4 Omfangsendring av pågåande materiellprosjekt for godkjenning
4.1 P5045 Brupanservogn
Stortinget vedtok prosjektet med si handsaming av Innst. 359 S (2017–2018) til Prop. 66 S (2017–2018). Prosjektet skal anskaffa seks brupanservogner på moderniserte Leopard 2-chassis med tilhøyrande materiell for logistikk og utdanning. Det vart levert to vogner i 2022. Dei resterande vognene er planlagt levert innan utgangen av 2023.
Ved Stortinget si handsaming av Innst. 87 S (2020–2021) til Prop. 14 S (2020–2021) vart det vedtatt å styrka Hæren. Dette inkluderer òg å tilføra ytterlegare brupanservogner til Hæren. Tilleggsanskaffinga vil verta gjort med bakgrunn i den tidlegare inngåtte kontrakten. Det skal anskaffast to nye brupanservogner. Levering er planlagt innan 2029.
Ved inngåing av kontrakten måtte leverandøren forplikta seg til industrielt samarbeid med Noreg. Forpliktinga vil no auka tilsvarande verdien på opsjonen som vert utløyst.
Det er gjennomført supplerande analyse av prosjektet i tråd med Finansdepartementet sine retningsliner for ekstern kvalitetssikring.
Kostnadsramma for prosjektet vert foreslått auka med 479 mill. kroner til 1 284 mill. kroner inkludert ei avsetjing for uvisse, gjennomføringskostnadar og meirverdiavgift.
4.2 P5049 Ingeniørpanservogn
Stortinget vedtok prosjektet med si handsaming av Innst. 359 S (2017–2018) til Prop. 66 S (2017–2018). Prosjektet skal anskaffa seks ingeniørpanservogner på moderniserte Leopard 2-chassis med tilhøyrande materiell for logistikk og utdanning. Alle vognene er levert.
Ved Stortinget si handsaming av Innst. 87 S (2020–2021) til Prop. 14 S (2020–2021) vart det vedtatt å styrka Hæren. Dette inkluderer òg å tilføra ytterlegare ingeniørpanservogner til Hæren. Tilleggsanskaffinga vil verta gjort gjennom utløysing av ein opsjon i den tidlegare kontrakten.
Det skal anskaffast åtte nye ingeniørpanservogner og tilhøyrande utstyr for minerydding. Levering er planlagt frå 2026. Tre av vognene er gjenanskaffing etter donasjonar til Ukraina.
Ved inngåing av kontrakten måtte leverandøren forplikta seg til industrielt samarbeid med Noreg. Forpliktinga vil no auka tilsvarande verdien på opsjonen som vert utløyst.
Det er gjennomført supplerande analyse av prosjektet i tråd med Finansdepartementet sine retningsliner for ekstern kvalitetssikring.
Kostnadsramma for prosjektet vert foreslått auka med 1 327 mill. kroner til 2 123 mill. kroner inkludert ei avsetjing for uvisse, gjennomføringskostnadar og meirverdiavgift.
4.3 P5430 Bergepanservogn
Forsvarsdepartementet godkjende prosjektet for gjennomføring som eit kategori 2-prosjekt i 2013. Prosjektet skal anskaffa seks bergepanservogner på moderniserte Leopard 2-chassis med tilhøyrande materiell for logistikk og utdanning. Alle vognene er levert.
Ved Stortinget si handsaming av Innst. 87 S (2020–2021) til Prop. 14 S (2020–2021) vart det vedtatt å styrka Hæren. Dette inkluderer òg å tilføra ytterlegare bergepanservogner til Hæren. Tilleggsanskaffinga vil verta gjort gjennom utløysing av ein opsjon i den tidlegare kontrakten. Det skal anskaffast tre nye bergepanservogner. Levering er planlagt frå 2026. Ei av vognene er gjenanskaffing etter donasjon til Ukraina.
Ved inngåing av kontrakten måtte leverandøren forplikta seg til industrielt samarbeid med Noreg. Forpliktinga vil no auka tilsvarande verdien på opsjonen som vert utløyst.
Det er gjennomført supplerande analyse av prosjektet i tråd med Finansdepartementet sine retningsliner for ekstern kvalitetssikring.
Kostnadsramma for prosjektet vert foreslått auka med 642 mill. kroner til 1 330 mill. kroner inkludert ei avsetjing for uvisse, gjennomføringskostnadar og meirverdiavgift.
4.4 P5475 Elektroniske mottiltak (EMT)
Stortinget vedtok prosjektet med si handsaming av Innst. 7 S (2017–2018) til Prop. 1 S (2017–2018). Prosjektet skal gjenanskaffa kapasiteten til å utføra EMT. Det skal anskaffast system som vert montert på pansra kampstøttekøyretøy og på hjulkøyretøy av ein kommersielt tilgjengeleg type. Leveransane er planlagt i perioden 2023–2025. EMT-system vert mellom anna nytta til å forstyrra den elektroniske kommunikasjonen som ein motstandar sin kommunikasjon, kommandokjede og presisjonsvåpen er avhengige av.
Ved Stortinget si handsaming av Innst. 87 S (2020–2021) til Prop. 14 S (2020–2021) vart det vedtatt å styrka Hæren. Dette inkluderer òg å tilføra ytterlegare EMT-system. Tilleggsanskaffinga vil verta gjort gjennom utløysing av ein opsjon i den tidlegare kontrakten.
Ved inngåing av kontrakten måtte leverandøren forplikta seg til industrielt samarbeid med Noreg. Forpliktinga vil no auka tilsvarande verdien på opsjonen som vert utløyst.
Det er gjennomført supplerande analyse av prosjektet i tråd med Finansdepartementet sine retningsliner for ekstern kvalitetssikring.
Kostnadsramma for prosjektet vert foreslått auka med 652 mill. kroner til 1 262 mill. kroner inkludert ei avsetjing for uvisse, gjennomføringskostnadar og meirverdiavgift.
4.5 P2559 Landbasert transportstøtte
Stortinget vedtok prosjektet med si handsaming av Innst. 359 S (2017–2018) til Prop. 66 S (2017–2018). Forsvaret anskaffa om lag 2 000 Scania lastevogner i fleire variantar i perioden 1987–1996, og vognene nærmar seg slutten av den tekniske levetida. Gjennom prosjektet vert det anskaffa nye lastevogner som erstatning for Scania-lastevognene. Innanfor sine fullmakter har Forsvarsdepartementet tidlegare godkjent anskaffing av dei 125 høgst prioriterte lastevognene i ulike variantar. Desse lastevognvariantane vert anskaffa gjennom avrop på ein felles norsk-svensk rammeavtale med det tyske selskapet Rheinmetal M.A.N. Military Vehicles. Det er så langt mottatt 109 vogner frå leverandøren. Dei fyrste vart overført til Forsvaret hausten 2022.
Den same rammeavtalen ligg også til grunn ved anskaffinga i prosjekt 2559. Prosjektet skal anskaffa om lag 290 nye lastevogner i ulike versjonar. Dei fyrste 56 køyretøya er levert frå leverandøren og vart overført til Forsvaret i 2022.
Det er vedtatt at Noreg skal donera lastevogner til Ukraina. Den justerte kostnadsramma inneheld midlar for gjenanskaffing av desse vognene.
Kostnadsramma for prosjektet vert foreslått auka med 65 mill. kroner til 2 246 mill. kroner inkludert ei avsetjing for uvisse, gjennomføringskostnadar og meirverdiavgift.
4.6 P8051 Oppgradering av Very Low Frequency (VLF) Novik
Forsvaret har ein radiostasjon for kommunikasjon med ubåtar lokalisert i Novik, sør for Bodø. Dette er ein radiostasjon som nyttar eit svært lågt frekvensområde, VLF, slik at det er mogleg å kommunisera med neddykka ubåtar. Stasjonen vart ferdigstilt i 1968. Vedlikehaldet av radiosendaren og tilhøyrande EBA har vore godt, men etter over 50 års drift er det no naudsynt med ei større oppgradering av anlegget. Av nytt materiell skal det anskaffast ein VLF-radiosendar med tilhøyrande kontrollstasjon og anna utstyr. Innanfor EBA må det gjennomførast omfattande oppgraderingar av tekniske installasjonar og infrastruktur, kraftforsyning og naudsynte tilpassingar for integrasjon av ny radiosendar i fjellanlegget.
Det operative behovet for VLF-kapasitet er framleis til stades, og er ytterlegare aktualisert med auka aktivitet i og interesse for nordområda. Behovet for ein VLF-sendar vert forsterka av det pågåande prosjektet for nye ubåtar. Utan tilgjengeleg VLF-kapasitet vil kommando og kontroll over ubåtane verta redusert, og det vert vanskelegare for ubåtane å operera skjult. Dette ville ha påverka evna til å utføra ubåtoperasjonar negativt.
Prosjektet si hovudmålsetjing er å sikra Noreg og NATO ein moderne og påliteleg VLF-kapasitet for å støtta noverande og ny ubåtkapasitet. Dette vil sikra at Forsvaret si operative leiing og NATO kan utøva kommando og kontroll over ubåtane. NATO betalar for bruk av VLF-tenestene på Novik gjennom eit årleg tilskot som bidrar til drift og vedlikehald av stasjonen.
Innkjøpet av radiosendaren med tilhøyrande utstyr vil verta gjennomført som eit direktekjøp i tråd med «Anskaffelsesreglement for Forsvaret.» I samband med anskaffinga vil det vera krav om å inngå ein avtale om forsvarsindustrielt samarbeid med leverandøren før hovudkontrakten vert underteikna.
Stortinget vedtok prosjektet ved si handsaming av Innst. 496 S (2020–2021) til Prop. 123 S (2020–2021). Innkjøpet var opphavleg planlagd gjennomført i perioden 2021–2026, men er forseinka. Hovudårsaka er avstanden mellom ramma for prosjektet og mottatt tilbod. Planlagt overlevering av prosjektet er innan utgangen av 2026.
Kostnadsramma for prosjektet vert foreslått auka med 376 mill. kroner til 1 354 mill. kroner inkludert ei avsetjing for uvisse, gjennomføringskostnadar og meirverdiavgift. Styringsramma utgjer 1 222 mill. kroner, medrekna meirverdiavgift og gjennomføringskostnadar.
4.7 P8164 Modernisering av kryptoløysingar
Behovet for kryptografi har bakgrunn i at Forsvaret må verna informasjon som vert utveksla. Informasjon må kunna delast med ulike einingar og samarbeidspartnarar nasjonalt og internasjonalt i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande operative behova. Ved å nytta kryptografi syter ein for at informasjonen vert gjort utilgjengeleg for alle andre enn dei rette mottakarane (konfidensialitet). Ein sikrar vidare at informasjonen er ekte og ikkje har vorte endra på (integritet). I tillegg veit ein kvar informasjonen oppstod, kva endringar som har vorte gjort undervegs til mottakar og kven som har gjort endringane (autentisitet).
Utviklinga tilseier at eit moderne nettverksbasert forsvar vil vera meir og meir avhengig av kryptomekanismar. Det er ikkje lenger mogleg å ha som føresetnad at ein har kontroll på alle aktørar i eit nettverk. I eit slikt forsvar er det avgjerande at kjelda til informasjonen er truverdig og at integriteten er ivaretatt. Til dømes må den som tar avgjerder vera viss på at informasjonen som vert mottatt er korrekt. På same måte må det vera sikkert at målinformasjonen til eit våpensystem ikkje er endra av uvedkomande. Vidare vil utbreiing av ubemanna plattformer auka i tida framover. Desse systema vil ha tilsvarande krav til integritet og tryggleik for at dei skal kunne nyttast effektivt. Kryptografi er difor ein føresetnad for å oppnå sikker og effektiv informasjonsutveksling i eit moderne forsvar.
Samanlikna med andre IKT-kapasitetar har kryptokapasitetar lang utviklingstid, lang brukstid og lang tid for ettervern. Forsvaret har i dag ein etter måten moderne kapasitet innanfor kryptografi for datanettverk, basert på system utvikla av norsk industri. Denne kapasiteten har vist seg å vera ei driftssikker og robust løysing, som også er eksportert til NATO og allierte land. Utstyret har vorte nytta i det stasjonære nettet sidan 2001, medan siste generasjon berbare kryptoløysingar har vorte fasa inn hjå mobile styrkar dei siste fem til ti åra. Kryptoinfrastrukturen ein har i dag vil likevel snart nå si planlagde levetid. Noverande kryptoinfrastruktur tilfredsstiller ikkje nye krav til kapasitet, funksjonalitet, interoperabilitet og kvanteresistens. Det er mellom anna meir og meir sannsynleg at kvantedatamaskiner vert realisert i løpet av dei neste fem til ti åra. Dette fører til at det er operativt naudsynt å utvikla kvanteresistente kryptoalgoritmar.
Prosjekt 8164 Modernisering av kryptoløysingar skal erstatta dagens IP-kryptosystem som kan nyttast på stasjonært, utplasserbart og mobilt nivå i Forsvaret og andre delar av forsvarssektoren. Løysingane som vert utvikla vil også vera relevante for totalforsvaret, og dei bør også kunna vera mogleg å eksportera til allierte land.
Noreg ynskjer å ha nasjonal kontroll over og kompetanse på kryptoteknologi. Innkjøpet av høggraderte kryptoløysingar vil difor verta gjennomført som ei direkteanskaffing hjå ein norsk industripartnar i tråd med «Anskaffelsesreglement for Forsvaret».
Stortinget vedtok opphaveleg prosjektet ved si handsaming av Innst. 346 S (2018–2019) til Prop. 60 S (2018–2019). Innkjøpet var opphavleg planlagt gjennomført i perioden 2020–2024, men er forseinka. Hovudårsaka er avstanden mellom ramma for prosjektet og mottatt tilbod. Levering er planlagd i perioden 2026–2031.
Kostnadsramma for prosjektet er foreslått auka med 1 564 mill. kroner til 2 282 mill. kroner inkludert ei avsetjing for uvisse, gjennomføringskostnadar og meirverdiavgift. Styringsramma utgjer 2 047 mill. kroner, medrekna meirverdiavgift og gjennomføringskostnadar.