Meld. St. 29 (2023–2024)

Fosterheim – ein trygg heim å bu i

Til innhaldsliste

6 Stabilitet og føreseielege rammer når barn bur i fosterheim

6.1 Innleiing

Regjeringa har eit overordna mål om å hindre brot og utilsikta flyttingar frå fosterheimar, og meiner ein viktig føresetnad for å få til dette er å sørgje for stabilitet og føreseielege rammer i fosterheimen. Det inneber at fosterforeldre blir rusta til å oppfylle omsorgsansvaret for barnet på vegner av barnevernstenesta på ein god måte og tilsvarande som andre foreldre, og at barnet får tilgang til dei same tenestene og tilboda som andre barn.

6.2 Omsorgsansvaret til fosterforeldra og rammene for fosterheimsoppdraget

6.2.1 Ansvaret for barnet etter omsorgsovertaking

Foreldra beheld i utgangspunktet foreldreansvaret også etter at barnevernstenesta har teke over omsorgsansvaret for barnet. Omsorgsovertaking inneber likevel eit stort inngrep i foreldreansvaret. Etter omsorgsovertaking skal dei fleste funksjonar som høyrer under foreldreansvaret, utøvast av barnevernstenesta, så framt det ikkje gjeld dei grunnleggjande personlege tilhøva rundt barnet eller fell inn under verjemålet. Det er barnevernstenesta som har det formelle omsorgsansvaret for barnet. Med det følgjer ein rett til å ta avgjerder på vegner av barnet, med dei avgrensingane som følgjer av restforeldreansvaret og verjemålet. Til omsorgsansvaret for barnevernstenesta høyrer òg ansvar som ligg til barnevernstenesta etter andre lover.

Barnevernsutvalet1 meiner at ansvarsdelinga slik den er regulert mellom barnevernstenesta, foreldre og fosterforeldre i dag, kan gjere det vanskeleg for fosterforeldre å komme i posisjon til å yte god omsorg for barna. I neste instans kan dette bety at barn som bur i fosterheim, ikkje får dei same moglegheitene som barn som bur med foreldra sine. Barneombodet meiner at ansvarsdelinga er uklar på to punkt. For det fyrste er det ikkje avklart kva mynde det inneber å utøve den daglege omsorga. For det andre blir det sjeldan avklart kva delar av omsorgsansvaret fosterheimen skal overta. Den uavklarte situasjonen skaper, ifølgje ombodet, utfordringar for rettstryggleiken både for barnet og for fosterforeldra.2

6.2.2 Dagleg omsorg og grensesetjing

Fosterforeldra skal ta seg av omsorga for barnet på vegner av barnevernstenesta og innanfor dei rammene som barnevernstenesta set fast.3 Dette betyr at barnevernstenesta kan overlate større eller mindre delar av omsorgsansvaret sitt til fosterforeldra. Ansvaret må vere i samsvar med føresetnadene i vedtaket frå barnevernstenesta eller barneverns- og helsenemnda. Å ta seg av den daglege omsorga inneber mellom anna generell oppseding av barnet og vanleg oppfølging av skulegang, fritidsaktivitetar, helsehjelp osv. Barnevernstenesta og fosterforeldra skal inngå ein skriftleg avtale om dei respektive forpliktingane sine (fosterheimsavtalen).

I fosterheimsforskrifta som tok til å gjelde 1. januar 2024, er det gjort endringar for å gjere tydeleg kva som ligg i fosterforeldra sitt ansvar for å gi barnet omsorg i det daglege. Det følgjer av forskrifta at barnevernstenesta skal gi fosterforeldra opplysningar som er naudsynte for at fosterforeldra skal kunne ta seg av omsorga for barnet. Vidare seier forskrifta at ved tvil om kven som skal ta ei avgjerd som gjeld barnet, skal spørsmålet takast opp med barnevernstenesta. I praksis er det ofte ikkje avtalt kva delar av omsorgsansvaret fosterforeldra kan ta hand om på vegner av barnevernstenesta.

Fosterforeldre varetek omsorga for eit barn i sin private heim, og barnet har rett på forsvarleg omsorg i fosterheimen. Det er lagt til grunn at det å ta seg av omsorga for eit barn i fosterheim inneber å utøve vanleg grensesetjing overfor barnet. Fosterforeldre har verken snevrare eller vidare høve til å setje grenser for barnet enn det foreldra sjølve har. I førearbeida til ny barnevernslov heldt departementet fast ved å ikkje føreslå ei regulering av tvangsbruk i fosterheimar.4 Dette var i tråd med forslaget frå barnevernslovutvalet5 og fekk brei støtte frå høyringsinstansane. Ein viste mellom anna til følgjande:

Etter departementets vurdering vil en regulering av tvangsbruk kunne innebære en form for institusjonalisering av fosterhjemmene, noe departementet mener er uheldig. Departementet mener at et fosterhjem skal fungere så likt andre hjem som mulig.
Fosterforeldre har rett og plikt til å utøve grensesetting innenfor det som følger av deres ansvar for den daglige omsorgen overfor barnet. Som Norsk Fosterhjemsforening påpeker, kan det være vanskelig å sette grenser for et barn som ikke er ditt eget og som er plassert i hjemmet etter tvungen omsorgsovertagelse. Fosterhjemsforeningen etterlyste derfor nærmere regulering av hvilken grensesetting som kan benyttes. Departementet mener likevel adgangen til alminnelig grensesetting som ledd i daglig omsorg, samt de alminnelige bestemmelsene om nødverge og nødrett i straffeloven, vurderes som tilstrekkelig. Det forventes at fosterforeldre handler som foreldre flest i grensesettingssituasjoner.

Nordlandsforskning AS undersøkte i perioden 2020–2023 korleis grensesetjing og tvang blir utøvd, forstått og erfart i ein fosterheimskontekst.6 Dei undersøkte òg omfanget av tvangsbruk og førebygging av dette. I forskingsrapporten blir det formidla at dei fleste fosterbarn oppfattar grensesetjinga og reglane til fosterforeldra som rimelege, og at dei ikkje har opplevd alvorleg tvangsbruk. Eit fellestrekk for denne gruppa fosterbarn er at dei har ein god og tillitsfull relasjon til fosterforeldra sine.

Undersøkinga avdekte likevel at barna ikkje alltid får oppfylt retten til medverknad og til ei trygg, utviklingsfremjande omsorg. Funna i undersøkinga er av ulik karakter. Forskarane peiker mellom anna på at aktørane i fosterheimssystemet (fosterbarn, fosterforeldre, tilsette i barnevernet, tilsynspersonar og tilsette hos statsforvaltaren) har ulike forståingar av og erfaringar med grensesetjing og tvang. Dei viser til at barnevernsleiarar har ulik forståing av kva typar grensesetjing som bør gi grunn til bekymring, og at det er manglande konsensus – ikkje berre om kva som er «god barneoppseding», men òg om kva for formelle retningslinjer fosterforeldre skal følgje når det gjeld grensesetjing og tvang. Forskarane peiker på at dei ulike, parallelle forståingane av grensesetjing og tvang kan ha samanheng med den manglande reguleringa på området. Dei viser òg til at fleire av fosterbarna ikkje er kjende med rolla til tilsynspersonen og sine eigne rettar.

I rapporten peiker dei på fleire tiltak:

  • opplæring av fosterforeldre, rettleiing og ulike støtteordningar til fosterheimar

  • opplæring og styrking av kompetansen i barnevernstenesta

  • utvikling av rutinar og retningslinjer for risikovurderingar og tryggleiksplanar i fosterheimen

  • revisjon av tilsynsordninga

  • tilpassa informasjon til barn om kva rettar dei har, og om forbodet mot uheimla grensesetjing og tvang

  • styrking av regelverket, og etablering av ei klageordning for barn

Det er i gang arbeid med å styrkje rettstryggleiken til barn og kvaliteten i fosterheimar på fleire område. Blant tiltaka som støttar opp under tilrådingane i rapporten frå Nordlandsforskning AS, er opplæring og oppfølging av fosterheimar. Dette er blant dei prioriterte innsatsane i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Det er utvikla og teke i bruk eit nytt opplæringsprogram for fosterforeldre, Solid, og det er utarbeidd faglege tilrådingar for oppfølging av fosterbarn, fosterheimar og foreldre. Solid er bygd opp med e-læringsmodular. I grunnopplæringa inngår i dag modulen «Å gi omsorg», som mellom anna omfattar regulering og støtte og trygg grensesetjing. Solid vil dessutan bli bygd ut med nye modular og tema som kan førebu fosterforeldre og setje dei i stand til å gi fosterbarnet god og trygg omsorg.

Regjeringa meiner det er viktig å halde fast ved at høvet til å setje grenser for barn ikkje bør vere vidare eller vesentleg annleis for fosterforeldre enn det er for foreldre generelt. Dette vil, slik regjeringa ser det, bidra til mest mogleg normalitet for barna. Regjeringa er likevel oppteken av at fosterforeldre må rustast til å utføre omsorgsoppdraget sitt på ein god måte. Fosterforeldre kan stå i særleg krevjande situasjonar med omsorg og trygg grensesetjing, og det er viktig at dei får god opplæring og rettleiing også om dette temaet.

6.2.3 Større avgjerdsmakt for fosterforeldre

Regjeringa meiner at større avgjerdsmakt for fosterforeldre kan bidra til meir stabilitet og ro i den omsorgssituasjonen barnet er i. Det kan òg bidra til at barnet i større grad kan takast vare på og handsamast på lik linje med andre barn og oppleve normalitet.

Avgjerdsmakt i denne samanhengen vil for det fyrste seie at fosterforeldra kan ta naudsynte praktiske avgjerder på vegner av barnet i det daglege, men óg rettslege handlingar kan ha mykje å seie for daglege avgjerder. Dette omfattar til dømes rett til å samtykkje til handsaming av personopplysningar, rett til å søkje om ytingar, rett til å samtykkje til tilbod eller hjelp frå det offentlege og rett til å klage på eventuelle avslag eller manglar i tilboda på vegner av barnet. Regjeringa meiner derfor at fosterforeldre, på vegner av barnet, bør kunne utføre rettslege handlingar som verkar inn på korleis dei varetek omsorga i det daglege. Dette er særleg relevant ved oppfølging på skule og fritidsaktivitetar der barnet bruker mykje tid, men det er òg viktig når det gjeld samtykke til helsehjelp eller tilbod om offentlege tenester frå kommunen, NAV eller andre. For saker som gjeld vedtak om kommunale tenester, kan det, for å forhindre interessekonflikt, dessutan vere ein fordel at barnevernstenesta overlèt til fosterforeldra å følgje opp barnet sine interesser overfor kommunen.

Dersom barnevernstenesta har teke over omsorga for eit barn, er det barnevernstenesta, og ikkje fosterforeldra, som kan samtykkje til helsehjelp når barnet er under 16 år.7 Dette inneber at barnevernstenesta òg kan klage på vegner av barnet. Det er òg barnevernstenesta som kan velje fastlege for barn dei har overteke omsorga for. Tilsvarande er det barnevernstenesta som kan ta avgjerder på vegner av barnet som etter opplæringslova er lagde til foreldra.8 Slike avgjerder kan til dømes dreie seg om samtykke til spesialundervisning, søknad om ein annan offentleg skule enn nærskulen og avgjerder om skyss eller innlosjering. I tillegg inneber det at barnevernstenesta kan ta avgjerder og opptre på vegner av barnet i alle typar skulesaker som inngår i den daglege oppfølginga av barnet. I skulelovgivinga er det vidare presisert at somme avgjerder framleis skal liggje til foreldra, også etter ei omsorgsovertaking.

Barnevernsutvalet9 peiker på at det at foreldra er verje for eit barn under omsorg av barnevernet, kan ha uheldige konsekvensar for barnet. Det er gjort nokre avklaringar i særlovgivinga. Til dømes er det teke inn i finansavtaleforskrifta at barnevernstenesta kan inngå kontoavtale og avtale om betalingstenester på vegner av barn dei har overteke omsorga for, utan samtykke frå foreldra. Fosterforeldra kan òg få fullmakt frå barnevernstenesta til å inngå slike avtalar på vegner av barnet.

For å gjere det klart kva fosterforeldre kan ta avgjerder om, føreslår Barnevernsutvalet at det blir utarbeidd retningslinjer som konkretiserer avgjerdsmakta deira.

I mange tilfelle må fosterforeldre i dag gå vegen om barnevernstenesta for å få informasjon om barnet og høve til å søkje om støtte eller anna hjelp på vegner av barnet, og til å klage på vegner av barnet. Slik regjeringa ser det, vil det som regel vere føremålstenleg og ønskjeleg både for barnevernstenesta, for fosterforeldra og for barnet sjølv, at fosterforeldre kan ta avgjerder som påverkar det daglege livet til barnet, utan å måtte gå vegen om barnevernstenesta kvar gong.

På denne bakgrunnen har regjeringa sendt på høyring10 forslag om endringar i barnevernslova som styrkjer avgjerdsmakta til fosterforeldre. Forslaget inneber å ta inn i lova at barnevernstenesta kan gi fosterforeldre fullmakt til å ta dei avgjerdene på vegner av barnet som ligg til barnevernstenesta. Regjeringa føreslår òg å gjere tydeleg at barnevernstenesta sitt omsorgsansvar inneber å ta alle avgjerder på vegner av barnet som elles ligg til foreldra i kraft av foreldreansvaret, både praktisk og rettsleg, så framt det ikkje er spesifisert i barnevernslova eller i særlov at avgjerdsmakta ligg att hos foreldra (restforeldreansvaret) eller til verja.

At det blir tydeleg for dei instansane fosterforeldra og barnet møter, kva avgjerdsmakt fosterforeldra har, kan bidra til at avgjerder kan takast raskare. Med det vil barnet ofte bli betre stilt og få sikra rettane sine og behovet for oppfølging på ein god måte. Det kan òg ha mykje å seie i kvardagen til fosterfamilien at det offentlege ikkje er tilbakehaldne med informasjon eller involvering på grunn av uvisse om kva fosterforeldra kan ta del i på vegner av barnet.

Forslaget inneber at utgangspunktet skal vere at fosterforeldra får fullmakt til å ta dei avgjerdene på vegner av barnet som ligg til barnevernstenesta, og at dette blir vurdert når fosterheimsavtalen blir inngått. Det betyr at barnevernstenesta må gjere ei konkret og heilskapleg vurdering av om fosterforeldra skal ha fullmakt ut frå kjennskapen sin til barnet og barnet sin situasjon, til foreldra og til fosterforeldra. Det sentrale er kva som vil vere det beste for barnet i fosterheimen.

Regjeringa meiner at på avgrensa område som helse, skule og barnehage bør avgjerdsmakta til fosterforeldra gå direkte fram av lov, utan fullmakt frå barnevernstenesta. Regjeringa har derfor sendt på høyring eit forslag om endringar i pasient- og brukarrettslova, barnehagelova, opplæringslova og privatskulelova. Forslaget inneber at fosterforeldre kan ta avgjerder og samtykkje til helsehjelp på vegner av barnet, at dei kan klage på eventuell manglande helsehjelp, og at dei kan ta avgjerder som gjeld skule og barnehage, og klage på eventuelle vedtak på vegner av barnet.

Forslaget inneber òg at fosterforeldra eller institusjonen der barnet bur, skal ha rett til informasjon om helsa til barnet. Å ha informasjon om helse er ein føresetnad for å kunne gi eit gyldig samtykke til helsehjelp. Retten til informasjon vil gjelde tilsvarande for rett til innsyn i pasientjournal.

Regjeringa meiner det i forlenginga av lovendringane er behov for å klargjere ansvarsdelinga mellom fosterforeldra, foreldra og barnevernstenesta i praksis, og få på plass retningslinjer om dette.

6.2.4 Rett til å klage på vedtak om flytting

Regjeringa er oppteken av at barn i fosterheim skal oppleve stabilitet og ro, og færrast moglege flyttingar. At eit barn må flytte utilsikta frå ein fosterheim, vil ofte vere belastande, og det kan utfordre barnet sitt behov for stabilitet og kontinuitet. I somme tilfelle vil det likevel vere best for barnet å flytte til ein annan fosterheim eller ein institusjon, sjølv om flyttinga ikkje er planlagd eller tilsikta. Men i tilfelle der det ikkje er semje om grunnlaget for flyttinga, kan eit flyttevedtak opplevast svært inngripande for både barnet og fosterforeldra.

I dag skal fosterforeldre få høve til å uttale seg før det blir gjort vedtak om å flytte barnet, og barneverns- og helsenemnda kan gi fosterforeldre høve til å klage på vedtak frå barnevernstenesta som inneber å flytte barnet ut av fosterheimen.11 Regjeringa har sendt på høyring eit lovforslag12 som utvidar klageretten til fosterforeldre slik at dei får rett til å klage på vedtak etter barnevernslova § 5-5 som inneber at barnet må flytte frå fosterheimen. Regjeringa føreslår òg at barnet skal kunne klage til barneverns- og helsenemnda når barnevernstenesta har gjort vedtak om flytting etter barnevernslova § 5-5. Forslaget vil gjelde alle barn, uavhengig av alder. Sjølv om barnet får klagerett, kan ein gå ut frå at barnet ofte vil trenge støtte frå ein fosterforelder for å kunne nytte seg av klageretten. Ein klagerett for fosterforeldre kan derfor bidra til at barna òg får ein verksam klagerett ved flyttevedtak.

6.3 Tilgang til digitale tenester på vegner av barn i fosterheim

Mange tenester til befolkninga blir i dag gitt digitalt, og det er ofte ein føresetnad for eit fullverdig tenestetilbod at innbyggjarane har digitale tilgangar. Fordi fosterforeldre ikkje har tilgang til digitalt å representere barn dei utøver omsorga for, har dei dårlegare føresetnader for å ta hand om barna på ein god og sikker måte. Fosterforeldre bruker mykje tid på å kontakte ulike instansar for å få tak i informasjon og få tilgang til tenester barnet i utgangspunktet har rett til. I tillegg går det mykje tid med til å skaffe dokumentasjon på relasjonen mellom barnet og fosterforeldra. Ifølgje Norsk Fosterhjemsforening opplever ein del fosterforeldre dette som ei stor belasting. I tillegg til at barnevernstenestene bruker ressursar på å sende manuelle stadfestingar til relevante instansar, kan manglande informasjon om kven som skal representere eit barn som bur i fosterheim, vere til hinder for ei effektiv og trygg forvalting hos offentlege aktørar.

Helsenorge er ein nasjonal helseportal der den offentlege helse- og omsorgstenesta tilbyr innbyggjarane digitale innsyns-, dialog- og sjølvbeteningstenester. Helsenorge.no blir forvalta og drifta av Norsk helsenett. Tilgangen til Helsenorge er basert på registreringar i folkeregisteret om foreldreansvaret til foreldra og bustadadressa til barnet. Dersom barnet er registrert med ei anna adresse enn begge foreldra, slik tilfellet er for barn i fosterheim, mistar foreldra den digitale tilgangen, utan at han blir gitt vidare til fosterforeldre eller til barnevernstenesta. Regjeringa har greidd ut alternative løysingar for å gi fosterforeldre tilgang til å representere barn dei utøver omsorga for, på helsenorge.no. Bakgrunnen var mellom anna koronapandemien og tilfelle der fosterforeldre ikkje hadde tilgang til å sjå prøvesvar på vegner av fosterbarn på helsenorge.no. Konsekvensane kunne vere at barn i fosterheim måtte bli heime frå skulen, turar og liknande fordi dei ikkje fekk tilgang til prøvesvara tidsnok.

For å fremje stabilitet og styrkje helsa og livskvaliteten til barna meiner regjeringa at fosterforeldre bør få tilgang til digitale tenester for barn dei utøver omsorga for, tilsvarande slik foreldre har for barna sine. Dette gjeld særleg helsenorge.no, men òg andre digitale offentlege tenester. Å ha tilgang til digitale plattformer på vegne av eit barn er i mange tilfelle ei føresetnad for å kunne følgje opp barnet på ei god og sikker måte. Det skal no utgreiast ei løysing for å gi fosterforeldre digital tilgang til tenester på vegner av fosterbarnet, der Folkeregisteret deler opplysningane. Ei løysing og tilhøyrande naudsynte føresetnader krev vidare utgreiing. Dei økonomiske og administrative konsekvensane av eit konkret forslag skal òg utgreiast.

Målet for ei slik løysing skal vere at fosterforeldra kan få tilgang til digitale tenester på vegner av barnet i fleire sektorar, til dømes helse og skule. Løysinga inneber at aktuelle brukarar av folkeregisteret kan hente ut informasjonen om kven som representerer barnet i fosterheimen, og gi fosterforeldra tilgang til digitale tenester på vegner av barnet. Regjeringa vil prioritere dette arbeidet og vil involvere KS og kommunane i vidare prosess. Etablering av løysinga føreset at det blir løyve budsjettmiddel til føremålet.

6.4 Ro og stabilitet rundt omsorgssituasjonen

6.4.1 Plikt til å vurdere behovet for andre tiltak og moglegheit til å gi opp målet om gjenforeining

Det klare utgangspunktet etter både norsk rett og den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) er at ei omsorgsovertaking er mellombels, og at barnet skal gjenforeinast med foreldra sine. Talet på barn som blir tilbakeførte til foreldra etter ei omsorgsovertaking, har auka dei siste åra. Samstundes er det for somme barn ikkje realistisk med tilbakeføring, og barna kan bli buande lenge, i somme tilfelle heile oppveksten, i fosterheim. Regjeringa er oppteken av at barn som ikkje kan bu saman med foreldra sine, får ein så normal oppvekst som mogleg, i ein trygg og stabil omsorgsbase.

Dagens lov slår fast at barnevernstenesta, dersom omsynet til barnet ikkje taler mot det, skal leggje til rette for at foreldra kan få tilbake omsorga for barnet. Barnevernstenesta skal òg systematisk og regelmessig vurdere om det er naudsynt å endre barnevernstiltaket, eller om vedtaket om omsorgsovertaking kan opphevast, slik at barnet kan flytte heim til foreldra. Regjeringa har sendt på høyring13 eit forslag om å tydeleggjere i barnevernslova at barnevernstenesta, som ein del av oppfølgingsansvaret sitt, òg skal vurdere behovet for andre tiltak for å gi barnet meir ro og stabilitet. Slike tiltak kan til dømes vere å redusere omfanget av samvær, fremje sak om adopsjon eller fremje sak om å overføre foreldreansvaret til fosterforeldra (sjå avsnitt 6.4.3 nedanfor). Å vurdere målet om gjenforeining mellom barn og foreldre vil inngå i vurderinga av om barnet har behov for andre barnevernstiltak.

For barn i fosterheim kan uvisse om situasjonen framover og gjentakande nemnds- og rettsprosessar bidra til ein ustabil og uføreseieleg situasjon. For å bidra til å gi barna ein trygg og stabil omsorgsbase har regjeringa òg sendt på høyring eit forslag om å lovfeste at barneverns- og helsenemnda skal vurdere målet om gjenforeining mellom barn og foreldre i saker om tilbakeføring av barnet. Det kan leggje betre til rette for grundige vurderingar av spørsmålet og gjere det meir føreseieleg for foreldra og barnet kor lenge barnet skal bu utanfor heimen. Forslaget er i tråd med tilrådingar frå Barneombodet.14

Regjeringa understrekar at det å gi opp målet om gjenforeining grip inn i retten til familieliv for barn og foreldre. Gjenforeiningsmålet kan berre givast opp i tråd med føringar frå Europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) og Høgsterett, det vil seie når det ligg føre sterke og spesielle grunnar, og på bakgrunn av eit solid erfaringsgrunnlag, grundige vurderingar og ei tilfredsstillande grunngiving.15 Ifølgje føringar frå EMD er det tre situasjonar der ein kan gi opp målet om gjenforeining: dersom foreldra er særleg ueigna, dersom det vil skade helsa eller utviklinga til barnet, og dersom det har gått lang tid sidan omsorgsovertakinga, slik at barnet sitt behov for stabilitet veg tyngre enn omsynet til gjenforeining.16 Vurderingar av om barn og foreldre kan gjenforeinast, kan inngå i vurderingar av om vedtak om omsorgsovertaking skal opphevast, i vurderingar av om samvær skal avgrensast sterkt eller falle bort, og i vurderingar av adopsjon.

Regjeringa understrekar at sjølv om ein har gitt opp målet om gjenforeining, har barnevernstenesta framleis eit løpande ansvar for å følgje opp barn og foreldre. Dersom foreldra har ei positiv utvikling eller behova til barnet endrar seg, noko som tilseier at gjenforeining eller meir samvær likevel kan bli aktuelt, skal barnevernstenesta ta aktive grep for å leggje til rette for dette.

6.4.2 Sperrefristreglar i saker om samvær og tilbakeføring

Barnevernslova regulerer moglegheita til å krevje at barneverns- og helsenemnda handsamar ei ny sak om oppheving av vedtak om omsorgsovertaking eller endring av samvær, såkalla sperrefristreglar. Barnevernstenesta, foreldra eller barn med partsrettar kan ikkje krevje at nemnda handsamar ei ny sak om å oppheve vedtak om omsorgsovertaking dersom saka har vore handsama av nemnda eller retten dei siste tolv månadene. Viss nemnda har teke stilling til at vedtaket om omsorgsovertaking ikkje skal opphevast fordi barnet har blitt så knytt til menneske og miljøet der det er at flytting kan føre til alvorlege problem for barnet, kan ein berre krevje eit nytt krav handsama dersom ein kan dokumentere at det har skjedd vesentlege endringar i situasjonen til barnet. I samværssaker kan private partar krevje at nemnda handsamar ei ny sak om endring av samvær etter 18 månader. Det gjeld òg dersom samværet er sterkt avgrensa eller har falle bort fordi ein har gitt opp målet om gjenforeining.

Stadige nemnds- og rettsprosessar kan skape ein utrygg situasjon for barnet, og det kan vere grunn til å endre reglane om kor ofte foreldra kan fremje sak om å oppheve vedtak om omsorgsovertaking og samvær dersom ein har gitt opp målet om gjenforeining. Barneombodet føreslår at sperrefristen i tilbakeføringssaker bør utvidast frå eitt til to år i alle saker om omsorgsovertaking.17

Regjeringa har sendt på høyring18 eit forslag om å innføre ein strengare sperrefrist dersom nemnda vurderer at ein har gitt opp målet om gjenforeining. Forslaget inneber at partane berre kan krevje at nemnda handsamar ei ny sak om tilbakeføring dersom det ligg føre opplysningar om at situasjonen til barnet eller foreldra har endra seg så mykje at det tilseier ny handsaming. Målet med forslaget er å bidra til meir stabilitet og ro for barnet og færre nemnds- og rettsprosessar, samstundes som foreldra får ein sikringsventil for å få prøvd saka på ny. Regjeringa føreslår ein tilsvarande sperrefrist i saker om samvær dersom det i ei tidlegare samværssak er vedteke at samværet skal avgrensast sterkt eller falle bort fordi ein har gitt opp målet om gjenforeining, eller av andre sterke og spesielle grunnar.19

Regjeringa understrekar at forslaget ikkje er meint som ei kursendring for å gi opp målet om gjenforeining i fleire saker.

6.4.3 Overføring av foreldreansvar til fosterforeldre

Somme barn bur lenge i fosterheim, og mange fosterheimsopphald fungerer godt. Eit kjenneteikn ved desse er gjerne eit godt samarbeid mellom barnevernstenesta, foreldra, fosterforeldra og barnet. I tillegg er det gjerne gode samvær og få tilbakevendande nemnds- og rettsprosessar. Samstundes trengst det i somme tilfelle ytterlegare tiltak som vernar om familielivet barnet har med fosterforeldra.

Regjeringa har sendt på høyring eit forslag om å overføre foreldreansvar til fosterforeldre.20 Bakgrunnen for forslaget er Barnevernsutvalet sitt forslag om oppvekstadopsjon.21 Forslaget i høyringsnotatet skil seg noko frå forslaget frå utvalet. Sjølv om utvalet har gode intensjonar med forslaget om oppvekstadopsjon, er det òg fleire utfordringar ved det. Det er mellom anna uvisst kor stort behov det er for tiltaket, og om det er eit reelt og betre alternativ for barnet enn vidare fosterheimsopphald eller adopsjon. Somme høyringsinstansar har òg sett spørsmålsteikn ved kor relevant tiltaket er. Regjeringa meiner at adopsjon framleis bør vere det primære tiltaket dersom barnet ikkje skal flytte tilbake til foreldra, har ei sterk tilknyting til fosterforeldra og treng å bli sikra permanent tilhøyrsle til fosterfamilien. Regjeringa føreslår eit nytt tiltak som inneber at foreldreansvaret blir overført frå foreldra til fosterforeldra. Det kan vere at adopsjon av ulike årsaker ikkje er aktuelt, men at det er behov for å gi barnet ro og stabilitet i fosterheimen og å verne om familielivet barnet har med fosterforeldra. Å overføre foreldreansvaret kan gi barnet tryggleik og normalitet i oppveksten. Fosterforeldra vil i hovudsak få all avgjerdsmakt når det gjeld barnet, utan at foreldra eller barnevernstenesta er involverte.

Å overføre foreldreansvaret til fosterforeldra vil vere eit inngripande tiltak på grunn av dei rettsverknadene det har overfor barn og foreldre. Dette krev, etter dei menneskerettslege forpliktingane våre, strenge vilkår som ligg nær adopsjonsinstituttet. Ordninga vil dermed berre vere aktuell for ei lita gruppe av barna som bur i fosterheim. Samstundes kan forslaget for desse barna gi ro og tryggleik for at dei skal vekse opp i fosterheimen. Regjeringa føreslår at foreldreansvaret kan overførast til fosterforeldra etter ei omsorgsovertaking når desse vilkåra er oppfylte:

  • Ein har gitt opp målet om gjenforeining.

  • Barnet og fosterforeldra har ein trygg og god relasjon, og fosterforeldra har vist seg eigna til å oppdra barnet som sitt eige og har utøvd omsorga for barnet på ein god måte.

  • Barn som har fylt 12 år, har samtykt.

  • Det ligg elles føre særleg tungtvegande grunnar som tilseier at å overføre foreldreansvaret vil vere til det beste for barnet.

Dersom det blir vedteke å overføre foreldreansvaret til fosterforeldra, føreslår regjeringa at foreldra skal behalde foreldreskapen. Det inneber at barnet og foreldra beheld eit rettsleg band, slik at barnet mellom anna har rett til arv og odel etter foreldra.

Regjeringa føreslår òg at nemnda skal kunne vedta besøkskontakt mellom barnet og foreldra og/eller søsken, slik som ved besøkskontakt etter adopsjon, men at det ikkje skal stillast krav til samtykke frå fosterforeldra.

Eit vedtak om å overføre foreldreansvaret til fosterforeldra medfører at barnevernssaka blir avslutta og barnevernstenesta trekkjer seg ut. Regjeringa føreslår likevel i høyringsnotatet at barnevernstenesta kan vere tilgjengeleg for oppfølging og rettleiing i ein overgangsperiode på inntil eitt år. Sjølv om barnet sitt behov for ro og stabilitet, under dette færre rettslege prosessar, er særleg viktig, meiner departementet føreslaget om å overføre foreldreansvaret til fosterforeldra er av ei slik karakter at det bør finnast eit snevert høve til å få prøvd om vedtaket skal opphevast. Regjeringa har sende på høyring føreslag om at eit vedtak om å overføre foreldreansvaret berre kan opphevast dersom det ligg føre opplysningar om vesentlege endringar og det openbert er til beste for barnet å oppheve vedtaket. Terskelen er høg, og det er grunn til å tru at det sjeldan vil vere aktuelt med ei slik sak.

Forslaga som er på høyring, skal samla bidra til at barn som ikkje skal flytte tilbake til foreldra sine, kan få ein tryggare og meir føreseieleg oppvekst.

6.5 Oppsummering

Regjeringa vil gi barn og fosterfamiliar meir stabilitet og meir føreseielege rammer. For å oppnå dette har regjeringa sendt på høyring forslag om:

  • å gi fosterforeldre større avgjerdsmakt ved at barnevernstenesta skal kunne gi dei fullmakt til å ta avgjerder som i lov ligg til barnevernstenesta. Fullmaktene skal komme fram av fosterheimsavtalen

  • å gi fosterforeldre direkte rett til å ta avgjerder og til å klage på vegner av barnet i saker som har mykje å seie praktisk, som oppfølging i barnehage og skule og oppfølging av helsehjelp

  • at fosterforeldre får rett til å klage på vedtak om å flytte barnet

  • å tydeleggjere i lova at barnevernstenesta etter ei omsorgsovertaking òg skal vurdere om det er behov for andre tiltak for å gi barnet ro og stabilitet

  • at barneverns- og helsenemnda skal vurdere målet om gjenforeining mellom barn og foreldre i saker som gjeld oppheving av vedtak om omsorgsovertaking

  • å innføre strengare sperrefristreglar i saker om samvær og tilbakeføring der nemnda har vurdert at ein har gitt opp målet om gjenforeining

  • at foreldreansvaret for barnet i somme tilfelle skal kunne overførast til fosterforeldra

I tillegg vil regjeringa

  • utarbeide retningslinjer for å klargjere ansvarstilhøvet mellom barnevernstenesta, fosterforeldre og foreldre

  • gi fosterforeldre tilgang til digitale tenester på vegner av barnet

Fotnotar

1.

NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid

2.

Barneombudet (2015). Grenseløs omsorg – Om bruk av tvang mot barn i barnevern og psykisk helsevern. Barneombudets fagrapport 2015

3.

Barnevernslova § 5-4 andre ledd

4.

Prop. 133 L (2020–2021) kap. 15.4.3

5.

NOU 2016: 16 Ny barnevernslov

6.

Olesen, E. mfl. (2023). Grensesetting og bruk av tvang overfor barn i fosterhjem. Nordlandsforskning AS

7.

Pasient- og brukarrettslova § 4-4 fjerde ledd

8.

Jf. opplæringslova § 15-6. Reglane blir førte vidare i ny opplæringslov § 24-4, jf. Prop. 57 L (2022–2023)

9.

NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid

10.

Høyringsnotat om endringar i barnevernslova, sendt på høyring 8. april 2024

11.

Jf. barnevernslova § 9-8

12.

Høyringsnotat om endringar i barnevernslova, sendt på høyring 8. april 2024

13.

Høyringsnotat om endringar i barnevernslova, sendt på høyring 8. april 2024

14.

Barneombodet (2023). Blod er ikke alltid tykkere enn vann

15.

Sjå mellom anna avgjerd i Høgsterett frå 2020, jf. HR-2020-661-S, og Abdi Ibrahim mot Noreg (II)

16.

Sjå Strand Lobben mfl. mot Noreg [EMD-2013-37283-2] (2019) avsnitt 207–208, sjå også HR-2020-661-S avsnitt 129

17.

Barneombodet (2023). Blod er ikke alltid tykkere enn vann

18.

Høyringsnotat om endringar i barnevernslova, sendt på høyring 8. april 2024

19.

Etter barnevernslova § 7-2 tredje ledd

20.

Høyringsnotat om endringar i barnevernslova, sendt på høyring 8. april 2024

21.

NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid

Til forsida