14 Landbruks- og matdepartementet
Tabell 14.1 viser ei oversikt over oppfølginga av oppmodings- og utgreiingsvedtak under Landbruks- og matdepartementet.
I siste kolonne i tabellen nedanfor går det fram om departementet legg opp til at rapporteringa på oppmodingsvedtaket no blir avslutta, eller om departementet òg vil rapportere på vedtaket i budsjettproposisjonen for neste år.
Tabell 14.1 Oversikt over oppmodings- og utgreiingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer
Sesjon | Vedtak nr. | Stikkord | Rapportering blir avslutta (Ja/Nei) |
---|---|---|---|
2023–2024 | 851 | Meir bruk av norskprodusert grovfôr | Ja |
2023–2024 | 850 | Tiltakspakke for å redusere jordbruksareal ute av drift | Nei |
2023–2024 | 847 | Prinsipp for berekning av inntekt i jordbruket | Nei |
2023–2024 | 846 | Prisutjamningsordninga for mjølk | Nei |
2023–2024 | 571 | Timetal per årsverk i jordbruket | Ja |
2023–2024 | 569 | Gjennomgang av tilskottsystemet i jordbruket | Nei |
2023–2024 | 568 | Drift av krevjande areal | Ja |
2023–2024 | 567 | Revidert strategi for økologisk landbruk | Nei |
2023–2024 | 566 | Plan for meir plantebasert mat | Nei |
2023–2024 | 565 | Mål om sjølvforsyning | Ja |
2023–2024 | 560 | Offentleg utgreiing om framtidas matsystem | Ja |
2022–2023 | 928 | Oppheve lov om endring av jordlova | Ja |
2022–2023 | 867 | Bruk av kart i tilskottsystemet | Ja |
2022–2023 | 866 | Strategi for auka sjølvforsyning og trygg matproduksjon | Ja |
2022–2023 | 702 | Strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet | Nei |
2022–2023 | 701 | Strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet | Nei |
2022–2023 | 700 | Strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet | Nei |
2022–2023 | 545 | Donasjon av overskottsmat til velgjerande formål frå cruiseskip og skipshandlarar | Ja |
2022–2023 | 519 | Innsamling, registrering og kontroll av viktige naturverdiar i norsk skog | Nei |
2022–2023 | 95 | Utval matkastelov | Nei |
2021–2022 | 754 | Bransjeavtalar for biogassproduksjon | Nei |
2021–2022 | 381 | Melding til Stortinget om dyrevelferd som byggjer på oppdatert kunnskap | Nei |
2021–2022 | 382 | Dyrevelferda i svinenæringa | Nei |
2021–2022 | 383 | Konkrete tiltak i melding til Stortinget om dyrevelferd | Nei |
2021–2022 | 384 | Alternativ til CO2-bedøving av dyr | Nei |
2021–2022 | 35 – nr. 29 | Inntektsgap | Ja |
2020–2021 | 1134 | Viltlova – utgreiing av omgrepet «kunstig lys» | Ja |
2017–2018 | 489 | Fremje forslag til ein matkastelov | Nei |
14.1 Stortingssesjon 2023–2024
Meir bruk av norskprodusert grovfôr
Vedtak nr. 851, 21. juni 2024:
«Stortinget ber regjeringen stimulere til mindre bruk av kraftfôr og mer bruk av norskprodusert grovfôr.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 105 S (2023–2024) Jordbruksoppgjeret 2024, jf. Innst. 448 S (2023–2024).
Regjeringa har lansert eit målretta samfunnsoppdrag om berekraftig fôr som samlar næringsaktørar, avgjerdstakarar og forskingsmiljø i eit blågrønt utviklingsarbeid. Målet for oppdraget er at alt fôr til oppdrettsfisk og husdyr innan 2034 skal komme frå berekraftige kjelder og bidra til å redusere klimagassutsleppa i matsystema. Samfunnsoppdraget skal bidra til å bevare naturmangfald, utvikle ein sterk fôringrediensindustri og auke forsyningssikkerheita i Noreg. Auka del norskproduserte råvarer i kraftfôr til husdyr, og auka kvalitet og del grovfôr i fôrrasjonen til drøvtyggjarar er blant delmåla for samfunnsoppdraget.
Vedtaket blir òg følgt opp i dei årlege jordbruksoppgjera, mellom anna er beitetilskotta auka for å gjere det meir lønsamt å ha dyr på beite. Den 8. mars 2024 la regjeringa fram Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket. Regjeringa sin strategi er delt inn i tiltak retta mot styrkt konkurransekraft, styrkt planteproduksjon til mat og fôr og tiltak for å oppretthalde dagens høge sjølvforsyningsgrad på husdyrprodukt. Alle tiltak i jordbrukspolitikken framover må vurderast opp mot korleis desse påverkar målet som er sett om auka sjølvforsyning. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 851, 21. juni 2024 med dette er følgt opp.
Tiltakspakke for å redusere jordbruksareal ute av drift
Vedtak nr. 850, 21. juni 2024:
«Stortinget ber regjeringen frem til jordbruksoppgjøret for 2025 utrede en tiltakspakke for å redusere jordbruksareal som er ute av drift.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 105 S (2023–2024) Jordbruksoppgjeret 2024, jf. Innst. 448 S (2023–2024).
Regjeringa vil følgje opp vedtaket i jordbruksoppgjeret 2025, og vil komme tilbake til Stortinget i proposisjonen om jordbruksoppgjeret 2025.
Prinsipp for berekning av inntekt i jordbruket
Vedtak nr. 847, 21. juni 2024:
«Stortinget ber regjeringen innen februar 2025 på nytt komme tilbake med egen sak med forslag til prinsipper for beregning av inntekt i jordbruket og sammenligning med andre grupper, for å sikre demokratisk forankring av tallgrunnalet til bruk i jordbruksoppgjørene og legitimitet til forhandlingsinstituttet.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 105 S (2023–2024) Jordbruksoppgjeret 2024, som eit laust forslag til Innst. 448 S (2023–2024).
Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Prisutjamningsordninga for mjølk
Vedtak nr. 846, 21. juni 2024:
«Stortinget ber regjeringen sørge for at ny markedsordning for melk har fungert minst ett år, før det vurderes å gjennomføre reduksjon av de konkurransefremmende tiltakene i prisutjevningsordningen for melk.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 105 S (2023–2024) Jordbruksoppgjeret 2024, som eit laust forslag til Innst. 448 S (2023–2024).
Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Timetal per årsverk i jordbruket
Vedtak nr. 571, 18. april 2024:
«Stortinget ber regjeringen sørge for at timetall pr. årsverk i jordbruket trappes ned i like deler til 1750 timer fram til 2027.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket, jf. Innst. 258 S (2023–2024).
Den inngåtte jordbruksavtalen i 2024 tek første steg i nedtrappinga av tal timar i eit årsverk i jordbruket til 1 750 timar i 2027, ved å redusere timetalet frå 1 845 timar i 2024 til 1 810 timar i 2025. Regjeringa vil følgje opp vedtaket vidare i jordbruksoppgjeret 2025. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 571, 18. april 2024 med dette er følgt opp.
Gjennomgang av tilskottsystemet i jordbruket
Vedtak nr. 569, 18. april 2024:
«Stortinget ber regjeringen gå gjennom tilskuddssystemet for å vurdere om overføringene til jordbruket fører til en styrking av norsk selvforsyning, og at mer jord i Norge tas i bruk til matproduksjon.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket, jf. Innst. 258 S (2023–2024).
Dei årlege jordbruksoppgjera inneber ein gjennomgang av alle tilskottsordningane i jordbruket, med sikte på å styrkje produksjonen av norske jordbruksprodukt og jordbruk over heile landet. I Prop. 105 S (2023–2024) Jordbruksoppgjøret 2024 er det ei eiga liste over tiltak i jordbruksavtalen som særskild bidreg til auka sjølvforsyning. I jordbruksoppgjeret 2024 blei det i tillegg nedsett ei arbeidsgruppe som skal ha ein større gjennomgang av verkemidla innanfor kornsektoren sett i lys av ambisjonane om å auke sjølvforsyningsgraden og Stortingets handsaming av Meld. St. 11 (2023–2024). Satsinga på landbruket i Nord-Noreg blei òg styrkt for å bremse den negative utviklinga, og for å bidra til auka utnytting av regionale fortrinn og moglegheiter. I Meld. St. 11 (2023–2024) står det at alle tiltak i jordbrukspolitikken framover må vurderast opp mot korleis dei påverkar målet om auka sjølvforsyning. Vidare har regjeringa starta arbeidet med å utnemne eit offentleg utval som skal lage ei utgreiing om framtidas matsystem. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Drift av krevjande areal
Vedtak nr. 568, 18. april 2024:
«Stortinget ber regjeringen utrede og prøve ut et teigbasert system, eller tilsvarende, som skal bidra til drift av krevende areal.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket, jf. Innst. 258 S (2023–2024).
I jordbruksoppgjeret 2024 blei partane samde om at det, innanfor ordninga Bærekraftig matproduksjon og verdiskaping i nord, skal setjast i gang ei prøveordning med eit teigbasert tilskott i utvalde kommunar med stor del areal som det ikkje blir søkt tilskott for. Formålet med prøveprosjektet er å hindre attgroing av areal, og målet er å lage gode system og prøve ut ordningar som kan forvaltast på ein god måte. Landbruksdirektoratet er i gang med å utforme ei slik ordning, som etter planen skal setjast i gang frå 1. januar 2025. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 568, 18. april 2024 med dette er følgt opp.
Revidert strategi for økologisk landbruk
Vedtak nr. 567, 18. april 2024:
«Stortinget ber regjeringen revidere strategien for økologisk landbruk i 2024.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket, jf. Innst. 258 S (2023–2024).
Landbruks- og matdepartementet arbeider med å revidere strategien, med sikte på at den tek til å gjelde i løpet av våren 2025, og regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Plan for meir plantebasert mat
Vedtak nr. 566, 18. april 2024:
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget våren 2025 med en plan for mer plantebasert mat, hvor målet er at den samlede norske plantebaserte produksjonen skal styrkes og sammenhengen mellom de ulike leddene i verdikjeden skal økes.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket, jf. Innst. 258 S (2023–2024).
I medhald til Meld. St. 11 (2023–2024), skal alle tiltak i jordbrukspolitikken framover vurderast opp mot korleis dei påverkar målet om auka sjølvforsyning. I Prop. 105 S (2023–2024) Jordbruksoppgjøret 2024, er det ei eiga liste over tiltak i jordbruksavtalen som særskild bidreg til auka sjølvforsyning. Landbruks- og matdepartementet arbeider med å følgje opp punkta på denne lista. Vidare har regjeringa starta arbeidet med å utnemne eit offentleg utval som skal lage ei utgreiing om framtidas matsystem. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med ein plan våren 2025.
Mål om sjølvforsyning
Vedtak nr. 565, 18. april 2024:
«Stortinget ber regjeringen arbeide etter et mål om at 50 pst. selvforsyning, korrigert for import av fôr, skal nås innen 2030.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket, jf. Innst. 258 S (2023–2024).
I medhald til Meld. St. 11 (2023–2024), skal alle tiltak i jordbrukspolitikken framover vurderast opp mot korleis dei påverkar målet om auka sjølvforsyning. I Prop. 105 S (2023–2024) Jordbruksoppgjøret 2024, er det ei eiga liste over tiltak i jordbruksavtalen som særskild bidreg til auka sjølvforsyning. Landbruks- og matdepartementet arbeider kontinuerleg med å følgje opp punkta på denne lista, og regjeringa vil arbeide etter eit mål om 50 pst. sjølvforsyning, korrigert for import av fôr, skal bli nådd innan 2030. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 565, 18. april 2024 med dette er følgt opp.
Offentleg utgreiing om framtidas matsystem
Vedtak nr. 560, 18. april 2024:
«Stortinget ber regjeringen snarest mulig starte arbeidet med en offentlig utredning som kan legge grunnlag for en stortingsmelding om fremtidens matsystemer, der folkehelse, klima, natur og landbruks- og matpolitikk blir satt i sammenheng.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket, jf. Innst. 258 S (2023–2024).
Regjeringa vil snarleg setje ned eit offentleg utval som skal følgje opp Stortingets vedtak. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 560, 18. april 2024 med dette er følgt opp.
14.2 Stortingssesjon 2022–2023
Oppheve lov om endring av jordlova
Vedtak nr. 928, 16. juni 2023:
«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag om å oppheve lov om endring av jordlova (oppheve forbudet mot nydyrking av myr).»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2023, jf. Innst. 490 S (2022–2023).
Regjeringa la 5. april 2024 Prop. 79 L (2023–2024) Lov om endringer i viltloven mv. (endret betegnelse på organ i viltforvaltningen og oppheving av lovvedtak om nydyrking og nedbygging av myr) fram for Stortinget. Stortinget handsama proposisjonen 28. mai 2024, jf. Innst. 331 L (2023–2024). Lov 11. juni 2021 nr. 82 om endring av jordlova er med dette oppheva. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 928, 16. juni 2023 med dette er følgt opp.
Bruk av kart i tilskottssystemet
Vedtak nr. 867, 16. juni 2023:
«Stortinget ber regjeringen, i dialog med faglagene, utrede hvordan bruk av datakart kan sikre høyere presisjon i tildeling av tilskuddsmidler og målrette arealtilskudd mot arealer som ligger brakk, som for eksempel et teigbasert tilskudd. Utredningen skal være klar før de ordinære jordbruksforhandlingene i 2024.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 121 S (2022–2023) Jordbruksoppgjøret 2023, jf. Innst. 487 S (2022–2023).
I jordbruksoppgjeret 2024 blei partane samde om at det, innanfor ordninga Bærekraftig matproduksjon og verdiskaping i nord, skal settjast i gang ei prøveordning med eit teigbasert tilskott i utvalde kommunar med stor del areal som det ikkje blir søkt tilskott for. Formålet med prøveprosjektet er å hindre attgroing av areal, og målet er å lage gode system og prøve ut ordningar som kan forvaltast på ein god måte. Landbruksdirektoratet er i gang med å utforme ei slik ordning, som etter planen blir sett i gang frå 1. januar 2025. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 867, 16. juni 2023 med dette er følgt opp.
Strategi for auka sjølvforsyning og trygg matproduksjon
Vedtak nr. 866, 16. juni 2023:
«Stortinget ber regjeringen, i dialog med faglagene, legge fram en strategi for økt selvforsyning og trygg matproduksjon basert på norske ressurser, og komme tilbake til Stortinget senest i forbindelse med statsbudsjettet.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 121 S (2022–2023) Jordbruksoppgjøret 2023, jf. Innst. 487 S (2022–2023).Vedtaket er følgt opp med framlegginga av Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 866, 16. juni 2023 med dette er følgt opp.
Strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet
Vedtak nr. 702, 25 mai 2023:
«Stortinget ber regjeringen sikre at Mattilsynet i større grad anmelder alvorlige brudd på dyrevelferdsloven.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:219 S (2022–2023), jf. Innst. 369 S (2022–2023) gjeldande representantforslag om strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet.
Mattilsynet har styrkt arbeidet med dyrevelferdskriminalitet og ferdigstilt retningsliner for samarbeid mellom politiet og Mattilsynet. Tal på meldingar til politiet har auka dei siste åra, og dette vil bli følgt opp vidare framover. Temaet vil òg inngå i arbeidet med dyrevelferdsmeldinga. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med meldinga.
Strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet
Vedtak nr. 701, 25 mai 2023:
«Stortinget ber regjeringen sikre at dyreeiere som ikke etterkommer pålegg fra Mattilsynet etter alvorlige og gjentatte brudd på dyrevelferdsloven, lettere fratas retten til å drive med husdyrhold.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:219 S (2022–2023), jf. Innst. 369 S (2022–2023) som omhandlar representantforslag om strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet.
Oppfølging av kronisk dårlege dyrehald har vore eit prioritert område for Mattilsynet dei siste åra, og retningsliner for oppfølging av desse dyrehalda er reviderte. Departementet har motteke fleire innspel om tilsynet sin verkemiddelbruk, og temaet vil inngå i arbeidet med dyrevelferdsmeldinga. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med meldinga.
Strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet
Vedtak nr. 700, 25 mai 2023:
«Stortinget ber regjeringen fremme lovforslag om å inkludere dyrevelferdsloven § 37 i opplistingen i straffeprosessloven § 216 b første ledd bokstav b.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:219 S (2022–2023), jf. Innst. 369 S (2022–2023) som omhandlar representantforslag om strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet.
Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om dyrevelferd i 2024. Dyrevelferdskriminalitet og strafferamma etter dyrevelferdslova vil vere ein del av meldinga. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med meldinga.
Donasjon av overskottsmat til velgjerande formål frå cruiseskip og skipshandlarar
Vedtak nr. 545 av 23 mars 2023:
«Stortinget ber regjeringen avklare om handlingsrommet for donasjon av overskuddsmat til veldedige formål fra cruiserederier og skipshandlere mv. reelt begrenses av EU/EØS-regler, og avstemme regelverket i Norge med EU-land, med forbehold om at norske veterinærmyndigheter anser dette som forsvarlig.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:116 S (2022–2023), jf. Innst. 220 S (2022–2023) som omhandlar representantforslag om dispensasjon frå toll- og avgiftsregelverk mv. som hindrar donasjon av mat til velgjerande formål.
Departementet har gitt Mattilsynet i oppdrag å avklare handlingsrommet. Dei har komme med ei utgreiing og konkludert med at donasjon av overskott av mat frå cruiseskip og skipshandlarar ikkje vil vere forsvarleg og ikkje kan gjerast innanfor rammene av det gjeldande EØS-regelverket for veterinær grensekontroll. Grunngivinga er at donasjon frå cruiseskip og skipshandlarar inneber særleg stor risiko med tanke på dyrehelse og risiko for spreiing av smittsam dyresjukdom. Regelverket for veterinær grensekontroll har detaljerte krav til dokumentasjon og til kontroll ved utpeika veterinære grensekontrollstasjonar på grensa. Av praktiske grunnar er det vanskeleg for cruiseskip og skipshandlarar å oppfylle desse krava. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 545, 23. mars 2023 med dette er følgt opp.
Innsamling, registrering og kontroll av viktige naturverdiar i norsk skog
Vedtak nr. 519, 14. mars 2023:
«Stortinget ber regjeringen gjennomgå dagens metode for innsamling, registrering og kontroll av viktige naturverdier i norsk skog, og vurdere tiltak for å sikre at intensjonen med miljøregistrering er ivaretatt, og at miljøregistreringen har tilstrekkelig kvalitet.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:40 S (2022–2023), jf. Innst. 191 S (2022–2023) som omhandlar representantforslag om ein ny skogpolitikk.
Landbruks- og matdepartementet gav i brev av 9. mai 2023 Landbruksdirektoratet i oppdrag å setje i gang ein feltkontroll av miljøregistreringar i skog. Landbruksdirektoratet har saman med Landsskogtakseringa ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), utvikla eit kontrollopplegg som skal gjennomførast i feltsesongane 2024 og 2025.
Vidare går NIBIO gjennom instruksen for miljøregistreringar i skog, med sikte på å kunne evaluere både instruksen og oppfølginga av den etter over 20 år med miljøregistreringar. Arbeidet blir utført i 2024 og 2025. Departementet legg til grunn at det blir avslutta etter feltsesongen i 2025. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte når gjennomgangen er utført.
Utval matkastelov
Vedtak nr. 95, 1. desember 2022:
«Stortinget ber regjeringen sette ned et utvalg for å utrede matkastelov med mål om at loven skal tre i kraft i 2024.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga Meld. St. 1 (2022–2023) Nasjonalbudsjettet 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023).
Regjeringa sette i februar 2023 ned eit utval som skal greie ut heilskapleg tiltaks- og verkemiddelbruk for å nå målet om 50 pst. reduksjon av matsvinnet innan 2030, og korleis ei matkastelov skal inngå i ein samla verkemiddelbruk. Rapport frå utvalet kom i januar 2024, og det er lagt opp ein prosess for korleis dette skal følgjast opp.
Landbruks- og matdepartementet vil følgje opp saka i samråd med Helse- og omsorgsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Klima- og miljødepartementet og Barne- og familiedepartementet. Regjeringa er i gang med å utarbeide eit forslag til matkastelovgiving, og tek sikte på å fremje forslag til lovgiving for Stortinget våren 2025. Det vil òg bli satt i gang utgreiingsarbeid for å få på plass utfyllande forskrifter med sikte på at desse trer i kraft i løpet av 2026.
14.3 Stortingssesjon 2021–2022
Bransjeavtalar for biogassproduksjon
Vedtak nr. 754, 10. juni 2022:
«Stortinget ber regjeringen ta initiativ til å opprette bransjeavtaler med landbruket og fiskeri- og havbruksnæringen med mål og tiltak for å øke leveransen av råstoff til biogassproduksjon. Klyngesamarbeid på tvers av bionæringene vil spille en viktig rolle i dette arbeidet.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 36 (2020–2021) og Meld. St. 11 (2021–2022) Energi til arbeid – langsiktig verdiskaping fra norske energiressurser, jf. Innst. 446 S 2021–2022. Landbruks- og matdepartementet vil følgje opp saka i samråd med Nærings- og fiskeridepartementet og Klima- og miljødepartementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Melding til Stortinget om dyrevelferd som byggjer på oppdatert kunnskap
Vedtak nr. 381, 15. februar 2022
«Stortinget ber regjeringen legge fram en dyrevelferdsmelding som bygger på oppdatert kunnskap om dyrevelferd med utgangspunkt i faglige og faktiske forhold. Meldingen bør se faglig og politisk på problemstillinger knyttet til dyrehold, og gi oversikt over det vi gjør bra i dag, og om det er noe som kan gjøre annerledes og bedre i framtida. Det er sammenheng mellom menneskevelferd og dyrevelferd. Meldingen bør omtale dette.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:25 S (2021–2022), jf. Innst. 130 S (2021–2022) gjeldande representantforslag om å styrkje dyrevelferda for produksjonsdyr.
Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om dyrevelferd i 2024, der temaa i vedtak nr. 381, 15 februar 2022, vil inngå. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med meldinga.
Dyrevelferda i svinenæringa
Vedtak nr. 382, 15. februar 2022
«Stortinget ber regjeringen se på insentiver som vil øke dyrevelferden i svinenæringen, særlig med hensyn til areal, underlag og miljøberikelse, og stille strengere krav til dyrevelferd ved oppgraderinger av driftsbygninger eller nybygg.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:25 S (2021–2022), jf. Innst. 130 S (2021–2022) gjeldande representantforslag om å styrkje dyrevelferda for produksjonsdyr.
Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om dyrevelferd i 2024. Departementet har motteke ei rekkje innspel på området, og desse temaa vil vere ein del av arbeidet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med meldinga.
Konkrete tiltak i melding til Stortinget om dyrevelferd
Vedtak nr. 383, 15. februar 2022
«Stortinget ber regjeringa legge fram ei heilskapleg stortingsmelding om dyrevelferd som omfattar både produksjonsdyr i landbruket, kjæledyr og fiskeoppdrett, seinast i vårsesjonen 2023. Regjeringa vert beden om å greie ut og foreslå konkrete tiltak i meldinga både for betra dyrevelferd generelt og for spesifikke artar/grupper av dyr, herunder følgjande tema:
å greie ut korleis økonomiske verkemiddel i landbrukspolitikken kan innrettast på ein måte som løner god dyrevelferd.
å greie ut korleis norsk regelverk vil måtte endrast ved implementering av EU sitt varsla forbod mot hald av dyr i bur og trange bingar.
å greie ut Mattilsynet sin kontroll- og rettleiingsfunksjon og trong for ressursar for å sikre tilstrekkeleg oppfølging av dyrevelferden i landbruket.
å greie ut merkeordningar som gjer det lettare for forbrukaren å velje dyrevenlege produkt. Ei slik merkeordning kan vere statleg eller privat.
å greie ut korleis grisar kan sikrast betre tilgang til uteareal, til dømes gjennom tilskots- eller merkeordningar, eventuelt gjennom endringar i lovverket.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:25 S (2021–2022), jf. Innst. 130 S (2021–2022) gjeldande representantforslag om å styrkje dyrevelferda for produksjonsdyr.
Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om dyrevelferd i 2024, og desse temaa vil bli nærare vurderte i samband med stortingsmeldinga. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med meldinga.
Alternativ til CO2-bedøving av dyr
Vedtak nr. 384, 15. februar 2022
«Stortinget ber regjeringa sørge for at det vert forska på alternativ til CO2-bedøving av dyr i slakteri og kverning av hanekyllingar (maserasjon), med mål om at det vert innført betre metodar for avliving, og at det på sikt kan innførast eit forbod mot dagens praksis.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:25 S (2021–2022), jf. Innst. 130 S (2021–2022) gjeldande representantforslag om å styrkje dyrevelferda for produksjonsdyr.
Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om dyrevelferd i 2024. Metodar for avliving av dyr kjem innanfor ramma av ei slik stortingsmelding. Når det gjeld metodar for avliving av dyr, er desse regulerte i eit EØS-harmonisert regelverk. Regelverket blir basert på den til ein kvar tid tilgjengelege kunnskapen i EØS-området. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med meldinga.
Inntektsgap
Vedtak nr. 35, vedtakspunkt 29, 2. desember 2021:
«Stortinget ber regjeringen legge frem en forpliktende og tidfestet plan i løpet av 2022 for å tette inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet. Inntektsgapet skal tettes uavhengig av bruksstørrelse, produksjon og landsdel.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 1 S (2021–2022) for Landbruks- og matdepartementet, jf. Innst. 2 S (2021–2022). Grytten-utvalet fekk utsett frist for å leggje fram sitt arbeid til 1. oktober 2022, og rapporten blei deretter sendt på høyring.
Regjeringa la i Meld. St. 11 (2023–2024) fram sin plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket. Ambisjonen er å leggje til rette for at inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper kan tettast innan 2027. Meldinga omtaler prinsipp for måling av inntekt på nivå og føresetnader for inntektsopptrappinga. Opptrappingsplanen, som den er omtalt i meldinga, ligg til grunn for regjeringa sin politikk. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 35, vedtakspunkt 29, 2. desember 2021 med dette er følgt opp.
14.4 Stortingssesjon 2020–2021
Viltlova – utgreiing av omgrepet «kunstig lys»
Vedtak nr. 1134, 4. juni 2021:
«Stortinget ber regjeringen gjøre en utredning med sikte på å avklare definisjonen av begrepet «kunstig lys» i viltloven, og hvilke prinsipper som bør legges til grunn for en ny bestemmelse om dette i viltloven, i forbindelse med det pågående arbeidet med modernisering av viltloven.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 149 L (2020–2021) Endringer i Viltloven, jf. Innst. 604 L. Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet arbeider med å gå gjennom og modernisere viltlova. Arbeidet inneber ein revisjon av heile lova, noko som òg gjeld reglane om bruk av kunstig lys i samband med jakt og fangst. Eit utkast til ny lov om jakt, fangst og felling av vilt mv. (viltressursloven) blei sendt på offentleg høyring 26. juni 2024, med frist 25. oktober 2024. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 1134, 4. juni 2021 med dette er følgt opp.
14.5 Stortingssesjon 2017–2018
Fremje forslag til ein matkastelov
Vedtak nr. 489, 27. februar 2018:
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til en matkastelov som omfatter næringsmiddelindustrien og matvarebransjen. Loven bør omfatte påbud om å donere all spiselig overskuddsmat til veldedige formål og sekundært til dyrefôr, samt påbud om å offentliggjøre nøkkeltall knyttet til matsvinn og reduksjon av matsvinn.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 45 (2016–2017) Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. Innst. 127 S (2017–2018).
Regjeringa sette i februar 2023 ned eit utval som skal greie ut heilskapleg tiltaks- og verkemiddelbruk for å nå målet om 50 pst. reduksjon av matsvinnet innan 2030, og korleis ei matkastelov skal inngå i ein samla verkemiddelbruk. Rapport frå utvalet kom i januar 2024, og det er lagt opp ein prosess for korleis dette skal følgjast opp.
Landbruks- og matdepartementet vil følgje opp saka i samråd med Helse- og omsorgsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Klima- og miljødepartementet og Barne- og familiedepartementet. Regjeringa er i gang med å utarbeide eit forslag til matkastelovgiving, og tek sikte på å fremje forslag til lovgiving for Stortinget våren 2025. Det vil òg bli sett i gong utgreiingsarbeid for å få på plass utfyllande forskrifter med sikte på at desse trer i kraft i løpet av 2026.