Meld. St. 4 (2024–2025)

Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2023–2024

Til innholdsfortegnelse

5 Energidepartementet

Nedanfor følger ei oversikt over oppfølginga av oppmodings- og utgreiingsvedtak under Energidepartementet. Oversikta inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen 2023–2024, i tillegg til dei vedtaka frå tidlegare stortingssesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 239 S (2023–2024) meinte ikkje var kvitterte ut. I tabellen nedanfor står det om departementet planlegg at rapporteringa knytt til oppmodings- og utgreiingsvedtaket skal avsluttast no, eller om departementet vil rapportere konkret på vedtaket også i budsjettproposisjonen for neste år.

Tabell 5.1 Oversikt over oppmodings- og utgreiingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapporteringa blir avslutta (Ja/Nei)

2023–2024

2

Sikkerheit knytt til Equinors anskaffing av flyteriggar frå det statseigde kinesiske selskapet COSL

Ja

2023–2024

96

Havvind – opne eit område i nord

Nei

2023–2024

449

Tydeleggjering av at omsynet til nasjonal sikkerheit vil vere eit kriterium ved tildeling av utvinningsløyve

Ja

2023–2024

450

Framlegging av planar for utvinning av havbotnmineral

Ja

2023–2024

451

Sokkeldirektoratet innhentar innspel frå andre aktuelle statlege etatar i samband med at dei utarbeider forslag til arbeidsprogram

Ja

2023–2024

453

Tiltak som kan settast i verk raskt for å hindre og avbøte ein situasjon med store prisforskjellar mellom eitt prisområde og tilgrensande prisområde

Ja

2023–2024

715

Forbod for kraftleverandørar mot å drive direktemarknadsføring mot tidlegare kundar

Ja

2023–2024

716

Tiltak for ein meir forbrukarvennleg straummarknad

Ja

2023–2024

717

Nye datasenter – utnytting av spillvarme og eigenproduksjon av energi- og energilagringsløysingar

Nei

2023–2024

822

Lærdom av Fosen-saka

Ja

2023–2024

910

Energipartnarskap med olje- og gassnæringa

Ja

2023–2024

911

Havvind – støtteprogram for flytande havvind

Ja

2023–2024

913

Fjerne konsesjonsplikt for solparkar opp til 10 MW

Ja

2023–2024

915

10 TWh redusert straumforbruk

Ja

2022–2023

13

Kartlegging av potensialet for solenergiproduksjon på eksisterande infrastruktur

Ja

2022–2023

16

Mellombels eller tidsavgrensa fritak frå konsesjonsplikt

Ja

2022–2023

18

Effektgrense for konsesjonsplikt for solenergianlegg

Ja

2022–2023

765

Forslag til endringar som tillèt områdeløysingar og deling av lokalprodusert straum og energilagring mellom bygg med ulike gards- og bruksnummer

Ja

2022–2023

766

Plan med mål og verkemiddel for å fremme utbygging av produksjon av fornybar kraft i næringsareal, langs motorvegar og i andre nedbygde areal

Ja

2022–2023

767

Fjerne regulatoriske hinder for energiproduksjon på næringsareal og andre nedbygde areal

Ja

2022–2023

768

Heve grensa for kor mykje eigenprodusert, fornybar energi som kan delast frå næringsbygg

Ja

2022–2023

812

Straumstønadsordninga – avgrensing for kjøp av rimeleg konsesjonskraft

Ja

2022–2023

813

Inkludering av bakkemonterte solenergianlegg i plan- og bygningslova

Nei

2022–2023

836

Havvind – elektrifisering av oljeinstallasjonar

Ja

2022–2023

841

Havvind – auka vekting av berekraftskriteria og positive lokale ringverknader

Nei

2022–2023

842

Havvind – vurdere andre og meir formålstenlege løyvingsløysingar for differansekontraktar enn OPS-rammeverket

Ja

2022–2023

914

Havvind – elektrifisering av offshoreinstallasjonar

Ja

2022–2023

923

Solenergi – mål om 8 TWh innan 2030

Ja

2022–2023

924

Solkraft – deling med høgare grense enn 1 MW

Ja

2022–2023

925

Solenergiparkar – fjerne konsesjonsplikt for enkeltprosjekt med lågt konfliktnivå

Ja

2022–2023

926

Solenergiparkar – fjerne konsesjonsplikt opp til 1 MW

Ja

2021–2022

385

Straumsituasjonen i Geirangerfjorden etter vedtak om nullutslepp for cruiseskip

Ja

2021–2022

548

Fjerne regulatoriske barrierar som hindrar lokal energiproduksjon, energilagring og omsetning av energi mellom bygg

Ja

2021–2022

703

Havvind – tildeling av areal

Nei

2021–2022

716

Havvind – vurdere å fastsette delmål for arealtildeling innan 2030

Nei

2021–2022

727

Mål om auka energisparing – greie ut ulike ordningar med energisparesertifikat

Ja

2021–2022

731

Prioritere kven av større nye forbrukarar som får tilknyting til og uttak frå nettet

Ja

2021–2022

746

Prøveordning for handverksbedrifter – energitiltak

Ja

5.1 Stortingssesjon 2023–2024

Sikkerheit knytt til Equinors anskaffing av flyteriggar frå det statseigde kinesiske selskapet COSL

Vedtak 2, 5. oktober 2023

«Stortinget ber regjeringen på egnet måte informere Stortinget om all sikkerhetsrelevant informasjon knyttet til Equinors inngåtte kontrakt om anskaffelse av flyterigger fra det statseide kinesiske selskapet COSL, samt redegjøre for hvilke kontrollmekanismer som er etablert for sikre at bedriftene utøver sitt pålagte ansvar om at anskaffelser skjer i henhold til sikkerhetsloven.»

Saka blei behandla i den utvida utanriks- og forsvarskomiteen 25. oktober 2023.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Havvind – opne eit område i nord

Vedtak 96, 4. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen åpne et område i nord for havvind som kan utlyses senest i 2027, og der det skal legges vekt på at konsekvensene for sameksistens med fiskeri, natur og miljø kan ivaretas på en god måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2023–2024) og Innst. 2 S (2023–2024).

Før eit område blir opna, må det gjennomførast ei strategisk konsekvensutgreiing. Departementet har gitt Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i oppdrag å gjennomføre strategiske konsekvensutgreiingar av alle områda som er aktuelle for utlysing framover mot 2040, inkludert områda i nord. Desse utgreiingane skal etter planen vere ferdige innan utgangen av juni 2025. Utgreiingane vil mellom anna vurdere sameksistens med andre næringar og omsyn til natur og miljø, og gi viktig informasjon for avgjerder om framtidige opningar og utlysingar.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Tydeleggjering av at omsynet til nasjonal sikkerheit vil vere eit kriterium ved tildeling av utvinningsløyve

Vedtak 449, 9. januar 2024

«Stortinget ber regjeringen ved utlysning av areal tydeliggjøre at hensynet til nasjonal sikkerhet vil være et kriterium ved tildeling av utvinningstillatelser.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 25 (2022–2023) og Innst. 162 S (2023–2024).

Energidepartementet har sendt eit forslag til utlysing av første konsesjonsrunde for havbotnmineral på offentleg høyring. I høyringsbrevet er det presisert at omsynet til nasjonal sikkerheit vil ligge til grunn for korleis departementet gjennomfører konsesjonsrunden.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Framlegging av planar for utvinning av havbotnmineral

Vedtak 450, 9. januar 2024

«Stortinget ber regjeringen legge frem de første planene for utvinning av havbunnsmineraler for Stortinget som proposisjon før departementet godkjenner utvinningsplanen etter havbunnsmineralloven § 4-4.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 25 (2022–2023) og Innst. 162 S (2023–2024).

Regjeringa vil legge fram dei første planane for utvinning for Stortinget før Energidepartementet eventuelt gjer vedtak om å godkjenne slike planar. Det er ikkje venta at det blir sendt inn slike planar dei nærmaste åra.

Departementet reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Sokkeldirektoratet innhentar innspel frå andre aktuelle statlege etatar i samband med at dei utarbeider forslag til arbeidsprogram

Vedtak 451, 9. januar 2024

«Stortinget ber regjeringen sørge for at Oljedirektoratet innhenter innspill fra øvrige berørte statlige etater, herunder Miljødirektoratet og Havforskningsinstituttet, i forbindelse med utarbeidelse av sitt forslag til arbeidsprogram til departementet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 25 (2022–2023) og Innst. 162 S (2023–2024).

Departementet arbeider med å lyse ut første konsesjonsrunde for mineralverksemd på norsk kontinentalsokkel og har sendt eit forslag på offentleg høyring. Når det skal fastsettast arbeidsprogram for løyve i konsesjonsrunden, vil departementet be om at Sokkeldirektoratet innhentar innspel frå andre statlege etatar, under dette Miljødirektoratet og Havforskingsinstituttet, i samband med at direktoratet utarbeider sitt forslag til arbeidsprogram.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Tiltak som kan settast i verk raskt for å hindre og avbøte ein situasjon med store prisforskjellar mellom eitt prisområde og tilgrensande prisområde

Vedtak 453, 9. januar 2024

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvilke tiltak som raskt kan iverksettes for å hindre og avbøte en situasjon med store prisforskjeller mellom et prisområde og tilgrensende prisområder, herunder tiltak i strømnettene, bruk av flaskehalsinntekter, innretning av prisområder og andre aktuelle og relevante tiltak.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:3 S (2023–2024) og Innst. 163 S (2023–2024).

Gjennom sommaren i år har kraftprisane i Sør-Noreg vore betydeleg lågare enn dei var dei to føregåande åra. Samtidig har det vore noko høgare kraftprisar i NO2 enn i NO1 og NO5. Ein slik prisforskjell oppstod også i 2022 og 2023. Så langt i 2024 (til og med veke 33) har det i gjennomsnitt ikkje vore store skilnader i kraftprisane mellom NO2 og NO1. Kraftprisen i NO2 har i denne perioden vore om lag 6 øre/kWh høgare enn i NO1. Forskjellen er dermed langt mindre enn prisforskjellane i 2022 og 2023.

Regjeringa har etablert ei straumstønadsordning for hushald for å sikre dei mot høge straumprisar. Regjeringa har også lagt til rette for gode fastprisavtalar for næringslivet gjennom eit kontraktsunntak for standardiserte fastprisavtalar i grunnrenteskatten for vasskraft.

Dagens nett og produksjonsressursar må utnyttast best mogleg. Det er målet når Statnett fastset handelskapasiteten mellom bodområda. Statnett og dei andre nordiske systemoperatørane arbeider også med å innføre flytbasert marknadskopling som metode for å fastsette handelskapasitetar i kraftmarknaden. Det vil bidra til at eksisterande nett blir utnytta betre, og til å jamne ut prisforskjellane. Ved flytbasert marknadskopling får marknaden tilgang på fleire moglegheiter for handel, og den fysiske nettkapasiteten kan brukast på ein meir fleksibel og samfunnsøkonomisk rasjonell måte.

Regjeringa har sørgt for ei mellombels ordning som opnar for at høge flaskehalsinntekter i transmisjonsnettet kan førast raskare tilbake frå Statnett til nettkundane. Den mellombelse ordninga skal redusere moglegheita for at nettkundar i prisområde med ekstraordinært høge kraftprisar får auka nettleige. Sidan ordninga kom på plass, er det utbetalt om lag 8,46 mrd. kroner til redusert nettleige.

I 2024 er det ikkje utbetalt noko gjennom ordninga. Årsaka er at Statnett ikkje har hatt nok flaskehalsinntekter å betale ut. Dersom flaskehalsinntektene blir høgare enn prognosene til Statnett tilseier, kan det bli utbetalt beløp gjennom ordninga seinare i år.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Forbod for kraftleverandørar mot å drive direktemarknadsføring mot tidlegare kundar for kraftleverandørar

Vedtak 715, 6. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen vurdere et forbud mot at kraftleverandørene driver med direktemarkedsføring til tidligere kunder mens leverandørbyttet pågår og 14 dager etter byttet er gjennomført.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 83 L (2023–2024), Innst. 408 S (2023–2024) og Lovvedtak 82 (2023–2024).

Regjeringa har rydda i straummarknaden over lengre tid, og foreslo gjennom Prop. 83 L (2023–2024) Endringer i energiloven mv. (tiltak for et mer forbrukervennlig strømmarked) ytterlegare grep for å gjere det enklare for forbrukarane å inngå ein god straumavtale.

Energidepartementet og Barne- og familiedepartementet har vurdert eit forbod mot direktemarknadsføring der ein kraftleverandør som mistar ein kunde, kontaktar denne kunden i ein viss periode etter leverandørskifte og tilbyr prisreduksjon eller andre fordelar i den hensikt å vinne kunden tilbake, såkalla winback-marknadsføring.

Slik departementa ser det, vil eit forbod mot denne typen direktemarknadsføring i straummarknaden ikkje direkte avhjelpe utfordringane i sluttbrukarmarknaden. Det er vidare vanskeleg å ramme inn eit forbod på ein god måte. Eit generelt forbod vil truleg også vere i strid med direktivet om urimeleg handelspraksis.

Slik departementa vurderer det, vil innstrammingane som Stortinget vedtok ved behandlinga av Prop. 83 L (2023–2024), samla bidra til at forbrukarane får tilstrekkeleg tid til å vurdere tilbod og samanlikne med andre avtalar i straummarknaden. Departementa peikar særleg på at den nyleg innførte «nedkjølingsperioden» for sal av straumavtalar, jf. Prop. 83 L (2023–2024), vil bidra til å redusere utfordringane knytte til denne typen direktemarknadsføring.

Departementa viser også til særreglane for telefonsal i angrerettlova § 10 og til at forbrukaren har angrerett når ein avtale blir inngått ved fjernsal og sal utanom faste forretningslokale. Tilsynsmyndigheitene arbeider aktivt med å følge opp at kraftleverandørane følger regelverket.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Tiltak for ein meir forbrukarvennleg straummarknad

Vedtak 716, 6. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen sikre at kraftleverandørene ikke kan gjøre vesentlige endringer i strømavtaler uten forbrukerens uttrykkelige samtykke.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 83 L (2023–2024), Innst. 408 S (2023–2024) og Lovvedtak 82 (2023–2024).

Regjeringa har vore opptatt av å gjere straummarknaden meir forbrukarvennleg, og det er vedtatt endringar i energilova som skal gjere det enklare for forbrukarar å orientere seg i straummarknaden, finne gode avtalar og komme seg ut av mindre gode avtalar.

Energidepartementet har i oppfølginga av vedtaket samarbeidd med Barne- og familiedepartementet, som medforfattar av lovforslaget og ansvarleg for forbrukarvernregelverket.

Utgangspunktet i norsk rett er at vi har avtalefridom, og at inngåtte avtalar er bindande. Det er i dag fleire rettslege avgrensingar for moglegheitene kraftleverandørane har til å gjere endringar i straumavtalar som er inngått med forbrukarar.

Dersom ein kraftleverandør skal kunne gjere endringar i ein straumavtale, må dette vere avtalt i straumavtalen, og endringstilgangen kan ikkje omfatte vesentlege endringar. Dersom kraftleverandøren ønsker å gjere vesentlege endringar i avtalen, krev det eit nytt samtykke frå forbrukaren. Sjølv om det er avtalt ein endringstilgang, vil forbrukarmyndigheitene kunne slå ned på vesentlege endringar og uklare endringsvilkår, som vil kunne vere ulovlege etter avtaleretten og marknadsføringslova. Forbrukartilsynet har tidlegare tatt opp saker om ulovlege endringsvilkår med straumbransjen. Dei har for eksempel påpeika at straumleverandørane ikkje kan endre prisen på ein straumavtale som følge av endringsvilkår som viser til «marknadsmessige forhold» eller «auka kostnader».

I høyringa av forslaget som blei fremma i proposisjonen, tok nokre av høyringsinstansane til orde for at det kunne vere ønskeleg at energilova regulerte endringstilgangen for kraftleverandøren meir eksplisitt. Andre meinte derimot at forslaget som blei sendt på høyring, gjekk for langt.

Tilsynsmyndigheitene på energiområdet og forbrukarvernområdet følger kraftbransjen særleg nøye, og arbeider aktivt med å sikre at kraftleverandørane overheld gjeldande regelverk, også på forbrukarområdet.

Energidepartementet og Barne- og familiedepartementet vurderer at gjeldande regelverk gir eit tilstrekkeleg og godt rettsleg vern for å sikre forbrukarar mot vesentlege endringar i straumavtalar. Departementa legg til grunn at forbrukarmyndigheitene gjennom kontrollverksemda si ser til at dette blir følgt opp, og at dei omsyna som ligg bak oppmodingsvedtaket, dermed også blir tatt hand om på ein god måte. Med dei lovendringane som er vedtatt, blei også stillinga til forbrukarane ytterlegare styrkt ved at einsidige endringar til ulempe for forbrukaren (som har heimel i avtalen, og som er innanfor lovrammene) tidlegast kan tre i kraft 30 dagar etter at forbrukaren har fått skriftleg varsel om endringane, og ved at forbrukaren da kan seie opp avtalen kostnadsfritt. Med lovendringane som er vedtatt, har også Reguleringsmyndigheita for energi (RME) og Forbrukartilsynet fått ei styrkt rolle i handhevinga.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Nye datasenter – utnytting av spillvarme og eigenproduksjon av energi- og energilagringsløysingar

Vedtak 717, 6. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen utarbeide krav til nye datasentre som omhandler utnyttelse av spillvarme og egenproduksjon av energi- og energilagringsløsninger der det ligger til rette for dette.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:106 S (2023–2024) og Innst. 383 S (2023–2024).

Departementet sende 16. mai 2024 eit forslag til ei ny forskrift med krav om kost-nytte-analyse av moglegheitene for å utnytte overskotsvarme (spillvarme) på høyring med frist 28. august 2024. Datasenter med over 2 MW tilført elektrisk effekt fell inn under denne forskrifta. Regjeringa greier også ut om det er grunnlag for å stille strengare krav til utnytting av overskotsvarme. Mellom anna vurderer regjeringa om fleire anlegg bør omfattast av krav om å gjennomføre kost-nytte-analyse av utnytting av overskotsvarme, og om det skal stillast strengare krav om gjennomføring av lønnsame tiltak.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Lærdom av Fosen-saka

Vedtak 822, 19. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen ta lærdom av Fosen-saken. Bedre kunnskap om vindkraftens påvirkning på reindrift, styrket kompetanse på ivaretakelse av reindrift som samisk kulturbærer i kommunal, regional og statlig forvaltning og mulige tiltak som tilrettelegger for raskere avklaring av rettslig prøving av gyldighetsspørsmål, bør vektlegges. Regjeringen bes redegjøre for Stortinget om framdrift i arbeidet på egnet vis i løpet av høsten 2024.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2023–2024) og Innst. 433 S (2023–2024).

I kapittel 9 Lærdom av Fosen-saka, i del III av proposisjonen, blir det gjort greie for lærdommen av Fosen-saka og for framdrifta i arbeidet i tråd med oppmodingsvedtaket.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Energipartnarskap med olje- og gassnæringa

Vedtak 910, 21. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen videreføre dialogen og konkretisere innholdet i et energipartnerskap med olje- og gassnæringen, vedtatt i forbindelse med oljeskattepakken, i tråd med omtalen i Revidert nasjonalbudsjett 2024, med sikte på fortsatte utslippsreduksjoner i næringen for å bidra til å nå klimamålet i 2030. Et viktig premiss for partnerskapet er at olje- og gassnæringen innenfor det finanspolitiske rammeverket skal bidra mer til finansieringen av flytende havvind enn de gjør i dag, ved at CO2-avgiften på sokkelen skal økes frem mot 2030.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 2 (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).

I kapittel 11 Oppfølging av oppmodningsvedtak om energipartnarskap med meir, i del III av proposisjonen, blir det gjort greie for oppfølginga av oppmodningsvedtaket.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Havvind – støtteprogram for flytande havvind

Vedtak 911, 21. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen lyse ut arealer til havvind i 2025 som gir rom for minst 5-10 TWh ny produksjon. I den forbindelse ber Stortinget om at regjeringen i statsbudsjettet for 2025 foreslår et ambisiøst støtteprogram for flytende havvindområder i Vestavind B og Vestavind F. Tilsagnsfullmakten skal baseres på oppdaterte kostnadsanslag. Støtteprogrammet skal være på minst 35 mrd. kroner og bidra vesentlig til utviklingen av flytende havvind og elektrifisering av petroleumsinstallasjoner, og ivareta kraftbalansen på fastlandet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 2 (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).

I kapittel 10 Oppfølging av oppmodningsvedtak om støtteprogram for flytande havvind, i del III av proposisjonen, blir det gjort greie for oppfølginga av oppmodningsvedtaket.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Fjerne konsesjonsplikt for solparkar opp til 10 MW

Vedtak 913, 21. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen i løpet av vårsesjonen 2025 fjerne konsesjonsplikt for solparker opp til 10 MW lokalisert på industritomter, næringsarealer, flystriper eller lignende, slik at tillatelser gis av kommunene etter plan- og bygningsloven.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 2 (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).

Departementet har hatt på høyring eit forslag om å innføre ei effektgrense for konsesjonsplikt for solkraftanlegg. I høyringsnotatet foreslo departementet å sette grensa til 5 MW. Mellom anna med bakgrunn i oppmodingsvedtaket, bad departementet også om innspel på ei effektgrense på opp mot 10 MW. Departementet vil også greie ut korleis eit unntak for grå areal kan utformast på ein formålstenleg måte og kva for areal som bør falle innanfor eit slikt unntak.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

10 TWh redusert straumforbruk

Vedtak 915, 21. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen fastsette et mål om 10 TWh redusert strømforbruk i den totale bygningsmassen i 2030 sammenlignet med 2015 og rapportere tilbake til Stortinget om dette i forbindelse med statsbudsjettet for 2025.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 2 (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).

Regjeringa har fastsett eit mål om 10 TWh redusert straumforbruk i den totale bygningsmassen i 2030 samanlikna med 2015. Å legge om målet frå effektivisering av energibruk til effektivisering av straum vil bidra til at verkemidla til regjeringa trekker meir i same retning. Det er tilgangen på fornybar straum og nettilknyting som vil vere utfordringane i åra framover. Å legge om oppvarming frå straum til andre energiberarar, som fjernvarme og bioenergi, vil bidra til å dempe behovet for ny kraft- og nettutbygging, samtidig som det legg til rette for etablering av ny industri.

Regjeringa si satsing på auka bruk av overskotsvarme vil spele godt saman med eit straummål. Med dagens energibruksmål tel energiomlegging ofte negativt, sidan oppvarming ved bruk av bioenergi eller fjernvarme generelt krev meir energi enn elektrisitet.

Arbeidet med energieffektivisering i bygg står høgt på dagsordenen til regjeringa. Enova har fått auka løyvingar til energieffektivisering og utbygging av solenergi. Regjeringa inngjekk ein tilleggsavtale med Enova våren 2024. Ei satsing på energieffektivisering i yrkesbygg og bustader var ein del av tilleggsavtalen. Husbankens tilskotsordning for energitiltak i kommunale bygg er utvida og vidareført. I tillegg er regjeringa i ein prosess for å styrke energidimensjonen i styringsavtalen med Enova for neste fireårsperiode, og her er tiltak i bygg ein viktig del. Det er også sett i gang ein gjennomgang av byggteknisk forskrift (TEK) og byggesakforskrifta for å greie ut moglege endringar som kan legge til rette for energieffektivitet, energifleksibilitet og lokal energiproduksjon i nye og eksisterande bygg.

I regjeringa sin handlingsplan for energieffektivisering blei NVEs rolle innanfor energieffektivisering gjord tydeleg. NVE, Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) og Husbanken har fått auka løyvingar for å følge opp handlingsplanen. NVE har fått i oppgåve å ha god oversikt over energibruksutviklinga, også i bygg.

I 2015 var straumforbruket i bygg om lag 65,6 TWh. I 2022 var det om lag 62,8 TWh. Straumforbruket må reduserast med 7,2 TWh til for at målet skal vere nådd i 2030.

Departementet vil orientere om statusen for målet om 10 TWh redusert straumforbruk i den totale bygningsmassen i 2030 samanlikna med 2015 til Stortinget i dei årlege statsbudsjetta.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

5.2 Stortingssesjon 2022–2023

Kartlegging av potensialet for solenergiproduksjon på eksisterande infrastruktur

Vedtak 13, 18. oktober 2022

«Stortinget ber regjeringen kartlegge potensialet for solenergiproduksjon på eksisterende infrastruktur der solparker kan etableres uten vesentlige naturinngrep, som for eksempel på parkeringsplasser, i industriområder og lignende.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 25 S (2022–2023).

I Innst. 239 S (2023–2024) viser fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen til at fleirtalet i energi- og miljøkomiteen meiner at oppmodingsvedtak 13 og 16 (2022–2023) ikkje kan kvitterast ut, og at rapporteringa på desse vedtaka ikkje kan avsluttast.

I juli 2023 gav departementet NVE i oppdrag å utarbeide eit fagleg underlag om solkraft og lokal energiproduksjon. Dette skulle inkludere ei vurdering av potensialet for solkraftutbygging. NVE svarte på oppdraget i form av ein rapport som blei levert 5. februar 2024. I rapporten viser NVE til at dei har basert vurderingane sine på eksisterande potensialstudiar, fordi det er krevjande å gjere ei fullstendig kartlegging av potensialet på bygg og andre nedbygde areal. Vidare viser NVE til at det er eit stort teoretisk potensial for bygningsmontert solkraft i Noreg, men at tala er svært usikre. NVE viser til studiar frå Multiconsult og IFE. Multiconsult anslår potensialet for bygningsmontert solkraft til om lag 66 TWh/år, og IFE anslår potensialet på tak i Noreg til om lag 30 TWh/år. NVE meiner at det realistiske potensialet sannsynlegvis er betydeleg lågare, fordi ein må ta omsyn til tekniske forhold, til økonomi og til kraftsystemet.

NVE meiner det ikkje er formålstenleg å fastsette eit konkret teoretisk potensial for bakkemonterte solkraftanlegg. Dette er fordi det er mange fleire forhold og interesser som må vurderast for slike anlegg enn for bygningsmonterte anlegg.

Departementet stiller seg bak vurderingane NVE har gjort når det gjeld potensialet for solkraft i Noreg.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Mellombels eller tidsavgrensa fritak frå konsesjonsplikt

Vedtak 16, 18. oktober 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere et midlertidig eller tidsbegrenset fritak fra konsesjonsplikt for å etablere lavspenningsledninger til nabobygg for salg av kraft.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 25 S (2022–2023).

I Innst. 239 S (2023–2024) viser fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen til at fleirtalet i energi- og miljøkomiteen meiner at oppmodingsvedtak 13 og 16 (2022–2023) ikkje kan kvitterast ut, og at rapporteringa på desse vedtaka ikkje kan avsluttast.

Departementet har i oppfølginga av vedtaket bedt NVE og RME om å gi ei vurdering av eit mellombels eller tidsavgrensa fritak frå konsesjonsplikt for å etablere lågspenningsleidningar til nabobygg for sal av kraft. NVE meiner tiltaket kan føre til ei ineffektiv utvikling av lågspentnett. RME har stilt seg bak denne vurderinga. Dette var også årsaka til at slik konsesjonsplikt blei innført i 2010. Å ha ein områdekonsesjonær med monopol på nettutbygging innanfor eit avgrensa område gir stordriftsfordelar når det gjeld effektiv utbygging og drift av slike anlegg. Departementet viser til vurderingane NVE og RME har gjort, og meiner at det ikkje er formålstenleg å utvide dagens unntak frå konsesjonsplikta for å bygge, eige og drive lågspente nettanlegg.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Effektgrense for konsesjonsplikt for solenergianlegg

Vedtak 18, 18. oktober 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere å øke effektgrensen for hvor stort et solenergianlegg kan være før konsesjonsplikt inntreffer.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 25 S (2022–2023).

Departementet har hatt på høyring eit forslag om å innføre ei effektgrense for konsesjonsplikt for solkraftanlegg på 5 MW. Departementet bad også om innspel på ei effektgrense på opp mot 10 MW. Departementet vil arbeide med ei endringsforskrift for å gjennomføre nødvendige endringar etter å ha vurdert innkomne innspel.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Forslag til endringar som tillèt områdeløysingar og deling av lokalprodusert straum og energilagring mellom bygg med ulike gards- og bruksnummer

Vedtak 765, 5. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag til endringer som tillater områdeløsninger og deling av lokalprodusert strøm og energilagring mellom bygg med ulike gårds- og bruksnummer, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte i løpet av våren 2024.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:197 S (2022–2023) og Innst. 467 S (2022–2023).

Departementet har i oppfølginga av vedtaket bestilt og fått eit forslag frå RME om korleis ei delingsordning for fornybar straum tilpassa næringsområde kan innrettast på ein samfunnsmessig rasjonell måte. På oppdrag frå Energidepartementet og Finansdepartementet har RME og Skattedirektoratet greidd delingsordninga ut vidare.

Departementa er opptatt av at ordninga skal ha ein tydeleg avgrensing som står seg over tid. Energidepartementet og Finansdepartementet vil hausten 2024 sende forskriftsendringar på høyring som gjer det mogleg å dele overskotsproduksjon av fornybar straum frå anlegg på inntil 5 MW innanfor eit næringsområde. Departementa tar sikte på å innføre ei slik ordning så raskt som mogleg.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Plan med mål og verkemiddel for å fremme utbygging av produksjon av fornybar kraft i næringsareal, langs motorvegar og i andre nedbygde areal

Vedtak 766, 5. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen, senest i forbindelse med statsbudsjettet for 2024, legge fram en plan med mål og virkemidler for å fremme utbygging av produksjon av fornybar kraft i næringsarealer, langs motorveier og i andre nedbygde arealer, med mål om minst 5 TWh produksjon innen 2030.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:197 S (2022–2023) og Innst. 467 S (2022–2023).

Regjeringa la fram satsinga si på solkraft og lokal energiproduksjon som del av revidert nasjonalbudsjett for 2024, sjå punkt 2.16 Energidepartementet, Andre saker, side 144–149 i Prop. 104 S (2023–2024) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2024. Der blei det presentert ei tiltaksliste med ulike satsingar på området.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Fjerne regulatoriske hinder for energiproduksjon på næringsareal og andre nedbygde areal

Vedtak 767, 5. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå og fjerne regulatoriske hindre for energiproduksjon på næringsarealer og andre nedbygde arealer.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:197 S (2022–2023) og Innst. 467 S (2022–2023).

Departementet har i oppfølginga av vedtaket bedt NVE, med innspel frå RME og eventuelt andre etatar, kartlegge og vurdere rammevilkåra for lokal energiproduksjon og -lagring og eventuelt foreslå endringar i eksisterande reguleringar og verkemiddel. NVEs gjennomgang viser at barrierane for auka utbygging av solkraft varierer avhengig av om det er bakkemonterte eller bygningsmonterte anlegg, men lav lønnsemd er ifølge NVE ein barriere for begge typar anlegg. Tilgang på areal og nettkapasitet er særleg ein barriere for større anlegg, i hovudsak bakkemonterte anlegg. Departementet viser til at det har hatt på høyring eit forslag om innføring av ei effektgrense på 5 MW for konsesjonsplikt for solkraftanlegg. Departementet bad også om innspel på ei effektgrense på opp mot 10 MW. I oppfølginga av høyringa vil det bli vurdert om ei slik effektgrense skal gjelde for alle typar solkraftanlegg eller avgrensast til dei som er planlagde på industritomter, næringsareal og liknande. Departementet vil også greie ut for kva for areal som bør omfattast av eit eventuelt unntak frå konsesjonsplikt.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Heve grensa for kor mykje eigenprodusert, fornybar energi som kan delast frå næringsbygg

Vedtak 768, 5. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen heve grensen for hvor mye egenprodusert, fornybar energi som kan deles fra næringsbygg, på en måte som ikke er til hinder for rasjonell utvikling av nettet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:197 S (2022–2023) og Innst. 467 S (2022–2023).

Departementet har i oppfølginga av vedtaket bestilt og fått eit forslag frå RME om korleis ei delingsordning for fornybar straum tilpassa næringsområde kan innrettast på ein samfunnsmessig rasjonell måte. På oppdrag frå Energidepartementet og Finansdepartementet har RME og Skattedirektoratet greidd delingsordninga ut vidare.

Departementa er opptatt av at ordninga skal ha ein tydeleg avgrensing som står seg over tid. Energidepartementet og Finansdepartementet vil hausten 2024 sende forskriftsendringar på høyring som gjer det mogleg å dele overskotsproduksjon av fornybar straum frå anlegg på inntil 5 MW innanfor eit næringsområde. Departementa tar sikte på å innføre ei slik ordning så raskt som mogleg.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Straumstønadsordninga – avgrensing for kjøp av rimeleg konsesjonskraft

Vedtak 812, 9. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan strømstøtteordningen kan avgrenses slik at husholdninger som kjøper rimelig konsesjonskraft fra kommunen, ikke mottar støtte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 116 L (2022–2023), Innst. 486 L (2022–2023) og Lovvedtak 119 (2022–2023).

Retten til konsesjonskraft er ein lovfesta rett til uttak av kraft for kraftutbyggingskommunane og fleire fylkeskommunar. Konsesjonskraft skal sikre utbyggingskommune kraft til alminneleg forsyning, og til ein rimeleg pris. Kva kvar enkelt kommune vel å gjere med konsesjonskrafta og tilhøyrande inntekter, er innanfor det kommunale sjølvstyret. Departementet har ikkje oversikt over kva for kommunar som tilbyr straumavtalar til innbyggarane sine, men er kjent med at sju konsesjonskraftkommunar tilbyr fastprisavtalar til innbyggarane sine i dag. Det varierer korleis avtalane er innretta, og per mai 2024 er prisane oppgitt til å ligge på 40–62,5 øre per kWh. Departementet er også kjent med at nokre kommunar har valt å gi kontantstøtte til innbyggarane sine i staden for å tilby fastprisavtalar.

Departementet viser til omtale i Prop. 1 S (2022–2023) for Olje- og energidepartementet, kapittel 9.7 Evaluering av straumstønadsordninga, om moglegheita for at straumstønadsordninga for hushald kan ta omsyn til straumavtalen til kundane. Departementet anbefalte at det på daverande tidspunkt ikkje blei gjort endringar i straumstønadsordninga for å ta omsyn til at eit fåtal kundar hadde gunstige fastprisavtalar. Departementet vurderer også no at utfordringane ikkje er store nok til at det er hensiktsmessig å innføre administrativt krevjande tiltak for å unngå at hushald som kjøper rimeleg konsesjonskraft frå kommunen, får stønad. Ei eventuell avgrensing mot fastprisavtalar vil heller ikkje hindre kommunane i å gi andre typar stønad til innbyggarane sine.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Inkludere bakkemonterte solenergianlegg i plan- og bygningslova

Vedtak 813, 9. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen fremme et forslag til hvordan bakkemonterte solenergianlegg kan inkluderes i plan- og bygningsloven, senest innen utgangen av 2023.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 111 L (2022–2023), Innst. 483 L (2022–2023) og Lovvedtak 120 (2022–2023).

Energidepartementet, i samråd med Kommunal- og distriktsdepartementet, har hatt på høyring eit forslag om å innlemme konsesjonspliktige solkraftverk i plan- og bygningslova. Departementa vurderer no innspel som har komme inn, og korleis forslaget skal følgast opp vidare. Forslaget må sjåast i samanheng med forslaget om å auke konsesjonspliktgrensa for solkraft.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Havvind – elektrifisering av oljeinstallasjonar

Vedtak 836, 14. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen utrede forslag om hvordan elektrifisering av oljeinstallasjoner kan gjøres i forbindelse med utbygginger av havvind og erstatte kraft som er hentet fra land.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 93 S (2022–2023) og Innst. 496 S (2022–2023).

Departementet viser til vurderinga knytt til oppmodingsvedtaket under punkt 2.16 Energidepartementet, Andre saker, s. 142–144 i Prop. 104 S (2023–2024) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2024 og oppfølginga av oppmodingsvedtak 910 Energipartnarskap med olje- og gassnæringa.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Havvind – auka vekting av berekraftskriteria og positive lokale ringverknader

Vedtak 841, 14. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen vurdere økt vekting av bærekraftskriteriene og positive lokale ringvirkninger ved framtidige havvindutbygginger og rapportere tilbake til Stortinget på egnet vis.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 93 S (2022–2023) og Innst. 496 S (2022–2023).

Den første runden med tildeling av prosjektområde for havvindproduksjon blei gjennomført i 2024, og Energidepartementet førebur neste havvindutlysning i 2025. Departementet evaluerer no den første tildelingsrunden. Denne evalueringa vil mellom anna vere ein del av underlaget for ferdigstilling av neste utlysing, inkludert kriterium for tildeling.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Havvind – vurdere andre og meir formålstenlege løyvingsløysingar for differansekontraktar enn OPS-rammeverket

Vedtak 842, 14. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen vurdere andre og mer hensiktsmessige bevilgningsløsninger for differansekontrakter enn OPS-rammeverket, som sikrer at bevilgningene spres over flere budsjettår enn bare byggefasen, og komme tilbake til Stortinget senest i statsbudsjettet for 2025.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 93 S (2022–2023) og Innst. 496 S (2022–2023).

For første fase av Sørlege Nordsjø II har staten og utbyggaren inngått ein tosidig differansekontrakt med ei øvre kostnadsramme på 23 mrd. 2023-kroner. Det er utbyggaren som skal finansiere, bygge, eige, drifte og vedlikehalde havvindparken. Når havvindparken startar kraftproduksjon, vil staten under differansekontrakten betale utbyggaren differansen mellom kontraktsprisen (115 2023-øre per kWt) og ein referansepris. Referanseprisen er ein månadleg vindvekta referansepris som er knytt til marknadsprisen for kraft. Når referanseprisen er høgare enn kontraktsprisen, vil utbyggaren betale differansen til staten. På denne måten garanterer differansekontrakten havvindparken ei salsinntekt på 115 2023-øre per kWt inntil den øvre kostnadsramma er nådd i kontraktsperioden på 15 år. Den øvre kostnadsramma garanterer at overføringane frå staten ikkje overstig 23 mrd. 2023-kroner.

Regjeringa legg til grunn at teknikken i rammeverket for OPS-prosjekt (offentleg-privat-samarbeid) skal brukast til å løyve støtte til havvindprosjekta, jf. Prop. 93 S (2022–2023). OPS-rammeverket sikrar at løyvingar over statsbudsjettet skjer om lag i takt med aktiviteten i prosjektet. Det er eit viktig prinsipp for å vareta statsbudsjettet som eit styringsverktøy for økonomisk aktivitet, og bidrar til at formålet med handlingsregelen kan oppfyllast.

Staten må planlegge med ein betalingsprofil som er i tråd med det finanspolitiske rammeverket. Det inneber at sparinga til staten skjer gjennom Statens pensjonsfond utland (SPU) og utan lånefinansiering av ordinære utgifter. Ved val av løyvingsprofil bør det leggast vekt på å vareta statsbudsjettet som eit styringsverktøy for økonomisk aktivitet, ved at løyvingane i størst mogleg grad samsvarer med den økonomiske aktiviteten prosjektet utløyser. Viss ikkje risikerer ein at staten i kvart enkelt budsjettår i realiteten set i gang meir aktivitet enn ein legg til grunn i budsjettarbeidet. Omsynet til berekraft i statsfinansane tilseier også å unngå ein budsjetteringspraksis som gir insentiv til å skyve utgifter ut i tid og lage store bindingar på kommande budsjett. Det må dessutan vektleggast at det er tilstrekkeleg med midlar disponibelt for utbetaling under differansekontrakten.

Det er venta at havvindprosjekt i hovudsak vil påverke aktiviteten i økonomien i byggeperioden, som for første fase av Sørlege Nordsjø II er anslått til å vere tre år, men at nokre av utgiftene også vil komme i driftsfasen etter at vindparken er sett i produksjon. For å dempe løyvingsbehovet i utbyggingsåra, samtidig som løyvingane skal reflektere den faktiske aktiviteten i økonomien, vil regjeringa skyve ein andel av løyvingane som svarer til anslåtte kostnader til drift, vedlikehald, fjerning og opprydding, til driftsfasen. For første fase av Sørlege Nordsjø II er denne andelen anslått til 20 prosent av dei samla utgiftene til staten.

Ettersom utbetalingane frå staten avheng av den framtidige marknadsprisen for kraft og kor mykje kraft anlegget produserer, noko som er ukjende størrelsar, er det ikkje mogleg å føreseie kor store utbetalingane vil bli i dei enkelte budsjettåra eller samla gjennom perioden. Ei berekning av utbetalingstakten for første fase av Sørlege Nordsjø II med eit scenario med låg kraftpris tilseier at den øvre kostnadsramma for differansekontrakten blir nådd litt over tre år etter at havvindparken er sett i drift. Staten pliktar å betale utbyggaren fortløpande under differansekontrakten. Regjeringa har derfor bestemt at ein andel på 20 prosent vil bli forskyvd i inntil tre år etter siste byggeår. Det dempar løyvingsbehovet i byggeåra, samtidig som det reduserer sannsynet for at ein må gjere ei ekstraordinær løyving for å kunne etterleve utbetalingsbehovet under differansekontrakten.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Havvind – elektrifisering av offshoreinstallasjonar

Vedtak 914, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen i revidert nasjonalbudsjett for 2024 legge frem tiltak for å elektrifisere offshore-installasjoner ved hjelp av havvind for å kutte klimagassutslipp.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 2 (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).

Departementet viser til vurderinga knytt til oppmodingsvedtaket under punkt 2.16 Energidepartementet, Andre saker, side 142–144 i Prop. 104 S (2023–2024) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2024 og oppfølginga av oppmodingsvedtak 910 Energipartnarskap med olje- og gassnæringa.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Solenergi – mål om 8 TWh innan 2030

Vedtak 923, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen sette et mål for ny solenergi på 8 TWh innen 2030 og utarbeide en konkret handlingsplan som gjør det mulig å realisere målet innen revidert nasjonalbudsjett i 2024. Tiltak og virkemidler skal ikke være til hinder for rasjonell nettutvikling.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 2 (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).

Departementet viser til «Plan for tiltak for økt utbygging av solenergi og lokal energiproduksjon», som blei lagd fram i samband med revidert statsbudsjett for 2024, sjå punkt 2.16 Energidepartementet, Andre saker, side 145–149 i Prop. 104 S (2023–2024) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2024. Det går fram av denne proposisjonen at regjeringa vil legge ambisjonen om 8 TWh ny solenergi innan 2030 til grunn for vidare arbeid, men fordelar og ulemper ved tiltak og verkemiddel som blir sette i verk, må vegast opp mot andre samfunnsmessige omsyn.

I kapittel 8 Regjeringa si oppfølging av Energikommisjonen og Straumprisutvalet med meir, i del III av proposisjonen, er det lagt fram ein samla gjennomgang og framstilling av oppfølginga av forslaga frå og høyringa av Energikommisjonen og Strømprisutvalget.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Solkraft – deling med høgare grense enn 1 MW

Vedtak 924, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen lage en delingsordning tilpasset næringsområder som muliggjør deling av solkraft med høyere grense enn 1 MW.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 2 (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).

Departementet har i oppfølginga av vedtaket bestilt og fått eit forslag frå RME om korleis ei delingsordning for fornybar straum tilpassa næringsområde kan innrettast på ein samfunnsmessig rasjonell måte. På oppdrag frå Energidepartementet og Finansdepartementet har RME og Skattedirektoratet greidd delingsordninga ut vidare.

Departementa er opptatt av at ordninga skal ha ein tydeleg avgrensing som står seg over tid. Energidepartementet og Finansdepartementet vil hausten 2024 sende forskriftsendringar på høyring som gjer det mogleg å dele overskotsproduksjon av fornybar straum frå anlegg på inntil 5 MW innanfor eit næringsområde. Departementa tar sikte på å innføre ei slik ordning så raskt som mogleg.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Solenergiparkar – fjerne konsesjonsplikt for enkeltprosjekt med lågt konfliktnivå

Vedtak 925, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen gi NVE mulighet til å unnta enkeltprosjekter med solparker med lavt konfliktnivå i grå areal fra konsesjonsplikt, slik at tillatelser kan gis av kommunene etter plan- og bygningsloven.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 2 (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).

Departementet har hatt på høyring eit forslag om innføring av effektgrense for konsesjonsplikt for solkraftanlegg. Grensa var i høyringsnotatet foreslått til 5 MW. Det blei også bedt om innspel på ei effektgrense på opp mot 10 MW. Departementet vil arbeide med ei endringsforskrift for å gjennomføre nødvendige endringar, etter å ha vurdert innkomne innspel. Departementet vil også greie ut korleis eit unntak for grå areal kan utformast på ein formålstenleg måte og kva for areal som bør falle innanfor eit slikt unntak.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Solenergiparkar – fjerne konsesjonsplikt opp til 1 MW

Vedtak 926, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen i løpet av 2023 fjerne konsesjonsplikt for solparker opp til 1 MW på grå areal, slik at tillatelser gis av kommunene etter plan- og bygningsloven.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 2 (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).

Departementet har hatt på høyring eit forslag om innføring av effektgrense for konsesjonsplikt for solkraftanlegg. Grensa var i høyringsnotatet foreslått til 5 MW. Det blei også bedt om innspel på ei effektgrense på opp mot 10 MW. Ei slik effektgrense vil gjelde for alle typar solkraftanlegg, også dei som planlagt på industritomter, næringsareal og andre områder med fleire arealformål (grå areal). Departementet vil arbeide med ei endringsforskrift for å gjennomføre nødvendige endringar, etter å ha vurdert innkomne innspel.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

5.3 Stortingssesjon 2021–2022

Straumsituasjonen i Geirangerfjorden etter vedtak om nullutslepp for cruiseskip

Vedtak 385, 15. februar 2022

«Stortinget ber regjeringa vurdere kva kraftbehov som fylgjer av målet om næringsutvikling i verdsarvområda Geiranger og Nærøyfjorden og ferjesambanda der, utan klimagassutslepp, og kome attende til Stortinget med ei sak om korleis regjeringa kan medverke til at kraftbehovet vert dekt.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:30 S (2021–2022) og Innst. 135 S (2021–2022) om straumsituasjonen i Geirangerfjorden etter vedtak om nullutslepp for cruiseskip.

Regjeringa innfører krav om nullutslepp i verdsarvområda for skip under 10 000 bruttotonn frå 1. januar 2026. For skip over 10 000 bruttotonn vil kravet gjelde frå 1. januar 2032. Skipa kan bruke biogass for å oppfylle kravet også etter 2032, og det stillast berre krav om bruk av landstraum der dette er tilgjengeleg. Inntil vidare blir det gitt unntak for fylkeskommunanes rutebåt. Regjeringa vurderer at kraftbehovet i Geiranger og Nærøyfjorden, og tilhøyrande ferjesamband, som følger av vedtak om nullutslepp for cruiseskip, blir dekt med eksisterande rammer og reguleringar.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Fjerne regulatoriske barrierar som hindrar lokal energiproduksjon, energilagring og omsetning av energi mellom bygg

Vedtak 548, 10. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen fjerne regulatoriske barrierer som hindrer lokal energiproduksjon, lokal energilagring og omsetning av energi mellom bygg.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:130 S (2021–2022), Dokument 8:148 S (2021–2022) og Innst. 272 S (2021–2022).

Departementet har i oppfølginga av vedtaket bedt NVE, med innspel frå RME og eventuelt andre etatar, kartlegge og vurdere rammevilkåra for lokal energiproduksjon og -lagring og eventuelt foreslå endringar i eksisterande reguleringar og verkemiddel. NVEs gjennomgang viser at barrierane for auka utbygging av solkraft varierer avhengig av om det er bakkemontert eller bygningsmonterte anlegg, men lav lønsemd er ifølge NVE ei barriere for begge typar anlegg. Tilgang på areal og nettkapasitet er ei barriere for særleg større anlegg, i hovudsak bakkemonterte anlegg. NVE peiker på at uavklart søknadsplikt etter byggesakforskrifta i enkelte tilfelle kan vere ei barriere for etablering av solkraft på bustader og næringsbygg. Energidepartementet viser til at Kommunal- og distriktsdepartementet vurderer moglegheita for unntak frå søknadsplikt etter plan- og bygningsloven for solenergianlegg på bygningar. NVE peiker også på at grensa på 1 MW og éin eigendom i dagens delingsløysing for fornybar energi kan opplevast som eit hinder for å dimensjonere anlegg optimalt for store bygningar.

Departementet viser til at Energidepartementet har bestilt og fått eit forslag frå Reguleringsmyndigheita for energi (RME) til korleis ei delingsordning for fornybar straum tilpassa næringsområde kan innrettast på ein samfunnsmessig rasjonell måte. På oppdrag frå Energidepartementet og Finansdepartementet har RME og Skattedirektoratet greidd delingsordninga ut vidare. Departementa er opptatt av at ordninga skal ha ei tydeleg avgrensing som står seg over tid. Energidepartementet og Finansdepartementet vil hausten 2024 sende forskriftsendringar på høyring som gjer det mogleg å dele overskotsproduksjon av fornybar straum frå anlegg på inntil 5 MW innanfor eit næringsområde. Departementa tar sikte på å innføre ei slik ordning så raskt som mogleg.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Havvind – tildeling av areal

Vedtak 703, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen sørge for at neste tildeling av havvindareal etter Sørlige Nordsjø II og Utsira Nord i nye områder skjer senest i løpet av 2025. Stortinget ber om at dette er en større utlysning som legger til rette for skalering og teknologiutvikling og nye industrielle muligheter og at utlysningen sikrer god sameksistens og tar hensyn til viktige naturverdier.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 36 (2020–2021), Meld. St. 11 (2021–2022) og Innst. 446 S (2021–2022).

I april 2024 tildelte departementet det første prosjektområdet for havvind på norsk sokkel. Prosjektområdet i Sørlige Nordsjø II blei tildelt Ventyr SNII AS. Neste utlysing av prosjektområder til havvind er planlagt i 2025. NVE er i gang med strategiske konsekvensutgreiingar av moglege havvindområde. Vestavind B saman med Vestavind F og Sørvest F blir utgreidde med sikte på utlysing i 2025, medan dei resterande 17 områda blir utgreidde med sikte på eventuell opning og tildeling i seinare tildelingsrundar. I den strategiske konsekvensutgreiinga vurderer NVE mellom anna sameksistens og omsynet til viktige naturverdiar.

Som ein del av opningsprosessen og førebuing til havvindutlysinga i 2025 har regjeringa sett i gang naturkartlegging av dei aktuelle havvindområda. Naturkartlegginga kjem i tillegg til den strategiske konsekvensutgreiinga og inkluderer feltundersøkingar av fugl gjennom SEAPOP og SEATRACK, Mareano-kartlegging og overvaking av fisk og sjøpattedyr av Havforskingsinstituttet.

Som del av førebuingane til den planlagde utlysinga i 2025 har departementet gjennomført ei høyring om forslag til støtteordning for flytande havvind. Høyringa skisserer mellom anna ulike alternativ for gjennomføring av tildeling av areal og konkurranse om statsstøtte til havvind. Departementet arbeider vidare med innspela frå høyringa.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Havvind – vurdere å fastsette delmål for arealtildeling innan 2030

Vedtak 716, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen i lys av erfaringer og evalueringen som gjøres fra de første tildelingene, vurdere å fastsette et delmål for arealtildeling innen 2030.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 36 (2020–2021), Meld. St. 11 (2021–2022) og Innst. 446 S (2021–2022).

Energidepartementet førebur neste utlysing i 2025, samtidig som det gjennomførast ei evaluering av første tildeling som blei gjort i april 2024. NVE er i gang med strategiske konsekvensutgreiingar av nye område.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Mål om auka energisparing – greie ut ulike ordningar med energisparesertifikat

Vedtak 727, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede ulike ordninger med energisparesertifikater for å utløse mål om økt energisparing med mest mulig effekt.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 36 (2020–2021), Meld. St. 11 (2021–2022) og Innst. 446 S (2021–2022).

Energidepartementet har vurdert ordningar for energisparesertifikat for å utløyse mål om auka energisparing. Energisparesertifikat er eit verkemiddel der nokre aktørar, normalt kraftleverandørar eller nettselskap, får krav om å sette i verk årlege energisparetiltak tilsvarande ein viss prosent av den totale energileveransen sin. Energisparesertifikat kan minne om ETS-systemet for klimakvotar, der aktørar blir pålagde å redusere forbruket eller dekket opp forpliktingane sine med sertifikat.

Ei ordning med energisparesertifikat vil vere svært administrativt krevjande. Det må utarbeidast ei omfattande predefinert liste med tiltak som kvalifiserer til å få utskrive sertifikat. Det må også fastsettast kor mange sertifikat kvart tiltak klassifiserer til. Det vil vere utfordrande å komme fram til generelle energiinnsparingar knytt til eit bestemt tiltak. Same tiltak kan gi ulike energiinnsparingar avhengig av kvar og korleis det blir gjennomført.

Formålet med ei ordning med energisparesertifikat er å stimulere til auka energieffektivisering. Regjeringa la hausten 2023 fram ein handlingsplan for energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi. Der blei det lagt opp til ei styrking av arbeidet med energieffektivisering. Handlingsplanen omfatta tiltak for energieffektivisering i alle dei store energiforbrukande sektorane, under dette industri-, transport- og byggsektoren. Løyvingane til Enova og Husbanken er auka. Enova støttar konkrete energieffektiviseringstiltak i fleire sektorar og det blei varsla gjennomgang og innføring av nye krav om energieffektivisering, under dette krav om regelmessige energikartleggingar for føretak med stort energiforbruk, som no har vore på høyring. På bakgrunn av dette reknar departementet det som lite formålstenleg med vidare utgreiingar av ordningar med energisparesertifikat på noverande tidspunkt.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Prioritere kven av større nye forbrukarar som får tilknyting til og uttak frå nettet

Vedtak 731, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen, i etterkant av at Strømnettutvalget kommer med sine anbefalinger i juni 2022, vurdere og fremme forslag som sørger for at NVE gjennom forskrifter prioriterer hvem som får tilknytning til og uttak fra nettet av større nye forbrukere og komme tilbake til Stortinget i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2023.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 36 (2020–2021), Meld. St. 11 (2021–2022) og Innst. 446 S (2021–2022).

I Innst. 239 S (2023–2024) viser fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen til at det i regjeringa si handlingsplan for raskare nettutbygging og betre utnytting av nettet blir varsla forskriftsendringar som inneber at nettselskapa skal ta omsyn til kor modne prosjekta er, når dei fordeler kapasitet. Vidare viser fleirtalet til at RME har fått i oppdrag å foreslå konkrete forskriftsendringar, som vil bli sende på høyring. Fleirtalet meiner oppmodingsvedtaket ikkje kan kvitterast ut før desse forslaga er sende på høyring.

Straumnettutvalets rapport, NOU 2022: 6 Nett i tide – om utvikling av strømnettet, blei lagd fram 14. juni 2022. Regjeringa sin handlingsplan for raskare nettutbygging og bedre utnytting av nettet blei lagt fram 19. april 2023, som ein del av oppfølginga av rapporten frå Straumnettutvalet. Som varsla i handlingsplanen, sendte departementet 7. mai 2024 på høyring eit forslag som inneber at nettselskapa skal ta omsyn til kor modne prosjekta er, når dei fordeler kapasitet. Formålet med dette er å bidra til at det er prosjekt som faktisk blir gjennomført som skal få kapasitet i nettet.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp

Prøveordning for handverksbedrifter – energitiltak

Vedtak 746, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2023 vurdere å opprette en prøveordning der håndverksbedrifter kan få støtte til kompetanseheving innen energitiltak.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 36 (2020–2021), Meld. St. 11 (2021–2022) og Innst. 446 S (2021–2022).

Kompetanseheving i private verksemder er verksemdene sitt eige ansvar, og det finst mykje informasjon og ulike kurs og utdanningstilbod tilgjengeleg som bedriftene kan nytte seg av. Energioppgraderingar er ofte velkjende tiltak som etterisolering, utskifting av vindauge og liknande, men byggeigarar har ikkje nødvendigvis informasjon og kompetanse til å forstå kva energitiltak det kan lønne seg å gjennomføre og etterspørje tiltak som faktisk monnar. Målretta informasjon og auka kompetanse hos byggeigarar er derfor viktig for å få ned energibruken i bygg.

Departementet la fram ein handlingsplan for energieffektivisering hausten 2023. Det blei vigd stor plass til verkemiddel for energieffektivisering i bygg i handlingsplanen, og det blei varsla at informasjonsverkemidla skulle vidareutviklast. Departementet gav i 2022 NVE i oppgåve å utvikle og sette i gang eit informasjonsopplegg om energisparing og effektivisering retta mot hushald, kommunar og næringsbygg. Departementet har styrkt NVEs budsjett betydeleg dei siste åra som mellom anna legg til rette for at NVE kan vidareføre og utvikle informasjonsarbeidet retta mot energieffektivisering. I tillegg finn ein informasjon om gode energieffektiviseringstiltak på DiBKs og Enovas nettsider.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Til forsiden