2 Nye materiellprosjekt for godkjenning
2.1 P1129 Maritim helikopterkapasitet
Stortinget vedtok ved si handsaming av Budsjett-innst. S. Nr. 7 (2000–2001), jf. St.prp. nr. 1 (2000–2001) framskaffing av ny helikopterkapasitet til støtte for Sjøforsvaret sine fregattar og som erstatning for Lynx helikoptera som støtta Kystvakta. Det vart inngått kontrakt på 14 NH90 for operasjonar på kystvaktfartøy og fregattar. Helikoptera skulle etter planen vera levert innan 2008. Sommaren 2022 var det levert åtte helikopter i endeleg versjon. Helikoptera skulle levera 3 900 timar årleg, men hadde fram til då i gjennomsnitt flydd 700 timar årleg. I mellomtida hadde Lynx helikoptera vorte fasa ut i 2014, og Forsvaret har sidan stått utan maritime helikopter som kan møta behovet. Ei utgreiing av Forsvaret, Forsvarsmateriell og Forsvarets forskingsinstitutt viste i 2022 at det sjølv med store ekstrainvesteringar ikkje ville vera mogleg å auka leveransane frå NH90 til eit nivå som ville møta Forsvaret sine behov. 9. juni 2022 vedtok regjeringa å heva kontrakten på NH90-helikoptera som var anskaffa og under innfasing til prosjekt 7660 NH90.
Føremålet med prosjektet er å anskaffa maritim helikopterkapasitet til Forsvaret, til støtte for Kystvakta. Dette for å styrkja Kystvakta si evne til å løysa eigne oppdrag, medrekna søk og redning på sjøen og støtte til det sivile samfunnet. Dei maritime helikoptera vil vera konfigurert til å også kunne understøe maritime kontraterroroppdrag jf. Kystvaktloven §14 og §17. Prosjektet som omtalt her er etter Forsvarsdepartementet si vurdering den raskaste moglege løysinga for å etablera ein ny maritim helikopterkapasitet i Noreg.
Forsvaret sitt behov for maritime helikopter er umiddelbart. Det er naudsynt at ny maritim helikopterkapasitet kan verta tatt i bruk raskt med høgast mogeleg grad av tilgjenge og driftstryggleik. Difor er vektlagde krav bruk av utprøvd teknologi, interoperabilitet med nære allierte, og at helikoptera er eit fleirbrukarsystem som vert nytta av nære og relevante allierte. For å møta ambisjonane til prosjektet og dekkja Forsvaret sitt umiddelbare behov skal det anskaffast seks MH-60R Seahawk med utrusting for å utføra alle helikopteroppdraga til Kystvakta.
I samsvar med behovet for maritime helikopter raskast mogleg, sette regjeringa i verk eit prosjekt for anskaffing av ein maritim helikopterkapasitet umiddelbart etter at kontrakten på NH90 vart heva. Både forsvarssektoren og den politiske leiinga av sektoren har vore i dialog med amerikanske styresmakter sidan sommaren 2022. Behovet for maritime helikopter vart mellom anna fremma i eit bilateralt møte mellom forsvarsministrane i Noreg og USA hausten 2022. Takka vere dette arbeidet og særs god støtte frå USA har Noreg fått høve til å få hurtigare levering av tre helikopter som opphavleg var tiltenkt bruk i den amerikanske marinen. Dette krev at kontrakten vert signert sommaren 2023.
Som eit ledd i anskaffinga har det vore tett dialog med Danmark. Norsk personell skal i løpet av 2023 til Danmark for å trena på operasjonar med Seahawk i ein tilsvarande konfigurasjon som Noreg har til siktemål å anskaffa. Anskaffinga vil gi eit godt høve til å styrka nordisk militært samarbeid. Helikoptera vil etablerast på Bardufoss, og vil skapa eit kompetansemiljø i nord for arktiske operasjonar med Seahawk.
Prosjektet har ei kostnadsramme på inntil 11 983 mill. kroner, inkludert meirverdiavgift, avsetjing for uvisse og gjennomføringskostnadar. Styringsramma utgjer 10 305 mill. kroner, inkludert meirverdiavgift og gjennomføringskostnadar. Det vil stillast krav til leverandøren av helikoptera om ein avtale om industrisamarbeid tilsvarande den fulle verdien av kontrakten om anskaffing.
Det skal gjennomførast eit eige prosjekt for styrking av anti-ubåtkapasiteten til Sjøforsvaret. For anti-ubåtkapasitet kan det vera andre måtar å løysa behovet på enn helikopter og det skal difor gjennomførast ei konseptvalutgreiing som gjennomgår ekstern kvalitetssikring på vanleg måte for ei slik anskaffing. Dersom det gjennom dette prosjektet vert tilrådd ei anskaffing av helikopter til støtte for Sjøforsvaret sine fregattar, vil anskaffing av Seahawk til Kystvakta leggja eit godt grunnlag for dette.
For at mogleg leveranse av nye helikopter skal kunna skje så raskt som råd har prosjektet ikkje gjennomgått ordinær prosess for kvalitetssikring. Det følgjer dermed større uvisse med prosjektet enn normalt. Kvalitetssikring vert gjennomført våren 2023, og Forsvarsdepartementet vil koma attende til Stortinget dersom det er naudsynt.
2.2 P5230 Artilleriammunisjon 155 mm
Hæren fekk levert 24 nye K9 artilleriskyts og seks ammunisjonshandteringskøyretøy i 2019 og 2020. I 2022 vart det signert ein kontrakt om tilleggsanskaffing av fire skyts og åtte ammunisjonskøyretøy.
Ved anskaffinga av det nye artillerisystemet var det ein føresetnad at dei nye skytsa skulle ha vesentleg lenger rekkjevidde enn dei eksisterande skytsa. Årsaka er utviklinga innan landstriden der rekkjevidde er ein kritisk faktor for å kunna slå ut ein motstandar. Det vart difor sett krav om minimum 40 kilometer (km) rekkjevidde, til skilnad frå det gamle M109-systemet si rekkjevidde på om lag 30 km. Det nye artillerisystemet har ei rekkjevidde på meir enn 40 km, men det krev at det vert anskaffa ny ammunisjon. Det er gjennomført eit utviklingsprosjekt for slik ammunisjon, og ammunisjonen er no klar for serieproduksjon.
Krigen i Ukraina har hatt store konsekvensar for leveringstider, prisar og tilgang på råvarer i store deler av verda, og rammar ikkje berre forsvarsindustrien. Etterspurnad etter forsvarsmateriell er sterkt aukande. Press på tilgang på råvarer og industriell kapasitet har ført til sterk prisauke og auka leveringstider på nær sagt alt militært materiell. Ein må følgeleg inngå kontraktar tidlegare enn før og for lengre periodar for å sikra leveransar.
Granaten er ferdigutvikla ved Nammo Raufoss AS og klar for serieproduksjon. Anskaffinga vert gjennomført som eit rammestyrt kjøp med fritak frå krava til ekstern kvalitetssikring.
Prosjektet skal kjøpa komplette artillerigranatar med rekkjevidde på minimum 40 km som eit direkte kjøp frå Nammo Raufoss AS.
Regjeringa har vedtatt å framskunda anskaffinga av artilleriammunisjon. Samstundes skal det leggjast til rette for å auka produksjonskapasiteten. Det bidreg til å byggja opp behaldningane av beredskapsammunisjon og gjer NAMMO meir føreseielege vilkår for å gjera ytterlegare investeringar i produksjonskapasitet. Prosjektet inneheld og gjenanskaffing etter donasjonar til Ukraina.
Den tilrådde styrings- og kostnadsramma for materiellprosjektet er 4 245 mill. kroner medrekna meirverdiavgift og gjennomføringskostnadar.
2.3 P6624 Levetidsforlenging Indre kystvakt (IKV)
Indre kystvakt har i dag fem fartøy i Nornen-klassen. Desse vart bygd av sivile reiarlag i perioden 2005–2007 og leigd ut til Forsvaret og Kystvakta. Forsvaret kjøpte fartøya frå reiarlaga i 2012. Fartøya opererer i indre farvatn langs heile den norske kysten. Dei er eit viktig bidrag i utøvinga av norsk jurisdiksjon på havet. Desse fartøya spelar ei særleg viktig rolle for handheving av norsk rett i kystsona. Dei er både kontaktpunkt og utøvande ledd for ei lang rekkje offentlege etatar med ansvar for ulike saker i desse områda.
Det er no identifisert behov for å gjennomføra ei midtlivsoppdatering for å oppretthalda den operative evna til fartøya ut levetida. Dette inkluderer å betra driftstryggleiken, utbetra teknisk ukurans, oppfylla gjeldande krav til helse, miljø og tryggleik (HMS), oppdatera innreiinga av fartøya, samt gjennomføra tekniske oppdateringar av fleire skipstekniske system.
Ein sentral del av operasjonskonseptet til den relativt saktegåande Nornen-klassen er å nytta hurtiggåande patruljebåtar. Fartøya har desse om bord til å auka aksjonsradius og auka talet på oppdrag som kan løysast samstundes. Dei hurtiggåande patruljebåtane nyttast også til styrkevern av allierte militære fartøy på besøk i Noreg. Forsvaret har vurdert at desse patruljebåtane har nådd si forventa levetid. Det er difor tilrådd å byta dei ut med ein ny tilsvarande patruljebåt med relevant yting og design.
Prosjektet si hovudmålsetjing er å sikre at dei fem fartøya i Nornen-klassen kan vidareførast mot 2040 for å sikra ein kontinuerleg kystvaktkapasitet i indre farvatn.
Levetidsforlenging av fartøya vil verta gjennomført gjennom ein nasjonal konkurranse, medan anskaffing av dei hurtige patruljebåtane vil verta gjennomført som ein open konkurranse.
Det er planlagt utbetalingar frå prosjektet frå 2025 fram til omlag 2030. Den tilrådde kostnadsramma for materiellprosjektet er samla på 592 mill. kroner medrekna meirverdiavgift, ei avsetjing for uvisse, og gjennomføringskostnadar. Styringsramma utgjer 566 mill. kroner, medrekna meirverdiavgift og gjennomføringskostnadar.