7 Betaling for gravkapell, gravleige og gravstell
Dette kapittelet gjeld betaling for gravkapell, gravleige og gravstell. Desse betalingane er ein viktig del av inntektene til gravplassforvaltningane og ei stor utgift for mange etterlatne.
Sal av gravstell er forretningsverksemd og ikkje ein del av oppgåva som forvaltningsorgan. Som forvaltningsorgan kan gravplassforvaltninga krevje betaling for leige av gravkapell og leige av grav. Utvalet gjer framlegg om at også betalinga for minnelund skal vere regulert i regelverket. Utvalet gjer framlegg om at ei grav skal vere fri for gravleige dei første 20 åra etter kvar gravlegging.
7.1 Innleiande vurderingar
7.1.1 Eit innbyggjarperspektiv på betaling
I mandatet til utvalet heiter det:
I henhold til gravferdsloven § 21 kan det kreves avgift for kremasjon, feste av grav og for bruk av gravkapell. Avgiften fastsettes av kommunen etter forslag fra kirkelig fellesråd. Avgiftene utgjør i mange kommuner en vesentlig del av det finansielle grunnlaget for gravferdsforvaltningen. Avgiftssatsen varierer betydelig mellom kommunene. I tillegg tas det i ulik grad betalt for gravferdstjenester som ikke er lovfestet. Avgiftssystemet kan oppleves uforutsigbart for brukerne av gravferdstjenestene.
En økonomisk likestilling av kremasjon og kistegravlegging og en utvidelse av retten til fri grav til også å omfatte andre steder enn bostedskommunen vil ha konsekvenser for finansieringssystemet på gravferdssektoren. Utvalgets arbeid skal belyse ulike problemstillinger med det formål å oppnå størst mulig grad av likestilling, samt et mer rettferdig, hensiktsmessig og forutsigbart finansieringssystem.
I mandatet set departementet opp fire kjenneteikn ved finansieringssystemet utvalet skal gje tilråding om: likestilling, rettferd, tenleg og føreseieleg. Utvalet vil leggje til at det er ønskjeleg med eit enklast mogleg finansieringssystem.
Reguleringa skal sameine litt ulike verdiar: Det er ikkje alltid at reglar som er føreseielege eller gjev likskap for innbyggjarane, er tenlege for gravplassforvaltninga. Den gjeldande reguleringa av avgifter og betaling knytt til gravferd har vore fleksibel for gravplassforvaltningane. Det har gjeve rom for innovasjon, til dømes namna minnelundar. Fleksibiliteten bør vidareførast, og reglane bør ikkje ta bort høvet til å krevje betaling for nye tenester som det kan vise seg å vere behov og betalingsvilje for. For å få eit betalingssystem som er føreseieleg for innbyggjarane, meiner utvalet likevel at avgiftene og dei mest vanlege betalingane i dag bør regulerast i lov eller forskrift.
I dag er reglane om brukarbetalinga spreidde fleire stader i gravferdslova og gjevne i nokså kortfatta form. Utvalet meiner at ei meir utførleg regulering kan gje likare praksis og større rettstryggleik. Gravplassforvaltninga er ei innbyggjarretta teneste. Regelverket bør derfor vere lett å forstå. Det bør vidare vere eit mål at lovgjevinga gjev løysingar som det er lett for gravplassforvaltninga å forklare og lett for folk å slutte seg til.
7.1.2 Er variasjon i nivået på avgiftene eit problem?
Variasjon i prisane kan reflektere ulik kvalitet eller ulike prioriteringar i kommunestyret eller fellesrådet, sjå kapittel 3.5.3.3 om brukarbetalinga i prosent av driftskostnadene. Ein viss variasjon er normalt og ønskjeleg. På ein del område har ein sett stor variasjon i pris. Sjølv om variasjonane har grunnlag i lokal fridom, er store variasjonar uheldig fordi dei skaper ulikskap mellom innbyggjarar i ulike kommunar og kan bli opplevd som tilfeldige. Framlegget i kapittel 6 om å oppheve heimelen til å krevje kremasjonsavgift er ein konkret måte å unngå variasjon i prisen innbyggjarane må betale, sjå òg kapittel 8 om betaling for utanbygds gravlegging.1
7.1.3 Eit krav om å halde seg innanfor sjølvkost?
Sjølvkost som prinsipp for offentlege avgifter osb. inneber at kommunen eller det kyrkjelege fellesrådet ikkje kan krevje meir i betaling enn det kostar å produsere tenesta. Det blir gjerne stilt krav om at ein kan dokumentere at forvaltninga ikkje krev for mykje.2 Sjølvkost kan bli rekna ut for tenestesektoren under eitt, men ein kan òg rekne ut sjølvkost for dei enkelte deltenestene eller for den enkelte saka. Når gravplassforvaltninga er verksam i marknaden, stiller EØS-retten òg krav til prissetjinga osb., sjå kapittel 7.6 nedanfor.
Utvalet viser til at det er krevjande å følgje dei gjeldande krava til sjølvkost i kommunal sektor. Den samla brukarfinansieringa på gravplassektoren er så låg at utvalet meiner det ikkje er behov for å setje eit krav om at gravplassforvaltninga ikkje kan gå over sjølvkost, verken for den enkelte tenesta eller for verksemda som heilskap.
7.2 Kva kan gravplassforvaltninga krevje avgift for?
7.2.1 Kort blikk på historia
Heimlane i gravferdslova til å krevje avgift har lang historie. I lov om Kirker og Kirkegaarde av 1897 var det to heimlar, sjå vedlegg 1 til NOU 1989: 7 Den lokale kirkes ordning:
§ 37 andre punktum: «For fæste av særskilt Gravsted eller naar Grav ønskes bevaret udover 20 Aar paa saadan Kirkegaard, kan der kræves Betaling efter fastsat Vedtægt.»
§ 38 tredje ledd: «For Gravning, Ringning, Benyttelse af Gravkapel og lignende paa Kirkegaard, som er i Menighedens Eie, kan kræves Betaling efter Vedtægt.»
Lov av 3. mars 1913 om likbrænding heimla implisitt krav om betaling for kremasjon i § 3.
Desse tre heimlane for betaling for leige av grav, bruk av gravkapell og kremasjon blei ført vidare i gjeldande gravferdslov, truleg for å sikre gravplassforvaltninga inntekter når heimelen til å krevje avgift ved gravlegging blei oppheva.3
7.2.2 Krav om heimel for å krevje avgifter
Styresmaktene kan ikkje krevje at innbyggjarane betaler skattar eller avgifter utan at kravet har heimel i lov, sjå Grunnlova § 75 bokstav a og det såkalla legalitetsprinsippet i forvaltningsretten. Eit einsidig krav frå det offentlege om at innbyggjaren skal betale, krev altså heimel i lov. Dersom kravet spring ut av ein avtale mellom det offentlege og innbyggjaren, er avtalen heimel nok for kravet om betaling. Dette skiljet er viktig når det gjeld gravferd og gravplassar.
I gravferdslova § 21 andre ledd står det: «Avgifter for bruk av gravkapell, kremasjon og feste av grav fastsettes av kommunen etter forslag fra fellesrådet.» Føresegna heimlar tre typar avgifter.4 I tillegg seier føresegna korleis ein fastset gyldige avgiftssatsar.
7.2.3 Når er ei betaling avgift, og når er det betaling for ei teneste?
Å fastsetje og krevje inn ei avgift er utøving av offentleg mynde.5 Å utføre oppgåva det blir kravd avgift for, treng ikkje vere utøving av offentleg mynde. Å inngå ein kontrakt om leige av grav er utøving av offentleg mynde fordi kontrakten er regulert i regelverk og mynde lagt til fellesrådet. Klipping av graset på dei leigde gravene er ikkje utøving av offentleg mynde.
Sidan lova heimlar visse avgifter, må ein leggje til grunn at gravplassforvaltninga ikkje kan ta betalt for dei andre oppgåvene gravplassforvaltninga er pålagt å gjere som gravplassforvaltning. Det vil seie at gravplassforvaltninga må gjere alt som følgjer av gravferdslova utan å krevje betaling (avgift) for anna enn bruk av gravkapell, kremasjon og leige av grav. Sjå oversynet over oppgåvene etter gravferdslova i vedlegg 2.
Dersom gravplassforvaltninga løyser oppgåver som gravleigaren eller andre har ansvaret for, kan gravplassforvaltninga krevje betaling. Dette er ikkje ei avgift fordi det ikkje er omfatta av oppgåvene etter gravferdslova, og fordi det byggjer på ein avtale (innbyggjaren kunne gjort jobben sjølv eller bede ein tredjeperson utføre han).
Avgift kan definerast slik: Betaling til gravplassforvaltninga når gravferdslova gjev heimel for krav om betaling for løysing av gravplassforvaltninga sine oppgåver etter gravferdslova.
Betaling for varer og tenester kan definerast slik: Betaling for varer og tenester som innbyggjaren sjølv kan velje om ho eller han ønskjer, og som ikkje ligg innanfor gravplassforvaltninga sine oppgåver etter gravferdslova.
7.2.3.1 Heimel til å krevje at dei etterlatne dekkjer utgifter
Gravferdslova heimlar også krav om at dei etterlatne betaler kostnadene ved gravlegginga av avlidne som ikkje var folkeregistrert i kommunen då dei døydde, sjå gravferdslova § 6 andre ledd.6
7.2.4 Kva fell inn under oppgåvene etter gravferdslova, og kva kan ein krevje at gravleigaren betaler for?
7.2.4.1 Gravplassforvaltninga sine oppgåver som gravplassforvaltning7
Gravplassforvaltninga kan ikkje krevje betaling for å:
Informere og rettleie innbyggjarane om regelverk, betaling osb., sjå mellom anna forvaltningslova § 11.
Opne grava, gravleggje, lukke grava og så til etter gravlegginga.
Klippe plenar, klippe hekkar, brøyte snø og strø stiar. Ein relativ del av desse kostnadene kan gravplassforvaltninga krevje betaling for som del av gravleiga.
Halde gravplassen parkmessig tiltalande – til dømes stelle tre, hekkar, bed, portar, søppeldunkar, vasspostar osb. Ein relativ del av desse kostnadene kan gravplassforvaltninga krevje betaling for som del av gravleiga.
Vedlikehalde og stelle graver som ikkje lenger blir leigde, men blir ståande som verna eller som kulturminne.
Flytte gravminne fordi gravfeltet er kartlagt på nytt.8
7.2.4.2 Utanfor gravplassforvaltninga sine oppgåver som gravplassforvaltning
Gravplassforvaltninga kan mellom anna krevje betaling for:
Stell av gravbed.
Rydding av graver som det ikkje er stellavtale for.
Gravplassforvaltninga kan ta betalt for minnesmerke, stell osb. på minnelund. Gravplassforvaltninga kan ta betalt for grav på eit gravfelt med sams uttrykk (gravminne, planter og komande stell).
Ved gjenbruk av gravminne som har falle attende til gravplassen, kan gravplassforvaltninga ta betaling for fjerning av gravminnet, lagring av gravminnet, syning av dei lagra gravminna for etterlatne som vurderer gjenbruk, administrasjon knytt til at steinindustrien hentar gravminnet og forpliktar seg til å slette namn og data på steinen.
Gravplassforvaltninga kan ta betalt for praktisk bistand, til dømes å hjelpe den ansvarlege for grava med å setje opp og sikre gravminne og halde grava i hevd (som ho eller han har plikt til etter gravferdslova § 15 første ledd). Gravplassforvaltninga kan krevje betaling for å fjerne gravminne som ikkje blir fjerna etter at gravleiga er avslutta (gravferdslova § 18 andre ledd) så lenge det framleis tilhøyrer den ansvarlege for grava. Gravplassforvaltninga kan krevje betaling frå gravleigaren for arbeidet som er gjort for å førebyggje skade på gravplassen, sjå gravferdslova § 17 første ledd og gravferdsforskrifta § 26. Gravplassforvaltninga kan ta betalt for flytting av gravminne etter at ho har innvilga søknad om å flytte gravminne.
7.2.4.3 Tenester få gravplassforvaltningar krev betaling for
Éi av dei 94 gravplassforvaltningane utvalet har kartlagt, tek betalt (kr 395) for mellombels flytting av gravminne i samband med ny gravlegging, til dømes når lengstlevande ektefelle døyr (same leigar). Utvalet meiner at dette arbeidet fell innanfor gravlegginga som offentleg teneste.9 Det inneber at gravplassforvaltninga ikkje kan ta betalt for å gjere dette.
Ei anna gravplassforvaltning tek betalt for fjerning av visne blomar og anna frå grava (kr 300). Rydding i gravbed er ei teneste. Utvalet meiner at gravplassforvaltninga berre kan ta betalt for fjerning av visne blomar og anna frå grava dersom det er avtalt med den ansvarlege for grava.
7.2.5 Vurdering: Avgifter bør framleis fastsetjast av kommunen
Utvalet meiner at avgiftene framleis bør bli fastsette av kommunen. Det inneber at gravplassforvaltninga sjølv set prisen på tenester. Utvalet gjer framlegg om at også betaling for anonym og namna minnelund skal bli rekna som avgift, sjå kapittel 7.4. Utvalet gjer òg framlegg om å ta bort høvet til å krevje nokre former for betaling. Til saman inneber dette at det meste av det dei etterlatne normalt betaler for, vil vere regulert i gravferdslova og gravferdsforskrifta.
Gravferdslova § 21 regulerer eigentleg to ulike tema. Utvalet gjer framlegg om å dele føresegna i to, slik at det blir éi føresegn om vedtekter og éi om avgifter. Utvalet gjer òg framlegg om ein heimel til å gje utfyllande føresegner om betaling i forskrift. Utvalet gjer framlegg om å samle dei nye føresegnene om betaling i eit nytt kapittel VI i gravferdsforskrifta (noverande kapittel VI blir kapittel VII).
Utvalet gjer framlegg til ny § 21a i gravferdslova som tek opp andre ledd i noverande § 21, med eit tillegg om kolumbarium som er drøfta i kapittel 11.4:
§ 21a Avgifter
Avgifter for bruk av gravkapell, for anonym minnelund, navnet minnelund og kolumbariumog leie av grav fastsettes av kommunen etter forslag fra kirkelig fellesråd. Departementet kan gi forskrift om hvilke tjenester gravplassforvaltningen kan kreve betalt for, om prisfastsettingen og om informasjon.
Merknader:
Gravplassforvaltninga leverer tenester lokalt og driv under ulike vilkår. Det lokale ansvaret fører til forskjellar, og fridomen til å fastsetje prisane lokalt bør vare ved.
Ordet «prisfastsettingen» er valt for å få fram at forskrifta kan regulere korleis gravplassforvaltninga skal gå fram når ein fastset prisen. Forskrifta kan ikkje fastsetje prisen direkte.
Orda «hvilke tjenester» er valde for å vise at det er arten av tenester som kan bli regulert, ikkje kor høge avgiftssatsane kan vere.
7.2.6 Informasjon om prisane
For innbyggjarane er det vesentleg at det er føreseieleg kva dei må betale. Dette stiller krav om at prisar må vere fastsette på førehand og gjort kjende i eit regulativ eller ei prisliste. Ein del fellesråd har vedtekter og betalingssatsar lett tilgjengelege på nettstaden sin, men i arbeidet med å samle inn vedtektene og betalingssatsane frå gravplassforvaltningane i fem fylke erfarte utvalet at vedtektene eller betalingssatsane mange stader ikkje låg på nettstaden til det kyrkjelege fellesrådet eller kommunen. På desse stadene får brukarane dårlegare informasjon og lågare tryggleik for at alle betaler same sats.Omsynet til at gravplassforvaltninga skal vere open, talar òg for at prisane til gravplassforvaltninga bør vere lette å finne fram til. Slik vil til dømes dei folkevalde og media kunne samanlikne og vurdere prisane.
Utvalet gjer framlegg om ny § 39 i gravferdsforskrifta:
§ 39 Prisopplysning
Gravplassforvaltningen skal gi opplysning om avgifter og prisene på sine tjenester og produkter. Alle priser skal inkludere eventuell merverdiavgift og andre offentlige avgifter. Prisoversikten skal fremgå av gravplassforvaltningens hjemmeside på Internett. Gravplassforvaltningen skal ha skriftlige prisopplysninger til utdeling. Prisopplysningene skal tilbys gravferdsansvarlige uoppfordret ved første gangs henvendelse eller konsultasjon.
Merknader:
Ei prisliste skal omfatte både avgifter og satsar for betaling for tenester.
Gravplassforvaltninga er ikkje forplikta til å gje opplysning om alle blomar og planter dei tilbyr, men må gje opplysning om dei ulike nivåa på gravstell og kva dei inneheld.
Føresegna er ikkje eit påbod om at gravplassforvaltninga skal ha nettstad. Sjå kapittel 9.7.1 om informasjonsverksemd.
7.3 Gravkapell
7.3.1 Gjeldande rett
Eit gravkapell er noko anna enn ei kyrkje. Skilnaden på eit gravkapell og ei kyrkje er at gravkapellet blir drive av det offentlege (gravplassforvaltninga) og kyrkja av Den norske kyrkja. Omgrepet gravkapell omfattar òg kapella ved krematoria. Gravferdslova omtalar gravkapell i § 21 og gjev der heimel til å ta avgift for bruken. I § 22 slår lova fast ein tilsett kan arbeide på gravkapellet utan å vere medlem i Den norske kyrkja.
Gravplassforvaltninga er ikkje pålagd å ha gravkapell, og dei fleste forvaltningane har ikkje gravkapell. Det følgjer av kyrkjelova at Den norske kyrkja skal halde seremonilokale, og plikta til å gjennomføre kyrkjelege handlingar for medlemene følgjer mellom anna av tenesteordninga for prestar. Ved gravferd for ein medlem av Den norske kyrkja har det kyrkjelege fellesrådet heimel i kyrkjelova § 20 til å krevje leige for kyrkja, men praksis i dag er at ein sjeldan krev leige, i alle fall ved innanbygds gravferder.10
Gravplassforvaltninga har heimel i gravferdslova til å krevje avgift dersom gravferdsseremonien går føre seg i eit gravkapell. Avgifta er den same for dei som er medlemer i Den norske kyrkja, og for dei som ikkje er medlemer. Dette står ikkje eksplisitt nokon stad, men følgjer av at gravplassforvaltninga ikkje har grunnlag for å skilje (diskriminere) mellom medlemer i Den norske kyrkja og andre. Det er likevel slik at ved gravferda til ein medlem av Den norske kyrkja som var busett i soknet, kan ein krevje at gravferda skjer frå kyrkja, ikkje frå gravkapellet. Dermed kan ein medlem sleppe ein kostnad andre må betale.
Ved gravferdsseremonien for avlidne som ikkje er medlemer i Den norske kyrkja, kan ein krevje leige for kyrkja og for gravkapellet. Her opptrer Den norske kyrkja i ulike roller: Som livssynssamfunn leiger soknet ut kyrkja, som gravplassforvaltning krev det kyrkjelege fellesrådet avgift for bruk av gravkapell. Dersom avlidne er medlem i eit anna livssynssamfunn, kan det vere at dette livssynssamfunnet tilbyr eit seremonilokale.
7.3.2 Avgiftspraksis
I ei undersøking frå 2004 kom det fram at 58 prosent av gravferdsseremoniane fann stad i ei kyrkje, medan 38 prosent fann stad i gravkapell, sjå Brukarundersøking 2004. Svara varierte sterkt med geografien: I Oslo og Akershus fann 57 prosent av seremoniane stad i gravkapell, medan tilsvarande tal for Trøndelag og Nord-Noreg var 13 prosent.
Avgifta for bruk av gravkapell var stort sett lågare for innanbygds enn for utanbygds i dei 94 gravplassforvaltningane utvalet har kartlagt.
I den nettbaserte spørjeundersøkinga sommaren 2013 blei det spurt om nivået på avgifta for bruk av gravkapell for innanbygds og utanbygds gravlegging, sjå tabell 7.1. Svara viser at 60 prosent av gravplassforvaltningane ikkje har gravkapell, men mange av dei same opplyser at dei krev avgift for bruk av gravkapell ved utanbygds gravlegging. Svara tyder på eit operativt fokus der ein svarer på kva dei etterlatne må betale. Formelt følgjer leige for bruk av kyrkje og avgift for bruk av gravkapell ulike reglar og spring ut av ulike roller.
Tabell 7.1 Svara om pris på leige av gravkapell i spørjeundersøkinga sommaren 2013.
Spørsmål til kyrkjeverjene | Svar |
---|---|
Dersom dere har et gravkapell, hva koster det å leie gravkapell ved innenbygds gravferd (uten organist osv.)? | Av dei som har gravkapell, krev 17 prosent avgift ved innanbygds gravferd. Gjennomsnittleg avgift er kr 1180, median kr 1000. Lågaste kr 400 (Haugesund). Høgste kr 2250 (Stange) |
Hva koster det å leie gravkapell for avdød som ikke var folkeregistrert i kommunen (uten organist osv.)? | Av dei 212 som svarte på dette spørsmålet, krev 28 prosent ikkje avgift ved utanbygds bruk av gravkapell. 72 prosent krev avgift. Gjennomsnittleg avgift blant dei forvaltningane som krev avgift, er kr 1814, median kr 1500. Lågaste kr 400 (Marnardal). Høgaste kr 5000 (Sel og Fet) |
Undersøkinga seier ikkje kor mange av gravferdene som finn stad i gravkapell som utløyser krav om avgift. Dermed veit ein ikkje nøyaktig kor mykje som må kompenserast dersom ein skulle oppheve denne heimelen.
7.3.3 Norden
I Danmark har alle rett til å nytte eit gravkapell til ein gravferdsseremoni, men sjølve handlinga ved såkalla «borgerlig begravelse» blir fastsett «efter forhandling med kirkegårdsbestyrelsen», sjå § 12 i lov om begravelse og ligbrænding. Det finn med andre ord stad ein mild kontroll med seremonien.
Sjølve gravferdsseremonien er ein del av verksemda til Svenska Kyrkan og er regulert i Kyrkoordningen av 2013. Ifølgje 42 kap. 9 og 10 §§ i Kyrkoordningen treng dei etterlatne ikkje betale avgift for gravferdsseremonien. Dersom dei etterlatne vel å ha seremonien i ei anna kyrkje enn der den avlidne var folkeregistrert, gjer sokna opp mellom seg etter ei kyrkjeleg oppgjersordning.
I Finland betaler alle for leige av gravkapell. For medlemer i den evangelisk-lutherske kyrkja er betalinga om lag kr 400 i gjennomsnitt, medan betalinga er gjennomsnittleg om lag kr 1400 for utanbygds som ikkje var medlemer, sjå kapittel 4.3.
7.3.4 Vurdering
7.3.4.1 Skal gravferdslova seie noko om seremonien?
Gravferd er eit større ord enn gravlegging. I gravferdslova er heimelen til å krevje avgift for bruk av gravkapell den einaste føresegna som har samanheng med seremonien. Ein kan dermed seie at gravferdslova stort sett er ei lov om gravlegging og ikkje ei lov om gravferdsseremonien, sjå òg NOU 2006: 2 side 132. I og med at Den norske kyrkja lokalt både er gravplassforvaltning gjennom det kyrkjelege fellesrådet og står for gravferdsseremonien gjennom soknet, er det lett at ein ikkje skil mellom det som ligg til gravferdslova, og det som følgjer av kyrkjelova og kyrkjeordninga. I møte med eit større livssynsmangfald meiner utvalet at det vil vere tenleg om gravferdslova ikkje har reglar om seremonien.
Avgifta for bruk av gravkapell er problematisk i og med at val av stad for seremonien ved innanbygds gravferder har økonomiske konsekvensar for dei etterlatne. Dei store gravferdene går gjerne føre seg i ei kyrkje, og då sparer dei etterlatne pengar. Dette er ikkje ein relevant måte å skilje mellom kven som må betale, og kven som ikkje må betale.
7.3.4.2 Er nemninga gravkapell livssynsnøytral?
Ordet kapell kan tyde lite orkester eller overbygg på lastebil, men når det gjeld gravferd, er tydinga lite kyrkjehus. Orda sportskapell og dåpskapell gjev kyrkjelege assosiasjonar. Gravferdslova er ei allmenn lov om gravferd og gravlegging og bør nytte ord som er livssynsnøytrale. Utvalet meiner at dersom ein ved seinare revisjon av lova vel å vidareføre reglane om gravkapell (i ei eller anna form), bør ein vurdere å endre ordet i lova til «seremonilokale».
7.3.4.3 Gravferder som er annleis
Nokre gravferder er annleis. Vi kan her skilje mellom to typar.
For det første kan særs mange ha eit ønske om å ta farvel med den avlidne. Dersom den avlidne døydde tidleg i livet, kan ho eller han ha fleire kjente som framleis lever, enn ein som døyr i alderdomen. Dersom den avlidne hadde vore aktiv i lokalsamfunnet eller hatt ein jobb der mange møtte henne eller han, kan fleire enn vanleg ønskje å ta farvel. Og endeleg: Gravferdene er gjerne store når den avlidne var kjent regionalt eller nasjonalt gjennom kunst, næringsliv, politikk, media osb. Det er likevel ikkje slik at dei store gravferdene er berre for dei rike eller berømte. Dei store gravferdene handlar om at særs mange vil ta farvel.
For det andre kan dødsfallet kome av ein tragedie. 22. juli er eit døme – ulykker eit anna. Sjokket kan få fleire til å ønskje å ta farvel enn det som er vanleg. Lokalsamfunnet kan mobilisere i eit ønske om å støtte dei etterlatne og markere ved fysisk nærvær at det som hende, gjorde vondt.
Ein må planleggje for dei store gravferdene og for gravferdene som er annleis. Dei årlege møta med livssynssamfunna kan vere ein ressurs i denne planlegginga, sjå gravferdslova § 23 tredje ledd.
7.3.4.4 Kyrkjebygg
Den norske kyrkja er eit livssynssamfunn som rår over sine eigne bygg, og som sjølv tek avgjerd om kva som kan finne stad i dei, til dømes ein seremoni med eit anna innhald enn liturgien til Den norske kyrkja. Kyrkjene er sokna sin eigedom, men biskopane og kyrkjeordninga er med å setje rammer for korleis dei blir nytta. Folkekyrkjetradisjonen inneber at mange i eit lokalsamfunn er sterkare knytte til kyrkja enn til andre seremonilokale, sjølv om dei kanskje ikkje lenger er medlemer. At mor og far gifta seg i kyrkja, eller at farmor blei gravlagd derfrå, set kyrkjehuset i ei særstilling. På dei stadene i landet der det ikkje finst alternative seremonilokale, blir kyrkjebygget særleg viktig. Det kan her vere ei spenning mellom Den norske kyrkja som sjølvstendig livssynssamfunn på den eine sida og folkekyrkjetradisjonen og den allmenne tilknytinga til kyrkjebygget på den andre.
Det har utløyst merksemd når dei etterlatne ikkje har fått leige ei kyrkje eigd av Den norske kyrkja for å gjennomføre ein seremoni med ein anna innhald enn liturgien til Den norske kyrkja. Den norske kyrkja har sagt nei av prinsipielle grunnar, og det er ho i si fulle rett til. Dei gongene dei etterlatne har fått ja til å leige eit kyrkjehus for å gjennomføre ein seremoni med eit anna innhald enn liturgien til Den norske kyrkja, har det utløyst mindre merksemd. Dersom til dømes eit lokalsamfunn opplever eit drap der offer og gjerningsperson er frå den same plassen, kan det vere svært viktig at gravferdsseremonien finn stad lokalt. Då vil det kunne vere uheldig om dei etterlatne må leige eit livssynsnøytralt seremonirom, til dømes på eit krematorium, eit stykke unna. Det er ikkje sikkert at gymsalen på skulen gjev ei verdig ramme som svarer til behova ved denne gravferda. Utvalet viser til at dette er eit argument for fleire livssynsnøytrale seremonilokale.
7.3.4.5 Sideblikk: Kva er eit livssynsnøytralt seremonilokale?
I ei undersøking frå 2009 kom det fram at 27 prosent av kommunane hadde seremonilokale som eigna seg for livssynsopne eller ikkje-kristne gravferdsseremoniar, sjå KA 2009. I 49 prosent av kommunane hadde ein berre kyrkja. Spørsmålet om behovet for eit livssynsnøytralt seremonilokale er eit tema som gravplassforvaltninga kan ta opp i dei årlege møta med livssynssamfunna som er verksame på staden, sjå gravferdslova § 23 tredje ledd. På spørsmål frå utvalet svarer 20 av krematoria at deira seremonilokale er livssynsnøytralt utforma. Lokala har gjennomsnittleg 178 sitjeplassar.
Det kan vere ulike meiningar om kva som er kjenneteiknet på eit livssynsnøytralt seremonilokale.11 Er det kjenneteikna av noko som er der? Eller av symbol som ikkje er der? Prinsipp 8 hos Stålsett-utvalet lyder: «Alle bør akseptere å bli eksponert for andres tros- og livssynspraksis i det offentlige rom.» Dette prinsippet vil kunne innebere at deltakarane i ein gravferdsseremoni til dømes vil passere graver, gjerde, portar og hus med religiøse symbol på veg til seremonilokalet – og at det er greitt. Inne i seremonilokalet er det annleis. Der er ikkje andres trus- og livssynspraksis velkomen. Seremonien er eit farvel til den avlidne og skal ikkje få sine rammer definert av kven som er majoritet eller minoritet i samfunnet. Symbol bør dei etterlatne kunne flytte inn eller ut etter behov. Klokkene på gravplassen kan nyttast ved seremoniar der ein ønskjer det.
Det kan bli usemje om når det som historisk har vore eit kristent gravkapell, er ombygd nok til å kunne kallast eit livssynsnøytralt seremonilokale. Ein modell kan vere at livssynsnøytrale seremonilokale bør gå fram av vedtektene for gravplassane. I arbeidet med vedtektene kan ein få ein dialog med fleire aktørar og fagmiljø enn dei som er til stades på dei årlege møta lokalt.
7.3.4.6 Vidareføre gjeldande rett i påvente av ei heilskapleg regulering av livssynsnøytrale seremonilokale
Dei aller fleste blir gravlagde etter seremonien til Den norske kyrkja, sjølv om delen har gått ned over tid og meir i Oslo enn andre stader. I intervjuundersøkinga til SSB svarer 72 prosent at dei ønskjer ein gravferdsseremoni for seg sjølve arrangert av Den norske kyrkja. Når 26 prosent svarer at dei ønskjer ein seremoni utan religiøst innhald, tyder det på at ein bør planleggje med tanke på ulike typar gravferdsseremoniar.
Kyrkjeforliket i 2008 var opptakten til eit initiativ frå Kulturdepartementet om livssynsnøytrale seremonilokale og livssynsopne seremoniar. I Innst. 393 L (2010–2011) uttaler komiteen:
Komiteen vil i denne forbindelse understreke viktigheten av at det så langt som mulig også legges til rette for livssynsnøytrale seremonirom i forbindelse med gravferd, i tråd med verdighetsmålet slik det uttrykkes i den nye faneparagrafen.
Utvalet viser til at gravferdslova ikkje pålegg gravplassforvaltninga eller kommunane å halde livssynsnøytrale seremonilokale. Eit lovpålegg kan ikkje lesast ut av heimelen til å krevje avgift for bruk av gravkapell eller av faneføresegna i gravferdslova § 1 – og heller ikkje av anna lovverk utvalet kjenner til. Dette inneber at kostnadene (til dømes for kommunane) ved å innføre ei plikt til å sørgje for livssynsnøytralt seremonilokale må kompenserast med friske pengar frå staten.
I NOU 2006: 2 side 136 Staten og Den norske kirke heiter det at livssynsnøytrale seremonilokale bør vere eit offentleg ansvar: «Det offentlige må ta ansvar for å skaffe til veie verdige livssynsfleksible seremonilokaler for innbyggere som ikke benytter kirkelige bygg.» Utvalet meiner at det ikkje er sjølvsagt at seremonilokale for gravferd skal vere eit offentleg ansvar. Dette er eit spørsmål om grensa mellom livssynssamfunna og det offentlege og har samanheng med innhaldet i ein heilskapleg livssynspolitikk som er sett på dagsordenen med NOU 2013: 1 Det livssynsåpne samfunn. Dei økonomiske og administrative konsekvensane må greiast ut før ei eventuell lovfesting av livssynsnøytralt seremonilokale som til dømes ei kommunal plikt. Det vil vere behov for å hente inn tilstrekkelege opplysningar til å vurdere dei økonomiske konsekvensane for kommunesektoren nærare. Ei evaluering av den gjeldande tilskotsordninga som skal «legge til rette for flere livssynsnøytrale seremonirom», kan gje slike data.12
Utvalet rår til å vidareføre gjeldande rett om avgift for bruk av gravkapell, inntil det blir sett på heilskapen i behova for og finansieringa av livssynsnøytrale seremonilokale.
7.4 Minnelund
7.4.1 Prisnivået i dag
Prissetjinga av grav i minnelund er i dag ikkje regulert. Av dei 295 som svarte på den nettbaserte undersøkinga sommaren 2013 var det 85 (29 prosent) som hadde anonym minnelund og 38 (13 prosent) som hadde namna minnelund. Dette inneber ein auke på tre og to prosentpoeng samanlikna med undersøkinga til KA frå 2009. Anonym minnelund var gratis 80 stader og kosta i gjennomsnitt kr 1726 der gravplassforvaltninga tek betalt (minimum kr 300, maksimum kr 5330). Namna minnelund var gratis 13 stader og kosta i gjennomsnitt kr 6095 der gravplassforvaltninga tek betalt (minimum kr 1000, maksimum kr 24000).
7.4.2 Vurdering: Eit tak på avgifta
Utvalet meiner at betaling for anonym og namna minnelund bør regulerast som ei avgift. Gravlegginga skal som elles vere gratis, og dei etterlatne skal ikkje betale for etablering av gravarealet på minnelunden. Avgifta kan dermed dekkje minnesmerket, blomar, rydding, vedlikehald og stell. Som i dag bør det ikkje vere høve til å krevje gravleige før etter 20 år i minnelund.
Utvalet meiner at det bør vere avgift både for anonym og namna minnelund. Til grunn for dette ligg eit ønske om at økonomiske ordningar ikkje skal stimulere til ein auke i anonyme gravleggingar, sjå til samanlikning til Danmark. Utvalet meiner at det generelt er ein føremon for dei etterlatne å ha ei grav eller eit minnesmerke å gå til. Det er òg eit omsyn å likestille desse to gravferdsformene økonomisk. Det er likevel slik at dersom gravplassforvaltninga ikkje set opp noko minnesmerke ved den anonyme minnelunden, kan dei ikkje krevje betaling.
I kapittel 11 gjer utvalet framlegg om at kolumbarium igjen skal bli tillaten gravferdsform i Noreg. Betaling for kolumbarium bør regulerast på same måte som for minnelund. Utvalet gjer framlegg om at ny § 37 i gravferdsforskrifta skal lyde:
§ 37 Avgift for anonym minnelund, navnet minnelund og kolumbarium
Ved gravleggingen kan gravplassforvaltningen kreve avgift for anonym minnelund, navnet minnelund og kolumbarium. Avgiften skal ikke være høyere enn gravens andel av kostnadene til minnesmerket eller kolumbariet og kostnadene ved vedlikehold og stell i 20 år.
Merknader:
Sjølve gravlegginga er utan kostnad for dei etterlatne. Avgifta skal ikkje dekkje etableringa av grava.
Eit minnesmerke kan utformast på ulike vis. Der den parkmessige eller grøne utforminga er vesentleg, kan desse kostnadene inngå i grunnlaget for avgifta.
Føresegna set ei øvre grense for kva dei etterlatne må betale. Grensa går ved sjølvkost for gravplassforvaltninga knytt til dei nemnde kostnadene.
Som i dag kan det krevjast gravleige etter 20 år etter gravlegging på namna minnelund, sjå gravferdsforskrifta § 15 fjerde ledd.
Sjå nærare kapittel 11.4 om kolumbarium.
7.4.3 Økonomiske og administrative konsekvensar
Reguleringa utvalet gjer framlegg om, tek bort høvet for gravplassforvaltninga til å ta ut overskot ved gravlegging i minnelund. Brukarbetalinga kan med andre ord ikkje vere høgare enn kostnaden knytt til å levere tenesta (sjølvkost). Sidan gravplassforvaltninga vil få dekt kostnadene ved minnesmerke osb. på nye minnelundar, kan det ikkje vere tale om kompensasjon frå staten for redusert inntektspotensial. Det kan heller ikkje vere tale om kompensasjon for at prisen i etablerte minnelundar må setjast ned.
I og med at gravlegging i minnelund har blitt betalt som ein eingongssum ved gravlegginga, kan regelendringa ikkje få verknader for graver i namna minnelund som er tekne i bruk. Det inneber at dei etterlatne som før regelendringa betalte meir enn gravplassforvaltninga kan krevje etter regelendringa, ikkje har krav på å få pengar attende.
Utvalet gjer framlegg om å ta bort høvet til å ta betaling for gravlegging i anonym minnelund utan minnesmerke. Sidan det er svært få gravplassforvaltningar som i dag krev betaling for gravlegging i anonym minnelund, ser utvalet ikkje behov for å rekne ut nokon kompensasjon frå staten for redusert inntektspotensial.
7.5 Leige av grav
7.5.1 Innleiing
7.5.1.1 Gravleigaren
Leige av grav oppstår på to måtar. Når fredingstida og dermed den betalingsfrie perioden er over, kan grava leigast og dessutan nyttast til ny gravlegging dersom leigaren vil det. Når ei kistegrav blir teken i bruk, er det normalt høve til å leige ein eller fleire graver ved sida av.
Berre ein fysisk person kan oppførast som leigar av grav. Kommunar, foreiningar, stiftingar, ein syskenflokk osb. kan ikkje stå som leigar av grav.13
Gravleigaren har både rettar og plikter. Ho eller han har rett til å avgjere om grava skal brukast, og kva for avliden som eventuelt skal gravleggjast der. Når gravleigaren døyr, er det den som tek seg av gravferda, som tek avgjerd om bruken dersom det er aktuelt å gravleggje gravleigaren der, sjå gravferdslova § 15 andre ledd.
Gravleigaren har også rett til å setje opp gravminne og pynte grava innanfor dei rammene som vedtektene for gravplassen set. Å setje opp gravminne fører med seg plikt til å halde gravminnet i hevd. Det vil seie at gravminnet ikkje er til fare eller sjenanse for dei som ferdast på staden, og at gravbedet blir halde i orden. Dersom gravleigaren ikkje oppfyller pliktene sine, kan kyrkjeleg fellesråd nekte fornying av avtalen om gravleige, sjå gravferdslova § 14 tredje ledd.
Den som tek seg av gravferda, skal ha høve til å vere leigar, dersom ikkje andre etterlatne krev at spørsmålet blir avgjort av kommunen, sjå gravferdslova § 9 fjerde ledd. Dersom gravleigaren døyr, skal dødsbuet avgjere kven som skal bli ny leigar. Dersom lotteigarane ikkje blir samde, tek kyrkjeleg fellesråd avgjerda, sjå gravferdslova § 16 andre ledd og kapittel 11 om behovet for endringar i denne føresegna.
Dersom gravleigaren ønskjer å overføre leigeretten til ein annan person, kan det skje med samtykke frå kyrkjeleg fellesråd. Det er ikkje høve til å krevje vederlag for ei slik overføring, sjå gravferdslova § 16 første ledd.
7.5.1.2 Ordet gravleige
Utvalet har vurdert orda feste av grav, festar og festeavgift som står i lova i dag. Realiteten er at ein leiger ei grav for ein avgrensa periode med svært avgrensa høve til å ta avgjerder om grava. Ordet leige har ein klang av noko meir mellombels enn ordet feste som i alle fall etter § 7 i lov om tomtefeste varer i 80 år. Utvalet har på denne bakgrunn vald å nytte orda gravleige og gravleigar (bokmål: gravleie og gravleier).
7.5.1.3 Fri grav
Innbyggjarane har etter gravferdslova § 6 første ledd rett til fri grav i kommunen. Dødfødde born har den same retten i den kommunen der mora eller faren er folkeregistrert.14 Her korresponderer plikta til gravplassforvaltninga med ein rett for innbyggjarane. Gravferda til ein person i heimkommunen skal ikkje koste noko dersom ein ikkje bruker gravkapellet, ikkje vel kremasjon og ikkje leiger grava. Gravplassforvaltninga har ikkje etter lova ansvar for kiste eller gravminne, så dette må dei etterlatne betale for.15
Omgrepet «fri grav» kom inn i lovgjevinga i 1997. Før den tid hadde ein nytta omgrepa «frigrav» og «frigravfelt» utan at det stod i lovgjevinga som nemninga for ei enkelt grav som ikkje blei leigd. Såkalla fri grav og tilvist grav er eigentleg det same: Ei tilvist grav er den grava gravplassforvaltninga har peika ut til ein avliden.16 Ei «fri grav» betaler ein ikkje gravleige for, men etter fredingstida blir ho anten leigd eller fell attende til gravplassforvaltninga og kan nyttast til ny gravlegging. Så langt utvalet kjenner til, gjer ikkje omgrepet «fri grav» det vanskeleg for folk å forstå kva dei skal og ikkje skal betale for.
7.5.1.4 Varig gravfred eller leige for alltid
På gravplassar godkjende etter gravferdslova gjeld i utgangspunktet ikkje varig gravfred eller uavgrensa avtale om gravleige.17 Dette gjeld også ved gravlegging i særskilt tilrettelagte graver etter gravferdslova § 6 andre ledd tredje punktum, sjå prinsipp 6 i kapittel 5. Det er opp til gravplassforvaltninga lokalt om ei grav skal ha varig gravfred (til dømes etter forskrifta § 30 andre ledd), og kva dei etterlatne skal betale for det. Ifølgje gravferdslova § 8 tredje ledd kan ein gravplass nedleggjast 40 år etter siste gravlegging.18
7.5.1.5 Innkrevjing av gravleige
Når gravleigeperioden nærmar seg slutten, får gravleigaren eit varsel og normalt tilbod om fornying av leigeavtalen.
Sjølv om grava har vore nytta til ny gravlegging i den inneverande gravleigeperioden, får det normalt ikkje verknad for betalingsrutinane. Det inneber at fredingstida for grava vil strekkje seg lenger inn i framtida enn leigeperioden.19 Det inneber at dersom gravleiga ikkje blir fornya, kan gravplassforvaltninga, formelt sett, fjerne gravminnet før fredingstida er ute, sjå gravferdslova §§ 18 og 19.
7.5.2 Ei viktig inntekt for gravplassane
7.5.2.1 Kor mange gravplassforvaltningar krev gravleige?
Gravleige er ei avgift som blir fastsett av kommunen etter framlegg frå det kyrkjelege fellesrådet. Det finst ikkje rammer for kor stor gravleiga kan vere. Undersøkinga til KA frå 2009 viste at 92 prosent av gravplassforvaltningane krev gravleige. Den nettbaserte spørjeundersøkinga sommaren 2013 viste at 94 prosent av gravplassforvaltningane tek gravleige for kistegraver, og 87 prosent tek gravleige for urnegraver.
Svara på den nettbaserte undersøkinga sommaren 2013 tyder på at det i Noreg er 2,4 millionar graver som er tekne i bruk og 1,3 millionar gravleigeavtalar. Tala frå kundedatabasen til Ecclesia tyder på at noko fleire graver er registrert i fagsystema (altså eit litt anna spørsmål enn det som blei stilt i den nettbaserte undersøkinga) og like mange gravleigeavtalar.20
7.5.2.2 Kor mange blir gravleggingar skjer i leigde graver?
Tal frå kundedatabasen til Ecclesia tyder på at 64 prosent av dei gravlagde blei lagde i graver som allereie var leigde, eller som hadde ein ansvarleg. Dette omfattar gravlegging i ei urnegrav i løpet av fredingstida for tidlegare urne og gravlegging i ei kistegrav ved sida (typisk reservert ved sida av grava til førstavlidne). Det tilsvarande talet i Bergen er 53 prosent.21 Desse tala omfattar meir enn gravlegging i graver det blir betalt gravleige for. Utvalet legg til grunn ut frå den informasjon som ligg føre, at om lag halvparten av alle gravleggingar skjer i graver dei etterlatne allereie betaler gravleige for.
7.5.2.3 Nivået på gravleiga
Undersøkinga av gravplassvedtektene i fem fylke viste at fire kommunar set gravleiga for urnegraver lågare enn for kistegraver (Moss, Rygge, Oslo og Trondheim), medan det ei rekkje plassar ikkje var nokon sats for urnegraver. I desse fem fylka er den gjennomsnittlege gravleiga for kistegraver kr 68 per år og kr 61 for urnegraver, men desse prisane blir trekte ned av gravplassforvaltningane som ikkje krev gravleige. Dersom ein ser bort frå gravplassforvaltningane som ikkje krev gravleige, er gjennomsnittleg gravleige på kr 131 per kistegrav per år og kr 114 per urnegrav per år.
Kartlegginga av gravplassvedtektene viste at fire av 94 gravplassforvaltningar i dei fem fylka har progressive satsar for leige av grav, slik at avgifta aukar dess lengre det er sidan siste gravlegging. Fem gravplassforvaltningar hadde leigeperiodar som blir kortare, dvs. at leiga må fornyast oftare dess lenger det er sidan siste gravlegging.
Tabell 7.2 Gjennomsnittleg sats for gravleige for ei kistegrav i kommunar med ulikt innbyggjartal.
Innbyggjarar | Gjennomsnittleg sats for leige av kistegrav |
---|---|
0–1999 | kr 61 |
2000–4999 | kr 90 |
5000–9999 | kr 105 |
10 000–19 999 | kr 140 |
20 000–29 999 | kr 158 |
30 000–49 999 | kr 168 |
50 000–99 999 | kr 209 |
100 000 eller fleire | kr 245 |
Kjelde: Kundedatabasen til Ecclesia
I den nettbaserte undersøkinga sommaren 2013 var gravleiga lik for urne- og kistegraver i 85 prosent av dei gravplassforvaltningane som tek gravleige. I Danmark og Finland er det lågare gravleige for urnegraver enn for kistegraver, sjå nærare kapittel 4. Tal frå kundedatabasen til Ecclesia viser at det er liten skilnad på gravleiga for kiste- og urnegraver i gjennomsnitt. Det er derimot større skilnader om ein ser på innbyggjartalet i kommunen (tabell 7.2) og på dei ulike fylka (tabell 7.3).
Tabell 7.3 Gjennomsnittleg gravleige for ei kistegrav i dei ulike fylka.
Fylke | Gjennomsnittleg sats for leige av kistegrav |
---|---|
Østfold | kr 121 |
Akershus | kr 184 |
Oslo | kr 300 |
Hedmark | kr 156 |
Oppland | kr 158 |
Buskerud | kr 137 |
Vestfold | kr 138 |
Telemark | kr 163 |
Aust-Agder | kr 106 |
Vest-Agder | kr 125 |
Rogaland | kr 109 |
Hordaland | kr 77 |
Sogn og Fjordane | kr 98 |
Møre og Romsdal | kr 86 |
Sør-Trøndelag | kr 102 |
Nord-Trøndelag | kr 93 |
Nordland | kr 75 |
Troms | kr 77 |
Finnmark | kr 33 |
Tala frå Aust-Agder, Hordaland, Møre og Romsdal og Vestfold omfattar under halvparten av innbyggjarane i fylket.
Kjelde: Kundedatabasen til Ecclesia
Dei samla inntektene frå gravleige i 2013 var om lag 210 millionar kroner dersom ein reknar seg fram til eit nasjonalt tal. Gjennomsnittet av dei gjennomsnittlege satsane i dei ulike fylka er kr 123 per år, men her tel små kommunar likt som store. Dersom ein vektar satsane slik at innbyggjarane tel likt, var den gjennomsnittlege gravleiga i 2013 kr 177 per år for ei kistegrav.22 Ut frå informasjonen utvalet har, er kr 177 per år det beste talet for gjennomsnittleg gravleige for ei kistegrav i 2013.
Det er høve til å krevje betaling for leige av grav. I røynda er det nesten umogleg å administrere eit system for gravleige utan å ha fastsett ei avgift og ha faste rutinar for innkrevjing av avgifta. Utan ei eller anna form for betaling vil ein ikkje kunne halde orden på kven som leiger, og kven som vil avslutte leigeavtalen, men utvalet meiner det ikkje er ei oppgåve for staten å bruke lov eller forskrift for å fortelje gravplassforvaltningane at det er lurt og lønsamt å ta gravleige.
Gravleiga er ei kjelde til finansiering av drifta av gravplassen, men prisdanninga er i dag fri. Det vil seie at lova ikkje seier noko om kva gravleiga skal dekkje. Ein kan dermed ikkje seie at den eine gravplassforvaltninga tek for høg gravleige og den andre for låg.
I 2012 rapporterte 18 fellesråd at dei planla auke i gravleigene, medan 30 svarte at dei justerte satsane etter ein indeks eller med faste mellomrom, sjå Russnes og Kjeldsen 2012. Utvalet har ikkje grunnlag for å seie om gravleiga aukar.
Kyrkjelova seier at kommunen skal betale for «utgifter til anlegg og drift av gravplasser» gjennom å gje tilskot til det kyrkjelege fellesrådet. I og med at gravferdslova heimlar brukarbetaling, er kommunen ikkje forplikta til å betale bruttoutgiftene, men nettoutgiftene. Dette er òg ei side ved spillsituasjonen som lova skaper i samarbeidet mellom kommunen og kyrkjeleg fellesråd. Dess høgare brukarbetaling, dess lågare tilskot frå kommunen. Og motsett: Dess lågare tilskot frå kommunen, dess høgare brukarbetaling må gravplassforvaltninga ta.
7.5.2.4 Eit døme: Utrekning av gravleiga i Bergen
I Bergen har dei lagt til grunn at gravleiga skal dekkje ein stor del av kostnadene i gravplassforvaltninga: etablering av grava, vedlikehald av gravplassane og administrasjon. Til saman vil gravleiga for ei kistegrav over 20 år vere på litt over kr 10 000 ut frå satsane i 2013.
Kostnadene ved etablering av dei nyaste gravplassane eller -felta blir delte på talet på etablerte graver. Prisen blir omrekna etter ein indeks for å fange opp kva det kostar å etablere ei grav i dag.23 Ein legg til grunn 60 års avskrivingstid på gravplassar. Fordi kiste- og urnegraver har ulik storleik, blir etableringskostnaden fordelt på kvadratmeter.
Gravleiga skal dekkje vedlikehaldet av dei leigde gravene, ikkje av dei som er fri for betaling. Dette omfattar utgifter til grasklipping, snøbrøyting, kosting, søppeltømming, vatn o.a. Det omfattar òg vedlikehald av vegar, kantstein, vasspostar, bed, hekkar, bygg o.a. For å kome fram til ein vedlikehaldskostnad per grav tek ein utgangspunkt i driftstilskotet frå Bergen kommune til vedlikehald av dei betalingsfrie gravene (og dei verna gravene) på gravplassane etter at ein trekkjer frå for krematorie- og kapelldrift, administrasjon og graving av graver.
Administrasjon blir sett til eit tillegg på om lag 15 prosent av leiga per år. Administrative utgifter omfattar:
utsending av spørsmål til den ansvarlege for grava om kven som skal vere gravleigar, og sende ut vedtak
vedtak om oppsetjing av nytt gravminne og vedtak om påføring av namn
kontakte gravleigar ved kvar fornying med spørsmål om dei ønskjer å leige grava vidare
fakturering for gravleige osb.
7.5.2.5 Vurdering
For gravplassforvaltninga er det ein føremon å ha ei inntektskjelde som kan tilpassast ut frå behova. Gravleiga er ei slik inntektskjelde fordi gravplassforvaltninga er fri til å fastsetje prisen på gravleiga dersom kommunen er samd. Denne fridomen inneber at det ikkje er sett rettslege grenser for kva gravleiga skal dekkje, og det gjeld ikkje noko krav om til dømes å halde seg innanfor sjølvkost. Fridomen gjer det mogleg for kommunen å ta lokalpolitiske omsyn i fastsetjinga av gravleiga.
Økonomisk kan ein sjå på gravleiga som betaling for leige av jord og dermed betaling for at gravplassforvaltninga ikkje kan nytte gravarealet til gravlegging sjølv om fredingstida er ute. Dei fleste stader er satsen for gravleige så låg at 20 års gravleige ikkje på langt nær dekkjer kostnadene ved å etablere nye kistegraver sjølv med 60 års avskrivingstid. Å ta gravleige synleggjer kostnadene ved å la grava stå og kan stimulere til gjenbruk. Mange stader bør det vere rom for auka gravleige, men gravplassforvaltninga bør kunne vise kva dei legg til grunn for auken.
Gravleiga kan fastsetjast på i alle fall tre ulike vis:
Gravleiga skal dekkje etablering, drift og administrasjon av dei leigde gravplassane. Gravleiga kompenserer ikkje for tapet av avgift i den første perioden når det ikkje blir betalt gravleige. (Fredingstida er eitt av elementa i at gravlegging er ei offentleg teneste finansiert over skattesetelen.) Dette er modellen ein har vald i Bergen, og utvalet meiner at dette bør vere det maksimale ein kan tenkje seg å ta i gravleige.
Gravleiga skal dekkje drift, vedlikehald og administrasjon av dei leigde gravplassane, men ikkje etableringa. Dette omfattar mellom anna alt det grøne arbeidet på dei leigde gravplassane: grasklipping, gartnararbeid på tre og hekkar, vasspostar og bed, men ikkje gravstell (i gravbedet) som gravansvarleg har ansvaret for.
Gravleiga skal dekkje drift og vedlikehald av dei leigde gravplassane, men ikkje administrasjon.
Utvalet meiner at prisdanninga på gravleige bør vere fri også i framtida. Der gravleiga er høg, bør gravplassforvaltninga kunne vise korleis dei har rekna ut prisen.
7.5.3 Den betalingsfri perioden
7.5.3.1 Gjeldande rett
Gravferdsforskrifta § 16 seier at ved ny gravlegging i urnegrav i løpet av den betalingsfrie perioden startar det ein ny betalingsfri periode. Det same gjeld ved ny gravlegging i ei kistegrav med dobbel djupne, sjå gravferdsforskrifta § 18 andre ledd, det vil seie at øvre nivå blir teke i bruk i løpet av den betalingsfrie perioden etter gravlegginga i nedre nivå. Dette gjeld òg der ei urne blir gravlagd i ei kistegrav i fredingstida. Prinsippet er at den betalingsfrie perioden kan forlengjast, men dersom fredingstida først har gått ut, blir det ingen ny betalingsfri periode.
7.5.3.2 Norden
I Danmark og Finland må dei etterlatne betale gravleige frå dag éin, sjå nærare kapittel 4. I Sverige har dei ikkje same skilje mellom leigd og tilvist grav som i Noreg. Ei grav er fri for gravleige i 25 år etter siste gravlegging. Dermed kan ei grav vere fri for gravleige så lenge grava blir nytta til ny gravlegging seinast kvart 25. år.24 Den såkalla gravrätten må fornyast, og det er stilt vilkår.
7.5.3.3 Økonomiske insentiv i dag
For den som tek seg av ei gravferd, er det fleire alternativ. Dersom det finst ei leigd grav som blir stilt til disposisjon, kan ein nytte denne grava. Uansett om det finst ei leigd grav eller ikkje, må ein velje mellom kistegravlegging og urnegravlegging. Alle alternativa utløyser kostnader for dei etterlatne og for gravplassforvaltninga. Føresetnaden i tabell 7.4 er at fredingstida er ute og at gravplassforvaltninga betaler kremasjonen, sjå nærare kapittel 6.
Tabell 7.4 Samanlikning av kostnadene ved gravlegging i tilvist grav og leigd grav for dei etterlatne og for gravplassforvaltninga.
Kostnader for dei etterlatne | Kostnader for gravplassforvaltninga | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Gravlegging | Gravleige dei første 20 åra | Gravminne / gravering | Sum | Etablere grava | Grave grava | Kremasjon | Gravleige | Sum |
Tilvist kistegrav (fri grav) | 0 | 15 000 | 15 000 | 15 000 | 5 000 | - | - | 20 000 |
Gjenbruk av leigd kistegrav (etter fredingstida) | 3 5401 | 4 0002 | 7 540 | 0 | 5 000 | - | -3 540 | 1 460 |
Tilvist urnegrav (fri grav) | 0 | 15 000 | 15 000 | 4 650 | 1 100 | 4 800 | - | 10 550 |
Gravlegging av leigd urnegrav (etter fredingstida) | 3 540 | 4 000 | 7 540 | 0 | 1 100 | 4 800 | -3 540 | 2 360 |
1 Gjennomsnittleg gravleige på kr 177 per år x 20 år = kr 3540.
2 Inngravering av nye namn på eit gravminne og køyring av steinen. Personleg informasjon frå Arild Settem i Settem Steindustri.
Kjelde: Tala for gjennomsnittlege kostnader er henta frå den samfunnsøkonomiske kostnadsberekninga i vedlegg 3.
Den som vel ei tilvist kistegrav, utløyser størst offentleg ressursbruk, men får også dei største kostnadene sjølv, sjå tabell 7.4. Gravleiga gjev inntekter som fører til at gjenbruk av kistegrav kostar gravplassforvaltninga minst (netto). For innbyggjarane kostar gjenbruk av graver minst fordi ein berre legg til nytt namn og nye data på gravminnet, ikkje skaffar eit nytt.
7.5.3.4 Vurdering: Ny betalingsfri periode ved påfølgjande gravleggingar?
Det er vanskeleg å forklare innbyggjarane kvifor den eine avlidne skal få ei grav utan kostnad i 20 år (tilvist grav), medan den andre som blir gravlagt i ei leigd grav, ikkje skal få det. Det er òg vanskeleg å forklare kvifor til dømes ektemakar som døyr med kort tids mellomrom og skal leggjast i ei kistegrav med dobbel djupne, skal utløyse ein økonomisk fordel som ikkje blir utløyst dersom lengstlevande døyr meir enn 20 år etter ektemaken. At ei avgift er vanskeleg å forklare for dei som skal betale, reduserer legitimiteten til avgifta. Utvalet meiner at det er behov for å vurdere regelendringar som gjev større likskap.
Dagens ordning inneber at gravleiga som hovudregel blir kravd inn sjølv om grava blir nytta til nye gravleggingar. Utvalet meiner at dette gjev uheldige insentiv ved at den betalingsfrie perioden blir tildelt gravansvarlege som vil ha tilvist grav, og som dermed utløyser størst offentlege kostnader.
Eit alternativ kunne vere å innføre betaling av gravleige frå dag éin for alle graver. Då ville tilvist grav bli mindre økonomisk lønsamt for dei etterlatne enn leigd grav.25 Utvalet meiner at betaling av gravleige i dei første 20 åra ville bryte med prinsipp 1 om at gravlegging er eit offentleg ansvar og skal vere utan kostnad for dei etterlatne, sjå kapittel 5. Det ville òg bryte med prinsipp 4 om likestilling av gravferdsformene ved at oskespreiing ville bli endå meir økonomisk fordelaktig for dei etterlatne.
Alternativt kunne det gjelde ein betalingsfri periode etter alle gravleggingar. Det kostar om lag kr 15 000 å etablere ei kistegrav. Det offentlege kan dermed spare ressursar på at den som tek seg av gravferda, vel å gjenbruke ei leigd kistegrav eller nytte alle fire plassane i ei leigd urnegrav. Dette kan tale for at dei som vel å gravlegge i ei leigd kistegrav, skal sleppe gravleige i dei første 20 åra etter siste gravlegging. Fordi dei etterlatne ikkje treng nytt gravminne, berre gravering, ville gravlegging i leigd grav bli meir økonomisk fordelaktig for dei etterlatne enn tilvist grav.
Utvalet meinar at valet mellom tilvist eller leigd grav i liten grad er lada med kjensler eller livssynsmessige omsyn. Dette taler for at regelverket gjerne kan stimulere dei etterlatne til å velje den typen grav som utløyser minst kostnader for gravplassforvaltninga. Utvalet gjer derfor framlegg om at dei etterlatne ikkje betaler gravleige i dei første 20 åra etter kvar gravlegging i både leigde og tilviste graver.
7.5.3.5 Økonomiske og administrative konsekvensar
Framlegget inneber at den betalingsfrie perioden anten blir forlengd med 20 år, eller at ei ny betalingsfri periode på 20 år tek til.
Dersom ein gjev rett til ny betalingsfri periode ved kvar gravlegging, vil gravplassforvaltningane miste inntekter. Utvalet legg til grunn at når staten gjennom regelendringar fjernar ei inntektskjelde for dei kyrkjelege fellesråda og kommunane, må staten kompensere tapet gjennom auka overføringar i inntektssystemet. Tapet vil i alle fall vere knytt til framtidige gravleggingar. Spørsmålet er kva som skal gjelde for dei som ved regelendringa betaler gravleige for graver der det er mindre enn 20 år sidan siste gravlegging. Med andre ord må det vurderast om eit bortfall av heimel til å krevje gravleige uavbrote av seinare gravlegging òg vil få verknader for løpande gravleigeavtalar. Utvalet viser til fråsegna frå Lovavdelinga i Justisdepartementet 22. april 2010 (sak 201005735) som gjaldt føresegna i gravferdsforskrifta om at den grava som først blei teken i bruk av to graver som var leigde saman, skulle vere fri for leige. Denne føresegna braut med tidlegare rett som gav gravplassforvaltninga høve til å krevje gravleige for begge gravene frå dag éin. Spørsmålet Lovavdelinga skulle ta stilling til, var verknadene den nye føresegna skulle ha for etablerte gravleigeavtalar, det vil seie for dei gravleigarane som før regelendringa hadde teke i bruk den eine av to graver som var leigde saman, og som betalte gravleige for begge graver. Lovavdelinga tok utgangspunkt i at «dagens regelverk kommer til anvendelse også på festeforhold fra før 1997», og seier vidare:
Endringen av regelverket i 1997 medførte at den fremtidige, økonomiske verdien av allerede inngåtte festeavtaler ble redusert. Denne typen justeringer i fremtidige inntektsmuligheter ser vi ikke at kirkens organer eller kommunene er beskyttet mot.
Lovavdelinga konkluderte med at dei nye reglane også måtte gjelde avtalar frå før den nye regelen tok til å gjelde. Gravplassforvaltninga kunne dermed ikkje fortsetje å krevje gravleige for begge gravene og måtte betale attende om dei hadde kravd for mykje. Utvalet meiner at det same må gjelde ved regelendringa ein no gjer framlegg om. Utvalet legg derfor til grunn at regelendringa vil ha verknader for gravleigeavtalar inngått før regelendringa, og at gravplassforvaltninga dermed vil tape også desse inntektene.
Regelendringa vil innebere ulikt inntektsbortfall for ulike typar graver:
For kistegraver med enkel djupne må ein i dag betale gravleige uavbrote av seinare gravleggingar. Dette gjeld til dømes der ei grav er leigd ved sida. Den betalingsfrie perioden vil alltid vere over når det er aktuelt med nye gravlegging. Gravplassforvaltningane vil dermed tape gravleigeinntekter ved all gravlegging i leigde kistegraver med enkel djupne.
For kistegraver med dobbel djupne blir den betalingsfrie perioden forlengd dersom den andre gravlegginga finn stad før dei første 20 åra er over. Gravplassforvaltninga vil dermed tape gravleigeinntekter ved gravlegging i kistegraver med dobbel djupne 20 år etter siste gravlegging.
For urnegraver blir den betalingsfrie perioden forlengd dersom den andre, tredje eller fjerde gravlegging finn stad før dei første 20 åra er over. Gravplassforvaltninga vil dermed tape gravleigeinntekter ved gravlegging i urnegraver 20 år etter siste gravlegging.
Det største inntektstapet vil vere knytt til gravlegging i leigde kistegraver. Det er relativt få graver med dobbel djupne, og utvalet veit ikkje kor ofte den øvste grava blir teken i bruk meir enn 20 år etter første gravlegging. Det er mange urnegraver, men utvalet veit ikkje kor ofte andre, tredje eller fjerde gravlegging finn stad etter meir enn 20 år etter første gravlegging. Ved utrekninga av dei økonomiske konsekvensane tek utvalet derfor utgangspunkt i talet på kistegravleggingar i leigde graver. Talet på urnegraver der regelendringa fører til ein ny frigravsperiode (som ikkje blir teke med i talet på kistegravleggingar) blir truleg i nokon grad vege opp av talet på gravleggingar i kistegraver med dobbel djupne (som blir teke med i talet på kistegravleggingar).
Utvalet la ovanfor til grunn at om lag halvparten av alle gravleggingar skjer i graver dei etterlatne allereie betaler gravleige for, sjå kapittel 7.5.2.2. Dette talet er avgjerande når ein reknar ut dei økonomiske konsekvensane av framlegget her.
Element i utrekninga:
63 prosent av dei 41 992 avlidne i 2012 blei gravlagde i kiste (26 455 gravleggingar).
50 prosent av desse blei lagde i ei leigd grav (13 227 gravleggingar), sjå kapittel 7.5.2.2.
Gjennomsnittleg gravleige er kr 177 per år, sjå kapittel 7.5.2.3.
Dette gjev om lag 2,34 millionar kroner i tapte inntekter frå gravleige i det første året (13 227 x 177)
Same år ville 19 tidlegare årgangar med gravleggingar òg betale gravleige. Dette gjev om lag 47 millionar kroner i tapte inntekter (20 x 2,34).
Utvalet legg til grunn at kommunesektoren måtte bli kompensert med kr 47 millionar kroner i auka årlege overføringar som følgje av at reglane blir endra slik at alle gravleggingar utløyser ein periode på 20 år med fridom for gravleige.
Når eventuell kompensasjon blir lagd inn i rammetilskotet til kommunane, vil tilskotet bli fordelt etter objektive storleikar og ikkje reflektere gravleiga i den enkelte kommunen. Framtida er uviss både med tanke på val av gravferdsformer og talet på avlidne. Kompensasjonen bør derfor bli rekna ut frå talet på avlidne i dag og gravleiga i dag.
Lovendringa fører til at å gravleggje i leigd grav ikkje utløyser meir i gravleige enn gravlegging i tilvist grav. Denne insentivverknaden kan føre til at fleire vel gravlegging i leigd grav, men utvalet meiner at innsparinga for gravplassforvaltninga er for usikker til at det vil vere riktig å trekkje noko frå i kompensasjonen frå staten.
7.5.4 Oppheve koplinga mellom den betalingsfrie perioden og fredingstida?
7.5.4.1 Lengda på fredingstida
Den kortaste fredingstida er etter lova like lang for både kiste- og urnegraver i Noreg. Fredingstida varierer mellom dei nordiske landa, sjå kapittel 4. Oske blir ikkje broten ned slik som eit lik, men oska endrar seg og blir blanda med jorda. I Danmark og Finland er det kortare fredingstid for urner. Av omsyn til tradisjon, tid for sorgarbeid og til likestilling av dei to gravferdsformene meiner utvalet at fredingstida framleis bør vere den same for både kiste- og urnegraver. Fredingstida bør framleis vere minimum 20 år.
7.5.4.2 Økonomisk likestilling på tvers av landsdelar
Ei tilvist grav er fri for betaling av gravleige i fredingstida. Det vil seie at fredingstida og den betalingsfrie perioden er like lange, sjå gravferdslova §§ 8 første ledd og 19 andre ledd. Klimaet eller tilhøva i jorda kan føre til at liket ikkje vil bli brote ned på 20 år. Då må gravplassforvaltninga fastsetje ei lengre fredingstid i vedtektene. Koplinga mellom den betalingsfrie perioden og fredingstida inneber at gravplassforvaltninga ber kostnadene ved å halde på grava heilt fram til ho kan nyttast til ny gravlegging. Dagens ordning fører til at det varierer kor lang den betalingsfrie perioden er, eller med andre ord: det varierer kor snart dei etterlatne må betale gravleige.
Dersom den betalingsfrie perioden ikkje var knytt til fredingstida, ville dei etterlatne betale gravleige etter like mange år etter gravlegginga over heile landet. Dette inneber større likskap i brukarbetalinga på tvers av landsdelar og vil gjere betalinga meir føreseieleg. Dersom ein går inn for at det også skal gjelde ein betalingsfri periode ved gravlegging i leigde kistegraver, vil det vere meir føreseieleg for dei etterlatne om den betalingsfrie perioden er fast og ikkje varierer med fredingstida.
Utvalet gjer framlegg om at den betalingsfrie perioden skal vere 20 år over heile landet og for alle typar graver. Framlegget inneber endringar i gravferdslova §§ 14 og 19 og gravferdsforskrifta §§ 15a og 16.
7.5.4.3 Kva skjer med innbetalt gravleige når grav ved sida blir teken i bruk?
Etter gjeldande rett skal gravansvarleg betale gravleige for grav ved sida frå dag éin. Utvalet gjer ovanfor framlegg om at det ikkje skal betalast gravleige dei første 20 åra når grava blir teken i bruk. Ingen veit når dødsfall skjer. Det kan gå eitt, sju eller tjue år før ei leigd grav ved sida blir teken i bruk til gravlegging. Dermed kan gravansvarleg ha betalt gravleige for fem år, sjølv om grava blir teken i bruk etter to år. Spørsmålet er kva som skal skje med innbetalt gravleige for dei tre siste åra av perioden.
Administrative omsyn taler imot at innbetalt gravleige skal betalast attende. Det vil fort koste meir å gjennomføre transaksjonen enn beløpet det er tale om. Administrative omsyn taler også imot at gravleigeperioden blir frosen. Slik frysing vil krevje funksjonar i fagsystema og vil uansett skape utfordringar når betalinga skal takast opp att. Gravleiga kan ha gått opp i mellomtida, og omrekninga kan bli vanskeleg. Utvalet legg vekt på at gravplassforvaltninga har eit visst preg av masseadministrasjon med behov for enkle reglar. Utvalet tilrår at innbetalt gravleige tilfell gravplassforvaltninga, og at ein ny gravleigeperiode tek til etter at dei 20 betalingsfrie åra er over, sjå framlegg til gravferdslova § 14 første ledd.
7.5.4.4 Økonomiske og administrative konsekvensar
Dei økonomiske konsekvensane for gravplassforvaltninga vil vere avgrensa, men endringa vil innebere auka inntekter ved at ein kan krevje gravleige ein del plassar tidlegare enn den lengre fredingstida gjev høve til. Utvalet har ikkje data for fredingstida lokalt eller kor stor gravleiga er på stader der ein etter lovendringa kan krevje inn gravleige tidlegare, men utvalet legg til grunn at meirinntektene er avgrensa. Utvalet legg til grunn at kvaliteten på jorda på nye gravplassar framleis vil vere så god som mogleg, og at fredingstidene ikkje vil bli lengre som følgje av regelendringa. Utvalet reknar ikkje med administrative innsparingar for gravplassforvaltninga ved at den betalingsfrie perioden ikkje varierer.
Dersom den betalingsfrie perioden ikkje er knytt til fredingstida, blir gravleige meir ein rett til å bevare grava enn ein rett til å gravleggje på nytt. Dette inneber at gravleiga – i alle fall i første del av leigeperioden på stader med fredingstid over 20 år – ikkje kan reknast som ein kompensasjon for at gravplassforvaltninga ikkje kan nytte grava til ny gravlegging.
For dei etterlatne vil endringa innebere noko auka kostnader der fredingstida i dag er lengre enn 20 år. Dersom dei etterlatne ikkje vil leige grava etter 20 år, gjeld sjølvsagt fredingstida. Dersom dei etterlatne ikkje betaler gravleige, kan gravplassforvaltninga ta bort gravminnet i fredingstida, sjå gravferdslova §§ 18 og 19. For dei etterlatne fører opphevinga av koplinga mellom den betalingsfrie perioden og fredingstida til at dei betaler for ei grav som ikkje kan nyttast til ny gravlegging (fram til fredingstida er ute). Det kan bli oppfatta som urimeleg – særlig dersom fredingstida er lang. Fordi grava er i fredingstida, kunne dei etterlatne ikkje nytte ho til ny gravlegging uansett, men i motsetnad til i dag må dei altså betale gravleige også i fredingstida. Utvalet legg til grunn at meirkostnadene for dei etterlatne blir avgrensa. Utvalet legg vidare til grunn at det vil gå greitt å forklare forholdet mellom fredingstida og den betalingsfrie perioden for dei etterlatne også i desse situasjonane.
7.5.5 Leige av ei kistegrav ved sida
Det er tradisjon for at ektemakar og slekt gjerne vil nytte same grava, ei såkalla slekts- eller familiegrav. Ein kan gravleggje inntil fire avlidne i éi urnegrav og enda fleire dersom dei døyr med meir enn 20 års mellomrom. Dersom ein vel kistegravlegging og det ikkje finst graver med dobbel djupne, kan gravferdsansvarleg leige ei kistegrav ved sida av.26
Ei grav som blir leigd ved sida av, blir ikkje reservert for ein særskild person. Det er opp til leigaren å ta stilling til om grava skal nyttast, og eventuelt kva for avliden som skal gravleggjast der.
At gravferdsansvarlege må betale gravleige frå dag éin for kistegrav ved sida, er vanskeleg å forklare for innbyggjarane.27 Ved gravlegging i ei slik leigd kistegrav ved sida blir det ikkje rekna ein ny periode utan gravleige.28 Folk ser gjerne føre seg at den betalingsfrie perioden gjeld for alle, og opplever det som inkonsekvent og urimeleg at gravlegging i ei leigd grav ved sida av ikkje utløyser ein ny betalingsfri periode, sjå kapittel 7.5.3 ovanfor.
Regelen er eigentleg ganske klar og enkel. Dei første 20 åra utan betaling av gravleige gjeld berre for graver som blir peika ut (tilvist) av gravplassforvaltninga.29 Alle andre graver er leigde graver, og då må ein betale leige så lenge ein vil ha grava, uansett om ein eller fleire blir gravlagde i henne i leigeperioden.
Når ein reserverer ei grav for framtidig gravlegging, har dette ein kostnad. Og det gjev ulemper for drifta av gravplassane. Ein del plassar blir ikkje alle leigde graver ved sida nytta til gravlegging og blir ståande att som enkeltgraver. Desse kan ikkje like enkelt nyttast til gravlegging. Gravfelt blir fort fylte opp om berre annakvar grav blir nytta i dei første 10–20 åra. Derfor er det rimeleg at gravansvarleg betaler leige for kistegrav ved sida av.
Utvalet meiner at det bør leggjast til rette for at personar som kjenner at dei høyrer saman i livet, kan bli gravlagde ved sida av kvarandre eller i same grava. Gravplassrådgjevaren sitt framlegg til vedtekt § 3 første ledd legg til rette for gravlegging ved sida av: «Når kistegrav skal tas i bruk er det anledning til å feste en grav ved siden av og etter søknad til kirkelig fellesråd for en ekstra grav i tillegg når behovet tilsier det. Disse gravene utgjør da et gravsted.» Utvalet har ikkje kartlagt kva som gjeld lokalt, men meiner at dette spørsmålet er eigna for lokale løysingar og krev ikkje statlege reglar.
Grava til førstavlidne er fri for betaling av gravleige i 20 år. Den leigde grava er ikkje det. Gravferdsansvarlege eller den som blir gravleigar for gravstaden, betaler gravleige frå dag éin for den leigde grava eller dei leigde gravene ved sida av. Ved gravlegging i den leigde grava blir ho fri for betaling av gravleige i 20 år, sjå framlegget ovanfor. Utvalet meiner at dette er ein god balansering av omsyna til likskap for innbyggjarane og god arealøkonomi for gravplassforvaltninga.
7.5.6 Same gravleige for urne- og kistegraver
Urnegraver krev ikkje same jord som kistegraver, og dei er grunnare. Dei tek òg mindre plass enn kistegraver. Dette taler for at gravleiga for urnegraver bør vere lågare enn for kistegraver, sjå kapittel 7.5.2.3 om gravleiga for urne- og kistegraver. På den andre sida taler prinsippet om økonomisk likestilling av kremasjon og kistegravlegging for at gravleiga skal vere lik for urne- og kistegraver. Nokre livssyn føretrekkjer kremasjon, andre kistegravlegging. Ulik pris på gravleiga vil føre til at etterlatne etter ei gravferd i tråd med dei eine livssynet betaler meir enn etterlatne etter ei gravferd i tråd med eit anna. Utvalet meiner at kremasjon og kistegravlegging skal likestillast økonomisk, og at gravleiga derfor skal vere den same for urne- og kistegraver, sjå framlegg til ny § 21a i gravferdslova og kapittel 8.4.3.1 om utanbygds gravlegging. Gravplassforvaltninga kan fastsetje prisen på gravleige, slik at ein ikkje taper på lovendringa, og utvalet meiner derfor at det ikkje er behov for kompensasjon frå staten.
7.5.7 Leigeperioden
I Noreg kan leigeperioden ikkje vere lengre enn 20 år, men han kan vere kortare, sjå gravferdslova § 14 tredje ledd.Korte periodar inneber at gravplassforvaltninga oftare har kontakt med gravleigarane. Dette fører til at gravregisteret kan haldast betre à jour med namn og adresser. Administrativt er dette ein føremon sjølv om det krev meir arbeid. Arealmessig er det òg ein føremon dersom ein får avslutte leige av ei grav som dei etterlatne ikkje lenger er interesserte i. I kartlegginga utvalet gjorde av vedtekter og betalingssatsar i fem fylke, dominerte leigeperiodane på 10 og 20 år blant dei gravplassforvaltningane som svarte på dette spørsmålet: 39 prosent hadde 10 år og 44 prosent 20 år. Andre leigeperiodar blant dei som svarte, var 5 år (14 prosent) og 1, 4 eller 15 år (alle 1 prosent).
Utvalet meiner at leigeperiodar på 20 år er for lange. Så lange leigeperiodar krev at dei etterlatne må ta stilling til sine ønske for nesten ein generasjon fram i tid. Praktiske omsyn taler òg for kortare leigeperiodar. Utvalet gjer derfor framlegg om at leigeperioden ikkje skal vere lengre enn fem år av gongen, sjå framlegget til endring i gravferdslova § 14 tredje ledd.
Kortare leigeperiodar vil innebere at faktura må sendast oftare enn i dag. Det kan tale for at kostnadene til gravplassforvaltninga vil auke. Når ein tek omsyn til at over halvparten av gravplassforvaltningane allereie i dag har kortare leigeperiode enn lova krev, og at kortare leigeperiodar kan frigjere graver til ny gravlegging, meiner utvalet at det ikkje er behov for kompensasjon frå staten for denne regelendringa.
7.5.8 Maksimal leigetid
Gravferdslova tek ikkje stilling til kor mange gonger eit leigeforhold kan fornyast, men dette kan vere regulert i vedtektene for gravplassen. Nokre stader er det ikkje sett grenser, det vil seie at kvar gong ein gravleigeperiode blir avslutta, kan det gjerast avtale om ein ny. Andre stader er det sett avgrensingar, til dømes slik at når det har gått 60 år etter siste gravlegging, kan leigeavtalen ikkje fornyast utan særleg samtykke frå kyrkjeleg fellesråd.
Graver som fell attende til gravplassen, kan takast i bruk på nytt. Opphøyr av gravleige og sletting av graver er god arealøkonomi. Sjølv om ein set ei slik maksimal leigetid, kan ei slekt halde på ei grav lenge likevel. Ei grav som blir nytta til gravlegging oftare enn den maksimale leigetida, kan ein halde på i lange tider.
Ei maksimal leigetid på 60 år var det vanlegaste i kartlegginga av vedtekter og betalingssatsar i fem fylke. Blant dei som hadde fastsett ei maksimal leigetid, hadde 70 prosent 60 år, 16 prosent 80 år og 3 prosent 90 år. Andre maksimale leigetider blant dei som svarte, var 35, 40 og 50 år (alle 1 prosent).
Maksimal leigetid på 60 år etter siste gravlegging er mest vanleg og er også det som ligg i gravplassrådgjevaren sitt framlegg til vedtekt, sjå vedlegg 5. Utvalet meiner at det bør vere opp til gravplassforvaltninga lokalt om ein vil fastsetje ei maksimal leigetid, men vil peike på at den maksimale leigetida av omsyn til dei etterlatne ikkje bør vere kortare enn 60 år. Utvalet meiner at gravleigaren i regelen bør få fornye gravleiga, i alle fall så lenge det finst etterlatne som er villige til å ta på seg ansvaret det inneber, sjå tilsvarande føring i Sverige i Handbok för begravningsverksamheten 2013 side 141.
7.5.9 Avtale om gravleige
Gravferdslova seier at i § 14 fjerde ledd at «Kirkelig fellesråd skal utstede festebrev og anmerke dette i gravregisteret.» Lova set ikkje formkrav til utforming av avtalen eller «festebrev». Når ein fornyar avtalen om gravleige, sender gravplassforvaltninga ein faktura og leigaren betaler avgifta. I praksis ser ein det gjerne slik at kvitteringa på innbetalt gravleige kan erstatte eit særskilt «festebrev». Plikta til å registrere gravleiga i gravregisteret følgjer av gravferdsforskrifta § 19 første ledd.
Utvalet meiner at føresegna i gravferdslova § 14 fjerde ledd bør endrast slik at ein kjem bort frå ordet feste. Praktiske omsyn og omsynet til informasjon taler for at ein held fast ved kravet om skriftleg avtale som blir sendt til gravleigaren når gravleigeavtalen tek til å gjelde.
7.5.10 Oppsummering: Framlegg til endra lovføresegn om leige av grav
I drøftingane ovanfor har utvalet grunngjeve framlegget om at gravferdslova § 14 skal lyde:
Gravplassforvaltningen kan inngå avtale om leie av grav etter nærmere regler og vilkår fastsatt i gravplassens vedtekter. For leie av grav kan det kreves avgift. Grav er fri for gravleie i 20 år etter hver gravlegging. Ny leieperiode tar til etter den betalingsfrie perioden.
Leieavtalefor grav kan bare innehas av en person.
Leieperioden skal ikke være lengre enn 5 år. Leieforholdet kan fornyes dersom graven er holdt i hevd og fornyelse ikke vil vanskeliggjøre en forsvarlig drift av gravplassen.
Gravplassforvaltningen skal utstede etskriftlig avtaledokument og anmerke leieforholdet i gravregisteret.
7.5.11 Avslutting av gravleige. Betaling for fjerning av gravminne
Gravleigaren avgjer sjølv om ho eller han ikkje vil leige grava vidare, med mindre leigeforholdet har nådd ei maksimumsgrense og gravplassforvaltninga ikkje samtykkjer i forlenging.
Ved avsluttinga av leigeforholdet eller dersom ansvarleg for fri grav vel å ikkje leige grava, skal leigaren eller den ansvarlege få høve til å fjerne gravminne frå grava. Dersom gravminnet ikkje er fjerna innan seks månader, blir det gravplassen sin eigedom, sjå gravferdslova §§ 18 andre ledd og 19. Utvalet forstår gjeldande rett slik at dersom gravleigaren eller den ansvarlege skriftleg seier frå seg gravminnet, har gravplassforvaltninga ansvaret for det.
Av 94 gravplassforvaltningar i dei fem fylka utvalet har kartlagt, har tolv fastsett ein sats for betalinga for fjerning av gravminnet. Prisane spenner frå kr 500 til kr 800. Det er ikkje heimel for å krevje dette som avgift, så dette er betaling for ei teneste. Ein pris på kr 500 er så høg at det for dei etterlatne mange stader vil kunne vere meir lønsamt å leige vidare i staden for å betale gravplassforvaltninga for å fjerne gravminnet. Når nye graver i gjennomsnitt kostar kr 15 000 å etablere, er det nok at éin leigar avsluttar leigeforholdet for å dekkje dei tapte inntektene frå 30 gravleigarar som ikkje må betale kr 500 for å fjerne gravminnet.
Utvalet viser til at gravplassforvaltninga tek over gravminnet etter eit halvt år. Det inneber at dei som betaler for å få fjerna gravminnet, er gravleigarar som fjernar det i løpet av eit halvt år etter at leigeforholdet er avslutta. Blant desse kan det vere gravleigarar eller ansvarlege som ikkje forstod at dei kunne sleppe å betale ved å sitje stille. Derfor bør gravplassforvaltninga ikkje krevje betalt for å fjerne gravminnet frå ei grav som skal slettast. Dersom gravleigaren eller den ansvarlege vil ha gravminnet som privat eigedom, kan ho eller han be eit firma hjelpe seg med å flytte gravminnet bort. Utvalet gjer framlegg om ei ny føresegn i gravferdsforskrifta:
§ 38 Fjerning av gravminne
Gravplassforvaltningen kan ikke kreve betaling for å fjerne gravminne fra en grav som skal slettes, jf. gravferdsloven § 18.
Det er i dag få gravplassforvaltningar som tek betalt for denne tenesta, og utvalet ser ikkje behov for kompensasjon frå staten for regelendringa.
7.6 Konkurranse på gravplassen
7.6.1 Sal av gravstell
7.6.1.1 Fire av fem sel gravstell
I den nettbaserte undersøkinga sommaren 2013 blei gravplassforvaltningane spurde om sal av gravstell. Gjennomsnittsprisen for stell av grav er om lag kr 900 per år. Dersom ein føreset at dei som svarte på spørsmål om inntektene frå sal av gravstell, var representative for dei 80 prosentane av gravplassforvaltningane som sel gravstell, blir dei samla årlege inntektene frå sal av gravstell over 84 millionar kroner. Bergen og Oslo er haldne utanfor landsgjennomsnittet fordi deira inntekter er så mykje høgare enn i andre kommunar; Oslo står for 43 av desse millionane åleine.
Tal frå kundedatabasen til Ecclesia tyder på at gjennomsnittleg pris for stell av grav er kr 828 per år, altså ikkje så langt unna talet ovanfor. I kommunar med under 10 000 innbyggjarar er gjennomsnittsprisen lågare enn i større kommunar, sjå tabell 7.5. Variasjon i pris kan kome av lågare kostnader eller at produktet er eit anna, til dømes berre sommarstell.
Tabell 7.5 Gjennomsnittleg inntekt per avtale om gravstell i kommunar med ulike storleik.
Innbyggjarar i kommunen | Gjennomsnittleg fakturert beløp per avtale om gravstell i 2013 |
---|---|
0–1999 | 523 |
2000–4999 | 529 |
5000–9999 | 580 |
10 000–19 999 | 727 |
20 000–29 999 | 1 067 |
30 000–49 999 | 872 |
50 000–99 999 | 1 074 |
Fleire enn 100 000 | 791 |
Kjelde: Kundedatabasen til Ecclesia
Tala frå Ecclesia tyder på at dei samla inntektene gravplassforvaltningane har frå sal av gravstell, var over 176 millionar kroner i 2013, altså langt høgare enn tala ovanfor.30 Tala frå Ecclesia tyder på at gravplassforvaltningane har over 213 000 avtalar om gravstell, såkalla legat osb.31
Gravstell blir gjort anten av tilsette i fellesrådet, tilsette i kommunen eller av næringsdrivande etter konkurranse. Blant dei som svarte på desse spørsmåla i den nettbaserte undersøkinga sommaren 2013, blir gravstell utført av tilsette i fellesrådet hos 60 prosent av gravplassforvaltningane, ved kjøp frå næringsdrivande hos 34 prosent og av tilsette i kommunen hos 6 prosent.
Blant dei som svarte på desse spørsmåla i undersøkinga, er 54 prosent av gravplassforvaltningane åleine om å tilby gravstell. 35 prosent svarer at også andre aktørar tilbyr gravstell, det vil seie at det er konkurranse på gravplassen. Når 11 prosent svarer at dei ikkje veit, kan det kome av at det er opna for konkurranse, men at gravplassforvaltninga ikkje har oversikt over kven som tilbyr gravstell på gravplassane i kommunen.
7.6.1.2 Ein avtale mellom private og ein leverandør
Ein avtale om gravstell inneber at ein leverandør gjer ein jobb for ein privatperson (den som er ansvarleg for grava, eller gravleigaren). Partane i kontrakten er leverandøren og privatpersonen. Leverandøren kan ha avtale med mange privatpersonar. Prisen blir partane samde om.
Gravplassforvaltninga har kontraheringsplikt som leverandør av gravstell, det vil seie at gravplassforvaltninga ikkje kan selje til nokon og nekte å selje til ein annan. Gravplassforvaltninga vil heller ikkje kunne tvinge på kundane tilleggsytingar, det vil seie krevje at innbyggjarane kjøper meir enn dei eigentleg treng eller vil ha, sjå nærare Eckhoff og Smith 2010 side 476–478.
7.6.1.3 Økonomisk aktivitet
Gravplassforvaltningane er ikkje pålagde å tilby gravstell. Den som er ansvarleg for grava, og gravleigaren skal halde grava i hevd, sjå gravferdslova §§ 15 første ledd og 19 første ledd. Dersom gravplassforvaltninga tilbyr gravstell, løyser gravplassforvaltninga ei oppgåve for private. Det inneber ei rekkje konsekvensar.
For det første kan gravplassforvaltninga krevje betaling for gravstellet. Det er frivillig for den private parten om ho eller han vil inngå avtalen. Det er med andre ord ikkje tale om avgift.
For det andre må gravplassforvaltninga krevje betaling for gravstellet. Gravplassforvaltninga driv både økonomisk aktivitet (i daglegtale: forretningsverksemd) og ikkje-økonomisk aktivitet (i daglegtale: offentlege oppgåver). Som eit utgangspunkt kan ein seie at dersom private verksemder kan tilby det same, er det økonomisk aktivitet. Grensene mellom økonomisk og ikkje-økonomisk aktivitet må vurderast konkret for kvar bransje og blir stadig utvikla i EU-retten. Dersom noko er økonomisk aktivitet, spelar det inga rolle om det faktisk finst slike private verksemder lokalt. Ein kan ikkje drive økonomisk aktivitet med inntekter frå ikkje-økonomisk aktivitet. Det ville kunne vere kryssubsidiering og ulovleg offentleg støtte, sjå EØS-avtalen artikkel 61 og lov av 27. november 1992 nr. 117 om offentlig støtte. Dette inneber at betalinga gravplassforvaltninga krev for gravstellet, må dekkje både dei faste og variable kostnadene ved denne delen av verksemda.32 Det vil seie at salet av gravstell må gå i balanse eller i pluss. Gravplassforvaltninga kan ikkje subsidiere gravstellet med inntekter frå andre delar av verksemda til gravplassforvaltninga, fordi dette i realiteten då vil vere offentleg finansiering av forretningsverksemd.33
Boks 7.1 Korleis finne fram til kostprisen. Døme på retningslinjer i eit kyrkjeleg fellesråd
For å ha ei ryddig rekneskapsføring må interne og eksterne aktivitetar førast kvar for seg i rekneskapen. Dersom gravplassforvaltninga sel tenester i ein konkurranseutsett marknad, må inntektene og utgiftene knytte til tenestene ein sel, førast på separate konti. Det er også vesentleg at prisen gravplassforvaltninga tek i ein konkurranseutsett marknad, dekkjer alle relevante kostnader.
Eit utgangspunkt for prissetjinga i ein konkurranseutsett marknad kan vere kostpris. Denne prisen dekkjer alle kostnadene ein har ved å ha ei avdeling operativ, dvs. alle direkte kostnader og ein rimeleg del av felleskostnadene. Etter at ein har lagt saman alle dei direkte og indirekte kostnadene, bryt ein summen ned på timar per år. Dermed vil ein ha ein kostpris per time. Ved sal av tenester i ein konkurranseutsett marknad må verksemda kjenne til kostprisen sin for å gjere ei rett prissetjing.
Nedanfor følgjer ei liste over løns- og driftsutgifter inkludert ein del av fellesutgiftene (det vil seie utgifter ein får uavhengig av om avdelinga er operativ eller ikkje) som kan vere relevante for å finne kostprisen per time:
Utgifter til løn inkludert sosiale utgifter til den enkelte tilsette
Utgifter til husleige (leige per kontorplass inkl. del av møterom, kantine og fellesareal)
Avdelingsleiing
Einingsleiing (del av arbeidstida leiaren nyttar på å følgje opp avdelinga)
Utgifter til kursing og utdanning (kan fastsetjast ut frå røynsler frå tidlegare år)
Utgifter til programvare og datautstyr (kan fastsettast ut frå røynsler frå tidlegare år)
Utgifter til bilar og utstyr (innkjøp, avskriving, årsavgift, service og reparasjonar, drivstoff, forsikring osv.)
Velferd (gåver, bedriftshelseteneste, kantine, andre velferdstiltak)
Utgifter til toppleiing (overordna styring og leiing)
Utgifter til økonomitenester (lønskøyring, fakturering, rekneskapsføring)
Utgifter til HR-tenester (rekruttering, oppfølging av sjukmelde m.m.)
Utgifter til IKT-tenester (oppfølging og support)
Utgifter til tillitsvalde (frikjøp av tilsette delt på talet på medlemer)
Utgifter til forsikring (yrkesskade, gruppeliv, ulykke, ansvar)
Utgifter til marknadsføring, tapte anbod og andre tiltak for sal i marknaden
Døme på utrekning av kostpris for ein gartnar
Del av arbeidstida til einingsleiar som blir nytta på gartnaravdelinga, til dømes 15 prosent. Denne delen vil kunne variere frå stad til stad.
Einingsleiing
løn inkludert sosiale kostnader (15 prosent)
del husleige (15 prosent av leige for kontorplassen til leiar)
del it-utstyr, telefoni, kurs o.l. (15 prosent av kostnadene, faktiske eller estimerte)
Avdelingsleiing
løn inkl. sosiale kostnader
husleige (leige til administrasjon skal delast på talet på tilsette, leige for ein kontorplass)
utgifter til it-utstyr, telefoni, kurs o.l.
Bilkostnader og anna utstyr
Del avskriving, årsavgift, service og reparasjonar, drivstoff, forsikring
Summen av desse postane skal fordelast på talet på stillingar og gjev eit tillegg per stilling.
Kostnader knytte til den enkelte gartnaren
del velferd (gåver, kantine, velferdsføremål, bedriftshelseteneste)
del forsikring (yrkesskade, personalulykke, gruppeliv)
del kurs
utgifter til arbeidsklede og utstyr
del tillitsvaldordning
del toppleiing
del økonomi-, IT- og HR-tenester
Ein får årleg totalsum per gartnar ved å leggje saman summane for del einingsleiing, avdelingsleiing, kostnader til bil og utstyr, individuelle kostnader og årsløn til gartnar inkludert sosiale kostnader.
Det er nødvendig å finne fram til eit årleg tal for kor mange timar kvar tilsett skal arbeide. Dette er fastsett til 1600 timar per år. Ved å dele totalsummen per gartnar på timetallet får ein kostprisen per time.
Sjå òg ESA-sak 69933 og avgjerda Dec. No: 144/13/COL
For det tredje må gravplassforvaltninga skilje mellom dei kostnadene som gjeld den lovpålagde verksemda (ikkje-økonomisk aktivitet), og dei som gjeld forretningsverksemda (økonomisk aktivitet) for å sikre at ein ikkje gjev offentleg støtte til forretningsverksemda.34 Dette inneber at timeverka og bruken av utstyr må fordelast (allokerast) på dei to typane aktivitet. Formelt er det ikkje krav om separate rekneskap, men det blir kravd at ein nyttar effektive verkemiddel for å hindre kryssubsidiering der det er fare for det. Prissetjinga til gravplassforvaltninga må ta omsyn til alle typar kostnader, til dømes timepris, tid, sosiale utgifter, innsatsvarer (blomar og jord), maskinar, reiskap, lager, garderobar, administrasjon og felleskostnader.
Det offentlege konkurrerer med private på fleire område. På eitt område har det kome framlegg om at kommunane og kommunale selskap skal betale skatt på lik linje med konkurrentane, sjå høyringsnotat frå Finansdepartementet som blei sendt ut 24. april 2013 Skatteplikt for kommuner som utfører avfallstjenester i et marked. Det er med dette ikkje teke stilling til om skatteplikt bør gjelde generelt der det offentlege konkurrerer med private på like vilkår.
Dersom gravplassforvaltninga driv økonomisk aktivitet, bør denne delen av verksemda gå i balanse eller pluss, mellom anna for å unngå kryssubsidiering. Gravferdslova er ikkje til hinder for at gravplassforvaltninga nyttar eit eventuelt overskot frå sal av gravstell som dei sjølv vil. I dei lokale vedtektene for gravplassane for ein kommune kan ein fastsetje at overskot frå sal av gravstell skal nyttast til tiltak på gravplassane. Skiljet mellom kyrkjelege føremål og gravplassforvaltninga skal kome tydeleg fram i budsjettet og i rekneskapsrapporteringa.
7.6.1.4 Kva skal til for at gravplassforvaltninga nektar nokon å tilby gravstell?
Forvaltningslova gjeld for gravplassforvaltninga også når ho konkurrerer i marknaden. Det inneber mellom anna visse krav til likebehandling. Av omsyn til likebehandling og konkurranse bør gravplassforvaltninga sjå til at alle aktuelle verksemder får same høve til å søkje om løyve til å drive verksemd på gravplassane.
I gravplassrådgjevaren sitt framlegg til vedtekter for gravplassane, sjå vedlegg 5, er det i § 10 ei regulering av næringsverksemd på gravplassen:
Næringsdrivende som ønsker å drive virksomhet på gravplassen skal innhente tillatelse fra kirkelig fellesråd. Tillatelsen kan tilbakekalles dersom vedkommende ikke retter seg etter de regler som gjelder. Slik virksomhet kan bare omfatte montering og vedlikehold av gravminner og planting og stell av graver.
Denne føresegna finn ein att i vedtektene til 82 av dei 94 gravplassforvaltningane som utvalet har kartlagt. Føresegna gjev høve til å nekte næringsdrivande å utføre gravstell på gravplassane dersom dei ikkje har løyve frå gravplassforvaltninga. Det står ikkje noko i vedtekta om grunnar til at gravplassforvaltninga kan eller burde nekte nokon slikt løyve. Hovudpoenget med føresegna er truleg i praksis at ein kan trekkje attende løyvet frå leverandørar av gravstell som ikkje følgjer reglane for gravplassen.
Gravplassforvaltninga kan ikkje utan vidare nekte ei verksemd å tilby gravstell. Grunngjevinga må vere sakleg, slik som i offentleg forvaltning elles. Dersom gravplassforvaltninga tilbyr gravstell sjølv og systematisk nektar andre å tilby gravstell i konkurranse med gravplassforvaltninga, kan det vere tale om misbruk av forvaltningsmynde. Dersom gravplassforvaltninga set urimelege vilkår for løyvet som stiller konkurrentane svakare i konkurransen, kan det vere tale om utilbørleg utnytting av dominerande stilling, sjå konkurranselova § 11.
7.6.2 Sal av gravminne
7.6.2.1 Når gravplassforvaltninga sel gravminne
Gravferdsforskrifta § 25 gjev kyrkjeleg fellesråd mynde til å godkjenne gravminne. Departementet har kommentert rolla som forvaltningsstyresmakt for godkjenning av gravminne når gravplassforvaltninga sel gravminne, sjå rundskriv P-12/2012:
Kirkelig fellesråd må være bevisst på sin rolle som forvaltningsorgan og godkjenningsmyndighet for gravminner. Denne rollen lar seg ikke forene med å formidle salg av gravminner.
Med dette rundskrivet gav departementet beskjed om at dei ikkje likte rollekombinasjonen, men gjekk ikkje så langt at dei konstaterte inhabilitet. Berre 1 av dei 94 gravplassforvaltningane utvalet har kartlagt, sel gravminne. Dette kan tyde på at rundskrivet frå departementet har hatt gjennomslag.
7.6.2.2 Når tilsette i gravplassforvaltninga sel gravminne
Rolleklarleik er eit heilt sentralt omsyn for offentlege tenestemenn, det vil seie også for tilsette i gravplassforvaltninga, anten dei arbeider ute på gravplassen eller på kontor. Rolla til dei tilsette i gravplassforvaltninga kan bli uklar dersom dei sel gravminne. Spørsmålet om kva dei tilsette kan gjere i og utanom arbeidstida, er primært eit arbeidsrettsleg spørsmål.35 I Oslo er spørsmålet om dei tilsette kan selje gravminne regulert i arbeidskontraktane og i Etiske regler for ansatte i Oslokommune. Dette er òg regulert i gravplassrådgjevaren sitt framlegg til vedtekt § 10 andre ledd:
Gravplassbetjeningen kan ikke mot godtgjørelse utføre tjenester for private eller næringsdrivende. De kan heller ikke engasjere seg i salg av varer eller tjenester som har med gravplassen å gjøre.
Denne føresegna finn ein att i vedtektene til 57 av dei 94 gravplassforvaltningane i dei fem fylka utvalet har kartlagt. Utvalet har ikkje kartlagt om etiske reglar eller arbeidskontraktar inneber at det same gjeld i fleire gravplassforvaltningar. I vedtekta for gravplassane i til dømes Ibestad, Rissa og Tydal står det at dei tilsette kan søkje om løyve frå fellesrådet til å formidle sal av gravminne og vedlikehaldsoppdrag av gravminne. På dette viset blir det skapt openheit om verksemda dei tilsette driv på gravplassane.
7.6.2.3 Vurdering
Spørsmålet om rolleklarleik i forvaltninga kjem opp på ei rekkje sektorar fordi det offentlege og private tilbyr tenester på dei same områda. Fordi dette er ei generell problemstilling, vil det vere lite tenleg med ei særskilt regulering i gravferdslova som til dømes tek bort høvet for gravplassforvaltninga til å selje gravminne og dei tilsette å tilby gravstell.
Rolleklarleik kan like gjerne og truleg meir effektivt regulerast i vedtekter og arbeidskontraktar. Som for anna offentleg forvaltninga er det ei oppgåve for gravplassforvaltninga lokalt å arbeide for openheit og tillit hos innbyggjarane.
7.7 Forskotsbetalt gravstell
7.7.1 Ei vanleg ordning
Gravstell er ikkje ei offentleg oppgåve. Dersom gravplassforvaltninga sel gravstell, skjer dette på forretningsmessig grunnlag, sjå kapittel 7.6.
Forskotsbetalt gravstell utfordrar gravplassforvaltninga til å skilje mellom forvaltning og forretningsverksemd. Forskotsbetalt gravstell blir forvalta av forvaltninga og utført som forretningsverksemd (eller sett ut på anbod).
I den nettbaserte undersøkinga sommaren 2013 svarte 80 prosent av gravplassforvaltningane at dei har ei ordning med forskotsbetalt gravstell. 73 prosent av dei som tilbyr gravstell, har tilbod om årleg fakturering. Resten fakturerer då sjeldnare, med andre ord for fleire år om gongen.
Det har vore vanleg å tale om «gravlegat».36 Utvalet vel å tale om avtale om «forskotsbetalt gravstell». Ordet legat peikar i retning av ei sjølvstendig økonomisk eining, noko som reiser ei rekkje vanskelege spørsmål.
I gravplassrådgjevaren sitt framlegg til vedtekt er det ei føresegn som regulerer avtalar om gravstell:
Boks 7.2 Rekneskapsføring av forskotsbetalt gravstell
Inntekter frå stell av grav bør rekneskapsmessig bli behandla likt, uavhengig av om gravstell blir utført ved avtale om årleg fakturering, eller om det skjer etter avtale om forskotsbetalt gravstell for ein nærare avtalt periode. Inntektsføringa i rekneskapen skal etter god kommunal rekneskapsskikk (GKRS) vere samanfallande med når tenesta blir utført.
For ordning med årleg fakturering («årsavtaler») vil fakturering/betaling vere samanfallande med det året gravstellet blir utført, og denne praksis reiser ingen problemstillingar når det gjeld rekneskapsføring og eventuell mva-behandling.
Ved ordning med forskotsbetalt gravstell, oppstår det spørsmål om både tidspunkt for inntektsføringa og mva-behandling. Det eksisterer i dag ulike variantar av rekneskapsføring. Varierande praksis her er uheldig, og gravplassforvaltningane bør etablere einsarta rekneskapspraksis for gravstell.
Det eksisterer framleis ordningar der forskotsinnbetalte midlar ikkje er tekne inn i balansen til gravplassforvaltninga, men kjem fram som «gravfond» eller «gravlegat» utanfor rekneskapen. Denne praksisen er ikkje i samsvar med føresegnene i økonomiforskrifta om at all verksemd som fellesrådet har ansvar for, skal inngå i budsjettet og rekneskapen til fellesrådet. Etter klar tilråding frå KA og revisormiljøet har ein stor del av gravplassforvaltningane no teke inn forskotsbetalte midlar i balansen.
Ein vanleg rekneskapspraksis i mange gravplassforvaltningar er at forskotsinnbetaling for X år blir inntektsført det året innbetalinga skjer, og blir sett av til bunde fond. Vidare skjer overføring frå dette fondet suksessivt i dei åra avtalen gjeld for. Denne løysinga er rekneskapsmessig problematisk på fleire måtar. Inntektsposten i rekneskapen for utført gravstell kjem i sin heilskap i år 1 og er dermed ikkje samanfallande med utføringa av gravstellet. I staden kjem den årlege inntekta fram som «bruk av fond». Kravet i mva-lova er at avgiftspliktig omsetning skal kome fram på særskilte inntektskonti i rekneskapen. Det er også problematisk at forskotsbetalte midlar kjem fram som fond og rekneskapsmessig inngår som del av eigenkapitalen til gravplassforvaltninga.
Rekneskapsmessig behandling bør skjer ved at inntektsføringa i driftsrekneskapen skjer det året gravstellet blir utført. Denne inntektsføringa vil då også vere samanfallande med avgiftspliktig omsetning, og mva-behandling skjer etter denne forståinga.
Rekneskapsmessig blir løysingen slik:
Forskotsbetalinga blir behandla som ein betalingstransaksjon og blir reskontroført i rekneskapen på lik linje med vanlege betalingar for mellomverande med kundar/leverandørar. Det forskotsinnbetalte beløp kjem fram som kortsiktig gjeld.
Forskotsinnbetalt beløp bør behandlast på særskild bankkonto, åtskilt frå dei ordinære driftskonti til gravplassforvaltninga. Det er ikkje noko lov-/forskriftskrav i rekneskapsregelverket som pålegg at midlane skal vere på særskilde bankkonti. Dette er likevel sterkt tilrådd for å sikre ei forsvarleg forvaltning av midlane.
Avtalt pris for gravstellet (sjå prislister) «blir fakturert» det respektive år som stellet blir utført, og blir inntektsført i driftsrekneskapen på lik linje med stell som har «årsavtale». Årsprisen blir belasta mellomverande med kunde/avtalemotpart.
Mva-behandling må skje i samsvar med gjeldande mva-reglar (plikt til mva-registrering dersom samla avgiftspliktig omsetning overstig kr 50 000 i ein 12-månads periode).
Utgifter til gravstell blir rekneskapsførte på dei konti der desse etter sin art høyrer heime, og desse utgiftene har ikkje noko å seie for forholdet til kunden/avtalemotparten.
Saldo på den særskilde bankkonto blir justert årleg i samsvar med samla restsaldo på stellavtalar. Renter på den særskilde bankkonto er i utgangspunktet ei fri inntekt for gravplassforvaltninga, med mindre ein gjennom avtalar har forplikta seg til å tilføre renter årleg til «legatet».
Det er ein føresetnad at det blir utvikla rutinar og systemløysingar for effektiv og forsvarleg behandling i samråd med dei aktuelle systemleverandørane (som til dømes Ecclesia og Gravlund)
Kyrkjelege fellesråd som har ei annan rekneskapsløysing enn den som er teikna opp her, må endre rekneskapsføringa si. Dette vil bidra til ei enklare og meir oversiktleg rekneskapsføring, i samsvar med økonomiforskrift og god kommunal rekneskapsskikk.
Teksten er utarbeidd av utvalsmedlemene Gerd Signe Vigebo og Trygve Nedland
§ 8. Gravstellsavtale
Ved innbetaling av et bestemt beløp fra ansvarlig for frigrav eller fester, vil kirkelig fellesråd overta ansvar for planting og stell av gravstedet for ett eller flere år. Det skal i hvert enkelt tilfelle signeres en gravstellsavtale. Midlene forvaltes av kirkelig fellesråd. Det innbetalte beløp med tillegg av renter skal dekke utgiftene til planting og stell av gravstedet etter den inngåtte avtalen og til administrasjon og revisjon for et fastsatt tidsrom. Beløpet skal også dekke eventuell merverdiavgift til staten, etter de bestemmelser som til enhver tid gjelder for kirkelige fellesråd.
Det kan ikke gjøres avtale for lengre tid enn den foranliggende festetid eller en tilsvarende periode. Dersom det i avtaleperioden oppstår slike økonomiske forhold at midlene ikke strekker til, skal kirkelig fellesråd gi melding om dette til den ansvarlige eller festeren. Da er det anledning til å øke kapitalen slik at den varer tiden ut. I motsatt fall vil vedlikeholdet opphøre når midlene er oppbrukt.
Dersom det gjenstår en rest av kapitalen når avtaletida er ute, blir disse å anvende til forskjønnelse av gravplassen.
Kapital fra de ulike avtalene forvaltes felles og inngår i fellesrådets regnskap, men det kreves bruk av undersystem/reskontro som til enhver tid holder rede på bevegelser og gjenstående beløp på de respektive avtaler.
Utvalet har ikkje kartlagt korleis gravstellavtalar er regulerte i vedtektene rundt om i landet.
Dette framlegget til standardvedtekt går attende til 1987.37 Føresegna er avgrensa til gravstell. Det inneber at nyare avtalar berre gjeld gravstellet, ikkje andre utgifter som til dømes gravleige. Frå gammalt av kan det vere avtalar om at gravleige skulle betalast frå eit «fond». Etter gravferdslova av 1997 er det eit krav at gravleigar skal vere ein person, det er ikkje nok med eit «fond» som betaler gravleiga.
7.7.2 Vurdering
7.7.2.1 Ta bort høvet til å etablere nye «fond»
Å kunne setje av pengar til stell av eiga grav er ein tradisjon og eit svar på eit følt behov for å kunne avlaste dei etterlatne og å kunne ha eit skin av kontroll utover eiga levetid. Utvalet meiner at dette ikkje er gravplassforvaltninga sitt ansvar. Testator kan setje av pengar som eit familiemedlem eller ein advokat forvaltar til kjøp av gravstell. Utvalet meiner at gravplassforvaltninga ikkje bør forvalte andre sine pengar eller sjølvstendige «fond» eller «legat».
Utvalet meiner at dei rettslege rammene fort blir uklare dersom gravplassforvaltninga tek imot einsidige innbetalingar frå bustyrar eller andre med utgangpunkt i eit testament. Gravstell bør byggje på avtale. Det inneber at dersom nokon vil betale for gravstell på førehand, må det skje etter faktura frå gravplassforvaltninga. Utvalet gjer framlegg om å ta bort høvet til å ta imot einsidige innbetalingar til gravstell osb. Det gjev gravplassforvaltninga eit rettsleg grunnlag å vise til når dei returnerer einsidige innbetalingar.
Dei fonda eller legata som i dag finst, bør avviklast om mogleg.38
7.7.2.2 Forskotsbetaling for dei første 20 åra og deretter inntil 5 år
Rekneskapsmessig er den enklaste og klaraste modellen at gravstell blir fakturert kvart år. Av praktiske omsyn kan ein vere tent med å betale for fleire år under eitt, mellom anna fordi beløpet elles blir lite og faktureringskostnadene relativt store.
Utvalet meiner at gravleigeperiodane ikkje bør være lengre enn 5 år, sjå ovanfor 7.5.7. Det vil fort bli krøll om nokon betalte gravstellet for fleire år enn dei hadde avtale om gravleige. Dette inneber at avtalar om gravstell ikkje bør gjelde meir enn 5 år. Det bør likevel vere høve til å betale på førehand for dei første 20 åra.
Utvalet meiner at det er behov for ein rettleiar om behandlinga av gamle og nye avtalar om gravstell og om avvikling av avtalar om «fond», sjå kapittel 9.7.2.
Utvalet gjer framlegg om følgjande endring der ny § 21b i gravferdslova skal lyde:
§ 21b Salg av gravstell
Gravplassforvaltningen kan ikke ta imot innbetalinger til fond eller liknende avsatt til gravstell eller liknende formål.
Gravplassforvaltningen kan bare selge gravstell til gravleiere og gravansvarlige etter nærmere regler og vilkår fastsatt i gravplassens vedtekter. Gravplassforvaltningen kan ta imot forhåndsbetaling for gravstell i de første 20 år etter gravlegging og for øvrig ikke lenger enn leietiden. Beløp som overstiger behovet eller gravleietiden, tilfaller gravplassforvaltningen.
Merknader:
Nye avtalar om gravstell kan berre gå ut på at dei etterlatne blir fakturerte på førehand for dei første 20 åra etter gravlegginga og deretter for inntil 5 år.
Gravplassforvaltninga kan ikkje ta imot einsidige innbetalingar til gravstell, dvs. innbetalingar direkte frå til dømes advokat som er ansvarleg for å skifte eit bu. Innbetalingar som ikkje byggjer på faktura eller avtale, må returnerast.
Bakgrunnsretten tilseier at det kyrkjelege fellesrådet og kommunen normalt har rettsleg kompetanse til å selje gravstell. Føresegna set vilkår for når gravplassforvaltninga kan selje gravstell. Dersom gravplassforvaltninga skal selje gravstell, må reglar og vilkår for salet av gravstell gå fram av vedtektene.
Prisane på sal av gravstell treng ikkje gå fram av vedtektene, men vilkåra elles bør vere regulerte der. Prisen for gravstell bør gå fram av ei prisliste på nettstaden til gravplassforvaltninga, sjå 7.2.6 ovanfor.
Siste punktum i andre ledd regulerer det same som framlegget til vedtekt: «Dersom det gjenstår en rest av kapitalen når avtaletida er ute, blir disse å anvende til forskjønnelse av gravplassen.» Det er ikkje sikkert at det er behov for investeringar eller særskild innsats på gravplassen der grava ligg eller låg. Framlegget til lovføresegn er opnare når det gjeld kva midlane kan nyttast til. Det er opp til gravplassforvaltninga å finne eit eigna føremål.
Forvaltninga av forskotsbetalt gravstell vil vere nærliggjande for revisor å sjå på. I kommunane vil òg kontrollutvalet og administrasjonssjefen kunne interessere seg for at forvaltninga går føre seg på ein god måte.
Føresegna bør ikkje ta til å gjelde straks, men må vente i alle fall eitt kalenderår etter vedtaket i Stortinget, slik at vedtektene kan endrast.
7.7.2.3 Økonomiske og administrative konsekvensar
Framlegget regulerer ein svært avgrensa del av forretningsverksemda i gravplassforvaltninga. At ein tek bort høvet til å etablere «fond», inneber at ein fastset for alle den rettslege modellen som mange gravplassforvaltningar allereie sjølve har funne fram til. Avgrensinga i høve til forskotsbetaling inneber noko meir administrativt arbeid, men heng saman med endringa i leigeperioden. Utvalet meiner at det ikkje er behov for å kompensere kommunane som følgje av desse nye reglane.
Fotnotar
I NOU 1989: 7 Den lokale kirkes ordning meinte utvalet at det var uheldig at gravleige og andre avgifter varierte «fra sted til sted» og gjekk inn for at sentrale styresmakter skulle fastsetje rettleiande satsar som ein lokalt berre kunne gå over ved «særlige tilfeller», sjå NOU 1989: 7 side 234.
Sjå rundskriv H-2140 frå KRD (2003): Nye retningslinjer for beregning av selvkost for kommunale betalingstjenester.
I NOU 1989: 7 Den lokale kirkes ordning gjekk utvalet inn for at det ikkje skulle vere høve til å krevje avgift ved kremasjon av innanbygds, sjå NOU 1989: 7 side 234.
To av avgiftene er òg heimla andre stader i lova: gravferdslova § 10 sjuande ledd som gjev ein sjølvstendig heimel til å krevje avgift for kremasjon og § 14 første ledd heimlar avgift for leige av grav.
Verksemda i forvaltninga kan delast inn i tre hovudtypar: utøving av offentleg mynde (som styresmakt), yting av tenester og næringsverksemd, sjå nærare Eckhoff og Smith 2010 side 470.
Lova heimlar òg krav om dekning av utgifter ved gravlegging i særskilt tilrettelagd grav, men då er det kommunen der avlidne var folkeregistrert, som må betale, sjå gravferdslova § 6 andre ledd tredje punktum.
Lista gjer greie for oppgåver dei etterlatne ikkje skal betale for. Lista tek ikkje bort høvet til å krevje betaling dersom ei gravplassforvaltning løyser desse oppgåvene for ei anna gravplassforvaltning, det vil seie betaling mellom gravplassforvaltningane.
Det er ikkje ei offentleg oppgåve å flytte gravminnet når det skjer på initiativ frå den ansvarlege for grava. – Fellesrådet gjer vedtak om flytting av lekam eller oske (gravferdslova § 7 andre ledd), men kven som betaler for sjølve flyttinga, heng saman med årsaka til flyttinga.
I brev til Oslo kommune 17.11.05 slo departementet fast at «Bortkjøring av blomster og nødvendig flytting av monument i forbindelse med gravlegging er etter departementets vurdering tiltak som faller innenfor det ordinære driftsansvaret og skal følgelig ikke være gjenstand for krav om særskilt betaling.» – I Sverige blir det å setje opp att gravminne etter gravlegging dekt av begravningsavgiften, sjå Handbok för begravningsverksamheten 2013 side 134.
Sjå Innst.O. nr. 46 (1995-1996) punkt 2.2.5. der fleirtalet i stortingskomiteen «meiner at alle medlemer i soknet skal kunne nytte kyrkja til kyrkjelege handlingar utan at dei treng å betale for det». Dei lokale reglane for betaling for leige av kyrkja osb. skal godkjennast av bispedømerådet.
Sjå NOU 2013: 1 side 164-165. Om omgrepa livssynsopen og livssynsnøytral, sjå NOU 2013: 1 side 159.
Løyvinga for 2014 er på over 10 millionar kroner, sjå Prop. 1 S (2013-2014) for Kulturdepartementet side 42.
Dersom ei grav blir verna, kan det vere naudsynt å registrere ein ansvarleg i fagsystemet for å unngå sletting. Om gravplassforvaltninga av slike omsyn blir registrert som eigar eller leigar av ei verna grav, er det likevel ikkje tale om gravleige.
Sjå Lise Christoffersen og Janne Teigen: «Når livet slutter før det begynner», 2013.
Pinnar eller liknande enkle merke som gravplassforvaltninga set opp for å markere grava, er ikkje eit gravminne. Dersom gravferdsbyrået til dømes set opp ein enkel, kvitmåla kross på grava, tek dei gjerne betalt for det.
Sjølv om det som hovudregel blir tilvist ei kistegrav eller ei urnegrav ut frå kva ein treng, kan ein likevel få tildelt ei kistegrav sjølv om det skal gravleggjast ei oskeurne. Ein tek då sikte på å gravleggje ei kiste i same grav ved eit seinare høve. Å gravleggje urna først er ei praktisk utfordring. Urna blir sett ned først, opp mot utkanten av grava, for å gje plass til seinare gravlegging av kiste, men dette fører til at ein kan kome borti urna under gravlegginga av kista og dermed forstyrre gravfreden. – Det kan vere ulike motiv for val av grav. Ein kan ha større gravstein på ei kistegrav og dermed meir plass til namn og minneord. I tillegg er det meir plass på ei kistegrav og dermed ein fordel ved at ein kan ha større gravbed og lengre avstand til omliggjande gravminne.
I første halvdel av 1900-talet var det praksis nokre stader å gje folk høve til å leige grav for alltid.
I Sverige seier begavningslagen 7 kap, 5 § at evig eller varig rett til ei grav berre gjeld så lenge gravplassen er gravplass. Med andre ord: Blir gravplassen lagd ned, forsvinn alle rettar.
Nokre gravplassforvaltningar ber leigaren om å forlengje leigeperioden for grava så langt inn i framtida at den samsvarer med utløpet av fredingstida. Det er eit krav som leigaren ikkje har plikt til å følgje.
Talet omfattar òg registrering av gravplassforvaltninga som ansvarleg for ei grav. Det kan til dømes vere ei verna grav eller kommunal gravferd.
Personleg informasjon frå gravplassjef Inghild Hareide Hansen. I NOU 1989: 7 side 307 finst eit døme på ei utrekning av gravbehov som legg til grunn 45 prosent.
Desse tala byggjar på registreringane i ein kundedatabase. Leverandøren fastset systemet, men brukarane registrerer. Det inneber at ein ikkje veit om alle kundane nyttar felta på same vis. Tala må derfor nyttast med dette atterhaldet.
Sjå Byggekostnadsindeks for bustadblokk som blir rekna ut av Statistisk sentralbyrå.
Handbok för begravningsverksamheten 2013 side 140–141. Avgiftsnivået i Sverige ligg på om lag 55–110 kroner per år.
Dersom ein ikkje vidareførte fridomen for gravleige ved gravlegging av ei urne til i løpet av fredingstida eller ved gravlegging i øvste nivå av ei kistegrav med dobbel djupne, ville gravleige frå dag éin redusere den økonomiske fordelen for dei etterlatne ved å velje å gjenbruke ei leigd grav. Samfunnsøkonomisk vil det ikkje vere lønsamt.
Det er opp til gravplassforvaltninga å ta stilling til kor mange graver som kan leigast ved sida av. Denne opplysninga skal gå fram av vedtektene for gravplassen. – I Danmark har lengstlevande ektemake eller partnar etter lova rett til ein gravstad med to plassar, sjå § 15 i lov om folkekirkens kirkebygninger og kirkegårde. Ein bør hugse på at det er god plass på gravplassane i Danmark og relativt få gravleggingar i kiste.
Dette er uttrykt slik i ein e-post til utvalet frå Borg bispedømmekontor: «Vårt kontor får henvendelser fra lengstlevende som finner det uforståelig og urimelig å måtte betale festeavgift for egen fremtidig grav når de ønsker å gravlegges ved siden av avdød ektefelle.»
Regelen heng att frå gamle dagar då berre dei best økonomisk stilte hadde høve til leige ei eller fleire graver ved sida av den som var teken i bruk. Andre blei gravlagde i såkalla frigraver, og det førte til dømes til at ektefolk blei gravlagde ein her og ein der.
Tilvist inneber ikkje at dei etterlatne ikkje har høve til å kome med ønske om kvar på gravplassen grava skal liggje, men gravplassforvaltninga avgjer.
Talet inkluderer all fakturering. Det inneber at inntekta er talt med sjølv om fakturaen ikkje blei betalt og stellet dermed ikkje levert. Dette forklarer likevel ikkje skilnaden mellom 84 og 176 millionar kroner.
I Finland har dei nasjonal statistikk over talet på løpande og nyetablerte avtalar om gravstell. I 2012 var det nær ein halv million gravstellavtalar, og av desse var over 40 000 avtalar om stell for alltid. Av dei 167 973 avtalene inngått i 2012 gjaldt det store fleirtalet sommarstell. Sjå nærare Statistisk årsbok för kyrkan 2012 side 219.
Dette kan til dømes vere ein del av arbeidstida til gravaren og ein del av kostnadene til innkjøp og vedlikehald av utstyr til gravinga. – Dette er òg situasjonen i Sverige, jf. Handbok för begravningsverksamheten 2013 side 153. Dersom stellavtalane ikkje går i balanse, må underskotet dekkjast av kyrkoavgiften (medlemmene i Svenska kyrkan), ikkje av begravningsavgiften.
Det er vanleg å seie at verksemda bør gje eit rimeleg overskot som tilsvarar det ein ville vente av ei samanliknbar privat verksemd.
Framstillinga her tek ikkje opp unntaka i statsstøtteregelverket som tillèt offentleg støtte i avgrensa omfang og dei formelle krava som gjeld i den samanheng.
Det dåverande Kultur- og kyrkjedepartementet skreiv i eit brev til Steinindustriens Landssammenslutning 19. desember 2006: «Departementet er enig i at det kan medføre uheldig rolleblanding dersom ansatte under kirkelige fellesråd formidler salg av gravminner (…) Etter departementets syn må endringer i praksis skje ved at det på lokalt plan skapes oppmerksomhet om problemstillingen og gode holdninger, eventuelt ved at det enkelte kirkelige fellesråd regulerer forholdet i instruks overfor sine ansatte.»
Om ulike typar fond i Sverige, sjå Handbok för begravningsverksamheten 2013 side 163.
Ordlyden i framlegget til vedtekt var nokså lik i 1987 (sjå brev frå kyrkjegardskonsulenten til stiftsdireksjonane av 16. september 1987), men det blei den gongen kravd separate rekneskap for kvart legat og at desse skulle bli reviderte av kommunerevisoren kvart år. Kravet om separat rekneskap blei teke ut i den versjonen av framlegget til vedtekt som er trykt i Den nye kirkegårdsboka frå 2005.
Gravplassforvaltninga kan vurdere om eit «fond» eller «legat» er ei stifting, og om det dermed er aktuelt med omdanning etter stiftingslova kapittel 6.