Prop. 94 S (2022–2023)

Investeringar i Forsvaret og andre saker

Til innhaldsliste

6 Informasjonssaker

6.1 Oppfølging av oppmodingsvedtak

Vedtak nr. 576, 18. april 2017:

«Stortinget ber regjeringen utrede en egen lovhjemmel for å sikre at fanger som holdes av norske styrker i forbindelse med væpnet konflikt får ivaretatt sine rettigheter, samt hvordan rettighetene til personer som holdes fanget av norske soldater kan ivaretas i våre internasjonale operasjoner.»

Stortinget fatta vedtaket ved handsaming av Innst. 248 S (2016–2017) om «Redegjørelse av utenriksministeren og forsvarsministeren om Afghanistan», inkludert rapporten frå det regjeringsoppnemnte utvalet som evaluerte og trekte lærdomar av Noreg sin sivile og militære innsats i Afghanistan i perioden 2001–2014. Miljøpartiet De Grønne fremma forslaget etter at innstillinga var fremma for Stortinget. Forsvaret har på oppdrag frå Forsvarsdepartementet gjennomført ei utgreiing av temaet fridomsrøving i militære operasjonar, som eit grunnlag for det vidare arbeidet med problemstillinga. Saka har vist seg å vera noko meir kompleks enn kva ein først trudde. Dette har ført til forseinkingar. Forsvarsdepartement utreiar no behovet for lovforankring. Dette skjer i dialog med Utanriksdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet. Forsvarsdepartementet tar sikte på å gjera denne utgreiinga innan første halvdel av 2024. Regjeringa tar sikte på å informera Stortinget om saka våren 2024.

6.2 Gjenanskaffing av materiell som er donert til Ukraina

Store delar av materiellet som er donert til Ukraina er tatt ut frå Forsvaret sin struktur. For at Forsvaret skal nå dei politisk vedtatte måla må dette gjenanskaffast. Fram til 21. mars 2023 var det donert slikt materiell for om lag 4 610 mill. kroner. Den største enkeltdonasjonen som krev gjenanskaffing er artillerigranatar for om lag 1 516 mill. kroner. Finansieringa av gjenanskaffingane er handsama gjennom vedtatte og planlagde tilleggsløyvingar til støtte for Ukraina. Utbetalingane vil vera frå 2023 og i ein del år framover. Periodiseringa av utbetalingane avheng av fleire tilhøve der tilgjenge hjå produsentane vil vera styrande. Marknadene for militært materiell er om dagen slik at det er ein del uvisse knytt til dette. Der det er mogleg vert det planlagt med å auka rammene i eksisterande prosjekt for å gjennomføre anskaffingane. Det vil mellom anna gjelda artilleriammunisjon og lastevogner. Der det ikkje er naturleg å utvida ramma i eksisterande prosjekt til gjenanskaffingane, vil dette løysast med å oppretta eigne investeringsprosjekt, eller som driftsanskaffingar.

6.3 Informasjonssak om amerikanske investeringar i infrastruktur på Rygge flystasjon

Alliert nærvær og mottak av allierte styrkar er avgjerande for norsk tryggleik. Det tette samarbeidet med USA har vore viktig for norsk tryggleik i meir enn 70 år. Tilleggsavtalen om forsvarssamarbeid mellom Noreg og USA, Supplementary Defense Cooperation Agreement (SDCA), tok til å gjelda 17. juni 2022. Avtalen legg til rette for vidareutvikling av det mangeårige forsvarssamarbeidet med USA. Rygge flystasjon er eit av dei fire omforente områda som vart etablert då avtalen vart sett i kraft. I april 2022 informerte regjeringa Stortinget om at det var dialog med USA om planar for amerikanske investeringar i infrastruktur på Rygge flystasjon, jf. Innst. 395 S (2021–2022) til Prop. 90 S (2021–2022). Etter førespurnad frå amerikanske styringsmakter i januar i år, godkjende regjeringa dei amerikanske investeringane i infrastruktur på Rygge flystasjon. USA har estimert deira samla investeringskostnadar til å vera om lag 2 mrd. kroner og vil sjølve dekkja 100 pst. av oppføringskostnadane. Det er planlagt at investeringane skal vere ferdige innan utgangen av 2027, fordelt på følgjande fem prosjekt:

Perimetergjerde og patruljeveg for den delen av flystasjonen som i dag er utan tilstrekkeleg sikring.

Klargjering av flater for oppsett av forlegnings- og basesett. Prosjektet inneber opparbeiding av betong- og grusflater, med tilhøyrande infrastruktur for oppsett av telt og forlegningsfasilitetar for mottak av luftstyrkar. Det vil mellom anna inkludera areal for å kunna etablera matservering for opptil 550 personar, kommandoplassfasilitetar, soveplassar, samt toalett- og dusjfasilitetar. Denne kapasiteten vil det kunna vera behov for å etablera ved mottak av og operasjonar saman med allierte luftstyrkar.

Auka kapasitet for ammunisjonslagring. Dette inneber utvikling av eit område for bygging av ammunisjonslager og flater for ammunisjonshandtering, inkludert tryggingsgjerde, tilførselsveg og annan infrastruktur.

Lagerhallar for deployerbart basesett og anna materiell. Prosjektet inneber bygging av fire einetasjes lagerhallar for å leggja til rette for lagring av materiell til bruk i krise og krig som kan nyttast på Rygge eller sendast andre stader. Prosjektet inkluderer også bygg for utføring av vedlikehald, med tilhøyrande infrastruktur.

Fasilitetar for Quick Reaction Alert (QRA). Desse vil vera samansett av fire shelter med tilhøyrande fasilitetar, inkludert oppstillingsplassar for fly som vil kunna ivareta amerikanske og andre allierte fly av ulike storleikar og typar. Lys for taksebane samt brannvernbygning og særskilt tryggingsgjerde inngår i prosjektet. I tillegg inkluderer det fasilitetar der QRA-mannskapet kan sova og laga mat, samt areal for naudsynt kontor- og operasjonsstøtte.

Etter at infrastrukturen er ferdig vil den verta norsk eigedom, men amerikanske styrkar vil ha bruksrett. Med unntak av lagerfasilitetane som vil være for eksklusiv amerikansk bruk, vil også norske og andre allierte styrkar kunna nytta infrastrukturen. Driftskostnadar vil verta fordelt pro-rata. Det vert vidare lagt til grunn at framtidig amerikansk militær aktivitet berre unntaksvis vil ha konsekvensar for framtidig sivil lufttrafikk på Rygge.

For å kunna ivareta behovet for å ta imot alliert støtte må det førebuast allereie i fredstid. Regjeringa framheva i Meld. St. 10 (2021–2022) verdien av å styrka evna til alliert mottak, inkludert mottak av allierte luftstyrkar. I Prop. 1 S (2022–2023) vart det framheva at det i lys av både Stortinget si handsaming av Innst. 392 S (2021–2022) til Meld. St. 10 (2021–2022) og at tilleggsavtalen med USA var sett i kraft, vil vidareutvikling av samarbeidet med USA i luftdomenet prioriterast høgt. Allierte luftstyrkar vil vera i ei særstilling ved behov for rask og tidleg avskrekking. Dei store investeringane USA planlegg på Rygge flystasjon vil vera viktige for vår eiga forsvarsevne og for NATO si evne til å bidra i forsvaret av Noreg, Norden og våre andre europeiske allierte.

6.4 Talet på norske F-35 fly på Luke Air Force Base (AFB)

Luftforsvaret opererer no ti F-35 på Luke AFB i USA for utdanning av nye flygarar. Etter planen skulle dette talet som tidlegare gjort greie for reduserast til fire fly etter 2025. Erfaringane frå verksemda på Luke AFB tilseier no at med dagens opplæringsplan er fire fly utilstrekkeleg til å produsera nok flygarar til å dekkja Luftforsvarets behov. For å utdanna nok flygarar har difor Forsvaret no funne det naudsynt å endra talet på fly stasjonert på Luke AFB i USA til utdanningsformål til seks fly etter 2025. Det vert arbeidd saman med dei andre partnarane med å finna løysingar som reduserer behovet for fly til utdanningsføremål i USA. Regjeringa vil koma attende til Stortinget på eigna vis dersom dette arbeidet fører til endringar.

6.5 Ambisjonsnivå for FOC kampflyvåpenet

Som omtalt i Prop. 1 S (2022–2023) arbeider Luftforsvaret mot å oppnå full operativ evne (FOC) for kampflyvåpenet i 2025. Dei mest vesentlege risikoområda i dette arbeidet er å integrera Joint Strike Missile (JSM) på F-35 tidleg nok og om driftsorganisasjonen vil ha tilstrekkeleg personell og høg nok treningsstandard.

Integrasjonen av JSM på F-35 flya vert gjennomført av Lockheed Martin gjennom kontrakt med det fleirnasjonale programkontoret i USA. Integrasjonen av JSM omfattar i tillegg til den konkrete integrasjonen av missilet også ei rekkje felles kapabilitetar og oppgraderingar av maskinvare som JSM og fleire andre våpen er avhengige av. I programmet er oppgraderingane av maskinvare forseinka. Dette igjen kan forseinka leveransen av nye kapabilitetar, mellom anna JSM.

Som det vart gjort greie for i Prop. 1 S (2022–2023) vert det no gjennomført ei vurdering av om storleiken på driftsorganisasjonen er rett sett opp mot produksjonskapasitet og ambisjonsnivået for full operativ evne. Denne vurderinga vil omfatta mogleg industriell støtte til delar av driftsoppgåvene gjennom bruk av det globale understøttelsessystemet og nasjonal industri.

Forsvaret har framleis som mål å oppnå full operativ evne i 2025. Dersom det vert naudsynt å utsetja tidspunktet for FOC eller justera det operative ambisjonsnivået for kampflyvåpenet, vil regjeringa komma attende til Stortinget med dette på eigna vis.

6.6 Infrastruktur og støtte for kampflyvåpenet

Stortinget handsama 3. februar 2020 dei graderte dokumenta Innst. 139 S (2019–2020) til Dokument 3:11 (2018–2019) «Riksrevisjonens undersøkelse av infrastruktur og støttefunksjoner for kampflyvåpenets operative evne». Forsvarsdepartementet har kontinuerleg informert Stortinget om status og framdrift på kampflyanskaffinga og tilhøyrande prosjekt, seinast i Prop. 1 S (2022–2023). I det følgjande gjev Forsvarsdepartementet ei samla framstilling av ulike saker som gjeld logistikk og støtte for kampflyvåpenet. Det vert også vist til omtala om F-35 i punkt 6.4 og 6.5 ovanfor.

Materiell- og forsyningsberedskap

I overgangsperioden frå F-16 til F-35 oppnådde Forsvaret initial operativ evne med F-35 i desember 2019, og frå januar 2022 nyttar Forsvaret F-35 til å ivareta beredskapen for NATO. Samstundes vart F-16 tatt ut av operativ teneste, og overgangsperioden er dermed avslutta. Dei operative milepælane vart nådd i samsvar med plan, og den operative tilgangen var i heile perioden høgare enn det definerte minimumsnivået.

Den globale løysinga for logistikkstøtte Global Sustainment Solution (GSS) er no etablert. Sjølv om den enno ikkje har full operativ evne, gjev den no tilgang til både reservedelar og depotkapasitet. I arbeidet med å auka den operative tilgangen på F-35 må leveransane av reservedelar gjennom GSS vurderast i samanheng med storleiken på den nasjonale driftsorganisasjonen.

Seint hausten 2022 opna Noreg sitt depot for motorvedlikehald på Rygge. Depotet skal ivareta F135-motoren globalt. Kongsberg Aviation Maintenance Services (KAMS) eig og driv depotet. Det forsterkar GSS globalt, og sikrar samstundes viktig teknisk kompetanse og kapasitet for vedlikehald av fly i Noreg.

Regjeringa har prioritert styrking av forsyningsberedskapen i Forsvaret samla med om lag 1,3 mrd. kroner i 2022 og 2023. Styrkinga har i hovudsak vore knytt til anskaffing av ammunisjon og reservedelar, samt til oppfylling av prioriterte drivstofflager. Forsvarsdepartementet har gitt forsvarssjefen ansvar for å prioritera innanfor dei ulike forsyningsklassane, og fordela tildelte midlar for å oppnå mest mogleg operativ effekt av tiltaket.

Eigedom, bygg og anlegg (infrastruktur) inkludert fysisk sikring og vern av basar

Kampflyvåpenet opererer no frå både Ørland flystasjon som hovudbase og frå Evenes flystasjon som framskoten operasjonsbase. Det har i perioden vore utfordringar knytt til korleis effektiv styrkeproduksjon skal gjennomførast på Ørlandet når talet på fly i drift er større enn talet på oppstillingsplassar til fly. Dette er løyst gjennom å etablera elleve midlertidige oppstillingsplassar i tillegg til dei 24 permanente oppstillingsplassane som er etablert tidlegare.

Tiltak for vern og sikring av Evenes flybase vart sluttført i 2022. Ved Ørland flystasjon er det satt i gang fleire tiltak for styrking av ytre perimeter. Fire av fem fasar av prosjektet er ferdige, og prosjektet for ytre perimeter skal være ferdig i 2025, jf. tidlegare omtale av Prosjekt Ørland – ytre perimeter. Hensikta er å oppnå tilstrekkeleg vern og sikring av dei skjermingsverdige verdiane på flystasjonen.

Prosjekt 7642 har til hensikt er å anskaffa ein anti-dronekapasitet (Counter-UAS) til Forsvaret. Målsetninga er eit fullintegrert system der sensorar og effektorar er integrert i Forsvarets kommando- og kontrollsystem. Prosjektet vart etablert i 2019, og er under oppfølging av Forsvaret. Aukande truslar frå ubemanna fly (UAV) og ubemanna system (UAS) inneber eit behov for mottiltak for å gi auka vern av Forsvaret sine avdelingar, basar, installasjonar, fartøy og objekt, samt auka operasjonsfridom. Det er også viktig for å hindra ein motstandar si innhenting av informasjon.

Forsvarsmateriell signerte 16. desember 2022 ein kontrakt for oppgradering av elektrooptiske sensorar i luftvernsystemet NASAMS. Verdien på kontrakten er på rundt 190 mill. kroner. Arbeidet for å auka den nasjonale evna til vern mot langtrekkande presisjonsvåpen er i gang og modernisering av dagens NASAMS er eitt av fleire tiltak for å styrkja luftvernet i Noreg. Oppgraderte sensorar til NASAMS-systemet vil leverast fortløpande til Hæren og Luftforsvaret frå første halvår i 2025.

Personell og kompetanse

Noreg har ein liten driftsorganisasjon pr. fly samanlikna med andre partnarnasjonar og det er ein risiko for at det ikkje vil vera tilstrekkeleg personell for å oppnå full operativ evne i 2025. I statsbudsjettet for 2023 legg regjeringa til rette for ei samla opptrapping på 200 årsverk i Forsvaret. Det er forsvarssjefen som prioriterer kor desse årsverka vil gi best effekt.

Det er likevel også andre tilhøve som må vurderast når ein skal syta for tilstrekkeleg personell og kompetanse til kampflyvåpenet. Forsvaret har rapportert at tilgangen på teknikarar er utfordrande. Som eit tiltak for å betra tilgangen på teknikarar på lengre sikt er det vedtatt å etablera ei ny landslinje for flyfag i Trøndelagsregionen, som er planlagt starta opp frå skuleåret 2023/24. Det er venta at dette vil bidra til å auka rekrutteringa av teknisk kompetanse til Luftforsvaret. Det tar likevel lang tid å utdanna ein F-35-teknikar. Som eit tiltak for å halda på kritisk kompetanse i Forsvaret har regjeringa foreslått at personell på kontrakt om tilsetjing til fylte 35 år kan behalda opptent bonus, samstundes som dei søker seg til og vert gitt tilsetjing til fylte 60 år. Tiltaket er avgrensa til å gjelda ut 2023.

Kommando, kontroll og varsling

Prosjekt 2079 Levetidsforlenging luftvarslingsradarar (saman med andre tiltak) har hatt positiv effekt på tilgangen på luftvarslingsradarane. Prosjektet vart oppretta som eit mindre prosjekt i 2011 for å sikra at militær overvaking av luftrommet og bidrag til produksjon av luftbilete frå utvalde radarar kunne oppretthaldast inntil prosjekt 2078 Sensorar for militær luftromsovervaking leverer permanente løysingar. Prosjektet har gjennomført ulike tiltak knytt til å forlenga levetida til radarane FPS-110, Marconi S-600, ASR-8 og SINDRE I. Ytterlegare tiltak som vart godkjende for gjennomføring i 2021 er oppgradering av radaren ASR-8 på Rygge flystasjon og ombygging av tre kystradarar til luftvarslingsradarar i løpet av 2023.

Prosjekt 2078 Sensorar for militær overvaking av luftrom har signert kontrakt. Stortinget vedtok prosjektet ved handsaming av Innst. 346 S (2018–2019) til Prop. 60 S (2018–2019). Kontrakt vart inngått 17. november 2022 med Lockheed Martin om leveranse av åtte sensorar (AN/TPY-4) med opsjon på ytterlegare tre sensorar for militær overvaking av norsk og nærliggjande luftrom. Prosjektet anskaffar også naudsynt eigedom, bygg og anlegg med tilhøyrande infrastruktur (inkludert veg, kraft og IKT) til lokasjonane der sensorane skal plasserast. I tillegg inngår tre regionale vedlikehaldssenter (Rygge, Ørlandet og Sørreisa) som skal overvaka den tekniske tilstanden til sensorkjeda. Leveransar er planlagt i perioden mellom 2025 og 2029. Den første radaren skal vera på plass på Gyrihaugen på Ringerike (Krokskogen) innan utgangen av 2025, og grunnarbeida er godt i gang i regi av Forsvarsbygg.

Luftkommando og -kontroll

NATO Air Command and Control System (ACCS) er eit fellesfinansiert innkjøp av eit luftkommando- og kontrollsystem i NATO som har vore under utvikling i svært lang tid. ACCS har ikkje levert som forventa, og har hatt høg kostnad, nytta lang tid og vist låg yting. Det er også kjend at Noreg lenge har etterlyst eit meir fleksibelt og mindre ressurskravande system. Noreg planleggar difor ikkje å ta i bruk ACCS nasjonalt. Noreg sin ståstad om vidare bruk av NATO fellesfinansiering for ACCS i NATO kommandostruktur vil verta offentleggjort når dette er klart. Samvirke regionalt på dette feltet med til dømes nordiske og baltiske nasjonar vil måtte adresserast i Program Mime, eit heilskapleg tiltak for å modernisera taktisk informasjonsinfrastruktur, dersom desse landa ynskjer å gå same veg som Noreg. Det kan gjerast ved å halda dei informert og invitera dei med for å oppnå stordriftsfordelar, utan at ei felles anskaffing er ei føring. I samband med leveransane til Program Mime vert også dei andre NATO luftkommando- og kontrollprodukta som er felles- og kundefinansiert vurdert. Dette for å ivareta den framtidige integreringa mot NATO kommandostruktur.

Nasjonal luftkommando og -kontroll vert modernisert gjennom Program Mime. Program Mime nyttar ein smidig gjennomføringsmodell kor brukaren sine behov står i sentrum for moderniseringa slik at leveransane treff betre og reduserer risiko. I leveransebølgje 1 som var avslutta i 2022, vart Luftforsvarets kommando-, kontroll- og informasjonssystem (Luft K2IS) tilført materiell for å ta i bruk felles plattform for fellesoperativ kommando og kontroll. Dette utrustar prioriterte kommando- og kontrollnoder med naudsynt materiell. Det vil òg avgrensa variantar av plattformer og skaffa låggraderte radioar på prioriterte lokasjonar. I leveransebølgje 2 (2023–2024) vert mellom anna forbetring av evna til å gjennomføra luft- og maritime operasjonar prioritert. Det er forventa modernisering av Taktisk Datalink og dessutan vidareutvikling og operasjonalisering av evna til å utnytta taktisk datalink i ei fellesoperativ ramme. Ei eiga konseptvalsutgreiing (KVU) for Luft K2IS er snart ferdig og vil vera retningsgivande for den vidare moderniseringa av luftkommando og -kontroll fram mot 2030.

6.7 NATO si vurdering av Noreg

NATOs forsvarsplanleggingsprosess NATO Defence Planning Process (NDPP)er forankra i artikkel 3 i NATO-traktaten. Den er ein av dei større og meir omfattande prosessane i alliansen og vert gjennomført i fem steg. Hensikta med NDPP er å harmonisera dei nasjonale langtidsplanane med NATO sine behov. Slik skal alliansen samla ha tilgjengelege kapabilitetar på kort, mellomlang og lang sikt for å møte dei truslane alliansen står overfor.

Som ledd i NDPP gjennomfører NATO regelmessige vurderingar av den enkelte allierte sine forsvarsplanar og forsvarsinnsats. Hovudsakleg er det ei skildring av utviklinga innanfor ulike deler av forsvarssektoren og totalforsvaret. I tillegg inneheld vurderingane tilrådingar til den enkelte nasjonen om prioriteringar i det kontinuerlege arbeidet med å vidareutvikla forsvarsevna. I samband med evalueringane gjennomfører NATO to møter med nasjonane; eitt i dei respektive hovudstadane og eitt i Brüssel. Møta og ein omfattande dialog vart gjennomført for Noreg, men på grunn av koronapandemien vart prosessen forseinka. Regjeringa har dei siste åra vald å offentleggjera delar av sluttrapporten i budsjettproposisjonen det året rapporten vert utgitt. Det var heller ikkje i 2022 mogleg, då NATO sin sluttrapport først var klar i oktober 2022, etter publiseringa av Prop. 1 S (2021–2022).

NATO si vurdering av Noreg tar utgangspunkt i Prop. 14 S (2020–2021) Evne til forsvar – vilje til beredskap. Videre gir den tilrådingar om vidare utvikling og satsingsområde. Vurderinga er omsett frå engelsk.

«NATO DEFENCE PLANNING CAPABILITY REVIEW 2021/2022
NORWAY – OVERVIEW
  1. Langtidsplanen for forsvarssektoren (LTP), som strekker seg over perioden 2021 til 2024, ble vedtatt av Stortinget i desember 2020, og opprettholder i stor grad Norges tidligere sikkerhets- og forsvarspolitiske mål, og reflekterer en forpliktelse til å styrke og modernisere Forsvaret, og utvikle en mer felles, interoperabel, bærekraftig og beredskapsklar styrke. Hovedtemaene er: styrking av norsk nasjonalt forsvar, styrking av NATOs evne til avskrekking og kollektivt forsvar, bidra til internasjonal krisehåndtering, og videreutvikle Norges totalforsvarskonsept. Norges førsteprioritet er forsvar av norsk territorium med særlig fokus på den nordlige delen av landet, etterfulgt av beskyttelse av bredere nasjonale og allierte interesser i tilstøtende farvann i nordområdene og Nord-Atlanteren. NATO og transatlantisk sikkerhet er fortsatt hjørnesteinen i norsk sikkerhets- og forsvarspolitikk. LTP identifiserer økte investeringer i etterretning, overvåking, overlevelsesevne og kampkraft for å styrke Norges forsvarsstilling og NATOs evne til å forebygge og avskrekke en aggressor.

  2. LTP identifiserer også nøkkelprioriteter som oppgradering av strategiske kjernekapasiteter og økt beredskap gjennom forbedret logistikk, forbedret personellnivå og forbedret opplæring og tilstedeværelse. LTP 2021–2024 gjenspeiler Norges prioriterte kapabilitetsmål som de allierte forsvarsministrene ble enige om. Norge planlegger å øke forsvarsutgiftene ytterligere til et nivå på 17,3 milliarder norske kroner (1,96 milliarder US dollar) over 2020-budsjettet innen 2028. Etter dagens planer vil Norge imidlertid ikke nå 2%-målet innen 2024. 21. mars 2022 kunngjorde Norge, i påvente av Stortingets godkjenning, at de vil bevilge ytterligere 3 milliarder kroner (344 millioner US dollar) i 2022 for å forbedre beredskapen og treningen til Forsvaret. Regjeringens forslag ble vedtatt av Stortinget 3.mai 2022.

  3. Når det gjelder kapabilitetsutvikling, vil Hæren styrke arbeidet med å utvikle, som sin kjernekapabilitet, en fullt ut kapabel tung infanteribrigade (Brigade Nord) som i dag er basert på tre tunge infanteribataljoner. Den videre oppbyggingen av den tredje pågår, og den fjerde tunge infanteribataljonen er planlagt etablert fra 2026. Dette er spesielt velkomne skritt. De viktigste prioriteringene for kapabilitetsutvikling i Hæren er blant annet følgende: innføring av moderne hovedstridsvogner fra 2025; anskaffelse av et nytt organisk bakkebasert luftvernsystem innen 2024 og en langtrekkende presisjonsildskapabilitet innen 2030; utvikling av taktisk støtte og forsyningsstøtte på brigadenivå (CS og CSS)1; og innføring av oppdaterte stormpanservogner (IFV)2. Sjøforsvaret fortsetter å modernisere og styrke sine kapasiteter, inkludert midtlivsoppgraderinger for fregattene; innføring av nye bakke-til-luft-missiler; anskaffelse og introduksjon av nye maritime helikoptre og konvensjonelle ubåter (SSKs); og utvikling av neste generasjons naval strike missile. Restruktureringen av Luftforsvaret fortsetter. Siden forrige gjennomgang har kampskvadronene erstattet sine F-16 med F-35-fly. P-3 maritime patruljefly (MPA) flåten er planlagt å bli avviklet i 2023 og fem P-8A MPA begynte å erstatte denne flåten i 2021. AW 101-helikoptre erstatter gradvis dagens Sea King søk- og redningshelikoptre frem til midten av 2023. Det er også planer om å oppgradere Norwegian Advanced Surface-to-Air Missile System (NASAMS)-systemet med nye sensorer, nye mellomdistansemissiler og en komplementær kortdistansekapasitet innen utgangen av 2029.

  4. Ved utgangen av 2021 var størrelsen på de væpnede styrkene (ikke inkludert Heimevernet (HV)) 22 207 heltidspersonell (en økning på 3 047 personell siden 2019), inkludert rundt 9 000 vernepliktige, støttet av rundt 4 527 sivile, og rundt 27 000 trente reserver. Det er 40 000 i HV. Mens Forsvarets struktur justeres for å øke antall tilgjengelige personell for operative avdelinger for å bedre beredskapen og tilgjengeligheten, gjenstår det å se om disse økningene er tilstrekkelige til å møte NATO-standarder, særlig i lys av Norges velkomne beslutning om fra 2026 å utvikle fire manøverbataljoner innenfor den etterspurte tunge infanteribrigaden. Universell verneplikt (menn og kvinner) ble fullt implementert i 2016, og ca. 9 000 personell blir trent til militærtjeneste årlig, avhengig av forsvarets behov. Tjenestetiden for vernepliktige med stillinger som krever avansert kompetanse i Hæren ble økt fra tolv måneder til 16 måneder, noe som sikret økt operativ tilgjengelighet. De militære reservene er en viktig del av Forsvarets totale styrkestruktur. Reservestyrken består av vernepliktig og frivillig personell, inkludert tidligere ansatt personell, som alle har fullført sin nasjonale tjeneste.

  5. Andelen av BNP som går til forsvar økte fra 1,50 pst. i 2013 til anslagsvis 2,00 pst. i 2020, og Norge oppfylte NATOs retningslinje på 2 pst. for første gang siden 2002. Det forventes imidlertid å synke til 1,75 pst. i 2021, 1,55 pst. i 2022 og 1,45 pst. i 2023. I 2024 forventes det å være 1,54 pst., som er under NATOs retningslinje på 2 pst. I 2020 utgjorde utgiftene til hovedmateriell og tilhørende forskning og utvikling 28,41 pst. av de totale forsvarsutgiftene og anslås å være 29,19 pst. i 2021, 31,62 pst. i 2022 og 31,92 pst. i 2023. I 2024 forventes det å være 31,53 pst., som er over NATOs retningslinje på 20 pst.

  6. Norge gir bidrag til operasjoner, oppdrag og engasjementer i utlandet, som tilsvarer/står i forhold til Forsvarets størrelse og sammenlignet med andre allierte. Norge ga kjærkomne bidrag gjennom NATO Response Force (NRF), Standing Naval Forces (SNF) og tyskledede enhanced Forward Presence Battle Group (eFP BG) i Litauen.

  7. De allierte forsvarsministrene ble enige om at Norge skulle prioritere å utvikle en fullt ut kapabel tung infanteribrigade med tilhørende støtte(CS og CSS) innen 2024. Det har vært en signifikant utvikling de siste to årene, og det er nå finansierte planer om å øke Hærens avanserte kapabiliteter som har potensial til å levere mye av den forespurte fullt ut kapable tunge infanteribrigaden. Til tross for denne oppmuntrende utviklingen forventes brigaden fortsatt ikke å oppnå full operativ evne (FOC) før i 2032, åtte år etter at den først ble etterspurt. Videre vil eksisterende mangler innenfor antall stormpanservogner (IFV), kjøretøysmontert panserbekjempelseskapabilitet, etterretning, overvåking, målutvelgelse og rekognosering, militære ingeniørstyrker, kjemiske-, biologiske-, radiologisk- og nukleært materiale (CBRN) kollektiv beskyttelse, og Battle Decisive Munitions (BDM) svekke Hærens kampkraft, spesielt den forespurte tunge infanteribrigaden. Når det er sagt, er Norges fremgang på landområdet velkommen, og det samme er beslutningen om å innføre en fire-manøver bataljonsstruktur fra 2026.

  8. De to hovedelementene i landstyrkene er Hæren og HV. Kjernen i den norske Hæren er fortsatt Brigade Nord, basert på tre tunge infanteribataljoner og organisk støtte, CS- og CSS-elementer. Den resterende strukturen og avdelingene er Hærens våpenskole, Trenregimentet, Hans Majestet Kongens Garde, Finnmark landforsvar, Landoperasjonssenteret, Forsvarets militærpolitiavdeling, en grensevaktbataljon og en etterretningsbataljon. Hovedoppgaven til det 40 000 personell sterke HV er territorielt forsvar, inkludert beskyttelse av mottak, klargjøring og videre transport (RSOM) av allierte forsterkninger. Et sekundært oppdrag er å støtte andre offentlige etater i håndteringen av kriser, ulykker, kriminalitet eller naturkatastrofer. Rundt 3 000 HV-personell holdes på høy beredskap i tolv dedikerte hurtigreaksjonsenheter. De resterende 37 000 er organisert i kompaniekvivalente enheter, under kommando av elleve HV distriktshovedkvarter (HQs) i hele Norge. Strukturen er overveiende basert på reserver, og bare kommandonivået er fylt med heltidsansatte.

  9. Norge fortsetter å imøtegå mange av de kapabilitetsmanglene som ble identifisert i den forrige evalueringsgjennomgangen (Capability Review), og moderniserer sine kampplattformer som øker hæravdelingenes evne til manøver-, ild- og beskyttelse. Norge planlegger å levere alle landrelaterte kapabiliteter som NATOs kapabilitetsmål ber om i kvantitativte termer kort tid etter 2026, om enn med noen viktige kvalitative mangler. Disse manglene, som allerede er beskrevet, svekker Hærens kampkraft, særlig den NATO etterspurte tunge infanteribrigaden. Videre indikerer den nåværende planen å starte etableringen av fire-manøver bataljonsstruktur først fra 2026, og de gjenværende kapabilitetsbegrensningene indikerer at en fullt ut kapabel tung infanteribrigade ikke kan leveres før tidligst i 2032, forutsatt at et program for å sikre tilstrekkelig tunge stormpanervogner påbegynnes og implementeres.

  10. Det er ingen store endringer i organiseringen av Sjøforsvaret siden forrige vurdering. Sjøforsvaret består av en stab, et maritimt taktisk sjøoperasjonssenter og fem kommandoer: Marinen, Kystvakten, Sjøforsvarets baser, Saniteten i Sjøforsvaret og rekruttskolen. Sjøforsvaret er engasjert i en betydelig innsats for å øke sin ekspedisjonære- og avanserte krigføringskapabilitet. Kapabilitetsutviklingsprioritetene til Sjøforsvaret, i rekkefølge, er: nye kystvaktfartøyer (ikke etterspurt av NATO); fire nye ubåter som skal erstatte Ula-klassen fra og med 2029; nye (overflate-til-luft) utviklede Sea Sparrow Block 2-missiler; utviklingen av neste generasjons naval strike missile (sammen med Tyskland) innen 2035; og midtlivsoppdateringen av Nansen-klasse fregattene i perioden 2024–2031. De maritime luftprioriteringene inkluderer anskaffelse og innføring av P-8A MPA og erstatning for NH90. Introduksjonen av nytt logistikkfartøy ga Marinen en betydelig forbedring i strukturens utholdenhet og deployerbarhet.

  11. Marinen er i stand til å levere mange av de kortsiktige maritime kvantitative styrkeelementene som er etterspurt i NATOs kapabilitetsmål, med unntak av maritime helikoptre som er i stand til antiubåtkrigføring (ASW), inntil en passende erstatning for NH90 er anskaffet. I tillegg vil det være beredskapsmangler på fregattene, minerydderfartøyene og maritime patruljefly, da mange av disse enhetene ikke vil være tilgjengelige under planlagt vedlikehold. Det er også flere kvalitative mangler på kort sikt i ASW og overflatekrigføring. Samtidig som tilgjengeligheten av flåten er marginalt forbedret siden forrige vurdering, vurderes det at Sjøforsvaret ikke har nok fartøyer og maritime fly til å ivareta sine oppgaver. Dette er en betydelig bekymring. På samme måte er antall seilingsdøgn og flytimer fortsatt under Allied Command Operations Forces Standards for enheter med høy beredskap. Marinen oppfordres til å fortsette sine forbedringer i trening og beredskap for å sikre at mannskapene er i stand til avansert krigføring, og til å harmonisere sine utviklingsplaner med NATOs.

  12. Omstillingen av Luftforsvaret fortsetter. Siden forrige evaluering, Capability Review, har kampflyskvadronene erstattet sine F-16 med F-35 fly. Flybasen i Bodø er lagt ned og alle F-35 kampfly er samlet på hovedflybasen på Ørland, med fremskutt operasjonsbase på Evenes for Quick Reaction Alert (QRA)-flyene i nord. P-8A MPA-skvadronen er samlokalisert med QRA på Evenes. F-16-flåten ble avviklet innen utgangen av 2021. Den planlagte flåten på 52 F-35 kampfly fortsetter å bygge seg opp, med 37 fly levert så langt. Ti av disse er for tiden stasjonert i USA for treningsformål. Seks fly skal etter planen leveres til Norge årlig frem til 2024. F-35-flåten forventes å være i fullt operative innen utgangen av 2025.

  13. Norge vil nå alle luftfartsrelaterte NATO-kapabilitetsmål, men med noen kvalitative mangler og forsinkelser. Mens innføringen av F-35 og P-8A MPA vil forbedre Norges etterretnings-, overvåkings- og rekognoseringskapasitet (ISR) betydelig, er bare et lite antall ISR-kompatible fly tilgjengelig i det norske Luftforsvaret. Lagre av BDM er for tiden under kravene, men med finansierte planer om å oppfylle kravene innen 2026. Implementeringen av mode 5 IFF3 har blitt ytterligere forsinket og er nå planlagt å være fullført på alle deployerbare plattformer, unntatt Bell 412, innen 2024. Kryptooppgraderingen av Link 16-terminalene er forsinket, slik at en del av de norske luftkapabilitetene står uten integrert situasjonsforståelse. Det er imidlertid også tydelig fremgang ettersom den planlagte innføringen av Joint Strike Missile innen 2025 også vil øke Norges kampkraft. Planer om å levere en Suppression of Enemy Air Defence (SEAD) kapabilitet er også på plass, som en del av F-35-prosjektet. Norge har også planer om å styrke sine rombaserte kapabiliteter, særlig innenfor maritim overvåking og SATCOM.

  14. De norske spesialstyrkene (SOF) består av Forsvarets spesialstyrker (kommandostab), som leder de to taktiske enhetene, den ene landorientert, den andre maritimt orientert, hver med tilpassede støtteelementer (CS og CSS). Luftforsvaret har etablert en spesialoperasjons flyskvadron med 15 Bell-412 SP-helikoptre. Selv om Norge har som mål å bidra med de fleste kapabiliteter som etterspørres av SOF-relaterte NATO-kapabilitetsmål i kvantitative og kvalitative termer, er det viktige mangler på enkelte kapabilitetsområder. Spesielt er den nasjonale SOF-kommando- og kontrollkapabiliteten (C2), som tilbys som en erstatning for den NATO etterspurte Special Operations Component Command (SOCC) for avgrensende mindre fellesoperasjoner (SJO-)4, ikke deployerbar, og det vil kreve restrukturering og investering i deployerbar infrastruktur og organisk, tilretteleggende støtte for å møte det beslektede kapabilitetsmålet. Begrensninger i kvalifiseringstrening for flybesetninger sammen med de alvorlige kvalitative manglene til Bell 412-helikoptrene gjør dem i effekt ikke SOF-kompatible. Luftforsvaret oppfyller kapabilitetsmålet til Special Operations Air Task Unit fixed wing med minimal kapasitet, da de gjør tilgjengelig en konvensjonell C-130J.

  15. Norges felleskapabiliteter er fortsatt fokusert på støtte til egne kampstyrker, noe som i noen tilfeller kan skape en konflikt mellom egne støttebehov på taktisk nivå, og støtte til allierte behov på teaternivå. Norge forventes å bidra med alle de etterspurte felles og tilretteleggende NATO-kapabilitetsmålene kvantitativt, om enn i flere tilfeller med begrensninger. Norges betydelige styrker innenfor strategisk transport, cyberspace-operasjoner, kommunikasjons- og informasjonssystemer og felles etterretning, overvåking og rekognosering står i kontrast til betydelige og bevisste mangler innenfor CBRN-forsvar og deployerbare fellesoperative hovedkvarter. I tillegg utfordrer utløpet av en sentral støttekontrakt Norges evne til å gi RSOM og vertslandsstøtte til allierte styrker på kort sikt.

  16. Norge fortsetter å bidra til NATOs kapabiliteter til støtte for stabilisering og gjenoppbygging (S&R) og kapasitetsbygging med både militære og ikke-militære midler, og implementerer de fleste av de tilknyttede NATO kapabilitetsmål.-

  17. Norge har iverksatt konkrete tiltak for å øke motstandskraften og oppfylle the seven baseline requirements (de syv basiskravene), og fortsetter arbeidet. Styrkingen av tiltakene for å screene utenlandske direkteinvesteringer og økningen i bevilgningene til sivil beredskap og robusthet er en positiv utvikling. Norges videre arbeid med et nasjonalt varslingssystem, og en plan for å håndtere ukontrollert forflytning av mennesker i en skala på 2 pst. av befolkningen, forventes å styrke Norges motstandskraft ytterligere.

  18. I sum er Norges planer for kapabilitetsutvikling godt utdypet i den nye LTP for forsvarssektoren, som dekker perioden 2021 til 2024. Siden den forrige Capability Review har det blitt gjort betydelig fremgang i implementeringen av mange NATO-kapabilitetsmål. Norge forventes nå å nå de fleste av NATOs kapabilitetsmål kvantitativt på kort sikt. Det er imidlertid også åpenbart at noen viktige kvantitative og kvalitative mangler vedvarer, og har potensial til å undergrave kampkraft til Hæren, Marinen og Luftforsvaret. Dette er spesielt problematisk ettersom Norge er en potensiell frontlinjestat. Disse manglene kan potensielt kreve at andre allierte plukker opp noe av Norges del av Alliansens byrde.

  19. De allierte forsvarsministrene ble enige om at Norge skulle prioritere å utvikle en fullt ut kapabel tung infanteribrigade med tilhørende CS og CSS innen 2024. Det har vært en signifikant utvikling og endring de siste to årene, og det er nå finansierte planer om å øke Hærens avanserte kapabiliteter som har potensial til å levere mye av den forespurte fullt ut kapable tunge infanteribrigaden. Til tross for denne oppmuntrende utviklingen forventes brigaden fortsatt ikke å oppnå FOC før i 2032, åtte år senere enn ønsket. Når det er sagt, er Norges fremgang på landområdet velkommen, og det samme er beslutningen om å innføre en firemanøvrert bataljonsstruktur fra 2026. I lys av denne merkbare fremgangen basert på finansierte planer, vurderes det at Norges og NATOs forsvarsplanleggingsprioriteter generelt er på linje.

  20. Norges politiske forpliktelse til Defence Investment Pledge (DIP – byrdefordeling) er velkommen. Det samme er forpliktelsen i den nye LTP og nylige beslutninger om å øke forsvarsutgiftene. Etter dagens planer vil imidlertid Norge ikke nå 2 pst. målet innen 2024, og nedgangen i forsvarsutgiftene i 2021 frem til 2023 reelt sett er bekymringsfull.

  21. I sum må Norge forplikte seg til enda høyere prioritet, innsats og ressurser enn antydet så langt for å sikre at alle NATOs kapabilitetsmål implementeres i sin helhet og i tide, med særlig fokus på å ta opp den kapabilitetsprioriteten som de allierte forsvarsministrene er enige om.»

6.8 Investeringsprogrammet for utbygging av Evenes flystasjon

Stortinget vedtok ved handsaminga av Innst. 388 S (2011–2012) til Prop. 73 S (2011–2012) og Innst. 62 S (2016–2017) til Prop. 151 S (2015–2016) å etablera Evenes flystasjon som ein fullverdig militær flystasjon for operasjonar med kampflya F-35 og som base for dei maritime patruljefly P-8. Evenes flystasjon vart 6. januar 2022 tatt i bruk som base for NATO sin kampflyberedskap med F-35.

Programmet er sett saman av 27 prosjekt som er godkjent for gjennomføring med ein samla forventa sluttkostnad på 6,4 mrd. kroner (prisnivå 2023). Per mars 2023 er 11 prosjekt stilt ferdige og det er investert for om lag 4,6 mrd. kroner (prisnivå 2023). I tillegg er det inngått kontraktar for om lag 1,1 mrd. kroner.

Stortinget vart i Prop. 1 S (2022–2023) informert om at kostnadsutviklinga for fleire enkeltprosjekt utfordrar Forsvarsdepartementet si totale ramme for gjennomføring av utbygginga av Evenes flystasjon i tråd med opphaveleg konseptval. Det vart difor gjennomført ein ekstern supplerande analyse for å oppdatera kostnadsoverslag og identifisere resterande uvisse. Analysen viste at utbyggingsprogrammet har hatt ein monaleg kostnadsauke frå 2020 til 2021. Dette er både grunna prisauke på material og på grunn av entreprenørane si prissetting i utlyste konkurransar. I tillegg har gløymde forhold i utbygginga, endra løysing og auka ambisjon i Prop. 14 S (2020–2021) ført til kostnadsauke i sju prosjekt. Vidare synte analyserapporten kostnaden for den opphavlege KVU-porteføljen, og kva som må til for å nå den auka ambisjonen i Prop. 14 S (2020–2021), samt dekkja moglege tilleggsbehov. Forventa kostnad (P50) vart estimert til 6,4 mrd. for opphaveleg KVU og 8,4 mrd. 2023-kroner for å nå ambisjonane i Prop. 14 S (2020–2021) og oppfylla andre mogelege behov. Tilsvarande anslag for kostnadsramme (dvs. ein kostnad det er 85 prosent truleg at utbygginga kan gjennomførast innanfor) er høvesvis 6,6 mrd. og 8,8 mrd. 2023-kroner.

Det største enkeltprosjektet i investeringsprogrammet for Evenes flystasjon er prosjektet for fasilitetar for maritime patruljefly med ei kostnadsramme på 2,6 mrd. kroner (prisnivå 2023). For å ferdigstilla prosjektet foreslår regjeringa å auka kostnadsramma med om lag 0,5 mrd. kroner, jamfør omtale under kap. 5 «Omfangsendring for pågåande eigedoms-, bygge- og anleggsprosjekt for godkjenning». Alle enkeltprosjekt i Evenes-programmet vil frå 2023 verta prisjustert i tråd med reel prisvekst. Forsvarsdepartementet vil koma attende til Stortinget i Prop. 1 S (2023–2024) med informasjon om korleis auken av kostnadsramma for fasilitetar for maritime patruljefly, og utviklinga i den totale prosjektporteføljen, vil påverka totalkostnaden som er lagt til grunn for Evenes-programmet.

I februar 2023 har Forsvarsdepartementet mottatt ein ekstern risiko- og sårbarheitsanalyse om støy frå kampflyaktivitet ved Evenes flystasjon. Oppdraget vart utført av Multiconsult Norge AS. Hensikta med analysen var å kartleggja hendingar med risiko for varig skade på høyrsel og identifisera tiltak for å unngå at slike hendingar skal kunna oppstå. Multiconsult vurderer at rutinane med varsling av kampflyavgangar ser ut til å fungera godt, og at det ikkje er fare for varig skade på høyrsel så lenge desse rutinane vert følgde. Det er til no ikkje registrert hendingar som har gitt varig skade på høyrsel til tilsette, publikum eller besøk på flyplassen. Analysen har identifisert totalt 23 hendingar, der fire av desse er vurdert til å kunna gi høg risiko for varig skade på høyrsel. Rapporten foreslår konkrete tiltak som vil redusera risikoen for dei hendingane som er vurderte. Forsvarsbygg vil saman med Avinor og flyselskapa vurdera tiltaka i rapporten knytt til korleis ein kan redusera risiko for at farlege situasjonar kan oppstå.

6.9 Regjeringa sitt val av leverandør av stridsvogn

Regjeringa kunngjorde 3. februar 2023 at ho hadde vedtatt å kjøpa 54 stridsvogner av typen Leopard 2 frå den tyske produsenten Krauss-Maffei Wegmann. Det er lagt inn ein opsjon for kjøp av ytterlegare 18 vogner. Stridsvognene er venta levert frå 2026.

Anskaffinga er gjennomført med konkurranse mellom to leverandørar. Forsvaret har vurdert dei to kandidatane, og testar syner at båe to er særs gode, moderne stridsvogner som fyller alle dei krava som er sett til ein ny og moderne stridsvognskapasitet. Andre viktige faktorar ved dette stridsvognvalet er og vurdert, så som industrielle forhold, bilaterale samarbeidsforhold, logistiske og etterforsyningsmessige forhold. Basert på ei heilskapleg vurdering av alle desse tilhøva kom regjeringa fram til at det tyske alternativet med Leopard 2 er best for Noreg.

Det vert planlagt med innfasing av vognene i 2026–2031. Anskaffinga er innanfor kostnadsramma på 19,7 mrd. kroner som er fastsett av Stortinget. Kostnadsramma dekkjer meir enn sjølve kjøpet av vognene. Den forhandla prisen er kommersielt fortruleg informasjon.

Fotnotar

1.

Combat Service (CS) og Combat Service Support (CSS)

2.

Infantry Fighting Vehicle (IFV)

3.

Identification Friend or Foe (IFF)

4.

Smaller Joint Operations (minus) (SJO-)

Til forsida