaluering av kompetansestrategien for det kommunale barnevernet 2018–2024. Andre statusmåling, september 2022. OE-rapport 2021-39

21.

Oslo Economics (2019). Følgeevaluering av kompetansestrategien for det kommunale barnevernet 2018–2024. Fyrste statusmåling, oppdatert utgave 8. november 2019. OE-rapport 2019-19

22.

Bufdir (2023). Utredning av tiltaksporteføljen for barn som trenger tiltak utenfor hjemmet.

23.

NOU 2018: 18 Trygge rammer for fosterhjem

24.

Norsk Fosterhjemsforening (2024). Fosterhjemsundersøkelsen 2024

25.

Norsk Fosterhjemsforening (2024). Fosterhjemsundersøkelsen 2024 – svar fra fosterforeldre

26.

Forandringsfabrikken (2023). Innspill til BFDs arbeid med stortingsmelding om fosterhjem

27.

Pedersen, S. mfl. (2022). Evaluering av syv plasseringstiltak i barnevernet. Virkningsvurderinger av spesialiserte fosterhjem og seks institusjonstiltak. Menon-publikasjon nr. 136/2022

28.

Pedersen, S. mfl. (2022). Evaluering av syv plasseringstiltak i barnevernet. Virkningsvurderinger av spesialiserte fosterhjem og seks institusjonstiltak. Menon-publikasjon nr. 136/2022

29.

Høyringsnotat om endringar i barnevernslova, sendt på høyring 8. april 2024

30.

NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid.

31.

NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid.

32.

NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid. Syrstad, E. (2020). «Å forstå det uforståelige». Møtet mellom foreldre som er fratatt omsorgen for sine barn, familievernet og barnevernet. Avhandling, VID vitenskapelige høyskole; Jessen, J. og Backe-Hansen, E. (2017). Samvær, samarbeid og støtte. Familiens mulighet for å hjelpe unge voksne etter plassering utenfor hjemmet. NOVA rapport 2/17

33.

Olkowska, A. og Aamodt, H.A (2022). Omsorg ved omsorgsovertakelser. Sorgteori som en forståelsesramme for foreldrenes følelsesmessige reaksjoner etter å ha blitt fratatt omsorgen for sitt barn. Tidsskriftet Norges Barnevern, vol. 99, utg. 1, s. 4–19

34.

FHI (2023). Foreldreoppfølging i familievernet etter omsorgsovertakelse: en systematisk kartleggingsoversikt

35.

Syrstad, E. (2020). «Å forstå det uforståelige». Møtet mellom foreldre som er fratatt omsorgen for sine barn, familievernet og barnevernet. VID vitenskapelige høyskole

36.

NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid.

37.

NOU 2018: 18 Trygge rammer for fosterhjem

38.

NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid.

39.

Eide, K. mfl. (2024). Flyttinger i regi av barnevernet. Skriftserien fra Universitetet i Sørøst-Norge nr. 145

40.

NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid.

41.

Høyringsnotat om endringar i barnevernslova, sendt på høyring 8. april 2024

42.

Norsk Fosterhjemsforening (2024): Fosterhjemsundersøkelsen 2024

43.

Stang, E.G. mfl. (2023). Samvær i praksis. En forskningsbasert undersøkelse av samværsordninger i barnevernet. hovedrapport fra prosjektet «samvær etter omsorgsovertakelse». OsloMet

44.

Bufdir (2022). Samvær: Vurdering av samværsordning ved omsorgsovertakelse – kunnskapsbasert retningslinje

45.

Høyringsnotat om endringar i barnevernslova, sendt på høyring 8. april 2024

46.

Oslo Economics (2019). Følgeevaluering av kompetansestrategien for det kommunale barnevernet 2018–2024. Første statusmåling; Oslo Economics (2022). Kompetansebehov i kommunalt barnevern. OE-rapport nr. 2022-109

Til forsida