6 Økonomiske og administrative konsekvensar
6.1 Rett til tannhelsetenester for unge vaksne frå 21 til 24 år
I samband med behandlinga av budsjettforliket med SV om statsbudsjettet for 2022 vedtok Stortinget å løyve 168 mill. kroner gjennom ramma til fylkeskommunane slik at dei kunne tilby tannhelsetenester til 21- og 22-åringane med 50 prosent betaling. Stortinget fatta så oppmodingsvedtak om lovfesting av rett til nødvendige tannhelsetenester for pasientgruppa, vedtak 832 (2021-2022).
I november 2022 inngjekk regjeringspartia (Ap og Sp) eit budsjettforlik med SV der det var semje om å fremje forslag om å endre tannhelsetjenesteloven slik at personar i alderen frå og med det året dei fyller 23 år, til og med det året dei fyller 26 år, får rett til behandling i den offentlege tannhelsetenesta. Det var semje om å forskriftsfeste 50 prosent redusert betaling for desse årskulla. Det var også semje om å styrkje rammetilskotet til fylkeskommunane med 280 mill. kroner.
Deretter, i revidert nasjonalbudsjett våren 2023, foreslo regjeringa ei forandra innretning på løyvinga, slik at midlane i staden skulle gå til å gi eit tilbod til 21–24-åringar, med 25 prosent eigenbetaling. Løysinga innebar same subsidiegrad for alle i aldersgruppa 21–24 år, og innebar at 25- og 26-åringar ikkje fekk eit subsidiert tilbod i 2023.
Unge vaksne er ei aldersgruppe der hovuddelen har svært god tannhelse og antatt låge utgifter til tannbehandling samanlikna med eldre grupper i befolkninga. Besøksfrekvensane er låge i denne aldersgruppa, i den forstand at mange sjeldan går til tannlege eller tannpleiar. Dette har truleg samanheng med at mange har god tannhelse og utøver god, dagleg tannpleie som førebyggjer karies og annan tannsjukdom. Analysar som er gjorde av SSB med grunnlag i levekårsundersøkinga til SSB frå 2008, tyder på at blant 21–24-åringane har 55 prosent oppsøkt tannlege dei siste 12 månadane, 32 prosent har oppsøkt tannlege dei siste 2 åra, og for 12 prosent er det meir enn 2 år sidan siste besøk. I ein studie som Odontologisk fakultet ved Universitetet i Oslo publiserte i 2014, gjekk det fram at 63,8 prosent i aldersgruppa 20–39 år hadde vore hos tannhelsetenesta dei siste 12 månadane, medan 81,1 prosent (akkumulert) hadde vore hos tannhelsetenesta dei siste 2 åra.
Det finst ikkje eit komplett nasjonalt tannhelseregister eller noka form for registrering av vaksne sin bruk av tannhelsetenester i Noreg. All kunnskap om vaksne sin bruk av tannhelsetenester og utgiftene deira i samband med det er derfor basert på spørjeundersøkingar. I ei utgreiing frå 2010 anslo SSB at gjennomsnittsutgifta for tannhelsetenester per år for aldersgruppa 21–24 år var på 2 356 2008-kroner. I aldersgruppa 21–24 år hadde 70 prosent mellom 0 og 2 000 kroner i utgifter, medan berre 3 prosent hadde utgifter på over 10 000 kroner. Justert for prisutviklinga har departementet lagt til grunn at 70 prosent av unge i aldersgruppa 21–24 år vil ha ei årsutgift til tannhelsetenester på mellom 0 og om lag 2 500 kroner.
Høyringsnotatet med tilhøyrande lovforslag blei sendt ut sommaren 2023 frå Helse- og omsorgsdepartementet. Den fulle årskostnaden for å behandle eit årskull i den aktuelle aldersgruppa blei her anslått til om lag 140 mill. kroner. Med 25 prosent eigenbetaling la departementet til grunn ein kostnad per årskull på 105 mill. kroner. Samla meirkostnad for fire årskull er etter dette om lag 420 mill. kroner.
Med bakgrunn i dei omtalte aukingane i løyvingane i statsbudsjetta for 2022 og 2023, der rammetilskotet til fylkeskommunane først blei styrkt med 168 mill. kroner i 2022 og deretter med 280 mill. kroner i 2023, meiner departementet at lovendringane i denne proposisjonen er kompenserte.
Dei siste åra har Finansdepartementet i svar på budsjettspørsmål frå Stortinget lagt vekt på at det er forskjell på å berekne økonomiske verknadar av ei marginal endring og av ei reform som inneber kapasitetsauke i den fylkeskommunale tannhelsetenesta. Omfanget av faste kostnadar knytte til ein slik kapasitetsauke vil variere mellom fylkeskommunane. I tillegg kjem omstillingskostnadar. Regjeringa har sett ned eit utval, Tannhelseutvalget, som skal gjere ein heilskapleg gjennomgang av tannhelsetenesta som skal omfatte organiseringa, finansieringa og lovverket inkludert regulering og rettar. Utvalet skal levere innstillinga si i juni 2024. Departementet vil kome tilbake til korleis forslaget frå utvalet bør følgjast opp, medrekna eventuelle konsekvensar for, og endringar i, ansvaret til fylkeskommunane.
6.2 Rett til tannhelsetenester for personar med rusmiddelavhengigheit
Pasientgruppa har fått tannhelsetenester i tråd med budsjettvedtak i Stortinget og føringar i rundskriv frå Helse- og omsorgsdepartementet, jf. St.prp. nr. 1 (2005–2006) osv. og rundskriv I-2/2006 Utvidet fylkeskommunalt tannhelsetilbud i 2006 og rundskriv I-4/2008 Vederlagsfrie tannhelsetjenester for personer under legemiddelassistert rehabilitering (LAR) fra 2008 – økning av rammebevilgningen til fylkeskommunene for 2008. I denne proposisjonen blir det ikkje foreslått å utvide pasientgruppa. Det blir heller ikkje foreslått å utvide dei materielle rettane utover det tenestetilbodet pasientgruppa har fått frå fylkeskommunane dei siste åra. Det er likevel klart at pasienttal, typar ruslidingar og tenestetilbod er i kontinuerleg endring over tid. Regjeringa har sett ned eit utval, Tannhelseutvalget, som skal gjere ein heilskapleg gjennomgang av tannhelsetenesta, som skal omfatte organiseringa, finansieringa og lovverket inkludert regulering og rettar. Utvalet skal levere innstillinga si i juni 2024, og er mellom anna særskilt bedt om å vurdere tiltak som kan bidra til å redusere dei sosiale forskjellane i den orale helsa til befolkninga og bruken av tannhelsetenester. Departementet vil kome tilbake til korleis forslaget frå utvalet bør følgjast opp, medrekna eventuelle konsekvensar for, og endringar, i ansvaret til fylkeskommunane.
6.3 Rett til tannhelsetenester for innsette i fengsel i kriminalomsorga
Det blir ikkje foreslått utvidingar av pasientgruppa samanlikna med tilskotsregelverk, retningslinjer og rundskriv som dannar grunnlag for dagens praksis, jf. IK-28/89 Rundskriv om tannhelsetjenesten for innsatte i fengsler og rettleiaren IS-1971 Helse- og omsorgstjenester til innsatte i fengsel.
Departementet vurderer med bakgrunn i dette at ei lovfesting av rettane i seg sjølv ikkje har økonomiske eller administrative konsekvensar utover det som allereie blir dekt gjennom den øyremerkte tilskotsordninga som skal dekkje utgifter knytte til å organisere eit tilbod om tannbehandling til innsette i fengsel.
Til liks med vurderinga av det offentlege sitt ansvar for personar med rusmiddelavhengigheit, kan det bli aktuelt å gjennomgå tenestetilbodet til denne gruppa i oppfølginga av innstillinga fra Tannhelseutvalget, som kjem i juni 2024.
6.4 Oppheving av føresegn om prioritering mellom pasientgrupper
Forslaget om å oppheve føresegna om prioritering blir vurdert å ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar.
6.5 Endringa i alkoholloven
Høyringsinstansane har ikkje hatt merknadar knytte til økonomiske eller administrative konsekvensar av forslaget om å endre skuldkravet for føretak. Departementet kan ikkje sjå at endringa vil innebere nokon økonomiske eller administrative konsekvensar.
6.6 Endringa i legemiddelloven
I høyringsnotatet av 9. februar 2023 blei det uttalt at endringa av legemiddelloven ikkje ville ha nokon økonomiske eller administrative konsekvensar.
Høyringsinstansane har ikkje hatt merknadar knytte til vurderingane av dei økonomiske eller administrative konsekvensane av høyringsforslaget.
Statens legemiddelverk (Direktoratet for medisinske produkt) opplyser at det allereie i dag legg eit subjektivt skuldkrav for føretak til grunn i tråd med brev av 12. mai 2021 frå Justis- og beredskapsdepartementet. Endringa vil såleis ikkje medføre endringar av praksis. Legemiddelverket vil oppdatere retningslinjene i tråd med lovendringa.
Departementet registrerer at berre éin høyringsinstans har uttalt seg. Endringa i legemiddelloven inneber ikkje nye oppgåver for tilsynsstyresmakta. Departementet held fast ved vurderinga i høyringsforslaget.
6.7 Endringa i pasient- og brukerrettighetsloven
I Prop. 11 L (2023–2024) Endringar i helselovgivinga (organisatoriske endringar i sentral helseforvaltning) foreslo departementet å overføre kompetansen til å behandle klagar på vedtak etter pasient- og brukerrettighetssloven frå Klagenemnda for behandling i utlandet til Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten (Helseklage). Ved lovvedtak 20 (2023–2024), jf. Innst. 113 L (2023–2024), jf. Prop. 11 L (2023–2024) vart vedtak etter pasient- og brukerrettighetssloven overført frå Klagenemnda for behandling i utlandet til Nasjonalt klageorgan for helsetenesta (Helseklage). Ved ein inkurie blei ikkje pasient- og brukerrettighetssloven § 7-7 andre ledd, som omhandlar forvaltningsloven sin anvendelse for klagenemnda for behandling i utlandet, oppheva. Føresegna har ikkje lenger noka betydning då klagenemnda er overført til Helseklage, og departementet foreslår derfor at føresegna blir oppheva.