5 Omfangsendring av pågåande eigedoms-, bygge- og anleggsprosjekt for godkjenning
5.1 Evenes – fasilitetar for maritime patruljefly
Stortinget vedtok prosjektet for fasilitetar for Poseidon (P-8) maritime patruljefly ved handsaminga av Innst. 346 S (2018–2019) til Prop. 60 S (2018–2019). Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet var 1 979 mill. 2023-kroner. Prosjektet er det største enkeltprosjektet i Evenes-programmet og omfattar fasilitetar for hangarar, oppstillingsplassar, administrasjon, verkstad, lager og vask av P-8 maritime patruljefly. Prosjektet starta i 2019 og skulle etter opphavleg plan stå ferdig sommaren 2022. Kostnadsramma vart auka ved Stortinget si handsaming av Innst. 339 S (2019–2020) til Prop. 78 S (2019–2020) då det vart avdekka at det var naudsynt å flytta anlegget lengre sør for å unngå turbulens over rullebanen. Fasilitetane vart etter reprosjektering planlagt å stå ferdige hausten 2023. Prosjektet si prisjusterte kostnadsramme er 2 566 mill. kroner.
I Prop. 1 S (2022–2023) vart Stortinget orientert om at kostnadsramma for prosjektet kunne vera for liten. Prosjektet er forseinka, og overlevering skjer truleg i desember 2024. Årsakene til auken i kostnadar og forlengja byggetid er samansett. Det har vore ein stor auke i prisane for material og arbeid sidan 2020 der kostnadsramma for prosjektet ikkje har vorte tilstrekkeleg kompensert. Skilnaden for dette utgjer aleine 160–200 mill. kroner etter det Forsvarsbygg har rekna ut. Andre årsaker til auken i kostnadar skuldast mellom anna høge krav til tryggleik og lengre tid for å klarera tilsette enn vanleg. Dette har ført til at entreprenøren ikkje har hatt nok kapasitet på byggjeplassen og har ført til at det er naudsynt med lengre byggjetid. Førebuing av tomta har òg vist seg å vera meir krevjande enn det som var pårekna. Det har vorte kutta i areal og konstruksjonen har vorte forenkla for å minska materialkostnadar og byggjetid. Prosjektet har kome så langt at det ikkje er mogleg å redusera det ytterlegare utan at det vil forseinka det enno meir. I tillegg vil ein reduksjon av omfang ikkje innfri sentrale krav til prosjektet. Ein ekstern gjennomgang våren 2022 stadfestar at det vil vera naudsynt å auka rammene for å fullføra prosjektet slik at det kan møta dei operative behova til dei maritime patruljeflya.
Vanlegvis skal det ikkje vera stor restrisiko i eit prosjekt som har kome til denne fasen i gjennomføringa. Det er framleis noko restuvisse som følgje av at det er eit komplisert bygg som skal førast opp på ein operativ flybase i dagleg bruk. For å redusera uvissa er det gjennomført fleire tiltak, til dømes er prosjektorganisasjonen styrka og prosjektet sitt uvisseregister vert kontinuerleg oppdatert for å kunna ha kontroll på og god oppfølging av drivarane av uvisse. I tillegg har hovudentreprenøren omorganisert seg og endra sine skiftordningar for å betra produksjonen. I regjeringa sitt forslag til kostnadsramme er det tatt høgde for dei sentrale drivarane av uvisse.
Kostnadsramma for prosjektet vert foreslått auka med 551 mill. kroner til 3 117 mill. kroner inkludert innreiing, ei avsetjing for uvisse, gjennomføringskostnadar og meirverdiavgift.
5.2 Ørland – utbetring av hovudrullebana
Stortinget vedtok prosjektet for utbetring av hovudrullebana på Ørland med handsaminga av Innst. 496 S (2020–2021) til Prop. 123 S (2020–2021). Prosjektet omfattar utskifting av massar for å lukka avviket på bereevna i tryggingsområdet langs den opphavelege delen av hovudrullebana. Det er også naudsynt å fornya banedekket på denne delen av rullebana. Skadde lag asfalt vert frest bort og det skal leggjast ny asfalt lag for lag opp til nytt slitelag. I heile rullebanelengda vert det gjennomført tiltak for å utvida baneskuldrene slik at den totale banebreidda vert 60 meter. Prosjektet si prisjusterte kostnadsramme er 512 mill. kroner.
I prosjektet for oppgradering av taksebanene Yankee og A4-A7 på Ørland, som Stortinget godkjende ved handsaming av Innst. 339 S (2019–2020) til Prop. 78 S (2019–2020), vart det identifisert avvik på det underliggjande betongdekket og behov for fullstendig fjerning av dette dekket. Dette er no utbetra og prosjektet er i sluttfasen. Hovudrullebana vart opphaveleg oppbygd med same metode som taksebane Yankee. Prøver som er gjennomført på kantane av, og dels inne på sjølve hovudrullebana, har avdekka risiko for eit mogleg avvik på betongdekket også under hovudrullebana og baneskuldrene. Eit mogleg avvik er knytt til kvaliteten på betongen. Det kan vera behov for å fjerna delar av eller all betongen for å tilfredsstilla dei tekniske krava til rullebana. I Prop. 1 S (2022–2023) vart Stortinget informert om at det er gjennomført ein ny analyse av uvissa i prosjektet for oppgradering av hovudrullebana. Denne analysen syner at det er stor risiko for at kostnadsramma til prosjektet ikkje strekk til å gjennomføra naudsynte tiltak. Vidare vart det informert om at regjeringa vil koma attende til Stortinget på eigna måte for å informera om eventuelle konsekvensar for ferdigstilling, endring av omfang i prosjektet, eller forslag om ny kostnadsramme. Ved handsaminga av prosjektet er det funne at det er naudsynt å auka prosjektet si kostnadsramme for å ivareta eit mogleg behov for å gjennomføra ytterlegare tiltak i prosjektet.
Om det er naudsynt å gjennomføra slike tiltak vil først avdekkast når asfaltdekket er fjerna. Dette vil i så tilfelle innebera at store deler av eksisterande rullebane må fjernast heilt eller delvis, og at rullebana må byggjast opp på nytt. I tillegg har det vore ein stor prisauke på innsatsfaktorane i prosjektet.
Hovudrullebana må stengjast medan den vert utbetra. Taksebane Yankee vil mellombels nyttast som hovudrullebane. Det vart opphaveleg lagt opp til byggestart i prosjektet første kvartal 2023. Byggestart er no planlagt til september 2023 med forventa overlevering ved utgangen av 2024. I Prop. 1 S (2022–2023) vart Stortinget informert om at Luftfartstilsynet har gitt førebels sertifisering av hovudrullebana for fly med kode 4C (tilsvarande Boeing 737 eller liknande) med pålegg om å lukka avvik knytt til tryggingsområdet innan 1. januar 2024. Luftfarstilsynet har no forlenga denne fristen til 1. januar 2028.
Det er gitt tilsegn frå NATO sitt investeringsprogram for tryggleik om finansiering av delar av prosjektet. Forsvarsdepartementet planlegg å søkja om finansiering av ytterlegare deler av prosjektet frå NATO.
Kostnadsramma for prosjektet vert foreslått auka med 448 mill. kroner til 960 mill. kroner medrekna meirverdiavgift, gjennomføringskostnadar og ei avsetting for uvisse.
5.3 Ørland – ytre perimeter
Stortinget vedtok prosjektet for etablering av ytre perimeter på Ørland ved handsaming av Innst. 7 S (2016–2017) til Prop. 1 S (2016–2017). Prosjektet omfattar tiltak for naudsynt grunnsikring av basen i form av forsterking av ytre perimeter, inkludert hindring av personell og køyretøy, overvakingssystem for deteksjon og verifikasjon, samt nytt område for kontroll av tilgang for effektiv og sikker kontroll. Arbeidet vert gjennomført i fem fasar, der fire av fasane er ferdige og overlevert til brukar. Fase fem heng saman med bygging av ny hovudvakt og utvikling i området mellom Soldatheimen (tidlegare Hårberg skule) og Kleivhaugen. Prosjektet si prisjusterte kostnadsramme er 529 mill. kroner.
I Prop. 1 S (2022–2023) vart Stortinget informert om at det er gjennomført ein ny analyse av uvisse i prosjektet og at det vart vurdert at heile prosjektet ikkje kan gjennomførast innanfor gjeldande kostnadsramme. Vidare vart det informert om at departementet på eigna måte ville koma attende til Stortinget med forslag om å redusera omfanget eller auka kostnadsramma til prosjektet.
Handsaminga av prosjektet har vist at det er naudsynt å auka prosjektramma for å kunna gjennomføra fase fem og ferdigstilla etableringa av ytre perimeter. Prosjekteringa av fase fem i detalj har vist at tilfredsstillande løysing for sikring av hovudtilkomsten og ytre vaktbygg kostar meir enn prosjektet opphaveleg la til grunn. Vidare er det auka omfang knytt til sikring rundt Soldatheimen. I tillegg er det naudsynt å gjennomføra nye tiltak knytt til trafikksikring og utbetring av dagens veg, etablering av energiforsyning, rivning av eksisterande bygg og nokre tiltak knytt til utgraving av kulturminne. Forventa overlevering av prosjektet er innan utgangen av 2025.
Kostnadsramme for prosjektet vert foreslått auka med 184 mill. kroner til 713 mill. kroner medrekna innreiing, meirverdiavgift, gjennomføringskostnadar og ei avsetting for uvisse.