Forslag
til lov om endringer i privatskolelova (ny tilskuddsmodell for private grunnskoler)
I
I lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til statstilskot gjøres følgende endringer:
§ 2-1 andre ledd bokstav f skal lyde:
f. særskilt tilrettelagd opplæring for elevar med dokumenterte behov
§ 2-2 nytt tredje ledd skal lyde:
Grunnskolar som har både barne- og ungdomstrinn, skal vere organisert i same rettssubjekt.
Nåværende tredje og fjerde ledd blir fjerde og nytt femte ledd.
§ 3-1 andre ledd andre punktum skal lyde:
Skolar som driv særskilt tilrettelagd opplæring for elevar med dokumenterte behov kan også ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring.
§ 5-2 andre ledd bokstav b skal lyde:
b. fastsetje storleiken på skolepengane og om grunnskolen skal ha ei ordning med graderte skolepengar og reduserte skolepengar til hushaldningar med fleire barn på skolen
§ 6-1 tredje til femte ledd skal lyde:
For grunnskolar skal det takast omsyn til skilnaden i utgifter mellom små og store skolar ved at det blir gitt ein høgare tilskotssats for elevar opp til eit fastsett elevtal (knekkpunktet).
Dei skolane som driv særskilt tilrettelagd opplæring for elevar med dokumenterte behov, får likevel alle driftsutgifter dekte ved statstilskot etter ein normalsats per elev per skoleår.
Departementet kan gi forskrift om tilskotsordninga for dei skolane som driv særskilt tilrettelagd opplæring for elevar med dokumenterte behov, om tilskotsordninga for grunnskolar og vidaregåande skolar og om dokumentasjon for elevtal og rapportering av elevtal.
§ 6-2 nytt andre ledd skal lyde:
Dersom styret etter § 5-2 andre ledd bokstav b etablerer ei ordning med graderte og reduserte skolepengar, kan skolen etter søknad gi reduserte skolepengar ut frå økonomien til den enkelte hushaldninga, og gi moderasjon til hushaldningar som har fleire barn på skolen.
Nåværende andre til fjerde ledd blir tredje, fjerde og nytt femte ledd.
II
Loven trer i kraft fra den tiden Kongen bestemmer.