1 Innleiing og samandrag
1.1 Innleiing
Med denne meldinga presenterer regjeringa for første gongen barne- og ungdomskulturfeltet som eit samla politisk satsingsområde på nasjonalt nivå. Dette gjer vi fordi vi meiner at barn og unge skal ha eit kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet. Dei skal få oppleve kunst og kultur som er laga for dei, som involverer dei og som dei kan ta del i. Dei skal få tilgang til dei arenaene dei treng for å utvikle skaperglede, engasjement og utforskartrong. Både i kultur- og fritidslivet, i barnehagen og skolen.
Hausten 2018 la regjeringa fram kulturmeldinga Meld. St. 8 (2018–2019) Kulturens kraft – Kulturpolitikk for framtida. I kulturmeldinga skisserte regjeringa i kva retning kulturpolitikken skulle gå. Samtidig varsla regjeringa at det ville komme eigne stortingsmeldingar og strategidokument på delområde av kulturpolitikken. Denne barne- og ungdomskulturmeldinga er ei av desse varsla meldingane. Stortinget har i tillegg i eit oppmodingsvedtak bede regjeringa om ei melding om kulturskolen.1 Kulturskolen får derfor ein sentral plass i denne meldinga.
Samfunnet vårt har vore stilt overfor harde prøvelsar etter at koronapandemien blei stadfesta våren 2020. Pandemien, som vi framleis ikkje har sett enden på, vil truleg prege barne- og ungdomskulturfeltet i mange år framover. Dei som lever av å produsere eller formidle kunst og kultur, har vore særleg ramma.
Smitteverntiltaka, nedstenginga og den sosiale distanseringa har gjort at vi får færre impulsar og mindre av det samværet som er med på å gi livet meining. Sjølv om regjeringa har hatt som mål å skjerme barn og unge mest mogleg i denne tida, har pandemien påverka livet til barn og unge på ein dramatisk måte. Barnehagane og skolene har vore stengde, og dei ulike smitteverntiltaka har forandra kvardagen til barna og elevane. Mange barn og unge har òg gått glipp av kultur- og fritidstilbod i ein periode av livet som dei aldri får tilbake. Alt dette gjer det særleg viktig for oss å vurdere korleis vi skal innrette og utforme offentlege verkemiddel på barne- og ungdomskulturfeltet.
Kunst- og kulturuttrykk er ytringar. I Grunnlova står det at myndigheitene har eit ansvar for å leggje forholda til rette for ytrings- og informasjonsfridom og eit velfungerande offentleg rom. Ein viktig del av dette ansvaret er å sikre at det går an å halde på med kunst- og kulturaktivitet, at føresetnadene er der. Barnehagen, skolen, skolefritidsordninga (SFO) og kulturskolen har ei stor og viktig rolle i danninga og utdanninga for barn og unge. At barn og unge har rett til ytrings- og informasjonsfridom, kulturell deltaking og utdanning, er dessutan nedfelt i internasjonale konvensjonar som Noreg er bunde av.
Desse rettane og forpliktingane markerer at kultur er noko meir enn underhaldning, fritidssyslar og tidsfordriv: Kultur er livskvalitet og menneskeleg vekst. Kultur er danning og utdanning. Kultur er tilhøyrsel og identitet. Kultur er å forstå oss sjølve og verda rundt oss. Kultur er moglegheita til å delta, til å bli inkludert, til å ytre seg, til å undre seg, ha det moro, til å stille spørsmål og til å utfalde seg estetisk og kreativt. Kultur er moglegheita til å kritisere, debattere og utvikle samfunnet i ein ny og betre retning. Med andre ord taler vi om grunnleggjande demokratiske verdiar.
Derfor er målet med denne meldinga å leggje til rette for at alle norske barn og unge – uavhengig av bustad, økonomi, funksjonsevne og sosial og etnisk bakgrunn – får tilgang til eit breitt og mangfaldig kulturliv og får moglegheita til sjølve å delta, skape, lære og meistre. Dette betyr at alle barn og unge, frå dei er i småbarnsalderen, til dei er ferdige med vidaregåande opplæring, må ha tilgang til eit mangfald av kunst- og kulturuttrykk av høg kvalitet, og at vi ser og set pris på bakgrunnen, erfaringane og kunnskapen kvar enkelt har med seg.
For å få til dette må vi styrkje tilbodet og bryte ned barrierar: Vi må sikre eit mangfald av skaparar og utøvarar i barne- og ungdomskulturen. Vi må sjå kulturpolitiske og utdanningspolitiske mål og verkemiddel i samanheng. Og ikkje minst – vi må leggje til rette for at stemmene til barn og unge blir høyrde.
1.2 Samandrag
Del I beskriv barne- og ungdomskulturen. Kapittel 2 går nærmare inn på barn og unge som målgruppe og korleis stemmene til barn og unge har blitt høyrde i arbeidet med meldinga. Kapittelet beskriv kva som er meint med kunst og kultur for, av og med barn og unge og understrekar kor viktig det er at barn og unge må medverke i alle delar av barne- og ungdomskulturen.
Kapittel 3 beskriv barne- og ungdomskulturtilbodet før og no. Oppveksten til barn og unge blir stadig meir digital, noko som er tydeleg i ulike kultur- og medieundersøkingar. Undersøkingar viser òg at det er sosiale forskjellar og skeivskapar i bruken av og deltakinga i kultur for barn og unge.
Kapittel 4 beskriv ansvaret det offentlege har for barne- og ungdomskulturen. Rettane til barn og unge er verna gjennom ei rekkje internasjonale regelverk som er ein del av norsk lovgiving. Kapittelet går nærmare inn på dette regelverket og kulturlova, barnehagelova, opplæringslova og lova om universitet og høgskolar.
Kapittel 5 ser på barne- og ungdomskultur som politikkområde. Kapittelet viser til ei rekkje ulike verkemiddel og tiltak både på statleg, regionalt og kommunalt nivå. Regjeringa meiner det er nødvendig å gjere ansvaret fylkeskommunane og kommunane har i kultursektoren generelt og for barne- og ungdomskultur spesielt, meir tydeleg. I kapittelet blir det foreslått tiltak for å sikre at kulturfeltet blir trekt inn i kommunale plan- og prioriteringsprosessar.
Del II går nærmare inn på deltakinga og eigenproduksjonen til barn og unge. Kapittel 6 beskriv innhaldet i dei ulike kapitla i denne delen. Kapittel 7 ser på det lokale kulturtilbodet, som det frivillige kulturliv, fritidsklubbane og Ung Kultur Møtes. Kapittelet ser nærmare på tiltak for lik moglegheit for deltaking og på kor viktig det er med gode møteplassar i nærmiljøet.
Kapittel 8 handlar om kulturskolen. Kapittelet tek utgangspunkt i utfordringar som blei presenterte i rapporten Kultur + skole = sant – et kunnskapsgrunnlag om kulturskolen, og foreslår tiltak for ein styrkt kulturskole for framtida.
Kapittel 9 går nærmare inn på arenaer der barn og unge får opplæring og fordjuping i kunst og kultur, og korleis vi kan styrkje dette arbeidet framover.
Del III tek for seg kunst og kultur for og med barn og unge. Kapittel 10 gir oversikt over innspela frå barn og unge knytte til temaet og kva statlege verkemiddel som legg til rette for at det blir produsert og formidla kunst og kultur til barn og unge.
Kapittel 11 ser på verkemiddel for å skape eit relevant, tilgjengeleg og mangfaldig kunst- og kulturtilbod til barn og unge. Kapittelet går inn på ansvaret og rolla dei ulike kunstfelta har i produksjonen og formidlinga av kunst og kultur for og med barn og unge. Kapittelet foreslår også tiltak for å styrkje medverknaden i utforminga av kunsttilbodet retta mot målgruppa.
Kapittel 12 handlar om Den kulturelle skolesekken. Her presenterer vi nye nasjonale mål for ordninga og tiltak for å sikre eit likeverdig tilbod av høg kvalitet. Kapittelet går også inn på tiltak for korleis ein kan styrkje samhandlinga om og organiseringa av ordninga.
Del IV presenterer den digitale barne- og ungdomskulturen. Kapittel 13 går inn på moglegheiter og risikoar ved den digitale oppveksten til barn og unge og foreslår tiltak for å sikre alle barn og unge ein trygg digital oppvekst.
Kapittel 14 tek for seg dei økonomiske og administrative konsekvensane.
Fotnotar
Oppmodingsvedtak nr. 896, 13. juni jf. Innst. 448 S (2016–2017)