Del 3
Kunst og kultur for og med barn og unge
10 Innleiing
Kunst- og kulturopplevingar utfordrar, opplyser og engasjerer og er ein sentral del av danningsprosessen til barn og unge. Gjennom kreative og estetiske opplevingar og læringsprosessar får dei utfalde seg, skape og sjå ting i eit anna perspektiv. Det er heilt grunnleggjande for eit demokrati at barn og unge får ta del i fri kunst og kultur. Ein fri kunst og kultur gir dei tilgang til tankar, idear og ytringar. Det gir dei moglegheita til å ytre seg, forstå, undre seg og stille spørsmål. Kultursektoren og utdanningssektoren bidreg med kvar sine perspektiv som utfyller kvarandre og kan styrkje arbeidet med kunst og kultur for barn og unge.
Denne delen går nærmare inn på kultur som blir skapt for og med barn og unge. Eitt av måla i barne- og ungdomskulturpolitikken er å sikre at kunst og kultur som er skapt for og formidla til barn og unge, er av høg kvalitet. Kunst og kultur må vere tilgjengelege for alle barn og unge. Alle aktørar må bidra til at barn og unge medverkar og påverkar, både i produksjonen og formidlinga. På den måten kan kunsten og kulturen vere relevante og representative.
10.1 Innspela frå barn og unge
I BUSK-rapporten blei barn og unge bedne om å gi innspel om statusen, kvaliteten og relevansen i kunst- og kulturformidlinga til barn og unge. Rapporten fortel at barn og unge vurderer kvaliteten på kunst og kultur i lys av kva han gjer med samfunnet og den enkelte, og dei sosiale relasjonane som inngår i kunst- og kulturopplevinga. Om barn og unge opplever at dei har eit relevant kunst- og kulturtilbod, varierer etter kor gamle dei er, kva interesser dei har, og kvar dei bur. Det er altså ikkje berre den kunstnariske produksjonen BUSK-rapporten tek opp, men også i kva kontekst han opptrer i, og kva bakgrunn barna og dei unge har. Å skape og formidle produksjonar til barn og unge krev derfor noko meir av kunstnaren enn berre den kunstnariske ideen. Å samtale med barn og unge, gå nærmare inn i temaa som engasjerer dei, måten dei snakkar på, og arenaer dei liker å vere på, vil derfor ha ein sentral plass i utviklinga av nye produksjonar.
Gjennom kultur får du være sammen med andre som liker det samme som du liker. Du blir en del av et fellesskap.
Kjelde: Jente, 16 år
Kunst og kultur er viktig for meg fordi det hjelper meg å bytte følelser. Er jeg trist for eksempel, kan jeg bytte om til en fin sang jeg liker.
Kjelde: Gut, 13 år
Kunst og kultur er viktig for oss fordi det påvirker oppveksten vår, samtidig som vi påvirker den.
Kjelde: Ungdom
Boks 10.1 Innspel frå barn og unge
Viss barn og unge fekk bestemme, vil dei
at offentlege kulturinstitusjonar skal lage og ha fleire tilbod tilpassa ulike aldersgrupper
ha meir samarbeid mellom barn og unge og profesjonelle kunst- og kulturaktørar
ha meir og betre kunst- og kulturtilbod i barnehagane
få fleire besøk av Den kulturelle skolesekken i skoletida
at barn og unge skal få medverke meir i utforminga av kulturtilboda
Barn og unge har i innspela sine til denne meldinga reflektert over at kultur er noko som formar dei, og at dei sjølve heile tida er med på å skape og forme kulturen. Kunst og kultur er ein viktig del av oppveksten og å vere ung. Barn og unge – frå dei går i barneskolen, og til dei er på vidaregåande – uttrykkjer eit stort ønske om å få oppleve og utøve kunst og kultur.
Samtidig kjem ungdom med ei oppfordring til vaksne om bli inkluderte og få moglegheita til å delta på arenaene til dei vaksne. Dei ønskjer fleire møtepunkt med det profesjonelle kunst- og kulturlivet. Mange opplever at kunst- og kulturinstitusjonane gløymer dei, og etterlyser arenaer der dei blir tekne på alvor og inviterte inn som dei samfunnsbevisste og kulturinteresserte individa dei er. I BUSK-rapporten rettar barn og unge ei tydeleg oppfordring til politikarane og kunst- og kulturfeltet om å leggje til rette slik at dei kan medverke meir systematisk når barne- og ungdomskulturen blir utforma.
10.2 Overordna mål og verkemiddel
Det er eit kulturpolitisk mål at staten skal bidra til eit fritt og uavhengig kulturliv slik at fleire får tilgang til eit mangfald av kunst- og kulturuttrykk av ypparste kvalitet. Dei statlege verkemidla skal sørgje for at det blir laga og formidla kunst som barn og unge kjenner seg igjen i. Barn og unge har over mange år vore ei prioritert målgruppe i dei offentlege støtteordningane og dei offentleg støtta kunstinstitusjonane og verksemdene. Regjeringa har som mål at dette arbeidet skal vidareutviklast.
Staten løyver midlar til at det blir produsert og formidla kunst til barn og unge, det gjer vi gjennom ei rekkje verkemiddel og tiltak. Fleire tiltak er det fylkeskommunane og kommunane som har ansvaret for. Den kulturelle skolesekken (DKS) er eit slikt eksempel. DKS bidreg til å sikre at barn og unge over heile landet får kunst- og kulturopplevingar i skolen, sjå omtale i kapittel 12. I tillegg jobbar departement, etatar og underliggjande verksemder med ulike tiltak for å stimulere til kunstnarisk arbeid retta mot barn og unge.
Norsk kulturråd, Norsk filminstitutt og Kulturtanken – Den kulturelle skolesekken Noreg bidreg gjennom å forvalte fondsmidlar og spelemidlar, og dei bidreg gjennom arbeidet sitt som fagetat, til at barn og unge er ei prioritert målgruppe i produksjonen og formidlinga av kunst. Kunst i offentlege rom (KORO), Riksteatret, Nasjonalbiblioteket, Språkrådet og Norsk lyd- og blindeskriftsbibliotek (NLB) er andre statlege verksemder som på ulike måtar bidreg til at det blir produsert og formidla kunst og kultur til den unge målgruppa. Det same gjer NRK, som har i samfunnsoppdraget sitt å formidle innhald på norsk til barn og unge og å vise jamlege program for barn og unge på dei samiske språka.
Staten gir òg direkte tilskott til institusjonar, kompani, organisasjonar og andre aktørar som jobbar med å utvikle kunst- og kulturproduksjonar for barn og unge, og til dei som er med på å leggje til rette for gode arenaer å formidle desse på. Enkelte av dei som får slike direkte tilskott, har barn og unge som primærmålgruppa si. Men dei fleste har barn og unge som éi av målgruppene sine. Fleire av mottakarane har både statleg, regional og lokal finansiering, og den statlege finansieringa er med å sikre gode rammevilkår for at det blir produsert og formidla kunst til barn og unge over heile landet.
Sametingets tilskottsordningar bidreg òg til å stimulere til at det blir produsert og formidla kunst til barn og unge. Saman gir alle desse verkemidla eit stort moglegheitsrom for at det blir utvikla meir kunst og kultur som kan formidlast til den unge målgruppa.
11 Relevant, tilgjengeleg og mangfaldig kunst og kultur for barn og unge
Alle barn og unge skal få oppleve kunst og kultur som dei kan kjenne seg igjen i, og som viser mangfaldet i samfunnet vi lever i. Å få til meir dialog mellom barn og unge og det profesjonelle kunst- og kulturfeltet kan bidra til å skape eit relevant, tilgjengeleg og mangfaldig kunst- og kulturtilbod. Den statlege finansieringa av kunst og kultur skal oppfordre og bidra til å inkludere stemmene til barn og unge.
11.1 Språket som kulturberar
11.1.1 Status
Alle språk ber på og formidlar både identitet, kultur og kulturarv. Det er eit nasjonalt kulturpolitisk mål å styrkje norsk språk, dei samiske språka, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk som grunnleggjande kulturberarar. Kunst-, kultur- og mediepolitikk er i høg grad tufta på språk og skriftkultur og bidreg til å halde i hevd og utvikle språka som Noreg har ansvaret for å ta vare på. Kunst- og kulturuttrykk er på sin side avhengige av sterke og vitale språk.
Eit norskspråkleg og samiskspråkleg kultur- og medietilbod legg til rette for at befolkninga kan delta breitt, ikkje minst gjeld det barn og unge. Å kunne oppleve kunst, kultur og medietilbod med utgangspunkt i si eiga verkelegheit og på sitt eige språk bidreg både til å skape relevans, identitet, sjølvforståing og refleksjon.
I § 1 i framlegg til språklova gis det offentlege eit ansvar for å bruke, utvikle og styrkje norsk språk, jamfør Prop. 108 L (2019–2020) Lov om språk. Av dette vil det følgje eit ansvar for å leggje til rette for eit rikt og tilgjengeleg norskspråkleg kultur- og medietilbod. Det er foreslått eit særleg ansvar for å ta mindretalsomsyn, noko som betyr at det skal utviklast tiltak særleg for nynorsken. Samelova regulerer ansvaret for samiske språk, men framlegget til språklov gir i tillegg kvar av sektorane eit ansvar for å sikre bruken av samiske språk og fremje kvensk språk, romani, romanes og norsk teiknspråk. Barn og unge er viktige for å sikre bruken av mindretalsspråka: At dei blir brukte og overlever avheng av nye generasjonar.
For at norsk og samiske språk skal stå sterkt i åra som kjem, må vi kunne bruke språka på alle område i samfunnet. Derfor er språkpolitikken eit sektorovergripende politikkområde. Alle departementa har eit ansvar for å vurdere omsynet til språk i eiga forvaltning og politikkutvikling der det er relevant.
Det er Kulturdepartementet som har eit overordna ansvar for å koordinere arbeidet med språk. Barn og unge skal ha moglegheita til å lære, møte, bruke og utvikle språket sitt i alle samanhengar. Gode språklege ferdigheiter er avgjerande for at barn kan leike og lære, for å lese og skrive og for å nå måla sine og utvikle potensialet sitt no og seinare i livet.
For barn og unge er heimen, barnehage og skole, ulike medium og kultur- og fritidsaktivitetar viktige språkarenaer. Barnehagen og skolen er avgjerande for at barn og unge skal kunne utvikle språket sitt. Rammeplanen for barnehagen seier at alle barn skal få god språkstimulering gjennom barnehagekvardagen, og at alle barn skal få delta i aktivitetar som fremjar kommunikasjon og ei heilskapleg språkutvikling. Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa seier at opplæringa skal sikre at elevane blir trygge språkbrukarar, at dei utviklar den språklege identiteten sin, og at dei kan bruke språk for å tenkje, skape meining, kommunisere og knyte band til andre. Språket gir oss tilhøyrsel og kulturell bevisstheit. I tillegg gir kunnskap om det språklege mangfaldet i samfunnet alle elevar verdifull innsikt i ulike uttrykksformer, idear og tradisjonar. Elevane i skolen har til saman over 100 forskjellige morsmål. Alle elevar skal få erfare at det å kunne fleire språk er ein ressurs i skolen og i samfunnet.
11.1.2 Verkemiddel for språkarbeidet og språkopplæringa
Å passe på at alle rettar seg etter språklova, er det viktigaste systematiske språkpolitiske verkemiddelet i åra som kjem. Språklova gir ikkje konkrete rettar til språkbrukarane, men ho pålegg det offentlege eit ansvar for å sikre desse språka. At alle sektorane følgjer opp språklova godt, vil kunne sikre omsynet til språk i politikkutviklinga og forvaltninga der det er nødvendig. Språkrådet vil få eit lovfesta ansvar for rådgiving, rettleiing og tilsyn med etterlevinga av lova.
Opplæringslova regulerer ei rekkje spørsmål som direkte har noko å seie for tilgangen barn og unge har til opplæring i eige språk. Det gjeld blant anna valet av skriftspråk (målform) i skolen og retten til læremiddel på eige skriftspråk, retten til opplæring i og på teiknspråk, retten til opplæring i og på samisk, retten til opplæring i kvensk og finsk og retten til opplæring i morsmål for elevar med eit anna morsmål enn norsk og samisk. Opplæringslova er under revisjon, og forslag til ny opplæringslov skal bli sendt på høyring sommaren 2021. Spørsmål om dei språklege rettane elevane har, er eitt av temaa som blir behandla i revisjonen.
Språkrådet er fagorganet staten har i språkpolitikken. Språkrådet skal arbeide strategisk for at språkpolitikken blir sett ut i livet. Gjennom å rettleie, gi råd og samarbeide bidreg Språkrådet til at ulike sektorar kan følgje opp sektoransvaret sitt for språk på ein god måte. Språkrådet arbeider for at det skal vere mogleg for barn og unge som høyrer til ulike språklege mindretal, å lære og møte språket sitt.
Kulturdepartementet gir tilskott til ei rekkje tiltak som har eit tydeleg språkpolitisk formål. Dette er tiltak som skal motverke marknadssvikt og utjamne konkurranseforhold mellom språk, og som skal sikre at det blir laga kunst, kultur og medieuttrykk på ulike mindretalsspråk. I tillegg skal tiltaka vere med på å jamne ut styrkeforholdet mellom for eksempel globale aktørar med engelskspråklege plattformer og nasjonale tiltak. Relevante å nemne er tilskott til Det Norske Samlaget, Landssamanslutninga av nynorskkommunar (nettsidene framtida.no og framtidajunior.no), teater med nynorsk, teiknspråk og samisk som scenespråk og overføringar til Sametinget. Tilskott til ulike språkorganisasjonar som Noregs Mållag, Norges Døveforbund og Riksmålsforbundet legg til rette for frivillig engasjement, språkglede og språkpolitisk arbeid for å fremje interesser og rettane språkbrukarane har. I tillegg er det teke inn språkpolitisk grunngitte krav i for eksempel vedtektene til NRK, avtalen med TV 2 om tilbod av kommersiell allmennkringkasting og regelverket for tilskott til audiovisuelle produksjonar.
Språklovsproposisjonen inneheld også ein meldingsdel som bekreftar og legg grunnlaget for ei styrking av den språklege sida av kulturpolitikken og mediepolitikken. Når Kulturdepartementet går gjennom lovgivinga, støtteordningar og andre verkemiddel på ansvarsområda til departementet, skal det òg undersøkjast om det finst hinder for å bruke, utvikle og produsere kulturuttrykk på bokmål og nynorsk og på samiske språk.
11.1.3 Vurdering
Ikkje alle barn og unge har den same moglegheita til å lære, bruke og utvikle språket sitt, og særleg gjeld dette barn og unge med ulike språklege minoritetsbakgrunnar.
Tilgangen på norskspråkleg litteratur av høg kvalitet for barn og unge er god, men det kjem ut langt mindre litteratur på nynorsk og samisk enn på bokmål. Av dei nesten 1 200 utgivingane for barn og unge i 2018, var berre 7 prosent på nynorsk og 1,4 prosent på samisk. Tilbodet er enda mindre i strøymetenestene og e-bøker enn på papir. Barn og unge som har nynorsk eller samisk som førstespråk, har med andre ord langt færre moglegheiter til å møte språket sitt i litteraturen og bli trygge språkbrukarar.
Den same utfordringa gjeld det nettbaserte medie- og underhaldningstilbodet. I Medietilsynets undersøking Barn og medier 2020 opplyser 6 av 10 norske 9–18-åringar at engelsk er det mest brukte språket når dei ser på YouTube, speler spel og ser på tv, film eller seriar. Norsk er berre mest brukt når dei les nyheiter.
Det er på ingen måte hensikta å hindre barn i å bli gode i engelsk eller andre framandspråk, men ein statsstøtta kulturpolitikk for barn må leggje til rette for kulturbruk på norsk til liks med at kulturpolitikken sikrar eit norskspråkleg innhald for den vaksne befolkninga. Å stimulere til brei produksjon og bruk av blant anna litteratur, musikk og levande bilete på norsk er med å auke sjansen for at folk vel dei norskspråklege tilboda i konkurransen med dei engelskspråklege. Regjeringa har stor tru på verdien som ligg i å oppleve kunst, kultur og medieuttrykk på eige språk.
Barn og unge bør ha anledning til å spele dataspel på norsk og med element av norsk kultur og historie. Norsk filminstitutt forvaltar tilskott til utvikling, lansering og formidling av dataspel. Nye forskrifter for ordningane gjeld frå 1. mars 2021. Forskriftene vektlegg at tilskottsmidlane som eit heile skal bidra til spel for barn og unge på norsk (bokmål og/eller nynorsk) og samisk. Dataspel som får lanseringstilskott, skal også gjerast tilgjengelege med tekst på norsk (bokmål og/eller nynorsk) eller samisk i Noreg.
Scenekunsten har ei språkpolitisk rolle ved å vere ein arena der språka blir brukte og utviklar seg. Nokon teater har eit uttalt språkpolitisk formål: Dei skal bidra til å sikre eit scenekunsttilbod på ulike mindretalsspråk. Teater som Det Norske Teatret, Det Vestnorske Teateret og Teater Vestland har som mål å verne og fremje nynorsk i samfunnet. Teater Manu er det einaste profesjonelle teateret i Noreg som har teiknspråk som scenespråk. Dei samiske teatera sikrar at barn og unge får eit scenekunsttilbod på samisk.
For brukarane av mindretalsspråka har det stor verdi å møte sitt eige språk i kunsten og kulturen, men tilbodet bidreg òg til å synleggjere og skape kjennskap til mindretalsspråka i samfunnet elles.
Mange døve/høyrselshemja barn blir fødde inn i familiar med høyrande foreldre. Derfor blir barnehagar og skolar der dei bruker teiknspråk, ekstra viktige for at barna får lære og bruke teiknspråk. Denne språkgruppa må òg ha tilgang til eit kultur- og medietilbod på teiknspråk. Vi må gjere meir for å sikre denne gruppa tilgang til sitt eige språk. Regjeringa har i språkmeldinga varsla at ho vil setje ned eit utval som skal gå gjennom den samla situasjonen på teiknspråkfeltet og vurdere korleis vi kan sikre ein betre heilskapleg og sektorovergripande språkpolitikk for denne språkgruppa.
Regjeringa vil
at institusjonar og organisasjonar som får tilskott frå staten til å produsere, gjere tilgjengeleg og formidle kunst- og kulturuttrykk, skal arbeide aktivt for å fremje alle dei offisielle språka, inkludert samisk
11.2 Kunst og kultur for barn og unge
Dei ulike kunstfelta har innretta seg på ulike vis når det gjeld kunst til barn og unge. Dette heng saman med at felta har ulike rammevilkår. Det heng òg saman med at det tradisjonelt har variert kor mykje dei ulike kunstfelta har retta seg mot barn og unge. Korleis politikarane har prioritert gjennom åra, har òg vore med på å føre til desse skeivskapane.
Når vi utviklar barne- og ungdomskulturpolitikken, må vi derfor ta utgangspunkt i korleis situasjonen faktisk er på det enkelte kunstfeltet. Og så må vi tilpasse verkemidla og insentiva til dei særlege utfordringane og moglegheitene som pregar kvart av felta.
For kunstnarane som utviklar produksjonar retta mot barn og unge, har det svært mykje å seie at dei har gode rammevilkår, tid og rom for kunstnarisk utvikling og tid til å heve kompetansen og spesialisere seg. Den kunstnariske ideen må stå sentralt i produksjonar for unge målgrupper òg. I tillegg bør det finnast moglegheiter for å kople på annan fagkompetanse etter behov. Dette kan vere produsentkompetanse, barnefagleg kompetanse, pedagogisk kompetanse, formidlingskompetanse eller teknisk kompetanse.
Å inkludere barn og unge i prosessen med å utvikle produksjonar er sentralt, og den offentlege støtta må leggje til rette for dette. I tillegg må prosessen ta omsyn til at barn og unge ikkje er ei einsarta målgruppe. Såleis vil produksjonane som blir skapte og formidla for den unge målgruppa, ha eit mindre nedslagsfelt enn produksjonar retta mot vaksne. Det må takast høgd for dette i forvaltninga av dei offentlege verkemidla på området.
11.2.1 Norsk kulturråd
Norsk kulturråd er eit statleg forvaltningsorgan som ligg under Kulturdepartementet. Kulturrådet gir tilskott til kunst og kultur over heile landet. I tillegg er dei er ein pådrivar for nye kunst- og kulturprosjekt, driv med utviklingsarbeid og er rådgivar for staten i kulturspørsmål. Kulturrådet forvaltar dessutan Norsk kulturfond, Fond for lyd og bilde og Statens kunstnarstipend.
At Kulturrådet i mange år har satsa på kunst for barn og unge, byggjer på ei tru på at kunstnariske og kulturelle produkt og aktivitetar speler ei viktig rolle i livet til barn og ungdom.
Kulturrådet etablerte Kunstløftet i 2008. Hovudmåla for denne satsinga var tredelt. Ho skulle styrkje kvaliteten på kunstproduksjonen og formidlinga til barn og unge. Ho skulle bidra til at kunst for unge skulle vurderast på linje med annan kunstproduksjon og ho skulle gjere kunst for unge meir attraktiv for skapande og utøvande kunstnarar. Kunstløftet fungerte i perioden 2008–2015 og blei evaluert i 2011 og i 2015.1
Kunstløftet blei avslutta i 2015, og same året vedtok Kulturrådet å avvikle Fagleg utval for barne- og ungdomskultur, leggje ned prosjektstøtteordninga for barne- og ungdomskultur og fordele heile avsetninga av pengar ut på dei andre fagområda i Kulturfondet. Det var evalueringa av Kunstløftets andre periode som danna grunnlaget for denne avgjerda. Hovudgrunngivinga for omlegginga var trua på at å halde fram med å særbehandle prosjekt for barn og unge, ville verke mot målet om å heve statusen til og utvikle barne- og ungdomskulturfeltet. Frå 2016 fordelte derfor Kulturrådet dei øyremerkte midlane ut til dei ulike fagområda i fondet, og desse fekk eit utvida ansvar for å vidareutvikle bevisstheita rundt og kvaliteten på kunst- og kulturprosjekt som har ei ung målgruppe.
I den gjeldande strategien til Kulturrådet er barn og unge eitt av fire satsingsområde.2 Det er nedfelt som ei hovudmålsetjing «at barn og unge blir sett og møtt av kunst som er relevant for dem og som utfordrer dem til selv å bli kreative og kritiske borgere», og det skal givast «særlig oppmerksomhet til kunst og kultur for barn og unge ved å stimulere til kunstnerisk produksjon, formidling og utvikling, og bidra til kritisk refleksjon og samtale på dette feltet».
11.2.2 Norsk kulturfond
Norsk kulturfond har tilskottsordningar fordelte på sju fagområde: musikk, litteratur, scenekunst, visuell kunst, kulturvern, tidsskrift og kritikk og allmenne kulturformål. I tillegg løyver fondet tilskott gjennom forsøksordningar og øyremerkte utlysingar på område der det er identifisert eit særleg behov.
Kulturrådets årsrapport viser at Kulturfondet fordelte 160 mill. kroner til barne- og ungdomsprosjekt i 2019, sjå tabell 11.1.3 Det blei fordelt mest midlar til litteratur og scenekunst, deretter følgde allmenne kulturformål og musikk. For kulturvern er beløpa mindre, men prosentandelen til barn og unge er på omtrent same nivået som for scenekunst. Dette er omvendt for musikk, der prosentandelen til barn og unge er liten. For visuell kunst er både beløpet og prosentandelen forholdsvis låge.
Tabell 11.1 Beløp og prosentandel av ramma for fagavsetningane i 2019 som blei tildelte prosjekt for barn og unge
Fagområde | Tildelingar til barn og unge | Avsetning 2019 | Pst. andel 2019 | Pst. andel 2018 |
---|---|---|---|---|
Litteratur | 67 141 250 | 199 235 000 | 34 % | 31 % |
Scenekunst | 37 709 750 | 164 233 000 | 23 % | 20 % |
Visuell kunst | 2 793 000 | 127 739 000 | 2 % | 1 % |
Musikk | 21 736 630 | 387 640 000 | 6 % | 6 % |
Kulturvern | 7 274 000 | 35 089 000 | 21 % | 10 % |
Allmenne kulturformål | 23 571 050 | 68 244 000 | 35 % | 35 % |
Totalt | 160 225 680 | 982 180 000 |
Rådet og fagutvala tek i bruk særskilde utlysingar, øyremerkte midlar og forsøksordningar tilpassa utfordringar på det enkelte fagområde. Dette er eit av de sentrale verkemidla i den strategiske satsinga på målgruppa barn og ungdom.
11.2.3 Fond for lyd og bilde
Fond for lyd og bilde er eit sjølvstendig fond i Kulturrådet som tildeler nasjonale midlar til kunstprosjekt. Dei skal fremje produksjonen og formidlinga av innspeling av lyd- og filmopptak.
Det er totalt elleve ulike tilskottsordningar i Fond for lyd og bilde der det kan søkjast støtte til for eksempel musikkinnspeling, sceneframsyning, kortfilm og dokumentar, biletkunst, tverrkunstnariske prosjekt og manus og tekst til musikk. I tillegg kjem tilskottsordningar for marknadsføring og gjenopptaking av sceneframsyningar. Fond for lyd og bilde har ikkje rapportar som viser alderen på målgruppe i tildelingane fondet gjer, men det er stor grunn til å tru at fondet bidreg til produksjonen og formidlinga til barn og unge. Det er òg grunn til å tru at midlane til produksjon direkte eller indirekte bidreg til prosjekt som så blir formidla gjennom Den kulturelle skolesekken.
11.2.4 Statens kunstnarstipend
Statens stipend- og garantiinntektsordning blir styrt av forskrift om Statens stipend og garantiinntekter for kunstnere.4
Stipendordninga skal leggje til rette for at enkeltkunstnarar kan bidra til eit mangfaldig og nyskapande kunstliv.
Det er stipend i eit stort spenn, frå enkeltutbetalingar til langvarige stipend på inntil 10 år. Til saman er det i overkant av 1 100 kunstnarar som får utbetalingar frå Statens kunstnarstipend kvart år. Totalt er det 23 ulike kunstnargrupper, og det er stor variasjon i kunstretningane som er representerte.
Arbeid for og med barn og ungdom er ikkje skilt ut frå anna kunstnarisk verksemd, verken som statistisk kategori eller som vurderingskriterium. Eit unntak er kunstnargruppa for barne- og ungdomslitterære forfattarar. I og med at det er enkeltkunstnarar innanfor eit stort mangfald av kunstretningar som får stipend, er det likevel stor grunn til å gå ut frå at fleire av kunstnarane som får stipend, også produserer, framfører og formidlar kunst for barn og unge.
11.2.5 Høgare utdanning i kunst
Kunstnarane er avgjerande for at det blir utvikla kunst til barn og unge. Universiteta og høgskolane som tilbyr høgare utdanning i kunst, skal utdanne utøvande og skapande kunstnarar. Utdanningsinstitusjonane skal òg drive kunstnarisk utviklingsarbeid og forske på eit høgt internasjonalt nivå og formidle kunnskap om aktivitetane, verksemda og verdiane institusjonane har.
Å ha med barn og unge som ei målgruppe i kunstutdanningane vil gi studentane anledning til å sjå denne målgruppa som ein mogleg karriereveg. Det vil da bli utdanna fleire kunstnarar med kompetanse til å utvikle og formidle produksjonar for barn og unge. Medverknadsperspektivet vil òg kunne bli betre teke vare på ved at kunstnarane, allereie frå dei er nyutdanna, har med seg dette perspektivet.
Universiteta og høgskolane har akademisk fridom, og myndigheitene kan ikkje instruere dei om innhaldet i utdanningane dei tilbyr. I universitets- og høgskolelova § 1-5, om fagleg fridom og ansvar, tredje leddet, står det blant anna at universitet og høgskolar ikkje kan givast pålegg eller instruksar om læreinnhaldet i undervisninga og innhaldet i forskinga eller i det kunstnariske og faglege utviklingsarbeidet.5
Myndigheiter og andre aktørar kan likevel stimulere til ulike satsingar for å setje barn og unge på agendaen i dei forskjellige kunstutdanningane. Kulturtanken jobbar blant anna målretta opp mot universitets- og høgskolesektoren for å forankre Den kulturelle skolesekken i dei kunstnariske utdanningane.
Norsk barnebokinstitutt har fleire utdanningsprogram retta mot forfattarar som ønskjer å skrive for barn og unge. I 2020 fekk Norsk barnebokinstitutt akkreditert Nordens første masterstudium i barne- og ungdomslitterær skrivekunst og formidling. Målet med studiet er å utdanne nytenkjande forfattarar med litterær innsikt som har kompetanse i å skrive for ulike plattformer, og som kan reflektere over og dokumentere sin eigen skriveprosess og formidle litteratur til barn og unge.
11.2.6 Vurdering
Arbeidet Norsk kulturråd gjer som fagetat og som sekretariat for dei kollegiale organa, er svært sentralt for at vi skal halde ved lag utviklinga av kunstproduksjonar og formidlingsarenaer for barn og unge. Kulturfondet og Kulturrådet har sterk legitimitet og fagleg tillit i kunst- og kultursektoren og har eit etablert system for kvalitetsvurderingar gjennom kollegiale organ på armlengds avstand frå dei politiske avgjerdene. Dette er med på å styrkje den profesjonelle kunsten retta mot barn og unge.
Regjeringa vil sikre at Kulturrådet og Kulturfondet, Fond for lyd og bilde og Statens kunstnarstipend skal halde fram med å bidra til å stimulere til at det blir utvikla relevante produksjonar og eit mangfald av formidlingsarenaer for kunst til barn og unge.
Kultursektoren og kulturpolitikken kan ikkje sørgje for kunst og kultur for barn og unge heilt aleine, men er avhengige av å ha forpliktande samarbeid med og ressursar i andre sektorar – og da særleg i utdanningssektoren. Regjeringa ønskjer at utdanningar i utøvande og skapande kunstfag skal vurdere å introdusere studentane for dei moglegheitene som ligg i å utvikle kunst retta mot målgruppa barn og unge.
Å sjå potensialet i å jobbe med denne målgruppa og vite kva Den kulturelle skolesekken er, kan vere med og skape attraktive arbeidsplassar, frie grupper og fleire kunstnarar som har barn og unge som hovudmålgruppa si. Dette kan så vere med på å løfte kvaliteten i produksjonane for denne unge målgruppa. Det kan dessutan bidra til å gjere utdanningane meir relevante for arbeidslivet. Regjeringa forventar at utdanningar i utøvande og skapande kunstfag skal følgje opp ambisjonane i arbeidsrelevansmeldinga om å utvikle betre samspel mellom høgare utdanning og arbeidslivet.
Kulturtanken har gjennom at dei forvaltar Den kulturelle skolesekken, eit nært samarbeid med andre sektorar, blant anna universitets- og høgskolesektoren. Å vere i dialog med universitets- og høgskolesektoren for å sikre at barn og unge som publikumsgruppe er ein del av utdanningsløpet i for eksempel kunstutdanningane, er ei av Kulturtankens oppgåver framover. Regjeringa legg til grunn at andre relevante aktørar søkjer samarbeid med universitet og høgskolar som gir kunstutdanning, slik at studentane blir klare over dette som mogleg leveveg, og for å utvikle prosjekt berekna på barn og unge.
Regjeringa vil
sikre at det blir utvikla gode og relevante produksjonar og formidlingsarenaer for barn og unge, og at medverknaden til barn og unge blir prioritert
Kulturrådet, Kulturtanken og Norsk filminstitutt skal samarbeide tettare om innsatsen for målgruppa barn og unge
føre vidare Kulturtankens arbeid med å forankre Den kulturelle skolesekken i kunstutdanningane
11.3 Kunst og kultur med barn og unge
11.3.1 Kunst og kultur i ei digital verd
Globalisering, digitalisering og teknologiutviklinga har dei siste tiåra hatt stor verknad på kunstfelta og kulturtilbodet. Ny teknologi har gjort det mogleg å produsere, distribuere, formidle og ta vare på kunst og kultur på stadig nye måtar, noko som har gjort kunst og kultur meir tilgjengeleg for fleire.
Denne utviklinga formar like mykje korleis barn og unge deltek og opplever kunst og kultur. Dei opplever kunst og kultur på mange arenaer og ofte på andre arenaer enn dei eldre generasjonane. Ein trendanalyse frå inFuture viser at det blant ungdom er lågare oppslutning om dei tradisjonelle kulturtilboda som det offentlege finansierer.6 Ei av årsakene til dette er at barn og unge i stor grad bruker digitale tenester og plattformer med store, internasjonale eigarar, mens det offentleg finansierte kulturtilbodet i hovudsak er analogt og gjerne går føre seg på fysiske arenaer, som bibliotek, kulturhus, kinoar, teater.
Ei av utfordringane ved dei store internasjonale plattformene, for eksempel musikkstrøymetenesta Spotify, er at desse i stor grad styrer kva barn og unge blir eksponerte for og har tilgang på. Dette kan for eksempel skje gjennom ferdig produserte eller automatisk genererte spelelister, framfor at utvalet er basert på redaksjonelle vurderingar og anbefalingar. Digitaliseringa har viska ut landegrenser og gitt enklare tilgang til eit større, meir mangfaldig kulturtilbod, men mykje tyder på at både norskandelen og bruksmangfaldet er minska.
Kultur- og medieaktørane møter i aukande grad det unge publikummet på virtuelle flater. Koronapandemien har også akselerert teknologiutviklinga og bruken av digitale tenester i formidlinga av kunst og kultur. Med berre eit tastetrykk kan vi oppleve konsertar, teater- og danseframsyningar frå heile verda heime i stova.
Medietilsynet har i rapporten Mediemangfoldsregnskapet 2020 undersøkt korleis koronapandemien har verka inn på mønsteret for mediebruken i den norske befolkninga.7 Rapporten viser blant anna at det som har endra seg mest med mediebruken under pandemien, er bruken av norske nettstader, strøyming (tv, film og video) og gaming. Rundt halvparten av befolkninga svarte at dei hadde eit meirkonsum av dette. 34 prosent rapporterte om at dei brukte bøker meir (papir, e-bøker, lydbøker).
Forholdet barn og unge har til kunstnariske og kulturelle uttrykk, er i stadig endring. Ikkje berre har tilgangen til desse uttrykka endra seg gjennom teknologiutviklinga. Men det har òg blitt fleire moglegheiter til sjølv å uttrykkje seg som følgje av det same. Endringane synest dessutan å bidra til at vi får ein meir deltakarstyrt kultur, ei utvikling som blir driven fram av dei unge.
Fleire av kunnskapsprosjekta hos Kulturrådet, utforskar problemstillingar som bidreg til å forstå kunst- og kulturopplevingar i ei digital verd.8 Desse kunnskapsprosjekta er ikkje innretta mot barn og unge spesielt, men tek for seg generelle problemstillingar. Desse problemstillingane er både feltspesifikke og tverrgåande, men alle er heilt sentrale for å forstå barne- og ungdomskulturbruken i dag. Det er viktig å ha eit oppdatert kunnskapsgrunnlag i kryssingsfeltet mellom digitalisering, barn og ungdom, kunst og kultur for å kunne innrette dei kulturpolitiske verkemidla på treffsikkert vis for den unge målgruppa.
Boks 11.1 Digital formidling
For musea gir ny teknologi og digitale verktøy og plattformer store moglegheiter til å formidle. Det gjer at musea også kan engasjere folk som ikkje kan besøkje dei fysiske lokala. Den digitale formidlinga kan både gi nye innfallsvinklar og eit større mangfald i publikumstilbodet. Nasjonalmuseet planlegg å utvikle nye tilbod innanfor utvida verkelegheit (AR, frå engelske «augmented reality») og virtuell verkelegheit (VR, frå engelske «virtual reality») for barn og unge. Museet vil elles satse på digitale utstillingar i tida som kjem, og planlegg å auke omfanget av innhald for barn og unge på eigen nettstad og i sosiale medium.
Frå papp og teip til oppleving i VR: Biletkunstnar Jennie Bringaker og Erlend Hogstad utvikla saman med Kulturtanken ei oppleving i virtuell verkelegheit (VR) der ungdommar sjølve var med på å skape det virtuelle universet. Prosjektet kombinerte analoge og digitale teknikkar og utforska om elevane sjølve kunne forme noko og så skape noko med det. Deltakarane konstruerte fantasifulle skulpturar av papp, teip og tekstilar på sine eigne kroppar. Desse blei deretter skanna og importerte i VR. Deltakarane bidrog i neste omgang med idear til bevegelsane, teksturen og lydane dei virtuelle figurane skulle ha. Og til sist opplevde deltakarane sine eigne kreasjonar i VR. Piloten bestod av ein VR-verkstad som først blei testa i Kulturtankens kunstlab. Etter ein test med ei gruppe ungdommar blei VR-verkstaden gjennomført som eit haustferietilbod på Biblo Tøyen. Til slutt prøvde ein skoleklasse verkstaden.
11.3.2 Medverknad
Barn og unge har i innspela sine til denne stortingsmeldinga understreka kor viktig det er at dei får medverke meir når kulturtilboda blir utforma. Dette gjeld både når produksjonane blir utvikla, og måten dei blir formidla på. I tillegg har dei vore opptekne av meir samarbeid mellom barn og unge og profesjonelle kunst- og kulturaktørar.
Retten barn og unge har til å delta og medverke i avgjerder rundt sitt eige liv og i samfunnet elles, er grunnleggjande for å byggje det demokratiske samfunnet, sjå omtalen i kapittel 4.1. Barn og unge skal få medverke reelt i kulturlivet og påverke det som angår dei. Dette er eit ledd i å byggje eit demokratisk samfunn.
Barn og unge skal få oppleve og møte kunst som er relevant og representativ. Medverknad handlar om å leggje til rette for at barn og unge kan delta aktivt på måtar som er tilpassa kor gamle dei er, og kva erfaringar, individuelle føresetnader og behov dei har.
Medverknad bidreg til auka mangfald av kulturuttrykk og tilbod fordi det òg tek med seg forteljingane og uttrykka til dei som er barn og unge. Regjeringa ønskjer at alle barn og unge skal kjenne seg igjen i kunst- og kulturtilbodet. Medverknad er derfor heilt nødvendig for barne- og ungdomskulturpolitikken.
Institusjonane på dei ulike kunst- og kulturfelta utgjer ein heilt sentral del av infrastrukturen for å formidle eit profesjonelt kunstnarisk og kulturelt innhald til heile befolkninga, inkludert til barn og unge.9 Kor mykje institusjonane arbeider med medverknad varierer, både mellom kunstfelta, og innanfor dei ulike kunstfelta. Å søkje nye formidlingsmåtar der for eksempel barn og unge er aktive deltakarar, der digitale plattformer blir brukte anten aleine eller i kombinasjon med den fysiske arenaen eller med oppsøkjande formidlingsmetodar, kan bidra til at institusjonane når nye publikumsgrupper og engasjerer fleire barn og unge.
I scenekunstfeltet har fleire av institusjonane teke ei aktiv rolle for å inkludere barn og unge. Brageteatret i Drammen har blant anna hatt stor suksess med prosjektet «brageteatret_ung». Ved hjelp av prosjektet har teateret nådd nye ungdommar på fleire arenaer i både Viken og Oslo. Brageteatret jobbar aktivt med å involvere barn og ungdom når dei produserer framsyningar for å sikre at framsyningane har eit relevant ungdomsperspektiv.
Medverknad kan dessutan skje gjennom aktivitetar der barn og unge på ulike måtar medverkar i produksjonane til verksemdene. Eller så kan det skje ved at barn og unge får opplæring via egne barneteater eller orkester. Kunstkritikk kan òg ha ei medverkande rolle. Scenekunstbruket har utvikla nettstaden ungestemmer.no der ungdom mellom 13 og 20 år kan registrere seg og skrive om den profesjonelle scenekunsten dei opplever både på skolen og på andre scenar. Stemma deira kan bety noko for at det blir utvikla nytt kunstnarisk innhald. Museumsforbundets «Unge kritikere» skal bidra til å auke den kritiske refleksjonen blant dei unge om utstillingar i dei kulturhistoriske musea.
Boks 11.2 Tigerstadsteatret
Tigerstadsteatret blei etablert i 2015 og er støtta av Oslo kommune. Tigerstadsteatret jobbar for å produsere scenekunst for barn og unge som blir opplevd som relevant, og som er viktig for dei unge i denne fasen av livet deira. Framsyningane viser dei på allereie eksisterande scenar, men for å kunne nå fleire barn uavhengig av bustad og økonomi jobbar Tigerstadsteatret med oppsøkjande verksemd. I 2020 starta teateret arbeidet med å byggje den rullerande «black box»-en Tigerbussen.
Tigerbussen køyrer ut til barn og unge der dei er, og inviterer dei inn i teaterverda midt i kvardagslivet deira. Tigerbussen tilbyr alle framsyningane sine gratis til bydelar, skolar og område med høg barnefattigdom og låg kulturdeltaking. Pilotprosjektet Tigerbussen kommer! blei gjennomført i 2018. Der fekk 2 500 barn i Oslo oppleve gratis teater i sin eigen skolegard.
11.3.3 Samarbeid mellom profesjonelle kunstnarar og barn og unge
I kunst- og kultursektoren har medverknadsperspektivet komme tydelegare fram dei siste åra. For eksempel har dei unge sjølve i større grad fått vere med og påverke kva produksjonar som skal bli viste på skolen deira gjennom Den kulturelle skolesekken. Offentlege konsertstader har danna eigne arrangørgrupper med ungdom for offentlege konsertar for mindreårige. Og barn og unge er sjølve dommarar i litteraturprisar som Bokslukerprisen og Uprisen og kuraterer eigne kunstutstillingar med profesjonelle kunstnarar.
Å kople perspektiva og stemmene til dei unge med arbeidet til profesjonelle kunstnarar kan bidra til å styrkje kunsten retta mot barn og unge. Dei unge kan bidra med viktige perspektiv når profesjonelle kunstnarar utviklar konsepta og ideane sine. Det kan derfor ha stor kunstnarisk betydning å leggje til rette for prosjekt der barn og unge bidreg i den profesjonelle kunstfaglege aktiviteten. Å jobbe med barn og unge og å la dei medverke i utforminga bidrar til å skape produksjonar og formidlingsmetodar som er relevante og representative for dei som er målgruppa.
Fleire av støtteordningane i Kulturfondet er meinte for aktørar som arbeider på tvers av fleire kunstartar, og som jobbar i kulturvernet. Støtteordningane bidreg til å styrkje og utvikle både nye og meir etablerte aktørar som rettar seg mest til eit ungt publikum. Dei bidreg òg til å støtte dei som arbeider i skjeringspunkta mellom kunstnarisk utvikling, formidling, pedagogikk og medverknadsprosessar.
Boks 11.3 Samarbeidsprosjekt
Nitja senter for samtidskunst (tidlegare Akershus kunstsenter) sitt prosjekt Young Curators Residency har i samarbeid med Praksis Oslo teke initiativ til eit mentorbasert utviklingsprogram for framtidige kuratorar. Her deltek sju ungdommar og unge vaksne i alderen 16–21 år i eit seks veker langt prosjekt. Der får dei rettleiing, kunnskap og verktøy til å realisere kunstprosjekt som engasjerer dei. Samtidig som ungdommane utviklar kompetansen sin innan kuratering, vil Nitja få nye stemmer inn i programarbeidet sitt. Ikkje minst får Nitja ei verdifull innsikt som vil gagne det strategiske utviklingsarbeidet på arenaen.
Mobilizing Citizenship er eit prosjekt i regi av Kunsthall Stavanger retta mot ungdom i alderen 12–16 år. I løpet av eitt semester og fire workshops arbeider ungdom med internasjonalt kjende kunstnarar og designarar. Hovudoppgåva til prosjektet er å sjå på korleis ungdommen kan bruke kunstnariske strategiar for å sjølve ta til orde og delta i det offentlege ordskiftet. Prosjektet går over tre år.
Kunst- og kulturarenaer har òg eit ansvar for å utvikle programmet sitt og kunstproduksjonen sin slik at dei blir relevante for eit mangfaldig publikum. Kulturrådet har ordningar som stimulerer til at det blir utvikla arenaer for ei profesjonell, relevant og framtidsretta kunstformidling for barn og unge. Å invitere kunstnarar, kunstnargrupper, programskaparar og kuratorar til å styrkje både programmeringa og formidlingsmetodane kan bidra til å fornye arenaene og utforske måtar å samhandle og samarbeide med barn og unge på.
NRK Super og NRK P3 jobbar aktivt for at produksjonane deira skal ha perspektivet til barn og unge. NRK Super bruker spørjeundersøkingar, fokusgruppeintervju og djupneintervju med barn når dei utviklar produksjonane sine. Barn er med i idéutviklingsfasen og er ei viktig brikke i fasen der NRK speler inn programma. Å jobbe bevisst med medverknad frå barn og unge gjer at målgruppa deira (null til tolv år) opplever innhaldet i NRK Super som relevant. Dette blir støtta av ulike mediebruksundersøkingar, som viser at NRK Super-appen er ein av dei mest brukte appane hos yngre barn.
Boks 11.4 Stiftelsen Fargespill
Stiftelsen Fargespill er ein kunstnarisk organisasjon som har som prioritet å lage framsyningar av høg kvalitet med barn og unge frå 7 til 25 år. Mange av barna har komme som asylsøkjarar og flyktningar, nokon er fødde i Noreg, og nokon er krysskulturelle. Fargespill har som målsetjing å synleggjere moglegheitene mangfaldet gir gjennom kunstnariske uttrykk. Alle har si unike historie, og alle har noko å bidra med. Fargespill møter barna og dei unge med spørsmålet «Kva har du?». Å konsentrere seg om ressursane er kjernen i Fargespill-metoden, og det er drivkrafta som gir energi til sceneframsyningane deira. Fargespill held rundt 15 til 20 framsyningar kvart år og har tilsette i Bergen og Oslo.
NRK P3 jobbar på tilsvarande måte når dei utviklar dei visuelle produksjonane sine. Å undersøkje kva ungdommane er opptekne av, og formidle dette på ein måte dei kjenner, er med på å skape innhald som er relevant for ungdommane. Eit eksempel på dette er tv-serien SKAM (2015–2017), som klarte å nå det unge publikummet med ein kombinasjon av levande bilete og sosiale medium. Tv-serien bana vegen for nye måtar å utvikle levande produksjonar retta mot den unge målgruppa.
11.3.4 Vurdering
Tilgangen barn og unge har til ny teknologi, og bruken deira av denne, gir nye moglegheiter for å produsere, distribuere og formidle kunst- og kulturuttrykk på globale, digitale flater. Men dette gir også nokre utfordringar. Samtidig som tilbodsmangfaldet blir større, ser bruksmangfaldet ut til å bli smalare og norskandelen lågare. Barne- og ungdomskulturpolitikken må i større grad sørgje for at det finst eit mangfaldig norskspråkleg kulturtilbod på dei digitale flatene. Da er det behov for eit oppdatert kunnskapsgrunnlag i kryssingsfeltet mellom digitalisering, barn og ungdom, kunst og kultur.
For å sikre eit relevant, tilgjengeleg og mangfaldig kunst- og kulturtilbod må barn og unge vere med og inkluderast. Når dei unge medverkar, kan det bidra til at kunsten og kulturen speglar av verkelegheita til barn og unge og treffer nettopp det barn og unge er opptekne av, uansett om det gjeld bruk eller produksjon av kunst og kultur. Her blir det viktig å utnytte og samordne den fagkunnskapen og kompetansen som organisasjonane og fagmiljøa har, og dei tiltaka som kultursektoren har, godt.
Aktørane innanfor kunstfeltet må halde fram med å prioritere barn og unge som målgruppe i det kunstnariske virket sitt. Å samtale med barn og unge, gå nærmare inn i tema som engasjerer dei, måten dei snakkar på, arenaer dei liker å vere på, vil derfor stå sentralt i utviklinga av nye produksjonar og formidlingsmetodar.
Kulturfondet og Filmfondet er sentrale verkemiddel for å sikre at det skjer utvikling og nyskaping i det som blir produsert og formidla.10 Ikkje minst skal fonda bidra til å gi det å lage kunst retta mot barn og unge status og anerkjenning. Kulturrådet og Norsk filminstitutt skal gjennom å forvalte desse fonda ha eit særleg ansvar for å stimulere til relevante, tilgjengelege og mangfaldige produksjonar til barn og unge. Dei skal støtte utviklinga av prosjekt som stimulerer til samarbeid med barn og unge, og dei skal sikre medverknadsperspektivet.
Institusjonane på kunst- og kulturfeltet jobbar i ulik grad med å utvikle produksjonar for barn og unge og formidle dei til denne unge målgruppa. Regjeringa forventar at institusjonane i større grad skal inkludere barn og unge i arbeidet sitt, for eksempel ved å bruke ungdomspanel/ungdomsråd, publikumsundersøkingar der barn og unge får delta, eller andre relevante medverknadsmetodar. Barn og unge skal finne eit tilbod som er tilpassa aldersgruppa si på teater og i konserthus, i museum og stader for å vise visuell kunst over heile landet. I tillegg forventar regjeringa at institusjonane prioriterer å samarbeide med det frie feltet for å styrkje kompetansen i arbeidet med målgruppa.
Å sikre at stemmene til barn og unge blir høyrde, er nødvendig for å nå det kulturpolitiske målet om å skape eit relevant og representativt kulturtilbod. Alle delar av kulturlivet skal prioritere dette. Kunnskapsdeling er sentralt for å nå dette målet. Regjeringa vil etablere ein arena for å utveksle erfaringar. Der kan dei store og små institusjonane og verksemdene på Kulturdepartementets budsjett dele erfaringane sine rundt arbeidet med å utvikle produksjonar for målgruppa og andre relevante erfaringar. Det er Kulturtanken som skal ha som oppgåve å systematisere og dele denne erfaringsutvekslinga.
Regjeringa vil
styrkje kunnskapen om barn og unge, digitalisering og kunst og kultur
leggje til rette for at heile kulturlivet, både kunstnarar, institusjonar, etatar og verksemder, prioriterer medverknad frå barn og unge i arbeidet sitt
leggje til rette for at kulturinstitusjonane er i dialog med barn og unge om å utvikle nye formidlingsmetodar, og at dei lagar fleire tilbod tilpassa ulike aldersgrupper
at kulturinstitusjonane skal arbeide med å utvikle produksjonar for barn og unge
etablere ein arena for å utveksle erfaringar mellom institusjonane og verksemdene på Kulturdepartementets budsjett
11.4 Litteratur og bibliotek for og med barn og unge
Eitt av dei nasjonale kulturpolitiske måla er at kulturlivet skal bidra til danning og kritisk refleksjon. Leseevne og leselyst er ein nøkkel til å oppnå dette. Lesing gir innsikt og oversyn, og gjennom lesing aukar evna til forståing og innleving. Vi lever i eit skriftsamfunn, og vi møter skrift overalt, både i jobb og i fritida. Da må vi ha gode leseferdigheiter.
For å bidra til at barn og unge les og har leselyst, er det særleg tre forhold som må vere på plass
det må skapast god litteratur for både barn og unge
litteraturen må vere tilgjengeleg på bokmål og nynorsk, dei samiske språka og kvensk, i lydform og i tilgjengelege format
litteraturen må vere tilgjengeleg for alle barn og unge, gjennom handel, i barnehagen, på skolebiblioteka, folkebiblioteka, Den kulturelle skolesekken eller andre arenaer som litteraturhusa eller litteraturfestivalane
Ei rekkje litteraturprisar bidreg i tillegg til å rette søkjelyset mot og heve statusen på barne- og ungdomslitteraturfeltet. Eksempel på slike prisar er Kulturdepartementets prisar for barne- og ungdomslitteratur.
11.4.1 Status
Ifølgje SSBs kulturstatistikk blei det i 2019 gitt ut nær 1 400 titlar for barn og unge, jamfør tabell 11.2. Av dette var nær 900 skjønnlitterære bøker og nær 500 sakprosabøker. 192 av bøkene inneheldt nynorsk tekst, og 40 av bøkene inneheldt samisk. Talet på utgitte bøker har lege på omtrent det same nivået mellom 2014 og 2018. Fordelinga mellom sjangrar og språk er ganske stabil over tid, med ein viss nedgang i talet på bøker i alt.
Tabell 11.2 Barne- og ungdomslitteratur, etter sjanger og utgivarspråk. Talet på titlar.
2011 | 2015 | 2019 | |
---|---|---|---|
Bøker1 i alt | 1 835 | 1 473 | 1 366 |
Skjønnlitteratur | 963 | 877 | 895 |
Fakta | 872 | 596 | 471 |
Bokmål | 1 545 | 1 234 | 1 135 |
Nynorsk | 220 | 218 | 192 |
Samisk | 56 | 11 | 40 |
Engelsk | 70 | 58 | 14 |
Andre språk | 38 | 30 | 10 |
1 Ei bok kan ha fleire språk, derfor er ikkje bøker i alt summen av bøker på ulike språk, berre summen av bøker av ulike sjangrar.
Kjelde: Nasjonalbiblioteket
SSBs mediebarometer 2019 viser at 33 prosent av 9–15-åringene og 20 prosent av 16–24-åringane las i ei bok ein gjennomsnittsdag. Den yngste aldersgruppa brukte i snitt 9 minuttar på boklesing, mens 16–24-åringene brukte 12 minuttar. For begge aldersgruppene var dette fire minuttar mindre enn i 2015. Også resultat frå PISA 2018 viser at lesevanane til elevane endrar seg. I PISA 2018 var det cirka halvparten av elevane som svarte at dei ikkje les i fritida. I undersøkinga frå 2000 var det 35 prosent som svarte at dei ikkje les i fritida. Tilsvarande tal frå 2009 var 40 prosent.11
Vi les mindre for barna våre enn vi gjorde før. 46 prosent av dei som har barn under ti år i husstanden, les dagleg eller ofte for desse. Dei med høgast utdanning og høgast inntekt les meir.
Den fysiske bokhandelen er framleis den viktigaste kjelda til bøker. 25 prosent av befolkninga opplyser at dei kjøpte den siste boka dei las eller lytta til, i ein fysisk bokhandel. 16 prosent lånte boka på biblioteket, 14 prosent fekk boka i gåve. Vi lyttar meir til lydbøker. 29 prosent av boklesarane oppgir at dei lytta til lydbøker i 2019, mot 23 prosent i 2017. 16 prosent av befolkninga oppgir at dei har brukt ei strøymeteneste til lydboklytting, mot 7 prosent i 2017. Av dei som las bøker i 2019, var det 25 prosent som las minst ei e-bok. I 2017 var andelen 21 prosent.12
I Den kulturelle skolesekken (DKS) utgjer litteratur om lag 13 prosent av alle aktivitetane på landsbasis. Hovudvekta av produksjonane er forfattarbesøk der forfattarane presenterer eigne verk. Litteraturformidlinga i DKS kan romme eit stort spenn av produksjonar innan ulike sjangrar og former. Eksempel er skjønnlitteratur og sakprosa, grafiske romanar, teikneseriar og biletbøker, digital litteratur eller den tradisjonelle papirboka. I tillegg kjem litteraturhistoriske verk, verk av avdøde forfattarar/illustratørar og utanlandske forfattarskap.
Boks 11.5 Sommerles
Sommerles.no er ein landsdekkjande lesekampanje for skolebarn i 1.–7. klasse. Bak kampanjen står Vestfold og Telemark fylkesbibliotek og Snuti AS. Sommerles.no er i tillegg ein stor biblioteksdugnad der alle fylkesbiblioteka bidreg etter tur. Og i 2019 deltok over 380 kommunar i kampanjen. Lesekampanjen er ein suksesshistorie som har utvikla seg over tid. I 2020 deltok 125 000 barn som las over 1,6 mill. bøker. Sommerles får spesiell utviklingsstøtte frå Nasjonalbiblioteket i bibliotekstrategiperioden 2020 til 2024.
Litteraturformidling til barn og unge står sentralt i arbeidet til folkebiblioteka. Ifølgje biblioteksstatistikken for 2019 avvikla folkebiblioteka om lag 20 000 arrangement for skolar og barnehagar for over 500 000 barn og unge.13 Det blei lånt ut 7,22 bøker for barn per barn, der 6,24 bøker var skjønnlitteratur for barn og 0,98 bøker var sakprosa.
SSBs kulturstatistikk for 2019 viser at det er fleire utlån av bøker for barn enn av bøker for vaksne, og i 2018 var det lånt ut 1,3 mill. fleire bøker for barn enn for vaksne. At det blir lånt ut flest barnebøker, er ein trend som har vore stabil dei siste fem åra.
Barn og vaksne strøymer stadig meir bøker, og spesielt har folk strøymt meir bøker under koronapandemien. Folkebiblioteka tilbyr e-bøker og digitale lydbøker til utlån for barn og vaksne. I 2020 brukte Nasjonalbiblioteket bibliotekutviklingsmidlar på å styrkje dette tilbodet som ein del av ekstrasatsinga i samband med koronapandemien.
11.4.2 Produksjon og formidling
Kulturfondet er den viktigaste finansieringskjelda for å produsere og formidle litteratur til barn og unge. Dei har etablert ein langvarig praksis med øyremerking til barne- og ungdomslitteratur. Det er midlar øyremerkte innanfor produksjonsstøtteordninga (sakprosa for barn og unge), og fondet har eigne innkjøpsordningar både innan skjønnlitteratur og sakprosa for barn og unge. Dette har bidrege til at norske barn og unge i det store og heile har eit godt utval litteratur av høg kvalitet å plukke bøker frå.
Samtidig er det ønskjeleg at det blir skrive og gitte ut fleire gode sakprosabøker for barn og unge på norsk. Det er òg ønskjeleg at det blir gitt ut meir på nynorsk. For eksempel er det svært få eller ingen nynorske titlar som er melde på Kulturrådets innkjøpsordning og produksjonsstøtteordning for teikneseriar, og det kjem ut lite sakprosa og omsett litteratur for barn og unge på nynorsk. I 2019 blei det søkt om innkjøp av 276 titlar for barn og unge, og 164 titlar blei kjøpte inn og distribuerte til bibliotek over heile landet.14 Heile 34 prosent av tildelingane til litteraturformål i 2019 gjekk til formål retta mot barn og unge i 2019, noko som utgjer 67,1 mill. kroner.
Frå 2020 har Kulturrådet sett i gang ei prøveordning: 200 av skolebiblioteka i landet får bøker for barn og unge kjøpte inn gjennom innkjøpsordningane for skjønnlitteratur, sakprosa og teikneseriar. Innkjøpsordningane kjøper inn og distribuerer i dag bøker til folkebiblioteka i Noreg, men i hovudsak er skolebiblioteka ikkje inkluderte i ordninga. Prøveordninga er treårig, og skolebiblioteka har søkt om å få vere med i ordninga. Kvart år blir det kjøpt inn i overkant av 120 nye norske titlar retta mot barn og unge i grunnskolealder over dei tre aktuelle innkjøpsordningane, og desse bøkene blir distribuerte kostnadsfritt til biblioteka som deltek i prøveordninga.
Kulturrådets tilskottsordning for litteraturformidling skal bidra til at ei stor breidde av norsk og samisk litteratur blir profesjonelt formidla til det allmenne publikummet. Tilskottsordninga skal blant anna stimulere til nyskaping i formidlinga av litteratur for barn og unge. Prosjekt som Falturiltu, Appelsinia, Barnas Poesidag og Barnebokfestivalen har fått tilskott via ordninga.
Sametinget gir støtte til å omsetje bøker til barn og unge til dei ulike samiske språka. Dei gir òg tilskott til språkprosjekt som å lage eller omsetje språkapplikasjonar og spel for barn og unge til eller på samisk, samiske språktiltak og gode språkarenaer. Sametinget gir dessutan direkte tilskott til å formidle samisk litteratur til bokbusseigarar som ønskjer å halde ved lag bokbusstilbodet sitt. Prosjektet «Loga munnje» («Les for meg») er eit pilotprosjekt som skal motivere til auka leselyst og meir interesse for litteratur. Ved å samarbeide med bibliotek ønskjer Sametinget å bidra til eit betre samiskspråkleg tilbod ved biblioteka og fleire nye lånarar på biblioteka.
Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB) produserer og låner ut litteratur til personar som på grunn av ei funksjonsnedsetjing har vanskar med å lese trykte bøker eller visuell tekst. Dei låner ut bøker i både punktskrift og lydbokformat. Barn og unge er ei viktig målgruppe for NLB. For NLB er det både ein verdi og ei utfordring å nå ut til ei målgruppe som meir enn andre opplever tersklar i møte med lesing. Gjennom utlåns- og distribusjonssamarbeid med Statped som låner ut skolelydbøker til barn og unge i same målgruppe, har fleire unge blitt introduserte for og innmelde hos NLB.
Boks 11.6 Litteraturfestivalar
Norsk litteraturfestival blir arrangert på Lillehammer. Barne- og ungdomsprogrammet deira, Pegasus, utgjer cirka ein tredjedel av festivalen. Men så mykje som 40 prosent av publikumsbesøket til festivalen er frå barne- og ungdomsarrangementa. Pegasus formidlar litteratur til barn og unge gjennom heile året. Dette gjer dei i form av kurs og verkstader, konkurransar og aktivitetar, forfattarmøte, prisutdelingar og tekstlesing. Gjennom å samarbeide med skolar og barnehagar når Pegasus ut til eit breitt publikum og presenterer etablerte og yngre forfattarar eller illustratørar side om side. Norsk litteraturfestival skal òg vere ein møteplass for eit vakse publikum med interesse for barne- og ungdomslitteratur og tilby eit fagleg interessant program.
Bok i Lofoten er ein årleg litteraturfestival for elevane i både grunnskolen og den vidaregåande skolen. Festivalen blei arrangert første gongen i 2009, og kvart år gjestar ti–tolv dagsaktuelle forfattarar arrangementet. Festivalen blir driven på frivillig basis som ein stiftelse med støtte frå institusjonar som Norsk kulturråd og Den kulturelle skolesekken. I botnen ligg midlar frå eit spleiselag mellom skolane som deltek, og biblioteket. Festivalen har òg fått støtte frå næringslivet. Bok i Lofoten vil skape leselyst og leseglede hos barn og unge i kommunen.
Biblioteka er både ein kulturarena, ein kunnskapsarena og ein opplevingsarena for barn. Bibliotekstrategien Rom for demokrati og dannelse – Nasjonal biblioteksstrategi 2020–2023 satsar på tre hovudområde: Formidling, samarbeid og infrastruktur.15
I strategiperioden skal biblioteka satse på å styrkje arbeidet biblioteka og dei bibliotektilsette gjer med å formidle det store mangfaldet i samlingane biblioteka har. Nasjonalbiblioteket vil lyse ut midlar til formidling der målet er å nå nye bibliotekbrukarar, få fleire til å lese og å auke utlånet. Å få barn og unge til å bruke biblioteka, både som møteplassar og arenaer for auke leselysta, er sentralt. Dei vil òg lyse ut midlar som skal stimulere til nye måtar å samarbeide på, som mellom skolebibliotek og folkebibliotek.
Over Kulturdepartementets budsjett blir det gitt tilskott til ei rekkje organisasjonar og institusjonar som på ulike måtar bidreg til å formidle og gjere litteratur tilgjengeleg for barn og unge. Norsk barnebokinstitutt tilbyr blant anna kurs og utdanningar i barne- og ungdomslitteratur og utviklar og formidlar kunnskap på fagfeltet. Foreningen !les arbeider med å fremje lesing og formidlar litteratur til barn, unge og vaksne. Foreininga Leser søker bok støttar produksjonen og formidlinga av tilrettelagd litteratur for personar som av ulike grunnar har lesevanskar. Ei av dei viktigaste oppgåvene til Norsk Forfattersentrum er å formidle forfattarar til litteraturarrangement over heile landet.
Kulturdepartementets budsjett støttar dessutan ulike formål for å sikre at barn og unge kan møte nynorsk i litteraturen og på nettet. Det Norske Samlaget arbeider med å styrkje nynorsk språk, litteratur og kultur gjennom å gi ut eit breitt tilbod av bøker på nynorsk, også til barn og unge. Språkorganisasjonar som Noregs Mållag jobbar blant anna med å skape rom for å formidle meir nynorsk litteratur til barn og unge.
Dei siste åra har det blitt etablert fleire litteraturhus i byar over heile landet. Litteraturhusa er etablerte med både private og offentlege midlar, og organiseringa av kvart enkelt litteraturhus varierer. Felles for alle er at dei er arenaer for litteratur, kultur og debatt og skal sørgje for aktivitetar som kjem heile befolkninga til gode. Litteraturhusa har derfor barn og unge i målgruppa si.
Kulturhus og litteraturfestivalar er andre arenaer som formidlar litteratur til den unge målgruppa. Alt i alt er det svært mange arenaer der barn og unge kan oppleve eit mangfald av litteratur og litteraturformidling av høg kvalitet.
11.4.3 Vurdering
Barn og unge skal ha tilgang til litteratur i ulike sjangrar, og dei skal kunne velje lesestoff ut frå ønska sine og kva dei interesserer seg for. Dette føreset at kvalitetslitteratur må vere tilgjengeleg for alle barn og unge. I tillegg må litteraturen vere på ulike plattformer og i ulike format. Barn og unge med ulike lesevanskar og leseutfordringar må òg få tilgang til dei gode leseopplevingane.
Kulturrådets ordningar bidreg til å sikre eit mangfaldig litteraturtilbod til barn og unge. Innkjøpsordningane er i mange tilfelle heilt avgjerande for å kompensere for marknadssvikt. Gjennom tilskott til ulike institusjonar og organisasjonar på litteraturfeltet støttar Kulturdepartementet opp om arbeidet med å produsere og formidle barne- og ungdomslitteratur. Folkebiblioteka og skolebiblioteka i alle kommunane i landet er sentrale formidlingsinstitusjonar.
Litteraturpolitikken skal bidra til at alle har god tilgang til eit mangfaldig tilbod av norsk litteratur. Meldingsdelen i Prop. 108 L (2019–2020) Lov om språk hevdar at ein grunn til at det norske litterære systemet har vore vellykka, er at ansvaret er delt mellom det offentlege verkemiddelapparatet og det private næringslivet. Men litteraturfeltet endrar seg, både med omsyn til digitalisering, forretningsmodellar og lesevanar. Regjeringa har bestilt ei ny utgreiing av bokmarknaden. Strukturen i bokbransjen, digitalisering og fastprisordninga er blant temaa som skal greiast ut. Utgreiinga skal ferdigstillast hausten 2021.
Den kulturelle skolesekken (DKS) formidlar litteratur til alle barn og unge over heile landet. Det varierer stort kor mykje litteratur elevane i dei ulike fylka får gjennom DKS. I nokon fylke får elevane litteraturproduksjonar kvart år i det tiårige skoleløpet, mens det i andre fylke berre blir programmert med éin per tiande skoleår.16
Kulturtanken skal hjelpe sentrale myndigheiter i kultursektoren og utdanningssektoren med råd og tenester i arbeidet deira med Den kulturelle skolesekken (DKS). Innan litteraturfeltet har Kulturtanken valt å prioritere tiltak som har kunna bidra til nye og innovative samarbeid, å skape møteplassar og å styrkje visningsarenaen Komma.17 Regjeringa har i budsjettet for 2021 sett av 4 mill. kroner for å styrkje innhaldet i DKS-ordninga, innanfor alle kunst- og kulturuttrykk. Det er Kulturtanken som skal fordele midlane til fylkeskommunene, sjå kapittel 12.2.
Kulturmeldinga understrekar at det å lese bidreg til danning og kritisk refleksjon. Vi må derfor leggje til rette for gode leseopplevingar og lesevanar og for at unge lesarar får samtale, reflektere og ytre seg om det dei les. SSBs mediebarometer frå 2019 og PISA 2018 viser at barn og unge les mindre på fritida enn før. Å sikre at dei nasjonale leseorganisasjonane framleis får støtte for å styrkje arbeidet med lesing, er derfor ein prioritet for regjeringa.
Regjeringa meiner òg at leselyst og leseglede er viktig for å utvikle gode leseferdigheiter. I 2021 er det derfor sett av 4 mill. kroner frå Kunnskapsdepartementets budsjett til ei ordning slik at private, frivillige og ideelle organisasjonar kan søkje om tilskott til tiltak som skal stimulere til lesing. For å bidra til å styrkje skolebiblioteka forvaltar Utdanningsdirektoratet ei tilskottsordning der kommunar kan søkje om støtte til å utvikle arbeidet skolebiblioteka gjer med lesestimulering. I år er dette tilskottet på 14,5 mill. kroner.
Bibliotek og litteraturhus er arenaer der barn og unge møter litteratur og leggjer grunnlaget for vidare leselyst. At formidlinga på desse arenaene er god, er derfor ein prioritet. Bibliotekarrangement retta mot småbarnsforeldre kan bidra til å etablere gode lesevanar hos små barn. Samarbeidsprosjekt mellom barnehagar kan òg sikre at alle barn får tilgang til bøker og høgtlesing ved at barnehagane kan låne boksamlingar som både kan brukast i barnehagen og lånast ut til foreldra. Biblioteka kan òg bidra til å styrkje kompetansen i høgtlesing hos dei som jobbar i barnehagen, og til at det blir betre samtalar rundt bøker i barnehagane. Ved å etablere gode lesevanar og interesse for litteratur tidleg kan vi gi barn eit godt utgangspunkt for å utvikle seg språkleg og kognitivt og gi leseglede vidare i livet.
Regjeringa vil
sikre at det blir skapt eit mangfaldig litteraturtilbod til barn og unge gjennom blant anna Kulturrådets støtteordningar
vurdere korleis det kan leggjast til rette for at det blir produsert og formidla meir litteratur på nynorsk
stimulere til at det blir formidla meir litteratur i Den kulturelle skolesekken
at Nasjonalbiblioteket gjennom utlysing av prosjektmidlar blant anna skal bidra til å styrkje biblioteka som formidlarar av litteratur til barn og unge
bidra til auka leselyst gjennom støtte til dei nasjonale leseorganisasjonane
11.5 Musikk for og med barn og unge
11.5.1 Status
Ifølgje Kantars Mediebarn-undersøking 2019 strøymer 49 prosent av barna mellom tre og elleve år musikk dagleg. Kantars Medieungdom-undersøking 2019 viser at 71 prosent av ungdom mellom 12 og 17 år strøymer musikk dagleg. YouTube er den kanalen barn og unge oftast bruker til å lytte til musikk. 49 prosent av barna mellom ti og elleve år brukte YouTube til å lytte til musikk, 19 prosent brukte Spotify.18 I tillegg er musikk ein sentral del av tv-seriar, film og dataspel, som også er medium barn og unge bruker dagleg.
Undersøkingane viser i liten grad kva slags musikk barn og unge lyttar til med tanke på sjanger. Dei viser heller ikkje om det er norsk eller internasjonalt produsert musikk. Forsking om musikkbruken frå digitale plattformer viser derimot at det er ei dreiing mot at fleire lyttar til det same trass i at tilbodet er større, og at andelen som høyrer på norsk musikk, minkar.
Musikk er det kulturuttrykket i Den kulturelle skolesekken (DKS) som har flest elevmøte. I 2019 fekk i overkant av 770 000 publikummarar oppleve musikk gjennom DKS, noko som svarer til 30 prosent av alle elevmøta på landsbasis. I gjennomsnitt får alle elevar oppleve eitt møte med profesjonelle musikarar årleg. Det er eit sentralt mål for DKS-ordninga at det skal vere stor variasjon og mangfald i tilbodet, frå store ensemble til små grupper og med sjangrar og musikkuttrykk frå ulike kulturar og verdsdelar.
Barn og unge er publikum på konsertar på klubbar, i kulturhus, i kyrkjer og i konserthus. Ifølgje SSBs kulturstatistikk for 2019 blei det gjennomført nærmare 400 konsertar retta mot barn og unge hos institusjonane som rapporterer om aktiviteten sin til Kulturrådet. Publikumstalet var på nærmare 180 000.19 For prosjekta institusjonane hadde i samarbeid med Den kulturelle skolesekken (DKS), var publikumstalet nærmare 24 000. Arrangørundersøkinga 2018 (Kleppe, 2019) viser at 33 prosent av Arrangørforums medlemmer hadde barn som målgruppe og 55 prosent ungdom som målgruppe på konsertane medlemmene heldt dette året.20 Tala viser at barn og unge er ei prioritert målgruppe hos fleire av konsertarrangørane og institusjonane.
11.5.2 Produksjon og formidling
Musikkfeltet er stort og samansett med ulike tradisjonar, sjangrar og uttrykk. Norsk kulturfond bidreg til å stimulere til ny musikk og nye musikkproduksjonar og til å utvikle formidlingsarenaer retta mot barn og unge som publikumsgruppe. I 2019 gjekk 21,8 mill. kroner av Kulturfondets midlar til ulike prosjekt knytte til musikk for barn og unge. Det utgjer 6 prosent av den totale løyvinga til musikk.
Ordningane under Fond for lyd og bilde bidreg òg til at musikk blir produsert og formidla til barn og unge. Det gjer fondet gjennom ei rekkje tilskott til å produsere og marknadsføre musikkinnspelingar. I tillegg gir Norsk kulturfond midlar til publiseringsstøtte for eit stort tal innspelingar.
Kulturrådet har etterlyst eit større volum av musikkproduksjonar retta mot barn og unge og høgare kompetanse og refleksjonsnivå hos produsentar og utøvarar. Kulturrådet lyste i 2020 derfor ut midlar i ekstraordninga Uhørt! for å stimulere kunstnarar og produksjonsmiljø til å rette seg mot eit yngre publikum. Slik skulle barn og unge over heile landet få eit større og meir variert tilfang av gode musikkproduksjonar, sjå boks 11.7.
Boks 11.7 Uhørt!-prosjekt
Kulturrådet har gitt tilskott til ulike prosjekt frå ekstraordninga Uhørt! hausten 2020:
Fuge Fantasi for bass, baryton og 15 babyer av dybwikdans er ei konsertframsyning der to songarar med stort vokalt register inngår i eit samspel med ein dansar og 15 babyar. Det kunstnariske prosjektet har fleire fasar. Først har det ein eksperimentell start, så går det via utviklinga av vokalimprovisatoriske strategiar til ei konsertframsyning som møter publikum.
Kafésynk UNG er eit prosjekt for ungdom i alderen 13–19 år. Prosjektet blir gjennomført i Oslo på Kaféteateret, Sentralen, Blå og X-ray ungdomshus. Ungdommane blir inviterte til workshops med tre ulike band med musikarar som speler afrovenezuelansk musikk, afrokaribisk, latinamerikansk, rock, ska, reggae og cumbia. Banda kjem reisande frå både Sør-Amerika, Spania og Afrika.
Prosjektet Etniid Ulloliinit («mødrenes samiske ullsjal») av Sara Marielle Gaup tek opp eit tabubelagt tema innanfor det samiske miljøet: vald og overgrep mot samiske kvinner og jenter. Dette blir tematisert gjennom joik, musikk og dans. Målgruppa er i hovudsak ungdom i ungdomsskolealder og på vidaregåande.
Kulturrådets årsrapport frå 2019 viser at rundt ein femtedel av søkjarane til arrangørstøtta for musikk i 2019 seier dei har konsertar retta mot barn og unge. Mange festivalar kan vise til eigne konsertar for barn og unge som del av det heilskaplege programmet sitt, mens enkelte festivalar har ein eigen «festival i festivalen» for barn. Berre få festivalar er reindyrka festivalar for barn og unge. For 2020 gjeld dette Rabalderfestivalen i Møre og Romsdal, Juba Juba i Trøndelag og Miniøya i Oslo.
Ifølgje Norske kulturhus var det 1,6 mill. besøkjande på musikkarrangement i kulturhus over heile landet i 2018, men berre 9,5 prosent av desse er registrerte som barnebillettar.21 Norske kulturhus meiner dette heng saman med kravet frå eigaren om at konsertane skal generere overskott eller gå i balanse. Dette er krevjande å få til ettersom mykje av arrangørinntektene kjem frå at dei sel varer frå baren. Fleire konsertarrangørar har i innspel til meldinga spurt etter kompensasjon for reduserte billett- og barinntekter som følgje av å ha særlege tilbod for eit ungt publikum. På denne måten kan barn og unge få eit større mangfald av konsertar å velje mellom.
Dei statleg støtta orkestera har òg eit tilbod til barn og unge. Dette kan både vere familiekonsertar, skolekonsertar (ofte i samarbeid med Den kulturelle skolesekken) og ungdomskonsertar. Det kan òg vere formidlingaktivitetar med omvising og der barn og unge kan prøve seg som dirigentar. Eller det kan vere opplæringstilbod i form av ungdomsorkester eller spesielle talentretta satsingar.
Fleire orkester har sett i gang satsingar for å nå ut til barn og unge som ikkje nødvendigvis oppsøkjer eit konserthus. Mange orkester samarbeider med Den kulturelle skolesekken om ulike produksjonar. Nokon har digitale konsertvisningar, andre har utarbeidd digitale undervisningsopplegg.
11.5.3 Vurdering
Musikk har ei breidde i uttrykk og sjangrar som gjer at barn og unge til kvar tid kan finne eit musikalsk uttrykk som er interessant, relevant og tilgjengeleg. Undersøkingar viser at barn og unge lyttar til musikk dagleg, og at YouTube er den kanalen barn og unge bruker oftast. Sidan musikk er tilgjengeleg via mobiltelefonen eller nettbrettet, gjer det at musikk for mange barn og unge er det kunstuttrykket som er mest integrert i kvardagen deira og speler ei sentral rolle i livet deira.
Samtidig er kunnskapen om kva slags musikk barn og unge lyttar til via YouTube og strøymetenester, mangelfull. Vi treng meir kunnskap om korleis digitaliseringa påverkar måten barn og unge bruker kunst og kultur på, slik det står om i kapittel 11.3.
Kulturfondet, Fond for lyd og bilde og Statens kunstnarstipend bidreg til å støtte utviklinga av både innspelt og levande musikk retta mot barn. Visningsarenaer som festivalar, konsertseriar, klubbar og kulturhus har både eigne produksjonar retta mot den unge publikumsgruppa, men òg produksjonar som kan bringe barn, unge og vaksne saman.
Den kulturelle skolesekken (DKS) er ein betydeleg formidlingsarena for levande musikkproduksjonar og når ut til alle skoleelevar over heile landet. I innspel til meldinga har enkelte aktørar og organisasjonar spurt etter fleire nyskapande konsertproduksjonar for barn og unge, og om det kunne vere ein aktør som utviklar desse produksjonane, slik tidlegare Rikskonsertane gjorde.
Eitt av forslaga frå innspela er å opprette Musikkbruket etter modell av Scenekunstbruket. Musikkbruket skal ikkje utvikle produksjonar, men stimulere til at det blir utvikla slike, gjennom blant anna støtteordningar.
I omlegginga av Rikskonsertane til Kulturtanken blei midlane som tidlegare gjekk til å produsere musikk, frå 2016 fordelte til fylkeskommunar og direktekommunar. Desse har no ansvaret for å stimulere til nyproduksjonar i DKS også innanfor musikk.
DKS er ei desentralisert ordning, og regjeringa meiner det ikkje bør opprettast nye strukturar på nasjonalt nivå for å utvikle musikkproduksjonar til barn og unge. Vi bør heller styrkje dei strukturane som allereie er på plass regionalt. Regjeringa har derfor sett av 4 mill. kroner i budsjettet for 2021 til å styrkje innhaldet i DKS-ordninga. Det er Kulturtanken som skal fordele midlane til fylkeskommunane, sjå kapittel 12.2.
I tillegg betyr Kulturrådet og Kulturfondet svært mykje for å heve statusen i feltet og stimulere til å skape eit mangfald av musikkproduksjonar for den unge publikumsgruppa, både i og utanfor DKS-ordninga.
Konsertstader og musikkfestivalar er arenaer der barn og unge kan møte musikk av høg kvalitet. For å skape eit mangfald av uttrykk og breidde i sjangrar bør det rettast ein innsats mot å få fleire arrangørar til å prioritere barn og unge. Ungdom skal dessutan få anledninga til å oppsøkje konsertar utan følgje frå vaksne. Regjeringa vil utrede moglegheiten for å styrkje dei statlege støtteordningane for å stimulere til fleire «under 18»-konsertar og til auka kompetanse om korleis programmere og arrangere for publikumsgrupper som barn og unge.
Dei statleg støtta orkestera formidlar orkestermusikk til barn og unge, både gjennom den ordinære aktiviteten sin og i rolla si i DKS-ordninga. Å nå ut til barn og unge via alternative formidlingsmåtar og å utvikle nye produksjonar og repertoar skal framleis vere ei prioritert satsing for orkestera.
Regjeringa vil
sikre at det blir skapt eit mangfald av musikkproduksjonar retta mot barn og unge
utrede moglegheiter for ordningar som gir kompensasjon for tapte inntekter ved konsertar for ungdom under 18 år
utrede moglegheiter for ordningar som stimulerer til auka kompetanse om å programmere og arrangere for den unge publikumsgruppa
11.6 Scenekunst for og med barn og unge
11.6.1 Status
Medie- og kulturbruksundersøkelsen 2016 frå SSB viser at ungdom mellom 9 og 15 år i stor grad oppsøkjer scenekunsttilboda, for eksempel opera, ballett/dans og teater/musikal/revy. For den sistnemnde kategorien svarte 58 prosent av respondentane at dei hadde vore på dette tilbodet dei siste tolv månadene. Ifølgje SSBs kulturstatistikk for 2019 hadde teater- og operainstitusjonane som rapporterer til Kulturrådet, om lag 5 000 oppsetjingar for barn og unge. Det kom nærmare 700 000 publikummarar på visningane og formidlingsaktivitetane retta mot barn og ungdom.
Scenekunst er det av kulturuttrykka i Den kulturelle skolesekken (DKS) som har nest høgast tal på publikummarar. I 2019 opplevde i overkant av 520 000 publikummarar scenekunst i DKS-ordninga, noko som utgjer om lag 20 prosent av det totale publikumstalet til DKS. Scenekunst er òg eit av kunst- og kulturuttrykka som oftast blir brukt i samspel med andre kunstartar. Scenekunsten frå DKS omfattar eit mangfald av sceniske uttrykk og sjangrar innanfor teater, dans, opera og sirkus.
11.6.2 Produksjon og formidling
Scenekunstfeltet har lange tradisjonar for å utvikle produksjonar retta mot barn og unge, og det blir laga mykje scenekunst av høg kvalitet retta mot publikumsgruppa. Det frie feltet er stort sett prosjektfinansiert gjennom Norsk kulturfond, Fond for lyd og bilde, Fond for utøvende kunstnere og andre finansieringskjelder og står for ein stor andel av denne scenekunsten. I 2019 tildelte Norsk kulturfond 37,7 mill. kroner til barne- og ungdomsprosjekt. Dette utgjer 23 prosent av det totale tilskottet til scenekunstordningane. I tillegg er samproduksjonar med institusjonar og programmerande scenar ein stadig meir vanleg måte å finansiere produksjonar på.
Dei programmerande scenane blir gjerne rekna som «scenane til det frie feltet». I dag har vi fire slike scenar som blir finansierte over statsbudsjettet. Alle desse scenane viser og samproduserer frå tid til anna framsyningar retta mot den unge målgruppa. Dansens Hus har retta ei spesiell merksemd mot barn og unge dei siste åra, sjå boks 11.8. I tillegg er Black Box Teater, BIT Teatergarasjen og Rosendal Teater viktige formidlingsarenaer for scenekunst til barn og unge.
Boks 11.8 Dansens Hus
Dansens Hus i Oslo er Noregs nasjonale scene for dans. Dei viser eit breitt spekter av dansekunst, frå babyframsyningar til internasjonale gjestespel, både frå nye og frå etablerte norske koreografar. Dansens Hus har som mål å vere familien sitt hus. Med det meiner dei ein stad der barn, unge og familiar kan oppleve relevant og original scenekunst. Dei ønskjer eit familiepublikum som speglar av befolkninga i Oslo. Å vere inkluderande og tilgjengeleg for alle er eit viktig prinsipp, og det er eit uttalt mål å føre ein demokratisk prispolitikk.
Andre tiltak med ein inkluderande profil er POW (People of the world). Her tilbyr dei busette på asylmottak kurs og workshops frå urbankulturen, som breaking, hiphop, teikning, beatboxing. Desse kursa går føre seg på Dansens Hus ein gong i månaden. Measure your crew er eit årleg arrangement der ungdom blir inviterte til dansekonkurranse. Arrangementet er gratis og svært populært.
Norsk Scenekunstbruk er ein nasjonal formidlar av scenekunst og eit kompetansenettverk for scenekunstfeltet for barn og unge. Dei har som mål å sørgje for at alle barn og unge får oppleve scenekunst av høg kvalitet. Scenekunstbruket bidreg med støtte til å produsere og formidle scenekunst for barn og unge og er ein betydeleg aktør for formidling av scenekunst i Den kulturelle skolesekken.
Institusjonane på scenekunstfeltet er sentrale i produksjonen og formidlinga av scenekunst til barn og unge. Mange scenekunstinstitusjonar har i dag eit tilbod til barn og unge og tilbyr jamleg barne- og familieframsyningar. Unge Viken Teater, Haugesund Teater, Det Norske Teatret, Teatret Vårt og Brageteatret er eksempel på institusjonar som satsar tungt på å formidle scenekunst til barn og unge. I tillegg gir Sametinget tilskott til fleire scenekunstinstitusjonar som arbeider med scenekunst for og med barn og unge, som Sámi Mánaid Teáhter (Samisk barneteater), Åarjelhsaemien Teatere (Sydsamisk teater) og Beaivváš Sámi Našunála teáhter (Beaivváš samisk nasjonalteater).
Dei fleste scenekunstfestivalane som får tilskott frå Kulturrådet, har retta delar av programmet sitt mot ei yngre målgruppe eller mot heile familien. Festivalane eksperimenterer i stor grad med visningsformat, stadsspesifikke strategiar, interaktivitet og deltaking. Arenaer som Showbox, Assitejfestivalen og Markedet for Scenekunst skal bidra til å utvikle og styrkje scenekunstfeltet for barn og unge både fagleg og kunstnarisk gjennom å vise framsyningar, samtalar, diskusjonar, møte og presentasjonar.
Dei regionale kompetansesentera for dans jobbar med at det skal bli produsert fleire og betre danseframsyningar for alle målgrupper, inkludert barn og unge. Dei kan tilby residensopphald eller produsenttenester til profesjonelle scenekunstnarar som produserer framsyningar for og med barn og unge. Enkelte av kompetansesentera har òg aktivitetar for barn og unge gjennom pedagogisk danseundervisning eller talentutvikling.
Dansenett Norge er eit turnénettverk som jobbar for å gjere norsk og internasjonal dansekunst tilgjengeleg for publikum over heile landet, også til dei utanfor dei store byane. Det gjer dei ved å samarbeide med kulturhus over store delar av landet. Slik bidreg dei til at danseproduksjonar blir viste fleire gonger og på fleire stader. I tillegg prioriterer dei produksjonar for barn.
Kulturhusa er ein sentral arena for å formidle scenekunst til barn og unge. Ifølgje tal frå Norske kulturhus var det i 2018 i underkant av 190 000 publikummarar på danseframsyningar, og nesten 50 000 av dei var barn og unge. For teater var det i overkant av 400 000 publikummarar på framsyningane, og om lag ein fjerdedel av desse var barn og unge.
11.6.3 Vurdering
SSBs kulturstatistikk viser at det er ei stor mengd scenekunstproduksjonar retta mot barn og unge, men statistikken fortel lite om kven av barna og dei unge som bruker tilbodet. Det er eit mål å innrette scenekunsttilbodet slik at det når eit mangfald av barn og unge over heile landet. For å få til dette må scenekunsten som blir tilbydd, vere relevant og representativ. Scenekunsten må presentere historier som barn og unge kan kjenne seg igjen i, sjå omtalen i kapittel 11.3.
Kulturrådet bidreg gjennom Kulturfondets støtteordningar til å stimulere til at det blir produsert og formidla scenekunst til barn og unge. Desse ordningane blir sette på som sentrale for at feltet skal utvikle seg vidare. I tillegg bidreg dei programmerande scenane og scenekunstinstitusjonane i stor grad med nyskapande produksjon og formidling av scenekunst, og fleire er tilbydarar av produksjonar til barnehagebarn.
Den kulturelle skolesekken (DKS) sikrar at alle elevar over heile landet har anledning til å oppleve eit scenekunsttilbod av høg kvalitet. Innspel til meldinga vitnar om at det er eit behov for å sikre eit kontinuerleg tilfang av nytt innhald i scenekunsttilbodet til barn og unge, spesielt i DKS. Scenekunstbrukets tilskottsordningar bidreg til å utvikle scenekunst for barn og unge, og fylkeskommunar og direktekommunar bidreg i ulik grad med å utvikle scenekunst for denne publikumsgruppa.
At scenekunstinstitusjonane og det frie feltet samarbeider meir, vil kunne stimulere til fornying og nyproduksjon i DKS. Å styrkje samhandlinga og dialogen mellom institusjonsteatera, det frie feltet og forvaltninga av DKS, for eksempel ved å invitere til innspel, fagsamtalar og felles deltaking på ulike visningsarenaer, vil kunne bidra til å styrkje arbeidet med å sikre eit nyskapande tilbod av scenekunst i DKS. Regjeringa har i budsjett for 2021 sett av 4 mill. kroner for å styrkje innhaldet i DKS-ordninga, deriblant scenekunst. Kulturtanken har fått i oppdrag å forvalte midlane, sjå kapittel 12.2.
Scenekunst blir vist på eit mangfald av arenaer, både innandørs og utandørs. Regjeringa vil halde fram med å leggje til rette for eit mangfald av scenekunstarenaer. Nye formidlingsmetodar, som oppsøkjande scenekunst eller digital formidling, bør prioriterast for at scenekunsten skal nå nye målgrupper.
Regjeringa vil
sikre at det blir utvikla relevant og representativ scenekunst for barn og unge gjennom gode støtteordningar for produksjon og formidling
11.7 Visuell kunst for og med barn og unge
11.7.1 Status
Vi lever i ein biletkultur, og nye generasjonar veks opp med omgivnader og kommunikasjonsformer som i stigande grad baserer seg på det visuelle. Tidleg visuell kompetanse er blitt ein viktig føresetnad for livsmeistring, ytringsmangfald og demokratiske rettar – både i og utanfor sosiale medium.
Det visuelle kunstfeltet er stort og samansett. Omgrepet visuell kunst bruker vi hovudsakleg i tydinga biletkunst og kunsthandverk. Men det inkluderer i tillegg blant anna kunstnarisk film/video og performance og dei estetiske og historiske aspekta ved design og arkitektur. Feltet omfattar både den visuelle samtidskunsten og kunstarven som finst i kunstmusea, og møte med samtidskunstnarar og samtidskunst på ei rekkje andre ulike formidlings- og visningsarenaer.
Medie- og kulturbruksundersøkelsen 2016 frå SSB viser at 35 prosent av barn og unge mellom 9 og 15 år var på kunstutstilling dei siste 12 månadene. Den kulturelle skolesekken (DKS) gir elevar møte med visuell kunst og hadde om lag 8 prosent av elevmøta på landsbasis i 2019. I DKS rommar omgrepet «visuell kunst» fagområda biletkunst, kunsthandverk, design og arkitektur, og dei omkring 800 årlege produksjonane tek alle tenkjelege former, blant anna kunstnarmøte, verkstader, museumsbesøk, visningar eller atelierbesøk.
11.7.2 Produksjon og formidling
Kulturfondets ordningar på det visuelle feltet rettar seg mot både enkeltkunstnarar, arrangørar og arenaer og bidreg til å stimulere til at det blir produsert og formidla visuell kunst. Alle ordningar innan visuell kunst er i prinsippet opne for prosjekt retta mot barn og unge. Det blir gitt tilskott til utstillingar og andre formidlingstiltak, kunstnardrivne visningsstader og kunstfestivalar, kunstfaglege publikasjonar og manusutvikling, kunstnarassistentordning, utstyrsstøtte til fellesverkstader og driftsstøtte.
Ifølgje evalueringane av Kunstløftet har kunstnarar på det visuelle kunstfeltet tradisjonelt sett ikkje jobba målgruppeorientert, men mange eksisterande produksjonar har potensial for å treffe barn og ungdom. I 2019 blei 2 prosent av den totale tildelingssummen frå Kulturfondet til feltet for visuell kunst gitt til prosjekt retta mot barn og unge. Dette året blei det utlyst 2 mill. kroner øyremerkte kunstprosjekt retta mot målgruppa.
Boks 11.9 Tenthaus
Tenthaus blei stifta i 2011 som ein kunstnardriven utstillingsstad og ei plattform for diskusjon, der ulike aktivitetar, kunst, undersøkingar, forsking og samtalar overlappar. Tenthaus arbeider med kunst og pedagogikk som bidreg til å styrkje mangfaldet, deltakinga og demokratiet i kunstfeltet, blant anna ved å leggje til rette for samarbeid mellom kunstnarar og skolar.
Minoritetsproblemstillingar dannar ofte utgangspunkt for kunstprosjekta. Tenthaus har utforska måtar å leggje til rette for stipendordningar for ungdommar (16–22 år) med migrasjonsbakgrunn og kort butid i Noreg for å rekruttere fleire frå denne gruppa inn i kulturlivet generelt. Ungdommane i ordninga blir medlemmer av ein redaksjon, produserer og vel ut tekst- og biletinnhald til ein publikasjon og får betalt for å delta i prosjektet.
Kunst i offentlege rom (KORO) produserer og finansierer stadsspesifikke kunstprosjekt både innandørs og utandørs over heile landet. KORO har gjennom 40 år blant anna produsert og gitt tilskott til eit stort tal kunstprosjekt i bygg og offentlege uterom som har barn og unge som sine primære brukarar. Eksempel er barnehagar, barne- og ungdomsskolar, vidaregåande skolar og universitet og høgskolar. KORO har òg laga kunst for barn og unge på sjukehus, barnehus, barne- og ungdomspsykiatriske institusjonar, fengsel, institusjonar for unge asylantar og flyktningar, bibliotek og andre kulturinstitusjonar.
I tillegg arbeider KORO med formidling av kunst til målgruppa småbarn til vaksen ungdom. Formidlinga blir gjord i eit samarbeid med verksemdene som har kunsten hos seg. KORO har ved ei rekkje anledningar vore involvert i tilrettelegging av læremiddel og undervisningsopplegg, der kunsten anten blir brukt i opplæring om andre tema eller sjølv er temaet for læring.
Nasjonalmuseet har Noregs største samling av kunst, kunsthandverk, design og arkitektur – frå antikken og fram til i dag. Barn og unge er ei prioritert målgruppe. Derfor jobbar dei med tiltak for å treffe behova til barn og unge, i utviklinga av det nye Nasjonalmuseet på Vestbanen i Oslo. Der ønskjer museet å ha kunst med barn, kunst for barn og kunst av barn.
Den nye bygningen vil gi heilt nye moglegheiter for å formidle, også til barn og unge. Blant anna kjem dei til å ha unike utstillingsrom og verkstader spesielt utvikla for barn, omvising på barn sine premissar og digitale tilbod til barn og unge i samlingsutstillinga. Museet har i tillegg teke mål av seg til å nå barn i heile landet gjennom innovative digitale, romlege og audiovisuelle løysingar, sjå boks 11.1.
Nasjonalmuseet hadde tidlegare rolla som nasjonal aktør for visuell kunst i DKS. Dei har kunna tilby utstillingsproduksjonar, med visingar, aktivitetar og deltaking tilpassa skolen, i tillegg til faglege kurs og seminar for formidlarar, kunstnarar og produsentar. Nasjonalmuseet speler framleis ei viktig rolle i ordninga og utviklar fysiske og digitale prosjekt som blir tilbydde heile landet.
KODE Kunstmuseer og komponisthjem er eit museum for kunst, kunsthandverk, design og musikk. KunstLab i KODE opna i september 2011. Det er Noregs første kunstmuseum spesielt tilrettelagd for barn og unge. I KunstLab kan barn og unge møte kunsten til museet på sine eigne premissar. Museet har ei stor utstilling kuratert for barn, fleire verkstader og eit laboratorium der dei kan utforske kunstvitskapen gjennom leik og eksperiment.
Museum, kunsthallar, kunstforeiningar og regionale kunstsenter er andre arenaer som bidreg til å formidle profesjonell kunst til barn og unge.
Den kulturelle skolesekken (DKS) er sentral i arbeidet med å formidle visuell kunst til barn og unge. For mange er skolen den einaste moglegheita til å få tilgang til det som finst av kulturtilbod. Det er mange aktørar som produserer og formidlar visuell kunst i DKS. Den største gruppa er enkeltkunstnarar som blir engasjerte i oppdrag direkte av fylka eller kommunane. Kunsthallar og regionale kunstsenter speler òg ei stor rolle som samarbeidspartnarar for DKS.
Boks 11.10 Visuell kunst og Den kulturelle skolesekken
Nordnorsk Kunstnersenter, Telemark Kunstsenter, Kunsthall Trondheim, Oslo Kunstforening og Fotogalleriet samarbeider om pilotprosjektet DKS-Lab. Inspirasjonskjelda er Nordnorsk Kunstnersenter, som har utvikla og arrangert «residency»-modellen Testlab UNG i fleire år der målet er å utvikle nye produksjonar for Den kulturelle skolesekken (DKS).
I modellen får kunstnarar som har ønskjer å utvikle eit prosjekt for barn og unge, anledning til å eksperimentere og få viktige erfaringar før dei søkjer seg inn til sjølve DKS-ordninga. Deltakarane får testa og evaluert produksjonane sine, og møter kompetanse på formidling, pedagogikk og dramaturgi.
11.7.3 Vurdering
Barn og unge skal møte eit breitt utval av kunstartar og uttrykksformer og sjansen til å få utvikle måten dei uttrykkjer seg sjølve på gjennom kunstnariske ytringar. Visuell kunst retta mot barn og unge må visast på mange ulike arenaer. Det gjeld gjennom digitale plattformer òg.
Kulturrådets tilskottsordningar og øyremerkte midlar har betydd mykje for å utforske spennvidda av kunstformidlinga for barn og unge. Det blir sett på som viktig å framleis støtte utviklinga på dette området. Arbeidet til Kulturtanken med det visuelle kunstfeltet, blant anna gjennom kunstfestivalen Øyepå, bidreg òg til å styrkje kompetansen og statusen blant det produserande kunstfeltet.
Regjeringa har i budsjett for 2021 sett av 4 mill. kroner for å styrkje innhaldet i DKS-ordninga, deriblant visuell kunst, slik det står om i kapittel 12.2. Arbeidet både Kulturrådet og Kulturtanken gjer, blir sett på som sentralt for å styrkje og utvikle det visuelle kunstfeltet for barn og unge vidare. Det gjeld òg Nasjonalmuseet og KOROs arbeid med kunst for barn og unge.
Å sikre at det framleis er gode arenaer rundt om i landet for å formidle kunst til barn og unge, både fysiske og digitale, er viktig. Museum, kunsthallar, kunstsenter og kunstforeiningar har i stor grad vore bevisste det unge publikummet og har særskilde satsingar for å nå dette publikummet. Dette er med på å gi meir formidling av visuell kunst til barn og unge.
Regjeringa vil
sikre at det blir utvikla kunstproduksjonar og formidlingsarenaer for visuell kunst retta mot barn og unge
sikre at barn og unge får møte kunst i blant anna museum, kunsthallar, KORO (Kunst i offentlege rom) og digitale arenaer
11.8 Kulturarv for og med barn og unge
11.8.1 Status
Kulturarven representerer den felles historia vår og medverkar til å skape identitet, innsikt, engasjement og tilhøyrsel. Å verne om kulturarven og vekkje interesse for denne og gjere han tilgjengeleg for barn og unge er ei statleg oppgåve og eitt av dei nasjonale kulturpolitiske måla.
Det er eit stort mangfald av aktørar som arbeider med kulturarv for barn og unge. Aktørane omfattar både profesjonelle og frivillige. Feltet rommar for eksempel større og mindre institusjonar innan museum, arkiv og bibliotek. Og det rommar store forlag og dokumentarfilmselskap og profesjonelle enkeltaktørar, frivillige organisasjonar og lokale entusiastar.
Dette mangfaldet speglar seg av i korleis aktørane nærmar seg temaa og formidlingsforma. Denne variasjonen gjer kulturarv spesielt spennande fordi det gir varierte måtar å formidle til og involvere barn og unge.
Omgrepet kulturarv omfattar den materielle sida av kulturarven, men òg levande tradisjonar og tradisjonell kunnskap som blir overførte frå generasjon til generasjon, gjerne omtala som immatriell kulturarv, eller handlingsboren kunnskap.
Dei levande tradisjonane og kunnskapen knytt til dei, blir førte vidare gjennom kreative uttrykksmåtar, som handverk, musikk, dans, mattradisjonar, ritual og munnlege forteljingar. Kulturrådet har ansvar for å sette i verk UNESCOs konvensjon om vern av den immaterielle kulturarven i Noreg og er Kulturdepartementets fagorgan på feltet. Formålet med konvensjonen er å auke respekten for og kunnskapen om immateriell kulturarv.
Gjennom Den kulturelle skolesekken (DKS) får skoleelevar møte både immateriell og materiell kulturarv. Både profesjonelle aktørar og frivillig sektor bidreg med kulturarv i DKS. I 2019 var publikumstalet 261 268, noko som utgjorde cirka 10 prosent av det totale publikumstalet i DKS dette året.
Ein kulturarvproduksjon i DKS kan vere omvising, verkstad, foredrag eller vandring. Dei kan gå føre seg på skolen, på museum, i bysentera eller på andre arenaer. Kulturarv i DKS gir eit rom for den store samtalen om kven vi har vore, og kvar vi kjem frå, men òg om kven vi er og vil vere framover, og at vi alle er historieskapande og definerer kva som skal vere kulturarven i framtida.
11.8.2 Produksjon og formidling
Mykje formidling av kulturarv til barn og unge er knytte til musea. Musea kan vere kunstmuseum, naturhistoriske museum, tekniske museum og kulturhistoriske museum. Gjennom å samle inn, ta vare på og byggje og formidle kunnskap om materielle og immaterielle spor frå fortida og samtida, bidreg musea til kunnskap, danning og kritisk refleksjon.
Musea skal gi både kunnskap og opplevingar, og dei skal vere tilgjengelege og relevante. Ei aktiv formidling er derfor sentralt både i eit demokratisk perspektiv og i eit allment kulturperspektiv. Musea er ein møteplass for eit breitt samansett publikum, og brukarundersøkingar viser at folk som bruker musea, oppgir det å gjere noko saman som ein sentral grunn.22 Musea er slik også sosiale arenaer for barn og unge, ofte saman med familie og andre nærståande personar.
Musea har historisk stått sterkt når det gjeld å formidle kulturarv til barn og unge. Samarbeidet mellom museum og skole har gjort musea til sterke formidlingsaktørar. Ifølgje rapporten Museum og skole. Fra folkeopplysning til kulturell skolesekk blei samarbeidet mellom museum og skole vanlegare og etter kvart meir systematisk i tida etter 1945. Det blei blant anna etablert skoletenester på fleire av musea der målet var å gi eit undervisningstilbod til barn og unge. Fleire av musea i landet etablerte stillingar som museumspedagogar, og Norsk Museumspedagogisk Forening blei etablert i 1976.23 Da Den kulturelle skolesekken (DKS) blei oppretta på starten av 2000-talet, rapporterte dei aller fleste musea om formidlingstiltak retta mot skoleelevar, om samarbeid med grunnskolen og om tilpassing til læreplanane til grunnskolen. DKS kom inn som eit tillegg til dei allereie eksisterande forbindelsane. Musea er òg tilbydarar av produksjonar i DKS. Om lag halvparten av tilboda innan kulturarv samarbeider DKS med eit museum om, både i kommunar og fylke.
Barn og unge stod for 2,2 mill. museumsbesøk i 2019. Dette utgjer 21 prosent av det samla besøket. Statistikk for museum med driftstilskott frå Kulturdepartmentet 2019 viser at musea legg stor vekt på å ha eit godt tilbod til det yngste publikummet og samarbeider med skolane om besøk og formidling. Same året hadde 79 prosent av musea ein plan for formidlinga retta mot barn og unge, mot 77 prosent i 2018. 821 800 barn deltok i organisert undervisning i 2019, mot 865 667 i 2018. Talet på barn og unge som har vore med på tiltak i regi av Den kulturelle skolesekken (DKS), var på same nivået som i 2018 med 238 000 besøkjande. 37 prosent av musea hadde internettbaserte pedagogiske tiltak for barn og unge, mot 35 prosent i 2018. Museumsmeldinga som blir lagd fram våren 2021, ser nærmare på musea som ein arena for læring.
For kulturarvformidling ligg det eit stort potensial i å utnytte nye digitale teknologiar. Mange museum og andre aktørar har allereie starta å utforske og prøve ut forskjellige formidlingsmodellar. Dette er grep som kan bidra til at barn og unge blir meir interesserte i å besøkje museum. Follo Museum (Museene i Akershus) har for eksempel lansert ei VR-oppleving der publikum kan gå inn i heimen til Roald Amundsen ved hjelp av VR-briller og ein app. Museet har inngått eit samarbeid med Kulturtanken og DKS Viken for å lage eit opplegg retta mot barn og unge i DKS.
Dei frivillige organisasjonane, mellom anna husflidslag, kystlag og folkemusikk- og folkedansorganisasjonar, rettar i stor grad aktiviteten sin mot barn og unge. Slik oppstår viktige erfaringsbaserte aktivitets- og læringsarenaer og møteplassar for overføring av kunnskap om kulturarven mellom generasjonane.
Mykje av formidlinga og aktivitetane ved musea er retta mot barn og unge, ofte i samarbeid med frivillige aktørar.24 Dette gjeld også musea som formidlar kulturarven til nasjonale minoritetar og dei samiske musea. Dei samiske musea har alle eit høgt tal besøk frå barn og unge, både i og utanfor DKS.
Bevisstheita om rettane til urbefolkninga, nasjonale minoritetar og andre minoritetar, er i stadig auke i samfunnet. Å stimulere til kunnskap om eigen kultur og historie kan vere positivt for dei unge. Den sterke interessa for samisk kunst og kultur, både nasjonalt og internasjonalt, verkar stadfestande for identiteten for samiske barn og unge.
Kulturrådet stimulerer til prosjektbasert arbeid med å bevare, dokumentere og formidle kulturar og levesett i Noreg. Her har musea og arkiva ei viktig rolle. Men det skjer i tillegg ein omfattande aktivitet utanfor dei etablerte institusjonane, der både profesjonelle og frivillige aktørar utfører viktig prosjektbasert arbeid for å auke kunnskapen om historie, kunst og samfunnsliv i Noreg.
Mange av aktørane som søkjer støtte til kulturvernprosjekt frå Kulturrådet, har barn og unge som målgruppe. Av midlane Kulturrådet hadde sett av til kulturverntiltak i 2019, gjekk 7,2 mill. kroner til prosjekt for barn og unge. Dette var 21 prosent av den totale avsetninga.
Kulturrådet forvaltar også tilskottsordningar for nasjonale minoritetar. Prosjekttilskottsordninga skal bidra til å styrkje språket, kulturen og identiteten til nasjonale minoritetar. Det er eit særleg mål å styrkje språk og identitet hos barn og unge.
Årsrapporten for Den kulturelle skolesekken (DKS) i 2019 viser at 74 prosent av alle kulturarvtilboda blir booka på kommunalt nivå. Det viser at det er eit stort engasjement for kulturarv på det lokale forvaltningsnivået. Merksemd om lokal historie, lokale kulturminne og lokale handverkstradisjonar er ofte utgangspunktet for kulturarvsproduksjonar i DKS. Dette har gitt eit stort mangfald i tilboda, men òg stor variasjon når det gjeld profesjonalitet i formidlinga, særleg utanfor musea. DKS har vore oppteken av profesjonalisering av heile kulturarvfeltet i ordninga. Eitt av tiltaka for å få til dette er møteplassen Spor – arena for kulturarv i Den kulturelle skolesekken, som Kulturtanken er medarrangør av.
11.8.3 Vurdering
Når barn og unge får møte både immateriell og materiell kulturarv, får dei moglegheita til å forstå meir av samfunnet dei er ein del av. Regjeringa vil framleis leggje til rette for gode ordningar for å føre vidare kulturarv til barn og unge.
Musea når eit stort tal barn og unge i skolealder gjennom å samarbeide med skolane, det frivillige kulturlivet og Den kulturelle skolesekken. Musea bidreg dermed i stor grad til å formidle mykje av kulturarven gjennom tilrettelagde produksjonar for den unge målgruppa.
Samtidig er det ei utfordring å nå alle barn og unge. Utgifter som inngangspengar gjer at barn og unge stort sett bruker musea saman med familien. Regjeringa vil utrede moglegheiter for rabattordningar for barn og unge hos institusjonane som får tilskott via Kulturdepartementets budsjett, sjå kap. 7.3. Dette vil kunne gjere musea attraktive som møteplass for den unge målgruppa, som i større grad ønskjer å oppleve kultur saman med venner.
Den kulturelle skolesekken (DKS) gir barn og unge over heile landet anledning til å bli kjende med kulturarv. Kulturarv i DKS blir i stor grad forvalta lokalt. Kulturarvformidlinga lokalt og regionalt nyttar kompetansen frå musea i betydeleg grad. Regjeringa vil sjå nærmare på korleis museum i det nasjonale museumsnettverket med fleire kan givast oppgåva med å hjelpe med kompetanseheving og rettleiing til det frie feltet, skolen, andre kommunale einingar og tilsette i kommunen som arbeider med kunst- og kulturformidling i DKS. Slik vil kompetansen som musea har til å formidle kulturarv til barn og unge, også komme aktørar utanfor musea til gode.
Regjeringa har i budsjettet for 2021 sett av 4 mill. kroner til å styrkje innhaldet i DKS-ordninga, slik det står omtalt i kapittel 12.2. Midlane skal forvaltast av Kulturtanken og fordelast til fylkeskommunane. Midlane skal bidra til å styrkje blant anna kulturarvtilbodet i DKS, gjerne i samarbeid med kommunar, museum og andre relevante aktørar. Regjeringa ønskjer med midlane også å stimulere til at det blir utvikla nye måtar å formidle både kulturarv og andre kulturuttrykk på.
Regjeringa vil
sikre at kulturarv blir vidareført til barn og unge
vurdere å gi utvalde museum eit utvida mandat til å hjelpe med kompetanseheving og rettleiing til relevante aktørar innanfor DKS
11.9 Levande bilete for og med barn og unge
11.9.1 Status
Levande bilete i ulike former kan vere ein døropnar for ulike måtar å oppleve historier på. Dei kan spegle livet til barn og unge og samfunnet vi lever i. Kunnskap om levande bilete er ein viktig del av den kulturelle danninga til barn og unge. Historiene som blir fortalde gjennom norske kortfilmar, dokumentarfilmar, spelefilmar, norske dataspel og utanlandsk kvalitetsfilm, gir barn og unge eit perspektiv dei ikkje får gjennom den dominerande kommersielle kulturen dei har mest erfaring med.
I dag har barn og unge tilgang til ulike former for levande bilete på ei rekkje ulike plattformer i mange ulike samanhengar – alt frå storproduksjonar i kinosalen til TikTok-videoar på mobiltelefonen. I praksis betyr dette at levande bilete – i ei eller anna form – er tilgjengelege nærmast døgnet rundt. Levande bilete er derfor eit kulturuttrykk som så og seie alle barn og unge har eit forhold til.
Ulike kultur- og mediebruksundersøkingar viser at barn og unge er storforbrukarar av digitale plattformer, også når det gjeld strøyming av levande bilete, inkludert film og tv-produksjonar. SSBs mediebruksundersøkelse viser at 92 prosent av 9–15-åringane brukte internett ein gjennomsnittsdag i 2019. Gjennomsnittleg bruk var 152 minuttar. Tilsvarande brukte 9–15-åringar 73 minuttar på digitale spel og 43 minuttar på tv ein gjennomsnittsdag i 2019. Og dertil strøymer 85 prosent av barn mellom 3 og 11 år og 94 prosent av ungdom mellom 12 og 19 år tv kvar dag, ifølgje Kantar TNS’ rapportar Mediebarn og Medieungdom.25
Tal frå Medietilsynets Barn og medier 2020 viser at 86 prosent av 9–18-åringane speler spel på pc, Playstation, mobil, nettbrett eller liknande. Ser vi nærmare på tala, var det 96 prosent av gutane og 76 prosent av jentene som spelte spel. Medietilsynets Barn og medier-undersøkingar fortel at det sidan 2010 har vore ein markant auke i tida som blir brukt på speling, spesielt blant jentene.
Vi viser elles til beskrivinga av kultur- og mediebruken til barn og unge under kapittel 3.2 og den digitale kvardagen til barn under kapittel 13.2.
Den kulturelle skolesekken (DKS) er ein viktig inngang for film i skolen. Gjennom DKS får elevane oppleve film som kunstnarisk uttrykk i skolekvardagen, blant anna gjennom filmforteljingar som speglar av livet til barn og unge og samfunnet dei lever i. Elevane får møte filmskaparar og ulike filmsjangrar som dokumentar, kortfilm, spelefilm og animasjonsfilm. Filmformidlinga i DKS bidreg òg til kunnskapen elevane har om bruk av verkemiddel, og ho styrkjer den kritiske tenkinga rundt audiovisuelle forteljingar. Dei får sjå og oppleve filmkunst og får ei teoretisk og praktisk innføring i film som visuelt medium. Årsrapporten for DKS for 2019 viser at cirka 9 prosent av alle elevmøte på landsbasis handlar om film.
11.9.2 Produksjon og formidling
Norsk filminstitutt
Norsk filminstitutt (NFI) er forvaltningsorganet til staten på området film og dataspel. I 2019 fordelte NFI 519 mill. kroner frå filmfondet. Alle tilskottsordningane til NFI prioriterer barn og unge som publikumsgruppe, innanfor tilskott til å utvikle, produsere og formidle audiovisuelt innhald.
I 2019 tildelte NFI totalt 131 mill. kroner i produksjons- og etterhandstilskott til filmar retta mot barn og unge, fordelte på totalt 20 filmar.26 Det svarte til cirka 31 prosent av dei totale tilskotta. I tillegg til dette får barne- og ungdomsfilmar prioritet i tilskottsordninga for lansering, og i 2019 blei det gitt lanseringstilskott på 28 mill. kroner til 21 norske kinofilmar. Av desse 21 filmane var 9 barnefilmar, som da samla fekk 46 prosent av det totale tilskottet. Barn og unge er elles ei prioritert målgruppe i alle ordningar for tilskott til filmformidling, inkludert tilskott til festivalar som rettar seg til barn og unge.
Evalueringa av tilskottsordningane i 2020 har konsentrert seg om korleis norsk produksjon kan tilpasse seg betre til endringar i marknaden og gjeldande filmpolitiske mål og slik skape rom for god utvikling uavhengig av sjanger eller format. Ny forskrift gjeldande frå mars 2021 har utvida føresegna for etterhandstilskottet til også å gjelde ungdomsfilm. Bakgrunnen for dette er at NFI ønskjer å stimulere til meir produksjon av ungdomsfilm. Definisjonen av barnefilm ved utmåling av etterhandstilskottsutbetaling blir derfor utvida til barne- og ungdomsfilmar. Dette er definert som filmar med primærmålgruppe under 18 år. Målet er at dette skal gi fleire ungdomsfilmar, med et større tematisk mangfald, som igjen gir grunnlag for eit større publikum.
I forlenginga av dette arbeidet og i tråd med føringar om talentutvikling og mangfaldsrekruttering blir det òg planlagt å utvikle ein eigen strategi for NFIs satsing på barn og unge.
NFI tildeler dessutan tilskott til å utvikle norske dataspel. Tilskottsordninga skal stimulere til utvikling av eit breitt og variert tilbod av norske spel innan ulike sjangrar og til ulike målgrupper. Ordninga skal vidare stimulere til at spela når eit stort publikum, både nasjonalt og internasjonalt, og bidra til at barn, unge og vaksne får tilgang til spel på norsk. I 2019 blei det tildelt 23,5 mill. kroner i tilskott til å utvikle dataspel retta mot barn og unge.
I 2019 løyvde NFI 1,29 mill. kroner til innkjøp av spel. Totalt blei det kjøpt inn åtte speltitlar. Av desse passar dei fleste for yngre barn, og tre passar for spelarar over tolv år. Innkjøpsordninga gjer det mogleg for bibliotek å tilby nye spel av høg kvalitet.
Ny forskrift gjeldande frå mars 2021 opnar for tilskott til å formidle dataspel og til kompetansehevande tiltak for formidlarar av dataspel. Tilskottet til formidling skal bidra til breidde og kvalitet i dataspeltilbodet for vaksne og barn og stimulere dataspelkulturen i Noreg. Ei aktiv og brei formidling skal stimulere til spel som arena for fellesskap og sosiale nettverk, og NFI kan gi tilskott til spelarrangement med barn og ungdom som målgruppe.
Tilskottet til kompetansehevande tiltak skal blant anna bidra til at barn og unge blir reflekterte og kritiske brukarar av audiovisuelle uttrykk. NFI ønskjer blant anna å styrkje representasjonen av spel og film, slik at desse kunstformene får ein breiare representasjon i Den kulturelle skolesekken (DKS). NFI innfører derfor tilskott til utviklingsprosjekt for film og spel, som kan søkjast om for opptak i DKS.
Formidling
Gjennom Cinemateket i Oslo arrangerer NFI filmvisningar og filmverkstader for barn og unge. Dei regionale cinemateka og Norsk Filmklubbforbund har ei avgjerande betydning for å oppnå NFIs mål om at barn og unge i heile landet blir reflekterte og kritiske brukarar av film. Gjennom å vise sentrale verk frå filmhistoria i ein kuratert kontekst er dei viktige bidragsytarar til den filmkulturelle danninga for barn og unge.
Cinemateka i Bergen, Trondheim, Tromsø, Kristiansand, Lillehammer og Stavanger har alle aktivitetar retta mot barn og unge og forskjellige typar samarbeid med Den kulturelle skolesekken (DKS), lokale filmklubbar og lokale kulturhus som ein del av verksemda si. Det er over 20 barnefilmklubbar i Noreg organiserte gjennom Filmklubbforbundet. NFI er ein viktig bidragsytar til cinemateka og verksemda til Filmklubbforbundet og løyvde til saman 8,6 mill. i driftstilskott til desse verksemdene i 2019.
Innkjøpsordninga for film til biblioteka har som formål at publikum får tilgang til norsk kortfilm og dokumentarfilm av kunstnarisk og/eller kulturell verdi. I 2019 blei det kjøpt inn 68 filmar for 1,9 mill. kroner. Av desse har 19 filmar barn og unge som målgruppe. Filmbib er NFIs teneste for å vise fram filmar kjøpte inn gjennom innkjøpsordninga. Strøymetenesta er tilgjengeleg for alle som er lånarar ved norske bibliotek, og filmane er klarerte for bruk i undervisning. I 2020 blei det registrert over 30 000 visingar gjennom tenesta.
NFIs tilskott til filmfestivalar skal bidra til breidde og kvalitet i filmtilbodet både for vaksne og barn og stimulere filmkulturen i Noreg. Dei aller fleste filmfestivalane har eigne program som er dedikerte til barn og unge, gjerne i samarbeid med skolen og Den kulturelle skolesekken. For dei store festivalane utgjer skolebesøka ofte opp mot 20 prosent av besøket. I 2019 blei det tildelt over 20 mill. kroner til 21 filmfestivalar i Noreg. Blant desse finst det festivalar som utelukkande er meinte for barn og unge: Barnefilmfestivalen, Amandus, TIFF jr. og Laterna Magica.
Boks 11.11 Filmfestivalar
Barnefilmfestivalen er unik når det gjeld størrelse og posisjon, og er ein av Kristiansands lengstlevande festivalar. Festivalen er det største kulturarrangementet av sitt slag for barn og unge i Noreg og viser film frå heile verda for barn og ungdom i landet vårt. Cirka 18 000 besøkjer festivalen kvart år. I 2019 fekk Barnefilmfestivalen 1,5 mill. kroner i driftstilskott frå NFI.
Amandusfestivalen har vore arrangert sidan 1987 og har etablert seg som den største og viktigaste møteplassen for unge filmskaparar i Noreg. Festivalen blir halden årleg i Lillehammer veka før påska, og over 600 ungdommar frå heile Noreg reiser hit for å delta på kurs, seminar og vising av filmar laga av og for ungdom. I 2019 blei Amandusfestivalen tildelt 1,2 mill. kroner i driftstilskott frå NFI.
Dei regionale filmsentera
Tilskottsmidlane dei regionale filmsentera får, blir finansierte over statsbudsjettet.27 Dei regionale filmsentera har som formål å utvikle ein regional filmkultur ved å byggje opp talent og utvikle og profesjonalisere filmbransjen. Dette gjer dei gjennom å gi tilskott til utvikling og produksjon. Filmsentera arbeider òg med å styrkje filmkompetansen blant barn og unge i regionen.
Frå 2020 overtok filmsentera ansvaret for regionale filmkulturelle tiltak i sin region. Regjeringa har lagt opp til ei evaluering av dei regionale filmsentera i 2021.
Internášunála Sámi Filbmainstituhtta / Internasjonalt Samisk Filminstitutt (ISFI) arbeider for å styrkje samisk film i heile Sápmi og opererer samtidig innan eit globalt nettverk av filmarbeidarar innan urfolksfilm. ISFI samarbeider blant anna med NRK for å utvikle samiske dramaseriar for barn. Dei har òg initiert dubbing til samisk med god støtte frå Sametinget.
ISFI samarbeidde med dei tre sametinga i Noreg, Sverige og Finland, i tillegg til Samerådet, om å dubbe Jikŋon2 / Frost2. På slutten av 2019 fekk filmen verdspremiere på lik linje med andre språkversjonar av filmen rundt omkring i verda. Dette blei svært godt teke imot i det samiske samfunnet, ikkje minst blant barnefamiliane. Prosjektet har generert fleire versjoneringsprosjekt til dei samiske språka.
NRK
NRK er ein viktig fellesinstitusjon som bidreg til betre kommunikasjon og auka gjensidig respekt og forståing i samfunnet. Eit sterkt NRK med breitt innhald av høg kvalitet som er tilgjengeleg for heile befolkninga, er derfor eit av dei viktigaste mediepolitiske verkemidla vi har.
Norsk innhald er i dag utsett for langt større konkurranse enn tidlegare. Derfor blir NRK stadig viktigare for å fremje norsk innhald, kultur og språk, både bokmål, norsk og nynorsk. NRK skal òg ha program for nasjonale og språklege minoritetar.
NRK har som del av samfunnsoppdraget sitt å formidle innhald på norsk til barn og unge. Oppdraget er nedfelt i NRK-plakaten, som inngår i vedtektene til selskapet:
§ 22 NRK skal fremme barns rett til ytringsfrihet og informasjon, og skjerme barn mot skadelige former for innhold. NRK skal ha norskspråklige programmer for barn under 12 år, jevnlige norskspråklige programmer for unge, og jevnlige programmer for barn og unge på de samiske språkene. […]
§ 34 NRK skal ha daglige norskspråklige programmer for barn under 12 år. […]
§ 50 NRKs tjenester på Internett skal samlet i levende bilder, lyd og tekst i det minste inneholde et løpende oppdatert tilbud av: […]
Egenutviklet innhold for barn og unge.
Sidan 2007 har NRK oppfylt dette oppdraget først og fremst gjennom NRK Super. NRK Super har ansvaret for innhaldsproduksjon, publisering, innkjøp av internasjonalt innhald og teknisk utvikling av plattformene sine. Dei har til kvar tid cirka 30 innhaldsprosjekt i produksjon. Dei produserer alle sjangrar – frå små nyheitsklipp til store dramaseriar. Visjonen til NRK Super er: «Det sterkeste fellesskapet for alle barn i Norge». Målet med produksjonane deira er
at alle barn skal kunne identifisere seg i det dei ser
å gi barna ei stemme
å gi barna kunnskap
å gi verktøy for sosial meistring
å inspirere til å ta sosialt ansvar
å skape gode fellesopplevingar for både barn og familiar
å skape god underhaldning undervegs
NRK har som offentleg allmennkringkastar eit særskilt oppdrag om å fremje norsk og samisk kultur, identitet og språk og skal reflektere det mangfaldet av identitetar og kulturar som Noreg rommar. Dei skal ha jamlege program for barn og unge på alle dei samiske språka. I 2019 sende NRK Super barneprogram på samisk måndag til fredag frå klokka 17.00 til 17.15. Mánáid-tv blei òg send på laurdagar og søndagar. I tillegg ligg alt innhaldet på samisk til barn tilgjengeleg digitalt i nettspelaren på nrksuper.no. Av alt innhald på NRK Super var 2 prosent samisk i 2019. I tillegg til dette har NRK òg eit jamleg program på radio for ungdom på samisk.
NRK har etter vedtektene også eit ansvar for å «ta hensyn til funksjonshemmede ved utformingen av sitt tilbud». Dette inkluderer barn og unge med funksjonsnedsetjingar. Ansvaret er utdjupa i kringkastingslova og forskriftene til lova, som inneheld meir konkrete krav om teksting, teiknspråktolking, synstolking mv.
Medietilsynet fører årleg tilsyn med at NRK etterlever krava i NRK-plakaten, og resultatet presenterer dei i ein rapport om allmennkringkasting.
Boks 11.12 BlimE-dansen
BlimE-dansen har gjennom ti år vore NRK Supers vennskapskampanje, og kvart år presenterer NRK ein ny BlimE-låt- og dans. NRK har tidlegare fått kritikk for at dansen ikkje inkluderer alle barn, sidan koreografien ikkje har vore utforma for personar med funksjonsnedsetjing. Frå 2019 har NRK teke tak i dette og lagar koreografi som gjer det mogleg for barn med funksjonsnedsetjing å delta på lik linje med andre barn. Dei har dessutan laga ein teiknspråkversjon av songen.
Kommersiell allmennkringkasting
TV 2 starta sendingane sine 5. september 1992, etter at Stortinget i 1990 opna opp for at det kunne etablerast eit reklamefinansiert alternativ til NRK. Konsesjonen som blei tildelt TV 2, gav einerett til å drive riksdekkjande reklamefinansiert fjernsyn i bakkenettet. Til denne eineretten var det knytt vilkår om lokalisering, finansiering av selskapet, eigarforhold, programinnhald og dekning.
26. september 2018 inngjekk Kulturdepartementet ein avtale med TV 2 om å levere kommersiell allmennkringkasting. Staten kompenserer for nettokostnadene knytte til oppdraget med inntil 135 mill. kroner per år i fem år. I avtalen er det bestemt at TV 2 blant anna skal tilby norskspråkleg barne-tv og program for unge.
Som eit minimum vil TV 2 tilby norskspråkleg barne-tv kvar veke på laurdag og søndag og i høgtider, totalt 72 timar per år. Vidare vil TV 2 levere 20 timar program for unge kvart år. TV 2 vil bruke minimum 5 mill. kroner i året på program for barn og 5 mill. på program for unge. Norsk TV-meterpanel (Kantar TNS) for 2019 kunne vise at TV 2 hovudkanalen hadde eit gjennomsnittleg dagleg sjåartal på 11 prosent i gruppa 2–9 år og 19,9 prosent i gruppa 10–19 år.
11.9.3 Vurdering
Barn og unge skal få eit variert filmtilbod. Mangfald bidreg til å styrkje forståinga barn og unge har av seg sjølve og gir viktig innsikt i det samfunnet som omgir dei. Å skape og halde ved lag ei breidde og ein variasjon i tilbodet av kvalitetsfilm for barn og unge er derfor ei sentral utfordring i åra som kjem.
Barne- og familiefilmar sel ofte mange kinobillettar og gir dermed gode moglegheiter for inntening, både for produsenten av den enkelte filmen og for kinoane. Norske barnefilmar har dei siste åra stått for om lag 40 prosent av samla omsetning på kino.
Samtidig er det få originalskrivne barnefilmmanus som når fram til kinolerretet. Produksjonen av barnefilmar er hovudsakleg basert på velkjende univers. Noko av grunnen til dette er at sentrale tilskottsordningar stimulerer til at det blir produsert filmar som ein veit har stort publikumspotensial.
Gjennomgangen over viser at verkemidla vi har i dag, legg godt til rette for å produsere og formidle innhald til barn og unge. Dei legg òg til rette for at barn og unge er ei prioritert målgruppe både i Norsk filminstitutt (NFI) og NRK. Regjeringa ønskjer at dette framleis skal vere eit prioritert område.
Den kulturelle skolesekken (DKS) bidreg til at barn og unge møter film i skoletida. Den Store Skolekinodagen i regi av Film & Kino og filmstudiearkene som NFI utviklar, gir òg viktige bidrag til filmformidling i skolen.
Mange aktørar har etterlyst eit betre koordinert filmformidlingstilbod i skolen. Rapporten Et skoleløft for filmen – hva, hvorfor og hvordan? (2019) ser på moglegheitene for eit større løft for å formidle film til skoleelevar i Oslo og anbefaler blant anna eit betre koordinert samarbeid med DKS.28 Dette vil òg vere eit naturleg utgangspunkt på nasjonalt nivå.
Kulturtanken har sett i gang eit arbeid for å styrkje film som kulturuttrykk i DKS. Blant anna skal dette skje gjennom eit tettare samarbeid med NFI og gjennom å arrangere årlege fagsamtalar om film i DKS. Her skal fylke, kommunar, nasjonale og regionale institusjonar, fagforeiningar og leverandørar diskutere forvaltningsspørsmål. NFI vil frå 2021 leggje til rette for ei tilskottsordning som skal støtte utviklinga av filmtiltak i DKS.
Ei utfordring filmen som kunstform har i møte med skolen, er at mange tenkjer på film som underhaldning. For å bøte på dette har NFI over lengre tid laga pedagogiske filmstudieopplegg til norske og utanlandske filmar til bruk i undervisninga. NFI ser behov for å vidareutvikle dette tilbodet til eit digitalt læringsverktøy for bruk av levande bilete i skolen. Regjeringa har i budsjettet for 2021 sett av 4 mill. kroner til digitale satsingar på barne- og ungdomskulturfeltet. 1,5 mill. kroner av midla fordelast til NFI for å arbeide med utvikling av eit slikt tilbod. NFI og Kulturtanken får i oppdrag å samarbeide om ei løysing for å vidareutvikle dei pedagogiske opplegga som finst for filmformidling i skolen i dag. Målet er å samordne arenaene og verktøya for dei ulike kulturuttrykka, sikre effektiv ressursbruk og skape eit felles digitalt inngangsparti for kultur for skolen.
Regjeringa vil
sikre at det blir utvikla og produsert levande bilete av høg kvalitet til barn og unge gjennom verkemiddel som Norsk filmfond, dei regionale filmsatsingane og NRK
styrkje arbeidet med filmformidling i skolen gjennom Kulturtanken og Norsk filminstitutt sitt arbeid
12 Den kulturelle skolesekken
Den kulturelle skolesekken (DKS) er ei unik ordning. Det er eit kulturtilbod som har alle elevane i skolen som publikummet sitt. DKS bidreg til å sikre at barn og unge over heile landet får kunst- og kulturopplevingar. Kunstnarar og kulturformidlarar møter barn og unge på ein kjend stad i kvardagen deira, eller let barn og unge få delta og oppleve kunst og kultur på scenar og i rom, bygningar og andre tilrettelagde lokalitetar for kunst- og kulturformidling i nærmiljøet sitt.
DKS er eit samarbeid mellom kultursektoren og utdanningssektoren på statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå. For at barn og unge skal få eit godt tilbod, må alle som er involverte i ordninga jobbe aktivt for at elevane møter kunst og kultur som er relevant for livet og skolekvardagen deira, og som bidreg til danninga og utdanninga deira. Samarbeid og samspel på tvers er viktig på alle forvaltningsnivåa for å få ei felles forståing av ordninga og for å leggje til rette for at alle dei involverte aktørane jobbar for dei same måla.
Å leggje til rette for at samarbeidet og samhandlinga mellom kultursektoren og utdanningssektoren skal fungere best mogleg, er eit kontinuerleg utviklingsarbeid. Oppgåve- og ansvarsfordelinga mellom stat, fylkeskommune og kommune har utvikla seg over tid. Regjeringa foreslår eit breitt spekter av tiltak for å byggje opp under og styrkje arbeidet som gjennomførast av eit stort mangfald av aktørar.
12.1 Nasjonal ordning med lokal forankring
I løpet av 2019 fekk barn og unge til saman over 2,5 mill. unike kunst- og kulturmøte med opplevingar, refleksjon og læring gjennom Den kulturelle skolesekken (DKS). Dette gjer skolen til den største felles arenaen for å formidle og oppleve kunst og kultur, utanom ulike medium og digitale tilbod. Bak alle desse kunst- og kulturmøta stod meir enn 4 000 kunstnarar og kulturformidlarar som bidrog med heile 4 639 kunst- og kulturproduksjonar. Det gjer DKS til Noregs største arbeidsområde for kunstnarar og kulturformidlarar.
Grunnlaget for DKS blei lagt allereie i 1990-åra og har sidan ho blei etablert som ei nasjonal ordning i 2001, både hatt ei kulturpolitisk og ei utdanningspolitisk grunngiving og forankring. Regjeringa har gjennom fleire dokument beskrive utfordringar og utviklingsområde for kunst- og kulturtilboda for barn og unge og for DKS.
I St.meld. nr. 61 (1991–92) Kultur i tiden blei det presisert at barn og unge skulle få oppleve profesjonell kunst, og at barn skulle få bruke sine eigne kulturelle ressursar. Med handlingsplanen for dei estetiske faga og kulturdimensjonen i skolen, Broen og den blå hesten (1996), var det eit mål å styrkje samarbeidet mellom grunnskolen, nærmiljøet og kunst- og kulturinstitusjonane.29 Korleis DKS skulle vere innretta på nasjonalt nivå, blei lagt fram for Stortinget i St.meld. nr. 38 (2002–2003) Den kulturelle skulesekken og i St.meld. nr. 8 (2007–2008) Kulturell skulesekk for framtida. Frå 2008 blei vidaregåande skole òg innlemma i ordninga, slik at alle elevar i både grunnskolen og i vidaregåande skole skulle få oppleve kunst og kultur gjennom DKS.
Desse føringane har lege til grunn for korleis kommunane og fylkeskommunane utviklar og forvaltar DKS. Heilt sidan starten har det vore eit viktig prinsipp at fylkeskommunane og kommunane skulle få moglegheita til å utarbeide sine eigne kulturelle skolesekkar i samsvar med dei lokale og regionale føresetnadene og behova, og det skulle heller ikkje vere for sterk statleg styring.
Det har blitt gjennomført ei rekkje forskingsprosjekt og evalueringar av ulike delar av DKS.30 Mange undersøkingar er avgrensa til eitt eller fleire kunst- og kulturuttrykk i ordninga, som musikk, kulturarv eller scenekunst, og fleire tek opp spørsmål rundt kvalitet, det pedagogiske opplegget og elevmedverknad. Eit gjennomgåande funn er at den lokale forankringa av ordninga bidreg til eit mangfald av ulike skolesekkar. Dei lokale og regionale variasjonane er svært store både når det gjeld innhaldet som barn og unge får tilbod om i skolen, og korleis ordninga er organisert og administrert. Det blir ofte sagt at det finst like mange DKS-ordningar som det er kommunar og fylkeskommunar.
DKS er samla sett eit stort og svært sentralt tiltak for å sikre at barn og unge får eit likeverdig kunst- og kulturtilbod over heile landet. Dei viktigaste verkemidla staten har for å påverke DKS-ordninga er
dei nasjonale måla for ordninga
finansieringa frå spelemidlane til kulturformål
oppgåvene Kulturtanken har for å følgje opp ordninga på nasjonalt nivå
12.1.1 Nasjonale mål for Den kulturelle skolesekken
Det er brei politisk einigheit om at barn og unge skal få eit kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet uansett kvar dei bur i landet. Det er òg ein del av dei overordna verdiane og prinsippa for grunnopplæringa at elevane skal få oppleve eit variert spekter av kulturuttrykk gjennom tida si i skolen.31
Sentrale utfordringar er at det ikkje finst profesjonelle kunst- og kulturinstitusjonar som teater og orkester overalt i landet, og at tilbodet frå kunstnarar til barn og unge er skeivt fordelt. I tillegg til dei geografiske forskjellane heng kunst- og kulturbruken til barn og unge òg tett saman med den sosiale, kulturelle og økonomiske bakgrunnen foreldra har.
Den kulturelle skolesekken (DKS) er eit svar på desse utfordringane ved at han gir alle barn og unge eit gratis kunst- og kulturtilbod i skoletida. DKS-ordninga er det viktigaste verkemiddelet vi har for å unngå geografiske og økonomiske skeivskapar når det gjeld tilgang på og bruk av kunst- og kulturtilbod. Samtidig er det ei generell utfordring å sikre og ta vare på eit breitt og mangfaldig tilbod i DKS, som blir opplevd som relevant, og som representerer eit mangfald av tilbod og utøvarar. Det er behov for å styrkje kunnskapen om korleis DKS-ordninga bidreg til å realisere denne målsetjinga.
Verdigrunnlaget til skolen understrekar at kunst- og kulturopplevingar har ein eigenverdi. Innhaldet i dei ulike faga famnar breitt, og læreplanane er tett kopla til verdigrunnlaget. Koplinga mellom kunstnarane og utøvarane, skolen og lærarane og barn og unge må sjåast i denne konteksten. Sidan starten av DKS-ordninga har det blitt poengtert at ordninga er eit supplement til vanleg undervisning, og at tilboda ikkje må komme til å erstatte ei satsing på dei praktiske og estetiske faga i skolen. Kunst og kultur har ein sjølvstendig plass i danningsoppdraget skolen har.
12.1.2 Finansiering av ordninga
I 2003 blei det for første gongen løyvd midlar til Den kulturelle skolesekken (DKS) frå spelemidlane, og det var ein betydeleg auke dei første åra frå 60 mill. kroner i 2003 til 160 mill. kroner i 2005 (Bondevik II-regjeringa). I perioden frå 2013 til 2020 har andelen til ordninga over spelemidlane auka ytterlegare frå 200 mill. kroner til nærmare 290 mill. kroner (Solberg-regjeringa).
Spelemidlane som går til DKS, blir fordelte til fylkeskommunane og kommunane etter ein fordelingsnøkkel. Denne nøkkelen tek omsyn til elevtala i grunnskolane og dei vidaregåande skolane, dei geografiske avstandane og infrastrukturen. Det statlege tilskottet frå spelemidlane inngår som éi av fleire finansieringskjelder til gjennomføring av ordninga.
Kommunane og fylkeskommunane innrapporterer opplysningar om korleis DKS-ordninga blir finansiert lokalt og regionalt. Andelen disponible midlar har ifølgje denne rapporteringa auka frå 429 mill. kroner i 2017 til 548 mill. kroner i 2019. I tillegg til spelemidlane inkluderer dette eigenfinansiering frå kommunar og fylkeskommunar og enkelte andre inntekter, sjå figur 12.2.
Planlegginga, administrasjonen og organiseringa av DKS-tilbodet i kommunar og fylkeskommunar utgjer ein sentral del av ordninga. Det har vore eit prinsipp at spelemidlane ikkje skulle gå til administrasjon, så dette inngår som ein del av eigeninnsatsen til fylkeskommunane og kommunane i DKS. Talet på årsverk avsette til DKS er stipulert til rundt 290, av desse er rundt 100 på fylkeskommunalt nivå.
Eigenfinansieringa frå kommunar og fylkeskommunar har auka jamnt, med ein oppgang frå rundt 135 mill. kroner i 2017 til rundt 225 mill. kroner i 2019. Av desse var det i 2019 rundt 130 mill. kroner frå fylkeskommunar. Dette brukast blant anna til å støtte DKS-produksjonar. Utgifter til skyss er også noko som kommunar og fylkeskommunar bidreg til å dekkje med eigne midlar. Samla sett rapporterer kommunane og fylkeskommunane at dei totale utgiftene til skyss av elevar er 31,5 mill. kroner i 2019.
12.1.3 Nasjonal koordinering og samhandling
Ansvaret for forvaltninga av spelemidlar til Den kulturelle skolesekken (DKS) låg i byrjinga hos eit sekretariat i Norsk museumsutvikling/ABM-utvikling, deretter hos Norsk kulturråd og frå 2016 blei det lagt til Kulturtanken – Den kulturelle skolesekken Norge.
Kulturtanken er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Kulturdepartementet, med eit mandat for arbeidet med DKS-ordninga som er fastsett av Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet i fellesskap. Kulturtanken fordeler spelemidlane til DKS til fylkeskommunane og kommunane og gir i tilskottsbreva føringar for kva dei statlege midlane til DKS skal gå til. I tillegg til å forvalte dei statlege midlane til ordninga har Kulturtanken eit overordna ansvar for å sikre god ressursutnytting, effektiv forvaltning og tydelege og hensiktsmessige styringsstrukturar på alle forvaltningsnivåa. Kulturtanken skal hjelpe sentrale myndigheiter i kultursektoren og utdanningssektoren med råd og tenester i arbeidet med å realisere politiske føringar og skal sjølv ta initiativ til å styrkje nasjonale satsingar.
Samla sett har det etter etableringa av Kulturtanken vore ein reduksjon i løyvingane til oppgåveløysinga på statleg nivå, sjå tabell 12.1. Nærmare 60 mill. kroner blei omdisponerte frå den statlege løyvinga til tidlegare Rikskonsertene i 2017 slik at det ble ein tilsvarande auke i spelemidlane som blir overførte til fylkeskommunane og kommunane. Skolekonsertordninga blei avvikla i august 2018, og oppgåvene er no i heilskap overførte til fylkeskommunar og kommunar.
Tabell 12.1 Statleg løyving til Den kulturelle skolesekken, skolekonsertordninga og Rikskonsertene/Kulturtanken i perioden 2014–2019 (netto)
2016 | 2017 | 2018 | 2019 | Endring i beløp 2014–2019 | Endring i pst. 2014–2019 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Spelemidlar | 210 156 | 270 000 | 285 000 | 288 870 | 90 970 | 46,0 % |
Skolekonsert-ordninga | 43 026 | 10 022 | -3 059 | - | -43 509 | -100,0 % |
Rikskonsertene/Kulturtanken | 131 191 | 84 152 | 66 839 | 62 652 | -76 867 | -55,1 % |
I september 2019 blei det lansert ein felles digital portal for Den kulturelle skolesekken (DKS-portalen). DKS-portalen er eit tiltak for å forenkle det administrative arbeidet i samband med programmeringa av DKS. Denne portalen gjer det mogleg for utøvarane å melde inn forslag éin stad, med éin frist i året. Det er eit fagsystem for alle som jobbar med administrasjon av DKS. Portalen legg til rette for heilskaplege prosessar der opplysningar om forslag, utøvarar, produksjonar, turnear, skolar, elevtal med meir blir samla éin stad. DKS-portalen er venta å effektivisere forvaltninga betydeleg. Systemet gir i tillegg ei økonomisk innsparing for fylkeskommunane og kommunane, da dei slepp lisenskostnader til systema som dei brukte tidlegare, så lenge driftsutgiftene blir dekte innanfor løyvinga til Kulturtanken.
Alle fylkeskommunane bruker no DKS-portalen. Mange har opplevd ei mangedobling av innsende forslag til DKS-produksjonar. Dei fleste bruker også portalen til utveljing og programmering av tilbod, budsjettering, turnélegging og publisering av informasjon til skolane. Auka tilfang av utøvarar og produksjonar, i tillegg til betre oversikt og rutinar for programmering, gir eit betre tilbod til mottakarane av og målgruppa til DKS-tilboda – nemleg barna og dei unge.
På same måten som utøvarane har éin stad å sende inn forslaga sine, er det mogleg for skolane å finne informasjon om DKS-besøka éin stad, uavhengig om arrangøren er fylkeskommunen eller kommunen. For utøvarane i DKS er det utvikla ein eigen utøvar-app. Det er òg utvikla funksjon for eksterne fagråd i samband med vurderinga av innsende forslag. Arbeidet med å innlemme alle kommunane i DKS-portalen er i gang. Når alle fylkeskommunane og kommunane arbeider heilskapleg i fagsystemet, vil fullstendig rapportering om alt av aktivitet i ordninga skje via portalen.
12.1.4 Vurdering
Nasjonale mål
Regjeringa meiner det er behov for å oppdatere og vidareutvikle prinsippa og måla for DKS-ordninga som blei lagd fram i St.meld. nr. 8 (2007–2008) Kulturell skulesekk for framtida. Dei nye nasjonale måla for ordninga må spegle av kva som er politikken i dag på området. Dei må ta opp i seg dei sentrale utfordringane vi står overfor, for å sikre barn og unge eit likeverdig kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet over heile landet. Det er blant anna behov for å styrkje arbeidet DKS-ordninga gjer med mangfald, kvalitet, samarbeid og relevans. Det er òg ønskjeleg å synleggjere at barnehagebarn kan inkluderast i DKS-tilbod.
Dei nye nasjonale måla for Den kulturelle skolesekken tek utgangspunkt i måla og prinsippa frå St.meld. nr. 8 (2007–2008) Kulturell skulesekk for framtida. Dei er vidare forankra både i dei nasjonale kulturpolitiske måla og dei utdanningspolitiske måla som er uttrykte i læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020, sjå boks 12.1.
Boks 12.1 Nasjonale mål for Den kulturelle skolesekken
Den kulturelle skolesekken er ei nasjonal ordning som skal formidle kunst og kultur av høg kvalitet til barn og unge.
Den kulturelle skolesekken skal
vere eit gratis tilbod for alle barn og unge i grunnskolen og vidaregåande skole og skal tilbydast jamleg
sikre at barn og unge får eit likeverdig kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet, uavhengig av kvar dei bur, slik at dei kan gjere seg kjende med og utvikle forståing for eit variert spekter av kulturuttrykk
bidra til barn og unge si danning og utdanning, slik dette er formulert i overordna del og læreplanar i fag
formidle eit kulturtilbod som blir opplevd som relevant, og som representerer eit kulturelt mangfald av tilbod og utøvarar
vere eit samarbeid mellom kultursektoren og utdanningssektoren på alle nivå for å sikre god planlegging, forankring og tilrettelegging
bidra til å styrkje norsk språk, dei samiske språka, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk som grunnleggjande kulturberarar
bidra til å formidle kunst- og kulturtilbod til barnehagebarn
DKS skal framleis vere ei nasjonal ordning der kultursektoren og utdanningssektoren må samarbeide på alle forvaltningsnivåa til det beste for barn og unge. Formidlinga av tilbodet gjennom DKS skal skje på ein måte som sikrar at barn og unge får oppleve, gjere seg kjende med og utvikle forståing for profesjonelle kunst- og kulturuttrykk av alle slag. Formidlinga skal vere i tråd med verdiane og prinsippa i skolen slik at DKS bidreg til barn og unge si danning og utdanning.
Både kultursektoren og utdanningssektoren bidreg kvar for seg og i fellesskap til danning, kritisk tenking og demokratibygging. Dei to sektorane har ulike utgangspunkt for samfunnsmandatet dei skal forvalte, men dei skal samtidig trekkje i den same retninga.
Den statlege støtta til DKS-ordninga skal bidra til å sikre at alle barn og unge får moglegheita til å oppleve og gjere seg kjende med profesjonelle kunstnarar og utøvarar, uavhengig av kvar dei bur i landet. Det staten bidreg til DKS gjennom dei statlege midlane frå overskottet til Norsk Tipping AS og oppgåvene som er lagde til Kulturtanken, skal førast vidare. Statlege føringar og innsatsområde skal innrettast med sikte på å nå dei nasjonale måla med ordninga. Arbeidet skal gjennomførast i tett samarbeid og samspel med kommunale og regionale myndigheiter.
Lokal og regional forankring
For å nå dei nasjonale måla med DKS-ordninga må ei rekkje aktørar bidra både på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Kommunane og fylkeskommunane har ei avgjerande rolle og betyr mykje for det tilbodet som barn og unge får der dei bur. Utan at ordninga blir prioritert på lokalt og regionalt nivå, er det ikkje mogleg å nå dei nasjonale måla. Summert opp vitnar bidraga frå kommunar og fylkeskommunar om at eigarskapet til DKS-ordninga er godt forankra lokalt og regionalt. Samtidig er det betydelege forskjellar på lokalt nivå. Dette gjer at samarbeid og samhandling på regionalt og nasjonalt nivå er viktig for å ta i vare og sikre eit likeverdig tilbod av høg kvalitet til barn og unge over heile landet.
Overføringa av oppgåver frå staten til fylkeskommunar og kommunar har vore ei ønskt utvikling dei seinare åra. Vidare vekst og utvikling i DKS-ordninga vil vere avhengig av politiske prioriteringar på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Regjeringa forventar ingen auke i overskottet frå Norsk Tipping AS dei kommande åra, og det vil vere stramme økonomiske prioriteringar over statsbudsjettet. Kommunane og fylkeskommunane har eit sjølvstendig ansvar for å vurdere nødvendige justeringar og prioriteringar til ordninga innanfor rammeløyvinga.
Regionalt og nasjonalt samarbeid
Regionalt samarbeid bidreg til å sikre at barn og unge får eit likeverdig, breitt og mangfaldig DKS-tilbod over heile landet. Særleg dei minste kommunane og kommunar utan eit stort profesjonelt kunst- og kulturtilbod, har stor nytte av regionalt samarbeid. Dette føreset likevel at både kommunane og fylkeskommunane, saman og kvar for seg, kan og vil tenkje heilskapleg i å bruke ressursane som finst, på ein best mogleg måte. Det er betydelege forskjellar mellom både fylkeskommunane og kommunane med tanke på kva ressursar som blir sette av til DKS. Dette gjeld dei administrative strukturane for å følgje opp tilbodet lokalt og regionalt så vel som dei økonomiske rammene for å kunne støtte produksjon og utvikling av tilbod av høg kvalitet.
Fylkeskommunane har eit særleg ansvar for utviklinga av DKS. Dei forvaltar den største andelen av dei statlege midlane til ordninga, og dei tek ansvar for å tilby kommunane kunst- og kulturproduksjonar av høg kvalitet. Fylkeskommunane medverkar òg til å utvikle ordninga i kommunane, og dei har gjennom ordninga teke på seg eit ansvar for å samordne og utvikle tilboda regionalt.
Kulturtanken skal følgje opp og sikre utviklinga av DKS-portalen i dialog med dei ulike brukargruppene. Det skal òg prioriterast å sjå på nye moglegheiter for bruk av portalen slik at elevane kan involverast meir. I tillegg er det ei prioritering å sjå på tenester som forenklar det administrative arbeidet til kommunar og fylkeskommunar med for eksempel å rapportere inn nøkkelopplysningar om ordninga. Det kan blant anna vere aktuelt med ei løysing der vederlag for opphavsrettar blir forhandla fram samla for heile ordninga. Kulturtanken vil i samarbeid med fylkeskommunane vurdere eit slikt forslag med tanke på heilskapleg og effektiv forvaltning av ordninga.
Regjeringa vil
at Den kulturelle skolesekken skal vere ei nasjonal ordning der dei som jobbar med kultur og opplæring i staten, fylkeskommunen og kommunen, samarbeider for å sikre at barn og unge får oppleve, gjere seg kjende med og utvikle forståing for kunst og kultur i tråd med dei nye nasjonale måla med ordninga
føre vidare dei statlege midlane til Den kulturelle skolesekken frå overskottet til Norsk Tipping AS
at dei statlege pengemidlane til DKS skal bidra til å sikre at alle barn og unge får oppleve og gjere seg kjende med profesjonelle kunstnarar og utøvarar, uavhengig av kvar dei bur i landet, og uavhengig av om det finst få eller mange lokale kunst- og kulturtilbod der dei bur
halde på Kulturtanken som forvaltningsorgan med eit mandat for arbeidet med DKS-ordninga som er fastsett av Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet i fellesskap
vidareutvikle DKS-portalen som eit felles fagsystem for alle som jobbar med administrasjon av DKS, og leggje til rette for heilskaplege prosessar der opplysningar om ordninga blir samla på éin stad
12.2 Likeverdige tilbod av høg kvalitet
Den kulturelle skolesekken (DKS) skal vere eit gratis tilbod som blir tilbydd jamleg til alle barn og unge i skolen. Ordninga skal bidra til at barn og unge får eit likeverdig kunst- og kulturtilbod med høg kvalitet, uavhengig av kvar dei bur og bakgrunnen deira.
Fylkeskommunane og kommunane påverkar sterkt kva kunst- og kulturtilbod barn og unge får gjennom DKS. Det er dei som gir oppdraga til og inngår avtalane med kunstnarane og kulturarbeidarane som bidreg i ordninga, og det er dei som bestemmer korleis tilbodet skal veljast ut og presenterast for skolane.
Rapporteringa frå kommunar og fylkeskommunar viser spreiinga og variasjonane i ulike delar av landet og mangfaldet innanfor dei ulike kunst- og kulturuttrykka i ordninga. Ei samla framstilling vert presantert i dei årlege rapportane for DKS frå Kulturtanken. Rapporteringa for 2019 viser at elevane i grunnskolen får generelt fleire DKS-tilbod enn elevane i vidaregåande skole, sjå figur 12.3.
Oversikten viser at det i for eksempel Telemark og Troms er ei omtrent lik fordeling mellom grunnskolen og vidaregåande skole. Hordaland, Oslo, Rogaland og Østfold skil seg ut ved at dei rapporterer om færre kunstmøte i DKS enn gjennomsnittet for elevane både i grunnskolen og vidaregåande skole.
At det er forskjellar mellom dei ulike regionane, kan ha ulike forklaringar. Blant anna kan det vere at barn og unge blir tilbydde fleire kunst- og kulturopplevingar utanom DKS i område med mange tilbod, for eksempel i dei store byane. Tilsvarande kan det vere mindre av andre typar tilbod i område der talet på kunstmøte i DKS er høgt. Staten har tillit til at kommunane og fylkeskommunane sjølve vurderer korleis DKS-ordninga på best mogleg måte kan bidra til å gi barn og unge eit kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet.
Dei ulike kunst- og kulturuttrykka har forskjellige formidlingsformat. Desse blir reflekterte i variasjonar i talet på aktivitetar, arrangement og deltakarar, sjå figur 12.4.32
Både størrelsen på deltakargruppene og tida som blir avsett til arrangementa, varierer etter formidlingsforma og kunstarten. Tilbod innanfor scenekunst- og musikkfeltet har eit mykje høgare deltakartal per arrangement, som ofte er større framsyningar og konsertar. Arrangement innanfor visuell kunst og kulturarv har ofte eit deltakartal tilsvarande ein skoleklasse, og aktivitetane varer gjerne lenger. Kunst- og kulturuttrykka blir prega av endringane og utviklinga i samfunnet, for eksempel digitale medium og visuell kommunikasjon. Samtidig er det stor grad av kontinuitet. Talet på aktivitetar og arrangement med kunstartar i samspel har auka, og prosjekt med dataspel som kunst- og kuturuttrykk er prøvd ut, sjå boks 12.3.
Kulturtankens kartlegging av kvalitetsarbeidet i DKS-ordninga viser at det finnast ei rekkje ulike system for å sikre kvalitet i tilbodet gjennom blant anna programmerings- og evalueringsarbeid. Ulike kvalitetsvurderingar kjem også til uttrykk og blir inkluderte i kvalitetsforståingane omkring DKS-tilbodet. Dei aller fleste ønskjer å forbetre arbeidet med tilbakemeldingar og evalueringar, spesielt frå elevane, men dei saknar gode verktøy og metodar for å innhente tilbakemeldingar. I det vidare arbeidet vil Kulturtanken styrkje elevperspektivet og få til at elevane deltek meir i kvalitetsvurderingane. Det er med dette som bakgrunn etablert eit digitalt evaluerings- og tilbakemeldingsverktøy i DKS-portalen (ET-prosjektet), sjå boks 12.2.
At det blir skapt kunst og kultur som kan formidlast i DKS-ordninga, er avhengig av innsatsen frå ei rekkje aktørar. DKS-midlane staten fordeler til fylkeskommunar og kommunar, legg til rette for formidling av kunst og kultur som er produsert for barn og unge. Samtidig bidreg midlane til å sikre profesjonelle kunstnarar og kulturarbeidarar honorar for oppdraga i tråd med gjeldande avtaler. Ordningane til Kulturrådet og Norsk filminstitutt er ikkje særskilt innretta mot å støtte DKS-produksjonar, men har likevel svært mykje å seie for at det blir produsert kunst og kultur til barn og unge, slik det står i kapittel 11. Kulturrådet har dei siste åra sett ein auke av søknader som er kopla spesifikt til DKS innanfor fleire ordningar. Særleg gjeld det innanfor bestillingsverk og produksjonsstøtte til musikk. Norsk filminstitutt vil frå 2021 leggje til rette for ei tilskottsordning som skal støtte utviklinga av filmtiltak i DKS.
Vi har nasjonale visningsarenaer (marknader) for alle dei seks kunst- og kulturuttrykka i DKS (litteratur, kulturarv, film, visuell kunst, musikk og scenekunst). Dei ulike marknadene blir gjennomførte i samarbeid mellom fylkeskommunar, kommunar og Kulturtanken og samlar det frie feltet, institusjonar og DKS-ansvarlege. Her kan aktuelle DKS-produksjonar vise seg fram, og feltet utvekslar erfaringar.
Arena Film blei i 2018 etablert som ein nasjonal visningsarena for film i DKS og representerer eit viktig tiltak for å styrkje filmtilbodet i DKS. I 2019 var film kunstarten med færrast arrangement i DKS-ordninga. Det blei derfor gjort ein ekstra innsats for å nå ut med informasjon om DKS til filmskaparar, produsentar og distributørar via organisasjonane deira og via dei regionale filmsentra i forkant av søknadsfristen hausten 2020. Av innkomne forslag for skoleåret 2021–22 har det vore ein auke på 30 prosent på film.
Eit gjennomgåande innspel til denne meldinga er behovet for å styrkje innsatsen mot nyproduksjonar i Den kulturelle skolesekken (DKS). Å utvikle nye produksjonar er kostbart og tidkrevjande og det kan vere trygt å velje eit tilbod som er velkjent og godt utprøvd. Dette påverkar moglegheitene og vala som blir tekne om å utvikle nyproduksjonar. Kunstnarar og utøvarar er opptekne av at mangelen på produksjonsmidlar i fylkeskommunane fører til at det blir eit mindre mangfaldig tilbod i DKS.
Fylkeskommunane brukte rundt 8 mill. kroner i 2019 til å utvikle nyproduksjonar i DKS-ordninga.33 Enkelte fylke prioriterer å utvikle nyproduksjonar høgt, mens andre ikkje har brukt nokon midlar til dette. Hovudandelen av dei statlege midlane går til å dekkje utgifter til honorar og reise/diett/opphald til kunstnarane. Med auka honorarsatsar og kostnader er det behov for meir midlar for å halde på talet på kunstmøte på det same nivået. For å unngå eit redusert tilbod prioriterer derfor fylkeskommunane i mindre grad at det blir utvikla nye produksjonar. Konsekvensen av færre nye produksjonar kan på sikt bli at kvaliteten på tilbodet blir svekt.
Boks 12.2 Digitalt evaluerings- og tilbakemeldingsverktøy
Kulturtanken har teke initiativ til å utvikle eit digitalt evaluerings- og tilbakemeldingsverktøy tilknytt DKS-portalen som alle fylkeskommunane og kommunane skal kunne bruke (ET-prosjektet). Hensikta er å tilby ei felles løysing og eit konkret tilbakemeldingsverktøy i form av eit digitalt spørjeskjema. Dette svarer på noko av utfordringa med at fylkeskommunane og direktekommunane har ulike system og rutinar for å innhente tilbakemeldingar frå elevane.
Samtidig har det på nasjonalt nivå vore få moglegheiter for å samle tilbakemeldingane på DKS frå skole, elevar og utøvar. Tilbakemeldingsverktøyet var klart for bruk for skole og utøvarar i DKS-portalen hausten 2020, og i 2021 kjem tilbakemeldingsverktøyet til å bli utvikla vidare med å prøve ut ein chatbot som elevane kan gi tilbakemeldingane sine til.
12.2.1 Vurdering
Lokale og regionale variasjonar og mangfald er sette på som ei styrkje i ordninga. Kunst og kultur som er forankra lokalt og regionalt, kan bidra til at tilbodet som barn og unge får, blir meir aktuelt og relevant. I tillegg kan det bidra til at barn og unge, og andre òg, blir meir kjende med lokale og regionale kunstnarar og kulturarbeidarar. Dette er positivt. Samtidig er intensjonen med ordninga at det skal òg vere mogleg for barn og unge å få oppleve det beste vi har av kunst og kultur på nasjonalt nivå.
At det er kommunane og fylkeskommunane som styrer og forvaltar DKS-tilbodet, er viktig for at tilbodet skal vere best mogleg tilpassa lokale og regionale føresetnader og behov. Det er dei som kan ta dei nødvendige omsyna til variasjonar som geografi og befolkningssamansetjing og kva kunst- og kulturtilbod som er tilgjengelege lokalt og regionalt.
Måten ordninga er innretta på er i tråd med den overordna politikken frå regjeringa om å spreie makta og byggje samfunnet nedanfrå, der statleg detaljstyring og byråkrati skal reduserast og makt og myndigheit desentraliserast til lokalsamfunna og deira folkevalde. Dei statlege midlane til ordninga er eit verkemiddel for å stimulere til utvikling og støtte opp om arbeidet fylkeskommunane og kommunane gjer. I og med at fylkeskommunane har ansvaret for den regionale samfunnsutviklinga og planlegginga, er det viktig at dei legg til rette for samarbeid og samhandling med deltaking frå både lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Regjeringa legg til grunn at kommunane som får pengar frå staten til DKS-ordninga, bidreg i dette samarbeidet ut frå dei føresetnadene og behova som ligg til grunn for ordninga lokalt og regionalt. Kulturtanken vil òg ta aktivt del og bidra i dette samarbeidet for å leggje til rette for eit likeverdig kunst- og kulturtilbod til barn og unge over heile landet.
Kunst- og kulturuttrykk i ordninga
For å ta i vare og styrkje breidda og mangfaldet av kunst- og kulturuttrykk i DKS blir det opna opp for at kommunar og fylkeskommunar sjølve kan gjere lokale og regionale prioriteringar og setje i gang særskilte satsingar. For eksempel kan det vere behov for å prioritere arbeidet med eitt eller fleire kunst- og kulturuttrykk som er lite representerte i ordninga, eller ønskje om å utforske nye kunst- og kulturutrykk i ordninga. Dette kan både omfatte satsingar innanfor dei etablerte uttrykka, som film, kulturarv, litteratur, musikk, scenekunst eller visuell kunst. Eller det kan vere ønskjeleg å løfte fram arkitektur og design, tv-seriar eller dataspel og andre digitale tilbod der kunst- og kulturuttrykk har ei vesentleg rolle og betyr mykje for formidlinga og opplevinga.
Boks 12.3 Dataspel som kulturuttrykk
Kulturtanken arrangerte hausten 2019 ein nasjonal delingskonferanse om dataspel som kunst- og kulturuttrykk i DKS. Vidare gjennomførte dei ein pilot med det norske dataspelet My Child Lebensborn i samarbeid med DKS Oslo. Å styrkje kompetansen og kunnskapsgrunnlaget om dataspel som kunst- og kulturuttrykk i DKS er eit ledd i arbeidet med å utforske nye uttrykk som kan gi meir mangfald og breidde i ordninga. Barn og unge opplever dataspel i stor grad som rekreasjon eller konkurranse. Ved å ha dataspel i DKS blir det mogleg å introdusere elevar for andre opplevingar når dei speler. Det kan for eksempel vere å inkludere smalare speltitlar og dataspel som skapande verksemd. Gjennom ei ny utprøving av dataspel i samarbeid med DKS Rogaland og lærarutdanninga ved Universitetet i Stavanger er målet at den kunstfaglege formidlinga rundt dataspel i DKS skal styrkjast. Dette skal skje både gjennom konkrete formidlingsopplegg og eit overordna rammeverk for å formidle dataspel i DKS.
Styringa for bruken av dei statlege midlane til DKS-ordninga blir skissert i dei årlege tilskottsbreva om fordelinga av spelemidlar frå Kulturtanken til fylkeskommunane. Resultata og måloppnåinga blir følgde opp gjennom krav til rapportering og evalueringar. Den nasjonale DKS-portalen er eit sentralt verktøy for å samordne og forenkle rapporteringa frå kommunar og fylkeskommunar. I tillegg kjem eit digitalt evaluerings- og tilbakemeldingsverktøy til å vere eit viktig bidrag for å hente inn informasjon frå elevane og skolane om korleis ordninga fungerer.
Rapportering frå kommunar og fylkeskommunar er viktig for å kunne følgje den vidare utviklinga innanfor ulike kunst- og kulturuttrykk og samansetjinga av tilbodet som barn og unge får gjennom ordninga. Regjeringa vil derfor halde på krava til rapportering. Dette vil gi kunnskap om innhaldet i ordninga som kan brukast til å målrette innsatsen mot særskilde geografiske område eller gitte kunst- og kulturuttrykk.
Dette betyr at regjeringa fører vidare forventninga om at fylkeskommunane og kommunane prioriterer å gi barn og unge eit tilbod innanfor dei etablerte kunst- og kulturuttrykka. Det vil òg vere relevant å føre vidare andre satsingar og særskilde tiltak på nasjonalt nivå innanfor dei ulike kunst- og kulturuttrykka.
Målet er framleis at ordninga skal sikre barn og unge eit regelmessig tilbod innan ulike kunst- og kulturuttrykk på alle klassetrinna, og at DKS som eit minimum skal innehalde alle dei seks kunst- og kulturuttrykka litteratur, kulturarv, film, visuell kunst, musikk og scenekunst. Det vil likevel vere opp til den enkelte kommunen og fylkeskommunen å løyse dette.
Kvalitetsvurderingar av tilboda til barn og unge
DKS skil seg frå mange andre kunst- og kulturtilbod ved at tilbodet blir gitt i skoletida. Rammene for korleis skolane skal planleggje og kva innhald dei skal ha, er gitte gjennom Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa, læreplanar i fag og fag- og timefordelinga. I skolen og blant lærarane er det derfor naturleg å vurdere kvaliteten på DKS-tilbodet ut frå korleis det vert formidla til elevane og relevansen av tilbodet for opplæringa og måla i læreplanverket. Kunstnarane og kulturformidlarane har på si side diskursar og oppfatningar om kva som er kvalitet, med seg frå fagfeltet sitt. Det er viktig at ulike kvalitetsvurderingar av kunst og kultur blir snakka om og ope diskutert i DKS-ordninga. Det er óg behov for å drøfte og konkretisere korleis DKS-ordninga og innhaldet i skolen og samfunnsmandatet skolen har, kan verke saman. Dette betyr óg at vi må vurdere spørsmålet om relevans og representativitet særskilt for DKS-ordninga.
Regjeringa legg til grunn at fylkeskommunane og kommunane har eit system for å sikre at ordninga blir forvalta på ein god måte regionalt og lokalt. Både fylkeskommunane og kommunane må bidra for å utvikle nytt innhald av høg kvalitet som kan delast med andre i DKS-ordninga. Det er viktig å ha gode system og opne rutinar for å velje ut innhaldet som det gis tilbod om, som sikrar prinsippet om armlengds avstand. Personar med ulike kompetansar og erfaringar må involverast, og det må leggjast til rette for open dialog og samtale om kva forventningar og krav som blir lagde til grunn når dei skal velje ut kunsten. Slik må det vere for å sikre og ta i vare høg kvalitet, breidde og mangfald og for at ordninga skal kunne verke saman med måla om elevanes danning og utdanning i skolen. Diskusjonar og avvegingar om kvalitet må gjerast på ein systematisk og godt gjennomtenkt måte lokalt og regionalt.
Regjeringa meiner at den frie kunsten er grunnleggjande for danninga og utviklinga til barn og unge, og at dette ikkje er ei motsetning til målet for og innhaldet i skolen. Det er uheldig om verkeområdet til skolen og kunst- og kulturtilbodet gjennom DKS blir sette opp mot kvarandre.
Både kunstnarane og skolen vil vere tente med å samarbeide til det beste for barn og unge. På den måten vil vi kunne trekkje vekslar på kompetansen til både lærarane og kunstnarane for å nå fram til barn og unge med kunsten og kulturen. Slik kan elevane få moglegheita til å delta, medverke, stille spørsmål, undre seg og reflektere gjennom møta med kunsten og kulturen som DKS tilbyr.
Det er Kulturtanken som har i oppgåve å sikre og ta i vare kunnskap om ordninga på nasjonalt nivå, inkludert arbeidet med kvalitet og utvikling av gode system for å følgje opp og utvikle ordninga i tråd med dei nasjonale måla.
Utvikling av nye DKS-produksjonar
Det er behov for å styrkje finansieringa av nye DKS-produksjonar for barn og unge innanfor ulike kunst- og kulturuttrykk. Regjeringa er oppteken av maktspreiing og vil derfor gi fylka auka tilskott til å styrkje innhaldet i DKS med nye produksjonar. Fylkeskommunane har eit sjølvstendig ansvar for å programmere og bestille produksjonar i DKS. Ved å utvikle og bestille fleire nye produksjonar kan fylkeskommunane bidra til å styrkje DKS-tilbodet for barn og unge over heile landet.
I tillegg kan det fleire stader vere behov for å stimulere til samarbeid mellom regionale institusjonar som produserer kunst for barn og unge, og det frie feltet og frivillig kulturliv for å sikre at flest mogleg barn og unge får sett produksjonane deira. Det er avsett 4 mill. kroner til å styrkje innhaldet i DKS-ordninga i budsjettet for 2021. Kulturtanken skal fordele desse midlane til fylkeskommunane etter kriterium fastsett i dialog med departementet. Kulturtanken skal i tillegg hjelpe fylkeskommunane i arbeidet med å styrkje innhaldet i DKS-ordninga.
Regjeringa vil
at Den kulturelle skolesekken skal vere eit gratis kunst- og kulturtilbod med høg kvalitet som blir tilbydd jamleg til alle barn og unge i grunnskolen og vidaregåande skole
opne opp for at fylkeskommunar og kommunar gjer lokale og regionale prioriteringar når det gjeld kunst- og kulturuttrykk som er del av ordninga
ha som vilkår for å tildele statlege midlar at fylkeskommunane og kommunane har eit system for å velje ut innhaldet i ordninga der dei er opne om kva mål og omsyn dei legg til grunn
at Kulturrådet skal støtte produksjonar retta mot barn og unge, som også kan omfatte produksjonar som blir viste i DKS. Norsk filminstitutt og Kulturtanken skal samarbeide om å styrkje filmtilbodet i DKS
at Kulturtanken skal bidra i arbeidet med nasjonale visningsarenaer og i samarbeid med fylkeskommunane leggje til rette for at det blir utvikla nye produksjonar til DKS på regionalt nivå
at Kulturtanken skal føre vidare arbeidet med DKS-portalen og la elevane vere meir med i vurdering, evaluering og utvikling av tilbodet
12.3 Relevante og representative tilbod
Barn og unge har forskjellig bakgrunn og erfaringar. For at Den kulturelleskolesekken (DKS) skal kunne bidra til å skape ei fellesskapsoppleving rundt kunst og kultur, må innhaldet opplevast som relevant for ulike grupper av barn og unge.
I overordna del av læreplanverket blir det slått fast at eit godt samfunn er tufta på eit inkluderande og mangfaldig fellesskap, og at dei erfaringane elevane får i møte med ulike kulturuttrykk og tradisjonar, bidreg til å forme identiteten deira. I DKS-samanheng handlar det både om attkjenning og det å bli kjent med nye og kanskje framande kunst- og kulturuttrykk.
Det er ei målsetjing at utøvarane, produksjonane og apparatet elevane møter frå DKS, speglar det mangfaldige samfunnet vårt og synleggjer førebilete og rollemodellar for å bidra til eit inkluderande og mangfaldig fellesskap. Fylkeskommunane og kommunane har gjennomført mange aktivitetar for å sikre at ordninga speglar samfunnet, og har prioritert ulike satsingar i arbeidet med mangfald og inkludering, slik det står i DKS’ årsrapport 2019. Dette inkluderer
arbeid for å ha kunst- og kulturuttrykk med røter i eit mangfald av kulturar og tidsepokar på programmet
arbeid for å sikre mangfald gjennom sjangerbreidde og variasjon i kunst- og kulturuttrykk
DKS-utøvarane som speglar av heile befolkninga ved
at ulike bakgrunnar og kulturar er representerte
at det er ein god kjønnsbalanse
at det blir rekruttert utøvarar med minoritetsbakgrunn og opphav frå andre land
Det kan òg omfatte arbeid på institusjonelt og organisatorisk nivå gjennom korleis ein set saman råd og elevjuryar som kan påverke tilbodet i DKS-ordninga.
Arbeidet med mangfald og inkludering skjer også i stor grad gjennom produksjonar der ulike former for utanforskap blir tematiserte. Fleire vektlegg òg arbeid med å inkludere elevar med særskilde behov eller livssituasjonar gjennom eigne formidlingsopplegg.
Sidan 2017 har det vore ei målretta satsing på samisk i DKS som har hatt tre mål
å få fleire utøvarar med samisk bakgrunn
betre geografisk spreiing av samiske produksjonar
kunnskapsheving og bevisstgjering om det samiske i DKS-programmeringa
I tilskottsbreva til fylkeskommunar og kommunar blir det stilt krav om at samiske kunst- og kulturuttrykk skal vere ein integrert del av ordninga.
Årsrapporten for 2019 viser eit aukande og relativt høgt tal på samiske arrangement og aktivitetar, og at samiske kunstnarar og produksjonar innanfor alle dei seks kunstuttrykka er godt representerte i DKS. Samtidig er det framleis betydelege skeivskapar mellom regionane. At samiske innhaldsleverandørar får moglegheita til å utvikle sitt eige kunstnarskap, og at utøvarar med samisk bakgrunn får god informasjon om DKS-ordninga, har vist seg å vere viktige verkemiddel for å styrkje den samisk representasjonen i DKS.
Det er eit overordna mål å auke andelen produksjonar i DKS med nynorsk som målform. I 2020 blei det inngått ein samarbeidsavtale mellom Kulturtanken, tre fylke og Nynorsksenteret. Samarbeidet har som mål å få opp talet på nynorske produksjonar i DKS, auke den geografiske spreiinga av visningane, styrkje koplinga mellom DKS, norskfaget og overordna del av læreplanverket og å ta vare på språkleg mangfald og identitet.
Det er òg eit krav at barn og unge med nedsett funksjonsevne skal ha tilgang og anledning til å delta i DKS, og at fleire tilbyr tilrettelagde DKS-tilbod for elevar med nedsett funksjonsevne.
Deltakinga og medverknaden til barn og unge i DKS-ordninga har vore diskutert over lengre tid, og fleire arbeider systematisk med å involvere barn og unge i ulike delar av prosessen. Kulturtankens årsrapport for 2019 viser at dei fleste fylkeskommunane og mange kommunar let elevane medverke i DKS-tilbodet. Mange inkluderer elevar i faglege råd, arrangerer kurs for elevarrangørar eller involverer elevane på ulike måtar i formidlinga.
Å involvere elevane er med på å utvikle ordninga, kvaliteten på opplevinga og forståinga av kunst- og kulturuttrykk hos elevane. Elevane gir uttrykk for at formidlingsforma og ulike former for deltaking kan bidra til at kunstmøte blir opplevd som relevante. Det finst fleire eksempel på innovasjon og utvikling av kunstmøta i DKS der barn og unge blir involverte gjennom for eksempel breie medverknadsprosessar i forkant av framsyningane. Slik blir innhaldet meir relevant og engasjerande for målgruppa.
Seanse – senter for kunstproduksjon – viser til prosjektet #Ung kunst og skole som har som mål å bidra til innovasjon ved å prøve ut nye måtar for samarbeid, blant anna med vekt på å utvikle modellar for elevmedverknad i kunstprosessar over tid og hensiktsmessige samarbeidsstrategiar mellom kunstnarar, lærarar, skoleleiarar, skoleeigarar og kunstinstitusjonar.
Kulturtanken oppretta i 2017 eit eige ungdomsråd. Dette er eit rådgivande organ danna i samarbeid med Elevorganisasjonen, Ungdom og fritid og Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar. Mandatet til Ungdomsrådet er å hjelpe Kulturtanken med råd om ungdomskultur, trendar og teknologi og samarbeid mellom skole, elevar og DKS. Kulturtanken har i tillegg oppretta eit prosjekt om elevmedverknad som skal bidra til at elevane blir inkluderte som sentrale aktørar i DKS-ordninga og får medverke gjennom dialog, deltaking og innverknad.
Boks 12.4 FoNT – Formidlingsmodeller og ny teknologi
I prosjektet Formidlingsmodeller og Ny Teknologi (FoNT) har Kulturtanken i samarbeid med aktørar i DKS undersøkt og teke i bruk ulike teknologiar for å formidle kunst og kultur til barn og unge. Eksempel er virtuell verkelegheit (VR), utvida verkelegheit (AR), videosamtalar (telepresens), lokasjonsteknologi, maskinlæring og appar. Fleire av samarbeida har resultert i DKS-produksjonar. Eit eksempel på dette er piloten «Trylle på ekte» i Agder der videosamtaler blir brukte i langvarige og skoleintegrerte DKS-møte. Eit anna eksempel er «Så hyggelig», som er eit samarbeid med Bærum kommune der forfattar Christian Marstrander bruker VR og 360 film i litteraturformidling.
«Hvem er du?» er eit FoNT-samarbeid mellom Teatret vårt, Møre og Romsdal fylkeskommune og Kulturtanken der ei ny form for etterarbeid til DKS er blitt utvikla som eit interaktivt spel som engasjerer elevane til å delta på eiga hand. Konseptet er utvikla av dramaturg Cecilie Lundsholt, og spelet har følgt DKS-framsyninga «Lars er LOL» på turné i ulike delar av landet. Spelet set i scene ein «kunstig intelligens» som har teke namnet Marius, og let elevane sjølve få eigne erfaringar med å ta val. Slik skaper spelet rom for ein djupare refleksjon over mobbing som tematikk i «Lars er LOL», der den «kunstige intelligensen» i spelet i chat med elevane forsøkjer å lære seg noko om følelsane til menneska og om etikk og relasjonar. Denne typen etterarbeid utvidar teateropplevinga og let elevane aktivt delta i refleksjonsrommet som spelet opnar, og er ei formidlingsform som appellerer både til jenter og gutar.
12.3.1 Vurdering
For at kunst- og kulturtilbodet i DKS-ordninga skal vere av høg kvalitet, må det òg vere relevant og representativt for barn og unge. DKS skal bidra til å bryte ned barrierar for å delta og gi alle dei same moglegheitene til å gjere seg kjende med og utvikle forståing av kunst- og kulturuttrykk. Det er derfor viktig at DKS-tilbodet er breitt, mangfaldig og variert. Ordninga bør òg reflektere den medie- og teknologiverkelegheita som barn og unge veks opp med i dag. Tilbodet skal vere relevant og representativt for ei breitt samansett målgruppe både når det gjeld alder og modnad, sosial og kulturell bakgrunn, tidlegare erfaring med og kjennskap til ulike typar kunst og kultur. Dette føreset variasjon i formidlingsmåtane og at kunstnarane og kulturarbeidarane som formidlar tilbodet óg er mangfaldige. Det er derfor nødvendig at utøvarane og kulturformidlarane som har oppdrag i tilknyting til DKS, gjer avvegingar i produksjonen sin slik at dei treffer målgruppa best mogleg.
Kunst og kultur er ei samlande kraft, men kan òg skape avstand mellom grupper og individ. Kunst kan styrkje identiteten til den enkelte og skape sosiale fellesskap. På den andre sida kan kunst opplevast som uforståeleg og framand.
Kunnskapsbasert utvikling
I dei nye nasjonale måla for DKS blir det understreka at tilbodet skal vere likeverdig, representativt, relevant og bidra til barn og unge si danning og utdanning. For å styrkje tilbodet til alle elevar er det behov for kunnskapsbasert utvikling, der samarbeid og samhandling mellom utdanningssektor og kultursektoren er viktig.
Det er eit generelt behov for å styrkje kunnskapen om mangfaldet i tilbodet som elevane møter, både med tanke på innhaldet og utøvarane. Rapporteringa frå kommunar og fylkeskommunar bidreg til å få ei heilskapleg oversikt og å kunne følgje utviklinga over tid.
Ulike forskingsmiljø, inkludert universitets- og høgskolesektoren, tek òg i vare ei sentral oppgåve for å bidra til å belyse ulike problemstillingar og peike på utfordringar og moglegheiter i arbeidet med mangfald og inkludering. Eit styrkt kunnskapsgrunnlag om kva DKS har å seie i ulike samanhengar og for elevar med ulik bakgrunn, vil vere med på å styrkje den vidare utviklinga av relevante DKS-tilbod. Kulturtanken skal bidra til dialog og merksemd om korleis DKS tek i vare mangfaldet og speglar samfunnet og leggje til rette for utvikling og deling av gode eksempel og erfaringar.
Kulturelt mangfald
Det er eit sentralt mål for DKS-ordninga at det skal vere stor variasjon og mangfald i tilbodet, med kunst- og kulturuttrykk frå ulike kulturar og verdsdelar.
Den samiske kulturarven er ein del av kulturarven i Noreg, og DKS skal formidle samiske produksjonar. I områda som i liten eller ingen grad programmerer samisk innhald i DKS, rapporterer mange om at det er vanskeleg å finne gode samiske produksjonar. Portalen vil kunne vere eit verktøy for å gjere samiske produksjonar meir tilgjengelege i DKS.
Kulturtanken skal bidra til å synleggjere verdien av samiske produksjonar og til at samiske kunstnarar får innpass slik at DKS kan bli ein del av tilbodet til barn og unge. Regjeringa har tillit til at fylkeskommunane og kommunane er med og bidreg til dette gjennom eigne prioriteringar og satsingar. Dette skal stimulere til fleire produksjonar i ordninga, men òg at desse produksjonane blir viste utanfor dei nordlegaste fylka.
Arbeidet med å auke andelen produksjonar i DKS med nynorsk som målform blir ført vidare, og ein nasjonal konferanse om DKS i 2022 skal rette merksemda mot dette arbeidet.
Medverknad frå barn og unge
Tilbakemeldinga frå barn og unge i BUSK-rapporten er at dei ønskjer å vere meir involverte og få moglegheita til å delta aktivt. Å involvere barn og unge i DKS-ordninga kan gjerast på ei rekkje måtar i ulike delar av prosessen. For at barn og unge skal oppleve at tilbodet dei får gjennom DKS-ordninga er relevant, må innhaldet spegle av noko av den skolekvardagen, den verkelegheita og dei erfaringane dei har. Det finst fleire eksempel på kunst- og kulturproduksjonar der barn og unge har medverka i ulike delar av prosessen, blant anna i DKS-produksjonen «Den onde rektor Svint og jakten på den tapte kunnskapen» i Trøndelag.
Det er viktig at barn og unge får vere med å gi innspel til kva tilbod DKS skal ha, og at tilbakemeldingane deira blir tekne med i vurderinga av innhald, breidde og mangfald og ulike formidlingsformer. At barn og unge får medverke, kan skape auka engasjement og eigarskap til kunsten. For eksempel kan elevane involverast til å vere aktive gjennom arbeidsverkstader med profesjonelle utøvarar. Barn og unge kan òg få involvere seg gjennom utvida opplegg der det blir lagt opp til refleksjon med barn og unge før/undervegs/etter, og/eller at barn og unge får prøve og utforske ulike uttrykk gjennom praktisk arbeid. Dette vil i større grad føresetje at opplegget blir knytt til arbeid med fag i skolen og utarbeidd i samråd med skolesektoren. Det er ikkje alltid lett å involvere barn og unge til å medverke og delta aktivt i dei ulike aktivitetane. Det krev planlegging og innsats frå alle involverte. Det er likevel viktig at både kunstnarar og skolen legg til rette for at stemma til elevane blir høyrd.
Regjeringa vil
at Den kulturelle skolesekken skal formidle eit mangfaldig og variert kulturtilbod som er relevant og representativt for mangfaldet av elevar i skolen
styrkje kunnskapen om mangfaldet i tilbodet som elevane møter, både med tanke på innhaldet, utøvarane og kulturarbeidarane i ordninga
at medverknaden til barn og unge skal vektleggjast i alle delar av DKS-ordninga
at utøvarane og kulturformidlarane som har oppdrag i tilknyting til DKS, gjer avvegingar slik at dei treffer målgruppa best mogleg
stimulere til eit større tilfang av samiske produksjonar, nasjonale minoritetsproduksjonar og produksjonar med nynorsk som målform
samle gode erfaringar og eksempel på arbeidet med kulturelt mangfald og sørgje for at desse er lett tilgjengelege for ulike aktørar som påverkar innhaldet i ordninga
styrkje kunnskapen om kva betydning DKS har for barn og unge med ulik bakgrunn
12.4 Samarbeid og samhandling
Ei gjennomgåande problemstilling som blir teken opp i fleire undersøkingar av DKS-ordninga, er samspelet mellom kultursektoren og utdanningssektoren.34 At kultursektoren og utdanningssektoren samarbeider og samhandlar på alle nivå, er heilt avgjerande for å sikre god planlegging, forankring og tilrettelegging av tilbodet i ordninga. At DKS er forankra i begge sektorane, og at begge sektorane kjenner eigarskap til DKS, er avgjerande for å sikre at tilbodet til barn og unge får høg kvalitet.
Ei av utfordringane undersøkingar av DKS-ordninga har peikt på, er samarbeidet mellom pedagogisk og kunstnarisk kompetanse og korleis det påverkar relevansen og forankringa av DKS-tilbodet i skolekvardagen.35 Nokon gonger kan kunstopplevinga vere nok i seg sjølv. Andre gonger må kunsten bli presentert på ein måte som gir meining for barn og unge i skolekvardagen.
Eitt av måla for DKS-ordninga er å sikre at tilbodet blir godt forankra i skolen. Kulturtanken har samarbeidd med enkelte fylkeskommunar og kommunar om å gjennomføre eit treårig utviklingsprosjekt (2018–2020) om DKS-skole. Målet med arbeidet har vore å bidra til å sikre at DKS er godt forankra i skolen, og eit betre samspel mellom tilbodet i DKS og læreplanverket til skolen gjennom pilotprosjekt som kan ha overføringsverdi for heile DKS-feltet, sjå boks 12.5.
Boks 12.5 DKS-skole
DKS-skole har bestått av tre delprosjekt, eitt retta mot skoleleiarar, eitt mot elevmedverknad og eitt mot kulturkontaktar. Ei eiga skolefagleg ressursgruppe for DKS med skoleleiarar, kulturkontaktar/lærarar og representantar frå lærarutdanninga har vore med. Rapporten om prosjektet blir lagt fram i 2021.
Delprosjekt skoleleiar har hatt som formål å jobbe med forankringa av DKS i skolen og betre samspelet mellom læreplanane til skolen og tilbodet i DKS. Prosjektet blei gjennomført i vidaregåande skole og undersøkte ulike modellar der skolen sjølv definerer rammene for langvarige DKS-prosjekt.
Delprosjekt elevmedverknad har undersøkt korleis det er mogleg å gjere DKS-tilbodet meir relevant ved at målgruppa får medverke. Prosjektet testa ut ulike modellar for elevar som medprodusentar, elevar og lærarar i ressursgrupper for DKS i tillegg til evaluering og tilbakemeldingar. Det er utvikla ein metodikk for å innhente kva syn elevar har på DKS-produksjonar, gjennom samtalebasert evaluering. Dette blir gjort tilgjengeleg nasjonalt som ein ressursbase for elevmedverknad i DKS.
Delprosjekt kulturkontaktar har gjennomført pilotar for å styrkje kulturkontaktrolla lokalt og kartlagt kva som kjenneteiknar kulturkontaktrolla i samarbeid med Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen, Nord Universitet og ei nasjonal arbeidsgruppe med kulturkontaktar. For meir informasjon, sjå https://kulturtanken.no/prosjekt/dks-skole/
Fleire skolar har lang erfaring med kulturkontaktar på skolen. Blant anna bruker skolane kulturkontaktane til å koordinere DKS-tilbodet på eigen skole betre. Ei undersøking frå 2018 viser at 92 prosent av skolane har ein kulturkontakt. Kulturkontakten fungerer som bindeledd mellom eigen skole og DKS-planleggjaren i fylkeskommunen eller kommunen. Slik bidreg kulturkontakten til at informasjonen frå DKS blir distribuert på skolane så lærarane, skoleleiaren og elevane er kjende med DKS-tilbodet. Både lærarar, avdelingsleiarar, skoleleiarar, bibliotekarar eller andre tilsette med relevant kompetanse kan fylle denne rolla. I tillegg til å vere praktisk tilretteleggjar for utøvarane som kjem til skolen, kan rolla omfatte ansvaret for elevar som fungerer som kulturvertar eller fagråd, og arbeidsoppgåver knytte til å gi tilbakemeldingar på tilbodet i DKS-portalen. Det er den enkelte skoleleiaren lokalt som set av tidsressursen knytt til kulturkontaktrolla. Andre viktige arenaer og system for samhandling er kulturtorg, fagdagar for lærarar, kulturvertar og fagråd der elevar og lærarar er med.
Fleire av innspela til meldinga etterspør ei tydelegare forankring og auka satsing på DKS i barnehagen. I løpet av oktober 2019 gjennomførte Kulturtanken ei undersøking som viste at over 30 kommunar har ordningar som sikrar barnehagebarn eit kunst- og kulturtilbod, og at fleire har hatt eller har planar om å innføre ei slik ordning. Rundt 20 kommunar oppga i undersøkinga at dei har DKS-liknande ordningar, og mange har samarbeid med kulturskolen om tilbod til barnehagebarn. Nokon kommunar forsøkjer òg å samkøyre eigna DKS-tilbod mellom dei yngste skoleelevane og dei eldste barnehagebarna. Dertil har fleire kommunar samarbeid med enkeltaktørar om eit tilbod for barnehagebarn.
Ei utfordring som fleire aktørar trekkjer fram i innspela til denne meldinga, er behovet for meir samarbeid med lærar- og kunstutdanningane. Enkelte fylke melder om sporadisk kontakt, mens andre har klart å etablere eit tettare samarbeid. Lærarutdanningane kan potensielt bidra til å styrkje kompetansen om DKS og vise korleis kunst og kultur kan brukast i skolen og underbyggje måla for læring og utvikling. Ved Universitetet i Agder er for eksempel DKS innført som ein obligatorisk del i lærarutdanninga. Undervisningsopplegget er for lærarstudentar på tredje året og ein del av det tverrgåande emnet «Estetiske læreprosesser».
Ei kartlegging som Norsk teater- og orkesterforening (NTO) har gjort av musikk- og scenekunstinstitusjonane og DKS, viser at det er store variasjonar i korleis skolane førebur til besøka, følgjer opp elevane under besøket og i etterkant. Kartlegginga viser i tillegg at det varierer i kva grad dei bruker materiellet som er utarbeidd av scenekunstinstitusjonane. NTO etterlyser derfor ei betre oppfølging og førebuing av elevane. NTO meiner dessutan at samanhengen mellom kunstnarisk oppleving og refleksjon må prioriterast høgare for at elevane skal få eit større utbyte av besøka. Kunstnarane og utøvarane kan oppleve at dei ikkje blir tekne på alvor eller gitt dei rammevilkåra som skal til for å levere høg kvalitet. Fleire framhevar kor viktig innsatsen skolane gjer, er for den totale opplevinga til både elevane og kunstnarane.
For at skolane skal ha ei reell moglegheit til å prioritere for- og etterarbeid, må det leggjast til rette for dette slik at prioriteringa verkar relevant og aktuell sett frå ståstaden til skolane. Eitt tiltak aktørar tilknytte Seilet – huset for kunst og kultur i skolen foreslår, er å leggje til rette for meir langvarige prosessar og prosjekt innanfor DKS, der kunstnarane får meir utvida og skoleintegrerte roller. Dette meiner dei kan bidra til å heve statusen for kunstnariske tiltak i skolen òg.
Boks 12.6 Eksempel på samarbeidsprosjekt
Skole og konsert – fra formidling til dialog (DiSko) er eit innovasjonsprosjekt som har som mål å utvikle nye praksisar for skolekonsertar i Noreg. DiSko har spesielt vore oppteke av å utvikle eigarskapet skolar har til kunstbesøk. Prosjektet har gått føre seg på skolar, der musikargrupper har samarbeidd med klassar og lærarar om musikalske produksjonar på ein nyskapande og dialogorientert måte. Dette har resultert i konkrete forskingsbaserte eksempel på samarbeid mellom lærarar og musikarar. Les meir om prosjektet på www.diskoprosjektet.no
Skolenes utviklingsprosjekt (SKUP) er eit tilbod der skolane blir inviterte til å realisere eit skoleutviklingsmål ved å gjennomføre eit kunstprosjekt. SKUP er eit samarbeid mellom DKS Oslo og Enhet for innovasjon og kompetanseheving (EIK) ved OsloMet, Institutt for estetiske fag, som har eksistert sidan 2006. Åtte SKUP-prosjekt som er i gang i 2020–2021, er forankra i behov knytte til det nye læreplanverket. Det er DKS og Udirs desentralisert ordning for kompetanseutvikling (DEKOMP) som finansierer dei.
12.4.1 Vurdering
Kvaliteten på produksjonen og den opplevinga som barn og unge sit igjen med etter eit DKS-besøk, blir påverka av samarbeidet og samhandlinga mellom ulike aktørar i DKS-ordninga. Ei av utfordringane er at elevar kan ha vanskeleg for å forstå det dei har opplevd, og manglar språk og omgrep for å kunne samtale om opplevinga si av kunst og kultur. Kunst- og kulturformidlinga i DKS må derfor utformast slik at barn og unge opplever formidlinga som relevant og kan sjå henne i samanheng med aktivitetane til skolen.
Felles mål som danning, utdanning, demokrati og kritisk tenking kan bidra til å tydeleggjere desse samanhengane og gi ordninga større gjennomslagskraft i skolen. DKS-tilbodet kan knytast til både overordna del i læreplanverket og læreplanar i fag og til ulike læringsaktivitetar og tema i og på tvers av fag, for eksempel til tverrfaglege tema. På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har Utdanningsdirektoratet i informasjonen om DKS på nettsidene blant anna lagt vekt på å vise relevansen av tilbodet utover dei praktiske og estetiske faga.36
Mange aktørar legg ned mykje arbeid i å utvikle informasjon om tilboda og materiell for å leggje til rette for bruk i undervisninga. Det er viktig at skolane blir kopla på dette arbeidet slik at dei kan sjå relevansen DKS-tilbodet har for danninga og utdanninga til elevane, som utvikling av kritisk refleksjon og demokratiforståing. Skolen kjenner elevane best, og lærarane er dei som i praksis må vurdere behovet og moglegheitene for å gjere noko i forkant og/eller i etterkant av eit DKS-besøk.
Ei kunstoppleving kan vere nok i seg sjølv, men det kan òg vere nødvendig å bruke meir tid med elevane for at DKS skal vere eit positivt og lærerikt tilbod. Elevane skal få oppleve eit variert spekter av kulturuttrykk gjennom tida si i skolen, og DKS bidreg til dette. Moglegheitene er mange, og skolane må sjølve ta stilling til korleis dei ønskjer å bruke tilboda.
Den lokale og regionale forankringa DKS-ordninga har blant elevar og lærarar i skolen, kunstnarar og utøvarar, kunst- og kulturinstitusjonar og organisasjonar, legg til rette for gode samarbeid og skaper eigarskap til ordninga. I dette arbeidet har kommunale og regionale myndigheiter ei viktig oppgåve med å leggje til rette for planlegging og gjennomføring med brei involvering, slik det blir beskrive i kapittel 5 om planarbeid.
Tilbod til barnehagebarn
Fleire kommunar har lagt til rette for å inkludere barnehagebarn i DKS-tilbodet til skolen, og nokon kommunar har laga eigne tilbod til barnehagebarn. Dette er positivt. Dei nye nasjonale måla understrekar at regjeringa ønskjer at Den kulturelle skolesekken inkluderer barnehagen i tilboda og bidreg til å formidle kunst- og kulturtilbod til barnehagebarn. Kjerneverksemda til DKS er elevar i grunnskolen og vidaregåande skole. Gjennom dei nasjonale måla ønskjer samtidig regjeringa å oppmuntre til samarbeid med og inkludering av barnehagebarn.
Samarbeid på tvers av sektorar
Samarbeidet og samhandlinga mellom kultursektoren og utdanningssektoren i DKS-ordninga må utviklast kontinuerleg og krev innsats frå alle dei involverte aktørane. På statleg nivå vil Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet føre vidare samarbeidet om ordninga. Kulturtanken tek i vare ei sentral oppgåve som nasjonalt koordinerande organ for DKS-ordninga og blir fulgt opp i eit samarbeid mellom departementa. Det er eit overordna mål at ordninga skal få ei betre forankring i skolen, og at relevansen for måla i læreplanverket skal gjerast meir tydeleg.
For at samarbeidet med profesjonelle utøvarar og kunstnarar skal fungere godt, er det sentralt å avklare forventningane og rammene for oppdraget. Den kunstnariske fridommen og sjølvstenda til kunst- og kulturinstitusjonane skal takast i vare. Dette er likevel ikkje til hinder for å kunne samtale om og inngå samarbeid rundt kunst- og kulturproduksjonar, med sikte på at tilbodet i DKS-ordninga skal vere relevant og representativt. Det er òg eit vesentleg poeng å leggje til rette for at barn og unge får gi uttrykk for meiningane sine, og at stemma deira òg blir høyrd. Samla sett vil dette gi større sjanse for at barn og unge sit igjen med ei positiv oppleving av kunst og kultur som dei kan ta med seg vidare i livet.
Lærarar med kunst- og kulturkompetanse i skolen, og også andre lærarar som relaterer kunst- og kulturopplevingar til ulike faglege samanhengar, vil bidra til å styrkje meirverdien av DKS-ordninga for elevane. Lærarane kan støtte elevane når dei skal reflektere over kunstopplevinga og gi elevane auka forståing for kva rolle og betydning kunsten har for dei sjølve og for samfunnet. Opplevinga kan dermed bli ein større integrert del av læringa og utviklinga til elevane. Samtidig er tida og ressursane skolen og lærarane kan bruke på DKS avgrensa, slik at dette arbeidet må vegast opp mot andre oppgåver som lærarane har.
For mange kunstnarar er møte med publikum ein svært viktig del av det kunstnariske virket deira og inngår som del av nøkkelkompetansen dei har. DKS kan likevel vere ein ny og annleis arena sidan kunstmøtet skjer i skoletida, og sidan målgruppa er barn og unge som ikkje nødvendigvis har valt dette på eiga hand. For å få til ei god samhandling er det nødvendig at kunstnarane og kulturformidlarane stiller best mogleg førebudde og veit kva som møter dei i skolen, og korleis dei kan kommunisere på best mogleg måte med barn og unge i ulike aldersgrupper.
Det er ingen formelle krav til pedagogisk kompetanse for kunstnarane og utøvarane som bidreg i ordninga. Å utvikle tilbod som òg kan bidra til å gi kunstnarane tryggleik og kompetanse til å møte elevar med ulik bakgrunn og alder, er derfor viktig. Kunstutdanningane vektlegg på ulike måtar møte med publikum som del av opplæringa og vil òg kunne ha ulike tilbod med tanke på målgruppa barn og unge. Undervisningstilbod der studentane kan lære om DKS, kan vere eit tiltak som kan stimulere til å utvikle nye produksjonar og tilbod i ordninga. Universitets- og høgskolesektoren står fritt til å vurdere behovet for tilbod og korleis eit slikt tilbod skal vere innretta.
Oppfølging frå Kulturtanken
Over tid har Kulturtanken etablert fleire ressursgrupper og brukarutval for prosjekt og særskilde satsingar. Medlemmene i desse gruppene representerer eit vidt spekter av fagkunnskap frå kultursektoren og utdanningssektoren og frå brukarmiljø tilknytte Kulturtanken og DKS, på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. På denne måten har relevante fagmiljø og fagpersonar blitt involverte i det løpande arbeidet. Kulturtanken har òg teke initiativ til og sett i gang ei rekkje prosjekt i samarbeid med universitets- og høgskolesektoren. Denne forma for inkludering og samarbeid skal førast vidare og styrkjast for å ta i vare og sikre brei involvering i og forankring av DKS-ordninga hos involverte aktørar lokalt, regionalt og nasjonalt.
Da Kulturtanken blei oppretta, blei det òg oppretta eit fagråd med representantar frå kultursektoren og utdanningssektoren og eit mandat fastsett av Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet i fellesskap. Intensjonen med fagrådet var å drøfte saker av felles interesse innanfor og på tvers av utdanningssektoren, kultursektoren og dei ulike kunstartane. Det skulle òg hjelpe med råd i arbeidet for å nå måla om kvalitet, kunst- og kulturformidling i skolen og forsking og utviklingsarbeid i ulike fagmiljø. Av ulike årsaker har fagrådet ikkje fungert etter intensjonen. Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet har derfor bestemt å leggje ned rådet etter at funksjonsperioden for medlemmene er gått ut. For å styrkje samarbeidet og samhandlinga mellom kultursektoren og utdanningssektoren og leggje til rette for fagleg dialog og utvikling av DKS-tilbodet til barn og unge på nasjonalt nivå får Kulturtanken i oppgåve
å sikre at representantar frå både kultursektoren og utdanningssektoren regelmessig og systematisk er involverte i arbeidet med å oppnå dei nasjonale måla med DKS-ordninga
å leggje til rette for opne prosessar og arenaer med moglegheit for påverknad og medverknad og faglege diskusjonar og kritiske vurderingar av DKS-ordninga
å etablere ein permanent samarbeidsstruktur i dialog med KS, som inkluderer representantar frå både kultur og skole i kommunesektoren (grunnskole og vidaregåande)
å ta vare på og sikre kunnskap og kompetanse om kunst- og kulturformidling i skolen som understøttar det pedagogiske arbeidet i DKS og bidreg til skolens mål for læring og utvikling
å vidareutvikle samarbeidet med universitets- og høgskolesektoren om forsking og utviklingsarbeid i ulike fagmiljø
å vurdere å etablere ein permanent struktur der det er faste deltakarar både frå kunstutdanningane og lærarutdanningane, for å sikre dialog, sørgje for gjensidig informasjonsutveksling og vurdere moglegheitene for å styrkje kunnskapen om DKS og kunst- og kulturformidling til barn og unge i utdanningsløpet
For å styrkje forankring og eigarskap til ordninga i utdanningssektoren vil det i tilskottsbrev om statlege midlar til ordninga bli stilt krav til fylkeskommunane om
å involvere både kultursektoren og utdanningssektoren i den vidare fordelinga av midlane gjennom for eksempel faste dialogmøte om DKS-ordninga. Ved behov kan Kulturtanken delta i slike møte.
å involvere kommunane gjennom for eksempel
programråd/styringsråd for DKS-ordninga der det er med representantar frå kommunane frå både kultursektoren og utdanningssektoren
å initiere tiltak knytte til regionalt planarbeid med involvering frå både kultursektoren og utdanningssektoren i kommunane
For å leggje til rette for å utvikle gode samarbeidsmodellar og lokale og regionale tiltak får Kulturtanken i oppdrag å utarbeide ei rettleiing med gode eksempel og råd frå kommunar og fylkeskommunar som har lykkast. Kulturtanken vil òg føre vidare og ta initiativ til nye prosjekt som har til hensikt å styrkje samarbeidet mellom kultursektoren og utdanningssektoren.
Regjeringa vil
at Den kulturelle skolesekken (DKS) skal vere eit samarbeid mellom kultursektoren og utdanningssektoren på alle nivå for å sikre god planlegging, forankring og tilrettelegging
at kunst- og kulturformidlinga i DKS må utformast slik at ho blir opplevd som relevant for barn og unge og kan bli sett i samanheng med aktivitetane på skolen
at Kulturtanken skal ta i vare oppgåva som nasjonalt koordinerande organ for DKS-ordninga og bli følgd opp i eit samarbeid mellom Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet
sikre at representantar frå både kultursektoren og utdanningssektoren regelmessig og systematisk blir involverte i arbeidet med å oppnå dei nasjonale måla med DKS-ordninga
i dialog med KS etablere ein permanent samarbeidsstruktur med representantar frå både kultur og skole på dei ulike forvaltningsnivåa
styrkje samarbeidet med universitets- og høgskolesektoren om forsking og utviklingsarbeid i ulike fagmiljø og vurdere å etablere ein permanent struktur med deltakarar frå kunstutdanningane og lærarutdanningane
stille krav til fylkeskommunane om å involvere både kultursektoren og utdanningssektoren på dei ulike forvaltningsnivåa i den vidare fordelinga av dei statlege midlane til DKS-ordninga
utarbeide ei rettleiing med gode eksempel og råd frå kommunar og fylkeskommunar i arbeidet for å sikre og ta i vare samarbeid og samhandling
at Den kulturelle skolesekken inkluderer barnehagen i tilboda og bidreg til å formidle kunst- og kulturtilbod til barnehagebarn
12.5 Direktekommunar
Hovudmodellen for å fordele spelemidlar vidare til fylkeskommunane og kommunane er at minimum ein tredjedel av tilskottet som er berekna til grunnskolen, blir fordelt vidare til kommunane. Fylkeskommunane forvaltar ein tredjedel sjølv, og vedtar i dialog med kommunane fordelinga av den siste tredjedelen.
Tolv kommunar har i dag ei særskild ordning der dei får tildelt midlar direkte for å ta seg av ansvaret for tilbodet til grunnskolen i sin kommune (direktekommunar). Direktekommuneordninga blei etablert som ei prøveordning da Den kulturelle skolesekken (DKS) blei oppretta i 2001.
Prøveordninga starta som ein storbymodell, med krav om eit innbyggjartal i kommunane på minimum 30 000. Det var Tromsø og Bergen som var dei første kommunane som formelt fekk statusen. I St.meld. nr. 8 (2007–2008) Kulturell skulesekk for framtida fall minimumskravet til innbyggjartalet bort, og det blei opna opp for at alle kommunar som ønskte det, kunne søkje om status som direktekommune under gitte vilkår og føresetnader. Blant anna måtte kommunen vere i stand til å sikre prinsippa for DKS-ordninga og bli einig med fylkeskommunen om korleis ordninga skulle gjennomførast. I åra fram til 2016 fekk følgjande kommunar status som direktekommunar: Karmøy, Lørenskog, Bodø, Trondheim, Stavanger, Alta, Eidsvoll, Asker, Bærum og Ås.
Frå og med 2017 blei det bestemt at Kulturtanken skulle fordele tilskottet direkte til direktekommunane og vurdere søknader frå nye kommunar. For å få eit betre kunnskapsgrunnlag om ordninga blei det sett i gang ei evaluering som enda i rapporten Nærhet, autonomi og demokratisering – Evaluering av direktekommuneordningen i Den kulturelle skolesekken, utarbeidd av Oxford Research.37
Felles for fleire av direktekommunane er at dei har mange elevar i grunnskolen samanlikna med den norske gjennomsnittskommunen. Utanom det, er tilbodet i kommunane ulikt, og kommunane har forskjellige grunngivingar for å velje å bli direktekommune. Autonomi, medverknad, lokal forankring og innverknad frå aktørar på skolen går igjen som grunnar hos fleire av direktekommunane i evalueringa. Mange trekkjer fram organiseringa av den lokale skolesekken og det økonomiske handlingsrommet for å utvikle tilbodet i eigen skolesekk som fordelar. Evalueringa påpeiker at store og sentrale kommunar har betre føresetnader for å vere direktekommune – dei har fleire elevar, meir tilgang på fagkompetanse, breiare tilgang til innhaldsleverandørar og lågare reisekostnader.
12.5.1 Vurdering
Tilgangen på, og kompetansen om, kunst og kultur er ikkje lik i alle kommunar. Mange stader er det avgrensa ressursar som er sette av til DKS. For at barn og unge skal få eit likeverdig kunst- og kulturtilbod over heile landet, er samarbeid og samhandling på regionalt og nasjonalt nivå viktig. Samtidig er det enkelte kommunar som både er i stand til og som ønskjer å ta ansvaret for DKS-tilbodet til barn og unge på eiga hand. Dette gjeld særleg større byar og befolkningstette område. For hovudandelen av kommunane vil den beste løysinga for å sikre eit kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet likevel vere å få delar av tilbodet frå fylkeskommunen. Dette vil bidra til å sikre barn og unge eit likeverdig DKS-tilbod uavhengig av kvar dei bur i landet.
Målet om lokal forankring må vegast opp mot målet om eit likeverdig tilbod av høg kvalitet. Det er dessutan viktig at DKS-tilbodet blir opplevd som relevant og aktuelt for alle elevar, og at det blir sett i tilknyting til måla skolen har om læring og utvikling uavhengig av kvar dei bur. Direktekommuneordninga kan fungere godt for enkelte kommunar som har dei rette føresetnadene og gjer særskilde prioriteringar og satsingar, men det er ikkje ein modell som kan gjelde og vil egne seg for alle kommunar.
Regjeringa vil vidareføre direktekommuneordninga. Det etablerast ei søknadsbasert ordning med kriterium fastsette av Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet i fellesskap. Måten ordninga blir innretta på, skal sørgje for at dei kommunane som er i stand til og ønskjer å prioritere å utvikle eit DKS-tilbod til barn og unge på eiga hand, får moglegheita til det. Samtidig må regionalt samarbeid og samhandling på nasjonalt nivå haldast ved lag for å sikre tilbodet til barn og unge i hovudandelen av kommunane.
Kommunar som ønskjer å ta eit sjølvstendig ansvar for tilbodet til barn og unge i grunnskolen (direktekommunar), må forplikte seg til å følgje opp dei nye nasjonale måla med DKS-ordninga og delta i samarbeidet på regionalt og nasjonalt nivå. For å kunne vere ein direktekommune vil det blant anna bli stilt krav om at kommunen
set av nødvendige ressursar og har ein plan for arbeidet i kommunen som sikrar oppfølging av dei nye nasjonale måla med Den kulturelle skolesekken
forpliktar seg til å bruke den nasjonale DKS-portalen og bidra til å utvikle og dele produksjonar med andre kommunar og delta aktivt i regionalt og nasjonalt arbeid for å sikre erfaringsutveksling og kompetansebygging
kan vise til eit etablert samarbeid mellom kultursektoren og skolesektoren og korleis DKS er tenkt forankra i skolane når det gjeld organisering og tilknyting til den faglege verksemda i skolen
kan vise til kompetanse om kunst- og kulturformidling til barn og unge og forpliktar seg til å bruke dei statlege DKS-midlane til å sikre barn og unge eit tilbod med profesjonelle kunstnarar og utøvarar
Bidraget frå fylkeskommunane for å utvikle og sikre eit DKS-tilbod og felles nasjonale tiltak som DKS-portalen er svært viktige for å gjere tilgjengeleg og kvalitetssikre eit likeverdig tilbod til barn og unge uavhengig av kvar dei bur i landet. Kriteria for å bli direktekommune må formulerast slik at ordninga ikkje går ut over regionalt samarbeid. Det er viktig at alle kommunar kan gi eit DKS-tilbod av høg kvalitet til barn og unge.
Ansvaret for å forvalte direktekommuneordninga blir lagt til Kulturtanken. Kommunar som ønskjer å ta del i ordninga må sende inn ein søknad som skal vurderast ut i frå fastsette kriterium. Dette gjeld óg for dei eksisterande direktekommunane. Fylkeskommunane har eit særskilt ansvar for å følgje opp DKS på regionalt nivå. Midlane til direktekommunane skal derfor kanaliserast gjennom fylkeskommunane for å sikre at dei får nødvendig oversikt og rapportering om arbeidet i direktekommunane, på lik linje med resten av kommunane. Kulturtanken skal i dialog med fylkeskommunane følgje opp og vurdere rapporteringa frå direktekommunane.
Regjeringa vil
føre vidare direktekommuneordninga som ei søknadsbasert ordning med kriterium fastsette av Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet i fellesskap
stille krav til kommunar som ønskjer å ta eit sjølvstendig ansvar for tilbodet til barn og unge i grunnskolen (direktekommunar), om at dei må forplikte seg til å følgje opp dei nasjonale måla med DKS-ordninga og delta i samarbeidet på regionalt og nasjonalt nivå
Fotnotar
Hylland, Kleppe & Stavrum 2011, Haugsevje, Heian & Hylland 2015
Norsk kulturråd. (u.å.). Strategi for Norsk kulturråd fra 2019
Norsk kulturråd 2020b
Forskrift om statens kunstnerstipend m.m. 1998
Universitets- og høyskoleloven 2005: § 1-5 (3) a
inFuture 2018
Medietilsynet 2021
Blant anna Digital kultur, Estetiske praksiser og Kunst som deling, delingens kunst.
«Institusjonar» forstår vi som verksemder som får vesentleg offentleg tilskott til drifta, og som har formidling som kjerneverksemda si. Omgrepet inkluderer museum (naturhistoriske, tekniske, kunst- og kulturhistoriske), orkester/ensemble, opera-, konsert-, teater-, danse-, litteratur- og kulturhus og bibliotek.
Sjå omtalen av Filmfondet i kapittel 11.9.
Frønes & Jensen 2020
Ipsos MMI 2020
Bibliotekutvikling.no u.å.
For 2020 er det søkt om innkjøp av 255 titlar med målgruppe barn og unge. Det er for tidleg å seie noko om talet på innkjøpte titlar. Tala omfattar sakprosa, skjønnlitteratur, teikneseriar og omsett litteratur.
Kulturdepartementet & Kunnskapsdepartementet 2019
Tal frå årsrapport for Den kulturelle skolesekken 2017–2019.
Komma blir arrangert på Lillehammer kvart år i forkant av Norsk litteraturfestival og er eit samarbeid mellom festivalen, Innlandet og Viken fylkeskommune, Norsk Forfattersentrum og Kulturtanken.
medienorge 2019
Talet inkluderer både barn og vaksne.
Arrangørforum består av Norsk jazzforum, FolkOrg, Norske konsertarrangører, Norske kulturhus, Norsk Blues Union, nyMusikk, Klassisk, Norske Festivaler og Norsk Viseforum.
Norske kulturhus’ innspel til barne- og ungdomskulturmeldinga: www.regjeringen.no/bukm
Sjøvold, Hval, Stampe & Øverli 2020
Brenna & de Ridder 2018
Norsk kulturråd 2020a
Kantar 2019a, 2019b
Etterhandstilskott er ei automatisk ordning som gir tilskott proporsjonalt med inntekta til produsenten viss vilkåra for ordninga er oppfylte. For barnefilm utgjer tilskottet i dei nye forskriftene frå mars 2021 150 prosent av dokumenterte inntekter (mot 75 prosent for anna film), noko som inneber at tilskottstaket blir nådd raskare.
Filmkraft Rogaland, Midtnorsk filmsenter, Nordnorsk filmsenter, Sørnorsk filmsenter, Vestnorsk filmsenter, Viken og Østnorsk filmsenter.
Meyer 2019
Kirke-, utdannings- og forskingsdepartementet & Kulturdepartementet 1996
Ein oversikt over DKS-relevant forsking er tilgjengeleg på Kulturtankens nettsider. Kulturtanken u.å.
Overordna del - verdiar og prinsipp for grunnopplæringa
Aktivitetar er definerte som ein serie arrangement med ein og same produksjon i ein tidsavgrensa periode, arrangement er ein enkeltståande konsert, framsyning, omvising, forfattarmøte, verkstad e.l., og deltakarar er talet på publikum (elevar) på landsbasis fordelt på dei ulike kunst- og kulturuttrykka.
Kulturtanken 2020
Bl.a. Breivik & Christophersen 2013, Borgen & Brandt 2006, Digranes 2009, Heian, Haugsevje & Hylland 2016
Breivik & Christophersen 2013, Heian, Haugsevje & Hylland 2016
Utdanningsdirektoratet 2020
Hauge, Knutsen & Ervik 2017