Prop. 60 L (2023–2024)

Endringar i lov om tannhelsetjenesten mv. (rett til tannhelsetenester for unge vaksne, personar med rusmiddelavhengigheit mv.)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn

2.1 Bakgrunnen for forslaga

2.1.1 Vedtak i Stortinget – unge vaksne i alderen 21–24 år

I samband med at Stortinget behandla statsbudsjettet for 2022 blei det vedtatt å løyve 168 mill. kroner gjennom ramma til fylkeskommunane, slik at 21- og 22-åringar kunne få tilbod om tannhelsetenester mot eit vederlag på 50 prosent. Stortinget fatta oppmodingsvedtak om lovfesting av rett til nødvendige tannhelsetenester for denne pasientgruppa, vedtak 832 (2021–2022). I påvente av ei lovfesting av retten fekk 21- og 22-åringar i 2022 tilbod om tannhelsetenester frå fylkeskommunen med 50 prosent eigenbetaling, jf. rundskriv I-2/2022 Utvidet fylkeskommunalt tannhelsetilbud i 2022.

I forliket med SV om statsbudsjettet for 2023 blei det så vedtatt at den fylkeskommunale tannhelsetenesta i 2023 skulle styrkjast med 280 mill. kroner. Styrkinga var knytt til ei utviding av ansvaret til den fylkeskommunale tannhelsetenesta overfor fire nye årskull, aldersgruppa 23–26 år med 50 prosent eigenbetaling. Stortingsfleirtalet fatta oppmodingsvedtak om å lovfeste retten til nødvendige tannhelsetenester for pasientgruppa, vedtak 86 (2022–2023). Etter nærare drøftingar med SV vedtok regjeringa å fremje eit forslag i samband med revidert nasjonalbudsjett om ei endra utforming av retten. Den nye innretninga inneber at unge vaksne frå 21 til og med 24 år betaler eit vederlag på 25 prosent av takstane departementet har fastsett, som svarer til den gjeldande ordninga lovfesta i tannhelsetjenesteloven for 19- og 20-åringane. Denne innretninga inneber at 25- og 26-åringane ikkje får eit tilbod. Ho blei vedtatt av Stortinget i samband med behandling av revidert nasjonalbudsjett 2023, sjå Prop. 118 S (2022–2023).

Behandlingstilbodet skulle tre i kraft straks, og på denne bakgrunnen sendte departementet 24. mars 2023 ut rundskriv I-2/2023 Utvidet fylkeskommunalt tannhelsetilbud i 2023 til fylkeskommunane i landet, med skildring av utforminga av behandlingstilbodet til unge vaksne i alderen 21–24 år i den offentlege tannhelsetenesta. Etter dette skal unge vaksne i alderen 21–24 år allereie no få tilbod om tannbehandling i den offentlege tannhelsetenesta mot 25 prosent eigenbetaling.

2.1.2 Eksisterande tilbod i den offentlege tannhelsetenesta – personar med rusmiddelavhengigheit og innsette i fengsel i kriminalomsorga

Personar som på grunn av rusmiddelavhengigheit får tenester kommunen etter helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2 første ledd nr. 6 bokstav b eller § 3-6 nr. 2 , personar som er i legemiddelassistert rehabilitering i spesialisthelsetenesta og innsette i fengsel i kriminalomsorga, er pasientgrupper som i dag skal få eit tilbod om tannhelsetenester frå den offentlege tannhelsetenesta, men utan at dei har rett til nødvendig tannhelsehjelp etter tannhelsetjenesteloven. Se i punkt 3.1.6 om bakgrunnen for dette.

2.2 Nedsetjing av Tannhelseutvalget

Regjeringa oppnemnde 12. august 2022 eit utval som skal gå gjennom tannhelsefeltet. Utvalet skal gjere ein heilskapleg gjennomgang av tannhelsetenesta, som skal omfatte organiseringa, finansieringa og lovverket inkludert regulering og rettar. Prinsippa for prioritering i den samla helse- og omsorgstenesta, nytte, ressurs og alvorlegheit, slik dei er beskrivne i Meld. St. 38 (2020–2021), skal leggjast til grunn for gjennomgangen og for vurderingar og forslag.

Formålet er å leggje fram ulike modellar for ei tannhelseteneste som kan bidra til betre tilgjengelegheit i heile landet. Utvalet skal mellom anna utarbeide og vurdere forslag som kan sikre at tannhelsetenestene blir likestilte med andre helsetenester, medrekna modellar for tak på eigenandelar. Dette inneber å vurdere ein auke av det offentlege ansvaret for tannhelsetenester, til dømes gjennom den fylkeskommunale tannhelsetenesta, gjennom stønad til tannbehandling over folketrygda og/eller gjennom at tannhelsetenester blir integrerte i spesialisthelsetenesta.

Forslaget frå utvalet skal baserast på tilgjengeleg kunnskap og tilgjengelege utgreiingar, med utgangspunkt i statusen for, og eventuelle framskrivingar av, tannhelsa til befolkninga. Til dette kjem og sosiale og geografiske forskjellar i bruk og tilgang, årsaker til forskjellar, forholdet mellom tilbod i privat og offentleg regi, og dessutan forskjellar i prisar og behandling.

Utvalet skal levere den endelege rapporten sin innan utgangen av juni 2024.

2.3 Høyringa

2.3.1 Generelt

Forslag til lov- og forskriftsendringar blei sendt på høyring 12. juni 2023 med høyringsfrist 12. september 2023. Høyringsforslaget omfatta endringar i regelverket om kva grupper av pasientar som skal ha rett til nødvendig tannhelsehjelp i den offentlege tannhelsetenesta, kva vilkår som skal gjelde for rett til vederlagsfri behandling, rett til tilsvarande behandling i andre EØS-land og dessutan regelverk om prioritering mellom pasientgrupper. Det blei foreslått endringar i tannhelsetjenesteloven med relevante forskrifter.

2.3.2 Høyringsinstansane

Forslaga blei sende på høyring til dei følgjande instansane:

  • Departementa

  • Arbeid- og velferdsdirektoratet

  • Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

  • Bioteknologirådet

  • Datatilsynet

  • Dei regionale komiteane for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK)

  • Dei regionale kompetansesentera for rusmiddelspørsmål

  • Dei regionale ressurssentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging

  • Dei regionale odontologiske kompetanskesentra

  • Den nasjonale forskingsetiske komité for medisin og helsefag (NEM)

  • Den rettsmedisinske kommisjon

  • Digitaliseringsdirektoratet

  • Direktoratet for e-helse

  • Diskrimineringsnemnda

  • Folkehelseinstituttet

  • Forbrukartilsynet

  • Forbrukarrådet

  • Helsedirektoratet

  • Helsepersonellnemnda

  • Helseøkonomiforvaltninga (HELFO)

  • Høgskular med helsefagleg utdanning

  • Institutt for helse og samfunn HELSAM

  • Kreftregistret

  • Kriminalomsorga

  • Kriminalomsorgsdirektoratet

  • Nasjonalt klageorgan for helsetenesta (Helseklage)

  • Noregs forskingsråd

  • Norsk pasientskadeerstatning (NPE)

  • Pasient- og brukaromboda

  • Personvernnemnda

  • Regelrådet

  • Regionsentera for den psykiske helsa til barn og unge

  • Regjeringsadvokaten

  • Rådet for eit aldersvennleg Noreg

  • Senter for medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo

  • Senter for omsorgsforsking

  • Statens helsetilsyn

  • Statens legemiddelverk

  • Statens råd for likestilling av funksjonshemma

  • Statistisk sentralbyrå (SSB)

  • Statsforvaltarane

  • Sysselmeisteren på Svalbard

  • Universiteta

  • Velferdsforskingsinstituttet NOVA

  • Noregs institusjon for menneskerettar (NIM)

  • Riksrevisjonen

  • Sametinget

  • Sivilombodet

  • Dei fylkeskommunale eldreråda

  • Fylkeskommunane

  • Fylkesråda for funksjonshemma

  • Helse- og sosialombudet i Oslo

  • Kommunane

  • Dei regionale helseføretaka

  • Helseføretaka

  • Kommunalbanken AS

  • Nasjonal kompetansetjeneste for aldring og helse

  • Nasjonal kompetansetjeneste for sjeldne diagnoser

  • Nasjonalt kompetansemiljø om utviklingshemming – NAKU

  • Nasjonalt kompetansesenter for migrasjons- og minoritetshelse – NAKMI

  • Nasjonalt kompetansesenter for prehospital akuttmedisin – NAKOS

  • Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid – NAPHA

  • Nasjonalt råd for spesialistutdanning av leger og legefordeling

  • Nasjonalt senter for e-helseforskning

  • Nasjonalt senter for erfaringskompetanse innen psykisk helse

  • Norsk helsenett SF

  • Actis

  • ACOS AS

  • ADHD Norge

  • Akademikerne

  • A-larm bruker- og pårørendeorganisasjon for åpenhet om rus og behandling

  • Aleris Helse AS

  • Alliance Healthcare Norge Apotekdrift AS

  • Alliance Healthcare Norge AS

  • Allmennlegeforeningen

  • Amnesty International Norge

  • Anonyme alkoholikere

  • Apotek 1 Gruppen AS

  • Apotekforeningen

  • Apotekgruppen

  • Arbeiderbevegelsens rus- og sosialpolitiske forbund

  • Arbeidsgiverforeningen Spekter

  • Aurora – støtteforening for mennesker med psykiske helseproblemer

  • Autismeforeningen i Norge

  • Barn av rusmisbrukere – BAR

  • Barnekreftforeningen

  • BarnsBeste

  • Bedriftsforbundet

  • Bikuben – regionalt brukerstyrt senter

  • Bipolarforeningen

  • Blå Kors Norge

  • Borgestadklinikken

  • Buddhistforbundet

  • CGM (Compugroup Medical Norway AS)

  • Dedicare

  • Delta

  • Den norske advokatforening

  • Den norske dommerforening

  • Den norske jordmorforening

  • Den norske legeforening

  • Den norske tannlegeforening

  • Det Hjelper

  • Diabetesforbundet

  • DIPS ASA

  • DNT – edru livsstil

  • Erfaringssentrum

  • Europharma AS

  • Fagforbundet

  • Fagrådet innen rusfeltet i Norge

  • Familieklubbene i Norge

  • Fana medisinske senter

  • Farma Holding

  • Fellesorganisasjonen (FO)

  • Finans Norge

  • FMR Felleskap – Menneskeverd – Rusfrihet

  • Foreningen for blødere i Norge

  • Foreningen for hjertesyke barn

  • Foreningen for human narkotikapolitikk

  • Foreningen for Muskelsyke

  • Foreningen for kroniske smertepasienter

  • Foreningen Norges Døvblinde (FNDB)

  • Foreningen tryggere ruspolitikk

  • Foreningen vi som har et barn for lite

  • Forskerforbundet

  • Forskningsstiftelsen FAFO

  • Frambu

  • Frelsesarmeen

  • Frivillighet Norge

  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO)

  • Fürst medisinske laboratorium AS

  • Gatejuristen

  • Helseutvalget

  • HIV-Norge

  • Hjernerådet

  • Hvite Ørn – interesse- og brukerorganisasjon for psykisk helse

  • Hørselshemmedes Landsforbund

  • IKT Norge

  • Infodoc

  • Informasjonssenteret Hieronimus

  • Institutt for aktiv psykoterapi (IAP)

  • Institutt for barne- og ungdomspsykoterapi

  • Institutt for gruppeanalyse og gruppepsykoterapi

  • Institutt for mentalisering

  • Institutt for psykoterapi

  • Institutt for samfunnsforskning

  • IOGT Norge

  • IRIS

  • Ja, det nytter

  • Junior- og barneorganisasjonen JUBA

  • JURK – Juridisk rådgivning for kvinner

  • Juss-Buss

  • Jussformidlingen

  • Jusshjelpa

  • Juvente

  • Kirkens bymisjon

  • Kliniske ernæringsfysiologiske forening

  • Kommunal landspensjonskasse

  • Kompetansesenter for brukererfaring og tjenesteutvikling (KBT)

  • Kreftforeningen

  • KS – Kommunesektorens organisasjon

  • Landsforbundet for utviklingshemmede og pårørende (LUPE)

  • Ivareta – Pårørende berørt av rus

  • Landsforeningen 1001 dager – mental helse under graviditet og etter fødsel

  • Landsforeningen Alopecia Areata

  • Landsforeningen for etterlatte ved selvmord – LEVE

  • Landsforeningen for Huntingtons sykdom

  • Landsforeningen for Nyrepasienter og Transplanterte

  • Landsforeningen for pårørende innen psykisk helse

  • Landsforeningen for slagrammede

  • Landsforeningen mot fordøyelsessykdommer

  • Landsforeningen we shall overcome

  • Landsgruppen av psykiatriske sykepleiere

  • Landsgruppen av helsesøstre, NSF

  • Landslaget for rusfri oppvekst

  • Landsorganisasjonen i Norge (LO)

  • Legeforeningens forskningsinstitutt

  • Legemiddelgrossistforeningen

  • Legemiddelindustrien

  • Legemiddelparallellimportørforeningen

  • Legestudentenes rusopplysning

  • LFSS – Landsforeningen for forebygging av selvskading og selvmord

  • LHL

  • LHL Hjerneslag og Afasi

  • Likestillingssenteret

  • LISA-gruppene

  • MA – Rusfri Trafikk

  • Marborg

  • Matmerk

  • Mental Helse Norge

  • Mental Helse Ungdom

  • MiRA- Ressurssenter for kvinner med minoritetsbakgrunn

  • Moreno-instituttet – Norsk psykodramainstitutt

  • Munn- og halskreftforeningen

  • MS–forbundet

  • NA – Anonyme Narkomane

  • Nasjonalforeningen for folkehelsen

  • NIOM (Nordic institute of dental materials)

  • NORCE Norwegian Research Center AS

  • Norges Astma- og Allergiforbund

  • Norges Blindeforbund

  • Norges Døveforbund

  • Norges Farmaceutiske Forening

  • Norges Fibromyalgi Forbund

  • Norges Handikapforbund

  • Norges kristelige legeforening

  • Norges ingeniør og teknologiorganisasjon/Bioingeniørfaglig institutt (NITO/BFI)

  • Norges Juristforbund

  • Norges kommunerevisorforbund

  • Norges kvinne- og familieforbund

  • Norges Parkinsonforbund

  • Norges Tannteknikerforbund

  • Norlandia

  • Normal Norge

  • Norsk barne- og ungdomspsykiatrisk forening

  • Norsk Biotekforum

  • Norsk Cøliakiforening

  • Norsk Epilepsiforbund

  • Norsk Ergoterapeutforbund

  • Norsk Farmasøytisk Selskap

  • Norsk Forbund for Osteopatisk Medisin

  • Norsk Forbund for psykoterapi

  • Norsk Forbund for Svaksynte

  • Norsk Forbund for Utviklingshemmede

  • Norsk Forening for barn og unges psykiske helse (N-BUP)

  • Norsk Forening for cystisk fibrose

  • Norsk Forening for Ernæringsfysiologer

  • Norsk forening for infeksjonsmedisin

  • Norsk forening for kognitiv terapi

  • Norsk Forening for nevrofibromatose

  • Norsk forening for palliativ medisin

  • Norsk Forening for Psykisk Helsearbeid

  • Norsk forening for rus- og avhengighetsmedisin (NFRAM)

  • Norsk forening for slagrammede

  • Norsk Forening for Tuberøs Sklerose

  • Norsk Forum for terapeutiske samfunn

  • Norsk Fysioterapeutforbund

  • Norsk Førstehjelpsråd

  • Norsk Gestaltterapeut forening

  • Norsk gynekologisk forening

  • Norsk Helsesekretærforbund

  • Norsk Immunsviktforening

  • Norsk Intravenøs Forening

  • Norsk karakteranalytisk institutt

  • Norsk Kiropraktorforening

  • Norsk legemiddelhåndbok

  • Norsk Logopedlag

  • Norsk Manuellterapeutforening

  • Norsk Medisinaldepot AS

  • Norsk OCD forening, ANANKE

  • Norsk Ortopedisk Forening

  • Norsk Osteopatforbund

  • Norsk Osteoporoseforening

  • Norsk Pasientforening

  • Norsk Presseforbund

  • Norsk Psoriasis Forbund

  • Norsk Psykiatrisk Forening

  • Norsk Psykoanalytisk Forening

  • Norsk Psykologforening

  • Norsk Radiografforbund

  • Norsk Revmatikerforbund

  • Norsk selskap for ernæring

  • Norsk senter for stamcelleforskning

  • Norsk sykehus- og helsetjenesteforening (NSH)

  • Norsk sykepleierforbund

  • Norsk Tannhelsesekretærers Forbund

  • Norsk Tannpleierforening

  • Norsk Tjenestemannslag (NTL)

  • Norsk Tourette Forening

  • Norske Fotterapeuters Forbund

  • Norske Homeopaters Landsforbund

  • Norske Kvinners Sanitetsforening

  • Norske Ortoptister forening

  • Norske Sykehusfarmasøyters Forening

  • NUPI

  • Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)

  • Organisasjonen Voksne for Barn

  • Oslo amatørbryggerlaug

  • Omsorgsjuss

  • Parat Helse

  • Pensjonistforbundet

  • Personskadeforbundet

  • Private sykehus

  • Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund

  • Prima Omsorg

  • Program for helseøkonomi i Bergen

  • proLAR

  • Psykiatrialliansen BIL

  • Pårørendealliansen

  • Pårørendesenteret

  • Rettspolitisk forening

  • ROM – Råd og muligheter

  • ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser

  • Rusmisbrukernes interesseorganisasjon (RIO)

  • Ryggforeningen i Norge

  • Ryggmargsbrokk- og Hydrocephalusforeningen

  • Røde Kors

  • Rådet for psykisk helse

  • Sagatun brukerstyrt senter

  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO)

  • Selvhjelpsstiftelsen

  • Senior Norge

  • Seniorstøtten

  • Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE)

  • Senter for psykoterapi og psykososial rehabilitering ved psykoser (SEPREP)

  • Senter for seniorpolitikk

  • SINTEF Helse

  • Sintef Unimed, Helsetjenesteforskning i Trondheim

  • Skeiv ungdom

  • Spillavhengighet Norge

  • Spiseforstyrrelsesforeningen

  • Stabburshella bruker- og pårørendeforum og værested

  • Statstjenestemannsforbundet

  • Stiftelsen Albatrossen ettervernsenter

  • Stiftelsen Angstringen Norge (ARN)

  • Stiftelsen Det er mitt valg

  • Stiftelsen Fransiskushjelpen

  • Stiftelsen Golden Colombia

  • Stiftelsen Institutt for spiseforstyrrelser

  • Stiftelsen iOmsorg

  • Stiftelsen Kraft

  • Stiftelsen Menneskerettighetshuset

  • Stiftelsen Norsk Luftambulanse

  • Stiftelsen Organdonasjon

  • Stiftelsen Phoenix Haga

  • Stiftelsen Pinsevennenes evangeliesentre

  • Stiftelsen Psykiatrisk Opplysning

  • Stiftelsen Pårørendesenteret

  • Stiftelsen Verdighetssenteret – omsorg for gamle

  • Stoffskifteforbundet

  • Tannleger i privat sektor TiPS

  • Tekna

  • Teknologirådet

  • Trust Arktikugol

  • Turner Syndrom foreningen i Norge

  • Tyrili Utvikling og prosjekt – stiftelse

  • Ungdom mot narkotika – UMN

  • Ung i Trafikk

  • Unio

  • Universitets- og høyskolerådet

  • Utdanningsforbundet

  • Utviklingssentrene for sykehjem og hjemmetjenester

  • Vestlandske Blindeforbund

  • Virke

  • Visma

  • Volvat Medisinske Senter AS

  • Vårres regionalt brukerstyrt senter Midt-Norge

  • Yngre legers forening

  • Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS)

2.3.3 Høyringsutsegnene

Departementet har fått svar frå i alt 66 høyringsinstansar.

Blant desse var det 12 som svarte at dei ikkje har merknadar eller ikkje kjem med høyringsutsegn. Dette var følgjande høyringsinstansar:

  • Forsvarsdepartementet

  • Justis- og beredskapsdepartementet

  • Klima- og miljødepartementet

  • Samferdselsdepartementet

  • Den rettsmedisinske kommisjon

  • Forskningsrådet v/ Avdeling for helse

  • Noregs forskningsråd

  • Statistisk sentralbyrå (SSB)

  • Helse Førde HF

  • Helse Sør-Øst RHF

  • Norsk osteopatforbund

  • Pilar – kompetansetjenesten for psykisk helse og barnevern

Dei følgjande 54 høyringsinstansane gav utsegn til forslaga:

  • Helsedirektoratet

  • Høgskolen i Innlandet

  • Kriminalomsorgsdirektoratet

  • Pasient- og brukerombudet

  • Statens helsetilsyn

  • Universitetet i Oslo, Det odontologiske fakultet

  • Agder fylkeskommune

  • Innlandet fylkeskommune

  • Møre og Romsdal fylkeskommune

  • Nordland fylkeskommune

  • Trøndelag fylkeskommune

  • Vestfold og Telemark fylkeskommune

  • Vestland fylkeskommune

  • Viken fylkeskommune

  • Kristiansand kommune

  • Oslo kommune v/byrådsavdeling for helse, eldre og innbyggertjenester

  • Ringerike kommune

  • Trondheim kommune

  • Vennesla kommune

  • Volda kommune

  • Ålesund kommune

  • Tannhelse Rogaland FKF

  • Helse Midt-Norge RHF

  • Actis – rusfeltets samarbeidsorgan

  • Autismeforeningen i Norge

  • Blå Kors Norge

  • Colosseumklinikken AS

  • Den norske tannlegeforening

  • Det Hjelper, bruker- og pårørendeorganisasjon

  • Epilepsiforbundet

  • Fagforbundet

  • Fellesorganisasjonen (FO)

  • Gatejuristen

  • Helsesenteret for papirløse migranter (Kirkens Bymisjon og Røde Kors)

  • KS

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Mental Helse Norge

  • Norges Farmaceutiske Forening

  • Norges Tannteknikerforbund

  • Norsk Forbund for Utviklingshemmede

  • Norsk psykiatrisk forening

  • Norsk psykologforening

  • Norsk Revmatikerforbund

  • Norsk Spesialistforening i Pedodonti (NSP)

  • Norsk studentorganisasjon (NSO)

  • Norsk Sykepleierforbund

  • Norsk Tannpleierforening

  • Rettspolitisk forening

  • Rådet for psykisk helse

  • Senior Norge

  • Sentralt ungdomsråd i Oslo (SUR)

  • Spillavhengighet Norge

  • Spiseforstyrrelsesforeningen

  • Tannhelsesekretærenes Forbund

Høyringsutsegnene er omtalte under dei aktuelle punkta i proposisjonen. Dei delane av høyringsutsegnene som gjeld forskriftsendringane som var på høyring saman med lovendringane, vil bli vurderte i samband med at forskriftsendringane skal fastsetjast. Forskriftsendringane føreset at Stortinget gir si tilslutning til dei lovendringane som blir foreslått i denne proposisjonen.

Til forsida