Meld. St. 18 (2020–2021)

Oppleve, skape, dele — Kunst og kultur for, med og av barn og unge

Til innhaldsliste

Del 4
Den digitale kulturen

13 Den digitale kulturen – moglegheiter og risikoar

Figur 13.1 

Figur 13.1

13.1 Innleiing

Slik vi nemnde under del I, kapittel 3.2, har digitaliseringa endra mange sider av oppveksten og kvardagslivet til barn og unge. Utviklinga har gått og går framleis svært fort. Dette gjer det krevjande å utvikle politikk og treffsikre verkemiddel på feltet. Viss barn og unge skal kunne bruke digitale plattformer til læring, utforsking, sjølvrealisering og underhaldning, krev det trygge rammer. For å sikre alle barn og unge ein trygg digital oppvekst må vi ha ei brei tilnærming, som kan omfatte alle fagfelt, etatar og aktørar som legg rammer for oppvekstvilkåra barna har. Dette føreset ein ny måte å tenkje på og eit breitt samarbeid på tvers av den vanlege sektorinndelinga i forvaltninga.1

13.2 Den digitale kvardagen til barn og unge

13.2.1 Innleiing

Dagens barne- og ungdomskultur generelt beskriv vi i del I, kapittel 3.2. Hensikta med dette avsnittet er å gå nærmare inn på den digitale kvardagen til barn og unge – inkludert utviklingstrekk, moglegheiter og risikofaktorar – som eit grunnlag for å vurdere behovet for å styrkje og samordne innsatsen på feltet. Beskrivinga er blant anna basert på EU Kids Online, 2018-undersøkinga i Noreg, Barn og medier-undersøkinga frå Medietilsynet og Ungdata-undersøkingane.2 Desse undersøkingane er statleg finansierte, blir gjennomførte regelmessig og gir ei god oversikt over relevante moglegheiter og utfordringar relaterte til den digitale kvardagen til barn og unge.

13.2.2 Utviklingstrekk og medievanar

I dag er mobiltelefonen den mest brukte skjermen for kultur- og mediekonsum, og dei yngre forbrukarane strøymer stadig meir.

Dei siste åra har vi sett ungdom som utmerkar seg som e-sportsutøvarar, eller som profilar på YouTube eller TikTok, der det å skape musikk eller utrykkje seg kunstnarisk, kreativt og sosialt har blitt eit meir vanleg kulturelt fenomen. Med meir enn to milliardar nedlastingar er TikTok blitt ein av dei mest populære appane i verda. Det er ikkje forska mykje på denne måten å utøve kultur på blant barn og ungdom, men ifølgje EU Kids Online si kartlegging engasjerer barn og unge seg i kommunikasjons- og underhaldningsaktivitetar, mens innhaldsproduksjon eller søk etter nyheiter berre blir teke opp av eit mindretal. Dette kan tyde på at dei «digitalt innfødde» ikkje er produsentar i så stor grad som ein tidlegare har trudd. Nivået på kreative ferdigheiter når det gjeld å lage og redigere innhald, varierer også sterkt mellom land.

Ettersom mediekonsumet til barn og unge skjer i svært mange ulike arenaer og samanhengar, er det vanskeleg å måle tidsbruken og omfanget presist. Likevel viser både norske og internasjonale undersøkingar at dei siste åra bruker barn internett og sosiale medium stadig meir.3 Barn og unge mellom 9 og 18 år bruker i dag nesten like mykje tid på internett som på å treffe venner (fysisk). Før koronapandemien gav 15–16-åringane opp at dei brukte over 3,5 timar i løpet av døgnet på nett.4 Dette er truleg nettbruk primært utanfor skolen, og det totale omfanget har sannsynlegvis auka under pandemien.

Ungdata-rapporten frå 2020 framhevar at andelen som bruker minst tre timar per dag på skjermaktivitetar, har gått opp sidan 2015. Mykje av denne auken kan vi forklare med at fleire bruker mykje tid på sosiale medium. Det same viser rapporten EU Kids Online, som nærmare bestemt viser ein markant auke i bruken av sosiale medium sidan 2010. Denne auken er særleg stor blant barn under 13 år.5

Medietilsynets kartlegging av medievanane til barn og unge over tid viser òg ei endring i tida som blir brukt på dataspel, mobiltelefon og sosiale medium.6 Sidan 2010 har det vore ein markant auke i tida som blir brukt på speling, spesielt blant jenter. Men tida brukt på mobil og sosiale medium har gått betydeleg opp òg. Ungdata-undersøkingane støttar dette biletet, som viser at tidsbruken på mobiltelefon og nettbrett har gått opp.7

Tal frå Barn og Medier 2020 viser at 86 prosent av 9–18-åringane speler spel på pc, Playstation, mobil, nettbrett eller liknande, 96 prosent av gutane og 76 prosent av jentene. Nesten seks av ti 9–18-åringar som speler dataspel, seier seg einige i at gaming er sosialt. Sju av ti som speler dataspel, meiner det gjer dei flinkare i engelsk.

Sosiale medium er for dei fleste barn og unge ein naturleg og integrert del av livet, og brukarane blir stadig yngre. Barn og medier 2020 viser at heile 90 prosent av norske 9–18-åringar bruker eitt eller fleire sosiale medium. Andelen som bruker sosiale medium, aukar med alderen, og frå 13-årsalderen bruker tilnærma alle eitt eller fleire sosiale medium, jf. figur 13.2.

Figur 13.2 Andel i alderen 9–18 år som fortel at dei bruker eitt eller fleire sosiale medium, etter alder (N = 3353).

Figur 13.2 Andel i alderen 9–18 år som fortel at dei bruker eitt eller fleire sosiale medium, etter alder (N = 3353).

Kjelde: Medietilsynet 2020a

Dei fem mest brukte sosiale media er YouTube (95 prosent), Snapchat (80 prosent), TikTok og Instagram (begge 65 prosent) og Facebook (51 prosent).8

Norske barn bruker også meir tid på internett enn andre europeiske barn (3,6 timar samanlikna med 2,8 timer i gjennomsnitt).9 Barn og unge i Noreg er dessutan svært digitale frå ein tidleg alder. Barn og medier 2020 dokumenterer at dei aller fleste 9–18-åringane har eigen mobil (97 prosent), og at svært mange barn og unge får eigen brukarkonto/profil på sosiale medium før dei er 13 år.

13.2.3 Moglegheiter og risikoar på nett

13.2.3.1 Innleiing

EU Kids Online-nettverket har klassifisert ulike typar moglegheiter og risikoar barn og unge blir eksponerte for gjennom nettet, og desse er viste i tabell 13.1. Dei ulike moglegheitene og risikofaktorane blir utdjupa nedanfor, med utgangspunkt i denne tabellen.

Tabell 13.1 EU Kids Klassifisering av moglegheiter og risikoar på nett etter kva rolle barnet sjølv har.1 Dei ulike typane risiko og moglegheiter som står i tabellen, er meinte som eksempel, lista er ikkje uttømmande.

MOGLEGHEITER

Innhald – barnet som mottakar

Kontakt – barnet som deltakar

Handlingar – barnet som igangsetjar eller utøvar

Utdanning og digitale ferdigheiter

Utdanningsressursar

Kontakt med andre som deler dei same interessene

Sjølvinitierte og felles læringsaktivitetar

Demokratisk deltaking og digitalt borgarskap

Global informasjon

Utveksling mellom interessegrupper

Ulike konkrete former for sivilt engasjement

Kreativitet og utfalde seg sjølv

Ulike typar ressursar

Bli invitert/inspirert til å skape noko eller delta i noko

Lage innhald sjølv, programmere, skape

Identitet og sosiale nettverk

Råd og hjelp (til slikt som personlege utfordringar, helse, seksualitet)

Sosiale nettverk og sosial støtte, erfaringsdeling

Uttrykkje eigen identitet

RISIKOAR

Innhald – barnet som mottakar

Kontakt – barnet som deltakar

Handlingar – barnet som igangsetjar eller utøvar

Kommersiell risiko

Reklame, sponsing, spam

Sporing, innsamling av personlege data gjennom interaksjon med teknologi, tenester og andre menneske

Pengespel, illegal nedlasting, hacking

Aggressivitetsrisiko

Valdeleg/grufullt/hatefullt innhald

Bli mobba, trakassert og forfølgt

Mobbing eller trakassering av kvarandre

Seksuell risiko

Pornografisk/skadeleg seksuelt innhald

Møte framande, grooming

Lage/dele/laste opp pornografisk materiale

Risiko knytt til verdiar og haldningar

Rasistisk innhald, falske nyheiter, falsk informasjon og råd (for eks. knytt til narkotika, vaksiner osv.)

Sjølvskading og uønskte forsøk på overtaling

Gi råd og oppmuntre andre til sjølvskading, sjølvmord og anna skadeleg eller kriminell åtferd

1 Staksrud, Livingstone, Haddon, & Ólafsson 2009 referert i rapporten Norske barns håndtering av risiko på Internett. Grunnlag for FoU-aktiviteter og forskernettverk u.å.: 18

13.2.3.2 Kva er moglegheitene på nett?

Utdanning og digitale ferdigheiter

Barn og medier 2020 (Medietilsynet) viser at svært mange norske barn og unge bruker nettet til skolearbeid og til å søkje etter informasjon. Over halvparten av 9–18-åringane søkjer dagleg etter informasjon på nett, mens åtte av ti bruker nettet til lekser og skolearbeid minst kvar veke. Den generelle tendensen er at barna gjer desse aktivitetane i meir omfattande grad jo eldre dei er. Nesten alle 17–18-åringar bruker nettet til skolearbeid kvar dag eller kvar veke, og jamt over gjeld det litt fleire jenter enn gutar, spesielt blant dei eldste. Under utbrottet av koronaviruset i mars 2020 blei tilgangen til digitale einingar og digitale læringsressursar svært viktig for norske skolebarn, og ein godt utbygd infrastruktur for breiband og ulike løysingar for videobasert kommunikasjon gjorde det mogleg å fortsetje undervisninga da skolane stengde ned i heile landet.10

Tala frå Barn og medier 2020 blir støtta av ulike undersøkingar retta mot skoleeigarar og skoleleiarar.11 Skolane ser i stor grad ut til å ha tilstrekkeleg infrastruktur og utstyr til å bruke digital teknologi i undervisninga. To av tre skoleleiarar har ein plan for å heve kompetansen blant personalet, og lærarane oppgir ein variert bruk av digitalt utstyr og digitale ressursar. Didaktiske vurderingar er mest avgjerande for den digitale praksisen til lærarane, og dette styrer i sin tur bruken til elevane. Gjennomgåande er det forskjellar i databruk, modnad og digital praksis på dei ulike trinna i skolen. Elevar på vidaregåande skole bruker datamaskin mykje oftare og til fleire aktivitetar enn elevane i grunnskolen, og bruken aukar frå barneskolen til ungdomsskolen. Samla for alle trinna er dei tre mest brukte digitale aktivitetane i undervisninga å skrive tekst, søkje etter/finne informasjon på internett og lage presentasjonar.

Digitale ferdigheiter er éi av fem grunnleggjande ferdigheiter i læreplanverket og skal inngå i alle faga i skolen. Frå hausten 2020 har skolane begynt å bruke det nye læreplanverket Kunnskapsløftet 2020, og digitale ferdigheiter har fått ein tydelegare plass enn tidlegare. Digital dømmekraft, kjeldekritikk, kritisk tenking og digital tryggleik er sentralt i dei digitale ferdigheitene og inngår på forskjellige måtar i ulike læreplanar for fag. I tillegg er programmering og algoritmisk tenkemåte innført i blant anna matematikk, naturfag og musikk. Dette vil vere viktige føresetnader for læring og å delta i dagens samfunn.

Demokratisk deltaking, nyheitskonsum og digitalt borgarskap

Barnekonvensjonen skal sikre retten barn og unge har til å seie meininga si og til å bli høyrde, og sikre retten til ytringsfridom og informasjon. Tilgangen til internett og sosiale medium har bidrege til at barn i dag har større moglegheiter enn tidlegare til å ytre seg og delta aktivt i den offentlege debatten.

Retten til ytringsfridom står også i Grunnlova § 100 og i menneskerettskonvensjonen artikkel 10. Les meir om dette i kapittel 4. Alle barn og unge har i utgangspunktet rett til å søkje, få og å meddele alle typar opplysningar gjennom alle typar uttrykksmåtar. Retten til ytringsfridom heng tett saman med andre rettar i barnekonvensjonen.

Barn og unge har tilgang til nyheiter gjennom kanalar som NRK Supernytt, sosiale medium, tv, nettaviser og podkastar/radio. Ifølgje Barn og medier 2020 ser 88 prosent av barn i alderen 9–12 år nyheiter på NRK Supernytt. Supernytt er ei viktig nyheitskjelde for dei yngste. Blant 9–18-åringane som bruker sosiale medium, svarer 87 prosent at dei ser nyheiter i sosiale medium. Mange barn og unge (83 prosent) ser også nyheiter på tv, mens 65 prosent les nyheiter i nettaviser. Det er minst vanleg å lese nyheiter i papiraviser.

Dette tyder på at ungdom bruker sosiale medium som ei primærkjelde til nyheiter, med dei utfordringane det kan bringe med seg med tanke på falske nyheiter, ekkokammer og eit nyheitstilfang som blir styrt av algoritmar.

Kreativitet og å utfalde seg sjølv

Tilgangen på ny teknologi gjer det mogleg for fleire å uttrykkje og engasjere seg på ulike måtar, blant anna gjennom å skape og formidle sitt eige innhald. Barn og unge lagar blant anna musikk, videoar og dansar på nett, dei gamar og organiserer klimastreik.

Ifølgje EU Kids Online12 handlar kreativ kompetanse om i kva grad ein sjølv skaper og eventuelt også deler digitalt innhald. Dei kreative ferdigheitene kan vere med på å avgjere om ein kan delta i alle dei moglegheitene som interaksjon på nettet gir. 64 prosent av barn i alderen 11 til 17 år veit korleis dei lagar og legg ut video eller musikk, og under halvparten (38 prosent) veit korleis dei kan redigere eller gjere enkle endringar i nettinnhald som andre har skapt. Færrast er det blant dei yngste jentene, der berre 16 prosent av 11–12-åringane oppgir at dei har slike ferdigheiter.

Plattforma TikTok har hovudsakleg vore brukt av barn og unge til å publisere eigenprodusert innhald, men i løpet av dei siste årene har fleire profesjonelle aktørar begynt å bruke tenesta. Blant anna har NRK Supernytt eksperimentert med å leggje ut videoar på appen og opplevd mykje engasjement blant unge på plattforma.

Boks 13.1 TikTok

Sara Cecilie Leite, mest kjend som @zaracecilie, er ei stor norsk stjerne på TikTok. Ho deltok tidlegare på Medietilsynets innspelsmøte til barne- og ungdomskulturmeldinga og gav eit innblikk i korleis det er å vere kreativ, skapande og dele innhald aktivt i eit sosialt nettverk. «Det å få være kreativ og utfordre meg selv er det beste med å være på TikTok», sa Sara Cecilie. Ho har fleire hundre tusen følgjarar på TikTok og legg ut videoar kvar dag. Plattforma inspirerer brukarane til å lage innhald, og gjennom ein meny blir det anbefalt utfordringar som dei kan lage videoar etter, for eksempel utfordringar som å gjere kirurgi på mat eller gjere ein spesiell dans.

YouTube og strøymetenesta Twitch er også sentrale kanalar for å utfalde seg kreativt. Spel engasjerer, og på YouTube er dataspel den fjerde største kategorien. Spesielt blant barn og unge er desse plattformene blitt viktige for å diskutere og skape innhald om spel.

I eit medielandskap i rivande utvikling blir det stilt stadig større krav til mediebrukarar for å kunne navigere trygt i ei digital medieverkelegheit der ein druknar i informasjon og moglegheiter i ei rekkje kanalar. Kritisk medieforståing er derfor ein kompetanse alle bør ha for å sikre ei tilstrekkeleg kritisk tilnærming til det medieinnhaldet vi både konsumerer, produserer og deler. Ifølgje Medietilsynets rapport om kritisk medieforståing i den norske befolkninga rapporterer tre av fire at dei er usikre på reglane om opphavsrett og biletdeling (respondentane er personar over 16 år).13

Dataspel er eit populært og relativt ungt kulturuttrykk som kan oppmuntre til kreativitet, nysgjerrigheit, samarbeid, læring og planlegging. Spel kan vere både leik og meiningsberande innhald, tilby fellesskap og vere ein arena for sosial interaksjon. I dataspelstrategien til regjeringa, Spillerom (2019), peiker regjeringa på dataspel som kultur, næring og verktøy for læring. Dataspel har kunstnarisk og kulturell eigenverdi og kan fortelje historier, gi tilgang til nye perspektiv og bli brukte som skapande verktøy. Spel kan òg danne grunnlag for dialog og refleksjon og gi moglegheiter for innleving og identifikasjon med andre menneske.

For nokon er dataspel ein sosial aktivitet dei gjer saman med venner eller tilfeldige andre som speler på nett, mens andre kan søkje ro og eigentid gjennom aktiviteten. Slik anerkjenning er viktig for barn og unge som har glede av og lyst til å spele dataspel:

Jeg føler at det er veldig inkluderende. Det er mange som sier dataspill ikke er sosialt i det hele tatt, men det er egentlig veldig sosialt, fordi man samarbeider, man snakker om hva man skal gjøre, og … ja, man snakker egentlig om alt, når man spiller. (Gut 15)14

Identitet og sosiale nettverk

Sosiale medium er ein viktig del av det sosiale livet til barn og unge. Kommunikasjon med venner og familie står fram som ein av dei viktigaste grunnane til at barna bruker internett.15Barn og medier 2020 viser at 86 prosent av 9–18-åringane som bruker sosiale medium, var einige i denne påstanden: «Jeg har mye kontakt med vennene mine i sosiale medier». Mange ungdommar rapporterer om nære venner som dei utelukkande har kontakt med via nettet.16

Undersøkingar viser òg at norske barn føler seg tryggare på nettet enn heime og på skolen.17 42 prosent av norske barn i alderen 9–16 år oppgir at dei alltid føler seg trygge på internett.

Måten kunst- og kulturuttrykk blir brukte i kommunikasjon og interaksjon på nett, er òg viktig i identitetsforståinga barn og unge har, og i bygginga av sosiale relasjonar. Å delta i spel på internett gjer det mogleg å delta i samfunnet og få venner. Slike nettsamfunn kan gi utsette barn, for eksempel barn med nedsett funksjonsevne, moglegheita til å delta i leik på nett og oppleve at dei høyrer til. Barn og unge lyttar til musikk som ein integrert del av kvardagslivet, men lyttinga kan òg delast med andre via sosiale medium. Dei digitale plattformene bidreg dermed i stor grad til at barn og unge oppdagar ny musikk og andre kunst- og kulturuttrykk, og til kva kjennskap og forståing dei har av kunst og kultur.

Det digitale samfunnet kan òg vere ei viktig kjelde til informasjon og hjelp i spørsmål om eiga helse og identitet. Samtidig kan barn og unge også lett komme over helseskadeleg informasjon, slik det står om i punkt 13.2.3.3 nedanfor. Staten har moglegheita til å sikre informasjon av høg kvalitet digitalt, direkte til dei unge, for eksempel ved å skreddarsy informasjon til profilane dei unge har i sosiale medium. Eit viktig element i dette arbeidet er utviklinga av DigiUng. Det er eit samarbeid mellom Bufdir, Helsedirektoratet og Direktoratet for eHelse som skal levere lett tilgjengeleg og kvalitetssikra informasjon, rettleiing og tenester til ungdom, gjennom eit heilskapleg digitalt tilbod på tvers av sektorar.

Helsedirektoratet har, i samarbeid med OsloMet og Høgskolen i Innlandet, utarbeidd ein rapport om kva helsekompetanse befolkninga har. Rapporten følgjer opp Strategi for å øke helsekompetansen i befolkningen (2019–2023) frå regjeringa. I rapporten blir det vist til at ein vesentleg andel av befolkninga har utfordringar med å ta stilling til helseinformasjon og kritisk vurdere kjelder og råd. Undersøkinga har også målt digital helsekompetanse. Med det er det meint kor god ein er til å søkje, bruke og forstå informasjon på digitale plattformer. 10 prosent mellom 18 og 24 år er på det dårlegaste nivået eller under, og 28 prosent i denne aldersgruppa er på eit middels nivå. Det er ikkje gjort ein tilsvarande studie for barn og unge.

Gjennom pandemien har kvardagen blitt endra, og den fysiske kontakten med andre har blitt avgrensa for mange. Mange unge har rapportert at dei har klart å ta vare på viktige relasjonar, trass i avstand, gjennom digitale og sosiale medium. Mange hjelpetenester har òg meldt at fleire tek kontakt. Hjelpelinja Kors på halsen rapporterer om ein stor pågang frå barn og unge som treng nokon å snakke med, noko som viser kor viktig det er med digitale hjelpetilbod til barn og ungdom som opplever krevjande periodar og personlege kriser.

13.2.3.3 Kva risikoar fører nettet med seg?

Helt sidan internett blei etablert som ein arena for allmenta, har det vore risikofaktorar knytte til at barn og unge har tilgang til og kan bruke nettet. Diskusjonane har i hovudsak vore definerte av bekymringane vaksne har hatt om at barn og unge har ein svært digital oppvekst. Debatten har ofte vore polarisert, der bekymringar rundt påverknad og negative konsekvensar har blitt sette opp mot alle moglegheitene digital aktivitet opnar for. I eit mediehistorisk perspektiv er den polariserte debatten noko vi kjenner igjen frå når ein tidlegare har innført nye medium, men omfanget og den skiftande og ueinsarta måten barn og unge bruker internett på, skaper nye utfordringar. Mens bekymringane tradisjonelt har dreidd seg om eksponering for valdeleg og pornografisk innhald og kor mykje tid barn og unge bruker framfor skjermen, har den teknologiske utviklinga i dei seinare åra reist andre problemstillingar, inkludert personvern, desinformasjon og deling av intime bilete.

I EU Kids Online 2019 seier over halvparten av alle norske foreldre at dei er bekymra for at barnet deira skal bruke internett, mobil og dataspel for mykje. Norske foreldre er i dag meir bekymra for skjermbruken enn for eksempel personvernet til barna. I ei undersøking frå Folkehelseinstituttet blei det for eksempel sett på om tid brukt på sosiale medium hadde ein samanheng med aukande symptom på depresjon og åtferdsproblem. Studien viste at bruk av digital teknologi i liten grad påverkar trivselen til barna negativt, og at det var andre ting, som usunn livsstil og sosiale problem, som først og fremst gjekk ut over livskvaliteten deira.

Også bekymringa rundt om barn og unge føler press om å få anerkjenning på sosiale medium, har prega debatten, men ifølgje Ungdata 2019 opplever eit mindretal av ungdommar eit slikt press. 59 prosent svarer at dei ikkje føler noko press om å ha mange følgjarar og «likes» på sosiale medium. 21 prosent svarer «litt press», 10 prosent svarer «ein del press», mens 5 prosent svarer høvesvis «mykje» og «svært mykje» press. Samtidig kan vi gå ut frå at det presset barn og unge blir utsette for i sosiale medium om korleis kropp og utsjånad skal vere, er blant årsakene til at visse typar psykiske problem aukar. I NOVA-rapporten Stress og press blant ungdom kjem det for eksempel fram at mange unge, særleg jenter, opplever eit press på utsjånaden, og at det er ein relativt sterk samanheng mellom kroppsbilete og depressive symptom.18

Risiko for kommersiell påverknad

Barn veks i dag i stor grad opp i ein kommersiell marknad. Før møtte barn og unge reklame først og fremst i det fysiske rom, på tv, på kino og i blad. I dag møter barn marknadsaktørar på dei fleste av arenaene i kvardagen via mobiltelefon og nettbruk. Når barn og unge for eksempel bruker tenester som spel og sosiale medium, trer dei automatisk inn i ei forbrukarrolle der dei deltek i ein marknad.19 Omfanget av reklame har vakse dei siste åra, og særleg i sosiale medium.20 For eksempel viser Barn og medier 2020 at 71 prosent av 13–18-åringane opplever å få mykje reklame i sosiale medium.

I Barn og medier 2020 fekk 9–18-åringane også spørsmål om dei har fått reklame for bestemte produkt på nett. Av dei ulike produktalternativa som var omfatta i undersøkinga, hadde flest 9–18-åringar fått reklame for pengespel (62 prosent), produkt for å gå ned i vekt (48 prosent) og produkt som skal gi større musklar (41 prosent). Generelt er det vanlegare at 13–18-åringar har fått reklame for produkta på nett enn at 9–12-åringar har gjort det.

I stortingsmeldinga om forbrukarpolitikk21 blei det identifisert ei rekkje nye forbrukarutfordringar som barn og unge møter i den digitale kvardagen. Ny teknologi for å samle inn person- og forbrukardata gjer det mogleg å skreddarsy reklamen mot det enkelte individet, også barn og unge. Ein SIFO-studie om marknadsføring i sosiale medium fann at norske tenåringar får marknadsføring skreddarsydd etter kjønn, alder, bustad, etnisitet og interesser («klikk/likes») på nett og i sosiale medium.22 Aller tydelegast var brukartilpassinga av marknadsføring basert på kjønn. Mens ein stor del av marknadsføringa jentene blei utsette for, var kroppsorientert og seksualisert, var mykje av marknadsføringa gutane fekk, knytt til spel, teknologi og aktivitetar.23

Leiketøy barn bruker, blir også i aukande grad produserte med ulike typar nett-tilkoplingar. Dette mogleggjer innsamling, analysar og omsetjing av personopplysningane og brukardataa deira også her.24 Forbrukarrådets gjennomgang og testar av internettkopla leiker i 2016 bidrog til at det blei retta større merksemd mot denne utviklinga. I undersøkinga avdekte Forbrukarrådet blant anna ulovlege brukarvilkår og manglande sikkerheit knytt til dokka Cayla.25 Forbrukarrådets testar viste for eksempel at med enkle grep kunne kven som helst ta kontroll over dokka og bruke henne til å avlytte det som blei sagt. Vidare avdekte undersøkinga skjult marknadsføring ved at leika blant anna inneheldt førehandsprogrammerte frasar, der utvalde varer og tenester blei omtalte i positive vendingar. Dokka formidla for eksempel kor glad ho var i Disney-filmar, samtidig som produsenten hadde kommersielle bindingar til Disney.

Måten algoritmane fungerer på, kombinert med kompliserte personvern- og samtykkeerklæringar, er ein kompleks materie som er lite tilgjengeleg for brukarane av digitale tenester. Det er derfor vanskeleg både for barna sjølve og for føresette og andre vaksne i nærleiken av barna å forstå konsekvensane når barn og unge bruker ulike internettilkopla produkt, digitale plattformer og tenester.

Skadeleg innhald på nett

Barn og unge blir eksponerte for valdeleg og hatefullt innhald på nett. Ifølgje EU Kids Online-undersøkinga (2018) oppgir ein høg andel norske 11–17-åringar at dei har sett følgjande type skadeleg innhald på nett26

  • over halvparten av jentene i 14–17-årsalderen (53 prosent) har vore på sider der det blir diskutert eller vist måtar å skade eller såre seg sjølv på fysisk (sjølvskading)

  • over halvparten av jentene i 14-årsalderen har sett nettinnhald eller diskusjonar om måtar å vere veldig tynn på

  • nesten ein av tre 11–17-åringar har sett nettinnhald der folk diskuterer erfaringar med å ta narkotika

  • ein av fire 11–17-åringar har vore inne på nettstader der måtar å gjere sjølvmord på blir diskuterte

EU Kids Online-undersøkingane viser at ein større andel barn og unge har sett denne typen skadeleg innhald i 2018 enn i 2010. For eksempel har andelen barn og unge som har vore inne på sider der det blir diskutert måtar å skade seg sjølv på fysisk, auka frå 16 prosent i 2010 til 35 prosent i 2018. Andelen som har vore inne på sider med sjølvmordsrelatert innhald, har auka frå 9 prosent i 2010 til 29 prosent i 2018. Funna blir underbygde av Barn og medier-undersøkinga.

Boks 13.2 Sjølvmord og sjølvskading

Denne tematikken fekk mykje merksemd frå media gjennom NRK-prosjektet Trigger Warning hausten 2019. Gjennom publiseringa av tv-serien «Innafor», reportasjar på nrk.no og nyheitssaker på tv, radio og mobil avdekte og dokumenterte NRK lukka nettverk som blir brukte til å dele metodar for sjølvmord og sjølvskading i sosiale medium. I reportasjane kjem det fram at fleire av brukarane søkjer og finn støtte og hjelp i dette miljøet, og at dei derfor ikkje ser kor skadelege slike nettverk kan vere, verken for seg sjølv eller andre. NRK viste til konkrete eksempel på korleis metodar for sjølvskading eller sjølvmordsforsøk spreier seg frå nokon medlemmer i nettverka til andre. Jo «vondare» innlegga er, jo meir merksemd og omsorg får personen som står bak innlegget, frå andre medlemmer. Desse nettverka fungerer derfor på mange måtar som «ekkokammer», der informasjon, idear eller oppfatningar blir forsterka utan diskusjon med andre som har ulike synspunkt.

Plaging, truslar og utfrysing er òg ei form for risiko barn og unge kan oppleve på nettet. Mobbing eller plaging kan vi forstå som psykisk og/eller fysisk vald retta mot eit offer, utført av enkeltpersonar eller grupper. Mobbing føreset eit ujamt styrkeforhold mellom offer og plagar og at episodane skjer fleire gonger over tid. Ungdata junior-undersøkinga viser at blant norske 10–12-åringar har 16 prosent opplevd at nokon har skrive sårande ting til eller om dei via nettet eller mobil. 13 prosent har opplevd å ha blitt stengd ute frå sosiale fellesskap på nettet.

Truslar via nett og mobil er mindre vanleg, men rundt 7 prosent har opplevd dette, ifølgje spørjeundersøkinga blant elevar i alderen 10–12 år (Ungdata junior 2017–2018).

I Barn og medier 2020 oppgir 26 prosent av 9–18-åringane at dei i løpet av det siste året har opplevd at nokon har vore slemme mot dei eller mobba dei på nett, mobil eller spel. Ein større andel gutar enn jenter har opplevd dette. Ein større andel jenter enn gutar har opplevd at nokon har lagt ut bilete som gjorde dei triste eller sinte.

Seksuell risiko

Eksponering for porno på nett, seksuelle meldingar og deling av nakenbilete kan òg vere risikoområde i den digitale kvardagen til barn. Barn og medier 2020 (Medietilsynet) viser at ein betydeleg andel barn og unge har sett og erfart dette:

  • 49 prosent av 13–18-åringane har sett porno på nett. Andelen aukar med alderen og er betydeleg større blant gutar enn jenter.

  • Fire av ti 13–18-åringar har fått tilsendt nakenbilete av andre – flest av ein ukjend på nettet (40 prosent). Andelen aukar med alderen og er høgast blant jentene.

Barn og unge handterer utfordringar ulikt. Ifølgje EU Kids Online 2020 oppgir 21 prosent av norske barn å ha opplevd noko ubehageleg på nettet i løpet av det siste året, 4 prosent har opplevd dette minst kvar månad. Ofte er det faktorar utanfor nettet som avgjer korleis barn og unge har det på nettet. Trygt skole- og heimemiljø påverkar korleis barn oppfattar risiko på nettet, og korleis dei evnar å handtere denne. Dei fleste norske barn snakkar med ein venn (50 prosent) heller enn ein forelder (34 prosent) viss dei opplever noko negativt på nettet. Lærarar og andre vaksne blir i mykje mindre grad rekna som relevante hjelparar for digitale opplevingar. Berre 6 prosent fortel om det som har skjedd til lærarar, og berre 5 prosent til andre som har det som jobb å hjelpe barn.

Risiko knytt til verdiar og haldningar

Rasisme, hatmeldingar, falske nyheiter og falsk informasjon er også eksempel på risikoområde mange barn og unge møter på nett. For eksempel har fire av ti 13–18-åringar sett hatmeldingar på nett i løpet av det siste året. Ein av fire tenåringar oppgir at dei synest det er vanskeleg å vite kva nyheiter dei kan stole på i sosiale medium. I Barn og medier 2020 kjem det òg fram at mange tenåringar har sett ei nyheit dei mistenkte var falsk, dei fleste såg dette på sosiale medium, og fleirtalet gjorde ingenting sist gongen dei såg ei slik nyheit.

I boka Falske nyheter. Løgn, desinformasjon og propaganda i den digitale offentligheten27 definerer Bente Kalsnes falske nyheiter slik: «Falske nyheter kan forstås som nyhetslignende saker som bevisst sprer usannheter, propaganda eller lignende.» Hensikta kan vere politisk motivert, å skape informasjonskaos, oppnå økonomisk vinning eller å gjennomføre svindel. Falske nyheiter har gjerne den same utsjånaden og ofte liknande url-adresser som ei ekte nyheitsside, og derfor kan det vere vanskeleg å skilje dei ekte frå dei falske sakene. At det får spreie seg falske nyheiter, kan i ytste konsekvens bli ein trussel mot demokratiet og samfunnsdebatten. Falske nyheiter kan òg vere med på å bryte ned tillitsforholdet mellom lesarar og dei tradisjonelle media.

13.2.3.4 Oppsummering av moglegheiter og risikoar

Avsnittet ovanfor viser det mangfaldige og motsetningsfylte digitale livet dei fleste barn og unge lever i dag. På den eine sida opnar digitale plattformer og tenester for å delta, lære og å vere saman. Dei unge lærer og finn informasjon som er relevant for skole- og utdanningsløp, eiga helse og velvære. Mange synest det er enklare å vere seg sjølv og uttrykkje seg digitalt enn det er å gjere det ansikt til ansikt. Unge har mykje kontakt med venner i digitale kanalar. Det digitale fjernar ikkje minst hinder som barn og unge med funksjonsnedsetjingar eller sjukdom kan oppleve offline.

Men mens mange seier at dei føler seg tryggare på nett enn heime eller på skolen, opplever andre at det digitale forsterkar mobbinga eller utanforskapet. Dei slepp ikkje unna mobbinga frå skolegarden når dei kjem heim, eller opplever utanforskapet ekstra sterkt når nokon deler bilete frå festen eller turen dei ikkje blei inviterte til. Barn og unge kan òg bli utnytta kommersielt av selskap som rettar marknadsføringa mot denne målgruppa, som er ekstra sårbar for påverknad og kroppspress. Barn og unge veit dessutan for lite om korleis personopplysningane deira blir brukte kommersielt.

Ein del barn og unge blir eksponerte for direkte skadeleg innhald på nett og i sosiale medium. Dette kan i dei mest ekstreme tilfella vere bilete eller videoar frå avrettingar eller terrorhandlingar, av sjølvmord eller sjølvmordsforsøk og sjølvskading. Dei unge har enkel tilgang på informasjon om korleis dei kan bli svært tynne, og til diskusjonsforum både om dette og andre problematiske sider ved livet og utviklinga til barn og unge. I tillegg blir behovet for at barn og unge raskt utviklar ei god digital dømmekraft og kritisk medieforståing, svært tydeleg fordi mange blir eksponerte for falske nyheiter, deltek i lukka grupper som lett kan utvikle seg til ekkokammer, og har enkel tilgang til meir eller mindre overtydande konspirasjonsteoriar på sosiale medium.

Det digitale livet til barn og unge er verken berre svart eller kvitt, positivt eller negativt, men ei kompleks blanding. Moglegheiter og risikofaktorar heng gjerne tett saman, og begge element vil vere til stades samtidig i ulik grad. Oppdelinga i moglegheiter og risikofaktorar ovanfor er derfor ei forenkling. Tilsvarande er oppgåvene myndigheitene har på dette området, svært mangfaldige og involverer mange ulike verksemder og politikkområde. Det kan dreie seg om

  • 1. å leggje gode juridiske rammer for å produsere og formidle innhald for, av og med barn og unge, å gi god rettleiing om regelverket og å handheve desse rammene effektivt. Eksempel her er forbodet i straffelova mot grove valdsskildringar og pornografi og reglane i biletprogramlova om skadeleg medieinnhald. Andre eksempel er føresegner om seksuelle overgrep, personvern, hatefulle- og diskriminerande ytringar osv.

  • 2. å bidra til produksjon og formidling av kvalitetsinnhald til barn og unge – inkludert eit breitt kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet. Her kjem blant anna offentlege tilskotts- og finansieringsordningar frå kultur- og mediesektoren inn.

  • 3. å bidra til at barn og unge utviklar den kompetansen som trengst for å kunne delta aktivt og ansvarleg, samtidig som dei navigerer trygt i eit spennande og krevjande digitalt landskap. I tillegg jobbar myndigheitene for at foreldre og vaksne som jobbar med barn, har tilstrekkeleg kunnskap og rettleiingsmateriell, at digitale tenesteleverandørar følgjer regelverket og tek eit samfunnsansvar for dei yngste brukarane av tenestene sine, og at opplæringa gir barn og unge grunnlag for å meistre det digitale livet.

13.3 Aktørar som deltek i arbeidet

Mange aktørar arbeider med tematikk knytt til barn og unge sitt digitale liv. Både offentlege instansar, bransjeaktørar og ideelle organisasjonar engasjerer seg i ulike sider ved mediekvardagen og medieerfaringane barn har, ut frå mandatet sitt eller særlege interesser. Dette kapittelet gir ei oversikt over verksemder med aktivitet på feltet.

Figur 13.3 Oversikt over departement, underliggjande etatar og tilknytte verksemder som deltek i arbeidet for ein trygg digital oppvekst.

Figur 13.3 Oversikt over departement, underliggjande etatar og tilknytte verksemder som deltek i arbeidet for ein trygg digital oppvekst.

Ei rekkje departement har ansvar for politikkområde som på ein eller annan måte har med den digitale oppveksten til barn og unge å gjere:

  • Barne- og familiedepartementet (BFD) har eit overordna ansvar for oppvekst- og levekåra til barn og unge. BFD har gjennom Bufdir ansvar for ung.no, som er regjeringa sin informasjonskanal for barn og unge. BFD er i tillegg engasjert i DigiUng-programmet saman med Helse- og omsorgsdepartementet. BFD har i tillegg ansvar for forbrukarpolitikken.

  • Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at befolkninga får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Saman med BFD har HOD gjennom Direktoratet for e-helse blant anna ansvar for DigiUng-programmet.

  • Justis- og beredskapsdepartementet (JD) har blant anna ansvaret for rettsstellet, politi- og påtalemakta, kriminalomsorga og samfunnstryggleiken. Regjeringa vil i løpet av våren 2021 leggje fram ein tverrdepartemental strategi mot internettrelaterte overgrep mot barn.

  • Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har blant anna eit samordningsansvar for IKT-politikken og arbeider i den samanhengen for digital deltaking og universell utforming. KMD har vidare det overordna ansvaret for delar av personvernpolitikken til regjeringa. Regjeringa sette i 2020 ned ein personvernkommisjon som blant anna skal foreslå tiltak som styrkjer den digitale forbrukarkompetansen til barn og unge, og kartleggje korleis omfattande bruk av og eksponering i sosiale medium, inkludert brukargenerert innhald, påverkar barn og unge sitt personvern.

  • Kulturdepartementet (KUD) har blant anna ansvar for kultur- og mediesektorane, inkludert eit ansvar for ytringsfridomsspørsmål og tiltak og lovgiving for beskyttelse av barn mot skadeleg medieinnhald. KUD koordinerer i tillegg arbeidet regjeringa gjer mot hatefulle ytringar, og støttar blant anna ungdomskampanjen «Stopp Hatprat». I 2019 oppnemnde KUD eit tverrfagleg utval som har hatt i oppdrag å foreslå tiltak som kan beskytte barn mot skadeverknader av eksponering for innhald i elektroniske medium, sjå pkt. 13.4.1. Ytringsfridomskommisjonen, som blei sett ned i februar 2020, skal greie ut dei sosiale, teknologiske, juridiske og økonomiske rammene for ytringsfridom i dagens samfunn, inkludert ytringsfridommen til barn og unge.

  • Kunnskapsdepartementet (KD) har som ansvarleg for barnehage og skole ei sentral rolle i viktige delar av oppvekstvilkåra til barn. KD har ansvar for fornyinga av faga gjennom Kunnskapsløftet 2020, der digitale ferdigheiter og digital dømmekraft er styrkt som grunnleggjande ferdigheiter i opplæringa. Rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver legg også rammene for den digitale praksisen til barnehagen.

I tillegg er det fleire underliggjande etatar og andre tilknytte verksemder som driv viktig arbeid på feltet, inkludert Barneombodet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), Datatilsynet, Digitaliseringsdirektoratet (Digdir), Direktoratet for e-helse, Forbrukarrådet, Forbrukartilsynet, Foreldreutvalget for grunnopplæringa (FUG) og Foreldreutvalget for barnehager (FUB), Helsedirektoratet, Politiet – Kripos, Lotteri- og stiftelsestilsynet, Medietilsynet, mobbeomboda som blei etablerte i alle norske fylke i 2018, Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom), Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS), Sekretariatet for konfliktråda (SfK) og Utdanningsdirektoratet (Udir).

Ei rekkje ulike forskingsmiljø i Noreg forskar på tema knytte til den digitale mediekvardagen til barn, inkludert EU Kids Online, Forbruksforskningsinstituttet SIFO, Institutt for medier og kommunikasjon (IMK) ved Universitet i Oslo, Institutt for pedagogikk og livslang læring (IPL) ved NTNU i Trondheim, Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS), Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) og Politihøgskolen.

Mange ideelle organisasjonar arbeider også med det digitale livet til barn og unge, inkludert Barnevakten, Redd Barna, Raudekrossen og UNICEF (United Nations Children’s Fund).

I tillegg til ideelle organisasjonar er det òg ei rekkje profesjonelle aktørar, organisasjonar og selskap som arbeider med spørsmål knytte til det digitale livet til barn og unge, inkludert IKT-Norge, Lær Kidsa Koding, Sopra Steria og Telenor AS.

13.4 Vurdering

13.4.1 Behov for samordning

Som det går fram av beskrivinga av aktørbiletet under punkt 4, er det mange offentlege instansar og andre aktørar som i dag arbeider for å tryggje norske barn og unge på nett. I takt med den teknologiske utviklinga og den stadig aukande bruken av digitale medium og tenester, er også merksemda rundt det digitale livet til barn og unge blitt større.

Trass i betydeleg innsats og mange tiltak frå ei rekkje aktørar manglar feltet ei tydeleg prioritering, ansvarsfordeling og koordinering. Det finst heller ikkje noka strukturert måling av kva effektar dei ulike statlege og private tiltaka gir. Per i dag er det ikkje eitt departement som har eit overordna ansvar for statleg innsats på barn og medie-feltet. Dei ulike statlege verksemdene som har verkemiddel på området, er organiserte under ulike departement, og samarbeidet departementa imellom er ikkje rigga for å sikre ein koordinert og felles innsats. Dei ulike aktørane tek ikkje utgangspunkt i eit felles kunnskapsgrunnlag, og det blir ikkje gjort nokon felles vurderingar av kor det er størst behov for tiltak, eller kva slags tiltak som gir effekt. Per i dag finst det heller ikkje nokon felles struktur for korleis iverksette tiltak skal evaluerast, eller eit system for korleis resultata kan nyttiggjerast i det vidare arbeidet. Sjølv om det blir gjennomført mange gode tiltak og enkeltinitiativ, er hovudbiletet derfor at feltet er fragmentert og innsatsen er springande.

Også publikum er usikre på kven som har ansvaret for kva på feltet. I Medietilsynets undersøkelse om kritisk medieforståelse i den norske befolkningen frå 2019 blei det spurt om kjennskapen folk hadde til dei ulike statlege institusjonane og ansvaret dei har.28 Svara viser at folk er betydeleg usikre på kvar dei skal vende seg med spørsmål om ulike tema relatert til nettbruken til barn og unge. Éin av tre veit ifølgje undersøkinga ikkje kven dei skal kontakte for å få råd om nettbruken til barn og unge. Flest svarer at dei ville kontakta Medietilsynet (30 prosent), Datatilsynet (22 prosent) og Forbrukartilsynet (21 prosent).

Medietilsynet arrangerte på oppdrag frå Kulturdepartementet hausten 2019 eit møte om trygg digital oppvekst for å få innspel til denne stortingsmeldinga. Til saman deltok 37 aktørar som engasjerer seg på barn og medie-feltet. Det kom inn 20 innspel frå aktørar som Barneombodet, Politiets nettpatrulje, Utdanningsdirektoratet, Hyperion med fleire.

I forkant av møtet hadde Medietilsynet stilt følgjande tre spørsmål:

  • Kva kjenneteiknar det digitale kulturuttrykket til barn og unge i dag, og kva moglegheiter og utfordringar representerer denne kulturen?

  • Korleis sikrar vi at barn og unge har trygge rammer og utviklar seg til aktive, kompetente mediebrukarar som tek informerte val når dei deltek på digitale plattformer?

  • Korleis kan det offentlege best mogleg organisere og koordinere innsatsen på området den digitale mediebruken til barn og unge?

Aktørane trekte fram moglegheitene barn får til å utfalde seg, vere kreative, sosiale og søkje informasjon, og at for mange barn og unge er spel og digital kultur den viktigaste fritidsaktiviteten deira. Risikoar som blei trekte fram, var hatkommentarar, falske profilar, deling av vald, truslar og krenkingar i tillegg til låg kompetanse og interesse hos foreldra. At foreldre må få betre kompetanse, blei av fleire nemnt som ein nøkkel for å sikre trygge rammer og kompetent mediebruk hos barn og unge, i tillegg til at mediekompetanse i større grad må inn i lærarutdanninga. Fleire etterlyste at myndigheitene må rette tydelege krav og forventningar til sosiale medium og nettaktørar, slik at dei raskt fjernar ulovlege videoar og bilete og set i verk betre tiltak for å beskytte barn og unge når dei bruker slike tenester. Det blei òg trekt fram at dei globale aktørane, gjennom godkjenningsprosedyrane sine for appar og innhald, er med på å definere kva som er norsk barnekultur. I fleire av innspela blei det teke til orde for ein nasjonal strategi. Utdanningsdirektoratet ønskjer blant anna ein nasjonal strategi for å belyse kva ressursar som er gode, og som kan hjelpe lærarane.29

Medieskadelegheitsutvalet, eit tverrfagleg utval leia av advokat Jon Wessel-Aas, har hatt som mandat å sjå på korleis ein kan sikre barn betre beskyttelse mot skadeleg medieinnhald. Utvalet blei oppretta av Kulturdepartementet i 2019 og avleverte utgreiinga si 15. mars i år. Utvalet ser behov for eit koordinert samspel av sektorovergripande tiltak og meiner det er viktig at ansvaret for ein heilskapleg strategi for å utruste og ta vare på barn i møte med den digitale verkelegheita ligg hos eitt departement. Utvalet ser ikkje ytterlegare lovgiving som ei løysing.

Utvalet peiker på at den forståinga av kva som er skadeleg som har blitt brukt i lovgivinga og praktiseringa av den, i liten grad har vore basert på forsking. Utvalet meiner det er viktig for å kunne angripe problemet på ein rasjonell og effektiv måte, at vidare arbeid har grunnlag i forskingsbasert kunnskap om kva som er skadeleg for barn. I tillegg er det behov for å legge til rette for meir oppdatert kunnskap og forsking om temaet. Utvalet anbefaler derfor at det blir oppretta eit tverrfagleg, nasjonalt kompetansesenter som kan bidra til betre kunnskap om korleis medieverkelegheita og utviklinga av den påverkar barn.

Regjeringa legg etter dette til grunn at det er behov for ein styrkt og betre samordna innsats for den digitale kvardagen til barn og unge. Ein slik innsats må basere seg på ei felles kunnskapsplattform, prioritering, koordinering og evaluering av tiltak. Dette er nødvendig for å få meir kraft inn på eit særdeles viktig felt, men òg for å sikre ein mest mogleg effektiv bruk av offentlege ressursar. Å samordne betre kan òg bidra til at innsatsen til det offentlege står fram som kunnskapsbasert og kvalitetssikra – slik at foreldre, lærarar og andre som har ansvar for å bidra til ein trygg digital oppvekst for barn og unge, kan stole på at dei får gode, oppdaterte og konsistente råd og rettleiing. Utviklinga når det gjeld internettrelaterte overgrep, er så urovekkjande at regjeringa i løpet av våren 2021 vil lansere ein eigen strategi om denne problematikken. Dette utgjer ein del av den samordna innsatsen frå regjeringa for ein trygg digital oppvekst. Innsatsen mot internettrelaterte overgrep skal blant anna gi barn og unge kunnskap om digital tryggleik og la dei medverke i arbeidet. Kunnskap om kva som påverkar overgrepssituasjonar på nett, og å utvikle hjelpetilbod er sentralt i arbeidet. Å utvikle samarbeid internasjonalt og med private aktørar skal bidra til ein heilskapleg førebyggjande innsats.

13.4.2 Nasjonal strategi

Regjeringa meiner at den statlege innsatsen på området barn og medium bør styrkjast gjennom eit meir planmessig og koordinert arbeid med tydeleg mandat. Regjeringa foreslår derfor å lage ein nasjonal strategi for ein trygg digital oppvekst med tydelege mål og tiltak.

Viktige element i strategiarbeidet vil vere å jobbe systematisk med å hente inn kunnskap og forske meir, oppdatere og utvikle råda, rettleiinga og andre tiltak, hjelpe med kunnskapsdeling på tvers av aktørar og sektorar og etablere gode standardar for å evaluere effektane av innsatsen.

Det er nødvendig å behalde og vidareutvikle eit breitt engasjement der mange ulike aktørar, både offentlege og andre, bidreg med kunnskapsinnhenting og tiltak. Samtidig er samarbeid og samhandling avgjerande for å lykkast på eit komplekst og samansett fagfelt. Med utgangspunkt i ein nasjonal strategi, der éin aktør koordinerer arbeidet, bør det derfor etablerast tverrgåande samarbeids- og koordineringsorgan.

Barn og den digitale mediekvardagen deira er eit felt som framleis i stor grad er prega av synsing, følelsar og usikkerheit – ikkje berre blant foreldre, men òg blant politikarar og myndigheiter. Mange fagpersonar som jobbar med barn og unge, har fått utdanninga si før internett ble allment tilgjengeleg, og det er òg ein stor andel ufaglærte i både frivillig sektor og ulike tenester som har i oppgåve å jobbe med barn og unge.

Mange foreldre er bekymra for internettbruken til barna og er usikre på korleis dei skal setje grenser. Det er viktig at dei er gode rollemodellar, interesserer seg for den digitale kvardagen til barna og set seg inn i ny teknologi.

Ein nasjonal strategi kan bidra både til ei meir kunnskapsbasert tilnærming, tydelegare retning på arbeidet, betre forankring og større grad av koordinering. Dermed vil vi utnytte ressursane betre og forhåpentleg få auka effekt av innsatsen. Dette kan føre til fleire, betre og meir samordna tiltak, noko som igjen kan medverke til betre digital dømmekraft og kritisk medieforståing. Dette er ein føresetnad for at barn og unge skal kunne delta aktivt og trygt på digitale plattformer.

13.4.3 Koordinerande funksjon

Ein styrkt og betre samordna innsats for den digitale kvardagen til barn og unge føreset at rollene til aktørane på ulike nivå blir tydelegare avklarte. Regjeringa foreslår at dette blir gjort gjennom å definere eit klart koordineringsansvar både på politisk nivå og på eit utøvande, publikumsretta nivå.

Departementsnivå

Fleire departement var frå 2001 til 2015 engasjerte i arbeidet med barn og medium gjennom ein felles tiltaksplan. Den interdepartementale arbeidsgruppa blei opphavleg etablert i 2001 da den første tiltaksplanen for barn, unge og internett blei utvikla på oppdrag frå Barne- og familiedepartementet. Tiltaksplanen blei revidert i 2005 og blei fram til 2015 fornya årleg med tiltak retta mot internettbruken til barn og unge. Bakgrunnen for at dei ulike departementa var engasjerte i tiltaksplanen, var eit ønske om ein heilskapleg innsats som ikkje skulle vere avgrensa av kva ansvarsområde det enkelte departementet hadde. Medietilsynet hadde det operative ansvaret for å gjennomføre tiltaka i planen. I dei seinare åra har gruppa i hovudsak vore eit forum for samarbeid om finansieringa av Medietilsynets Barn og medier-undersøkingar. Per i dag har ikkje gruppa nokon reell koordinerande funksjon ut over dette.

Regjeringa meiner det er nødvendig å vekkje til live det interdepartementale samarbeidet. Ein viktig føresetnad for å få ei varig styrking av samarbeidet er at eitt departement får eit koordinerande ansvar for feltet. Ansvaret blir lagt til Barne- og familiedepartementet, som har det overordna ansvaret for oppvekst- og levekåra barn og unge har.

Å ha eit koordinerande ansvar inneber blant anna å skaffe oversikt over tiltak og politikkutvikling på feltet og ha ein dialog med aktuelle departement. Barne- og familiedepartementet vil opprette ei interdepartemental gruppe om trygg digital oppvekst der blant anna Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kulturdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet deltek. Hensikta er å få ei meir heilskapleg og kunnskapsbasert tilnærming slik at nye utfordringar kan fangast opp raskare, og slik at målretta tiltak kan setjast inn der det trengst.

Direktoratsnivå

Regjeringa vil leggje ansvaret for å koordinere innsatsen på det utøvande, publikumsretta nivået til Medietilsynet. Medietilsynet er forvaltningsorganet staten har på mediefeltet, og har blant anna som formål å tryggje barn og unge i den digitale kvardagen og ruste barn til å bli kompetente mediebrukarar. Medietilsynet har mange års erfaring med arbeid med Barn og medier-undersøkinga, råd, rettleiing og andre tiltak innanfor barn og medium-feltet og har gjennom tilsynsansvar etter biletprogramlova30 og kringkastingslova31 lovpålagde oppgåver relaterte til å beskytte barn og unge mot skadeleg medieinnhald.

Tilsynet har dessutan allereie i dag ei rolle som prosjektkoordinator for Safer Internet Center – Norway (NSIC). Som Safer Internet Center er tilsynet del av eit nettverk av europeiske senter (Insafe-nettverket) og får prosjektmidlar frå EU. Senteret jobbar aktivt med å involvere ungdom, utvikle råd, tiltak og ressursar og planleggje og gjennomføre nettverksmøte og arrangement – inkludert den årlege markeringa av Safer Internet Day i februar. Tiltak og ressursar dei utviklar, blir utveksla og samla på Better Internet for Kids-portalen slik at alle i Europa kan bruke dei. Som ledd i arbeidet organiserer Medietilsynet nettverk av relevante aktørar (Advisory Board32 og Trygg bruk-nettverket).

Ei koordinerande rolle vil inkludere

  • ansvar for å utvikle og implementere den nasjonale strategien for trygg digital oppvekst i samarbeid med andre direktorat

  • koordinering av aktivitetar og tiltak som skal bidra til å nå måla

  • rapportering på om måla som ligg i den nasjonale strategien, blir nådde

  • å sørgje for at nødvendig kunnskap og innsikt blir henta inn, samla og gjort tilgjengeleg både for myndigheitene, aktørar som jobbar med barn og unge, og for befolkninga elles

  • overordna ansvar for å følgje med på og løfte fram sentrale utviklingstrekk når det gjeld det digitale livet til barn og unge, og peike på område som krev ei form for innsats/tiltak

  • ansvar etter oppdrag om å følgje opp enkelte strategiar/tiltak på området, sjå strategien mot internettrelaterte overgrep

Det kjem til å bli etablert eit ekspertråd beståande av representantar frå etatar og verksemder dette vedkjem, som kan hjelpe tilsynet med å vurdere utfordringsbiletet og utvikle effektive tiltak. Rådet kan ta utgangspunkt i – og byggje vidare på – det eksisterande fagrådet (Advisory Board) til Safer Internet-senteret. Rådet fungerer i dag som eit rådgivande organ for det faglege arbeidet i senteret og har per i dag medlemmer frå Utdanningsdirektoratet, Datatilsynet, Barneombodet, Kripos, Universitetet i Oslo, Kors på halsen (Raudekrossen) og Forbrukartilsynet. Eit slikt nytt råd kan elles modellerast på tilsvarande råd i andre land.33

For å oppnå ein effektiv og målretta innsats er det ikkje minst viktig at barn og unge har innsikt i og kan medverke i arbeidet.

Regjeringa vil

  • leggje fram ein nasjonal strategi for trygg digital oppvekst

  • samordne innsatsen på feltet ved å gi barne- og familieministeren eit overordna koordineringsansvar

  • gi Medietilsynet eit ansvar for å koordinere innsatsen på det utøvande, publikumsretta nivået

14 Økonomiske og administrative konsekvensar

Med denne meldinga presenterer regjeringa barne- og ungdomskulturfeltet for første gong samla som eit politisk satsingsområde på nasjonalt nivå. Regjeringa har som mål

  • å gi alle barn og unge, uavhengig av bakgrunn, tilgang til kunst og kultur

  • å sikre at kunst og kultur som blir skapt for og formidla til barn og unge, er av høg kvalitet

  • å gi alle barn og unge moglegheita til å oppleve og å skape kultur på eigne premissar

For å nå måla i meldinga må både det nasjonale, det regionale og det lokale forvaltningsnivået, i tillegg til det profesjonelle og det frivillige kulturlivet, jobbe saman.

Tiltak og føringar i meldinga kan oppnåast først og fremst gjennom samarbeid og samspel mellom stat, fylkeskommune og kommune, med frivillig sektor og andre private aktørar. Oppfølginga av andre tiltak som regjeringa foreslår, vil kunne skje ved å omprioritere tilgjengelege ressursar på dei ulike forvaltningsnivåa. Fleire av tiltaka regjeringa foreslår, kan sikre betre samordning og føre til meir effektive løysingar både på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå.

På statleg nivå vil oppfølginga av alle tiltaka og prioriteringane som blir omtalte i meldinga, gjennomførast innanfor Kulturdepartementets og Kunnskapsdepartementets gjeldande budsjettrammer. Dette inkluderer også forslag til nye oppgåver som blir lagde til underliggjande verksemder og etatar.

Fordi mykje av barne- og ungdomskulturen er lokal, omtaler fleire av forslaga til tiltak lokale forhold òg. Dette omfattar i hovudsak lovpålagt arbeid som blant anna følgjer av kulturlova, opplæringslova og plan- og bygningslova. Meldinga omfattar ingen forslag til tiltak som pålegg kommunar eller fylkeskommunar nye oppgåver eller auka utgifter. Kommunar og fylkeskommunar har eit sjølvstendig ansvar for oppgåver på kulturområdet og står fritt til å prioritere disponeringa av midlar i tråd med det kommunale sjølvstyret.

Fotnotar

1.

Når departementa i dette kapittelet for å gjere det enkelt bruker omgrep som «medium», «mediekonsum» osv. i omtalen av kontakten barn og unge har med og bruken deira av ulike digitale tenester, må det derfor ikkje lesast som at dei viser til mediesektoren eller mediepolitikken i meir tradisjonell forstand.

2.

Staksrud & Olafsson 2019, Medietilsynet 2020a og 2020b, Bakken 2018

3.

Ólafsson, Livingstone & Haddon, 2014, Medietilsynet 2018, 2020a

4.

Statistisk sentralbyrå 2020a

5.

Staksrud & Ólafsson 2019: 21

6.

Medietilsynets Barn og medier-undersøkelse 2010, 2012, 2014, 2016, 2018, 2020

7.

Bakken 2018: 58–59

8.

Medietilsynet 2020b

9.

Universitetet i Oslo 2021

10.

Federici & Vika 2020

11.

Rogde et al. 2020, Fjørtoft, Torvatn & Bakken 2019

12.

Staksrud & Ólafsson 2019

13.

Medietilsynet 2019a

14.

Medietilsynets workshop med ungdom «Youth Voices» 2020, 25. januar

15.

Staksrud & Ólafsson 2019

16.

Bakken 2018

17.

Staksrud & Ólafsson 2019

18.

Eriksen, Sletten, Bakken & Von Soest 2017

19.

Slettemeås & Kjørstad 2016

20.

Forbrukartilsynet 2016

21.

Meld. St. 25 (2018–2019)

22.

Rosenberg, Steinnes & Storm-Mathisen 2018

23.

Rosenberg, Steinnes & Storm-Mathisen 2018

24.

Kjørstad, Rosenberg, Storm-Mathisen & Slettemeås 2017

25.

Forbrukerrådet 2016

26.

Staksrud & Ólafsson 2019

27.

Kalsnes 2019

28.

Medietilsynet 2019a

29.

Medietilsynet 2019b

30.

Bildeprogramloven 2015

31.

Kringkastingsloven 1992

32.

Består i perioden 2019–2020 av representantar for Medietilsynet, Utdanningsdirektoratet, Datatilsynet, Barneombodet, Kripos, Institutt for medier og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo, hjelpelinja «Kors på halsen», Forbrukartilsynet og ein ungdomsrepresentant.

33.

Storbritannia har i ei årrekkje hatt eit slikt ekspertråd (The UK Council for Internet Safety – UKCIS). Australia har etablert ein e-sikkerheitskommisjon (e-saftey commissioner). Irland har organisert arbeidet i eit nasjonalt ekspertråd (The National Advisory Council for Online Safety (NACOS), som gir råd til myndigheitene.

Til forsida