Meld. St. 12 (2011–2012)

Stat og kommune – styring og samspel

Til innhaldsliste

4 Lokal og regional samfunnsutvikling

4.1 Kommunar og fylkeskommunar som samfunnsutviklarar

Skilnader mellom kommunane i Noreg er store, ikkje berre i storleik og struktur, men også når det gjeld kva samfunnsutfordringar dei møter. Kommunar i mindre sentrale område kan til dømes ha særskilde utfordringar innan busetjing og næringsutvikling. Her er føresetnadene for næringsutvikling og etablering av nye arbeidsplassar som hovudregel vanskelegare enn i meir sentrale område i landet. Tilgangen til rike naturressursar kan likevel vere eit fortrinn for mange av desse områda, både når det gjeld næringsverksemd og som attraktive bu- og rekreasjonsområde.

Ein stor del av folketalsveksten i landet kjem av innvandring. Inkludering av nye innbyggjarar er ei viktig oppgåve for kommunar i heile landet. Innvandringa kan sikre naudsynt arbeidskraft, og i distriktskommunar medverkar innvandrarar til vekst i folketalet. Sterk folketalsvekst, til dømes i hovudstadsregionen og i andre storbyregionar, kan føre med seg særskilde utfordringar, mellom anna når det gjeld infrastruktur, bustadmarknader, levekår og tenestetilbod.

Dei særskilde utfordringane i ulike delar av landet er grunnlaget for ein regionalt differensiert statleg politikk. Denne innsatsen skal sikre likeverdige levekår og syte for at ressursane i heile landet blir tekne i bruk. Ein slik statleg innsats kan berre lukkast om han byggjer opp under lokale initiativ. Den statlege innsatsen skaper ikkje vekstkrafta, den må kome nedanfrå. Det er difor særs viktig at kommunane har handlingsrom til å prioritere arbeidet med å utvikle kommunen til eit godt og trygt lokalsamfunn å bu i. Det er lite tenleg med statleg regulering av kommunesektorens arbeid med samfunnsutvikling, utanom dei grunnleggjande reglane i plan- og bygningslova om medverknad, openheit i planprosessar og så bortetter.

Det er behov for å støtte opp under lokal skaparkraft og potensiale i heile landet gjennom eit nært samspel mellom næringsliv, verkemiddelapparat, offentlege styresmakter, rådgjevings- og kunnskapsmiljø og kapitalmarknader.

Arbeidet med å fremje entrepenørskap må sjåast i eit langsiktig perspektiv. Det er difor naudsynt å stimulere elevar og studentar til å skape verdiar og framtidas arbeidsplassar. Satsing på dei unge, gjennom entreprenørskap i utdanningssystemet, vil kunne styrkje generasjonane si haldning til og kunnskap om entreprenørskap.

Kommunar og fylkeskommunar har ei viktig oppgåve i å medverke til å utvikle lokalsamfunna i ei meir klimavennleg retning. Kommunar og fylkeskommunar har mange små og store verkemiddel på fleire sektorar som samla sett har mykje å seie for klimautsleppa, mellom anna bygningsforvaltning, arealplanlegging etter plan- og bygningslova, transport, som innkjøparar og som landbruksmyndigheit.

Folkehelsa speglar samfunnsutviklinga og oppvekst- og levekåra. Folkehelsa blir utvikla og vedlikehalden i kommunar og lokalsamfunn der folk lever og bur. Lokalt folkehelsearbeid er politikk og skal gje rom for politisk skjøn og vurderingar ut frå lokale utfordringar og føresetnader. Ei god utvikling av samfunnet er viktig for helsetilstanden og for ei rettferdig sosial fordeling av helse i befolkninga. Folkehelsa er difor ein viktig indikator på god samfunnsutvikling. Folkehelsearbeid krev sektor- og nivåovergripande samarbeid. Regional og kommunal planstrategi vil vere eit instrument for å samordne innsats for å fremje gode vilkår for folkehelsa på tvers av og mellom nivåa.

Planlegging som reiskap for samfunnsutvikling

Plan- og bygningslova er ein viktig reiskap for kommunane og fylkeskommunane i innsatsen for å styre utviklinga i ønskt retning. Kommunar og fylkeskommunar som skal styrkje lokal og regional samfunnsutvikling, må arbeide langsiktig og heilskapleg, på tvers av sektorar og politikkområde.

Fylkeskommunane skal minst éin gong i kvar valperiode, og seinast innan eitt år etter konstitueringa, utarbeide ein regional planstrategi i samarbeid med kommunar, statlege organ, organisasjonar og institusjonar som planarbeidet vedkjem. Planstrategien skal gjere greie for viktige regionale utviklingstrekk og utfordringar, vurdere langsiktige mulegheiter for utvikling og ta stilling til kva spørsmål som skal takast opp gjennom vidare regional planlegging.

Når regional planstrategi er vedteken av fylkestinget, skal den leggjast fram for Kongen til godkjenning. Statlege og regionale organ og kommunane skal leggje den regionale planstrategien til grunn for sine planar.

Kommunen skal minst éin gong i kvar valperiode, og seinast innan eitt år etter konstitueringa, utarbeide og vedta ein kommunal planstrategi. Planstrategien bør omfatte ei drøfting av kommunens strategiske val knytte til mellom anna samfunnsutvikling, langsiktig arealbruk og miljøutfordringar og ei vurdering av kva planbehov kommunen har i valperioden.

Kommunen skal ha ein samla kommuneplan, som omfattar ein samfunnsdel med handlingsdel, økonomiplan og ein arealdel. Kommuneplanen skal vareta både kommunale, regionale og nasjonale mål, interesser og oppgåver og bør omfatte alle viktige fagområde og oppgåver i kommunen. Planen skal ta utgangspunkt i den kommunale planstrategien og leggje retningslinjer og pålegg frå statlege og regionale styresmakter til grunn. I plan- og bygningslova § 3-1 er det ei opprekning av mange ulike omsyn som skal varetakast i planlegginga etter lova. I arealplanar skal det mellom anna takast omsyn til bevaring av naturmangfaldet, jordressursane og vern av verdifulle landskap og kulturmiljø. Det er viktig at desse og andre omsyn kjem inn på eit tidleg stadium i planlegginga.

Regional planstrategi skal utarbeidast i samarbeid med kommunane, og innspel frå dei kommunale plangrunnlaga skal leggjast til grunn. Samstundes er det viktig at kommunane legg til grunn dei regionale planstrategiane i planarbeidet sitt. På denne måten kan utfordringar og vegval i kvar kommune sjåast i samanheng med tilsvarande i andre kommunar og i fylkeskommunen.

I rolla som samfunnsutviklar møter kommunen ofte den kjende motsetnaden mellom plan- og bygningslov og særlover, som krev særskild vurdering og handsaming av saker utanpå plansystemet. Ofte legg særlover styringa til statlege sektororgan, medan plan- og bygningslova i hovudsak legg mynde og initiativ til kommunane Kommunar kan oppleve statlege sektororgan som ukoordinerte; noko som kan vere ei utfordring for kommunane i rolla som samfunnsutviklar.

Kommunen som samfunnsutviklar

Det som skil kommunens rolle som samfunnsutviklar frå til dømes innsatsen som tenesteprodusent, er at samfunnsutviklarrolla er retta mot heile kommunesamfunnet. I rolla som samfunnsutviklar blir det viktig å stimulere til lokale initiativ og mobilisering til lokal innsats. Kommunane er ansvarlege for tenestetilbod, samfunnsplanlegging, næringsutvikling og tilrettelegging for arbeidet i frivillige organisasjonar. Det er nettopp denne kontakten med lokalsamfunnet som gjer at kommunane er den offentlege aktøren som er best skikka til å mobilisere til lokale krafttak og til å utløyse og stø opp om lokale initiativ. Gode, heilskaplege og samordna løysingar er avhengige av at kommunane tek ei leiarrolle lokalt og samarbeider aktivt med nabokommunar, næringslivet, organisasjonar og regionale aktørar.

God rettleiingskompetanse i kommunane skal gjere det enklare å finne fram i det offentlege støtteapparatet. Gjennom nærleik til innbyggjarar og næringsliv, har kommunane lokalkunnskap som gjev gode føresetnader for å vere ein viktig aktør i lokalt nærings- og samfunnsutviklingsarbeid. Landbruk og landbruksbaserte verksemder må inngå som ein integrert del av kommunane sitt arbeid innan nærings- og samfunnsutvikling. Innovasjon Noreg skal i samarbeid med den regionale partnarskapen arbeide vidare med å leggje til rette for at kommunane sin kompetanse som førsteline innanfor næringsutvikling og entreprenørskap blir styrka.

I ei undersøking frå NORUT frå 2009 (Kommunen som samfunnsutvikler) kjem det fram at kommunane sjølve vurderer at arbeid med lokal samfunnsutvikling i stor grad pregar den kommunale verksemda. Grunnlaget for ei positiv lokal samfunnsutvikling ligg ofte i ei blanding av det å utvikle næringsliv, tettstader og bustadområde, kulturuttrykk og tenester, drive fram av lokale eldsjeler og entreprenørar og ein endringsorientert kommune.

Eit tett samarbeid med lokalt næringsliv og frivillige organisasjonar er sentralt for å lukkast i arbeidet med lokal samfunnsutvikling. Ei kartlegging gjennomført av Iris (2007) på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet viser at mange kommunar legg vekt på frivillig innsats innanfor kommunale aktivitetar, og det er eit omfattande og mangfaldig nettverk av samarbeid og økonomiske relasjonar mellom kommunar og frivillig sektor. Kartlegginga avdekte også at kultur er den verksemda som har nærast kontakt med frivillig sektor, men det er også hyppig kontakt innan pleie og omsorg og næring.

Ei undersøking om næringslivets erfaringar med førstelinjetenesta i Hedmark gjev nokre innspel på kva næringslivet forventar av kommunane (Østlandsforskning 2009). Næringslivet ønskjer seg mellom anna betre forståing for behova til næringslivet, betre kompetanse og serviceinnstilling, kortare sakshandsamingstid og forbetra førstelinjeteneste i form av eitt kontaktpunkt hos kommunane.

For kommunar med liten kapasitet og kompetanse innan eit område kan samarbeid med nabokommunane vere ein nøkkel til å styrkje den lokale samfunnsutviklinga. I arbeidet med lokal samfunnsutvikling bør ein også ta tak i utfordringane for samanhengande, funksjonelle område som ikkje alltid følgjer kommunegrensene. Dei fleste kommunane samarbeider i regionråd med fleire kommunar i ein felles bustad-, service- og arbeidsmarknadsregion. Regionråda har ofte eit omfattande og breitt perspektiv for arbeidet sitt. Interkommunalt samarbeid kan vere nyttig både innan arealforvaltning og næringsretta arbeid og for å utvikle infrastrukturen og betre tenestetilbodet i eit større område.

Fylkeskommunen som regional utviklingsaktør

I St.meld. nr. 12 (2006–2007) Regionale fortrinn – regional framtid slo regjeringa fast at fylkeskommunane skal vere dei sentrale regionale utviklingsaktørane. Kjernen i det regionale utviklingsarbeidet er å fremje ei heilskapleg og ønskt samfunnsutvikling i eigen region. Det inneber at fylkeskommunane må vere leiande pådrivarar for å utnytte regionale og lokale fortrinn til regional utvikling innan mellom anna næringsutvikling, forsking og utdanning. Arbeidet for regional utvikling må vere basert på regionalpolitiske vurderingar og prioriteringar. Dette må skje gjennom samarbeid, samhandling og initiativ som kan styrkje utviklinga for heile eller delar av regionen, og ved at det blir utvikla kunnskap om viktige regionale særtrekk, utfordringar og behov i tett samarbeid med aktørar som kan medverke til endringar.

Samfunnet er prega av eit mangfald av verdiar og kryssande interesser, kommunikasjonsmønster og levemåtar. Det finst ei rekkje offentlege og private aktørar som har makt til å påverke samfunnsutviklinga. Dette stiller høge krav til å klårgjere mål og interesser og til styrkt samarbeid mellom ulike offentlege og private aktørar for å fremje ei positiv utvikling i dei ulike fylka og landsdelane.

Regionalt utviklingsarbeid er med andre ord knytt til det å sjå samanhengar mellom ulike sektorar, skape samarbeid mellom ulike aktørar og utvikle strategiar for å fremje ønskt samfunnsutvikling i eige fylke/region. Ei sentral oppgåve er å stimulere til og utvikle samarbeidet mellom ulike sektorar og forvaltningsnivå, mellom offentleg og frivillig organisasjonsliv og mellom det offentlege og næringslivet. Fylkeskommunane har hovudansvaret for dette, og departementet legg til grunn at dei tek ei leiarrolle i dette arbeidet. Som samfunnsutviklar må fylkeskommunen byggje bru mellom ulike aktørar og skape samhandlingsarenaer der også forskings- og utdanningsinstitusjonar deltek.

Utgangspunktet for å etablere regionale partnarskapar som den sentrale arbeidsforma, er å medverke til å sikre meir heilskaplege løysingar. I eit historisk perspektiv har utviklingsoppgåver vore ein sentral del av oppgåveporteføljen til fylkeskommunane. Gjennom forvaltningsreforma fekk fylkeskommunane nye oppgåver og verkemiddel for å styrkje leiarskapen deira i arbeidet med regional utvikling. Fleire oppgåver og ulike roller skal òg leggje til rette for meir heilskaplege og samordna prioriteringar mellom ulike sektorar i fylket og til dels på tvers av fylkesgrensene.

Statens styring av fylkeskommunen bør i størst muleg grad vere basert på rammestyring, samhandling og dialog der det regionale nivå så langt som muleg får fridom til å løyse oppgåvene i tråd med eigne prioriteringar, innanfor ramma av nasjonal politikk. Ut frå nasjonale omsyn har staten likevel på einskilde område eit legitimt behov for styring som kan avgrense handlefridomen til fylkeskommunane.

Ved å leggje vekt på samhandling mellom staten og fylkeskommunane vil regjeringa medverke til at nasjonal og regional politikk i endå større grad byggjer opp under kvarandre. Denne samhandlinga gjev mulegheiter for å oppnå resultat som ein ikkje ville fått til utan samarbeid mellom fleire institusjonar. Det er difor naturleg at fylkeskommunen har den leiande rolla regionalt for å få til slik samhandling og dialog.

Departementet forventar at fylkeskommunane vidareutviklar arenaer der relevante aktørar kan samarbeide om regionale planar og strategiar for bruk av midlar til regional utvikling. Samarbeidet må vere basert på forståing av dei ulike rollene til dei ulike aktørane. Fylkeskommunane og kommunane er sjølvstendige forvaltningsnivå, medan regionale statlege aktørar arbeider etter retningslinjer frå overordna myndigheiter. Innanfor desse rammene er det viktig at fylkeskommunane, kommunane og dei statlege aktørane samarbeider godt på område med sams mål og overlappande innsats for å fremje regional utvikling. Det er i denne samanhengen viktig at dei statlege aktørane klårgjer og utnyttar den eksisterande handlefridomen for regional tilpassing av innsatsen på sine område. I saker som skal avgjerast nasjonalt, men som har verknad for einskildregionar, er det eit mål at regionale og lokale folkevalde blir involverte i prosessane fram mot endeleg avgjerd. Opplegget for planarbeidet med Nasjonal transportplan 2014-2023 er eit døme på slike arbeidsmåtar.

På same måte som fylkeskommunane bør ha ein god dialog og samhandling med staten, er det naudsynt at fylkeskommunane har ein god dialog med kommunane i eige fylke. Dette vil først og fremst innebere at fylkeskommunane gjennom rettleiing og støtte kan gjere ein viktig innsats for å styrkje kommunane som samfunnsutviklarar. Eit døme på ei viktig satsing er programmet Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK),som skal styrkje samarbeidet mellom regionalt og lokalt nivå innan planlegging, stadutvikling, næringsliv og kultur – eller andre område som kommunane og fylkeskommunane blir samde om å lyfte fram.

4.2 Initiativ frå staten for å støtte opp om kommunane som samfunnsutviklarar

Staten og fylkeskommunane støttar opp om lokalt utviklingsarbeid gjennom ulike tiltak. Det gjeld både utvikling og formidling av kunnskap og erfaringar om ulike tema, og fagleg og økonomisk støtte. I det vidare blir det gjeve nokre døme på aktuelle statlege initiativ og tiltak.

Kompetansesenter for distriktsutvikling (Distriktssenteret) blei etablert i 2008 og skal støtte kommunar, regionar og andre som set i verk tiltak for å skape lokal samfunnsutvikling og bulyst. Distriktssenteret skal mellom anna gjere det lettare for aktørane å dele erfaringar og lære av kvarandre. Senteret skal særleg fokusere på strategiar og tiltak innanfor dei hovudmåla som går ut på å utvikle attraktive regionar og senter for folk og næringsliv.

Distriktssenteret arbeider hovudsakleg med å hente inn, systematisere og formidle kunnskap og erfaringar frå lokale utviklingstiltak. Senteret støttar lokale initiativ og rettleiar aktørar i kommunane. Samstundes er senteret med på å styrkje og byggje opp under kompetansen til fylkeskommunen og andre aktørar som også er støttespelarar for lokal samfunnsutvikling.

Styrking av omdømmet til kommunar i distrikta er eit ledd i arbeidet med å styrkje konkurransekrafta i kommunar og regionar og skape attraktive stader for unge i etableringsfasen. Kommunal- og regionaldepartementet har teke initiativ til fleire tiltak som Distriktssenteret gjennomfører: omdømmeskule, inspirasjonsturné og inspirasjonsside på nettet. Verkemidlet skal styrkje kompetansen i kommunane når det gjeld omdømmebygging, slik at dei betre kan bli rusta til å synleggjere potensialet i Distrikts-Noreg overfor unge i etableringsfasen.

Kommunal- og regionaldepartementet sette i 2010 i gang ei ny satsing som blir kalla Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK). Måla for satsinga er at fleire kommunar skal bli sterke utviklingsaktørar og arbeide kontinuerleg med å utvikle attraktive lokalsamfunn. Satsinga skal styrkje samarbeid mellom kommunar, og mellom kommunar og fylkeskommunen. Fylkeskommunane har ansvaret for satsinga og vil gjennom satsinga styrkje si rolle som samordnar, aktiv rådgjevar og støttespelar overfor kommunar med utviklingsbehov. Fleire kommunar skal få betre føresetnader for å planleggje, mobilisere, samarbeide og gjennomføre utviklingstiltak. Initiativ frå innbyggjarar, bedrifter, entreprenørar og frivillige organisasjonar skal integrerast godt i utviklingsarbeidet. Ikkje minst skal verkemidla som finst for å støtte lokale utviklingstiltak, bli meir effektive. Alle fylkeskommunane har gjennom søknad kvalifisert seg til å vere med. I satsinga er den regionale partnarskapen ei viktig arbeidsform mellom regional stat og fylkeskommunane for å samordne fagleg og økonomisk støtte til kommunane, slik at synergiar og ein effektiv bruk av ressursar blir sikra. I satsinga arbeider ein med lokal og regional planlegging som verkemiddel for å utvikle attraktive lokalsamfunn, mobilisering og tilrettelegging for å realisere initiativ frå innbyggjarar, entreprenørar og næringsliv som sikrar ei positiv utvikling. Både næringsutvikling og stadutvikling er tema i satsinga.

Ei funksjonsfrisk befolkning er mellom dei viktigaste ressursane i samfunnet. Eit siktemål med ny folkehelselov, jf. Prop 90 L ( 2010-2011), er å gje kommunane og fylkeskommunane eit verktøy som kan syte for at dei tek omsyn til helsa til befolkninga i politikk, samfunnsutvikling og i planarbeid. Lokale og regionale behov skal leggjast til grunn. Dette er viktig for å skape og halde på ei god helse, motverke sosiale helseskilnader, møte dei demografiske utfordringane ved ei aldrande befolkning og utfordringar knytte til auka sjukdomsutvikling, fleire med kronisk sjukdom og så bortetter. Den demografiske utviklinga gjer det meir naudsynt enn tidlegare å ta hand om og byggje opp helsa og arbeids- og funksjonsevna til befolkninga. Mellom oppgåvene i planlegging etter plan- og bygningslova er «å fremme befolkningens helse og motvirke sosiale helseforskjeller». Den nye folkehelselova og plan- og bygningslova kan samverke på ein måte som set kommunar og fylkeskommunar betre i stand til å oppnå dette. Regjeringa vil medverke til naudsynt kunnskaps- og kompetanseoppbygging.

Kommunal- og regionaldepartementet legg i 2012 til rette for ei løyving på i alt 225 millionar kroner til kommunale/regionale næringsfond innanfor det distriktspolitiske verkeområdet. Beløpet er ei vidareføring frå 2011. Midlane skal gje kommunane betre høve til å leggje til rette for auka vekst, verdiskaping og sysselsetjing ut frå lokale fortrinn og potensial. Fylkeskommunen kan gje støtte til kommunale næringsfond utanfor det distriktspolitiske verkeområdet. Kommunal- og regionaldepartementet har fått gjennomført ei evaluering av kommunale/regionale næringsfond. Sluttrapport frå evalueringa viser at det er variert bruk av midlane, og at bruken er i tråd med måla i distrikts- og regionalpolitikken. Midlane har bidrege til å sikre, styrkje eller etablere arbeidsplassar og til å auke attraktiviteten i kommunen/regionen både som reisemål og som bustad eller val av stad for lokalisering av bedrifter. Midlane styrkar kommunane eller regionane si rolle som pådrivar for lokal- og regional nærings- og samfunnsutvikling. Godt samarbeid mellom kommunane, Innovasjon Noreg og fylkeskommunane er avgjerande for resultata og effektane av fondsmidlane. Evalueringa er gjennomført av Rambøll Norge AS.

Miljøverndepartementet og KS gjennomførde i perioden 2006-2010 eit program der det blei nytta 65 millionar kroner med det føremålet å styrkje miljø- og samfunnsutviklinga i kommunane (Livskraftige kommunar (LK-programmet)). Meir enn 200 kommunar deltok i nettverk innan seks prioriterte miljøtema. Temaene «klima og energi» og «viktige arealpolitiske omsyn» har hatt størst oppslutning. Eit produkt av denne satsinga er portalen www.livskraftigekommuner.no, som er eit verktøy for formidling, forenkling og forbetring av miljø- og samfunnsinformasjonen frå kommunane.

Mange kommunar har framleis stort behov for fagleg støtte på desse områda. Miljøverndepartementet har i oppfølginga av LK-programmet sett i gang eit arbeid for å hjelpe kommunane med å gjere ein god jobb der dei har plan- og miljømynde. Føremålet er mellom anna å gjere det klårt kva for plan- og miljøoppgåver dei har, og å gjere det enklare for kommunane å følgje opp dette ansvaret. Miljøverndepartementets arbeid med å styrkje miljø- og utviklingskompetansen blir sett i nær samanheng med Kommunal- og regionaldepartementets satsing på programmet Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK). I departementets budsjett for 2012 er det sett av 30 mill. kroner til LUK-satsinga, same beløp som i 2011.

I regi av Innovasjon Noreg har det vore gjennomført eit prosjekt om Førstelinje for utvikling av næringsliv i kommunane (FUNK). For 2011 er målet at arbeidet skal vere i gang i alle fylke. Tiltak som blir sette i verk ved alle distriktskontora til Innovasjon Noreg, er kursdagar for næringskonsulentar og etablerarrettleiarar og at Innovasjon Noreg gjennomfører kontordagar i kommunane. Innrettinga må tilpassast etter kor langt arbeidet er kome, korleis arbeidet er organisert, og utfordringane i kvart fylke. Fylkeskommunane har ei særleg viktig rolle når det gjeld å leggje til rette for eit godt samarbeid med dei involverte partane i fylket.

Ei god utnytting av ressursane frå landbruket er viktig for den samla verdiskapinga og for å oppretthalde hovudtrekka i busetnadsmønsteret og utvikle lokalsamfunna. Produksjon av mat med lokal identitet har dei siste åra vore eit av Landbruks- og matdepartementets viktigaste satsingsområde for å utvikle nye næringar på matområdet. Som ei vidareutvikling av Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon (VSP mat) blei det frå 2011 etablert eit Utviklingsprogram for matspesialitetar frå norsk landbruk (Lokalmatprogrammet). Hovudmålet for programmet er auka verdiskaping i primærproduksjonen gjennom å bidra til utvikling, produksjon, kommersialisering og sal av norske matspesialitetar.

Reiselivet er ei viktig bygdenæring og bidreg til å oppretthalde levedyktige lokalsamfunn. Utviklingsprogrammet for Grønt reiseliv er landbruket sitt bidrag til regjeringa sin reiselivspolitikk. Grønt reiseliv tilbyr natur- og kulturbaserte opplevingar og aktivitetar med lokal forankring og særpreg. Satsinga er viktig for å utvikle det bygdebaserte reiselivet og Noreg som reisemål, både for innanlandske og utanlandske reisande.

Korleis kan det bli meir attraktivt å busetje seg i distriktskommunar? Dette spørsmålet er utgangspunktet for ei satsing på bulyst i regi av Kommunal- og regionaldepartementet. Måla for satsinga er å leggje til rette for at distriktskommunar blir meir attraktive som varig bustad, og å samle kunnskap om kva som påverkar folks val av bustad. Satsinga set søkjelys på tiltak som kan gjere distriktskommunane meir attraktive å bu i. Departementet ønskjer at satsinga skal støtte opp under gode lokale og regionale pilotprosjekt som er godt forankra. Over Kommunal- og regionaldepartementets budsjett for 2011 var det løyvd 47 millionar kroner til bulyst. I departementets budsjett for 2012 er det sett av 42 mill. kroner til bulyst-satsinga.

Som eit ledd i dette arbeidet har Distriktssenteret og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) sett ut eit fou-prosjekt om inkludering av innvandrarar i distriktskommunar. Studiet skal lyfte fram innvandrarane sine eigne tankar og erfaringar omkring temaet, som vil vere viktige i arbeidet med å skape attraktive og inkluderande lokalsamfunn. Målet med oppdraget er å skaffe meir kunnskap om kva som påverkar innvandrarane til å velje å bli buande i norske distriktskommunar, og kva som skal til for å oppnå god inkludering. Det er eit mål å utforske i kva grad innvandrarar opplever at dei får medverke med sine ressursar i lokalsamfunna, og om opplevinga av aktiv deltaking påverkar lysta deira til å bu der. Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR) gjennomfører oppdraget og skal levere sin rapport i februar 2012.

Stadutvikling kan definerast som prosessar og fysiske tiltak for å gjere ein stad meir attraktiv. Dei fysiske omgjevnadene har mykje å seie for kvardagen vår når det gjeld trivsel, tryggleik og sosialt liv. Der er viktig med solid planarbeid og å etablere gode lokale prosessar gjennom brei deltaking lokalt. Det er mange aktørar innan feltet stadutvikling. Kommunane er den viktigaste. Kommunal- og regionaldepartementet arbeider for å stimulere kommunane si evne og vilje til å initiere og forme sosiale møteplassar som vil vere tilgjengelege for alle. Ein del av midlane som fylkeskommunane får, går i dag til regional utvikling og til arbeidet med å utvikle attraktive stader.

Heilt sidan 1980-talet og nærmiljøsatsinga, har Miljøverndepartementet vore ein pådrivar og støttespelar for kommunane i deira arbeid med å utvikle attraktive og miljøvenlege byar og tettstader i heile landet. Departementet har mellom anna hatt hovudansvaret for fleire nasjonale utviklingsprogram i samarbeid med kommunane og fylka. Programma har styrkt kommunane i deira utviklingsarbeid og gjeve mange synlege og positive resultat. Dei har også ført til utvikling av nye verkemiddel, metodar, verktøy og samarbeidsmodellar i arbeidet med stadutvikling. Kunnskapsoppbygging har vore eit viktig siktemål med programma, og arbeidet har resultert i fleire rapportar og rettleiarar som kommunane vurderer som nyttige.

Erfaring viser at kommunane framleis har behov for fagleg og økonomisk støtte for å få til gode stadutviklingsprosessar. Ei undersøking frå NIBR (2008) viser at mange kommunar har liten kapasitet og kompetanse innan planlegging, mobilisering, prosjektgjennomføring og tinging av oppdrag hos private tilbydarar. Etableringa av Forum for stedsutvikling er eit nasjonalt initiativ for å styrkje kommunane sin kompetanse innan stadutvikling. Forumet er ein nasjonal samarbeidsarena sett saman av fleire departement og direktorat. Eit viktig mål med samarbeidet er å sjå utvikling og formidling av kunnskap og faglege ressursar i samanheng – på tvers av sektorar og forvaltningsnivå. Saman med fylkeskommunane har forumet sidan 2005 støtta planlegging og gjennomføring av om lag 20 regionale fagkonferansar for kommunane, i tillegg til å etablere nettstaden Stedsutvikling.no

Framtidens byer er eit nasjonalt utviklingsprogram retta mot dei 13 største byane. Dei fire innsatsområda i programmet er areal og transport, energi i bygg, forbruk og avfall og tilpassing til klimaendringar. Programmet er forankra i St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk. Staten har bidrege med mellom anna tilrettelegging av nettverksarbeid og økonomiske midlar.

Miljøverndepartementet har sidan 2006 arbeidd med verdiskaping gjennom to ulike verdiskapingsprogram: Verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet (2006–2010) og Naturarven som verdiskaper (2009–2013). Gjennom programmet på kulturminneområdet har det kome fram mange interessante erfaringar og resultat frå prosjektperioden. Det er skapt arenaer for samarbeid mellom mange ulike aktørar, som også har delteke i økonomiske spleiselag. Det er dessutan utvikla og spreidd kunnskap gjennom nettverk og gode døme på det potensialet for verdiskaping som ligg i kulturarven. Dette gjev eit godt grunnlag for vidare arbeid med kulturarv og verdiskaping.

Verdiskapingsprogrammet Naturarven som verdiskaper skal syne korleis naturopplevingar kan utviklast i samspel mellom næringsaktørar innan reiseliv/turisme, lokalsamfunn, forvaltningsstyresmakter og kunnskapsinstitusjonar. Hovudmålet er å medverke til at verneområde og andre verdifulle naturområde blir ein viktig ressurs i samfunnsutviklinga. Programmet skal også medverke til betre samarbeid på alle nivå knytte til verneområdet og lokalsamfunnet, og det skal leggje til rette for næringsutvikling. Dette programmet blir gjennomført i samarbeid mellom Miljøverndepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet. Dei regionale utviklingsmidlane som fylkeskommunane fordeler, er viktige for prosjekt i naturarvprogrammet.

Som ein del av si regionale utviklingsrolle er fylkeskommunane ein viktig aktør i regional verdiskaping, og det er viktig å utvikle eit godt samarbeid med ulike relevante næringsaktørar. Dei er involverte i næringsutviklingsprosjekt og naturbasert reiseliv og fekk frå 1. januar 2010 ansvar for friluftsliv på regionalt nivå. Fylkeskommunen er difor ein viktig aktør i verdiskapingsprogrammet for naturarven. Fylkeskommunane har sidan 1990 hatt ansvaret for forvaltninga av kulturminne på regionalt nivå. Som regional kulturminnemyndigheit blir såleis fylkeskommunen ein sentral aktør for å få til synergiar med verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet.

Kommunal- og regionaldepartementet har i budsjettproposisjonen for 2012 gjort framlegg om å etablere ei ny tilskotsordning – Verdiskapingsprogram for lokale og regionale parkar. Målet er å auke verdiskaping og næringsutvikling i avgrensa landskaps- og identitetsområde med særskilde natur- og kulturverdiar. Det er sett av 10 mill. kroner til dette programmet i 2012.

Departement som har ansvar for saksområde som er viktige for lokal og regional samfunnsutvikling, vil også framover leggje til rette for å støtte opp om denne delen av verksemda i kommunar og fylkeskommunar. Dette kan gjerast gjennom ulike verkemiddel og på grunnlag av ulike former for samhandling mellom forvaltningsnivåa.

Til forsida