Meld. St. 4 (2024–2025)

Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2023–2024

Til innholdsfortegnelse

9 Justis- og beredskapsdepartementet

Nedanfor gir departementet ei oversikt over oppfølginga av oppmodingsvedtak under Justis- og beredskapsdepartementet. Oversikta inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen 2023–2024, i tillegg til dei vedtaka frå tidlegare stortingssesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 239 S (2023–2024) meinte ikkje var følgde opp. I enkelte tilfelle kan oppfølginga av vedtaka vere meir omfattande forklart under det aktuelle programområdet i proposisjonen. I desse tilfella vil det vere ein referanse til kvar denne teksten finst.

I den fjerde kolonna i tabellen nedanfor går det fram om departementet planlegg at rapporteringa på oppmodingsvedtaket no blir avslutta, eller om departementet vil rapportere konkret på vedtaket også i budsjettproposisjonen til neste år.

Sjølv om det i tabellen blir opplyst om at rapporteringa blir avslutta, vil det i ein del tilfelle kunne vere slik at oppfølginga av alle sider av vedtaket ikkje er endeleg avslutta. Dette kan t.d. gjelde vedtak med oppmoding til regjeringa om å vareta særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, der oppfølginga vil kunne gå over mange år. Stortinget vil i desse tilfella bli orientert om den vidare oppfølginga på ordinær måte, gjennom omtale av det relevante politikkområdet i budsjettproposisjonar og andre dokument.

Tabell 9.1 Oversikt over oppmodingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapporteringa blir avslutta (ja/nei)

2023–2024

70

Fritt rettsråd ved utvising av utlending

Nei

2023–2024

71

Alternativ til utvising av utlending med barn

Nei

2023–2024

83

Advokatordning for innsette i fengsel

Nei

2023–2024

109

Forbod mot marknadsføring av kreditt

Nei

2023–2024

136

Omvend valdsalarm skal vurderast før hemmeleg adresse for barn

Nei

2023–2024

137

Omsynet til barnet skal følgje direkte av lova ved elektronisk kontroll av besøksforbod

Nei

2023–2024

138

Sikre støtte til forsking på alle former for ekstremisme

Ja

2023–2024

140

Betre reintegrering av ekstremistar

Nei

2023–2024

141

Oppfølging etter straffesoning

Nei

2023–2024

143

Erfaringar frå ordninga med radikaliseringskontaktar i politiet

Ja

2023–2024

157

Vurdere om domstolen bør ha ei meir aktiv rolle i straffegjennomføringa for barn og unge

Ja

2023–2024

158

Rett til offentleg oppnemnd forsvarar i ungdomsplanmøte

Ja

2023–2024

159

Etablering av hurtigspor

Ja

2023–2024

160

Juridisk gjennomgang av relevant lovverk

Nei

2023–2024

161

Fremme forslag om nye lovendringar – ungdomsstraff og ungdomsoppfølging

Ja

2023–2024

457

Styrke den kommunale beredskapen for ekstremvêr og følgjehendingar

Nei

2023–2024

507

Habilitet

Nei

2023–2024

508

Habilitet

Nei

2023–2024

509

Habilitet

Nei

2023–2024

510

Habilitet

Nei

2023–2024

511

Habilitet

Nei

2023–2024

525

Transnasjonal undertrykking – oppfølging av rapportar

Ja

2023–2024

561

Forsyningstryggleik – oppfølging av Totalberedskapskommisjonen

Nei

2023–2024

562

Forsyningstryggleik – sikre mest mogleg normal handel og produksjon av mat i kriser

Nei

2023–2024

613

Utgreiing av forslag til lovfesting av kommunale handlingsplanar

Nei

2023–2024

616

Utvide målgruppa for barnehusa

Nei

2023–2024

617

Forslag om å utvide målgruppa for barnehusa til barn mellom 16 og 18 år

Nei

2023–2024

618

Gjennomgang av reglane for dødsstadsundersøkingar

Nei

2023–2024

634

Endringar i politilova og vaktverksemdlova

Nei

2023–2024

645

Oppfølgingsforsking etter angrepet 25. juni

Ja

2023–2024

658

Tiltak mot æreskriminalitet, lik rett til skilsmisse

Nei

2023–2024

719

Organisering av advokatverksemd

Nei

2023–2024

723

Evaluering av valdserstatningslova

Nei

2023–2024

727

Fri rettshjelp til offer for lønnstjuveri

Nei

2023–2024

754

Opprette nytt politirolleutval

Nei

2023–2024

755

Fleirårige planar for politiet

Nei

2023–2024

758

Eigarskapskontroll – greie ut plikt til å søke løyve til kjøp av visse eigedommar

Nei

2023–2024

762

Nasjonal tryggleiksstrategi

Nei

2023–2024

766

Forelding av krav som er under klagebehandling

Nei

2023–2024

767

Bevisførsel om opplysning underlagd teieplikt hos Sivilombodet

Nei

2023–2024

771

Utanlandske kvinner utsette for vald, vidare opphald

Nei

2023–2024

916

Lov om forbrukarleige av ting

Nei

2022–2023

131

Oppretting av permanent partnardrapskommisjon

Ja

2022–2023

132

Nasjonalt førebyggingsprogram mot partnarvald og partnardrap

Nei

2022–2023

133

Kommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar

Nei

2022–2023

134

Oppdatert kunnskapsgrunnlag om vald i nære relasjonar

Ja

2022–2023

135

Bruk av åleinesamtalar i hjelpeapparatet

Ja

2022–2023

136

Betre dokumentering og informasjonsutveksling i hjelpeapparatet

Nei

2022–2023

139

Elektronisk kontroll ved fotlenke med GPS-sendar for forvaringsdømde

Nei

2022–2023

445

Greie ut forliksrådsordninga

Nei

2022–2023

615

Endringar i reglane om avhøyr av vitne som bur på sperra adresse

Ja

2022–2023

616

Endringar i tvistelova – innstilling av saker i forliksrådet som følgje av lang behandlingstid

Nei

2022–2023

617

Endringar i reglane om gjenopning av sivile saker som er dømde som del av ein straffesak

Ja

2022–2023

618

Sakskostnader i sivile saker

Nei

2022–2023

644

Enklare og meir forbrukarvennleg regelverk for gåvekort

Nei

2022–2023

653

Stortingsmelding om kriminalomsorga

Nei

2022–2023

729

A-krimsenter

Nei

2022–2023

843

Yrkesskadeerstatningsordning for tilsette i kriminalomsorga

Ja

2021–2022

35.49

Ny rettshjelpsordning

Nei

2021–2022

372

Utgreiing av fråvikelege lovreglar om sambuarskap

Nei

2021–2022

420

Straffeføresegn om seksuell utnytting av barn

Nei

2021–2022

504

Organisering av advokatverksemd

Nei

2021–2022

505

Overgangsreglar i advokatlova

Ja

2021–2022

506

Organisering av advokatverksemd

Nei

2021–2022

579

Vurdering av naturskadeforsikringsordninga

Nei

2021–2022

581

Utgreiing av meldeplikt for norske tenesteleverandørar

Nei

2021–2022

582

Regelverk om varsling frå kriminalomsorga

Nei

2021–2022

589

Forseinkingsrente på regresskravet frå staten mot skadevaldar i valdserstatningssaker

Ja

2021–2022

654

Tryggleik for personar med funksjonshindring

Nei

2021–2022

795

Forbod mot sal av forfalne fordringar

Nei

2021–2022

831

Offentleg helsetilbod ved Politiets utlendingsinternat

Ja

2020–2021

47

Utviding av avverjingsplikta

Nei

2020–2021

50

Forelding av lovbrot mot mindreårige

Nei

2020–2021

64

Tilgjengelege dopingopplysningar

Nei

2020–2021

65

Straff for den som tener pengar på idrettsprestasjonar som følgje av doping

Nei

2020–2021

206

Klarare skilje mellom konvensjonsstatus (asyl) og subsidiært vern

Nei

2020–2021

208

Klarlegging av identitet

Nei

2020–2021

443

Høgare straff for barn som er involverte i gjenteken kriminalitet

Nei

2020–2021

446

Tiltak for å auke talet på inndragingar

Nei

2020–2021

627

Fornyingsordning for barneomsorgsattest

Nei

2020–2021

628

Gjennomgang av barneomsorgsattestordninga

Nei

2020–2021

681

Oppretting av eit nasjonalt våpenregister

Nei

2020–2021

682

Identitetsskjerming for polititilsette

Nei

2020–2021

712

Straff for å tvinge barn til utlandet

Nei

2020–2021

729

Nasjonal langtidsplan for beredskap

Nei

2020–2021

730

Totalberedskapsutval

Nei

2020–2021

739

Nordisk samarbeid innan samfunnstryggleik

Nei

2020–2021

742

Brann til sjøs

Nei

2020–2021

743

Tilfluktsrom

Nei

2020–2021

799

ADR-kontroll

Nei

2020–2021

814

Nasjonal eigarskap og kontroll

Nei

2020–2021

848

Heilskapleg gjennomgang av verjemålsordninga

Nei

2020–2021

983

Etablering av ny redningshelikopterbase i Tromsø og felles operasjon med helikoptertenesta til Sysselmeisteren

Nei

2020–2021

1116

Sperring av opplysningar i reaksjonsregisteret

Nei

2020–2021

1117

Gjennomgang av praksis for tilbakekall av førarrett

Ja

2020–2021

1159

Unntak frå forelding for seksuallovbrot mot barn

Nei

2020–2021

1161

Internasjonale kriminelle organisasjonar

Nei

2020–2021

1162

Tilgang på straffeprosessuelle tvangsmiddel

Nei

2020–2021

1343

Kompensasjonsordning for tapt arbeidsforteneste for frivillige i redningstenesta

Nei

2019–2020

436

Elektroniske fraktbrev

Nei

2019–2020

515

Reklamasjonsfrist på bustader

Nei

2017–2018

788

Utanlandsopphald

Nei

2017–2018

795

Eige lovverk for Statens barnehus

Nei

2016–2017

523

Korrupsjonsføresegnene i straffelova

Nei

9.1 Stortingssesjon 2023–2024

Fritt rettsråd ved utvising av utlending

Vedtak nr. 70, 4. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen innen 1. juli 2024 fremme et forslag om innføring av fritt rettsråd for flyktninger med barn i Norge, som er foreslått utvist på grunn av brudd på straffeloven.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 2 S (2023–2024) frå finanskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Regjeringa fremma 14. juni 2024 Prop. 112 L (2023–2024) Endringer i utlendingsloven mv. (utvidet hjemmel for forskrifter om fritt rettsråd). Vidare sende Justis- og beredskapsdepartementet ut ei høyring om endringar i reglane om fritt rettsråd i utlendingsforskrifta 25. juni 2024. Høyringsfristen var 27. september 2024.

Alternativ til utvising av utlending med barn

Vedtak nr. 71, 4. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen i løpet av 2024 følgje opp Baumann-rapportens forslag, som en samlet arbeidsgruppe stod bak, om at det for enkelte typer utvisningssaker som omfatter utlendinger med barn i Norge som hovedregel skal ilegges krav til tilleggstid for permanent oppholdstillatelse, istedenfor utvisning.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 2 S (2023–2024) frå finanskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet ga 8. mai 2024 ein instruks til Utlendingsdirektoratet, GI-03/2024 Om utvisning av forelder med barn i Norge for brudd på utlendingsloven, når familielivet ikke kan videreføres i forelderens hjemland, og om betydningen av integrering, og ein instruks til Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda, GI-04/2024 Utsatt iverksetting av utvisningsvedtak i saker om brudd på utlendingsloven som omhandlet i GI-03/2024. Vidare sende departementet 28. mai i år ut på høyring eit forslag til endringar i utlendingsforskrifta om utvising av forelder med mindreårig barn i Noreg. Høyringsfristen var 1. september 2024.

Advokatordning for innsette i fengsel

Vedtak nr. 83, 21. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen opprette en advokatordning for innsatte i norske fengsler innen 1.1.2025, og komme tilbake til hvordan en slik ordning kan innrettes i løpet av 2024.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 2 S (2023–2024) frå finanskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet gav Kriminalomsorgsdirektoratet eit oppdrag i februar 2024 om å greie ut korleis det vil vere formålstenleg å innrette ei advokatordning for innsette i norske fengsel. Utgreiinga vart levert i mai 2024 og er under behandling.

Forbod mot marknadsføring av kreditt

Vedtak nr. 109, 7. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å innføre forbud mot markedsføring av kreditt (usikret lån) og forbrukslån.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:5 S (2023–2024) og Innst. 81 S (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. EU har vedteke nytt direktiv om forbrukarkredittavtalar (EU) 2023/2225, som mellom anna inneheld reglar om marknadsføring av kredittavtalar.

Omvend valdsalarm skal vurderast før hemmeleg adresse for barn

Vedtak nr. 136, 12. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen utrede bruk av omvendt voldsalarm før beslutning om at barn må flytte og bo på hemmelig adresse/kode 6.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 128 L (2022–2023) og Innst. 89 L (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Omsynet til barnet skal følgje direkte av lova ved elektronisk kontroll av besøksforbod

Vedtak nr. 137, 12. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med et forslag om at det skal fremgå direkte av loven at hensynet til barn skal ha særlig vekt i vurderingen av om elektronisk kontroll ved besøksforbud er nødvendig og forholdsmessig.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 128 L (2022–2023) og Innst. 89 L (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Sikre støtte til forsking på alle former for ekstremisme

Vedtak nr. 138, 12. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen sikre at det gis støtte til forskning på alle former for ekstremisme for å kunne forebygge på en bedre måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:246 S (2022–2023) og Innst. 93 S (2023–2024).

Vedtaket er følgt opp. Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for den nasjonale koordineringa av forsking på ekstremisme, men kvar enkelt sektor har ansvar for at det blir gjennomført relevant forsking på deira område. I den reviderte nasjonale kontraterrorstrategien (2022) er kunnskap og kompetanse peika ut som eitt av fem innsatsområde. Eitt tiltak er at bestilling av ny forsking på kontraterrorfeltet skal understøtte det eksisterande behovet for oppdatert kunnskap om forhold ved utfordrings- og trusselbiletet og om effektive førebyggjande tiltak.

Framtidige kunnskapsbehov på feltet og eventuelle endringar i ordningar for finansiering blir jamleg diskutert i det tverrsektorielle samarbeidet om førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme.

Betre reintegrering av ekstremistar

Vedtak nr. 140, 12. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen sikre bedre reintegrering av ekstreme gjennom forbedrede exit-program, blant annet gjennom å oppdatere veilederen for exit-arbeid.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:246 S (2022–2023) og Innst. 93 S (2023–2024).

Vedtaket er under behandling. I Noreg har vi ikkje eit eige nasjonalt exit-program for enkeltpersonar som søker bistand for å trekkje seg ut av ekstreme miljø. Dette arbeidet blir handtert i dei etablerte strukturane som har ansvar for og kompetanse til å førebyggje radikalisering og ekstremisme. Exit-arbeidet blir skreddarsydd til den enkelte som ønskjer seg ut av eit ekstremistisk miljø eller tankesett, og blir gjennomført på tvers av etatar og fagmiljø. Den eksisterande rettleiaren for dette arbeidet skal oppdaterast i samband med arbeidet med den kommande stortingsmeldinga om førebygging av ekstremisme.

Oppfølging etter straffesoning

Vedtak nr. 141, 12. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen følge opp evalueringsrapporten om reintegreringstiltak etter endt straffesoning.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:246 S (2022–2023) og Innst. 93 S (2023–2024).

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet legg til grunn at evalueringsrapporten som regjeringa blir beden om å følgje opp, er rapporten Evaluering av forebyggingstiltak mot radikalisering under straffegjennomføringen, som vart utarbeidd av Rambøll på oppdrag frå kriminalomsorga og offentleggjort i april 2023.

Erfaringar frå ordninga med radikaliseringskontaktar i politiet

Vedtak nr. 143, 12. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen innhente erfaringer fra ordningen med radikaliseringskontakter i politiet og sikre god erfaringsutveksling.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:246 S (2022–2023) og Innst. 93 S (2023–2024).

Vedtaket er følgt opp. Politidirektoratet fekk i oppdrag å lyse ut og følgje opp ei evaluering av ordninga med radikaliseringskontaktar i politiet. Formålet var å identifisere effektar av ordninga og å vurdere behov for endringar. Evalueringa vart gjennomført av Politihøgskolen. Rapporten vart offentleggjord i oktober 2023 og blir følgd opp i regi av Politidirektoratet. Evaluering og vidareutvikling av radikaliseringskontaktordninga er og ein del av politiet si oppfølging av 25. juni-utvalets rapport.

Vurdere om domstolen bør ha ei meir aktiv rolle i straffegjennomføringa for barn og unge

Vedtak nr. 157, 12. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen vurdere om domstolen bør ha en mer aktiv rolle i straffegjennomføringen både med hensyn til fastsetting av vilkår i straffen og for å kunne følge opp gjennomføringen av denne, etter mønster fra narkotikaprogram med domstolskontroll.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 139 L (2022–2023), Innst. 86 L (2023–2024) frå justiskomiteen og Lovvedtak 23 (2023–2024).

Vedtaket er følgt opp. Lov 20. desember 2023 nr. 110 inneheld ei rekkje endringar som skal gi domstolane fleire handlingsalternativ og større rom for individuelle vurderingar, og endringar som skal leggje til rette for betre samarbeid på tvers av sektorar. I juni 2024 fremma regjeringa Prop. 114 (2023–2024) om ytterlegare endringar i dei strafferettslege reaksjonane for ungdom: ungdomsstraff og ungdomsoppfølging. Justis- og beredskapsdepartementet vurderer det ikkje som formålstenleg å gi domstolane ei meir aktiv rolle i straffegjennomføringa utover dei vedtekne endringane og forslaga til nye endringar.

Rett til offentleg oppnemnd forsvarar i ungdomsplanmøte

Vedtak nr. 158, 12. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen vurdere endringer i angjeldende lovverk vedrørende rett til oppnevnt forsvarer i ungdomsplanmøte både ved ungdomsoppfølging og ved ungdomsstraff.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 139 L (2022–2023), Innst. 86 L (2023–2024) frå justiskomiteen og Lovvedtak 23 (2023–2024).

Vedtaket er følgt opp. Ved lov 20. desember 2023 nr. 110 er retten til offentleg oppnemnd forsvarar utvida til å gjelde alle saker der ungdom blir idømde ungdomsstraff. Vidare blir det innført ein rett til fritt rettsråd utan behovsprøving i ein klageprosess, både ved ungdomsstraff og ungdomsoppfølging. I Prop. 114 (2023–2024), som vart fremma i juni 2024, er det foreslått ei ytterlegare utviding av retten til offentleg oppnemnd forsvarar til også å gjelde under ungdomsplanmøtet ved ungdomsoppfølging.

Etablering av hurtigspor

Vedtak nr. 159, 12. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen fremme de nødvendige lovendringsforslag for å sikre etableringen av et hurtigspor for rask pådømmelse av lovbrudd begått av gjerningspersoner som var under 18 år på handlingstidspunktet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 139 L (2022–2023), Innst. 86 L (2023–2024) frå justiskomiteen og Lovvedtak 23 (2023–2024).

Vedtaket er følgt opp. I Prop. 114 (2023–2024), som vart fremma i juni 2024, er det bl.a. foreslått å leggje til rette for at det lokalt kan etablerast hurtigspor for rask dømming av lovbrot som gjerningspersonar under 18 år har gjort seg skuldige i.

Juridisk gjennomgang av relevant lovverk

Vedtak nr. 160, 12. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen foreta en juridisk gjennomgang av relevant lovverk knyttet til taushetsplikt og informasjonsplikt for alle relevante instanser som jobber med barn og unge som har høy risiko for å begå alvorlige lovbrudd, med spesielt henblikk på mulighetsrommet for informasjonsflyt.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 139 L (2022–2023), Innst. 86 L (2023–2024) frå justiskomiteen og Lovvedtak 23 (2023–2024).

Vedtaket er under behandling, og vil sjåast i samanheng med arbeidet med regelverksutvikling for å motverke gjengkriminalitet.

Fremme forslag om nye lovendringar – ungdomsstraff og ungdomsoppfølging

Vedtak nr. 161, 12. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen utrede forslag som ivaretar intensjonen i lovendringene som er skissert i brev fra justiskomiteen av 28. november 2023 til Justis- og beredskapsdepartementet, og fremme lovendringsforslag i løpet av våren 2024.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 139 L (2022–2023), Innst. 86 L (2023–2024) frå justiskomiteen og Lovvedtak 23 (2023–2024).

Vedtaket er følgt opp. Regjeringa fremma i juni 2024 Prop. 114 (2023–2024). Forslaga i proposisjonen gjeld dei strafferettslege reaksjonane for ungdom, ungdomsstraff og ungdomsoppfølging, og følgjer direkte opp Stortingets vedtak nr. 158, 159 og 161 av 12. desember 2023.

Styrke den kommunale beredskapen for ekstremvêr og følgjehendingar

Vedtak nr. 457, 16. januar 2024

«Stortinget ber regjeringen vurdere tiltak for å styrke den kommunale beredskapen for ekstremvær og følgehendelser, herunder støtte oppunder økt øvingsfrekvens, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 26 (2022–2023) Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn og Innst. 161 S (2023–2024).

Vedtaket er under behandling. Konkrete tiltak for å styrke den kommunale beredskapen er beskrive i Meld. St. 27 (2023–2024) Tryggare framtid – førebudd på flaum og skred. Oppfølgingstiltaka som vurderast er mellom anna å styrke krava til kunnskapsgrunnlaget som skal leggjast til grunn ved utarbeiding av heilskapleg ROS og å bedra oppfølginga av funn i heilskapleg ROS. Et anna tiltak er å klargjere og styrke samanhengen mellom arbeidet med samfunnstryggleik etter sivilbeskyttelsesloven (heilskapleg ROS) og etter plan- og bygningsloven. Regjeringa foreslår òg å styrke statsforvalterne med 34 mill. kroner, mellom anna for å intensivere deira arbeid med å understøtte kommunanes beredskapsarbeid. Dette vil departementet konkretisere i samband med utarbeidinga av tildelingsbrev for 2025 til både Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap og statsforvaltaren.

Habilitet

Vedtak nr. 507, 5. mars 2024.

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre en tverrgående analyse av hvordan departementene driver opplæring i habilitetsregelverket, hvordan det praktiseres, og hvordan embetsverket bistår politisk ledelse. Basert på dette ber Stortinget regjeringen om å vurdere å utforme en felles mønsterpraksis som legges til grunn som et minimum i alle departementene.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 215 S (2023–2024).

Vedtaket er under behandling. Vedtaket har ei side til spørsmål som blir vurderte i samband med arbeidet med ein proposisjon om ny forvaltningslov, som regjeringa tek sikte på å fremme våren 2025. Ved sida av arbeidet med ny forvaltningslov blir det arbeida med interne prosessar for å følgje opp vedtaket, mellom anna knytt til opplæring, bistand til politisk leiing og rutinar for handtering av habilitetsspørsmål i departementsfellesskapet. Det overordna målet er å styrke kvaliteten på opplæringa og å sikre betre handtering av habilitetsregelverket i alle departementa. I samband med Kontroll- og konstitusjonskomiteens sak om regjeringsapparatets handtering av habilitetsregelverk mv. vart det mellom anna gjennomført ei kartlegging av rutinane for handtering av habilitetsregelverket i alle departementa og ved Statsministerens kontor. Kartlegginga viste at alle departementa hadde ein praksis for opplæring og innleiande samtalar mellom embetsverk og politisk leiing. For å sørge for at det i større grad blir gitt ei einskapleg opplæring, og ei opplæring av høgare kvalitet, fastsette Statsministerens kontor i oktober 2023 nye felles retningslinjer for den opplæringa av politisk leiing som skal skje i alle departement. Retningslinjene avklarar mellom anna ansvars- og oppgåvefordelinga mellom Statsministerens kontor og departementa, gir generelle retningslinjer for innhaldet i opplæringa, og spesielle retningslinjer for opplæringa i habilitetsreglane. Det er gjennomført eigne presentasjonar av habilitetsreglane for alle i politisk leiing, og det er etablert ein rutine for jamlege skriftlege påminningar om regelverket og orientering om eventuelle endringar til politiske leiing i alle departement. Lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet har videre halde kurs i habilitetsregelverket som har vært opne for alle tilsette i departementsfellesskapet, som vil bli gjentatt seinare i 2024.

Habilitet

Vedtak nr. 508, 5. mars 2024

«Stortinget ber regjeringen fremme en proposisjon med forslag til fornyelse av habilitetsreguleringen i forvaltningsloven basert på NOU 2019: 5. Proposisjonen må fremmes i tide for at den kan behandles av Stortinget i inneværende stortingsperiode.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 215 S (2023–2024).

Vedtaket er under behandling. Habilitetsreglane i forvaltningslova blir vurderte i samband med arbeidet med ein proposisjon om ny forvaltningslov basert på NOU 2019: 5 Ny forvaltningslov, som regjeringa tek sikte på å fremme våren 2025.

Habilitet

Vedtak nr. 509, 5. mars 2024

«Stortinget ber regjeringen på egnet måte gjøre en gjennomgang av gjeldende rutiner og regelverk, der man både er tydeligere på hvilke føringer som er regulert på hvilket nivå, og samtidig vurderer hva som bør reguleres på hvilket nivå.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 215 S (2023–2024).

Vedtaket er under behandling. Vedtaket har ei side til spørsmål som blir vurderte i samband med arbeidet med ein proposisjon om ny forvaltningslov, som regjeringa tek sikte på å fremme våren 2025. Oppfølginga blir sett i samband med prosessar knytte til oppfølginga av vedtak nr. 507.

Habilitet

Vedtak 510, 5. mars 2024

«Stortinget ber regjeringen vurdere å innføre en rutine om å skriftliggjøre habilitetsvurderinger gjort av statsråder, statssekretærer og politiske rådgivere.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 215 S (2023–2024).

Vedtaket er under behandling. Vedtaket blir vurdert i samband med arbeidet med ein proposisjon om ny forvaltningslov, som regjeringa tek sikte på å fremme våren 2025. Oppfølginga blir sett i samband med prosessar knytte til oppfølginga av vedtak nr. 507.

Habilitet

Vedtak 511, 5. mars 2024

«Stortinget ber regjeringen vurdere en større grad av åpenhet om habilitetsvurderinger som foretas i departementene av politisk ledelse i departementene.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 215 S (2023–2024)

Vedtaket er under behandling. Oppfølginga blir sett i samband med prosessar knytte til oppfølginga av vedtak nr. 507.

Transnasjonal undertrykking – oppfølging av rapportar

Vedtak nr. 525, 19. mars 2024

«Stortinget ber regjeringen følge opp Proba-rapport 2020-3 «Press og kontroll – en studie av økonomisk, ideologisk eller religiøst press med utspring i opprinnelsesland, rettet mot personer med innvandrerbakgrunn i Norge» og Proba-rapport 2023-10 «Transnasjonal undertrykking – begrepsavklaring og sektoransvar» og iverksette tiltak for å forhindre transnasjonal undertrykkelse av personer i Norge, for eksempel gjennom en handlingsplan mot transnasjonal undertrykkelse.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:30 S (2023–2024) og Innst. 226 S (2023–2024) frå kommunal- og forvaltningskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Nokre former for transnasjonal undertrykking er ulovleg. Andre former er uønskte, men ikkje kriminaliserte. Politiets tryggingsteneste (PST) har ansvar for å førebyggje og etterforske flyktningspionasje, medan politiet elles førebyggjer og etterforskar lovbrot som har samanheng med press og kontroll som enkeltpersonar eller diasporamiljø kan vere utsette for. Desse sakene er ofte krevjande å førebyggje og etterforske, då dei som utfører handlingane, som oftast oppheld seg utanfor Noregs grenser. Det blir derfor jobba breitt for å byggje tillit mellom norske myndigheiter og diasporamiljø for å unngå, og sikre varsling om, transnasjonal undertrykking i Noreg. Fleire sektorar har medansvar knytt til problemstillinga, og det blir stadig vurdert om det er andre formålstenlege tiltak som kan bidra til å redusere transnasjonal undertrykking i Noreg. For å følgje opp vedtaket, har Justis- og beredskapsdepartementet innleia ein ny dialog med relevante departement for å sjå om ytterlegare tiltak kan identifiserast.

Forsyningstryggleik – oppfølging av Totalberedskapskommisjonen

Vedtak nr. 561, 18. april 2024

«Stortinget ber regjeringen vektlegge Norges beredskapspotensial i den videre oppfølgingen av Totalberedskapskommisjonens rapport NOU 2023: 17.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket og Innst. 258 S (2023–2024).

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet vil vurdere vedtaket i samband med arbeidet med ei stortingsmelding om totalberedskap, som etter planen skal leggjast fram for Stortinget hausten 2024.

Forsyningstryggleik – sikre mest mogleg normal handel og produksjon av mat i kriser

Vedtak nr. 562, 18. april 2024

«Stortinget ber regjeringen sikre at kritiske samfunnsfunksjoner gis fortrinn ved kriser slik at blant annet handel og produksjon av matvarer går mest mulig normalt under en krise.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket og Innst. 258 S (2023–2024).

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet vil vurdere vedtaket i samband med arbeidet med ei stortingsmelding om totalberedskap, som etter planen skal leggjast fram for Stortinget hausten 2024.

Utgreiing av forslag til lovfesting av kommunale handlingsplanar

Vedtak nr. 613, 7. mai 2024

«Stortinget ber regjeringen utrede forslag til lovfesting av kommunale handlingsplaner mot vold i nære relasjoner og sende lovforslag på høring innen våren 2025.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:96 S (2023–2024) og Innst. 320 S (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Utvide målgruppa for barnehusa

Vedtak nr. 616, 7. mai 2024

«Stortinget ber regjeringen i løpet av planperioden (2024–2028) utvide målgruppen for barnehusene til å gjelde mistenkte barn, innenfor de lovbruddstyper som gjelder for utsatte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:96 S (2023–2024) og Innst. 320 S (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Frå 2024 er målgruppa for barnehusa utvida til å omfatte mistenkte under 16 år i saker som gjeld seksuelle overgrep. Med utgangspunkt erfaringane som vert innhenta vil regjeringa planlegge for ei utviding av målgruppa til å gjelde alle mindreårige mistenkte innanfor dei typane av lovbrot som i dag gjeld for mindreårige fornærma.

Forslag om å utvide målgruppa for barnehusa til barn mellom 16 og 18 år

Vedtak nr. 617, 7. mai 2024

«Stortinget ber regjeringen i løpet av første halvdel av planperioden (2024–2028) utrede og komme tilbake til Stortinget med et forslag om å utvide målgruppen for barnehusene, slik at også barn mellom 16 og 18 år kan få tilrettelagte avhør på lik linje med andre barn».

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:96 S (2023–2024) og Innst. 320 S (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Gjennomgang av reglane for dødsstadsundersøkingar

Vedtak nr. 618, 7. mai 2024

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå reglene om dødsstedsundersøkelse når barn dør plutselig og uventet, og vurdere behovet for lovendringer.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:96 S (2023–2024) og Innst. 320 S (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Endringar i politilova og vaktverksemdlova

Vedtak nr. 634, 14. mai 2024

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med nytt forslag til endringer i vaktvirksomhetsloven § 2. I arbeidet med et nytt forslag må berørte parter involveres, med hensikt å unngå negative følger for yrkesgrupper som jobber på lufthavner.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 45 L (2023–2024) og Innst. 275 L (2023–2024) frå kontroll- og konstitusjonskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Oppfølgingsforsking etter angrepet 25. juni

Vedtak nr. 645, 16. mai 2024

«Stortinget ber regjeringen sørge for at det settes i gang relevant oppfølgingsforskning på de berørte av angrepet 25. juni.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 280 S (2023–2024) frå kontroll- og konstitusjonskomiteen.

Vedtaket er følgt opp ved at Justis- og beredskapsdepartementet har gitt Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) midlar til ein forskingsstudie om dei ramma etter terrorangrepet 25. juni 2022.

Tiltak mot æreskriminalitet, lik rett til skilsmisse

Vedtak nr. 658, 23. mai 2024

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om at det ved familiegjenforening stilles krav om erklæring om at ekteskapet er inngått av egen fri vilje og at man anerkjenner hverandres like rett til skilsmisse.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8: 96 S (2023–2024) og Innst. 320 S (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Organisering av advokatverksemd

Vedtak nr. 719, 6. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen forskriftsfeste at forsikringsadvokater kan utøve advokatvirksomhet som en del av rettshjelpforsikringen i tråd med forslag til ny forskrift § 9 som tidligere foreslått i høring.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 61 L (2023–2024) Lov om endringer i advokatloven mv. (overgangsregler mv.), Innst. 392 L (2023–2024) og Lovvedtak 84 (2023–2024).

Vedtaket er under behandling. Ny advokatlov og overgangsreglar er vedtekne av Stortinget, og departementet arbeider med ny advokatforskrift og ikraftsetjinga av det nye advokatregelverket. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.60.

Evaluering av valdserstatningslova

Vedtak nr. 723, 6. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen evaluere ny voldserstatningslov to år etter ikrafttredelse.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:123 S (2023–2024) og Innst. 415 S (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Fri rettshjelp til offer for lønnstjuveri

Vedtak nr. 727, 6. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan den juridiske hjelpen til ofre for lønnstyveri kan styrkes, herunder om den bør innlemmes i ordningene med fri rettshjelp eller rettsråd, og komme tilbake til Stortinget innen statsbudsjettet for 2025.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:142 S (2023–2024) og Innst. 376 S (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. I NOU 2020: 5 foreslo rettshjelpsutvalet at fri rettshjelp i arbeidsrettssaker òg skal omfatte saker om inndriving av lønn og feriepengar. Departementet jobbar no vidare med andre deloppfølging av NOU 2020: 5. Dette forslaget blir vurdert i samband med dette.

Opprette nytt politirolleutval

Vedtak nr. 754, 12. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen opprette et nytt politirolleutvalg hvor målet er en bred politisk forankring av hva politiets rolle er og skal være fremover, og hvilke oppgaver politiet skal utføre og eventuelt fritas for.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 15 (2023–2024) og Innst. 412 S (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Oppnemninga av eit politirolleutval blir vurdert i samanheng med regjeringa sitt arbeid med å leggje til rette for ei meir langsiktig og heilskapleg styring av politiet, der det også blir lagt vekt på politiske prioriteringar ut frå samfunnet sine behov og forventningar til politiet.

Fleirårige planar for politiet

Vedtak nr. 755, 12. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for flerårige planer for politiet og komme tilbake i statsbudsjettet for 2025 med forslag om hvordan dette skal gjennomføres.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 15 (2023–2024) og Innst. 412 S (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Regjeringa varsla i Prop. 104 S (2023–2024) at ho ville komme tilbake med ein omtale av den langsiktige og heilskaplege styringa av politiet i samband med statsbudsjettet for 2025. Justis- og beredskapsdepartementet vil leggje til rette for ei meir langsiktig og heilskapleg styring av politiet. Ein langsiktig plan for styringa av politiet må innrettast slik at den har ein fleksibilitet for å møte framtida og eit trussel- og tryggleiksbilete i stadig endring. Planen må heile tida kunne tilpassa seg endringar i kriminalitets- og trusselbilete og andre utviklingstrekk i samfunnet, som til dømes den teknologiske utviklinga. Sjå elles omtale under kategori 06.40.

Eigarskapskontroll – greie ut plikt til å søke løyve til kjøp av visse eigedommar

Vedtak nr. 758, 12. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen utrede en plikt til å søke tillatelse til kjøp av visse eiendommer, herunder om det bør være begrensninger i hvem som kan kjøpe eiendom nær viktige militære installasjoner.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 15 (2023–2024) og Innst. 412 S (2023–2024) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet ser på korleis det kan etablerast godkjenningsordningar for enkelte typar erverv, i tillegg til endringar i sikkerhetsloven som vart satt i kraft 1. juli 2023.

Nasjonal tryggleiksstrategi

Vedtak nr. 762, 12. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en nasjonal sikkerhetsstrategi.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:124 S (2023–2024) og Innst. 414 S (2023–2024).

Vedtaket er under behandling, og vil bli vurdert bl.a. i samband med oppfølginga av Totalberedskapskommisjonens rapport.

Forelding av krav som er under klagebehandling

Vedtak nr. 766, 12. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen utrede og foreslå lovendringer for å sikre at foreldelsesfristen ikke begynner å løpe så lenge et krav er gjenstand for klagebehandling i forvaltningen eller gjenstand for klagebehandling hos privat motpart.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:75 S (2023–2024) og Innst. 418 S (2023–2024).

Vedtaket er under behandling.

Bevisførsel om opplysning underlagd teieplikt hos Sivilombodet

Vedtak nr. 767, 12. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen følge opp brev til Stortingets presidentskap fra Sivilombudet av 20.april 2023 om – Oppfølging av Dokument 21 (2020–2021) – bevisførsel om opplysning underlagt taushetsplikt hos Sivilombudet – og komme tilbake til Stortinget med et lovforslag som ivaretar intensjonen i brevet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 21 (2020–2021) og Innst. 352 L (2023–2024).

Vedtaket er under behandling.

Utanlandske kvinner utsette for vald, vidare opphald

Vedtak nr. 771, 12. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med nødvendige endringsforslag vedrørende oppfølgingen av kvinner som utsettes for vold, men som ikke tør å be om hjelp av bekymring for å bli sendt til hjemlandet. Saken må inkludere en vurdering av utlendingsloven § 53 b, som i dag regulerer fortsatt opphold etter samlivsbrudd på bakgrunn av vold.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 99 L (2023–2024) Endringer i ekteskapsloven (forbud mot ekteskap mellom nære slektninger) og Innst. 427 L (2023–2024).

Vedtaket er under behandling.

Lov om forbrukarleige av ting

Vedtak nr. 916, 21. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen utrede og komme tilbake til Stortinget i løpet av vårsesjonen 2026 med forslag om en forbrukerlovgivning for leie av ting, for å sikre et heldekkende forbrukervern for leie, leasing og delingstjenester.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 2 (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).

Vedtaket er under behandling.

9.2 Stortingssesjon 2022–2023

Oppretting av permanent partnardrapskommisjon

Vedtak nr. 131, 6. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen snarest mulig opprette en permanent partnerdrapskommisjon.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:218 S (2021–2022) og Innst. 64 S (2022–2023) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Regjeringa etablerte 6. september 2024 ein partnardrapskommisjon som er lagd til Statens sivilrettsforvaltning.

Nasjonalt førebyggingsprogram mot partnarvald og partnardrap

Vedtak nr. 132, 6. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen utarbeide et nasjonalt forebyggingsprogram for en samordnet innsats mot partnervold og partnerdrap.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:218 S (2021–2022) og Innst. 64 S (2022–2023) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Som eit tiltak i Prop. 36 S (2023–2024) Opptrappingsplanen mot vold og overgrep mot barn og vold i nære relasjoner (2024–2028) skal det gjennomførast eit nasjonalt førebyggingsprogram for ein samordna innsats mot partnardrap og partnarvald. Programmet skal rettast mot fleire målgrupper, oppdaterast jamleg og sjåast i samanheng med opprettinga av partnardrapskommisjonen.

Kommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar

Vedtak nr. 133, 6. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen påse at kommunene, enten i egen regi eller i interkommunalt samarbeid, har vedtatt en handlingsplan mot vold i nære relasjoner.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:218 S (2021–2022) og Innst. 64 S (2022–2023) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling og må sjåast i samanheng med vedtak nr. 613 av 7. mai 2024.

Oppdatert kunnskapsgrunnlag om vald i nære relasjonar

Vedtak nr. 134, 6. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen sørge for et godt og oppdatert kunnskapsgrunnlag om vold i nære relasjoner.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:218 S (2021–2022) og Innst. 64 S (2022–2023) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Det tiårige forskingsprogrammet om vald i nære relasjonar gjennomført av NOVA og Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress blir avslutta i 2024. Kunnskapsgrunnlaget på feltet er godt, men det er framleis eit behov for oppdatert kunnskap. Som eit ledd i oppfølginga av Opptrappingsplanen mot vold og overgrep mot barn og vold i nære relasjoner (2024–2028) skal forskinga om vald i nære relasjonar derfor vidareførast innanfor ramma av programverksemda til Forskingsrådet.

Bruk av åleinesamtalar i hjelpeapparatet

Vedtak nr. 135, 6. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for at politi og annet hjelpeapparat rutinemessig tilbyr brukere alenesamtaler, og at slike samtaler er obligatoriske i deler av hjelpeapparatet, i tråd med partnerdrapsutvalgets anbefaling.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:218 S (2021–2022) og Innst. 64 S (2022–2023) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Åleinesamtalar, eller individuelle samtalar, inngår som ein sentral del av tilbodet til valds- og overgrepsutsette ved krisesentera og senter for personar som er utsette for seksuelle overgrep. Tilsvarande gjeld for familievernet. For politiet i førstelinja blir behovet for åleinesamtalar vurdert gjennom tiltakskort for patruljen på staden. Departementet vurderer at dagens praksis er i tråd med intensjonen i oppmodingsvedtaket, og vedtaket er såleis følgt opp.

Betre dokumentering og informasjonsutveksling i hjelpeapparatet

Vedtak nr. 136, 6. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for bedre dokumentasjonsrutiner og styrke kompetansen på reglene om informasjonsutveksling mellom politi og annet hjelpeapparat, i tråd med partnerdrapsutvalgets anbefaling.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:218 S (2021–2022) og Innst. 64 S (2022–2023) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Elektronisk kontroll ved fotlenke med GPS-sendar for forvaringsdømde

Vedtak nr. 139, 6. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen sikre adgang til å sette vilkår om elektronisk kontroll ved fotlenke med GPS-sender for forvaringsdømte under permisjon fra soning, og om nødvendig fremme forslag om nødvendige lovendringer for å oppnå formålet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:261 S (2021–2022) og Innst. 93 S (2022–2023).

Vedtaket er under behandling. Eit forslag som følgjer opp oppmodningsvedtaket blei sendt på høyring 8. mai 2024, sjå høyring av forslag til endring av straffegjennomføringsloven og forskrift om straffegjennomføring mv. (bruk av elektronisk kontroll og digitale kontrolltiltak i kriminalomsorgen) punkt 7.7 Nærmere om forslaget om å åpne for bruk av digitale kontrolltiltak ved utganger og prøveløslatelse fra forvaring. Høyringsfristen var 2. september 2024. Departementet følgjer no opp høyringa.

Greie ut forliksrådsordninga

Vedtak nr. 445, 5. januar 2023

«Stortinget ber regjeringen utrede forliksrådsordningen med sikte på å styrke og forbedre den.»

Dokumenta som ligg til grunn for saka, er Dokument 8:6 S (2022–2023) og Innst. 123 S (2022–2023).

Vedtaket er under behandling. Departementet ga i 2023 Politidirektoratet eit forskings- og utgreiingsoppdrag for å betre kunnskapsgrunnlaget om forliksråda, som skal leverast i løpet av oktober 2024. Statens sivilrettsforvaltning har òg fått i oppdrag å opprette eit nytt system for opplæring av forliksrådsmedlemmer. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.20.

Endringar i reglane om avhøyr av vitne som bur på sperra adresse

Vedtak nr. 615, 25. april 2023

«Stortinget ber regjeringen innen 1. juli 2023 sende på høring forslag til ytterligere endringer i tvisteloven for å ivareta at skjulte eller sperrede adresser ikke blir avslørt som følge av vitners plikt til å oppgi navn og personalia, og så snart som mulig komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket vart fatta på bakgrunn av eit «laust forslag» til saka. Dokumenta som ligg til grunn for saka, er Prop. 34 L (2022–2023) og Innst. 273 L (2022–2023).

Vedtaket er følgt opp med lovforslag i Prop. 110 L (2023–2024).

Endringar i tvistelova – innstilling av saker i forliksrådet som følgje av lang behandlingstid

Vedtak nr. 616, 25. april 2023

«Stortinget ber regjeringen vurdere endringer i tvisteloven kapittel 6 for saker som kreves innstilt som følge av at behandlingen ikke er avsluttet innen fristen i § 6-11 fjerde ledd.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 273 L (2022–2023).

Vedtaket er under behandling.

Endringar i reglane om gjenopning av sivile saker som det er sagt dom i som del av ei straffesak

Vedtak nr. 617, 25. april 2023

«Stortinget ber regjeringen vurdere endringer i /unntak fra den absolutte fristen etter tvisteloven § 31-6 på ti år for gjenåpning av sivile saker som er pådømt som del av en straffesak.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 273 L (2022–2023).

Vedtaket er følgt opp med lovforslag i Prop. 110 L (2023–2024). Det er i proposisjonen fremma forslag om eit unntak frå den absolutte fristen på ti år for å krevje gjenopning av sivile krav som er sette fram i samband med ei straffesak.

Sakskostnader i sivile saker

Vedtak nr. 618, 25. april 2023

«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan partenes sakskostnader i sivile saker kan bli lavere, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 34 L (2022–2023) og Innst. 273 L (2022–2023).

Vedtaket er under behandling.

Enklare og meir forbrukarvenleg regelverk for gåvekort

Vedtak nr. 644, 9. mai 2023

«Stortinget ber regjeringen vurdere en styrking av forbrukernes rettigheter ved erverv og bruk av gavekort. Videre bes regjeringen vurdere innføring av et forbud mot at gavekortutsteder kan trekke gebyr fra kortet etter at det er solgt og overlevert til kunden, samt å innføre plikt til at de avtalerettslige prinsippene som gjelder for gavekortet, synliggjøres på selve kortet. Det bes om at regjeringen kommer tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:122 S (2022–2023) og Innst. 299 S (2022–2023).

Vedtaket er under behandling.

Stortingsmelding om kriminalomsorga

Vedtak nr. 653, 11. mai 2023

«Stortinget ber regjeringen, som en del av en helhetlig stortingsmelding om kriminalomsorgen, utrede de samlede behovene og vurdere nødvendige tiltak for å sikre likeverdige soningsforhold for kvinnelige og mannlige innsatte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:152 S (2022–2023) og Innst. 318 S (2022–2023).

Vedtaket er under behandling.

A-krimsenter

Vedtak nr. 729, 1. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen sikre at politiet har tydelige hjemler for deltakelse i kontrollgruppen og kunnskapsbyggingen ved a-krimsentrene, og om nødvendig komme tilbake til Stortinget med forslag til oppdaterte lovhjemler.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:198 S (2022–2023) og Innst. 388 S (2022–2023).

Vedtaket er under behandling i samarbeid med Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Finansdepartementet. Eit lovforslag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet vart sendt på høyring i starten av juli 2024 med høyringsfrist 15. oktober 2024.

Yrkesskadeerstatningsordning for tilsette i kriminalomsorga

Vedtak nr. 843, 14. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen innføre en reell yrkesskadeerstatningsordning for ansatte i kriminalomsorgen, tilsvarende den som har blitt innført for ansatte i politiet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:200 S (2022–2023) og Innst. 468 S (2022–2023).

Vedtaket er følgt opp. Prop. 54 L (2023–2024) Endringer i straffegjennomføringsloven (erstatning for skader under pålagt organisert trening mv.) vart fremma for Stortinget 15. mars 2024. Lovforslaget vart einstemmig vedteke av Stortinget, jf. Innst. 380 L (2023–2024) og Lovvedtak 83 (2023–2024), og tredde i kraft 21. juni 2024. Lovendringa omfattar alle tilsette i kriminalomsorga, inkludert aspirantar og tilsette ved Høgskolen og utdanningssenteret til kriminalomsorga KRUS.

9.3 Stortingssesjon 2021–2022

Ny rettshjelpsordning

Vedtak nr. 35.49, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen om å legge frem forslag til ny lov om støtte til rettshjelp i løpet av våren 2023, og vurdere ulike tiltak som kan forsterke rettshjelpsordningen for befolkningen, herunder forslagene i NOU 2020: 5»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022), Prop. 1 S (2021–2022), Prop. 1 S Tillegg 1 (2021–2022) og Innst. 2 S (2021–2022).

Vedtaket er delvis følgt opp, jf. lov 20. desember 2023 nr. 109 om endringer i rettshjelploven (ny modell for økonomisk behovsprøving). Endringslova vart vedteken av Stortinget i desember 2023. Endringane inneber at fleire kan få rettshjelp dekt av staten. Forslaget vil fjerne skilnadene mellom partar med relativt lik økonomi og sikre at ordninga ikkje blir svekt over tid. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.70.

Departementet jobbar no vidare med andre deloppfølging av NOU 2020: 5.

Utgreiing av fråvikelege lovreglar om sambuarskap

Vedtak nr. 372, 3. februar 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede en fravikelig samboerlov.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:5 S (2021–2022) og Innst. 121 S (2021–2022) frå familie- og kulturkomiteen.

Vedtaket er under behandling. Regjeringa oppnemnde i mars 2023 eit offentleg utval som skal vurdere ei mogleg ny regulering. Utvalet skal levere utgreiinga si innan 1. mai 2025.

Straffeføresegn om seksuell utnytting av barn

Vedtak nr. 420, 8. mars 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere om ordet ‘livssituasjon’ i straffeloven § 295 første ledd bokstav c bør endres til ‘situasjon’, slik at bestemmelsen rammer det ‘å utnytte en person under 18 år i en særlig sårbar situasjon’.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:26 S (2021–2022) og Innst. 177 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Straffelovrådet la i desember 2022 fram ei utgreiing om strafferettsleg vern av den seksuelle sjølvråderetten, NOU 2022: 21. I utgreiinga tilrår rådet ei ny føresegn som rammar «den som skaffer seg seksuell omgang med noen under 18 år ved å utnytte at vedkommende befinner seg i en særlig sårbar situasjon og derved har vesentlig nedsatte forutsetninger for å motsette seg handlingen». Rådet tilrår at føresegna òg rammar dei som ved forholda som er nemnde ovanfor, «får noen under 18 år til å ha seksuell omgang med en annen eller til å utføre handlinger som svarer til seksuell omgang med seg selv». Oppfølging av NOU-en er ei prioritert oppgåve for departementet.

Organisering av advokatverksemd

Vedtak nr. 504, 28. april 2022

«Stortinget ber regjeringen utarbeide forskrift etter § 19 andre ledd, hvor forsikringsselskap kan tilby advokatbistand gjennom rettshjelpforsikring.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 214 L (2020–2021) Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatloven), Innst. 234 L (2021–2022) og Lovvedtak 61 (2021–2022).

Vedtaket er under behandling. Ny advokatlov og overgangsreglar er vedtekne av Stortinget, og departementet arbeider med ny advokatforskrift og ikraftsetjinga av det nye advokatregelverket. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.60.

Overgangsreglar i advokatlova

Vedtak nr. 505, 28. april 2022

«Stortinget ber regjeringen sikre klare overgangsordninger for foretak som blir berørt av endringer i ny advokatlov, som må gi slike god nok tid til å omorganisere seg, slik det åpnes for i Prop. 214 L (2020–2021) kapittel 22.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 214 L (2020–2021) Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatloven), Innst. 234 L (2021–2022) og Lovvedtak 61 (2021–2022).

Vedtaket er følgt opp i Prop. 61 L (2023–2024) og lov 11. juni 2024 nr. 84 om endringer i advokatloven mv. (overgangsregler mv.).

Organisering av advokatverksemd

Vedtak nr. 506, 28. april 2022

«Stortinget ber regjeringen iverksette forskrift for berørte forsikringsselskap i god tid før overgangsreglene som vil bli fremmet i forbindelse med ikraftsettingen av advokatloven, utløper i tid.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 214 L (2020–2021) Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatloven), Innst. 234 L (2021–2022) og Lovvedtak 61 (2021–2022).

Vedtaket er under behandling. Ny advokatlov og overgangsreglar er vedtekne av Stortinget, og departementet arbeider med ny advokatforskrift og ikraftsetjinga av det nye advokatregelverket. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.60.

Vurdering av naturskadeforsikringsordninga

Vedtak nr. 579, 24. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere mulighetene for å innrette naturskadeforsikringsordningen slik at den bedre ivaretar hensynet til forebygging, men likevel slik at dette ikke går på bekostning av prinsippet om en solidarisk og lik premiefastsettelse for forsikringskunder i hele landet.»

Dokumenta som ligg til grunn for forslaget, er Prop. 62 L (2021–2022) og Innst. 308 L (2021–2022).

Vedtaket er under behandling. Departementet sende på høyring eit notat om ny naturskadeforsikringslov 24. juni 2024.

Utgreiing av meldeplikt for norske tenesteleverandørar

Vedtak nr. 581, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede innføring av en plikt for norske tjenesteleverandører til å melde fra dersom de oppdager at deres tjenester brukes til straffbar oppbevaring eller distribusjon av overgrepsmateriale.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:126 S (2021–2022) og Innst. 309 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet ser denne saka i samanheng med forslaget til EU om å innføre ei tilsvarande plikt, men EUs arbeid er forseinka då det ikkje er semje om heile forordninga. Ei mellombels forordning er vedteken, som gir tenestetilbydarane ein heimel til å melde frå om mogleg overgrepsmateriale, og forordninga vil bli teken inn i norsk rett ved ikraftsetjinga av den nye ekomlova. I samband med arbeidet er det etablert ei interdepartemental arbeidsgruppe som skal greie ut saka, og gruppa har hatt fleire møte gjennom 2023 og 2024, også med Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom), Kripos og Datatilsynet.

Regelverk om varsling frå kriminalomsorga

Vedtak nr. 582, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre et regelverksarbeid om varsling fra kriminalomsorgen, der hensynet til fornærmede og etterlatte vektlegges sterkere enn det som ligger i dagens regler.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:133 S (2021–2022) og Innst. 311 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet arbeider med eit høyringsnotat for å følgje opp vedtaket.

Forseinkingsrente på regresskravet frå staten mot skadevaldar i valdserstatningssaker

Vedtak nr. 589, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen fastsette i forskrift at det ikke skal løpe forsinkelsesrenter på statens regresskrav mot skadevolderen i voldserstatningssaker mens skadevolderen soner alminnelig fengselsstraff.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 238 L (2020–2021), Innst. 310 L (2021–2022) frå justiskomiteen og Lovvedtak 70 (2021–2022).

Vedtaket er følgt opp. Ny valdserstatningsforskrift som fastslår at det ikkje skal løpe forseinkingssrenter på statens regresskrav mot skadevaldaren i valdserstatningssaker medan skadevaldaren sonar alminneleg fengselsstraff, tredde i kraft 1. januar 2024.

Tryggleik for personar med funksjonshindring

Vedtak nr. 654, 3. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen se på hvordan myndighetene kan treffe nødvendige tiltak for å sikre funksjonshindrede beskyttelse og sikkerhet i risikosituasjoner i hele krisespekteret, og sikre at funksjonshindredes organisasjoner høres i forbindelse med dette.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:213 S (2021–2022) og Innst. 367 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet har i samband med arbeidet med eit forprosjekt om sivile vernetiltak bede Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) om å vurdere behova til funksjonshindra særskilt i utforminga av framtidige tilrådingar om sivile vernetiltak.

Forbod mot sal av forfalne fordringar

Vedtak nr. 795, 15. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for å forby salg av forfalte fordringer hvor forbruker er debitor.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:200 S (2021–2022) og Innst. 373 S (2021–2022).

Vedtaket er under behandling. Departementet vil handsame vedtaket i samband med arbeid med ny inkassolov og sjå vedtaket i samanheng med reglar i direktiv (EU) 2021/2167 om kredittjenestefirma og kredittkjøparar og direktiv (EU) 2023/2225 om forbrukarkredittavtalar.

Offentleg helsetilbod ved Politiets utlendingsinternat

Vedtak nr. 831, 17. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen sikre at helsetjenesten på Politiets utlendingsinternat, Trandum, legges under den offentlige helsetjenesten og at beslutningen om dette tas i løpet av 2022 slik at overføringen kan gjennomføres senest 1. juli 2023.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 2 (2021–2022) og Innst. 450 S (2021–2022).

Vedtaket er følgt opp. Regjeringa la i desember 2023 fram eit lovforslag om å gi kommunar der det ligg utlendingsinternat, ansvar for helsetilbodet til internerte, jf. Prop. 40 L (2023–2024) og Innst. 235 L (2023–2024). Stortinget har vedteke lovforslaget. Det har teke noko lengre tid enn føresett å få på plass det kommunale tilbodet, men lovforslaget vil tre i kraft 1. januar 2025.

9.4 Stortingssesjon 2020–2021

Utviding av avverjingsplikta

Vedtak nr. 47, 3. november 2020

«Stortinget ber regjeringen utrede om avvergingsplikten i straffeloven § 196 bør utvides til også å omfatte flere straffbare handlinger, særlig straffeloven §§ 257, 260, 261, 272 b, 292, 293, 294, 300, 301, 302, 304 og 305.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 66 L (2019–2020) og Innst. 41 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Forelding av lovbrot mot mindreårige

Vedtak nr. 50, 3. november 2020

«Stortinget ber regjeringen foreta en helhetlig gjennomgang av foreldelsesreglene for seksuallovbrudd og voldsforbrytelser mot mindreårige, og komme tilbake til Stortinget med forslag til lovendringer som hever det generelle nivået på foreldelsesfrister for denne typen lovbrudd.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 66 L (2019–2020) og Innst. 41 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Sjå òg vedtak nr. 1159 av 7. juni 2021.

Tilgjengelege dopingopplysningar

Vedtak nr. 64, 10. november 2020

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan opplysninger om idrettsutøvere og støtteapparat som straffes for dopingkriminalitet, også kan gjøres tilgjengelig for antidopingorganisasjonene, herunder eventuelle behov for endring av lovgivning.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:95 S (2018–2019) og Innst. 48 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet vurderer behovet for regelendringar og eventuelle andre tiltak.

Straff for den som tener pengar på idrettsprestasjonar som følgje av doping

Vedtak nr. 65, 10. november 2020

«Stortinget ber regjeringen vurdere muligheter for nye bestemmelser i straffeloven for å kunne straffeforfølge de som tjener penger på idrettsprestasjoner som følge av doping, og mulighet for inndragning.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:95 S (2018–2019) og Innst. 48 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Klarare skilje mellom konvensjonsstatus (asyl) og subsidiært vern

Vedtak nr. 206, 7. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag til lovendringer som innenfor rammen av internasjonale forpliktelser gir et klarere skille mellom konvensjonstatus (asyl) og subsidiær beskyttelse, gjennom å begrense retten til familiegjenforening samt utvide bruken av midlertidige tillatelser ved subsidiær beskyttelse.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:71 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Klarlegging av identitet

Vedtak nr. 208, 7. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen stille de samme krav til klarlegging av identitet for permanent oppholdstillatelse og familieetablering som for statsborgerskap.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:71 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Høgare straff for barn som er involverte i gjenteken kriminalitet

Vedtak nr. 443, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen utrede om man i særlige tilfeller kan åpne for forhøyet straff ved nytt lovbrudd av samme art også for kriminelle gjengangere under 18 år.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Tiltak for å auke talet på inndragingar

Vedtak nr. 446, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen i inneværende stortingsperiode legge fram tiltak og forslag til lovendringer for å øke omfanget av antallet inndragninger og gjøre det enklere for politiet å inndra verdier som er tilegnet gjennom kriminelle handlinger, både gjennom sivilrettslig inndragning og i straffesaker.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Regjeringa la 22. mars 2024 fram ei stortingsmelding om økonomisk kriminalitet. I stortingsmeldinga er det foreslått ei rekkje tiltak for å betre resultata innanfor inndraging av utbytte, inkludert endringar i lovverket. Det er sett ned ei arbeidsgruppe som har fått i mandat å utarbeide reglar om sivilrettsleg inndraging og greie ut behovet for endringar i reglane om sikring og forelding av inndragingskrav. Arbeidsgruppas rapport Selvstendig inndragning av utbytte fra straffbare handlinger vart sendt på høyring 20. september 2024.

Fornyingsordning for barneomsorgsattest

Vedtak nr. 627, 18. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en sak om å gjeninnføre en fornyelsesordning for barneomsorgsattest.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:136 (2019–2020) og Innst. 210 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet har fått vurderingar og førebelse berekningar frå Politidirektoratet av økonomiske og administrative konsekvensar ved å innføre ei fornyingsordning for politiattestar generelt og barneomsorgsattestar spesielt. Departementet vurderer behovet for regelendringar og eventuelle andre tiltak. Sjå òg omtale under vedtak nr. 628 av 18. februar 2021.

Gjennomgang av barneomsorgsattestordninga

Vedtak nr. 628, 18. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av barneomsorgsattestordningen, som også innbefatter en utredning av digitale forenklingsmuligheter, en vurdering av muligheten for informasjonsdeling av gjeldende lovbrudd i andre land og en vurdering av om straffeloven § 272 og § 273 skal være en del av politiattesten.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:136 (2019–2020) og Innst. 210 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet arbeider med ein gjennomgang av barneomsorgsattestordninga. Departementet har fått vurderingar og førebelse berekningar frå Politidirektoratet av økonomiske og administrative konsekvensar av ulike digitale forenklingsmoglegheiter. I samråd med andre involverte departement vurderer Justis- og beredskapsdepartementet behovet for å utvide barneomsorgsattesten til å gi merknader om fleire straffebod. Sjå òg omtale under vedtak nr. 627 av 18. februar 2021.

Oppretting av eit nasjonalt våpenregister

Vedtak nr. 681, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen opprette et nasjonalt våpenregister som legges til Brønnøysundregistrene og til Nordland politidistrikt med forvaltning i Mosjøen.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 29. (2019–2020) og Innst. 248 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Politidirektoratet har fått i oppdrag å setje i gang eit prosjekt for ei ny digital våpenforvaltning der ein tek omsyn til dette oppmodingsvedtaket. Brønnøysundregistera og Politidirektoratet har inngått avtale for å utvikle ei digital løysing for våpenforvaltning. Parallelt har Brønnøysundregistera starta utviklinga av eit nytt nasjonalt våpenregister. Arbeidet med å etablere eit våpenforvaltningskontor i Mosjøen er i gang, og oppstart er planlagd i løpet av hausten 2025. Sjå òg oppmodingsvedtak nr. 778 av 23. mars 2021.

Identitetsskjerming for polititilsette

Vedtak nr. 682, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med forslag til ny straffeprosesslov sikre full identitetsskjerming for politiansatte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 29. (2019–2020) og Innst. 248 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. NOU 2024: 5 Maktens ansikt – Skjermet identitet for ansatte i politiet og kriminalomsorgen, som vart overlevert til Justis- og beredskapsdepartementet 21. mars 2024, har vore på høyring med frist 15. august 2024. Departementet vurderer no korleis forslaga i utgreiinga skal følgjast opp.

Straff for å tvinge barn til utlandet

Vedtak nr. 712, 9. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede straffeforbudet mot frihetsberøvelse i situasjoner hvor barn vil bli, eller allerede er, sendt til utlandet mot sin vilje, og fremme forslag til lovendringer som sikrer at påtvungne utenlandsopphold kan straffes.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:137 S (2019–2020) og Innst. 269 S (2020–2021) frå familie- og kulturkomiteen.

Vedtaket er under behandling. Eit lovutval har drøfta dei samla juridiske problemstillingane i saker om negativ sosial kontroll, æresmotivert vald, tvangsekteskap, kjønnslemlesting, psykisk vald og ufrivillige utanlandsopphald og vurdert om lovgivinga er god nok. Eitt av spørsmåla utvalet har sett nærmare på, er kva for nokre straffebod som gjeld i saker der barn og unge ufrivillig blir etterlatne i utlandet, og om det er behov for å klargjere heimlar i straffelova som held foreldre ansvarlege dersom barn blir sende på utanlandsopphald mot sin vilje. Utvalet leverte 24. juni 2024 utgreiinga si, NOU 2024: 13. Utvalet foreslår blant anna eit nytt straffebod om skadelege utanlandsopphald og at reglane om jurisdiksjon blir endra, slik at norsk straffelovgiving gjeld i fleire tilfelle der fridomsrøving finn stad i utlandet. Utgreiinga vart send på høyring 28. juni 2024 med høyringsfrist 28. oktober 2024.

Nasjonal langtidsplan for beredskap

Vedtak nr. 729, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen innføre en nasjonal langtidsplan for beredskap, som ser beredskapsressursene nasjonalt og regionalt i en sammenheng og legger grunnlaget for konkrete planer for utbedringer.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet vil komme tilbake til oppfølginga av vedtaket som ein del av oppfølginga av Totalberedskapskommisjonens rapport, som vart overlevert departementet i 2023 og sendt på høyring same år.

Totalberedskapsutval

Vedtak nr. 730, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen etablere et fast totalberedskapsutvalg som rapporterer til regjeringen hvert år, slik at man sikrer koordinert ledelse overordnet og på tvers, og helhetlige og koordinerte trusselvurderinger. Både beredskapsmyndigheter, samfunnets organisasjoner og næringsliv skal være representert i utvalget.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet vil komme tilbake til oppfølginga av vedtaket som ein del av oppfølginga av Totalberedskapskommisjonens rapport.

Nordisk samarbeid innan samfunnstryggleik

Vedtak nr. 739, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en vurdering av muligheten for tettere samarbeid med nordiske naboland knyttet til samfunnssikkerhet og beredskap, herunder felles sikkerhetsklarering, planverk på tvers av landegrensene og øvelser på tvers av landegrensene.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Oppfølginga av dette arbeidet bør sjåast i samanheng med det nordiske Haga-samarbeidet innan samfunnstryggleik. Samarbeidet ble etablert i 2009. Målet er å redusere sårbarheitene til landa, forsterke felles responsevne og effektivitet og oppnå større gjennomslagskraft i internasjonale fora. Frå 2020 er det etablert eit sivilt-militært samarbeid mellom Haga og Nordefco. Det blir òg vist til samarbeid mellom situasjonssentera i dei nordiske landa. Noreg har formannskapet i Haga-samarbeidet i 2024. Eit prioritert område er bl.a. å vidareutvikle det nordiske samarbeidet om vertslandsstøtte.

Når det gjeld spørsmålet om tryggingsklarering, finst det i dag tryggingsavtalar mellom Noreg og dei nordiske nabolanda som gjer det mogleg å utveksle gradert informasjon mellom landa. Avtalane omfattar òg anerkjenning av kvarandre sine tryggingsklareringar etter nærmare kriterium.

Brann til sjøs

Vedtak nr. 742, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen styrke Redningsselskapet og gjennomgå hvordan de kan bistå brann- og redningsetaten ved brann til sjøs.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er delvis følgt opp. Tilskotet til Redningsselskapet (RS) har hatt ein jamn og kraftig auke dei seinare åra, frå om lag 56 mill. kroner i 2013 til om lag 140 mill. kroner i 2023. Ytterlegare oppfølging av vedtaket blir vurdert.

Tilfluktsrom

Vedtak nr. 743, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en vurdering av hvordan eksisterende tilfluktsrom i større grad kan benyttes slik at de holdes i stand samt inngår som en del av den nasjonale beredskapen i forbindelse med for eksempel migrasjon, pandemi eller forsyningskrise.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. DSB gjennomførte eit forprosjekt i 2022 og har i eit presiseringsbrev til tildelingsbrevet for 2024 fått oppdrag om å føre vidare arbeidet med sivile tryggingstiltak. Dette vil bl.a. omfatte å utarbeide ei tilråding og eit forslag til innretning av framtidas dekningsrom og tilfluktsrom og å arbeide med planverk, regelverksendringar mv.

ADR-kontroll

Vedtak nr. 799, 13. april 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for å overføre myndighet til å gjennomføre ADR-kontroll til godkjente tungbilverksteder.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:106 S (2020–2021) og Innst. 311 S (2020–2021) frå transport- og kommunikasjonskomiteen.

Vedtaket er under behandling. DSB har vurdert moglegheita for å overføre myndigheit til å gjennomføre ADR-kontroll til både godkjente tungbilverkstader og andre godkjente køyretøyverkstader, som også er godkjent som kontrollorgan for periodisk køyretøykontroll (PKK). Statens vegvesen utførar i dag ADR-kontroll, medan PKK utførast av private aktørar. Det er ca. 4 500 ADR-godkjente køyretøy i Noreg, og av desse er berre omkring 1 800 tunge køyretøy. Det gjennomførast til samanlikning årleg over to millionar PKK.

DSB anbefaler ikkje ei overføring av ADR-kontrollar til private aktørar. Køyretøya som skal inn til årleg ADR-kontroll er dei som representerer den mest risikofylte transporten av farleg gods på norske veger. For at risikoen for ulykker med farleg gods ikkje skal auke, er det viktig at kontrollane gjennomførast einskapleg og av kompetente kontrollørar som held sin kompetanse ved like, mellom anna ved å gjennomføre ei tilstrekkeleg mengde kontroller kvart år.

ADR-kontroll og PKK vurderast som vesensforskjellige både med omsyn til innhald og kommersiell lønnsemd. Statens vegvesen har i dag eit landsdekkande, einskapleg og gratis tilbod om ADR-kontrollar. Ei overføring til private aktørar vil føre til at tilbydarar må ta betalt for tenesta. ADR-kontroll vil føre til kostnader for dei private aktørane, mellom anna til personell, utvikling av kompetanse og system. Etter DSB sin vurdering vil det være for få ADR-køyretøy på landsbasis som skal kontrollerast kvart år til at mange nok køyretøyverkstader vil sjå på ADR-kontroll som ein lønsam teneste. Dersom verkstader ønsker å tilby tenesta vil det mest sannsynleg være i områder med stor etterspurnad. Med ei privatisering vil det dermed være ein risiko for færre og meir sentraliserte ADR-kontrollstasjonar enn i dag, og dermed eit dårlegare distriktstilbod med lengre avstandar.

Nasjonal eigarskap og kontroll

Vedtak nr. 814, 20. april 2021

«Stortinget ber regjeringa sikre norsk eigarskap av kritisk infrastruktur og eigedom samt nasjonal kontroll over naturressursar i nordområda.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 9 (2020–2021) og Innst. 289 S (2020–2021) frå utanriks- og forsvarskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Meld. St. 9 (2022–2023) Nasjonal kontroll og digital motstandskraft for å ivareta nasjonal sikkerhet, jf. Innst. 247 S (2022–2023), vart behandla i Stortinget 30. mars 2023. Ei rekkje tiltak i meldinga peikar på korleis regjeringa skal bidra til å sikre nasjonal kontroll og eigarskap over strategisk viktig infrastruktur og eigedom og over naturressursar. Regjeringa har intensivert arbeidet med å kartlegge verdiar med heimel i tryggingslova (lov om nasjonal sikkerhet), mellom anna ved at tryggingsmyndigheten har intensivert arbeidet med å legge verksemder under tryggingslova.

Regjeringa vurderer òg korleis ein kan få betre oversikt over verksemder og verdiar som ikkje er omfatta av tryggingslova, men som likevel kan ha betydning for nasjonal tryggleik, blant annet ved gjennomgangar av sektorar.

I tillegg vil regjeringa vurdere korleis ein kan få betre oversikt over kven som er reelle eigarar av verdiar av betydning for nasjonal tryggleik. Ved å innføre eit register frå 1. oktober 2024 får selskap og andre juridiske einingar høve til å registrere opplysningar i det nye registeret over reelle rettshavarar, som blir etablert i Brønnøysundregistrene. Frå 31. juli 2025 blir det plikt til å registrere slike opplysingar. Verdikartlegginga og innsikta i reell eigarskap vil danne grunnlag for å vurdere relevante verkemiddel for å vareta nasjonal tryggleik, mellom anna gjennom førebyggjande tryggingstiltak med heimel i tryggingslova, bruk av anna relevant regelverk og nasjonal eigarskap. Regjeringa har sett i gang eit arbeid for å greie ut korleis pliktig eigarregistrering kan gi norske myndigheiter tilstrekkeleg kontroll over eigarskap i fast eigedom.

Regjeringa går òg gjennom relevant eksisterande lovverk, for å sørge for at omsyn til nasjonal tryggleik inngår som vurderingskriterium der det er aktuelt. Når det gjeld endringar i tryggingslova vedtok Stortinget i juni 2023 på bakgrunn av forslag i Prop. 95 L (2022–2023) Endringer i sikkerhetsloven (eierskapskontroll og lovens virkeområde) ei presisering av plikta eigarar av skjermingsverdige objekt og infrastruktur har til å vurdere om eigedom som – på grunn av si plassering – kan leggje til rette for truslar mot verksemda, objektet eller infrastrukturen. Lovendringa definerer også eigedomar som har betyding for trygginga.

Heilskapleg gjennomgang av verjemålsordninga

Vedtak nr. 848, 27. april 2021

«Stortinget ber regjeringen foreta en helhetlig gjennomgang av vergemålsordningen og legge frem forslag til lovendringer som styrker og forbedrer den.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:77 (2020–2021) og Innst. 285 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Stortinget vedtok i mars 2023 endringar i verjemålslova, som tredde i kraft 1. april 2023 (endringslov 31. mars 2023 nr. 5). Dei aktuelle endringane vart foreslått i Prop. 141 L (2021–2022) hausten 2022, som første steg i oppfølginga av dette oppmodingsvedtaket. Etter endringane er bl.a. prinsippet om sjølvråderett tydeleggjort i fleire føresegner i verjemålslova. I Prop. 141 L (2021–2022) punkt 2.4 gjorde departementet greie for nokre prioriteringar for den vidare oppfølginga av oppmodingsvedtaket, bl.a. at terminologien i lova skal vurderast nærmare. Vidare blir det foreslått ein ny modell for godtgjering til verjer. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.70. Arbeidet med den vidare revisjonen av lova blir gjennomført i dialog med sivilt samfunn og andre relevante aktørar.

Etablering av ny redningshelikopterbase i Tromsø og felles operasjon med helikoptertenesta til Sysselmeisteren

Vedtak nr. 983, 25. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen starte nødvendige forberedelser som sikrer at Forsvaret overtar som operatør av redningshelikopterbasen i Tromsø når kontrakten med sivil operatør går ut.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 85 S (2020–2021) og Innst. 393 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Sperring av opplysningar i reaksjonsregisteret

Vedtak nr. 1116, 3. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen sørge for at opplysninger i reaksjonsregisteret om personer som er ilagt strafferettslige reaksjoner for bruk og besittelse av narkotika til eget bruk, sperres etter tre år. Sperring forutsetter at det ikke er registrert flere straffbare forhold i den aktuelle perioden.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 92 L (2020–2021), Innst. 612 L (2020–2021) og Lovvedtak 148 (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Eit forslag til forskriftsendringar har vore på høyring. Etter høyringa er straffeutmålingspraksisen endra av Høgsterett. Endringar i politiregisterforskrifta vil bli vurderte i samanheng med rushandhevingsutvalet si utgreiing, jf. NOU 2024: 12 Håndheving av mindre narkotikaovertredelser som vart levert 18. juni 2024.

Gjennomgang av praksis for tilbakekall av førarrett

Vedtak nr. 1117, 3. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen sørge for at samfunnets reaksjoner i forbindelse med problematisk bruk av rusmidler er forholdsmessige, og kan knyttes til rusbruken. Stortinget ber regjeringen særlig gjennomgå praksis med tap av førerrett i tilfeller der man ikke ser noen sammenheng mellom personens bruk av rusmidler og føring av motorvogn.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 92 L (2020–2021), Innst. 612 L (2020–2021) og Lovvedtak 148 (2020–2021).

Vedtaket er følgt opp. Hurdalsplattforma stadfestar regjeringa sin intensjon om å gjennomgå praksis med tap av førarrett der ein ikkje ser nokon samanheng mellom føraren sin bruk av rusmiddel og køyringa. Det primære formålet med reglane i vegtrafikklova om ruspåverka køyring er å sørge for trafikktryggleik og førebyggje skadar og dødsfall i vegtrafikken. I dialog med Politidirektoratet har departementet sett nærmare på politiet sin praksis for tilbakekall av førarrett på grunnlag av manglande edruelegheit, for å sikre at praksisen ikkje er strengare enn intensjonen bak reglane. Politiet si forståing av vilkåra i vegtrafikklova for tap av førarrett skal samsvare med lovforståinga til Sivilombodet og domstolane.

Høgsterett stadfesta i ein dom frå oktober 2021 at omsynet til trafikktryggleiken tilseier ein streng praksis, men òg at tilbakekall av førarretten, i lys av dei konsekvensane det har for innehavaren, skal nyttast på ein balansert måte og i tråd med formålet bak regelen. For å kunne kalle tilbake førarretten må forvaltninga ha konkrete og objektive haldepunkt for at det ligg føre ein rimeleg risiko for køyring i påverka tilstand. Justis- og beredskapsdepartementet følgjer den rettslege tilstanden tett, i dialog med Samferdselsdepartementet som forvaltningsansvarleg for vegtrafikklova.

Regjeringa held fram med arbeidet med ein nullvisjon, der målet er at det ikkje skal førekomme ulukker med drepne og hardt skadde i vegtrafikken. Reglane knytte til ruspåverknad og korleis det påverkar køyring, skal vere strenge, og politiet legg ned ein omfattande førebyggjande innsats for å redusere køyring i ruspåverka tilstand.

Unntak frå forelding for seksuallovbrot mot barn

Vedtak nr. 1159, 7. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag til lovendringer som fjerner foreldelsesfristen for alle typer seksualforbrytelser mot barn.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:273 S (2020–2021) og Innst. 634 S (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Sjå òg vedtak nr. 50 av 3. november 2020.

Internasjonale kriminelle organisasjonar

Vedtak nr. 1161, 11. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med strengere regler dersom det nye regelverket ikke i tilstrekkelig grad hindrer etableringer av internasjonale kriminelle gjenger og mafiaorganisasjoner.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 190 L (2020–2021) og Innst. 629 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Departementet vil vurdere om det er behov for strengare reglar når dei nye føresegnene har fått verke i noko tid.

Tilgang på straffeprosessuelle tvangsmiddel

Vedtak nr. 1162, 11. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede særskilt om politiet bør gis tilgang på straffeprosessuelle tvangsmidler ut over det den foreslåtte strafferammen på tre års fengsel for deltagelse, rekruttering eller videreføring av en kriminell sammenslutning, tilsier.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 190 L (2020–2021) og Innst. 629 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Departementet vil vurdere behovet for fleire straffeprosessuelle tvangsmiddel når dei gjeldande føresegnene har fått verke i noko tid.

Kompensasjonsordning for tapt arbeidsforteneste for frivillige i redningstenesta

Vedtak nr. 1343, 18. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2022 legge frem en vurdering av om det bør innføres en kompensasjonsordning for tapt arbeidsfortjestene for frivillige som blir anmodet av nødetatene om å bistå i redningsoppdrag.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 195 S (2020–2021) og Innst. 600 S (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Det vil krevje ei utgreiing før ein får oversikt over og kunnskap om kva eit slikt tiltak vil bety for redningstenesta, og kva utgiftene vil vere for staten. Departementet har enno ikkje teke stilling til om ei slik utgreiing skal setjast i verk. Det er både fordelar og ulemper med å innføre ei kompensasjonsordning for tapt arbeidsforteneste for frivillige. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at dei frivillige organisasjonane held oppe og styrker posisjonen sin innanfor norsk redningsberedskap (sjå òg Meld. St. 10 (2016–2017)). Samstundes bør det vere eit tydeleg skilje mellom offentlege og frivillige ressursar.

9.5 Stortingssesjon 2019–2020

Elektroniske fraktbrev

Vedtak nr. 436, 31. mars 2020

«Stortinget ber regjeringen sikre at nye elektroniske fraktbrev som er planlagt i CRM-direktivet, gjøres obligatoriske.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 11 LS (2019–2020) og Innst. 214 S (2019–2020).

Vedtaket er under behandling.

Reklamasjonsfrist på bustader

Vedtak nr. 515, 21. april 2020

«Stortinget ber regjeringen utrede om reklamasjonsfristen på nyoppførte boliger skal økes fra fem til ti år, samt konsekvensene av en eventuell utvidelse.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 25 (2018–2019) og Innst. 171 S (2019–2020).

Vedtaket er under behandling. EU har nyleg vedteke nye forbrukarvernreglar som kan gjere det aktuelt å vurdere norske reglar om absolutte reklamasjonsfristar i ein større samanheng.

9.6 Stortingssesjon 2017–2018

Utanlandsopphald

Vedtak nr. 788, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen foreslå tydeliggjøring av hjemler i straffeloven som holder foreldre ansvarlige dersom barn sendes på utenlandsopphold mot sin vilje.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:118 S (2017–2018) og Innst. 260 S (2017–2018) frå justiskomiteen om tiltak mot sosial kontroll og æresvald.

Vedtaket er under behandling. Sjå òg omtale under vedtak nr. 712 av 9. mars 2021.

Eige lovverk for Statens barnehus

Vedtak nr. 795, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om et eget lovverk for Statens barnehus som sikrer ivaretakelse av hele mandatet til Statens barnehus.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:140 S (2017–2018) og Innst. 316 S (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. Departementet vil setje i gang eit utgreiingsarbeid om eige lovverk for Statens barnehus i samarbeid med Politidirektoratet. Oppstart av ei slik utgreiing vil skje etter at Politidirektoratet har avslutta revisjonen av Felles retningslinjer for Statens barnehus i samarbeid med Helsedirektoratet og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

9.7 Stortingssesjon 2016–2017

Korrupsjonsføresegnene i straffelova

Vedtak nr. 523, 23. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om endring av straffeloven som innebærer at for overtredelser av straffelovens korrupsjonsbestemmelser kan foretaket også straffes når handlingen er utført av noen som gjennom sine forbindelser med selskapet må assosieres med det. Det må vurderes straffefrihet for selskap som har gjort det de kan for å forebygge korrupsjon.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 191 L (2016–2017) frå justiskomiteen om å utvide ansvaret som selskap har for korrupsjonshandlingar.

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet har gitt ein fagperson i oppdrag å drøfte dei aktuelle spørsmåla og komme med forslag til lovendringar. Rapporten vart overlevert i mai 2021 og send på høyring 12. oktober 2021, med høyringsfrist 11. januar 2022. Rapporten er no til oppfølging i departementet.

Til forsiden