8 Språkdyrking – eit korrekt og velfungerande språk
8.1 Språkdyrking og språkpolitikk
8.1.1 Språkdyrking
Både for å fremja det norske språkets status og bruk på alle område i samfunnet og for at språket skal fungera som eit best mogleg instrument for kvar enkelt språkbrukar, må språkpolitikken også handla om språket i seg sjølv.
På same måten som det å utvikla kompetansen hos språkbrukarane også er eit middel for å sikra språkets posisjon i samfunnet, representerer dyrkinga av språket og språksystemet eit nødvendig grunnlag både for kompetanseutviklinga og det språklege statusarbeidet.
Språkdyrking blir her brukt i ei tyding som er meint å omfatta all aktivitet som rettar seg direkte inn mot sjølve språket, det som med eit meir teknisk faguttrykk gjerne kan kallast for språkets korpus. Det dekkjer i vår samanheng alt frå ulike former for dokumentasjon av språket til normering og språkleg rådgjeving av alle slag, kort sagt alt det som direkte og indirekte kan støtta opp under målet om eit korrekt og velfungerande språk.
Utan at vi held språket vårt i god hevd og legg til rette for at det kan tena som eit funksjonelt og finstemt instrument for tanken, kan vi heller ikkje rekna med å halda oppe respekten for språket hos språkbrukarane. Difor er korpusarbeid og språkdyrking ikkje berre eit mål i seg sjølv, men også ein grunnleggjande føresetnad for å verna om språkets posisjon formelt og kvantitativt. Korpusarbeidet blir indirekte eit verkemiddel også i statusarbeidet.
8.1.2 Språkdyrking i språkpolitikken
Språkdyrking må drivast på mange plan, og i stor grad dreier det seg her om eit spekter av faglege aktivitetar som i seg sjølv ikkje kan utformast og styrast gjennom språkpolitiske vedtak og tiltak.
Viktige aktørar er dei språkfaglege forskingsmiljøa ved universitet og høgskular og dei private bokforlaga som står som utgjevarar av ordbøker og annan språkfagleg litteratur. Også innanfor statens eige fagorgan i språkspørsmål, Språkrådet, vil dei fleste av dei aktivitetane som har med språkdyrking å gjera, i hovudsak vera baserte på eit språkfagleg grunnlag.
Overfor desse aktørane vil det frå sentralt statleg hald vera tale om ulike former for medverknad for å leggja til rette nødvendige rammevilkår, særleg av økonomisk og organisatorisk art, mest direkte overfor dei statlege institusjonane, men indirekte til dels også overfor relevante private aktørar.
Jamvel om aktuelle offentlege institusjonar, særleg innanfor universitets- og høgskulesektoren, har eit vidt indre sjølvstyre, er det likevel ein føresetnad at dei har eit bevisst forhold til både språkpolitiske og språkfaglege spørsmål og følgjer opp det faglege ansvaret og dei ulike oppgåvene dei har også på språkfeltet.
Elles vil det også vera eit aktuelt verkemiddel frå statleg side å yta særskild økonomisk støtte til ulike former for språkdyrkingstiltak i offentleg eller privat regi. Døme på dette er statleg støtte til ordboksprosjekt.
Det er også eit spørsmål om og i tilfelle korleis ein offentleg språkpolitikk gjennom ulike verkemiddel kan påverka eller leggja til rette for formålstenleg språkdyrking også innanfor sentrale språkdomene som det offentlege sjølv ikkje har direkte styring med, til dømes innanfor viktige delar av medieverda.
Men først og fremst har det offentlege eit ansvar for å innretta si eiga verksemd slik at ho best mogleg lever opp til kravet om god og funksjonell språkbruk. Så lenge det er tale om eiga verksemd, er det også lettare å setja i verk nødvendige tiltak. Mellom anna må arbeidet for eit enklare og meir forståeleg språk i offentleg forvaltning inngå som eit sentralt element i den nye språkpolitikken.
8.2 Språkutvikling og nye språklege kommunikasjonsformer
8.2.1 Språkutvikling
8.2.1.1 Stabilitet og endring
Språk er eit overgripande samfunnsfenomen som lever sitt eige liv. Det har sitt grunnlag i den menneskelege språkevna og blir gjenskapt på nytt og på nytt ved overføring frå den eine generasjonen til den neste. Det vi kallar morsmålet, er frå først av eit spontant talespråk, og innlæringa skjer nærast som ein automatisert prosess, som eit biprodukt av det grunnleggjande kommunikasjonsbehovet som oppstår i møte mellom barn og foreldre.
Men kvar ny språkbrukar må systematisera språket på nytt. Først får barnet kontroll over dei enklaste reglane, seinare kjem dei meir spesielle og det som vik av frå hovudmønsteret.
Såpass innfløkt som språkbygnaden er, skal det mykje til at det språket den nye generasjonen lærer seg, er fullt ut identisk med foreldrespråket. I sjølve språksystemet ligg det såleis eit stadig tildriv til nyregulering, og eit levande språk har dermed alltid i seg ein kime til endring.
I tillegg til slike indre faktorar blir språket også påverka av ytre faktorar. Ikkje minst gjeld det for ordtilfanget, medan grammatikken er meir stabil. Utviklinga i den materielle kulturen med nye reiskapar, oppfinningar, varer og yrke osv. krev nye ord, og gamle ord døyr når tinga dei refererer til, blir avleggse. Tilsvarande skjer som resultat av endringar i den åndelege kulturen. Særleg stor er ordsirkulasjonen i slangspråk.
Men det er også ytre faktorar som held utviklinga i sjakk, som kan forklara at språket ikkje endrar seg meir enn det faktisk gjer. Den konserverande krafta er at språksystemet fungerer som eit sett av sosiale normer som vi tøyer oss etter i språkinnlæringa.
Visse felles normer er dels nødvendige for at språkbrukarane i det heile skal forstå kvarandre, men minst like viktig er det at vi ofte ønskjer å likna kvarandre, i språket som i andre ting. Det betyr at vi gjerne vil snakka slik som dei vi omgåast, slik som den gruppa vi har vår sosiale identitet knytt til.
8.2.1.2 Språkleg identifikasjon
I det moderne samfunnet, med stor sosial og geografisk mobilitet, blir tradisjonelle identitetsband brotne, og nye identifikasjonsbehov oppstår. Dermed vil den språklege identifiseringsfunksjonen også skapa endringar av språkleg art, både hos enkeltindivid og sosiale grupper.
Ei viktig endring dei siste tiåra er framveksten av eigne til dels isolerte ungdomsmiljø. I det gamle stabile samfunnet med relativt kort skulegang var dei vaksne i mykje større grad enn i dag det språklege førebiletet for ungdommen.
No gjer langvarig skulegang sitt til at færre ungdommar lever i dagleg kontakt med arbeidslivet, og at færre følgjer i fotefara til foreldra. I staden utgjer dei eit eige ungdomsmiljø med sterke interne bindingar, og då er det identifikasjonen med dette miljøet som blir sterkast, nettopp i språkleg viktige innlæringsår.
8.2.2 Talemålsendringar
8.2.2.1 Lydverket
Språkendringar skjer for ein stor del som generasjonssprang. 1
Eit typisk døme er at mange norske ungdommar i dag har slutta å skilja mellom kj- og sj-lyden; ord som kino og kjole blir uttalte som sjino og sjole. Enkeltståande døme på slik uttale vart registrert alt på 1960-talet, men førebels finst det knapt 50-åringar som ikkje skil mellom kj- og sj-. Truleg er dette berre eit tidsspørsmål. Språkvitarar meiner at utviklinga kan føra til at sjino blir uttalenorma i alt norsk talemål, men at det vil ta lang tid før språket over heile landet eventuelt har gjennomført dette språkdraget, kanskje så mykje som 250 år.
Spreiinga av slike språkdrag kan også stoppa opp, og då oppstår nye dialektgrenser. Til dømes stoppa den nordgåande spreiinga av uttalefenomenet tjukk l i si tid ved Hamarøy i Nordland. Slike stabile dialektgrenser kan oppstå på nytt, og gamle grenser kan igjen ta til å flytta på seg, slik det i dag skjer med uttalen skarre-r, som er i ferd med å erobra område der det tidlegare var rulle-r.
8.2.2.2 Regional og sosial utjamning
Endringane i talemålet i dag er prega av regionalisering. Det vil seia at det skjer ei dialektutjamning mellom lokalsamfunna innanfor ein større region. Dialektskilnader som er knytte til ei bygd eller ein by, blir borte til fordel for felles drag.
I slike utjamningsprosessar er det ein tendens til at enkle grammatiske løysingar sigrar over dei meir innvikla. I Trondheim til dømes skilde ein før mellom –e og –a i fleirtal, alle marken og alle visan, men dei siste tiåra har utviklinga gått i retning av –an i alle ord, og dette fenomenet spreier seg etter kvart til større område.
Lengst i retning av eit felles regionspråk har utviklinga gått på det sentrale Austlandet. Der har ein fått det som ofte blir omtalt som standardaustlandsk, og som er så einsleta at ein knapt høyrer om ein person er frå Kongsberg eller Kongsvinger. Denne fellesdialekten har mange drag frå dei folkelege bymåla, aller mest frå Oslo. Det heiter til dømes brøyt der ein før sa braut, kasta der ein før sa kaste i fortid, vi’kke for vil itte, såver for søv osv. På det indre Austlandet og i austlandsdalane har ikkje utviklinga gått så langt. Men i gamle stasjonsbyar og i nye sentrum har det utvikla seg enklavar med sterke standardaustlandske innslag.
Hardast har utviklinga gått ut over dei gamle riksmålsdialektane, det som gjerne vart kalla det høgare talemålet i byane. Vi finn knapt nokon i etterkrigsgenerasjonen i Bergen som seier någen, efter eller nu. Det som før vart oppfatta som vulgære former, har sigra.
I Stavanger har sosietetspronomenet je (’eg’) problem med å overleva. På Frogner i Oslo er det også mykje mindre av dei lyse a-ane (i for eksempel gAte); og piker må vika for jenter osv. Men samstundes har også gatespråket teke opp i seg nye drag med meir skriftspråksnære former.
Som ei oppsummering av talemålsutviklinga dei siste femti åra kan ein seia at det har vore ein tendens til både regional og sosial utjamning. På mange måtar er dette ein spegel av den geografiske og sosiale utjamninga som har gått føre seg i samfunnet elles. Kontaktflatene har endra seg, og identitetsoppfatningane er annleis – då følgjer språket med.
8.2.2.3 Talestil og dialektfrigjering
Det kan likevel hevdast at grammatikken og kvardagssamtalane ikkje er det som har endra seg mest i norsk talemål dei siste femti åra. Vel så markante endringar kan merkast i talemål og talestil i det offentlege rommet, til dømes dersom vi samanliknar eit fjernsynsintervju på 1960-talet og i dag.
Før sa folk De til kvarandre, og både i radio og fjernsyn var skrifta førebiletet for både spørsmål og svar, slik at det heile verka stivt og fjernt samanlikna med det vi er vane med i dag.
Stilforskjellane har også samanheng med den dialektfrigjeringa som skjedde på 1970-talet. Mange fleire fann det naturleg å bruka dialekten sin overalt, i føredrag, i radio og fjernsyn, på talarstolen i Stortinget og på preikestolen.
I dag er likevel dialektlojaliteten neppe den same som for tjuefem–tretti år sidan. Men den uformelle språktonen synest å halda seg, og det kan til dels ha samanheng med at ein direkte og avslappa språkstil har vist seg å ha appell til folk flest, ikkje minst i alle former for marknadsføring.
8.2.3 Nettspråket
8.2.3.1 Nye rammevilkår for språkbruk
Mange er i dag urolege for at informasjonsteknologien i uheldig grad vil påverka språket og språkbruken, slik at tradisjonelle språknormer vil gå meir eller mindre i oppløysing. 2
Kommunikasjonsformer som til dømes tekstmeldingar, e-post og pratesider på Internett har til dels gjeve andre rammevilkår for bruk av skriftspråket, og det har utvikla seg ein skrivepraksis som bryt med skriftspråklege spelereglar. Spørsmålet er om dette vil undergrava språket som system og den språkopplæringa som skjer i skule- og utdanningssystemet.
8.2.3.2 Oppløysing av språknormer
Noko av det nye med det vi gjerne kan kalla nettspråket, er at grensene blir viska ut mellom tekst og andre uttrykksmåtar, som grafikk, bilete og lyd. Det går føre seg ein slags leik med språket der uvanlege forkortingar, grafiske verkemiddel, mellom anna såkalla smilefjes i ulike variantar, og uvanleg bruk av skriftteikn og bokstavkombinasjonar er typiske innslag.
Ikkje minst ser ein ofte at det tradisjonelle skiljet mellom store og små bokstavar har mista mykje av funksjonen sin i slikt nettspråk, typisk til dømes i e-postadresser.
I sjangeren tekstmeldingar finn vi ofte ei blanding av tradisjonell og utradisjonell språkbruk. Både ord og tekstsekvensar blir ofte forkorta på fantasifulle måtar for at ein skal kunna skriva korte tekstmeldingar. Forkortingane får ikkje sjeldan preg av å vera ein sjargong som berre dei innvigde utan vidare er i stand til å tolka.
Det er i stor grad ein munnleg og uformell stil som smittar over på det skriftlege nettspråket. Uttalen av eit ord blir ofte symbolisert av ein enkelt bokstav, eit ord eller eit tal. Når heile ord blir skrivne med store bokstavar midt inne i ein tekst som elles er med små, kan det vera for å illudera roping eller sterkt trykk. Småord som ikkje er nødvendige for å få fram meininga, blir ofte utelatne.
8.2.3.3 Innslag av engelsk
På pratesider på nettet og i tekstmeldingar er innslaget av engelsk særleg tydeleg, i mykje stor grad som eit naturleg nedslagsfelt for alminnelege haldningar i tida. Mykje brukt er til dømes engelske forkortingar av fleirordsuttrykk, så som «MU» for «miss you» og «PRW» for «parents are watching». Vanlege forkortingar for enkeltord er «C» for «see» og «2» for «too».
Ei norsk undersøking frå 1998 av språket på pratesider viste at språket til ungdom i alderen 16–19 år inneheldt ca. 2,25 prosent engelske ord, av desse 1 prosent dataord.
Til samanlikning har andre undersøkingar vist 0,1 prosent engelske lånord i skjønnlitteratur og 1,65 prosent i moteblad. Av dei namna brukarane gav seg sjølve på pratesidene, var elles tredjeparten engelske ord, så som ANGEL, HEART og MAN U.
8.2.3.4 Krav til språkmeistring
Men jamvel om nettspråket i mange tilfelle er prega av munnleg og utradisjonell språkbruk som bryt med skriftspråklege normer, skal vi ikkje overdriva omfanget av og den negative påverknaden frå slik avvikande språkbruk.
Ikkje minst Internett er jo i høg grad fylt opp av tekstar med tradisjonelt skriftspråk. Dette er ofte vanlege dokument som også kan finnast i papirutgåve. Nettet gjer sitt til at mange fleire får lettare tilgang til større delar av ein variert skriftkultur, jamvel om ikkje alt som finst på nettet, er kvalitetssikra på same måte som tilfellet tradisjonelt er med trykte skrifter.
Ved at nettet er ein ny tekstbasert informasjonskanal i tillegg til dei tradisjonelle, kan det også henda at dette er med på å heva lesekompetansen hos folk flest.
Dei krav til kort og kompakt uttrykksmåte som nettmedia ofte stiller, kan også vera ein pådrivar for betre skrivedugleik hos folk flest.
Og straks vi ser bort frå pratesider og tekstmeldingar, stiller datateknologien også strenge krav til rett stavemåte, for ved tekstsøking på Internett er rettskrivinga viktig. Ein finn ikkje dei opplysningane ein er ute etter dersom ein feilstavar søkjeorda. Og det går heller ikkje alltid greitt å finna fram med søkjeprogram om det er feilstava ord i dei dokumenta ein leitar etter.
Det blir meir og meir klart at den som ikkje meistrar datateknologien, kjem til kort i dagens samfunn. Men ein viktig føresetnad for å få fullt utbytte av teknologien er at folk også meistrar skriftspråket betre enn før.
8.2.3.5 Demokratisering av skriftspråksbruken
Det vil finnast mykje skriftspråklege feil og manglar når så mange tek nettet i bruk. Skrivefeil på nettet blir då også ekstra godt synlege, og dette kan gje inntrykk av at det i dag står generelt dårlegare til med skrivekompetansen enn tidlegare.
Men det er ikkje nytt at store delar av befolkninga bryt offisielle rettskrivingsreglar. Dessutan er det eit faktum at folk fram til internettalderen skreiv mindre enn i dag – om dei skreiv i det heile – slik at måten folk skreiv på, har vore mindre synleg enn no.
Det må seiast å vera eit framskritt at ein så stor del av befolkninga gjennom nettet tek skriftspråket i bruk. Slik sett har nettmedia vore med på å gjera skriving meir alminneleg, og dermed kan det hevdast å ha skjedd ei demokratisering av skriftspråksbruken i samfunnet.
8.2.3.6 Oppsummerande vurdering
Det er vanskeleg å vita kva følgjer det alt i alt vil få for språkutviklinga at ulike nettmedium har teke over så mykje av den skriftspråklege kommunikasjonen i samfunnet.
Det lèt seg neppe gjera på same måten som før for tradisjonelle språkautoritetar i samfunnet å leggja premissane for korleis språket og språkbruken vil utvikla seg. Dette gjer mellom anna at tradisjonell språknormering og språkrøkt blir stilt på nye prøver.
Når det er snakk om nettmedium for personleg kommunikasjon innanfor ein slutta krins, slik som e-post og prategrupper, er det vanskeleg for det offentlege å gjera noko som direkte kan påverka den språklege kvaliteten. Det same gjeld også for blandingsformer mellom personlege og allment tilgjengelege kommunikasjonsmåtar som blogging.
I Norsk i hundre! er det likevel peikt på at lett tilgang til elektroniske ordbøker og andre språkressursar vil gjera sitt til å heva den språklege standarden på mange nettsider.
Strategigruppa meiner at når det er tale om allmenne nettmedium som nettaviser, informasjonsbankar og søkjetenester, bør ein kunna venta av dei som har redaksjonsansvaret, at dei også legg vekt på å sikra språkleg kvalitet i det dei publiserer. Dette er allmenne lesemedium, og ein bør kunna stilla dei same kvalitetskrav som for vanlege aviser, tidsskrift og bøker.
8.3 Språkleg dokumentasjon
8.3.1 Verdien av språkleg dokumentasjon
Alle språk som skal haldast i hevd og utvikla seg som levande kulturspråk, må kunna støtta seg på ein solid dokumentasjon av den språklege tradisjonen og av korleis språket blir brukt i samtida. Ikkje minst er dette eit nødvendig grunnlag for språkforsking og språkopplæring, men også for arbeidet med standardisering og normering av språket. Det har også mykje å seia for å gje språket status at det er vel dokumentert på ulike vis.
Verdien av språkleg dokumentasjon har også samanheng med at språket er ein så viktig del av kulturarven vår. Til dømes representerer gammalt ordtilfang eit uvurderleg kjeldemateriale for studiet av den indre språkhistoria og av tilhøvet mellom vårt eige språk og tilgrensande eller fjernare språk. I tillegg kan det fortelja mykje om den vidare kultur- og samfunnsutviklinga. I dag er dokumentasjon av språk i form av digitale språkressursar dessutan eit grunnlag for all slags språkteknologisk forsking og utvikling.
Å dokumentera korleis norsk språk har vore brukt i mellom anna skjønnlitteratur og sakprosa i fjern og nær fortid, og korleis det i dag blir brukt i ulike samanhengar, både skriftleg og munnleg, er i seg sjølv ei stor kulturoppgåve og ei viktig nasjonal oppgåve. Eit språk som skal vernast og styrkjast, som skal stå imot eit ytre press som i dag kanskje er sterkare enn på lenge, må ikkje minst kunna støtta seg på ein solid dokumentasjon. Her står ordbøker og elektroniske ordbasar heilt sentralt. I dag ligg Noreg på dette området etter mange andre land, både dei næraste nordiske grannelanda våre og fleire andre nasjonar.
8.3.2 Generelt om språksamlingar
8.3.2.1 Innhald og organisatorisk status
Ein viktig del av grunnlaget for dokumentasjonen av norsk språk, til dels også samisk og kvensk, er ulike typar språkmateriale som er samla gjennom åra, særleg knytt til universiteta, men også til dels utanfor desse sentrale forskingsmiljøa. Det dreier seg her om verdifulle forskings- og dokumentasjonsressursar som er bygde opp over fleire generasjonar.
Nokre av desse samlingane kan identifiserast gjennom namn som også indikerer ein eigen organisatorisk status på nasjonalt nivå, så som Norsk målførearkiv, Norsk stadnamnarkiv, Norsk folkeminnesamling og Runearkivet. Men dette er berre ein del av det heile.
Samlingane består først og fremst av papirbasert materiale i form av manuskript, katalogar, hefte, bøker og arkivkort, men også ein del talemålsmateriale på lydband og grammofonplater.
8.3.2.2 Evaluering av dei universitets- og høgskulebaserte samlingane
Situasjonen for dei universitets- og høgskulebaserte samlingane er omtalt i ein rapport frå mars 2007 3 frå eit utval oppnemnt av Noregs forskingsråd for å følgja opp ein tidlegare evalueringsrapport frå 2005 4 om forsking i norsk språk og litteratur ved universitet og høgskular. Her heiter det at tilhøva rundt desse samlingane gjev grunn til uro, men at digitalisering av papirbasert materiale også opnar for både nye utfordringar og nye måtar å utnytta materialet på.
Mykje namnemateriale vart digitalisert i Dokumentasjonsprosjektet ved universiteta på 1990-talet. Ein god del leksikografisk og språkhistorisk materiale er digitalisert som ledd i det store ordbokprosjektet Norsk Ordbok 2014.
Dei omtalte utfordringane er dels at det i dag ikkje skjer tilsvarande systematisk digitalisering av nyare materiale, at ikkje bokmålsmateriale og ordtilfang frå gammal- og mellomnorsk tid er vorte digitalisert tilsvarande dialekt- og nynorsktilfanget, og at det også er uklart kva som vil skje med det sistnemnde materialet når prosjektet Norsk Ordbok blir avslutta i 2014.
Rapporten reiser også spørsmål om vidare forvaltning av sikring av det materialet som enno ikkje er digitalisert, og generelt om rammevilkåra for arbeidet med oppbygging og forvaltning av samlingar, arkiv og digitale korpus.
I rapporten gjer oppfølgingsutvalet framlegg om at dei aktuelle institusjonane vurderer å ta initiativ til eit samarbeid om eit felles lyft for å modernisera det tradisjonelle samlingsarbeidet i eit nasjonalt digitalkorpus. Utvalet kastar fram tanken om ei nasjonal reorganisering av samlingsfunksjonane, ved at dei blir tekne ut av instituttstrukturen og flytta over i det dei kallar eit nasjonalt arkivverk.
8.3.2.3 Andre vurderingar av samlings- og digitaliseringssituasjonen
Departementet er kjent med at delar av det samlingsmaterialet som er digitalisert, ikkje er lagde til rette for forsking og formidling, og at det også her står att mykje arbeid å gjera.
Det synest å vera eit problem at dei digitaliseringstiltaka som er gjorde, ofte ikkje har vore samkøyrde, slik at resultatet er vorte fragmentering av dei digitale ressursane. Dette er ei av erfaringane som er gjorde av ei prosjektgruppe med basis ved Universitetet i Bergen som førebur eit stort forskingsprosjekt om norsk språkhistorie frå dei første kjeldene fram til i dag.
Ei førebuande kartlegging viser at språksamlingane ved universiteta er i svært ujamn tilstand, at dei ikkje alltid har hatt forsvarlege oppbevaringsforhold. Det er også døme på at innsamla materiale er øydelagt. Det synest å vera lang veg fram til fullførd digitalisering og tilgjengeleggjering av det som finst.
Departementet er kjent med at prosjektgruppa har teke kontakt med aktuelle faginstitutt ved dei andre universiteta for å få vurdert utsiktene til å kunna byggja opp eit felles nasjonalt digitalt dialektarkiv.
8.3.2.4 Oppsummerande vurdering
Dokumentasjon av norsk språk er ei permanent, nasjonal oppgåve. Gode, oppdaterte samlingar er ein føresetnad for forskinga.
Dei spørsmåla som er drøfta ovanfor, ligg i utgangspunktet utanfor det som er eit direkte sektoransvar for Kultur- og kyrkjedepartementet.
Som ledd i ein meir aktiv, sektorovergripande språkpolitikk vil departementet likevel ta opp desse spørsmåla med involverte aktørar med sikte på å få eit samla oversyn over situasjonen som grunnlag for ei overordna nasjonal løysing.
Det vil mellom anna vera naturleg å sjå spørsmålet om dokumentasjon av norsk språk og norske språksamlingar i samanheng med den satsinga på digitalisering av dokumentasjons- og kulturarvsmateriale som elles går føre seg med basis i institusjonar innanfor arkiv-, bibliotek- og museumssektoren.
Regjeringa vil presentera ein strategi for digital bevaring og tilgjengeleggjering av slikt materiale i ei eiga stortingsmelding som etter planen skal leggjast fram hausten 2008. Strategien vil omfatta institusjonar både i kultursektoren og i universitets- og høgskulesektoren. Dokumentasjon av norsk språk og norske språksamlingar vil inngå som eitt av mange faglege tema i ein slik overordna strategi og vil kunna behandlast nærare som ledd i oppfølging av digitaliseringsmeldinga.
8.3.3 Spesielt om innsamling av stadnamn
8.3.3.1 Å hindra eit omfattande kulturtap
Ei av dei samlingane som er nemnde ovanfor, er Norsk stadnamnarkiv, og det kan vera grunn til å sjå noko nærare på temaet stadnamn, både som eit døme på meir generelle problemstillingar, og fordi det her er eit meir spesielt spørsmål som kanskje blir sett ekstra på spissen.
Det spesielle er at store mengder gamle stadnamn som til no ikkje er systematisk samla inn og registrerte, representerer ein kunnskapsbase som kan gå i gløymeboka etter kvart som dei personane som har kjennskap til dei, fell ifrå. Dette vil i så fall bety eit uerstatteleg kulturtap. Her er det altså ikkje berre, og ikkje først og fremst, tale om å ta vare på og å digitalisera materiale som alt finst i samlingar og arkiv, men like mykje eit spørsmål om nødvendig nyinnsamling for å sikra ein kulturarv som elles står i fare for å gå tapt for alltid.
8.3.3.2 Verdien av bevarte stadnamn
Utviklinga frå det agrare til det stadig meir urbaniserte samfunnet og overgangen til maskinelle driftsformer innanfor primærnæringane gjer at det tette nettet av stadnamn til lands og til sjøs ikkje er i levande bruk slik som før.
Framvoksteren av ein allmenn skriftkultur og eit stadig meir skriftbasert talemål har dessutan redusert dei tradisjonelle talemåla si stilling som kommunikasjonsform. Vi har dermed fått andre standardar for munnleg overlevering og munnleg kommunikasjon. Sjølv om store delar av folket framleis nyttar dialekt, har terminologien endra seg.
Resultatet av alt dette er at overføringa av namn og termar frå ættledd til ættledd har stansa opp dei to–tre siste generasjonane, og ei mengd tradisjonsstoff har alt vorte borte saman med dei siste berarane.
I levande bruk er stadnamn først og fremst språklege uttrykk, munnlege eller skriftlege, som gjer oss i stand til å skilja mellom ulike lokalitetar. Slik har dei stor praktisk interesse på kart, skilt, vegvisarar og andre stader. For Statens kartverk og Stadnamntenesta i staten er eit godt utbygd og vitskapleg påliteleg stadnamnmateriale ein føresetnad. Det er ikkje sjeldan at namnekonsulentane opplever at det manglar opplysningar om uttale og bakgrunn for namna. Også dette tilseier at det er viktig å byggja opp namnesamlingane vidare.
Stadnamn er dessutan historiske dokument som fortel om natur- og kulturtilhøve i det området dei er henta frå. Eit detaljert stadnamntilfang frå eit område gjer dermed at ein kan lesa den menneskelege bruken av området gjennom ulike historiske lag.
I den reviderte lova om stadnamn som tok til å gjelda frå 1. august 2006, er det uttrykkjeleg slått fast at ein del av formålet med lova er å ta vare på stadnamn som kulturminne. Det som gjer stadnamn særleg viktige som språklege kulturminne, er at dei er knytte til visse punkt, linjer eller område i landskapet, og at dei inneheld informasjon om korleis namngjevarane opphavleg oppfatta lokaliteten på den tida namnet vart til. Dei representerer dermed viktige informasjonsbitar av fortida i det aktuelle området.
Mange stadnamn har dessutan ei alderdomleg språkform som til dels ikkje lenger er i levande bruk i talemålet. Stadnamn er såleis verdifullt språkleg tradisjonsstoff både med omsyn til innhald og form.
Stadnamn er også ein del av ein munnleg tradisjon som Noreg har teke på seg eit særskilt ansvar for gjennom ratifikasjon av UNESCO-konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven. Konvensjonen av 17. oktober 2003 som Noreg ratifiserte 17. januar 2007, omfattar etter artikkel 3 mellom anna munnlege tradisjonar og uttrykk, under dette språk som eit uttrykksmiddel for immateriell kulturarv. Som relevante vernetiltak nemner konvensjonen mellom anna kartlegging, dokumentasjon, forsking og bevaring.
8.3.3.3 Tidlegare innsamling av stadnamn
Heilt frå Norsk stadnamnarkiv vart grunnlagt i 1921 og fram til om lag 1990, har det gått føre seg ei systematisk innsamling av norske stadnamn. Fram til andre verdskrigen var innsamling gjennom skulebarn ein berebjelke, men innsamlingsarbeid vart også utført av hovudfagsstudentar og vitskapleg tilsette ved Stadnamnarkivet. Dette sistnemnde innsamlingsarbeidet heldt fram i stor stil etter krigen, og mykje vart også samla inn av hovudfagsstudentar som valde namnegransking som emne for hovudoppgåva si.
Etter kvart som universiteta i Bergen, Trondheim og Tromsø vart skipa, har det også ved desse institusjonane skjedd vitskapleg basert innsamlingsarbeid. Likeins har det ved det som var distriktshøgskulane i Rogaland og Møre og Romsdal vore mykje innsamlingsarbeid, dels finansiert av institusjonane sjølve, dels av fylkeskommunane. I Nordland fylke har eit omfattande innsamlingsarbeid skjedd i regi av Arkiv Nordland, og ikkje minst i Sogn og Fjordane er det bygd opp omfattande samlingar i stor grad på grunnlag av lokalt innsamlingsarbeid.
Det er da også Vestlands-fylka og Nordland som i dag er best dekte med stadnamnsamlingar. På Austlandet og Sørlandet er det utført djupinnsamling i mange enkeltkommunar, men delar av Austlands-området og heile Trøndelag, Troms og Finnmark har store hol i samlingane. Dei samlingane som finst, har varierande kvalitet når det gjeld opplysningar om uttale og lokale tilhøve, også når det gjeld heimfesting og kartfesting.
Fordi dei namnefaglege miljøa ikkje har hatt kontroll med alt innsamla materiale, er det også verdifullt tilfang som er kome bort. Det gjeld mellom anna primærlistene til innsamlinga av namn på Økonomisk kartverk, og det gjeld ikkje minst tilfang på private hender.
Den siste store stadnamninnsamlinga gjekk føre seg frå midten av 1980-talet, utført av unge arbeidsledige og administrert av kulturkontora i kommunane med fagleg tilsyn frå dei aktuelle institusjonane.
8.3.3.4 Innsamlingssituasjonen i dag
Det har vore rekna ut at det finst, eller har funnest, fem–seks millionar stadnamn her i landet, og berre ein liten del av dei er samla og registrert ved dei sentrale og regionale stadnamnsamlingane.
Etter 1990 har det ikkje vore råd å finansiera nemnande innsamlingsarbeid, og det som likevel er samla, har skjedd i regi av interesserte amatørar under ei viss rettleiing frå vitskapeleg personale ved universitet og høgskular.
8.3.3.5 Oppsummerande vurdering
I kulturmeldinga frå Bondevik II-regjeringa heitte det at departementet ville ta initiativ til ei kartlegging av kva som er samla inn av gamle stadnamn her i landet, og vurdera behovet for eit meir systematisk innsamlingsarbeid. Det heitte også at departementet ville vurdera om det nye kompetansesenteret for norsk språk, dvs. Språkrådet, ville kunna ta på seg å koordinera desse oppgåvene.
Ettersom Språkrådet har vore inne i ein langvarig omdanningsprosess med fleire store utfordringar, har departementet ikkje funne grunnlag for å leggja endå ei oppgåve til denne institusjonen i denne fasen. Språkrådet har heller ikkje tilsette med namnefagleg kompetanse og erfaring med innsamling, arkivering og formidling av namn.
Dette inneber at det no hastar med å koma fram til ei løysing i spørsmålet om innsamling av stadnamn, og det hastar også med å få sentralt oversyn over materiale som er samla inn lokalt for å hindra at det skal gå tapt.
I første omgang kan det vera aktuelt å setja av midlar til eit prosjekt for å registrera og kvalitetsvurdera dei stadnamnsamlingane som finst rundt om i landet, både i ulike samlingar og arkiv og på private hender.
Departementet vil elles vurdera om det bør gjennomførast ei større utgreiing om den vidare innsamlingspolitikken og tilgrensande spørsmål. Det er i så fall aktuelt å sjå på om ei slik utgreiing bør femna vidare enn berre stadnamn. Heile situasjonen for dokumentasjon av norsk språk og for dei ulike språksamlingane som er behandla i førre avsnitt, vil kunna vera eit naturleg utgangspunkt for ei nærare avgrensing av mandatet for ei eventuell slik utgreiing.
8.3.4 Ordbøker og andre leksikalske oppslagsverk
8.3.4.1 Ordbøker og leksika
Alle former for ordbøker og leksikalske oppslagsverk utgjer ein viktig del av den totale skriftkulturelle infrastrukturen i eit språksamfunn. Alt dette er på sitt vis med på å styrkja skriftkulturen spesielt og nasjonalspråket generelt.
Rett nok er ikkje nemningane ordbøker og leksika nødvendigvis uttømmande referansar for alle dei sjangervariantane og boktypane som med større eller mindre rett kan gjera krav på å tilhøyra det vi her har kalla den skriftkulturelle infrastrukturen.
Det går heller ikkje an å trekkja noko skarpt skilje mellom leksikonet og ordboka. Fellestrekket er at det dreier seg om kunnskap som er organisert på systematisk måte gjennom oppslagsord som følgjer etter kvarandre i alfabetisk orden. Medan ordboka inneheld meir eller mindre omfattande kunnskap om orda sjølve, er leksikonet ei kjelde til kunnskap om dei tinga, fenomena eller saksforholda som orda refererer til.
8.3.4.2 Leksika
Det er ei kjend sak at vi i Noreg har ein særleg sterk tradisjon når det gjeld leksika. Leksikonverk, som regel i fleire band, har det funnest mange av, og dei har til vanleg vist seg å vera ei god inntektskjelde for forlaga. Interessa for leksikalsk kunnskap har på mange måtar vist seg å vera noko av eit norsk særkjenne; nordmenn har lege i europatoppen som leksikonoppslåande folkeferd dei siste tretti åra. Marknaden for leksikalske verk har syntest uutømmeleg.
Slik er det ikkje utan vidare i dag. Éin ting er at mykje kunnskap i dag er flyktigare enn før; det som var uomtvistelege fakta i går, er ikkje nødvendigvis gyldig kunnskap i dag. Kunnskapsutviklinga går jamt raskare framover. Éin annan ting er at særleg Internett har vist seg å fungera som ein konkurrent på kunnskapsmarknaden.
På Internett finst rett nok eit vell av informasjon om det meste, men all slik informasjon er ikkje nødvendigvis det same som redigert informasjon. Det som finst på nettet, er kvalitetssikra i ulik grad. Difor treng vi også i dag og for framtida nasjonale kunnskapsbasar som er kvalitetssikra på ein måte som gjer at vi kan stola meir på den informasjonen som der finst.
Kunnskapsutviklinga i landet vårt er avhengig av slike kunnskapsbasar, men dei har også ein viktig funksjon i å halda i hevd eit norsk språk som er fullverdig oppdatert i takt med kunnskapsutviklinga. Eit livskraftig nasjonalleksikon, som i dag må finnast i digital grunnform, er ein nødvendig del av ein språkleg infrastruktur for framtida.
Eit nasjonaleksikon er i seg sjølv ein kulturinstitusjon. Han består av handplukka ekspertar og fagforfattarar frå alle tenkjelege fagmiljø i landet, og det er dermed desse fagmiljøa som går god for heile spekteret av fagleg spesialisert informasjon som på same tid er framstilt på norsk, i eit språk som alle skal kunna forstå, utan at dei på nokon måte er ekspertar sjølve.
Departementet legg til grunn at eit livskraftig digitalt nasjonalleksikon er eit viktig instrument for å sikra norsk språk som formidlingsspråk for fagfolk, fagforfattarar, skuleelevar og studentar. Eit kjenneteikn ved eit slikt nasjonalleksikon er at apparatet av omgrep og vokabular i dei ulike faga blir røkta av spesielt utpeikte fagansvarlege ekspertar med sans også for dei språklege krav.
8.3.4.3 Tospråklege ordbøker
Eit hovudskilje når det gjeld ordbøker, går mellom dei eittspråklege på den eine sida og dei to- eller fleirspråkelge på den andre sida.
Tospråklege eller fleirspråklege ordbøker er ordbøker som forklarer og definerer ordtilfanget mellom ulike språk. For alle som har norsk som morsmål og skal læra seg eit framandspråk, er ei ordbok mellom norsk og vedkomande språk nærast eit uunnverleg hjelpemiddel.
Til skulebruk finst det stort sett eit tilfredsstillande tilbod av tospråklege ordbøker, i alle fall for dei største og mest skulerelevante framandspråka. Derimot manglar vi oppdaterte, større ordbøker mellom norsk og sentrale framandspråk som fransk, italiensk og spansk. Likeins skortar det på gode ordbøker mellom dei skandinaviske språka. Ordbøker mellom norsk og smalare europeiske språk er eit endå større mangelområde, for ikkje å nemna mellom norsk og ikkje-europeiske språk.
Her ligg store utfordringar for framtida. I utgangspunktet er dette ei forlagsoppgåve, men mange ordbokprosjekt av dette slaget har ikkje noko stort innteningspotensial, og finansieringa er ofte eit hovudproblem.
Tospråklege ordbøker er utan tvil ei rikdomskjelde for norsk språk ved at det sentrale ordforrådet i språket vårt på den måten blir definert i høve til så mange andre språk som råd er. Det kastar nytt lys over norske ord og uttrykk når vi kan relatera dei til ord og uttrykk i andre språk, for relasjonane mellom ord og ordtydingar i ulike språk er noko langt meir komplekst enn eit ein-til-ein-forhold.
Tospråklege ordbøker mellom norsk og flest moglege framandspråk vil gjera norsk språk lettare tilgjengeleg for ein større del av omverda, for ein større kulturkrins. Det vil føra til større merksemd om norsk språk og dermed vera med på å gje norsk språk høgare internasjonal status.
Tospråklege ordbøker etablerer eit direkte samband mellom norsk og vedkomande framandspråk. Dei legg grunnlaget for språkkontakt og kulturutveksling utan at ein treng å gå omvegen om engelsk eller eit anna felles framandspråk. Tospråklege ordbøker vil gjera det lettare å omsetja mellom norsk og vedkomande framandspråk. Ikkje minst vil dei stimulera til at nordmenn lærer seg eit større spekter av framande språk. Tilsvarande vil dei vera eit uunnverleg hjelpemiddel for opplæring i norsk språk i utlandet.
8.3.4.4 Eittspråklege ordbøker
Av eittspråklege ordbøker, dei som for vårt vedkomande konsentrerer seg om norsk språk åleine, finst det mange slag. Eit hovudskilje kan seiast å gå mellom allmennordbøker og spesialordbøker.
Blant spesialordbøker kan vi rekna terminologiske ordbøker, dei som definerer spesialtermar innanfor eit fagspråk. Men det kan også tenkjast andre typar spesialordbøker, til dømes etymologiske ordbøker, stilordbøker, uttaleordbøker og framandordbøker.
I eit framtidig arbeid med å dokumentera norsk språk og norsk skriftkultur er det behov for å utvikla fleire slike spesialordbøker. Her står alt i alt mykje att å gjera dersom vi samanliknar situasjonen i Noreg med det tilbodet av slik ordboklitteratur i fleire større kulturland.
Dersom vi held oss til dei meir tradisjonelle sjangrane innanfor det vi kan kalla allmennordbøker, kan vi elles grovt sett operera med ei tredeling, utan at det går skarpe grenser mellom dei ulike kategoriane.
Det første og enklaste nivået er ordbøker med hovudvekt på rettskriving, mest typisk ordlister til skulebruk. Her kjem talet på oppslagsord til vanleg ikkje over 30 000.
Det andre nivået er eittbands definisjonsordbøker, gjerne omtalte som handordbøker. I tillegg til å visa korleis orda skal stavast og bøyast, gjer dei også informasjon om kva orda tyder, supplert med praktiske bruksdøme, og elles opplysningar om ordhistorie og faste ordsamband med forklaringar.
Desse to kategoriane kjem vi nærare inn på under kap. 8.4.4 nedanfor i samband med behandlinga av rettskrivingsspørsmålet.
8.3.4.5 Generelt om dokumentasjonsordbøker
Også rettskrivings- og dei enkle definisjonsordbøkene har til ein viss grad ein dokumentasjonsfunksjon.
Men det er dei store, vitskaplege ordbøkene som her er grunnleggjande, og som ofte fungerer som kjelde- og referanseverk for dei mindre ordbøkene. Dokumentasjonsordbøkene er ikkje primært rettskrivingsordbøker, men har først og fremst til formål å forklara og eksemplifisera kva orda tyder, og korleis dei blir brukte.
Dokumentasjonsordbøkene er eit særleg viktig og allment tilgjengeleg resultat av språkleg dokumentasjonsarbeid. Dei representerer den mest avanserte kategorien av ordbøker. Allmenne dokumentasjonsordbøker er vitskaplege ordbokverk i fleire band, som regel med fleire hundre tusen ord og fleire og fyldigare opplysningar om dei enkelte orda enn det som er vanleg i andre slags ordbøker.
8.3.4.6 Langsiktige prosjekt av høg kulturell verdi
Bak dei store vitskaplege ordbokverka ligg det som regel eit omfattande arbeid av høgt kvalifiserte fagfolk. Mykje slikt språkleg dokumentasjonsarbeid har vore drive fram av eit fåtal fagpersonar, til dels ved sida av anna fagleg arbeid, delvis også som ubetalt arbeid på fritida.
Uavhengig av korleis arbeidet blir finansiert, er det her tale om investering i eit produkt som har stor kulturell og vitskapleg verdi, ein verdi som ikkje minkar ved bruk, men som tvert imot vil stå seg langt fram i tid, og som seinare dokumentasjon av den framtidige språkutviklinga kan byggja vidare på. For eit språk og ein skriftkultur har slikt ordbokarbeid ein uvurderleg verdi.
Like fullt har det vist seg svært krevjande å finansiera slike ordbokprosjekt. Det dreier seg om ei form for grunnforsking som til vanleg ikkje kan rekna med å gje kortsiktig gevinst rekna i kroner og øre. Arbeidet er langsiktig, og salspotensialet for dei ferdige bøkene er heller lite.
Både prosjektstorleiken, til dels mangel på kvalifiserte fagfolk og problemet med å finansiera arbeid som dette har tradisjonelt ført til at slike dokumentasjonsprosjekt har pågått i generasjonar. Å få fullført slike vitskaplege ordboksverk har vore samanlikna med å byggja gotiske katedralar.
Til illustrasjon kan nemnast at Svenska Akademiens ordbok, som kan skriva historia si attende til 1787, enno ikkje er i mål. Arbeidet kom i gang tidleg på 1800-talet, men det første heftet kom ikkje ut før i 1893, og det første heile bokbandet låg føre fem år seinare. I 2007 var ein kome så langt i alfabetet som til midt i bokstaven T.
Svenska Akademiens ordbok er eit historisk ordboksverk som dokumenterer all skriven svensk frå 1521 til våre dagar. Det finst berre tre andre ordbokverk over germanske språk som i storleik kan jamførast med Svenska Akademiens ordbok. Det er Deutsches Wörterbuch, Woordenboek der Nederlandsche Taal og The Oxford English Dictionary.
I dag kan slikt ordbokarbeid effektiviserast monaleg ved å leggja tekstmateriale og ordstoff inn i elektroniske databasar og behandla og redigera det ved hjelp av språkteknologiske metodar. På midten av 1980-talet rekna ein såleis med at Svenska Akademiens ordbok kunne fullførast i 2045, men etter at ein i 1993 gjekk over til elektronisk redigering, reknar ein no med at sluttstrek kan setjast i 2017.
Ordboksmaterialet kan også gjerast elektronisk tilgjengeleg over nettet, og difor er det ikkje sikkert at resultatet av dokumentasjonsarbeidet i framtida nødvendigvis vil bli spreidd i bokform, og i alle fall ikkje berre i bokform. Oppbygging av elektroniske orddatabasar gjer også at materialet lettare kan gjerast tilgjengeleg etter kvart som arbeider skrir fram, i staden for at ein må venta til heile verket er fullført, eller i alle fall til eit nytt band kan gjevast ut.
8.3.4.7 Ordboksituasjonen i Noreg jamført med andre land
At eit språk eller ei språkform blir grundig utforska og dokumentert, må seiast å vera noko av det som er med på å gje det prestisje og status. Men her er det nok også ein vekselverknad. Eit språk som alt har stor prestisje og høg status, kan slik sett vera lettare å få dokumentert gjennom slike ordbokprosjekt enn språk med lågare status.
Både når vi ser på ordboksituasjonen generelt og sjangeren dokumentasjonsordbøker spesielt, kan vi ikkje seia at Noreg høyrer med blant dei mest velutvikla ordboklanda. Til dels må nok dette sjåast i samanheng med at norsk har ein kortare samanhengande skriftspråkstradisjon enn både dansk og svensk, for ikkje å snakka om store europeiske kulturspråk som engelsk, tysk og fransk.
Når det gjeld dokumentasjonsordbøker, kan her nemnast at til dømes Danmark har to fullførte ordbokverk. Det største, Ordbog over det danske Sprog, dekkjer dansk språk frå ca. 1700 til 1950, kom ut i 28 band i perioden 1918–56 og er i dag supplert med fem nye band som vart utarbeidde i perioden 1956–2004. Og så har Danmark i tillegg eit nyare verk som dokumenterer moderne dansk språk. Det er seksbandsverket Den danske ordbog, som kom ut i perioden 2003–2005.
Men når vi samanliknar med grannespråka våre, svensk og dansk, må vi også sjå i auga at vi her i landet har ein meir innfløkt språksituasjon å dokumentera, med to offisielle skriftmål, ofte med fleire alternative skrivemåtar og bøyingsformer, i tillegg ein uoffisiell riksmålsvariant, dessutan eit stort spekter av ulike målføre.
Når det nettopp gjeld målføra, dialektane, står likevel Noreg på mange måtar i ei særstilling i dokumentasjonssamanheng. Det har samanheng med at ein innanfor den nynorske tradisjonen reknar talemålet som ei like god kjelde for nytt ordtilfang som skrift. Dei store ordbokverka for svensk og dansk inneheld såleis stort sett ikkje opplysningar om talemål. Dette representerer ein markert skilnad jamført med det største ordbokprosjektet som vi har gåande her i landet for tida, kalla Norsk Ordbok 2014.
8.3.5 Spesielt om Norsk Ordbok
8.3.5.1 Stutt historisk riss
Dei første planane for dette ordbokverket går attende til slutten av 1920-åra. Ambisjonen var å gje ei uttømmande framstilling av ordtilfanget i norske dialektar og nynorsk skriftspråk. Prosjektet fekk difor undertittelen Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet.
I 1930- og 40-åra vart det arbeidt fram eit grunnmanus samanredigert av eldre nynorske ordsamlingar og ordbøker, og det er i tillegg bygd opp eit omfattande ordarkiv basert på både munnlege og skriftlege kjelder. Dette omfattar i dag om lag 3,2 millionar setlar.
Den første fullførte delen av Norsk Ordbok var eit hefte som kom ut i 1950, medan det første heile bokbandet, på 750 sider, tilsvarande fem hefte, låg føre i 1966 og det andre i 1978. Då var ein ikkje komen lenger enn halvvegs i bokstaven f.
Ambisjonane for verket hadde vakse undervegs, og ressursane var små. Då tredje bandet kom ut i 1994, gjekk dei vidare planane ut på at verket i alt skulle omfatta tolv band, men det var små utsikter til å få eit så stort arbeid fullført i ei overskodeleg framtid.
Dette var bakgrunnen for at Kulturdepartementet i St.meld. nr. 22 (1999–2000), meldinga om arkiv, bibliotek og museum, tok til orde for ei monaleg opptrapping av ressursinnsatsen til Norsk Ordbok og sette som mål at verket skulle fullførast til 200-årsmarkeringa for Grunnlova i 2014.
Norsk Ordbok hadde fått diverse statstilskot heilt sidan 1929, men frå 1987 vart dette auka gjennom eit øyremerkt tilskot over kulturbudsjettet, som første året var på 0,8 mill. kroner, og som i 2001 var kome opp i nærare 1,7 mill. kroner.
8.3.5.2 Reorganisering av prosjektet og opptrapping av den statlege innsatsen
Omtalen av Norsk Ordbok i meldinga frå 1999 var basert på nye initiativ og nye planar med sikte på monaleg effektivisering og påskunding av arbeidet. Dette vart seinare følgt opp gjennom eit særskilt forprosjekt og etter kvart konkretisert i form av detaljerte framdrifts- og gjennomføringsplanar innanfor ramma av ein særskild prosjektorganisasjon under leiing av ein prosjektdirektør.
Dette la grunnlaget for at departementet kunne trappa opp statstilskotet, først med 5 mill. kroner frå 2002 og seinare med nesten like mykje fordelt over åra 2005 til 2007. For 2008 er det lagt på endå 1,5 mill. kroner. Inkludert prisomrekning over åra er det samla tilskotet over kulturbudsjettet for 2008 kome opp i 13,6 mill. kroner. Tilskotet over kulturbudsjettet går uavkorta til å dekkja lønnskostnader.
I tillegg har Norsk Ordbok finansiell støtte frå Universitetet i Oslo, der verksemda i hovudsak er lokalisert. Norsk Ordbok disponerer såleis fleire årsverk ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, i tillegg til at universitetet dekkjer driftsmidlar og yter administrative tenester. Norsk Ordbok disponerer også eitt årsverk ved Eining for digital dokumentasjon.
Denne eininga stod i spissen for det store Dokumentasjonsprosjektet ved Universitetet i Oslo i 1990-åra, der også det viktigaste kjeldematerialet for Norsk Ordbok vart digitalisert. Det digitaliserte materialet er no tilgjengeleg som søkjeteneste over Internett. Digitaliseringa var elles ein av føresetnadene som gjorde det mogleg å effektivisera utgjevingsarbeidet frå 2002.
Verksemda vart då organisert som eit sjølvstendig prosjekt – Norsk Ordbok 2014 – lausrive frå instituttstrukturen ved universitetet, og det er oppnemnt eksternt styre i tillegg til den nemnde prosjektdirektøren. Prosjektet er elles basert på ei gammal samarbeidsavtale mellom Universitetet i Oslo og Det Norske Samlaget.
Digitaliseringa, ressursauken og prosjektorganiseringa frå 2002 har ført til at det alt er kome ut tre nye band i tillegg til dei tre som var komne fram til 1994. Det er i tillegg laga ein bindande utgjevingsplan for dei resterande seks banda. Dei skal koma ut med om lag eitt års mellomrom fram til planlagd fullføring i 2014, i samsvar med føresetnaden i meldinga frå 1999. Kvart band skal vera på ca. 800 tospalta sider og innehalda om lag 25 000 ordartiklar, og heile verket vil dermed bli på nærare 9 600 sider og omfatta 300 000 ordartiklar.
8.3.5.3 Oppsummerande vurdering
Norsk Ordbok er på fleire måtar eit eksepsjonelt prosjekt i norsk samanheng. Den uvanleg store auken i det årlege statstilskotet dei seinare åra representerer ein sterk konsentrasjon av den statlege innsatsen. Alternativet til ei opptrapping av ressursinnsatsen slik det såg ut i 1999, var at verket ikkje ville vera fullført før om lag i 2060.
Med det noverande tilskotsnivået over kulturbudsjettet saman med medverknaden frå Universitetet i Oslo kan vi vera tilnærma sikre på at verket er i mål i 2014. Det inneber at allereie nolevande generasjonar kan dra full nytte av den kulturelle og vitskaplege verdien som verket representerer.
Departementet legg til grunn at prosjektet no er fullt ut finansiert så sant tilskotsnivået for 2008 blir vidareført fram til og med 2014.
Departementet vil følgja opp dette i budsjettsamanheng i dei åra som står att fram til og med 2014.
Departementet legg også til grunn at når Norsk Ordbok er fullført i 2014, vil vi ha fått ein etter måten fullnøyande leksikalsk dokumentasjon av den nynorske målforma og det nynorske skriftspråket som vil stå seg i lang tid framover.
Det er likevel grunn til å streka under at Norsk Ordbok ikkje kan karakteriserast som eit reint nynorskverk og langt mindre som eit prosjekt berre av interesse for nynorskfolket. Det at Norsk Ordbok i tillegg til det nynorske skriftmålet også dokumenterer norsk talemål i form av dialektord frå heile landet, gjer dette til ein særleg verdifull dokumentasjon av ein felles, nasjonal språkarv som direkte vedkjem ein mykje større del av norske språkbrukarar enn dei som nyttar nynorsk som skriftmål.
Det at Norsk Ordbok framstiller skriftspråket og talemålet som éi eining, gjer også dette til eit sjeldan verk i europeisk samanheng.
8.3.6 Nærare om dokumentasjonen av bokmål
8.3.6.1 Utgangspunkt og planar
I tillegg til å fullføra arbeidet med Norsk Ordbok er det overlag viktig å få dokumentert også den dominerande målforma på ein fullgod måte. Rett nok har vi frå før eit framifrå ordbokverk i Norsk Riksmålsordbok. Dette er også eit fullført verk i den meininga at det dekkjer heile alfabetet frå A til Å.
Det er altså Norsk Riksmålsordbok som i dag er det einaste komplette, vitskaplege ordboksverket for norsk språk, og det har det vore i femti år. Norsk Riksmålsordbok er dermed grunnleggjande også som kjelde og referanseverk for andre norske ordbøker, også for Norsk Ordbok, og det er fagleg godt omtykt. Men det er sett i gang eit arbeid med å vidareføra det eksisterande verket med sikte på ei revidert, oppdatert og utvida utgåve, og finansieringa av dette prosjektet har ikkje vore avklart.
I tillegg finst planar for eit anna stort leksikalsk dokumentasjonsprosjekt for bokmål, særleg for å dokumentera det moderne bokmålet. Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo har såleis dei siste åtte-ni åra bygd opp eit stort elektronisk tekstkorpus gjennom systematisk utval av alle slags teksttypar på bokmål henta frå perioden 1985 til i dag.
Korpuset omfattar ca. 40 millionar ord og er komponert slik at det samsvarer med det ein gjennomsnittsperson les og skriv i vår tid, og gjev mellom anna grunnlag for å finna ut kva bøyingsformer og variantformer som er mest brukte av ulike språkbrukarar og i ulike teksttypar. Korpuset er laga først og fremst for leksikalske formål, og tanken er at det skal danna grunnlag for å etablera ein database som skal gje ein vitskapleg basert dokumentasjon av ordtilfanget i moderne bokmål.
Departementet vart første gongen presentert for desse planane gjennom brev frå Universitetet i Oslo i mai 2004 og mars 2005. Prosjektet vart då omtalt som Norsk bokmålsordbok. Departementet har også registrert den offentlege debatten som gjekk føre seg i 2006 om behovet for eit stort, standard ordboksverk for moderne bokmål. På nyåret 2008 vart dei oppdaterte planane lagde fram for departementet gjennom ei informativ prosjektskisse.
I prosjektskissa er det totale omfanget av prosjektet estimert til 120–125 årsverk. Institutt for lingvistiske og nordiske studium har difor lagt til grunn at prosjektet må tilførast eksterne midlar og har vendt seg til departementet med tanke på å kunna koma i gang med prosjektet i større eller mindre skala.
Her er det altså tale om eit prosjekt som førebels ligg i startgropa, medan vidareføringa av det eksisterande verket Norsk Riksmålsordbok er eit prosjekt som for lengst er i gang. Prosjektet vart omtalt i den same stortingsmeldinga frå 1999 som la grunnlaget for påskundinga av arbeidet med Norsk Ordbok.
Rettane til Norsk Riksmålsordbok ligg hos Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur (Akademiet). Akademiet har teke opp i seg det tidlegare Riksmålsvernet, ein språkpolitisk organisasjon som vart stifta i 1919, og som stod som utgjevar av den opphavlege utgåva av verket. Dette kom ut i fire band frå 1937 til 1957.
Seinare er verket supplert med to tilleggsband, som kom ut i 1995. Desse vart utarbeidde ved hjelp av elektronisk redigering. Til saman har dei seks eksisterande banda av Norsk Riksmålsordbok vel 5000 tospalta sider og omfattar ca. 220 000 oppslagsord.
Arbeidet med supplementsbanda til Norsk Riksmålsordbok fekk særskild støtte over kulturbudsjettet i åra 1979–1993, det første året på 34 000 kroner, auka til 180 000 kroner det sistnemnde året, og det vart gjeve eit eingongstilskot på 1 mill. kroner til trykking.
Det arbeidet som no går føre seg med å vidareføra verket, skjer elles i nært samarbeid med Kunnskapsforlaget. Prosjektet vart i 2006 omdøypt frå Norsk Riksmålsordbok til Det Norske Akademis store ordbok (NAOB).
8.3.6.2 Nærare om Det Norske Akademis store ordbok
Då både Norsk Riksmålsordbok og Norsk Ordbok vart behandla i stortingsmeldinga frå 1999, var dette med tanke på at begge desse prosjekta, saman med to andre bokverk, Norsk Biografisk Leksikon og Historisk-kritisk Ibsen-utgåve, skulle kunna fullførast til grunnlovsjubileet i 2014. Prosjekta vart karakteriserte som fire nasjonale oppslagsverk. Det heitte at Norsk Ordbok var i særklasse det tyngste og vanskelegaste, og at Norsk Riksmålsordbok var eit mykje mindre prosjekt.
Men det låg på dette tidspunktet ikkje føre ein samla plan for arbeidet med Norsk Riksmålsordbok. Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur ønskte å ta eitt steg om gongen, avpassa framdrifta etter den arbeidskrafta som var tilgjengeleg, og ikkje leggja det heile for stort opp. 5 Akademiet hadde då i tre år søkt om eit årleg støttebeløp på 0,8 mill. kroner. På bakgrunn av omtalen i meldinga frå 1999 har departementet gjeve tilskot til prosjektet frå og med 2000, dei to første åra med 0,5 mill. kroner årleg, og frå 2002 med 1 mill. kroner. Med seinare prisomrekningar hadde tilskotet i 2007 auka til 1,175 mill. kroner.
I meldinga frå 1999 var det lagt til grunn at prosjektet dreidde seg om å konvertera den opphavlege utgåva i fire band til elektronisk form, slik at dei to seinare supplementsbanda kunne støypast inn i det samla verket. I tillegg var nemnt «anna supplerings- og oppdateringsarbeid», men omfanget av dette var ikkje kjent.
Etter kvart gjekk det likevel fram at omfanget av dette arbeidet bygde på ein føresetnad om større statstilskot enn det som var klart i 1999, og det vart i 2002 etterspurt ein plan for framdrift og økonomisk støttebehov fram til fullført nyutgjeving av verket. Men behovet for ei meir fleksibel tilnærming til prosjektet har gjort det vanskeleg å få fram ein fullstendig kostnads- og finansieringsplan.
Dei meir detaljerte planar og budsjettoppstillingar som departementet fekk inn våren 2007, spesifiserer eit optimalt prosjektomfang og ein tilhøyrande finansieringsplan som ville innebera ein auke i det årlege statstilskotet frå vel 1 mill. til vel 4 mill. kroner. Alt i alt ville dette krevja eit samla statstilskot på vel 31 mill. kroner i dei sju åra frå og med 2008 til og med 2014. Det gjekk samstundes fram at prosjektet er fleksibelt på den måten at det også kan gjennomførast og fullførast på eit lågare ambisjonsnivå, men at resultatet då ikkje ville bli like fagleg tilfredsstillande.
8.3.6.3 Oppsummerande vurdering
Som det går fram ovanfor, er det to ulike miljø som kvar for seg arbeider målretta med leksikografisk dokumentasjon på bokmålssida med sikte på å kunna utarbeida ein oppdatert vitskapleg ordboksbase. Begge ønskjer økonomisk støtte frå departementet, Akademiet gjennom auke i eksisterande tilskot, Institutt for lingvistiske og nordiske studium gjennom finansiell medverknad frå departementet i eit prosjekt som enno ikkje er i gang, men som er systematisk førebudd gjennom mange år.
Departementet finn det vanskeleg å danna seg eit fullstendig bilete av skilnadene mellom dei to prosjekta. Det er likevel klart at tyngdepunktet og vektlegginga er ulik på mange måtar. Det viktigaste synest å vera at berre det eine prosjektet vil gje ein fullgod dokumentasjon av den historiske og litterære språktradisjonen, medan berre det andre prosjektet tek sikte på ein fullgod dokumentasjon av ordtilfang, ordformer og ordbruksmåtar i alle former for moderne bokmål. I utgangspunktet ser det difor ut til at dette er to prosjekt som vil komplettera kvarandre, og at det eine ikkje kan erstatta det andre.
På den andre sida er det mykje som tyder på at prosjekta har fleire grenseflater, og at dei kan ha fagleg nytte av eit samarbeid. Ei fagleg samordning kan også leggja til rette for meir effektiv utnytting av knappe økonomiske ressursar. Departementet vonar difor at partane er innstilte på å koma saman for å avklara kva dei eventuelt kan samarbeida om, slik at forholdet mellom prosjekta kan bli nærare klarlagt. Departementet vil sjå med velvilje på eit tettare samarbeid dersom partane skulle koma fram til at dette er tenleg.
Prinsipielt ønskjer elles ikkje departementet å favorisera det eine prosjektet framfor det andre. Men prosjekta har ulike forhistorie og ulik framdriftsstatus. Departementet har alt i mange år vore økonomisk engasjert i arbeidet med vidareføring av Norsk Riksmålsordbok. Tidlegare tilsegner til dette prosjektet krev ei oppfølging som nødvendigvis må leggja føringar for komande prioriteringar.
Utgangspunktet vil difor vera at departementet i første omgang konsentrerer innsatsen på bokmålssida om det prosjektet som no har nemninga Det Norske Akademis store ordbok. Deretter bør det nemnde dokumentasjonsprosjektet for moderne bokmål koma inn med større tyngde. Departementet legg til grunn at eit slikt prosjekt i regi av Universitetet i Oslo vil ha stor nytte av kompetanse og ressursar som er bygde opp i samband med nynorskprosjektet Norsk Ordbok 2014.
På desse premissane har departementet for 2008 funne grunnlag for å auka tilskotet til Det Norske Akademis store ordbok med i alt 1,5 mill. kroner, nær på ei fordobling av det låg inne i det opphavlege budsjettet for 2008. Målet er at prosjektet skal vera fullført i 2014, og det er viktig at rammevilkåra gjer det mogleg å gjennomføra arbeidet på ein fagleg tilfredsstillande måte. Departementet er difor innstilt på å vurdera tilskotsbehovet på nytt ved komande budsjettbehandlingar.
Departementet reknar elles med at prosjektet også bør kunna få inn substansielt med midlar gjennom private tilskot av ulike slag, og at eit klart signal om statleg medverknad bør kunna vera med på å utløysa slike bidrag.
8.4 Språknormering
8.4.1 Grunnlaget for språknormeringa
8.4.1.1 Kva er språknormering?
Å dokumentera eit ordtilfang, med bruksmåtar og tydingsnyansar, er ein aktivitet som i utgangspunktet har ein meir deskriptiv karakter enn det å avgjera kva som skal reknast for å vera korrekt staving og bøying av orda. Det er arbeidet med slike spørsmål, dei eigentlege rettskrivingsspørsmåla, som utgjer kjerneområdet for det som tradisjonelt blir omtalt som språknormering.
Språknormering er ei form for språkdyrking som inneber at ein autoritativ instans formelt fastset kva normer som skal gjelda, dels gjennom generelle reglar, dels gjennom spesielle vedtak eller avgjerder for kvart enkelt ord.
Også språknormer i form av rettskrivingsvedtak går fram av ordbøker eller ordlister. Anten blir ordbøker utgjevne eller ajourførte i ettertid, eller den språknormerande verksemda kan skje som ein integrert del av arbeidet med å redigera ei ordbok. I siste tilfelle kan det vera ordbokredaksjonen sjølv som også har funksjonen som autoritativ normeringsinstans.
Jamvel om språknormering ofte blir brukt synonymt med det å fastsetja rettskrivinga, korleis orda skal stavast og bøyast, går det inga klar grense mellom dette formelle språknivået og dei delane av språket som best kan dyrkast gjennom råd og rettleiing.
I ei mellomstilling står det som ofte blir kalla praktiske eller tekniske skrivereglar, så som forkortingar, taluttrykk, stor eller liten førebokstav, orddeling og liknande, dessutan reglar om teiknsetjing, til dømes kommareglane, som i andre land, til dømes i Danmark, synest å likna meir på eit formelt regelverk enn i Noreg.
Også desse språknivåa vil ofte inngå som ein del av den språknormerande verksemda. Men det kan variera i kva grad reglar og vedtak på dette området har, eller blir oppfatta å ha, den same bindande karakteren som dei reine rettskrivingsreglane. Dette inneber at det også kan vera noko meir uklart i kva grad avvik frå slike reglar blir rekna for ukorrekt språk. I alle fall er det svært varierande i kva grad dei blir etterlevde i praktisk språkbruk. I norsk samanheng er ikkje minst kommareglane eit døme på dette. Kommafeil er kanskje den mest vanlege typen av brot på norske språknormer.
8.4.1.2 Sentrale normeringsinstansar
Ein eller annan sentral instans for normering av eit standardisert skriftspråk, til dels også for talemålet, finst i dei fleste land. Det kan vera lærde selskap, såkalla akademi, med ein lang historisk tradisjon, slik som i Italia, Frankrike, Spania og Sverige, eller reint private ordbokskonsern, også desse med etter måten lang tradisjon, som til dømes i Storbritannia, USA og Tyskland.
Felles for desse landa er at normeringsarbeidet i større grad enn i Noreg har vore avgrensa til å kodifisera ei språknorm som alt hadde festna seg og slått igjennom i praktisk bruk innanfor dei mest prestisjetunge skriftspråklege miljøa i landet.
I meir moderne tid og helst i mindre språksamfunn og land med unge standardspråk har det vakse fram ein ny type normeringsinstansar i form av faglege nemnder, ofte, men ikkje alltid, i offentleg regi.
Slike språknemnder har vi fått i fleire ikkje-europeiske land. Som regel har språknemndene også meir omfattande oppgåver innanfor arbeidet med språkdyrking og språkrøkt. Også dei nordiske landa har slike språknemndliknande organ, men det varierer i kva grad desse også har språknormerande funksjonar.
8.4.1.3 Det svenske eksemplet
I Norden er det Sverige som skil seg ut. Her er det Svenska Akademiens ordliste som fungerer som autoritativ kjelde for rettskrivinga. Ordlista vart første gongen utgjeven i 1874 og kom i 2006 i trettande utgåve. Svenska Akademien er frittståande og driv verksemda si uavhengig av staten, og ikkje sidan 1906 har statlege styresmakter blanda seg direkte inn i rettskrivingsspørsmål.
Då gjekk det ut eit sirkulære frå kyrkjeministeren om at sjuande utgåva av Akademiens ordliste frå 1900 skulle liggja til grunn for undervisninga i svensk rettskriving. Sirkulæret fastsette likevel unntak frå dette på nokre få punkt, og Akademien kjende seg etter kvart tvungen til å innarbeida desse avvika for ikkje å bli utkonkurrert av andre ordlister på marknaden.
Dei siste hundre åra har det ikkje vore slike offentleg initierte rettskrivingsreformer i Sverige, og i proposisjonen om svensk språkpolitikk frå september 2005 blir det berre slått fast utan nærare drøfting at Svenska Akademiens ordliste er normgjevande for staving og bøying av svenske ord.
8.4.1.4 Det danske eksemplet
I Danmark har den offisielle rettskrivinga på ein heilt annan måte både offentleg opphav og forankring. Alt frå 1872 vart det fastsett rettskrivingsreglar på departementalt nivå og etter kvart også autorisert offisielle rettskrivingsordbøker. Frå 1997 er dansk rettskriving forankra i ei eiga lov, lov om dansk rettskriving. Her er det slått fast at dansk rettskriving blir fastlagd av Dansk Sprognævn og offentleggjord i Dansk Sprognævns rettskrivingsordbok.
Rettskrivingslova fastset at normeringsverksemda skal følgja reglar i medhald av lov om Dansk Sprognævn. Og her er det fastsett at dansk rettskriving skal byggja på to hovudprinsipp, tradisjonsprinsippet og språkbruksprinsippet, dessutan at rettskrivingsendringar av prinsipiell karakter krev departemental godkjenning.
8.4.1.5 Grunnlaget for norsk språknormering
Norsk rettskriving har aldri vore lovfesta, men til liks med Danmark og motsett Sverige har vi likevel lang tradisjon for at språknormering er eit offentleg ansvar. Kyrkje- og undervisningsdepartementet fastsette rettskrivingsreglar for skulebruk første gongen i 1862, og endringar vart gjorde mellom anna i 1877, 1885 og 1893.
Behovet for fornorsking av det opphavleg danske skriftspråket, med ei kløyving i to offisielle målformer som eitt av resultata, gjer likevel at den norske rettskrivingssituasjonen ikkje utan vidare kan samanliknast med den danske og heller ikkje med den svenske. Norsk språkhistorie på 1900-talet er difor på ein heilt annan måte enn i dei to skandinaviske nabolanda våre ei historie om til dels omfattande rettskrivingsreformer.
I 1917, 1938 og 1959 skjedde det meir gjennomgripande reformer i båe målformer, i nynorsk dessutan i 1901 og 1910 og i bokmål i 1907 og 1981. Desse reformene vart formelt fastsette ved kongeleg resolusjon, men frå og med 1938-reforma var dei først drøfta i Stortinget på grunnlag av ei melding.
I regi av Norsk språknemnd, som vart oppretta i 1952, voks det i tillegg fram ein tradisjon for eit meir løpande normeringsarbeid, og dette vart frå 1972 vidareført av Norsk språkråd. Norsk språkråd har etter dette fungert som offentleg normeringsorgan for dei to offisielle språknormalane i norsk, bokmål og nynorsk.
Som ein del av ein opposisjon mot den offisielle normeringspolitikken, som lenge var prega av tilnærming mellom bokmål og nynorsk, har vi dessutan sidan 1953 hatt eit privat språkakademi som har vore normeringsinstans for ein eigen riksmålsnormal i konkurranse med den offisielle bokmålsnormalen. Dette er Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur, som også er omtalt ovanfor under pkt. 8.3.6.1.
Dette inneber at vi i Noreg, på sida av det offisielle normeringsapparatet, har ein normeringsinstans etter same klassiske akademimodell som dei instansane som i fleire andre land, mellom anna i Sverige, fungerer som den eine offisielle normeringsinstansen. I tillegg har Akademiet også vore representert i Norsk språkråd og har dermed hatt høve til å delta også i utviklinga av den offisielle bokmålsnormalen.
I Norsk språkråd var det ei fagnemnd på åtte medlemmer, fire frå kvar målform, som hadde hovudansvar for normeringsarbeidet. Fagnemnda var vald av rådet, og dei fleste vedtak i fagnemnda måtte dessutan behandlast og stadfestast på rådsmøte. Spørsmål som berre vedkom den eine målforma, vart behandla av den halvdelen av rådet som bestod av dei medlemmene som var oppnemnde som representantar for vedkomande målform.
I visse normeringsspørsmål hadde Norsk språkråd det siste ordet, medan andre spørsmål måtte godkjennast av departementet. Dette var opphavleg ikkje formelt regulert, men etter at spørsmålet var drøfta i St.meld. nr. 100 (1980–81), vart det teke inn nærare reglar om dette i vedtektene for Norsk språkråd.
Her var det fastsett at Norsk språkråd hadde fullmakt til å gjera endelege vedtak i normeringsspørsmål som gjaldt ulike tekniske skrivereglar, dessutan vedtak om skrivemåte og bøying av nye ord og andre enkeltord som ikkje tidlegare var normerte i norsk, medrekna transkripsjon av utanlandske namn.
Derimot måtte vedtaka leggjast fram for departementet til godkjenning dersom det var tale om gjennomgripande endringar av heile system eller endring av skrivemåte og bøying av enkeltord som tidlegare var normerte i norsk.
Vedtektene som gav det tidlegare Norsk språkråd nærare definerte fullmakter i normeringsspørsmål, var fastsette med heimel i lov om Norsk språkråd. I samband med omdanninga av institusjonen vart lova og dermed også vedtektene oppheva med verknad frå 1. januar 2005. I brev til Norsk språkråd av 22. desember 2004 gjorde departementet det klart at institusjonens fullmakter i normeringsspørsmål dermed ville falle bort frå 1. januar 2005.
8.4.2 Norsk normeringspolitikk 1997–2005
8.4.2.1 Målet om større stabilitet i rettskrivinga
Noko av bakgrunnen for omdanninga av Norsk språkråd med tilhøyrande bortfall av tidlegare normeringsfullmakter har vore eit ønske om å konsentrera meir innsats og større merksemd om andre språkpolitiske spørsmål enn dei tradisjonelle rettskrivingsspørsmåla. Mellom anna i kulturmeldinga frå 2003 vart det såleis vist til at språkvern og språkstyrking i vid meining, saman med tradisjonell språkrøkt, står fram som meir påtrengjande oppgåver. Dette refererer nettopp til det statusarbeidet som også er det grunnleggjande gjennomgangstemaet i denne meldinga.
I tråd med denne føresetnaden vart det i kulturmeldinga frå 2003 uttalt at norsk rettskriving skal stabiliserast, dvs. at ein så langt råd er, skal unngå nye og hyppige endringar i gjeldande rettskriving, både meir omfattande reformer og årvisse justeringar i enkeltspørsmål. Dette slutta Stortinget seg til.
Såleis uttalte familie-, kultur- og administrasjonskomiteen samrøystes i innstillinga til kulturmeldinga, Innst. S. nr. 155 (2003–2004), at den støtta intensjonane bak å søkja å stabilisera norsk rettskriving. Komiteen tok i denne samanhengen departementet sine vurderingar til etterretning og var samd i at dette tilsa at ein i framtida burde unngå hyppige endringar i rettskrivingsnormalane.
Ein føresetnad for å koma over i ein meir stabil rettskrivingssituasjon har likevel vore spørsmålet om først å få avklart i kva grad det var behov for det som har vore kalla ei opprydding i det rettskrivingssystemet som hadde utvikla seg gjennom 1900-talet. I kulturmeldinga vart det såleis vist til at Norsk språkråd sidan 1997 hadde arbeidt med å førebu ei slik opprydding, og at den avsluttande innstillinga frå rådsmøtet i 2003 var send departementet til godkjenning.
I kulturmeldinga frå 2003 uttalte departementet om dette:
«Spørsmålet er mellom anna om dei innsende endringane kan seiast å innebera ei forenkling som vil leggja til rette for framtidig stabilitet, eller om stabiliteten er best tent med at ein heilt eller delvis held fast ved gjeldande rettskriving.»
8.4.2.2 Eit endeleg punktum for tilnærmingspolitikken
Noko av bakgrunnen for det omtalte oppryddingsbehovet var den omfattande valfridommen som hadde utvikla seg gjennom rettskrivingsreformene og dei løpande rettskrivingsendringane på 1900-talet. Denne valfridommen var delvis eit resultat av den såkalla tilnærmingslinja som var ein del av offisiell språkpolitikk gjennom store delar av det førre hundreåret. Denne politikken bygde på ei von om at dei to målformene gradvis kunne nærmast til kvarandre slik at dei ein gong i framtida ville smelta saman til eit felles norsk skriftspråk.
Då Norsk språkråd i 1972 avløyste forgjengaren Norsk språknemnd, vart den aktive tilnærmingspolitikken erstatta av ei meir avmålt og moderat tilnærmingslinje. Dette kom til uttrykk gjennom ei meir avdempa formulering i lova om Norsk språkråd. Her heitte det at rådet skulle følgja utviklinga av norsk skriftspråk og talespråk og på dette grunnlaget fremja samarbeid i dyrkinga og normeringa av dei to målformene og «støtte opp om utviklingstendenser som på lengre sikt fører målformene nærmere sammen».
I 2002 vedtok Stortinget samrøystes å oppheva også denne tilnærmingsparagrafen, jf. Ot.prp. nr. 95 (2001–2002) og Innst. O. nr. 3 (2002–2003). Saka var tidlegare omtalt i St.meld. nr. 9 (2001–2002) Målbruk i offentleg teneste, der det mellom anna vart uttalt at det å oppheva denne lovparagrafen ville vera ei viktig symbolhandling og innebera ei endeleg stadfesting av at den såkalla tilnærmingslinja i forholdet mellom bokmål og nynorsk ikkje lenger er aktuell normeringspolitikk.
Grunnlaget for dette var elles lagt gjennom følgjande fråsegn i den tilsvarande meldinga fire år tidlegare, jf. St.meld. nr. 13 (1997–98) Målbruk i offentleg teneste:
«Regjeringa har som utgangspunkt å leggje tilhøva til rette for ei god utvikling for nynorsk skriftspråk. Den tilnærmingslinja mellom bokmål og nynorsk som tidlegare stod sentralt i offisiell norsk språkpolitikk, framstår i dag i praksis som mindre aktuell. Det synest å vere etter måten brei politisk aksept for at vi i dag har to offisielle norske språkformer, og at dette vil vere ein relativt varig situasjon. Det inneber at i staden for å leggje vekt på utviklingstendensar som på sikt kan føre dei to målformene saman, blir måldyrkingsarbeidet snarare knytt til spørsmålet om korleis bokmål og nynorsk kvar for seg skal kunne utvikle seg best mogleg. I tillegg til å sikre individuelle språkrettar både for nynorsk- og bokmålsbrukarane bør reglane for offentleg språkbruk også utformast og praktiserast slik at dei kan vere med på å sikre det mangfaldet som dei to offisielle målformene representerer i norsk kultur- og samfunnsliv.»
8.4.2.3 Departementets behandling av rettskrivingsframlegga frå 2003
Dei framlegga til rettskrivingsendringar som Norsk språkråd vedtok på rådsmøtet i 2003 i kjølvatnet av det oppryddingsarbeidet som er omtalt ovanfor, førte til at departementet med verknad frå 1. juli 2005 godkjende ei ny rettskriving og eit nytt rettskrivingssystem for bokmål, i all hovudsak i samsvar med det rådsmøtet hadde gjort vedtak om.
Derimot godkjende ikkje departementet dei foreslåtte endringane i nynorskrettskrivinga. Ein viktig skilnad mellom dei to framlegga frå Norsk språkråd var at nynorskframlegget berre gjaldt endringar innanfor ramma av gjeldande system, medan bokmålsframlegget innebar eit nytt normsystem utan det gamle skiljet mellom hovudformer og sideformer. Det betyr at alle valfrie former i bokmål no har same status, dvs. at dei kan brukast fritt av alle.
Det gamle normsystemet, som altså framleis står ved lag i nynorsk, inneber at vi i praksis har to rettskrivingsnormalar, på den eine sida ein normal som innanfor delar av stavings- og bøyingssystemet omfattar to eller fleire valfrie former, likestilte hovudformer, og på den andre sida ein vidare normal, som har ei eller fleire valfrie former i tillegg, kalla sideformer eller klammeformer.
Den trongaste normalen gjeld for lærebøker til bruk i skulen og blir difor kalla læreboknormalen, men er også påboden i statleg teneste og er dessutan tradisjonelt lagd til grunn for manusbunden tale i NRK. I alle andre situasjonar kan språkbrukarane velja former innanfor den vidare rettskrivinga og dermed også dei såkalla sideformene.
Grunnen til at nynorskframlegget frå 2003 om visse endringar innanfor ramma av eksisterande system ikkje vart godkjent, var at rådsmøtet gjorde to tilleggsvedtak som departementet tolka som eit signal om at siste ord ikkje var sagt. Det såg med andre ord ut til at rådsmøtet meinte det kunne bli aktuelt å ta opp att spørsmålet om å avskaffa skiljet mellom hovudformer og sideformer også i nynorsk. Ei slik løysing var nemleg utgreidd i 2002, og det låg ei stund an til at Norsk språkråd kunne koma til å vedta eit slik systemskifte også for nynorsk.
Denne grunngjevinga frå departementet går fram av brev til Norsk språkråd av 16. februar 2005. Brevet konkluderte slik:
«I denne situasjonen har departementet kome til at det ikkje er tilrådeleg å skipla den stabiliteten som gjeldande rettskriving trass alt representerer. Før ein eventuelt gjennomfører større endringar i nynorsk, må ein også her vera nokolunde viss på at resultatet blir ein rettskrivingsnormal som kan stå uendra i lang tid framover.»
For nærare om bakgrunnen for denne saka og den vidare behandlinga av spørsmål som gjeld nynorskrettskrivinga, viser vi til kapittel 8.2 i denne meldinga.
8.4.2.4 Nærare om bokmålsrettskrivinga av 2005
Etter at Norsk språkråd i 1997 hadde gått i gang med å førebu ei opprydding i rettskrivinga, vart det nokså raskt eit uttalt mål å fjerna skiljet mellom hovudformer og sideformer i bokmål. No er altså denne forenklinga gjennomført ved dei endringane som departementet godkjende i 2005.
Endringane i bokmålsrettskrivinga består elles i at ein del former som har vore omtalte som lite brukte former, gjekk heilt ut av rettskrivinga, medan ein del tradisjonelle former som til dels er mykje brukte, vart godkjende som ein del av offisiell rettskriving. Til dels er dette former som fell saman med den uoffisielle riksmålsnormalen.
Dette siste innber at det i dag er nokså få riksmålsformer att som ikkje også er ein del av den offisielle bokmålsnormalen. Denne justeringa av bokmålet i retning av riksmål var elles ei utvikling som tok til med rettskrivingsreforma i bokmål alt i 1981. Resultatet er at det i dag er stor grad av samanfall mellom riksmål og moderat bokmål.
I praktisk språkbruk er det dessutan stadig sjeldnare at ein ser tradisjonelle og markante riksmålsformer som til dømes efter, nu, sprog, sne på trykk. Slik sett har også riksmålet nærma seg bokmål, og dette er med på å forsterka inntrykket av det nære samsvaret mellom riksmål og moderat bokmål.
Elles er det slik at mange av dei lite brukte formene som gjekk ut av bokmålsnormalen i 2005, var tidlegare sideformer. Men det er også ein del tidlegare sideformer som gjennom endringa av sjølve normsystemet har fått oppgradert status som fullverdige former innanfor bokmålsnormalen.
Alt i alt er det framleis etter måten mange valfrie former innanfor bokmålsnorma. For lærebokforfattarar og statstilsette er dessutan valfridommen på fleire punkt større enn før, som resultat av at statusskiljet er oppheva med påfølgjande oppgradering av tidlegare sideformer.
8.4.2.5 Oppsummerande vurdering
Valfridommen i rettskrivinga har både fordelar og ulemper. Éin av fordelane er at språkbrukarane lettare kan finna skriftformer som dei kjenner seg heime i, til dømes fordi formene fell saman med eller ligg nær opptil eige talemål. Ei ulempe er at valfridommen inneber at normene blir mindre faste, at det kan vera vanskeleg å halda oversikt over kva former som ligg innanfor og utanfor norma, og at det kan føra til eit noko vaklande og inkonsekvent skriftbilete.
Jamvel om det kan vera ulike vurderingar av desse konsekvensane, følgjer det av sjølve formålet med eit normert skriftspråk at valfridommen ikkje må bli for stor. Alle kan ikkje få skriva slik dei sjølve vil.
Dei ulike elementa som ligg innebygde i den spesielle norske språksituasjonen, har ført til ein valfridom som er klart større enn det som er vanleg for eit standardisert skriftspråk. Det går då også fram av ulike grunnlagsdokument at det lenge har vore ein overordna ambisjon å freista å stramma noko inn på omfanget av valfrie former, men ulike tendensar og motsetnader i normeringsarbeidet har i praksis ofte vorte løyste ved i staden å utvida valfridommen.
Stortinget har tidlegare har slutta seg til prinsippet om sjølvstendig normering av nynorsk og bokmål utan tilnærming, dessutan prinsippet om stabilitet, dvs. at vi bør ha mindre hyppige og mindre omfattande endringar i rettskrivinga enn det som tidlegare har vore vanleg her i landet. Desse to prinsippa bør framleis liggja til grunn og praktiserast mest mogleg konsekvent.
For bokmålet sitt vedkomande reknar departementet med – trass i at det framleis er etter måten stor valfridom på mange punkt i rettskrivinga – at den oppryddinga og forenklinga som vart godkjend i 2005 har vore tilstrekkeleg til at det så langt fram vi kan sjå, ikkje bør vera trong for større endringar. Dermed skulle det no vera lagt grunnlag for ein relativt stabil rettskrivingssituasjon i bokmål.
Truleg vil det også vera med på å sikra slik stabilitet at variasjonen i faktisk språkbruk i bokmål synest å vera klart mindre enn den valfridommen som rettskrivinga opnar for.
Utover desse overordna prinsippa ønskjer ikkje departementet å leggja meir detaljerte og spesifikke føringar på ein framtidig normeringspolitikk. Det er viktig at ein slik politikk framleis har ei breiast mogleg språkdemokratisk forankring, og mange av dei normeringsprinsippa som vart utvikla av Norsk språkråd, vil truleg vera eit godt grunnlag å byggja vidare på.
For nærare omtale av nynorskrettskrivinga viser vi til kap. 9.2.1.
8.4.3 Grunnlaget for eit framtidig normeringsregime
8.4.3.1 Utgangspunkt
Spørsmålet er likevel kva som blir spelerommet for eit framtidig normeringsarbeid når no endringstakta skal senkast og endringsomfanget reduserast i tråd med prinsippet om stabilitet, dessutan korleis eit slik arbeid skal organiserast og forankrast.
I kulturmeldinga frå 2003 heitte det om dette at ein del normeringsspørsmål alltid vil reisa seg frå tid til anna, men at omfanget og korleis det best kan handterast, kan vera noko usikkert. Det heitte også at korleis det i framtida skal arbeidast vidare med slike normeringsspørsmål som framleis kan koma opp, og kva funksjon den nye institusjonen eventuelt skal ha i så måte, inngår i ei samla vurdering av heile rettskrivingssituasjonen.
Etter dette har altså departementet sluttbehandla framlegga til rettskrivingsendringar frå rådsmøtet i 2003 og fullført omdanninga av Norsk språkråd. I det følgjande gjer vi greie for korleis normeringsspørsmålet er behandla i samband med denne omdanninga.
8.4.3.2 Noverande vedtekter for Språkrådet
I dei endelege vedtektene for det nye Språkrådet heiter det i den innleiande formålsparagrafen at institusjonen mellom anna skal forvalta dei to offisielle norske språknormalane.
I særskilde merknader som departementet har utarbeidt til vedtektene, blir det sagt at bruken av uttrykket forvalta inneber at det ikkje er fastsett meir spesifikt kva funksjonar Språkrådet eventuelt skal ha når det gjeld eventuelle framtidige rettskrivingsendringar, og heller ikkje i spørsmålet om normering av nye ord og liknande. Merknadene slår fast at det her framleis står att eit visst avklaringsarbeid, og at det er mest tenleg at detaljane i dette ikkje er regulerte direkte i vedtektene.
Derimot er det i vedtektene teke inn ei generell føresegn om at departementet kan tilleggja Språkrådet spesifikke oppgåver og eventuelle fullmakter innanfor definerte saksfelt, om nødvendig med nærare reglar om saksførebuing og avgjerdsprosedyre. I merknadene til denne føresegna har departementet presisert at det først og fremst er i normeringsspørsmål dette kan bli aktuelt, og det heiter at føresegna er utforma med særleg tanke på dette.
Departementet har førebels ikkje nytta denne fullmakta, og pr. i dag har ikkje Språkrådet fullmakt til å gjera vedtak i normeringsspørsmål.
8.4.3.3 Høyringa om det nye Språkrådet i 2004
I høyringsdokumentet frå januar 2004 som ledd i den pågåande omdanninga av Norsk språkråd bad departementet om synspunkt på aktuelle språkpolitiske utfordringar og på kva behov eit sentralt statleg språkorgan burde dekkja.
Dei fleste høyringsinstansane tok her klart til orde for at normering framleis måtte vera ei statleg oppgåve, og at denne funksjonen naturleg måtte liggja til det nye språkorganet. Ingen av dei som uttalte seg i høyringa, gav eksplisitt uttrykk for at det nye organet ikkje burde arbeida med normeringsspørsmål.
Men det kom også fram tankar om at ein for bokmål og nynorsk kunne ha sjølvstendige kommisjonar som fungerte som konsulentar for departementet, eventuelt at slike vart oppretta ved behov, og at dei arbeidde uavhengig av kvarandre.
8.4.3.4 Fagrådet for normering og språkobservasjon
I tråd med stemninga i høyringa frå 2004 og meir spesifikt dei føresetnader som er utvikla under omdanningsarbeidet, har det nye styret i Språkrådet bestemt at normering og språkobservasjon skal vera arbeidsområdet for eitt av dei fire fagråda som vart oppnemnde i februar 2007.
I det mandatet styret har gjeve, går det fram at fagrådet for normering og språkobservasjon skal arbeida for at norma i bokmål og nynorsk blir halden i hevd og utvikla i samsvar med etablert normeringspraksis og stabile utviklingstendensar i språkbruken.
Meir konkret heiter det mellom anna at fagrådet skal koma med framlegg om normering av enkeltord, utanlandske namn og andre innlån, dessutan at det skal foreslå endringar i gjeldande rettskriving og tilrådd syntaks når utviklinga gjer det ønskjeleg. Førebels har altså ikkje departementet fastsett nærare prosedyrar for korleis slike framlegg skal behandlast vidare.
8.4.3.5 Utgreiingsnotat frå Språkrådet i 2006
I mai 2006 sende departementet eit brev til Språkrådet for å få greidd ut meir i detalj kva innhald og omfang eit meir formalisert normeringsarbeid i regi av Språkrådet bør ha. Departementet opna også for at Språkrådet kunne koma med forslag til kva normeringsfullmakter institusjonen sjølv bør ha, men dette spørsmålet vart ikkje kommentert i det utgreiingsnotatet departementet mottok i august 2006.
Notatet drøftar derimot sjølve normeringsbehovet og normeringsgrunnlaget og ein del av dei særlege utfordringane ved den norske rettskrivingssituasjonen.
Det konkluderer med å peika på fire normeringsrelaterte arbeidsområde som bør prioriterast i tida framover. Det eine er ein gjennomgripande revisjon av nynorskrettskrivinga, det andre organisering av eit kontinuerleg arbeid med nynormering, terminologi og språkobservasjon, det tredje å vurdera eit klarare skilje mellom reglar og råd i det som har med skrivereglar å gjera, og det fjerde å gje betre informasjon om gjeldande norm.
Utgreiingsoppdraget frå departementet var kome før det nye styret i Språkrådet var oppnemnt, men departementet har i ettertid bedt om styrebehandling av notatet. I vedtak frå møte 13. desember 2006 heiter det at styret ser dei fire prioriterte arbeidsoppgåvene som er skisserte i notatet til departementet, som eit godt utgangspunkt for arbeidet i det nye fagrådet for normering og språkobservasjon.
Av vedtaket gjekk det elles fram at styret ville koma tilbake til saka når fagrådet var kome i funksjon.
8.4.3.6 Oppsummerande vurdering
Dei nye fagråda i det omdanna Språkrådet har enno vore i funksjon berre i knapt halvtanna år.
Etter vedtektene har fagråda eit særleg ansvar for å sikra at Språkrådet har breiast mogleg samfunnskontakt for arbeidet sitt. Dei skal formidla synspunkt og impulsar frå det norske språksamfunnet til styre og sekretariat og skal på tenleg måte drøfta og førebu større saker som skal avgjerast i styret. Fagråda har også høve til å ta sjølvstendige initiativ innanfor eige arbeidsområde.
Fagrådet for normering og språkobservasjon har dessutan fått eit meir spesifikt mandat av styret som er etter måten omfattande.
Ei naturleg oppgåve for dette fagrådet vil mellom anna vera å ta stilling til endringar og justeringar i gjeldande rettskrivings- og skrivereglar. Spørsmålet om i kva omfang Språkrådet skal ha rett til å gjera endelege vedtak i slike spørsmål, er førebels uavklart etter at tidlegare fullmakter vart trekte tilbake i samband med den institusjonelle omdanninga 1. januar 2005.
Føresetnaden har vore at rettskrivinga skal stabiliserast, og at det difor ikkje må gjerast for hyppige og omfattande endringar i vedtekne normer. Både i sjølve rettskrivinga og i dei såkalla skrivereglane finst likevel mange ulike detaljar, og erfaring viser at det ofte oppstår behov for å vurdera visse justeringar eller tilpassingar.
Departementet tek difor sikte på innan utgangen av 2008 å få etablert eit nytt system for nødvendig normvedlikehald og nynormering. Dette omfattar mellom anna å finna fram til ei tenleg arbeids- og ansvarsfordeling mellom Språkrådet og departementet. Arbeidet med å avklara desse spørsmåla vil skje i nær dialog med Språkrådet.
8.4.4 Rettsgrunnlag og kunnskapsgrunnlag for rettskrivinga
8.4.4.1 Generelt om rettsgrunnlaget
Det er tidlegare nemnt at verken statens rett til å normera, eller rettskrivinga i seg sjølv, er lovfesta her i landet, i motsetnad til det som i dag er tilfellet i Danmark. Vi har heller inga lov med allmenne påbod om at offisiell rettskriving skal følgjast.
Som vi indirekte har vore inne på ovanfor, finst det likevel eit meir spesifikt rettsgrunnlag for visse nærare definerte språkbrukssituasjonar. Det gjeld lærebøker til bruk i skulen, det skriftlege undervisningsspråket i skulen og målbruken i statstenesta. For lærebøker er det tale om ei plikt som er fastsett direkte i lov, medan det for språkbruken i skulen elles kan vera like treffande å tala om sedvanerett som om lovgrunnlag. Når det gjeld statstenesta, er det tale om ei plikt som kviler på instruks.
Her må det presiserast at for språkbruken i lærebøker og i statstenesta er dei aktuelle pliktformuleringane knytte til læreboknormalen. I og med at det i bokmål ikkje lenger finst nokon særskild læreboknormal, må vi leggja til grunn at pliktene i staden knyter seg til den vidare rettskrivinga.
Dette må gjelda jamvel om det ikkje er uttrykkjeleg presisert gjennom justeringar av ordlyden i dei aktuelle føresegnene. For det ville ikkje vera rimeleg å sjå det slik at det rettslege grunnlaget for ei plikt automatisk skulle falla bort fordi innhaldet i plikta blir omdefinert, i alle fall ikkje når plikta som i dette tilfellet i praksis blir lempa på.
8.4.4.2 Rettskrivinga i statstenesta
For regulering av rettskrivinga i staten trengst ingen lovheimel. For statstilsette må retta seg etter det som gjeld i staten. I alle fall for skriftleg utoverretta språkbruk må utgangspunktet difor vera at staten kan gje instruks om rettskrivinga. Det er gjennom språket statsorgana presenterer seg, og den presentasjonen må staten kunna styra.
Då Stortinget i 1970 behandla den førre store språkmeldinga 6 , gav det uttrykk for at dei allmenne rettskrivingsreglane og ikkje den trongare læreboknormalen burde leggjast til grunn for målbruken i statsforvaltninga, men dette vart endra i samband med liberaliseringa av bokmålsrettskrivinga i 1981. Under førebuinga av denne reforma vedtok Norsk språkråd å rå til at læreboknormalen skulle gjelda ikkje berre i lærebøkene, men også i offentleg teneste.
I St.meld. nr. 100 (1981–82) sa departementet seg samd i at læreboknormalen burde gjelda i staten, men fann ikkje, når ein ikkje hadde særskild lovheimel for det, å kunna gje bindande reglar om målbruken i kommunar og fylkeskommunar. I meldinga vart det likevel gjeve uttrykk for at departementet såg det som ønskjeleg at kommunale og fylkeskommunale organ følgde læreboknormalen i den skriftlege tenesta si.
For statstenesta vart det derimot formelt fastsett, etter at Stortinget hadde slutta seg til premissane i meldinga, at læreboknormalen skulle leggjast til grunn for språkbruken i statstenesta, jf. kongeleg resolusjon av 24. juli 1981. Dette har så vore den gjeldande rettssitusjonen i alle år sidan, for bokmål inntil læreboknormalen fall bort gjennom det nye normsystemet frå 1. juli 2005.
Her er det altså tale om ein instruks. Det kan likevel verka noko forvirrande at staten i tillegg har lovheimel for å styra språkbruken i statstenesta. Det heiter nemleg i lova om målbruk i offentleg teneste at tilsette som har skriftleg utforming som ein del av tenesta, pliktar å bruka «bokmål og nynorsk etter dei reglane som til kvar tid gjeld for målbruken i statstenesta».
Denne føresegna siktar i første rekkje til reglane om fordeling av bokmål og nynorsk, men ordlyden fangar også opp at det er bokmål og nynorsk i tråd med offisiell rettskriving det er tale om. I juridisk litteratur er det lagt til grunn at denne lovføresegna ikkje gjev staten nokon kompetanse utover det som alt følgjer av instruksjonsretten. 7
Uavhengig av rettsgrunnlaget er det altså berre for nynorsk at dei pliktene som kviler på dei statstilsette, gjeld læreboknormalen. For nynorsk er det såleis ei rad former innanfor rettskrivinga, dei såkalla sideformene, som ikkje skal brukast i staten.
Det er elles grenser for kor strengt det lèt seg gjera å praktisera rettskrivingsreglane, og kanskje særleg dei trongare rammene innanfor den vidare rettskrivinga. Her kan det vera grunn til i nemna følgjande merknad frå kyrkje-, og undervisningskomiteen under stortingsbehandlinga i 1981:
«Komiteen vil imidlertid peke på at det ikke er helt enkelt å tilegne seg sikkerhet i hva som er tillatt eller forbudt i henholdsvis læreboknormal og rettskriving. I vår språksituasjon bør det derfor vises rimelighet i praktiseringen av slike regler, og legges desto større vekt på god og klar språkføring.»
Frå sentralt hald har det då heller ikkje i åra etterpå vore noka form for kontroll av rettskrivinga i staten. Særleg innanfor nynorsk ser ein også stadige avvik frå gjeldande rettskriving, både ved at det blir brukt former som ligg utanfor læreboknormalen og den vidare rettskrivinga.
Difor er det nok i dag større grunn til å skjerpa inn kva rettskrivingsreglar som gjeld. Den liberale praksisen når det gjeld dei formelle sidene ved språket i staten, er nok i dag snarare for stor enn for liten.
Departementet har i 2007 i eit rundskriv til alle fagdepartementa gjeve nærare informasjon om dei rettskrivingsreglane som gjeld, og har mellom anna streka under at dei nynorske sideformene, som står oppførte i hakeparentes i ordbøkene, ikkje skal brukast i staten.
8.4.4.3 Rettskriving i lærebøker til bruk i skulen
For norske lærebøker som blir brukte i skulen, er det no fastsett i opplæringslova, som blir forvalta av Kunnskapsdepartementet, at rettskrivinga skal vera i samsvar med læreboknormalen.
Denne føresegna kom inn i lova med verknad frå 1. august 2000 og erstatta då ei føresegn som sa at lærebøker til bruk i skulen skulle vera godkjende av departementet. Som ledd i forvaltninga av denne generelle godkjenningsordninga hadde Norsk språkråd ansvaret for språkleg førehandsgransking av lærebøker. Noko av det som då vart kontrollert, var nettopp at rettskrivinga i bøkene følgde læreboknormalen, jamvel om det aldri var fastsett i lov eller forskrift at bruk av læreboknormalen var eit vilkår for godkjenning.
Men som nemninga seier, var jo denne normalen definert nettopp for det formål at han skulle brukast i lærebøker. Dessutan vart det i samband med rettskrivingsreforma i bokmål i 1981 fastsett i den nemnde kongelege resolusjonen av 24. juli same året at dei endringar i rettskrivinga og læreboknormalen som Norsk språkråd hadde foreslått for bokmål, vart fastsette som gjeldande for ordlister, norsklærebøker og andre godkjenningspliktige lærebøker.
Forut for resolusjonen var det elles uttalt i St.meld. nr. 100 (1980–81) at departementet såg det som sjølvsagt at læreboknormalen skulle gjelda for godkjenningspliktige lærebøker.
Resolusjonen måtte oppfattast som ein instruks om at berre lærebøker som følgde læreboknormalen, skulle godkjennast. For nynorsk kunne eit tilsvarande pålegg utleiast meir indirekte frå ein kongeleg resolusjon frå 1959, den resolusjonen som gav departementet den opphavlege fullmakta til å fastsetja læreboknormalen.
Med lovføresegna frå 2000 kjem sjølve det rettslege grunnlaget for å stilla krav til ei bestemt rettskriving i lærebøkene tydelegare og meir direkte fram. Det er presisert i proposisjonen at den nye føresegna rettar seg direkte til skulane som brukarar av lærebøker og indirekte til forlaga som lærebokprodusentar, jf. Ot.prp. nr. 44 (1999–2000). Vidare vart det uttrykkjeleg sagt same stad at bøker som ikkje følgjer læreboknormalen, ikkje kan nyttast som lærebøker, og det vart streka under at forlaga difor heller ikkje ville få selt lærebøker til skulane med mindre dei var i samsvar med læreboknormalen.
På grunn av ei mistyding er det i lovføresegna frå 2000 feilaktig teke med eit tillegg som definerer læreboknormalen som «fastsett i forskrifter med heimel i lov 11. april 1980 om målbruk i offentleg teneste» (mållova). Men som nemnt fleire gonger er verken læreboknormalen eller den vidare rettskrivinga regulert med heimel i lov, og såleis heller ikkje med heimel i den nemnde mållova. Utforminga av den aktuelle lovføresegna er såleis noko misvisande, jamvel om feilen neppe har noko å seia i praksis.
Departementet vil likevel ved første høve sjå til at denne feilaktige tilvisinga i opplæringslova blir retta. Då vil vi også sjå på om ordlyden bør justerast slik at ein for bokmål ikkje lenger viser til læreboknormalen, men i staden til gjeldande offisielle rettskriving. For nynorsk derimot er det framleis læreboknormalen det må visast til.
8.4.4.4 Undervisningsspråket i skulen
Språket i skulen er meir enn lærebøker.
Av opplæringslova § 2-5 går det indirekte fram at opplæringsmålet i grunnskulen skal vera bokmål eller nynorsk, og det må i denne samanhengen tyda dei offisielle variantane. Opplæringsmålet må minst omfatta det språket som blir undervist, det språket elevane skal læra og prøvast i. Som nemnt ovanfor er føresetnadene at elevane i dei skriftlege arbeida sine skal kunna bruka den vidare rettskrivinga. Det betyr i dag at når elevane skriv nynorsk, kan dei også bruka sideformene.
For vidaregåande skule er lovgrunnlaget for ei plikt til å læra bort statens språknormer vanskelegare å få auge på, og det er i juridisk litteratur lagt til grunn at det er mest dekkjande å seia at det er sedvanerettsleg grunnlag for plikta til å bruka dei offisielle språkformene i opplæringa.
For private skular gjeld det same utgangspunktet som for lærebøker, dvs. at staten ikkje utan lovheimel kan gje pålegg om bruk av ei bestemt rettskriving. Men så lenge offisiell rettskriving blir lagd til grunn for avgangsprøvene, vil nok dei fleste sjå seg tente med å læra seg dei offisielle variantane.
I NOU 1995: 18, den utgreiinga som låg til grunn for den noverande opplæringslova, vart ikkje den rettslege plikta til å følgja den offisielle språknormeringa nemnande klargjord. Føresetnaden har nok vore at departementet kan fastsetja reglar om opplæring i bokmål og nynorsk som ledd i fastlegginga av innhaldet i opplæringa. 8
8.4.4.5 Godkjenning av ordlister til skulebruk
Éin ting er kva som er rettsgrunnlaget for å forlanga at språkbrukarane skal følgja ei offisiell rettskriving. Noko anna er grunnlaget for kunnskap om rettskrivinga. Då er først og fremst ordbøker ei autoritativ informasjonskjelde når det er behov for å avgjera tvilsspørsmål.
Dei enklaste ordbøkene er ordlister, enkle rettskrivingsordbøker til bruk i skulen. Det finst fleire slike ordlister, både for nynorsk og bokmål, og dei har jamleg kome i nye utgåver i takt med større og mindre endringar i rettskrivinga for bokmål og nynorsk. Ordlister fungerer som sentrale kjelder for kunnskap om korrekt rettskriving i skulen. Difor har dei lenge vore underlagde ei statleg godkjenningsordning.
I dag er det fastsett i opplæringslova at ordlister til skulebruk skal godkjennast av Norsk språkråd. Å kontrollera at ordlistene følgjer gjeldande rettskriving, er det viktigaste i godkjenningsarbeidet.
I samband med omdanninga av Norsk språkråd frå 1. januar 2005 har Kultur- og kyrkjedepartementet lagt til grunn at den nye institusjonen, Språkrådet, automatisk tek over funksjonen som godkjenningsinstans etter denne paragrafen. Dette vart presisert i brev til Norsk språkråd av 22. desember 2004 og seinare i brev av 8. august 2005 til det dåverande Utdannings- og forskingsdepartementet.
Ordninga med godkjenning av ordlister var opphavleg ein del av ei generell godkjenningsordning for lærebøker som vart oppheva gjennom endringar i opplæringslova med verknad frå 1. august 2000.
I samband med framlegget om å oppheva den generelle godkjenningsordninga uttalte kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen at det ville vera uheldig dersom også godkjenningsplikta for ordlister skulle falla bort. Komiteen viste til at Norsk språkråd som grunnlag for godkjenninga kontrollerer at oppføringane i ordlistene er korrekte og i samsvar med den offisielle norma, og at bortfall av godkjenningsplikta kunne skapa forvirring om kva som var tillaten norm.
Det var såleis etter framlegg frå komiteen at den nogjeldande føresegna om godkjenningsplikt for ordlister kom inn i opplæringslova. Dette var ei vidareføring av ei tilsvarande føresegn som tidlegare stod i forskrift fastsett av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i opplæringslova. Den fullmakta Språkrådet har som godkjenningsinstans for ordlister, er altså i dag forankra direkte i lov, medan ho tidlegare var tufta på delegering frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet gjennom forskrift.
Norsk språkråd, no Språkrådet, har vore formell godkjenningsinstans for ordlister sidan 1984 og var tidlegare tilrådingsinstans. Godkjenningsordninga byggjer på reglar for utforming av ordlister til skulebruk som opphavleg var vedtekne av forgjengaren Norsk språknemnd så langt tilbake som i 1959.
I tillegg til kravet om at ordlistene skulle gje fullstendig og nøytral informasjon om valfridom i ord- og bøyingsformer, har det også vore eit krav at dei skal ha med det sentrale ordtilfanget innanfor den aktuelle målforma.
Vurderinga av ordtilfanget i samband med ordlistekontrollen har særleg vore ei aktuell sak innanfor nynorsk.
Departementet legg til grunn at godkjenningsordninga i regi av Språkrådet skal halda fram.
Føresegna om dette i opplæringslova refererer til ordlister til skulebruk, men somme av listene kallar seg ordbøker. Det kan difor vera tenleg å justera ordlyden i samsvar med dette. Ved eventuelle justeringar må også Norsk språkråd skiftast ut med det noverande namnet på godkjenningsinstansen, Språkrådet.
I tillegg vil det også kunna bli spørsmål om godkjenning av elektroniske ordlister og ordbøker. Språkrådet har i visse høve gjennomgått slikt materiale gjennom åra. Det må også takast omsyn til at vanlege skuleordlister kan koma i elektroniske utgåver, og at ordlister kan vera ein del av mange slags programvare.
Språkrådet tok i 2007 kontakt med Utdanningsdirektoratet for å drøfta godkjenning av ordlister og ordbøker til skulebruk. Avhengig av kva fagorgana kjem fram til, vil Kultur- og kyrkjedepartementet vurdera behovet for tillegg i regelverket i samråd med Kunnskapsdepartementet. Vi legg til grunn at godkjenningskravet prinsipielt skal gjelda også for dei elektroniske utgåvene.
8.4.4.6 Behovet for tilpassa ordbøker til skulebruk
I utgangspunktet gjev ordlister berre informasjon om staving og bøying av orda, men dei moderne ordlistene er etter kvart bygde ut med ordforklaringar, synonym og bruksdøme for utvalde ord, der det er særleg behov for det. Dei kan likevel ikkje måla seg med dei meir omfattande definisjonsordbøkene i denne samanhengen.
Her i landet manglar vi høvelege definisjonsordbøker for skulebruk. Norske skuleelevar har såleis ikkje tilgang til eit gjennomarbeidt oppslagsverk om sitt eige morsmål, tilsvarande The Oxford School Dictionary i Storbritannia og Petit Larousse i Frankrike.
Kontakten mellom Språkrådet og Utdanningsdirektoratet om godkjenningsordninga har resultert i at det no er teke eit initiativ med tanke på utvikling av begynnarordbøker og definisjonsordbøker for skulebruk.
Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa er trekte inn i samarbeidet. Også Lesesenteret i Stavanger er ein aktuell samarbeidspartnar.
Mykje tyder på at utvikling av ordkunnskap gjennom meir systematisk bruk av spesialtilpassa ordbøker kan vera eit viktig bidrag til å gjera elevane betre skikka til å forstå og ta til seg innhaldet i dei tekstane dei les. Dette kan difor vera eit viktig tiltak for betre leseforståing.
Forsking har vist at særleg elevar med norsk som andrespråk opplever at manglande ordkunnskap blir ei hindring for å forstå fagtekstar dei skal lesa etter at den grunnleggjande lese- og skriveopplæringa er over. Resultata frå den såkalla PISA-undersøkinga gjev også grunn til å tru at fleire elevar med norsk som morsmål har trong for større metakunnskap om språk og aktiv stimulering av ordtilfanget.
Generell ordkunnskap formidla i ordbøker er kunnskap som varer lenge, i motsetnad til mykje anna kunnskapsstoff, som fort kan bli utdatert. Tilpassa ordbøker kan og bør brukast i alle fag i skulen, men det er likevel behov for å finna ut meir om korleis ordbøker kan fungera stimulerande både i norskundervisninga og i anna fagopplæring.
Det må offentleg medverknad til for å sikra at ordbøker på nynorsk og bokmål blir utarbeidde parallelt.
8.4.4.7 Allmenne definisjonsordbøker
Medan vi manglar definisjonsordbøker til skulebruk, har vi fleire allmenne ordbøker i denne kategorien.
Først og fremst må nemnast dei to handordbøkene, Bokmålsordboka og Nynorskordboka, den første utgjeven av Kunnskapsforlaget, den andre av Det Norske Samlaget. Desse dekkjer det sentrale ordtilfanget i kvar si målform og er utarbeidde av Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo i samarbeid med Språkrådet.
Den direkte medverknaden frå Språkrådet gjev desse ein spesiell status og inneber at dei også fungerer som offisielle rettskrivingsordbøker, i tillegg til at dei er definisjonsordbøker som opplyser om ordhistorie og tyding og gjev døme på korleis orda blir nytta i ulike samanhengar. Bøkene gjev også opplysningar om trykk og tonem ved uttale av ord som ikkje utan vidare følgjer det vanlege trykkmønsteret i norsk, og har dessutan meir fullstendige uttaleopplysningar for framandord og nyare lånord.
Nynorskordboka har eit noko større ordtilfang enn Bokmålsordboka, ca. 90 000 oppslagsord mot ca. 65 000 i Bokmålsordboka. Dette har samanheng med at Nynorskordboka er den første og einaste allmennspråklege ordboka for nynorsk, og at det er teke med eit utval eldre og nyare dialektord. Utvalskriteriet her har vore at ordet i kjeldetilfanget var registrert som målføreord i minst tre fylke, eventuelt i minst to av dei tre nordnorske fylka.
På bokmålssida representerer Tanums store rettskrivningsordbok, også utgjeven av Kunnskapsforlaget, eit godt supplement til Bokmålsordboka. Ho har rett nok meir sparsame tydingsopplysningar, men har til gjengjeld med eit langt større utval av samansette ord, dessutan mange geografiske namn og liknande. Med i alt rundt 300 000 ord er dette den største og mest omfattande rettskrivingsordboka for bokmål. Ho er gjennomgått av Språkrådet i tråd med gjeldande rettskriving, har fullstendige opplysningar om alle tillatne former og variantar og er dermed ei sikker kjelde til den offisielle bokmålsrettskrivinga.
Ei alternativ handordbok, med i overkant av 60 000 oppslagsord, er Norsk Ordbok med 1000 illustrasjoner, utgjeven av Kunnskapsforlaget, som byggjer på ein tidlegare versjon, Store Norske Ordbok frå 1991, som igjen var ei sterkt utvida utgåve av Riksmålsordboken frå 1977. Dette er ei ordbok for riksmål og moderat bokmål. Det inneber at ikkje alle valfrie former innanfor den offisielle rettskrivinga er med, berre såkalla moderate bokmålsformer. I tillegg kjem riksmålsformer som ikkje er tillatne innanfor offisiell rettskriving, som til dømes sprog, sne, efter, vidne, have, farve o.a.
Slike særskilde riksmålsformer er tydeleg merkte, for å skilja dei frå dei offisielle formene. Dei som må halda seg til offisiell rettskriving, får dermed beskjed om kva former dei ikkje kan bruka, men til vanleg finn dei altså ikkje i denne ordboka dei offisielle formene som ikkje er godkjende innanfor den uoffisielle riksmålsnormalen. Døme på slike former er deltakelse, atferd, kopling o.a. Men når riksmålsnormalen har eineform som ikkje er tillaten i bokmål, er også offisiell bokmålsform oppført, slik som til dømes tjue og tretti (ved sida av eineformene tyve og tredve i riksmål), hylle (ved sida av eineforma hylde i riksmål) o.a.
8.4.4.8 Elektroniske ordboksressursar
Ved Universitetet i Oslo finst ein database kalla Norsk ordbank, som inneheld leksikalske einingar i grunnform kopla til alle bøyingsformene til kvar eining, såkalla fullformer. Dei leksikalske einingane og dei brukte bøyingsmønstra svarer i all hovudsak til oppslagsorda og bøyingsinformasjonen i dei to offisielle handordbøkene Bokmålsordboka og Nynorskordboka.
Takk vera denne ordbanken har den elektroniske versjonen av ordbøkene sidan 1990-talet vore gratis tilgjengeleg som søkjeteneste på Internett. Etter opplysningar frå april 2008 hadde den elektroniske utgåva av Bokmålsordboka 48 000 oppslag dagleg mot 38 000 for den tilsvarande Nynorskordboka. Dei representerer dermed ei viktig teneste for heile det norske språksamfunnet.
I søkjetenesta på Internett er fullformene i Norsk ordbank kopla til dei tilsvarande oppslagsorda i dei elektroniske manusa for dei to handordbøkene. Dette gjer at ein får tilslag ikkje berre når ein søkjer på oppslagsorda i ordbøkene, men også på bøygde former av orda. Dei elektroniske fullformordlistene kan utnyttast på mange ulike måtar også i forsking og kommersiell samanheng.
Etter dei siste rettskrivingsendringane, først og fremst bokmålsrevisjonen frå 1. juli 2005, har ein i ordbanken ikkje vore heilt à jour med oppdateringa av fullformlistene. Det gjer at publikum innimellom kan få tilslag i ordbøkene når dei søkjer på ei forelda bøyingsform, eller melding om at ei tillaten bøyingsform ikkje finst. Difor gjekk Språkrådet og Universitetet tidleg på hausten 2007 i gang med eit prosjekt for nødvendig ajourføring av fullformordlistene. At ordressursane alltid er korrekte og oppdaterte, er ein føresetnad for optimal utnytting og bruk av dette verdifulle materialet.
Sett frå det offentlege si side er det ønskjeleg at data frå dei to ordbøkene og frå Norsk ordbank, som er finansiert av offentlege midlar, så langt råd er skal vera allment tilgjengelege. I utgangspunktet bør difor innhaldet i basane kunna utnyttast gratis, også for kommersielle formål. Det er Universitetet i Oslo og Språkrådet som sit med dei juridiske rettane til det elektroniske ordbokmaterialet og til fullformordlistene, og i utgangspunktet står desse to institusjonane difor fritt til å levera ut fullformordlistene til alle som er interesserte i å utnytta dei.
At korrekte fullformordlister for bokmål og nynorsk er gratis tilgjengelege, vil ha mange språkpolitiske føremoner. Mellom anna vil språkbrukarane heile tida ha tilgang til gjeldande rettskrivingsnormer. Gratis tilgang til desse basisressursane vil redusera kostnadene for alle som vil utvikla norske språkverktøy som ordrettingsprogram, grammatikk-kontrollar, søkjeverktøy, automatiske omsetjingsprogram o.l. og dermed leggja til rette for større konkurranse og mangfald. Om det blir lagt til rette for det, vil fullformordlistene også kunna nyttast til datamaskinell kontroll av skuleordlister og til å registrera normeringshistorikk.
Det vil også gjera sitt til å styrkja dei offisielle språknormene i bokmål og nynorsk, når potensielle aktørar lettare kan bruka dei offisielle normene framfor private språknormer i språkverktøy. Utviklinga av elektroniske språkverktøy for utdanningssektoren vil bli enklare ved at til dømes organisasjonar som Skolelinux får tilgang til språkressursane. Det blir også lettare å bruka norsk i staden for engelsk i språkverktøy. Ein oppdatert Norsk ordbank vil dessutan utgjera ein solid basis i arbeidet med å byggja opp ein norsk språkbank.
8.4.5 Fastsetjing og normering av namn
8.4.5.1 Namnekulturen i språket
Namn og namneformer er ein svært synleg del av språket og språkkulturen. Difor er det særleg viktig at konstruksjon og utforming av nye namn så langt råd er, skjer i samsvar med god namneskikk og offisielle rettskrivings- og skrivereglar. Ikkje minst bør dette gjelda slike namn som blir mykje nytta i det offentlege rommet, så som stadnamn, firmanamn og institusjonsnamn.
Namnekulturen kan på ein særleg tydeleg måte spegla av den status og posisjon som språk generelt og ikkje minst det eigne nasjonalspråket spesielt har vunne i eit samfunn. For som språklege uttrykk er namn utsette for særleg sterkt press frå ytre krefter. Det handlar om profilering og merkevarebygging, om fasade og grafisk form, om kjensler og identitet. Når andre omsyn enn språkleg kvalitet og funksjonalitet pressar på, krevst det både språkleg medvit og aktiv innsats å halda namnekulturen i språkleg hevd.
Også her har det offentlege eit særleg ansvar for å gå føre og visa veg. Små avvik i rettskriving og skrivemåte i eit namn kan isolert sett synast som ein bagatell. Men i sum er det utan tvil uheldig dersom det får lov å utvikla seg ein namnepraksis som meir eller mindre systematisk strir mot offisiell normering og offisielle skrivereglar.
8.4.5.2 Reglar og ikkje-reglar om ulike namneobjekt
Det finst mange slags namn, avhengig av typar av namneobjekt. Generelt utgjer namn ein del av det språklege korpuset som til dels er gjenstand for eigne reguleringar, dels er ein del av dei allmenne rettskrivingsreglane, og dels ikkje regulert i det heile.
For norske stadnamn og personnamn har vi eigne lover. Den første regulerer både namneval og skrivemåte og gjeld i tillegg til ordinære stadnamn også gardsnamn og bruksnamn. Den andre regulerer kva namn som kan takast i bruk som fornamn, etternamn og eventuelt mellomnamn på personar busette i Noreg, men i hovudsak ikkje korleis namna skal skrivast.
Når det gjeld historiske namn og utanlandske geografiske namn, er det gjeve reglar og gjort vedtak innanfor ramma av det normeringsregimet som har vore gjeldande for den vanlege rettskrivinga. Tilsvarande er det også gjort vedtak om skrivemåten av namn på språk verda over og om innbyggjarnamn.
Fastsetjing og skrivemåte av namn på alle slags organisasjonar og institusjonar i landet finst det derimot nesten ikkje reglar for, heller ikkje for offentlege institusjonar generelt eller statlege institusjonar spesielt. Det mest handfaste unntaket er ei føresegn i forskrift til lov om målbruk i offentleg teneste om at namnet på eit statsorgan skal ha både ei bokmålsform og ei nynorskform dersom det ikkje høver med same namnet i begge målformer.
I tillegg må det leggjast til grunn som ein bindande føresetnad at namn på statlege institusjonar skal følgja ordinære rettskrivings- og skrivereglar, men dette skjer likevel ikkje utan vidare. Dessutan gjev slike reglar sjeldan fullnøyande rettleiing om sjølve namnekonstruksjonen.
8.4.5.3 Avvikande språkbruk i namnelaginga
Eit av dei uheldige utviklingstrekka i namnekulturen er ikkje minst den tiltakande tendensen til særskriving av samansette ord, eit fenomen som også synest å breia om seg i språket elles.
Det same gjeld noko vi stadig ser meir av, bruk av stor førebokstav inne i eit ord for å markera ulike ledd i eit samanskrive ord.
Særleg i private firmanamn ser ein ofte engelskpåverka skrivemåtar. Typisk i så måte er bruk av apostrof for å markera eigeform, så som Roy’s Hairport og Drammen’s Hytta. Det første namnet gir også døme på bruk av engelsk ordstoff, noko som er mykje vanleg i privat verksemd. I det andre namnet finst elles døme på alle dei tre normavvika som er nemnde ovanfor, både feil bruk av apostrof, særskriving av eit samansett ord og stor forbokstav i det utskilde andreleddet av namnet.
I ein del namn ser ein døme på uvanlege grafiske verkemiddel.
Mange namneutformingar med språklege avvik kan kanskje seiast å fungera på eit vis som del av ein logo, men dei gjer seg ikkje utan vidare like godt i løpande tekst.
Omdanning, oppsplitting og utskiljing av tidlegare offentleg verksemd i eigne selskap dei siste åra synest også å ha ført med seg ein ny namnetrend. I motsetnad til det som har vore vanleg i det offentlege, har mange av desse selskapa fått namn som ikkje utan vidare fortel noko om kva verksemd det er tale om. Slike døme er Cemaq, Secora, Mesta og Entra. Døme på namn av liknande type, men likevel noko lettare forståelege, er Telenor og Avinor.
Også namnet Aetat om den tidlegare Arbeidsmarknadsetaten og namnet på den nye arbeids- og velferdsetaten som kjem i staden, Nav eller NAV, er døme på til dels nye måtar å konstruera og skriva offentlege institusjonsnamn på.
Den store sjukehusreforma for nokre år var også til dels nyskapande i namnevegen. Vi fekk namn som Helse Nord, Helse Midt-Noreg osv., dessutan former som Helse Blefjell, Helse Fonna, dessutan former som Sjukehuset Innlandet og Sjukehuset Levanger, eventuelt med tillegg av avdeling med tilhøyrande stadnamn, til dømes Sjukehuset Innlandet avdeling Gjøvik.
Ikkje all nyskapande namnelaging bør avvisast. Særleg når det gjeld offentlege institusjonsnamn, er det likevel behov for å få sett det heile meir i system, slik at nye namn ikkje blir laga utan at ein har vurdert dei i høve til tradisjonell norsk namnelaging, norsk språkkjensle, norsk syntaks og – som eit minimum – norske skrive- og rettskrivingsreglar.
8.4.5.4 Språkfaglege konsultasjonsrutinar
For å få meir orden på den namnelaginga som statlege organ har kontroll med, sende Kultur- og kyrkjedepartementet 23. mai 2007 eit rundskriv til alle dei andre fagdepartementa om språkfaglege konsultasjonsrutinar ved namnelaging i staten.
Rundskrivet minner også om gjeldande rettskrivings- og skrivereglar, og at dei må leggjast til grunn også ved fastsetjing av namn på statlege og statleg tilknytte organ, institusjonar, selskap og liknande.
Slike namnesaker kan koma opp både gjennom nyetableringar og omorganisering. I samband med namnevalet er det som regel også behov for å utvikla ny logo og nytt profileringsprogram. I dag vil også val av domenenavn på Internett naturleg inngå som ein del av namneprosessen. Det har vore døme på at dette er med på å leggja premissar for utforminga av sjølve verksemdsnamnet.
Dei seinare åra har departementet registrert både uvisse hos involverte aktørar og ein del offentleg debatt om den språklege utforminga av namn på nye eller omorganiserte statlege eller statstilknytte verksemder. Enkelte har også vendt seg til departementet med språkleg grunngjevne innvendingar mot ein del nye namn som er komne til.
Det som ofte er situasjonen i slike saker, er at namnesprosessen med alt som høyrer med av praktisk førebuing, er komen så langt at det kan vera for seint å gjera endringar når Kultur- og kyrkjedepartementet eller Språkrådet kjem under ver med den aktuelle namnesaka.
For å sikra at språkfaglege og språkpolitiske omsyn ikkje blir gløymde i namneprosessen, har departementet i rundskrivet lagt opp til at Språkrådet skal konsulterast på eit tidleg tidspunkt i arbeidet med namneval og namneutforming.
Grunnlaget for den namnefaglege rådgjevinga når det gjeld statlege verksemder som kjem inn under mållova, er den tidlegare nemnde føresegna i forskrift til mållova om at namnet på eit statsorgan skal ha namn både på nynorsk og bokmål dersom det ikke høver med det same namnet i begge målformer.
I tidlegare rundskriv med oversyn over statsorgan med ulikt namn på bokmål og nynorsk er det lagt til grunn at namneformene blir fastsette av fagdepartementa i samråd med vedkomande statsorgan, medan Kultur- og kyrkjedepartementet i samråd med Språkrådet har tilsyn med at namna følgjer gjeldande rettskriving.
Tidlegare har det likevel ikkje vore etablert nærare rutinar for korleis dette tilsynet skal skje. Røynslene har elles vist at det kan vera behov for språkleg konsultasjon også i dei tilfelle der det ikkje blir spørsmål om ulik namneform på bokmål og nynorsk. Dette er ikkje alltid klart i utgangspunktet, for det kjem an på kva for namnekonstruksjon som blir valt. Departementet har lagt til grunn at det også kan vera behov for språkfagleg rettleiing ved utforming av namn på verksemder som fell utanfor verkeområdet for mållova.
Såleis heiter det i rundskrivet at rutinane så langt råd er, bør følgjast ved alle namneprosessar der eit fagdepartement er involvert, til dømes gjennom forvaltning av statlege eigarinteresser eller statlege tilknytingsformer elles, uavhengig av om vedkomande verksemd kan seiast å vera formelt bunden av aktuelle språkreglar eller ikkje. I slike tilfelle kan prosedyrane vera med og sikra at dei språkreglar staten sjølv er bunden av, i det minste blir lagde til grunn for statleg rettleiing og statlege tilrådingar i relevante namneprosessar.
8.4.5.5 Oppsummerande vurderingar
I det nemnde rundskrivet om språkfagleg konsultasjon ved namnelaging i staten har departementet fastsett følgjande rutinar:
1 Fagdepartementa bør sjå til at Språkrådet blir konsultert på eit tidleg tidspunkt i alle saker som gjeld namn på tilknytte verksemder.
2 Dersom det oppstår usemje om namneforma, er det naturleg at saka blir lagd fram for Kultur- og kyrkjedepartementet.
3 Når det er formålstenleg, kan saka takast opp direkte med Kultur- og kyrkjedepartementet, som i så fall vil konsultera Språkrådet i nødvendig grad.
4 I gjevne tilfelle kan det vera formålstenleg at den aktuelle verksemda konsulterer Språkrådet direkte, og fagdepartementa er difor bedne om å informera aktuelle verksemder om dei fastsette prosedyrane ovanfor.
Det er elles slått fast i rundskrivet at offentlege namn og særleg namn i staten bør vera føredøme med tydeleg meining og korrekt skrivemåte. Funksjon og namn bør ha ein klar samanheng, og skrivereglane bør følgjast.
Departementet vil følgja opp dei språkfaglege rutinane, i første omgang i samband med utforming av eit rundskriv med ajourført oversyn over statlege og statstilknytte institusjons- og verksemdsnamn.
Departementet vil også vurdera korleis den skisserte konsultasjonsordninga eventuelt kan formaliserast gjennom arbeidet med ny lovgjeving på språkområdet. Som eit minimum kan det vera aktuelt å ta inn noko i den planlagde lova om Språkrådet, jf. kap. 3.4.2.
Departementet vil også vurdera om det bør fastsetjast meir formelle reglar og rutinar for namnelaging og utforming av namn i staten.
8.5 Språkrøkt
8.5.1 Generelt
8.5.1.1 Meir enn rettskriving
Eit godt og velfungerande språk er mykje meir enn korrekt rettskriving. Det er også om å gjera at orda blir sette saman til språkrette setningar, og at setningane blir kopla saman til velforma tekstar som fungerer etter formålet. Også talespråket kan gjerast til gjenstand for røkt og pleie.
8.5.1.2 Talespråk og talekunst
Talespråket er det opphavlege språket, det som blir til når to menneske kommuniserer, andlet til andlet. Dei fleste språk finst berre som talespråk, og før den tida då dei store skriftkulturane fekk ei dominerande stilling i samfunnet, stod den munnlege tradisjonen sentralt, også når det gjaldt å formidla kunnskap og annan kulturarv mellom generasjonane.
Men talespråk og skriftspråk stiller ulike språklege krav. Talespråket er spontant, gjev mindre tid til gjennomtenkt språkleg utforming. Til gjengjeld kan unøyaktig og upresis språkbruk korrigerast gjennom stemmebruk og mimikk, og ved at den som taler, heile tida kan korrigera og justera talen etter dei reaksjonar han får frå ein samtalepartnar.
Alle er ikkje like taleføre, og alle er heller ikkje i ein posisjon som gjer at dei får oppøvd taleevnene sine. Spørsmålet kan likevel stillast om vi i dag legg stor nok vekt på å dyrka talekunst og retoriske evner.
Skulen har som eit viktig mål å utvikla dei munnlege språkevnene hos elevane. Det som kan vera spørsmålet, er om vi har ein sterk nok retorisk tradisjon her i landet til at talekunsten har gode nok vekstvilkår i det offentlege rommet. I fleire land blir det lagt stor vekt på talekunst og retorikk både i det politiske livet og i det offentlege rommet elles. Det finst også døme på at oppøving av munnlege framføringsevner er ein særskild fagdisiplin i skulen, i engelskspråklege land ofte omtalt som «speech». Det er om å gjera at vi også her i landet gjev denne delen av språkopplæringa tilstrekkeleg merksemd.
Til ein viss grad kan offentleg språkrøkt også vera med og gjera talespråket betre.
8.5.1.3 Språkrøkt i NRK og andre etermedium
Behovet for talespråkleg språkrøkt er særleg til stades i situasjonar der den som taler, vender seg til eit større publikum, og aller mest der talaren heller ikkje har augekontakt med det eigentlege publikum, slik tilfellet er for dei som opptrer i etermedia, radio og fjernsyn.
Her har ikkje minst NRK, men også dei andre allmennkringkastarane, ei viktig rolle å spela. NRK har lenge vore ein av dei fremste talespråklege normsetjarane her i landet og er truleg den einaste institusjonen i landet som har eigne reglar for talespråk. Slik sett har NRK på sett og vis vore eit språkpolitisk prosjekt så lenge institusjonen har eksistert.
Det er særs om å gjera at NRK framleis har eit klart medvit om kva som i ulike samanhengar er godt og formålstenleg språk i eteren. Mellom anna er det viktig at institusjonen har eit gjennomtenkt syn på tilhøvet mellom standarspråk og dialekt. NRK bør kjenna eit særleg ansvar for å dyrka og formidla eit standardisert nynorsk talemål.
8.5.1.4 Kvalitet i skriftspråket
Skriftspråket eignar seg særleg godt for meir systematisk språkrøkt. Mange meiner i dag å sjå klare tendensar til språkleg forfall både i skrift og tale. Men eit inntrykk av eit større eller mindre språkleg forfall har folk hatt også tidlegare. Generelt er det vanskeleg å samanlikna språkleg kvalitet over tid, for språk og språkvanar er i stadig endring.
Det går likevel an å peika på ein del område der tilstanden ikkje er så god som vi skulle ønskja.
Det kan ha samanheng med dårlegare opplæring eller at det at det blir lagt mindre vekt på kvalitet i den språklege utforminga, men det kan også vera ein funksjon av at mange i dag er tvungne til å skriva mykje meir enn i tidlegare tider. Det kan også sjåast i samanheng med at dei skriftteknologiske rammevilkåra har endra seg mykje på grunn av den informasjonsteknologiske utviklinga.
8.5.1.5 Avisspråket som døme
Aviser er noko av det som blir lese aller mest, og vi må difor tru at avisene også er blant dei skriftprodusentane som har størst påverknad på språket vårt. Det er rimeleg å tru at dei i stor grad fungerer som eit mønster for mykje annan språkbruk i samfunnet.
Kva kvalitet har så avisspråket?
Den nyaste undersøkinga av dette er den enkeltståande testen Språkrådet gjennomførte sist haust. Dei valde ut dei fire riksavisene Aftenposten, VG, Dagbladet og Bergens Tidende og las systematisk korrektur på alt det redaksjonelle stoffet som desse avisene trykte ein dag i oktober 2007. Dei viktigaste resultata vart oppsummerte av direktøren i ein kronikk i Aftenposten 1. desember 2007.
Her blir for det første teiknsetjinga i avisene karakterisert som nedslåande. Til saman hadde dei fire avisene denne eine dagen om lag fem hundre klare kommafeil. Jamvel om det også fanst feilfrie artiklar, var det eit generelt inntrykk at journalistane ikkje meistrar elementære kommareglar. Det vart i stor grad sett komma der det ikkje skal vera, og ikkje komma der det skal vera.
I tillegg til mengder av feil teiknsetjing kunne Språkrådet melda om grove tekstfeil som sjenerer lesinga, ord eller bokstavar som manglar, ord som er bytte om, ord som er skrivne to gonger.
Endeleg kjem så dei vanlege rettskrivingsfeila, som det også var flust av døme på i dei fire avisene. Særleg var det mykje feil bruk av liten og stor førebokstav.
Språkrådet fann også døme på feilfrie og velskrivne artiklar i alle dei fire avisene, men det som uroar, er at dette var reine unntak. Temmeleg mange artiklar inneheldt elementære rettskrivingsfeil, mengder av teiknsetjingsfeil og så pass mykje tekstslurv at kvaliteten etter Språkrådet si vurdering umogleg kunne liggja særleg over det ein middels elev presterer i vidaregåande skule.
Språkrådet konkluderte med at gode elevar i vidaregåande skule i alle fall berre unntaksvis kan bruka tekstane i dei fire største avisene i landet som språkleg mønster.
Bakgrunnen for at Språkrådet gjennomførte denne miniundersøkinga, er at det sidan 2006 ikkje lenger er tilsett korrekturlesarar i dei store avisene. Det synest altså som det har vore viktigare å spara pengar enn å bruka korrekturlesarar til å kvalitetssikra språket.
Bak avgjerdene om å sløyfa korrekturlesarane kan det også liggja ei overdriven tru på kva dei språkteknologiske retteprogramma kan avsløra av feil og manglar i språket. Saka er at slike program berre rettar ein del av feila, dessutan at dei også i mange tilfelle markerer for feil når dei ikkje skal.
Språkrådet slår fast at dei beste retteprogramma i dag ikkje er noko meir enn eit støtteverktøy, og at dersom ein baserer tekstkvaliteten på eit retteprogram, så er det nøydd til å gå gale.
8.5.2 Språkleg kvalitet i lærebøker
8.5.2.1 Innleiing
Lærebøker er eit særleg viktig område når det gjeld å sikra god språkleg kvalitet. For det første rettar dei seg til barn og unge, som er ei strategisk viktig målgruppe i språkleg kvalitets- og haldningsarbeid. For det andre vil denne boksjangeren i kraft av sin funksjon som formidlar av lærestoffet i skulen framstå med ein spesiell autoritet. Alt i alt er det difor grunn til å tru at lærebøker har svært mykje å seia for innlæring og innarbeiding av gode språkvanar.
Uansett fag vil lærebøkene i stor grad vera språkleg mønsterdannande for heile årskull av barn og unge. Om ikkje anna vil lærebøkene i alle fall bli oppfatta som språklege føredøme. Språket i lærebøkene må difor vera både formelt korrekt og velforma, samstundes som det sjølvsagt må formidla lærestoffet på pedagogisk godt tilrettelagd måte. Det er viktig at språket i lærebøkene held ein slik kvalitet at det i det minste kan fungera som motvekt mot det som måtte vera av uheldig språkleg påverknad utanom skulen.
Undersøkingar som er gjorde av ein del lærebøker som er laga i samband med innføring av kunnskapslyftet i skulen dei seinare åra, viser dessverre at vi ikkje utan vidare kan kjenna oss trygge på at lærebøkene held godt nok mål verken språkleg eller pedagogisk.
8.5.2.2 Oppheving av tidlegare godkjenningsordning
I samband med omtalen av den statlege godkjenningsordninga for ordlister ovanfor er det nemnt at dette tidlegare var ein del av ei generell godkjenningsordning for lærebøker til bruk i skulen. Som ledd i denne generelle godkjenningsordninga hadde Norsk språkråd ansvar for språkleg førehandsgransking av lærebøkene. Godkjenninga bygde elles på ei vurdering av pedagogisk og fagdidaktisk kvalitet og om boka tok omsyn til kravet til likestilling mellom kjønna.
Godkjenningsordninga vart oppheva med verknad frå 1. august 2000. Bakgrunnen for dette var eit ønske om å fremja større mangfald i læreboktilbodet og å leggja større ansvar for kvaliteten over på dei aktuelle produksjons- og fagmiljøa. Dessutan vart det vist til at det er læreplanane og ikkje lærebøkene som skal vera styrande for undervisninga, jf. Ot.prp. nr. 44 (1999–2000) og Innst. O. nr. 89 (1999–2000).
I ei utførleg høyringsfråsegn i samband med oppheving av ordninga gjorde Norsk språkråd greie for ein del uheldige konsekvensar dei såg for seg når det vart slutt på den språklege førehandsgranskinga. Fråsegna baserte seg på dei røynslene som var hausta frå språkleg gjennomgang av eit utal lærebokmanus gjennom mange år.
Frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet si side vart det generelt vist til at kvaliteten i lærebøkene for framtida i første rekkje måtte sikrast gjennom samarbeid mellom forlag og forfattarar. Departementet la til grunn at det ville bli vanskeleg for forlaga å få selt lærebøker som ikkje heldt høg kvalitet jamført med krava i dei respektive læreplanane, likeins lærebøker som ikkje hadde tilstrekkeleg språkleg kvalitet.
I innspel til proposisjonsarbeidet gav Kulturdepartementet uttrykk for at det kunne vera tenleg å setja ned ei arbeidsgruppe for å sjå nærare på dei spørsmåla Norsk språkråd hadde problematisert i høyringsfråsegna si. Og i proposisjonen frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet heitte det at departementa i samarbeid ville følgja opp spørsmålet om å sikra den språklege kvaliteten i lærebøkene. Det vart også vist til at Norsk språkråd framleis kunne vera ein viktig ressurs for forlaga med tanke på språkleg kvalitetssikring.
8.5.2.3 Den tidlegare lærebokgranskinga i Norsk språkråd
Samla sett omfatta lærebokgranskinga i regi av Norsk språkråd i perioden 1972–2000 om lag 10 000 titlar. Granskinga gjaldt alt frå rettskriving, teiknsetjing og terminologi til bruk av norske ord i staden for engelske, tekstsamanheng, uttrykksmåte og språkføring.
I den interne evalueringa av Norsk språkråd som ein uavhengig konsulent gjennomførte i 2003, blir det hevda at lærebokgranskinga har hatt mykje å seia i arbeidet for ein felles og eintydig terminologi i mange fag, at ho var viktig for å motverka unødig bruk av engelske ord og uttrykk, dessutan at ho representerte ein garanti for den språklege kvaliteten i lærebøkene meir generelt. Læreboksgranskinga gav også mykje materiale som Norsk språkråd kunne utnytta i det generelle rådgjevingsarbeidet sitt.
Det kom likevel kritiske merknader til at svært store ressursar i sekretariatet på denne måten vart bundne opp i eit arbeid som trass alt utgjorde berre ein mindre del av det samla ansvarsområdet til Norsk språkråd. Det er også vist til at forlaga av og til kunne oppleva kontakten med Norsk språkråd som eit irritasjonsmoment, jamvel om denne eksterne kontrollen samstundes representerte eit språkleg sikringstiltak for dei.
8.5.2.4 Lærebokspråket etter godkjenningsordninga
Etter at den obligatoriske godkjenningsordninga fall bort i 2000, gjekk styret inn for at Norsk språkråd skulle gje skulebokforlaga eit frivillig tilbod om språkleg kvalitetssikring av lærebøker, men det har ikkje vore særleg interesse for dette.
Året før godkjenningsordninga fall bort, avslutta Norsk språkråd arbeidet med ei omfattande rettleiingshandbok i lærebokarbeid, med tittelen Godt språk i lærebøker. Her finn ein nedfelt i skriftleg form alle dei retningslinjene og reglane som Norsk språkråd hadde utvikla og lagt til grunn for arbeidet sitt med den språklege granskinga av lærebøkene gjennom mange år.
Vonleg har denne handboka fungert som eit nyttig hjelpemiddel for forlag og forfattarar i deira eige arbeid med språkleg utforming i lærebøkene i åra som er gått etter at godkjenningsordninga fall bort.
Vi har elles ikkje systematisk kunnskap om konsekvensane av at førehandsgranskinga vart avskaffa, dvs. korleis lærebokspråket har utvikla seg dei seinare åra.
Språkrådet har lenge hatt planar om å gjennomføra stikkprøvekontroll av lærebokspråket for å kunna danna seg eit inntrykk av situasjonen. Til no har ein likevel ikkje makta å prioritera dette arbeidet. Det er heller ikkje teke spesielle initiativ frå departementshald, slik det vart nemnt i proposisjonen frå 2000 om oppheving av godkjenningsordninga.
Etter omdanninga er Språkrådet no i ferd med å setja nytt søkjelys på spørsmål som har å gjera med den språklege kvaliteten innanfor ulike former for publisistisk verksemd, både den som skjer i privat og i offentleg regi.
Mellom anna arrangerte Språkrådet 30. mai 2007 eit dagsseminar om kvalitetssikring av språket i fagbøker. Arrangementet var eit samarbeid med Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening og Den norske Forleggerforening.
På seminaret vart det annonsert at Språkrådet ville gjera ein systematisk gjennomgang av eit utval lærebøker for å finna ut av korleis det stod til med det språklege kvalitetsarbeidet. Det vart streka under at resultatet av gjennomgangen med tilhøyrande grunnlagsmateriale ville bli gjort offentleg tilgjengeleg.
8.5.2.5 Oppsummerande vurdering
Departementet ser det sistnemnde initiativet frå Språkrådet som viktig og nødvendig. Når resultatet ligg føre, vil vi få eit betre grunnlag for å vurdera behovet for å framskaffa meir omfattande informasjon om lærebokspråket, og om kva tiltak som det eventuelt kan vera aktuelt å vurdera. Slike vurderingar vil skje i samråd med Kunnskapsdepartementet.
Departementet vil også ta initiativ overfor Kunnskapsdepartementet for meir systematisk å følgja opp det som vart signalisert i proposisjonen som gjekk forut for oppheving av godkjenningsordninga i 2000.
8.5.3 Språket i film og fjernsynsteksting spesielt og media generelt
8.5.3.1 Innleiing
Undertekstar i film og fjernsyn er ein særleg lett tilgjengeleg del av tekstproduksjonen i dagens norske samfunn.
Då gjev det grunn til uro at vi i dag ser fleire utviklingstendensar som kan gjera det vanskeleg å halda oppe den språklege kvaliteten i denne tekstproduksjonen. Det er her tale om tekstar som blir til gjennom omsetjing frå opphavleg engelsk eller anna framandspråkleg talespråk. Kompetansen til omsetjarane og ikkje minst arbeidsvilkåra deira kan dermed bli ganske avgjerande for resultatet.
8.5.3.2 Omfanget av film- og fjernsynsteksting
Tal som vart presenterte av Norsk audiovisuell oversetterforening (NAViO) i samband med eit seminar arrangert av Språkrådet i mars 2005, viser at det årleg blir produsert slike tekstar i eit omfang som svarer til om lag 240 000 boksider. Dersom vi legg til grunn at ein middels stor roman er på 340–350 sider, svarer denne film- og fjernsynstekstinga til 700 slike romanar.
Reknestykket tek utgangspunkt i situasjonen i 2003 og omfattar for det første alle program med norske undertekstar i om lag 25 fjernsynskanalar som då var tilgjengelege i Noreg. Det svarer til rundt 40 timar teksta sending kvar dag, dvs. nærare 15 000 timar i året. I tillegg vart det i 2003 teksta 211 spelefilmar for kino og rundt 700 filmar for video- og dvd-marknaden.
Ein studie av teksting på norsk fjernsyn presentert i ein rapport frå mars 2004 av Institutt for medium og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo, som tok utgangspunkt i eksisterande statistikk for mediebruk, viste at den gjennomsnittlege eksponeringa for fjernsynstekst i løpet av eit år tilsvarer 17–18 romanar. Dersom ein legg til grunn at ein sjåar les halvparten av den teksten vedkomande blir eksponert for, vil det altså svara til 8–9 romanar i året.
Dette inneber i så fall at det berre er aviser som er ei viktigare kjelde til lesing enn fjernsynstekst, og at lesing av fjernsynstekst er meir omfattande enn lesing av bøker. Studien viste også at lesing av fjernsynstekst er jamnare fordelt etter kjønn og alder og når ut til breiare lag av befolkninga enn både boklesing og tekstlesing på Internett.
8.5.3.3 Verknader for språkkompetansen hos barn og unge
Som kjelde til lesing synest fjernsynstekst å vera særleg viktig ikkje berre for høyrselshemma, men også generelt for barn og unge. Den nemnde studien frå Universitetet i Oslo viste at barn og unge i lesealder blir eksponerte for større tekstmengder enn gjennomsnittet.
Nettopp det at undertekstar på fjernsyn utgjer ein så stor del av det barn og unge konsumerer av skriven tekst, gjer at den språklege kvaliteten i slikt materiale blir eit spørsmål av særleg språkpolitisk interesse. Med tanke på utvikling av både lese- og skriveevna kan det vera vel så viktig å setja søkjelyset på dette spørsmålet som det arbeidet som også må gjerast for å stimulera barn og unge til å lesa fleire bøker.
I Norsk i hundre! heiter det at det blir eit stort paradoks dersom språket i tekstar til skulebruk blir nøye vurdert, medan det ikkje blir gjort noko for å kvalitetssikra dei tekstane som ungdom les av eige tiltak, og som dei les aller mest av. Rapporten slår også fast at det trengst meir kunnskap om kvaliteten på den tekstinga som går føre seg, og om korleis dette språket påverkar lese- og skrivepraksis særleg hos barn og unge.
Det er også forska lite på kva fjernsynstekstinga har å seia for utviklinga av generell leseevne og for framandspråkkompetansen hos barn og unge. Men det som gjev grunn til uro, er at dei sjangrane og kanalane barn og ungdom ser mest på, er dei same som også bruker dei omsetjingsmåtane som har dårlegast kvalitet.
8.5.3.4 Kostnadssparande omsetjingsmåtar og arbeidsvilkår
Dei omsetjingsmåtane det er tale om, har til formål å gjera omsetjingsprosessen meir effektiv for dermed å spara pengar. Det dreier seg særleg om maskinell omsetjing, og dessutan såkalla andrespråksomsetjingar.
Andrespråksomsetjing inneber at det først er gjort ei omsetjing til eit nærskyldt språk, fortrinnsvis dansk eller svensk. Slik indirekte omsetjing fører lett til fleire feil samanlikna med førstespråksomsetjingar.
Maskinomsetjing på si side krev ein etterfølgjande tekstgjennomgang av ein omsetjar for å retta opp feil som nødvendigvis følgjer med fordi ikkje noko databasert omsetjingsprogram uansett kor godt det er, kan måla seg med den menneskelege språkevna. Både andrespråkomsetjing og maskinomsetjing blir i utgangspunktet brukte for å spara tid og pengar.
Aukande konkurranse fjernsynskanalane imellom har nemleg ført til eit press i retning av å minimalisera kostnadene. Det har etter kvart utvikla seg ei næring som lever av programteksting for fjernsyn. Berre NRK har eiga teksteavdeling, men også her blir det i stor grad brukt frilansarar.
I det heile blir det jamt færre omsetjarar i faste stillingar i dei store fjernsynskanalane, og marknaden er på veg til å bli dominert av konkurrerande tekstebyrå som betaler monaleg dårlegare enn NRK, fordi prisane i stor grad kan dikterast av fjernsynskanalane. Resultatet er at omsetjarane ikkje får den tida på seg som skal til for å gjera ein skikkeleg jobb.
Eit inntrykk Språkrådet har, er at tekstinga i NRK held god standard, og at kvaliteten er bra også i TV 2, men likevel noko varierande. I dei kommersielle kanalane utanom TV2 står det gjennomgåande dårlegare til.
Hovudutfordringa er at det er marknaden som avgjer, i dette tilfellet marknaden av ungdommar, og at så lenge marknaden ikkje protesterer mot det han får, er det ikkje nokon grunn til å tru at dei kommersielle kanalane kjem til å gjera noko særskilt for å leggja til rette for språkleg kvalitet i dei omsette tekstane.
I staden er målet å spara pengar. Det gjer at delvis svakt kvalifiserte tekstarar får stramme tidskrav og vanskelege rammevilkår elles. Det blir difor særs vanskeleg for tekstarane å gjera ein tilfredsstillande jobb.
8.5.3.5 Kva som blir gjort
Språkrådet har engasjert seg spesielt i dette sakskomplekset, mellom anna ved å arrangera jamlege fagtreff for tekstarar. Dette skjer i samarbeid med Norsk audiovisuell oversetterforening (NAViO). Det var to slike seminar i 2006 og tre i 2007. Deltakartalet har variert frå 35 til 55.
Språkrådet legg altså stor vekt på å halda god kontakt med aktive tekstarar, og i tillegg til NAViO også med andre foreiningar for tekstarar. På den måten blir det lagt vinn på å hjelpa og støtta tekstarane. Dette har også Språkrådet nytte av i si eiga verksemd.
Språkrådet freistar no også å oppretta nær kontakt med oppdragsgjevarane og tekstefirmaa, altså med bedriftene i bransjen.
Eit viktig punkt på konferansen om språkkvaliteten i film- og fjernsynsteksting som Språkrådet arrangerte i mars 2005, var utdanning av tekstarar.
Universitetet i Agder (tidlegare Høgskolen i Agder), som har eit eige studium i omsetjing, hadde på det tidspunktet ferdige planar som dei ønskte å få sett ut i livet med særleg sikte på film- og fjernsynsteksting. I dag får omsetjarstudentane tilbod om eit todagars seminar i teksting. Dette omfattar både ei teoretisk og ei praktisk innføring i teksting, men det er altså tale om ein kortversjon.
Universitetet i Agder har også planar om å etablera ein mastergrad i omsetjing der teksting er inkludert, men ressurssituasjonen gjer at realiseringa av desse planane framleis er i det uvisse.
8.5.3.6 Oppsummerande vurdering
Slik vilkåra har utvikla seg innanfor marknaden for særleg fjernsynsteksting, er det ingen tvil om at det er grunn til uro, og at noko bør gjerast for å påverka situasjonen. Det er grunn til å peika på at kvaliteten i tekstinga i dei kommersielle kanalane er slik at han er nøydd til å bryta ned respekten for godt språk og korrekt norsk.
Departementet vil ta initiativ til å skaffa til vegar meir kunnskap om kvaliteten på den tekstinga som går føre seg, og om korleis dette språket påverkar lese- og skrivepraksis særleg hos barn og unge.
Departementet vil også i samarbeid med Språkrådet vurdera kva andre tiltak som kan setjast i verk for å sikra nødvendig språkleg kvalitet i dette viktige tekstmaterialet.
8.6 Det offentlege språket
8.6.1 Offentleg språk som føredøme
8.6.1.1 Det offentlege særansvaret
Utfordringane for forvaltningsspråket kan skjematisk delast i to hovuddelar; det eine er å syta for at språket er korrekt og ordentleg, det andre å leggja til rette for at det også er forståeleg slik at det kommuniserer på ein formålstenleg måte med dei aktuelle målgruppene.
At språket blir brukt korrekt og slik at kommunikasjonen blir effektiv og målretta, er ein viktig føresetnad for å gje språket status og prestisje. Men også her er det ein vekselverknad; dersom ikkje språket har etter måten høg status og prestisje blant språkbrukarane, vil dei heller ikkje vera så nøye i sin eigen omgang med språket.
Det offentlege har eit særleg ansvar for å stå fram som eit godt føredøme når det gjeld å bruka eit godt og klart språk.
I arbeidet for å styrkja nasjonalspråket vårt, både norsk språk generelt og nynorsk skriftkultur spesielt, er difor offentleg forvaltning ein særleg viktig arena. Arbeidet for eit korrekt og velfungerande språk i offentleg forvaltning må såleis stå sentralt i den språkpolitiske offensiven i åra framover.
8.6.1.2 Verdien av kvalitet i offentleg språkbruk
Dette dreier seg ikkje minst om den verknaden forvaltningsspråket kan ha på vørdnaden for morsmålet generelt og skriftkulturen spesielt i heile det norske språksamfunnet. I tillegg har det offentlege språket også ein viktig velferds- og demokratidimensjon.
Dersom det offentlege Noreg – og særleg staten – stadig vekk viser fram ein uklar, uryddig og ukorrekt språkbruk og ikkje lever opp til sine eigne normer, då er det eit tydeleg signal også til andre språkbrukarar om at det ikkje er så nøye korleis vi har det med morsmålet vårt og skriftkulturen vår.
Offentleg forvaltning representerer det offisielle Noreg og bør difor stå fram som eit godt førebilete, også i sin omgang med språket. Det tek seg dårleg ut med språkleg sjusk og slurv i offentlege dokument og offentleg informasjon.
Dersom Noreg skal vera ein framståande kulturnasjon og eit høgt utvikla kunnskaps- og velferdssamfunn, må vi kosta på oss å stilla krav til kvalitet og funksjonalitet i det offentlege språket.
8.6.2 Analyse av forvaltningsspråket før og no
8.6.2.1 Mindre kansellistil, men framleis mykje språkleg ukrut
Gjennomgåande står det slett ikkje dårleg til med språket i det offentlege. Det blir alt i dag gjort mykje godt språkarbeid, og ein finn ofte døme på dokument som er kjenneteikna av både klar, korrekt og formålstenleg språkføring. Mange leiarar og saksbehandlarar er høgt språkmedvitne.
Utan tvil vart det brukt eit langt meir upersonleg og uforståeleg språk i tidlegare tider enn i dag. Dette har noko å gjera med skiftande språklege stilideal i samfunnet generelt. Ikkje minst er den gamle kansellistilen gradvis erstatta av ei språkføring der ledd følgjer ledd og setning følgjer setning på ein meir naturleg måte enn før. Eit stilideal meir prega av naturleg, munnleg uttrykksmåte er no det som gjeld, jamvel om det framleis er mykje språkbruk som ikkje godt nok lever opp til dette idealet.
Trass i den innsatsen som er gjord og dei endringane som har skjedd opp gjennom åra, er det likevel mykje som kan og må bli betre. Arbeidet for eit korrekt og eit enklare og meir forståeleg språk i offentleg forvaltning må difor halda fram, helst på ein meir målretta og planfast måte enn til no. Berre slik kan vi ha von om å fjerna så mykje som råd av alt ukrut som det framleis finst rikeleg av i det offentlege språket.
8.6.2.2 Språkmeistring og språkhaldning
For ein stor del er språkleg kvalitet i det offentlege eit spørsmål om språkmeistring blant offentleg tilsette. Dette har igjen samanheng med språkopplæringa i skule og utdanning og med kva vekt språkkompetanse blir tillagd ved rekruttering av nye medarbeidarar, i det daglege arbeidet og i samband med etterutdanning og etterfølgjande opplæring.
Språket er elles ikkje eit isolert fenomen, noko som kan skiljast frå det faglege arbeidet. I alt arbeid der språkleg utforming inngår, vil språk og innhald følgjast åt. Det uklart skrivne, kan ofte vera det uklart tenkte, andre gonger eit hinder for at den klare tanken blir oppfatta slik han var tenkt.
Ein avgjerande føresetnad for framskritt i det språklege kvalitetsarbeidet er å erkjenna at det for dei aller fleste er både slitsamt og tidkrevjande å skriva klart og forståeleg, også når den som skriv, er spesialist på det stoffet som skal framstillast. Det krev pågangsmot og vilje, konsentrasjon og styrke.
Dette er ikkje så lett i ein hektisk kvardag der tid og arbeidsro ofte er ein kritisk faktor. Jamvel om vi i praksis ofte må gå på kompromiss med den ideale fordringa, er det likevel om å gjera at vi held idealet klart for auge.
8.6.2.3 Språkleg utforming av offentleg informasjon
Dei fleste som skriv, også byråkratar og politikarar, har nok opplevd at språket kan vera både ein venn og ein fiende. På den eine sida gjeld det at ein ofte må vega orda sine, ikkje seia meir enn ein kan stå inne for. Då må ein formulera seg slik at nødvendige atterhald er tekne; ein må på eit vis gardera seg i språket.
Offentlege styresmakter må ofte hanskast med komplekse saksforhold dels tufta på omfattande og kompliserte regelverk som grip inn i kvarandre, dels på administrative og politiske ambisjonar og viljeserklæringar av meir eller mindre forpliktande karakter. Å uttrykkja ulike typar av atterhald er ofte nødvendig dersom det offentlege skal gardera seg mot seinare å bli trekt til ansvar utover det som det er grunnlag for å innfri.
På den andre sida dreier offentleg språkbruk seg om å nå fram med ein bodskap, slik at innhaldet blir oppfatta som det var meint.
Informasjon må formidlast slik at det offentlege ikkje støytar folk ifrå seg, og då må offentlege skriv og offentlege fråsegner vera forståelege for dei det mest vedkjem. Dette er viktig mellom anna for at folk skal kunna forsvara sine rettar og fremja sine interesser.
Ei unødig byråkratisk og snirklete språkføring kan ofte vera eit resultat av ein freistnad på å verna seg mot rettmessig kritikk. Men ofte er ein uttrykksmåte som gjer bodskapen vanskeleg forståeleg for mottakarane, eit utslag av innarbeidd tradisjon eller av at ein legg for lita vekt på å setja seg inn i situasjonen til lesaren når ein utformar offentlege dokument som rettar seg mot eit allment publikum eller av bestemte brukarar av offentlege tenester.
Det å formulera eit komplisert saksforhold på ein måte som er både korrekt og dekkjande og på same tid enkel og forståeleg, er ei evne som stadig må øvast opp og haldast ved like, og som det heile tida må leggjast arbeid og aktsemd i.
Å arbeida for eit klarare språk inneber likevel ikkje alltid å forenkla språket same kva det kostar. Forenkling må ikkje føra til språkleg forarming og mindre nyansering. Ikkje alle tekstar kan vera såkalla enkle. Ikkje alle tekstar kan heller vera frie for fagspråk.
Uklart språk kan vera tilsikta. Det er ikkje alltid mogleg eller ønskjeleg å uttrykkja seg krystallklart. Dersom vi er usikre, ikkje veit nok eller ikkje har høve til å seia alt som kunne seiast, må vi bruka omtrentlege uttrykksmåtar. Vi kan velja å uttrykkja oss uklart dersom vi ønskjer å skåna nokon. Stundom kan det vera tryggast å uttrykkja seg uklart, slik at vi unngår å forplikta oss.
Men i normal, informerande sakprosa er ulempene ved tåkete uttrykksmåtar fleire enn fordelane. Dersom formålet med ein tekst er å informera, har vi alt å tena på uttrykkja oss klart og skjøneleg. Vi skal ikkje forenkla berre for å forenkla, men for å gjera tekstane tilgjengelege.
8.6.2.4 Særleg om betre nynorsk forvaltningsspråk
Størst og tydelegast trong for å gjera noko med det offentlege språket er det, ikkje overraskande, på nynorsksida. Her er det mykje ukorrekt og usikker språkbruk å sjå, og det må difor setjast inn ein særleg innsats på dette feltet i åra framover.
For mange offentleg tilsette er det tydeleg at det i utgangspunktet fell vanskelegare å skriva nynorsk enn bokmål. Vi kan likevel ikkje slå oss til ro med den innstillinga at det er mindre viktig med eit godt og feilfritt språk på nynorsk enn på bokmål.
Særleg om å gjera er det at ikkje dei øvste regjeringskontora våre, departementa, sender frå seg dokument som er prega av systematiske og elementære språkfeil eller ei blanding av nynorsk- og bokmålsformer. For å unngå slikt trengst det først og fremst ei haldningsendring. Dette er oftast ein føresetnad for å få gjennomført verksame rutinar for nødvendig kvalitetssikring.
8.6.3 Klarspråk
8.6.3.1 Bruken av omgrepet klarspråk
I Noreg har vi tradisjonelt snakka om behovet for eit enklare og meir forståeleg språk i offentleg forvaltning, men etter mønster frå Sverige er no termen klarspråk på god veg til å bli eit kurant ord også i norsk samanheng. Ordet er kome med i siste utgåve av Nynorskordboka, som kom i 2006.
Sverige har lenge nytta uttrykket offentleg klarspråk, og blant dei nordiske landa er det utan tvil i Sverige at dette arbeidet er best utbygd og sett mest i system. Svenskane nyttar også termen klarspråksarbete om dei relevante aktivitetane. Denne parallelle norske termen klarspråksarbeid er brukt i den norske omsetjinga av den nordiske språkdeklarasjonen, som opphavleg er utforma i svensk språkdrakt.
Uttrykket klarspråk har også elles vunne innpass i det nordiske samarbeidet på dette feltet. Det blir no med jamne mellomrom arrangert nordiske klarspråkskonferansar. Det kan nemnast at Noreg hadde ansvaret for konferansen i 2004. Den vart halden på Kongsberg, medan den førebels siste nordiske klarspråkskonferansen var i Gilleleje i Danmark i 2006.
I den nordiske språkdeklarasjonen er omgrepet klarspråk brukt i eit avsnitt som handlar om Norden som språkleg føregangsregion. Her heiter det at Norden skal streva etter å vera leiande innanfor det området som blir kalla klarspråksarbeid, og som utdjupande forklaring er nytta formuleringa å gjera det offentlege språket tydelegare, på svensk «att göra myndighetsspråket tydligare».
I norsk samanheng er uttrykket klarspråk også teke i bruk av den særskilde språktenesta som no er etablert som ein del av sekretariatet i Språkrådet, jf. kap. 8.6.4 nedanfor. Språktenesta har fått eit særleg ansvar for å driva klarspråksarbeid i staten.
8.6.3.2 Klarspråksarbeid i andre land – særleg i EU
Av andre land som driv med klarspråksarbeid, kan nemnast USA, Canada, Australia, Sør-Afrika, New Zealand, Italia, Tyskland, Belgia, Frankrike og Spania.
I Storbritannia går arbeidet for klarspråk under parolen «fight the fog». Språktåke er altså den underliggjande førestellinga ein der har om uklart språk. I institusjonane innanfor EU blir det stadig satsa meir på klarspråk, og formålet er å heva kvaliteten på lovgjevinga og betra kommunikasjonen med EU-borgarane.
For å få til ein betre dialog med borgarane i EU har Kommisjonen fått laga ein handlingsplan for kommunikasjon. Kommisjonen skal satsa på å vidareutdanna tenestemenn, verva kommunikasjonsspesialistar, samanfatta større kommisjonsforslag og kommunisera på eit språk som folk forstår.
Mange som arbeider med EU-spørsmål, nyttar gjerne ein slags EU-sjargong, ord og uttrykk som kan vera vanskelege å tolka for uinnvigde, utan at det eigentleg er spesifikt tekniske eller juridiske termar. På den felles heimesida for EU-institusjonane finst difor ein såkalla klarspråksgaid til EU-sjargongen.
8.6.3.3 Sverige
Som nemnt har klarspråksarbeid ein særleg tradisjon i Sverige.
I det svenske lovverket finst føresegner om at styresmaktene skal uttrykkja seg klart og skjøneleg.
Fast tilsette språkekspertar i Regeringskansliet, paraplyorganisasjonen for det svenske regjeringsapparatet, granskar lovforslag, forskrifter, utgreiingsmandat og andre tekstar for at dei skal bli meir formålstenlege og effektive. Dei skriv handbøker og held kurs for departementstilsette og andre og oppmuntrar og hjelper saksbehandlarar til å skriva så forståeleg og korrekt som råd er.
I det svenske Justitiedepartementet finst også ein særskild «EU-språkvård», som ikkje minst har ansvar for tiltak som kan fremja klarspråk i tekstar som er skrivne innanfor EU-administrasjonen.
Mange etatar, kommunar og andre offentlege organ i Sverige satsar også på klarspråk i ulik grad.
Tidlegare var det ei eiga gruppe knytt til Justitiedepartementet, Klarspråksgruppen, som hadde overordna ansvar for det offentlege klarspråksarbeidet i Sverige. I samband med reorganisering av dei svenske fagorgana på språkområdet i 2006 er denne funksjonen no flytta over til det nye svenske Språkrådet. Språkrådet har såleis ansvar for å støtta og inspirera klarspråksarbeidet hos offentlege styresmakter, og dei har også kontaktpersonar i klarspråksspørsmål i mange offentlege organ.
Mange av dei språkkonsulentane og språkekspertane som arbeider med klarspråk i Sverige, har eksamen frå eit særskilt utdanningsopplegg, Språkkonsultlinjen, som mellom anna gjev kunnskapar i klarspråksarbeid og moderne språkutforming i det offentlege.
Til slutt må nemnast at offentleg språkbruk også inngår som eit av dei fire overordna måla for ein nasjonal språkpolitikk som Riksdagen vedtok i 2005. Her heiter det: «Den offentliga svenskan ska vara vårdad, enkel og begriplig.» Det heiter også at «offentlig svenska ska vara föredömlig».
8.6.3.4 Danmark
Også i Danmark har omsorg for det offentlege språket kome med blant dei språkpolitiske målformuleringane som er utforma dei seinare åra.
Dette vart uttrykt slik i den språkpolitiske orienteringa som kulturministeren på vegner av regjeringa la fram for Folketinget i 2004:
«Sproget i den offentlige sektor skal være klart, forståelig og korrekt – hva enten det gjelder et brev fra kommunene, en pjece fra lægen eller en politisk vedtagelse i Folketinget.»
Den danske regjeringa oppmoda styresmakter og institusjonar til å intensivera den språklege innsatsen sin og gjorde greie for ulike initiativ i eigen regi, mellom anna i ein handlingsplan for «en mere virksomhetsnær offentlig sektor». Der vart det til dømes lagt opp til å innføra målingar som kan seia noko om effekten av offentleg informasjon.
8.6.3.5 Tidlegare klarspråksarbeid i Noreg
I Noreg er arbeidet for eit enklare og meir forståeleg forvaltningsspråk teke opp fleire gonger. Ein føregangsmann var juristen Nikolai Gjelsvik, som alt i mellomkringstida gjorde ein stor innsats med å omsetja lover til nynorsk og dermed skapte eit mønster for eit meir moderne lovspråk, anten det er nynorsk eller bokmål. Seinare har professor Finn-Erik Vinje på mange måtar følgt opp det arbeidet Gjelsvik gjorde, i sitt arbeid for enklare lovspråk og administrasjonsspråk på bokmål.
På 1950-talet såg det statlege Rasjonalitetsdirektoratet eit effektiviseringspotensial i eit betre offentleg språk. Og då ein på 1960-talet byrja å arbeida meir systematisk med offentleg informasjonspolitikk, vart nettopp godt språk stilt opp som eit av grunnkrava.
I 1975 stilte Einar Førde ein interpellasjon til forbrukar- og administrasjonsministeren med spørsmål om kva som kunne gjerast for å betra språket og framstillingsforma i offentlege dokument og utgreiingar med sikte på å gjera dei meir tilgjengelege for folk flest.
I statleg regi vart det på 1970-talet sett i gang ulike tiltak for å betra forståinga mellom publikum og forvaltninga, for å hindra at forvaltninga skulle framstå som eit upersonleg vesen som ein kvidde seg for å ta kontakt med. Eitt av tiltaka gjaldt nettopp forvaltningsspråket.
Det vart streka under at det offentlege må leggja større vekt på å uttrykkja seg klart og lettfatteleg, utan ord og vendingar som er ukjende for dei fleste. Det vart dessutan streka under at vi måtte få ein meir personleg tone i alle brev og meldingar, slik at publikum kunne kjenna at det stod menneske bak orda.
I regi av Statens personaldirektorat og Statens informasjonsteneste vart det sett i gang eit eige utviklings- og opplæringsprosjekt i forvaltningsspråk som ledd i eit større arbeid for betre forståing mellom publikum og forvaltninga. Dette resulterte mellom anna i to sentrale handbøker med råd og vink for offentleg språkbruk, Norsk i embets medfør for bokmål og På godt norsk om nynorsk målbruk.
På 1980-talet var arbeidet for betre offentleg språkbruk eit viktig element i Aksjon publikum, ein storstilt kampanje for å leggja til rette for ei meir publikumsvennleg forvaltning. Sist på 1990-talet vart det så – som ledd i programmet Eit enklare Noreg – lansert eit eige prosjekt for eit enklare språk i statlege dokument, som mellom anna resulterte i rettleiingsheftet Språksjekken – ei hjelp til betre språk i staten, utarbeidt i eit samarbeid mellom Norsk språkråd og Statens informasjonsteneste.
Og både Norsk språkråd og det noverande Språkrådet har gjennom arbeidet sitt prøvd å fremja bruken av klarspråk i mange samanhengar. Men eit meir planfast arbeid er ikkje kome i gang enno, trass i tidlegare initiativ og alle skippertak opp gjennom åra. Difor treng vi no både å ta eit krafttak og å få arbeidet inn i faste, organiserte former.
8.6.4 Språktenesta for statsorgan
8.6.4.1 Utgangspunkt og føresetnader
Eit godt utgangspunkt for å få til eit meir planfast arbeid er no på plass i og med den språktenesta som er skipa som ein del av sekretariatet i Språkrådet.
Rett nok er språktenesta etablert primært for å fungera som eit verkemiddel i arbeidet for måljamstillinga i staten, dvs. som ei hjelp og støtte for statsorgan som slit med å fylla det nynorske kvotekravet på minst 25 prosent.
Men det å fylla dette kvotekravet er i stor grad eit spørsmål om språkkompetanse, evne til å skriva god og korrekt nynorsk, og det er nettopp her språktenesta skal tre støttande til. Som nemnt ovanfor er det nettopp på nynorsksida at utfordringane også når det gjeld språkleg kvalitet i staten, er aller størst.
Men i tillegg til dette kjem at det også i tidlegare grunnlagsdokument er streka under at den statlege språktenesta skal ha eit todelt formål, og at den andre funksjonen er å fremja godt språk i staten anten det er tale om bokmål eller nynorsk.
Tanken om ei statleg språkteneste vart opphavleg lansert i målbruksmeldinga frå 2001 som eit ledd i ein ny giv for nynorsk målbruk i staten, jf. St.meld. nr. 9 (2001–2002).
Også i den tilsvarande meldinga frå 2005, St.meld. nr. 7 (2005–2006), er språktenesta omtalt som eit verkemiddel i arbeidet med språkleg jamstilling. Det heiter at målet er å gjera språktenesta til ein integrert del av tilsynsarbeidet, slik at kontrolltiltak og rapportkrav kan kombinerast med tilbod om hjelp og støtte. Men det er samstundes streka under at den statlege språktenesta skal arbeida for eit betre og meir forståeleg språk uavhengig av målform.
I samband med lanseringa av språktenesta hausten 2006 vart det lagt til grunn at dei to nemnde funksjonane, det eine å fremja betre språk generelt, det andre å leggja til rette for ei jamnare fordeling av bokmål og nynorsk spesielt, i prinsippet er tenkt å vera to likeverdige og sidestilte oppgåver.
Også i den siste budsjettproposisjonen, St.prp. nr. 1 (2007–2008), heiter det at språktenesta skal fremja godt og formålstenleg forvaltningsspråk generelt og nynorsk forvaltningsspråk spesielt. Men det er samstundes streka under at det siste er ei prioritert oppgåve og inngår som eit viktig ledd i ein intensivert innsats for å sikra auka bruk av nynorsk i staten i samsvar med føresetnaden i målbruksmeldinga frå 2005.
I målbruksmeldinga frå 2001 var språktenesta kostnadsrekna til om lag 3 mill. kroner, dvs. at ho var tiltenkt eit omfang tilsvarande fem–seks stillingar, og dette er også referert og lagt til grunn i meldinga frå 2005. Det vart lagt inn midlar for å følgja opp dette i budsjettframlegga for 2004, 2006 og 2007, og det er til no oppretta i alt fem språkkonsulentstillingar i sekretariatet i Språkrådet.
8.6.4.2 Rapport frå arbeidet i språktenesta
Jamvel om språktenesta no har eit omfang tilsvarande fem årsverk, har alle desse stillingane vore bemanna i relativt kort tid. Dette må det takast omsyn til når ein vurderer den rapporten departementet har fått om det arbeidet og dei erfaringane språktenesta har gjort i perioden frå lanseringa til 1. juli 2007.
Frå byrjinga har språktenesta i stor grad vore oppdragsstyrt, og grunnlaget for oppdragsverksemda har vore den marknadsføringa som har skjedd.
Dette har omfatta informasjon som var gjeven på ein konferanse for leiarar i utvalde statsorgan som vart halden i samband med lanseringa, dessutan informasjon på nettstaden til Språkrådet, gjennom språkrådspublikasjonen Statsspråk, som kjem tre-fire gonger i året, og gjennom dei tilbakemeldingsbreva Språkrådet sender utvalde statsorgan i samband med den årlege rapporteringa om bruksfordelinga mellom bokmål og nynorsk.
I den mottekne rapporten heiter det at denne sparsame marknadsføringa har vore stor nok til å sysselsetja dei rådgjevarane som har vore i arbeid i perioden, og at oppdragsgjevarane dermed i stor grad har avgjort innhaldet av dei utførte oppgåvene.
Språktenesta deler elles dette arbeidet i fire aktivitetsområde: rådgjeving, opplæring, språkleg kvalitetskontroll og utarbeiding av informasjonsmateriell.
Det departementet særleg har merkt seg, er opplysingane om at fleirtalet av opplæringsoppdraga har vore bokmålsretta. Dette er i utgangspunktet overraskande når vi veit at statstilsette flest synest å ha langt dårlegare kompetanse i nynorsk enn i bokmål.
Språktenesta meiner grunnen kan vera den at oppdragsgjevarane har ønskt å konsentrera innsatsen om språkforbetring i bokmål, sidan dette er den målforma som er mest brukt. Ei anna forklaring kan vera at det er lettare å få aksept i organisasjonen for å setja inn tiltak på bokmålssida.
Det går elles fram av rapporten at statsorgana har ulike utfordringar og behov i dei to målformene. I bokmål har det vore mest spørsmål om å få ei generell vurdering av den språklege kvaliteten. I nynorsk har det først og fremst vore spørsmål om språkvask av tekstar, dessutan hjelp til omsetjing av dokument frå bokmål til nynorsk.
Det inntrykk språktenesta har danna seg om den språklege kvaliteten basert på dei oppdraga dei har hatt, er følgjande: Når det gjeld bokmål, har tekstane vore av svært vekslande kvalitet. Arbeidet til språktenesta har her stort sett gått ut på å visa korleis ein kan forenkla og forbetra språket for å gjera tekstane meir brukarvennlege.
Når det gjeld nynorsk, heiter det i rapporten at mange av dei nynorsktekstane rådgjevarane har vurdert, rett og slett ikkje held mål. Fleire av dei har vore ord-for ord-omsetjingar av krunglete bokmålstekstar.
Språktenesta trur at ei forenkling av språket i bokmålstekstane kan vera med og gjera nynorsktekstane betre, nettopp fordi så mange nynorsktekstar synest å vera omsette frå bokmål. På den andre sida kan nynorsken vera eit viktig verktøy i arbeidet for å få til eit betre og klarare språk i bokmålstekstar. Slik sett er det ein tydeleg, gjensidig samanheng mellom det å arbeida med bokmåls- og nynorsktekstar.
Når det spesielt gjeld bruksfordelinga mellom nynorsk og bokmål, har språktenesta det generelle inntrykket at viljen til å bruka nynorsk er til stades, men at kompetansen er svak. Språktenesta vil difor prioritera arbeidet med å laga opplegg for dei statsorgana som har gode tiltaksplanar for å auka nynorskprosenten.
Det er elles klare grenser for kor mykje arbeid språktenesta kan nå over, også når bemanninga etter kvart blir fulltalig, særleg når det gjeld større oppdrag som til dømes omfattande språkvask eller omsetjing.
Difor er det i startfasen lagt ein god del arbeid i å laga opplegg for sertifisering av private språkkonsulentar slik at dei får eit korps av fagfolk som dei kan visa statsorgan til for dei oppdraga dei sjølve ikkje kan ta på seg. Skal språktenesta kunna gå god for slike private konsulentar, må ho vera trygg på at dei held eit høgt fagleg nivå.
Språktenesta har gått igjennom tekstar som er omsette frå bokmål til nynorsk av private språkkonsulentar eller byrå, og har konstatert at kvaliteten er svært varierande. Dette stadfestar at det nettopp er viktig å få sertifisert fleire språkkonsulentar.
Språktenesta arrangerte ein første sertifiseringstest hausten 2006. Fire av tretti påmelde kandidatar greidde bokmålstesten, medan berre éin av tretti bestod nynorsktesten. Førebels er det altså ikkje noka lang liste av sertifiserte konsulentar språktenesta har å visa til.
8.6.5 Oppsummerande vurdering
8.6.5.1 Generelt
Arbeidet med eit betre offentleg språk kan skjematisk delast i to, utan at det på nokon måte går klare grenser mellom dei. Det eine er å sjå til at språket er formelt korrekt, med omsyn til rettskriving, teiknsetjing og andre skrivereglar. Det andre er arbeidet med å betra sjølve språkføringa, slik at resultatet blir tekstar av høg kvalitet, og slik at lesarane slepp å streva unødig mykje for å skjøna kva som er meint.
Innanfor ramma av ein statleg språkpolitikk ligg det eit særleg ansvar for å sikra den språklege kvaliteten innanfor staten sjølv. I tillegg må det sterkt strekast under at også kommunal og fylkeskommunal forvaltning har eit ansvar for det språket dei fører i alle former for kommunikasjon med innbyggjarane. Men overfor kommunesektoren vil staten ha mindre direkte innverknad enn det vi kan ha overfor eigne statlege organ.
Innanfor staten kan det elles vera grunn til å skilja mellom språket i regjeringsapparatet på den eine sida og språket i typisk utoverretta informasjon i dei store publikumsretta etatane på den andre sida.
Men også dette er berre eit skjematisk skilje. Formålet er først og fremst å streka under at det må stillast særleg strenge krav til godt og korrekt språk innanfor det øvste statsapparatet, fordi dette lett vil framstå som førebilete for andre. Vi kan ikkje forlanga at underordna statlege organ skal ta språket på alvor dersom ikkje dei kontora som står høgast i hierarkiet, går føre med eit godt eksempel.
8.6.5.2 Etablering av ein standard for språkleg kvalitet
Det grunnleggjande må vera å få etablert ein standard for språkleg kvalitet i det offentlege.
Dette kan skje ved at det blir ein uttalt ambisjon for alle offentlege organ at dei stadig skal leggja vinn på å skriva eit godt og korrekt språk, og at offisielle rettskrivings- og skrivereglar skal følgjast, dessutan dei lovheimla målbruksreglane.
Formuleringar om dette skal heretter takast inn i alle mål- og tiltaksdokument av typen sørviserklæringar, verksemdsplanar og liknande.
Også i den nye statlege kommunikasjonspolitikken som det no blir arbeidt med å utforma i regi av Fornyings- og administrasjonsdepartementet, vil det bli innarbeidt ein ambisjon om at det offentlege skal leggja vinn på å nytta eit enkelt og forståeleg språk, og at språket skal vera i samsvar med gjeldande rettskrivings- og måljamstillingsreglar.
8.6.5.3 Etablering av eit system for språkleg internkontroll
For å følgja opp det overordna standardkravet vil føresetnadene heretter vera at alle statleg organ minst ein gong i året skal kontrollera den språklege standarden i viktige delar av den skriftlege informasjonen som organet produserer.
Her må ein særleg leggja vekt på å kontrollera at språket er formelt korrekt. Det bør mellom anna takast stikkprøver for å kontrollera at det ikkje utviklar seg ein praksis i strid med gjeldande rettskrivings- og skrivereglar. Departementet vil be språktenesta i Språkrådet hjelpa til med å utvikla tenlege testprogram for slike formål. Også praksis når det gjeld teiknsetjing, bør kontrollerast i samband med desse testane.
Spesielt viktig vil det vera å få luka ut systematiske feil og manglar i alle slags dokument som er tilgjengelege og i bruk over tid. Difor må det etablerast eit system for språkleg kvalitetssikring og oppretting av språkfeil i den informasjonen som blir lagd ut på statlege nettsider. Slik informasjon blir som regel liggjande ute på ubestemd tid, og då er det viktig at feil blir retta når dei blir oppdaga.
Særleg for offisiell informasjon frå regjeringsapparatet er det behov for å få på plass eit system for språkleg kvalitetssikring og oppretting av tekstar som blir lagde ut på regjeringa sine informasjonssider på Internett. Dette vil bli følgt opp i samråd med den sentrale redaksjonen for denne nettstaden og informasjonseiningane rundt om i departementa.
Det er også behov for å gå gjennom dei meir eller mindre standardiserte språkmalane som blir nytta i ulike typar trykte dokument frå departementa, og vurdera omfanget av standardiserte tekstar på nynorsk og bokmål. Dette arbeidet vil skje i samarbeid med Statsministerens kontor.
Departementa må også internt ha betre rutinar for språkleg kvalitetssikring av andre typar tekstar, mellom anna stillingsutlysingar og kunngjeringar av ulike slag. Dette er behov som først og fremst gjer seg gjeldande på nynorsksida.
8.6.5.4 Etablering av eit nettverk av språkkontaktar og språkkonsulentar
Føresetnaden er at språktenesta i regi av Språkrådet skal vera ein sentral aktør i det språklege kvalitetsarbeidet i staten. Departementet vil i samråd med Språkrådet vurdera om språktenesta sjølv i større grad enn til no kan styra aktivitetane og prioriteringane sine. Språktenesta må mellom anna fungera som eit språkleg autoritativt organ som kan påpeika feil og gripa inn for at ting skal bli retta opp når det er nødvendig.
Eit viktig tiltak for å få system og stabilitet i språkarbeidet vil vera å byggja opp eit nettverk av språkkontaktar som språktenesta kan spela på, og som kan fungera som eit eksternt apparat for det språklege formidlings- og kvalitetsarbeidet i staten.
Somme departement og statsorgan elles har alt i dag tilsette som arbeider med interne språkspørsmål meir eller mindre på heiltid. Målet må vera å få utvida slike ordningar og sett det heile meir i system.
Departementet vil difor ta initiativ til at alle statsorgan peiker ut ein eller fleire språkkontaktar. Det vil vera opp til kvart enkelt organ sjølv kor mykje tid desse kontaktane skal setja av til språkarbeid. Føresetnaden må likevel vera at alle som eit minimum peiker ut ein person som eit kontaktpunkt.
I utgangspunktet treng ikkje systemet med språkkontaktar vera tufta på noko formelt pålegg. Departementet vil likevel vurdera om ei ordning med språkkontaktar kan og bør forankrast i eit meir formelt regelverk. Dette kan det vera naturleg å sjå i samband med spørsmålet om ny og revidert lovgjeving på språkområdet som blir nærare drøfta i kap. 3.
Også eksterne krefter og ressursar må trekkjast inn dersom ein skal få gjort noko som monnar. Departementet legg såleis til grunn at språktenesta vil vidareføra arbeidet med å utvikla eit system for sertifisering av språkkonsulentar.
Det er her tale om eksterne konsulentar som språktenesta kan innestå for den faglege kvaliteten på, og som dei kan tilrå brukt når statsorgan treng språkfagleg hjelp. Det vil særleg vera aktuelt når det er behov for hjelp til språkvask og til omsetjing frå bokmål til nynorsk.
8.6.5.5 Etablering av eit system for språkleg kvalitet i lover og forskrifter
Eit spørsmål av særleg interesse er språket i lover og forskrifter.
Interimsstyret i Språkrådet peikte i 2006 på at det er behov for ei formalisering av kontrollen med språket i nye lover. Dette var eit sentralt framlegg i samband med at strategirapporten Norsk i hundre! vart oversend departementet.
Dette er eit spørsmål som det er naturleg å sjå i samanheng med det arbeidet Lovavdelinga i Justisdepartementet gjer for å fremja god lovteknikk og tenleg struktur i lov- og forskriftsverket.
Som oppfølging av den såkalla forskriftsdugnaden for nokre år sidan vart det i 2006 oppretta ei særskild forskriftseining knytt til Lovavdelinga. Denne eininga har eit særleg ansvar for å gje råd om utforming av forskrifter. Formålet er å fremja eit meir einskapleg, oppdatert og lettare tilgjengeleg regelverk av høg kvalitet.
Forskriftene er monaleg meir omfattande enn lovverket, og kvaliteten er også gjennomgåande dårlegare. Forskriftsarbeidet må ofte skje raskare, fleire personar er involverte i arbeidet, og det kan ikkje alltid leggjast like mykje arbeid i forskriftsarbeidet som i det meir overordna og mindre omfattande lovarbeidet.
På den andre sida har forskriftene på mange område mykje meir å seia reint praktisk enn lovgjevinga. Difor er det også her om å gjera at den språklege utforminga er slik at forskriftene er forståelege for dei som er avhengige av å setja seg inn i dei. I tillegg må ein sjølvsagt leggja vekt på at språket er formelt korrekt.
Departementet vil i samråd med språktenesta, Lovavdelinga og Forskriftseininga drøfta kva som kan gjerast for å få ei meir systematisk tilrettelegging av den språklege kvaliteten i samband med endringar i lov- og forskriftsverket og utforming av nye lover og forskrifter.
Det er også behov for å arbeida systematisk for å få ein betre balanse mellom målformene i lover og forskrifter. Ei oppteljing som vart gjord for ca. ti år sidan, viste at knapt 17 prosent av dei nye lovene som var vedtekne etter krigen, og som framleis var gjeldande, var på nynorsk. Rekna i sidetal var nynorskprosenten berre 10 prosent. Om ein berre tek med dei lovene som var vedtekne etter 1975, var sidetalsprosenten berre 5 prosent. Dette er ein klar indikasjon på ei negativ langtidsutvikling, jamvel om vi ikkje har tal frå den siste tiårsperioden.
Det vil no bli lagt opp til at alle departement skal arbeida planmessig med utforming av lover og forskrifter på nynorsk. Målet må vera at minst 25 prosent av lovverket rekna i tekstmengd etter kvart skal vera på nynorsk.
Målforma i forskriftene bør som hovudregel følgja målforma i heimelslova. Auka bruk av nynorsk i lovverket vil dermed føra til betre måljamstilling også i forskriftsverket.
8.7 Oppsummering av prioriterte tiltak
1 Departementet vil leggja tilhøva til rette for nødvendig språkdyrking og språkrøkt for å sikra det kvalitative grunnlaget for norsk språk.
2 I samråd med Språkrådet vil departementet vurdera tiltak for betre språkleg kvalitet i nettaviser og andre nye publikasjonsformer.
3 Departementet vil drøfta den vidare forvaltninga av etablerte språksamlingar og vidare digitaliseringsbehov med involverte aktørar.
4 Departementet vil ta initiativ til eit prosjekt for registrering og kvalitetssikring av eksisterande stadnamnsamlingar.
5 Departementet vil gjennomgå den vidare innsamlingspolitikken for stadnamn spesielt og situasjonen for ulike språksamlingar generelt.
6 Departementet tek sikte på å bidra til at prosjektet Norsk Ordbok 2014 kan fullførast i samsvar med dei bindande gjennomføringsplanane som ligg føre.
7 Departementet oppmodar dei ansvarlege for dei to leksikalske dokumentasjonsprosjekta på bokmålssida til å avklara faglege grenseflater og eit mogleg samarbeid. Departementet vil leggja til rette for at Det Norske Akademis store ordbok kan fullførast på ein fagleg forsvarleg måte i 2014.
8 I samråd med Språkrådet tek departementet sikte på innan utgangen av 2008 å få etablert eit nytt behandlings- og vedtakssystem for nødvendig normvedlikehald og nynormering.
9 Departementet vil leggja til rette eit system for betre og meir systematisk informasjon om gjeldande rettskrivings- og skrivereglar i det offentlege.
10 Departementet vil ta initiativ til å få endra ei misvisande føresegn i opplæringslova om rettsgrunnlaget for rettskrivinga.
11 Departementet vil følgja opp godkjenningsordninga for ordlister og ordbøker til skulebruk i samråd med Språkrådet og Kunnskapsdepartementet.
12 Departementet vil i samråd med Språkrådet følgja opp dei språkfaglege konsultasjonsrutinane ved namnelaging i staten.
13 Departementet vil i samråd med Kunnskapsdepartementet i nødvendig grad følgja opp resultatet av den pågåande kvalitetsgjennomgangen av språket i lærebøker.
14 Departementet vil vurdera korleis ein betre enn i dag kan sikra språkleg kvalitet i film- og fjernsynsteksting.
15 Departementet vil ta initiativ til å etablera ein standard for språkleg kvalitet i staten.
16 Departementet vil ta initiativ til å etablera eit system for språkleg internkontroll i staten.
17 Departementet vil ta initiativ til å etablera eit nettverk av interne språkkontaktar og eksterne språkkonsulentar i staten.
18 Departementet vil ta initiativ til å etablera eit system for språkleg kvalitet i lover og forskrifter.
Fotnotar
Framstillinga i kap. 8.2.2 byggjer på Sandøy, Helge 2002.
Framstillinga i kap. 8.2.3 byggjer på Utne, Ivar: Nettspråket, i Johnsen, Egil Børre 2002.
Andersen, Per Thomas et al. 2007
Gunnarsson, Britt-Louise et al. 2005
Brev frå Akademiet av 12.3.1998.
St.meld. nr. 15 (1968–69), jf. Innst. S. nr. 189 (1969–70)
Lilleholt, Kåre 1997: 653
Lilleholt, Kåre 1997: 652