1 Formål og bakgrunn
1.1 Formål
1.1.1 Ny, strategisk språkpolitikk
Formålet med denne meldinga er å leggja grunnlaget for ein ny, strategisk språkpolitikk med eit heilskapleg perspektiv på språk og samfunn.
Meldinga legg opp til å definera ein språkpolitikk med klarare innhald og rammer enn i dag og å etablera språkpolitikk som eit sektorovergripande politikkområde med kulturpolitisk forankring.
Det inneber ei klar presisering av at Kultur- og kyrkjedepartementet skal ha eit overordna ansvar for å forma, tolka og fremja språkpolitiske mål. I tillegg må også dei andre departementa ta språkpolitiske omsyn med i vurderinga når dei utformar og gjennomfører relevante delar av sin eigen sektorpolitikk.
Å gjera det tydeleg at Kultur- og kyrkjedepartementet har eit overordna språkpolitisk ansvar og eit samordningsansvar, er nødvendig for å sikra ein språkpolitikk med heilskap og samanheng.
For at dette skal kunna følgjast opp i praksis, er det nødvendig at Språkrådet – statens fagorgan i språkspørsmål – får ei meir sentral rolle å spela på det utøvande og operative nivået. Meldinga legg også opp til å gje Språkrådet eit utvida og dermed eit meir heilskapleg språkpolitisk ansvars- og arbeidsområde.
1.1.2 Kontekst og grunnlag
Meldinga må sjåast i samanheng med den nyleg framlagde meldinga frå Kunnskapsdepartementet om språkstimulering og språkopplæring, jf. St.meld. nr. 23 (2007–2008) Språk bygger broer. Den språkopplæringspolitikken som der er skissert, og som Kunnskapsdepartementet har ansvaret for, inngår som ein del av den heilskaplege språkpolitikken som elles blir skissert i meldinga her.
Som det er gjort greie for nedanfor, er det vilkåra og utfordringane for norsk språk som er gjennomgangstemaet, og som dermed utgjer tyngdepunktet av framstillinga i denne meldinga. Det er samstundes streka under at den nye språkpolitikken som denne meldinga skal leggja grunnlaget for, må omfatta den totale språksituasjonen i landet.
Det finst likevel inga utgreiing som gjev ein samla, oppdatert dokumentasjon og analyse av dagens språksituasjon, og heller ingen større delutgreiingar verken om norsk språk, om samisk eller om ulike minoritetsspråklege spørsmål. I arbeidet med meldinga har det difor vore nødvendig å gå gjennom eit stort kjeldetilfang og å konsultera ein omfattande bakgrunnslitteratur.
Det har i denne prosessen ikkje vore råd å gå like djupt inn i alle relevante spørsmål. Difor er det behov for å arbeida vidare med å samanstilla dokumentasjon og analyse om ulike sider ved den norske språksituasjonen. Dette gjeld for norsk språk generelt og nynorsk spesielt.
Det gjeld også situasjonen for samisk språk og ulike minoritetsspråklege spørsmål i brei meining. Den spesifikke behandlinga av spørsmål som gjeld alle desse språka, er i denne meldinga samla i kap. 10. Når det gjeld samisk spesielt, viser vi til den nyleg framlagde meldinga frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet om samepolitikken. Der er det mellom anna varsla at det skal utarbeidast ein eigen handlingsplan for samisk språk, jf. St.meld. nr. 28 (2007–2008) Samepolitikken.
Behovet for å skaffa fram vidare kunnskap og dokumentasjon om ulike sider av språksituasjonen vil elles bli vurdert som ledd i det komande språkpolitiske oppfølgingsarbeidet.
1.1.3 Hovudinnhaldet i språkpolitikken
1.1.3.1 Det overordna perspektivet – å styrkja norsk språk
Som dei fleste andre nasjonalspråk er også norsk språk i ein pressa situasjon. Globalisering og internasjonalisering krev at det i stadig fleire samanhengar er nødvendig å kommunisera på engelsk, og det moderne mediesamfunnet gjer at vi i stadig sterkare grad blir eksponerte for engelskspråklege kulturimpulsar.
Norsk språk har ikkje lenger ein like sjølvsagd posisjon og status i det norske samfunnet som tidlegare. For alle folk er språket det viktigaste kulturuttrykket. Som kulturnasjon har vi difor ei plikt både overfor oss sjølve og verda elles til å ta vare på vårt eige språk.
Det overordna målet for språkpolitikken må difor vera å sikra det norske språkets posisjon som eit fullverdig, samfunnsberande språk i Noreg. Dette perspektivet er det grunnleggjande gjennomgangstemaet i denne meldinga.
Med omgrepet samfunnsberande språk er meint eit overordna fellesspråk som i eit moderne, fleirkulturelt samfunn blir brukt til administrasjon og samfunnsdebatt, som held storsamfunnet saman og gjev det identitet, samstundes som det også gjev gode leve- og utviklingsvilkår for alle dei språklege delkulturane som finst i samfunnet.
At språket er komplett eller fullverdig, betyr at det i tillegg har slik status at det kan brukast i alle samanhengar, og at det har utvikla eit spesialisert ordforråd som gjer at det er i levande bruk i alle delar av samfunnslivet, på alle språklege bruksområde og i alle språklege bruksfunksjonar.
I dette perspektivet er det ei særleg utfordring å sørgja for at språket held tritt med den raske kunnskapsutviklinga som skjer innanfor eit stadig meir spesialisert samfunn. At det heile tida blir utvikla ein oppdatert norsk terminologi som grunnlag for fagleg kommunikasjon, er på mange måtar ein føresetnad både for å vitalisera allmennspråket og for å effektivisera og demokratisera den alminnelege informasjons- og kunnskapsformidlinga i samfunnet.
Det overordna målet for språkpolitikken fordrar eit kontinuerleg arbeid over eit breitt felt med sikte på å styrkja og utvikla norsk språk som eit rikt og funksjonelt bruks- og kulturspråk og som uomstridt nasjonalspråk og hovudspråk i Noreg.
1.1.3.2 Det norskspråklege mangfalds- og jamstillingsperspektivet
Det overordna målet for språkpolitikken byggjer på den erkjenninga at norsk er kløyvd i to skriftspråk. Desse er formelt likestilte, men har i røynda svært ulike rammevilkår.
Det er behov for eit meir heilhjarta og systematisk arbeid for å styrkja nynorsk språk og den nynorske skriftkulturen på brei basis. Dette er eit særskilt språkpolitisk mål og utgjer det andre gjennomgangstemaet i meldinga.
Den meirverdien det representerer for norsk kultur- og samfunnsliv å halda begge dei to skriftkulturane våre i hevd, er langt større enn dei praktiske utfordringane som følgjer med. Det ligg dessutan ein særleg språkpolitisk skyldnad i å vareta dei språklege rettane til nynorskbrukarane.
I den nye språkpolitikken vil det vera eit underforstått prinsipp at tiltak til styrking av norsk språk generelt også må omfatta tiltak for å fremja nynorsk språk spesielt, når dette er relevant.
1.1.3.3 Det mangespråklege og fleirspråklege perspektivet
Ein heilskapleg språkpolitikk må også ha som mål å verna og styrkja samisk språk og dermed det språklege grunnlaget for det samiske urfolket i Noreg.
Vidare må språkpolitikken leggja til rette for å verna og fremja språka til nasjonale minoritetar, slik at dei kan bevara og utvikla sin eigen språklege identitet.
Elles må norsk teiknspråk få høgare offisiell status, og arbeidet med å byggja ut dei språklege rettane for norske teiknspråkbrukarar må halda fram.
Språkpolitikken må dessutan ta omsyn til alle grupper av nordmenn med nyare innvandrarbakgrunn, i det heile alle dei som er to- eller fleirspråklege med eit anna morsmål enn norsk. Desse gruppene har gjort at Noreg i dag i endå større grad enn i tidlegare tider er eit mangespråkleg samfunn, og at ein større del av språkbrukarane no har fleirspråkleg bakgrunn og kompetanse.
Til saman representerer samisk språk, språka til nasjonale minoritetar, norsk teiknspråk og alle dei nyare innvandrarspråka eit språkleg mangfald som i dag er med på å utfylla biletet av den totale språksituasjonen i landet. Dette språklege mangfaldet må utgjera eit tredje element i den nye språkpolitikken.
1.1.3.4 Det nordiske perspektivet
Samanlikna med mange andre nasjonar og skriftkulturar både i Europa og verda elles utgjer Noreg åleine eit heller lite språkområde.
Med eit slikt utgangspunkt blir det desto viktigare å utvida det språkpolitiske perspektivet til også å omfatta våre språklege grannar i Norden. Det at dei tre skandinaviske språka ligg så nær kvarandre at dei er gjensidig forståelege, inneber at vi i Noreg får direkte tilgang til eit mykje større språk- og kulturområde enn vårt eige norske. Den nordiske språkfellesskapen representerer såleis eit verdifullt supplement til norsk språkkultur.
At vi i Noreg gjer det vi kan for å halda ved like og utvikla den gjensidige språkforståinga i Norden, er ikkje berre med på å utvida den direkte språklege og kulturelle horisonten vår og stimulera all mellommenneskeleg kontakt internt i Norden. Dette gjer det også lettare på nordisk plan, ved å byggja vidare på eit allereie veletablert språksamarbeid, å møta dei språkpolitiske utfordringane som vi i stor grad deler med dei nordiske naboane våre.
Jamvel om det nordiske samkvemmet generelt og det nordiske språksamarbeidet spesielt har lang tradisjon, må det heile tida haldast ved like og fornyast. Difor må det nordiske perspektivet utgjera eit fjerde element i den nye språkpolitikken.
1.1.3.5 Det framandspråklege perspektivet
I ei verd der internasjonalt samkvem får stadig meir å seia, må det også stillast auka krav til den framandspråklege kompetansen hos nordmenn flest. Særleg er det behov for å heva kunnskapane og dugleiken i engelsk.
Dette står ikkje i motsetnad til behovet for å styrkja konkurranseevna til norsk språk i høve til engelsk på den heimlege arenaen.
Derimot er det viktig å streka under verdien av å søkja kunnskap og internasjonale kontaktar også gjennom andre framandspråk enn engelsk. Difor er det om å gjera at det på ulike nivå i det norske samfunnet finst eit breitt tilbod om framandspråkleg opplæring.
Dette framandspråklege perspektivet vil utgjera eit femte element innanfor ein heilskapleg språkpolitikk.
1.1.4 Ein politikk for å motverka domenetap
1.1.4.1 Det sektorovergripande perspektivet
Alle dei fem perspektiva som er nemnde ovanfor, høyrer med i ein heilskapleg språkpolitikk og er med på å gje innhald til eit slikt uttrykk.
Men også hovudmålet for den nye språkpolitikken – å sikra det norske språkets posisjon som komplett og samfunnsberande språk i Noreg – fordrar i seg sjølv ei heilskapleg tilnærming.
Ein slik politikk kan ikkje definerast og utformast åleine innanfor ei sektorpolitisk ramme. Den må i prinsippet handla om språk og språkbruk innanfor alle samfunnssektorar. Det er grunnen til at den nye språkpolitikken må ha ein klart uttalt sektorovergripande eller tverrgåande karakter.
1.1.4.2 Domenetapsperspektivet
Eit sentralt utviklingstrekk i mange land er ein aukande tendens til bruk av engelsk også i situasjonar der sjølve kommunikasjonen ikkje krev det. Engelsk har i dag vunne seg ein unik posisjon som vår tids internasjonale hjelpespråk. Det knyter seg difor så sterk prestisje til bruk av engelsk at både små og store nasjonalspråk verda over møter stadig sterkare tevling frå engelsk også på sin eigen språklege heimemarknad.
Hos oss synest norsk språk allereie å ha mist noko av posisjonen sin som det naturlege bruksspråket på ein del område som er viktige for å halda ved lag og vidareutvikla eit fullverdig nasjonalspråk i eit sterkt spesialisert samfunn.
Når engelsk vinn stadig sterkare innpass til fortrengsel for norsk, står vi overfor faren for såkalla domenetap, dvs. at norsk språk blir trengt til sides og ikkje lenger er i bruk innanfor eit bestemt samfunnsområde. I den grad denne tilstanden smittar frå eitt samfunnsdomene til eit anna, kan eit fullverdig norsk språk vera truga.
Mange vil truleg ha vanskeleg for å ta inn over seg slike framtidsperspektiv. Eit hovudsynspunkt i ei rekkje land i dag er likevel at ein framtidsretta språkpolitikk må byggja på den erkjenninga at nasjonalspråka våre vil stå seg stadig dårlegare dersom vi ikkje har ei medviten haldning til verdien av vårt eige språk og utviklar ein strategi for aktiv språkstyrking.
Til grunn for slike synspunkt ligg ei tru på verdien av språkleg og kulturelt mangfald. Dette krev at alle land og kulturar tek eit primæransvar for å sikra og utvikla sitt eige språk. Norsk språk kan ikkje vidareutviklast som eit levande bruks- og kulturspråk dersom vi i Noreg ikkje tek dette alvorleg.
Slik sett er dette eit kulturelt ansvar vi har også overfor det internasjonale samfunnet, eit bidrag til å halda oppe det språklege og kulturelle mangfaldet i verdssamfunnet. Eit målmedvite arbeid for å styrkja norsk språk er dermed ikkje nasjonal arroganse og sjølvhevding, men eit internaqsjonalt ansvar.
1.1.5 Språkpolitiske innfallsvinklar
Eit språkpolitisk heilskapsperspektiv tilseier elles at språkspørsmål blir behandla ut frå ulike innfallsvinklar.
1.1.5.1 Språkopplæring og andre språklege rettar
Eit naturleg utgangspunkt er å behandla språket som instrument for kvar enkelt språkbrukar. Dette reiser spørsmål om korleis menneske med ulike føresetnader kan tileigna seg språket og læra seg å meistra det best mogleg. Det handlar om språkkompetanse som nøkkel til suksess og framgang i samfunns- og yrkesliv, om språket som kulturell døropnar og om den identitetsskapande og danningsmessige funksjonen som språket har.
Det som er grunnleggjande i så måte, er den språkopplæring kvar enkelt språkbrukar får. Denne delen av språkpolitikken er behandla i ei eiga melding som Kunnskapsdepartementet har lagt fram om språkstimulering og språkopplæring, jf. St.meld. nr. 23 (2007–2008). I meldinga her blir difor språkbrukarperspektivet berre behandla relativt kort, med vekt på temaet språklege rettar sett i utvida og overordna perspektiv, jf. kap. 6.
1.1.5.2 Språkstyrking
Det følgjer av det som sagt i innleiinga om det overordna perspektivet for den nye språkpolitikken, at den innfallsvinkelen som er grunnleggjande i meldinga her, er spørsmålet om kva status og posisjon språket har i samfunnet. Dette dreier seg om kor utbreitt språket er som morsmål og skriftleg bruksspråk, kva offisiell stilling det har, men først og fremst i kva grad det faktisk er i levande bruk på alle område av samfunnslivet.
I denne meldinga nyttar vi uttrykket språkstyrking som samlenemning på den delen av språkpolitikken som rettar seg direkte mot å fremja språkets status og bruk. Kap. 7 er det grunnleggjande språkstyrkingskapitlet i meldinga.
1.1.5.3 Språkdyrking
Ein tredje innfallsvinkel er språket sjølv, kva tilstand språksystemet er i, kor godt språket er dokumentert, tilhøvet mellom talespråk og skriftspråk, mellom standardspråk og dialekt, korleis språket utviklar seg, språkleg variasjon, tilhøvet mellom tradisjon og fornying og i det heile korleis språket fungerer både som kulturuttrykk og som reiskap for effektiv kommunikasjon.
I denne meldinga nyttar vi uttrykket språkdyrking som samlenemning på den delen av språkpolitikken som har å gjera med slike spørsmål. Kap. 8 er det grunnleggjande språkdyrkingskapitlet i meldinga.
1.1.5.4 Samla kapitteldisposisjon
Både kap. 7 og 8 konsentrerer seg om styrking og dyrking av norsk språk generelt. Situasjonen for nynorsk spesielt er behandla i kap. 9, urfolks- og minoritetsspråk i kap. 10 og den nordiske språkfellesskapen i kap. 11.
Dermed har vi i alt dekt fire av dei fem grunnleggjande perspektiva som er skisserte ovanfor under kap. 1.1.3.
Det femte av desse, det framandspråklege perspektivet, handlar primært om utvikling av kompetanse i framandspråk og må først og fremst løysast innanfor det ordinære utdanningssystemet. Dette kjem vi difor i liten grad inn på som eige tema i denne meldinga. Her viser vi i staden til den nemnde meldinga frå Kunnskapsdepartementet.
I eit særskilt bakgrunnskapittel, kap. 4, gjev meldinga eit oversyn over det norske og nordiske språklandskapet.
I tillegg søkjer meldinga i eit meir omfattande kapittel, kap. 5, å kasta lys over forholdet mellom språk og makt. I større eller mindre grad vil maktperspektivet også liggja under i dei andre kapitla.
I eit innleiande hovudkapittel behandlar meldinga meir overordna språkpolitiske verkemiddel. Her drøftar vi også grunnlaget for eit vidare arbeid med sterkare lovmessig og organisatorisk forankring av språkpolitikken. I tillegg blir det skissert eit meir systematisk opplegg for permanent språkpolitisk oppfølging.
Også innanfor kap. 7–11 blir det formulert språkpolitiske mål og tiltak.
Først følgjer i kap. 2 eit samandrag av dei språkpolitiske verkemidla og tiltaka i meldinga.
I kap. 12 blir det på vanleg måte gjeve ein omtale av økonomiske og administrative konsekvensar.
1.1.6 Historisk perspektiv på språkpolitikken
Det hender frå tid til anna at avgrensa språkspørsmål blir behandla i Stortinget, og at ein kjem inn på temaet språk som ledd i behandlinga av større sakskompleks. Men ikkje sidan 1970 har Stortinget hatt ein brei språkpolitisk debatt på grunnlag av ei eiga melding frå regjeringa.
Mykje av bakgrunnen for ordskiftet den gongen var forsøka på å finna ein veg ut av den striden som kløyvinga mellom bokmål og nynorsk og dei tilhøyrande rettskrivingsspørsmåla hadde gjeve opphav til. Dei språkpolitiske revurderingane i åra før og etter 1970 førte til at den mest opprivande språkstriden gradvis vart dempa, og at ein større grad av språkfred senka seg over landet.
I ettertid vil mange likevel hevda at den norske språkstriden ikkje berre var av det vonde. Han gjorde også sitt å til å lyfta fram språkkulturen i folks medvit og førte til eit engasjement for språk og språkspørsmål som ein i andre land til dels har misunnt oss.
Dessutan er språkstriden nettopp ei påminning om at språk ikkje er eit nøytralt og friksjonsfritt kommunikasjonsmiddel. Det avspeglar også sosiale motsetnader og makttilhøve i samfunnet. Språket sjølv kan også fungera som ein maktreiskap på mange plan. Dette er noko av bakgrunnen for at denne meldinga vil retta eit særleg søkjelys mot forholdet mellom språk og makt.
1.2 Bakgrunnen for meldinga
1.2.1 Norsk bakgrunn
1.2.1.1 Soria Moria-erklæringa
Den direkte bakgrunnen for meldinga er utsegna i Soria Moria-erklæringa om behovet for ein offensiv språkpolitikk, slik at norsk språk blir det føretrekte språket i alle delar av norsk samfunnsliv. Her er det vist til at Noreg er eit lite språkområde, og at det norske språket er under konstant press.
Det blir slått fast at skriftkulturen er berebjelken i norsk samfunns- og kulturliv, og regjeringa peiker på det verdifulle mangfaldet som ligg i det å ha to norske skriftkulturar. Fordi nynorsk har vanskelegare rammevilkår enn bokmål, er det særleg viktig å sikra ei god utvikling også for nynorsk.
Elles er forholdet mellom språk og makt nemnt i regjeringsplattforma under kapitlet om folkestyre, lokalsamfunn og demokrati. Det heiter at regjeringa vil leggja fram sak for Stortinget om språk og makt.
1.2.1.2 Omdanninga av Språkrådet
Meldinga har også bakgrunnen sin og grunnlaget sitt i det språkpolitiske strategiarbeidet som er skjedd som ledd i omdanninga av det tidlegare Norsk språkråd.
Norsk språkråd vart etablert i 1972 og bestod av, forutan eit fast sekretariat, eit medlemsbasert råd valt av ulike institusjonar og organisasjonar, og i tillegg to organ valde av og blant rådet, ei fagnemnd og eit styre.
Dette systemet vart avvikla frå 1. januar 2005, etter at eit interimsstyre oppnemnt av departementet i juni 2004 hadde fått i oppgåve å leia arbeidet med å reorganisera institusjonen.
Tufta på eit grunngjeve forslag frå interimsstyret fastsette departementet i vedtekter våren 2006 at den nye institusjonen skal leiast av eit departementsoppnemnt styre, og at styret i sin tur nemner opp inntil fire fagråd for å sikra brei samfunnsforankring av verksemda. Den tidlegare kortforma – Språkrådet – er no det offisielle namnet på den reorganiserte institusjonen.
I samband med den tilstundande omdanninga gav departementet i ei prosjektskisse våren 2003 uttrykk for at det også kunne bli aktuelt å gjennomføra nødvendig fagleg utgreiingsarbeid som ein del av denne prosessen.
Bakgrunnen var mellom anna at Norsk språkråd på rådsmøtet sitt i februar 2002 hadde vedteke å tilrå overfor regjeringa å oppnemna ein breitt samansett språkkommisjon til å utgreia vilkåra for norsk språk og for språk i Noreg i dag og i framtida med sikte på å utforma ein nasjonal språkpolitikk.
I eit brev til styret 21. juni 2002 konkluderte departementet med at det ikkje ville vera formålstenleg å ha eit langvarig og uavhengig utgreiingsarbeid gåande parallelt med omdanninga av Norsk språkråd. Departementet meinte den gongen at nødvendig utgreiingsarbeid i staden burde gjerast som ledd i denne prosessen og etter kvart i regi av den nye institusjonen.
1.2.1.3 Strategidokumentet Norsk i hundre!
I tråd med dette gav departementet interimsstyret i oppdrag som ein del av omdanningsprosessen å få utarbeidt eit strategidokument for den nye institusjonen. I mandatet vart det fastsett at interimsstyret for dette formålet kunne oppnemna ei arbeidsgruppe med i hovudsak eksterne medlemmer, men der også interimsstyret sjølv og dei tilsette var representerte.
Saka var elles førebudd ved at departementet i eit høyringsdokument i januar 2004 hadde invitert ei rekkje instansar til å fremja synspunkt på aktuelle språkpolitiske utfordringar, særleg med tanke på å skaffa grunnlagsmateriale for arbeidet med å utforma eit strategidokument for den nye institusjonen. Det kom inn over 50 høyringsfråsegner, og departementet sende desse over til Språkrådet i brev av 1. juni 2004 til behandling og bruk i strategiarbeidet og den vidare omdanningsprosessen.
I september 2004 vedtok så interimsstyret eit utgreiingsmandat og oppnemnde ei strategigruppe med sju medlemmer under leiing av professor Gjert Kristoffersen. Det vart også utpeikt meir enn 40 ressurspersonar som strategigruppa kunne trekkja med i arbeidet etter behov. Arbeidet i strategigruppa resulterte i ein rapport på om lag 150 sider med den programmatiske tittelen Norsk i hundre! og med undertittel Norsk som nasjonalspråk i globaliseringens tidsalder. Et forslag til strategi. Rapporten vart presentert på ein konferanse med om lag 170 inviterte gjester i Bærum kulturhus 27. oktober 2005.
Sidan det var interimsstyret i Språkrådet som var oppdragsgjevar for strategirapporten, var det også interimsstyret som i første omgang hadde hand om oppfølginga. Rapporten vart oversend departementet 6. mars 2006 saman med eit følgjeskriv frå interimsstyret som var vedteke på styremøtet 28. februar 2006. Det heitte at følgjeskrivet strekar under og prioriterer det styret ser som dei viktigaste utfordringane og tiltaka for norsk språkpolitikk i framtida.
1.2.1.4 Følgjeskrivet frå Språkrådet
I følgjeskrivet gav interimsstyret full stønad til hovudtenkinga i rapporten og gav uttrykk for at det må utformast ein samla språkpolitikk for å sikra at norsk skal bestå som nasjonalspråk i Noreg. Det overordna målet må vera å sikra at nynorsk og bokmål blir brukte på alle område i samfunnet, og at norsk språk er det naturlege valet i alle situasjonar der det ikkje er nødvendig å bruka framandspråk.
Styret peikte på at det mandatet strategigruppa hadde fått, ikkje gjorde det naturleg å behandla minoritetsspråklege spørsmål. I strategirapporten er det likevel peikt på at også dette høyrer med i ein heilskapleg språkpolitikk.
I tråd med dette gav interimsstyret uttrykk for at det er behov for å få laga ein generell analyse av språksituasjonen i Noreg, der det også blir lagt vekt på dei nye minoritetsspråka. Interimsstyret meinte at det i samband med dette også måtte vurderast om det nye Språkrådet skal ha eit ansvar for språk i Noreg reint allment, ikkje berre, slik det tradisjonelt har vore, for norsk språk.
Som konklusjon rådde interimsstyret til at det vart utarbeidt ei stortingsmelding som behandlar dei prinsipielle synspunkta i strategirapporten og i følgjeskrivet. Målet med meldinga, heitte det, måtte vera å få vedteke ein overordna norsk språkpolitikk som det skal takast omsyn til ved utforminga av politikk på alle relevante område av samfunnslivet.
Interimsstyret gav også uttrykk for at måla for det nye Språkrådet bør utformast gjennom ei lov med forskrift, slik at vi får eit lovfesta uttrykk for den statlege språkpolitikken.
1.2.1.5 Annan bakgrunnslitteratur
Det ligg elles føre ei rekkje andre rapportar og dokument av ulike slag som har vore med og danna grunnlaget for denne meldinga. Departementet har også gjennomgått ein omfattande bakgrunnslitteratur som ledd i meldingsarbeidet. Vi viser til den samla litteraturlista til slutt i meldinga.
1.2.2 Nordisk bakgrunn
1.2.2.1 Innleiing
Ein viktig del av bakgrunnsmaterialet for meldinga er også det språkpolitiske grunnlagsarbeidet som dei siste åra er gjennomført i dei nordiske grannelanda våre og i regi av Nordisk ministerråd.
For både dei nye nasjonalspråklege og fleirspråklege utfordringane er i høg grad erkjent også utanfor Noregs grenser. Ikkje minst i dei nordiske nabolanda våre har det skjedd ei interessant språkpolitisk oppvakning dei siste åra, og på visse måtar kan det sjå ut som vi her i landet er i ferd med å bli forbigått av dei næraste grannelanda våre når det gjeld språkpolitisk medvit og interesse. Det er på tide at Noreg no kjem etter med ein ny og offensiv språkpolitikk, i tråd med det som blir skissert i denne meldinga.
1.2.2.2 Sverige
I Sverige kom det i 2002 ei omfattande språkpolitisk utgreiing frå ein parlamentarisk komité sett ned av regjeringa, med tittelen Mål i mun – förslag til handlingsprogram för svenska språket.1
Utgreiinga vart send på alminneleg høyring og følgd opp ved at den dåverande svenske regjeringa i september 2005 fremja ein proposisjon under overskrifta Bästa språket – en samlad svensk språkpolitik.2
I samsvar med forslaget i proposisjonen gjorde så Riksdagen i desember 2005 vedtak om å stilla opp fire mål for ein nasjonal språkpolitikk i Sverige. Det heitte at desse måla burde «beaktas innom alla samhällsområden».
Vedtaket slår fast at det svenske språket skal vera hovudspråk i Sverige, at svensk skal vera eit komplett og samfunnsberande språk, og at den offentlege språkbruken skal vera «vårdad, enkel och begriplig», dessutan at alle har rett til språk, «att utveckla och tillägna sig svenska språket, att utveckla och bruka det egna modersmålet och nationella minoritetsspråket och att få möjlighet att lära sig främmande språk».
I mars 2008 vart det så lagt fram ei offentleg utgreiing med framlegg til ei samla svensk språklov, ei lov som både skal tryggja stillinga for det svenske språket og verna det språklege mangfaldet i Sverige. 3
I Sverige er det også, i 2005 og 2006, lagt fram eigne offentlege utgreiingar om minoritetsspråk og om svensk teiknspråk. 4
1.2.2.3 Danmark
I Danmark utarbeidde eit hurtigarbeidande utval nedsett av Kulturministeriet i 2003 ein rapport med tittelen Sprog på spil – et udspil til en dansk sprogpolitik.
Kulturministeriet følgde året etter opp ved å leggja fram ei språkpolitisk utgreiing for Folketinget.
Her vart det streka under at språket er noko anna og meir enn «blot og bar overførsel af informationer». Vidare heitte det at det er språket som bind oss saman som nasjon. Difor er det maktpåliggjande for regjeringa at dansk også i framtida skal vera eit komplett og samfunnsberande språk som kan brukast til å uttrykkja tankar og idear om alle sider ved tilværet.
Utgreiinga inneheldt ei rad forslag som gjaldt vilkåra for det danske språket, tiltak som vedkom ansvarsområdet til ulike departement.
I slutten av januar 2007 var det eit omfattande språkpolitisk ordskifte i Folketinget, og i april same året sette kulturministeren ned eit språkutval for å utarbeida konkrete forslag om styrkt innsats for det danske språket. Denne utgreiinga låg føre i april 2008. 5
1.2.2.4 Finland
I Finland vedtok Forskningscentralen för de inhemska språken allereie i 1998 eit språkpolitisk program, og i 2003 la Svenska språknämnden fram eit forslag til handlingsprogram for det svenske språket i Finland, utarbeidt av leiaren Marika Tandefelt, med tittelen Tänk om.
Formålet var å styrkja og bevara det svenske morsmålet i landet. Søkjelyset vart først og fremst sett på språkleg kvalitet, i mindre grad på språklege rettar.
Følgjande fire hovudpunkt utgjorde elles basis for handlingsprogrammet: Svensk i Finland er – og må få halda fram å vera – eit komplett og samfunnsberande språk. Svensk i Finland er ein del av det svenske riksspråket. Den beste måten å pleia språket på er å bruka det. Å arbeida for å styrkja eit språk inneber ikkje å motarbeida eit anna.
1.2.2.5 Nordisk ministerråd
Alt i 2001 vart det i regi av Nordisk ministerråd gjennomført eit språkpolitisk prosjektarbeid med formål å sjå på korleis dei nordiske språka står seg i konkurransen med engelsk. I alt ti rapportar vart utarbeidde av nordiske språkvitarar. Rapportane var tufta på nærare kartlegging av situasjonen i dei ulike landa, medrekna også i dei sjølvstyrte områda Grønland og Færøyane, og for samisk språk i Norden.
Prosjektet vart styrt av ei sakkunnig arbeidsgruppe, og rapportane vart oppsummerte og samanstilte i ein eigen publikasjon med tittelen Engelska språket som hot och tillgång i Norden.6
Elles har Nordisk ministerråd fleire gonger formulert språkpolitiske program. Etter ei omorganisering av det nordiske språksamarbeidet i 2004 etablerte Ministerrådet eit stønads- og mobilitetsprogram for perioden 2004–2006 under tittelen Nordpluss språk.
Her blir det fastslått at det overgripande målet for programmet er at den nordiske språkfellesskapen må bestå og styrkjast, og at det nordiske samarbeidet også i framtida i hovudsak må kunna gå føre seg på nordiske språk. Ein føresetnad for dette, heiter det, er at dei nordiske språka også nasjonalt bevarer stillinga si som komplette og samfunnsberande språk.
1.2.2.6 Den nordiske språkdeklarasjonen
I 2005 utarbeidde så Nordisk språkråd, eit rådgjevande organ under Nordisk ministerråd med i alt 14 medlemmer, eit utkast til deklarasjon om nordisk språkpolitikk.
Dette vart fremja som ministerrådsframlegg av utdanningsministrane og vedteke av Nordisk råd på sesjonen i oktober–november 2006.
I preambelen erklærte ministrane at deklarasjonen skal danna grunnlaget for ein samla, langsiktig og effektiv språkpolitisk innsats, ein ny nordisk språkpolitikk som skal sikra heilskap og samanheng i Nordisk ministerråds tiltak på det språkpolitiske området.