St.meld. nr. 35 (2007-2008)

Mål og meining— Ein heilskapleg norsk språkpolitikk

Til innhaldsliste

7 Språkstyrking – eit komplett og samfunnsberande språk

7.1 Generelt

7.1.1 Språkmangfald og språkdød

7.1.1.1 Verdien av språkleg og kulturelt mangfald

Internasjonalt, og særleg i Europa, har det lenge vore brei politisk semje om at kulturelt og språkleg mangfald må vernast. I dokument både frå Europarådet og EU blir det streka under at det er det kulturelle mangfaldet i Europa som samla utgjer den europeiske identiteten. Det kulturelle mangfaldet er viktig i seg sjølv, på same måten som kvart enkelt språk og den tilhøyrande kulturen innanfor dette mangfaldet er det.

Det blir også rekna som avgjerande for den demokratiske utviklinga i samfunnet vårt at minoritetskultur og minoritetsspråk har ein positiv og sikker status.

Også Noreg har ein lang tradisjon for vern av språkleg og kulturelt mangfald, både nasjonalt og internasjonalt. Året 2008 er markeringsår for kulturelt mangfald, og også her står interkulturell dialog sentralt. Den klare profilen Noreg held internasjonalt, forpliktar oss til også nasjonalt å arbeida for at det språklege og kulturelle mangfaldet blir styrkt. Det finst i dag mange tiltak, både rettslege og økonomiske, som er positive bidrag i dette arbeidet. Det er likevel særs viktig å etterprøva om tiltak som er sette i verk, verkar slik dei var tenkte.

Internasjonalt er verdien av språkleg mangfald dei siste åra kome konkret til uttrykk i fleire samanhengar. I UNESCOs universelle erklæring om kulturelt mangfald frå 2001 heiter det i den tilhøyrande handlingsplanen at medlemsstatane mellom anna skal samarbeida om å vareta språkarven i heile verda. Dei skal støtta grunnlaget for at menneska kan uttrykkja seg, driva skapande verksemd og utbreia bodskapen sin på flest mogleg språk.

Ved avslutninga av Det europeiske språkåret i 2001 gjorde EU-parlamentet eit vedtak med tilrådingar om tiltak for å fremja språkleg mangfald og språkopplæring. I februar året etter vedtok Ministerrådet ein resolusjon som bad Kommisjonen konkretisera tilrådingane. Kommisjonen følgde opp med å vedta ein handlingsplan for språk­opplæring og språkleg mangfald i juni 2003.

UNESCO-konvensjonen om den immaterielle kulturarven frå 2003 har mellom anna til formål å verna språk som uttrykksmiddel for denne arven, til dømes språk i form av munnlege tradisjonar og uttrykk. Og i konvensjonen om å verna og fremja eit mangfald av kulturuttrykk, vedteken på generalkonferansen i UNESCO i 2005, er det i dei innleiande merknadene streka under at språkleg mangfald er ein vesentleg del av det kulturelle mangfaldet.

Slike erklæringar og ambisjonar står i skarp kontrast til ei oppfatning som går ut på at språkleg mangfald i det internasjonale samfunnet er ei hindring for kommunikasjon og utvikling. Slike tankar er likevel ikkje utan appell, og dei byggjer på ein lett forståeleg logikk. Sett på spissen kan tanken formulerast i det retoriske spørsmålet: Ville det ikkje vera mest praktisk dersom alle folk etter kvart gjekk over til å bruka berre engelsk? Eitt språk i heile verda, eller i alle fall ein konsentrasjon om stadig færre og større språk, kor store kostnader ville vi ikkje spara på det, og kor mange mistydingar og konfliktar kunne vi ikkje unngå dersom alle folk utan vidare kunne snakka det same språket?

7.1.1.2 Språk – fleire funksjonar

Men eit språk er ikkje rein teknikk, eit tilfeldig system av kodar som berre fungerer som eit nøytralt instrument for kommunikasjon, eit system som utan vidare kan skiftast ut med eit anna.

I tillegg til kommunikasjonsfunksjonen har språk også ein kognitiv funksjon og ein symbolfunksjon.

Med uttrykket kognitiv funksjon siktar vi til det at språket er nær knytt til vår evne til tenking og refleksjon. Ord og uttrykk er knaggar for assosiasjonar og konnotasjonar. Gjennom språket opplever vi verda ikring oss, og ved hjelp av språklege kategoriar ordnar vi våre tankar og førestellingar.

At språket har symbolverdi, inneber at det språk­lege uttrykket er assosiert til sosiale vurderingar. Språket blir i stor grad brukt for å markera identitet og sosiale grenser. Til eit bestemt språk eller ein bestemt språkbruk kan det knyta seg større eller mindre prestisje.

Eit språk er også eit produkt av ein bestemt kultur. Heile vår historie, kollektivt og individuelt, ligg lagra i orda.

Når eit språk forsvinn, er det ein del av det åndelege og intellektuelle mangfaldet og den felles­menneskelege kulturarven og erfaringsrikdommen som blir borte.

Språkleg mangfald gjev ulike perspektiv på verda og livet og er med på å motverka kulturell og politisk einsretting. Det språklege mangfaldet er ei uunnverleg kjelde til rikdom. Difor er språkleg mangfald i dag så sterkt framheva i internasjonalt og regionalt kultursamarbeid.

7.1.1.3 Språkdød

Det aukande engasjementet for språkleg mangfald må også sjåast i samanheng med at den faktiske språkutviklinga i verda går i retning av stadig større språkleg konsentrasjon, ikkje mangfald. Nokre få språk er i vekst; dei mindre språka er truga, og stadig fleire språk er i ferd med å forsvinna.

Aldri før i historia har vi vore vitne til ein meir dramatisk språkdød enn i vår tid. Av ca. 6000 språk i verda i dag reknar forskarar med at mellom 50 og 90 prosent kan forsvinna i løpet av hundre år. Det ser dessutan ut til at dette er ei utvikling som vil halda fram i akselererande tempo.

I kulturell meining kan tap av språkleg mangfald på mange måtar seiast å ha liknande skadeverknader som tap av biologisk mangfald har for naturmiljøet på jorda.

For fagfolk som arbeider med språkspørsmål, fortonar situasjonen seg som svært dramatisk. Den amerikanske lingvisten Ken Hale, som var ekspert på australske språk, skal ha samanlikna det intellektuelle tapet ved språkdød med å sleppa ei bombe på det verdskjende kunstmuseet Louvre i Paris. 1

Rett nok kan noko av kulturtapet ved språkdød kompenserast i den grad ein maktar å dokumentera dei truga språka medan dei enno er i levande bruk. Her kan nemnast at det ved Universitetet i Tromsø er etablert eit Senter for framifrå forsking nettopp for å granska og dokumentera slike utsette språk. Forskarane i Tromsø gjer komparative studiar av ulike språk og dialektar, både nærskylde språklege varietetar og språk som står fjernare frå kvarandre.

Det som gjer svært mange språk utsette, er at dei i utgangspunktet er svært små.

Over 95 prosent av dei har mindre enn 1 million morsmålsbrukarar, og om lag 5000 språk blir snakka av færre enn 100 000. Over 3000, altså om lag halvparten av alle språk, har mindre enn 10 000 brukarar, og halvparten av desse igjen blir talte av mindre enn 1000 personar. Meir enn 500 språk blir snakka av mindre enn 100 personar.

Dei små språka eksisterer stort sett berre som talespråk, og det at dei ikkje er skriftfeste, gjer dei sjølvsagt endå meir sårbare.

7.1.1.4 Engelsk – dagens lingua franca

I den andre enden av skalaen har det internasjonalt vidgjetne språkleksikonet Ethnologue registrert i underkant av 350 språk med meir enn 1 million brukarar. Til saman blir desse største språka snakka av nesten 95 prosent av alle menneske.

Av desse igjen er 75 språk registrerte med meir enn 10 mill. brukarar, og det er åtte språk som har meir enn 100 mill. primærspråksbrukarar. Til saman utgjer dei som har eitt av desse åtte største språka som morsmål, over 40 prosent av folketalet i verda, dvs. i overkant av 2,5 milliardar menneske.

Det er kinesisk (mandarin) som overlege toppar lista over dei største språka i verda rekna i morsmålsbrukarar. Engelsk tevlar med spansk om andreplassen.

Men engelsk er likevel det dominerande verdsspråket, fordi så mange lærer seg engelsk som framandspråk, og på grunn av den funksjonen engelsk har fått som det internasjonale hjelpespråket framfor noko, vår tids lingua franca.

Engelsk er det språket som den teknologibaserte globale samtalen går føre seg på. Det er det fremste vitskaps- og forretningsspråket, og det er språket til den internasjonale kultur- og medie­industrien. Om lag 70 prosent av alle internettsider er på engelsk. 2 Engelsk er det språket ein knapt kan unngå å bruka dersom ein skal gjera seg gjeldande i den globale konkurransen.

Aldri tidlegare i historia har eitt språk vore i ein liknande posisjon og dermed representert ei tilsvarande utfordring for dei fleste andre språk. I dette ligg også utfordringa for norsk språk i tida framover.

7.1.2 Framtidsutsikter for norsk språk

7.1.2.1 Norsk språk – storleik og styrke

Norsk språk er eit lite språk samanlikna med dei største. Men sett i høve til det store fleirtalet av språk i verda høyrer det likevel heime i elitedivisjonen. Rekna etter talet på morsmålsbrukarar er det ikkje så mange fleire enn 100 språk i verda som er større enn norsk.

Livskrafta i eit språk kjem likevel ikkje berre an på kor mange brukarar det har. Ein viktig faktor er om språket er skriftfest, om dette skriftspråket er vel standardisert og dokumentert, og kor lang skrifttradisjon det har. Men også den økonomiske, institusjonelle og politiske konteksten som språket fungerer innanfor, vil vera med på å avgjera kor godt det vil stå seg i lengda.

Det er ingen tvil om at norsk både i kraft av slike kvalitative og samfunnsmessige faktorar og i kraft av sin relative storleik har ein mykje sterkare posisjon og eit langt betre utgangspunkt for å overleva som språk enn tilfellet er for dei fleste andre språk på kloden.

Samiske språk og språka til dei nasjonale minoritetane i Noreg har på langt nær eit tilsvarande utgangspunkt.

7.1.2.2 Gruppering av meir og mindre utsette språk

I regi av UNESCO vart det på 1990-talet utarbeidt ein rapport der språka verda over vart inndelte i seks kategoriar etter kor store overlevingsutsikter dei vart vurderte å ha. Her var norsk eitt av i alt 40 europeiske språk som var plasserte i den minst utsette kategorien, som ikkje truga språk (not endangered languages).

Til samanlikning var nordsamisk plassert i kategori nr. 3, under nemninga truga språk (endangered languages), medan sørsamisk og lulesamisk fanst i gruppe 4, som hadde nemninga alvorleg truga språk (seriously endangered languages).

Dette skulle altså gje liten grunn til å frykta at norsk språk generelt står framfor ein snarleg undergang.

Når det spesielt gjeld utsiktene for norsk skriftkultur, er det likevel eit problem at nynorsk har ein så mykje veikare posisjon enn bokmål. Men heller ikkje for norsk språk generelt kan vi heilt utan vidare hoppa bukk over det underliggjande spørsmålet om språkets overlevingsevne.

7.1.2.3 Vurderingar av trugsmålet for norsk språk

I det premissdokumentet frå Språkrådet som låg til grunn for oppnemninga av den eksterne strategigruppa hausten 2004, heitte det følgjande om dette:

«Når først verkeområdet til eit språk tek til å krympa, kjem ein inn i ei bane der det kan bli vanskeleg å bremsa opp eller snu utviklinga. Og greier ein ikkje det, kan vegen gå mot langsam tilinkjesgjering av skriftspråket. Etter skriftspråket er talemålet neste skanse.»

I sjølve mandatet for strategigruppa heitte det at målet for språkpolitikken måtte vera å leggja eit best mogleg grunnlag for at norsk skal vera eit samfunnsberande skriftspråk om hundre år. Vidare heitte det:

«Kor alvorleg trusselen etter kvart kan bli, er det naturlegvis ingen som veit i dag, og det er heller ikkje noko poeng å drøfta denne problemstillinga svært inngåande. Men det er ein premiss for arbeidet som må vera klar for alle: Framtida for norsk språk – til liks med andre europeiske språk – er utrygg.»

I det norske ordskiftet har ein likevel kunna spora ei viss usemje i vurderinga av kor utrygg situasjonen eigentleg er, og om det verkeleg er ein reell fare for at norsk språk kan forsvinna. Til ein viss grad kan slik usemje ha samanheng med kor langt fram i tid ein finn det meiningsfullt å sjå. Strategigruppa fekk i mandat å ta utgangspunkt i eit hundreårsperspektiv, og gruppa gav då også rapporten sin den dobbeltbotna tittelen Norsk i hund­re!

I rapporten nøyer gruppa seg med å slå fast at eksistensen til norsk som språk ikkje er truga i dag. Vidare heiter det:

«Når vi tek omsyn til korleis heile det norske samfunnet i dag er tufta på norsk språk, ser vi det som svært usannsynleg at norsk forsvinn i overskodeleg framtid. Viktige samfunnsområde kan likevel gå tapt til engelsk. På desse områda må det difor setjast i verk tiltak.»

7.1.2.4 Kva trugsmålet består i

Uavhengig av den faglege diskusjonen om sjølve livslagnaden for språket vårt kan vi konstatera at også norsk språk er i ein pressa situasjon. Det er utan vidare klart at dei utviklingstendensane som alt i dag kan observerast, er tilstrekkeleg illevarslande til å motivera ein langt meir offensiv og målretta politikk til styrking av norsk språk.

Også norsk språkpolitikk må ta utgangspunkt i den debatten som går føre seg om dei språklege konsekvensane av den engelskbaserte globaliseringsprosessen. Den dominerande stillinga for engelsk språk i dag utfordrar jamvel relativt veletab­lerte nasjonalspråk over store delar av verda. Dette gjer at grunnleggjande spørsmål om vilkåra for det eigne språkets eksistens har vorte ein del av det språkfaglege og språkpolitiske ordskiftet i mange land.

Ein meir offensiv språkstyrkingspolitikk er ikkje berre eit spørsmål om å byggja opp ein beredskap for å sikra eksistensen av norsk språk på leng­re sikt. Det er like mykje eit spørsmål om å sikra språket vårt ein mest mogleg fullverdig funksjon i det korte perspektivet. Målet er først og fremst av kvalitativ art, å hindra at norsk språk skal bli eit sekundært og annanrangs språk som ikkje kan brukast til alle formål, i alle delar av samfunnslivet.

Med det siste som utgangspunkt blir forsvaret av framtidsspråket og ein nærare eller fjernare framtidssituasjon eit resultat av det vi gjer av omsyn til samtidsspråket og den noverande språksituasjonen. Ved å gripa fatt i dei aktuelle utfordringane vil vi også leggja eit best mogleg grunnlag for å sikra framtida for norsk språk.

7.1.3 Verdien av norsk språk

7.1.3.1 Språkleg sjølvkjensle

Det grunnleggjande synspunktet i denne meldinga er at alle språk har ein eigenverdi, og at den fremste føresetnaden for ei positiv utvikling for eit språk er at det i vedkomande språksamfunn finst eit sterkt medvit om den unike verdien som det eigne språket representerer.

Spørsmålet er om det i det norske språksamfunnet i dag finst eit tilstrekkeleg sterkt medvit om verdien av norsk språk til at vi som samfunn vil vera i stand til å stå imot det stadig sterkare presset som språket vårt er utsett for.

I sluttrapporten frå den siste norske maktutgreiinga finst ein situasjonsanalyse som det i så måte er grunn til å ta alvorleg.

Her heiter det at det offisielle Noreg har svak sjølvkjensle på vegner av norsk språk. Som ei mogleg forklaring blir det peikt på at den dominerande språkforma, bokmålet, ikkje har vore sentral i eit nasjonsbyggjande prosjekt, medan nynorsken, som nettopp var ein del av eit slik prosjekt, er trengd tilbake som ein regional variant med svakast feste i hovudstaden.

7.1.3.2 Norsk språk mellom det nasjonale og internasjonale

Dette er ei historisk forklaring som kan seia noko om kvifor norsk språk kan hevdast aldri å ha oppnådd den høge status og prestisje i det eigne språksamfunnet som tilfellet kan synast å vera for nasjonalspråket i enkelte andre land. I dagens situasjon kan utfordringa like mykje liggja i det at den nasjonsbyggjande perioden i stor grad er eit tilbakelagt stadium.

Den internasjonale og fleirkulturelle dimensjonen står i dag meir sentralt. I ein slik situasjonen kan det henda at problemet vel så mykje ligg i det at norsk språk til ein viss grad blir gjenstand for nasjonale assosiasjonar med eit negativt forteikn.

Men all ekte internasjonalisering og all toleranse for kulturelt mangfald må byggja på eit solid og trygt fotfeste i eigen kultur og eige språk. Den nasjon og den kultur som ikkje veit å setja pris på og å ta vare på sitt eige, vil sjølv ha lite originalt å bidra med i internasjonal og interkulturell dialog og kunnskapsutveksling.

Sann og ekte internasjonalisering er ikkje det same som å høvla ned nasjonalt særpreg i språk og kultur. Dersom vi også i Noreg og i Norden skal bidra med vårt i den globale fellesskapen, då må vi vita å ta vare på vårt eige særpreg, våre eigne føresetnader og ikkje minst vår eigen kultur. Ikkje noko er meir norsk kultur enn norsk språk.

7.1.3.3 Usynleggjering av norsk språk

I dag er det mange teikn som tyder på at vi tek vårt eige norske språk som noko sjølvsagt, som noko som alltid vil vera der, som noko vi ikkje treng å uroa oss for og dra omsorg for. Dette kan vera med på å usynleggjera norsk språk. Kanskje er det slik at vi ikkje så lett ser verdien av dei nære tinga, ting som berre er der.

Både presset frå engelsk, som eit sterkt dominerande og prestisjefylt internasjonalt språk, og også behovet for å styrkja og integrera dei minoritetsspråklege og fleirspråklege utfordringane i ein samla språkpolitikk, kan ha som sideverknad at nasjonalspråket vårt, og det som er morsmålet for dei aller fleste her i landet, kan få mindre merksemd enn det som er nødvendig.

I vår tid må vi gje vårt eige språk langt større merksemd enn det dei fleste kanskje har for vane å gjera. Vi kan ikkje ta bruken av norsk språk, verdien av godt norsk språk og ei god og tilpassa norskopplæring for alle som noko sjølvsagt. Tvert imot må dette stadig understrekast og byggjast opp under i vårt kollektive medvit.

Truleg er ikkje det alvorlegaste trugsmålet mot norsk språk i dag presset utanfrå, men heller det at vi eventuelt ikkje skulle makta å mobilisera nødvendig kraft og styrke innanfrå til å halda oppe den fulle tiltrua til vårt eige språk.

Dette er først og fremst eit spørsmål om positive haldningar og felles vilje. For utan positive haldningar til vårt eige språk, innsikt i verdien av å styrkja og dyrka språket, er det grenser for kva vi kan oppnå gjennom alle slags økonomiske, legale og organisatoriske verkemiddel.

7.1.3.4 Nasjonalspråkleg mobilisering

Eit grunnleggjande mål for ei ny språkpolitisk mobilisering må difor vera å skapa større medvit om verdien av norsk språk.

Ei slik mobilisering må byggja opp ei større innsikt i den funksjonen norsk språk har som kanskje det aller fremste uttrykket for nasjonal og kulturell fellesskap i heile det norske samfunnet. Norsk språk er truleg den krafta som sterkast bind det norske samfunnet saman, på tvers av sosiale, økonomiske, kulturelle og etniske skiljeliner, og på tvers av tradisjonelt norskspråkleg mangfald og eit stadig aukande innslag av fleirspråkleg mangfald.

På same måte som norsk språk knyter oss saman i ein nasjonal fellesskap, er ulike variantar av dette språket med på å knyta oss saman i ulike regionale, lokale og sosiale fellesskapar. Og som alle andre språk er også norsk språk i høg grad eit kontakt- og identitetsskapande middel. Gjennom språket etablerer vi kontakt og utvekslar vi informasjon, og gjennom språket både markerer vi og skaper vi vår eigen identitet.

Dersom språket blir truga eller nedvurdert, går det ikkje berre ut over slike sosiale fellesskapar, men då er det i høg grad også individuelle verdiar som blir nedvurderte. Også i eit slikt perspektiv er det at alle språk – også norsk språk – må seiast å representera ein heilt fundamental verdi.

I det eine landet etter det andre er det no i ferd med å skapast eit medvit om behovet for ein ny strategisk språkpolitikk, for å styrkja dei eigne nasjonalspråka og for å hindra at engelsk meir og meir skal ta over som bruksspråk på den heimlege arenaen, også i situasjonar der sjølve kommunikasjonen ikkje krev at ein bruker engelsk.

7.1.4 Presset frå engelsk

7.1.4.1 Innleiing

Det språkpolitiske spørsmålet om språkpress frå engelsk er slett ikkje noko nytt tema. Det har tidvis vore oppe i det offentlege og faglege ordskiftet her i landet heilt sidan andre verdskrigen. Det vart behandla språkvitskapleg alt i ei doktoravhandling frå 1945. Etter 1962 har det oftare og oftare vore diskutert som problem på dei årlege nordiske språkmøta.

7.1.4.2 Engelsk ovanfrå og nedanfrå

Den sterke prestisjen og tiltrekkingskrafta som engelsk språk i dag nyt godt av, takk vera den dominerande stillinga dette internasjonale språket har fått, kan samanliknast med den posisjonen som latin hadde i tidlegare tider.

Men latin var eit mykje meir reindyrka elitespråk enn det engelsk er i dag. Presset frå latin kom berre ovanfrå, og fekk aldri fotfeste hos breie lag av folket. Det var det språket som dominerte der lærdommen fanst, og der makta rådde.

Slik er det også i stor grad med engelsk i dag. Men samstundes kjem engelskpresset nedanfrå. I tillegg til å fungera som ein slags ny latin for elitane har engelsk også lenge vore det språket som til dømes ungdommeleg kultur får uttrykk gjennom.

Ein studie frå Danmark dokumenterer korleis engelsk har vorte eit felles verdisymbol for anglo-amerikanske subkulturar som står i opposisjon til den etablerte samfunnsordenen. 3

Studien viser samstundes at undergrunnskulturane og den dominerande kulturen er avhengige av kvarandre. Det dominerande samfunnet sine institusjonar har funne ut at dei kan tena pengar på subkulturen, men lèt seg dermed også påverka ved at dei tek til seg mange av dei subkulturelle stilelementa.

Omvendt gjev det høgare status innanfor subkulturen dersom ein som høyrer til der, i kraft av sin subkulturelle ekspertise oppnår posisjonar innanfor det dominerande samfunnet. Slike tendensar gjer sitt til at subkulturelle stilelement, ikkje minst dei språklege, blir eit slags verdisymbol også for breiare og eldre lag av folket, dvs. at dei kjem til å inngå som element av livsstilen til store befolkningsgrupper.

Den status- og prestisjeverdien som engelsk har fått, er utan tvil ei medverkande årsak til at engelsk har ei så sterk gjennomslagskraft på så mange måtar og i så mange samanhengar i dagens samfunn.

Vi ser utslag av dette på mange frontar og samfunnsarenaer. Eit vitskapleg arbeid frå 2003 har til dømes dokumentert at dei fleste doktorgradsstudentar i Noreg i svært liten grad tenkjer igjennom kva språk dei skal skriva avhandlinga si på. I mange fag har det gått nærast automatikk i å bruka engelsk.

Å skriva engelsk er vorte standard i mange fag; å skriva på norsk krev eit medvite val. Engelsk blir av mange forbunde med prestisje, modernitet og normalitet, medan å skrive avhandlinga si på norsk kan opplevast som nasjonalistisk, bakstreversk og litt sært.

Studien viser korleis dette delvis er eit resultat av ei form for språkleg sosialisering med utgangspunkt i dei språkhaldningane som rår innanfor eit fagmiljø som studentane gradvis blir ein stadig sterkare integrert del av. 4

7.1.4.3 Fleire former for engelskpåverknad

Særleg i høve til engelsk trivst den myten at norsk er eit fattigare språk, at det har eit mindre ordtilfang og ikkje passar i alle samanhengar. At Ibsen brukte færre ord enn Shakespeare, betyr likevel ikkje at norsk har færre ord enn engelsk. Både Wergeland og Hamsun dankar ut Shakespeare i så måte. Men det er ikkje talet på ord som er målet på uttrykkskrafta i eit språk.

Det er språkbrukaren – ikkje språket åleine – som avgjer uttrykkskrafta, og det beste verktøyet for alle språkbrukarar er morsmålet. Det er med morsmålet ein oppnår størst presisjon og får plass til mest mellom linjene. Vi ønskjer at norsk, morsmålet vårt, framleis skal få leva på alle område her til lands – også i forretningslivet og i det offentlege rommet mellom reklameplakatane.

Presset frå engelsk kan elles ta ulike former. Skjematisk kan ein dela inn i tre påverknadsmekanismar.

7.1.4.4 Import av lånord

For det første importerer vi mange engelske lånord.

Omfanget av slik ordimport er likevel ikkje så omfattande som mange synest å tru. Utrekningar viser at av alle ord i ei vanleg nordisk dagsavis er mellom 0,5 og 1 prosent engelske lånord. Dersom teksten handlar om populærkultur, data, teknikk eller visse idrettar som golf eller basketball, kan talet koma opp i mellom 1 og 2 prosent.

I dei første tiåra etter krigen var det likevel alle orda frå engelsk ein var mest oppteken av, først og fremst fordi dei skapte normeringsvanskar og dermed pedagogiske problem.

Språkhistoria viser likevel at lån av ord er noko av livsvilkåra for alle språk. Det gjeld ikkje minst ordlån over landegrensene.

Men særleg når lånestraumen berre går den eine vegen, kan det likevel bli for mykje av det gode. Bruk av engelske ord og uttrykk i norsk er nok til dels også ein indikasjon på den prestisjen som engelsken nyt godt av. Slik sett kan overdriven bruk av engelske lånord i staden for gode norske ord vera ei varsellampe som vi bør ta notis av.

7.1.4.5 Kodeveksling

Ei anna form for engelskpåverknad er det som med ein språkvitskapleg term blir kalla kodeveksling.

Dette inneber at ein språkbrukar skiftar språk fram og tilbake under ein samtale eller midt inne i ein tekst. I kvardagslege samtalar er det ikkje uvanleg at det skjer korte kodevekslingar til engelsk så ofte som ein gong i minuttet, særleg i meir uformell kommunikasjon mellom ungdommar.

Det vanlege er enkle frasar som trengjer seg inn her og der i samtalen, uttrykk som til dømes That’s not my business, No problems, Shit happens, Back to basics.

Kodeskifte til engelsk er eit generelt drag ved mykje av ungdomsspråket. Mange engelske ord og uttrykk som opptrer i slike kodeskifte, er eingongsfenomen, medan andre etter kvart blir eit slags standarduttrykk som blir verande i språket som nye ord. Kodeskifte er dermed med på å føra til gradvise endringar i sjølve språket.

7.1.4.6 Domenetap

Det er likevel den tredje forma for påverknad vi i dag er mest uroa over, det som det no er vanleg å kalla domenetap.

Dette er den mest vidtgåande påverknaden. Den inneber at ein heilt går over til å bruka engelsk som arbeidsspråk i visse samanhengar, altså eit totalt språkskifte frå norsk til engelsk innanfor det som blir kalla eit språkleg domene, dvs. eit avgrensa bruks- eller funksjonsområde for språket.

Både lånord og kodeveksling kan av og til vera problematisk. Dei engelske låna kan vera vanskelege å forstå, i skrift også vanskelege å stava og bøya. Men som regel fungerer likevel kommunikasjonen tilfredsstillande. Ofte kan også lånorda og kodevekslingane tilføra språket nye uttrykksressursar utan at det samstundes behøver å bety at noko går tapt i norsk.

Verre er det med domenetap. Når engelsk ei tid har dominert som bruksspråk innanfor eit domene, vil det føra til at det ikkje lenger blir produsert norske omgrep og norske termar. Då betyr det at vi ikkje lenger kan tenkja eller tala om dette aktivitetsområdet på vårt eige morsmål.

7.1.4.7 Frå kulturpåverknad til domenetap

Det var Sigmund Skard, professor i amerikansk litteratur, som i pamfletten Målstrid og massekultur i 1963 reiste spørsmålet om denne breiare kulturpåverknaden, særleg slik han tok seg uttrykk innanfor ungdomskulturen. Han tok opp nettopp det vi i dag kallar domenetapsspørsmålet, men utan å bruka sjølve ordet.

I 1989 var det så at den danske språkvitaren Jørn Lund tok i bruk termen språkleg domene. Omgrepet lånte han frå språksosiologen Joshua Fishman, og formålet var å presisera skiljet mellom påverknad på sjølve språket på eine sida og påverknad på språkets status og bruk på den andre sida.

Med dette kunne ein skilja tydelegare mellom spørsmål som gjeld korleis engelsk påverkar ordforråd, skrivemåtar og uttrykksmåtar, og drøftingar av korleis engelsk språk blir meir og meir brukt i staden for norsk i visse samanhengar.

Det er først og fremst dette siste, tapet av bruksområde til engelsk, som representerer den store faren for norsk språk i dag: at næringslivet går over til å bruka engelsk i Noreg, at ungdommens dataprogram berre ligg føre på engelsk, at undervisning og forsking går føre seg på engelsk i Noreg.

Ingen kulturnasjon med respekt for morsmålet sitt kan sitja med hendene i fanget i ein slik situasjon. Dersom vi aksepterer at norsk språk blir trengt heilt ut frå eller sett til sides som eit annanrangs språk innanfor viktige bruksfunksjonar i samfunnet, har det mange ulemper som også er synlege på kort sikt.

7.1.5 Konsekvensar av domenetap

7.1.5.1 Domenetap – to tydingar

I strategiutgreiinga Norsk i hundre! er domenetap definert som ei utvikling der engelsk, eller eit anna framandspråk, erstattar norsk innanfor eit bestemt domene, dvs. eit språkleg bruksområde eller ein bruksfunksjon. Når norsk ikkje lenger er i bruk innanfor det aktuelle domenet, er domenetapet eit faktum. Dette er den eine og grunnleggjande tydinga.

Men omgrepet domenetap kan også brukast om sjølve den prosessen der eit språk gradvis blir trengt til sides av eit anna. Ein slik prosess kan til sjuande og sist føra til domenetap i den første tydinga av ordet. Men prosessen kan også stoppa opp, slik at resultatet blir ein stabil situasjon der dei to språka deler domenet. 5

7.1.5.2 Reduserte prestasjonar

For det første inneber auka bruk av engelsk i staden for norsk at stadig fleire nordmenn må nytta eit anna språk enn morsmålet sitt i stadig fleire samanhengar. Det er på det reine at det representerer ein ekstra vanske å nytta eit anna språk enn morsmålet, og resultatet blir at ikkje alle presterer så godt som dei elles kunne gjort.

Vi må altså kalkulera med reduserte prestasjonar innanfor både skule og arbeidsliv og på andre område av samfunnslivet i den grad vi bruker engelsk i staden for norsk også i situasjonar der dette ikkje er nødvendig eller formålstenleg.

7.1.5.3 Negative haldningar til norsk

For det andre må vi rekna med at auka bruk av engelsk innanfor viktige språkdomene vil verka inn på språkbrukarane sine haldningar til norsk og engelsk.

Dersom engelsk blir språket for dei prestisjefylte og maktrelaterte samfunnsfunksjonane, dersom framsteg innanfor forsking og vitskap berre skjer på engelsk, og dersom engelsk dominerer innanfor alt som er nytt og moteriktig, då er det ein stor risiko for at norsk vil bli oppfatta som eit mind­reverdig, gammalmodig og eit mindre rikt utrusta språk samanlikna med engelsk.

Slike haldningar vil ha mykje å seia både for språkutviklinga i stort og vilkåra for kvar enkelt språkbrukar. Negative haldningar til norsk vil også tendera til å forsterka domenetap til engelsk, og det oppstår ein vond sirkel som det kan vera vanskeleg å bryta ut av.

7.1.5.4 Stengjer for kommunikasjon over faggrenser

For det tredje vil domenetap gjera det vanskelegare å kommunisera på tvers av ekspertgrenser.

Dersom norsk ikkje blir brukt til dømes innanfor naturvitskapleg forsking, blir det ikkje utvikla norsk terminologi innanfor dette feltet, og det blir dermed vanskelegare å føra ut slik kunnskap utanfor spesialistmiljøa.

Norske termar gjer ofte forståinga lettare, fordi dei i større grad enn engelske kan knytast til ord og omgrep som er kjende frå før. Dei er som regel også lettare å stava, bøya og uttala. Mangel på brukbare norske termar kan difor skapa problem for populærvitskapleg opplysning og redusera grunnlaget for innsyn og demokratisk kontroll.

Dersom utviklinga går langt nok, hamnar vi i ein situasjon der det i praksis blir uråd å omtala visse emne anna enn på engelsk.

7.1.5.5 Skilje mellom høgspråk og lågspråk

For det fjerde vil omfattande domenetap skapa ulike interne kommunikasjonsproblem. Dersom engelsk trengjer norsk ut frå viktige bruksområde, kan det oppstå ein situasjon der norsk og engelsk får heilt separate bruksfunksjonar, det som på fagspråket blir kalla ein diglossisk situasjon.

Det vanlege er då at det eine språket – i dette tilfellet engelsk – blir eit høgspråk, det språket ein bruker i meir formelle og offisielle samanhengar, medan det andre – i dette tilfellet norsk – blir eit lågspråk som blir brukt i heimen, i nærmiljøet og familien. Vi får eit sektordelt funksjonshierarki i tilhøvet mellom engelsk og norsk.

Erfaringane frå diglossiske samfunn er at kunnskapane i høgspråket oftast er ujamt fordelte, slik at grupper med høgare sosial status kjem betre ut enn lågstatusgrupper.

7.1.5.6 Språkkløfter

Det kan her nemnast at Dansk Sprognævn i eit plandokument frå 2003 åtvara mot faren for at det kan oppstå ei språkkløft mellom på den eine sida ein elite som forskar og formidlar på engelsk, leier bedriftene sine på engelsk og sender barna sine på engelskspråklege skular, og på den andre sida eit stort B-lag som på grunn av avgrensa dugleik i engelsk ikkje har tilsvarande utvegar.

Språkkløfter kan bli til klassekløfter, og dette vil forsterka det demokratiske problemet som alt i dag ligg i at ei stor folkegruppe ikkje kan klara seg på engelsk.

I eit nytt notat om dansk språkpolitikk frå januar 2007 slår Dansk Sprognævn fast at utviklinga sidan 2003 har medført ein stadig stigande dominans av engelsk innanfor høgare utdanning og dermed auka risiko for at dansk i løpet av få år ikkje lenger vil kunna sjåast på som eit fullverdig og samfunnsberande språk i Danmark.

7.1.5.7 Maktutgreiinga

I sluttrapporten frå den siste norske maktutgreiinga blir det gjort gjeldande at domenetap er ein svakare variant av språkdød. Det betyr at norsk degenererer på sentrale og prestisjefylte område; men kanskje overlever på meir avgrensa og private felt.

Konsekvensen er ei kulturell utarming der begge dei to språka er mindreverdige samanlikna med språkkompetansen innanfor tilsvarande samfunnslag i land med ei sterkare språkleg sjølvkjensle.

Rapporten slår vidare fast at tilbakegang for norsk er tap av meining, nyanserikdom og kulturkodar. Det inneber også større sosial ulikskap, større skilnader mellom dei som meistrar engelsk rimeleg bra, og dei som ikkje gjer det.

Slik oppstår på nytt drag ved standsskilnadene som gjorde seg gjeldande då europeiske elitar talte latin, og seinare fransk, medan breie lag av folket snakka sine nasjonale og lokale lågspråk. Dei sosiale skilnadene i språkleg dugleik og kompetanse blir forsterka etter kvart som norsk blir trengd tilbake av engelsk på dominerande samfunnsområde.

7.1.6 Haldningar til språk og språkskifte

7.1.6.1 Nordiske haldningar

I ei større meiningsmåling som vart gjennomført i 2002 som ledd i eit stort nordisk forskingsprosjekt om moderne importord i språka i Norden, vart respondentane mellom anna spurde korleis dei stilte seg til ein påstand om at det hadde vore best dersom alle i verda hadde engelsk som morsmål.

I Noreg var kvar femte respondent positiv til dette, i Sverige meinte nesten kvar tredje at engelsk morsmål for alle i heile verda hadde vore ein god idé, medan det i Finland berre var ein av ti som var samd i påstanden.

Trass i alt var det altså eit klart fleirtal i heile Norden som ikkje såg ein føremon i å ha engelsk som eit globalt morsmål. Ved første augnekast kan dette synast tillitvekkjande nok. Ved nærare ettertanke er det likevel eit spørsmål om det ikkje heller må takast som eit alvorleg varsku dersom så mange som 20 prosent i ein gjeven situasjon ville vera villige til å gå bort frå norsk språk.

Den same undersøkinga viste dessutan at det blant dei norske respondentane var 39 prosent som var positive til at ein del norske bedrifter hadde gått over til engelsk som arbeidsspråk. I Danmark var meir enn halvparten av dei spurde positive til engelsk arbeidsspråk i danske bedrifter. Her er det grunn til å merka seg at svenskane var meir kritiske til engelsk arbeidsspråk enn nordmennene. Mest kritiske var dei på Island. Her var det berre 11 prosent som såg positivt på engelsk arbeidsspråk i næringslivet.

Frå tid til anna ser ein også utsegner i media som gjev uttrykk for positive haldningar til å skifta til engelsk språk i mange samanhengar. For døme på dette viser vi til boks 7.1.

Boks 7.1

Døme nr. 1

I den svenske Aftonbladet for 2. februar 2006 er det referert ein professor i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Lund som foreslo «att avskaffa svenskan». Han uttalte om dette: «Det skulle ge oss enorma fördelar; engelska kan och borde bli ett språk för hela världen.»

Døme nr. 2

Det har ingen egenverdi å bevare et språk, det være seg norsk eller fransk. [...] språket har ingen verdi utover det å være et kommunikasjonsmiddel. [...] Om folk flest, også i Norge, om 200 år, kommuniserer best på engelsk – who cares? Ville det være noen katastrofe? Nei! Det ville tvert imot være et historisk framskritt for menneskeheten! Tenk om alle, uavhengig av fargen på passet, kunne snakke naturlig og godt sammen! Dét hadde vært noe!

Kjelde: Arild Rønsen i Klassekampen 19. mars 2007.

7.1.7 Verdien av engelsk og andre framandspråk

7.1.7.1 Nytten av engelsk som eit felles, internasjonalt språk

Det er grunn til å streka under at styrking av norsk språk på ingen måte dreier seg om å halda engelsk ute. Det lèt seg knapt gjera, og det er slett ikkje ønskjeleg. Det er tvert imot ein rikdom for landet så vel økonomisk som kulturelt at nordmenn flest blir aktive og kompetente brukarar av engelsk i tillegg til norsk.

I ei verd der landegrenser og geografisk avstand betyr stadig mindre, er det heilt nødvendig at vi satsar på å heva det generelle kompetansenivået i engelsk.

Eit felles internasjonalt språk – som engelsk – lettar alle former for samarbeid over landegrensene. Det gjer at ikkje minst fagfolk blir i stand til å utveksla innsikt og kunnskapar med kollegaer i andre land. I dag er fagleg utvikling endå meir enn før avhengig av slikt samarbeid.

Difor er det særleg viktig at forskarar og vitskapsfolk lærer seg å meistra det internasjonale fagspråket. Men kravet til språkkunnskapar går mykje vidare enn som så.

7.1.7.2 Nytten av andre framandspråk enn engelsk

Det er også viktig at nordmenn flest i så stor grad som råd er, får høve til å læra seg andre framande språk enn engelsk. For dei aller fleste vil det vera intellektuelt stimulerande og kulturelt utviklande å læra seg fleire språk og å få høve til å praktisera denne lærdommen så mykje som mogleg.

Dette er heller ikkje berre eit spørsmål om rein nytte for landet og for den enkelte. Det vil også vera med på å stimulera til meir omfattande kulturutveksling og større toleranse i det internasjonale samfunnet.

Alle delar av det norske samfunnet vil både på det faglege og det menneskelege planet ha nytte og glede av god kontakt med kollegaer og venner i andre land. Da vil vi ha behov for å tilpassa språket vårt etter dei vi kommuniserer med. I dette perspektivet er det ein stor fordel for kvar enkelt å ha eit så stort språkleg repertoar som råd.

I tillegg til at kunnskapar i engelsk og andre framande språk trengst for å kunna kommunisera internasjonalt, er det også liten tvil om at det å kunna bruka fleire språk kan vera kognitivt utvik­lande, for ulike språk opnar ofte for ulike perspektiv og nyansar. Ikkje minst kan dei kontrastane ein oppdagar i møtet mellom formuleringar på to språk, auka presisjonen i tanken. Difor er det særleg om å gjera at ein innanfor høgare utdanning utviklar fagleg innsikt på meir enn eitt språk.

7.1.7.3 Sviktande kunnskap i framandspråk

Granskingar i regi av Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa viser at norske bedrifter slit med framandspråk, og at språksvake nordmenn snublar i internasjonal handel.

Over tusen mellom- og toppleiarar har svart på ei rad spørsmål som ledd i ei kartlegging av behovet for framandspråk i næringslivet. Over halvparten av leiarane var usikre på om dei hadde fornærma ein kunde eller samarbeidspartnar på grunn av dårleg engelsk. Éin av tre hadde opplevd feilleveransar på grunn av språket. Det går fram at nordmenn synest å ha språklege problem i både sosiale og faglege samanhengar.

Granskingsrapportane frå Framandspråksenteret stadfestar noko som også blir hevda i andre samanhengar, nemleg at nordmenn ikkje er så gode i engelsk som vi ofte trur. Mange har ikkje evne til å bruka språket i meir avanserte og krevjande samanhengar.

Den siste rapporten konkluderer med at ingeniør- og økonomistudentar som skal inn i sentrale stillingar i næringslivet, bør lærast opp til å meistra engelsk som arbeidsspråk på eit høgt nivå, høgare enn det dei normalt vil ha kome opp på i vidaregåande skule.

Undersøkinga viser elles at det er eit stort behov for å kunna også andre framandspråk enn engelsk. Rett nok er engelsk dominerande også som handelsspråk. Den siste rapporten konkluderer likevel med at fleire enn i dag av dei som går inn i sentrale stillingar i næringslivet, bør meistra eit anna framandspråk i tillegg, først og fremst tysk, deretter fransk, spansk eller russisk.

Det heiter vidare at det bør leggjast til rette for at ingeniør- og økonomistudentar som tek sikte på stillingar i næringslivet, også kan læra seg heilt andre språk, så som kinesisk, japansk, koreansk, arabisk eller hindi.

Rapporten frå Framandspråksenteret peiker til slutt på at det ikkje er grunn til å tru at det berre er innanfor næringslivet at det kan påvisast sviktande språkkunnskapar blant høgt utdanna arbeidskraft. Det blir difor foreslått å gjera ei tilsvarande kartlegging av språkbruk og språkbehov blant akademikarar, administratorar, offiserar og tilsette i internasjonale organisasjonar.

7.1.8 Parallellspråksbruk

7.1.8.1 Innleiing

I samsvar med Norsk i hundre! er det målet om såkalla parallellspråksbruk som står fram som svaret på det som i dag kan sjå ut til å vera ei tiltakande utvikling i retning av domenetap for norsk språk.

Dette er også lagt til grunn i det språkpolitiske grunnlagsarbeidet som har gått føre seg i dei andre nordiske landa dei siste åra.

I den nordiske språkdeklarasjonen som vart vedteken hausten 2006, er også parallellspråksbruk stilt opp som eit grunnleggjande prinsipp for ein samla, langsiktig og effektiv språkpolitisk innsats.

7.1.8.2 Uttrykket parallellspråksbruk

Uttrykket parallellspråksbruk, også omtalt som parallellspråklegheit, vart opphavleg utmynta av ei tidlegare språkpolitisk referansegruppe under Nordisk råd.

Med dette som utgangspunkt har omgrepet vore utlagt som ei systematisk sidestilling av to eller fleire språk i akademisk samanheng, som eit slags generelt språkpolitisk prinsipp med lange historiske røter. Tanken er at ein vil satsa på både engelsk og nasjonalspråket, slik at dei blir nytta parallelt. 6

Strategien parallellspråksbruk inneber ein mellomposisjon som er meint å byggja ned dei skarpe frontane mellom dei som kjenner sterk uro på vegner av norsk språk, og dei som går entusiastisk inn for mest mogleg engelsk. I staden for anten norsk eller engelsk er det altså no tale om både norsk og engelsk. I kjølvatnet av dette må ein også stilla spørsmålet om når og i kva samanhengar det eine eller det andre av dei to språka skal brukast.

Parallelliteten, at dei to språka skal brukast side om side, ligg altså innebygd i sjølve den språklege nemninga. Men det at to (eller fleire) språk skal brukast side om side, seier ikkje nødvendigvis noko om kor mykje kvart av dei skal brukast. Korleis bruksfordelinga vil vera, kan difor variera innanfor eit parallellspråkleg domene.

I den nordiske språkdeklarasjonen er parallellspråksbruk definert som samtidig bruk av fleire språk innanfor eitt eller fleire område, på ein slik måte at det eine språket ikkje slår ut og erstattar det andre.

7.1.8.3 Parallellspråksbruk for å motverka domenetap

Prinsippet om parallellspråksbruk er utvikla som eit svar på pågåande domenetapsprosessar.

Fordi ein har erkjent at det verken er realistisk eller ønskjeleg å arbeida for at nasjonalspråket skal rå grunnen åleine innanfor eit språkdomene, er målet i staden å stabilisera situasjonen ved å leggja til rette for at også nasjonalspråket kan sikrast som bruksspråk ved sida av det internasjonale språket, og gjerne då slik at nasjonalspråket også kan gjenvinna sine naturlege bruksfunksjonar innanfor domenet i den grad desse er gått tapt.

Parallellspråksbruk er dermed den metoden som peiker seg ut for å hindra at pågåande prosessar i retning av domenetap for norsk språk får utvik­la seg vidare. Forsvar mot domenetap og gjennomføring av prinsippet om parallellspråksbruk blir dermed to sider av same sak. Dette må gjelda på alle område der det er behov for å kunna kommunisera både på nasjonalspråket og på eit internasjonalt språk.

7.1.8.4 Ein fleksibel strategi

Uttrykket parallellspråksbruk må elles oppfattast som ei samlenemning på ein fleksibel strategi som i praksis kan utformast litt ulikt avhengig av kva slags språkdomene vi har med å gjera, og kva slags utfordringar som kjenneteiknar vedkomande domene.

Strategien har altså slett ikkje som mål å stengja ute all bruk av engelsk. I sjølve nemninga parallellspråksbruk ligg det såleis også ein reservasjon på vegner av norsk språk.

Strategirapporten Norsk i hundre! strekar under at det ikkje er noko realistisk mål at norsk språk i Noreg skal få tilbake den posisjonen det tradisjonelt har hatt i eitt og alt. Globaliseringa vil vara ved, heiter det, og vi må tola at den stillinga norsk har hatt som nærast einerådande bruksspråk, vil bli svekt innanfor dei domena der kontakten med det internasjonale samfunnet er stor.

Difor kan ikkje målet i dag vera å hevda norsk som einerådande bruksspråk, men at norsk må brukast innanfor alle delar av samfunnet også i framtida, også på område der det i visse samanhengar er nødvendig å nytta eit framandspråk, som regel engelsk. Utfordringa er å sikra at slike domene utviklar seg til å bli parallellspråklege, i staden for einspråkleg engelske.

7.1.8.5 Med preferanse for norsk

I Norsk i hundre! er det likevel lagt noko meir i omgrepet parallellsspråksbruk enn det ein kan lesa ut av definisjonane ovanfor.

Definisjonen i Norsk i hundre! har såleis følgjande ordlyd:

«Parallellspråklighet er et grunnleggende begrep i dette dokumentet. Det vil vi bruke om domener der to eller flere språk er i bruk, og der ett språk, i vårt tilfelle norsk, alltid vil være det foretrukne språkvalget når det ikke er nødvendig å bruke et fremmedspråk.» 7

Meir utfyllande heiter det om dette:

«Norsk som språk er ikke akutt truet i dag. Men norskens status som samfunnsbærende nasjonalspråk kan i årene som kommer, bli truet hvis engelsk innen visse domener erstatter norsk som daglig kommunikasjonsspråk. Det overordnede målet for språkpolitikken må være å hindre slike domenetap for norsk ved at en greier å etablere de utsatte domenene som parallellspråklige. Med parallellspråklighet i forhold til engelsk og andre fremmedspråk mener vi som tidligere nevnt en situasjon der norsk foretrekkes i alle situasjoner der det av kommunikasjonsmessige grunner ikke er nødvendig å bruke et fremmedspråk.» 8

Slik parallellspråksbruk er nytta her, inneber det altså ikkje ei prinsipiell sidestilling av norsk og engelsk, men at bruk av norsk også skal føretrekkjast.

Dette prinsippet, som vi kunne kalla parallellspråksbruk med preferanse for norsk, er også reflektert i den politiske plattforma for regjeringa. I den grunnleggjande språkpolitiske målformuleringa i Soria Moria-erklæringa heiter det såleis:

«Norge er et lite språkområde, og det norske språket er under konstant press. Det er behov for en offensiv språkpolitikk, slik at norsk forblir det foretrukne språk i alle deler av norsk samfunnsliv.»

At norsk skal vera det føretrekte språket i Noreg, det naturlege språklege førstevalet, må vera eit grunnleggjande språkpolitisk prinsipp. Men det at norsk skal føretrekkjast, betyr på den andre sida ikkje at norsk alltid kan veljast. Engelsk eller eit anna framandspråk skal kunna nyttast i staden for norsk. Det kan skje i større eller mindre omfang avhengig av situasjonen og dei behov som er til stades på ulike område.

I Norsk i hundre! er vilkåret for bruk av engelsk at det er nødvendig «av kommunikasjonsmessige grunner». I denne meldinga har vi på generelt grunnlag presisert dette slik at engelsk kan nyttast i staden for norsk når det er nødvendig eller formåls­tenleg. Dette opnar for bruk av engelsk også i andre situasjonar enn der den konkrete kommunikasjonssituasjonen gjer det nødvendig.

7.1.8.6 Parallellspråksdugleik

Dersom ein skal realisera prinsippet om parallellspråksbruk, må språkbrukarane innanfor dei aktuelle domena meistra dei aktuelle språka best mogleg.

For norske morsmålsbrukarar er det særleg om å gjera at dei utviklar så god kompetanse i engelsk at ein reduserer til eit minimum det handikappet det trass alt er å nytta eit framandspråk.

Dette kan gjerne omtalast som eit mål om parallellspråksdugleik.

Vi kan også seia at språkbrukarane må bli parallellspråklege, dvs. at dei blir i stand til å meist­ra begge dei aktuelle språka, norsk og engelsk, så godt at dei kan bidra til at vi i Noreg kan tryggja norsk fagspråk og kunnskapsformidling og samstundes delta på fullverdig måte i alle former for internasjonalt samkvem.

Særleg er denne parallelliteten viktig å utvikla innanfor forsking og høgare utdanning og den internasjonaliserte delen av næringslivet.

Dette inneber at ulike samansetningar med uttrykket parallellspråk kan nyttast ikkje berre som eit mål for eller som ein faktisk karakteristikk av den samla språkbrukssituasjonen innanfor eit språkdomene; dei kan også nyttast om kompetansen til språkbrukarane innanfor det aktuelle domenet.

Som ein viktig del av ein samla parallellspråksstrategi må det difor leggjast vekt på å øva opp evnene hos språkbrukarane til aktivt å meistra også engelsk munnleg og skriftleg i tråd med dei behov som særleg gjer seg gjeldande innanfor det aktuelle språkdomenet. Dette omsynet inngår difor blant dei grunnar som kan gjera det formålstenleg å nytta engelsk i staden for norsk også i tilfelle der den aktuelle kommunikasjonssituasjonen ikkje gjer det nødvendig.

Dette er såleis ikkje i strid med prinsippet om parallellspråksbruk med preferanse for norsk.

Føresetnaden er likevel at bruk av engelsk i staden for norsk skal skje fordi det er ein gjennomtenkt grunn for det, dvs. at det blir utvikla ein bevisst språkpolitikk tufta på eit grunnlag som inneber at det i utgangspunktet er norsk som er det naturlege bruksspråket i Noreg.

7.1.8.7 Språkdomene definert gjennom produkt på ein marknad

Alt som er sagt om parallellspråksbruk ovanfor, har som utgangspunkt at det er språket brukt som dagleg kommunikasjonsmiddel som definerer eit språkdomene.

I Norsk i hundre! er det nemnt at det også finst språkdomene av eit anna slag, nærare bestemt eit domene der språket inngår som del av eit produkt som blir bode fram på ein marknad.

I slike tilfelle legg Norsk i hundre! til grunn at ein ikkje kan byggja på prinsippet om preferanse for norsk, dvs. at norsk skal brukast dersom det ikkje er nødvendig eller formålstenleg å nytta engelsk eller eit anna framandspråk i staden.

Når det er tale om eit slikt språkdomene, der språket inngår som del av eit produkt på ein marknad, vil målet om parallellspråksbruk i staden gå ut på å sikra at det norskspråklege tilbodet er stort nok og har ein så høg kvalitet at det kan hevda seg i tevlinga med det framandspråklege.

Det er særleg innanfor kultur- og mediesektoren at vi har å gjera med utprega produkt- eller tilbodsdefinerte språkdomene.

7.2 Terminologi og fagspråk

7.2.1 Innleiing

7.2.1.1 Generelt

Ein grunnleggjande føresetnad for at norsk skal vera eit komplett, samfunnsberande språk, er at det kan brukast til å utveksla og formidla spesialisert kunnskap. Dette krev at det finst tilgang på norske ord og uttrykk i form av fastlagde spesialtermar som kan danna grunnlaget for ein fullverdig fagleg kommunikasjon på norsk.

I dag er mykje fagspråk både i Noreg og i mange andre land prega av ein så massiv flaum av engelsk terminologi at det kan gjera sitt til å forstyrra den faglege kommunikasjonen på nasjonalspråket. Ikkje minst er dette tilfelle innanfor naturvitskaplege og teknologiske fag. Dette gjer at mange fagfolk kan finna det enklare å gå heilt over til engelsk som faginternt kommunikasjonsspråk.

Slik sett er mangelen på norske fagtermar eit steg på vegen mot domenetap for norsk språk. Eit meir systematisk terminologiarbeid er difor eit viktig verkemiddel for å halda oppe og vidareutvikla norsk fagspråk. Her ligg mykje av nøkkelen til å hindra domenetap for norsk språk generelt og til å erobra til dels nye domene for nynorsk språk spesielt.

Det er ein vekselverknad mellom språkbruk og terminologiutvikling. På den eine sida er det lettare å kommunisera på norsk innanfor eit spesialisert fagfelt dersom det frå før finst norske spesialtermar som dei fleste fagfolk er samde om. På den andre sida er det ein føresetnad for å utvikla slike termar at nasjonalspråket vårt på førehand er i bruk som faginternt språk på vedkomande område.

7.2.1.2 Nærare om fagterminologi og fagspråk

For å utvikla, lagra og formidla spesialisert informasjon og kunnskap trengst det eit velutvikla omgrepsapparat. Med det er meint til dels fingraderte omgrep, eintydige definisjonar av kvart enkelt omgrep og klart fastlagde relasjonar omgrepa imellom. Skal den faglege kommunikasjonen bli effektiv og formålstenleg, må dessutan kvart omgrep ha ei nemning som er dekkjande, som høver godt reint språkleg, og som dei fleste fagfolk sluttar opp om i praktisk bruk.

Det er desse fagleg definerte nemningane som til saman dannar terminologien innanfor eit fag eller eit fagfelt. Å læra seg eit fag går i stor grad ut på å tileigna seg dei omgrepa og termane som organiserer den aktuelle fagkunnskapen og dermed gjer han tilgjengeleg for ein vidare krins av fagfolk. Det er særleg dette spesielle ordtilfanget – fagterminologien – som er skilnaden mellom fagspråket og allmennspråket.

Det går likevel ikkje skarpe grenser mellom fagterminologien og det allmennspråklege vokabularet. Ord som klart høyrer til allmennspråket, kan som fagtermar nyttast i ei meir avgrensa og klarare definert tyding. Omvendt kan ord som opphavleg har hatt ein fagterminologisk funksjon, etter kvart bli tekne opp i allmennspråket, til dømes i ei utvida eller overført tyding. Fagtermar kan dermed vand­ra fram og tilbake mellom allmennspråket og ulike fagspråk.

Det eigentlege fagspråket er eit ekspertspråk og har primærfunksjonen sin som eit faginternt kommunikasjonsspråk. Men også når ekspertane vender seg til mottakarar utanfor sin eigen krins, til dømes i form av popularisering og pedagogisk verksemd, vil språket som regel ha eit større eller mindre innslag av fagterminologi. Også slike fageksterne tekstar har dermed ein fagspråkleg karakter, jamvel om innslaget av fagterminologi kan vera mindre og i større grad supplert med utfyllande forklaringar enn i det meir reindyrka fagspråket.

Det vi tenkjer på som fagspråk, er kanskje først og fremst vitskapsspråket, for ordet fag blir ikkje minst assosiert med dei ulike akademiske disiplinane eller vitskapsgreinene. I det moderne samfunnet finst det eit mangfald av spesialiserte kunnskapsfelt. Omkring 1990 vart det operert med meir enn 800 spesialiserte forskingsfelt. 9 Fragmenteringa av kunnskapen skjer også innanfor dei enkelte fagfelta. Ein fordjupar seg i spesialområde innanfor ein avgrensa disiplin, og berre dei færraste meistrar heile faget.

Men også alle yrkesfag har sin eigen terminologi og dermed sitt eige fagspråk. I det heile vil all teoretisk og praktisk verksemd som byggjer på eit visst minimum av spesialisering, danna grobotn for utvikling av eit eige omgrepsapparat og dermed ein eigen fagterminologi. I dag er det ikkje minst ei rivande teknologibasert produkt- og tenesteutvikling som driv spesialiseringa framover, og som gjer at det stadig oppstår ny fagterminologi.

7.2.2 Kunnskaps- og terminologiimport før og no

7.2.2.1 Utgangspunkt

Nesten all informasjons- og kunnskapsutvikling, økonomisk og teknologisk endring, kort sagt all fagleg utvikling og produktutvikling, er i dag internasjonal i sin natur. Også i tidlegare tider har vi fått ei mengd med fagtermar frå utlandet. Det gjeld ikkje minst ulike former for teknisk terminologi. Utanlandske handverkarar og ingeniørar som kom til landet, hadde med seg faguttrykka frå heimlandet. I tillegg var det mange nordmenn som hadde fått opplæring utanlands.

For publikasjonar som skulle lesast over landegrensene, vart latin etter kvart avløyst av fransk, tysk og engelsk. Fransk heldt seg lenge som det dominerande språket for matematikarar. Tysk vart dominerande innanfor teknologi i vårt område, i Noreg fram til siste verdskrigen. Frå då av har engelsk kome stadig sterkare inn, og i dag skjer det meste av terminologiutviklinga primært på engelsk.

7.2.2.2 Vitskapleg basert terminologi

Import, spreiing og bruk av utanlandsk, særleg engelskspråkleg, terminologi skjer i dag i stor grad gjennom vitskapleg basert kunnskapsproduksjon og kunnskapsutveksling, ikkje minst gjennom primærpublisering 10 av vitskaplege bidrag. Hovudmønsteret her er at forskarane vender seg til dei internasjonale fagfellane sine innanfor eit sterkt spesialisert forskingsfelt. Føresetnaden for å nå vidt ut er då at dei nyttar eit internasjonalt språk, og i dag har engelsk erobra ein dominerande posisjon som det globale vitskapsspråket.

UNESCO anslo for ein del år sidan at omtrent halvparten av alle nye vitskaplege publikasjonar i verda omkring 1990 kom på engelsk. 11 I ein rapport frå 2001 går det fram at så mykje som 85 prosent av all vitskapleg produksjon i verda var skriven på engelsk eller hadde eit samandrag på engelsk. Dette talet har knapt vorte mindre dei seinare åra.

Når forskingsverksemda i stor grad skjer på ein internasjonal vitskapsarena, og svært mykje av den primære forskingslitteraturen difor blir skriven på engelsk, følgjer det nærast som ein automatisk konsekvens at også nye omgrep og ny terminologi først blir utvikla på engelsk.

7.2.2.3 Terminologi basert på internasjonale standardar

Import og spreiing av engelskspråkleg terminologi skjer i dag i stor grad også gjennom eit omfattande internasjonalt standardiseringsarbeid.

Ein standard er eit dokument som inneheld tekniske krav til ulike slags produkt, system, metodar eller prosedyrar. Takk vera den harmonisering som standardiseringa inneber, kan varer og tenester med ulikt opphav brukast om kvarandre eller enkelt tilpassast i høve til kvarandre. Det er ein praktisk fordel for forbrukarane, og det representerer ei økonomisk vinning ved at det er med på å motverka tekniske handelshindringar. Standardar har ein viktig konkurranseregulerande funksjon i næringslivet.

Utvikling av standardar går føre seg i tekniske komitear på nasjonalt, europeisk og globalt plan. Over 3000 norske fagekspertar, dei fleste frå privat sektor, er med i slike komitear nasjonalt og internasjonalt.

Terminologiutvikling skjer som ein sideverknad av sjølve standardiseringsarbeidet og er ein føresetnad for å oppnå nødvendig presisjon i standardane. I utgangspunktet blir termar fastsette og definerte innanfor den konteksten som kvar enkelt standard utgjer. Men ikkje sjeldan blir det også utvikla konsistent terminologi for ein serie av nærskylde standardar, ofte utgjevne som eigne terminologistandardar.

Globalt skjer mesteparten av standardiseringsarbeidet i regi av ISO (International Organization for Standardization) og på europeisk plan i regi av CEN (Comité Européen de Normalisation). Dei fleste standardar som blir gjeldande i Noreg, blir fastsette av Standard Norge, ein privat og uavhengig medlemsorganisasjon som vart stifta i 2003 då fire tidlegare standardiseringsorganisasjonar slo seg saman.

Årleg fastset Standard Norge godt over 1000 standardar. Meir enn 95 prosent av dei er produserte i regi av CEN eller ISO. Av desse igjen blir i dag mindre enn 5 prosent omsette til norsk. Resten blir fastsette med engelsk tekst. Av gjeldande norske standardar er det i dag under 7 prosent som har norsk tekst, og dette talet blir stadig lågare.

Ein stor del av dei importerte standardane er standardar som Noreg må fastsetja for å utfylla og spesifisera overordna EU-direktiv som vi er plikta til å innarbeida i norsk rett. Jamvel om sjølve direktiva blir omsette til norsk, blir vi på denne måten likevel stilte overfor eit stadig veksande framandspråkleg tekstmateriale som er sentrale referansedokument i det norske lovverket. Denne tekstmassen er også styrande for verksemda i store delar av norsk næringsliv.

Mange av standardane blir nytta på samfunnsområde som er viktige for allmenta, og som samstundes har omfattande innslag av såkalla asymmet­risk fagleg kommunikasjon. Det inneber at det til dømes er sivilingeniørar og liknande fagfolk som utviklar standardane, medan dei som primært bruker dei, kan vera handverkarar, montørar og liknande.

7.2.2.4 Behovet for nasjonalt terminologiarbeid

Når så mykje av terminologiutviklinga har eit internasjonalt opphav, inneber det at andre språk enn engelsk ikkje automatisk får tilført den stadig meir spesialiserte fagterminologien som trengst for å halda ved like og utvikla ein avansert fagspråkleg kommunikasjon og ei allmenn kunnskapsformidling på nasjonalspråket. For at det skal skje, må difor kvart land utvikla sin eigen fagterminologi.

Det å halda ved like og utvikla eit norsk fagspråk krev difor eit aktivt nasjonalt terminologiarbeid.

7.2.3 Kvifor ein eigen norsk fagterminologi?

7.2.3.1 Generelle synspunkt

Behovet for terminologi på norsk og eit eige norsk fagspråk kan grunngjevast på fleire måtar.

Rett nok treng ikkje fråværet av ein særskild norsk fagterminologi nødvendigvis å opplevast som særleg dramatisk innanfor det aktuelle fagmiljøet sjølv. Tvert imot kan nok mange ekspertar innanfor ein avgrensa fagleg kontekst synast at dei klarer seg godt med den engelske terminologien jamvel om kommunikasjonen elles går føre seg på norsk.

Men når heile det terminologiske apparatet er på engelsk, kan det fort utløysa full bruk av engelsk. For det blir lett opplevd som kunstig og utilfredsstillande å snakka og skriva på norsk med ein fagterminologi som er henta frå eit anna språk. Ein kan då like godt ta skrittet fullt ut.

Av og til blir det hevda at engelsk er eit meir presist og hendig språk som fungerer betre enn norsk i fagleg kommunikasjon. Men det er ein påstand som vanskeleg lèt seg prova. Det finst ikkje noko fagleg grunnlag for å hevda at eit bestemt språk i kraft av struktur, ordtilfang eller liknande er meir uttrykksfullt, presist eller nyanserikt enn andre språk. Det kan likevel skapast eit slik inntrykk når det i utgangspunktet nesten ikkje finst norske termar å gripa til.

Slik blir mangelen på norsk terminologi eit argument for å bruka engelsk i staden for norsk. Dette gjer i neste omgang at norske fagfolk heller ikkje blir vane med å skapa velfungerande norske termar. Dermed er ein inne i ein vond sirkel som det kan vera vanskeleg å bryta ut av.

Tilgang på norsk terminologi er altså nødvendig ikkje berre for å kunna kommunisera på norsk der og då, men også for å øva opp den språklege kreativiteten på norsk, for slik å vidareutvikla den norske terminologien og dermed skapa grunnlag for eit norsk fagspråk også på lengre sikt.

7.2.3.2 Det faglege argumentet

Jamvel om engelsk ofte har den mest utvikla terminologien i utgangspunktet, kan slik utanlandsk terminologi sjeldan fungera like godt som det eigne morsmålet som grunnlag for tankearbeid og idéutveksling.

For svært få meistrar engelsk eller eit anna framandspråk tilnærma like godt som morsmålet. Sjølv dei som greier å læra seg engelsk svært godt, vil knapt kunna tevla fullt ut i presisjon og tankekraft med ein engelsk morsmålsbrukar på det same faglege nivået.

Tilgang på norsk terminologi vil såleis vera med på å styrkja utviklinga av faglege idear, presise omgrep og god fagleg forståing. Det må difor leggjast til grunn at utvikling av norsk terminologi og norsk fagspråk vil vera med på å heva det faglege nivået og dei faglege prestasjonane blant norske ekspertar og vitskapsfolk.

Norsk terminologi har slik sett ein eigenverdi som ikkje er lett å måla, men som likevel ikkje må undervurderast.

7.2.3.3 Folkeopplysningsargumentet

Dersom det ikkje blir utvikla eit norsk fagspråk som kan brukast på dei mest avanserte nivåa, svekkjer det også grunnlaget for å bruka norsk språk med autoritet når fagstoff skal populariserast og spesialisert kunnskap skal formidlast til eit større publikum.

God norsk terminologi vil vera med på å gje folk flest lettare tilgang til fagleg kunnskap. Slik er terminologiarbeid også ein del av eit meir omfattande kunnskaps- og folkeopplysningsprosjekt.

7.2.3.4 Demokratiargumentet

Indirekte er terminologiarbeidet dermed også ein viktig del av grunnvilkåra for eit opplyst og deltakande demokrati. For ein godt utbygd norsk terminologi over eit breitt fagleg spekter vil styrkja fundamentet for all fagleg basert kunnskapsspreiing og informasjonsutveksling og slik representera ein viktig del av den demokratiske infrastrukturen i samfunnet.

På den måten vil terminologisk og fagspråkleg utviklingsarbeid vera med på å oppfylla det såkalla infrastrukturkravet som kom inn i den nye ytringsfridomsparagrafen i Grunnlova i 2004.

7.2.3.5 Identitetsargumentet

Eit terminologisk utbygd nasjonalspråk som kan brukast på dei mest avanserte områda av samfunnslivet, kan også ha mykje å seia for heile språksamfunnet på den måten at det gjev språkpolitisk og kulturell sjølvkjensle.

Også innanfor meir avgrensa sektorar kan nasjonal terminologi ha slike symbolske funksjonar. Her er utviklinga av norsk oljeterminologi på 1980-talet eit godt døme. Delvis som reaksjon på den tidlege oljeindustrien som var tufta på importert kapital, teknologi og kompetanse frå den angloamerikanske kultursfæren, vart det å leggja til rette for eit norskspråkleg oljemiljø etter kvart sett på som eit viktig ledd i arbeidet for å skapa ei eiga oljeutvinning på norsk grunnlag.

Som det første norske selskapet som fekk operatøransvaret for eit felt på norsk sokkel, vedtok såleis Statoil å bruka norsk som arbeids- og administrasjonsspråk på Gullfaks-feltet, som kom i drift frå 1985.

Selskapet hadde fleire unge norske ingeniørar med ei idealistisk innstilling som vart pådrivarar for å erstatta eit sterkt engelskpåverka blandingsspråk med eigen norsk oljeterminologi. Det å visa at også det norske språket dugde, vart sett på som eit ledd i arbeidet med å etablera ein norsk olje­industri som stod på eigne bein.

7.2.3.6 Tryggingsargumentet

Ein eigen nasjonal terminologi har også ein funksjon i arbeidet for å fremja helse, miljø og tryggleik. Alt i 1982 påviste Einar Flydal den store tryggingsrisikoen som språkforvirring og dårlege engelskkunnskapar førte med seg nettopp innanfor oljebransjen.

I løpet av 1980-åra følgde så internasjonale oljeselskap i fotefara til Statoil og tok i bruk norsk som arbeidsspråk i Nordsjøen. Verknaden var mellom anna at tryggingsnivået vart betre, og dessutan at det vart lettare for andre delar av norsk næringsliv å kommunisera med oljenæringa.

I dag er det påvist store språkproblem mellom anna i byggjebransjen i kjølvatnet av den auka mobiliteten av arbeidskraft i Europa. Dette aktualiserer behovet for ei meir gjennomtenkt haldning til språk og språkbruk i arbeidslivet.

Men det er knapt ei realistisk løysing å tenkja seg at engelsk kan erstatta norsk som eit felles arbeidsspråk i norsk byggjebransje. Det ville etter alt å dømma gå ut over både helse og tryggleik og i tillegg by på ei rad praktiske og tekniske vanskar.

7.2.3.7 Lønnsemdsargumentet

Spørsmålet om engelsk eller norsk terminologi kan også direkte eller indirekte ha ei bedriftsøkonomisk side. Ulike situasjonsrapportar tyder til dømes på at ein omfattande anbods- og kontraktsdokumentasjon på engelsk fører til mykje ekstraarbeid og ekstrakostnader for små og mellomstore verksemder.

Det at så få standardar finst i norsk språkdrakt, gjer til dømes sitt til å hemma konkurransesituasjonen for norske føretak samanlikna med konkurrentar frå andre land som i større grad har omsett standardane til nasjonalspråket.

Det er også mykje som tyder på at bruk av norsk terminologi i generell og kunderelatert informasjon og marknadsføring er økonomisk lønnsamt for alle bedrifter som opererer i Noreg. Overfor eit norsk publikum vil slikt terminologisk og språkleg medvit gjera sitt til å auka presisjonsnivået og gjera den utoverretta kommunikasjonen meir effektiv. Eit norsk-engelsk terminologisk samansurium, slik ein ikkje sjeldan kan finna til dømes på ulike heimesider på Internett, vil derimot gje eit dårleg inntrykk og vera skadeleg for truverd og omdømme.

Alt i alt vil eit velfungerande fagspråk basert på norsk terminologi ha mykje å seia ikkje berre for den språklege utviklinga, men også for å auka konkurranseevna for norsk næringsliv. Dermed er dette også eit bidrag til å sikra vår økonomiske berekraft.

7.2.3.8 Det kulturelle argumentet

Men behovet for eit nasjonalt fagspråk handlar til sjuande og sist om dei kulturelle, sosiale og menneskelege føresetnadene som skal leggja til rette for at vi kan ha eit vitskapleg og økonomisk liv her i landet.

Terminologiarbeidet er den sentrale plattforma som skal sikra at kunnskapsoverføringa mellom norsk og andre språk er effektiv og ikkje påfører norske fagspråkbrukarar eit handikapp.

Fagterminologi er også ei av dei viktigaste kjeldene for fornying av ordforrådet vårt. Terminologiarbeid er både språk- og kulturforsvar og eit vilkår for effektiv kommunikasjon over språkgrenser.

7.2.4 Nasjonalt terminologiarbeid i Noreg

7.2.4.1 Utfordringa i dag

Arbeidet med utvikling av norsk terminologi ligg i dag mykje på etterskot.

Dels er det slik at det i mange samanhengar manglar norske termar, dels er problemet at brukarar ikkje har kjennskap til eller tilgang til norske termar der slike trass alt finst.

Mykje av det terminologiarbeidet som er gjort tidlegare, er nemleg ikkje oppdatert eller ikkje allment tilgjengeleg. I mange fagmiljø rår den haldninga at det ikkje er mogleg eller ikkje meining i å halda oppe ein norsk terminologi.

Utfordringa er altså både å utvikla nye norske termar som får brei aksept i dei respektive fagmiljøa, og å gjera eksisterande og nye termar tilgjengelege på ein slik måte at dei også blir tekne i bruk i alle aktuelle samanhengar.

7.2.4.2 Ulike former for terminologiarbeid

Nasjonal termskaping og terminologiutvikling har tradisjonelt gått føre seg på tre nivå.

For det første har det skjedd som ein meir eller mindre integrert del av den organiserte faglege aktiviteten innanfor eit fagfelt, til dømes i samband med produktutvikling eller skriving av lærebøker.

For det andre skjer terminologiutvikling gjennom aktivitetane til idealistiske enkeltpersonar eller arbeidsgrupper innanfor til dømes verksemder eller bransjeforeiningar, av og til på hobbybasis, av og til profesjonelt.

For det tredje har vi hatt større og systematiske terminologiprosjekt der målet er å utvikla digitaliserte språkressursar, oftast med bruk av språkteknologiske metodar.

Dels skjer altså terminologiarbeid med utgangspunkt i praktiske behov og ønske i privat eller offentleg verksemd, og dels skjer det på initiativ frå eller under medverknad av fagmiljø som arbeider profesjonelt med terminologi og fagspråk som akademisk disiplin. Men dei akademiske fagmiljøa i Noreg er små; i hovudsak er dei knytte til Noregs handelshøgskole, Universitetet i Bergen, Universitetet i Agder og Høgskolen i Østfold.

7.2.4.3 Datamaskinell termbehandling

Det er særleg grunn til å framheva Universitetet i Bergen. Der vart det på 1960-talet etablert eit prosjekt for datamaskinell språkbehandling, som på slutten av 1970-talet resulterte i skipinga av eit terminologisk dataarkiv under nemninga Norsk termbank.

I 1997 vart Termbanken organisatorisk inkorporert i eit nytt senter for humanistisk informasjonsteknologi, forkorta HIT-senteret, og i dag blir terminologiverksemda ved Universitetet i Bergen vidareført innanfor ramma av Avdeling for kultur, språk og informasjonsteknologi, forkorta Aksis.

Elektroniske termbankar er suverene som medium for å utvikla, lagra og spreia terminologi, og det språkteknologiske terminologimiljøet ved Universitetet i Bergen har dei siste tjue åra vore involvert i arbeidet med tre slike termbankar av stort omfang.

Desse er Norsk terminologisk database (NOT), som inneheld 90 000 søkbare termar frå 38 bruksområde, terminologidatabasen til Utanriksdepartementet, som er bygd på norske omsetjingar av EØS-relevante rettsakter, dessutan den norske utgåva av det internasjonale kode- og klassifikasjonssystemet for sjukdommar i regi av Verdshelseorganisasjonen.

Frå andre halvdel av 1990-åra har den teknologiske utviklinga innanfor terminologiarbeidet vore heilt dominert av Internett som formidlingsmedium. Men alt frå 1960-talet og frametter kom datateknologien meir og meir i bruk som hjelpemiddel i terminologisk og leksikografisk utviklingsarbeid.

7.2.4.4 Terminologiske ordbøker

Den vanlege måten å publisera terminologi på, også terminologi som er utvikla ved hjelp av databaserte metodar, har likevel vore i form av ordbøker i papirutgåve.

Resultatet av meir avgrensa enkeltprosjekt har såleis vore små ordlister eller termsamlingar som reflekterer eit behov og skisserer førstehjelps­løysingar, til dømes utvikla i samband med konkrete omsetjingsoppdrag.

I mange tilfelle har slike termsamlingar i neste omgang lagt grunnlaget for større og meir systematiske terminologiprosjekt og terminologiske ordbøker. Av slike kan nemnast Norsk dataordbok (1976), Norsk landbruksordbok (1979), Norsk markedsføringsordbok (1981), Ordbok for petroleumsvirksomhet (1982), Norsk Teknisk Ordbok (1984), Norsk medisinsk ordbok (1988) og Ordliste for fysikk og kjemi til skolebruk (2000).

7.2.4.5 Nasjonale terminologiorgan

I mange år gjekk arbeidet med å utvikla norsk fagterminologi sakte, men stabilt framover. Dei siste åra har det derimot vore stagnasjon og til dels tilbakegang i det nasjonale beredskapsarbeidet vårt på terminologiområdet. Ei medverkande årsak er at Noreg i dag manglar eit nasjonalt terminologiorgan etter at Rådet for teknisk terminologi (RTT) gjekk konkurs i 2001.

RTT, som var etablert i 1938 som ein medlemsorganisasjon, vart omgjort til stifting frå 1990, og hadde i mange år ein viktig funksjon som eit koordinerande organ for dei samla terminologiske aktivitetane i landet.

Tilsvarande funksjonar som dei RTT hadde her i landet, ligg i Sverige i Terminologicentrum (TNC), i Finland i Terminologicentralen TSK og i Danmark i Dantermcentret. Til liks med det som var tilfellet for RTT, er dette uavhengige organisasjonar utanfor dei nasjonale språknemndene. På Island og Færøyane ligg derimot ansvaret for terminologiarbeidet innanfor dei respektive språknemndene, og det terminologiarbeidet som nyleg er sett i gang på Grønland, er òg organisert innanfor ei eining som også arbeider med allmenne språkspørsmål.

Verksemda i dei nasjonale terminologiorgana i Norden har dels vore finansiert gjennom statstilskot, dels gjennom oppdrags- og salsinntekter i samband med konkrete terminologiprosjekt. Tilsvarande finansiering hadde også det norske RTT, som siste året før konkursen mottok eit statstilskot på vel 0,8 mill. kroner.

7.2.4.6 Norsk terminologiarbeid dei siste åra

Det organisatoriske tomrommet som RTT lét etter seg, er ikkje fylt opp, men dåverande Norsk språkråd oppnemnde sommaren 2002 ei nasjonal referansegruppe for terminologiarbeid. Ho vart ved årsskiftet 2004–2005 avløyst av ei tilsvarande faggruppe for terminologi og fagspråk oppnemnd av det omorganiserte Språkrådet.

I dag er terminologi og fagspråk arbeidsområdet til eit av dei fire fagråda som styret i Språkrådet har oppnemnt i samsvar med dei nye vedtektene for institusjonen.

Den førstnemnde referansegruppa fekk i 2004 gjennomført ei spørjeundersøking om terminologiske aktivitetar og behov basert på ei innleiande kartlegging av personar og verksemder som på ein eller annan måte arbeider med terminologi i Noreg i dag.

Med utgangspunkt i ei liste med ca. 300 kontaktpersonar og institusjonar kom det inn i alt 110 utfylte spørjeskjema. Desse fordelte seg med om lag ein tredjedel kvar på statlege organ, aksjeselskap/stiftingar og eineeigarføretak, og ca. 80 prosent av svara indikerte at det gjekk føre seg terminologisk aktivitet i ei eller anna form i verksemda.

Svara viste likevel at terminologiarbeid for dei aller fleste aktørane var sekundært, meir eller mind­re ein støtteaktivitet for andre hovudaktivitetar. Dei terminologiske metodane varierte mykje, ofte gjekk arbeidet føre seg utan dokumenterte retningslinjer, og terminologien vart ofte ikkje gjord tilgjengeleg eksternt. Dei mange ulike dataformata som var i bruk, hemma effektiv søking og nettbasert presentasjon. Mange av dei beste og mest brukbare reiskapane for terminologisk arbeid var lite kjende og dermed lite brukte.

Samstundes viste spørjeundersøkinga eit stort behov for terminologiutvikling, og at mange aktørar er motiverte for å bidra med materiale eller arbeidsinnsats i ein nasjonal dugnad for norsk terminologi. Alle var også innstilte på å nytta effektive, nettbaserte termdatabasar dersom slike kjem i stand, og dersom kvaliteten på dei blir god nok. Dei aller fleste meinte også at det er behov for internasjonalt samarbeid på terminologiområdet, og at det trengst større forskingsinnsats og betre opplæring på området.

7.2.4.7 Standard Norge

Det er ikkje tilfeldig at det var organisasjonen Standard Norge som gjennomførte den omtalte kartlegginga på oppdrag frå Språkrådet. For i dag er Standard Norge sjølv ein sentral aktør på terminologifeltet i kraft av det arbeidet organisasjonen gjer med omsetjing av engelskspråklege standardar til norsk, jf. kap. 7.2.2.3 ovanfor. Heller ikkje i Standard Norge er rett nok terminologiutvikling eit mål i seg sjølv, berre eit middel for å sikra kvaliteten på dei norskspråklege standardane.

Like fullt skjer det eit systematisk terminologiarbeid på tvers av kvar enkelt standard ved at norske termar og definisjonar frå dei omsette standardane blir lagde inn i ein felles database saman med tilsvarande termar og definisjonar frå kjeldespråket, som regel engelsk. Databasen, som no inneheld meir enn 35 000 termar, fungerer dermed som eit middel for å sikra mest mogleg konsistent norsk terminologi i standardane.

Dessutan disponerer Standard Norge ein særskild database med norsk og engelsk miljøterminologi med meir enn 20 000 termoppslag. I motsetnad til den første basen, som berre er tilgjengeleg for dei som er med i standardiseringsarbeidet, er miljøbasen allment tilgjengeleg og søkbar over Internett. Basen er resultat av at det på miljøsektoren i lang tid har vore arbeidt meir medvite og systematisk for å sikra ein konsistent norsk terminologi, men arbeidet med basen har lege nede dei seinare åra.

7.2.4.8 Nynorsk terminologi

Begge dei to terminologidatabasane i regi av Standard Norge har berre norske termar på bokmål. Også alle dei standardane som organisasjonen omset til norsk, blir berre omsette til bokmål. I den kartlegginga av terminologisk aktivitet som er nemnd ovanfor, kom det fram at ca. 90 prosent av respondentane arbeidde med norske termar berre på bokmål.

I det meir organiserte terminologiarbeidet som tidlegare vart koordinert av Rådet for teknisk terminologi (RTT), vart derimot nynorsk terminologi etter kvart inkludert. Såleis var dette tilfellet frå og med 1980-talet for alle dei terminologiske ordbøkene som kom ut under medverknad av RTT.

Innanfor fagområde som juss, medisin og landbruk er det elles gjort ein særleg innsats for utvikling av nynorsk terminologi takk vera pionerarbeid frå framståande enkeltpersonar som Nikolaus Gjelsvik, Audun Øyri og Magne Rommetveit.

Gjennomgåande er det likevel slik at nynorsk i dag står særleg svakt som fagspråk. Når det gjeld språkleg likestilling mellom nynorsk og bokmål, er det såleis eit større gap mellom prinsipp og praksis på det fagspråklege området enn på det allmennspråklege.

7.2.5 Framlagde forslag til tiltak på terminologiområdet

7.2.5.1 Organisering av framtidig terminologi­arbeid

Den mest påtrengjande oppgåva for å leggja grunnlaget for ein ny giv i det nasjonale terminologiarbeidet er å få på plass eit organisatorisk apparat som kan vareta funksjonen som overordna samordningsorgan for terminologiutviklinga i landet. I strategirapporten Norsk i hundre! er det drøfta korleis ein best kan byggja opp eit slikt apparat.

Rapporten tek utgangspunkt i at fagmiljøa innanfor universitets- og høgskulesektoren er relativt oversiktlege og samarbeider såpass tett at dei sjølve truleg kan ta ein stor del av ansvaret for terminologiutviklinga. Annleis er det med den andre store innfallsporten for utanlandsk terminologi til landet, nemleg nærings- og arbeidslivet. Her skjer import av terminologi ikkje berre gjennom rekruttering av arbeidskraft frå universitets- og høgskulesektoren, men i stor grad også gjennom import av produkt og teknologi.

Strategigruppa legg til grunn at det er eit større koordineringsbehov mellom dei ulike bransjane i næringslivet og mellom næringslivet og universitets- og høgskulesektoren enn det er internt i den sistnemnde sektoren. Difor meiner gruppa at det offentlege uansett må ha ei rolle som initierande og koordinerande instans.

Men jamvel om universitets- og høgskulesektoren har og må ta eit stort ansvar, kan dei heller ikkje der fylla oppgåva åleine. Også der må språkekspertar trekkjast inn. Strategigruppa meiner dessutan at det er språkekspertar som best kan koordinera det samarbeidet som er nødvendig å etablera mellom utdannings- og forskingssektoren, nærings- og arbeidslivet og språkekspertisen sjølv.

Gruppa konkluderer difor med at det uansett trengst ein eigen nasjonal instans utanfor universitets- og høgskulesektoren til å initiera og koordinera det samla terminologiarbeidet i landet, og gjer framlegg om at Språkrådet skal få seg tillagt denne oppgåva.

Det heiter såleis at Språkrådet må gjerast til eit overordna, nasjonalt samordningsorgan med sterk kompetanse i fagspråk og terminologi og brei kontaktflate mot samfunnet, nasjonalt så vel som internasjonalt. Det må utviklast forpliktande samarbeidsformer for fagspråkleg kvalitetssikring mellom ulike fagdepartement, direktorat og andre offentlege instansar.

7.2.5.2 Andre forslag i Norsk i hundre!

Strategigruppa har i tillegg oppsummert vurderingane og forslaga sine i følgjande punkt:

Strategigruppa strekar under at Standard Norge framleis må ha ansvaret for standardisering på norsk språk, og at det bør opprettast ei eiga fagavdeling som samarbeider nært med Språkrådet. Det heiter også at øyremerkt støtte til utvikling av standardar på norsk, medrekna termarbeid, må aukast til eit nivå som sikrar norsk omsetjing av ein rimeleg del av dei standardane som blir gjorde gjeldande i Noreg.

Strategigruppa legg vekt på at brukarmiljøa i næringslivet og det offentlege må trekkjast inn som aktive samarbeidspartnarar i arbeidet for å sikra parallellspråksbruk innanfor alle domene der engelsk er i bruk.

Strategigruppa meiner vidare at det bør opprettast eit senter ved eit av dei norske universiteta som får ansvaret for å forvalta, gjera tilgjengeleg og byggja elektroniske og allment tilgjengelege fleirspråklege terminologiske databasar etter gjengs, internasjonal metode, med faguttrykk frå fleire språk tilordna på systematisk, kvalitetssikra og likeverdig vis.

Strategigruppa foreslår også eit forskingsprogram med vekt på terminologisk innhald og terminologisk språkteknologi på norsk.

Strategigruppa strekar under at det i alt offentleg finansiert terminologi- og fagspråkarbeid må vera eit ufråvikeleg krav at nynorsk og bokmål har likeverdig status. All terminologi må utviklast på nynorsk og bokmål samstundes.

7.2.5.3 Framlegg frå Standard Norge

Med tilvising til det strategigruppa har sagt om den rolle Standard Norge bør ha i terminologiarbeidet, har denne organisasjonen seinare søkt departementet om økonomisk støtte til eit prosjekt for terminologisk og teknisk gjennomgang av det omfattande terminologiske materialet i dei to databasane som organisasjonen disponerer.

Formålet er å gjera dette allment og fritt tilgjengeleg i ein søkbar Internett-versjon. Dette er i første omgang meint som eit tiltak for å avhjelpa den akutte mangelen på terminologi for alle som driv med produksjon eller omsetjing av alle slags faglege dokument.

Standard Norge gjer også framlegg om at prosjektet skal leggja til rette for at organisasjonen på permanent basis får eit utvida terminologisk og fagspråkleg ansvar. Framlegget inneber at terminologiarbeidet i regi av Standard Norge skal bli eit mål i seg sjølv, slik at det ikkje held fram med å vera berre ein sekundær aktivitet som eit verkemiddel i standardiseringsarbeidet.

Prosjektframlegget byggjer mellom anna på den føresetnaden at det i tillegg til bokmålstermane skal leggjast inn eit komplett sett av nynorsk terminologi, og at det skal lagast nynorske termdefinisjonar på visse utvalde fagområde.

Det ligg også i prosjektframlegget at det skal lagast ein rapport som skal danna grunnlaget for vidare nasjonal terminologisk aktivitet.

7.2.6 Oppsummerande vurderingar

7.2.6.1 Utgangspunkt

I tråd med prinsippet om parallellspråksbruk må det vera eit sentralt strategisk mål å leggja til rette for at det på alle område av samfunnslivet blir ut­vikla eit funksjonelt norsk fagspråk for framtida.

For at dette skal kunna skje, må det først og fremst utviklast norsk terminologi raskt og effektivt i takt med den faglege, teknologiske og økonomiske utviklinga i samfunnet.

For det andre må målet vera at denne terminologien skal stillast til rådvelde for alle aktuelle brukarar gjennom digitale terminologibasar som er allment tilgjengelege over Internett.

I ein politikk for styrking av norsk terminologi og fagspråk må full jamstilling mellom nynorsk og bokmål vera eit sjølvsagt prinsipp. Språkfagleg sett er det fullt mogleg å utvikla terminologi på nynorsk og bokmål under eitt og i nær samanheng, slik at ein unngår unødige avvik.

Samla sett er det i dag ein kritisk situasjon for norsk fagterminologi. Omsetjing av internasjonale standardar ligg sterkt på etterskot, og det organiserte terminologiarbeidet ligg nede. Den aktiviteten som går føre seg, er spreidd og ukoordinert, og den terminologiske produksjonen blir i liten grad gjord tilgjengeleg eksternt.

Det trengst nye initiativ og nye grep for å koma i gang med eit offensivt og framtidsretta terminologiarbeid.

7.2.6.2 Prinsipielle føresetnader

Ettersom terminologi i utgangspunktet er ein del av eit faginternt språk, kan det ikkje utviklast utanfor fagmiljøa sjølve. Fagspråket har ein eigenverdi innanfor dei respektive brukarmiljøa og må respekterast på sine eigne premissar. Difor må dei faginterne omsyna vera strategisk grunnleggjande, og fagekspertane sjølve må stå i sentrum. Det er nødvendig for at den norske terminologien skal bli teken i bruk, og for å unngå at det rår fagleg usemje om kva norske nemningar som skal nyttast.

Ansvaret for utvikling av norsk terminologi kan likevel ikkje overlatast til fagmiljøa åleine.

For det første krev eit profesjonelt terminologiarbeid at fagekspertane samarbeider nært med språkekspertar, slik at ein sikrar at terminologien ikkje berre blir norsk, men også god og konsistent norsk.

For det andre krevst ei fagleg og språkleg koordinering mellom alle dei ulike faglege aktørane som i utgangspunktet vil vera mest opptekne av å løysa sine eigne interne og kortsiktige behov.

For det tredje krevst det eit haldningsskapande og initierande arbeid for å bevisstgjera og motivera mange fagmiljø for slik å hindra at dei slår seg til ro med engelskspråkleg terminologi.

Ingen av målformene bør ha sekundær status i terminologiarbeidet, men gje likeverdige tilskot til den norske terminologien. Som ledd i eit slikt parallelt terminologiarbeid er det også om å gjera at nynorsk i større grad slepp til som fagkommunikativt språk. Eit positivt klima for bruk av nynorsk som fagspråk vil også gjera det lettare for nynorsk å sleppa til i andre samanhengar.

7.2.6.3 Samordning og initiering av framtidig ­terminologiarbeid

Departementet er samd med strategigruppa i at det mest naturlege er å gje Språkrådet funksjonen som eit overordna, nasjonalt samordningsorgan for utvikling og tilgjengeleggjering av norsk terminologi. Dette er i dag meir formålstenleg enn å byggja opp eit nytt organ frå grunnen av.

Etter gjeldande vedtekter kan departementet tilleggja Språkrådet spesifikke oppgåver og eventuelle fullmakter innanfor definerte saksfelt, om nødvendig med nærare reglar om saksførebuing og avgjerdprosedyre. Med utgangspunkt i denne føresegna vil departementet nærare konkretisera dei oppgåvene og fullmaktene Språkrådet skal ha på dette feltet.

Den rolla Språkrådet skal ha, er først og fremst å ta initiativ, leggja til rette, samordna og ikkje minst vera aktiv pådrivar for det forskings- og utvik­lingsarbeidet som skjer i desentraliserte institutt- og fagmiljø.

Ein del av arbeidet vil bestå i å koordinera det praktiske terminologiarbeidet som blir utført i næringslivet i dag. Mange firma og institusjonar legg mykje interne ressursar ned i terminologiarbeid til eige formål. Fordi vi saknar ein koordinerande instans, maktar vi likevel ikkje å dela desse ressursane slik vi burde. Dermed blir det altfor mykje dobbeltarbeid og langt mindre standardisering av bransjespesifikk terminologi enn det alle partar burde vera interesserte i.

Ei ny språkteneste for terminologi organisert som ein del av sekretariatet i Språkrådet skal også assistera dei små faglege miljøa som enno finst på dette området, og hjelpa til med å utvikla termbaseprosjekt forankra i høgare utdanning og i andre miljø.

Terminologispråktenesta må arbeida tett saman med fagrådet for terminologi og fagspråk. Særleg viktig blir det å byggja utoverretta alliansar. På den måten kan ein skapa større breidd i interessa og ansvaret for terminologi og fagspråk.

Språktenesta må også samarbeida med Standard Norge, svara på spørsmål om fagspråk frå publikum og ha eit særleg ansvar for å gje råd til offentleg forvaltning i terminologispørsmål.

Det er grunn til å streka under at Språkrådet alt i dag arbeider med fagspråk og terminlogi så langt ressursane rekkjer. Prioriteringa av dette feltet er også klart markert ved at eitt av dei fire fagråda som styret har oppnemnt, nettopp har fagspråk og terminologi som ansvars- og arbeidsområde.

Føresetnaden for at Språkrådet skal bli eit operativt og slagkraftig samordningsorgan på terminologiområdet, er likevel at institusjonen får tilført auka kompetanse og kapasitet gjennom nye stillingar i sekretariatet. Ein slik funksjon må byggjast opp til eit minimumsomfang på tre stillingar.

Departementet legg difor opp til å tilføra Språkrådet auka ressursar i samsvar med dette, slik at institusjonen også i praksis kan ta på seg rolla som eit nasjonalt fagspråk- og terminologisekretariat og vil koma tilbake til dette i budsjettsamanheng.

7.2.6.4 Terminologi og standardisering m.m.

Det ligg på dette området føre interessante framlegg, mellom anna om ei utvida rolle for Standard Norge i terminologiarbeidet. Ei viktig utfordring er det også å få til ein monaleg auke i kapasiteten for omsetjing av standardar til norsk.

Departementet tek sikte på å innleia eit nærare samarbeid med Nærings- og handelsdepartementet om desse spørsmåla.

I første omgang vil departementet vurdera kva som kan gjerast for å leggja til rette for nødvendig oppdatering og tilgjengeleggjering av dei to terminologidatabasane som Standard Norge har bygd opp som ledd i tidlegare standardiseringsarbeid.

Ut over dette vil departementet gje Språkrådet i oppgåve å vurdera og prioritera andre aktuelle tiltak på terminologiområdet, mellom anna dei forslaga som er lagde fram i Norsk i hundre!.

7.2.7 Oppsummering av prioriterte tiltak

  • 1 Departementet vil leggja funksjonen som nasjonalt samordningsorgan for utvikling og tilgjengeleggjering av terminologi til Språkrådet.

  • 2 Departementet vil i samarbeid med Nærings- og handelsdepartementet vurdera Standard Norge sin funksjon i nasjonalt terminologi­arbeid.

  • 3 Departementet vil ta initiativ til eit samarbeid med Nærings- og handelsdepartementet for å vurdera korleis ein kan leggja til rette for auka kapasitet i arbeidet med omsetjing av internasjonale standardar til norsk.

  • 4 Som eit eingongstiltak vil departementet bidra til at Standard Norge kan oppdatera og gjera tilgjengelege to terminologidatabasar som er bygde opp som ein sideverknad av standardiseringsarbeidet.

  • 5 Departementet vil gje Språkrådet i oppgåve, saman med andre aktørar som saka vedkjem, å vurdera andre aktuelle tiltak på terminologiområdet, mellom anna forslag som er lagde fram i Norsk i hundre!

7.3 Språkbruk innanfor høgare ­utdanning og forsking

7.3.1 Innleiing

7.3.1.1 Generelt

Utanom terminologiarbeid reint allment er truleg høgare utdanning og forsking den samfunnssektoren som reint strategisk er viktigast for å tryggja stillinga for norsk språk som eit komplett, samfunnsberande nasjonalspråk. Samstundes er dette kanskje også den sektoren der tevlinga frå engelsk og det internasjonale fagspråket er mest påtrengjande, og der ein støyter på dei vanskelegaste dilemmaa når ein skal velja mellom norsk og engelsk.

Dette har samanheng med at kunnskap som regel er ubunden av landegrenser. Tradisjonelt har forskarar alltid hatt stor kontaktflate mot utlandet, men i dag har den internasjonale samhandlinga andre dimensjonar og langt meir å seia enn berre for nokre år sidan.

Studentar kan søkja utdanning verda over og ta heile eller delar av studiet sitt i utlandet. Norske forskarar er med i rammeprogram under EU på lik linje med forskarar frå medlemslanda. Arbeidsmarknaden for forskarar blir stadig meir global, og innanfor EØS-området er universitet og høgskular pålagde å lysa ut stillingar i ein felles nettportal som skal fremja forskarmobilitet i Europa. 12

7.3.1.2 Internasjonaliseringsbakgrunnen

I dei siste stortingsmeldingane om høgare utdanning og forsking er det lagt vekt på at institusjonane i sektoren skal vera aktive deltakarar i det internasjonale forskings- og utdanningssamfunnet.

I meldinga om høgare utdanning, St.meld. nr. 27 (2000–2001) Gjør din plikt – Krev din rett, fremja av Stoltenberg I-regjeringa, er det lagt opp til at Noreg må ha som mål å vera fullverdig deltakar i den omfattande kunnskapsutvekslinga som går føre seg på tvers av landegrensene. Meldinga foreslo fleire tiltak for å styrkja den internasjonale samhandlinga, mellom anna at studentane skal få tilbod om å ta ein del av gradsstudiet sitt i utlandet, og at institusjonane må leggja vinn på å bli attraktive arbeidsplassar for vitskapleg personell frå andre land.

I meldinga er det også uttalt at norske universitet og høgskular må byggja opp eit fagtilbod på engelsk, at slike undervisningstilbod også må vera opne for norske studentar, og at dei må kunna inngå som del av ein norsk grad. På den måten vil det internasjonale tilbodet bli ein del av den ordinære verksemda ved institusjonen. Men det vart samstundes streka under at undervisningstilbodet som hovudregel må vera på norsk, og at det er viktig at institusjonane framleis legg vekt på å vareta den rolla dei har som norske kulturinstitusjonar.

I forskingsmeldinga, St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning, fremja av Bondevik II-regjeringa, heiter det at internasjonalt samarbeid i større grad enn i dag må bli ein integrert del av norsk forskingspolitikk og heile det norske fors­kingssystemet. Det blir framheva som ei viktig utfordring å få til betre koordinering og samspel mellom det som går føre seg nasjonalt, og det som skjer internasjonalt, slik at vi i større grad kan nyttiggjera oss dei impulsane vi får gjennom internasjonalt samkvem.

Det har vore brei semje i Stortinget om at det er nødvendig og ønskjeleg med internasjonalisering av forsking og høgare utdanning. I ei verd der landegrenser og geografisk avstand betyr stadig mind­re, er det avgjerande at internasjonaliseringsprosessen held fram. Noreg må få del i alt det kunnskapstilfanget som finst, og vi må bidra i den internasjonale kunnskapsutviklinga. Då må dei som er aktive i kunnskapsproduksjonen, kunna bruka eit språk som gjer dei i stand til å kommunisera innanfor eit internasjonalt kunnskapssamfunn.

7.3.1.3 Frykt for domenetap

Bruk av engelsk innanfor forsking og høgare utdanning i Noreg har i røynda vore nokså vanleg i lang tid. Frykta for norsk domenetap generelt og innanfor denne sektoren spesielt har såleis vore eit aktuelt tema i fleire år. Dette går mellom anna fram av det språkpolitiske prosjektarbeidet som vart gjennomført i regi av Nordisk ministerråd i 2001 for å finna ut korleis alle dei nordiske språka stod seg overfor presset frå engelsk, jf. omtale i kap. 1.2.2. 13

Det mange synest å vera redde for, er at den aukande vektlegginga dei siste åra av behovet for internasjonalisering kan ha vore med på å fortrengja norsk språk til fordel for engelsk. Arbeidet for auka internasjonalisering gjer i alle fall sitt til at det er endå viktigare enn før at både institusjonar, vitskapleg tilsette og studentar utviklar meir medvitne haldningar til språk og språkval. Det betyr ikkje berre å kjenna ansvar for utvikling av norsk fagspråk, men også for å fremja ein betre og meir allsidig framandspråkleg kompetanse.

Den utfordringa vi står overfor, er korleis vi skal handtera tilhøvet mellom engelsk og norsk når globalisering og vitskapleg merittering dreg i retning av engelsk, samstundes som vi ønskjer å verna nasjonalspråket mot domenetap og sikra oss at vi framleis kan ha ei fagleg og terminologisk utvikling på vårt eige språk. Dette er ei utfordring og eit dilemma som vi har felles med dei nordiske nabolanda våre, og med fleire andre små og mellomstore land både i Europa og i verda elles.

7.3.1.4 Språkstrategiar tufta på parallellspråksbruk

Eit hovudpunkt i språkrådsrapporten Norsk i hund­re!, det generelle grunnlagsdokumentet som denne meldinga tek utgangspunkt i, er at institusjonane innanfor universitets- og høgskulesektoren må utvikla eigne språkstrategiar bygde på prinsippet om parallellspråksbruk.

Dei siste åra er det også innanfor sektoren sjølv teke fleire initiativ i denne retninga. Delvis som ei frukt av Norsk i hundre! sette Universitetet i Oslo i oktober 2005 ned eit utval som fekk i oppgåve å fremja forslag om prinsipp og retningslinjer for språkbruk ved institusjonen. Rapporten frå utvalet vart lagd fram i mars 2006 under tittelen Snart to hundre – Universitetet i Oslo og språket i internasjonaliseringens tidsalder.14

Ikkje lenge etter, i juni 2006, presenterte ein nasjonal komité sett ned av Universitets- og høgskolerådet ein tilsvarande rapport med tittelen Framlegg til ein språkpolitikk for universitet og høgskolar i Noreg.15 I februar 2007 kom så rapporten Både i pose og sekk – Framlegg til ein språkpolitikk for Universitetet i Bergen.16

Desse rapportane har danna utgangspunkt for seinare vedtak om språkpolitiske retningslinjer ved dei to nemnde universiteta og for ei tilrådd språkpolitisk plattform vedteken av styret i Universitets- og høgskolerådet, den siste frå februar 2007. Seinare har mellom anna Universitetet i Tromsø gjort vedtak om språkpolitiske retningslinjer i hovudsak i tråd med tilrådinga frå Universitets- og høgskolestyret.

Det er grunn til å leggja særleg vekt på at det arbeidet som er gjennomført i regi av Universitets- og høgskolerådet, har resultert i at det no ligg føre eit generelt forslag til språkpolitikk for heile universitets- og høgskulesektoren. Eit sentralt punkt i dette framlegget er nettopp at det bør utarbeidast ein språkstrategi ved kvar enkelt institusjon, og at strategien må vera slik utforma at han sikrar og fremjar bruk av norsk språk, likevel slik at engelsk eller eit anna internasjonalt språk kan brukast der det er formålstenleg.

Også i den nordiske språkdeklarasjonen frå 2006 heiter det at universitet, høgskular og andre vitskaplege institusjonar i Norden må utvikla langsiktige strategiar for språkval, språkopplæring og omsetjingsstøtte innanfor dei ulike aktivitetsområda sine.

I rapporten frå ei arbeidsgruppe under Nordens språkråd (parallellspråksgruppa), som fekk i oppgåve å koma med tilrådingar i samsvar med språkdeklarasjonen, er det lagt til grunn at det må formulerast ein nyansert og forpliktande språkpolitikk for kvar enkelt utdanningsinstitusjon i Norden, og det er i nokre hovudpunkt skissert kva ein slik institusjonsbasert språkpolitikk bør omfatta.

Dette arbeidet, som vart lagt fram våren 2007, kom i stand etter at dei dåverande utdannings- og forskingsministrane i april 2005 vedtok å be Nordens språkråd utarbeida ein parallellspråksstrategi. Arbeidsgruppa hadde også som mandat å kartleggja tilhøvet mellom bruk av engelsk og Nordens språk i undervisninga innanfor høgare utdanning.

7.3.2 Omfanget av engelskbruk i ulike samanhengar

7.3.2.1 Generelt

Generelt har vi ikkje så mykje oppdatert og systematisk kunnskap om i kva omfang og i kva samanhengar engelsk blir brukt innanfor høgare utdanning og forsking. Dei fleste av dei tala vi viser til nedanfor, er gjennomgåande sju-åtte år gamle og fangar dermed ikkje opp utviklinga dei siste åra.

Det rapporteringssystemet for vitskapleg publisering som no er innført som ledd i det nye finansieringssystemet for universitet og høgskular, vil likevel gje oss betre og lettare tilgjengelege opplysningar om språkbruk i den skriftlege produksjonen ved institusjonane. Her finst no tal frå og med rapporteringsåret 2004.

7.3.2.2 Nordisk domenetapsrapport

Den samanfattande rapporten frå dei nordiske domenetapsstudiane frå 2001 som er nemnd tidlegare, 17 viser at vi hadde mykje den same situasjonen og møtte mange av dei same utfordringane i Noreg som i dei andre nordiske landa. Rapporten hevda at akademiske studium i dei nordiske landa stadig oftare skjedde på engelsk.

Rett nok var dei lågaste nivåa innanfor grunnutdanningane ved universiteta dominerte av nasjonalspråket, men mykje gjekk føre seg på engelsk allereie etter eitt til to semester. Det var likevel sjeldan at sjølve undervisningsspråket ved grunnutdanningane var engelsk. På den andre sida var visse disiplinar på doktorgrads- og forskingsnivå nesten heilt dominerte av engelsk.

Engelsk var mest vanleg innanfor tekniske, naturvitskaplege og medisinske disiplinar. Samfunnsvitskaplege og humanistiske fag hadde litt mindre engelsk, medan det var minst engelsk innanfor juss og teologi.

Ved universiteta var det døme på at engelsk vart nytta i den munnlege undervisninga, på seminar og disputasar, i læremiddel, kompendium og bøker, og i eigenprodusert materiale frå studentane, så som semesteroppgåver, notat, mindre studiar og rapportar og i avhandlingar. Engelsk var også mykje brukt på internasjonale konferansar og møte av fagleg karakter. Også i nordisk samanheng gjekk konferansar ofte føre seg på engelsk dersom det var finske deltakarar til stades. 18

7.3.2.3 Publiseringsspråk – utviklinga fram til 2000

Men først og fremst er det innanfor store delar av forskingsfeltet at vi finn dei domena der engelsk språk rår grunnen. I mange fag er bruk av engelsk som vitskapleg publiseringsspråk ein for lengst etablert praksis. Dette gjeld i Noreg som i mange andre land.

Dei følgjande tala er henta frå rapporten etter ein konferanse om språk i kunnskapssamfunnet som vart arrangert i Trondheim hausten 2003 i samarbeid mellom Språkrådet og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. 19 Her går det fram at rundt 1980 var 62 prosent av alle faglege og vitskaplege publikasjonar frå norske universitetsforskarar på engelsk eller andre ikkje-nordiske språk. Dette hadde auka til 71 prosent tjue år seinare. 20

Men det var stor skilnad fagområda imellom. Innanfor naturvitskaplege fag var det om lag 80 prosent engelsk alt for 25 år sidan, og dette nivået hadde halde seg nokolunde stabilt fram til årtusenskiftet. 21 Derimot var det i 1980 berre vel 30 prosent av dei faglege og vitskaplege publikasjonane innanfor humaniora og samfunnsfag som var på engelsk. I humaniora hadde dette auka til 40 prosent tjue år seinare og innanfor samfunnsfaga til om lag 50 prosent. 22

Skilnadene i omfanget av engelsk fagområda imellom kjem også fram når ein måler kor stor del av det faste vitskaplege personalet ved norske universitet som i løpet av ein bestemt periode har publisert minst eitt arbeid på eit framandspråk. I perioden 1998–2000 var dette tett oppunder 90 prosent innanfor naturvitskap, medisin og teknologi, medan det i samfunnsfag hadde auka frå knapt 50 prosent omkring 1980 til vel 70 prosent tjue år seinare. Innanfor humaniora var det i denne perioden ein auke frå knapt 45 til vel 60 prosent. 23

7.3.2.4 Publiseringsspråk – nyare tal og ­vurderingar

I ein studie frå 2004 av språkbruk blant fagsamfunnet av forskarar i Noreg gjennomført av NIFU 24 på oppdrag frå Norsk språkråd heiter det at den vitskaplege artikkelen på engelsk i eit internasjonalt tidsskrift er den dominerande publiseringsforma fagsamfunnet sett under eitt. 25 Studien, som bygde på tal frå både før og etter 2000, viste at nærare 8 av 10 vitskaplege artiklar skrivne av norske forskarar kom ut på engelsk. Av bøker skrivne av norske forskarar kom tredjeparten ut på engelsk utanfor Noreg.

Om språkfordelinga i doktoravhandlingar heitte det i rapporten at følgjer eit mønster kjent frå anna vitskapleg fagpublisering, nærare bestemt at sju-åtte av ti avhandlingar er skrivne på engelsk og to-tre på norsk. Dette blir stadfesta i ei undersøking frå 2003. 26 Her går det fram at 80 prosent av alle fullførte doktoravhandlingar innleverte i 2001 var skrivne på engelsk. Aller vanlegast er det med doktoravhandlingar på engelsk innanfor dei teknisk-naturvitskaplege fagfelta. Her var det i 2001 over 90 prosent engelsk i gjennomsnitt. Til samanlikning var tala 60 prosent for samfunnsfag og 40 prosent for humanistiske fag. 27

I ei kartlegging frå 2005 gjennomført i samband med utforming av framlegg til ein språkpolitikk for Universitetet i Oslo gjekk det fram at 70 prosent av dei vitskapleg tilsette hadde publisert det siste arbeidet sitt på engelsk. 28 For 35 prosents vedkomande gjaldt dette også dei fem siste publikasjonane. Berre 6 prosent hadde alle dei fem siste publikasjonane sine på norsk. Engelskdominansen var som venta særleg stor innanfor matematisk-naturvitskaplege og medisinske fag. Det var vel 10 prosent av dei vitskaplege tilsette som opplyste at fagmiljøet deira nytta i hovudsak engelsk også i anna dagleg fagrelatert verksemd enn vitskapleg publisering.

Ei undersøking presentert på Språkdagen 2007, den første årskonferansen i regi av det omorganiserte Språkrådet, viser at tredjeparten av alle hovud- eller masteroppgåvene i Noreg i 2006 var skrivne på engelsk. Jamvel om dette er mykje mind­re enn dei refererte tala for doktorgradar, representerer det likevel ein stor auke i bruken av engelsk samanlikna med ti og tjue år tidlegare. Den same undersøkinga viser nemleg at det var 20 prosent engelsk i 1996 og under 10 prosent i 1986. 29

Frå dei siste åra finst tal for den språklege fordelinga av dei publiseringspoenga som blir rekna ut som ledd i forskingskomponenten i det nye finansieringssystemet for universitet og høgskular. Etter dette poengsystemet blir ein artikkel i eit vitskapleg tidsskrift som er godkjent på det lågaste av to nivå av publiseringskanalar, honorert med 1 poeng, medan ein artikkel i eit tidsskrift på høgaste nivå får 3 poeng. Tilsvarande poengutteljing for vitskaplege monografiar er 5 poeng når publiseringa skjer på eit forlag på nivå 1, og 8 poeng ved publisering på eit forlag på nivå 2. For artiklar i vitskaplege antologiar er det 0,7 poeng på nivå 1 og 1 poeng på nivå 2.

Poengtal spesifiserte på fagfelt og fagområde blir registrerte i ein sentral database, og ein kan på den måten få oversikt over korleis publiseringspoenga for kvart fagfelt fordeler seg mellom norsk og andre språk.

Poengfordelinga for 2005 og 2006 viser at det innanfor naturvitskap berre var respektive 3,5 og 2,4 prosent av publiseringsverksemda som var på norsk.

Innanfor humaniora var norskprosenten mykje høgare, såleis 63,5 i 2005, men den hadde i 2006 gått ned til 55,4. Her skal ein likevel merka seg at det var auke i den totale publiseringsverksemda, slik at omfanget av publisering på norsk ikkje viste nemnande tilbakegang rekna i absolutte tal. Førebels resultat for 2007 viser derimot ein nedgang for publisering på norsk også i absolutte tal.

7.3.2.5 Undervisningsspråket

Det er lite systematisk undersøkt i kva grad engelsk også blir brukt i den munnlege undervisninga. Språkrådet tok i 2003 til orde for å registrera undervisningsspråk i dei store nasjonale data­basane for høgare utdanning, men dette er det førebels ikkje vorte noko av.

For Universitetet i Oslo går det fram av rapporten frå språkutvalet at vel ein fjerdedel av alle undervisningsemna har tilbod på engelsk, anten som standardtilbod eller dersom det er behov for det. Det er også referert til ein årsrapport om studiekvalitet frå november 2005, der det gjekk fram at 34 av 120 studieprogram var engelskspråklege, og at fleire fakultet arbeidde for å auka innslaget av slike program.

I rapporten heiter det at den spørjeundersøkinga utvalet sjølv fekk gjennomført blant dei vitskapleg tilsette og eit utval av studentar, stadfestar det omtrentlege omfanget av undervisning på engelsk som dei refererte tala ovanfor gjev indikasjon på. På bakgrunn av desse tala trekkjer utvalet likevel den konklusjon at det alt vesentlege av undervisninga ved Universitetet i Oslo går føre seg på norsk. 30

I rapporten frå språkutvalet ved Universitetet i Bergen er det opplyst at det var 316 emnetilbod for internasjonale studentar av totalt 1184 emne som det var tilbod om undervisning i hausten 2006. Av dei 316 undervisningsemna for internasjonale studentar var 130 lyste ut som engelskspråklege emne, 77 som norskspråklege og 12 med eit anna språk. Dei resterande 97 emna var kunngjorde med den opplysninga at undervisninga ville vera på engelsk dersom det melde seg internasjonale studentar, og 60 av desse kursa fekk også internasjonale studentar. I alt var det på desse 60 kursa regi­strert 193 studentar med engelsk som språkform. 31

Parallellspråksgruppa under Nordens språkråd sende i november 2005 ut eit spørjeskjema for kartlegging av undervisningsspråket ved høgare utdanningsinstitusjonar i Norden og fekk svar frå i alt 35 institusjonar i Danmark, Sverige, Finland og Noreg.

Dei innkomne svara viste at to av tre institusjonar brukte hovudspråket for det aller meste, medan den resterande tredjedelen opplyste at bruk av engelsk og det respektive hovudspråket var noko meir likeleg fordelt. To av tre institusjonar opplyste at dei i større grad gav undervisning på engelsk i seinare studieår enn i dei tidlege. Halvparten av institusjonane opplyste at dei sjeldan hadde kurs som berre gjekk føre seg på engelsk, medan knapt tredjedelen opplyste at dei hadde slike kurs ofte. Ein fjerdedel hadde aldri undervisning på engelsk.

Av dei som svarte at dei hadde undervisning på engelsk, opplyste halvparten av institusjonane at dette omfatta under 10 prosent av det totale undervisningstilbodet. Ein tredjedel av institusjonane svarte at den engelskspråklege undervisninga utgjorde om lag 25 prosent. Ved ein enkelt institusjon vart 50 prosent av undervisninga gjeven på engelsk, éin hadde om lag 75 prosent engelsk, og ved éin institusjon var all undervisning på engelsk.

Parallellspråksgruppa konkluderte med at det aller meste av undervisninga går føre seg på det nordiske hovudspråket, men likevel slik at mange institusjonar har teke engelsk undervisningsspråk i bruk, og i større grad etter kvart som studentane kjem høgare opp i studiet. Ulike faktorar verkar inn på val av undervisningsspråk, heiter det, men eit argument for engelsk som dei fleste institusjonane i kartlegginga nemnde, var nettopp internasjonaliseringa og behovet for utveksling med andre land.

7.3.2.6 Fag- og studielitteratur

Parallellspråksgruppa under Nordens språkråd meiner å kunna sjå ein tendens til at engelsk fortrengjer dei nordiske språka i det undervisningsmateriellet som studentane bruker. Tre av fire institusjonar i spørjeundersøkinga meinte at det trongst meir nasjonalspråkleg lærestoff.

Kartlegginga som språkutvalet ved Universitet i Oslo gjennomførte, viste at rundt halvparten av studielitteraturen på lågare grads nivå ved Universitetet i Oslo var på engelsk. Men heller ikkje for fag- og studielitteratur har vi for Noregs vedkomande oppdaterte opplysningar på landsbasis. Derimot vart det gjort meir omfattande undersøkingar av pensumspråket i 1998 og i 2001.

Noko av bakgrunnen for desse undersøkingane var at det i perioden 1986 til 1995 ikkje vart registrert nokon auke i salet av norskspråklege studiebøker, trass i at talet på studentar steig med 70 000. Samstundes var det ein markert auke i importen av engelske bøker. Og frå 1992 til 1996 gjekk omsetninga av engelskspråklege lærebøker opp med 30 prosent. Vel ein tredjedel av litteraturen på pensumlistene ved universitet og høgskular var då på engelsk. 32

Den kartlegginga som så vart gjennomført i 1998, gjaldt pensumlitteraturen på grunnivået ved nokre utvalde fag på universitets- og høgskulenivå. Undersøkinga viste at lærebøker på engelsk dominerte totalt i psykologi og fysikk, og at 25–30 prosent av litteraturen i sosialøkonomi og statsvitskap var på engelsk. På psykologi grunnfag ved Universitetet i Tromsø var 100 prosent av pensum på engelsk.

I 2001 låg det føre ei meir omfattande grans­king som bygde på innhenta opplysningar om pensumlitteraturen på grunnivået innanfor 20 utvalde fag. For kvart fag vart det innhenta opplysningar frå i gjennomsnitt knapt fem institusjonar, slik at materialet i alt omfattar 93 kombinasjonar av fag og lærestad. 33 Resultatet viste at det var store skilnader mellom tradisjonelle universitetsfag og yrkesutdanningane i høgskulesektoren. Yrkesutdanningane hadde gjennomsnittleg i overkant av 90 prosent norskspråkleg pensum, medan det gjennomsnittlege prosenttalet for dei tradisjonelle universitetsutdanningane var i underkant av 50 prosent.

Blant universitetsfaga var det mest norskspråkleg pensum i humanistiske fag med 57 prosent i gjennomsnitt, medan samfunnsvitskaplege fag hadde 51 prosent norsk pensum og dei naturvitskaplege faga 36 prosent i gjennomsnitt.

Det var også store skilnader mellom dei ulike faga innanfor kvart fagområde. I historie, kristendom, pedagogikk og matematikk var i gjennomsnitt 75–80 prosent av pensum på norsk, medan medievitskap, sosialøkonomi og sosiologi låg på rundt 60 prosent. Innanfor sosialantropologi, biologi og fysikk var prosentdelen norskspråkleg pensum nede i 35–40 prosent, og i filosofi, psykologi, informatikk og kjemi var det ikkje meir enn 10–20 prosent av pensum som var på norsk.

Granskinga frå 2001 kunne ikkje dokumentera ei negativ utvikling for norskspråkleg pensumlitteratur slik dei refererte salstala for norske og engelske lærebøker kunne tyda på. Tvert imot viste det seg at situasjonen var mykje den same som tjue år tidlegare. Den største endringa frå 1979 var ein tydeleg nedgang i prosentdelen av svensk og dansk pensumlitteratur.

7.3.3 Nærare om forskingsspråket

7.3.3.1 Innleiing

Strategigruppa meiner at det ikkje er uproblematisk at engelsk i dag er så å seia einerådande innanfor primær forskingspublisering. Ikkje alle forskingsdisiplinar har like stor internasjonal interesse. Nasjonale forskingstradisjonar kan dessutan bli skadelidne dersom all publisering skjer på engelsk. Og alle forskarar som ikkje har engelsk som morsmål, stiller med eit handikapp når dei må publisera på eit framandt språk.

Men strategigruppa gjer gjeldande at same kor vektige desse argumenta er, eliminerer dei ikkje det overordna argumentet for engelsk. Forsking som berre finst på norsk, er utilgjengeleg for alle som ikkje meistrar eit nordisk språk. Dessutan er internasjonalisering av forskinga eit gode som det ikkje er noko poeng å freista avsondra seg frå, heiter det i rapporten.

7.3.3.2 Forskinga sin internasjonale karakter

Dette resonnementet har som utgangspunkt at forskinga er internasjonal i sin natur, og at den faginterne kommunikasjonen difor må gå føre seg på eit språk som gjer at kvar enkelt forskar kan nå fram til eit verdsomspennande forskarsamfunn av spesialiserte fagfellar. Berre på den måten kan vitskaplege bidrag leggjast fram for forskingskollegaer verda over til kritisk kommentar og etterprøving.

Dette skjer særleg gjennom såkalla fagfellevurdert vitskapleg publisering, også omtalt som rein forskingspublisering. Dette omfattar først og fremst doktorgradsavhandlingar, bøker på akademiske forlag og ikkje minst artiklar i vitskaplege fagtidsskrift der publisering er avhengig av ei positiv fagfellevurdering på førehand. Slik førehandsvurdering representerer ei særskild kvalitetssikring av dei vitskaplege bidraga.

I rapporten frå språkutvalet oppnemnt av Universitets- og høgskolerådet blir det sett spørjeteikn ved om vitskapleg publisering nokon gong kan seiast å ha vore eit norskspråkleg domene. Det blir vist til at latin var det sjølvsagde publiseringsspråket i mange hundre år, at fransk og tysk seinare har vore mykje brukte, men at det i dag altså er engelsk som dominerer i dei fleste internasjonale fagtidsskrift.

Også strategirapporten frå Språkrådet strekar under dette synspunktet, men legg samstundes vekt på at det har vore ein monaleg auke i behovet for eit internasjonalt hjelpespråk dei siste åra. Kravet om at resultat skal formidlast internasjonalt, er vorte sterkare og kjem både frå fagmiljøa sjølve og frå samfunnet utanfor.

I det ordskiftet som har gått føre seg om fagspråkleg publisering dei siste åra, har det vore eit hovudsynspunkt at val av språk innanfor det som blir definert som reint vitskapleg publisering, må styrast av faginterne normer og vitskaplege krav. For slik publisering er underlagd to sentrale omsyn. Det eine er at forskingsresultata må presenterast på ein måte som gjer at dei kan nyttast i vidare forsking, det andre at heile fagsamfunnet på vedkomande forskingsfelt, ikkje berre den enkelte forskar, må kunna stå inne for resultata når dei kjem i samfunnsmessig bruk.

Dette krev at reint vitskapleg publisering må vera i eit språk og ha ein distribusjon som gjer publikasjonen tilgjengeleg for dei fleste forskarar som han kan vera av interesse for. På svært mange fagfelt vil dette tilseia engelsk. Men det gjeld ikkje alle fag og disiplinar, og særleg innanfor juss og enkelte kultur- og samfunnsfag er det langt meir vanleg at eit forskingsemne primært har interesse i norske eller nordiske fagsamfunn. Innanfor slike norskdominerte fagområde kan det likevel vera eit problem at det ikkje blir publisert meir også for eit internasjonalt publikum.

Til dette kjem at fagspråket innanfor naturvitskaplege og matematiske fag ofte er svært spesialisert med mykje tekniske fagtermar, og det gjer då mindre skilnad om ein skriv på engelsk eller på morsmålet. Innanfor mange kultur- og samfunnsfag vil derimot den kulturelle konteksten som ligg i sjølve språket, ha så mykje å seia at det blir vanskelegare å få fram eit fullverdig tankerepertoar når ein ikkje nyttar sitt eige morsmål. Det krevst rett og slett eit større herredømme over språket når både metodar, presisjon og utvikling av ny innsikt i stor grad inngår i sjølve den språklege utforminga. 34

På bakgrunn av slike resonnement synest det naturleg når språkutvalet ved Universitetet i Oslo legg til grunn at forskingsspråket må avgjerast av dei enkelte fagmiljøa sjølve, og at val av språk i vitskapleg publisering må vera eit ansvar for den enkelte forfattar.

Utvalet oppnemnt av Universitets- og høgskolerådet strekar likeins under at faglege vurderingar og behovet for å kunna kommunisera med relevante nasjonale og internasjonale fagmiljø bør liggja til grunn for val av publiseringsspråk. Difor bør norsk framleis vera eit relevant språk ved vitskapleg publisering i somme fag, men i dei fleste faga bør likevel engelsk, eventuelt eit anna internasjonalt språk, vera hovudspråk i vitskapleg publisering, meiner utvalet.

7.3.3.3 Forskingskomponenten i finansierings­systemet

I det offentlege ordskiftet har det vore strid, mellom anna også på språkpolitisk grunnlag, om det poengsystemet for vitskapleg publisering som utgjer ein indikator innanfor forskingskomponenten i finansieringssystemet for universitet og høgskular. Dei oppnådde poenga dannar grunnlag for omfordeling av 1,8 prosent av den totale driftsløyvinga institusjonane imellom, men systemet er ikkje meint å brukast til omfordeling av midlar mellom einingar under institusjonsnivået.

Systemet inneber at institusjonane får poeng for vitskaplege bidrag som er publiserte i bestemte publikasjonskanalar som fagmiljøa sjølve har plukka ut på grunnlag av dei faglege publiseringskrava redaksjonane praktiserer. Publisering i dei kanalane som er vurderte på det øvste av to kvalitetsnivå, gjev høgare poengutteljing slik det er gjort nærare greie for under kap. 7.3.2.4 ovanfor.

Formålet med systemet er å fremja publiseringsaktiviteten og ikkje minst den vitskaplege kvaliteten, og dette er grunnlaget for utval av publiseringskanalar på dei to nivåa. Om publiseringskanalen er til dømes norskspråkleg eller engelskspråkleg, er i seg sjølv ikkje noko utvalskriterium, og slik sett er systemet språknøytralt.

Naturleg nok er likevel dei fleste av dei utvalde publiseringskanalane engelskspråklege. Engelskdominansen er særleg stor på det nivået som gjev høgast utteljing, og dette kan ha vore med og skapt inntrykk av at systemet indirekte diskriminerer publisering på norsk til fordel for engelsk. Men det store fleirtalet av kanalane ligg på det lågaste nivået. For det aller meste av publiseringsverksemda vil dermed norsk og engelsk gje lik utteljing. Slik sett kan sjølve systemet hevdast å stimulera til publisering på norsk, det språket som dei fleste vil ha enklast for å skriva.

Ei anna side av saka er den kritikken som er reist mot at systemet ikkje gjev utteljing for publisering av større monografiar på ikkje-akademiske forlag og anna publisering i former som er meir innretta mot formidling til eit større publikum. Særleg frå humanistisk og til dels samfunnsvitskapleg hald har det også vore hevda at systemet byggjer opp under eit for skarpt skilje mellom forsking og formidling.

Utvalet oppnemnt av Universitets- og høgskolerådet gav uttrykk for at institusjonane bør understreka sterkare overfor dei tilsette at finansieringssystemet er tufta på forskingskvalitet, ikkje på publiseringsspråk. Dei institusjonelle språkkrava bør vera pragmatisk utforma slik at dei fremjar norsk der det er formålstenleg, og internasjonalt språk der det er tenleg.

Utvalet meiner at den sterke vekta som er lagd på tidsskriftspublisering, på ein uheldig måte kan redusera interessa for norskspråklege monografiar og fagbøker, noko som har vore ein viktig sjanger innanfor humanistiske og samfunnsvitskaplege miljø.

Utvalet strekar elles under at spørsmålet om norsk eller engelsk som publiseringsspråk ikkje er eit val den enkelte forskar treng ta ein gong for alle, men at dei tvert imot kan veksla mellom norsk og engelsk gjennom karrieren. Utvalet konkluderer med at norsk framleis er eit relevant publiseringsspråk, men at publisering på norsk vil ha eit vesentleg omfang berre innanfor enkelte fagfelt.

7.3.4 Nærare om undervisningsspråket

7.3.4.1 Tidlegare lovregulering av undervisningsspråket

Ønsket om at institusjonane skulle byggja opp eit fagtilbod på engelsk for å sikra auka internasjonalisering, vart brukt som grunngjeving da regjeringa Bondevik II i mars 2002 gjorde framlegg om å oppheva den føresegna i lov om universitet og høgskular som slo fast at undersvisningsspråket til vanleg er norsk. 35

Føresegna om at undervisningsspråket til vanleg er norsk, hadde kome inn i den nye lova om universitet og høgskular som vart vedteken i 1995. Forslaget var fremja av medlemmene frå Ap, SV, Sp og KrF i innstillinga frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen og bygde på framlegget frå det utvalet som hadde utgreidd den nye lova. 36

Det vart streka under i komitémerknadene at føresegna ikkje var til hinder for at det kunne gjerast unntak når innhaldet i faget kravde det, typisk i språkfaga, og der undervisningsmateriell, gjesteførelesarar, undervisningas internasjonale profil eller andre tilhøve gjorde det vanskeleg å etterleva hovudregelen om norsk som undervisningsspråk.

7.3.4.2 Val av undervisningsspråk – haldningar og strategiar

Strategigruppa som utarbeidde Norsk i hundre!, tok initiativ til ei kartlegging av undervisningsspråket innanfor fem utvalde fagområde ved fire institusjonar: Universitetet i Oslo, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Høgskolen i Bodø og Høgskolen i Vestfold.

Bakgrunnen var det gruppa omtaler som «den feilaktige eittspråksmyten», nemleg den haldninga at arbeid med å læra seg norsk fagspråk blir ei tilleggsbyrde når ein likevel ikkje kjem unna det engelske fagspråket. Utgangspunktet var eit inntrykk strategigruppa hadde av at det er i ferd med å breia seg ei slik haldning særleg i enkelte miljø innanfor realfag, medisin og teknologi.

Granskinga vart gjennomført våren 2005 av NIFU STEP 37 og bygde i hovudsak på intervju med sentrale fagfolk innanfor dei aktuelle fagmiljøa. Fagdisiplinane var historie, sjukepleie, informatikk, fysikk og økonomisk-administrative fag.

På grunnlag av dette arbeidet trekte gruppa den konklusjonen at det ikkje såg ut til å vera noko overveldande trykk nedanfrå for å gå over til engelsk som det einaste undervisningsspråket. Gruppa meinte likevel at problemet først og fremst var at det ikkje var kome klare signal ovanfrå om å sikra ein funksjonell parallellspråksbruk i undervisninga. Når ein såg dette i samanheng med kravet om auka internasjonalisering, meinte gruppa at resultatet lett kunne bli at engelsk ville ta over i for stor grad utan at dette eigentleg var eit uttalt ønske frå noko hald.

Den situasjonen med manglande signal ovanfrå som strategigruppa meinte å sjå i 2005, kan no seiast å vera mykje endra gjennom det språkpolitiske strategiarbeidet som er gjennomført innanfor sektoren sjølv.

7.3.4.3 Undervisningsspråk - læringseffekt og ­seinare yrkesutøving

Medan det overordna formålet med vitskapleg publisering oftast er å kommunisera innanfor eit internasjonalt forskarsamfunn, er effektiv læring det mest grunnleggjande i ein undervisningssituasjon.

Ved Universitetet i Oslo er det gjennomført ei ordning der all undervisning i niande semester på medisinarstudiet er på engelsk. Det er altså tale om vidarekomne studentar, og formålet har vore å gjera fakultetet attraktivt for studentar og lærarar frå land utanfor Norden, å styrkja kontakten med forskingssterke utanlandske universitet og å gje både studentar og lærarar høgare kompetanse i det internasjonale medisinske fagspråket. Fakultetet har også utvikla ei norsk-engelsk ordliste med relevante medisinske faguttrykk.

Ut frå formålet meiner dei fleste involverte at erfaringane stort sett har vore gode. Men det er likevel påvist klare ulemper. I to evalueringsrapportar frå våren 2002 og 2003 svarer respektive 62 og 67 prosent av dei norske studentane at det er negativt for læringa at undervisninga skjer på engelsk. 38

Det er også gjort gjeldande frå lærarhald at det er vanskelegare å uttrykkja nyansar og detaljar på engelsk, og mange har gjeve uttrykk for at presisjonsnivået blir lågare og at dei blir mindre spontane når dei som norske universitetslærarar må undervisa på engelsk. 39

Dette berre strekar under det sjølvsagde i at det alltid vil vera det enklaste og mest effektive både for lærarar og studentar dersom undervisninga kan gå føre seg på eit felles morsmål. Men det er også ei påminning om at norske lærarar og studentar må bli dyktigare i engelsk, slik at kvaliteten blir så god som råd også i dei tilfelle der det av ulike grunnar likevel blir undervist på engelsk. Éin av grunnane til å tilby undervisning på engelsk i Noreg kan nettopp vera behovet for å øva opp evna til aktiv meistring av det engelske fagspråket. Vi må likevel sjå i augo at berre dei aller færraste kan ha von om å meistra eit framandspråk like godt som sitt eige morsmål.

I Norsk i hundre! er det peikt på at språkkompetanse er viktig for læringsresultatet, og at vi har lite systematisk kunnskap om kor godt rusta studentar flest eigentleg er til å gjennomgå eit studium der engelsk dominerer frå første dag.

Også språkutvalet oppnemnt av Universitets- og høgskolerådet peiker på at morsmålet er det beste språklege utgangspunktet for læring, fordi dei kognitive evnene blir best utnytta når studentane kan bruka sitt eige morsmål.

Språkutvalet ved Universitetet i Oslo peiker på at forsking viser at læringseffekten ved bruk av engelsk er 20–30 prosent mindre enn ved bruk av morsmål. Konklusjonen er: For dei aller fleste studentar gjeld det framleis at dei lærer best på det språket dei kan best. 40

Alt tyder på at også velutdanna fagfolk lærer betre på morsmålet enn på eit internasjonalt språk. Eit forsøk frå 2002 der 114 skandinaviske legar vart delte inn i fire grupper som fekk lesa den same fagartikkelen anten på papir eller skjerm og anten på engelsk eller morsmålet, viste at dei som las på morsmålet, skåra signifikant høgare enn engelsk-lesarane når ein etterpå målte kor mykje dei hadde fått med seg av innhaldet. Derimot var det ingen skilnad mellom dei som las på papir, og dei som las på skjerm. 41

Så lenge effektiv kunnskapsoverføring er det primære, er det med andre ord liten tvil om at undervisning på morsmålet er det som gjev best læringsresultat. Reint pedagogiske omsyn tilseier difor at undervisning for norske studentar ved norske universitet og høgskular bør skje på norsk. Dette gjeld utan atterhald så lenge læring kan definerast som rein overføring av fagleg kunnskap.

Men undervisninga har også som formål å rekruttera framtidige forskarar, og då må ho sikra at studentane også lærer seg det internasjonale fagspråket, som oftast engelsk. I tillegg kjem så eit visst behov for undervisning på engelsk for å fremja internasjonalisering av forsking og utdanning.

Mot dette står igjen omsynet til det norske fagspråket og behovet for å utdanna kandidatar som er i stand til å formidla kunnskapane sine overfor den norske allmenta, og ikkje minst som ledd i framtidig yrkesutøving overfor eit norsk publikum.

Rapporten Norsk i hundre! strekar under det siste synspunktet. Dei fleste av dei som blir utdanna i universitets- og høgskulesektoren, blir ikkje forskarar, men skal nytta kompetansen sin ute i det norske samfunnet. Dei treng alle eit norsk fagspråk for å formidla kunnskap på ein forståeleg måte i arbeid og yrke. Rapporten slår fast at det er liten tvil om samanhengen mellom kvaliteten på yrkesrelatert formidling og det fagspråket yrkesutøvarane har fått med seg frå universitet eller høgskule.

7.3.4.4 Grenseoppgangen mellom norsk og engelsk

I Norsk i hundre! er det konkludert med at begynnarundervisninga i høgare utdanning må skje på norsk, men at engelsk kan innførast gradvis når den norske terminologien er etablert.

Språkutvalet ved Universitetet i Oslo legg også vekt på at undervisninga på begynnarnivå må skje på norsk, bortsett frå i framandspråka. På høgare nivå bør så alle relevante fag utvikla undervisningstilbod som kan bidra til internasjonalisering og til å sosialisera studentane inn i relevante, internasjonale fagfellesskap. På aller høgaste kursnivå bør undervisninga skje dels på norsk, dels på engelsk, eventuelt heilt ut på engelsk i visse høve avhengig av situasjonen i faget.

Også utvalet under Universitets- og høgskolerådet opnar for undervisning på engelsk for vidarekomne studentar. For å unngå at dette skal oppfattast som eit generelt ønske om overgang til engelsk, strekar utvalet under at undervisningsopplegg på engelsk bør vera svært målretta og instrumentelt grunngjevne. Undervisning på engelsk bør difor avgrensast til visse kurs med særleg mange gjestestudentar, eller kurs der formålet nettopp er å utvikla kompetansen i engelsk fagspråk hos dei norske studentane.

Språkutvalet ved Universitetet i Bergen konkluderer med at hovudregelen må vera at grunnopplæringa er på norsk. Det inneber at undervisningsspråket skal vera norsk på begynnarnivået, men med opning for bruk av engelsk på enkeltkurs for vidarekomne studentar. Unntak elles kan vera for kurs som er spesielt tilrettelagde for utanlandske studentar, og sjølvsagt for førelesingar eller kurs gjevne av utanlandske gjestelærarar.

Språkutvalet ved Universitetet i Oslo meiner det er uheldig å tilby undervisning på engelsk dersom berre éin person ønskjer det, såkalla engelsk-ved-behovkurs. Utvalet viser til at det vil redusera kvaliteten på undervisninga, då førelesar ofte ikkje er budd på å snakka engelsk, og kanskje heller ikkje har gode nok engelskkunnskapar. Dessutan vil læringskvaliteten bli nedsett for fleirtalet av studentane.

Språkutvalet ved Universitetet i Bergen meiner det er viktig for å integrera dei utanlandske studentane med dei norske at det finst kurs der det på førehand er gjort klart at det vil bli undervist på engelsk dersom det er internasjonale studentar med på kurset. Men utvalet seier det er ønskjeleg at det ikkje blir for mange slike kurs, for det kan verka uryddig og gje uheldige signal.

I Norsk i hundre! er det peikt på at det er uheldig dersom internasjonalisering inneber at studentar reiser til ulike land for å følgja undervisning på engelsk. I så fall blir resultatet snevert og kulturelt einsretta. Ein gjennomtenkt internasjonaliseringsstrategi må også leggja vinn på å reflektera det språklege og kulturelle mangfaldet i verda. I staden for at all undervisning som involverer utanlandske ,, automatisk skal skje på engelsk, tenkjer strategigruppa seg at gjestestudentar burde få tilbod om intensive språkkurs, til dømes i ein månad før semesterstart, og at dette blir følgt av førelesingar på norsk med skuggepensum på engelsk saman med særskilt rett­leiing.

Også språkutvalet ved Universitetet i Oslo meiner at utanlandske studentar bør få eigne tilbod om norskopplæring, anten kortare kurs for kortvarige utvekslingsopphald eller eitt års opplæring for studentar utan norskkunnskapar som planlegg eit heilt gradsstudium i Noreg. Utvalet meiner dess­utan at det bør finnast tilbod om eigne emne der undervisningsspråket og alt pensum er engelsk. Desse emna kan vera opne både for internasjonale studentar og for studentar med norsk som morsmål.

7.3.5 Nærare om språket i læremiddel og faglitteratur

7.3.5.1 Tilgang på norskspråklege bøker som stettar faglege krav

I tillegg til å halda fast ved norsk som det dominerande språket innanfor den munnlege undervisninga er det også om å gjera at studentane får høve til å lesa norskspråkleg studielitteratur.

Utvalet oppnemnt av Universitets- og høgskolerådet slår fast at gode lærebøker er grunnlaget for god læring. Kva lærebøker og læremiddel som blir valde som studielitteratur, verkar difor inn på studiekvaliteten. Utgangspunktet bør vera å velja dei beste lærebøkene på marknaden. Dette inneber at studentane i nokre samanhenger vil måtta møta engelskspråkleg studielitteratur allereie frå første semester.

Vidare viser utvalet til at engelskspråkleg litteratur dekkjer ein større marknad enn den norsk- og nordiskspråklege. Det kan difor koma oftare oppdaterte utgåver til gunstigare pris. Ein del av den norske og nordiske faglitteraturen er dessutan retta mot ein breiare marknad og skal gjerne dekkja fleire kurs, noko som kan resultera i mindre tilpassa litteratur. Også dette kan gjera at meir spesialiserte engelskspråklege lærebøker blir valde framfor norske eller nordiske.

Det er rett nok ein lang tradisjon for bruk av engelsk studielitteratur her i landet som i mange andre land. Dessutan viste undersøkinga frå 2001 som er omtalt under kap. 7.3.2.6 ovanfor, 42 at det relative omfanget av norskspråkleg pensum på grunnivået i høgare utdanning hadde halde seg etter måten stabilt. Undersøkinga frå 2001 gjaldt dessutan pensumlistene for studieåret 1999-2000, og det er ikkje gjort tilsvarande undersøkingar av utviklinga i åra etterpå.

Strategigruppa oppnemnd av Språkrådet meiner i rapporten sin frå 2005 å ha haldepunkt for å hevda at det ikkje er nokon utprega tendens til å velja engelsk studielitteratur på grunnivået så lenge det er tilgang på gode norske alternativ. Gruppa meiner at det som regel er pedagogiske vurderingar som avgjer.

Det springande punkt blir dermed i kva grad vi maktar å sikra nødvendig produksjon av norskspråkleg fag- og studielitteratur innanfor ulike fag og disiplinar. Utan tilgang på relevant norsk studie­litteratur blir det også vanskeleg for dei som skal komponera pensumlistene.

Den omtalte rapporten frå 2001 peikte på fleire faresignal når det gjaldt vilkåra for produksjon av norskspråkleg studielitteratur. Rapporten konstaterte til dømes at det i beste fall var uklart i kva grad skriving av lærebøker var fagleg meritterande for vitskapleg tilsette, og at det å skriva ei lærebok krev mykje samanhengande tid. Til saman gjer dette at mange tilsette kvir seg for å gå i gang med eit lærebokprosjekt. Det vart også vist til dei ugunstige marknadsvilkåra for norsk læremiddelproduksjon samanlikna med engelsk som er nemnde ovanfor.

7.3.5.2 Verkemiddel for å sikra norskspråklege fag- og lærebøker

Eit sentralt tema i debatten om vilkåra for norskspråkleg studielitteratur dei siste åra har vore spørsmålet om ein skal halda fast på det etablerte systemet med faste utsalsprisar på fag- og lærebøker til høgare utdanning, eller om det finst andre og meir målretta verkemiddel for å stimulera utvikling og produksjon av slike bøker.

Då vilkåra for den tidlegare bransjeavtalen om bokomsetning vart endra ved kongeleg resolusjon av 17. desember 2004, vart det bestemt at systemet med faste prisar på fag- og lærebøker for høgare utdanning og for skulebøker til vidaregåande skule skulle avviklast frå 1. januar 2006 og på skulebøker til grunnskolen frå 1. juli 2006.

Vedtaket om å avvikla fastprissystemet for fag- og lærebøker til høgare utdanning vekte stor motstand, og sentrale organisasjonar i bokbransjen bad hausten 2005 om at dette vart endra. Ved kongeleg resolusjon av 21. desember 2005 vart difor løyvet til å halda fram med fastpris for slike bøker forlengt til 1. juli 2006.

Formålet var at ein i mellomtida skulle få høve til å innhenta nærare vurderingar av i kva grad og på kva måte fastprissystemet var eit tenleg verkemiddel for å stimulera til auka produksjon og omsetning av norske fag- og lærebøker til høgare utdanning, dessutan i kva grad det fanst alternative verkemiddel for å sikra gode rammevilkår for utvikling og produksjon av norskspråkleg studielitteratur. Dette vart følgt opp gjennom eit høyringsnotat frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet av 4. april 2006.

Som moglege alternativ drøfta notatet direkte tilskot til utgjeving av lærebøker, innføring av ei innkjøpsordning for slike bøker, utviding av ordninga med bibliotekvederlag og eventuelt stipend og garantinntekter, dessutan gjennom lovverk og finansieringssystem å gje universitet og høgskular generelle insentiv til å arbeida for å styrkja norsk fagspråk. Det vart også vist til det pågåande arbeidet innanfor universitets- og høgskulesektoren sjølv for å utgreia bruk og styrking av norsk fagspråk på ulike måtar.

Når det gjaldt bibliotekvederlag til fagskribentar og omsetjarar av fagbøker, slo høyringsnotatet fast at dette neppe kunne sjåast på som noko målretta verkemiddel i denne samanhengen. Bibliotekvederlag er eit kollektivt vederlag til forfattarar og omsetjarar for dei bøkene deira som står til rådvelde for utlån i offentlege bibliotek. Tanken er at salet av bøkene kunne ha vorte større dersom bøkene ikkje fanst på biblioteket. Høyringsnotatet slo fast at heller ikkje kunstnarstipend og garantiinntekter kan tenkjast å fungera som eit målretta verkemiddel for å stimulera produksjon og omsetning av norske fag- og lærebøker til høgare utdanning.

Som eit supplement til dei etablerte innkjøpsordningane for litteratur forvalta av Norsk kulturråd vart det i 2005 innført ei ny innkjøpsordning for sakprosa. Ordninga inneber at Kulturrådet kjøper inn 1000 eksemplar av om lag 50 fagbøker pr. år. Dette sikrar ein viktig basismarknad for dei innkjøpte bøkene, og dei blir dessutan gratis tilgjengelege ved folke- og skulebibliotek over heile landet.

Dersom ein skulle innføra ei tilsvarande ordning for lærebøker til høgare utdanning, oppstår spørsmålet om korleis dei innkjøpte bøkene skulle disponerast. Ordninga kunne neppe gjerast stor nok til å gje studentane gratis studielitteratur. At pensum dei seinare åra er vorte meir temaorientert framfor verkorientert, saman med den raske utviklinga som gjerne skjer innanfor eit fag, ville truleg føra til at det for slike bøker ville vera eit stort kassasjonsbehov.

Det som då gjenstår av dei tiltaka som vart drøfta i høyringsnotatet, er tilskot til utgjeving av lærebøker for høgare utdanning. Ei slik tilskotsordning har eksistert sidan midten av 1980-talet og har frå 2004 vore forvalta av Universitets- og høgskolerådet. For 2008 er 4,2 mill. kroner av løyvinga til rådet øyremerkt denne tilskotsordninga. For at dette skal framstå som eit alternativ til fastprissystemet, måtte ein difor vurdera ei utbygging av eksisterande ordning.

Etter retningslinjer fastsette av Utdannings- og forskingsdepartementet 27. mai 2005 skal denne ordninga prioritera støtte til lærebøker som dekkjer eit mangelområde, bøker med lågt opplag og basisutgåver på nynorsk, dessutan lærebøker på innføringsnivå. Midlane blir fordelte av eit utval oppnemnt av Universitets- og høgskolerådet, og der det mellom anna sit representantar for lærestadene, forleggjarane og dei faglitterære forfattarane.

På bakgrunn av vurderingane i høyringsnotatet, dei innkomne høyringsfråsegnene og seinare vurderingar er det no bestemt at fastprissamarbeidet for fag- og lærebøker til høgare utdanning skal vidareførast til gjeldande bokavtale går ut 31. desember 2010.

7.3.6 Vurderingar og framlegg frå ulike språkutval ofl.

7.3.6.1 Overordna strategisk vurdering i Norsk i hundre!

Gjennomgangen ovanfor stadfestar at det særleg er innanfor primærpublisering av vitskapleg forsking at norsk språk har ein svak posisjon i høve til engelsk.

Det grunnlagsdokumentet som denne meldinga tek utgangspunkt i, strategirapporten Norsk i hundre!, sondrar i sin analyse av utdannings- og forskingssektoren mellom forsking, undervisning og formidling. Strategigruppa konstaterer at primærpublisering av vitskapleg forsking er eit underdomene der norsk er i ferd med å bli sterkt marginalisert, men at dette er ein situasjon vi må kunna godta innanfor dei fleste fagområda, så sant vi kan sikra stillinga for norsk språk innanfor formidling og undervisning.

Under den føresetnaden at formidling og undervisning i hovudsak går føre seg på norsk, vil grunnlaget vera lagt for at norsk fagspråk skal overleva, meinte strategigruppa.

Ho la vekt på at vellykka formidling krev at både forskarar og til dømes journalistar må ha eit godt nok fagspråk til rådvelde, og at dette er noko dei må læra seg gjennom den undervisninga dei får under fagstudiet.

Konklusjonen frå strategigruppa si side er difor at det språkpolitiske beredskapsarbeidet må rettast inn mot sjølve undervisninga.

7.3.6.2 Framlegg om lovfesting

Gjennom det språkpolitiske grunnlags- og strategiarbeidet som det er vist til ovanfor, er det også kome diverse forslag om å leggja lovfesta plikter på institusjonane.

For det første er det i strategirapporten Norsk i hundre! eit generelt framlegg som går ut på at det i lov om universitet og høgskolar bør takast inn ei føresegn om at sektoren har eit viktig ansvar for at norsk fagspråk skal utviklast og brukast innanfor alle fagmiljø, i tillegg til engelsk og eventuelle andre språk.

I den samanheng blir det altså foreslått at lova også skal krevja at institusjonane utarbeider språkstrategiar som mellom anna spesifiserer korleis målet om utvikling og bruk av norsk fagspråk skal nåast.

Utover dette foreslo så det dåverande interimsstyret i Språkrådet i følgjebrevet til strategirapporten i mars 2006 at det bør takast inn att ei føresegn om at norsk til vanleg skal vera undervisningsspråket i høgare utdanning, dvs. ei føresegn om lag som den som vart oppheva i 2002, jf. kap. 7.3.4.1 ovanfor.

Lovfesting av norsk som det normale undervisningsspråket er også nemnt i eit brev frå Språkrådet til Kunnskapsdepartementet av 16. april 2008 med framlegg til språkpolitiske tiltak i universitets- og høgskulesektoren.

Alt i alt ligg det etter dette føre framlegg om ei lovfesting i tre punkt, først det grunnleggjande og generelle om ansvaret for norsk fagspråk, dinest det meir konkrete kravet om institusjonsbaserte språkstrategiar, og endeleg eit spesifikt krav om norsk som normalt undervisningsspråk.

7.3.6.3 Organisering av særskilde språktenester

Den arbeidsgruppa som vart sett ned av Nordens språkråd på oppdrag frå dei dåverande utdannings- og forskingsministrane i april 2005, gjorde framlegg­et om at det på alle høgare utdanningsinstitusjonar i Norden bør skipast eit språksenter.

Dette er meint å vera ei språkleg sørvisteneste som skal tilby språkrevisjon av manuskript på både morsmål og framandspråk, tilby kurs både for universitetslærarar som underviser på eit anna språk enn morsmålet, og for studentar som følgjer undervisning på eit framandspråk, og dessutan gje tilbod om diagnostiske testar av språkdugleiken til studentane.

Også alle dei tre språkutvala innanfor sektoren som det er referert til ovanfor, har gjort framlegg om dette. Eit slikt framlegg er også med i Norsk i hundre!

Her er det nemnt at eit språksenter i formidlingssamanheng også bør tilby språkvask av norske tekstar skrivne av norske tilsette, og språkutvalet ved Universitetet i Bergen nemner at ei slik språkvaskteneste også bør vera tilgjengeleg for tilsette med ikkje-norsk morsmål når dei ønskjer å skriva norsk.

Bergens-utvalet viser også til at det i administ­rasjonen dagleg dukkar opp spørsmål og behov for gjennomlesing av brev og informasjonsskriv som skal skrivast og oppdaterast, dessutan at arbeidet med å gjennomføra parallellspråklege nettsider også aukar behovet for rask språkhjelp. Her er det også behov for å betra kvaliteten i dei norskspråklege tekstane, både bokmåls- eller nynorsktekstane. Ei språkteneste vil også kunna hjelpa til med å formulera eksamensoppgåver på begge målformer, eventuelt også på engelsk når det er aktuelt.

7.3.6.4 Initiativ frå Språkrådet i april 2008

I det nemnde brevet av 16. april 2008 frå Språk­rådet til Kunnskapsdepartementet heiter det at Språkrådet gjennom lang tid har registrert aukande bruk av engelsk ved norske universitet og høgskular.

Språkrådet viser til at også mange andre har observert det same, mellom anna Universitets- og høgskolerådet. Språkrådet refererer i den samanhengen til dei tilrådde retningslinjene som styret i Universitets- og høgskolerådet har vedteke, jf. nedanfor under kap. 7.3.7.4.

I brevet blir det vidare vist til at Kunnskapsdepartementet er interessert i at forskings- og utdanningsinstitusjonane skal halda eit høgt internasjonalt nivå. Språkrådet seier til dette at for å kunna konkurrera ute er det nødvendig å sikra stillinga for norsk heime, ikkje minst ved at norsk er hovudspråk i undervisninga ved universitet og høgskular.

Språkrådet meiner det er viktig at det blir utarbeidt nokre språkpolitiske tiltak innanfor universitets- og høgskulesektoren. I tillegg til det nemnde framlegget om undervisningsspråket peiker Språkrådet på systematisk registrering av undervisnings- og forskingsspråk, at utanlandske tilsette i undervisningstillingar skal læra norsk innan ei viss tid, og at avhandlingar på andre språk enn norsk skal ha eit samandrag på norsk.

Språkrådet helsar med glede framlegget i St.meld. nr. 7 (2007–2008) Statusrapport for Kvalitetsreformen i høgre utdanning om å styrkja formidlingskomponenten i finansieringssystemet og gjev uttrykk for at det er eit tiltak som kan bidra til at norskspråkleg litteratur om vitskaplege emne kan bli tilgjengeleg for fleire.

7.3.7 Oppsummerande vurderingar

7.3.7.1 Utfordringa

At engelsk blir brukt og må brukast i vid utstrekning innanfor forsking og høgare utdanning, er ein sjølvsagd ting. Det har vore situasjonen i lang tid, og universitets- og forskingssektoren er meir avhengig av engelsk i dag enn tidlegare. Den aukande internasjonaliseringa, som er ei heilt nødvendig utvikling, gjer at det vil oppstå fleire situasjonar enn før der det er nødvendig å kommunisera på engelsk.

Problemet er difor ikkje at det blir brukt mykje engelsk, heller ikkje at det blir brukt meir engelsk enn før. Derimot kan det vera ein fare for at den dominerande stillinga som engelsk språk har fått i det internasjonale samfunnet, og den særlege prestisje- og symbolverdien som knyter seg til dette språket, kan føra til at engelsk blir brukt i større grad enn nødvendig, dvs. også i tilfelle norsk eller eit anna språk med fordel kunne vore nytta i staden. Dette kan også føra til at institusjonane undervurderer verdien av å søkja kunnskap og internasjonale kontaktar gjennom andre framandspråk enn engelsk. I tillegg er det ein fare for at engelsk blir brukt utan at det blir lagt stor nok vekt på å utvikla gode engelskkunnskapar og praktisk språkmeistring.

Først og fremst representerer det engelske språkets dominerande posisjon som internasjonalt vitskapsspråk ei utfordring for norsk fagspråk. Hovudperspektivet i denne meldinga inneber at det er arbeidet med å utvikla og halda levande eit fullverdig vitskapleg fagspråk på norsk som peiker seg ut som ei språkpolitisk hovudutford­ring i åra framover. I dette perspektivet er forsking og høgare utdanning den strategisk viktigaste samfunnssektoren.

Dersom vi skal realisera det språkpolitiske hovudmålet om å sikra at norsk skal bestå som eit fullverdig og samfunnsberande språk i Noreg, må difor arbeidet for å motverka domenetap for norsk språk i den akademiske verda stå i framgrunnen i den nasjonale språkpolitikken. Engelsk kan nyttast når dette tener eit formål, inkludert opplæring og praktisk språktrening. Men vi må unngå ureflektert og automatisk bruk av engelsk, og at den positive symbolfunksjonen som engelsk nyt godt av, gjer sitt til å fortrengja bruk av norsk også når dette er det mest naturlege og tenlege språkvalet.

7.3.7.2 Prinsippet om parallellspråksbruk

Arbeidet for å hindra norsk domenetap betyr altså ikkje at det berre er tale om å fremja mest mogleg bruk av norsk i alle samanhengar. Det er også svært viktig å utvikla den framandspråklege kompetansen, særleg i engelsk, og elles leggja til rette for språkstøtte i ulike former, slik at norske akademikarar blir best mogleg i stand til å delta både i den internasjonale kunnskapsutviklinga og den nasjonale kunnskapsformidlinga.

Difor synest det i dag å vera allment erkjent at nærare retningslinjer for språkbruken også innanfor forsking og høgare utdanning må byggja på prinsippet om parallellspråksbruk. Dette krev at dei tilsette og studentane må stimulerast til å oppnå høg kompetanse i engelsk og andre framandspråk, samstundes med at norsk blir sikra som hovudspråk.

Departementet vil streka under at det ikkje er nokon motsetnad mellom det å fremja både godt norsk fagspråk og framandspråkleg kompetanse. Dette er snarare mål som bør stimulera og støtta opp om kvarandre.

Det er elles grunn til å visa til den nordiske språkdeklarasjonen. Her heiter det at ein konsekvent parallellspråksstrategi inneber at så vel Nordens samfunnsberande språk som engelsk bør kunna nyttast som vitskaplege språk, at formidling av vitskaplege resultat på Nordens samfunns­berande språk bør vera meritterande, og at det bør vera tilbod om undervisning i vitskapleg fagspråk, især i skrift, både på engelsk og på Nordens samfunnsberande språk.

7.3.7.3 Norsk må vera hovudspråket

Det må strekast under at ein parallellspråkleg strategi ikkje inneber ei formell sidestilling av norsk og engelsk som akademisk bruksspråk. Jamvel om den konkrete bruksfordelinga vil måtta variera mellom anna etter kommunikasjonsform, formål og fagområde, vil det generelle utgangspunktet vera at nasjonalspråket norsk har forrang og skal føretrekkjast dersom det ikkje er bestemte grunnar til at engelsk eller eit anna framandspråk bør brukast i staden.

Her kan det vera grunn til å visa til det som blir sagt i slutten av rapporten frå språkutvalet ved Universitetet i Bergen, nemleg at institusjonane må sikra at norsk blir brukt så mykje som mogleg innanfor alle fag, og at tilsette frå ikkje-skandinaviske land lærer seg norsk og blir integrerte fagleg og sosialt. I tillegg til å satsa på internasjonal orientering, heiter det, må institusjonane markera ein målmedviten parallellspråkleg praksis og streka under verdien av å bruka norsk.

Men i mange ulike språkbrukssituasjonar, særleg når det er tale om forskingspublisering, og aller mest innanfor teknologiske, medisinske og naturvitskaplege disiplinar, vil det svært ofte vera nødvendig å bruka engelsk i staden for norsk.

Det står likevel ikkje i vegen for at regjeringa med dette vil slå fast som generelt utgangspunkt at nasjonalspråket norsk framleis skal vera hovudspråket ved norske utdannings- og forskingsinstitusjonar. Dette er eit viktig signal om og ei klar markering av at norsk skal bestå som nasjonalt domenespråk for høgare utdanning og forsking.

Det einaste unntaket er Samisk høgskole. Her skal samisk ha tilsvarande funksjon som hovudspråk som det norske skal ha ved universitet og høgskular elles.

Å slå fast at norsk, respektive samisk, er hovudspråk, vil også vera eit hinder for noko ein har sett døme på i andre land, nemleg at det ved enkeltståande institusjonar eller fakultet er gjort framlegg eller vedtak om å gå over til engelsk som hovudspråk. Det har mellom anna vorte markert ved at institusjonar har gått over til å bruka eit reint engelskspråkleg namn som det einaste offisielle institusjonsnamnet.

For å halda oversikt over kor mykje engelsk blir brukt også som undervisningsspråk, og i kva samanhengar dette skjer, vil ein heretter kunna henta ut nærare statistiske opplysningar om dette på grunnlag av den systematiske registreringa av undervisningsspråk som no skjer ved alle høgare utdanningsinstitusjonar.

7.3.7.4 Institusjonelle språkstrategiar

For å kunna utvikla ein tenleg parallellspråkleg praksis som sikrar både internasjonalisering og norsk fagspråk, legg regjeringa til grunn at alle institusjonane utformar eigne individuelt tilpassa språkstrategiar med utgangspunkt i den språkpolitiske plattforma med tilrådde retningslinjer som styret i Universitets- og høgskolerådet no har gjort vedtak om, jf. kap. 7.3.6.4 ovanfor. 43

I denne plattforma går det fram at Universitets- og høgskolerådet vil arbeida for større medvit når det gjeld val av både undervisnings- og publiseringsspråk. Konkret heiter det i dei tilrådde retningslinjene at undervisningsspråket ved universitet og høgskular til vanleg bør vera norsk, at samisk språk skal likestillast med norsk i dei institusjonane der det er naturleg, at engelsk eller andre språk kan brukast i dei samanhengane der det er fagleg formålstenleg og/eller nødvendig, og at vitskapleg publisering og formidling skal skje på det språket som er mest relevant og naturleg for det aktuelle fagmiljøet, og tilpassast aktuelle målgrupper.

Det heiter vidare at studentar på høgare nivå skal kjenna til og kunna bruka fagspråk både på norsk og på engelsk eller eit anna internasjonalt språk, at institusjonane bør utarbeida språkstrategiar som sikrar parallellspråksbruk, dvs. norsk som nasjonalt fagspråk og engelsk som internasjonalt fagspråk, dessutan at institusjonane bør ut­vikla refleksjon omkring demokrati, formidling og språkbruk.

I tillegg til desse overordna retningslinjene inneheld vedtaket frå Universitets- og høgskolerådet også meir spesifikke retningslinjer for delområda utdanning, forsking, formidling/samfunnskontakt og administrasjon/informasjon.

Prinsippet om at institusjonane må utvikla eigne språkstrategiar synest å ha fått brei tilslutning. Dei etter måten grundige og detaljerte framlegga som er utarbeidde av dei tre nemnde språkutvala innanfor sektoren, bør leggja eit godt grunnlag for nødvendig oppfølging ved kvar enkelt institusjon. Dette gjev grunnlag for optimisme med tanke på det vidare arbeidet med institusjonsbaserte språkstrategiar.

7.3.7.5 Lovfesting av ansvaret for norsk fagspråk

Som eit overordna språkpolitisk verkemiddel innanfor forsking og høgare utdanning vil regjeringa dessutan fremja forslag om å lovfesta at universitet og høgskular har ansvar for vedlikehald og vidareutvikling av norsk fagspråk. Eit slikt forslag vil bli sendt på høyring til dei institusjonane det vedkjem.

Oppheving av den tidlegare lovføresegna om at undervisningsspråket til vanleg skal vera norsk, var ein konsekvens av internasjonaliseringa av høgare utdanning og hadde brei oppslutning ved utdanningsinstitusjonane. Dette kan ikkje tolkast som eit ønske om å gå over til engelsk som undervisningsspråk. Domentapsstudiane frå 2001 viste at engelsk sjeldan var undervisningsspråk på grunnivået. Dette er også situasjonen i dag.

Bruken av engelsk som undervisningsspråk var rett nok aukande på høgare nivå. Men i mange disiplinar er dette ein nødvendig konsekvens av det behovet institusjonane har for å trekkja til seg dyktig internasjonalt undervisningspersonell, for å skapa eit internasjonalt miljø på enkelte kurs, og for at studentane skal kunna øva seg i å meistra det engelske fagspråket.

Ei lovfesting av at universitet og høgskular har ansvar for norsk fagspråk, vil famna vidare og vil leggja til rette for undervisnings på norsk og samstundes sikra utvikling av norsk terminologi i alle disiplinar.

I forarbeida til ein ny lovregel må det gjerast nærare greie for kva ansvaret for norsk fagspråk meir konkret skal innebera, og kva plikter dette vil leggja på universitets- og høgskuleinstitusjonane. I den samanheng vil det også vera naturleg å omtala føresetnaden om utforming av institusjonstilpassa språkstrategiar tufta på prinsippet om parallellspråksbruk.

Eit viktig moment vil elles vera å streka under det ansvaret universitet og høgskular har for at det blir utvikla nye termar på norsk i takt med import av ny, ofte engelskspråkleg terminologi som skjer som ledd i den kontinuerlege kunnskapsutviklinga på dei internasjonale vitskapsarenaene. I tillegg til dette bør ein også streka under at det innanfor alle fag skal utarbeidast parallelle termlister på norsk og engelsk med særleg tanke på studentane i faget.

I tråd med framlegg frå dei omtalte språkutvala i sektoren bør det også leggjast opp til at institusjonane stiller krav om at doktoravhandlingar som blir skrivne på engelsk eller eit anna framandspråk, skal ha eit fyldig samandrag på norsk, og motsett at avhandlingar på norsk skal ha eit fyldig samandrag på eit internasjonalt språk, som regel engelsk.

Framlegget om organisering av særskilde språktenester ved universitets- og høgskuleinstitusjonane er også ein gjengangar i rapportane frå dei ulike språkutvala. I utgangspunktet bør det vera opp til institusjonane sjølve å vurdera i kva grad det kan vera formålstenleg å følgja dette opp, og å avgjera kva innhald og omfang ei eventuell slik teneste skal ha. Dette må avhenga av kva det er størst behov for ved kvar enkelt institusjon. For dei mindre institusjonane kan det eventuelt vera ei tenleg løysing at fleire institusjonar går saman om å organisera ei felles språkteneste.

7.3.7.6 Evaluering av finansieringssystemet

Språkpolitisk er det viktig å passa på at finansieringssystemet for universitet og høgskular ikkje får utilsikta verknader i retning av å oppmuntra til publisering på engelsk i større grad enn det som er naturleg ut frå faginterne normer og vitskaplege kommunikasjonsomsyn. Dei analysane som kan gjerast på bakgrunn av dei taloppgåvene som hittil ligg føre, tyder ikkje på at systemet til no har fremja publisering på engelsk til fortrengsel for norsk.

Kunnskapsdepartementet skal evaluera finansieringssystemet for universitet og høgskular. Dette vil vera ei brei evaluering som skal ta føre seg mange ulike aspekt, også ein analyse av kva språkpolitiske verknader ordninga eventuelt kan påvisast å ha. Evalueringa skal leggjast fram innan utgangen av 2009.

Det er elles eit av hovudmåla for universitet og høgskular at dei skal bidra til å spreia og formidla resultat frå forsking og frå fagleg kunstnarleg utvik­lingsarbeid. Universitet og høgskular skal også leggja til rette for at tilsette og studentar kan delta i samfunnsdebatten. Denne formidlingsverksemda og den aktive medverknaden frå den akademiske verda i den offentlege samtalen representerer ein avgjerande føresetnad for å halda norsk fagspråk levande.

Kunnskapsdepartementet har i St.meld. nr. 7 (2007–2008) om statusrapport for kvalitetsreforma i høgare utdanning omtalt vanskane med å byggja inn ein såkalla formidlingskomponent i finansieringssystemet, men har samstundes varsla at det vil bli arbeidt vidare med å betra statistikk- og indikatorgrunnlaget med tanke på om ein slik komponent kan takast inn seinare.

I meldinga er det også varsla at Kunnskapsdepartementet, i samarbeid med Universitets- og høgskolerådet, vil vurdera å utvida talet på forlag i dagens publiseringsindikator i forskingskomponenten, slik at det kan stimulera til utarbeiding av lærebøker og andre akademiske arbeid som har eit breiare publikum enn tradisjonelle vitskaplege publikasjonar.

7.3.7.7 Tilgang til norskspråkleg studielitteratur

Både av omsyn til generell læringseffekt, innlæring av grunnleggjande fagterminologi og utvikling og bruk av norsk fagspråk er det viktig at det innanfor alle fag finst tilgang på norskspråkleg studielitteratur av god kvalitet. Som eit minimum bør det finnast norskspråklege innføringsbøker i alle fag.

Tilstrekkeleg produksjon av norskspråkleg faglitteratur til studieformål er ledd i ei kjede av føresetnader som alle er nødvendige for å sikra utvikling og formidling av eit breitt spekter av norsk fagspråk. Utan at studentane kan lesa viktige og grunnleggjande delar av pensum på norsk, kan vi ikkje rekna med at dei vil tileigna seg og bli aktivt fortrulege med den norske terminologien og det tilhøyrande fagspråket.

Å sikra tilgang på norskspråkleg studielitteratur er dermed eit sjølvstendig mål, og tiltak som er innretta mot dette formålet, kan difor ikkje erstattast av tiltak som verkar inn på andre ledd i fagspråkkjeda. Oppdatert, relevant studielitteratur på norsk generelt og nynorsk spesielt er alt i dag ein mangelvare, og vi kan ikkje risikera å svekkja produksjonsvilkåra for denne viktige delen av norsk faglitteratur endå meir.

Drøftinga under kap. 7.3.5.2 ovanfor viser at det i hovudsak er to verkemiddel som kan vera med på å stimulera tilgangen på norskspråkleg studielitteratur. Det eine er å halda fast ved det etablerte fastprissamarbeidet, det andre er å utvida ordninga med direkte statstilskot.

Fastprisordninga synest å fungera som eit stabiliserande element i ein sårbar bokmarknad. Dette er bakgrunnen for at regjeringa vil halda fast ved det etablerte fastprissamarbeidet for produksjon av fag- og lærebøker til høgare utdanning.

Fastprissamarbeidet krev unntak frå det generelle forbodet mot slikt samarbeid i konkurranselova og er tufta på den noverande bransjeavtalen for bokomsetning som gjeld til 31. desember 2010. Ved kongeleg resolusjon er det no fastsett at også høvet til å samarbeida om faste prisar for lærebøker til universitet og høgskular og fagbøker til profesjonsmarknaden skal gjelda ut heile avtaleperioden.

7.3.8 Oppsummering av prioriterte tiltak

  • 1 Regjeringa vil fremja forslag om å lovfesta at universitet og høgskular har ansvar for vedlikehald og vidareutvikling av norsk fagspråk.

  • 2 Regjeringa legg til grunn at norsk skal vera ­hovudspråket ved norske universitet og høgskular, med unntak av Samisk høgskole, der ­samisk skal vera hovudspråket.

  • 3 Det blir lagt til grunn at universitet og høg­skular utformar individuelt tilpassa språkstrategiar.

  • 4 Universitet og høgskular bør vurdera behovet for å organisera særskilde språktenester, mellom anna med tilbod om språkvask av manuskript på engelsk og andre internasjonale språk.

  • 5 I doktoravhandlingar som er skrivne på engelsk eller eit anna framandspråk, skal det stillast krav om eit fyldig samandrag på norsk, og tilsvarande skal det vera krav om samandrag på engelsk for avhandlingar på norsk.

  • 6 Som ledd i ei brei evaluering av finansieringssystemet for universitet og høgskular i regi av Kunnskapsdepartementet vil det også bli gjennomført ein analyse av kva for språkpolitiske verknader systemet eventuelt kan påvisast å ha.

  • 7 Regjeringa vil vidareføra fastprissamarbeidet for lærebøker og fagbøker til høgare utdanning ut den noverande avtaleperioden.

7.4 Nærings- og arbeidslivet

7.4.1 Innleiing

Ei av dei største endringane i arbeidslivet på 1990-talet er at engelsken tek så mykje større plass. Likevel møter ein framleis nesten alltid eit nordisk språk dersom ein går inn på ein vanleg arbeidsplass i eit nordisk land. Dette vart slått fast i den samanfattande rapporten frå dei nordiske domenetapsgranskingane frå 2001. 44

Det er i dei store private bedriftene at engelsken står sterkast. I dei mindre verksemdene er det ikkje så mykje engelsk, og blant offentleg tilsette i til dømes undervisnings- og omsorgsyrke er engelsk svært lite brukt.

Arbeids- og næringslivet er eit svært vidt felt, og vi må difor rekna med at skilnadene er store mellom ulike sektorar, ulike nivå og ulike bruksområde også når det gjeld språkbruk. Trass i slike skilnader og variasjonar er det i Norsk i hundre! lagt til grunn at næringslivet ved sida av høgare utdanning og forsking er det domenet som er mest utsett for press frå engelsk.

Import og eksport av varer og tenester har gått føre seg til alle tider og har ført med seg utveksling av kulturelle og språklege impulsar mellom folk og land. Bruk av framandspråk i næringslivet er såleis langt frå å vera noko nytt fenomen.

Det som er nytt i vår tid, er at omfanget av utanlandsk eigarskap aukar, og at det er lettare tilgang til utanlandske marknader på grunn av meir effektiv kommunikasjon og nedbygging av handelshinder. Det har også vorte vanlegare å skipa utanlandske dotterselskap.

Alt dette fører til at bedrifter må bruka engelsk oftare enn før. Utanlandske styremedlemmer gjer til dømes at styrepapir må skrivast på engelsk, og at ein også må snakka engelsk i sjølve styremøta. Utanlandske eigarar, investorar og samarbeidspartnarar gjer at det er behov for å ha all relevant informasjon tilgjengeleg på engelsk.

7.4.2 Konsernspråk

7.4.2.1 Omfanget av engelskbruk når offisielt konsernspråk er engelsk

Enkelte større bedrifter innanfor den internasjonaliserte delen av norsk næringsliv har gjort vedtak om såkalla konsernspråk, som regel engelsk.

Men at engelsk på denne måten har fått ein offisiell status i konsernet, inneber sjeldan at det blir nytta i alle språkbrukssituasjonar. Her kan finnast alle grader, frå bruk av engelsk meir eller mindre overalt i konsernet, både munnleg og skriftleg, til at engelsk kanskje blir brukt berre i vedtaksdokument.

Utover dette dominerer bruk av nasjonalspråket både munnleg og skriftleg, med mindre utanlandske personar er til stades. Dessutan er det slik at engelsk gjennomgåande blir nytta meir di høgare opp i hierarkiet ein kjem. Det er såleis mest engelsk i styreromma, ettersom mange styre har ein eller fleire medlemmer med utanlandsk bakgrunn. Dette inneber at lågare tenestemenn og arbeidstakarar berre i mindre grad blir direkte råka av overgangen til engelsk. Dette er det situasjonsbiletet som vart teikna i den nordiske rapporten frå 2001.

7.4.2.2 Noko om omfanget av engelsk konsernspråk

På den andre sida hevdar den same rapporten at jamvel om språkskifte til engelsk er vanlegast i større bedrifter, er det heller ikkje heilt uvanleg i mindre verksemder. Ei gransking frå Danmark alt i første halvdelen av 1990-talet viste at fjerdeparten av 300 små og mellomstore bedrifter i den sørlege delen av landet hadde valt engelsk eller tysk som konsernspråk.

Ei svensk undersøking frå slutten av 1990-talet viste at av 55 bedrifter med meir enn 200 tilsette hadde 26 engelsk som konsernspråk. Rekna i talet på tilsette var det 120 000 som arbeidde innanfor bedrifter med engelsk som konsernspråk, medan 60 000 var tilsette i bedrifter med svensk som konsernspråk.

Sekretariatet i Språkrådet gjennomførte våren 2005 ei spørjeundersøking blant eit utval på tjue av dei hundre største bedriftene i Noreg i privat eller offentleg eige. Av desse tjue var det tolv som hadde valt engelsk som konsernspråk eller offisielt språk, medan fire hadde gjort vedtak om norsk som offisielt språk. I dei resterande åtte var det ikkje gjort noko slikt vedtak.

Blant dei som hadde valt engelsk som primært bedriftsspråk, var likevel engelsk det dominerande språket berre i to interne språkbrukssituasjonar, nemleg som møtespråk i styret og som korrespondansespråk. I alle andre situasjonar var norsk dels einerådande eller mest brukt, dels vart norsk og engelsk brukt omtrent like mykje.

7.4.2.3 Verknader av vedtak om konsernspråk

Det vart brukt engelsk også i dei selskapa som hadde vedtak om norsk som offisielt språk. Her var det berre i styremøta og i styrepapira at norsk språk rådde grunnen åleine. I dei selskapa som ikkje hadde gjort noko eksplisitt vedtak, kunne det henda at engelsk vart brukt i alle språkbrukssituasjonar, men til dels i nokså avgrensa omfang.

Det at eit selskap erklærer at engelsk er det offisielle konsernspråket, kan også oppfattast som ein ambisjon om meir bruk av engelsk enn det faktiske omfanget dette har i dag. Vedtaka om engelsk som konsernspråk er ikkje så gamle, og dei kan difor vera med og påverka framtidige språkval, uavhengig av kva som er praksis i dag.

I Norsk i hundre! blir det peikt på at ei slik utvikling kan få uheldige konsekvensar også for produktkvalitet, produktivitet, tryggleik og trivsel. Men i så fall vil dette ha negativ innverknad på det økonomiske resultatet i bedriftene, og eit medvit om dette kan vera med på å få bedriftene til å tenkja annleis. Vi manglar meir presis kunnskap om slike samanhengar.

7.4.2.4 Døme frå eit storkonsern i Noreg

I undersøkinga frå 2005 vart det også henta inn meir detaljert informasjon frå eitt enkelt storkonsern i Noreg. Opplysningane herifrå teikna følgjande bilete:

Engelsk er konsernspråket og vart nytta der det var formålstenleg. Alle overordna dokument var på engelsk, så som styrepapir og prosedyre­dokument. Dei vart omsette til norsk dersom det var behov for det. Styremøta vart avvikla på norsk og skandinavisk fordi ingen av styremedlemmene for tida hadde ikkje-skandinavisk bakgrunn.

Heimesidene var på norsk, engelsk og tysk, men noko av stoffet var berre på engelsk. All investorinformasjon fanst likevel på alle dei tre nemnde språka.

Det var elles varierande kva språk som vart nytta i dei enkelte selskapa innanfor konsernet. Dette avspegla seg også i varierande språkbruk i stillingsannonsar. I det mest internasjonale selskapet vart svært mange stillingar lyste ut på engelsk, også når arbeidsstaden var i Noreg. Grunnen var eit ønske om å rekruttera internasjonalt. Andre selskap i konsernet hadde meir norsk.

Det daglege arbeidsspråket var framleis norsk i Noreg, men med mykje bruk av engelsk elles. Utviklinga gjekk i retning av meir bruk av engelsk, fordi ein stadig større del av verksemda vart internasjonalt orientert.

7.4.3 Språk i stillingsannonsar

Ein særskild språkbrukssituasjon er stillingsannonsane. Dersom ein blar gjennom annonsesidene i ei vanleg avis i dag, kan ein sjå at engelsk blir brukt, ikkje minst i ein del stillingsnemningar, men av og til også som gjennomgåande språk i heile annonsen.

Døme på engelske stillingsnemningar er controller, key account manager, trainee, business analyst, contract consultant, senior supervisor og non-food manager. Slik nemningsbruk i ein elles norskspråkleg annonse kan dels vera eit uttrykk for den positive symbolverdien som engelske ord og uttrykk ofte formidlar, dels kan det også vera eit resultat av at det ikkje er lagt arbeid i å finna gode norske termar i staden for dei engelske.

Under arbeidet med Norsk i hundre! vart språkvalet i stillingsannonsar i Aftenposten registrert over ein periode på ca. ein månad våren 2005. Oppteljinga viste at vel 90 prosent av dei i alt 940 annonsane var heilt ut på norsk, medan ca. 6 prosent hadde engelske stillingstitlar og ca. 4 prosent fullstendig engelsk tekst. Av i alt 53 annonsar med engelske stillingstitlar var 11 rykte inn av selskap innanfor IT-næringa. Det same var tilfellet med heile 21 av dei i alt 35 annonsane med berre engelsk tekst.

I Norsk i hundre! er det i utgangspunktet lagt til grunn at det er økonomiske motiv som styrer kva for språk næringslivet nyttar i ulike samanhengar, ikkje minst i marknadsføring. Det dreier seg dels om kva for språk ein trur vil kasta mest av seg i form av økonomisk vinst, dels kan språk også bli vurdert som eit kostnadsspørsmål. Dersom ei stilling blir lyst ut både nasjonalt og internasjonalt, kan ein spara kostnader ved å bruka engelsk også i norske annonseorgan. Føresetnaden er at ein kan rekna med at potensielle norske søkjarar er gode nok i engelsk.

7.4.4 Språk i marknadsføring og informasjon

I marknadsføring, selskapsnamn og produktnamn kan bruk av engelsk også ha ein symbolsk funksjon jamvel når målgruppa er norske forbrukarar. Formålet med slik engelskbruk er ikkje å informera kunden, men å formidla eit inntrykk av at det marknadsførte produktet representerer noko moderne og internasjonalt som kjøparane vil få del i dersom dei kjøper.

Men jamvel om ein kan bruka engelske slagord som blikkfang, vil oftast den meir informative delen av marknadsføringsteksten vera på norsk. For ein lengre engelsk tekst vil overfor eit norsk publikum som regel by på så pass mange språklege utfordringar at bedrifta risikerer å støyta kundane frå seg.

Ved andre typar av informasjon må det skiljast mellom det som rettar seg til vanlege kundar, og det som har eit meir allment informasjonsformål, eller som rettar seg mot snevrare eller meir spesialiserte kundegrupper.

I den første informasjonstypen er regelen at det er språket til kundane som blir nytta i hovudsak, medan språkbruken i det andre tilfellet vil vera meir varierande. Dette gjeld til dømes informasjon som blir lagd ut på Internett. Slikt stoff skal som regel nå ut til folk i mange land. Då kan det bli eit vurderingsspørsmål om bedrifta også finn det rekningssvarande å leggja ut stoffet med norsk tekst med tanke på eit norsk publikum.

Vurderinga i Norsk i hundre! er at så lenge norsk dominerer elles i samfunnet, vil nok også næringslivet i stor grad halda fram med å nytta norsk språk i marknadsføring og informasjon som rettar seg mot den vanlege forbrukar.

Faresignala er større når det gjeld den bedriftsinterne kommunikasjonen. Den nemnde grans­kinga som vart gjennomført under arbeidet med Norsk i hundre!, viser til dømes at det finst bedrifter som alt i dag informerer dei tilsette på engelsk, trass i at dei fleste av dei har norsk som morsmål. Slik informasjon omfattar ikkje berre formell informasjon frå leiinga til dei tilsette, men også alle typar tekstar, som til dømes styrepapir, teknisk dokumentasjon og e-post.

7.4.5 Eit språk- og teknologibasert arbeidsliv

Det at stadig meir av arbeidslivet blir språkbasert, og ikkje minst skriftbasert, gjer også at språkpolitikk på ein heilt annan måte enn før blir relevant for ein stadig større del av befolkninga.

I dag er det påvist store språkproblem mellom anna i byggjebransjen i kjølvatnet av den aukande mobiliteten av arbeidskraft i Europa. Også dette aktualiserer behovet for ei meir gjennomtenkt haldning til språk og språkbruk i arbeidslivet.

Den nye teknologien med stadig hyppigare bruk av Internett, e-post, alle slags variantar av elektroniske dokument som rekneark, hypertekstkonstruksjonar, dataspel-baserte treningsopplegg, e-læringsopplegg, elektroniske arkiv osv. har ført til at arbeidslivet i dag i mangt og mykje er heilt omskapt samanlikna med det som var tilfellet for berre eit eller to tiår sidan.

Eit spørsmål som må stillast, er kva følgjer det får når ein overalt i næringslivet meir og meir synest å gå over til å bruka elektroniske kommunikasjons- og lagringsmedium som i stor grad byggjer på engelskspråkleg teknologi.

Det er også eit spørsmål kva konsekvensar bruk av engelsk har dersom ein særleg ser det frå dei ulike arbeidstakarane sin synsvinkel.

Det at internasjonale storkonsern i Noreg har gått over til engelsk som konsernspråk, reiser også spørsmålet om kva følgjer det har for det tilknytte nærings- og arbeidslivet.

At til dømes StatoilHydro i stor grad bruker engelsk, får truleg også verknader for språkbruk og språkval hos kontrahentar, offshore-leverandørar, juristar, grafisk industri, reklamefirma, private og offentlege forskingsmiljø, transportfirma til lands og til sjøs osv. som i stor grad lever av å betena StatoilHydro og oljeindustrien.

7.4.6 Spørsmålet om lovregulering av språk i arbeidslivet

I Norsk i hundre! er det drøfta om det kan vera behov for å ta i bruk lovverket for å sikra ein del grunnleggjande språklege rettar for arbeidstakarar og forbrukarar.

For det første kan det tenkjast at retten til produktinformasjon på norsk bør sikrast gjennom lov. For produkt der feil bruk kan vera farleg, må dette vera eit ufråvikeleg krav, meiner strategigruppa.

For det andre er det spørsmål om det i lov bør sikrast at all dokumentasjon som gjeld helse, miljø og tryggleik, skal liggja føre på norsk, eventuelt også på andre språk som er i bruk blant arbeidstakarane i ei bedrift. Det kan i så fall vera aktuelt å la dette gjelda også utstyr og maskineri som blir nytta på arbeidsplassen.

For det tredje er det spørsmål om det i lovverket bør sikrast at det ikkje blir brukt eit språk som i praksis stengjer arbeidstakarar ute frå forhandlingar og avtalar som gjeld medråderett og bedriftsdemokrati. Dersom slike forhandlingar ikkje kan førast på eit språk som alle deltakarane meistrar, meiner strategigruppa at det må stillast tolke- og omsetjingsressursar til rådvelde.

For det fjerde er det i Norsk i hundre! gjort framlegg om at det også bør lovfestast at alle arbeidstakarar har rett til arbeidsavtale, sluttavtale og liknande lovpålagde dokument på norsk, dess­utan at det må sikrast at slikt som stiftingsdokument, vedtekter, årsrapportar og årsrekneskapar også blir sende ut på norsk.

Departementet vil gå gjennom kva behov det er, og kva opningar som finst, for å bruka lov eller anna regelverk for å sikra norskspråkleg produktinformasjon, helse-, miljø- og tryggleiksdokumentasjon og avtaledokumentasjon, dessutan for å unngå at språkbarrierar svekkjer grunnlaget for medråderett og demokrati i arbeidslivet.

7.4.7 Oppsummerande vurdering

7.4.7.1 Ein optimal parallellspråkleg strategi

Det er i denne meldinga lagt til grunn at læring skjer best på morsmålet. I den samanhengen er det eit poeng at læringa ikkje er avslutta i og med at studentane tek eksamen og går ut i næringslivet. Fagkompetansen må heile tida utviklast og haldast ved like.

Dersom også evna til refleksjon, resonnement og kreativ tenking framleis er betre på morsmålet enn på engelsk, vil også produkta av denne aktiviteten kunna bli betre dersom arbeidet skjer på morsmålet. Dermed vil bedriftene få meir ut av arbeidskrafta si dersom arbeidstakarane så langt råd er, får høve til å bruka morsmålet. I Norsk i hund­re! er det etterlyst meir forsking for å påvisa slike samanhengar mellom språk på eine sida og produktivitet og kreativitet på andre sida.

At morsmålet i større grad bør brukast der det lèt seg gjera, inneber likevel ikkje at det blir overflødig å bruka engelsk i framtidig nærings- og arbeidsliv. Poenget må vera å finna ein optimal balanse mellom framandspråk og norsk. Ein slik balansert språkbruk kan visa seg å ha ein positiv effekt for det samla økonomiske resultatet i bedriftene. På same måten som innanfor forsking og høgare utdanning er altså utgangspunktet at også bedriftene må utvikla ein medviten parallellspråkleg politikk.

7.4.7.2 Terminologi og fagspråk

Dette inneber også at norsk fagspråk må haldast ved like og utviklast der fagekspertane opererer, og det er mellom anna innanfor nærings- og arbeidslivet. Det er bruken av det norske fagspråket i arbeidslivet i vid meining som rettferdiggjer å nytta ressursar på vedlikehald og vidareutvikling av norsk fagspråk og norsk terminologi.

Dersom terminologiarbeidet ikkje blir ført vidare i levande bruk av eit norsk fagspråk på alle område i samfunnet, vil det vera lita gagn i det. Eit viktig poeng her er at terminologien må oppdaterast og spreiast på ein rask og effektiv måte. Dette kan best skje ved hjelp av elektroniske basar som er tilgjengelege på Internett.

7.4.7.3 Næringslivet – eit særleg utsett domene

Departementet legg elles til grunn den vurderinga av situasjonen i næringslivet som det er gjort greie for i Norsk i hundre!. Her heiter det om den delen av næringslivet som arbeider internasjonalt, at det førebels ikkje er grunn til å tru at særleg mange selskap bruker engelsk i situasjonar der sjølve kommunikasjonen ikkje krev det.

Det biletet som teiknar seg, er at norsk framleis står sterkt, men at engelsk er på frammarsj som eit resultat av internasjonaliseringa. Difor er utan tvil næringslivet eit domene der norsk er særleg utsett, og det må setjast høgt på lista over prioriterte domene i språkpolitikken i åra som kjem.

Næringslivet rekrutterer arbeidskraft med ei utdanning som i stor grad har gått føre seg på engelsk, ofte utanlands, og ein må rekna med at det i slike miljø ikkje er uvanleg med haldningar som går ut på at bruk av engelsk i seg sjølv representerer noko rasjonelt og meir eller mindre uunngåeleg.

Dette gjer at det må skapast mothaldningar som legg vekt på å streka under verdien av morsmålet, og at næringslivet har eit medansvar for å sikra norsk språk som nasjonalspråket i landet vårt. Ei grunnleggjande utfordring i så måte er at det ser ut til at ein også i næringslivet vantar eit overordna medvit om språk og språkval.

7.4.7.4 Eit språkpolitisk samfunnsansvar i næringslivet

Til liks med Norsk i hundre! legg departementet til grunn at ein ny språkpolitikk må søkja å utvikla ei medviten haldning til språk og språkbruk i nærings- og arbeidslivet. Det å vera med på å halda det norske fagspråket i hevd må bli ein del av eit gjennomtenkt samfunnsansvar også innanfor næringslivet.

Her kan ein trekkja ein parallell til det arbeidet som i dag går føre seg for å byggja opp både etisk refleksjon generelt og miljøansvar spesielt innanfor næringslivet.

I tråd med dette bør det arbeidast for at det samfunnsansvar bedriftene har, også skal omfatta språkpolitiske omsyn. For å få dette til er det mellom anna nødvendig at representantar for partane i arbeidslivet på varig basis blir trekte aktivt med i arbeidet i Språkrådet.

7.4.7.5 Språkpolitisk samarbeid med partane i arbeidslivet

Departementet vil også for sin del som ledd i arbeidet med å følgja opp denne meldinga invitera partane i arbeidslivet til å delta i ein vidare prosess for å drøfta og konkretisera korleis vi i samarbeid kan utvikla ein aktiv språkpolitisk strategi for nærings- og arbeidslivet.

Bevisstgjering, haldningsskapande arbeid og utvikling av praktiske ordningar bør vera sentrale element i eit slikt språkpolitisk utviklingsarbeid. I denne prosessen bør ein også systematisera tidlegare røynsler som er hausta, og byggja vidare på kartleggings- og analysearbeid som er gjort tidlegare.

Det kan her til dømes nemnast at Norsk språkråd alt i 1994 arrangerte ein konferanse om norsk som framtidsspråk i arbeidsliv og næringsliv. 45 Også i den språkstyrkingsplanen som Norsk språkråd utarbeidde for perioden 2001–2003, hadde språkpolitiske tiltak overfor næringslivet ein sentral plass.

Departementet vil elles – i samråd med Språkrådet og partane i arbeidslivet – vurdera kva for arbeidsformer som vil vera mest formålstenlege i det vidare arbeidet. Konferansar og liknande arrangement vil kunna inngå i dette. Det avgjerande er at det kjem i gang ein vedvarande prosess, slik at det blir kontinuitet og systematikk i arbeidet.

7.4.7.6 Kartlegging av språk og arbeidsvilkår

Blant meir spesifikke tiltak i oppfølgingsarbeidet tek elles departementet sikte på å få gjennomført anten ei utgreiing eller eit forskingsoppdrag om kva ulike former for teknologibasert språkbruk i arbeidslivet har å seia som innfallsport for engelskspråkleg påverknad.

Det er også behov for å analysera korleis alle dei nye teknologibaserte kommunikasjonsformene verkar inn på arbeidsvilkår og krav til kompetanse hos arbeidstakarane.

7.4.8 Oppsummering av prioriterte tiltak

  • 1 Departementet vil invitera partane i arbeids­livet til ein vidare prosess for å utvikla ein språkpolitisk strategi for arbeids- og nærings­livet.

  • 2 I samråd med partane vil departementet utvikla eit språkpolitisk samfunnsansvar i arbeids- og næringslivet etter modell av prinsippet om ­næringslivets miljøansvar og etiske ansvar.

  • 3 Språkrådet skal vidareutvikla det språkfaglege rådgjevingsarbeidet sitt overfor næringslivet, og representantar for næringslivet vil bli trekte direkte med i Språkrådet, mellom anna gjennom fagrådssystemet.

  • 4 Språkrådet skal vurdera å få gjennomført fors­kingsaktivitetar som kan kasta lys over til­høvet mellom språk og produktivitet.

  • 5 Departementet vil ta initiativ til ei utgreiing eller eit forskingsprosjekt om kva funksjon teknologibasert språkbruk i arbeidslivet har som innfallsport for engelskspråkleg påverknad og for arbeidsvilkåra for dei tilsette.

  • 6 Departementet vil vurdera lov eller anna regelverk for å sikra norskspråkleg produktinformasjon, helse-, miljø- og tryggleiksdokumentasjon og avtaledokumentasjon, og for å sikra at språkbarrierar ikkje skal svekkja grunnlaget for medråderett og demokrati i arbeidslivet.

  • 7 Departementet vil ta initiativ til ei kartlegging av dei skrivne og uskrivne krav til språkkunnskapar som gjeld i ulike delar av arbeidslivet, og vurdera om desse er godt nok tilpassa om­synet til helse, miljø og tryggleik og arbeids­takarane sine rettar.

7.5 Språk og teknologi

7.5.1 Innleiing

Informasjons- og kommunikasjonsteknologien (IKT) set i stadig sterkare grad sitt preg på kvardagen vår, både i arbeid og fritid. Innanfor dei fleste samfunnssektorar er slik teknologi på god veg til å bli eit dominerande medium for skriftleg kommunikasjon. I tillegg fungerer IKT i seg sjølv som eit eige språkdomene.

7.5.1.1 Informasjonsmedium

Både som medium for informasjonsspreiing og som eige språkdomene er denne teknologien i utgangspunktet ein sentral innfallsport for engelskspråkleg påverknad og dermed også ein potensielt viktig premissleverandør for norsk språkutvikling. Samstundes kan teknologien også utnyttast aktivt som eit middel til å fremja prioriterte språkpolitiske mål.

Det er Internett som i dag er den raskast veksande kanalen for tekstbasert informasjonsformidling. Som verdsomfattande informasjonsmarknad er Internett samstundes det einaste massemediet der alle brukarane i prinsippet har tilgang til alt som er publisert.

Språkpolitisk er det difor eit viktig mål å leggja til rette for eit rikt utval av norskspråkleg kvalitetsinnhald på Internett, slik at eit norsk publikum har eit tilbod på sitt eige språk som kan hevda seg i konkurransen med det kvantitativt dominerande engelskspråklege innhaldet. Ikkje minst er det på Internett nødvendig å leggja meir arbeid og ressursar i å sikra eit godt tilbod av relevant nynorsk stoff.

7.5.1.2 Språkdomene

Når informasjons- og kommunikasjonsteknologien også kan definerast som eit eige språkdomene, er det fordi datamaskinen sjølv kommuniserer med brukarane gjennom språket. Med den aukande bruken av IKT blir dette språket i grensesnittet mellom maskin og menneske eit domene av særleg språkpolitisk interesse.

Det dreier seg om språk og språkbruk i alle dei dataprogramma som finst tilgjengelege på den kommersielle marknaden. I tillegg til dette kjem utvikling og bruk av alle slags produkt og tenester som byggjer på dataprogram som behandlar eller inkorporerer menneskeleg språk som eit basis­element i dei teknologiske løysingane. Eit felles kjenneteikn ved slike språkteknologiske innretningar er at dei kan etterlikna ulike sider ved den menneskelege språkevna. Det kan dreia seg om både taleteknologi og tekstorientert språkteknologi.

Anten det gjeld programvare til bruk på datamaskinen, eller nye språkteknologiske hjelperåder som vi kan tenkjast å ha nytte av i arbeid og fritid, er det avgjerande viktig at denne teknologien er tufta på vårt eige språk. Men avansert datateknologi har i utgangspunktet ein internasjonal marknad, og dei fleste dataprogramma blir som oftast utvikla først i ein engelsk versjon.

Også på den språkteknologiske marknaden går det føre seg ei rivande utvikling når det gjeld engelsk-baserte produkt og tenester. Dersom også norsk språk skal hevda stillinga si i det høgteknologiske framtidssamfunnet, må det difor byggjast opp ein språkteknologisk infrastruktur som kan skapa økonomisk grunnlag for utvikling av norskbaserte produkt og tenester.

7.5.2 Oppsummering av tidlegare ambisjonar og tiltak

7.5.2.1 «Bit for bit», rapport frå eit statssekretær­utval 1996

Alt for godt over ti år sidan, i ein rapport om de norske IT-vegen lagd fram av eit eige statssekretærutval i januar 1996, tok ein på politisk hald opp utfordringane for norsk språk og kultur i dei digitale romma.

Det vart formulert to politiske mål med direkte språkpolitisk relevans, for det første at norsk språk og norskspråkleg programvare må vera tilgjengeleg i digitale medium og kommunikasjonssystem, for det andre at styresmaktene bør satsa på norsk innhaldsproduksjon.

Rapporten slo fast at utanlandsk programvare burde omsetjast i tråd med norske definisjonar og språknormer for brukargrensesnitt.

Det vart streka under at stoff som statsinstitusjonar legg ut på datanett, til dømes på det felles informasjonssystemet for departementa, må oppfylla krava i lov om målbruk i offentleg teneste.

Det heitte også at hovudregelen for norske databasar til offentleg bruk må vera at ein skal kunna søkja både på bokmål og nynorsk, dessutan at også samisk språk må ivaretakast på tilfredstillande måte.

7.5.2.2 Handlingsplan for IT på kulturområdet 1997

Knapt to år seinare, i ein eigen handlingsplan for IT på kulturområdet som Kulturdepartementet la fram i september 1997, vart det slått fast at kampen om norsk språk kom til å gå føre seg på nye arenaer som er skapte av den informasjonsteknologiske utviklinga.

Det vart gjort framlegg om å oppretta eit sekretariat for språkteknologi som eit bindeledd mellom kultur- og forskingsmiljøa og IT-næringa. Sekretariatet skulle etter framlegget fungera som eit sent­ralt verkemiddel i arbeidet for at norsk språk kunne bestå som eit fullverdig og føretrekt uttrykksmiddel når vi arbeider med avansert språkteknologi og bruker produkt og tenester som er baserte på IT.

7.5.2.3 Språk og teknologi i målbruksmeldinga 1997

Hausten 1997 vart tanken om eit sekretariat for språkteknologi teken opp att i St.meld. nr. 13 (1997–98) om målbruk i offentleg teneste. Det heitte at ein ville vurdera om Norsk språkråd kunne bli eit slikt fagleg-administrativt knutepunkt for norsk språk og IT.

I meldinga vart det elles gjort greie for utford­ringane meir i detalj, og det vart slått til lyd for ein nasjonal innsats for bruk av norsk språk i informasjonssamfunnet. Det heitte at det trongst eit offensivt handlingsprogram der både juridiske, administ­rative, språkteknologiske og økonomiske verkemiddel blir tekne i bruk.

Meldinga slo fast at målet måtte vera å kunna gje både nynorsk- og bokmålsbrukarane gode reiskapar til støtte for språkbehandling og å tilby relevante informasjonstenester o.a. på begge målformer.

7.5.2.4 IKT-stillingar i Norsk språkråd i 2000

I statsbudsjettet for 2000 vart så Norsk språkråd tilført to nye stillingar for å vareta funksjonen som sekretariatet for språkteknologi slik som omtalt ovanfor. I budsjettframlegget heitte det at målet var at sekretariatet skulle bli eit fagleg-administrativt knutepunkt for norsk språk og IT.

7.5.2.5 Handlingsplan for norsk språk og IKT frå 2001

Etter dette bad Kulturdepartementet Norsk språkråd utarbeida ein handlingsplan for norsk språk og IKT. Planen vart lagd fram i ein endeleg versjon i juni 2001.

Handlingsplanen konsentrerte seg særleg om mål og tiltak for å leggja til rette for norskspråkleg programvare og norsk språkteknologi. Sentrale målformuleringar i planen var at mengda av norskspråkleg programvare måtte aukast, særleg programvare på nynorsk, og at norsk språkteknologi må tuftast på kunnskap om og forsking i norsk språk i form av bokmål, nynorsk og dialektar.

Av tilhøyrande tiltak var det særleg to som stod i framgrunnen.

Det eine var eit framlegg om at statlege styresmakter skulle innføra eit regelverk for offentlege innkjøp av vanleg programvare som kunna sikra at programma vart utvikla både i ein nynorsk- og ein bokmålsversjon.

Det andre var framlegget om å etablera ein norsk språkbank, dvs. ei samling av norske språkressursar i form av store mengder tekst og tale som er elektronisk lagra og tilrettelagde for ulike typar bruk og gjenbruk, særleg tenkt nytta til utvikling av språkteknologiske produkt på norsk.

Handlingsplanen inneheldt elles desse hovudmåla:

  1. I Noreg skal IKT-baserte produkt og tenester ha norskspråkleg brukargrensesnitt og vera tufta på kunnskapar om norsk tale og dei to skriftformene våre.

  2. Alle med norsk som morsmål skal ha lik tilgang til slike norskspråklege produkt og tenester og til å skaffa seg den kompetansen som krevst for å ha nytte av tilbodet.

  3. Mengda av norskspråkleg programvare må aukast, særleg programvare på nynorsk.

  4. Føresegnene i opplæringslova om språklege parallellutgåver av elektroniske læremiddel må oppfyllast i praksis.

  5. Norsk språkteknologi må tuftast på kunnskap om og forsking i norsk språk (bokmål, nynorsk og dialektar) og relevant teknologi.

  6. Noreg skal vera aktiv deltakar i det nordiske og vidare europeiske samarbeidet innanfor språkteknologi.

  7. Standardisert norsk IKT-terminologi må utvik­last og stillast til rådvelde.

  8. Noreg skal bidra til å styrkja erfaringsutvekslinga mellom språkorganisasjonane i Norden og elles i Europa om informasjons- og kommunikasjonsteknologiens innverknad på nasjonalspråka og om mottiltak for å halda språka i hevd også på dette området.

7.5.2.6 Utgreiinga om ein norsk språkbank frå 2002

Det sistnemnde framlegget førte til at Norsk språkråd i februar 2002 fekk i oppdrag av Kultur- og kyrkjedepartementet og Nærings- og handelsdepartementet å initiera og koordinera ei utgreiing om samling og tilgjengeleggjering av norske språkteknologiressursar.

Dette resulterte i ein rapport som vart lagd fram i oktober 2002. Her var konklusjonen at det ville kosta 100 mill. kroner fordelt over fem år å få på plass det minimum av språkressursar som skal til. Rapporten la dessutan til grunn at dette måtte finansierast tilnærma heilt ut med offentlege midlar.

I kulturmeldinga frå 2003, St.meld. nr. 48 (2002–2003) Kulturpolitikk fram mot 2014, vart det på dette grunnlag konkludert med at det dermed var lite realistisk å få realisert dette som eit samla prosjekt. Det heitte at det i staden måtte arbeidast vidare med saka i eit noko lengre tidsperspektiv.

Meldinga heldt altså fast ved målet om å byggja opp ein norsk språkbank.

7.5.2.7 Tiltak for å fremja nynorsk programvare

Når det gjaldt programvare, nemnde kulturmeldinga at det hadde vore vurdert om det offentlege gjennom ein samordna innkjøpspolitikk kunne stilla som krav at aktuell programvare skal liggja føre både på nynorsk og bokmål før det kan kjøpast inn av statlege eller kommunale organ eller i skuleverket.

I meldinga heitte det at ein førebels ikkje hadde funne tenlege mekanismar for å få dette til. Det vart i den samanhengen vist til at ein frå 1. januar 2003 var i ferd med å avvikla dei sentrale rammeavtalane for offentlege innkjøp. I tråd med dette skulle det vera eit overordna prinsipp at offentlege innkjøp i utgangspunktet skulle vera eit desentralisert ansvar.

I meldinga vart det likevel konkludert med at departementet ville vurdera om det var tenlege verkemiddel som bør takast i bruk for å understøtta utviklinga av nynorsk programvare og andre mekanismar som kan hindra diskriminering av nynorsk i samband med teknologisk basert språkbruk.

Det heitte også at det burde utgreiast om det kan gjerast lov- og forskriftsendringar for å sikra norske arbeidstakarar og forbrukarar norsk grensesnittspråk i meny-, styre- og hjelpetekstar i elekt­roniske apparat, maskinar og liknande og norsk språk i brukarrettleiingar og annan dokumentasjon for slikt utstyr og på all emballasje og i all merking der språket har noko å seia for helse, miljø og tryggleik.

7.5.2.8 Nynorsk innhald på Internett

Kulturmeldinga tok også til orde for at det i åra framover måtte takast eit krafttak for reell likestilling mellom nynorsk og bokmål også i teknologibasert språkproduksjon og språkkommunikasjon, mellom anna ved å arbeida for eit meir fullverdig tilbod av nynorsk programvare og for tilgang til nynorsk innhald på Internett.

7.5.2.9 Parallellsøk

Ei anna sak som vart nemnd spesielt i kulturmeldinga, var problemet med gjenfinning av digitale tekstar og dokument på tvers av målform.

Problemet består i at dei ordinære søkjefunksjonane i dag ikkje er slik innretta at ein ved søk på eit ord i bokmålsform også får treff for dei tilsvarande nynorskformene og omvendt.

I dei elektroniske arkiv- og saksbehandlingssystema som no er tekne i bruk i sentralforvaltninga, har dette ført til at ein har innført eit uoffisielt påbod om at alt skal registrerast på bokmål for at det skal vera søkbart.

Som det også er slått fast i kulturmeldinga, er eit slikt forbod mot registrering på nynorsk direkte i strid med likeverdsprinsippet i lov om målbruk i offentleg teneste.

Problemet kan løysast ved at det blir utvikla og teke i bruk ein språkmodul som lenkjer saman bokmåls- og nynorskformer slik at det lèt seg gjera å gjennomføra parallellsøk.

7.5.3 Tilgang til norsk programvare i begge målformer

Det har i mange år vore eit krav at staten må bruka marknadsmakta si til å stilla krav om at programvare som det offentlege kjøper inn, skal liggja føre i både nynorsk- og bokmålsversjon. Eit slikt verkemiddel kunne også tenkjast brukt for å sikra norskspråkleg programvare uavhengig av målform og å krevja eit visst minimum av språkleg kvalitet i programvaren. Begge delar er drøfta i Norsk i hundre!

Tanken har vore at eit slikt verkemiddel måtte byggjast inn som eit element i den offentlege innkjøpspolitikken, men omlegginga i retning av desentraliserte innkjøpsavtalar under Bondevik II-regjeringa gjorde at ein i kulturmeldinga frå 2003 konkluderte med at grunnlaget for eit samla offentleg marknadskrav ikkje lenger var til stades.

Departementet har seinare teke opp att saka med Fornyings- og administrasjonsdepartementet med sikte på oppdaterte vurderingar av det omtalte verkemidlet og eventuelle alternative tiltak for å sikra eit meir fullverdig tilbod av nynorsk programvare.

Til illustrasjon kan nemnast at det i stortingsmeldinga om IKT-politikken fremja av Fornyings- og administrasjonsdepartementet i desember 2006 heiter at regjeringa vil vurdera vilkåra for å kunna føra ein preferansepolitikk for open kjeldekode. 46 Førebels resultat tyder likevel på at det er avgrensa rom for å nytta anskaffingsregelverket til å fremja samfunnsnyttige formål som ikkje er direkte grunngjeve i eit sakleg behov hos kjøparen. Det same vil truleg gjelda for språkkrav slik som nemnt ovanfor.

Eit alternativ departementet vil vurdera, er å styrkja eller byggja ut relevante føresegner i språklovgjevinga, til dømes slik at krav til målform i programvare til bruk i det offentlege kan forankrast i målbruksreglane. Departementet vil vurdera dette i samband med gjennomgangen av målbruks­reglane, jf. kap. 3.4.4.7.

Tilsvarande reglar som dei ein her kunne tenkja seg, finst i lovverket frå før, jf. føresegna i opplæringslova om at det i andre fag enn norsk berre kan brukast lærebøker og andre læremiddel som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris. 47 I forskrift til denne føresegna har Kunnskapsdepartementet fastsett reglar som inneber at programvare som elevane skal nytta i undervisninga, er omfatta av den nemnde lovregelen, dvs. at slik programvare skal liggja føre på begge målformer.

Ved offentlege innkjøp er det elles slik at ein offentleg oppdragsgjevar som skal kjøpa inn programvare, kan presisera i kravspesifikasjonen at programvara skal liggja føre på både bokmål og nynorsk, til dømes slik at ein krev ordlister i begge målformer. Departementet vil oppmoda alle offentlege innkjøparar av programvare til å nytta det handlingsrommet dei på denne måten har til å stilla språklege krav til leverandøren.

Det må elles nemnast at regjeringa i april 2008 har fremja forslag til lov om forbod mot diskriminering av personar med nedsett funksjonsevne, jf. Ot.prp. nr. 44 (2007–2008). Her er det mellom anna eit pålegg om universell utforming av alle IKT-løysingar retta mot allmenta. Påbodet gjeld for all ny IKT frå 2011 og skal handhevast ved hjelp av standardar og sentrale retningslinjer.

Ei mogleg tolking av universell utforming av IKT er å krevja at grensesnitta overfor brukarane skal vera på norsk. Departementet vil i det vidare arbeidet vurdera korleis ein på sikt kan få innarbeidt standardar for tilhøvet mellom språk og tilgjengelegheit.

I spesielle tilfelle kan det også vera aktuelt å vurdera kva som eventuelt kan gjerast for å leggja betre til rette for omsetjing av fri programvare til nynorsk.

7.5.4 Revisjon av handlingsplanen for språk og IKT

I Norsk i hundre! er det gjort framlegg om at handlingsplanen for norsk språk og IKT frå 2001 må leggjast til grunn for arbeidet med ein politikk for språk og teknologi.

Departementet vil ta initiativ til å få laga ein oppdatert plan for eit meir systematisk og samordna arbeid med språk og teknologi. For dette formålet vil det mellom anna bli sett ned eit permanent interdepartementalt utval til å koordinera dette saksfeltet. Føresetnaden er at dette utvalet skal arbeida i nær kontakt med det fagrådet i Språkrådet som har språk og teknologi som ein del av ansvars- og arbeidsområdet sitt.

Både før og etter at planen vart lagd fram, har det vore arbeidt meir substansielt særleg med to spørsmål. Det eine er korleis staten kan bruka mark­nadsmakta si til å syta for at dei vanlege dataprogramma skal vera å få både i ein nynorsk- og ein bokmålsversjon. Det andre er korleis ein skal gå fram for å få bygd opp ein såkalla språkbank.

7.5.5 Ein norsk språkbank

7.5.5.1 Språkteknologi

Bakgrunnen for arbeidet med ein norsk språkbank er dei teknologiske framtidsutsiktene som opnar seg, og dei språkpolitiske utfordringane som reiser seg gjennom moderne språkteknologi.

Språkteknologi er ein tverrfagleg forskings­disiplin der språkvitskap og datavitskap møtest. Det handlar om utvikling av dataprogram med språkmodular som behandlar menneskeleg språk. Dette kan vera program som kan køyrast på ein datama­skin, men også program som kan byggjast inn i moderne tekniske innretningar.

Språkteknologi omfattar to hovuddelar, datalingvistikk og taleteknologi. Datalingvistikk byggjer på analyse av skrivne tekstar, medan taleteknologi handlar om databehandling av menneskeleg tale, både omforming av naturleg tale til tekst og tekst til kunstig tale. Taleteknologien gjer det mellom anna mogleg å styra maskinar med røysta.

Språkteknologi forenklar og betrar kommunikasjonen mellom menneske og maskin og kan også fungera som eit hjelpemiddel i kommunikasjon menneske imellom. I kvardagen kan språkteknologien vera med og effektivisera arbeidsprosessar.

7.5.5.2 Døme på språkteknologiske løysingar i praktisk bruk

Det er språkteknologiske løysingar som ligg til grunn for den intelligente ordboka som gjer oss i stand til å skriva raske tekstmeldingar på mobiltelefonen, som gjer at eit automatisk sentralbord kan forstå kva vi bed om, og som gjev oss automatisk stave- og grammatikkontroll i tekstbehandlingsprogramma på datamaskinen.

Språkteknologiske løysingar er i bruk i navigasjonssystema i moderne bilar, i styring av vaskemaskiner og alarmar.

Når vi søkjer på nettet, finst intelligente søkjesystem som tolkar det vi er ute etter, for å gje oss eit best mogleg svar. Det finst program som støttar omsetjing av tekst, til dømes til bruk ved teksting av film og anna tekstomsetjing, dessutan program som kan laga samandrag av tekstar, og som kan rangera relevante data frå ulike dokument.

Døgnopen forvaltning føreset at offentlege skjema og annan informasjon er tilgjengelege på Internett døgnet rundt, og at dei er lagde til rette for interaktiv bruk. Ulike språkteknologiske løysingar gjer at brukaren kan velja mellom å lesa og å lytta, og om han vil fylla ut skjemaet med tastatur eller stemme.

Språkteknologiske løysingar kan i høg grad vera med å på å overvinna ulike funksjonshinder. Ved hjelp av språkteknologiske metodar kan ein til dømes utvikla taleprotese til personar som manglar taleevne.

Språkteknologiske løysingar kan også vera til hjelp for dei som har lese- og skrivevanskar, og for personar som er synshemma.

Menneske med nedsette funksjonsevner som ikkje kan skriva sjølve, kan snakka til ein pc, som så set talen om til tekst. Ein pc kan styrast med stemma i staden for skrivne kommandoar, og tekst kan sendast til ein mottakar som sjølv avgjer om han vil lesa eller få teksten lesen opp for seg.

Slik sett er språkteknologi med på å leggja til rette for auka demokratisk deltaking i samfunnet mellom anna ved å gjera informasjon og tenester tilgjengelege for alle.

I eit høgteknologisk samfunn er det mange arbeidsoppgåver som kan forenklast og effektiviserast ved hjelp av språkteknologi. I framtida vil det berre vera fantasien som set grenser for kva slik teknologi kan nyttast til. Enno står likevel ein del grunnleggjande teknologisk utviklingsarbeid att å gjera, mellom anna når det gjeld utvikling av ei kunstig stemme som mest mogleg perfekt kan etterlikna naturleg tale.

7.5.5.3 Teknologiutvikling og språkversjonar

Språkteknologi er altså tufta på ein kombinasjon av språk og teknologi. Teknologien er i prinsippet nøytral, og dei same teknologiske løysingane kan difor brukast verda over. Annleis er det med dei språklege ingrediensane. Dei må skiftast ut dersom dei teknologiske løysingane skal kunna materialisera seg i ulike språkversjonar. Dette er ein føresetnad dersom potensielle brukarar skal kunna få tilgang til teknologien på sitt eige språk.

Dette skjer ikkje automatisk, og faren er i høg grad til stades for at marknadsvilkåra for språkteknologisk produktutvikling og omsetning kan fungera som ei drivkraft i ei utvikling som går i retning av at dei dominerande språka, først og fremst engelsk, styrkjer seg jamt meir på kostnad av dei mange små og mellomstore nasjonalspråka verda over.

Også når det gjeld språkteknologiske produkt, er det kommersielle og til dels militære aktørar i den engelskspråklege verda som er dei leiande produktutviklarane. Det skjer rett nok at desse også utviklar løysingar for andre språk enn engelsk, men det er sjeldan at eit språk som norsk blir rekna for eit relevant språk i denne samanhengen.

Til dømes kan det nyaste talebaserte omsetjingssystemet Phraselator P2 frå det amerikanske industriselskapet Voxtec omsetja mellom 44 ulike språk, inkludert hovudspråket i land som Irak, Iran og Afghanistan, men norsk er for tida ikkje med blant dei tilgjengelege språkmodulane.

Eit anna amerikansk selskap, Powerset, utviklar for tida ein lingvistisk basert søkjemotor som skal gje meir presise søkjeresultat ved intelligent søking på verdsveven og i store tekstdatabasar. Ironisk nok blir mellom anna norsk teknologi brukt i utvikling av søk i engelskspråklege tekstar, og søkjemotoren skal etter kvart tilpassast fleire andre språk, men heller ikkje her ligg det føre planar om ein norsk modul.

Mange språkteknologiske produkt og tenester har alt lenge vore tilgjengelege på den internasjonale marknaden, men totalt sett er det lite av dette som finst tilgjengeleg i norskspråkleg versjon.

Det er også mange språkteknologiske produkt som finst berre på engelsk, særleg dei mest avanserte.

7.5.5.4 Språkteknologi utan norske språkversjonar

Dersom vi i Noreg skal få full nytte av alle slags språkteknologiske hjelperåder, må dei teknologiske løysingane tuftast på norskspråklege versjonar. Då kan språkteknologien vera med å styrkja det norske språket og den norske kulturen. Vi har bruk for alle aktuelle og framtidige språkteknologiske løysingar, og vi har behov for dei på norsk.

Dersom vi i liten grad maktar å leggja til rette for norskspråklege versjonar, kan vi sjå føre oss fleire uheldige konsekvensar.

Dels vil resultatet kunna bli at mange språkteknologiske produkt eller tenester i liten grad blir tekne i bruk på den norske marknaden.

Dels kan det vera at ikkje alle vil sjå seg i stand til å bruka dei engelskspråklege produkta. For all røynsle tilseier at det først er når brukarane kan nytta morsmålet sitt, at alle slike teknologiske løysingar i realiteten blir tilgjengelege for alle.

Utan norskspråklege versjonar vil altså mange av dei nye teknologisk avanserte løysingane bli mindre tilgjengelege for nordmenn enn for dei som har engelsk som morsmål.

Det er også ein fare for at produkt og tenester som vil koma i norsk språkdrakt, vil ha dårlegare språkleg kvalitet enn dei tilsvarande engelske utgåvene.

Men i stor grad må vi rekna med at nordmenn flest vil ta i bruk engelskbaserte produkt, og i den grad det skjer, er vi på god veg mot eit alvorleg domenetap for norsk språk. Sett i eit språkpolitisk perspektiv er det dette siste som er den mest alvorlege konsekvensen.

Alt i kulturmeldinga frå Bondevik II-regjeringa frå 2003 vart det peikt på alvoret i dette:

Skjer ikkje slik norskspråkleg produktutvikling, må ein rekna med at det vert teke i bruk engelskspråklege produkt i staden. Her ligg truleg ei av dei store utfordringane for norsk språk i tida framover. Difor framstår dette no som eit viktig kulturpolitisk spørsmål. Språkteknologifeltet kan vera ein av dei fremste arenaene der kampen om norsk språk og kultur vil utspela seg i tida framover. 48

7.5.5.5 Føresetnader for utvikling av norske språkversjonar

Det går i dag føre seg arbeid for å utvikla til dømes dikteringsprogramvare for norsk, automatisk omsetjingssystem mellom norsk og engelsk, automatiske sentralbord og ulike telefoninformasjonstenester og system for talestyring. Men utvikling av norske modular for tekstsøking, taleanalyse og talesyntese, omsetjing og andre bruksmåtar er kostbart.

Ein stor del av desse kostnadene går til innsamling, koding og ulike former for nødvendig foredling av datagrunnlaget, dvs. relevant språkmateriale på norsk. Forsking og produktutvikling kunne skjedd monaleg raskare og billigare ved hjelp av ein påliteleg, stor, detaljert, kvalitetssikra og permanent database av norske språkressursar der dei ressursane som trongst, var tilgjengelege for bruk og gjenbruk.

Tilgangen på slike digitaliserte språkressursar i form av tekstsamlingar, talesamlingar og leksikalske data har vist seg å vera den kritiske innsatsfaktoren for å utvikla kommersielt lønnsame produkt. Det å samla inn og å koda slike språkressursar er etter måten ressurskrevjande, særleg dersom det må gjerast i kvart enkelt tilfelle eller av kvar enkelt aktør. Dette slår sterkare ut di mindre den kommersielle marknaden er, og di mindre forskingsbudsjett det er tale om.

Sjølve ideen med ein norsk språkbank er å etablera ei felles nasjonal ressurssamling av elektronisk lagra språkmateriale til bruk i ulike språkteknologiske løysingar. I ei slik ressurssamling vil det vera behov for millionar av ord i form av tekst og tale. Det vil vera behov for tale på ulike dialektar og av menneske i ulike aldrar og av begge kjønn. Han må også innehalda leksikalsk materiale og elektroniske ordbøker. Ulike brukargrupper skal kunna henta ut og gjera seg nytte av det dei måtte trenga av digitalisert språkmateriale.

Ein språkbank utgjer grunnlaget for å kunna utvikla programvare og språkteknologiske produkt på norsk både for dagen i dag og for framtida.

I tillegg til dette vil ein norsk språkbank også utgjera sjølve hjørnesteinen i språkteknologisk forsking. Å få på plass ein norsk språkbank er dermed også føresetnaden for å kunna gjennomføra avansert forsking i norsk språk.

7.5.5.6 Røynsler frå forskingsprogrammet KUNSTI

Langsiktig kunnskapsutvikling gjennom språkteknologisk forsking tufta på norsk språk har i sin tur mykje å seia for å støtta opp under seinare produktutvikling. Ein norsk språkbank vil tena som eit forskingsverktøy som i neste omgang vil generera meir forsking og nye og betre produkt og tenester.

Noregs forskingsråd brukte i perioden 2001–2006 om lag 70 mill. kroner til det store språkteknologiske programmet Kunnskapsutvikling for norsk språkteknologi (KUNSTI). Formåla var for det første å styrkja grunnforsking og kompetanse innanfor relevante fag som til dømes datalingvistikk, taleteknologi og aktuelle område innanfor informatikk/informasjonsvitskap, fonetikk og formell lingvistikk. For det andre var det eit formål å støtta forsking og utvikling med sikte på å gjera talt og skriven norsk og samisk tilgjengeleg for datamaskinell prosessering.

Men mangel på relevante språkressursar viste seg å vera eit problem for mange av prosjekta i KUNSTI. Til dels måtte det brukast tid og ressursar på å samla inn og utvikla nødvendig infrastruktur i form av språkressursar før ein kunne starta med sjølve forskingsarbeidet.

Til dømes kunne eit prosjekt som arbeidde med maskinomsetjing mellom norsk og engelsk, det såkalla LOGON-prosjektet, ha kome mykje lenger dersom prosjektet hadde hatt tilgang til språkressursar som viser grammatiske korrespondansar mellom norske tekstar og engelske omsetjingar. Ein slik ressurs, som er eit viktig grunnlag for optimalisering av omsetjingssystem, er under oppbygging for mellom anna engelsk-tysk-svensk, men ikkje for norsk.

Alt i alt vart resultatet i KUNSTI-programmet at ein hadde mindre ressursar å bruka til dei primære forskingsoppgåvene. Dette førte i sin tur at til uheldige justeringar av innretning og ambisjonsnivå i fleire av prosjekta. Samla sett måtte ambisjonane for heile programmet endrast. Bakgrunnen var at ein ved planlegging av programmet hadde lagt til grunn at arbeidet med å byggja opp språkbanken ville koma i gang samstundes med programmet.

7.5.5.7 Språkteknologiske fagmiljø og forsking i Noreg

Dei språkteknologiske fagmiljøa i Noreg er konsentrerte til Oslo, Bergen og Trondheim. Det blir dessutan arbeidt med samisk språkteknologi i Tromsø. Det er eit visst samarbeid mellom dei ulike stadene, i alle fall innanfor universiteta. Enkelte store private forskings- og utviklingsmiljø, til dømes SINTEF og Telenor, samarbeider også med universitetsmiljøa.

Universitetsmiljøa utfyller kvarandre når det gjeld språkteknologiske spesialitetar.

I Oslo arbeider ein mest med maskinomsetjing, digitale ordbøker og noko tekstlingvistikk.

I Bergen er det særleg store tekstsamlingar, ein del datalingvistikk og terminologiarbeid som står sterkt.

Miljøet i Trondheim er mest kjent for arbeidet med tale og lyd, men også her blir det arbeidt med datalingvistikk.

Den språkteknologiske kompetansen er høg jamvel om miljøa er små. Internasjonalt sett held såleis norske språkteknologiske fagmiljø eit høgt nivå. Dette er kompetanse som vi må utnytta.

Noreg har som ambisjon å vera eit kunnskapssamfunn som utviklar og bruker avansert teknologi der vi kan. Vi ønskjer å vera verdsleiande og satsa på innovasjon og utvikling. Men det står meir på spel enn ein berekraftig kunnskapsindustri. Det gjeld også å slå vakt om den norske språk- og kulturarven.

7.5.6 Vidare arbeid med etablering av ein norsk språkbank

7.5.6.1 Behovet for ein norsk språkbank

Det er ingen andre enn Noreg som vil utvikla språkteknologi på norsk. Det er store voner til utnytting av språkteknologi innanfor mange område både i næringslivet og offentleg sektor. Både i europeisk og i nordisk samanheng tek ein sikte på å oppretta ein forskingsinfrastruktur og eit samarbeid som integrerer tilgjengelege språkressursar. Oppbygging og kvalitetssikring av nasjonale ressursar vil likevel vera ei nasjonal oppgåve.

Ein norsk språkbank er eit viktig språkpolitisk tiltak for å styrkja norsk språk i ei global språkutvikling der små språksamfunn er utsette for aukande press. Språk er dessutan den fremste beraren av kulturell identitet, og satsing på ein norsk språkbank er difor eit vesentleg og vidfemnande kulturtiltak i vår tid.

I tillegg vil etablering og oppbygging av ein språkbank leggja til rette for nærings- og teknologiutvikling, forsking og undervisning, effektivisering av forvaltninga og for språk og kultur. Jamvel om Kultur- og kyrkjedepartementet har ansvar for språkpolitikken, vil tiltaket også vedkoma ansvarsområdet til fleire andre departement, i første rekke Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet.

Dei norske språkteknologiske fagmiljøa står samla bak eit ønske om at det blir etablert ein norsk språkbank. Både forskingspolitiske, næringspolitiske, ikt-politiske og språkpolitiske omsyn tilseier difor no at vi kjem i gang med å byggja opp den teknologiske infrastrukturen som ein norsk språkbank vil representera.

7.5.6.2 Ein norsk språkbank skal etablerast

Regjeringa har som mål i dei næraste åra å få bygd opp ein norsk språkbank. Dette er det største enkeltståande tiltaket som blir varsla i denne meldinga.

I brev av 6. mai 2008 har departementet bedt Språkrådet gå i gang med å førebu den formelle etableringa av språkbanken frå 1. januar 2009. Departementet har for dette formålet bedt Språkrådet setja ned ei arbeidsgruppe som innan 15. august 2008 skal skissera ein plan for korleis etab­leringa kan skje.

Denne planen skal mellom anna visa kva personellressursar og kostnader språkbanken vil krevja det første driftsåret, og korleis språkbanken kan organiserast. Gruppa har også fått i oppdrag å skissera ein realistisk strategi og opptrappingsplan for perioden 2010–2014.

Det er streka under i brevet at gjennomføringa av tiltaket vil vera avhengig av og til kvar tid vil måtta tilpassast den aktuelle budsjettsituasjonen.

Språkbanken vil bli bygd opp over ein periode på fem–seks år, før han går inn i ein drifts- og vedlikehaldsfase.

Kultur- og kyrkjedepartementet vil i nært samarbeid med Kunnskapsdepartementet, Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet avklara organisering og finansiering av språkbanken.

7.5.6.3 Innhaldet i ein norsk språkbank

Språkbanken skal vera ein stor, samla, nasjonal språkressurs som er kvalitetssikra og bygd opp etter internasjonale standardar.

Frå før finst det spreidde ressursar i form av norske tekst- og talekorpus, ord- og termbasar, grammatikkar osv. Alt i alt er desse for små eller for lite detaljerte. Dessutan er dei i liten grad kvalitetssikra; dei er ikkje samla under eitt, dei er lite kompatible, og dermed er dei alt i alt vanskeleg tilgjengelege for aktuelle forskingsmiljø.

Rapporten frå 2002, som er omtalt under kap. 7.5.2.6 ovanfor, inneheld ei kartlegging av då­verande språkressursar og ei vurdering av kva type ressursar som det var nødvendig å byggja opp frå grunnen av.

Etter 2002 er dessutan ein del nye ressursar bygde opp og tekne vare på ved universiteta, mellom anna i samband med det nemnde KUNSTI-programmet.

Ei ny kartlegging av eksisterande ressursar ved universiteta og hos interesserte industriaktørar må til for å avklara kva språkressursar som elles kan vera aktuelle å ta inn i språkbanken, og kva som må byggjast opp frå grunnen av. Dette vil vera ein viktig del av det arbeidet som skal gjerast av den gruppa som Språkrådet har fått ansvaret for å setja ned. Kartlegginga må også omfatta den rettslege statusen til ressursane med omsyn til bruken.

Eit materiale som alt er sikra for språkbanken, er dei språkressursane som vart bygde opp av Nordisk Språkteknologi Holding (NST) på Voss. I perioden 1998–2000 utvikla dette selskapet talesyntese, talegjenkjenning og diktering for norsk, svensk og dansk i samarbeid med andre selskap, mellom andre IBM.

Selskapet samla inn og lagra ei rekkje språkressursar til bruk i produktutviklinga. Desse språkressursane omfatta taledata, leksikalske data, tekstsamlingar og applikasjonsdata. Mellom anna vart det lagt ned eit stort arbeid for å samla inn og lagra opptak av norske dialektar. NST gjekk konkurs i 2003.

Ein gjennomgang av dette materialet har vist at særleg dei akustiske basane i språkmaterialet er i god stand og godt eigna for gjenbruk. Innhaldet er utvikla systematisk, følgjer same mal, og internasjonale standardar er nytta i den grad dei fanst.

I januar 2007 vart språkressursane frå konkursbuet til NST sikra for ein framtidig språkbank gjennom eit samla oppkjøp i regi av Språkrådet, universiteta i Oslo, Bergen og Trondheim og IBM. I påvente av etablering av språkbanken er det danna eit interimsstyre for å ta hand om språkressursane. Når språkbanken er oppretta, kan ressursane overførast til språkbanken, og interimsstyret vil kunna avviklast.

7.5.6.4 Kostnadsspørsmålet

Konklusjonen i rapporten frå 2002 var at det ville kosta om lag 100 mill. kroner fordelt over fem år å få på plass det minimum av språkressursar som skal til for å få ein fullverdig norsk språkbank.

Sidan 2002 har teknologien gått framover, og det har skjedd ei viss internasjonal standardisering. Dette gjer at utgiftene til nyinnsamling og tilrettelegging truleg kan reduserast noko.

Den gjennomgangen som arbeidsgruppa i regi av Språkrådet skal gjera, vil elles gje eit betre grunnlag for etter kvart å koma fram til eit oppdatert overslag over kva investeringar som krevst.

Det er sjølve etableringa av språkbanken og oppbygginga av språkressursane som representerer det store kostnadslyftet.

Investerings- og grunnlagskostnadene i samband med innsamling av dei digitaliserte språkressursane er ikkje mindre for eit lite språk enn for eit stort. Det kostar om lag det same å etablera og halda ved like den nødvendige infrastrukturen for språkteknologi uavhengig av kva språk det gjeld. Norsk språk har få brukarar å fordela kostnadene på og ein liten marknad å selja i.

Å etablera ein norsk språkbank vil likevel kosta mindre dei første par åra og kosta meir midtvegs og mot slutten. Deretter vil ein gå over til vanleg drift med vedlikehald og generell utvikling. Her vil det vera tale om årlege kostnader til lønn for to–tre personar og eit avgrensa behov for utstyr. Noko av driftsutgiftene kan dekkjast gjennom brukaravgifter.

7.5.7 Oppsummering av prioriterte tiltak

  • 1 Departementet vil byggja opp ein norsk språkbank og Språkrådet har oppdraget å leia arbeidet med å førebu organiseringa og den vidare oppbygginga av språkressursar.

  • 2 Departementet vil gje Språkrådet i oppdrag å revidera og oppdatera handlingsplanen for Norsk språk og IKT frå 2001.

  • 3 Departementet vil ta initiativ til å setja ned eit permanent interdepartementalt utval for språk og teknologi.

  • 4 Departementet vil i samråd med Fornyings- og administrasjonsdepartementet leggja til rette for at viktig programvare til bruk i det offent­lege i størst mogleg grad skal finnast tilgjengeleg i begge målformer.

  • 5 Departementet vil ta initiativ til å få utvikla nødvendige programmodular for parallellsøk mellom bokmål og nynorsk til bruk i interne arkiv- og saksbehandlingssystem og ved Internett-søk.

7.6 Kultur- og mediesektoren

7.6.1 Innleiing

7.6.1.1 Utgangspunktet

Eit breitt og differensiert kultur- og medietilbod tufta på norsk språk er grunnleggjande for å sikra stillinga og i siste instans sjølve overlevingsevna for det norske nasjonalspråket.

I tillegg er norske kultur- og medieinstitusjonar i høg grad med på å halda oppe og utvikla eit kulturelt medvit om det norske. Eit slikt medvit har mykje å seia både for nasjonen og for nasjonalspråket.

Det må likevel strekast under at i eit moderne multikulturelt og mangespråkleg samfunn vil innhaldet i omgrepet om det norske stadig vera i endring og utvikling under påverknad av impulsar utanfrå.

I tråd med den varianten av parallellspråksstrategien som det er gjort greie for under kap. 7.1.8.7, må det overordna språkpolitiske målet for kultur- og mediesektoren vera å sikra at det norskspråklege tilbodet er så stort og har så høg kvalitet at det kan hevda seg i tevlinga med det framandspråklege tilbodet. Dette er, og har lenge vore, ein innebygd del av norsk kultur- og mediepolitikk meir allment.

7.6.1.2 Vurderinga i Norsk i hundre!

I strategirapporten Norsk i hundre! heiter det at det må vera eit overordna mål for språkpolitikken å sikra at nynorsk og bokmål framleis blir brukt i alle medium og på alle område innanfor kultursektoren.

I rapporten heiter det vidare at både skjønn- og faglitteraturen i dag er parallellspråkleg, men at det er viktig å halda opp eksisterande støtteordningar for at norskspråklege utgjevingar også i framtida skal kunna hevda seg overfor dei engelske.

Rapporten slår fast at pressa i stor grad er norskspråkleg, men at innslaget av engelsk etter kvart er vorte ganske stort i etermedia. Både fjernsynstilbodet og tilbodet av film på kino og DVD er likevel i stor grad parallellspråkleg; det vil seia at norskspråklege produksjonar tevlar med og hevdar seg overfor dei engelskspråklege.

Norsk i hundre! slår altså fast at dei offentlege støtteordningane på kultur- og mediefeltet er svært viktige også i eit språkpolitisk perspektiv. Arbeidsgruppa som utarbeidde rapporten, såg i utgangspunktet eksisterande ordningar som godt utbygde og la ikkje fram konkrete forslag om styrking eller vidare utbygging. Dette vart også grunngjeve med at gruppa såg økonomiske tiltak på andre sektorar som språkpolitisk viktigare «akkurat nå».

Strategigruppa meinte derimot at staten måtte kunna stilla krav om språkpolitiske motytingar for dei store summane som kvart år kjem kultur- og mediesektoren til gode gjennom momsfritak, pressestøtte og mange andre støttetiltak. Gruppa peikte på at slike krav kunne vera eit verkemiddel for å sikra norsk språk i tevlinga med engelsk og ikkje minst for å sikra eit tilstrekkeleg innslag av nynorsk i alle medium.

7.6.1.3 Utfordringa

Den stadig sterkare utfordringa vi står overfor, har samanheng med at grensene langt på veg er utviska mellom det norske språksamfunnet og ei sterkt internasjonalisert medieverd.

FN-rapporten Human Development Report frå 2004 slår fast at den globaliserte medie- og underhaldningskulturen i dag har ei så sterk gjennomslagskraft, særleg via fjernsynet, at den eigne identiteten til små nasjonar og folk, også språket deira, er sett under press frå ein ny verdsomspennande konsumkultur som er dominert av engelsk språk og angloamerikanske kulturimpulsar. Nye digitale medieformer, særleg Internett, er på visse måtar med på å forsterka denne utviklinga.

Det er hevda at den angloamerikansk kultur­industrien kan truga med å støypa alle inn i eitt og same kulturelle mønster. Teknologiske drivkrefter i denne utviklinga er mellom anna satellittbasert fjernsyn og Internett, kommunikasjonskanalar i rivande teknologisk utvikling, som er med på å binda heile kloden saman på ein ny måte.

Situasjonen og utviklinga på kultur- og medieområdet peiker likevel ikkje eintydig i ei bestemt lei. For dette er eit svært mangearta område, og dei språklege uttrykka innanfor denne sektoren tek mange ulike former, har til dels ulike funksjonar og blir formidla gjennom svært ulike kanalar.

7.6.1.4 UNESCO-konvensjonen om kulturelt mangfald

Berre USA og Israel røysta imot då konvensjonen om å verna og fremja eit mangfald av kulturuttrykk vart vedteken på generalkonferansen i UNESCO i oktober 2005. Konvensjonen er også kort omtalt under kap. 7.1.1.1 ovanfor.

Fleire land har i mange år arbeidt for ein internasjonal bindande avtale som kunne vera ei motvekt mot det presset mot nasjonale kulturtiltak som ulike handelsavtalar hadde skapt. Formålet med UNESCO-konvensjonen er å gje medlemsstatane reelt høve til å gjennomføra ein kulturpolitikk som kan fremja eit mangfald av kulturuttrykk. Konvensjonen legitimerer at statane har ein suveren rett til å treffa kultur- og mediepolitiske tiltak som dei ser formålstenlege for å verna og fremja kulturelt mangfald. Konvensjonen er gjord gjeldande frå 18. mars 2007.

Departementet legg til grunn at UNESCO-konvensjonen, som sikrar alle statar rett til å verna det kulturelle mangfaldet på sitt eige territorium, også vil danna eit godt grunnlag for språkpolitikken på kultur- og medieområdet.

7.6.2 Språkbruk i mediesektoren

7.6.2.1 Medievanar

Undersøkingar av norske og nordiske medievanar stadfestar at fjernsynet framleis er det mest gjennomslagskraftige mediet. I Norsk i hundre! vart det opplyst at fjernsynet har oppslutning frå 83 prosent av befolkninga i mellom to og tre timer pr. dag, og at oppgangen for nettbaserte medium ikkje har ført til nokon reduksjon i fjernsynssjåing.

Ei stor undersøking av nordiske medievanar frå 2005 viste at 86 prosent av alle i Norden mellom 9 og 79 år såg fjernsyn på ein gjennomsnittsdag, ein auke frå 77 prosent sidan 1979. Tilsvarande tal for avislesing og radiolytting i 2005 var 81 prosent og 74 prosent. Dinest kom Internett med 42 prosent.

Den same undersøkinga viste at av eit brutto mediekonsum ein gjennomsnittsdag i 2005 på i alt 5 timar og 41 minutt vart 28 prosent brukt til å sjå fjernsyn og 31 prosent til å høyra radio. Internettbruk og avislesing kom langt etter med respektive 9 og 8 prosent.

Barn og ungdom mellom 9 og 14 år hadde eit noko lågare mediekonsum totalt sett, men heile 39 prosent av tida gjekk med til å sjå fjernsyn. Dei eldre ungdommane låg omtrent på gjennomsnittet både i totalt mediekonsum og når det gjaldt fjernsynssjåing.

Etter opplysningar frå Norsk mediebarometer var det i 2007 82 prosent av befolkninga som såg på fjernsyn ein gjennomsnittsdag. Tilsvarande tal for avislesing og radiolytting var 72 prosent og 53 prosent, medan 66 prosent brukte Internett. I snitt brukte vi i 2007 2 timar og 32 minuttar kvar dag til å sjå fjernsyn, ein auke på fire minutt frå året før.

Tala for 2007 frå Norsk mediebarometer viser at det i alle aldersgrupper er eit stort fleirtal som ser på fjernsyn i løpet av ein dag. Det er den eldste delen av befolkninga som bruker mest tid til å sjå fjernsyn. TV-sjåarane i gruppa 67–79 år brukte i snitt 3 timar og 49 minuttar per dag, medan sjåarar i alderen 9–12 år brukte 2 timar og 13 minutt.

For Internett er det ikkje overraskande dei unge som er dei største brukarane.

Internett er det raskast veksande kommersielle mediet i verda, og har dei siste åra vorte ein jamt viktigare distribusjonskanal også for audiovisuelt innhald. Tidlegare har dårleg kapasitet på datautstyr og breiband gjort at kvaliteten på levande bilete formidla over Internett ikkje har vore ein reell konkurrent for tradisjonell fjernsynsdistribusjon. Dette er på veg til å endra seg. I tillegg til at kringkastarane sjølve tilbyr innhald via nett-tv, har til dømes også aviser og andre store nettstader no supplert det tekstbaserte tilbodet sitt med nett-tv.

7.6.2.2 Ein arena for den offentlege samtalen

Ein av dei funksjonane det moderne mediesamfunnet har, er å tena som arena for den offentlege samtalen.

I denne funksjonen er språkvalet på mange måtar gjeve. I nyhendeformidling, debatt- og magasinstoff i aviser, radio og fjernsyn, i avisinnlegg, artiklar og debattbøker, innlegg i forum på Internett og liknande er det norsk språk som dominerer fullt og heilt.

Og det er vanskeleg å tenkja seg at det kan vera annleis, så lenge norsk språk er morsmål for det store fleirtalet av nordmenn. For dette er ein innebygd del av den demokratiske infrastrukturen i samfunnet.

Her er media avhengig av å stå i direkte dialog med publikum, og dei ville neppe vera i stand til å vareta funksjonen sin som forum for informasjonsformidling og meiningsutveksling dersom denne offentlege samtalen skulle gå føre seg på eit anna språk enn norsk.

I Norsk i hundre! er det då også slått fast at denne situasjonen neppe kjem til å endra seg med det første, og at det ikkje er grunn til å frykta domenetap for norsk språk på dette området.

For at den offentlege samtalen skulle gå føre seg på eit anna språk, måtte det ikkje berre vera eit klart behov for det. Publikum måtte også vera i stand til å diskutera viktige spørsmål på andre språk enn norsk. Begge delar ligg langt unna dagens realitetar, slår strategirapporten fast.

Dette inneber at media i den funksjonen dei har som arena for den offentlege samtalen, i høg grad er med på å styrkja og vidareutvikla bruken av norsk språk.

7.6.2.3 Ein scene for framvising av språklege uttrykk

Media fungerer likevel ikkje berre som ein arena for den offentlege samtalen, men er i stadig sterkare grad også ein scene for framvising av språklege uttrykk som har eit meir monologisk preg.

Dette opnar lettare vegen for engelskspråkleg innhald. Særleg er det fjernsynet som meir og meir har fått eit slik preg, og det kan ikkje minst merkast i reklame, som er eit typisk døme på framvising av stoff for eit publikum, men også i mange former for underhaldnings- og musikkprogram både i radio og fjernsyn.

7.6.2.4 Engelskspråkleg programmateriale i ­fjernsynet

Kringkastingsutviklinga i Noreg dei siste 25 åra har gått frå monopol til mangfald, med aukande kommersialisering som drivkraft og resultat.

Dei norskspråklege fjernsynskanalane i regi av NRK, TV2, TVNorge og TV3 har fått konkurranse frå eit utal av utanlandske kanalar via kabel, satellitt og no også via det digitale bakkenettet. Kommersielle distributørselskap set saman programpakker der engelskspråklege musikk- og underhaldningskanalar utgjer ein stor del av det samla tilbodet.

Kommersialiseringa og konkurransesituasjonen har gjort sitt til at fjernsynet som medium i aukande grad er vorte fylt opp med utanlandske filmar og underhaldningsseriar. Mykje av dette er engelskspråkleg programmateriale, som oftast av amerikansk opphav. Resultatet er ein omfattande auke i underhaldningsprega, angloamerikansk språk- og kulturimport gjennom fjernsynet dei siste tiåra.

I staden for å satsa på eigenprodusert programmateriale er det ofte rimelegare å kjøpa inn utanlandske produksjonar og programkonsept som er utforma for å appellera til eit breitt internasjonalt publikum. For produksjonskostnadene er dei same uavhengig av det potensielle sjåartalet. Produsentar som lagar program på eit av dei store språka, har difor ein konkurranseføremon.

Program som er spesialtilpassa for det norske samfunnet, er svært kostbare å produsera dersom ein vurderer det i høve til potensielt sjåartal, og kan difor vera mindre interessante i eit reint kommersielt perspektiv. Programkonsept som alt er prøvde ut og har hatt suksess i andre land, representerer mindre marknadsrisiko samanlikna med heilt nye konsept.

I tillegg er det eit faktum at fleire produsentselskap i USA dei siste åra har lansert seriar som både har halde høg kunstnarisk kvalitet, vore nyskapande og hatt stor publikumsappell. Difor har slike seriar vorte viste av kringkastarar i dei fleste landa i Europa.

7.6.2.5 Kvotereglar for europeisk program­materiale i fjernsyn

Noreg er gjennom EØS-avtalen bunde av tv-direktivet i EU. Hovudformålet i tv-direktivet er at fjernsynsselskapa skal ha mest mogleg uhindra tilgang til fjernsynsmarknadene i Europa.

Direktivet inneheld mellom anna kvotereglar som skal sikra at minst halvparten av sendetida i fjernsyn eller minst halvparten av programbudsjettet blir sett av til europeiske produksjonar. Desse kvotereglane gjeld for alt fjernsynssendingar utanom nyhende, sport, underhaldningsprogram med konkurranseprega innslag eller reklame.

For det andre skal minst 10 prosent av sendetid eller programbudsjett vera europeiske verk frå produsentar som er uavhengige av fjernsynsselskapet. Kvotereglane er gjennomførte i norsk rett gjennom føresegner i kap. 2 i kringkastingsforskrifta som igjen har heimel i § 2-6 i kringkastingslova.

Desse reglane har over tid ført til at det no blir sendt monaleg meir av europeiske produksjonar i fjernsyn enn tidlegare. Ei undersøking i regi av EU-kommisjonen frå 2004 viser at fjernsynsselskapa i snitt nytta 63 prosent av sendetida til europeiske program.

I desember 2007 vart det vedteke eit nytt og utvida endringsdirektiv som skal erstatta tv-direktivet. Det nye direktivet, direktivet for audiovisuelle medietenester, inneheld dei same kvotereglane for europeisk programmateriale i fjernsyn. I tillegg skal medlemsstatane sikra at audiovisuelle medietenester på bestilling, såkalla ikkje-lineære tenester, fremjar produksjon av og tilgang til europeiske verk.

7.6.2.6 Situasjonen i den norske fjernsynsmark­naden

Fjernsynsmarknaden i Noreg er sterkt dominert av norske aktørar. Utanlandske kringkastarar har i dei siste ti åra lege stabilt på i underkant 10 prosent målt i samla marknadsdel. Dette viser at det norske tv-publikumet i hovudsak held seg til dei norskspråklege kringkastarane.

Det er likevel unntak frå denne generelle tendensen. I kategorien kringkastarar med barn som målgruppe har den internasjonale aktøren Disney Channel dei siste åra teke stadig fleire marknadsdelar frå NRK og TV 2. Men 1. desember 2007 lanserte så NRK barnekanalen NRK Super. Denne nye NRK-kanalen vil vonleg vera ein viktig konkurrent til Disney Channel og andre reine barnekanalar.

Jamvel om norske tv-kanalar i hovudsak ser ut til å klara seg godt i tevlinga med utanlandske kanalar, inneber likevel ikkje dette at publikum ser tilsvarande mykje norskspråkleg innhald. For auken i underhaldningsprega, angloamerikansk språk- og kulturimport gjennom fjernsynet dei siste tiåra, viser også att i dei norske kanalane. Også NRK og TV2 er til ein viss grad prega av denne utviklinga.

Det er likevel ikkje grunnlag for å hevda at tilbodet frå dei norske allmennkringkastarane har vorte mindre norsk gjennom dei siste ti åra. NRK har rett nok ein svak reduksjon i talet på norske program, men dette blir vege opp av ein markert auke i talet på norske program i TV 2. Både i NRK og TV 2 er meir enn halvparten av programma norskproduserte.

Også andre norske fjernsynskanalar brukar i stor grad norsk språk i store delar av programtilbodet sitt, ikkje berre innanfor nyhendeformidling og debatt, men også i sportssendingar og delar av dokumentar- og underhaldningsstoffet.

Det vil stadig vera ei utfordring korleis det best kan leggjast til rette for eit norskspråkleg fjernsynstilbod som kan hevda seg både kvantitativt og kvalitativt. Særleg er det grunn til å framheva den innsatsen NRK og TV 2 gjer og framleis må gjera for at norsk språk og kultur skal ha ein framståande plass i eteren.

Både TV 2 og NRK har ei viktig, men utfordrande rolle å spela når dei også i åra framover skal vareta nasjonale språk- og kulturomsyn i sitt eige programtilbod, samstundes som dei er avhengige av å hevda seg i konkurransen med ein aukande flaum av frittståande, utanlandske kanalar.

7.6.2.7 NRK og TV2 som norskspråkleg motvekt

Sett i høve til norsk språk og kultur er det ingen tvil om at NRK og TV2 som norskbaserte allmennkringkastarar representerer ei viktig motvekt til den angloamerikanske språk- og kulturimporten.

Også andre norske fjernsynskanalar brukar i stor grad norsk språk i store delar av programtilbodet sitt, ikkje berre innanfor nyhendeformidling og debatt, men også i sportssendingar og delar av dokumentar- og underhaldningsstoffet.

Dersom vi ser på total sendetid, har difor liberaliseringa av kringkastingsmediet ført til at det aldri før er sendt så mykje norskspråkleg fjernsyn som i dag. Ser vi derimot på prosentdelen av norsk­språkleg fjernsyn innanfor det samla fjernsyns­tilbodet, er det like klart at det har vore ein nedgang.

Sjåarvanar blir avgjerande til sjuande og sist. Spørsmålet blir mellom anna i kva grad yngre generasjonar vil ta med seg sine ungdommelege medievanar inn i vaksenverda.

7.6.2.8 Mangel på framandspråkleg mangfald i kanaltilbodet

Det er ingen tvil om det skjer eit etter måten omfattande innkjøp av angloamerikansk programstoff også i norske fjernsynskanalar, og at vi ikkje kan sjå bort frå den utfordringa dette representerer for norsk språk og kultur.

Men eit vel så stort problem er det kan henda at den sterke konsentrasjonen om angloamerikansk programstoff fører til at norske sjåarar i liten grad blir eksponerte for andre framandspråk enn engelsk.

Det finst nesten ikkje tilbod om europeiske kanalar på til dømes tysk, fransk, spansk, italiensk eller russisk i dei ordinære programpakkene frå dei kommersielle distribusjonsselskapa.

Éin av konsekvensane er at norske elevar som også ønskjer å læra eit anna framandspråk enn engelsk, nesten ikkje får høyra det aktuelle språket andre stader enn i klasserommet.

Også i NRK er det ein sterk angloamerikansk dominans i det framandspråklege programtil­bodet. Språk som tysk, fransk, spansk, italiensk o.a. er sjeldan å høyra. Ein del av grunnen til at det er vorte slik, er at tilgangen på engelske og amerikanske program og seriar er så mykje større enn tilsvarande på andre språk.

Engelsk og amerikansk språk dominerer i dag så sterkt som framandspråk i norsk radio og fjernsyn at det nesten ikkje lèt seg gjera å høyra andre framandspråk enn engelsk i eteren.

7.6.2.9 Teksting eller dubbing

I Norsk i hundre! er det vist til at det er vanleg med teksting av framandspråklege seriar i norsk fjernsyn. Rapporten drøftar spørsmålet om ein i staden burde gå over til dubbing, slik praksis er i fleire andre land, og peiker på at ei slik fornorsking av fjernsynsspråket kunne vera eit bidrag til å redusera det angloamerikanske språk- og kulturhegemoniet.

Rapporten viser samstundes til at dubbing ville vera eit radikalt brot med innarbeidd praksis, og at det har klare ulemper, også av språkleg art. Fordelen med teksting er mellom anna at ein kan høyra det originale framandspråket samstundes som ein kan samanlikna med skriven tekst på norsk, og dette kan ha positive verknader for framandspråkopplæringa.

I språkopplæringsmeldinga frå Kunnskapsdepartementet 49 er det nemnt at inntrykket av at nordmenn er gode i engelsk, i nokon mon blir stadfesta i ei europeisk undersøking som viser at norske og svenske elevar på ungdomstrinnet skårar best blant åtte nasjonar. 50 Undersøkinga viste at norske elevar skårar særs høgt i leseforståing og munnlege evner. Dei flinkaste elevane anslo at halvparten av den engelsken dei hadde lært, hadde dei tileigna seg utanom skuletida.

Det er grunn til å tru at eksponeringa for engelsk språk via fjernsyn er ei av dei viktigaste kjeldene barn og unge har til å læra seg engelsk utanom skuletida. Dubbing vil derfor vere til hinder for slik læring.

Dersom dubbing skulle erstatta teksting av framandspråklege program i norsk fjernsyn, ville dette også vera til stor ulempe for til dømes høyrselshemma, som ikkje i same grad som i dag ville kunna følgja med i programmet.

Alt i alt meiner departementet at dei beste grunnar taler for at noverande praksis bør halda fram, og ser det difor ikkje som aktuelt å gjera forsøk med dubbing i staden for teksting.

Mellom anna av omsyn til høyrselshemma vil departementet vurdera om det er råd å utvida tekstetilbodet i fjernsyn til også i større grad å gjelda program med norsk tale.

7.6.3 Krav til allmennkringkastarane om bruk av norsk språk

7.6.3.1 Generelle krav til bruk av norsk språk

Vi har i dag fire riksdekkjande allmennkringkastarar i Noreg. Tilbodet frå dei kommersielle allmennkringkastarane TV 2, Radio Norge (tidlegare Kanal 24) og P4 Radio Hele Norge supplerer og utfyller det omfattande tilbodet frå Norsk rikskringkasting (NRK). Gjennom vedtekter og konsesjonsvilkår stiller staten krav om at NRK og TV2 i programverksemda si skal bidra til å styrkja norsk språk, identitet og kultur.

For NRK sin del er dessutan grunnleggjande krav og forventningar til institusjonen no forankra i eit overordna styringsdokument i form av ein allmennkringkastingsplakat kalla NRK-plakaten, jf. St.meld. nr. 6 (2007–2008 og Innst. S. nr. 169 (2007–2008).

I gjeldande vedtekter for NRK er det fastsett at programtilbodet frå NRK i hovudsak skal bestå av norskspråklege sendingar. I konsesjonen for TV2 er det fastsett at minst halvparten av sendingane skal vera norskspråklege. Her heiter det også at TV2 har som intensjon å styrkja prosentdelen norskspråkleg produksjon i konsesjons­perioden.

I allmennkringkastingsrapporten frå Medietilsynet for 2007 blir det konkludert med at TV 2 på viktige område bidrar til å styrkja norsk språk, identitet og kultur. Når det gjeld det kvantitative kravet om at minst 50 prosent av sendingane skal vera norskspråklege, konkluderer Medietilsynet med at TV 2, med 63 prosent norskspråklege sendingar, innfrir også dette kravet i 2007.

For NRK konkluderer Medietilsynet med at NRKs sendingar i hovudsak er norskspråklege, og at dette kravet dermed var innfridd.

7.6.3.2 Norsk drama

I NRK-plakaten heiter det at NRK skal formidla og produsera norsk musikk og drama, dessutan formidla norsk film og stimulera det norske film­miljøet. I vedtektene heiter det om drama at NRK skal driva formidling og produksjon av drama som speglar av norsk språk, identitet og kultur. TV2 har som konsesjonskrav at dei skal senda norskspråkleg drama.

7.6.3.3 Norskspråklege program for barn og unge

I vedtektene for NRK er det elles fastsett at det skal vera daglege norskspråklege program for barn under 12 år og jamlege norskspråklege program for unge. Tilsvarande krav finst i konsesjonen for TV2. Når det gjeld daglege norskspråklege sendingar for barn under tolv år, er det i konsesjonen for TV2 teke atterhald dersom det ligg føre spesifikke redaksjonelt grunngjevne unntak.

7.6.3.4 Norsk og norskspråkleg musikk

Kravet om norsk musikk er først og fremst retta mot radio. TV 2 har ikkje konsesjonskrav om bruk av norsk musikk. NRK driv både på radio og fjernsyn, og vedtektskravet gjeld båe plattformer. Radio er elles eit verbalmedium, og det meste av programtilbodet er på norsk.

Dei meir spesifikke krava som er stilte til norsk språk i radio, går difor på bruken av norsk musikk. I vedtektene for NRK og i konsesjonsvilkåra for P4 og Radio Norge er det krav om at dei skal spela minst 35 prosent norsk musikk.

Norsk musikk er ikkje nødvendigvis det same som norskspråkleg musikk. Også svært mykje av den norske populærmusikken har engelsk tekst. Det er likevel ikkje tale om total engelskdominans når det gjeld musikktilbodet i radio i dag. Også populærmusikk med norske tekstar har lenge hevda seg relativt godt, også kommersielt.

I Norsk i hundre! blir det lagt til grunn at det på dette feltet er etablert ein parallellspråkleg situasjon der norsk maktar å hevda seg, og at det neppe er behov for å setja inn omfattande nye tiltak. Rapporten strekar likevel under at styresmaktene må sjå til at konsesjonspliktige radioføretak ikkje slår inn på ei linje som ekskluderer norskspråkleg musikk.

I St.meld. nr. 30 (2006-2007) Kringkasting i en digital fremtid er det i kap. 9 ei samla oversikt over kva krav som blir stilte til dei konsesjonspliktige allmennkringkastarane når det gjeld norsk musikk. I meldinga gjekk departementet inn for å presisera vedtektskravet til NRK når det gjeld norsk musikk.

Departementet meiner det er rimeleg at særleg NRK går i bresjen for å fremja norsk musikkultur, og NRK-vedtektene blir difor no endra slik at NRK blir pålagd å spela minimum 35 prosent norskspråk­leg og/eller norskkomponert musikk. Definisjonen av kva som er å rekna som norsk musikk, kan ikkje gjelda språk åleine, sidan ikkje all musikk inneheld tekst.

7.6.4 Generelt om språk, litteratur og ­bibliotek

7.6.4.1 Språk som estetisk og kunstnarleg uttrykk

Eit kjenneteikn ved språket er at det også har ein estetisk dimensjon og ein symbolsk funksjon. I dikte­kunsten blir språket delvis dyrka for si eiga skuld. Språket er i høg grad eit kunstnarleg uttrykksmiddel.

Språket som kunstnarleg uttrykk har vore vurdert på ulike måtar opp gjennom tidene, som kjelde til estetiske opplevingar, danning og identitetsskaping, som impuls til erkjenning, nytenking og skjerpa sansing, som drivkraft for kritikk, provokasjon og politisk endring, som underhaldning, salsvare og eksportartikkel.

Det kunstnarlege språket har vore framstilt som ei kultiverande kraft med evne til å endra individ og samfunn. Gjennom kunsten blir dessutan språket sjølv eit objekt for eksperimentering og nyskaping.

7.6.4.2 Kunsten og dei nasjonale språka

Det kunstnarlege språket kan seiast å stå i eit spenningsforhold til dei nasjonale språka. På den eine sida blir alle språklege kunstverk skrivne på eit bestemt språk. På den andre sida lever litteraturen eit omskifteleg liv, både sett i høve til nasjonale ideo­logiar og landegrenser.

Kunst høyrer nok heime i spesifikke kulturelle samanhengar. Men kunsten kan sjeldan reduserast til berre å vera uttrykk for ein nasjonal identitet. Den beste kunsten overskrider gjerne grensene for det nasjonale og treng eksterne impulsar som kan gje grunnlag for nydanning og skaparkraft.

7.6.4.3 Norskspråkleg kunst

Likevel er det kunstnarlege språket eit viktig grunnlag for det varige og stabile i eit språksamfunn. Få andre språklege uttrykk når fram til så mange menneske over så lange tidsspenn som dei litterære klassikarane og den nasjonale songskatten.

Litteratur, dramatikk og filmkunst på norsk er kulturverdiar som har noko å seia for alle nordmenn, og representerer dessutan eit norsk bidrag til heile verda. jamvel om det norske språkområdet er lite, har norskspråkleg kunst skapt ny erkjenning, nye uttrykksformer og nye tankar både i og utanfor Noreg. Kunsten kan skapa samband mellom menneske, gjera oss i stand til å sjå det personlege livet i ein større samanheng og dermed vera med å gjera det lettare for oss å forstå tilværet til andre menneske og den kulturelle identiteten deira.

Norskspråkleg kunst møter i dag skjerpa konkurranse frå nye medieprodukt og sterke internasjonale produsentar både innanfor litteratur, film og scenekunst. Det er først og fremst i kraft av høg kvalitet at den norskspråklege kunsten likevel maktar å gjera seg gjeldande. Men nettopp fordi vi er eit lite språkområde, er det i særleg grad bruk for offentleg økonomisk støtte for å fremja ny litteratur, dramatikk og film, samarbeid mellom kunstartane og presentasjon av norskspråkleg kunst internasjonalt.

7.6.4.4 Kunsten som språkleg kontinuitetsberar og fornyande kraft

Det norske skriftspråket har dei siste 150 åra endra seg raskare enn dei fleste andre vesteuropeiske språk, og det språklege aldringstempoet for norske klassikarar er dermed høgt.

Difor er det her i landet ekstra om å gjera å ta vare på originaltekstane gjennom moderne, digitale tekstkritiske utgåver. Det einaste større prosjektet som det blir arbeidt med i dag, er den tekstkritiske utgåva av Henrik Ibsens skrifter.

Det kunstnarlege språket utviklar seg alltid i nær kontakt med dei teknologiske endringane i tida. Dei tradisjonelle sjangrane og media spelar ei sentral rolle innanfor bokproduksjon, scenekunst, film og dei mange kombinasjonane av tekst og musikk. I åra som kjem må det leggjast til rette for at det kunstnarlege språket får utvikla seg og ha ein kulturberande funksjon også i dei digitale media.

Medan litteratur, dramatikk og film tidlegare var viktige kjelder til fornying av språket, har aviser, tv, radio og Internett i dag ein avgjerande innverknad. Men språkkulturen i vår tid har også så mange fasettar at språkleg fornying og danning kjem både frå journalistikk, politikk, næringsliv og frå heile den subkulturelle underskogen.

Det høge tempoet for utveksling av informasjon gjev også ny mobilitet til språket og gjer at språklege subkulturar oppstår rakst for så hurtig å forsvinna når teknologien blir utdatert og trendane skiftar.

Norskspråkleg kunst er likevel særleg godt eigna til å utvikla og halda fast kvalitetane i det norske språket og kan gje rom for ettertanke over språket i eit elles hastig flimrande mediebilete.

7.6.4.5 Litteratur- og bibliotekpolitikk i eit språkperspektiv

I arbeidet for å tryggja og utvikla norsk språk generelt og norsk skriftkultur spesielt står litteraturen i ei særstilling. Som formidlar av språklege og litterære uttrykksformer har dessutan dei offentlege biblioteka ei nøkkelrolle. På ein meir direkte måte enn dei fleste andre politikkområde har difor litteratur- og bibliotekpolitikken ein språkpolitisk funksjon.

Difor er det her naturleg å koma noko inn på ein del sentrale litteraturpolitiske verkemiddel og ein del av dei tiltaka som har sin basis innanfor biblioteksystemet. Det må likevel strekast under at dette ikkje er ei litteratur- eller bibliotekmelding, og at meldinga ikkje gjev noka uttømmande behandling av slike spørsmål. Den varsla bibliotekmeldinga vil i større grad gjera greie for litteraturpolitiske utfordringar.

Det er likevel grunnlag for å seia at stoda for norsk litteratur på mange måtar er god. Norsk samtidslitteratur har eit godt omdømme og blir lesen av mange, ikkje berre i Noreg, men også hos eit stort publikum i utlandet. I tillegg til dei godt etab­lerte forfattarane kjem det stadig nye litterære røyster til. Mengda av bokutgjevingar i ulike sjangrar og den høge allmenne interessa for å lesa nyare norske bøker vitnar om ein levande litterær kultur.

7.6.4.6 Hovudmål for litteratur- og bibliotek­politikken

Hovudmålet for den statlege litteraturpolitikken er å leggja til rette for kvalitet og eit breitt og variert tilbod med omsyn til innhald og sjangrar, både av fag- og skjønnlitteratur, og bidra til leselyst i alle lag av folket. Vidare må litteraturen distribuerast slik at han når fram til publikum gjennom mange og vel eigna kanalar.

Biblioteka er viktige samfunnsinstitusjonar og fysiske arenaer for kunnskaps-, litteratur- og kulturformidling i lokalsamfunna, på skular og på universitet. Biblioteka gjev tilbod til mange ulike grupper med ulike behov og er viktige verkemiddel i gjennomføringa av ein nasjonal språkpolitikk.

Dei litteraturpolitiske verkemidla er i hovudsak retta inn mot å sikra tilgangen til bøker, styrkja produksjonen og distribusjonen, medan biblioteka og andre formidlingstiltak siktar mot å nå fram til lesarane.

Litteratur- og bibliotekpolitiske tiltak innanfor produksjon, distribusjon og formidling har utan tvil mykje å seia for å styrkja og vidareutvikla norsk språk i begge målformene og for å synleggjera breidda i den norske skriftkulturen i samtida.

7.6.5 Språkpolitisk relevante verkemiddel i litteraturpolitikken

7.6.5.1 Innkjøps-, produksjons- og tilskotsordningar for litteratur

Norsk kulturråd forvaltar dei statlege innkjøpsordningane for litteratur. Norsk kulturråd forvaltar også tilskotsordningar til andre litteratursjangrar: produksjonsstøtte til skjønnlitteratur og generell litteratur utgjeven på nynorsk, klassikarutgjevingar, biletbøker for barn og unge, nye teikneseriar og kulturtidsskrift. Innkjøps- og produksjons­støtteordningane er viktige for å sikra at lesarane får møta eit breitt utval av kvalitetslitteratur i mange ulike sjangrar.

Då innkjøpsordningane og momsfritaket for litteratur vart etablerte på 1960-talet, var det uttrykte hovudmålet å tryggja ein fullverdig litteratur på norsk språk.

Innkjøpsordningane er såleis viktige statlege verkemiddel også i eit språkperspektiv. Dei kanaliserer ein jamn straum av bøker for barn, ungdom og vaksne gratis til folke- og skulebibliotek over heile landet og er slik med på å leggja til rette for lesing, språkkunnskap og språkinteresse.

I kulturmeldinga frå 2003, St.meld. nr. 48 (2002–2003), er det slått fast at innkjøpsordningane for litteratur er eit vellykka litteratur- og språkpolitisk verkemiddel, og at dei skal bestå også for framtida.

I dag har vi fem innkjøpsordningar for litteratur, ei for ny norsk skjønnlitteratur for vaksne, ei for ny norsk skjønnlitteratur for barn og unge, ei for omsett skjønnlitteratur for barn, unge og vaksne, ei for ny norsk faglitteratur for barn og unge og endeleg ei relativt nyinnført ordning for ny norsk saksprosa. I tillegg finst dei ei prøveordning for innkjøp av allmenne kulturtidsskrift til biblioteka.

Innkjøpsordningane for skjønnlitteratur er automatiske. Det vil seia at alle bøker som er godkjende, i prinsippet blir kjøpte inn. Dei andre ordningane er selektive, noko som inneber at dei påmelde bøkene blir rangerte, og at det blir kjøpt inn så mange bøker som ordninga gjev økonomisk rom for.

Av og til blir det kritisert at det er for liten etterspurnad etter dei bøkene som biblioteka får gjennom innkjøpsordningane. Men her må ein ha i tankane at biblioteka har eit viktig oppdrag med å spreia norsk litteratur, også den som kanskje ikkje blir etterspurd i like stor grad som bestseljarane. Slik litteratur representerer likevel eit mangfald som er viktig også for utviklinga av norsk språk.

Departementet legg vekt på at biblioteka skal tilby eit breitt utval av litteratur og vera viktige lokale ambassadørar for litteratur, kultur og språk. I den grad innkjøpte bøker gjennom innkjøpsordningane er lite etterspurde og kjende blant brukarane, er det ei oppgåve for biblioteka å formidla desse bøkene på ein meir aktiv måte.

7.6.5.2 Innkjøpsordningane for ny norsk ­skjønnlitteratur

Innkjøpsordningane for ny norsk skjønnlitteratur omfattar ei ordning for vaksne og ei ordning for barn og ungdom. Ordningane er regulerte av ein avtale mellom Norsk kulturråd, Den norske Forleggerforening, Norsk Forleggersamband og Den norske Forfatterforening. Dette gjeld vaksenbøkene. For barne- og ungdomsboksordninga er det Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere som er avtalepart.

I innkjøpsordninga for vaksne blir det kjøpt inn 1000 eksemplar av kvar bok, medan talet på innkjøpte eksemplar av barne- og ungdomsbøker er 1550. Av desse går 1000 eksemplar til folkebiblioteka og 550 til skulebibliotek i grunnskulen.

For forlaga representerer dei innkjøpte eksemp­lara ein tilsvarande salsgaranti. Det gjer at dei kan gje ut eit større førsteopplag, og til dels at dei kan publisera litteratur som det elles ikkje hadde vore så lett å finna marknad for. Det at dei innkjøpte bøkene går inn i samlingane i folke- og skulebiblioteka, gjer at publikum over heile landet i prinsippet har gratis tilgang til heile årgangar av samtidslitteraturen.

I 2008 er løyvinga til innkjøpsordninga for vaksne på 38,86 mill. kroner, medan løyvinga til ordninga for barn og unge er på 25,55 mill. kroner. I 2007 vart innkjøpsordninga for skjønnlitteratur for barn og unge styrkt med til saman 1 mill. kroner, og i 2008 vart det lagt inn ein auke på 1 mill. kroner til innkjøpsordninga for vaksne.

Norsk kulturråd melder at talet på nye forlag som engasjerer seg i utgjevingar av ny norsk skjønnlitteratur, aukar frå år til år, og at jamt fleire bøker blir påmelde. Begge ordningane for skjønnlitteratur er under økonomisk press, og løyvingane kan ikkje lenger dekkja full betaling for alle dei påmelde titlane som blir endeleg godkjende for innkjøp.

Kulturrådet ønskjer å verna om dei automatiske innkjøpsordningane og saman med det partssamansette drøftingsutvalet for innkjøpsordningane å finna fram til konstruktive og økonomisk akseptable løysingar.

Kulturrådet meiner at det vil vera viktig å styrkja kvar av ordningane med 2 mill. kroner i 2009 for å gje økonomisk rom for den naturlege dynamikken som må vera til stades i forlagsbransjen. Alternativet er at ordningane må gå over frå å vera automatiske til å bli selektive, dvs. at det må setjast ei grense for kor mange titlar som kan kjøpast inn.

7.6.5.3 Innkjøpsordninga for omsett ­skjønnlitteratur

Ordninga for omsett skjønnlitteratur omfattar bøker både for vaksne og for barn og ungdom. Denne ordninga er selektiv og skal sikra at det i folkebiblioteka finst tilgjengeleg for utlån norske omsetjingar av litteratur på mange ulike språk.

Det blir kjøpt inn eit utval omsette romanar, novellesamlingar, annan kunstnarleg verdifull prosa og skodespel. Ordninga tilgodeser primæromsetjingar til bokmål og nynorsk, nyutgjeving av klassiske verk, dessutan omsetjingar frå dei sju største språkområda som minoritetsspråklege i Noreg kjem frå – «Mosaikk-litteratur». For desse bøkene betaler Kulturrådet også omsetjarhonoraret i tillegg til sjølve innkjøpet. Frå og med andre halvår 2008 vil denne spesialordninga omfatta omsette bøker også frå asiatiske og afrikanske språk.

Kvar bok blir kjøpt inn i 500 eksemplar, og bøkene blir fordelte til folkebiblioteka. For 2008 er ordninga på 10,657 mill. kroner, inkludert ein honorarbonus på 25 prosent av omsetjarhonoraret. Dette blir utbetalt direkte til omsetjarane av dei innkjøpte bøkene. Ordninga er styrkt med 1 mill. kroner i 2007 og 2 mill. kroner i 2008.

I den bibliotekutgreiinga som ABM-utvikling la fram i 2006, kalla Bibliotekreform 2014, blir det også gjort framlegg om å utvida innkjøpsordninga for omsett skjønnlitteratur med fleire titlar for å sikra eit breiare utval. Dette får støtte frå mellom andre Norsk Oversetterforening, som hevdar at det kommersielle presset har auka etter at den nye bokavtalen kom. Dette gjer denne innkjøpsordninga endå viktigare enn før. Også Norsk kulturråd meiner at ordninga er meir utsett som resultat av den nye bokavtalen.

Norsk kulturråd legg elles vekt på at denne innkjøpsordninga er eit reelt og langvarig tiltak for å auka internasjonalt kulturelt mangfald i Noreg. Det er vanskeleg å få utgjevingar av omsett kvalitetslitteratur lønnsame. Ordninga representerer difor ei viktig grunnfinansiering for forlaga.

Med auken på 2 mill. kroner for 2008 blir ordninga utvida til å omfatta kjøp av inntil 90 titlar. Ein auke til 100 titlar i 2009 ville kosta om lag 1,5 mill. kroner og gje eit enno breiare tilbod til lånarane og betre bokøkonomi for forlaga. Innanfor desse rammene vil Kulturrådet også kunna stimulera til utgjeving av fleire bøker omsette til nynorsk.

I samband med denne ordninga kan det vera naturleg å nemna den særskilde utfordringa som knyter seg til behovet for å tryggja god omsetjarkompetanse frå mange språk. Di fleire framandspråk originaltekstane blir henta frå, di meir aktuell vil denne problemstillinga kunna bli.

7.6.5.4 Innkjøpsordninga for ny norsk faglitteratur for barn og unge

Denne ordninga er selektiv og skal sikra at det finst gode norske fagbøker for dagens unge lesarar, og om alle slags emne. Ordninga omfattar førsteutgåver av norske fagbøker og faktabøker og annan norsk sakprosa for barn og ungdom. Kvar bok blir kjøpt inn i 1550 eksemplar, til folke- og skulebiblioteka.

I bibliotekutgreiinga er det argumentert for å utvida ordninga med fleire titlar. For 2008 er ordninga på 6,675 mill. kroner, og det har rekt til å kjøpa inn 25 titlar. I 2007 vart ordninga styrkt med 1 mill. kroner.

Departementet vil vurdera korleis ein kan auka tilfanget av bøker på nynorsk for barn og unge.

7.6.5.5 Innkjøpsordninga for ny norsk sakprosa

Innkjøpsordninga for ny norsk sakprosa vart oppretta som ei prøveordning i 2005. Ordninga er sjangerbasert og omfattar først og fremst reiseskildringar, biografiar, essaysamlingar og dokumentarbøker. I dag blir det kjøpt inn 50 titlar i 1100 eksemplar. I 2008 er ordninga på 10,430 mill. kroner. Ordninga vert evaluert våren 2008 av Institutt for medium og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo.

I bibliotekutgreiinga er det gjort framlegg om å utvida ordninga med fleire titlar for å sikra ei større breidde i denne sjangeren. Dette får støtte frå både Norsk kulturråd, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, Forvaltningsorganisasjonen LINO og Nynorsk kultursentrum.

Norsk kulturråd melder at det er etablert sjølvstendige og kostnadseffektive system for vurdering av kva bøker som skal kjøpast inn. I 2006 vart berre kvar femte bok kjøpt inn og i 2007 kvar fjerde. I 2007 melde forlaga på færre titlar, kan henda fordi det var vorte tydelegare kvar grensene går. Norsk kulturråd meiner at kvalitetskrava er i ferd med å festa seg, og at det kan vera rom for å utvida ordninga til 100 titlar.

Departementet legg til grunn at denne innkjøpsordninga er ein viktig del av rammeverket for utviklinga og kvalitetshevinga av norsk sakprosa.

7.6.5.6 Innkjøpsordninga for fonogram

I tillegg til innkjøpsordningane for litteratur forvaltar Norsk kulturråd også ei innkjøpsordning for fonogram. Ordninga vart oppretta i 1985 og skal auka kjennskapen til og spreiinga av norske fonogram. Ordninga skal stimulera til eit variert og kreativt produksjonsmiljø for fonogram med musikk av utøvarar og komponistar i Noreg.

Ordninga sikrar bibliotek, skular, norske utanriksstasjonar og musikkmiljø eit breitt utval av norsk musikk. Dei innkjøpte fonogramma er i dag produksjonar i CD-format, men det blir løpande vurdert å ta inn under ordninga andre medium og distribusjonsformer som er gjorde moglege av den teknologiske utviklinga.

I 2007 vart det kjøpt inn 157 fonogram av i alt 620 innsende. Fonogramma blir for tida kjøpte inn i 580 eksemplar. Av desse blir rundt 400 vert fordelte til mottakarar i Noreg, medan resten går til mottakarar i utlandet. Samla løyving til innkjøpsordninga for fonogram i 2008 er 13,4 mill. kroner.

7.6.5.7 Støtte til tidsskrift og ymse publikasjonar

I høyringssvaret sitt til bibliotekutgreiinga har Norsk kulturråd streka under behovet for ei innkjøpsordning for kulturtidsskrift.

Etter ei omlegging gjeldande frå 2008 finst i dag to former for støtte til kulturtidsskrift i Norsk kulturråd: ei ordning for oppstart- og produksjonsstøtte og ei selektiv prøveordning med statleg innkjøp av norske, allmenne kulturtidsskrift til biblioteka. Prøveordninga skal evaluerast i løpet av det første prøveåret.

Den samla løyvinga til kulturtidsskrift er i 2008 på 20,156 mill. kroner, inkludert ei omlegging av portokompensasjonen til Ymse publikasjonar som no er gjord om til eit produksjonstilskot. Løyvinga er då styrkt med 1 mill. kroner i 2008. Kulturrådet står fritt til å fordela den samla løyvinga mellom dei to delane av ordninga.

Norsk kulturråd meiner at det er behov for ei ytterlegare styrking av ordninga. Kulturrådet viser til at Norsk tidsskriftforening har etablert seg som ei svært positiv verksemd, og at foreininga har gjennomført og planlagt mange spanande prosjekt som kjem til nytte i heile tidsskriftfeltet.

Kulturrådet hevdar også at det finst ein klar samanheng mellom innkjøpsordninga for ny norsk sakprosa og tidsskrifta. Nye og etablerte skribentar kan i kortare artiklar og essay nytta tidsskrifta som springbrett til bokutgjevingar. Slik sett vil ein auke til tidsskrifta i neste omgang kunna føra til fleire sakprosautgjevingar.

Departementet har registrert kritiske merknader til innkjøpsordninga for tidsskrift. Somme meiner at staten heller bør bruka ressursar på å sikra norskspråkleg, elektronisk innhald, til dømes gjennom å gjera tidsskrift elektronisk tilgjengelege for eit breitt publikum.

Departementet er samd i at det er viktig å sikra aktuelle målgrupper auka tilgang til meir norskspråkleg innhald på nett. Departementet legg likevel til grunn at spørsmålet om eventuell lisensiering bør drøftast i ein større heilskap i ei komande stortingsmelding om digitalisering.

7.6.5.8 Støtte til nynorsk litteratur

Mange høyringsfråsegner til bibliotekutgreiinga strekar under at det er behov for å styrkja nynorsk skriftkultur. Ordninga for produksjonsstøtte til nynorsk litteratur skal sikra at det finst utgjevingar på nynorsk i flest mogleg sjangrar.

I 2008 er ordninga på 3,190 mill. kroner. I 2008 er ordninga styrkt med 1 mill. kroner. Norsk kulturråd vil nytta dei friske midlane særleg til å støtta fleire nynorskutgjevingar for barn og unge og sakprosaprosjekt for vaksne.

7.6.5.9 Støtte til teikneseriar

Norsk kulturråd har sidan 1990 støtta utgjeving av nye teikneseriar. Ordninga skal sikra nye, norske kvalitetsteikneseriar for alle aldersgrupper. Løyvinga til denne ordninga var på 1,5 mill. kroner i 2007 og på 1,565 mill. kroner i 2008.

Kulturrådet ser no klare resultat av denne satsinga. Norske teikneseriar har nådd ein kvalitet som blir verdsett både nasjonalt og internasjonalt. Det er gjeve støtte til produksjon og utvikling av kortseriar og album, medan utviklinga no går mot seriar i kortform og grafiske romanar.

Sidan 2002 har rådet i tillegg til å gje produksjonsstøtte også kjøpt inn inntil tre album under innkjøpsordninga for skjønnlitteratur for barn og unge, som ei spesialordning. Men dei fleste seriane er retta mot eldre ungdom og vaksne lesarar og høyrer meir heime på ordninga for vaksen­bøker.

Det norske teikneseriemiljøet har lenge gjort framlegg om å få etablert ei eiga innkjøpsordning for teikneseriar. Gjennom distribusjon til folkebiblioteka vil teikneseriebøkene også bli breiare tilgjengelege. Ei slik innkjøpsordning, med i første omgang inntil ti innkjøpte album, vil kosta 2 mill. kroner.

7.6.5.10 Støtte til e-bøker og lydfiler

Ei av dei største utfordringane i åra som kjem, blir å tilpassa støtteordningane for litteratur til ein blanda bokmarknad, der førsteutgåver like gjerne kan koma som lydbøker, lydfiler og e-bøker.

Kulturrådet vil i samarbeid med ABM-utvikling og Biblioteksentralen gjennomgå støtteordningane og setja i gang eit prøveprosjekt med innkjøp av eit utval e-bøker under alle innkjøpsordningane.

I Kulturminneåret 2009 vil Kulturrådet setja i gang eit prosjekt med lydfiler av norske klassikarar, mynta på ungdom. Opplesingane bør leggjast språkleg til rette for yngre lyttarar.

7.6.5.11 Støtte til formidlingstiltak

I tillegg til innkjøpsordningane og produksjonsstøtteordningane har Norsk kulturråd også ein avgrensa sum til ulike formidlingstiltak for barn, ungdom og vaksne. Dette kan omfatta ulike arrangement og tiltak eller forsøks- og utviklingsprosjekt der siktemålet er å formidla litteratur.

Det kan vera utgjevingar av faglitteratur om litterære tema, seminar og konferansar, tiltak eller arrangement for minoritetsspråklege forfattarar, omsetjing av manus, litteraturfestivalar, litteraturdagar og litteraturveker m.m. Også ABM-utviking gjev støtte til utviklings- og forsøksprosjekt innanfor biblioteksektoren.

7.6.5.12 Nullsats for meirverdiavgift på bøker

Nullsatsen for meirverdiavgift på bøker vart innført i 1967 og gjeld for trykte papirbøker og frå 1995 også for lydbøker som er parallellutgåver, men ikkje for elektroniske utgåver. I 2007 utgjorde dette om lag 1,5 milliardar kroner i in­direkte støtte til bokbransjen.

7.6.5.13 Bokavtalen

Bokavtalen er ein privatrettsleg avtale mellom Den norske Bokhandlerforening og Den norske Forleggerforening. Noverande avtale varer frå 1. mai 2005 til 31. desember 2010. Avtalen er tilpassa dei rammene som staten har gjeve bokbransjen.

Det offentlege regelverket som regulerer rammene for bokavtalen, er heimla i konkurranselova. Her heiter det at avtalar med formål eller verknad å innskrenka konkurransen er forbodne. I forskrift til lova er det gjort unntak for samarbeid ved omsetning av bøker.

Unntaket inneber at det i ein fastprisperiode er høve til å avtala fastpris og maksimale rabattsatsar for bokgruppene sakprosa, skjønnlitteratur, billigbøker og verk, dvs. bokgruppene 3-6, at fastprisperioden omfattar utgjevingsåret og tida fram til 30. april året etter, at det er lov å avtala faste royaltysatsar, og at det kan avtalast maksimal rabatt dersom alle salskanalane kan gje største rabattsats.

I § 1 i bokavtalen går det fram at avtalen skal leggja tilhøva til rette for å styrkja den posisjonen bøkene har i Noreg. Dette skal skje ved at avtalen fremjar kultur- og kunnskapsformidling og kunnskapstileigning, og ved at avtalen er med på å styrkja norsk språk og skriftkultur. Avtalen skal bidra til å halda oppe og sikra breidde og kvalitet i norsk bokutgjeving og auka respekten for opphavsretten.

Avtalen skal fremja sal av bøker i begge målformer. Den skal også bidra til rasjonell distribusjon og eit effektivt landsdekkjande bokhandlarnett, slik at forbrukarane er sikra lett tilgang til bøkene og stor valfridom.

I Soria-Moria-erklæringa har regjeringa varsla at alle sider ved den nye bokavtalen skal evaluerast.

Eit viktig punkt i evalueringa vil vera å vurdera om avtalen har vore med på å oppfylla dei nemnde måla. Vidare skal evalueringa gjera greie for og gje ei vurdering av kva innverknad endringane i dei konkurranserettslege rammene for bokbransjen har hatt for prisutviklinga og omsetninga av dei ulike bokgruppene, og for fordelinga mellom salskanalane.

Evalueringa skal også kommentera korleis endringane i rammevilkåra har påverka dei ulike aktørane i bransjen, inkludert forfattarane. Resultatet av evalueringa skal liggja føre i form av ein skriftleg rapport våren 2009.

Frå ein statleg ståstad er det avgjerande viktig at avtalen mellom partane i bokbransjen i røynda fungerer slik at bokhandlar over heile landet har eit breitt frambod av norskspråklege bøker av ulike sjangrar. Det kan ikkje bli slik at det er staten som gjennom innkjøpsordningane og andre verkemiddel får eit eineansvar for å tryggja breidda i norsk litteratur. Bokbransjen har ei plikt til å ta kultur­politiske omsyn i verksemda si. Departementet forventar at bransjen kjem fram til ordningar som sikrar dette. Dersom bokbransjen skulle utvikla seg til berre å leggja til grunn kommersielle omsyn, vil grunnlaget for å halda oppe særskilde statlege verkemiddel vera svekte.

7.6.5.14 Bibliotekvederlag

Den norske bibliotekvederlagsordninga vart etablert i 1947 og er nest eldst i verda etter den tilsvarande danske ordninga.

Ordninga omfattar eit kollektivt vederlag for bruk av verk utgjevne i Noreg og disponerte til utlån i offentlege bibliotek. Det blir betalt vederlag for verk som er tilgjengelege til utlån ved norske bibliotek, altså ikkje for faktisk utlån. Ordninga er regulert i lov om bibliotekvederlag.

Ordninga er kulturpolitisk grunngjeven, og vederlagsmid­lane skal fordelast slik at dei stimulerer skapande verksemd. Utrekning av vederlaget tek utgangspunkt i talet på utlånseiningar som blir disponerte til utlån i norske bibliotek. Dette går fram av den årlege bibliotekstatistikken som blir utarbeidd av ABM-utvikling. Bibliotekvederlaget er i 2008 på 78,6 mill. kroner.

Avtale om bibliotekvederlag blir utforma etter forhandlingar mellom staten ved Kultur- og kyrkjedepartementet og eit forhandlingsutval utgått frå dei i alt 23 opphavs­organisasjonane som har forhandlingsrett. Avtale for perioden 2008–2011 vart inngått ved mekling hos Riksmeklingsmannen etter brot i forhandlingane i november 2007. Pris per utlånseining er i 2008 på 181,5 øre mot 171 øre i 2007, ein auke på vel 6 prosent. Avtalen inneber at prisen per eining blir auka med 4 prosent årleg i åra 2009–2011.

Opphavsorganisasjonane mottek vederlag to gongar årleg etter ei fordeling som dei avtaler seg i mellom. Midlane blir disponerte av eigne fond. Vederlaget blir utbetalt som stipend til opphavsmenn etter søknad.

Som kollektiv ordning er det norske bibliotek­vederlaget spesielt i eit internasjonalt perspektiv. Opphavsrettsleg funderte ordningar og måling av utlån er derimot system som favoriserer dei som alt har store inntekter av forfattarverksemda si.

Den norske ordninga er kollektiv og opnar difor for at mindre etablerte forfattarar kan søkja stipend til arbeid og studium på lik linje med meir røynde skribentar, dersom verka deira er til utlån i offentlege bibliotek. Bibliotekvederlaget er difor viktig for rekrutteringa til forfattaryrket og er eit sentralt litteraturpolitisk verkemiddel.

7.6.5.15 Stipend- og kunstnarpolitikk

Av dei totale løyvingane til kunstnarstønadsordningar går om lag 26 mill. kroner i 2008 til skjønnlitterære forfattarar, barne- og ungdomsbokforfattarar, dramatikarar, omsetjarar og faglitterære forfattarar. Dette femner om 56 garantiinntekter, 79 arbeidsstipend og arbeidsstipend for yngre/nyetablerte kunstnarar og ei mengd mindre diverse­stipend. Brorparten av midlane går til skjønnlitterære forfattarar.

På oppdrag frå Kultur- og kyrkjedepartementet arbeider Telemarkforsking i Bø med ei undersøking av inntekts- og arbeidstilhøva for kunstnarane. Undersøkinga skal liggja føre i 2008.

Undersøkinga omfattar medlemmene i 33 kunstnarorganisasjonar, dessutan 489 uorganiserte kunstnarar som har motteke statleg kunstnarstipend. Kartlegginga av inntektstilhøva på litteraturområdet omfattar medlemmene i Den norske Forfatterforening, Norske Barne- og ungdomsforfattere, Norsk Oversetterforening, Norske Dramatikeres Forbund, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening og Norsk Revyforfatterforening.

7.6.5.16 Oppsummerande vurdering

Departementet vil arbeida for å styrkja og utvikla innkjøpsordningane for å sikra ein brei og variert produksjon av skjønnlitteratur for både barn, ungdom og vaksne. Departementet vil framleis verna om dei automatiske innkjøpsordningane for skjønnlitteratur og arbeida for å styrkja begge ordningane.

Departementet ser positivt på å styrkja innkjøpsordninga for omsett skjønnlitteratur for barn, ungdom og vaksne. Det bør vera eit mål over ein periode på nokre år å auka talet på innkjøpte titlar til 100.

Departementet vil vurdera om det i tilknyting til innkjøpsordninga for ny norsk faglitteratur for barn og unge kan leggjast til rette for ei innkjøpsordning for originaltitlar på nynorsk for barn og unge.

Departementet vil vidareføra innkjøpsordninga for sakprosa som ei permanent ordning og utvida talet på titlar. Departementet vil studera evalueringa av ordninga før det blir konkludert med omfanget av ei slik utviding. Dette bør også sjåast i samanheng med behovet for andre verkemiddel, som til dømes stipend. Det vil også vera viktig å vurdera kva verkemiddel som kan vera med å fremja formidlinga av norsk sakprosa.

Departementet vil også styrkja innkjøpsordninga for tidsskrift og ymse publikasjonar, men viser til at ordninga vil bli evaluert i løpet av 2008. Resultatet av denne vurderinga vil vera avgjerande for korleis ordninga skal vidareførast. Departementet vil avventa evalueringa og vurdera saka i dei komande budsjettprosessane.

Departementet meiner det er viktig å medverka til at teikneseriar blir betre tilgjengelege for bibliotekbrukarane. Det må sikrast at det også blir produsert og distribuert gode teikneseriar på norsk språk. Departementet er positiv til framlegget om å oppretta ei innkjøpsordning for teikneseriar.

7.6.6 Bibliotek som språkpolitisk verke­middel

7.6.6.1 Nærare om bibliotekpolitikken

Biblioteka er samfunnsinstitusjonar og fysiske arenaer for kunnskaps-, litteratur- og kulturformidling. Biblioteka gjev tilbod til mange ulike grupper med ulike behov.

Som formidlar av språklege og litterære uttrykksformer er dei viktige verkemiddel også i gjennomføringa av ein nasjonal språkpolitikk. Særleg spelar folkebiblioteka i så måte ei nøkkelrolle.

Folkebiblioteka er opne for alle og gjev tilgang til skjønnlitteratur og faglitteratur, vaksenlitteratur- og barne- og ungdomslitteratur, dessutan musikk, film og andre kulturuttrykk. Folkebiblioteka har eit særleg ansvar for norsk språk, norsk kultur og norsk kulturarv. Folkebiblioteka tilbyr både ny og eldre litteratur, dei mottek bøkene som er kjøpte inn gjennom innkjøpsordningane og kjøper sjølve inn eit utval av bøker kvart år. Biblioteka har også lettlesne bøker og tilrettelagd litteratur for dei som har lesevanskar. Døme på aktivitetar i biblioteka er barnetimar, forfattarbesøk, litteraturkveldar, føredrag, utstillingar og kurs av ymse slag.

Biblioteka har også viktige tilbod til framand- og minoritetsspråklege. Det flerspråklige bibliotek tilbyr gjennom folkebiblioteka litteratur på mange ulike språk. Det er også kompetansesenter, depotbibliotek og rettleiar for dei andre biblioteka i landet og andre aktuelle institusjonar. Biblioteka tilbyr også litteratur på samisk. Sametinget vidarefører ordninga med tilskot til innkjøp av samisk bibliotekmateriale i folke- og skulebibliotek.

7.6.6.2 Bibliotekreform 2014

Bibliotekutgreiinga Bibliotekreform 2014 vart utarbeidd av ABM-utvikling hausten 2006 på oppdrag av Kultur- og kyrkjedepartementet. I mandatet vart det mellom anna lagt vekt på å få belyst dei framtidige utfordringane på bibliotekområdet og den rolla biblioteka kan spela i informasjons- og kunnskapssamfunnet.

Utgreiinga legg vekt på at biblioteksektoren på dei eine sida må utvikla og leggja til rette for digitale kjelder og tenester og på den andre sida ut­vikla det konvensjonelle biblioteket som offentleg møteplass.

Hovudframlegget er ei reform som er meint å styrkja det samarbeidande biblioteknettverket, omtalt som Noregsbiblioteket. Utgreiinga foreslår også konkrete tiltak når det gjeld innhald, tenester, struktur, organisering, kompetanse og forsking.

Utgreiinga var på høyring våren 2007, og det kom inn over 250 fråsegner.

7.6.6.3 Stortingsmelding om bibliotek

Med utgangspunkt i den nemnde utgreiinga arbeider departementet no med ei eiga stortingsmelding om bibliotek. Meldinga vil behandla heile biblioteksektoren.

Meldinga vil gjera greie for dei ulike samfunnsfunksjonane biblioteka har, verkemiddelapparatet, utfordringane for det nasjonale biblioteknettverket, samspelet mellom bibliotektypane, det digitale Noregsbiblioteket og dei særlege bibliotektenestene. Biblioteket som møteplass og læringsarena, kunnskaps- og kulturformidlar og formidlar av leselyst til barn vil bli synleggjort og drøfta. Det vil bli lagt vekt på den grunnleggjande rolle og det ansvaret biblioteka har som forvaltar og formidlar av bøker og andre medium.

Hovudproblemstillinga er korleis ein kan styrkja og utvikla samspelet og samarbeidet i Noregsbiblioteket for å gje brukarane betre bibliotektenester og realisera det såkalla saumlause biblioteket. Eit sentralt mål vil vera å leggja grunnlaget for at Noregsbiblioteket kan utvikla seg som ein arena for kunnskap, læring, informasjon og formidlar av kultur og litteratur. I tillegg vil meldinga romma fleire delproblemstillingar som særleg kan knytast til primæroppgåver i dei ulike bibliotektypane.

Departementet arbeider også med ei stortingsmelding om digitalisering av kultur- og kunnskapskjeldene. Dei to meldingane skal utfylla kvarandre.

7.6.7 Særskilt om leselyst, lesestimulering og litteraturformidling

7.6.7.1 Status og utfordringar

Både Kunnskapsdepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet arbeider med å utvikla tiltak som kan styrkja leselyst og litteraturformidling. Dei to departementa samarbeider nært om Den kulturelle skulesekken. Dette tiltaket kan medverka til å styrkja og vitalisera litteraturformidlinga til barn og unge i kommunane.

Det har lenge vore arbeidt målretta med leseopplæring, litteraturformidling og utvikling av leseglede og lesekunnskap. Mykje av arbeidet er naturleg nok retta mot litteraturformidling og lesestimulering for barn og unge, men lesing i eit livslangt perspektiv og litteraturformidling til menneske i alle aldrar og livsfasar bør også få auka merksemd i tida framover.

Viktige aktørar i arbeidet for å styrkja leselyst og lesestimulering er biblioteka i alle kommunar, ABM-utvikling, Norsk Forfattersentrum, Foreningen !les, Norsk barnebokinstitutt, Nynorsk kultursentrum og Norsk kulturråd. Både Nasjonalt senter for leseutvikling og Utdanningsdirektoratet er viktige aktørar i utdanningssektoren. I tillegg kan tiltaket Leser søker bok framhevast.

Til saman utgjer desse aktørane ein samla infrastruktur som er eit godt grunnlag for å styrkja og utvikla formidlinga av litteratur både til barn og vaksne. Til saman utviklar og driv desse aktørane mange ulike litteraturprosjekt over heile landet. Dei fleste er sentrale aktørar i utviklinga av innhaldet i Den kulturelle skulesekken.

I dag skortar det difor neppe på prosjekt og kampanjar av ulike slag på dette området. Utfordringa er å utnytta og samordna den kompetansen og dei røynslene som finst, slik at prosjekta blir vidareutvikla og kvaliteten på formidlingsproduksjonane aukar.

Vi viser elles til omtale i språkopplæringsmeldinga frå Kunnskapsdepartementet, jf. St. meld. nr. 23 (2007-2008).

7.6.7.2 Leseopplæring og lesemotivasjon

Leseopplæring handlar først og fremst om å utvikla dugleik, men for at dette skal skje er det grunnleggjande viktig å vekkja elevane si nyfikne og pirra lysta til å knekkja lesekoden.

I handlingsplanen Gi rom for lesing i perioden 2003–2007 var formålet å medverka til lesekunnskap og motivasjon for lesing hos barn og unge. Planen la vekt på at alle skular burde ha ein strategi for leseopplæring og lesing på alle trinn, og målet var at dette arbeidet skulle føra til ei målbar betring i lesekunnskapen i løpet av fem år.

Handlingsplanen la opp til å styrkja kompetansen hos lærarane i leseopplæring, litteraturformidling og bruk av skulebibliotek, dessutan å auka lesekunnskapen som grunnlag for anna læring, kulturell kompetanse, livskvalitet og deltaking. Tiltaka omfatta i hovudsak utviklingsprosjekt i skular, kompetanseutvikling av lærarar og nasjonale lesekampanjar. Arbeidet har vore nær kopla til Den kulturelle skulesekken.

SINTEF i samarbeid med NTNU er i ferd med å evaluera det arbeidet som er gjort. Sluttrapporten vil liggja føre i løpet av 2008. Delrapportane 2 og 3 konkluderer med at handlingsplanen har vore med på å gjera at lesing i og utanfor skulen har fått større merksemd, er vorte sterkare vektlagd, og at engasjementet og entusiasmen for lesing har auka.

Delrapport 3 peiker på at skulane i stor grad melder om observerte positive resultat, utan at dette alltid kan underbyggjast statistisk, og utan at ein kan slå klart fast at det er dei organiserte leseaktivitetane i handlingsplanen som er årsak til dei positive endringane i lesekunnskap og leselyst hos elevane.

Publikasjonen Gi rom for lesing! Veien videre (2007) viser korleis arbeidet med lesing og lesestimulering er gjennomført og grunnfesta i skular og kommunar, og korleis viktige element i lesestrategien Gi rom for lesing! blir vidareført.

7.6.7.3 Litteraturformidling i biblioteka

Biblioteka er viktige arenaer for formidling av litteratur til brukarar i alle aldrar og livsfasar. God og brei tilgang på norsk og omsett litteratur er svært viktig i språkutviklinga.

Tilgang til eit godt utbygd bibliotek med stort utval av bøker, andre medium og digitale tenester verkar stimulerande både på vaksne og barn. Biblioteka kan spela ei stor rolle både som den staden der vaksne og barn kan få tilgang til litteratur og andre medium, ein stad å bli introdusert for litteratur og ein reiskap for lærarar og andre som driv språkopplæring.

I bibliotekutgreiinga blir det gjort framlegg om å oppretta eit eige program for litteraturformidling for å styrkja litteraturformidlinga i skule- og folkebiblioteka. Det er også foreslått at formidling av litteratur som inngår i innkjøpsordningane, bør inkluderast i programmet. Programmet kan også sjåast i samanheng med arbeidet for å styrkja litteraturformidlinga i Den kulturelle skulesekken.

ABM-utvikling vil i 2008 starta arbeidet med å etablera ein nasjonal digital ressurs for litteratur og litteraturformidling i folkebiblioteka. Føremålet er å sikra kompetanse- og kunnskapsoverføring av dei mange leselystprosjekta og satsingane på litteraturformidling i Noreg. Litteratursiden.no skal inspirera, skapa leselyst og oppleving av litteratur på nye og utradisjonelle måtar for litteraturinteresserte. Prosjektet vil vera ein arena for å prøva ut nye metodar. Litteratursiden.no vil kunna bli ein viktig del av det nemnde programmet for litteraturformidling.

Biblioteka som arena for kultur- og litteraturformidling og som aktørar i Den kulturelle skulesekken vil elles bli behandla i den komande stortingsmeldinga om bibliotek.

7.6.7.4 Norsk Forfattersentrum

Norsk Forfattersentrum vart oppretta i 1968 på initiativ frå unge forfattarar som ønskte å styrkja kontakten med publikum. Føremålet med verksemda er å skapa kontakt mellom forfattarar og publikum gjennom opplesingar, føredrag og undervising. Norsk Forfattersentrum formidlar produksjonar og turnear for skjønnlitterære forfattarar. Målgruppene er skulen, biblioteka, bokbransjen, private foreiningar og næringslivet.

I 2007 mottok organisasjonen om lag 7,9 mill. kroner i støtte over statsbudsjettet. Det er etablert kontor på fire ulike stader i landet med til saman 13 tilsette. Den årlege omsetninga er på om lag 22 mill. kroner.

Aktiviteten i Norsk Forfattersentrum har auka sterkt dei siste åra. Veksten frå 2006 til 2007 var på 7,8 prosent. Gledeleg nok var det vaksenbokforfattarane som medverka mest til denne auken.

Det blir i større og større grad arrangert festivalar også på litteraturfeltet. Forfattersentrum er hovudarrangør av festivalar som til dømes Forfattersleppet, de Litterære Festspill i Bergen, Litterær hagefest i Trondheim, Nord-norsk bokdag og ulike andre arrangement.

Forfattersentrum har teke initiativ til å oppretta Litteraturbruket med støtte frå mellom andre Fritt Ord og Norsk kulturråd. Litteraturbruket skal ha som hovudmål både å arbeida for å styrkja og vidareutvikla formidlinga av litteratur som kunst, og vera eit kompetansesenter for litteraturformidling.

7.6.7.5 Foreningen !les

Foreningen !les er ein ideell paraplyorganisasjon som arbeider for å få folk til å lesa meir, fremja leselyst og leseglede i heile samfunnet. Målgruppa er ungdom og unge vaksne. Sekundært skal foreininga nå heile folket. Foreininga arbeider aktivt opp mot formidlarar som bibliotekarar, lærarar og andre aktørar innan skule, arbeidsliv og fritid.

Foreningen !les er i hovudsak ein prosjekt- og kampanjeorganisasjon. Prosjekta skal evaluerast årleg for å sikra kvalitet og grunnlaget for vidareføring. Foreininga skal vera ein pådrivar og ein ressurs for andre samfunnsaktørar, slik at dei kan medverka i arbeidet med å skapa leselyst. Nye målgrupper, arenaer, samarbeidspartnarar og metodikk skal heile tida vurderast.

Etter å ha eksistert i om lag ti år har Foreningen !les fått gode røynsler med bruk av prosjektverkemiddel som tekstantologiar, konkurransar, nettstader, forfattarbesøk, besøk av lesande førebilete, samarbeid med kritikarar og bibliotekarar, prisutdelingar, føredrag, kurs og seminar.

Døme på prosjekt i regi av Foreningen !les er Aksjon tXt, rein tekst, Ungdommens kritikerpris, Uprisen, Idrett og lesing og NM i poesi-slam. Andre prosjekt og tiltak er fagseminar, aktivitetar i samband med Verdas bokdag, ulike nettstader, føredrag og skulebesøk.

Foreningen !les mottek 2,189 mill. kroner i støtte over Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett i 2008. Foreininga får også anna statleg støtte til enkelte av leseprosjekta, til dømes frå Utdanningsdirektoratet.

7.6.7.6 Norsk barnebokinstitutt

Norsk barnebokinstitutt er spesialbibliotek for barne- og ungdomslitteratur. I biblioteket finst norsk og omsett barne- og ungdomslitteratur utgjeven i Noreg, norsk og internasjonal fag- og forskingslitteratur om barnelitteratur og om barns tilhøve til lesing og media. I faglitteraturen inngår også forskingsrapportar og nyare hovudoppgåver frå norske universitet og høgskular.

Både bøker og anna materiell er tilgjengeleg for publikum, og det meste av boksamlinga er til utlån. Utlån blir formidla anten direkte ved besøk i instituttet eller ved fjernlån gjennom skule- og folkebiblioteka. Internasjonalt blir lån formidla gjennom høgskule- og universitetsbiblioteka. Norsk barnebokinstitutt administrerer også Kultur- og kyrkjedepartementets prisar til barne- og ungdomslitteratur. Norsk barnebokinstitutt får i 2008 eit tilskot på 5,246 mill. kroner over det statlege kulturbudsjettet.

Barnebokinstituttet har i fleire år drive eit litteraturformidlingsprosjekt for lærarar, bibliotekarar og elevar. Det første delprosjektet heitte Inn i teksten (1999-2002) og vart sett i verk i mellomtrinnet i dei to Agderfylka.

Seinare er prosjektet vorte landomfattande, og det er utvida til å omfatta både ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring. Prosjekta vart kalla Ungdom inn i teksten (2002-2004) og Teksten i bruk (2004-2008) og er rekna for å vera svært vellykka.

Norsk kulturråd har sidan starten vore den einaste eksterne finansieringskjelda, men fagutvalet for litteratur har no bede Norsk barnebokinstitutt om å finna ei permanent finansiering for prosjektet. I den grad Barnebokinstituttet sjølv ønskjer å driva prosjektet vidare, vil departementet vurdera å leggja kostnadene på 250 000 kroner inn i det faste driftsbudsjettet til instituttet.

7.6.7.7 Leser søker bok

Leser søker bok er ein allianse med over 20 organisasjonar som arbeider for at alle skal ha tilgang til litteratur. Leser søker bok arbeider for at det skal finnast tilrettelagde bøker. Dei gjev mellom anna støtte til utvikling av manus, bokutgjevingar, informasjon om bøker. Biblioteka kan dessutan få opplæring og økonomisk støtte til leseombod. Leser søker bok arbeider også for at det skal vera enkelt å finna tilgjengelege bøker, både i handelen og på bibliotek.

Leser søker bok mottek 4,172 mill. kroner over det statlege kulturbudsjettet i 2008 og er elles finansiert av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, GRAFILL, Den norske Forleggerforening, Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere og Den norske Forfatterforening.

7.6.7.8 Nynorsk kultursentrum

Nynorsk kultursentrum er eit nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur, geografisk plassert i Hovdebygda i Møre og Romsdal. Strategien til Nynorsk kultursentrum er å vera den institusjonen alle vender seg til som ønskjer informasjon og dokumentasjon om nynorsk språk og skriftkultur og nytenking om kulturpolitiske strategiar.

Nynorsk kultursentrum er både arkiv, bibliotek og museum og arrangerer ein årleg festival. Institusjonen formidlar nynorsk litteratur til skuleelevar i hovudsak frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane anten i museumslokala eller på turnear. Via nettstaden tilbyr institusjonen også informasjon, opplevingar og aktivitetar for målgrupper i heile landet.

Nynorsk kultursentrum har fått i oppdrag frå ABM-utvikling å skipa eit nasjonalt nettverk for museum med litterær tilknyting.

7.6.7.9 Den kulturelle skulesekken

Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal satsing der kultur- og opplæringssektoren samarbeider om å medverka til at elevar i skulen får oppleva, gjera seg kjende med og utvikla forståing for profesjonelle kunst- og kulturuttrykk av alle slag, både musikk, scenekunst, visuell kunst, film, litteratur og kulturarv, jf. St.meld. nr. 8 (2007-2008) Kulturell skulesekk for framtida.

Den kulturelle skulesekken er i hovudsak finansiert av overskotet frå Norsk Tipping AS. I 2007 vart det fordelt 167 mill. kroner til ordninga. Midlane blir forvalta av fylkeskommunane, kommunane og eit utval nasjonale og regionale kunst- og kulturinstitusjonar. Eit viktig grep i den nemnde stortingsmeldinga er at Den kulturelle skulesekken frå 2008 skal utvidast til å omfatta vidaregåande opplæring.

Formidling av litteratur er ein viktig del av formidlinga i Den kulturelle skulesekken. Litteraturfeltet har ikkje fått spelemidlar til sentrale tiltak, men staten har lenge løyvd midlar over statsbudsjettet til aktørar som arbeider med litteraturformidling og lesestimulering, slik som omtalt ovanfor. Fleire av desse er aktive bidragsytarar og samarbeider med kommunane og fylkeskommunane om innhaldet i Den kulturelle skulesekken.

Det er fylkeskommunane og kommunane som har ansvaret for å tilby innhald i Den kulturelle skulesekken, medan det er kultursektoren som skal utvikla innhaldet. Biblioteka over heile landet er i så måte naturlege samarbeidspartnarar med lokalt og regionalt forvaltingsnivå. Dei kan fungera både som arena for tilbod og som ein tilbydar av eigenutvikla tilbod. Dersom biblioteka skal utvikla si rolle i Den kulturelle skulesekken, må dei inkluderast i lokale og regionale gjennomføringsplanar. Det vil også vera behov for å styrkja formidlingskompetansen og utvikla samarbeidet mellom biblioteka i ein region.

Stortingsmeldinga om Den kulturelle skulesekken strekar under at det er stort behov for sentrale aktørar på litteraturfeltet som kan medverka til mellom anna kompetanseutvikling og strategiutvikling. Ei vidare satsing på litteraturformidling i Den kulturelle skulesekken bør sjåast i nær samanheng med ei generell satsing på kulturformidling i biblioteka.

7.6.7.10 Nynorsk i Den kulturelle skulesekken

Eit særs viktig signal i meldinga om Den kulturelle skulesekken er understrekinga av at kommunar og fylkeskommunar også må ha eit språkpolitisk perspektiv i tankane når ein legg planar for Den kulturelle skulesekken.

Det er også vist til arbeidet med språkmeldinga, og at denne skal skissera grunnlaget for ein sektorovergripande språkpolitikk. Ein føresetnad for ein slik politikk er at det blir lagt inn eit språkpolitisk perspektiv i all anna politikkutforming der dette er relevant. Målet er å styrkja både norsk språk generelt og nynorsk spesielt.

Vidare heiter det at dersom nynorsk som den minst brukte av målformene skal kunna hevda seg, er det om å gjera at barn og unge også får kulturimpulsar på nynorsk. Særleg viktig er det at elevar med nynorsk opplæringsmål møter si eiga målform på brei front i den formidlinga som skjer i skulen.

Auka vekt på å formidla kunst og kultur på nynorsk gjennom Den kulturelle skulesekken kan difor vera med å styrkja den språklege identiteten til nynorskelevane. Den kulturelle skulesekken vil på den måten byggja opp under dei pedagogiske målsetjingane i skulen og i større grad gjera skulen til ein berar og formidlar av språkleg og kulturell identitet.

Det er viktig at kommunar og fylkeskommunar har dette språkpolitiske perspektivet i tankane i den vidare utviklinga av Den kulturelle skulesekken òg når dei legg konkrete planar for kunst- og kulturtilbodet i ordninga. I den samanheng er det ønskjeleg med eit visst tilbod på nynorsk også for bokmålselevar.

7.6.8 Andre problemstillingar på kultur- og medieområdet

7.6.8.1 Digitalisering av kultur- og kunnskaps­kjeldene

Departementet vil i løpet av 2008 leggja fram ei stortingsmelding om digital tilgjengeliggjering av kultur- og kunnskapskjeldene i arkiv, bibliotek og museum.

Målet vil vera å leggja ein strategi som gjer at så mange som råd er, får lettast mogleg tilgang til kultur- og kunnskapskjeldene. Skal dette lata seg gjera, er det mange utfordringar som må handterast under vegs, både juridiske spørsmål om opphavsrett og personvern og løysingar for digitale standardar for langtidslagring, dessutan spørsmålet om eit enkelt og kraftig søkjargrensesnitt med universell utforming.

Noreg ligg godt an samanlikna med tilsvarande digitaliseringsinitiativ i andre land og er med i ulike internasjonale samarbeidstiltak på feltet.

Lettare tilgang til det tekstlege materialet i arkiv, bibliotek og museum ved bruk av interaktive grensesnitt vil vera med på å fremja det språklege medvitet i samfunnet og dermed bidra til å styrkja nasjonalspråket vårt i den globale språksituasjonen og i samband med den informasjonsteknologiske utviklinga.

7.6.8.2 Dataspel

Den internasjonale dataspelbransjen har på få år vakse til å bli ein av dei store bransjane innanfor underhaldning og media. Dataspel blir i dag i hovudsak brukte av barn og unge og er ein viktig del av kultur- og mediekvardagen deira.

I St.meld. nr. 14 (2007-2008) Dataspill viser departementet til at det er eit sterkt behov for å sikra barn og unge tilgang til alternative dataspelprodukt med norsk språk og innhald. Marknaden er i dag dominert av importerte spel.

Studiar gjorde på oppdrag frå Nordisk ministerråd viser at under 1 prosent av spela i marknaden er av nordisk opphav. Det er difor særs viktig av barn og unge får tilgang på spel av høg kvalitet basert på norsk språk og kultur.

Departementet har i stortingsmeldinga sett som mål at det skal satsast på gode norske dataspel i ulike sjangrar tufta på norsk språk og innhald.

Gode tilskotsordningar er nødvendige for å sikra dette tilbodet.

Departementet har i meldinga foreslått å vidareføra og styrkja den norske tilskotsordninga for utvikling av dataspel og varsla at det også vil bli innført ei ordning med tilskot til lansering av dataspel. Det heiter vidare at ei utlånsordning for norske dataspel gjennom folkebiblioteka vil bli utgreidd, dessutan at departementet vil arbeida aktivt for at Nordisk dataspelprogram blir vidareført etter føresetnadene. Det skal også utgreiast om tilskotsordningane til dataspel kan styrkjast ved å utvida sektoravgifta på omsetning av dvd til også å omfatte dataspel. 51

7.6.8.3 Film

Norsk film har hatt ei svært positiv utvikling dei siste åra. Det blir produsert fleire norske filmar årleg. Besøkstala for norske filmar på kino har vist ein markant auke, og publikums haldningar til norsk film er langt meir positiv, særleg blant ungdom.

Den nasjonale marknadsdelen for norske filmar har tradisjonelt vore relativt låg samanlikna med både andre nordiske land og andre land i Europa. Dette har delvis hatt samanheng med låg årleg produksjon.

Eit viktig mål for omlegginga av den norske filmpolitikken i 2001 var større publikumsoppslutning om norske filmar. Eit av verkemidla var å auka produksjonsvolumet og dermed oppnå høgare kvalitet. Kinostatistikken viser at målet om auka publikumsoppslutning er nådd. Det er likevel eit stykke att før ein har nådd målet om 25 prosent marknadsdel for norske filmar.

I 2007 la departementet fram St.meld. nr. 22 (2006–2007) Veiviseren. For det norske filmløftet for å følgja opp ønsket om både ei opptrapping av dei statlege tilskota til filmproduksjon og ein gjennomgang av dei statlege verkemidla for å sikra at desse blir nytta effektivt og målretta.

7.6.8.4 Presse

Pressa som medium er framleis eit tekstmedium, og avis- og vekebladaktørar i den norske marknaden vil vera avhengige av å kommunisera med lesarane på norsk. Her er det difor ikkje grunn til å tru at den allmenne internasjonaliseringa vil svekkja stillinga for norsk språk. Pressa vil vera eit norskspråkleg medium også i framtida. Her er det difor neppe behov for særlege tiltak for å styrkja bruken av norsk språk generelt. Derimot er det nødvendig på ulike måtar å stimulera bruken av nynorsk, slik at denne målforma blir meir synleg også i aviser og og tilhøyrande publiseringsformer.

Departementet vil vidareføra pressestøtta og momsfritaket på aviser. Også i eit språkpolitisk perspektiv er det viktig at pressestøtte og momsfritak blir vidareført, slik at ikkje berre norskspråklege medium blir sikra, men også språkleg breidde og mangfald meir generelt.

7.6.9 Norsk språk i utlandet

7.6.9.1 Innleiing

Noko av det som er med på å gje norsk språk styrke og status, er det arbeidet som blir gjort for å fremja kjennskap til norsk språk og kultur i utlandet. Dette har også mykje å seia som ein del av arbeidet med å leggja grunnlaget for internasjonalt samarbeid på alle plan og for mellommenneskeleg samkvem meir generelt.

Viktige tiltak i dette arbeidet er til dømes ordninga med norske sendelektorar ved utanlandske universitet og høgskular. I både Europa og Nord-Amerika er elles norsk studiefag ved ei rekkje universitet. I enkelte regionar i USA er norsk framleis andrespråk og har plass i undervisninga.

Også omsetjing av norsk litteratur har mykje å seia i arbeidet for å gjera norsk språk og kultur kjent i utlandet.

7.6.9.2 Senter for internasjonalisering av ­ høgare utdanning (SIU)

Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) er eit forvaltingsorgan under Kunnskapsdepartementet. Senteret held til i Bergen og har omlag 60 fast tilsette.

SIU er eit kompetansesenter og samarbeidsorgan som skal fremja internasjonalisering, kulturell kommunikasjon og internasjonal mobilitet innanfor høgare utdanning. Senteret har ansvar for å profilera Noreg som utdanningsnasjon og arbeidsland for forskarar, dessutan å driva informasjonsarbeid, rådgjeving og utgreiing. SIU administrerer også nokre program som er viktige i arbeidet for å fremja kjennskapen til norsk språk i utlandet, mellom anna det nordiske språk- og kulturprogrammet Nordplus og ordninga for Noregs-kunnskap ved høgare lærestader i utlandet.

7.6.9.3 Ordninga for Noregs-kunnskap ved høgare lærestader i utlandet

Ved om lag 140 høgare lærestader i Asia, Europa, Latin-Amerika og Nord-Amerika er det tilbod om undervisning i norsk språk og norske emne, og mellom 5 000 og 6 000 unge akademikarar i utlandet studerer til kvar tid norsk språk og norske emne på ulike nivå. Ordninga for Noregs-kunnskap ved høgare lærestader i utlandet har som mål å profilera Noreg i utlandet gjennom samarbeid med utanlandske høgare lærestader som tilbyr undervisning i norsk språk og kultur, dessutan å leggja til rette for at utlendingar kan studera og forska ved norske høgare lærestader. Ordninga blir finansiert med årlege rammetilskot over budsjettet til Utanriksdepartementet.

Det er elles oppretta fleire tilskotsordningar som skal styrkja lærestader i utlandet som tilbyr norskundervisning. Utanlandslektoratordninga, semesterstipend og andre støtteordningar har som mål å medverka til eit kvalitativt godt tilbod til utanlandske studentar som får norskundervisning.

7.6.9.4 Omsetjing av norsk litteratur

Arbeidet for å halda oppe eit godt undervisningstilbod i norsk språk, litteratur og kultur i utlandet er avgjerande viktig med tanke på rekruttering og utdanning av omsetjarar som kan gjera norsk litteratur tilgjengeleg for utanlandske lesarar. Noreg har ein rik litterær tradisjon, og vi har dei siste åra opplevd stor interesse for nyare norsk litteratur også i utlandet. For å halda ved like denne interessa er det nødvendig med ei målretta satsing for å gjera norsk litteratur og norske forfattarar kjende også utanfor det nordiske språkområdet. Eit viktig ledd i ei langsiktig satsing er å leggja til rette for at nye generasjonar av studentar utanfor Noreg får interesse for og kjennskap til norsk språk og litteratur, og at det finst utanlandske lærestader som kan gje desse studentane eit fullnøyande tilbod. Berre på denne måten kan det koma til nye omsetjarar som held høg nok kvalitet i språkarbeidet sitt til å kunna formidla norske forfattarar ut i verda på ein god måte.

7.6.9.5 NORLA - Senter for norsk skjønn- og ­faglitteratur i utlandet

Ein sentral aktør i arbeidet med å gjera norsk litteratur kjend utanfor Nordens grenser er NORLA - Senter for norsk skjønn- og faglitteratur i utlandet. NORLA er eit statsstøtta, ikkje-kommersielt informasjonskontor som promoverer og formidlar norsk litteratur til utlandet. Kontoret forvaltar fleire støtteordningar for omsetjing av norske bøker og fordeler om lag 4 mill. kroner på ulike titlar kvart år. Utanlandske forlag som gjev ut bøker av norske forfattarar, kan søkja NORLA om støtte til omsetjing. Sidan 1978 er meir enn 1000 titlar av norske forfattarar komne ut med støtte frå NORLA. NORLA forvaltar også tilskot til forfattar- og førelesarbesøk til høgare lærestader i utlandet der det blir undervist i norsk.

I tillegg til å fordela ulike tilskot gjer NORLA eit viktig arbeid med å formidla kontakt mellom norske forfattarar/forlag og utanlandske omsetjarar, forlag, universitet og andre med interesse for norsk litteratur. Senteret skipar til seminar i Noreg og utlandet for omsetjarar og forleggjarar, driv promosjonsprogram og forfattarpresentasjonar i utlandet, deltek på internasjonale bokmesser, gjev ut publikasjonar om aktuell norsk litteratur og tilbyr råd og rettleiing til omsetjarar og andre som kontaktar kontoret.

7.6.10 Oppsummering av prioriterte tiltak

  • 1 UNESCO-konvensjonen som sikrar alle statar rett til å verna det kulturelle mangfaldet på sitt eige territorium, er det overordna utgangspunkt for språkpolitikken på kultur- og medieområdet.

  • 2 Departementet vil vidareføra pressestøtta og momsfritaket for aviser.

  • 3. Departementet vil arbeida med å utvikla tiltak for norske dataspel.

  • 4 Å styrkja norsk språk skal utgjera eit basiselement i norsk filmpolitikk i tråd med føreset­nadene i St.meld. nr. 22 (2006–2007).

  • 5 Prioriterte språkpolitiske omsyn om styrking av norsk språk generelt og nynorsk spesielt skal tilleggjast stor vekt ved forvaltning og utforming av rammevilkåra for norske allmennkringkastingskanalar generelt og NRK spesielt.

  • 6 Departementet vil vurdera korleis ein kan vareta språklege omsyn innanfor medieverda, særleg i lys av dei nye teknologiske, økonomiske, og drifts- og marknadsmessige rammevilkåra for mediebransjen.

  • 7 Departementet vil utforma ein meir kraftfull og systematisk strategi for korleis aktørar innanfor kultursektoren kan vera med på å fremja ­lesing blant barn og unge.

  • 8 Innkjøpsordningane for litteratur utgjør eit fundament i arbeidet for å sikra og fornya norsk språk som eit rikt og levande kulturspråk, og departementet vil byggja ut og supplera eksisterande ordningar.

  • 9 Departementet vil leggja vekt på å fremja produksjon og formidling av eit mangfald av språk­lege uttrykksformer og skjønn- og faglitterære sjangrar som eit bidrag til å sikra at norsk språk generelt og nynorsk spesielt utviklar seg som eit allsidig kultur- og bruksspråk.

  • 10 Departementet vil leggja stor vekt på korleis ­biblioteka kan bidra til å fremja formidling av eit allsidig norskspråkleg tilbod av skjønn- og faglitteratur i begge målformer.

  • 11 Departementet vil vurdera korleis digitalisering og ulike former for digital formidling kan bidra til å styrkja sansen for god litteratur og kvalitetane og verdiane i norsk språk og dei to norske skriftkulturane.

  • 12 Departementet vil i samarbeid med Utanriks­departementet fremja norsk språk og norskspråklege uttrykksformer i utlandet, mellom anna gjennom rammevilkåra for omsetjing av norsk litteratur og ordninga med norske sendelektorar ved utanlandske universitet.

  • 13 Departementet vil utvikla det fleirkulturelle perspektivet innanfor etablerte tiltaks- og tilskotsordningar på kultursektoren.

Fotnotar

1.

Førde, Einar 2004.

2.

Lomheim, Sylfest 2007a: 16

3.

Preisler, Bent 2004.

4.

Ljosland, Ragnhild 2004a.

5.

Kristoffersen, Gjert et al. 2005: 16

6.

Simonsen, Dag F. 2004a.

7.

Kristoffersen, Gjert et al. 2005: 16

8.

Kristoffersen, Gjert et al. 2005: 36.

9.

Clark, Burton 1995. Her gjengjeve etter Kalleberg, Ragnvald 2004: 108.

10.

Kristoffersen, Gjert et al. 2005: 69.

11.

Ljosland, Ragnhild 2003: 10. Her gjengjeve etter Kalleberg, Ragnvald 2004: 91-92.

12.

Nettportalen ERA-more.

13.

Höglin, Renée 2002.

14.

Hveem, Helge et al. 2006

15.

Jahr, Ernst Håkon et al. 2006

16.

Sandøy, Helge et al. 2007

17.

Höglin, Renée 2002.

18.

Höglin, Renée 2002: 26-28.

19.

Simonsen, Dag F. (red.) 2004

20.

Sivertsen, Gunnar 2004: 166

21.

Sivertsen, Gunnar 2004: 168.

22.

Sivertsen, Gunnar 2004: 172.

23.

Kalleberg, Ragnvald 2004: 91

24.

Norsk institutt for studium av forsking og høgare utdanning

25.

Schwach, Vera 2004

26.

Kalleberg, Ragnvald 2004: 92.

27.

Ljosland, Ragnhild 2004a: 137.

28.

Hveem, Helge et al. 2006: 14.

29.

Schwach, Vera 2007

30.

Hveem, Helge et al. 2006: 14.

31.

Sandøy, Helge et al. 2007: 33.

32.

Referert etter Tislevoll, Jan R. 2001: 54-57, jf. Hatlevik og Nordgård 2001: 9.

33.

Hatlevik og Nordgård 2001: 42-44, jf. 17.

34.

Sivertsen, Gunnar 2004: 175.

35.

Ot.prp. nr. 40 (2001–2002).

36.

Innst. O. nr. 40 (1994–95) og NOU 1993:24.

37.

Norsk institutt for studium av forsking og utdanning - Senter for innovasjonsforsking

38.

Nylenna, Magne 2004: 124.

39.

Roald og Stray-Pedersen 2004: 120.

40.

Utvalet refererer her til Hertzberg, Frøydis 1996: 95-102.

41.

Nylenna, Magne 2004: 124 og Höglin, Renée 2002: 32.

42.

Hatlevik og Nordgård 2001.

43.

Universitets- og høgskolestyret: Språkpolitisk plattform 19. februar 2007.

44.

Höglin, Renée 2002: 34.

45.

Norsk språkråd 1995a.

46.

St.meld. nr. 17 (2006–2007), s.129, tiltak 7.11.

47.

Lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa, § 9-4 første ledd.

48.

St.meld. nr. 48 (2002–2003), kap. 12.9, s. 196.

49.

St.meld. nr. 23 (2007–2008) s. 57.

50.

European network of policy makers for the evaluation of educational systems 2002.

51.

St.meld. nr. 14 (2007–2008) s. 6, jf. kap. 7.

Til forsida