Regjeringas klimastatus og -plan

Til innhaldsliste

7 Noreg førebur seg på og tilpassar seg klimaendringane

7.1 Innleiing

Ifølgje klimalova skal det gjerast greie for korleis Noreg førebur seg på og tilpassar seg klimaendringane.

Vi opplever allereie klimaendringar i Noreg. Fram mot år 2100 vil Noreg få eit varmare klima med meir nedbør, kortare snøsesong, minkande isbrear, fleire og større regnflaumar og stigande havnivå.

Det globale kunnskapsgrunnlaget i FNs klimapanels sjette hovudrapport26 frå 2021 og 2022 viser korleis klimaendringane allereie fører til øydelegging for menneske og natur, og at dei aukar. Synteserapporten, som vart publisert i 2023, viser at vala vi tek dette tiåret, påverkar kloden i tusenvis av år. Klimapanelet viser at verda sannsynlegvis passerer 1,5 gradar allereie mellom 2030 og 2035. Effektane av klimaendringane inntreff tidlegare, er meir omfangsrike enn venta og forsterkar eksisterande utfordringar.27 Rapportane frå Klimapanelet viser at det hastar meir enn det som tidlegare er rekna med, med å leggje om til klimarobust utvikling28.

7.2 Organisering av det nasjonale klimatilpassingsarbeidet

Alle har eit ansvar for å tilpasse seg klimaendringane, både enkeltindivid, næringsliv og styresmakter. I tråd med sektoransvaret har alle departement ansvar for å vareta omsynet til klimaendringar innanfor eigen sektor. Det inneber at alle sektorstyresmakter skal ha oversikt over risiko – både direkte og indirekte – relatert til klimaendringar innanfor sektorområda sine og vurdere behovet for innsats og tiltak for å handtere risikoen. Klima- og miljødepartementet (KLD) legg til rette for det heilskaplege arbeidet regjeringa gjer på området. Miljødirektoratet støttar KLD i samordninga.

KLD løyver midlar til arbeidet med klimatilpassing, og desse blir brukte til Miljødirektoratets koordinerande arbeid med klimatilpassing. Midlane blir nytta til kunnskapsutvikling og kapasitetsbygging og til støtte til Norsk klimaservicesenter (KSS). KSS er eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt (MET), Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), NORCE og Bjerknessenteret. Miljødirektoratet sit i styret i KSS og gjev oppdragsbrev til senteret.

Miljødirektoratet stiller i styringsdialogen sin forventningar til at statsforvaltaren og Sysselmeisteren arbeider med klimatilpassing. Statsforvaltaren skal spesielt følgje opp at kommunane varetek klimatilpassing i planarbeidet sitt.

7.3 Oppfølging av det nasjonale klimatilpassingsarbeidet

Konsekvensane av klimaendringane angår naturen og heile samfunnet. Arbeidet med klimatilpassing er samansett og skjer på tvers av sektorar og vil krevje mykje innsats framover. Våren 2023 la regjeringa fram ei ny stortingsmelding om klimatilpassing – Meld. St. 26 (2022–2023) Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn. Meldinga legg opp til eit taktskifte i klimatilpassingsarbeidet. Eit sentralt grep i meldinga er at regjeringa foreslår å innføre eit forsterka styringssystem for klimatilpassing. Systemet skal bidra til at omsynet til eit klima i endring blir vurdert og implementert systematisk i alle sektorar, og at klimatilpassingsarbeidet blir meir heilskapleg og betre samordna. Systemet skal også bidra til at vi får meir kunnskap om utviklinga i risiko og sårbarheit for Noreg gjennom nasjonale klimasårbarheitsanalysar og meir kunnskap om effektar av innsats og tiltak gjennom betre rapportering og jamleg evaluering av arbeidet.

Stortingsmeldinga understrekar vidare rolla naturen har i klimatilpassinga, og bidraget frå naturen til klimatilpassinga. Behovet for å sjå klimatilpassing i samanheng med politikk for å redusere klimagassutslepp og vareta natur er vektlagt. Regjeringa foreslår å utvide det nasjonale målet for klimatilpassing slik at det også inkluderer økosystema – «samfunnet og økosystemene skal forberedes på og tilpasses til klimaendringene».

Meld. St. 26 (2022–2023) Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn vart lagd fram i juni 2023 og er sendt energi- og miljøkomiteen på Stortinget for behandling.

Boks 7.1 Ny stortingsmelding om klimatilpassing

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide la 16. juni 2023 fram stortingsmeldinga Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn (Meld. St. 26 (2022–2023)). Stortingsmeldinga er tredelt. Del 1 samanfattar kort klimaendringar og konsekvensar. Del 2 presenterer forslaga frå regjeringa til eit forsterka styringssystem for klimatilpassing, som legg rammene for auka innsats i og på tvers av sektorar. Nasjonale klimasårbarheitsanalysar skal utarbeidast kvart fjerde år. Analysane vil gje eit betre felles kunnskapsgrunnlag for klimatilpassingsarbeidet, både nasjonalt, regionalt og lokalt. Analysane skal også kunne brukast av frivillige organisasjonar, næringslivsaktørar og andre. Med styringssystemet skal også rapportering om klimatilpassingsarbeidet styrkjast, og arbeidet skal evaluerast kvart fjerde år i samband med Noregs rapportering til FNs klimakonvensjon. Det blir også foreslått å innføre rutinar for å oppdatere klimatilpassingspolitikken, slik at innsatsen kan justerast dersom kunnskap om risiko og sårbarheit eller andre relevante forhold tilseier det. Regjeringa varslar samstundes at det blir lagt fram ei ny stortingsmelding om klimatilpassing i 2028.

Del 3 i stortingsmeldinga er planen til regjeringa for klimatilpassingsarbeidet for fireårsperioden 2024–2028. Planen beskriv innsatsområde og tiltak i klimatilpassingsarbeidet på tvers av sektorar og tiltak innanfor utvalde område. Tiltak for å styrkje omsynet til klimaendringane i alle sektorar, vurdering av gebyrmodellar for å handtere overvatn, tiltak for betre arealforvaltning og auka bruk av naturbaserte løysingar og ekspertutval om samfunnsøkonomiske konsekvensar er blant tiltaka på tvers av sektorane i planen. Tiltak på enkeltområde inkluderer mellom anna samfunnstryggleik og beredskap, landbruk, natur- og kulturmiljø, samferdsel og utanrikspolitikk og utviklingssamarbeid.

KSS har utarbeidd klimaframskrivingar for Noreg fram mot 2100 og fylkesvise klimaprofilar for alle fylka i landet. Nye data for ekstremnedbør vart lanserte i mars 2022. I 2021 starta arbeidet med nye klimaframskrivingar for Noreg basert på den sjette hovudrapporten frå FNs klimapanel. Det er usikkert når dette arbeidet vil vere ferdig på grunn av forseinkingar i klimaframskrivingar som er nedskalerte til Europa.

Arbeidet med klimaframskrivingar vil òg inkludere oppdatert kunnskap om klimaendringar i norske hav- og kystområde, som vart publisert i 2022, og dessutan om endringar i havnivå, venta ferdig mot slutten av 2023. For å støtte oppdateringa av det sistnemnde kunnskapsgrunnlaget og bidra til erfaringsutveksling har Miljødirektoratet oppretta ei referansegruppe for forvaltninga innan havnivå.

I 2022 rapporterte Noreg under FNs rammekonvensjon om klimaendringar (klimakonvensjonen). Noregs åttande National Communication vart publisert i mars 2023. Ei rekkje sektorstyresmakter og forskingsmiljø har teke del i rapporteringa om sårbarheit, verknader av klimaendringar og tilpassingstiltak, kapittel 6 i rapporten.29

Plan- og bygningslova er det overordna verktøyet for samfunnsplanlegging og arealforvaltning, og lova er sentral i arbeidet kommunane gjer med klimatilpassing. Det er i all hovudsak kommunane som gjennom arealplanane sine avgjer arealbruken i landet. Plan- og bygningslova gjev kommunar mykje ansvar og eit stort handlingsrom i samfunns- og arealplanlegginga. Klimaendringane inneber at kommunar må ta omsyn til mellom anna auka nedbør, større risiko for skred og flaum og endra føresetnader for lokalt næringsliv og samfunn når dei lagar planane sine. Kommunane må ta omsyn til klimaendringane både i samfunnsplanlegginga og arealplanlegginga.

Undersøkinga til Riksrevisjonen frå 2022 viste at få kommunar endrar eller opphevar vedtekne arealplanar sjølv om det blir avdekt ny naturfare i planområdet. KDD har i 2023 starta arbeidet med å vurdere korleis ein kan få fleire kommunar til å oppdatere og eventuelt oppheve arealplanar ved ny kunnskap om naturfare.

For å formidle nasjonale omsyn og politikk knytte til arealbruk utarbeider Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) nasjonale forventningar til kommunal og regional planlegging kvart fjerde år. Regjeringa vedtok Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023–2027 ved kongeleg resolusjon 20. juni 2023. I forventningsdokumentet går det fram at regjeringa forventar at fylkeskommunane og kommunane tek omsyn til eit endra klima i planlegginga og legg dei høge alternativa frå nasjonale klimaframskrivingar, og eit tilstrekkeleg langt tidsperspektiv, til grunn for arbeidet. Vidare er det forventningar om at risiko- og sårbarheitsanalysar ligg til grunn for plan- og byggjesaksbehandlinga. Det er også forventning om at kommunar ved revidering av arealdelen i kommuneplanen vurderer om tidlegare godkjend arealbruk skal endrast av omsyn til mellom anna klimatilpassing.

Statlege planretningslinjer (SPR) for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing vart fastsette hausten 2018. Rettleiinga til delen som omhandlar klimatilpassing, vart utarbeidd i 2019.30 Rettleiinga er digital og ligg på Klimatilpasning.no. Forslag frå Miljødirektoratet til oppdatert rundskriv om motsegnpraksisen til miljøforvaltninga (T-2/16) i tråd med nye nasjonale føringar på området ligg til vurdering hos KLD.

Våren 2023 sende Kommunal- og distriktsdepartementet eit forslag om pliktig innmelding av geotekniske grunnundersøkingar og naturfareutgreiingar til offentlege register på høyring. Departementet foreslår ein ny paragraf i plan- og bygningslova som set krav til innmelding av grunnundersøkingar og naturfareutgreiingar til Noregs geologiske undersøking og Noregs vassdrags- og energidirektorat. Forslaget følgjer opp ei av tilrådingane til Gjerdrumutvalet for å førebyggje kvikkleireskred og vil gje betre kunnskap om grunnforhold og naturfarar.

Frå 1. januar 2024 tek endringar i plan- og bygningslova som gjev kommunane betre verkemiddel for å sikre forsvarleg handtering av overvatn i byggjesaker mv., til å gjelde. Endringane gjev kommunane heimel for å kunne krevje tiltak for handtering av overvatn, både ved nybygging og på eigedommar som det er bygd på. Formålet med endringane er å hindre skadar og ulemper frå overvatn.

På planlegging.no gjev Kommunal- og distriktsdepartementet rettleiing om plandelen i plan- og bygningslova, om plansystemet og om korleis ulike omsyn og interesser skal takast hand om i planlegging. Omsyn til klimaendringar er nemnt i ein eigen fagartikkel, og departementet har oppdatert artikkelen med ny tekst og oversikt over relevant rettleiing og verktøy.

Klimatilpassing er teken inn i EUs taksonomi, eit klassifiseringssystem for berekraftig økonomisk aktivitet, som eitt av seks miljømål. Europakommisjonen fastsette sommaren 2021 det første settet med kriterium for kva aktivitetar som ein kan rekne som å bidra vesentleg til målet om klimatilpassing. Regjeringa ønskjer å gjere det lettare for aktørar i finansmarknadene å identifisere berekraftige investeringar, irekna investeringar som bidreg til klimatilpassing. Taksonomiforordninga er gjennomført i norsk rett i lov om offentliggjøring av bærekraftsinformasjon i finanssektoren og et rammeverk for bærekraftige investeringer. Det første settet med kriterium er gjennomført i forskrift til lova. Både lova og forskrifta tok til å gjelde 1. januar 2023. Noterte føretak og alle bankar og forsikringsføretak med over 500 tilsette skal frå og med rekneskapsåret 2023 (rapportering i 2024) rapportere om i kva grad dei har eller finansierer verksemd som bidreg til måla i taksonomien, irekna til klimatilpassing. Finansdepartementet har oppmoda norske føretak om å inkludere taksonomiinformasjon i rapporteringa si for rekneskapsåra 2021 og 2022 på frivillig basis.

Kunnskapen om klimaendringane i Noreg og konsekvensane av dei er styrkt dei siste åra. Mellom anna har Havforskingsinstituttet gjort ein risikoanalyse for dei norske havområda der dei ser på direkte og indirekte verknader av klimaendringar på marine økosystem under ulike utsleppsscenario.31 På oppdrag frå Miljødirektoratet har Norsk institutt for vassforsking (NIVA) vurdert korleis klimaendringane påverkar det fysisk-biologiske klimaet langs kysten vår, og kva endringane vil seie for habitat og tilstand for fem artar som er viktige marine ressursar.32 Oppdraget er eit innspel til oppdatering av det faglege grunnlaget for dei norske havforvaltningsplanane og er ei oppfølging av Meld. St. 20 (2019–2020) Helhetligeforvaltningsplaner for de norske havområdene – Barentshavet og havområdeneutenfor Lofoten, Norskehavet, og Nordsjøen. Studien viser at artane vil finne eigna leveområde langs norskekysten fram mot 2100, men klimaendringane fører til at kvaliteten på habitatet til dei ulike artane blir dårlegare i alle klimascenarioa.

Boks 7.2 Oppdatert kunnskapsgrunnlag

Synteserapport om naturbaserte løysingar i Norden

På oppdrag frå Nordisk ministerråd har eit nordisk forskingskonsortium laga ein synteserapport om naturbaserte løysingar i Norden. Rapporten er første delprosjekt i eit fireårig program om naturbaserte løysingar (forkorta til NBS). Rapporten gjev innsikt i status for forsking, politisk rammeverk, utfordringar og døme på NBS i Norden.

Rapporten viser at kunnskapen om og bruken av NBS aukar i alle dei nordiske landa. Landa er på ulike nivå i implementeringa av omgrepet naturbaserte løysingar i policy-rammeverket. Sverige og Noreg har i størst grad teke i bruk omgrepet, og Noreg er det einaste landet med ei føring i lovverket, som ligg i dei Statlege planretningslinjene for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing.

Utfordringar som står i vegen for å auke bruken av NBS, er mellom anna mangel på langsiktig måling og evaluering, fråvær av klare definisjonar og mål for naturmangfald og ufullstendige kost–nytte-analysar. Basert på gjennomgangen har forskarane formulert ei rekkje tilrådingar. Dei meiner det er behov for tydelegare politiske prioriteringar, utvikling av kunnskap og rettleiing og betre finansieringskjelder for naturbaserte løysingar.1

Rapporten er skriven av NIVA i samarbeid med Århus Universitet, Natural Resources Institute Finland, Landbruksuniversitetet på Island og Lund Universitet.

Kartlegging av klimatilpassingsarbeid i utvalde europeiske land

På oppdrag frå Miljødirektoratet har Vestlandsforsking og NORCE gjennomført ei kartlegging av klimatilpassingsarbeidet i Sverige, Storbritannia, Tyskland, Austerrike og Finland. Alle fem landa har arbeidd systematisk med klimatilpassingsarbeidet sitt sidan tidleg på 2000-talet. Internasjonal forsking på klimatilpassing og andre måtar å få fram og utveksle erfaringar med denne delen av klimaarbeidet har vore aukande i denne perioden. Likevel har dei fem landa utvikla ulik struktur og prosess når det gjeld både planlegging, utføring og evaluering. Rapporten gjev auka forståing for korleis styringssystem for klimatilpassingspolitikken fungerer i desse landa, inkludert krav og føringar til ulike aktørar, rutinar for å skaffe felles kunnskapsgrunnlag nasjonalt (risiko- og sårbarheitsanalysar) og system for måling, rapportering og evaluering.

Komparativ analyse av klimatilpassing i Norden

Rapporten Comparison and analysisofnationaladaptationpolicies in the Nordic region, skriven av Vestlandsforsking på oppdrag frå Nordisk ministerråd, er ein komparativ analyse av det tilpassingspolitiske landskapet i dei nordiske landa. Forfattarane har sett på juridiske rammeverk, verkemiddel, analytiske tilnærmingar og finansieringsmekanismar i det nasjonale klimatilpassingsarbeidet til kvart av landa. I rapporten blir skilnader, likskapar og beste praksis i landa identifiserte og dessutan eventuelle nøkkelfaktorar som påverkar utviklinga av nasjonal klimatilpassingspolitikk og -praksis. Forskarane finn at dei nordiske landa har komme langt i utviklinga av klimatilpassingspolitikk og langt i å gjere vurderingar av klimarelatert risiko og sårbarheiter på tvers av sektorar. Samstundes peiker dei på utfordringar landa har til felles, og presenterer tilrådingar til vidareutvikling av det nasjonale klimatilpassingsarbeidet hos landa. Mellom anna oppmodar forfattarane til auka kunnskapsdeling og samarbeid mellom dei nordiske landa om klimatilpassing.

1 https://www.norden.org/en/publication/working-nature-based-solutions

Naturbaserte løysingar har dei seinaste åra fått auka merksemd i Noreg og internasjonalt. I Klimapanelets sjette hovudrapport blir bevaring og restaurering av natur og andre løysingar som bruker eigenskapane til og prosessane i naturen, trekte fram som viktige for klimatilpassing. Under FNs miljøforsamling i 2022 kom landa fram til ein samlande definisjon av naturbaserte løysingar. Definisjonen legg vekt på at dei naturbaserte løysingane må gje fordelar for naturmangfaldet, og definerer at «naturbaserte løsninger er tiltak for å beskytte, bevare og restaurere, og på en bærekraftig måte bruke og forvalte, naturlige eller modifiserte økosystemer på land, i ferskvann, langs kysten og i havet, som på en effektiv og tilpasset måte håndterer sosiale, økonomiske og miljømessige utfordringer og samtidig er til beste for menneskers livskvalitet, økosystemtjenester, økosystemenes motstandsdyktighet og naturmangfoldet». Naturbaserte løysingar vart òg løfta fram i det globale Kunming-Montreal-rammeverket for naturmangfald (Naturavtalen) som vart vedteke i desember 2022. Miljødirektoratet utførte ei kartlegging av behovet forvaltninga har for kunnskap og rettleiing om naturbaserte løysingar og moglege barrierar i 2020.33 Direktoratet har arbeidd vidare med å vurdere korleis kunnskapen og rettleiinga kan vidareutviklast, og har teke initiativ til eit statleg sektorsamarbeid om naturbaserte løysingar for klimatilpassing. Nordisk ministerråd har løyvd 26 mill. DKK til eit fireårig (2021–2024) prosjekt om naturbaserte løysingar, der Miljødirektoratet leier styringsgruppa og bidreg med fagpersonar i ei referansegruppe. Dei nordiske miljø- og klimaministrane har vedteke ei erklæring om naturbaserte løysingar.34 I erklæringa forpliktar dei seg til å skalere opp og allmenngjere bruken av naturbaserte løysingar, og dei oppmodar aktørar i Norden til å ta i bruk slike løysingar.

7.4 Informasjon og kapasitetsbygging

Miljødirektoratet arrangerer jamleg seminar og webinar om klimatilpassing,35 ofte i samarbeid med andre aktørar. Kommunane er ei viktig målgruppe, men også statsforvaltarar, fylkeskommunar, konsulentar og forskarar følgjer arrangementa. I tillegg står Miljødirektoratet attom ein klimapodkast der klimatilpassing er tema i fleire av episodane. Klimatilpasning.no skal bidra til å spreie kunnskap og rettleie om klimaendringar og klimatilpassing. Direktorata bidreg med innhald på nettsida innanfor ansvarsområda sine.

Miljødirektoratet har omfattande involvering av direktorat og andre aktørar i utvikling av kunnskapsgrunnlaget, i rettleiing i klimatilpassingsarbeidet og gjennom nettverksarbeid. Dette fører til betre integrering av sektorperspektiv i arbeidet, styrkt forankring og auka kunnskap hos samarbeidspartnarane.

Tilskotsordninga for klimatilpassing vart vidareført med 6,4 mill. kroner i 2023.36 I perioden frå 2015 til 2023 er om lag 52 mill. kroner fordelte på om lag 158 ulike prosjekt.

7.5 Nettverk og samarbeid

Det finst fleire nettverk for klimatilpassing. I front-nettverket blir koordinert av Miljødirektoratet og består av 13 bykommunar frå alle fylka i landet. Kommunesektorens organisasjon (KS) starta hausten 2022 opp det femte kommunenettverket for å styrkje lokalt arbeid med klimatilpassing. Nettverket skal også fungere i 2023. I fleire fylke er det etablert klimatilpassingsnettverk for kommunane.

Nettverket Naturfareforum, med representantar frå ei rekkje direktorat og etatar og frå KS, skal styrkje samarbeidet mellom nasjonale, regionale og lokale aktørar for å gjere Noreg mindre sårbart for uønskte naturhendingar.

Miljødirektoratet leier ei direktoratsgruppe for klimatilpassing, samansett av 16 direktorat og statlege selskap.37 Gruppa deler informasjon om status på klimatilpassingsarbeidet på nasjonalt nivå og er ein arena for å vidareutvikle det nasjonale arbeidet med klimatilpassing.

7.6 Forsking

Langtidsplan for forsking og høgare utdanning for 2023–2032 har seks tematiske prioriteringsområde som regjeringa meiner det er særleg viktig at Noreg satsar på i åra som kjem. Klimatilpassing er sentralt i fleire av prioriteringsområda, særleg hav og kyst, klima, miljø og energi og samfunnstryggleik og beredskap.

Fleire aktørar finansierer kunnskapsutvikling om klimatilpassing i Noreg. Dei største er Forskingsrådet og Horisont Europa38. Forskingsrådet investerer i forsking og innovasjon gjennom 16 porteføljar. Forskings- og innovasjonsbehov på klimaområdet er integrert i ei rekkje av desse, men porteføljen for klima- og polarforsking har isolert sett mest merksemd på kunnskapsutvikling relatert til klimaendringar og tilpassing.

I 2023 lyste Forskingsrådet ut 95 mill. kroner til forsking på effektar av klimaendringar på natur. Midlane går til å auke forståinga av effekten klimaendringane har på natur, og til korleis endringar i klimaet påverkar fysisk naturmiljø, naturmangfald og økosystem, både i havet og på land. Dette inkluderer samspel mellom, og den samla belastninga av, klimaendringar og andre drivarar. 50 mill. kroner vart lyste ut til forsking på påverknader på naturen på Svalbard, inkludert klimaendringar, turisme, lokal og langtransportert forureining.

Det finst fleire forskingssenter der klimatilpassing er sentralt tema. Climate Futures, eit senter for forskingsdriven innovasjon (SFI), starta i 2020 og har som mål å lage nye løysingar for å føresjå og handtere klimarisiko frå ti dagar til ti år fram i tid, i samarbeid med klima- og vêrutsette sektorar. Klima 2050 var også eit senter for forskingsdriven innovasjon som vart avslutta i 2022. Senteret skaffa fram kunnskap om klimatilpassing av bygningar og infrastruktur. SINTEF Byggforsk var vertskap for og leidde Klima 2050 i nært samarbeid med NTNU, NGI, BI, MET Norge og sentrale partnarar frå industri og offentleg sektor.

Under Horisont Europa har EU teke i bruk eit nytt verkemiddel for å løyse store samfunnsutfordringar, EUs samfunnsoppdrag (Missions). Dei har mellom anna etablert samfunnsoppdrag om klimatilpassing, der Noreg deltek. I samfunnsoppdraget blir det gjennomført pilotprosjekt der praktiske løysingar på klimautfordringar og forsking går hand i hand. Det overordna målet med samfunnsoppdraget om klimatilpassing er å støtte minst 150 europeiske regionar og lokalsamfunn til å bli klimarobuste innan 2030. Det SINTEF-leidde prosjektet RESIST fekk 270 mill. kroner gjennom dette samfunnsoppdraget i 2022. Det femårige prosjektet skal bidra til å betre evna sårbare område har til å handtere klimaendringane. Dette er den største EU-tildelinga eit norskleidd klimaprosjekt har fått.

Noradapt – Norsk senter for berekraftig klimatilpassing opna i 2018 og skal få fram og samle kunnskap om korleis vi kan førebu oss på klimaendringane på tvers av sektorar og fagfelt. Senteret får støtte over statsbudsjettet.

Landbruks- og matdepartementet har over fleire år prioritert midlar til forsking for auka verdiskaping og berekraft i landbaserte bionæringar, der klimatilpassa og berekraftig matproduksjon er sentralt. Det er framleis behov for ny kunnskap for å utvikle ein meir heilskapleg systeminngang, der miljø, klima, folkehelse og matproduksjon blir sette i samanheng.

Norsk klimaservicesenter (KSS) er involvert i forsking og kunnskapsutvikling på fleire område. Mellom anna sit KSS i styringsgruppa til forskingsprosjektet The Norwegian Planetary Health Alliance (NORPath). Vidare la KSS i 2022 fram klimarapportar for alle åtte verdsarvstader i Noreg, i samråd med Riksantikvaren. Også internasjonalt deltek KSS i ulike samarbeid og FoU-prosjekt, mellom anna eit nordisk-baltisk nettverk om klimatenester. KSS leier infrastrukturprosjektet Klimakverna (2023–2026) med mål om å levere ei robust og effektiv produksjonskjede for klimaframskrivingar og senke terskelen for bruk av desse.

Havet speler ei sentral rolle i den globale klimareguleringa, men forståinga av dei grunnleggjande funksjonane i havet er enda ufullstendig. Å etablere denne kunnskapen er heilt avgjerande for klimapolitikken, og han må baserast på eit breitt og omfattande internasjonalt forskingssamarbeid. Dette har vore ei viktig grunngjeving for etableringa av FNs internasjonale havforskingstiår 2021–2030 for berekraftig utvikling. Noreg har vore ein pådrivar for denne satsinga.

Temperaturauken er større i Arktis enn i andre område, og det er difor svært viktig at polarforskinga har eit sterkt innslag av klimarelaterte tema. I 2022 vart det lyst ut midlar til forsking om påverknader på det marine miljøet der klimaendringane er ein viktig faktor for endringane ein ser i det marine miljøet i polarområda. Dei tildelte prosjekta er også eit viktig bidrag i oppfølginga av Havforskingstiåret. Utlysingar til polarforsking skal etter planen dei nærmaste par åra konsentrerast om klimarelaterte prosjekt med Svalbard i fokus og forsking om klimasystem og klimaendringar i polare område som er viktig kunnskap for klimatilpassing i polare område.

Merksemda om effektane av klimaendringar på levekår og helse aukar sidan klima- og miljøendringane truar folkehelsa. Forskingsrådet har difor finansiert fleire prosjekt innanfor denne tematikken dei siste åra, og det er teke fleire initiativ til utlysingar på området klima, miljø, mat og helse.

Finansieringsordninga Nasjonal satsing på forskingsinfrastruktur skal vere med på å investere i relevant og oppdatert forskingsinfrastruktur innanfor dei forskingspolitisk prioriterte områda, inkludert infrastruktur retta mot klimatilpassing. Døme på forskingsinfrastrukturar som har fått finansiering gjennom denne ordninga, og som har relevans, er: Norwegian Geotest Sites og European Plate Observing System – Norway.

7.7 Klimatilpassing i og på tvers av sektorar

7.7.1 Samfunnstryggleik og naturfarar

Det er ein grunnleggjande eigenskap med klimaendringar og naturfare at dei er komplekse og treffer ansvarsområda til aktørar både innan privat og offentleg sektor. Innan offentleg sektor er ansvaret delt mellom ulike etatar og mellom dei ulike forvaltningsnivåa. Dermed ligg det ei utfordring i det at det førebyggjande arbeidet ikkje kan løysast innanfor ei organisatorisk grense, men må skje i eit forpliktande samarbeid mellom sektorar, sentrale fagstyresmakter og regionale og lokale styresmakter.

Samfunnstryggleik er òg eit fagområde som går på tvers av sektorane. Justis- og beredskapsdepartementet har eit samordningsansvar på tvers av sektorar som blir støtta under av Direktoratet for samfunnssikkerhetsamfunnstryggleik og beredskap (DSB). Samordningsansvaret som DSB har, inneber til dømes å ha nasjonal oversikt over risiko og sårbarheit, irekna kjende utfordringar i klimatilpassingsarbeidet. Ekstreme hendingar som auka frekvens av skogbrannar, langvarig tørke, hetebølgjer og mykje nedbør, både nasjonalt og globalt, vil kunne setje samfunnet på prøve og påverke samfunnstryggleiken. Grenseoverskridande naturhendingar kan føre til minska matproduksjon og til at menneske blir tvinga til å flytte.

Regjeringa sette ned ein totalberedskapskommisjon den 21. januar 2022 for å sjå på korleis dei samla beredskapsressursane kan nyttast best mogleg. Konsekvensar av klimaendringane i Noreg er eit av mange tema som er omtalte i rapporten som vart levert 5. juni 2023.

Regjeringa starta hausten 2022 ein heilskapleg gjennomgang av brann- og redningsområdet. Ei arbeidsgruppe, leidd av DSB, har bidrege i gjennomgangen. Arbeidsgruppa avga rapporten sin, Fremtidens brann- og redningsvesen, i juni 2023. Gjennomgangen skal munne ut i ei melding til Stortinget, som etter planen vil bli lagd fram innan utgangen av 2023.

I den horisontale samordninga samarbeider DSB med andre sentrale etatar innan samfunnstryggleik. Dette samarbeidet fører DSB vidare i sitt vertikale samordningsansvar som inneber etatsstyring og tilrettelegging for statsforvaltarane og rettleiing av kommunane i samordningsansvaret deira innan samfunnstryggleik, irekna omsynet til klimaendringar og naturfare.

I samarbeid med andre aktørar innan samfunnstryggleik utviklar DSB digitale verktøy for bruk i kommunane innanfor samfunnstryggleik. Kunnskapsbanken skal gje kommunane i landet tilgang til detaljert informasjon om natur- og vasskadar basert på data frå private forsikringsselskap. I tillegg har DSB starta utviklinga av ei digital løysing for betre utarbeiding av risiko- og sårbarhetsanalysar (ROS-analysar) til arealplanlegginga (DigiROS). Begge løysingane vil bidra til at omsynet til klimaendringar blir vareteke i kommunane. DSB har starta arbeidet med å utarbeide forslag til forskrift og høyringsnotat til plan- og bygningslova § 4-3 om samfunnstryggleik og risiko- og sårbarheitsanalyse i planlegginga. DSB deltek òg i ei arbeidsgruppe som skal greie ut og foreslå endringar i byggteknisk forskrift (TEK17), saman med Direktoratet for Byggkvalitet (DiBK) og NVE. DIBK leier arbeidsgruppa, som mellom anna skal sjå på om krava til trygging mot naturfare i TEK17 er på rett nivå, og korleis krava i større grad kan ta omsyn til framtidige klimaendringar. I tillegg skal gruppa vurdere moglegheitene for å opne for organisatoriske flaumsikringstiltak.

Gjennom etatsstyringa av statsforvaltarane inviterer DSB sentrale styresmakter innan samfunnstryggleik til å komme med innspel i etatsstyringa og fagleg oppfølging. DSB heldt erfaringssamlingar innanfor samfunnstryggleiks- og beredskapsområdet. Her blir òg andre sentrale styresmakter inviterte for å vareta eit tverrfagleg perspektiv og sikre at klimatilpassing er høgt oppe på dagsordenen hos embeta. DSB deltek i fleire FoU-prosjekt med fleire ulike forskingsinstitusjonar og sit i brukarpanelet for Noradapt.

Det grøne skiftet utfordrar DSB som fagstyresmakt på farleg-stoff-området. Etableringa av ny verksemd som følgje av overgangen til nye energiformer medfører ein endra risiko- og sårbarheissituasjon, moglegvis utan tilstrekkeleg medvit rundt slike problemstillingar. Kommunar og statsforvaltarane får bistand og rettleiing frå DSB for å sikre at ein gjer nødvendige risikovurderingar når slike anlegg skal lokaliserast, og DSB tek mellom anna opp tema i styringsdialogen med statsforvaltarane. DSB erfarer også at nye aktørar etablerer seg og vil inn på den norske marknaden. Dette kan vere kommersielle aktørar utan god kjennskap til aktuelt regelverk. Det er difor behov for kommunikasjon med nye målgrupper om gjeldande norsk regelverk.

Sivilforsvaret er ein viktig beredskapsressurs ved naturrelaterte hendingar og jobbar aktivt med å utvikle kapasitetar og operativ evne. Nødnettet er også over tid betre rusta mot ekstremvêr, mellom anna er reservestraumkapasiteten på utvalde basestasjonar auka, effekten på radiolinjer blir auka automatisk ved mykje nedbør, og overspenningsvern som beskyttar ved lynnedslag, er montert. For Nødnett er det òg avgjerande at alle partar med ansvar for det elektroniske kommunikasjonsnettet og kraftforsyning bidreg til auka motstandskraft mot naturfarar. DSB har avtalar med ei rekkje kraftselskap rundt om i Noreg der ein i fellesskap har vurdert sårbarheiter, styrkt oppetid og batterikapasitet. DSB søkjer å vidareutvikle dette samarbeidet for å bidra til auka motstandskraft i Nødnett.

Noreg har eit nytt verktøy for å varsle befolkninga på mobilen. Med Nødvarsel kan norske styresmakter sende varsel og informasjon direkte til publikum sine mobiltelefonar i akutte og alvorlege situasjonar der det er fare for liv og helse. Målet med Nødvarsel er å kunne nå raskt ut til befolkninga med viktig informasjon som kan spare liv og helse ved akutte og alvorlege hendingar, til dømes hendingar med radioaktivt utslepp, alvorleg terror eller andre ulykkes- og katastrofesituasjonar.

Internasjonalt har DSB bidrege i utarbeidinga av nytt klimaprogram i Ungarn under EØS-midlane der Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) er norsk programpartnar. DSB jobbar også med katastrofeførebygging under FN og er nasjonalt kontaktpunkt for det globale rammeverket for katastrofeførebygging (Sendai-rammeverket) som Noreg har slutta seg til. DSB er også nasjonalt kontaktpunkt for klimarelatert tap og skade under klimakonvensjonen (Warszawa-mekanismen).

NVE, underlagt Olje- og energidepartementet, forvaltar Noregs energi- og vassressursar. NVE har òg statlege forvaltningsoppgåver innanfor flaum- og skredførebygging. Konsekvensane av klimaendringane har svært mykje å seie for desse forvaltningsområda.

Generelt er klimatilpassing godt integrert innan forvaltningsområda til NVE. Omsyn til konsekvensar av klimaendringar inngår som ein integrert del i ulike tiltak, prosjekt og utviklingsoppgåver i NVE.

NVE har god oversikt over kor sårbar kraftinfrastrukturen er for klimaendringar, og analyserer kva klimaendringar har å seie for energiforbruk og fornybar kraftproduksjon. I mars 2023 publiserte NVE ei oppdatert rettleiing for søknad om anleggskonsesjon for nettanlegg39. Det blir mellom anna stilt krav til vurdering av korleis omsynet til overvatn og klimatilpassing er planlagt teke vare på, og i analyse- og modellarbeid blir det nytta oppdaterte vêrdatasett og klimaframskrivingar.

NVE utfører forsking for å auke kunnskapsgrunnlaget om effekten klimaendringar har på vassressursar og naturfare. Mellom anna deltek og leier NVE fleire FoU-prosjekt, til dømes STARS4Water, Klimakverna, SnøRisk og FlomRisk. Målet med førstnemnde prosjekt er tilpassa og berekraftig forvaltning av ferskvassressursar i eit endra klima. Prosjektet er finansiert over Horisont Europa og starta i oktober 2022. Det har 21 partnarar og blir koordinert av Deltares i Nederland. FlomRisk ser på korleis ein kan varsle konsekvensane av flaum, ikkje berre sannsynet for ei hending. I 2023 arrangerte NVE ein internasjonal konferanse med temaet modellering, varsling, formidling og handtering av vêrrelaterte naturfarar.

NVE følgjer opp og fører tilsyn med tryggleiken til vassdragsanlegga og gjev råd om klimatilpassing. I 2022 har NVE kartlagt og analysert dammar som er spesielt sårbare for flaum. Same året kom det også nye rettleiingar for flaumberekningar. I rettleiingane er omsynet til eit klima i endring inkludert.

NVE hjelper kommunane med å førebyggje flaum- og skredskadar gjennom kartlegging, arealplanlegging, sikringstiltak, overvaking, varsling og beredskap. Førebygging av flaum- og skredskadar er også god klimatilpassing.

Det er framleis eit stort behov for kartlegging av område som er utsette for flaum- og skredfare. Dette, saman med god arealplanlegging, er viktig for å unngå at det blir bygd ut i fareområde. Å arbeide for meir og betre kartlegging var òg ei av hovudtilrådingane frå Gjerdrumutvalet i NOU 2022: 3 På trygg grunn.

I 2022 har NVE kartlagt skred i bratt terreng i fire kommunar og flaumsonekart i tre kommunar. Frå 1. juli 2023 vart det mogleg for kommunar å søkje om tilskot til fleire typer kartlegging, i tillegg til sikring, i tråd med ny forskrift om naturfaretilskot.

NVE har òg gjeve innspel i ulike arealplansaker. I 2022 gav NVE innspel i over 5 000 arealplansaker, og i mange av desse blir det rettleidd om korleis kommunane kan ta klimatilpassing inn i arealplanen.

Det siste året har NVE laga fleire nye rettleiingar for å støtte kommunane i arealplanarbeidet med å førebyggje skade frå flaum og overvatn knytt til vassmengder, der klimatilpassing også er tema. Det er generelt eit stort behov for dialog og rettleiing av kommunane, både frå NVE og andre styresmakter. Flaum- og skredsikring er eit langsiktig arbeid som må gjerast over tid. NVE skal prioritere bistanden sin slik at samfunnet får mest mogleg igjen i form av redusert risiko. I 2022 sluttførte NVE 36 sikringstiltak mot flaum- og skredskadar, der til saman 1 040 bueiningar og rundt 180 andre bygg har blitt sikra. Gjennom ei eiga tilskotsordning har NVE i 2022 også gjeve tilskot til fire kommunar til kartlegging av kritiske punkt i bekker og bratte vassdrag for å gjere kommunane betre rusta til å handtere flaumproblematikk. Det er også jobba med å gjere tilskotsordninga betre kjend for kommunane. Søknadsmengda er difor forventa å bli atskilleg høgare i 2023.

Klimaendringar gjev stadig større utfordringar i arbeidet med sikring. Omsynet til klimaendringar er integrert i NVE sitt kost–nytte-verktøy for vurdering og prioritering mellom tiltak som skal førebyggje mot flaum- og skredskadar. Klimatilpassingsarbeidet påverkar òg måten NVE prosjekterer, planlegg og utfører prosjekt på. Til dømes blir sikringstiltak forsøkt klimatilpassa for å redusere skaderisikoen. For å bidra til å auke takta på gjennomføringa av sikrings- og miljøtiltak i Noreg har NVE publisert ei digital rettleiing, Sikringshandboka, som rettleier om alle fasane av eit sikrings- og miljøtiltaksprosjekt: frå planlegging til ferdigtiltak.

Gjerdrumutvalget la i mars 2022 fram NOU 2022: 3 På trygg grunn – Bedrehåndtering av kvikkleirerisiko, med vurderinger og tilrådingar om tiltak som kan bidra til å førebyggje skredulykker. Utgreiinga vart send på ei brei høyring. Departementet er i gang med å vurdere innspela og følgje opp vurderingane og tilrådingane om tiltak som utvalet kom med. Regjeringa vil gjennomgå heile flaum- og skredpolitikken i samband med ei stortingsmelding om temaet som er varsla i 2024. I august 2023 vart det store øydeleggingar på Austlandet etter flaum og skred i samband med ekstremvêret Hans. Erfaringar frå denne hendinga vil også vere viktige i arbeidet med stortingsmeldinga om flaum og skred.

I prosjektet «Nasjonal detaljert høgdemodell» har heile landet blitt laserskanna frå fly for å innhente detaljerte høgdedata, som utgjer grunnlaget for ein landsdekkjande digital høgdemodell. Prosjektet har vore leidd av Kartverket og blitt finansiert av åtte departement. Detaljert høgdemodell er eit betydeleg bidrag i møte med klimaendringar. Det styrkjer beredskapsarbeidet ved at ein kan kartleggje skred- og flaumfare meir nøyaktig enn tidlegare, og identifisere kva for område som er utsette for endringar i havnivå og stormflod. Innsamla data er gratis tilgjengelege for næringsliv, kommunar, offentlege verksemder, utviklarar og andre. Prosjektet vart ferdigstilt hausten 2022.

Kartverket er nasjonal geodatakoordinator og etablerer, forvaltar og formidlar data som har noko å seie for klimatilpassing. Data blir tilgjengelege gjennom fellesløysingar som mellom anna Geonorge40 – den nasjonale noden for geografisk informasjon, som Kartverket driftar. Digital tilgang til geografiske data er avgjerande for plan- og byggjesaksprosessar, der samfunnstryggleik og klimatilpassing skal behandlast. Kartverket koordinerer arbeid med digitalisering av kommune- og reguleringsplanar og arbeid med det offentlege kartgrunnlaget (DOK) for bruk i arealplanlegging og byggjesaker.

Den digitale infrastrukturen, slik som mobil- og breibandsnetta, ber stadig viktigare tenester for det norske samfunnet. Ved ekstremvêr som fører til behov for styrkt lokal beredskap, er mobildekning avgjerande, både for å kunne ringje nødnummer og for handteringa av krisa. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, Nkom, har ansvar for programmet for Forsterka Ekom. I programmet får utvalde utsette kommunar eit område der mobildekninga til alle tre mobiltilbydarar får tre døgns reservestraum og styrkt transmisjon. I tillegg gjennomfører Nkom regionale analysar og foreslår tiltak for å styrkje den digitale grunnmuren, mellom anna med fleire digitale føringsvegar.

Nkom og NVE har starta arbeidet med eit styrkt samarbeid på beredskapen på tvers av sektorane framover. Samarbeidet har mellom anna som mål å sikre raskare og prioritert gjenoppretting ved utfall.

7.7.2 Natur, miljø, landbruk og økosystem

Miljødirektoratet vedtok i 2018 ein klimatilpassingsstrategi41, som legg opp til at omsynet til klimaendringar skal integrerast i alle ansvarsområda til direktoratet. Strategien blir oppdatert i 2023.

Klimapanelet understrekar i sjette hovudrapport at å bevare økosystema er fundamentalt for klimarobust utvikling. FNs klimapanel vurderer no at verknadene klimaendringane har på naturen, er større og meir omfattande enn tidlegare berekna. Viktige økologiske strukturar og funksjonar er i endring og gjer naturen meir sårbar og mindre robust.

Ei heilskapleg og økosystembasert tilnærming til arealforvaltning er ein viktig føresetnad i arbeidet med klimatilpassing av miljøforvaltninga. Kunnskap om utbreiing og tilstand er viktige føresetnader for økosystembasert forvaltning. Ei første klassifisering av økologisk tilstand er gjennomført for fleire terrestriske hovudøkosystem i 2021 og for havområda i 2023. Miljødirektoratet jobbar, på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet, med å etablere ein naturrekneskap for Noreg. Arbeidet er nærmare omtalt i kapittel 3.

For nokre terrestriske hovudøkosystem manglar vi framleis viktig kunnskap om utbreiing og tilstand og dermed viktige føresetnader for økosystembasert forvaltning. Det same gjeld for ferskvatn og kystvatn på Svalbard, som per i dag verken er dekt av vassforskrifta eller system for vurdering av økologisk tilstand. For heilskapleg forvaltning av hav er det veletablerte, sektorovergripande prosessar.

Økosystembasert forvaltning av vatn etter vassforskrifta er godt etablert med klassifiseringssystem og etablerte prosessar for samordning mellom lokalt, regionalt og sentralt nivå. Regjeringa godkjende dei regionale vassforvaltningsplanane for 2022–2027, som vart lanserte i oktober 2022. Planane inneheld oversikt over tilstand, miljømål og tiltak. Vurderinga av klimaendringar og klimatilpassing er del av alle stega i arbeidet med vassforskrifta.

Vern, restaurering og målretta klimatilpassing gjer naturen mindre sårbar i møte med klimaendringane. Arbeid med supplerande vern, utvidingar av eksisterande nasjonalparkar og omgjering av verneform til nasjonalpark held fram. Arbeidet med skogvern og marint vern er òg vidareført. I 2022 organiserte Miljødirektoratet miljøfagwebinar for statsforvaltarane med tittelen «Verneområder – klimaendringar og behov for klimatilpassing», med mål om å heve kunnskap om forventa klimaendringar som kan påverke norske verneområde, og om kor viktig klimasårbarheitsvurderingar er som grunnlag for planlegging av konkrete tiltak.

Klimatilpassing er inkludert i revidert plan for restaurering av våtmarker (2020–2025) og i strategi for restaurering av vassdrag (2021–2030). Miljødirektoratets tilskot til restaurering av vassdrag og våtmark, og generell vassforvaltning og til skjøtsel av verneområde og trua natur bidreg òg til robust natur. Handlingsplan for restaurering av vassdrag er under utarbeiding.

Gjennom satsinga på klima, areal og naturmangfald arbeider direktoratet med å sikre ei meir heilskapleg tilnærming til klima og naturmangfald, både innan kunnskapsgrunnlag og intern tilrettelegging. I 2022 arrangerte Miljødirektoratet og Noregs forskingsråd ein nasjonal dialogkonferanse på tvers av sektorar om naturmangfald, klima og areal. Klimatilpassing var blant det som vart diskutert. Målsetjinga var å forstå utfordringar på tvers betre og å sikre eit meir heilskapleg kunnskapsgrunnlag.

Miljødirektoratet arbeider med å styrkje kunnskapsgrunnlaget om hav og klima og har dei siste åra auka innsatsen for å tette kunnskapshòl om verknadene av klimaendringar og havforsuring i norske hav- og kystområde. To rapportar har gjeve innsikt i verknader av klimaendringar i norske havområde, sjå omtale under 8.6 Forsking.

Ein rapport om eutrofiering av norske innsjøar utarbeidd av NIVA på oppdrag frå Miljødirektoratet syner at utviklinga er bekymringsfull.42 Klimaendringar ser ut til å bidra til ei forverring av problema med eutrofiering, med auka oppblomstring av giftige algar, først og fremst cyanobakteriar. For å bøte på slike problem kan det vere nødvendig med ytterlegare innsats mot avrenning frå jordbruk og avløp.

Miljødirektoratet arbeider for ei heilskapleg oppfølging av arktiske økosystem og bidreg til å utvikle kunnskapsgrunnlaget om forureining og klimaendringar, verknader av desse, risiko og klimatilpassing i Arktis. Mellom anna har direktoratet, i samarbeid med Norsk Polarinstitutt, oppretta eit prosjekt der målsetjinga er å få god og felles oversikt over overvakinga i dag og lange tidsseriar i fjordar, kystvatn og ferskvatn på øygruppa og å vurdere korleis datagrunnlaget kan brukast som utgangspunkt for å vurdere økologisk tilstand i desse økosystema. Dette er ein del av det overordna arbeidet for å etablere fagsystem for økologisk tilstand. Klimaendringar inngår som ein påverknadsfaktor, og arbeidet vil bidra til å vise kva dette har å seie for den økologiske tilstanden i økosystema.

Miljødirektoratet har utvikla ei rettleiing for klimarobust tilrettelegging og opparbeiding av stiar i friluftsområde. Det operative feltapparatet til direktoratet, Statens naturoppsyn (SNO), utfører fleire løpande feltoppgåver i arbeidet med klimatilpassing, som restaureringstiltak i våtmark og skjøtsel av verneområde. Programmet direktoratet har for miljøovervaking, er vurdert med omsyn til om dei fangar opp effektar av klimaendringar. Som ei oppfølging er det i gang ei satsing som skal gje meir kunnskap om effekten klimaendringane har på akvatiske økosystem.

Klimatilpassing er stadig eit prioritert tilsynstema i 2023, der Miljødirektoratet og statsforvaltaren på tilsyn med industribedrifter vurderer om bedriftene tek tilstrekkeleg omsyn til klimaendringane i arbeidet med miljørisikovurderingar og i beredskapsplanar. Miljødirektoratet har ikkje avdekt omfattande brot på regelverket når det gjeld klimatilpassing, men resultata frå 2022 viser at enkelte verksemder ikkje har teke tilstrekkeleg omsyn til klimaendringar i miljørisikovurderingane sine. Det er utført ei kartlegging av nedlagde sivile skytebanar og deponi. Kartlegginga syner kvar det er lokalisert nedlagde deponi. Det er også gjort ei teoretisk vurdering av om det er risiko for gassdanning ved deponia. Det er berre gjort teoretiske vurderingar, difor må det undersøkjast nærmare dersom det skal gjerast tiltak, til dømes utbygging, som påverkar deponia. Slike undersøkingar må ta høgd for moglege effektar av klimaendringar.

Miljødirektoratet har leidd det norske arbeidet med FNs klimapanels sjette hovudrapport. Delrapport 2 om verknader, tilpassing og sårbarheit, og synteserapporten som stiller saman dei tre delrapportane, er særleg relevante for klimatilpassing. Desse rapportane vart lanserte i Noreg i februar 2022 og mars 2023, og det er òg laga ei oversikt over dei mest relevante funna for Noreg frå begge rapportane.

Miljødirektoratet deltok i den norske delegasjonen i forhandlingane om ein ny naturavtale(Kunming-Montreal-rammeverket) som vart vedteken i 2022. Det nye rammeverket reflekterer samanhengen mellom klimakrisa og naturkrisa og kor viktig det er å finne løysingar som tener begge. Dette var også viktige premissar i Noregs posisjonar i forhandlingane.

Riksantikvaren og Miljødirektoratet bidreg, i samarbeid med forskingsmiljø i Australia og USA, til utviklinga av metoden Climate Vulnerability Index (CVI), som kartlegg klimautfordringar for verdsarvstader. I metoden inngår analyse av konsekvensane av klimaendringar for lokalsamfunn, også i eit internasjonalt perspektiv.

Riksantikvaren følgjer opp Riksantikvarens klimastrategi for kulturmiljøforvaltning (2021–2030) og arbeider mellom anna med korleis kulturmiljøfeltet handterer uønskte konsekvensar av klimaendringane. Dei gjev tilskot til klimasikring av kulturmiljø, mellom anna til oppgradering av klimaskal på verneverdige kyrkjer. Riksantikvarens tilskotsordningar bidreg òg til klimasikring av utsette arkeologiske kulturminne. I tillegg driv Riksantikvaren fleire miljøovervakingsprogram som kartlegg korleis klimaendringane påverkar kulturminne og kulturmiljø, mellom anna mellomalderbygg og freda bygningar på verdsarvstadane Røros og Bryggen i Bergen.

Gjennom det igangverande samarbeidsprosjektet mellom Riksantikvaren og Møre og Romsdal fylkeskommune om risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS) for kulturmiljø er målet å utvikle kunnskap, kompetanse og erfaringar knytte til ROS-analyse og tiltaksplanlegging for kulturmiljø. Prosjektet tek utgangspunkt i rettleiinga Vurdere risiko og planlegge tilpassingstiltak – veileder for forvaltning av kulturmiljø i et klima i endring (2022), som vart utarbeidd i prosjektet Adapt Northern Heritage. Basert på erfaringane frå arbeidet vil Riksantikvaren vidareutvikle denne rettleiinga.

Riksantikvaren formidlar kunnskap om og gode døme på arbeid med kulturmiljø og klima. Fleire døme i dømesamlinga på nettsida deira syner korleis ein kan arbeide med klimatilpassing, samstundes som kulturmiljøverdiar blir varetekne.

Landbruket må tilpasse seg eit endra klima for å kunne halde ved lag produksjonen av mat, fiber, energi og andre gode samfunnet treng. Klimatilpassing i landbruket er også viktig for andre samfunnsinteresser ettersom landbruket forvaltar store areal som kan vere med på å beskytte eller eksponere samfunnet elles. Klimatilpassing i landbrukssektoren omfattar difor areal- og ressursforvaltning generelt og tilpassingar i jordbruket, skogbruket og reindrifta.

Jordbruket må alltid innrette seg etter naturforholda og har alltid søkt best moglege tilpassing til vêr og klima. Framover må dyrkingssystema rustast for eit klima som endrar seg i retning høgare temperaturar, lengre frostfrie periodar, fleire fryse- og tineepisodar, ekstremnedbør, tørke og endra biologisk mangfald. Produsentane sjølve tilpassar seg kontinuerleg, til dømes ved valet av vekstar og driftsmetodar som er betre tilpassa eit endra nedbørsmønster og høgare temperatur. Næringa er igjen avhengig av relevant FoU, rettleiing og økonomiske insentiv. Blant prioriteringar i matproduksjonen er å bevare genetisk mangfald, fremje planteforedling og husdyravl og beskytte matjorda. Landbruksdirektoratet forvaltar fleire tilskotsordningar som kan støtte opp om klimatilpassingar. Dei seinere åra er midlar til mellom anna drenering og til driftsmetodar som motverkar erosjon og avrenning, prioriterte over jordbruksavtalen.

Arbeid for å vareta og styrkje matjorda er eit anna viktig område med auka merksemd dei siste åra. Regjeringa la i mai 2023 fram ein ny jordvernstrategi med nytt og skjerpt mål for omdisponering av matjord og tiltak for å nå målet. Som oppfølging av nasjonalt jordprogram frå Landbruksdirektoratet i 2020 og samfunnsoppdrag om jordhelse under EUs forskingsprogram Horisont Europa («mission soil») skjer det eit felles løft med å utvikle kunnskap, praksis og insentiv til beste for jordsmonn og jordhelse. I Nasjonalt miljøprogram for jordbruket som gjeld frå 2023, inngår jord som nytt hovudtema, med tilhøyrande tilskotsordningar gjennom Regionale miljøprogram. Forsking på klimatilpassa landbruksproduksjon er prioritert over budsjettet til LMD.

Langsiktig klimatilpassing i skogbruket kan auke opptaket av CO2, redusere klimagassutslepp og risiko for skadar som kan ramme liv, helse, materielle verdiar, naturmangfald og næringsgrunnlag.

Tilpassingstiltak i norsk skogbruk har særskilde utfordringar på grunn av at skogen veks seint og har lange rotasjonar. Trea som ein plantar i dag, må tole klimaet i framtida samstundes som dei må vere tilpassa det noverande klimaet.

Landbruksdirektoratet har i samarbeid med NIBIO utarbeidd ein fagleg plan for beredskap mot store angrep frå granborkbiller på skog. Bakgrunnen for planen er dei store billeskadane ein har hatt på skog i Europa, som gjev aukande bekymring for tilsvarande angrep i Noreg. Denne beredskapsplanen er ein viktig del av klimatilpassinga i skogbruket.

Det norske Skogfrøverk og NIBIO samarbeider om å utvikle klimatilpassa skogsfrø. Foredlingsarbeidet dreier seg i første rekkje om gran og furu, men det kan òg vere behov for innsats når det foredling av andre norske treslag. LMD ser på vernskogforskriftene under skogbrukslova som ledd i klimatilpassing av skogbruket. Landbruksdirektoratet, i samarbeid med NVE, er i gang med eit arbeid om naturfare og verneskog med ei målsetjing om å utarbeide ein forvaltningspraksis som best mogleg tek seg av omsynet til både samfunnstryggleiken og god forvaltning av skogressursen.

Erstatningsordningane ved avlingssvikt og svikt i honningproduksjonen bidreg til å redusere økonomisk tap ved klimabunden produksjonssvikt. Utbetalingane etter tørke og flaum i 2023 er venta å hamne vesentleg høgare enn dei føregåande par åra der utbetalingane har vore på moderat nivå på nokre titals mill. kroner årleg. Landbruksdirektoratets overvaking av internasjonale marknader og importregulering er viktige element i norsk matvareberedskap i lys av moglege globale forsyningsflaskehalsar som følgje av klimaendringar.

Eit endra klima med meir ustabile vêrforhold gjev utfordringar for reindrifta. Dei siste åra har låste beiter og mykje snø ført til beitekriser i reindrifta. Det kan vere nødvendig med endringar i beite og flyttemønster. Avtalepartane i reindrifta har jamleg dialog om arbeidet med beredskap og handtering av beitekriser i reindrifta. Ein viktig del av klimatilpassinga i reindrifta er å kunne setje i verk tiltak raskt ved ei beitekrise. Auka omfang av sjukdommar og større risiko for ulykker er også konsekvensar av klimaendringane. For å handtere dette er det sett i verk tiltak for reinhelse og HMS i reindrifta gjennom reindriftsavtalen.

Mattilsynet har ansvaret for tryggleiken i heile matkjeda frå jord/fjord til bord og for trygt drikkevatn. Endra klima vil mellom anna endre sjukdomspanoramaet hos plantar, dyr, fisk og menneske og gje utfordringar for dyrevelferda. Endra nedbørforhold med både vassmangel og flaumar kan true drikkevassforsyninga. Veterinærinstituttet, Havforskingsinstituttet, NIBIO og Folkehelseinstituttet bidreg med overvaking av tilstanden for om mogleg å førebyggje skadar. Dei gjev også råd ved handtering av hendingar og behov for endring av regelverk.

Samstundes med klimaendringar ser ein også endra internasjonale rammekår, tryggingspolitiske forhold, endringar i befolkningssamansetjing og arbeidsliv, endring i handelsmønster, auke i cyberangrep og endra økonomiske føresetnader. I sum opplever Mattilsynet at risikoar som påverkar mattryggleik, plantehelse, dyrehelse og dyrevelferd på kort og lang sikt, har auka atskilleg i seinare tid.

7.7.3 Infrastruktur og samferdsel

Kraftig nedbør, svingingar i temperatur og auka fare for flaum, skred og stormflod gjev utfordringar for transport og samferdsel. I mars 2021 la regjeringa fram Meld. S. 20 (2020–2021) Nasjonal transportplan 2022–2033 (NTP). Planen presenterer transportpolitikken til regjeringa for dei tolv neste åra og gjev føringar for integrering av klimatilpassingsomsyn i planlegging og prioritering innan samferdselssektoren. Det blir no jobba med Nasjonal transportplan (NTP) 2025–2036, som etter planen skal leggjast fram våren 2024. Arbeidet til regjeringa med å tilpasse transportinfrastrukturen til klimaet i framtida, vil konkretiserast ytterlegare i den nye planen. Klimatilpassing er også ein integrert del av Samferdselsdepartementets og Nærings- og fiskeridepartementets strategi for samfunnstryggleik i transportsektoren. Ein revidert strategi vart lansert i desember 2020. Strategien blir følgd opp av underliggjande verksemder.

Kystverket samarbeider med relevante aktørar i arbeidet med klimatilpassing, både ved utarbeiding av kunnskapsgrunnlag og i samband med førebygging, varsling og handtering av hendingar. Vidare tek Kystverket høgd for klimaendringar ved planlegging, dimensjonering og drift av eigen infrastruktur og system. Den fysiske infrastrukturen består mellom anna av fyr, lykter, stakar, lanterner, AIS-basestasjonar, radarar, bygningar og eigne kaiar. Ny infrastruktur blir dimensjonert i tråd med gjeldande standardar, og i arbeidet med standardisering av navigasjonsinstallasjonane blir det gjennomført nye berekningar av alle installasjonar som skal nyttast framover. I berekningane blir oppdaterte klimaomsyn tekne med, og vedlikehald og fornying blir tilpassa utvikling i klima.

Hamneinfrastrukturen er i all hovudsak eigd av kommunar eller av private. Som eigar av fiskerihamneanlegg har Kystverket ansvaret for klimatilpassing av desse anlegga. Kystverket kartlegg no tilstanden til desse, mellom anna for å vurdere om anlegga er tilpassa framtidig påverknad frå klimaendringar.

Klimatilpassing blir teke omsyn til i planlegging av depot og ved testing og innkjøp av nytt oljevernutstyr til miljøberedskapen. Mange av depota ligg nære sjøen og kan komme til å bli påverka av til dømes ekstremvêr med stormflod og store bølgjer.

Det blir arbeidd med å integrere klimaomsyn i relevante planprosessar, utgreiingar og analysar. Kystverket speler i planlegging etter plan- og bygningslova inn kor viktig det er at maritim infrastruktur blir tilpassa forventa klimaendringar. Det er etablert eit tettare samarbeid med Meteorologisk institutt for framskriving av miljølaster for planlegging og dimensjonering av installasjonar og navigasjonsinfrastruktur.

Å implementere kunnskap om effekten av klimaendringar i normalar og retningslinjer er eit av dei viktigaste verkemidla til Statens vegvesen. Mange av Statens vegvesens prioriterte oppgåver støttar opp under klimatilpassing, slik som utarbeiding av naturfareplanar, oversikt over skredsikringsbehov og landsdekkjande skredvarsling, og i samarbeidet med NVE og Meteorologisk institutt på varsom.no.

I planlegging av nye vegar og i utbetringsprosjekt satsar Statens vegvesen på gode og einsarta ROS-analysar. Etaten har nyleg styrkt kapasiteten sin på ROS, slik at prosedyren for ROS-analyse kan bli betre og vidareutviklast. På driftssida blir arbeid med naturfarevernebuing høgt prioritert, både ved å hjelpe til med varsling av naturfare og ved aktiv bruk av varslingar i den daglege drifta. Statens vegvesen har laga naturfareplanar for alle driftskontraktar etaten har på riksveg.

Statens vegvesen jobbar for tida med fleire FoU-prosjekt som tek for seg økonomiske aspektved klimatilpassing. Eit prosjekt går ut på å modifisere EFFEKT, verktøyet til etaten for kost–nytte-analysar, slik at klimaendringar er tekne omsyn til i verktøyet.

Statens vegvesen arbeider med å innføre tilstandsindikatorar for riksvegnettet. Betre tilstandsvurderingar gjev oversikt over vedlikehaldsetterslepet og vil vere eit første steg mot å gjere eksisterande veginfrastruktur meir robust. Prosjektet «Forvaltning og vedlikehaldsstyring» skal bidra til etaten sin kompetanse, prosessar og system for å sikre heilskapleg og effektiv vedlikehaldsstyring av riksvegnettet, med rett kvalitet. Betre tilstandsvurderingar og gode klimaframskrivingar med kartmateriell og dokumentasjon av skred og flaumutsette områder vil gi vegstyresmaktene eit betre avgjerdsgrunnlag for kostnadseffektive og risikoreduserande tiltak, både for nye og eksisterande vegar.

Statens vegvesen og Nye vegar AS har samarbeidd om klimatilpassing. Det er mellom anna oppretta eit fagleg kommunikasjonsnettverk på klimatilpassing med Statens vegvesen, Nye vegar AS og fylkeskommunane. Det vart også i 2021 oppretta eit fireårig FoU-prosjektet «Klimatilpasning og veitransport» (KLIMAVEI). Dette blir gjennomført av Statens vegvesen, Nye vegar AS og tre forskingspartnarar (Vestlandsforsking, NGI, Menon Economics) og med støtte frå Forskingsrådet. Prosjektet kan bidra til vidareutvikling av metodar og verktøy som tek hand om klimarisiko og klimatilpassing i vegforvaltninga på ein betre måte enn i dag. Målet er å etablere eit kunnskapsgrunnlag for samfunnsøkonomiske analysar på prosjekt- og systemnivå som tek omsyn til klimaendringar, endringar i klimapolitikk, og som støttar under mål om tryggleik, berekraft og effektivitet i vegsektoren. I prosjektet NordicLINK deltek Nye vegar AS saman med fleire nordiske partnarar i eit prosjekt som søkjer å betre forstå naturfare og kva som er moglege mildnande tiltak. Prosjektet skal mellom anna forske på naturbaserte løysingar for å redusere risiko for naturfarehendingar i samanheng med infrastruktur.

Nye vegar AS har fått utvikla ein GIS-basert metodikk som kan avdekkje risiko for naturfare langs ein planlagd trasé i planleggingsfasen. Metodikken gjer det også mogleg å vurdere korleis risikoen for ulike naturfarar vil endre seg som følgje av klimaendringar fram mot år 2100. GIS-verktøyet dannar grunnlaget for vidare undersøkingar i felt og for vidare kopling med annan informasjon som blir avdekt i samanheng med konsekvensanalysar. Analysar av naturfare har påverka konkrete løysingar. Statens vegvesen utarbeidar handbøker i form av vegnormalar, retningslinjer og rettleiingar. Nye vegar AS nyttar dei same handbøkene som Statens vegvesen.

Det er stort behov for å tilpasse jernbaneinfrastrukturen til eit klima i endring. Store delar av det norske jernbanenettet er gammalt, underdimensjonert eller i dårleg stand. I tillegg kan eksisterande jernbaneinfrastruktur i nokre tilfelle vere tilpassa mindre klimapåkjenningar enn kva som er tilfellet for eit klima i endring. Over tid har det bygd seg opp eit stort vedlikehaldsetterslep. Den gamle infrastrukturen gjev mange feil som stoppar togtrafikken, og klimaendringane forårsakar hyppigare skadar som gjer jernbanen sårbar. For infrastrukturen representerer klimaendringane ein fare, og Bane NOR SF har som infrastruktureigar og forvaltar ansvar for klimatilpassing av denne. Bane NOR SF forvaltar jernbanen slik at han skal ha tilstrekkeleg kapasitet til å motstå konsekvensane av eit klima i endring.

Bane NOR SF har utvikla eit beredskapssystem for å handtere natur- og klimarelaterte hendingar. Dette systemet styrer togtrafikken slik at risikoar for uønskte hendingar er låge, samstundes som framkomsten ikkje blir forstyrra meir enn nødvendig. Bane NORs system og beredskap for å handtere natur- og klimarelaterte hendingar er ein integrert del av den heilskaplege beredskapen til konsernet. Dette inkluderer ein vêrberedskap med vêrvakt i døgnkontinuerleg beredskap. Hensikta med ordninga er å forhindre kritiske tilstandar i underbygning og sideterreng som følgje av ugunstige vêrsituasjonar. I tillegg blir det gjort eit betydeleg arbeid med infrastrukturtiltak som førebyggjer konsekvensar knytte til flaum, skred og andre klimafarar.

Hurdalsplattforma varslar også at regjeringa vil utarbeide ein heilskapleg og forpliktande plan for å redusere vedlikehaldsetterslepet på jernbaneinfrastrukturen. Jernbanedirektoratet og Bane NOR SF er bedne om å utarbeide eit forslag til ein slik plan. Det er lagt opp til at planen skal inngå i ny Nasjonal transportplan 2025–2036. Regjeringa har også vedteke å føre Spordrift AS tilbake til Bane NOR SF frå staten ved Samferdselsdepartementet. Denne endringa skal byggje opp under ambisjonen til regjeringa om å få på plass ein meir samla og heilskapleg jernbanesektor og kan bidra til raskare utvikling av eit heilskapleg og moderne vedlikehaldssystem.

Risikobaserte metodar blir nytta for å halde risikoar under god kontroll og til å velje dei mest kostnadseffektive løysingane. Trass i omfattande arbeid med tryggleiken vil det framleis kunne vere risiko for ulykker. Viktige tiltak er difor å halde fram med utviklinga av system for overvaking og varsling av potensielt farlege forhold og tilstandar. Utfordringa er særleg knytt til sideterreng som tidlegare ikkje var sett på som ein risiko for framkomsten og tryggleiken til jernbanen.

Som følgje av eit klima i endring er det kontinuerleg behov for meir lokalt baserte kartleggingar og beredskapsordningar i tillegg til å oppgradere eksisterande jernbane til å betre motstå klimafarar. Dette gjeld både ved planlegging av ny infrastruktur og ved tilpassing, drift og vedlikehald av eksisterande infrastruktur. Konkrete tiltak er mellom anna å identifisere og gjennomføre ulike sikringstiltak for å redusere risikoen og betre tryggleiken på eksisterande strekningar som er utsette for flaum- og skredfare. For å fange opp endringar i risikobiletet langs banar blir skredfaren frå sideterrenget kartlagd og risikoreduserande tiltak foreslått. Også tunnelar, skjeringar og område med kvikkleire blir jamleg kontrollerte. Flaumfarekartlegging blir utført for alle banar, og alle stikkrenner under banen blir kapasitetsberekna og rangerte etter evna deira til å tole 200-årsflaum med klimapåslag. Status gjeldande for både flaum- og skredfare er at dei mest utsette banestrekningane i stor grad er kartlagde (resterande kartlegging er planlagd ferdigstilt i 2023). I tillegg kan smart vedlikehald ved hjelp av overvaking med sensorar bidra til meir optimal ressursbruk og at vedlikehaldsarbeid kan gjennomførast før det blir kritisk.

Luftfarten blir påverka på ulike måtar av klimaendringar. Flyselskapa må mellom anna handtere endringar i isingsforhold, både på bakken og i lufta, og vanskelege vêrforhold. Endringar i område der temperaturen svingar rundt null, såkalla nullgradarspasseringar, skaper utfordringar også i område som kanskje tidlegare har hatt meir stabilt vêr. Lufthamnene ligg i mange tilfelle nokså lågt over havnivået, noko som gjer at enkelte lufthamner er spesielt sårbare for havnivåstiging. Auka nedbør i kombinasjon med vind vil gje auka klimapåkjenning på bygningsmasse, både klimaskal og fordryging blir utfordra.

Luftfartstilsynet er luftfartsstyresmakta i Noreg og arbeider mellom anna for å byggje eit forbetra kunnskapsgrunnlag om klimatilpassing for luftfartsaktørane. Luftfartstilsynet samlar erfaring og informasjon for luftfartsbransjen for å kunne gje kvalifiserte vurderingar om klimatilpassing, irekna kva tiltak som kan vere mest relevante for å redusere risiko for hendingar på grunn av klima med konsekvens for luftfarten. Luftfartstilsynet følgjer også arbeidet med klimatilpassing internasjonalt, mellom anna gjennom å delta i FNs luftfartsorganisasjon ICAO.

Klimatilpassing i Avinor AS blir følgd opp strategisk som ein del av det overordna klimaprogrammet til konsernet og er ein del av arbeidet innan trygging og risikoførebygging. Avinor AS har jobba systematisk med klimarisiko og klimatilpassing sidan starten på 2000-talet, mellom anna gjennom NTP, Eurocontrol, ACI (Airport Council International) og fleire andre forum. Avinor AS deltok også som partnar i forskingssenteret Klima 2050, som vart avslutta i 2022. Dei integrerer omsynet til klimaendringar i den daglege drifta og i framtidige byggjeprosjekt gjennom Avinors styringssystem (prosedyrar og rutinar), Avinors standardar for bygg og masterplanutviklinga for kvar enkelt lufthamn. I 2022 har Avinor AS gjennomført ei oppdatering av klimarisiko- og sårbarheitsrapporten til konsernet frå 2014. Oppdateringa tek for seg risikofaktorane ved kvar enkelt lufthamn, og samla gjev rapporten eit bilete av at konsekvensane av klimaendringane blir betydelege.

I Prop. 1 S (2021–2022) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet vart Stortinget orientert om ambisjonane og tiltaka i ein ny strategi for bygg og eigedom i statleg sivil sektor. Eitt av tiltaka er at klimatilpassingar skal gjennomførast ut frå ei kost–nytte-vurdering. Statsbygg jobbar systematisk med å sørgje for at verksemda tek omsyn til klimatilpassing i alle delar av verksemda der det er relevant. Statsbygg har kartlagt klimarisiko på eigedommane dei forvaltar. Andre eigedomsforvaltarar i statleg sivil sektor gjer det same i 2023. Kartlegginga skal danne grunnlaget for ein heilskapleg plan for klimatilpassing på eigedommar i statleg sivil sektor. Kommunal- og distriktsdepartementet koordinerer arbeidet.

I nye byggjeprosjekt i statleg sivil sektor skal oppdragsdepartementet vurdere klimarisiko og kva klimatilpassingstiltak dei eventuelt bør gjennomføre. Statsbygg hjelper med faglege vurderingar og råd til oppdragsdepartementet. I konseptvalutgreiingar og lokaliseringsvurderingar gjev Statsbygg faglege råd om arealdisponering og lokalisering av statleg verksemd. Statsbygg har innført kriterium for klimatilpassing og arbeider vidare med å utvikle systematikk. I prosjekteringsfasen er det avgjerande at vala av materialar og konstruksjonsmetode blir gjorde på grunnlag av oppdaterte og representative klimadata for klimaet bygget skal oppførast og stå i. Uteområda utanfor bygga er også ein viktig del av planlegginga for å sikre best mogleg handtering av overvatn ved styrtregn. I fleire prosjekt har ein no lagt til rette for opne flaumvegar i staden for lukka løysingar under bakken.

7.7.4 Industri og næringsliv

I Meld. St. 6 (2022–2023) Et grønnere og mer aktivt statligeierskap – Statens direkte eierskap i selskaper har staten som eigar uttrykt forventningar knytte til klima og natur som blir følgde opp i eigardialogen med selskap med statleg eigardel. Med auka klimaendringar blir klimarisikoen for selskap der staten har eigarskap, og for staten som eigar aukande. Omsynet til berekraft er difor teke inn i mål staten har som eigar, og tydeleggjort i forventningane til selskap med statleg eigarandel når det gjeld arbeidet med klima og natur. Som eigar er staten oppteken av at selskapa identifiserer risiko, moglegheiter og behovet for omstilling av verksemda si. Dette kan mellom anna innebere å gjennomføre scenarioanalysar for å vurdere risiko og kartleggje handlingsrom. God handtering av risiko kan bidra til å redusere kapitalkostnad og bidra til konkurransedyktigheit for selskap over tid. Staten som eigar vil føre ei aktiv eigaroppfølging av arbeid som selskapa gjer med klima, innanfor ansvars- og rollefordelinga mellom eigar, styre og dagleg leiar i selskapslovgjevinga. Statens eigarrapport 2022 inneheld oversikt over rapporteringsstandardar og retningslinjer som selskapa følgjer, irekna Task Force on Climate-related Financial Disclosure (TCFD) og Greenhouse Gas Protocol, samt selskapas klimagassutslipp.

Fiskeri- og havbruksforvaltninga må tilpasse seg nye naturgjevne føresetnader. Både i program finansierte av Noregs forskingsråd og ved Havforskingsinstituttet blir det lagt ned ein omfattande forskingsinnsats for å skaffe fram kunnskap om rolla havet har i klimasystemet, og konsekvensane klimaendringane har for marine økosystem og ressursar.

Som følgje av klimaendringar og stadig større isfrie område er det store endringar i utbreiinga av bestandar og i dynamikken i havøkosystema. Difor har både kompleksiteten i og arealet for ressurs- og miljøovervaking auka vesentleg dei siste åra

7.7.5 Forsvarssektoren

I stortingsmeldinga om prioriterte endringar, status og tiltak i forsvarssektoren (Meld. St. 10 (2021– 2022)) blir det framheva at klimaendringar er ein trusselmultiplikator som forsvarssektoren må forstå og førebu seg på å handtere. Det går vidare fram at forsvarssektoren skal vere ein aktiv bidragsytar i det nasjonale arbeidet med utsleppskutt og samstundes tilpasse seg eit potensielt endra trusselbilete drive fram av klimaendringar. Forsvarssektoren må i aukande grad førebu seg på at både trusselbiletet i brei forstand og operativ verksemd vil bli påverka av klimaendringar og nødvendige miljøomsyn, og jobbe aktivt med tiltak som reduserer risiko. Regjeringa har starta arbeidet med ny langtidsplan for forsvarssektoren, som regjeringa tek sikte på å leggje fram for Stortinget i løpet av 2024. Her vil utviklinga av forsvarsstrukturen vurderast heilskapleg, med klimatilpassing som eitt av fleire viktige tema.

Heile strukturen på forsvarssektoren skal tilpassast eit endra klima. Eigedom, bygg og anlegg i forsvarssektoren blir tilpassa ved arealplanlegging og ved bygging og drift. Analysar av miljørisiko og omfattande miljøovervaking av tilstanden er ein del av det førebyggjande arbeidet som er pålagt gjennom konsesjonar og løyve for verksemda til sektoren. Forsvarsbygg har i 2022 gjort miljørisikoanalysar på flystasjonane Ørland og Evenes, Jan Mayen og for fleire av skyte- og øvingsfelta. Basert på analysane har etaten laga handlingsplanar med tiltak som gjev lågare miljørisiko. Forsvarsbygg lagar også eigne leirplanar, og det er blitt jobba med å etablere slike for åtte plassar. Leirplanane styrkjer avgjerdsgrunnlaget for korleis areal skal disponerast. Forsvarsbygg har søkt å identifisere tiltak for klimatilpassing, reduksjon av utslepp og for vern om areal som har viktig miljøverdi. Dette inneber til dømes å etablere vegetasjon på nytt i soner med flaum- eller rasfare. Det er også sett av omsynssone for vern av miljø- og kulturverdiar og av omsyn til avrenning til vassdrag. Det er i nokre planar sett på høve for å handtere overvatn lokalt.

Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) jobbar med utvikling av kunnskap om korleis forsvarssektoren blir påverka av klimaendringar, -tiltak og -tilpassing. I 2022 kom instituttet ut med rapporten Konsekvenser av klimaendringer og klimatilpasninger for Forsvaret frem mot 2040 (FFI-rapport 22/02438) som ein leveranse til Forsvarskommisjonen. Dei arrangerte også ein eigen klima- og tryggingskonferanse som medverka til eit betre kunnskapsgrunnlag. FFI gjev òg ut klima- og miljørekneskapen til forsvarssektoren kvart år.

7.7.6 Helse

Folkehelselova pålegg kommunar og fylkeskommunar å ha nødvendig oversikt over helsetilstanden i befolkninga og dei faktorane som kan verke inn på denne, irekna forhold relaterte til klimaendringar, som auka ulykkes- og sjukdomsrisiko knytt til mellom anna ekstreme temperaturendringar, flaum- og skredfare, dårleg vedlikehaldne leidningsnett for vassforsyning, mogleg auke av vektorborne smitteberarar, nye sjukdommar og utvida pollensesong. Temperaturauken som følgje av klimaendringar er venta å gje behov for temperaturregulerande tiltak i sjukehus og andre helseinstitusjonar. Lokalt må ein også ha beredskap med tanke på moglege posttraumatiske lidingar, depresjon og angstlidingar i etterkant av ekstremvêr og naturkatastrofar.

Helsedirektoratet skal bidra til at ulike sektorar og forvaltningsnivå har nødvendig kunnskap for å vareta ansvaret sitt for å førebyggje sjukdom og fremje helse. Dette inneber å vere pådrivar for kunnskapsbasert arbeid og ha ansvar for å følgje med på utvikling som påverkar helsa til befolkninga og helsetenesta i Noreg.43 Helsedirektoratet følgjer med på kunnskapsutviklinga internasjonalt om effektar klimaendringane har på folkehelse og helsesystem, som igjen kan ha noko å seie for utforminga av kunnskapsbasert politikk i Noreg, mellom anna i samarbeid med Folkehelseinstituttet (FHI).

FHI er med i EURO Climate, leidd av WHO, og som har årlege møte om helse og klima. FHI deltek også i fleire EU-finansierte prosjekt som handlar om klima og helse, til dømes EXHAUSTION som ser på korleis klimaparametrar og forureining kvar for seg og saman påverkar helsa til folk i Noreg, og ENBEL som koplar saman klimaforsking og helseforsking. FHI er også med i andre internasjonale forskingsprosjekt innan klima og helse. Instituttet arbeider med å kartleggje førekomsten og utbreiinga av zoonosar og eventuelle endringar som følgje av miljø- og klimaendringar som skjer no, som på sikt kan innebere auka human eksponering for «nye» zoonosar og/eller endring i eksisterande human eksponering for desse sjukdommane. I EU-prosjektet OneHealth EJP er instituttet mellom anna med på forsking på zoonosar, utvikling av nye metodar og verktøy for infeksjonsovervaking, slik at ein skal kunne oppdage matborne sjukdomsutbrot tidlegare eller helst førebyggje slik sjukdom. Instituttet er også med i andre internasjonale prosjekt som handlar om å førebyggje nye zoonotiske pandemiar og spreiing av til dømes vektorborne sjukdommar som følgje av klima- og miljøendringar.

Helse- og omsorgsministeren tok i november 2021 initiativ til at Noreg slutta seg til COP26 helseprogram. Initiativet omhandlar både klimatilpassing og utsleppskutt. Ministeren har teke initiativ til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for å møte klimaendringane gjennom å utarbeide ein nasjonal analyse av sårbarheit og tilpassingsbehov knytte til klimaendringar og helse. Dette er utført av FHI.

7.7.7 Utanriks- og tryggingspolitikk

I Meld. St. 36 (2016–2017) Veivalg i norsk utenriks- og sikkerhetspolitikk er det påpeikt at klimaendringar er ein aukande del av risikobiletet i mange land. Klimaendringar kan påverke underliggjande årsaker til konfliktar, bidra til å forsterke konfliktar som er i gang, og kan bli ein trussel mot eksistensen til enkelte land. Det er viktig å utvikle ei systematisk tilnærming for å forstå, oppdage og handtere auka risiko for ustabilitet, utryggleik og konflikt som følgje av klimaendringar og korleis dette kan svekkje evna til å førebyggje, handtere og løyse konfliktar. Klima og tryggleik var eitt av fire prioriterte tema for den norske medlemskapen i FNs tryggingsråd 2021–2022. Ei sentral målsetjing var å styrkje evna rådet har til å førebyggje, handtere og løyse klimarelaterte truslar mot internasjonal fred og tryggleik. For å bidra til nødvendige analyser om samanhengane mellom klima og tryggleik som kan brukast av alle medlemsland og sivilt samfunn, er det innleidd samarbeid med mellom anna Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) og Stockholm International Peace Research Institute (SIPRI).

Klimaendringane skjer spesielt raskt i Arktis, og det er i gang omfattande forsking på klima i Arktis. Arbeidsgruppene i Arktisk råd har jamleg lagt fram rapportar om klimaendringane og miljøtilstanden i Arktis. Rapportane har vore viktige bidrag til kunnskapsgrunnlaget som ligg til grunn for klimatilpassing, og for IPCCs arbeid med spesialrapportar og hovudrapportar. Arktisk råd har i seinare tid også styrkt samarbeidet sitt innan klima og meteorologi for å gje betre kunnskapsgrunnlag for tilpassing og risikohandtering i nord. Etter Russlands ulovlege og brutale invasjon av Ukraina vart nesten all formell møteverksemd i Arktisk råd sett på pause. Det var noko aktivitet i eksisterande prosjekt utan russisk deltaking. I mai 2022 overtok Noreg leiarskapen av Arktisk råd, og vi arbeider no med å få i gang arbeidet på eit nivå som alle medlemslanda kan akseptere. I Barentsrådet har arbeidet med klima og miljø i Barentsregionen vore viktig. Dette arbeidet held fram i Nord-Norden, og blir sett i samanheng med det grøne skiftet i nord.

Det er også retta meir merksemd mot kunnskapsinnhenting og forsking på klimaendringane i Antarktis. Det internasjonale forskingssamarbeidet innanfor Antarktistraktatsystemet gjev viktige bidrag til IPCC og sikrar at ein har kunnskapsgrunnlag for begge polområda.

Regjeringa har sett seg som mål at Noreg skal doble samla årleg klimafinansiering frå 7 mrd. kroner i 2020 til 14 mrd. kroner i 2026. Som ein del av dette har regjeringa som mål å minst tredoble finansieringa til klimatilpassing frå 2020 til 2026. Ramma for satsinga på klimatilpassing er strategien «Klima, sult og sårbarhet. Strategi for klimatilpasning, forebygging av klimarelaterte katastrofer og sultbekjempelse». Auka støtte til varslingssystem og klimatenester og til klimarobust matproduksjon er døme på styrking av klimatilpassing i det norske samarbeidet.

7.8 Planar for arbeidet med klimatilpassing framover

I tråd med styringssystemet for klimatilpassing som er foreslått i Meld. St. 26 (2022–2023) Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn,skal rapporteringa om klimatilpassing etter klimalova utvidast noko. I tillegg til ei utgreiing av status i arbeidet skal sektorane presentere planar for arbeidet med klimatilpassing framover. For årets omtale av planar blir det vist til del 3 i stortingsmeldinga Plan for det nasjonale arbeidet med klimatilpasning 2024–2028, der planar for klimatilpassingsarbeidet i og på tvers av sektorar er omtalt.

Fotnotar

27.

 Sjå miljodirektoratet.no, klimatilpasning.no, klimaservicesenter.no og miljostatus.no for meir informasjon om klimaendringar i Noreg.

28.

 Klimarobust utvikling er omgrepet for det å gjennomføre utsleppsreduksjonar og tilpasse oss klimaendringane og samstundes fremje berekraftig utvikling for både menneske og natur.

37.

 Avinor, Direktoratet for byggkvalitet, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Fiskeridirektoratet, Folkehelseinstituttet, Helsedirektoratet, Jernbanedirektoratet, Kartverket, Kystverket, Landbruksdirektoratet, Luftfartstilsynet, Mattilsynet, Miljødirektoratet, Noregs vassdrags- og energidirektorat, Riksantikvaren og Statens vegvesen.

38.

 Horisont Europa er EUs niande rammeprogram for forsking og innovasjon med eit budsjett på 95,5 mrd. euro i perioden 2021–2027.

43.

 Tildelingsbrevet til Helsedirektoratet 2023
Til forsida