2 Lokaldemokratikommisjonen
2.1 Bakgrunn for oppnemning og mandat
Lokaldemokratikommisjonen vart oppnemnt ved kronprinsregentens resolusjon den 12. mars 2004. Bakgrunnen var ei uro i det politiske miljøet om situasjonen i lokaldemokratiet. Maktutgreiinga hadde også peika på tilhøve som indikerte eit svekka lokaldemokrati. Nett dette var grunngjevinga for fremjinga av to private forslag i Stortinget. Det eine vart lagt fram av stortingsrepresentantane Åslaug Haga og Marit Arnstad, som i Dokument nr. 8:02 (2003 – 2004) gjekk inn for å setja ned eit lokaldemokratisk idéutval med medlemmer med aktuell, norsk lokalpolitisk erfaring og internasjonale ekspertar på desentralisert demokrati. I Dokument nr. 8:04 (2003 – 2004) gjorde Trine Skei Grande og May Britt Vihovde framlegg om å oppretta ein lokaldemokratikommisjon. Hausten 2003 samla eit samrøystes Storting seg om framlegget om å skipa ein lokaldemokratikommisjon.
Kommisjonen la dette overordna omsynet til grunn for arbeidet sitt: Å auka deltakinga og engasjementet i lokalpolitikken. Føresetnaden for å få dette til er at samspelet mellom nivåa er godt, og at det lokale politiske spelerommet vert utvida og gjort tydeleg.
Den første delen av mandatet var å greia ut og drøfta kva konsekvensar utviklinga av tilhøvet mellom staten og kommunane har for eit levande lokaldemokrati. Dette arbeidet munna ut i NOU 2005:6 Samspill og tillit. Om staten og lokaldemokratiet. I tråd med den andre delen av mandatet skulle kommisjonen dernest diskutera korleis lokaldemokratiet kjem til uttrykk i dei einskilde lokalsamfunna. Dette resulterte i NOU 2006:7 Det lokale folkestyret i endring? Om deltaking og engasjement i lokalpolitikken. Sjå vedlegg 1 for meir informasjon om lokaldemokratikommisjonen, og høyringsfråsegnene til kommisjonen sine rapportar.
2.2 NOU 2005: Samspill og tillit
2.2.1 Hovudtrekk og forslag i utgreiinga
Kommisjonen er oppteken av at det lokale sjølvstyret må gjerast tydeleg og respekterast. Innanfor ramma av kommunar og fylkeskommunar gjev lokaldemokratiet innbyggjarane moglegheiter for å delta og engasjera seg i det offentlege livet. Det er viktig at forholdet mellom staten og kommunane vert utforma slik at det er interessant å delta i lokalpolitikken. Kommisjonen legg vekt på det klassiske verdigrunnlaget for det lokale sjølvstyret: demokrati, fridom og effektivitet.
Oppgåveomfanget i kommunalforvaltninga tilseier at sektoren må innordnast den generelle samfunnsstyringa. Statleg styring bør utformast slik at ho medverkar til auka rettstryggleik, likskap og likeverd. Kommunesektoren er viktig i makroøkonomisk samanheng, og må tilpassast nasjonale økonomiske rammer.
Kommisjonen gjer framlegg om fleire tiltak for å styrkja samspelet mellom kommunesektoren og staten. Mellom anna kan det etablerast sterkare samordningsmekanismar i staten for å følgja opp statleg iverksetjing. Kommisjonen meiner òg at Kommunal- og regionaldepartementet bør få ei tydelegare rolle med omsyn til korleis statlege etatar følgjer opp kommuneretta vedtak. Kommisjonen tek til orde for at fylkesmannen sine oppgåver bør avgrensast til tilsyn, klage, legalitetskontroll og naudsynleg dialog for å sikra at kommunane gjennomfører dei store velferdsoppgåvene slik Stortinget har avgjort. Samstundes går kommisjonen inn for å utgreia kva konsekvensar det har for samspelet mellom staten, kommunane og fylkeskommunane at regional statsforvaltning vert organisert etter ulike geografiske område. Kommisjonen gjer vidare framlegg om at konsultasjonsordninga vert utvikla i retning av ei meir forpliktande ordning. Eit anna tiltak er eit informasjonsopplegg om staten og kommunane si samfunnsrolle, og kva forventningar innbyggjarane kan ha til dei.
Kommisjonen går inn for å grunnlovsfesta det kommunale sjølvstyret for å styrkja den juridiske statusen til det. Kommisjonen gjer òg framlegg om at kommunane får større fridom i skattepolitikken ved at maksimalreguleringa for kommunal inntektsskatt vert fjerna.
2.2.2 Hovudtrekk i høyringsfråsegnene til NOU 2005:6
Til saman 102 instansar leverte svar på høyringsinvitasjonen frå departementet. Eit generelt bilete er at kommunane og fylkeskommunane i store trekk er nøgde med konklusjonane til kommisjonen. Berre eit fåtal kommunar går mot friare skattlegging. Alle som uttaler seg om grunnlovsfesting, stør dette framlegget. Det er òg sterk oppslutnad om meir forpliktande konsultasjonar. Dei fleste kommunane sluttar seg til kommisjonen sitt syn om at fylkesmannen sine oppgåver skal avgrensast til tilsyn, klage, legalitetskontroll og til naudsynleg dialog for å sikra god gjennomføring av velferdsoppgåvene.
Dei fleste fylkesmannsembeta som uttaler seg, meiner at det i praksis fungerer godt at embeta både har tilsynsoppgåver, driv rettleiing og fører dialog med kommunane. Dette er oppgåver som dei tykkjer utfyller kvarandre på ein god måte. Tilsyn utløyser rettleiing og dialog. Rettleiing og dialog reduserer trong for tilsyn. Fylkesmannsembeta er misnøgde med at kommisjonen i liten grad trekkjer fram fakta om fylkesmennene si rolle som samordnar av statleg forvaltning.
KS stør kommisjonen sine framlegg om å grunnlovsfesta det kommunale sjølvstyret og gje kommunane større fridom til å avgjera kor mykje skatt dei kan skriva ut. KS vil ha ein samarbeidsavtale med regjeringa som ein lekk i konsultasjonsordninga. Målet med samarbeidsavtalen skal mellom anna vera å styrkja lokaldemokratiet og det lokale handlingsrommet, og fastleggja forventa resultat for komande fireårsperiode. KS stør kommisjonen sitt framlegg om at fylkesmennene si rolle vert avgrensa til tilsyn, klage og legalitetskontroll.
2.3 NOU 2006: 7 Det lokale folkestyret i endring
2.3.1 Hovudtrekk og forslag i utgreiinga
Kommisjonen kjem med fleire tiltak for å medverka til auka valdeltaking. Kommisjonen tilrår endringar som skal gjera det enklare å røysta. Mellom anna vert kommunane oppmoda til å halda vallokala opne på sundagar. Vallokala skal vera tilgjengelege for alle, og det er avgjerande å følgja opp retningsliner for universell utforming av desse lokala. Fleirtalet i kommisjonen vil at dagens ordning med felles valdag for kommunestyret og fylkesting held fram, og går inn for å halda på dagens røysterettsalder.
Kommisjonen peikar på at dei politiske partia har hatt ei negativ medlemsutvikling, og meiner at auka røystestøtte til lokale lister og politiske parti kan vera med og betra det lokalpolitiske arbeidet. Kommisjonen omtaler den skeive rekrutteringa til lokalt folkevalde organ, og partia sitt ansvar i denne samanhengen. Tiltak overfor partia sine nominasjonar eller listeforslag er likevel ikkje aktuelt av omsyn til den frie nominasjonsretten, meiner kommisjonen. Fleirtalet i kommisjonen går inn for at kravet om underskrifter frå 2 prosent av dei røysteføre fell bort ved neste val dersom ei lokal liste er representert i kommunestyret. Kommisjonen meiner det er viktig at det vert lagt til rette, både praktisk og økonomisk, for at alle grupper i samfunnet kan delta i lokalpolitikken.
Det vert slege fast at innbyggjarane si interesse for, og engasjementet i, lokalpolitiske saker ikkje er vorten mindre. Folk tek del og engasjerer seg i større grad utanom dei tradisjonelle kanalane. Deltakinga er gjerne knytt til einskildsaker, og engasjementet gjerne motivert av fremjing av eigeninteresser. Utfordringa for kommunane er å kanalisera engasjementet til innbyggjarane inn i dei representative vedtaksprosessane.
Kommisjonen meiner at ordninga med ungdomsråd bør formaliserast meir enn i dag. Fleirtalet i kommisjonen tykkjer at det må vera opp til kommunane sjølve om dei ønskjer å skipa eldreråd og ei representasjonsordning for funksjonshemma, som no er lovfesta organ. Kommisjonen strekar under at det er viktig med mangfald i kommunale organisasjonsmodellar. Fleirtalet i kommisjonen stiller seg positivt til ordninga med direkte ordførval. Kommisjonen meiner at kommunane sin fridom i spørsmålet om kommunal organisering også femnar om ulike kommunale selskapsformer.
Kommisjonen trekkjer fram den verdien friviljuge lag og organisasjonar har for lokaldemokratiet og det lokale fellesskapet, og peikar på at kommunane har eit ansvar for å leggja tilhøva til rette for den friviljuge sektoren i lokalsamfunna.
2.3.2 Hovudtrekk i høyringsfråsegnene til NOU 2006: 7
Til saman 149 instansar leverte svar på høyringsinvitasjonen frå departementet. Kommunane og fylkeskommunane har ei generelt positiv vurdering også av den andre utgreiinga frå Lokaldemokratikommisjonen, og stiller seg bak dei overordna vurderingane som kjem fram i utgreiinga.
36 kommunar seier nei til felles valdag, medan 5 kommunar stiller seg positive til at kommunevala, fylkestingsvala og stortingsvala vert haldne på same dag. Seks av fylkeskommunane vil halda fram med dagens ordning, medan tre vil ha felles valdag. Fleirtalet på 25 av kommunane som har uttalt seg, ønskjer ikkje å senka røysterettalderen frå 18 til 16 år, men 13 kommunar er anten positive eller går inn for forsøk med ei slik ordning. Tre fylkeskommunar gjer like eins.
17 kommunar og fem fylkeskommunar meiner at lova må endrast slik at lokale lister med representasjon i kommunestyret, ikkje treng å samla inn underskrifter ved neste val. 24 kommunar er for og 6 kommunar er mot at det skal vera høve for kommunane å kunne ha direkte ordførval. 21 kommunar og fire fylkeskommunar går inn for meir bruk av elektronisk røystegjeving i samsvar med kommisjonen si tilråding.
27 kommunar ønskjer å vidareføra lovfestinga av eldreråda, medan 10 kommunar er mot lovfesting. 21 kommunar uttaler seg for lovfesting av representasjonsordninga for funksjonshemma, medan 10 kommunar er mot lovfesting. Ni fylkeskommunar er for framleis lovfesting av båe typar råd, medan fire er mot lovfesting. I tillegg er det 31 eldreråd i kommunar som har uttalt seg for dagens ordning med lovfesting.
Alle kommunane/fylkeskommunane som har uttalt seg om tendensen til auka bruk av selskapsformer i kommunal verksemd, går inn for å halda på ordninga med at kommunesektoren skal stå fritt til å bruka selskapsformer.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om at forsøk med kommunale innvandrarråd vert vurdert. Barne- og likestillingsdepartementet peikar på at det kan vera naudsynt med formelle og uformelle kampanjar for å få opp kvinnerepresentasjonen i kommunestyra, men vil ikkje påleggja partia tiltak. Foreldreutvalet for grunnskulen vil ha lovpålegg om foreldreutval i kommunane for å sikra dialogen mellom skuleeigar og foreldre.
KS meiner at ein sjølvstendig kommunesektor med auka handlingsrom er avgjerande for å auka deltakinga i, og interessa for, lokalpolitikk. KS legg vekt på det representative demokratiet. Auka dialog med og medverknad frå innbyggjarane utgjer eit tillegg til den representative kanalen. Organisasjonen vil hindra vidare fragmentering av makt og ansvar i lokaldemokratiet. KS ønskjer å hegna om kommunal fridom når det gjeld selskapsorganisering.
KS vil ha full organisasjonsfridom for kommunane, og går inn for at det skal vera opp til kommunane sjølve om dei vil ha eldreråd, ungdomsråd eller andre typar råd. KS ønskjer ei grundig evaluering av forsøk med direkte ordførarval før det eventuelt vert avgjort at dette skal verta ei allmenn ordning. Eit fleirtal i KS-styret vil ha felles valdag for alle tre vala, og same røysterettsalder ved lokalval som i dag. Organisasjonen meiner det bør satsast på å utvikla elektroniske valløysingar. KS tilrår at den einskilde kommunen/fylkeskommunen sjølv avgjer korleis og når dei vil halda lokale folkerøystingar.
Fleire organisasjonar peikar på den viktige rolla friviljuge lag og organisasjonar har for lokaldemokratiet.