Meld. St. 29 (2023–2024)

Fosterheim – ein trygg heim å bu i

Til innhaldsliste

3 Barn og unge i fosterheim

3.1 Innleiing

Fosterheim er i dag det mest brukte tiltaket i barnevernet for barn som ikkje kan bu heime med foreldra sine. Dette kapittelet presenterer gangen i ei barnevernssak og fosterheim som tiltak. Vidare presenterast sentrale fakta, tal og utviklingstrekk om barn og unge som bur i fosterheim, kva typar fosterheimar vi har i Noreg, og kva som kjenneteiknar dei. Kapittelet presenterer òg kunnskap om fosterforeldre. Til slutt i kapittelet omtaler vi tilstanden for statistikk og styringsinformasjon på fosterheimsområdet.

3.2 Barnevernssaka og fosterheim som tiltak

Kjerneoppgåva til barnevernet er å hjelpe barn og foreldre som treng støtte. Når nokon melder bekymring for eit barn, har barnevernstenesta plikt til å vurdere om omsorgssituasjonen til barnet skal undersøkjast nærare. Dersom barnevernstenesta har grunn til å tru at barnet og foreldra treng hjelp, skal dei opprette ei undersøkingssak for å få meir informasjon om og innsikt i omsorgssituasjonen og behova til barnet. I dette arbeidet skal dei snakke med barnet og foreldra, hente inn opplysingar frå aktuelle instansar og gjere ei fagleg vurdering av kva tiltak barnet og familien treng.

Om det er grunn til bekymring, føreslår barnevernstenesta ulike hjelpetiltak til barnet og familien i heimen. Dersom hjelpetiltak ikkje er tilstrekkeleg, og omsorgssituasjonen er så vanskeleg og alvorleg at barnet ikkje kan bu heime, må barnevernstenesta leggje fram ei sak for barneverns- og helsenemnda. Det er nemnda som avgjer om barnet må flytte ut av heimen, og om barnet bør bu i ein fosterheim eller på ein institusjon. Gjer nemnda vedtak om at barnet må flytte ut av heimen, overtek kommunen omsorgsansvaret.

Er foreldra samde med barnevernstenesta i at det er best for barnet å ikkje bu heime i ein periode, kan barnevernstenesta med samtykke frå foreldra tilby opphald i fosterheim eller institusjon som eit hjelpetiltak.

Av og til meiner barnevernstenesta at det hastar å flytte barnet ut av heimen. I slike tilfelle kan leiaren i barnevernstenesta, stadfortredaren for leiaren eller påtalemakta gjere eit akuttvedtak. Slike akuttsituasjonar kan òg oppstå etter ei tid med hjelpetiltak og der barnevernstenesta vedtek å leggje fram ei sak om omsorgsovertaking for nemnda. I påvente av handsaming i nemnda kan situasjonen spisse seg til, og det kan bli naudsynt for barnet å flytte raskt. Det er eit vilkår for å gjere akuttvedtak at barnet blir vesentleg skadelidande dersom ikkje slikt vedtak blir gjennomført straks.

Ofte flyttar barnet til ein mellombels fosterheim før barnevernstenesta finn ei meir langvarig omsorgsløysing i ein eigna fosterheim. Ein mellombels fosterheim kan vere ein beredskapsheim, men det kan òg vere ei mellombels løysing i familie eller nære nettverk.

Ein fosterheim er ein privat heim som tek vare på barnet og har den daglege omsorga. Dersom barnet bur i fosterheim som eit frivillig hjelpetiltak, utøver fosterfamilien omsorga på vegner av foreldra til barnet. Ved ei omsorgsovertaking utøver fosterfamilien omsorga på vegner av barnevernstenesta. Føremålet med fosterheimar er å gi barn som i kortare eller lengre periodar ikkje kan bu hos foreldra sine, ein mellombels heim som er god og trygg. Somme fosterheimar tek imot barn på kort varsel, og somme fosterheimar tek imot barn med særlege behov.

Barn i fosterheim er som alle andre barn, med ulike ressursar og sårbarheiter. Samstundes veit vi at barn som treng ein fosterheim, er meir utsette for særskilde utfordringar. I dei aller fleste tilfella er det tilhøve knytte til foreldra og den opphavlege omsorgssituasjonen som er grunnlaget for eit vedtak om at eit barn skal bu i fosterheim.1 Det kan til dømes handle om sjukdom, psykiske vanskar, utfordringar med rus og/eller valdeleg åtferd.2 Forsking tyder på at mange av barna som treng fosterheim har store omsorgsbehov og samansette utfordringar. Fleire studiar har vist at barn som bur i fosterheim, oftare har psykiske helseutfordringar enn den jamaldra befolkninga.3

3.3 Statistikk om barn og unge i fosterheimar

3.3.1 Nedgang i talet på barn og unge som bur i fosterheim

Ved utgangen av 2022 var det ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) 10 151 barn og unge i alderen 0–24 år som budde i fosterheim. 8 464 av dei var barn under 18 år. Dette omfattar alle typar fosterheim, inkludert beredskapsheim og spesialiserte fosterheimar. Figur 3.1 viser at det er færre barn og unge i fosterheim no enn det var ved utgangen av 2017. Då var det 11 812 barn og unge som budde i fosterheim. Frå 2003 til 2017 auka talet på barn og unge i fosterheim, og dagens nivå er framleis høgare enn nivået på byrjinga av 2000-talet.

Figur 3.1 Barn og unge (0–24 år) i fosterheim per 31.12.

Figur 3.1 Barn og unge (0–24 år) i fosterheim per 31.12.

Kjelde: SSB tabell 09075 og 10660.

Som del av barnebefolkninga var det 7,6 per 1 000 barn (0–17 år) som budde i fosterheim ved utgangen av 2022. Talet per 1 000 barn har auka mykje sidan byrjinga av 2000-talet, men er lågare enn i 2017. 5,8 per 1 000 barn budde i fosterheim ved utgangen av 2003, medan det var 9,2 per 1 000 barn som budde i fosterheim ved utgangen av 2017.4

Nedgangen sidan 2017 gjeld ikkje berre barn og unge som bur i fosterheim, men òg andre tiltak i barnevernet. Sidan 2017 har det komme færre meldingar til barnevernet, barnevernstenesta har sett i gang færre undersøkingar, og det har blitt sett inn færre omsorgstiltak og hjelpetiltak.5

Det manglar sikker kunnskap om kva som kan forklare nedgangen dei seinaste åra. På oppdrag frå Barne- og familiedepartementet har Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) derfor nyleg lyst ut eit forskingsprosjekt som skal undersøkje kva som kan forklare at talet på omsorgsovertakingar har gått ned. Nedgangen kan tyde på at færre barn har behov for omsorgsovertaking, men den kan òg vere eit uttrykk for at fleire barn ikkje blir fanga opp og får den hjelpa dei treng.

3.3.2 Fosterheim er det føretrekte alternativet når barn må bu utanfor heimen

Dei siste åra har det både vore ein nedgang i talet på barn og unge som bur i barnevernsinstitusjon og i fosterheim. Figur 3.2 viser utviklinga over tid når det gjeld kor stor del av barna som bur i fosterheim. Delen har gått opp frå 84 prosent i 2003 til 91 prosent i 2022. Dette er betydeleg høgare enn i land som Sverige, Danmark, Finland, England og Nederland.6

Figur 3.2 Barn (0–17 år) som bur i fosterheim per 31.12., i prosent av alle barn som bur i fosterheim eller institusjon.

Figur 3.2 Barn (0–17 år) som bur i fosterheim per 31.12., i prosent av alle barn som bur i fosterheim eller institusjon.

Kjelde: SSB tabell 09076 og 10661.

3.3.3 Alderssamansetjinga blant barn og unge i fosterheim

Kjønnsfordelinga blant barn og unge i fosterheim er nokså jamn, med ei svak overvekt av gutar. Ved utgangen av 2022 var 52,5 prosent av barna og ungdommane (0–24 år) i fosterheim gutar, medan 47,5 prosent var jenter.7

Det er fleire store enn små barn som bur i fosterheim. Som vi skal sjå nedanfor, heng dette saman med at mange barn bur lenge i fosterheim, og naturlegvis blir eldre medan dei bur der. Figur 3.3 visar at som ein del av barnebefolkninga i kvar aldersgruppe, er talet per 1 000 barn størst i aldersgruppa 13–17 år. Ved utgangen av 2022 var det 12,1 per 1 000 barn mellom 13 og 17 år som budde i fosterheim. Det tilsvarande talet for gruppa 6–12 år var 7,9 per 1 000 barn, medan det var 3,8 barn per 1 000 barn mellom 3 og 5 år, og 1,7 per 1 000 barn under 3 år.

Figur 3.3 Barn og unge i fosterheim per 31.12.2022, per 1 000 i kvar aldersgruppe.

Figur 3.3 Barn og unge i fosterheim per 31.12.2022, per 1 000 i kvar aldersgruppe.

1 Frå og med 2021 er den eldste alderskategorien endra til 18–24 år.

Kjelde: SSB tabell 09076 og 10661.

Sidan 2017 har det vore ein nedgang i alle aldersgrupper under 18 år, medan det har blitt fleire unge over 18 år som bur i fosterheim. Dette vil seie at fosterheim blir brukt som ettervernstiltak i aukande grad. Retten til ettervern blei utvida frå 23 til 25 år i 2021.

3.3.3.1 Hjelpetiltak i forkant av omsorgsvedtak

Mange barn som flyttar i fosterheim, har i forkant hatt hjelpetiltak i heimen over lengre tid. På oppdrag frå Barnevernsutvalet8 har Frischsenteret undersøkt kor lenge familiar har fått hjelpetiltak før det blir fatta eit omsorgsvedtak. I familiar der det blei fatta omsorgsvedtak i nemndene i perioden 2017–2019, hadde det vore gitt hjelpetiltak i heimen over ein periode som i gjennomsnitt utgjorde omtrent 40 prosent av livet til barnet.

3.3.3.2 Alder ved fyrste innflytting i fosterheim

Meir enn halvparten av dei som budde i fosterheim ved utgangen av 2022, var over 13 år. Mange av desse kan ha budd i fosterheim over lengre tid. Gjennomsnittsalderen ved fyrste innflytting i fosterheim er derfor mykje lågare.

Blant dei som budde i fosterheim ved utgangen av 2022, var gjennomsnittsalderen ved fyrste innflytting i fosterheim 6 år. Tala viser at 80 prosent var 10 år eller yngre då dei flytta i fosterheim for fyrste gong.9

Figur 3.4 visar at det over tid har vore ein tendens til at alderen ved fyrste innflytting i fosterheim går ned. Nær ein tredel av dei som bur i fosterheim i dag, var under 3 år då dei fyrst flytta inn i ein fosterheim. Blant dei som budde i fosterheim ved utgangen av 2003, var det berre 23 prosent som hadde flytta i fosterheim før dei blei 3 år. Tilsvarande har prosentdelen som flyttar i fosterheim for fyrste gong når dei er over 12 år, gått ein del ned over tid.

Figur 3.4 Alder ved fyrste innflytting i fosterheim. Fordeling blant barn og unge som budde i fosterheim ved utgangen av 2003, 2010, 2016 og 2022.

Figur 3.4 Alder ved fyrste innflytting i fosterheim. Fordeling blant barn og unge som budde i fosterheim ved utgangen av 2003, 2010, 2016 og 2022.

Kjelde: Spesialbestilte tal frå SSB.

3.3.3.3 Bruk av fosterheim og institusjon i ulike aldersgrupper

Barna og ungdommane som bur i barnevernsinstitusjon, er i hovudsak over 13 år, men det finst unntak. Ved utgangen av 2022 var det 73 barn i alderen 6–12 år som budde i institusjon, men ingen barn under 6 år. Figur 3.5 viser kor stor del per aldersgruppe av dei som anten bur i fosterheim eller institusjon, som bur i fosterheim. Figuren viser at i aldersgruppa 13–17 år er det ein mindre del som bur i fosterheim, og ein større del som bur i institusjon. Samstundes har utviklinga gått i retning av meir bruk av fosterheim også i denne aldersgruppa.

Figur 3.5 Barn og unge i fosterheim per 31.12., i prosent per aldersgruppe av dei som bur i fosterheim eller institusjon.

Figur 3.5 Barn og unge i fosterheim per 31.12., i prosent per aldersgruppe av dei som bur i fosterheim eller institusjon.

1 For 2003–2020 gjeld kategorien aldersgruppa 18–22 år.

Kjelde: SSB tabell 09076 og 10661.

3.3.3.4 Kor lenge bur barn og unge i fosterheim?

Fosterheimsopphald kan vere både kortvarige og langvarige. Basert på registerdata har Frischsenteret undersøkt kor lenge barn er registrerte med fosterheimstiltak samanhengande over tid. Statistikken fangar ikkje opp kor mange av barna som har flytta mellom to fosterheimar i løpet av perioden. Forskarane finn at fosterheimstiltaka som blei avslutta i perioden 2011–2018, i gjennomsnitt varte i omtrent 5 år. Litt under halvparten av barna var registrerte med fosterheimstiltak i 3 år eller meir. Om lag 25 prosent av barna var registrerte med fosterheimsopphald i 7 år eller meir, medan om lag 10 prosent av barna var registrerte med fosterheimsopphald samanhengande i 13 år eller meir.10

Blant respondentane i medlemsundersøkinga til Norsk Fosterhjemsforening i 2022 seier 53 prosent at dei har hatt barnet buande hos seg i 6 år eller meir. 19 prosent seier at dei har hatt barnet buande i 10 år eller meir.11 Funna herifrå avvik altså noko frå registeranalysen til Frischsenteret. Dette kan tyde på at fosterheimar med langvarige opphald er overrepresenterte i medlemsundersøkinga.

3.3.4 Geografisk fordeling

Det statlege barnevernet er delt inn i fem regionar. I Oslo kommune er det kommunen sjølv som tek hand om dei statlege oppgåvene på barnevernsområdet. Tabell 3.1 viser fordelinga mellom barnevernsregionane, både i talet på barn (0–17 år) som budde i fosterheim ved utgangen av 2022, og i kor mange per 1 000 barn det dreidde seg om i kvar region. Utgangspunktet for regiontilknytinga i desse tala er omsorgskommunen til barna, det vil seie kommunen som har bestemt at barnet skal bu i fosterheim. Mange barn som flyttar i fosterheim, må flytte utanfor heimkommunen sin. Vi omtaler dette nærare i avsnitt 4.6 i kapittel 4.

Tabell 3.1 Barn i fosterheim i dei ulike barnevernsregionane.

Barnevernsregion

I fosterheim per 31.12.2022

Per 1 000 barn (0–17 år)

Region nord

999

10,9

Region midt

1 165

7,8

Region vest

1 728

7,0

Region aust

2 107

7,3

Region sør

1 740

8,5

Oslo kommune

725

5,5

Kjelde: SSB tabell 10660 og 10661.

Tabellen viser at det i absolutte tal er flest barn som bur i fosterheim, i region aust. Vidare ser vi at sannsynet for å bu i fosterheim er mykje mindre blant barn i Oslo enn blant barn i andre regionar. Som del av barnebefolkninga bur barn i Nord-Noreg i fosterheim i nær dobbelt så stort omfang som barn i Oslo gjer. Det er òg mindre vanleg å bu i barnevernsinstitusjon blant barn frå Oslo enn blant barn frå andre delar av landet.12

Innbyrdes mellom bydelane i Oslo er det store skilnader i kor mange barn som bur utanfor heimen i regi av barnevernet. I somme bydelar, som Sagene, Gamle Oslo, Grorud og Søndre Nordstrand, er det meir enn 10 per 1 000 barn som bur utanfor heimen i regi av barnevernet. I andre bydelar, som Ullern, Vestre Aker og Nordre Aker, er det så få som 1–2 per 1 000 barn.13

3.3.5 Barn med minoritetsbakgrunn

Barn med innvandrarbakgrunn er overrepresenterte i barnevernet. Dette gjeld særleg barn som er fødde utanfor Noreg.14 Statistikken for barn som er fødde i Noreg av innvandrarforeldre, liknar meir på statistikken for barn med norske foreldre. Dette mønsteret gjeld for både hjelpetiltak, omsorgstiltak og fosterheim.15

Om lag kvart tredje barn i fosterheim har innvandrarbakgrunn.16 Tabell 3.2 viser kor mange per 1 000 barn som var registrerte med fosterheimstiltak ved utgangen av 2022. Tabellen viser at barn som er fødde utanfor Noreg, er overrepresenterte, medan norskfødde med innvandrarforeldre bur i fosterheim i omtrent like stor grad som barn utan innvandrarbakgrunn.

Tabell 3.2 Barn i fosterheim per 31.12.2022 per 1 000 barn, etter innvandrarbakgrunn. Bufdir.

Innvandrarbakgrunn

Barn i fosterheim per 31.12 per 1 000 barn (0–17 år)

Innvandrarar

10,2

Norskfødde med innvandrarforeldre

7,0

Norskfødde med éin utanlandsk forelder

7,7

Barn utan innvandrarbakgrunn

7,5

Om vi ser nærare på ulike typar fosterheimar, finn vi særleg overrepresentasjon av innvandrarar i fosterheimar utanom familie og nære nettverk. I fosterheimar i familie og nære nettverk er delen blant innvandrarar omtrent lik som delen blant barn utan innvandrarbakgrunn.17

Det finst ikkje tilgjengeleg statistikk over barn med samisk bakgrunn som får barnevernstiltak, heller ikkje over barn med nasjonal minoritetsbakgrunn (rom, romanifolk/ taterar, jødar, kvener/norskfinnar og skogfinnar). Det er likevel ein høgare del barn og familiar med tiltak frå barnevernet i kommunar der ein høg del av befolkninga er samisk, enn det er i andre kommunar i Nord-Noreg.18 Barnevernsutvalet vurderer det òg som sannsynleg at barn med rom- og romanibakgrunn er overrepresenterte i barnevernet.19

3.3.6 Flyttingar og brudd i fosterheim

Mange barn i fosterheim opplever brot og utilsikta flyttingar. Ein gjennomgang av internasjonale studiar fann at dei fleste brot i fosterheimar skjer dei to fyrste åra, og at ein stad mellom 20 og 50 prosent av alle fosterheimsopphald endar i brot.20

SSB publiserer statistikk over flyttingar blant barn i fosterheim.21 I denne statistikken inngår ikkje berre utilsikta flyttingar, men også flyttingar som kan vere planlagde, og godt grunngitt i tråd med faglege vurderingar om kva som er best for barnet. Tala omfattar til dømes flyttingar frå beredskapsheimar til ordinære fosterheimar.

Statistikken tyder på at om lag halvparten av alle barn som bur i fosterheim, har opplevd å flytte minst éin gong etter at dei kom til den fyrste fosterheimen sin.22 Flytting skjer hyppigast det fyrste året barna bur i fosterheim. Barna som har flytta minst éin gong i løpet av det fyrste året, opplever i gjennomsnitt 1,6 flyttingar dette året. Situasjonen stabiliserer seg over tid. I alle aldersgrupper blir det færre flyttingar jo lenger det er sidan barna fyrst flytta inn i ein fosterheim. Statistikken viser samstundes at sannsynet for flytting er større jo eldre barna er.

Statistikken skil mellom barn i beredskapsheimar, barn i fosterheimar i familie og nære nettverk og barn i fosterheimar utanom slekt og nære nettverk. Delen som har flytta, er lågast blant dei som bur i ein fosterheim i familien eller det nære nettverket. I denne gruppa var det 42 prosent som opplevde flytting mellom 2014 og 2020, medan den tilsvarande delen i gruppa som bur i ein fosterheim utanom familien og det nære nettverket, var 54 prosent.23

3.3.7 Forsking om korleis barn i fosterheim klarer seg seinare i livet

Mange barn som har budd i fosterheim, klarer seg bra seinare i livet, men mange opplever òg utfordringar på ulike område. Det finst nokre norske studiar av korleis personar som har fått barnevernstiltak klarer seg seinare i livet, fram til ung vaksen alder. Til liks med studiar frå andre vestlege land har desse vist at personar med barnevernserfaring har høgare risiko enn resten av befolkninga for uønskte utfall seinare i livet. Dette gjeld mellom anna innanfor utdanning, inntekt, trygdemottak og helse.24

Studiane har vist at barn som har budd i fosterheim, har klart seg betre enn barn som har budd på institusjon. I nokre samanhengar tyder studiane òg på at barn som har budd i fosterheim, har klart seg betre enn barn som har hatt hjelpetiltak i heimen. Til dømes har barn som flytta i fosterheim før dei var fem år, noko lågare risiko for å stå utanfor arbeid og utdanning som unge vaksne, enn barn som fekk hjelpetiltak i heimen.25

Forskinga har påvist samanhengar mellom barnevernstiltak og utfall seinare i livet, men den har i mindre grad kunna avdekkje kva samanhengane kjem av. Barn som får tiltak frå barnevernet, er i utgangspunktet ei selektert gruppe. Samanlikna med befolkninga elles har foreldra til barn i barnevernet ofte lågare utdanning, lågare inntekt og ei svakare tilknyting til arbeidslivet.26 Dette er tilhøve som statistisk sett verkar inn på utfall innanfor utdanning, arbeid og helse. I tillegg kan omsorgssituasjonen som låg til grunn for barnevernstiltaket, ha ein sjølvstendig innverknad på seinare utfall. Forskinga gir dermed ikkje grunnlag for å seie at det er sjølve erfaringa med barnevernet som gjer gruppa meir sårbar for uønskte utfall.27

3.3.8 Skuleresultat

Barn som får tiltak av barnevernet, får i gjennomsnitt færre grunnskulepoeng enn jamaldringane sine. Unge med barnevernserfaring har òg lågare sannsynlegheit for å fullføre vidaregåande opplæring, og lågare sannsynlegheit for å ta høgare utdanning. Samanlikna med barn som har budd i institusjon, klarer barn som har budd i fosterheim seg mykje betre i utdanningssystemet. 41 prosent av barna som var registrerte med fosterheimstiltak mellom 2013 og 2018, hadde fullført vidaregåande opplæring ved 21 års alder. Til samanlikning gjaldt det same 17 prosent av barna som var registrerte med institusjonstiltak, og 76 prosent av barna utan barnevernserfaring.28 På same måte som med andre utfallsmål, er det her krevjande å etablere kor mykje av forskjellane som skyldast tiltaka barna har fått, og kor mykje som kan tilskrivast at gruppene i utgangspunktet har ulike føresetnader. Blant barn som har budd i fosterheim, er det ein tendens til at dei som har hatt lengre opphald i fosterheim, har betre grunnskulekarakterar enn dei som har hatt kortare opphald i fosterheim.29

3.4 Ulike typar fosterheimar

Så langt har vi presentert statistikk om barn og unge i fosterheim samla. Barn og unge flyttar vel å merke i fosterheim av ulike årsaker og med bakgrunn i ulike føresegner i barnevernslova. Det finst òg fleire typar fosterheimar, med ulike former for organisering og ansvarstilhøve.

3.4.1 Fosterheim som omsorgstiltak, hjelpetiltak og akuttiltak

Fleirtalet av fosterheimsopphalda er baserte på vedtak om omsorgsovertaking i barneverns- og helsenemnda, etter barnevernslova § 5-1 eller § 4-2. Barn kan likevel òg bu i fosterheim som eit frivillig hjelpetiltak, etter § 3-2 eller § 4-1 i lova.

Etter barnevernslova § 4-2 kan det gjerast vedtak om akutt omsorgsovertaking dersom det er fare for at barnet blir vesentleg skadelidande om ikkje vedtaket blir gjennomført straks. Dei fleste barna blir då flytta til ein beredskapsheim. Somme blir flytta til ein akuttinstitusjon eller ein ordinær fosterheim. Det kan òg gjerast akuttvedtak om fosterheim som hjelpetiltak etter § 4-1, dersom foreldra (og barnet, dersom barnet er over 15 år) ikkje motset seg vedtaket.

Figur 3.6 viser utviklinga mellom 2015 og 2022 i talet på barn som bur i fosterheim som høvesvis omsorgstiltak, hjelpetiltak og akuttiltak, ved utgangen av året. Det har vore ein tydeleg nedgang i bruken av fosterheim som omsorgstiltak dei siste åra, medan omfanget av barn i fosterheim som hjelpetiltak har vore nokså stabilt.

Figur 3.6 Barn (0–17 år) i fosterheim på bakgrunn av omsorgstiltak, hjelpetiltak og akuttiltak per 31.12.

Figur 3.6 Barn (0–17 år) i fosterheim på bakgrunn av omsorgstiltak, hjelpetiltak og akuttiltak per 31.12.

Kjelde: SSB tabell 12485.

3.4.2 Ordinære fosterheimar

Dei fleste fosterheimar er ordinære fosterheimar som har avtale med barnevernstenesta i omsorgskommunen, det vil seie den kommunen der barnet budde då vedtaket vart gjort. Kommunen har ein lovfesta plikt til å søkje etter fosterheim i barnets familie og nære nettverk. Fleire kommunar driv eit aktivt rekrutteringsarbeid, også utanom barnets familie og nære nettverk. Somme kommunar jobbar med rekruttering gjennom interkommunale samarbeid. Nokre kommunar nyttar også private selskap i rekrutteringsarbeidet. Dersom kommunane ikkje lukkast i rekruttering, kan dei be om hjelp frå Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) til å finne fosterheim. Bufetat har plikt til å hjelpe kommunen med å tilby slike fosterheimar når kommunen ber om det. Bufetat kan òg rettleie og støtte kommunane i rekrutteringsarbeidet, mellom anna gjennom bruk av familierådskoordinatorer. Dei siste åra har det i fleire tilfelle vore krevjande for Bufetat å innfri bistandsplikten. Departementet har set i gang ein ekstern gjennomgang av statens bistandsplikt, som skal leverast hausten 2024.

Kommunen har ansvaret for all oppfølging og rettleiing så lenge barnet bur i fosterheimen. Barnevernstenesta skal følgje opp fosterfamilien på ein heilskapleg måte som er tilpassa kvar einskild fosterfamilie. Barnevernstenesta skal jamleg vurdere kva for økonomiske, praktiske og faglege verkemiddel fosterfamilien har behov for, og skal gi naudsynt råd, rettleiing og støtte til fosterforeldra og fosterforeldra sine eigne barn, jf. fosterheimsforskrifta § 9. Oppfølging kan til dømes vere ekstra eller spesialisert rettleiing, avlasting eller heilt eller delvis frikjøp utover den fyrste tida etter at barnet har flytta inn. Det følgjer av barnevernslova § 9-7 at barnevernstenesta og fosterforeldra skal inngå skriftleg avtale om dei respektive forpliktingane sine.

Bufetat hadde tidlegare eit medfinansieringsansvar for ordinære fosterheim gjennom ein refusjonsordning. Denne ordninga blei avvikla 31. desember 2021, og kommunane fekk då fullt økonomisk ansvar for ordinære fosterheimar. Kommunane blei kompensert for dette gjennom ei auking i rammetilskotet.

3.4.3 Fosterheimar i familie og nære nettverk

Barnevernstenesta pliktar å leite etter ein fosterheim i familien eller det nære nettverket til barnet. Dei som tek på seg oppgåva, inngår avtale om å vere fosterheim direkte med kommunen, og vil då vere ein ordinær fosterheim. Det har lenge vore eit mål å rekruttere fleire fosterheimar i familie og nære nettverk, og prosentdelen som bur i ein fosterheim i familien eller det nære nettverket, har auka over tid. Dette kjem fram av figur 3.7. Her er beredskapsheimar og spesialiserte fosterheimar ikkje inkludert. Ved utgangen av 2022 var det 33 prosent av barna og ungdommane i ordinære fosterheimar som budde i ein fosterheim i familien eller det nære nettverket.

Figur 3.7 Prosentdelen av barn og unge i ordinære fosterheimar per 31.12 som bur i ein fosterheim i familien eller det nære nettverket.

Figur 3.7 Prosentdelen av barn og unge i ordinære fosterheimar per 31.12 som bur i ein fosterheim i familien eller det nære nettverket.

Kjelde: SSB tabell 10660.

3.4.4 Beredskapsheimar

Beredskapsheimar er fosterheimar som kan ta omsorga for barn på kort varsel i ein akuttsituasjon. Beredskapsheim er ikkje meint å vere ei langvarig løysing, men eit tiltak for barnet inntil omsorgssituasjonen er avklart og det er funne ei meir langsiktig omsorgsløysing. I somme tilfelle blir beredskapsheimen vurdert å vere ei god løysing for barnet på lengre sikt og kan då bli vidareført som eit ordinært fosterheim for barnet.

Bufetat har plikt til å tilby ein beredskapsheim når kommunane ber om det. Fordi desse heimane må vere tilgjengelege for oppdrag til kvar tid, har dei andre rammevilkår enn ordinære fosterheimar. Bufetat delfinansierer tiltaket det første året. Avgrensinga med delfinansiering innanfor det første året kom med regelverksendringar då barnevernsreforma vart sett i verk. Bakgrunnen for endringa var å gi kommunane auka insentiv til å finne ein meir varig løysing for barnet. Kommunen kan òg rekruttere beredskapsheimar sjølv, men den statlege delfinansieringa gjeld berre beredskapsheimar Bufetat har oppdragsavtale med.

I Oslo kommune har Barne- og familieetaten tilsvarande ansvar som Bufetat med å tilby bydelane beredskapsheim. Finansieringsordninga er annleis, og bydelane har fullt økonomisk ansvar for tiltaket.

3.4.5 Spesialiserte fosterheimar

Spesialiserte fosterheimar er eit tilbod retta mot barn og unge som har store omsorgs- og hjelpebehov, og som treng mykje og langvarig oppfølging, ofte frå ulike hjelpeinstansar. Det blir derfor stilt særlege krav til kompetansen til fosterforeldra. Omsorgsoppgåvene til fosterforeldre i spesialiserte fosterheimar lèt seg vanlegvis ikkje kombinere med vanleg inntektsgivande arbeid utanfor heimen. Dei har derfor andre økonomiske rammevilkår enn ordinære fosterforeldre og får regelmessig og løpande rettleiing og støtte frå Bufetat, eller Barne- og familieetaten i Oslo kommune. Kommunane betaler ein eigenandel ved bruk av spesialiserte fosterheim som Bufetat har avtale med.

Figur 3.8 viser at det har vore ein nedgang i bruken av spesialiserte fosterheimar. Det var ein auke i bruken av tiltaket fram til 2017. Dette kan forklarast med at tiltaket i somme tilfelle blei brukt til barn som ikkje var i kjernemålgruppa for denne typen fosterheimar, og som kunne budd i ordinære fosterheimar. For at bruken av spesialiserte fosterheimar i større grad skulle samsvare med behova til barna, og for å få rett bruk og betre kostnadskontroll i Bufetat, reduserte Bufetat talet på einskildkjøp og reforhandla avtalane med private aktørar. Kven som er i målgruppa for spesialiserte fosterheimar, blei òg gjort tydeleg med endringar i barnevernslova i samband med barnevernsreforma som tredde i kraft 1. januar 2022.30 Samstundes auka den kommunale eigendelen for bruk av tiltaket.

Figur 3.8 Barn og unge i spesialiserte fosterheimar per 31.12.

Figur 3.8 Barn og unge i spesialiserte fosterheimar per 31.12.

Kjelde: SSB tabell 10660.

3.4.6 Omfanget av ulike typar fosterheimar

Tabell 3.2 viser fordelinga av ulike typar fosterheimar blant barn og unge som budde i fosterheim ved utgangen av 2022. Omtrent seks av ti barn som bur i fosterheim bur i ordinære fosterheimar, utanom familie og nære nettverk. Tre av ti barn som bur i fosterheim bur i ordinære heimar som er rekrutterte innanfor familie og nære nettverk. Omkring fem prosent av alle barn som bur i fosterheim bur i beredskapsheim, og omkring like mange bur i spesialiserte fosterheimar. Frå og med 2021 bruker SSB mellombelse heimar i familie og nære nettverk som ein eigen kategori. Desse utgjer mindre enn to prosent av alle fosterheimar.

Tabell 3.3 Barn (0–17 år) i ulike typar fosterheimar per 31.12.2022. SSB tabell 10660.

Fosterheimstype

Tal

Del i prosent

Fosterheimar utanom familie og nære nettverk

5 996

59,2

Fosterheimar i familie og nære nettverk

3 011

29,7

Beredskapsheimar

487

4,8

Spesialiserte fosterheimar

465

4,6

Mellombelse heimar i familie eller nære nettverk

164

1,6

3.4.7 Kommersielle og ideelle aktørar på fosterheimsfeltet

Sommaren 2023 blei det teke inn i barnevernslova at barnevernstenesta ikkje kan nytte fosterheimar som har inngått avtale med ein privat tenesteytar. Kommunane kan likevel nytta private tenesteytarar til å rekruttere fosterheim, men avtale skal inngåast mellom den einskilde kommune og familie.31 Regelen gjeld ikkje spesialiserte fosterheimar og beredskapsheimar som Bufetat tilbyr kommunen, men ordinære fosterheimar.

Bufetat kan og kjøpe tenester frå private tenesteytarar som rekrutterer fosterheimar og stiller desse til disposisjon for kommunane eller Bufetat. Kommunane kan òg kjøpe einskildtenester som hjelpetiltak, avlastingstiltak, opplæring av fosterheimar og rettleiing til fosterheimar frå private tenesteytarar. Det er likevel visse oppgåver barnevernstenesta ikkje kan overlate til private, som å inngå avtale med fosterheimen og å fatte vedtak. At den private parten ikkje sjølv kan inngå avtale med den ordinære fosterheimen, kan potensielt innverke på rekrutteringa av fosterheim. Departementet la i vurderinga vekt på at omsorgskommunen har eit viktig ansvar for rettstryggleiken til barna, og at barnevernstenesta derfor må ha naudsynt styring og kontroll. I den samanheng er det viktig at barnevernstenesta sjølv inngår avtale med fosterforeldra. Endringa har verka i for kort tid til å vurdere den faktiske effekten på rekrutteringa.

3.5 Undersøkingar blant fosterforeldre

Det finst ikkje offisiell statistikk om fosterforeldre, men over tid har det blitt gjennomført fleire spørjeundersøkingar. På oppdrag frå Bufdir har Synovate32 og Ipsos33 gjennomført spørjeundersøkingar i høvesvis 2010 og 2016. Begge oppnådde mange respondentar (i overkant av 3 500), ved hjelp av kontaktinformasjon frå Bufdir.

Norsk Fosterhjemsforening har frå og med 2021 gjennomført årlege spørjeundersøkingar blant medlemmene sine.34 Også desse har oppnådd nokså mange respondentar (i overkant av 1 000). Samstundes må det takast høgd for at medlemmene i foreininga kan ha litt annleise kjenneteikn og erfaringar enn fosterforeldre som ikkje er medlemmer i foreininga. Resultata er dermed ikkje representative for heile populasjonen av fosterforeldre.

Blant respondentane i 2016-undersøkinga til Ipsos var 92 prosent mellom 30 og 60 år. Samanlikna med undersøkinga frå 2010 hadde respondentmassen ein eldre profil, men det var framleis berre 5 prosent som var i 60-åra.

Om lag halvparten av fosterforeldra i undersøkinga frå 2016 hadde fullført høgare utdanning. I medlemsundersøkinga til Norsk Fosterhjemsforening for 2023 seier 61 prosent at dei har ein utdanningsbakgrunn som er særleg relevant for fosterheimsoppdraget, definert som sosialfagleg, helsefagleg, pedagogfagleg eller barnevernsfagleg utdanning.

Dei fleste fosterheimar består av to fosterforeldre der den eine er mann og den andre er kvinne. Dette gjaldt 87 prosent av respondentane i Ipsos-undersøkinga i 2016 og 83 prosent av respondentane i medlemsundersøkinga til Norsk Fosterhjemsforening for 2022. Vidare var 13 prosent i medlemsundersøkinga for 2022 einslege fosterforeldre, og dei aller fleste av desse var kvinner. Totalt var éin prosent av respondentane einslege mannlege fosterforeldre. I tillegg bestod tre prosent av fosterheimane av to likekjønna fosterforeldre. To prosent bestod av to mannlege fosterforeldre, medan éin prosent bestod av to kvinnelege fosterforeldre.

I eit fleirtal av fosterheimane bur det eitt fosterbarn. I medlemsundersøkinga til Norsk Fosterhjemsforening for 2023 sa 78 prosent av respondentane at dei hadde eitt barn buande, medan 19 prosent hadde to fosterbarn buande og tre prosent hadde tre fosterbarn eller fleire. Vidare var det 68 prosent som sa at dei ikkje hadde eigne barn (eigenfødde eller adopterte barn) buande heime. 17 prosent hadde eitt eige barn, medan 11 prosent hadde to eigne barn og 4 prosent hadde tre eller fleire eigne barn buande heime.

I Ipsos-undersøkinga i 2016 var 67 prosent av respondentane fosterforeldre for fyrste gong. 14 prosent var fosterforeldre for andre gong, medan 8 prosent hadde vore fosterforeldre to eller fleire gonger tidlegare.

Funn frå undersøkingane i 2010 og 2016 tyder på at mange fosterheimar ligg utanfor byar og tettbygde strøk. Om lag halvparten av respondentane i 2010 og 2016 sa at fosterheimen låg på ein landleg stad med spreidd busetnad. Til samanlikning er det berre 13 prosent av den norske befolkninga som bur i grisgrendte strøk, slik SSB definerer det.35 Vidare var det høvesvis 86 prosent i 2010 og 78 prosent i 2016 som sa at fosterheimen var ein einebustad. Til samanlikning er det om lag halvparten av bustadene i landet som er einebustader.36 Heile ti prosent av respondentane i 2016 sa at fosterheimen låg på ein gard.

I undersøkingane frå 2010 og 2016 blei det stilt spørsmål om motivasjonen for å bli fosterforeldre. Resultata tyder på at ønsket om å hjelpe er den dominerande forma for motivasjon for dei fleste, medan få fosterforeldre ser ut til å vere motiverte av økonomiske insentiv. Respondentane i 2016 blei bedne om å trekkje fram dei fire viktigaste blant 15 moglege motivasjonsfaktorar. 85 prosent trekte fram ønsket om å hjelpe nokon som treng det, medan 48 prosent trekte fram tanken om at eit fosterbarn ville berike familien, og 43 trekte fram ønsket om å gjere noko nyttig for samfunnet. Berre sju prosent trekte fram «bidrag til familieøkonomien» som ein motivasjonsfaktor.

3.6 Betre statistikk og styringsinformasjon på fosterheimsområdet

God statistikk er ein føresetnad for å avdekkje og handtere uønskte trendar og problemområde, og sikre god kvalitet og ei positiv utvikling i barnevernet. Dersom ansvarlege styresmakter ikkje har god nok statistikk om praksisen i barnevernet, er det ein risiko for at avgjerder blir tekne på feil grunnlag, at systemsvikt ikkje blir avdekt, eller at ressursar ikkje blir sette inn på rett nivå til rett tid. God statistikk kan òg bidra til meir openheit, høgare tillit og betre føresetnader for ein opplyst offentleg debatt om barnevernet. I tillegg vil eit betre statistikkgrunnlag bidra til meir og betre forsking om barnevernet, fosterheimar og kva som kan vere verksame tiltak.

Bufdir publiserte i 2023 ei utgreiing om statistikkgrunnlaget i norsk barnevern.37 Utgreiinga dannar eit grunnlag for det vidare arbeidet i departementet med å sørgje for betre statistikk om barnevernet. Utgreiinga peiker på fleire manglar og utfordringar ved tilgangen til statistikk per i dag, både om fosterheimar og om barnevernet i stort. Vi har mellom anna lite statistikk om kva utfordringar barna har, og andre kjenneteikn ved barna som kjem i kontakt med barnevernet. Vidare finst det i lita grad statistikk over samarbeid med og bruk av andre tenester.

Når det gjeld statistikk om barn og unge som bur i fosterheim, finst det statistikk om tilhøve som alder, kjønn, geografisk fordeling, heimelsgrunnlag og fosterheimstypar. Denne statistikken har vi omtalt tidlegare i kapittelet. Det blir òg ført statistikk over gjennomføringa av lovpålagde oppfølgingsbesøk og tilsyn i fosterheimar. Samstundes er det mange tilhøve ved fosterheimar der det anten manglar statistikk, eller der statistikken i lita grad er systematisk og tilgjengeleg. Det manglar tilgjengeleg statistikk om dei ulike fasane i rekrutteringa av fosterheimar og om kor stor del av fosterfamiliane som tek eit nytt oppdrag etter det fyrste fosterheimsoppdraget sitt. Vi manglar kunnskap om korleis barnevernstenesta følgjer opp fosterheimane og foreldra til barna. Kunnskapen om fosterforeldra kviler i all hovudsak på spørjeundersøkingar, og den einaste spørjeundersøkinga som har vore gjennomført dei siste åra, er medlemsundersøkinga til Norsk Fosterhjemsforening.

3.6.1 Barnevernsregisteret

For å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag til beste for barn i barnevernet ønskjer departementet å formelt etablere eit nasjonalt barnevernsregister, basert på dagens tekniske løysing for handsaming av barnevernsdata som kommunane rapporterer inn. Det er forankra i barnevernslova § 16-2 at den kommunale barnevernstenesta skal rapportere om opplysingar som staten treng for å utvikle statistikk om barnevernet. I høyringsnotat om forslag til endringar i barnevernslova føreslår departementet derfor ei ny føresegn i barnevernslova om nasjonalt barnevernsregister.38 Det primære føremålet med registeret er å danne grunnlag for at statlege styresmakter kan utvikle statistikk og analysar om barnevernet. Departementet føreslår samstundes ei tilhøyrande forskrift med utfyllande føresegner om det nasjonale barnevernsregisteret. Barnevernsregisteret skal danne grunnlaget for SSBs berekning av offisiell statistikk om kommunalt barnevern. Bufdir vil òg ha tilgang til data frå barnevernsregisteret. Departementet legg til grunn at registeret òg kan brukast til forsking.

3.6.2 Forløpsdatabase

På oppdrag frå Bufdir har SSB utvikla ein forløpsdatabase for barnevernsdata. Forløpsdatabasen stod ferdig i 2021 og gjer det mogleg å følgje tiltakshistorikken til eit barn frå meldingsfasen og fram til barnet ikkje lenger får barnevernstiltak. Databasen inneheld alle dataa som er rapporterte frå dei kommunale fagsystema til SSB frå årgang 2013, og blir årleg oppdatert med nye tal.

Data i forløpsdatabasen er komplekse, og det er tidkrevjande å framstille datasett frå databasen som kan brukast til statistikk og analyse. Førebels er det berre statistikken over flytting blant barn som bur i fosterheim, som er gjort tilgjengeleg på bakgrunn av forløpsdatabasen.39

3.6.3 Rapportering om barn som ventar på fosterheim

Bufetat-regionane har god oversikt over barna som til kvar tid ventar på fosterheim, men per i dag er ikkje informasjonen om barna standardisert og systematisert. Det vil seie at vi ikkje har statistikk som kastar lys over behova og kjenneteikna til barna som ventar på fosterheim. Dette er informasjon som Bufdir og Barne- og familiedepartementet treng for å setje inn treffsikre tiltak på nasjonalt nivå og sikre god oppfølging av det regionale nivået. For å møte dette behovet har Bufdir, Bufetat og Barne- og familieetaten i Oslo kommune forma ut eit nytt rapporteringsregime, der Bufetat og Oslo kommune vil rapportere om barn som ventar på fosterheim, på ein harmonisert måte to gonger i året. Den fyrste rapporteringa skal etter planen skje 30. juni 2024.

3.6.4 Barnevernsbarometer og brukarundersøkingar

Spørjeundersøkingar er eit viktig supplement til informasjon som blir rapportert inn til offentlege register, og kan i større grad kan fange opp erfaringar med og synspunkt på kva som fungerer godt og dårleg i barnevernet, frå ulike perspektiv. Systematiske spørjeundersøkingar kan bidra til å styrkje barnevernet til beste for barna.

Bufdir legg no til rette for systematiske spørjeundersøkingar blant brukarar, tilsette og leiarar i barnevernet. I perioden 2024–2027 skal det gjennomførast eit prosjekt med faste periodevise spørjeundersøkingar blant ulike respondentgrupper, med høve til å vidareføre dette til ei fast løysing.

Spørjeundersøkingane skal gi relevant styringsinformasjon til Bufdir og Barne- og familiedepartementet. Fleire av spørsmåla som blir stilte, vil komme att i seinare rundar, slik at det blir mogleg å følgje med på utviklinga over tid. Datagrunnlaget vil òg vere relevant for eksterne kunnskapsmiljø som forskar på utviklingstrekk i barnevernet.

Prosjektet er todelt. I barnevernsbarometeret vil det bli gjennomført spørjeundersøkingar blant leiarar i barnevernstenester og leiarar i barnevernsinstitusjonar kvart år mellom 2024 og 2027, og dessutan spørjeundersøkingar blant tilsette i barnevernstenester og institusjonar i 2024 og 2026. Vidare er det planlagt brukarundersøkingar blant barn i fosterheimar, fosterforeldre og barn i barnevernsinstitusjonar i 2025 og 2027.

I prosjektet vil det med andre ord bli henta inn erfaringar frå fleire viktige respondentgrupper, både på fosterheimsområdet og på barnevernsfeltet generelt. Dette vil gi viktig innsikt i kva tiltak og endringar som trengst i åra framover.

Fotnotar

1.

Drange, N. mfl. (2021). Beskrivende analyser. Barn og familier i barnevernet. Frischsenteret rapport 4/2021

2.

NOU 2018: 18 Trygge rammer for fosterhjem

3.

Larsen, M. mfl. (2018). Services according to mental health needs for youth in foster care? – A multi-informant study. BMC Health Services Research, 18; Lehmann, S. mfl. (2020). Potentially traumatic events in foster youth, and association with DSM-5 trauma- and stressor related symptoms. Child Abuse and Neglect, 101; Nilsen, S. A mfl. (2021). Mental health, adverse life events and health service use among Norwegian youth in the child welfare system: Results from a population-based study. Child and Family Social Work, 26(4); Lassemo, E. mfl. (2022). Når barnevernet overtar omsorgen – en forenklet kunnskapsoppsummering. Sintef rapport 2022: 01044; Ådnanes, M. mfl. (2024). Helsehjelp til barn i barnevernet. Behov, barrierer og helsetjenestebruk. Sintef rapport 2024:00195

4.

SSB tabell 09075 og 10660

5.

Dyrhaug, T. (2022). Stadig færre barn i barnevernet. SSB nettartikkel

6.

NOU 2023: 24 Med barnet hele vegen

7.

SSB tabell 10662

8.

NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid.

9.

Barne- og familiedepartementet har spesialbestilt tal frå SSB for alder ved fyrste innflytting i fosterheim.

10.

Drange, N. mfl. (2021). Beskrivende analyser. Barn og familier i barnevernet. Frischsenteret rapport 4/2021

11.

Norsk Fosterhjemsforening (2022). Fosterhjemsundersøkelsen 2022. En undersøkelse blant medlemmer i Norsk Fosterhjemsforening

12.

Bufdir.no Barnevernstiltak til barn med innvandrerbakgrunn. Hentet 29.05.24; Dyrhaug, T. (2023). Mindre bruk av barnevernsinstitusjonene. SSB nettartikkel; Dyrhaug, T. og Haugstveit, F. V. (2024). Mer vanlig med barnevernstiltak blant barn og unge med innvandrerbakgrunn. SSB nettartikkel

13.

SSB tabell 12604

14.

SSB definerar innvandrarar som personar som er fødd i utlandet og sjølv har innvandra til Noreg, og som har to utenlandsfødde foreldre og fire utenlandsfødde besteforeldre.

15.

SSB tabell 11298; Bufdir.no Barnevernstiltak til barn med innvandrerbakgrunn. Hentet 29.05.24

16.

Bufdir.no Barnevernstiltak til barn med innvandrerbakgrunn. Hentet 29.05.24

17.

Bufdir.no Barnevernstiltak til barn med innvandrerbakgrunn. Hentet 29.05.24

18.

Saus, M. mfl. (2018). Utredning om barnevern for den samiske befolkningen, innvandrere og nasjonale minoriteter i Norge. Kompentansehevende tiltak, kunnskapsmiljø og samiske barns særlige rettigheter. UiT rapport 2/2018

19.

NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid

20.

Backe-Hansen, E. mfl. (2013). Utilsiktet flytting fra fosterhjem. NOVA notat 2/13

21.

SSB tabell 13353

22.

Bufdir.no Barn i fosterhjem og beredskapshjem. Hentet 24.05.24

23.

Beyrer, S. og Dyrhaug, T. (2021). Barn som bur i fosterheim utanom familie, flyttar meir. SSB nettartikkel

24.

Clausen, S.E. og Kristoffersen, L.B. (2008). Barnevernsklienter i Norge 1990–2005. NOVA-rapport 3/2008; Backe-Hansen, E. mfl. (2014). Barnevern i Norge 1990–2010. En longitudinell studie. NOVA-rapport 9/2014; Drange, N. mfl. (2022). Barn, unge og familier i barnevernet. En longitudinell registerstudie. Hvordan går det med barna? Frischsenteret rapport 2/2022

25.

Drange, N. mfl. (2022). Barn, unge og familier i barnevernet. En longitudinell registerstudie. Hvordan går det med barna? Frischsenteret rapport 2/2022

26.

Backe-Hansen, E. mfl. (2014). Barnevern i Norge 1990–2010. En longitudinell studie. NOVA-rapport 9/2014; Drange, N. mfl. (2021). Beskrivende analyser. Barn og familier i barnevernet. Frischsenteret rapport 4/2021

27.

Drange, N. mfl. (2022). Barn, unge og familier i barnevernet. En longitudinell registerstudie. Hvordan går det med barna? Frischsenteret rapport 2/2022

28.

Drange, N. mfl. (2022). Barn, unge og familier i barnevernet. En longitudinell registerstudie. Hvordan går det med barna? Frischsenteret rapport 2/2022

29.

Drange, N. mfl. (2022). Barn, unge og familier i barnevernet. En longitudinell registerstudie. Hvordan går det med barna? Frischsenteret rapport 2/2022

30.

Prop. 73 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven (barnevernsreform)

31.

Barnevernslova § 15-7 fjerde ledd, i kraft frå 1. juli 2023

32.

Synovate (2011). Undersøkelse blant fosterforeldre 2010

33.

Ipsos (2017). Fosterhjemsundersøkelsen 2016/2017

34.

Norsk Fosterhjemsforening (2021). Fosterhjemsundersøkelsen 2021; Norsk Fosterhjemsforening (2022). Fosterhjemsundersøkelsen 2022; Norsk Fosterhjemsforening (2023). Fosterhjemsundersøkelsen 2023; Norsk Fosterhjemsforening (2024): Fosterhjemsundersøkelsen 2024

35.

SSB tabell 05212

36.

SSB tabell 06265

37.

Bufdir (2023). Utredning av bedre statistikk om barnevernet

38.

Høyringsnotat om endringar i barnevernslova, sendt på høyring 8. april 2024

39.

SSB tabell 13353

Til forsida