3 Gjeldande rett
3.1 Ansvaret fylkeskommunen har for tannhelsetenester
3.1.1 «Sørgje for»-ansvaret til fylkeskommunen – tilgjengelegheit for heile befolkninga
Det følgjer av tannhelsetjenesteloven § 1-1 første ledd at fylkeskommunen «skal sørge for at tannhelsetjenester, herunder spesialisttjenester, i rimelig grad er tilgjengelig for alle som bor eller midlertidig oppholder seg i fylket». I § 1-1 andre ledd er det presisert at det er fylkeskommunen som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta.
I forslaget til lov om tannhelsetjenesten, jf. Ot.prp. nr. 49 (1982–83) Om lov om tannhelsetjenesten (tannhelsetjenesten i fylkeskommunene), var det i § 1-1 lagt inn eit atterhald om at fylkeskommunen berre skulle «legge forholdene til rette» for at tannhelsetenester i rimeleg grad skulle vere tilgjengelege for befolkninga. Då lovforslaget, jf. Innst. O. nr. 86 (1982–1983), blei behandla i Stortinget la likevel fleirtalet i sosialkomiteen vekt på å sikre at ein fekk ei nasjonalt likeverdig tannhelseteneste. Fleirtalet i komitéen ønskte derfor å skjerpe ansvaret til fylkeskommunen ved å erstatte formuleringa som var foreslått med uttrykket «sørge for». Det blei i denne samanhengen sett hen til at den same formuleringa var brukt i kommunehelsetjenesteloven av 1982. Samtidig la komitéfleirtalet til grunn at fylkeskommunen også måtte få ansvar for å sørgje for nødvendig geografisk spreiing av odontologiske spesialisttenester. Fleirtalet i komiteen føydde derfor til «herunder spesialisttjenester» i lovteksten som blei vedtatt.
Formuleringa «sørge for» pålegg dermed fylkeskommunen eit ansvar for at tannhelsetenester blir gjort tilgjengelege for befolkninga i fylket. Sørgje for-ansvaret inneber ikkje at tenestene må bli utført av tilsette i fylkeskommunen. Fylkeskommunen kan inngå avtale med private tenesteytarar for å oppfylle ansvaret sitt. Det er likevel fylkeskommunen som har det overordna ansvaret for å sørgje for eit nødvendig og forsvarleg tilbod, anten fylkeskommunen yter tenestene sjølv eller om dei blir ytt av andre.
Vidare har fylkeskommunen ansvar for å samordne den offentlege tannhelsetenesta og privat sektor, jf. § 1-4. Dei prosessuelle rammene for å inngå avtale med private tannlegar om behandling av pasientgruppene som fylkeskommunen har ansvar for, går fram av § 4-2.
Fylkeskommunen skal sørgje for at tannhelsetenester «i rimelig grad er tilgjengelige for alle som bor eller midlertidig oppholder seg i fylket». Omgrepet «tilgjengelig» er ikkje konkretisert i tannhelsetjenesteloven eller i forarbeida til loven. Forarbeida til loven bidrar heller ikkje til å kaste lys over kva som ligg i avgrensinga om at tannhelsetenester i «rimelig grad» skal vere tilgjengelege. Departementet legg til grunn at formuleringa angir eit visst minstenivå av tilgang til tannhelsetenester, som ligg lågare enn det som kan karakteriserast som optimal tilgjengelegheit, men som ikkje kan vere lågare enn det som følgjer av det generelle helserettslege kravet om forsvarlege tenester.
3.1.2 Plikta fylkeskommunen har til å tilby tannhelsetenester til bestemte pasientgrupper
I tillegg til å sørgje for at tannhelsetenester er tilgjengelege for heile befolkninga i fylket skal fylkeskommunen, gjennom den offentlege tannhelsetenesta, «gi et regelmessig og oppsøkende tilbud» til bestemte grupper i befolkninga, jf. tannhelsetjenesteloven § 1-3. Dei følgjande pasientgruppene er lista opp i § 1-3 første ledd bokstav a til d:
a. Barn og ungdom fra fødsel til og med det året de fyller 18 år
b. Psykisk utviklingshemmede i og utenfor institusjon
c. Grupper av eldre, langtidssyke og uføre i institusjon og hjemmesykepleie
d. Ungdom som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret
Kjerneoppgåva til den offentlege tannhelsetenesta er å yte tannhelsetenester til dei ovannemnde gruppene. Desse gruppene skal prioriterast, og blir ofte omtalt som «prioriterte grupper». I tillegg kan fylkeskommunen sjølv vedta at også andre grupper enn dei som er nemnde i bokstav a til d skal ha eit tilbod, jf. tannhelsetjenesteloven § 1-3 første ledd bokstav e som lyder:
e. Andre grupper som fylkeskommunen har vedtatt å prioritere.
«Andre grupper» kan til dømes vere personar med psykiske lidingar, rusmiddelavhengigheit og/eller svak økonomi. Ved ledig kapasitet kan den offentlege tannhelsetenesta yte tenester til pasientar som ikkje blir omfatta av dei prioriterte gruppene, og fylkeskommunen bestemmer sjølv storleiken på vederlaget, jf. § 1-3 tredje ledd.
Omgrepet «prioriterte grupper» er ikkje tatt inn i lovteksten, men omgrepet er ofte brukt i omtalen av dei pasientgruppene som har rett til nødvendig tannhelsehjelp i den offentlege tannhelsetenesta. Som det går fram nedanfor i kapittel 4.6, foreslår departementet å oppheve § 1-3 andre ledd, som omhandlar den innbyrdes prioriteringa mellom gruppene som er tatt inn i loven. Departementet bruker likevel framleis omgrepet «prioriterte grupper» i teksten her, forstått som grupper av pasientar som har rett til tannhelsetenester i den offentlege tannhelsetenesta. Departementet ser at det kan føre til uklarleik å bruke omgrepet slik, sidan omgrepet prioritering i helsetenesta vanlegvis blir brukt annleis. Departementet vel likevel å framleis bruke omgrepet prioriterte grupper i denne tydinga her, som er innarbeidd i samanheng med tannhelsetjenesteloven.
3.1.3 Lovfesta rett til nødvendig tannhelsehjelp og omfanget av tilbodet
Alle som er nemnde i § 1-3 «har rett til nødvendig tannhelsehjelp i den fylkeskommune der de bor eller midlertidig oppholder seg», jf. § 2-1. Retten som er gitt i § 2-1 speglar plikta fylkeskommunen har til å tilby tenesta etter § 1-3.
Omfanget av behandlinga som skal ytast, følgjer av formuleringa i loven; det er gitt rett til «nødvendig tannhelsehjelp». Nødvendig tannhelsehjelp utgjer ein rettsleg standard som definerer nivået på behandlingstilbodet den enkelte har krav på. Ein slik rettsleg standard inneber at innhaldet i rettsregelen kan variere over tid, og knyter ikkje regelen til bestemte og eintydige kriterium. Eit utgangspunkt for fastlegging av omfang og kvalitet på eit behandlingstilbod vil vere nasjonale rettleiarar og retningslinjer, som til dømes rettleiaren frå Helsedirektoratet God klinisk praksis i tannhelsetjenesten – en veileder i bruk av faglig skjønn ved nødvendig tannbehandling og den nasjonale faglege retningslinja Tannhelsetjenester til barn og unge 0–20 år. Pasienten skal få den tannhelsehjelpa som etter ei odontologisk vurdering er helsefagleg nødvendig for den det gjeld. Dette vil også innebere eit behandlingstilbod i tråd med helserettslege krav til det som er forsvarleg.
Det følgjer av § 2-3 at den som ikkje får den hjelpa som er bestemt i tannhelsetjenesteloven, kan klage til «det organet fylkeskommunen bestemmer», og vidare til statsforvaltaren.
3.1.4 Betaling av vederlag – vilkår for vederlagsfri behandling
Betaling av vederlag i offentleg tannhelseteneste er regulert i tannhelsetjenesteloven § 2-2, som lyder:
Ǥ 2-2 Vederlag for tannpleie i den offentlige tannhelsetjenesten
For hjelp i Den offentlige tannhelsetjenesten skal mottageren betale vederlag når dette følger av forskrift fastsatt av departementet eller fylkeskommunen.
For hjelp til grupper som nevnt i § 1-3 første ledd andre punktum bokstav a til c, kan det med unntak for kjeveortopedisk behandling, ikke kreves vederlag.»
Det er gitt nærare føresegner om betaling av vederlag frå pasientar i forskrift 24. mai 1984 nr. 1268 om vederlag for tannhelsetjenester i den offentlige tannhelsetjenesten, vederlagsforskrifta.
Barn og unge frå 0 til 18 år og psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon
For pasientgruppene i § 1-3 første ledd bokstav a, «(b)arn og ungdom fra fødsel til og med det året de fyller 18 år», og bokstav b, «(p)sykisk utviklingshemmede i og utenfor institusjon», er det ikkje oppstilt nærare vilkår i forskrifta, og desse gruppene får behandling utan vederlag. Unntaket er, slik det går fram av lovteksten, kjeveortopedisk behandling som har eigne føresegner om refusjon i folketrygdloven. Desse blir ikkje omtalt nærare her.
Eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleie
For pasientgruppa i § 1-3 første ledd bokstav c, «(g)rupper av eldre, langtidssyke og uføre i institusjon og hjemmesykepleie», er det vilkår om at helse- og omsorgstenesten(e) den enkelte får er av ei viss varigheit og eit visst omfang før det utløyser rett til tannhelsetenester utan vederlag. Dette vilkåret er presisert i vederlagsforskrifta § 2, som lyder:
«§ 2. Grupper av eldre, langtidssyke og uføre i institusjon og hjemmesykepleie
Når eldre, langtidssyke og uføre i institusjon og hjemmesykepleie har hatt institusjonsopphold eller pleie av hjemmesykepleien i sammenhengende 3 måneder eller mer, skal disse gis vederlagsfrie tannhelsetjenester, inkludert eventuelle utgifter til tanntekniske arbeider, så lenge oppholdet eller pleien vedvarer.
For tannhelsetjenester som blir gitt før institusjonsoppholdet eller hjemmesykepleien har vart i 3 måneder, kan kreves vederlag som under § 1, dersom oppholdet eller omsorgen ikke forventes å vare over 3 måneder.
Tannbehandling som har sammenheng med eller påvirker den sykdom pasienten er innlagt for eller får pleie for, skal ytes vederlagsfritt selv om institusjonsoppholdet eller pleien ikke har vart i 3 måneder.»
Dette inneber at reint kortvarige og avgrensa ytingar av dei nærare angitte helse- og omsorgstenestene ikkje utløyser rett til vederlagsfrie tannhelsetenester. Vilkåret i § 2 første ledd om at tenestene skal ha ei varigheit på minst tre månadar for at pasientane skal ha krav på vederlagsfri behandling, må sjåast i samanheng med § 2 andre ledd i forskrifta, som viser til at ein kan krevje vederlag for tannhelsetenester frå pasientar som er i institusjon eller får heimesjukepleie før det er gått tre månadar, når tenestene ikkje er forventa å vare over tre månadar. Dette inneber at:
ein kan yte nødvendige tannhelsetenester før det er gått tre månadar, idet retten til tannhelsetenester følgjer tildelinga av dei aktuelle helse- og omsorgstenestene (det er ikkje nødvendig å vente tre månadar før pasienten får rett til tannhelsetenester)
ein kan yte tannhelsetenestene vederlagsfritt allereie før det er gått tre månadar dersom institusjonsopphaldet eller heimesjukepleia er meint å vare lenger enn tre månadar
Ungdom mellom 19 og 20 år
For pasientgruppa i § 1-3 første ledd bokstav d, «ungdom som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret», blir det gitt tilbod om tannhelsetenester mot redusert vederlag. I forarbeida til tannhelsetjenesteloven blir det uttalt at for å «lette overgangen til voksentannpleie, foreslås i tillegg at fylkeskommunene gis adgang eller tilskudd til fortsatt regelmessig behandling av ungdom fra 18 år til det året de fyller 20 år», sjå Ot.prp. nr. 49 (1982–83) side 11. I vederlagsforskrifta § 3 kjem følgjande fram:
«§ 3. Ungdom som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret
Ungdom, fra det året de fyller 19 til og med det året de fyller 20, skal ikke betale større vederlag enn 25 % av departementets fastsatte takster inkludert eventuelle utgifter til tanntekniske arbeider.»
Andre grupper
Andre grupper som fylkeskommunen har vedtatt å gi eit tilbod etter § 1-3 første ledd bokstav e, skal betale eit vederlag der fylkeskommunen fastset storleiken som ein andel av dei fastsette takstane til departementet, jf. vederlagsforskrifta § 4.
3.1.5 Om klage etter tannhelsetjenesteloven
Av tannhelsetjenesteloven § 2-3 går det fram at den som ikkje får «den hjelp som er bestemt i denne lov og godkjent plan, kan klage til det organ som fylkeskommunen bestemmer». Dersom klagaren ikkje får medhald eller klaga avvisast, kan ein klage vidare til statsforvaltaren. Det betyr at det er ei to-trinns klageordning etter tannhelsetjenesteloven.
Dette er ei utviding samanlikna med det generelle systemet etter forvaltningsloven, som har eitt-trinns klageordning. Etter forvaltningsloven skal klaga setjast fram for det organet som har treft vedtaket (førsteinstansen), og ikkje for eit eige organ som fylkeskommunen bestemmer (første klageinstans). Klageordninga etter tannhelsetjenesteloven er lik ordninga etter den tidlegare kommunehelsetjenesteloven av 1982. Klageordninga etter kommunehelsetjenesteloven blei ikkje vidareført med ny lov om kommunale helse- og omsorgstjenester, men erstatta av nye klagereglar i pasient- og brukarrettighetsloven.
Av forarbeida til tannhelsetjenesteloven går det fram at føresegna i § 2-3 gjeld i staden for reglane i forvaltningsloven om klage, utan at dette er grunngitt nærare. Det synast likevel klart at forvaltningsloven gjeld og supplerer dagens klagereglar i tannhelsetjenesteloven.
Klageordninga etter tannhelsetjenesteloven gjeld for pasientar som har rett til nødvendig tannhelsehjelp etter tannhelsetjenesteloven § 2-1 jf. § 1-3. Fristen for å klage etter tannhelsetjenesteloven er tre veker, jf. § 2-3 andre ledd. Dette er i samsvar med den generelle klagefristen i forvaltningsloven, men kortare enn klagefristen på fire veker etter pasient- og brukerrettighetsloven.
3.1.6 Ansvar for tannhelsetenester til grupper som ikkje har lovfesta rettar
Tannhelsetenester til unge vaksne i alderen frå og med 21 til og med 24 år
Pasientgruppa unge vaksne i alderen 21 til 24 år fell utanfor gruppene som er nemnde i tannhelsetjenesteloven § 1-3, og vil i utgangspunktet vere alminnelege vaksne pasientar sett ut frå loven.
I samband med behandlinga av statsbudsjettet for 2022 vedtok Stortinget å løyve 168 mill. kroner gjennom ramma til fylkeskommunane slik at 21- og 22-åringar kunne få tilbod om tannhelsetenester mot redusert vederlag. I 2022 fekk 21- og 22-åringar tilbod om tannhelsetenester frå fylkeskommunen med 50 prosent eigenbetaling, slik det er beskrive i rundskriv I-2/2022 Utvidet fylkeskommunalt tannhelsetilbud i 2022. I samband med behandling av revidert nasjonalbudsjett i 2022 blei det vedtatt at tilbodet til 21- og 22-åringane skulle lovfestast, vedtak 832 (2021–2022).
I statsbudsjettet for 2023 blei det vedtatt at den fylkeskommunale tannhelsetenesta i 2023 skulle styrkjast med 280 mill. kroner for å tilby tannhelsetenester til aldersgruppa 23 til 26 år mot 50 prosent vederlag. Stortingsfleirtalet fatta oppmodingsvedtak om å lovfeste retten til nødvendige tannhelsetenester for pasientgruppa, vedtak 86 (2022–2023). Etter nærare drøftingar vedtok regjeringa å fremje eit forslag i samband med revidert nasjonalbudsjett om at tilbodet til unge vaksne i offentleg tannhelseteneste skulle innrettast med 25 prosent vederlag, berekna ut frå takstane departementet har fastsett. Tilbodet med lågare betaling ville då omfatte aldersgruppene 21 til 24 år i behandlingsåret. Innretninga svarte til den gjeldande ordninga som er lovfesta i tannhelsetjenesteloven for 19- og 20-åringane, medan 25- og 26-åringane ikkje fekk eit tilbod.
På denne bakgrunnen sende departementet 24. mars 2023 ut rundskriv I-2/2023 Utvidet fylkeskommunalt tannhelsetilbud i 2023 til fylkeskommunane i landet, med ei framstilling av utforminga av behandlingstilbodet til unge vaksne i alderen 21 til 24 år i den offentlege tannhelsetenesta. Denne innretninga av tilbodet blei vedtatt av Stortinget då revidert nasjonalbudsjett 2023 blei behandla. Etter dette gir fylkeskommunane unge vaksne i alderen 21 til 24 år tilbod om tannbehandling i den offentlege tannhelsetenesta med 25 prosent vederlag, berekna ut frå takstane departementet har fastsett.
Tannhelsetenester til personar med rusmiddelavhengigheit, medrekna personar i legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
Personar med rusmiddelavhengigheit er ikkje nemnd som pasientgruppe i tannhelsetjenesteloven § 1-3. Med verknad frå 2006 vedtok Stortinget å løyve middel til eit nytt, landsdekkjande fylkeskommunalt tannhelsetilbod for personar med rusmiddelavhengigheit, som ikkje oppheld seg i helseinstitusjon, jf. St.prp. nr. 1 (2005–2006) og Innst. S. nr. 11 (2005–2006). Bakgrunnen for det utvida tilbodet var erfaringar frå ei prøveordning i enkelte fylke (FUTT-prosjektet), som viste at personar som får andre kommunale tenester enn heimesjukepleie kan ha stort behov for tannbehandling. Det utvida tilbodet skulle omfatte personar med rusmiddelavhengigheit som var under kommunal rusomsorg, men som ikkje fekk kommunale helsetenester som automatisk påla fylkeskommunen ei plikt til å gi eit regelmessig og oppsøkjande tannhelsetilbod etter tannhelsetjenesteloven § 1-3 første ledd.
Tannhelsetilbodet til rusmiddelavhengige utanfor institusjon er nærare beskrive i Helse- og omsorgsdepartementets rundskriv I-2/2006 Utvidet fylkeskommunalt tannhelsetilbud i 2006. I forsøksordninga med FUTT-prosjektet var målgruppa generelt definert som personar i rusmiddelomsorga, det vil seie personar som fekk hjelp frå kommunen i samsvar med kapittel 4 og 6 i sosialtjenesteloven av 1991. I samband med iverksetting av tilbodet på landsbasis, fastsette departementet i rundskriv I-2/2006 målgruppa som følgjer:
«Personer som på grunn av et rusmiddelproblem mottar tjenester etter reglene i § 4-2 bokstav a til d, jf. § 4-3 i sosialtjenesteloven.»
Dei aktuelle tenestene i sosialtjenesteloven av 1991 § 4-2 var dei følgjande:
a. praktisk bistand og opplæring, herunder brukerstyrt personlig assistanse, til dem som har et særlig hjelpebehov på grunn av sykdom, funksjonshemming, alder eller av andre årsaker,
b. avlastningstiltak for personer og familier som har et særlig tyngende omsorgsarbeid,
c. støttekontakt for personer og familier som har behov for dette på grunn av funksjonshemming, alder eller sosiale problemer,
d. plass i institusjon eller bolig med heldøgns omsorgstjenester til dem som har behov for det på grunn av funksjonshemming, alder eller av andre årsaker.
Sosialtjenesteloven av 1991 blei oppheva 1. januar 2012 då den nye helse- og omsorgstjenesteloven tok til å gjelde. Delar av tenestene som er nemnd over er uansett omfatta av dei prioriterte gruppene i tannhelsetjenesteloven. Dette gjeld sosialtjenesteloven § 4-2 bokstav d ovanfor, om plass i institusjon, som blir omfatta av tannhelsetjenesteloven § 1-3 første ledd bokstav c.
Vidareføringa av tenestene i sosialtjenesteloven § 4-2 a og c er gjord i helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2 første ledd nr. 6 bokstav b om «personlig assistanse, herunder praktisk bistand og opplæring og støttekontakt». Dette følgjer av merknadane til føresegna i forarbeida, Prop. 91 L (2010–2011) side 489, der følgjande kjem fram:
«Bokstav b omfatter ‘personlig assistanse, herunder praktisk bistand og opplæring og støttekontakt’. Bestemmelsen er en videreføring av sosialtjenesteloven § 4-2 bokstavene a og c. Det nærmere innholdet av bestemmelsen fremgår av punkt 15.5.7.3.»
Dette inneber at personar som på grunn av rusmiddelavhengigheit får tenester etter helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2 første ledd nr. 6 bokstav b, også skal få tilbod om tannhelsetenester frå den offentlege tannhelsetenesta.
Sosialtjenesteloven av 1991 § 4-2 bokstav b om avlastingstiltak blei først vidareført i helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2 første ledd nr. 6 bokstav d. Etter ei lovendring i 2017 blei slike avlastingstiltak flytte til helse- og omsorgstjenesteloven § 3-6 nr. 2. Dette inneber at fylkeskommunen skal gi eit tilbod om tannhelsetenester til personar der pårørande som følgje av rusmiddelavhengigheita til vedkomande er blitt tildelt avlastningstiltak frå kommunen på grunn av særleg tyngjande omsorgsarbeid etter helse- og omsorgstjenesteloven § 3-6 nr. 2.
Når det gjeld omfanget av tannbehandlinga, blir det uttalt i rundskriv I-2/2006 at ein føreset at fylkeskommunane «sørger for at det gis et regelmessig og oppsøkende tannhelsetilbud til målgruppen. Omfanget av tannhelsetilbudet skal basere seg på en individuell vurdering av den enkeltes behov. Behandlingen skal følge den standard fylket legger til grunn for nødvendig tannhelsehjelp til de prioriterte grupper etter lov om tannhelsetjenesten».
Vidare har departementet i rundskriv I-2/2006 presisert at personar i kommunal rusomsorg skal få tannhelsetenester vederlagsfritt, og at prinsippa i vederlagsforskrifta skal leggjast til grunn så langt det er mogeleg. Sjå ovanfor i punkt 3.1.4 om desse prinsippa.
Tannhelsetilbodet til personar med rusmiddelavhengigheit som får behandling med legemiddelassistert rehabilitering (LAR) er særskilt omtalt og finansiert ved eiga overføring. Gruppa blei ved budsjettvedtak i Stortinget frå 1. januar 2008 gitt tilbod om tannbehandling gjennom ein auke i rammefinansieringa til fylkeskommunane på til saman 6,7 mill. kroner på det tidspunktet, sjå omtale i St.prp. nr. 1 (2007–2008), budsjettproposisjon frå Helse- og omsorgsdepartementet kapittel 718 og 727 med vedlegg III kap. 8.
Ordninga er beskrive i rundskrivet frå departementet I-4/2008 Vederlagsfrie tannhelsetjenester for personer under legemiddelassistert rehabilitering (LAR) fra 2008 – økning av rammebevilgningen til fylkeskommunene for 2008. Som det går fram av tittelen på rundskrivet er det lagt til grunn at tannhelsetjenestene skal vere vederlagsfrie. I retningslinjer på nettsidene til Helsedirektoratet går det fram at det skal bli gitt nødvendig tannhelsehjelp gratis når den rusmiddelavhengige har vore eller er meint å skulle vere i LAR i tre månader samanhengande. Departementet peiker på at LAR-behandling alltid er meint å vere langsiktig.
Tannhelsetenester til innsette i fengsel i kriminalomsorga
Fylkeskommunen skal sørgje for at tannhelsetenester i rimeleg grad er tilgjengelege for alle som bur eller oppheld seg i fylket. Dette inkluderer innsette i fengsel. Innsette i fengsel i kriminalomsorga er ikkje nemnd som pasientgruppe i tannhelsetjenesteloven § 1-3, og tannhelsetjenesteloven har inga føresegner som pålegg fylkeskommunen ansvar for å gi eit regelmessig og oppsøkjande tannhelsetilbod til innsette i fengsel. Dei fleste innsette er vaksne som ikkje blir omfatta av gruppene som er lista opp § 1-3 i loven, men dei yngste innsette er omfatta av plikta fylkeskommunen har til å gi eit tannhelsetilbod til innsette mellom 15 år (den kriminelle lågalderen) og 20 år. Andre innsette vil før og etter gjennomføring av straff kunne kome inn under ansvaret fylkeskommunen har for tannhelsetilbod til rusmiddelavhengige personar.
Fylkeskommunen i fylket der det enkelte fengselet ligg, får eit øyremerkt tilskot frå staten for å dekkje utgifter til tannhelsetenester til innsette i fengsel. Fylkeskommunane må sjølve vurdere behovet for å løyve midlar ut over det årlege tilskotet. Ansvaret til fylkeskommunen og organiseringa av tenesten er nærare beskrive i rundskriv IK-28/89 Rundskriv om tannhelsetjenesten for innsatte i fengsler og rettleiaren som Helsedirektoratet gav ut i 2013, IS-1971 Helse- og omsorgstjenester til innsatte i fengsel. Desse dokumenta skal etter planen bli erstatta våren 2024 av nye nasjonale faglege råd om kommunale helse- og omsorgstenester til innsette i fengsel.
Ein kan gi tannhelsetenester i tannklinikk i fengselet eller ved framstilling utanfor fengselet, slik at kriminalomsorga fraktar den innsette til annan tannklinikk. Kriminalomsorga må bere kostnadene til transporten. I fengslar der det ikkje er eigne klinikkar, er det fylkeskommunen som har ansvar for å organisere tannhelsetilbodet for dei innsette slik ein finn det formålstenleg.
Ifølgje rundskriv IK-28/89 og rettleiar IS-1971 bør tannhelsetenester i kriminalomsorga i hovudsak omfatte følgjande tilbod:
Nødvendig akuttbehandling til alle innsatte ved behov, uavhengig av oppholdets varighet.
Forebyggende tiltak med sikte på at den innsatte skal unngå forverring av tannstatus mens vedkommende soner og som et ledd i rehabilitering til et liv i frihet
En enklere orienterende tannhelseundersøkelse utført av helsepersonell som inngår i den generelle innkomstundersøkelsen ved forventet opphold utover tre måneder.
Tilbud om tannhelseundersøkelse og tannbehandling til innsatte med opphold lengre enn tre måneder. Det er rimelig å avgrense tannhelsetiltak for innsatte slik at behandlingsplan og mer omfattende rehabiliterende tannbehandling tilbys først når fengselsoppholdet er av noe lengre varighet.
Som nemnt over skal rundskriv og rettleiar etter planen bli erstatta av nye nasjonale faglege råd våren 2024.
3.2 Føresegn om prioriteringar i tannhelsetjenesteloven § 1-3
I samband med tannhelsetjenesteloven blir nemningane «prioriterte oppgaver» og «prioriterte grupper» nytta om persongruppene som fylkeskommunen har ansvar for å gi eit regelmessig og oppsøkjande tilbod til, jf. tannhelsetjenesteloven §§ 1-3 og 4-2. Tannhelsetjenesteloven § 1-3 andre ledd lyder:
«Gruppene i første ledd andre punktum bokstav a til e er listet opp i prioritert rekkefølge. Hvis ressursene ikke er tilstrekkelig for tilbud til alle gruppene, skal denne prioriteringen følges. Forebyggende tiltak prioriteres foran behandling.»
Det går fram av § 4-2 at «prioriterte grupper» er alle gruppene som er nemnde i § 1-3 første ledd, inklusive andre grupper som fylkeskommunen har vedtatt å prioritere etter bokstav e.
Fordi ein erfarte ulik praktisering av føresegna, utarbeidde Sosial- og helsedepartementet 20. mars 2000 rundskriv I-16/2000 Presisering av tannhelsetjenesteloven § 1-3 – innskrenkninger i det fylkeskommunale tannhelsetilbudet. Der blir det uttalt at fylkeskommunane ikkje kan vedta med heimel i § 1-3 (dåverande) siste ledd i loven at eit allereie etablert tilbod til ei av dei prioriterte gruppene i loven skal bli avslutta. Vidare blir det uttalt at fylkeskommunen ikkje kan vedta at ein pasient som inngår i ei av dei prioriterte gruppene, ikkje kan få behandling som er nødvendig fordi ressursane ikkje strekk til.
3.3 Om tannbehandling i EØS-land etter pasientrettighetsdirektivet og folketrygdloven § 5-24 a
Dei EØS-rettslege pliktene våre inneber at pasientar i bestemte situasjonar kan søkje helsehjelp i andre EØS-land og få refusjon for utgifter dersom refusjonsvilkåra er oppfylte, utan krav om førehandsgodkjenning av norske styresmakter. Når EØS-landa utformar helsetenestene sine, må dei halde seg innanfor grensane EØS-avtalen set. Når det gjeld fri rørsle av tenester, må reglane utformast slik at dei ikkje kjem i strid med EØS-avtalen artikkel 36, som svarer til EF-traktaten artikkel 49. For helsetenester følgjer det av praksis frå EF- og EFTA-domstolen at det vil utgjere ein restriksjon dersom den aktuelle nasjonale regelen gjer det vanskelegare å yte tenester mellom medlemslanda enn å yte tenester internt i eit land.
EU-landa vedtok i mars 2011 direktiv 2011/24/EU om pasientrettar ved grensekryssande helsetenester, pasientrettighetsdirektivet. Pasientrettighetsdirektivet var då i all hovudsak ei klargjering og regelfesting av retten pasientar hadde til refusjon av utgifter til helsehjelp i andre EU-land som følge av traktaten og praksisen til EU-domstolane.
Forskrift 22. november 2010 nr. 1466 om stønad til helsetjenester mottatt i et annet EØS-land tok til å gjelde i norsk rett 1. januar 2011 med heimel i folketrygdloven § 5-24 a. Forskrifta oppfyller Noregs forpliktingar om fri flyt av tenester etter EØS-avtalen og gjeldande rettspraksis. Tannhelsetenester er omfatta av refusjonsordninga på lik linje med andre helsetenester, jf. forarbeida til folketrygdloven § 5-24 a, Ot.prp. nr. 92 (2008–2009) punkt 7.2.3.
På same måte som for andre typar helsetenester, vil refusjon for tannhelsetenester berre vere aktuelt for tenester som blir ytte med heil eller delvis offentleg finansiering i Noreg. Pasientar som tilhøyrer gruppene som er nemnde i tannhelsetjenesteloven § 1-3 første ledd, har rett til nødvendig tannhelsehjelp i den fylkeskommunen dei bur i eller oppheld seg i mellombels, anten vederlagsfritt eller mot redusert betaling. Dette inneber at det blir gitt refusjon for behandling i andre EØS-land, i same omfang som utgiftene ville ha blitt dekt av fylkeskommunen dersom behandlinga var utført i Noreg.
Finansieringsansvaret til fylkeskommunen for slik tannbehandling i utlandet går fram av tannhelsetjenesteloven § 5-1 fjerde ledd.